Bilde: Helsebyråd i Oslo, Robert Steen, på talarstolen under Arbeidarpartiet sitt landsmøte.
Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Politisk redaktør i avisa Oslo, Eirik Mosveen, stiller spørsmål til om Arbeidarpartiet vil klare å handtere den helsepolitiske situasjonen i kjølvatnet av dystre avsløringar ved Ullern helsehus.
Etter at det blei avdekka svært kritikkverdige forhold ved Ullern helsehus i november lova helsebyråd i Oslo, Robert Steen, “ekstern gjennomgang” av fire helsehus som blei starta i 2015. Slike oppdrag leggast ut på anbod og det har heile tida blitt sagt at anbodet, med nøyaktig mandat og tidsfrist “var like om hjørnet”. Først tidleg denne veka var dette klart.
Kommentatoren spør seg for det første om kvifor byråden presiserte at det dreidde seg om ein “ekstern gjennomgang” og ikkje ekstern gransking. Om det ikkje skal granskast listar Mosveen opp ei rekke kommunale og offentlege instansar som kunne tatt ein gjennomgang, og forstår ikkje behovet for å hente inn eksterne konsulentar. I ei gransking er poenget med å hente inn nokon utanfrå å sikre at verksemda som granskast ikkje påverkar funna. No, etter dei to månadene som alt er brukt til førebuing, ventar ein prosess der selskap sender inn tilbod, byrådet velje kven som får oppdraget, og så startar sjølve gjennomgangen. Konklusjonen til Mosveen er at det ser ut som byråden har kjøpt seg tid.
Ønsket om å eventuelt kjøpe seg tid knyttast til at Høgre ser ut til å ville køyre hardt på helsepolitikk sidan dei vil ha meir privatisering, og dårleg kvalitet på offentlige tjenester vil kunne ramme Arbeidarpartiet hardt etter åtte år i posisjon. Høgre sin listetopp har dessutan sagt at ho ikkje vil at formueskatt skal vere hovudsaka deira i valkampen, og kommentatoren meiner slike sakar da passar godt.
Det påpeikast også at Steen overraskende trakk seg fra vallista til bystyret samstundes som han seier han vil halde fram som helsebyråd om “dei raudgrøne” vinn valet. Mosveen ser dette i samanheng med faren for at Steen fort blir ein veleigna syndebukk om problema ved helsehusa held fram og at partiet er forsiktigare med å gå imot private aktørar for ikkje å miste velgarar til Høgre. Redaktøren påpeikar at Oslo kommune likevel har mindre makt over helsepolitikken enn det mange trur etter som eigarskapen til sjukehusa er overført til staten. Samstundes har kommunane ansvar for pasientar som skrivast ut frå sjukehus, og det er påpeika at det no skrivast ut fleire som er eldre og sjukare enn før.
Referanse
Krisen ved helsehusene er et minefelt for Ap – Oslodebatten
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.