Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Kameratane våre i Red Herald skriv at palestinarane held fram kampen, også etter angrepa mot Jenin tidlegare i sommar.
Publisert av The Red Herald 07.08.2023
Palestina: Motstanden held fram trass folkemordersk politikk og represjon frå Israel
Staten Israel har ikkje slutta å angripe det palestinske folket etter offensiven mot Jenin og fører den same folkemorderske politikken. Så langt i år har over 200 palestinarar blitt drepne i gjentatte israelske angrep på palestinske byar og landsbyar. Når det kjem til dei palestinske barna, har den israelske staten hittil i år drept 31 på den okkuperte Vestbredda, og seks til på Gazastripa. Vi har tidlegare meldt om denne folkemorderske politikken.
Israelske bosettarar har nyleg angripe to palestinske landsbyar. Fredag 4. august angreip dei landsbyen Burqa, sør-aust for Ramallah, og drap ein tenåring med eit skot mot halsen hans og såra to andre med steinar, og brann fleire køyretøy. Laurdag 5. august angrep ei anna gruppe bosettarar landsbyen Et-Tevane sør for Hebron, også på den okkuperte Vestbredda. Da landsbyboarane barka saman med bosettarane, Kom israelske troppar og skaut gummikular og tåregass, skaut mot palestinske køyretøy og arresterte i tillegg ein landsbyboar.
Søndag 6. august utførte israelske spesialstyrkar bakhaldsangrep mot ein bil med tre palestinarar, arresterte dei og etterpå opna eld og drap alle i bilen. Dette skjedde i Arraba, nær Jenin. Etter å ha utført angrepet hindra dei ambulansar i å kome til staden slik at dei tre døydde.
Men samstundes med at staten Israel angreip det palestinske folket, har dei siste forsvart seg. Fleire aksjonar mot ulovlege israelske bosettingar har blitt utført den siste veka: den første av desse var i den ulovlege bosettinga Maale Adumim på den okkuperte Vestbredda tirsdag 1, august da eit medlem av den palestinske motstanden skaut og såra seks Israelske bosettarar og seinare blei drepen.
Fleire demonstrasjonar mot ulovlege israelske bosettingar har også blitt heldne på den okkuperte Vestbredda: Fredag 4. august blei det heldt ein demonstrasjon i Kufur Qaddoum mot den israelske bosettinga som kallast “Kedumin”. Marsjen endte i samanstøyt mellom palestinske ungdomar og israelske soldatar som skaut og såra to unge menn med skarp ammunisjon, og mange andre med tåregass og sjokkgranatar. Laurdag 5. august var det eit anna demonstrasjonstog mot ei anna ulovleg israelsk bosetting, denne gongen i Beit Dajan, i nærleiken av Nablus. Israelske soldatar skada fleire demonstrantar med overdriven repressiv valdsbruk.
Det palestinske folket står ikkje berre ovanfor den israelske sataten, men også dei palestinske sjølvstyremyndigheitene leia av Mahmoud Abbas som samarbeidar med israelarane i å undertrykke sitt eige folk. Palestinske tryggingsstyrkar drap ein palestinar og såra ein annan i Jenin laurdag 5. august. Seinare, blei det meldt om eit angrep mot ein demonstrasjon utanfor hovudkvarteret til dei palestinske styresmaktene i denne byen, med skyting frå begge partar.
Dei kjempande i den palestinske nasjonale motstandsrørsla protesterar ikkje berre mot ulovlege bosettingar eller står imot angrepa. Dei har også byrja angripe territoriet til den israelske staten, særleg Tel Aviv: Laurdag 5. august skaut og såra eit medlem av den palestinske motstandsrørsla tre Israelske settlarar, for så å bli drepen av israelske soldatar etter aksjonen.
Ein anna framståande aksjon frå den palestinske motstandsrørsla som blei kjent denne veka, er at fleire medlemar har infiltrert israelsk etterretning, særleg Shin Bet og Mossad, og fann og eliminerte fleire israelske agentar. Det palestinske folket tar ikkje berre imot israelske slag, men det er ein konstant dynamikk med kamp og motstand.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.