Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Basert på ein artikkel frå A Nova Democracia
Den 22. mars blei 23 personar drepne og 83 fangar er skadd under opptøyar i La Monda, eit av dei største fengsla i Bogota, Colombia, midt under den økonomiske, helse og sosiale krisa forverra av koronaviruset.
På den dagen, vart det organisert demonstrasjonar og opptøyar i fleire av landet sine fengsel mot dei dårlege helsetilstandane og overfylte fengsla. Minst 13 fengsel har meldt om opptøyar, med 32 insette og 7 skadde på sjukehus, inkludert to vakter som er alvorleg skadd.
Den mest valdelege oppstanden fann stad i La Monda, i hovudstaden. I videoen under kan ein sjå familiemedlemmane til dei innsatte som har samla seg utanfor fengselet medan ein kan høyra skudd og madrasser var brent inne i fengselet. Familiemedlemmane, inkludert eldre menn og kvinner, funksjonshemja personer og born som var hindra i å sjå de innsatte, stod tappert i mot politibarrikaden.
Fangane i fengsla hadde også sendt videoar frå innsida av murane til fengsla til båe pressa og familiane sine. Disse bekrefta valden represjonens styrkar har brukt i hovudstaden, og også i Medellín, Ibagué, Boyacá og andre byar i landet, som om det var ei slagmark. Hovudstadens innbyggarar har også tidlegare høyrt skudd i frå fengselet.
Fengsla i Colombia har ein kapasitet til å husa 81.000 innsette, men dei har no meir enn 123.000 innsette, ifølge statistikk frå justisdepartementet.
Dei store opptøyane i fengsla leda til eit hastemøte mellom represjonsstyrkar i forsvars- og justisdepartementet den 23. mars. Eit av tiltaka som er vurdert av regjeringa er å erklæra “fengselskrise i landet”. Det vil gi den gamle staten meir makt til å overføra innsatte til andre fengsel, isolera fengsla, og til å be om assistanse frå justis, helse- og beredskapsmyndigheiter for å handtera samanstøyt.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.