Av en kommentator for Tjen Folket Media.
For fjerde gong på kort tid råkast regjeringa av ein habilitetssak. Denne gongen gjeld det utanriksminister Anniken Huitfeldt. Ho erklærar seg “uvitande inhabil”.
Bakgrunnen for saka er at mannen hennar, Ola Flem, har handla aksjar på Oslo Børs gjennom investeringsselskapet sitt, mellom anna i våpenprodusenten Kongsberg Gruppen medan Huitfeldt har vore utanriksminister. Ifølge Utanriksdepartementet dreier det seg om over 100 transaksjonar. I tillegg til Kongsberg Gruppen gjeld det mellom anna kunstgjødselprodusenten Yara International som også er ein del av norsk imperialisme.
Statsminister Jonas Gahr Støre har sagt at Huitfeldt var inhabil i behandlinga av sakar i regjeringa og departementet på grunn av kjøpa til ektemannen, og at ho burda skaffa seg oversikt over kjøpa. Likevel seier han at Huitfeldt har tilliten hans, at han trur på forklaringa om at ho ikkje kjente til handelen og ville meldt seg inhabil om ho hadde visst. Vidare varslar statsministeren oppdateringar i Handbok for politisk leiing, mellom anna med skjerpa retningslinjer for kjøp og sal av aksjar for politikarar i regjeringsapparatet.
Huitfeldt seier ho vil fortsette som utanriksminister og at ho ikkje veit kor pengane frå aksjehandelen har gått, men trur dei er plassert i aksjefond. Ho innrømmer å ha kjent til at mannen hadde enkeltaksjar, men ikkje kva for aksjar.
Les også
Referanse:
Endrer retningslinjene etter Huitfeldt-innrømmelse – NRK
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.