Av en kommentator for Tjen Folket Media.

18. mai er det 45 år sidan den tyrkiske staten drap kommunisten Ibrahim Kaypakkaya.

Ibrahim Kaypakkaya har vorte eit symbol på den revolusjonære krigen i Tyrkia og ei kjelde til inspirasjon for revolusjonære og opprørarar i heile verda. Jamvel om han berre var 23 eller 24 år når han vart drepen, leverte han viktige bidrag til teorien vår, maoismen.

Han vart fødd i Tyrkia i 1949, og kom i kontakt med revolusjonære krefter når han byrja studiar i fysikk ved universitetet i Istanbul på slutten av sekstitalet. Raskt etter vart han medlem av det forbodne partiet for revolusjonære arbeidarar og bønder i Tyrkia (TIIKP).

I 1972 vart partiet splitta då Kaypakkaya stilte seg i spissen for dei som ynskte at partiet skulle driva folkekrig mot den undertrykkande statsmakta. Han braut ut og danna Tyrkias Kommunistiske Parti (Marxistisk-Leninistisk), forkorta TKP/ML. Den væpna greina av partiet forkortast TIKKO på tyrkisk.

Berre åtte månader etter at partiet vart skipa, vart Kaypakkaya teken til fange av det brutale og USA-støtta fascistregimet i Tyrkia. Trass i omfattande tortur, veik han ikkje og nekta å tysta på kameratane sine. Til slutt drap dei han og skapte martyren Kaypakkaya.

Partiet hans er framleis aktivt og driv folkekrig mot den tyrkiske staten. Dei stør aktivt den kurdiske frigjeringskrigen og har vore mellom dei leiande kreftene i kampen mot IS-terroristane, noko ein naturlegvis ikkje får høyra om i vestlege media.

Om Kaypakkaya har TKP/ML uttalt følgjande:

«Han peikte klart ut at vegen til revolusjon går via folkekrig. Han gjorde det klart at kommunistpartiet har som si hovudoppgåve å organisera geriljakrig for å skapa raud makt. For å klare dette må partiet arbeida mellom bøndene på landsbygda. Ibrahim Kaypakkaya knuste også den femti år gamle myten om kemalistane som frigjerarar. Han sa at den fascistiske staten Tyrkia vart tufta på kemalistane sin ideologi. I samtida vart ikkje det kurdiske folket ein gong mellom revolusjonære sett på som eit eige folk, men Ibrahim Kaypakkaya gjorde det heilt klart at landet vårt er eit multinasjonalt land.

Han prova at attmed det tyrkiske folket lever også den undertrykte kurdiske nasjonen i tillegg til andre etniske og nasjonale minoritetar som blir undertrykte av staten. Det var berre Ibrahim Kaypakkaya som stod for den marxist-leninistiske-maoistiske lina som konfronterte tyrkisk sjåvinisme og kurdisk nasjonalisme ved å framheva det internasjonale proletariatet sine prinsipp kring det nasjonale spørsmålet. Han forsvarte ein kvar nasjon sin rett til å rå seg sjølv og meinte at alle nasjonar har dei same rettane.

Han gjorde det også klart at partiet han grunnla, TKP/ML, var inspirert av Pariskommunen, av oktoberrevolusjonen, den kinesiske revolusjonen og den store proletære kulturrevolusjonen. Ikkje berre forsvarte han Mao Zedong og Kinas Kommunistiske Parti, han sa også at Maos bidrag til det internasjonale proletariatet sin vitskap ikkje er enkelte bidrag, men opphøyer heile vitskapen til eit nytt nivå. Han sa at formann Maos bidrag til å halda fram revolusjonen under proletariatets diktatur, hans analyse av det sosialistiske samfunnet, klassene og klassekampen under sosialismen betydde eit nytt framskritt i det internasjonale proletariatet sin vitskap. Han rekna den store proletære kulturrevolusjonen som det største det internasjonale proletariatet nokon gong hadde oppnådd.»

For oss er framleis Kaypakkaya til inspirasjon. Gjennom sitt korte liv vart han eit symbol på motstand og opprør, både i Tyrkia og i andre land. For jamvel om staten klarte å drepa han, klarer dei ikkje å drepa ideane hans eller inspirasjonen han har gjeve i dei mange åra som har gått sidan då, For som dei seier i Tyrkia:

Ibo yaşıyor, TİKKO savaşıyor! (Ibo lever - TIKKO kjempar!)

Tjen folket Media

Hvordan bidra til kampen?

Medlemskap

Ta kontakt

Pengestøtte

Gi på konto

Nyhetsbrev

Arbeidere og undertrykte i alle land, forén dere!