Denne teksten er skrevet av kamerat Yao Wenyuan, en av den store proletariske kulturrevolusjonens ledere. Teksten er henta fra tidskriftet «Materialisten» nr. 3 1975. Utheving er gjort etter engelsk utgave.
Om det sosiale grunnlaget for Anti-parti-klikken til Lin Piao
Av Yao Wenyuan, 1975
“Hvorfor snakka Lenin om å utøve diktatur over borgerskapet? Det er essensielt å forstå dette spørsmålet klart. Manglende klarhet om dette spørsmålet vil lede til revisjonisme. Dette burde gjøres kjent for hele nasjonen”
“I dag praktiserer landet vårt et varebyttesystem, det er ulikhet i lønnssystemet også, som i den åttenivås lønnsskalaen, og så videre. Under proletariatets diktatur kan sånne ting bare begrenses. Hvis derfor folk som Lin Biao kommer til makta, vil det være ganske lett for dem å rigge opp det kapitalistiske systemet. Det er grunnen til at vi burde lese mer av de marxist-leninistiske verkene.”
Formann Mao
Då formann Mao tala om kvifor det er naudsynt med ei klår forståing av spørsmålet om proletardiktaturet over borgarskapet, peika han særskilt ut dette: «Det ville vera ganske lett for folk som Lin Piao å køyra inn det kapitalistiske systemet dersom dei kom til makta. Difor må vi gjera meir marxist-leninistiske studiar.» Dette fører fram eit særs viktig spørsmål: Kva er klassekarakteren til «folk som Lin Piao”? Kva er det sosiale grunnlaget som bar fram Anti-parti-klikken til Lin Piao? Det er utan tvil heilt naudsynt med ei klår forståing av dette spørsmålet for å konsolidera proletardiktaturet og hindra atterinnføring av kapitalismen, og for å setja den grunnleggjande partilina for den historiske epoken til sosialismen fast ut i livet, og steg for steg skapa tilhøve som gjer det uråd for borgarskapet å vera til, eller eit nytt borgarskap å bli til.
Det var ikkje tilfeldig at Lin Piao og revisjonistlina hans dukka opp. Det er det aldri når revisjonistiske tankar og retningar kjem til. Lin Piao og dei trugnaste følgjesveinane hans var ytst isolerte i heile partiet, i heile hæren og i heilskapen av folket. Men det finst klassegrunnlag med djupe røter i samfunnet, som bar fram denne banden med særs isolerte folk som tala om seg sjølve som «himmelske hestar som flyg gjennom verdsromet, aleine og fri.»
Det er temmeleg klårt at Anti-parti-klikken til Lin Piao stod for interessane til den styrta landeigar- og kapitalistklassen, og vonene som dei reaksjonære hadde om å velta proletardiktaturet og setja inn att borgardiktaturet. Anti-parti-klikken til Lin Piao gjekk mot den store proletære kulturrevolusjonen, og hadde eit inngrodd hat mot det sosialistiske systemet under proletardiktaturet i vårt land. Dei ville at godseigarane, dei rike bøndene, dei kontrarevolusjonære, dårlege element og høgrefløyen «skulle vinna ekte politisk og økonomisk frigjering». Det vil seia at dei ville gjera proletardiktaturet til eit godseigar- og Komprador-kapitalistdiktatur, og gjera sosialisme til kapitalisme. Som agentar i partiet, borgaragentar som arbeidde hardt for atterreising av kapitalismen, var Lin Piao-klikken voldsomme i åtaka sine på partiet og proletardiktaturet. Dei gjekk så langt at dei skipa ein organisasjon av hemmelege agentar og la planar om eit kontrarevolusjonær væpna statskupp, Denne villskapen speglar av den kjennsgjerninga at reaksjonære som har mist politisk makt og produksjonsmiddel, utan unntak vil gripa til alle middel for å vinna att dei tapte skansane for utbyttarklassane. Vi har sett korleis Lin Piao, etter at han var blitt knust politisk og ideologisk, freista å «sluka” arbeidarklassen ved å satsa alt på eit kast, nett som ein desperat spelar. Til sist sveik han landet og stakk av for å gå over til fienden. Trass i den tolsame utdanninga, ventinga og freistnadene på å berga han som formann Mao og sentralkomiteen gjorde, vart han verande like kontrarevolusjonær. Alt dette speglar av den striden på liv og død som rasar mellom proletariatet og borgarskapet, då to viktigaste klassane som ikkje kan sameinast under proletardiktaturet. Denne striden vil vara i lang tid enno. Så lenge den styrta borgarklassen er til, er det mogleg at det kan dukka opp folk i partiet og i samfunnet elles som vil freista å venda vonene sine om atterreising til ein freistnad på atterreising. Difor må vi skjerpa vaktsemda vår, og vara oss mot og smadra kvar ei samansverjing av reaksjonære heime og ute, og ikkje på noko vilkår kan vi slappa av på vakthaldet. Men slik forståing omfattar ikkje alle sider ved saka. Anti-parti-klikken til Lin Piao stod ikkje berre for vonene til dei styrta godseigarane og kapitalistane om atterreising, men og vona til dei nyskapte borgarlege elementa i det sosialistiske samfunnet om å riva til seg makta. Medlemmer av denne klikken hadde visse trekk som særkjenner nye borgarlege element, og ein gode del av dei var faktisk slike element. Nokre av slagorda deira»fylte og spegla av det som dei borgarlege elementa trong, og dei som ønskte å setja kursen mot å utvikla kapitalismen. Det er nett dette siste punktet som fortener vidare analyse.
Formann Mao har peika på «Lenin sa: ‘Småproduksjon avlar kapitalisme og borgarskap heile tida, kvar time, kvar dag, av seg sjølv og i massemålestokk.’ Dette hender mellom grupper av arbeidarar og grupper av partimedlemmer og. Det finst folk som følgjer ein borgarleg livsstil både i rekkene til proletariatet og i personalet i statlege organ.” Somme av folka i Anti-parti-klikken til Lin Piao stod nettopp for slikt nyavla borgarskap og kapitalisme. Mellom desse var Lin Li-kuo, (sonen til Lin Piao), og den vesle «flåten” hans (kodenamnet vårt på den hemmelege agentorganisasjonen deira) var til ytste punkt antisosialistiske borgarlege element og kontrarevolusjonære som var avla i det sosialistiske samfunnet.
Det at borgarleg innverknad og innverknad frå internasjonal imperialisme og revisjonisme finst, er den politiske og ideologiske kjelda til nye borgarlege element, medan det avgjerande økonomiske grunnlaget for at dei skal dukka opp, er borgarrettar.
Lenin peika på dette: “I den første fasen av det kommunistiske samfunnet (til vanleg kalla sosialisme) er «borgarlege rettar» ikkje heilt ut fjerna, men berre delvis, berre i høve til kor langt den økonomiske revolusjonen er komen, det vil seia berre med omsyn til produksjonsmidla.” «Borgarretten held fram i sin andre funksjon: han fortsett å vera til som regulator (utslagsgjevande faktor; i distribusjonen av produkt og fordeling av arbeid mellom medlemmene i samfunnet. Det sosialistiske prinsippet ‘Han som ikkje arbeider skal ikkje eta heller’ er alt sett i verk; det andre sosialistiske prinsippet ‘Lik løn for lik mengde arbeid’ er likeins alt sett i verk. Men dette er ikkje kommunisme enno, og «borgarrett” er ikkje heilt forkasta, som gjev ulike individ like mengder produkt for ulike (verkeleg ulike) mengder arbeid.»
Formann Mao har sagt:»Kina er eit sosialistisk land. Før frigjeringa var det meir eller mindre kapitalisme her. Sjølv no nyttar vi eit lønesystem med 8 trinn, fordeling til kvar etter arbeidsmengde, og byte ved hjelp av pengar, som knapt er ulikt det gamle samfunnet. Det som er ulikt ér at eigarsystemet har skifta.» «Landet vårt nyttar no eit varesystem og lønesystemet er ulikt og, fordi vi nyttar åttetrinns lønesystem osb. Desse kan berre skjerast ned på under proletardiktaturet.«
I det sosialistiske samfunnet finst det to slag sosialistisk eigedom, nemleg eigarskap ved heile folket og kollektiv eigarskap. Det er grunnen til at Kina har eit varesystem i dag. Analysene til Lenin og formann Mao lærte oss at den borgarretten som er nøydd til å eksistera under det sosialistiske systemet må skjerast ned på under proletardiktaturet, slik at i den lange perioden som den sosialistiske revolusjonen varar skal dei tre store ulikskapane mellom (1) bønder og arbeidarar, (2) by og land, og (3) mellom kroppsarbeid og åndsarbeid etter kvart minka, og det ved dei ulike gradane som ikkje høver i hop vil verta mindre viktig, og dei materielle og ideologiske vilkåra for å lata att slike avstandar vil bli til. Dersom vi ikkje følgjer denne vegen, men i staden krev konsolidering, utviding og styrking av borgarrett og den delen med ulikskap som han fører med seg, vil ein ikkje kunna unngå at resultatet vert polarisering. Det vil seia at eit lite tal med folk i samband med fordelinga vil skaffa seg aukande mengder varer og pengar gjennom visse lovlege kanalar og mange ulovlege. Kapitalist-idear om å samla seg rikdom og streva etter personleg føremon og vinst, nørt av slike «materielle premieringar” vil spreia seg uhindra. Slike ting som å gjera offentleg eigedom til privat eigedom, spekulasjon, muting og korrupsjon, tjuveri og snyting vil veksa fram. Det kapitalistiske prinsippet om varebyte vil brøyta seg veg inn i det politiske livet og til og med inn i livet til partiet, undergrava der sosialistiske planøkonomien og gjé grobotn for slike døme på kapitalistisk utbyting som å skapa om varer og pengar til kapital og arbeidskraft til ei vare. Det vil oppstå endringar i vesenet til eigedomssystemet i visse avdelingar og einingar som følgje den revisjonisiiske lina, og døme på undertrykking og utbyting av arbeidsfolk vil vera å finna atter ein gong. Resultatet vert at ei lita gruppe nye borgarlege element og oppkomlingar som har svike proletariatet og det arbeidande folket heilt vil dukka opp mellom medlemmene våre uttrykker det godt: Dersom borgarrett ikkje vert innskrenka, vil det stogga utviklinga av sosialismen og stø oppunder framveksten avkapitalismen.» Når den økonomiske styrken til borgarskapet veks til eit visst nivå, vil agentane deira ønskja politisk makt, freista å styrta proletardiktaturet og det sosialistiske systemet, endra dei sosiaiistiske eigedomstilhøva fullstendig, og ope setja inn att og utvikla det kapitalistiske systemet. Når dei først har makta vil det nye borgarskapet først av alt setja i verk ei blodig undertrykking av folket og setja inn att kapitalismen i overbygnaden, irekna alle område av ideologi og kultur. Så vil dei gjennomføra distribusjon i høve til den mengda med kapital og makt som kvar einskild har, og prinsippet om at «kvar ein skal få etter arbeidsmengda” vil berre verta eit tomt skal. Då vil ein handfull nye borgarlege element rå aleine over produksjonsmidla, samstundes som dei rår over makta til å fordela forbruksvarer og andre produkt. Denne atterreisinga av kapitalismen har alt gått for seg i Sovjet-Unionen.
Mange døme er komne fram i lyset om den måten Anti-parti-klikken til Lin Piao fornedra seg på alle vis for å samla rikdom, ikkje var til å metta i den borgarlege livs stilen sin, og nytta borgarretten til å setja ut i livet handlingar som var tilsnikande, usmakelege og ufyselege. Desse døma er blitt kritiserte. Men endå meir opplysande er planane deira for eit kontrarevolusjonært statskupp «Riss av prosjekt ‘5711» der Lin Piao og Anti-parti-klikken nettopp nytta ideen om borgarrett ikkje noko anna, for å hjelpa eller lokka visse folk av ulike klassar til å gjera motstand mot proletardiktaturet. Med andre ord dette programmet står for klasseinteressene til ikkje berre det gamle borgarskapet, men nettopp dei nye borgarlege elementa og nokre få folk som ønskjer å nytta borgarretten til å utvikla kapitalismen. Dette klårgjer kvifor programmet rettar åtaket sitt mot formann Maos proletære revolusjonære line, og kvifor det viser særskilt bittert hat mot visse innskrenkingar som vert lagt på borgarretten gjennom den sosialistiske revolusjonen under proletardiktaturet i landet vårt.
Anti-parti-klikken til Lin Piao æresskjelte kontorkadrer som gjekk på 7.mai-kaderskular som «løynd arbeidsløyse”, dei kasta skit på forenkling av administrative strukturar og arbeidet med å halda nær kontakt med massane, og kalla det åtak på kadrane. Dei hevda at kadrar skulle vera herrar som reid på ryggane til folket, og difor vart dei ‘arbeidslause’ dersom dei var med på kollektivt arbeid i produksjonen. Tanken bak det var å hissa opp ein del av kontorarbeidarane, dei som ville utvida borgarretten, søkje offisielle stillingar og verta herrar, og dei som er djupt prega av ein borgarleg livsstil – til å gjera motstand mot partilina og det sosialistiske systemet.
Anti-parti-klikken til Lin Piao æresskjelte intellektuelle som knytte seg til arbeidarane og bøndene og reiste ut i landet som «Reform gjennom løynt tvangsarbeid”. Unge menneske, fulle av glød og innsette med kommunistisk medvit har reist ut i landet i gruppe etter gruppe. Det er eit stort tiltak med følgjer som vil strekkja seg vidt i minkinga av dei tre store ulikskapane og i innskrenkinga av borgarretten. Alle revolusjonære rosar det entusiastisk, men dei som er nedbrotne av borgarleg ideologi, og særskilt dei som er bundne av tanken på borgarrett, gjer motstand mot det.
Spørsmålet om å integrera unge menneske med utdanning med bønder og arbeidarar, og om denne rørsla skal halda fram, vil ha direkte følgjer for om revolusjonen i universitetsutdanninga kan fortsetta ved å følgja den vegen som Shanghai Maskinverkstad tok. Dei tok ut studentane mellom arbeidarane og bøndene, for at dei skulle koma attende etter studiet og arbeida mellom bønder og arbeidarar. Anti-parti-klikken til Lin Piao viste særskilt avsky for denne rørsla, og dermed avslører dei ikkje berre motstand mot arbeidarklassen, men også planen sin om å nytta tanken om borgarretten for å angripa partiet gjennom ein freistnad på å hissa opp nokre folk som var djupt innsette med ideen om borgarretten til å gå mot den sosialistiske revolusjonen. Programmet deira retta seg mot å utvida gapet mellom by og land og kroppsarbeid og åndsarbeid, og gjera unge folk med utdanning til ei ny elitegruppe for å vinna støtte frå dei som er djupt påverka av tanken om borgarrett til det kontrarevolusjonære statskuppet sitt.
Anti-parti-klikken til Lin Piao skitna til den kommunistiske ånda som arbeidarklassen viste når dei kritiserte revisjonistiske «materielle tildriv», som «utbyting i løynd form». Lin Piao var ein fanatisk talsmann for «materielle tildriv». I den nifse notatboka si skreiv han slikt revisjonistisk sprøyt som at «materielle tildriv er naudsynte enno». «Materialisme = materielle tildriv» «tildriv – offisielle postar, framheving, fordel».
Ein framståande medlem av Anti-parti-klikken til Lin Piao skreiv og at «prinsippet om at kvar skal få etter det arbeidet han gjer, og at materiell fordel var den avgjerande drivkrafta” i fremming av produksjonen» Det kunne sjå ut som at dei rådde dei til å nytta pengar for å «stimulera» arbeidarane, men i røynda ville dei vida ut skiljene i lønstrinn mellom arbeidarane utan å setja grenser i det heile. Det ville dei for at dei skulle kunne ta hand om og kjøpa opp ein liten del av arbeidarklassen, gjera han til eit sjikt med særrettar som svik proletardiktaturet og interessene til proletariatet, og bryta ned einskapen i arbeidarklassen. Dei freista å gjera arbeidarklassen roten ved å setja dei inn med ei borgarleg livsåskoding, og nytta den vesle gruppa med arbeidarar som er djupt prega av tanken ora borgarrett som ei kraft til støtte for sin eigen motstand mot proletardiktaturet. Lin Piao og hans folk meinte det var særskilt viktig å nytta «løner» for å lokka «unge arbeidarar” og deira «tildriv= offisielle postar, framheving, fordel» var ein skummel plan.
Dette viser oss gjennom eit omvendt døme at unge arbeidarar, særskilt dei som er blitt kadrar, medvite må avvisa materielle lokkemiddel frå borgarskapet og den smigeren der vert freista med på ulikt vis gjennom tanken om borgarrett. Dei må halda opp den kommunistiske revolus jonære ånda og gjera ho verksam ved å slåst tappert for fullstendig frigjering av proletariatet og heile menneskeslekta, og streva for å væpna seg med den marxist-leninistiske verdsåskodinga. Dei må aldri verta blinda og rusa av den fargerike mengda av varer, varebyte med pengar, simpel smiger, kryping og samansverjing av små grupper for å oppnå særrattar, for då kan dei bli narra av politiske svindlarar som Lin Piao, eller av godseigar- Og borgarelementa i samfunnet. Under dekkje av å «visa omtanke” driv alle desse folka med å gje unge arbeidarar «tildriv” for å lura dei til å ta den kapitalistiske vegen, og difor kunne ein kalla dei politiske «hjelpesmenn».
Urøynde og nyavla borgarlege element bryt lova openlyst medan utspekulerte borgarlege element med lang røynsle styrer dei bak teppet -dette er heilt vanleg i klassekampen i dag. Vi legg særleg vekt på å slå til mot dei løynde «hjelpesmennene” når vi har med øydelagde unge menneske å gjera som har begått lovbrot. Dette prinsippet må vi kalda fast på i framtida og. Rett så mange unge arbeidarar som tek eit klårt standpunkt i striden mot borgarleg korrupsjon har kome i forgrunnen i striden i desse dagar. Dei må vi stø, og summera opp røynslene deira i striden.
Anti-parti-klikken til Lin Piao skjelte om at bøndene «manglar mat og klede”, at «levestandarden” til kadre i» dei væpna styrkene «vert dårlegare” og at dei raude gardistane som viste den ånd som vågar å tenkja, tala, laga veg i vellinga, handla og skapa revolusjon i kritikken sin mot borgarskapet under den store kulturrevolusjonen ”vert narra og brukt brukte” … Alt dette var retta mot ei fullstendig avvising av det sosialistiske systemet og masselina til partiet, avvising av proletardiktaturet over borgarskapet, utviding av borgarretten Når dei spreidde løgnhistoria om at «bønder manglar mat og klær» ville Lin Piao-klikken få bøndene til «å eta opp og dela alt» for å undergrava og gjera til inkjes den sosialistiske kollektive økonomien. Dersom ting vart gjort på den måten ville ei lita gruppe folk verta det nye borgarskapet medan det overveldande store fleiretalet ville li under kapitalistisk utbyting. Og det ville vera ein situasjon som godseigarane, dei rike bøndene og delar av dei velståande middelbøndene som vel den kapitalistiske vegen på landsbygda lengtar etter.
No skjønar vi etterkvart kva Lin Piao meinte når han snakka om «å byggja den ekte sosialismen”: Det tydde utviding av borgarretten under sosialistiske fanar, slik at nye borgarlege element og viss visse fraksjonar og grupper som ville velja den kapitalistiske vegen kunne «ha alt under kontroll og alt til sitt rådvelde» , i samråd med dei styrta godseigar- og kapitalistklassane, og styrta proletardiktaturet for å atterreisa kapitalismen. Lin Piao og hans like var dei politiske talmmennene deira. Det programmet som Anti-parti-klikken til Lin Piao fremma i «Riss av prosjekt ‘571’» datt ikkje ned frå himmelen, og det var ikkje innebygt i hovudet til dei som tala om seg sjølve som «overgeni». Det var ei atterspegling av noko som fanst i samfunnet. For å vera presis: denne klikken som tok utgangspunkt i eit reaksjonært borgarleg standpunkt fanga opp behova til dei ureformerte godseigarane, rike bøndene, kontrarevolusjonære og dårlege element og høgrefløyen. Desse er berre eit par prosent av folketalet. Dessutan stod dei for krava til ei lita gruppe nye borgarlege element og ein gjeng som hadde tenkt å nytta seg av borgarretten for å verta nye borgarlege element.
På den andre sida stod dei mot krava frå det revolusjonære folket, som i alt er meir enn 90 prosent av folketalet, om å halda fast ved den revolusjonære vegen. Medlemer av denne klikken nytta idealistisk apriorisme (å setja idear som årsak til røynd, dvs. menneska er egoistiske av natur, difor nyttar det ikkje å gjennomføra sosialismen, (oms.merk.)) for å gå mot den materialistiske teorien om atterspegling; men vi må nytta teorien om atterspegling for å forklara korleis dei kontrarevolusjonære ideane vart til.
Kvifor ville det vera lett for folk som Lin Piao å køyra inn det kapitalistiske systemet dersom dei skulle koma til makta? Det er fordi det framleis finst klassar og klassestrid i landet vårt, det finst framleis grunn og vilkår for å avla kapitalisme. For å minka slik grunn og slike vilkår steg for steg og til slutt gjera det heilt av med dei, må vi halda fast ved å føra revolusjonen vidare under proletardiktaturet. Denne oppgåva kan fortroppen av proletariatet gjennomføra, under leiing av formann Maos revolusjonære line, berre gjennom faste og uslåande krafttak gjennom fleire generasjonar. Vi må halda fast ved grunnlina til partiet, byggja ut det politiske medvitet til arbeidarklassen, konsolidera alliansen mellom bønder og arbeidarar, samla alle krefter som kan sameinast med og sameina massene av revolusjonære folk og leia dei i arbeidet med å medvite støypa om verdsåskodinga deira i kampen mot klassefiendar og i dei tre store revolusjonære rørslene: (1) klassestriden, (2) striden for produksjonen’og (3) vitskaplege oppdagingar. På den måten må vi grunnstyrkja og utvikla sosialistiske eigedomstilhøve for heile folket og sosialistiske kollektiv eigedom for det arbeidande folket, hindra atterreising av borgarrett som alt er gjort til inkjes når det gjeld eigedomstilhøve, og halda fram med å fullføra, stegvis og gjennom etter måten lang tid, den delen av oppgåva som enno er ugjort i omdanninga av eigedomstilhøva.
Når det gjeld dei andre to sidene ved produksjonen, nemleg tilhøvet mellom folk og tilhøva rundt distribusjonen, må vi innskrenka borgarretten, kritisera, ideen om borgarrett og stadig veikja det grunnlaget som avlar kapitalisme. Vi må likeins halda fram med revolusjonen i overbygnaden, djupa ut kritikken av revisjonismen og borgarskapet og oppnå eit altomfattande proletardiktatur over borgarskapet.
I 1971 var formann Mao på ein inspeksjonstur rundt i landet j august og september. Då sa han:
“Vi har sunge Internasjonalen i 50 år, og det har vore døme på at folk i partiet vårt har arbeidd for splitting. Etter mitt syn kan dette hena 10, 20 eller 30 gonger til. Trur de ikkje det? Sjølv om ikkje dei gjer det, så gjer eg det. Skal det ikkje bli meir strid når kommunismen er gjennomført? Det trur ikkje eg noko på. Stridane vil vara ved, sjølv om det vert strid mellom det nye og det gamle, det galne og det rette. Sjølv om 10 000 år vil ikkje det som er gale få vera i fred, det vil ikkje halda mål.» Lenin sa: «Ja, vi rydda vegen ved å styrta godseigarane og borgarskapet, men vi bygde ikkje sosialismen. Der vi har rydda bakken for ein slektled med borgarar vil nye slektleder reisa seg utan stans i historia så lenge det finst grunnlag for dei, og det finst verkeleg grunnlag for svære mengder med borgarar. Berre sjå på dei som tenkjer på sigeren over kapitalistane slik som små-eigarar gjer,’Dei røva, nå vil eg ha noko og’ – sanneleg, kvar og ein av dei gjev opphav til ein ny slektled borgarar.» Her talar Lenin om kor utstrekt klassestriden i samfunnet må vera i tid. Vi må gjennomføra slik klassestrid og strid på to frontar og alltid slå attende borgarskapet og revisjonistagentane deira som arbeider for splitting, intrigar og samansverjing. Berre på den måten kan vi steg for steg skapa tilhøve der det vert uråd for borgarskapet å eksistera eller for eit nytt borgarskap å bli til, og til slutt gjera klassane til inkjes. Dette er den store saka som skal stridast til endes gjennom heile den historiske perioden til proletardiktaturet.
Dei nye borgarlege elementa som veks fram på grunn av undergraving gjennom borgarlege idear og det at borgarrett finst, deler allment dei politiske særtrekka til hyklarar og oppkomlingar. For å gjennomføra kapitalistisk verksemd under proletardiktaturet fylkar dei seg alltid under visse sosialistiske merke. Målet for verksemda deira er ikkje å gripa attende produksjonsmidel som dei har hatt før og mista, men å riva til seg produksjonsmiddel som dei aldri har ått. Difor er dei særskilt grådige, ivrige etter å svelgja i ein munnfull rikdomen som tilhøyrer heile folket eller kollektivet, og setja det under privat eigedomsrett.
Anti-parti-klikken til Lin Piao hadde desse politiske trekka. «Som Chungshan-ulven i det gamle sagnet vert du svikar så snart du får høve til å få viljen din». Desse to linene frå «Draumen om det raude romet», som skildrar korleis Sun Shao-tsu, ein omsynslaus valdsmann, «fornedrar seg til kva som helst for å innretta seg etter tilhøva», kan nyttast treffande på Anti-parti-klikken til Lin Piao.
Før Lin Piao hadde høvet til «å få viljen sin», det vil seia før han fekk grep om ein del av den politiske og økonomiske makta, nytta han kontrarevolusjonære hykleriske metodar for å narra partiet og massane, nytta krafta i masserørsla for å oppnå sine eigne mål. Då han gjorde det, nølte han ikkje med å ropa revolusjonære slagord og setja opp revolusjonære fanar samstundes som han forkvakla innhaldet. Når ein analyserer dei innste kjenslene til Lin Piao og banden hans i eit brev skrive i dei første dagane av kulturrevolusjonen, peika formann Mao på dette: «Eg trur det dei verkeleg bil er å nytta Chung Kuei for å jaga skrømt.” (Chung Kuei er ein segnfigur som vart sagd å kunna jaga vekk skrømt.) Dette set fingeren på det ømme punktet. Dei ville bruka ein murstein for å opna ei dør, og når døra var opna hadde dei ikkje bruk for mursteinen meir, og ville hiva han vekk. Dei handla som kontrarevolusjonære hyklarar og vifta med raude flagg for å stri mot raude flagg, «snakka fint med deg og dolka deg samstundes i ryggen”, eller som Lin Piao-klikken tilstod sjølv:”Svinga med formann Mao sitt banner for å slå mot styrkane til formann Mao.” Dette er ulike måtar å skildra ting som vart utførte nett på same måten. Den augneblinken Lin Piao-klikken, etter førebuingar i fleire år, trudde at ”etter mange år med førebuingar hadde det ideologiske organisatoriske og militære nivået blitt heva og det materielle grunnlaget lagt i ein viss grad,»bestemte dei seg for å setja sin vilje igjennom. I einingar og departement som dei kontrollerte gjorde dei om sosialistisk kontroll og sosialistisk eigedom til Anti-parti-klikken til Lin Piao sin private eigedom. Dei stilte ut dei politiske vonene seine meir og meir ope, som måtte veksa dess meir dei var i stand til ”å få viljen sin”, nett som borgarmoral som heller ikkje kjenner nokon grenser og veks med oppsamlinga av kapital. Marx seier: ”Ein kapitalist, han er berre personleggjord kapital. Sjela hans er kapitalens sjel.” Sjela til Lin Piao, ein borgaragent innanfor partiet, var heller ikkje noko anna enn sjela til det gamle velta borgarskapet som drøymer om atterreising, og sjela til det nye borgarskapet, som er i emning og fånyttes freistar å få makta. Ein klasseanalyse klårgjer fullt ut rota til den perverse kontrarevolusjonære politiske verksemda til Lin Piao og banden hans: Dei preika for læresetningane til Konfucius og Mencius, sveik partiet og det kinesiske folket og gjekk over til sosialimperialismen, dei var opptekne med same skitne styret som det kinesiske komprador-borgarskapet som tilbad Konfucius og svek landet. Det kontrarevolusjonære statskuppet som dei planla så febrilsk var berre eit gjennomslagsark av metodane til borgarskapet i mange andre land som er blitt nytta mange gonger før og framleis vert nytta i dag.
Vår oppgåve er tosidig. Vi må grava vekk grunnen steg for steg som avlar borgarar og kapitalisme. Og vi må gjennomskoda det i god tid, når det nye borgarskapet dukkar opp med t.d. Lin Piao i spissen. Det er difor studiet av marxismen-leninismen Mao Tse-Tungs tenking er så viktig. Dersom vi går vekk frå leiinga ved marxismen, kan vi ikkje greia dei to oppgåvene. Verre enn det, dersom eit revisjonistisk tanketrekk kjem til overflata og vi ikkje kjenner det att, då kan ein verta lurt og til og med blindt gå med i gangsterbåten fordi ein har idear om borgarrett i sitt eige hovud eller fordi ein ikkje skjønar det sjølv. Dersom dette ikkje er rett kvifor følgde folk? den revisjonistiske lina då den dukka opp? Kvifor kunne Lin Piao og co lura folket på den andre plenumssesjonen av den niande sentralkomiteen i partiet ved å nytta seg av idealisme pluss å laga ei mengd med bråk?
Korleis kunne dei opne orda til Anti-parti-klikken til Lin Piao retta mot å splitta partiet og styrta proletardiktaturet, finna grobotn i ei lita gruppe kadrar? Korleis kunne «flåtar» ope nytta slike metodar som å halda festar og gje gåver, by fram offisielle postar og andre tenester for å lura folk til å skipa ein klikk, utføra faksjonsarbeid og samansverja seg? Kvifor skreiv dei slikt søl i dei skumle notatbøkene sine som at dei «bruka ekspertise for å dekkja over politikken» og nytta det i taktikken sin for å gjennomføra kontrarevolusjonære handlingar? Her er det ei djuptgåande lekse å læra. Då formann Mao gjekk mot Anti-parti-klikken til Peng Teh-huai i 1959 sa han:»Nett no ligg den største fåren i empirisisme.” Difor må vi lesa og studera samvitsfullt. I dei siste ti åra har formann Mao teke opp att denne meininga si mange gonger. Han la vekt på at høgtståande kadrar og mellomståande kadrar i partiet «alle skulle lesa og studera samvitsfullt etter sine ulike nivå og ha eit solid grep om marxismen.» Han la og vekt på at «I dei første åra som kjem må vi leggja særskilt vekt på å propagandera for marxismen-leninismen”. Då Anti-parti-klikken til Lin Piao braut saman, sa formann Mao endå ein gong: «Eg vil formelt rå til at kameratane les ein del«. Og han snakka om dette igjen då han nyleg tala om proletardiktaturet. Kor styrkjande desse alvorsame og djuptenkte orda er! Alle kameratar i partiet, særskilt dei som står høgast, må fatta at samvitsfull studering og lesing er saker av høgste vekt i grunnstyrkjinga av proletardiktaturet. Først av alt må dei studera grundig og forstå til botnar utgreiingane til Marx, Engels, Lenin, Stalin og formann Mao, og dei viktigaste arbeida deira om proletardiktaturet. Dei må freista klårleggja spørsmålet ved å integrera teori og praksis, og kvitta seg, både ideologisk og i handling med dei borgarlege ideane og arbeidsmåtane som skil dei frå massane, slik at dei identifiserer seg sjølve med massane, verkeleg går i spissen for å fremma nye sosialistiske tiltak, og vert flinke til å oppdaga og vågar å stå mot kapitalistisk undergraving.
Vi må arva og føra fram den strålande tradisjonen partiet vårt har i enkel livsstil og brennande strid som er blitt utvikla over dei siste årtiene. Vi må forstå situasjonen klårt og granska politiske liner, irekna økonomiske politiske liner. Det er avgjerande å halda fast på prinsippet om å gripa revolusjonen og fremma produksjonen og anna arbeid, og førebuingane til krig, for dette prinsippet har vist seg verksamt i røynda. Vi må vera merksame på dei to typane motseiingar, og gje nøyaktige og harde slag til det ørvesle talet med dårlege element som finst. Borgarleg innverknad i massane skal gjerast til inkjes gjennom metoden “einskap-kritikk-einskap” – i hovudsak gjennom slike metodar som studiar og reising av medvitet stø framskridne tiltak som står fast mot kapitalisme, minnast lidinga i gamle dagar og samanlikna det med lukka vår i dag, i tillegg til å overtala og utdanna folket, og ta opp kritikk og sjølvkritikk, alt dette for å sameina 95% av kadrane og massane. Når vi kritiserer kapitalistiske tendensar er det naudsynt å skapa ein offentleg opinion, vinna fleirtalet over til seg, vekkja medvitet og gje aktiv leiing. Til dei få som har sokke djupt i kapitalistisk blautmyr må vi seia skarpt:»Kameratar, rett på feila dykkar no med ein gong!”
I byrjinga på denne artikkelen peika vi på at Lin Piao og klikken hans var svært isolerte frå folket i heile landet. Då vi leita fram opphavet til denne banden i klasserøtene deira, peika vi på dei vilkåra som gjer det råd for Anti-parti-klikken til Lin Piao å veksa fram. Når vi har sagt det, må vi nemna at Lin Piao og Anti-parti-klikken i røynda var svært svake. Som alle reaksjonære var dei berre papir-tigrar. All den kontrarevolusjonære verksemda til denne klikken ende i nederlag og stillstand, ikkje i siger. Det sosialistiske systemet er nøydd til å koma i staden for kapitalismen, og kommunismen må sigra i heile verda. Dette er ein objektiv lov, uavhengig av kva kvar mann Vil. Ettersom det sosialistiske samfunnet vert fødd av det gamle er det ‘»på alle måtar, økonomisk, moralsk og intellektuelt framleis stempla med fødsels merkene frå dét gamle samfunnet som før det og ber det fram«. Dette er ikkje noko rart. Soga dei siste 25 åra lærer oss at så lenge vi held oppe proletardiktaturet, held oss til teorien til formann Mao om den varande revolusjonen under proletardiktaturet og held oss til lina, prinsippa og politikken for den sosialistiske revolusjonen som fromann Mao har lagt det fram for oss, då kan vi knusa den motstanden som klassefiendar yter, sletta ut fødselsrmerkene steg for steg og vinna nye sigrar. Den storarta situasjonen som vi har no, merkt av stadig sterkare blomstring for sosialismen står i skarp kontrast til den situasjonen med imperialisme og sosialimperialisme som går i indre oppløysing og vert knuga av vanskar både ute og heime. Formann Mao’s siste læresetning i spørsmålet om teorien vil heilt visst setja oss i stand til å forstå betre den historiske rolla til proletardiktaturet og korleis det skal løyse oppgåvene sine, både i teori og praksis. Det vil hjelpa til å grunnstyrkja proletardiktaturet, djupa ut den sosialistiske revolusjonen, auka farten i utviklinga av den sosialistiske produksjonen og fremma nasjonal stabilitet og einskap. Kommunistane i Kina er fulle av sjølvtillit, akkurat som proletariatet og det revolusjonære folket i dette landet. Sameinte som ein mann og ved godt mot fører det striden under leiinga til partiet for å slå attende og hindra revisjonismen. Soga om den kinesiske revolusjonen er soga om korleis det revolusjonære folket gjekk fram til siger gjennom innfløkte strider og korleis dei reaksjonære gjekk mot øydeleggjing etter stadige styrkjeprøver. Formann Mao har summert det opp slik: «Ingen reaksjonære kunne bli ved makta lenge i Kina etter at keisaren var styrta i 1911. Den lengste var berre 20 år (Chiang Kai-Shek) og han vart og styrta då folket reiste seg i opprør. Chiang Kai-Shek klatra til makta ved å utnytta den tilliten som Sun Yat-sen hadde til han og fordi han dreiv Whampoa Akademiet og samla rundt seg ein svær gjeng med reaksjonære. Mest heile godseigarklassen og kapitalistklassen støtta han då han vende seg mot kommunistpartiet. Strålande fornøgd fekk han ei mellombels overmakt. Men i dei tjue åra greidde han aldri å oppnå sameining. Det vart krig mellom Kuomintang og kommunistpartiet. Dessutan var kommunistpartiet urøynd på den tida. Krigane mellom Kuomintang og dei ulike røvarhovdingklikkane, den kinesisk-japanske krigen, og endeleg, borgarkrig i stor stil i fire år, som sende han ut bakdøra til ei lita øygruppe. Dersom høgrefløyen skulle prøva seg med eit antikommunistisk statskupp i Kina, er eg viss på at dei inkje ville få fred dei heller. Styretida deira ville verta kortvarig, for dei revolusjonære ville aldri tola det, og dei representerer interessene til 90 prosent av folket i Kina.” Avslutninga må verta dei to setningane som er mykje brukte: “Framtida er lys; vegen er innfløkt.” Lat oss modig gå fram i den retningen og langs den vegen som formann Mao stakar ut!
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.