Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Så langt i juli har Indias Kommunistiske Parti (maoistene) utført fleire aksjonar ifølge borgarlege medie. Desse rapportane er basert på det borgarlege aviser har skrevet, så det må takast med ei klypa salt.
To soldatar skadd under eit åtak på ein maoistleir
Måndag 6. juli blei to soldatar frå reservestyrkene i Dantewada-distriktet, i delstaten Chhattisgarh, skadd då ei improvisert bombe planta av maoistane eksploderte, seier politiet.
Hendinga skjedde 10:30 lokal tid i ein skog rett ved Katekalyan politistasjon då reservestyrkene returnerte til basen etter at dei hadde øydelagt ein av maoistane sine transportleirar, uttalte ein funksjonær.
Sikkerheitsstyrkene fann totalt 6 improviserte bomber. Maoistane flykta frå leirene kor dei la att bombene.
Maoistiske plakatar dukka opp i Rayagada-distriktet
Politiet i Rayagada-distriktet i delstaten Odisha har intensivert søkeoperasjonar i landsbyane Sukulabhatta og Gurugaon etter at det dukka opp maoistiske plakatar onsdag 08. juli.
Politikjelder seier dei har beslaglagt tre plakatar frå Indias Kommunistiske Parti (maoistene), kor dei har komme med åtvaringar til funksjonærar og entrepenørar for å ikkje ha gitt arbeid til folk med arbeidskort i distriktet.
Maoistane i Baghuna Divisjonen uttaler at junioringeniørar, GRS, NGOar, og entrepenørar i Ambadala har inngått i ein uheilag allianse og nektar folk med arbeidskortarbeidsmoglegheitar via MGNERGS. (Mahatma Gandhi National Rural Employment Guarantee Act)
Maoistane seier at fleire millionar indiske rupiar er blitt brukt i Muniguda i anleggsverksemd, men at funksjononærar og entrepreørar brukar maskinar til å utføra arbeidet i staden for å gi arbeid til migrantarbeidarar.
Maoistane har gitt ei åtvaring til funksjonærane og entrepenørane at dei må stoppa bruken av maskinar og sa at om dei ikkje følger instruksjonane vil maskinane bli brent og entrepenørane vil få ein lærepenge.
Væpna maoiststyrker tar seg inn i skogane i Manugur
Torsdag 9. juli uttalte ein politibetjent at distriktspolitiet har mottatt ein etterettningsrapport om at tre væpna grupper med maoister har tatt seg inn i Bhadradri Kothagudem-distriktet frå nabodelstaten Chhattisgarh. Nesten 400 politibetjentar inkludert 20 spesialpoliti og Greyhound-grupper (anti-opprørsstryker) deltok i søkeoperasjonar i skogane.
Samstundes, skal det ha oppstått spenning med stammefolk i skogen grunna frykt skapt av politistyrkene. Maoistane prøvde å etablera seg i området rundt Kothagudem-distriktet etter at trykket frå politiet i Chhattisgarh har aukt, seier kjelder.
Maoistane utførte ein stor væpna aksjon vest i Singhbhum-distriktet
Maoistane sprengte minst 12 bygningar tilhøyrande Jharkhand skogsavdeling i Vest-Singhbhum-distriktet sundag 12.juli, uttalte politiet.
I følge Indrajit Mahatha, politioverbetjent i Vest-Singhbhum, gjekk over 100 maoistar til åtak på bygningane i skogsområdet i Barkela ved Kolhan skogsdivisjon natt til sundag.
I følge augevitne, skogsaveldingstilsette og deira familiar, gjekk over 100 maoistar til åtak på skogvokterkontoret rundt 23:30 og sprengte rundt 12-13 vaktbrakker, og eit gjestehus saman med eit dusin av beslaglagte privatkøyretøy. Aksjonen varte til 02:30. Dei satt også nokon syklar i brann. Dei hadde også beslaglagt mobilar og truga med å drepa om nokon prøvde å varsla om åtaket via telefon eller ljos. Det gjorde at politiet ikkje fekk informasjon om aksjonen før seint om morgonen, uttalte Mahatha
Han la også til at aksjonen var leda av sentralkomite-medlemmet Misir Besera med assistanse frå områdekommandøren Mocchu. Det var også kvinner med i aksjonen.
Dei har også hengt opp plakatar som fordømer Forest Right Act og oppmodar alle stammebeboerne til å slutta seg til og intensivere den væpna kampen til å føra vekk skogsfunksjonærar og for å sikra deira rett til jal, jangal og jameen (vatn, skog og land). Dei har spurt landsby leiarane om å sende ungdom for å slutte seg til deira rekker for å drepa politistyrker.
Maoistane sprenger veg i Jharkhand
Måndag 13. juli blei ein veg sprengt i delstaten Jharkhand i Vest-Singhbhum-distriktet, uttaler politiet.
Dei planta ei improvisert bombe, retta mot sikkerheitsstyrker og å gjøre skade på vegen, uttalte Indrajeet Mahata. Aksjonen fann stad kun 2 km frå der aksjonen vart utført på sundag.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.