Gå til meny

Lenker

Me ynskjer å samla dei mest interessante lenkene, med ein liten kommentar attåt.

RKU – Revolusjonær kommunistisk ungdom er ungdomsforbundet til Tjen folket og sjølvsagt særs bra. Nettsida er altså kommunisme.no. Denne må ikkje forvekslast med sosialisme.no som er nettsida til Raud Ungdom (RU).

Partipolitiske rørsler

AKP la seg våren 2007 ned for å drukne i Raudt, men dei gamle sidene deira held «fram som ein historisk dokumentasjon». Partiet degenererte allereie på 80- og 90-talet og slo seg til slutt saman med RV og danna partiet Raudt: Eit parti som ikkje ein gong prøver å framstille seg sjølv som kommunistisk. Dermed mista Noreg det næraste ein kom eit kommunistparti, og mange kommunistar mista sin kaderrørsle.

Revolusjon har våren 2007 saman med NKS oppretta KPml. Målet er å byggje eit nytt kommunistparti utan å snakke høgt om Mao. For Ten folket er det ikkje aktuelt å byggje eit parti der Stalin vert rekna som ein viktigare tenkjar enn Mao.

Raudt er kan henda det lengst til venstre ein kan røyste på, men me tilrår ikkje det. Det er òg ein stad mange kommunistar kastar kreftene sine inn med tru på at det ein gong om hundre år kan bli eit kommunistisk parti. For Ten folket kan Raudt ha ein verdi som ein brei revolusjonær rørsle med eit minimumsprogram, der fokuset er konsekvent kamp mot utslaga av kapitalismens herjingar i dag. Eit slikt parti kan likevel ikkje erstatte behovet for eit kommunistparti.

NKP har halde i hevd mykje av si kultur, men spela nok ut si rolle ein gong på 50-tallet.
Dei seinaste åra er “partiet” mest kjent for den nådelause handsaminga av ungdomsrørslene. Vi oppsummerer kort:

  • I 2002 vart Bergen NKU kasta ut av NKP og skipa BfS
  • I 2006 forsøkte NKP å kasta ut alle i NKU og skipa eit nytt NKU. I to år eksisterte det to forskjellige NKU, før Oslo tingrett slo fast at leiinga for det NKU-et som NKP hadde kasta ut hadde rett på namnet NKU. NKU-et til NKP skifta namn til UngKom og har via sida si til sutring over dette.
  • NKU er tappa for krefter etter striden med NKP. Som i så mange andre soger om splittingar, er politisk aktivisme ofra på alteret til intern strid.
    Stadig like forvirra? Ikkje etter denne episoden av Forviklingar!

SV har omsider lenkja seg fast til systemet gjennom den raudgrøne regjeringa. Ungdomsrørsla deira, SU omtaler seg sjølv som ein revolusjonær rørsle, men det gjør òg RU, utan at ein slik proklamasjon gjer dei til meir revolusjonære enn til dømes Kautsky.

Folk

  • Grover Furr er ein amerikansk professor med fransk mellomaldar som spesialfelt, men han har forska mykje på Stalin-tida i Sovjetunionen og funne masse dokumentasjon på at ting der ikkje var så ille som borgarlege historikarar skal ha det til.

Utanfor våre grenser

Norden

  • Indiensolidaritet er bloggen til eit arbeidande nettverk i Sverige som spreier informasjon om folkekrigen i India og maoistane si line.
  • Den finske kommunistgruppa SKR sin MLM-blogg Kommunistit.
  • Raudt Forum er det raudaste ein finn på Island, eit land kor folket framleis slit i kjølvatnet av krisa i 2008-9 og kor sosialdemokratane og Venstrerørsla – dei Grøne (systerpartiet til SV) har synt at dei gjennomfører nett den same politikken som føregjengarane sine i sentrum-høgre-regjeringa dei overtok etter.

Europa elles

  • SOL “Sosialistisk venstre” er en kommunistisk organisasjon som i 2014 vedtok at de slutter seg til marxismen-leninismen-maoismen (MLM), slik som Tjen Folket.
  • Rote Jugend “Rød Ungdom” er en marxist-leninist-maoistisk ungdomsorganisasjon i Berlin. Venner av SOL.
  • Dem Volke Dienen “Tjen Folket” er en tysk MLM-blogg.
  • MLPD “Tysklands marxist-leninistiske parti” er eit relativt stort tysk ml-parti. Dei har også ein ungdomsorganisasjon, REBELL.
  • IA.RKP “Initiativet for oppbyggjinga av eit revolusjonærkommunistisk parti” arbeider i Austerrike. Ungdomsorganisasjonen deira heiter RKJV, “Det revolusjonærkommunistiske ungdomsforbundet”, som eigentleg har ei fyldigare heimeside enn vaksenorganisasjonen.
  • Revolutionärer Aufbau “Revolusjonær oppbygging” finst i Sveits og har ein eigen ungdomsorganisasjon i Zürich.
  • Rode Morgen “Raud morgon” er vener av oss i Nederland. Vevsidene er berre på nederlandsk, men kan ein engelsk og litt tysk, er det utruleg kor mykje nederlandsk ein forstår dersom ein berre prøver.
  • Organisation Communiste Marxiste Léniniste “Marxist-leninistisk kommunistisk organisasjon” held til i Frankrike og høver seg kan henda betre om ein vil pussa opp skulefransken litt. Tidsskriftet deira, Partisan, er også verdt ein kik.
  • CARC, eller “Komiteen for motstand og for kommunisme” er aktive i Italia.
  • PMLI “Italias marxist-leninistiske parti” held også til i Italia.
  • Círculo Revolucionário “Revolusjonær Sirkel” er ei relativt ny gruppe i Portugal, eit land med ein byrg maoistisk tradisjon.
  • WPMRM Britain er ei maoistisk gruppe i Storbritannia.
  • Democracy and Class Struggle er bloggen til vener av oss som også held til i Storbritannia.
  • Crvena Akcija “Raud aksjon” er våre vener i Kroatia.
  • Partija Rada “Arbeidets parti” er marxist-leninistane i Serbia.
  • Crvena Inicijativa “Raudt Initiativ” held også til i Serbia og kallar seg eit kommunistisk kollektiv skipa i Beograd i 2002.
  • Rabotsjee dvizjenie “Arbeidarrørsla” held til i Ukraina og har vunne innpass i arbeidarklassen, særleg aust i landet.
  • Dvizjenie za sûprotiva ’23 septemvri “Motstandsrørsla ‘23. september’” kjempar aktivt i Bulgaria for attreisinga av ei kraftfull arbeidarrørsle i Bulgaria.
  • KOE “Hellas’ kommunistiske organisasjon” spelte ei sentral rolle i samband med opprøret i Hellas i årsskiftet 2008/09.
  • KKE-ML “Hellas’ kommunistiske parti – marxist-leninistane” er ei anna maoistgruppe i Hellas.
  • TKP/ML “Tyrkias kommunistiske parti/marxist-leninistisk” er eit av fleire revolusjonære parti som står på USAs og EUs terrorliste. Ei stor kjelde til inspirasjon for partiet, er Ibrahim Kaypakka, som vart torturert i hel i fengsel attende i 1973.
  • BolÅŸevik Partisi “Bolsjevikpartiet” er også forbode av tyrkiske styresmakter.
  • TKiP “Tyrkias kommunistiske arbeidarparti” er eit parti som driv aktiv kamp for revolusjon og sosialisme i Tyrkia.
  • MLKP “Marxist-leninistisk kommunistparti” driv undergrunnsverksemd i Tyrkia og Nord-Kurdistan. Hoxhaistar, men samarbeider gjerne med maoistar både nasjonalt og internasjonalt.

Nord-Amerika

  • Revolutionary Initiative er førebels ei partibyggjande gruppe i Canada som freistar tilpassa marxistisk-leninistisk-maoistisk tenkjing til lokale tilhøve.
  • RCP-PCR “Revolusjonært Kommunistparti” er et MLM-parti i Canada.
  • MLM-Mayhem er bloggen til marxist-leninist-maoisten Paul Moufawad som støtter partiet RCP-PCR.
  • New Communist Party – Liaison Committee er en partibyggende MLM-organisasjon i USA.
  • “Maoist Communist Group”http://maoistcommunistgroup.com/ er en partibyggende MLM-gruppe i USA.
  • Los Angeles Red Guards er en rød ungdomsorganisasjon i Los Angeles, som er med i NCP-LC.
  • Signalfire er en MLM-blogg knytta til Maoist Communist Group.
  • Maosoleum er en MLM-blogg knytta til NCP-LC.

Mellom- og Syd-Amerika

Asia

  • Communist (Maoist) Party of Afghanistan er eit illegalt parti i Afghanistan som kjempar mot dei vestlege okkupantantane. Partiet høyrer til RIM, men har den siste tida ytra sterk kritikk til den kursen som Revolutionary Communist Party frå Sambandsstatane fører.
  • Ranjbaran Party of Iran “Proletariatets parti i Iran” er eit parti i Iran som kjempar for kommunisme og er organisert med marxismen-leninismen-maoismen som grunnlag.

Oceania

  • Communist Party of Aotearoa er maoistane i New Zealand, eit land som har ein byrg maoistisk tradisjon, jamvel om det gamle kommunistpartiet har klappa saman – det einaste av dei opprinnelege kommunistpartia som fulgte Mao i den sino-sovjetiske splitten etter Khrusjtsjovs kupp.

Internasjonale konferansar og liknande

  • ICMLPO “International Conference of Marxist-Leninist Parties and Organizations” er ei samanslutning av ml-parti som møtest kvart andre eller tredje år. Mange interessante dokument frå dei ulike medlemsorganisasjonane. AKP var med her fram til leiinga likviderte sitt eige parti i 2007. NB! ICMLPO må ikkje forvekslast med ein annan ICMLPO, som er hoxhaistinternasjonalen.
  • Conference of Communist and Workers’ Parties of the Balkans er eit slags ICMLPO i miniatyr for parti og organisasjonar som er aktive på Balkan.

Kamp mot antikommunisme

  • BANNEDTHOUGHT.NET er ei side som tek føre seg kampen mot undertrykkjinga av progressive tankar og folk i fleire ulike land.

Andre internasjonale lenker som er interessante

  • Afghanistan.nu er ein svensk nettstad fullpakka med informasjon om Afghanistan drive av den røynde aktivisten Stefan Lindgren.
  • ATIF er konføderasjonen av tyrkiske arbeidarar i Europa.

Andre rørsler og aktuelle nettstader

  • Kvinnegruppa Ottar oppnår mye, trass i deira status som utskjelte i store deler av det politiske landskapet. Men Mao har sagt eit og anna om angrep frå fienden …
  • Indiasolidaritet vart skipa i slutten av 2011 av anti-imperialistar som stør det indiske folket og kampen deira for råderett over dei enorme naturresursane i India. Dei arbeider også for å stø retten landet og folket har til sjølvstende og fridom frå utanlandsk utbytting.
  • Stiftelsen Manifest har skifta ut hammaren og sigden med eit hjarte i kampen mot kapitalismens herjingar. Dei dreiv før med å skipa til ope møte i Oslo, men trur no at verda kan endrast ved at somme einskildindivid sit og skriv bøker på Forlaget Manifest. Ein del av desse bøkene er sikkert verde å lesa, men me har tru på at folk også må organisera seg saman til kamp om undertrykkinga, ikkje berre lesa om henne.
  • Palestinakomiteen i Norge driv aktivt solidaritetsarbeid og god, gamaldags folkeopplysing om Palestina og situasjonen til folket i dei palestinske områda.
  • Fellesutvalget for Palestina er stedet for å halde seg oppdatert på møter og demonstrasjoner for Palestina.
  • Boikott Israel!. Her finn du tips om kva varer du ikkje bør kjøpe, og korleis ellers du kan la vere å støtte Israel.
  • Nei til EU – Folkets NEI i ’94 var eit slag i trynet på kapitalismen og imperialismen. Kampen er diverre ikkje over enno, og me må kjempe kvar einaste dag mot eit stadig råare råkjør inn i EU.
  • SOS Rasisme organiserer folk i alle aldrar til kamp mot alle former for rasisme. Med over 45000 medlemer i Noreg er rørsla Europas største antirasistiske organisasjon.
  • Natur og Ungdom og
  • Naturvernforbundet er svært så aktuelle i den oppheita tida vi lever i.
  • Nynorsk.no gjev deg nyhende kring målstrid.
  • Norsk målungdom og
  • Noregs mållag er framleis viktige organisasjonar.
  • Helselag til Nepal

Oppslagsverk

(Borgarleg) ml-historie

  • Kaderprosjektet intervjuar eit stort utval ml-arar, deira vener og uvener. Dei kjem til å gje ut ein bok i 2008. På kader.no legg dei ut fleire interessante artiklar, til dømes ein om aust-tyske maoistar.
  • ml-historie er akps prosjekt for å digitalisere historia si.

Litteratur

Andre lenkjesamlingar

  • Marxist.org Arkiv med utfyllende presentasjoner av Marxistiske forfattere, historiske oppsummeringer og alfabetisk oppslagsverk.
  • Leftist Parties of the World har lenker til sosialdemokratiske, trotskistiske og kommunistiske grupper og partier på alle kontinent.

© 2013   Tjen folket – kommunistisk forbund