Gå til meny

Arne Tumyr i Stavanger - men Rødt glimra med sitt fravær.

Markant Raudt-politikar skapar talarstol for rasistar i Sandnes

Det har i lang tid vore ein ein tendens blant liberale og sosialdemokratar at rasistar og fascistar kan snakkast til fornuft. Så langt utan resultat.

Tidlegare hadde AKP og RV ei klar holdning i dette spørsmålet: ingen talarstol for dei brune kreftene. Men som på så mange andre område så beveger Raudt seg bort frå fortida si. Dei har no gjort knefall for dialoglina. Og omsynet til at ytringsfridomen må gjelde alle er av overordna betydning.

Det starta i Bergen Studentersamfunn, der Mimir Kristjansson sette seg til bords med Arne Tumyr frå SIAN. Mottoet for møtet var eit sitat frå Tumyr:

Islam er ingen religion, men ein pervers dødskultus.

Vi ser nå den same tendensen i Sandnes. Her har Sandnes lokalradio (Radio Kos) og SIAN innleia samarbeid. Dette har gjort det mogeleg for SIAN å lage nettradio som går utover heile landet.

Lokalradioen med adresse Langgata 87 blir dreven av foreininga Radio Kos. Denne foreininga er registrert i Brønnøysund med kontaktperson Rasmus Alvin Eilertsen.

I lokalmiljøet er han ingen kven som helst. Han har i ei årrekke vore aktivist i romanifolkets sak og aktiv i RV. Ved lokalvalet i 2011 sto han som nummer 15 på Raudt si liste ved fylkestingsvalet.

I desember 2011 var det ein stor motdemonstrasjon mot ei SIAN markering i Stavanger. Folk møtte fram for å bue dei ut, mens Raudt ville at me berre skulle snu rygget til dei.

Å gje SIAN ei viktig talarstol i nabobyen Sandnes er tydeleg ok.

Ved å opptre på denne måten er Raudt med på å legitimere rasistiske ytringar og organisasjonar.

La oss feie bort all tvil om kva SIAN verkeleg er. Organisasjonen er den viktigaste varmestua for nazistar og rasistar. Dei brukar det same trusselbiletet som nazistane på 1920 og 1930 talet, men idag er det muslimane som har overtatt den rolla som jødane tidlegare hadde. SIAN sitt overordna mål er ikkje religionskritikk, men å avle hat mot muslimar generelt.

Difor er det viktig å ikkje la det det gå stille fobi, men i fult offentleg gjere opp den den livsfarlege forsoningslina som Eilertsen og Kristjansson står for.

Tjen folket

04.04.2012

© 2011   Tjen folket – kommunistisk forbund