1

Frå borgarlege demokratar til den kapitalistiske veg


Teksten er henta fra tidsskriftet «Internasjonalen» nr 2 utgitt av AKP(m-l) i september 1976. Teksten kritiserer erkerevisjonisten og forræderen Deng Xiaoping.


FRÅ BORGARLEGE DEMOKRATAR TIL FOLK SOM GÅR DEN KAPITALISTISKE VEGEN

Av Chih Heng, 1973

Den djerve striden som vår store leiar, Formann Mao, har gjort opptak til og leia for å slå attende høgre-avvikarvinden som gjorde om på rette avgjerder frå tidlegare, utviklar seg bra i dei ymse omkverva av overbygnaden. Her er medrekna utdanning, vitskap og teknologi og kunst og litteratur. Spydodden i kritikken er retta mot den personen som vil gå den kapitalistiske vegen innafor partiet, han som nektar å gjera opp med feila sine. Det var han som også sette fram det revisjonistiske programmet som tala om «å ta dei tre påboda som nøkkelleddet.»(1) Denne kampen er eit framhald og utdjuping av Den store proletariske kulturrevolusjonen. Han er endå ein stor styrkeprøve på den politiske og ideologiske fronten mellom proletariatet og borgarskapet, mellom sosialisme og kapitalisme og mellom marxisme og revisjonisme.

Gjennom denne kampen vil kadrane og massane sikkert få ei god opplæring i marxismen-leninismen- Mao Tsetungs tenking og høgja medvitet sitt om klassekampen og kampen mellom dei to linene. Gjennom denne striden vil den sosialistiske revolusjonen og oppbygginga i landet vårt ta eit sjumilssteg framover. Det er heilt sikkert.

Utdjupinga av det revolusjonære masseordskiftet har reist ei rad med tankevekkjande go eggjande spørsmål: Korleis kan det ha seg at somme folk som før var revolusjonære i den nydemokratiske revolusjonen no har vorte til slike som vil gå den kapitalistiske vegen i tidbolken for den sosialistiske revolusjonen? Kvifor vil han ikkje gå med på at det finst klassemotseiingar og klassekamp i det sosialistiske samfunnet? Kvifor går han mot å ta klassekampen som hovudlekken og såleis gå beint imot den lina som Formann Mao har staka ut for partiet vårt?

Klasseopphavet og dei ideologiske kjeldene til høgrevinden kan vi finna ved å nytta oss av den marxistiske metoden for klasseanalyse. Ut frå dette kan vi dra nyttige lærdomar.

Det åttande plenumsmøtet til den åttande Sentralkomiteen i Partiet fann stad i 1959. Her streka Formann Mao klart og tydeleg under at dei høgreopportunistiske delane i partiet aldri hadde vore proletære revolusjonære. Dei var for det meste borgarlege eller småborgarlege demokratar som hadde funne vegen inn i dei proletære og revolusjonære rekkjene. Dei hadde heller ikkje nokon gong vore marxist-leninistar, men følgde berre med inn i partiet. Den karen i partiet som fer den kapitalistiske vegen og nektar å gjera opp med feila sine, er også av dette slaget. Då han og andre folk av same ulla slutta seg til dei proletære revolusjonære rekkjene, tok dei med seg ideologien som høyrer det borgarlege demokratiet til. Då dei godtok dei ymse gradane av minimumsprogrammet til partiet, det vil seia programmet for den nydemokratiske revolusjonen, sette dei det ikkje i samband med maksimumsprogrammet til partiet, det vil seia å nå fram til sosialismen og kommunismen. Dei skjønar ikkje maksimumsprogrammet til partiet og er heller ikkje budde på å setja det ut i livet. Med andre ord: Verdsåskodinga deira er ikkje ei proletært kommunistisk åskoding, men eit borgarleg syn. Vidare så har ikkje dette borgarlege standpunktet og verdsåskodinga blitt omskapt i løpet av dei langdryge revolusjonære kampane. Då revolusjonene gjekk fram frå det nydremokratiske steget til den sosialistiske revolusjonen, heldt ikkje ideologien deira tritt med det revolusjonære framsteget. Heller tvert om. Sjølv om dei reint fysisk hadde gått inn i det sosialistiske samfunnet, så var det reint ideologisk framleis på det demokratiske revolusjonssteget. Dette gjorde at dei måtte koma i konflikt med den sosialistiske revolusjonen. Ja, dei kom beinveges i motstrid til han også. Det borgarleg-demokratiske standpunktet og den borgarlege verdsåskodinga representerer borgarskapet. Dette er også klasseopphavet og den ideologiske kjelda til høgrevinden som no blæs for å gjera om på avgjerder.

Den nydemokratiske revolusjonen og den sosialistiske revolusjonen, leia av Kinas Kommunistiske Parti er to revolusjonære steg som har heilt ulik karakter, mål og oppgåver. Den førstnemnde revolusjonen fann stad i det gamle Kina, eit halvkolonialt og halvføydalt samfunn. Den hovudmotseinga som han sette seg som mål å løysa, var motseinga mellom folkemassane, her medrekna arbeidarar, bønder, småborgarskapet og det nasjonale borgarskapet på den eine sida, og føydalismen og byråkratkapitalismen på den andre. Difor var det ein anti-imperialistisk og anti-føydal borgarleg demokratisk revolusjon av karakter. Oppgåva var å kasta av seg herreveldet til imperialismen, den føydale godseigarklassen og det byråkratiske kompradorborgarskapet i Kina og føra revolusjonen fram mot sosialismen, alt saman med arbeidarklassen i brodden.

I og med at den demokratiske revolusjonen vann fram, endra karakteren og hovudmotseiinga i det kinesiske samfunnet seg. Motseiinga mellom proletariatet og borgarskapet vart hovudmotseiinga i landet vårt. Denne motseiinga finst ikkje berre i heile samfunnet under eitt, men kjem også til uttrykk i partiet. Den sosialistiske revolusjonen vi arbeider mot, er ein revolusjon som proletariatet fører mot borgarskapet og alle andre utbyttarklassar. Spydspissen i revolusjonen er i hovudsak retta mot borgarskapet og personar i partiet som sit med makt og går den kapitalistiske vegen. Oppgåva for revolusjonen er å setja inn proletardiktaturet i staden for borgardiktaturet og bruka sosialismen til å slå ned kapitalismen. Gjennom lang og seig klassekamp skal vi litt etter litt skapa vilkår der det vert uråd for borgarskapet å vera til, eller umogeleg for eit nytt borgarskap å reisa hovudet. Til sist skal vi avskaffa alle klassar og setja kommunismen ut i livet. Då Folkerepublikken Kina vart skipa i 1949, var det eit uttrykk for at det nye sosialistiske revolusjonssteget var begynt.

Dersom den ideologien ein har, framleis blir ståande på det gamle stadiet og ser den sosialistiske revolusjonen få ein borgarleg-demokratisk synsstad, vil ein bli ein talsmann for borgarskapet. Då vil ein vera ein som går den kapitalistiske vegen og ei målskive for den sosialistiske revolusjonen.

Etter at den nydemokratiske revolusjonen hadde sigra i Kina, vart ideologien til ein del folk i partiet ståande på det demokratiske revolusjonssteget. Dei ynskte ikkje å halda fram med revolusjonen langsetter den sosialistiske vegen. Er ikkje dette sanninga om den personen i partiet som fer den kapitalistiske vegen og som ikkje vil forbetra seg? Han og følgjesveinane hans er redde for at den sosialistiske revolusjonen vil setja dei i skotlina og såleis få følgjer for privat eigedom og den borgarlege retten som dei held mykje av, og dei tradisjonelle ideane som dei ynskjer å halda ved lag. Dei er redde for at dette skal skipla det borgarlege klassestandpunktet og den borgarlege verdsåskodinga deira. Difor vert dei talsmenn for borgarskapet. Di djupare den sosialistiske revolusjonen går, di skarpare vert motseiinga mellom dei og revolusjonen. Endå skarpare vert også motseiinga mellom dei og arbeidarane og fattige og mellomstore bønder, for dei tviheld på å halda fram med revolusjonen. Ettersom den sosialistiske revolusjonen går framover, fell dei attende og går mot revolusjonen.

Det er nettopp den personene som går den kapitalistiske vegen og nektar å gjera opp med feila sine, som gjekk imot jordbrukssamyrke og folkekommunar. Han støtta heller »ei ordning med faste innkomstkvotar for einskildhuslydar kvar for seg.» Seinare sette han seg opp mot Den store kulturrevolusjonen og heldt den revolusjonære masserørsla nede. Og no gjorde han det han kunne for å snu om på rette avgjerder og setja inn att kapitalismen på nytt.

Formann Mao har peika på «Revisjonsimen er ei form for borgarleg ideologi. Revisjonistane ser bort fri skilnadene mellom sosialisme og kapitalisme og nektar for at dei finst. Dei ser heller ikkje skilnadene mellom proletardiktaturet og borgardiktaturet. Det dei stir fram med er i røynda ikkje den sosialistiske lina, men den kapitalistiske.» (Tale som vart halden på Den nasjonale konferansen om propaganda-arbeid som Kinas kommunistiske parti skipa til.)

Når det gjeld ideologi og klasseopphav, så er det borgarlege klassestandpunktet den borgarlege verdsåskodinga heilt i samsvar med revisjonismen. Opportunisme, eller revisjonisme, er ein fraksjon eller tankeretning i arbeidarrørsla som representerer borgarskapet sine interesser. Det spesielle kjenneteiknet ho har er svik mot dei grunnleggjande interessene åt proletariatet og overgjeving til borgarskapet. Revisjonistane pratar heile tida om klasseforlik, dei meiner at klassekampen vil døy ut og snakkar om teorien om produktivkreftene ut frå eit borgarleg klassestandpunkt. Heile tida brukar dei desse revisjonistiske villfaringane til å gå imot den klassekampen som proletariatet fører mot borgarskapet og går imot proletardiktaturet. Det går ei bein line frå Bernstein og Bresjnev til Liu Shao-chi og Lin Piao. Dei for åt på same måten alle ihop. Slik er det også med personen som går den kapitalistiske vegen og har nekta å retta opp at det han har gjort gale. Han sette fram det revisjonistiske programmet om «å ta dei tre påboda som nøkkelleddet». Han hevda også teoriane om at klassekampen ville døy ut og om produktivkreftene. Dette går beint imot dei teoriane som marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking har om klassekamp og proletardiktaturet. Dette brukte han også til å rota seg inn i og undergrava den rørsla som var i gang for å studera teorien om proletardiktaturet og den kritikk/rørsla som var reist mot romanen Vasskanten.(2) Båe desse rørslene var det formann Mao som hadde starta og leia. Han brukte også dette programmet sitt til å skuva fram den revisjonistiske lina på fleire felt. All den meiningsløysa som kom fram på dei ulike områda for utdanning, vitskap og teknologi siste året kjem herifrå. Det same gjer dei galne tinga i litteratur og kunst og på andre omkverve som står i motstrid til den revolusjonære lina til formann Mao, Den store kulturrevolusjonen og dei nye tinga under sosialismen. Det kjem herifrå alt ihop. Han som har ein ideologi som står på steget til den demokratiske revolusjonen nektar for at det finst klassar, klassemotseiingar og klassekamp i den sosialistiske perioden. Då er han nøydd til å praktisera revisjonisme og.

Formann Mao har sagt: «Kva for bruk av dei tre påboda som nøkkelledd er dettte! Stabilitet og einskap tyder ikkje at klassekampen skal strykast ut. Klassekampen er nøkkelleddet som alt det andre er knytta til.» Dette er ein gjennomgripande kritikk av det revisjonistiske programmet som talar om «å ta dei tre påboda som nøkkelleddet.» Vi har vunne store sigrar i sosialistisk revolusjon dei siste 20 åra og vel det, men klassekampen har ikkje døydd ut. Medlemmer av den nedkjempa klassen har vi rundt oss enno. Denne klassen eksisterer enno. Han kjempar for og drøymer om å koma seg opp att. Borgarskapet og småborgarskapet finst enno. Store hopar med intellektuelle som ikkje er blitt skikkeleg omdanna har vi enno. Makta i vanen og sedvanlege innverknader frå småprodusentar finst enno. Dei dreg framleis etter seg borgarskap og kapitalisme. Er ikkje dette ting som alle kjenner til? Fekk ikkje folk seg ein alvorleg støkk då dei såg den undergravingsverksemda som dei partifiendslege klikkane rundt Liu Shao-chi og Lin Piao dreiv med? Dei var agentar for borgarskapet innafor partiet. Dei prøvde å kasta proletardiktaturet og setja inn att kapitalismen. Er ikkje dette at det er kome fram nye borgarlege element i partiet, slike som Lin Piao og hans likemenn, ein grundig lærepenge for oss? Korleis kan det då seiast at klassekampen er døydd ut, når vi har slike tilhøve som dette? Slike folk som den personen i partiet som fer den kapitalistiske vegen som ikkje vil gjera opp med det galne han før har gjort, vil i grunnen ikkje få slutt på klassekampen, når dei kjem med slike idear som «å ta dei tre påboda som nøkkelleddet» og snakkar om at klassekampen og teorien og produktivkreftene er døde. Det dei i røynda er ute etter, er å sløkkja den kampen som proletariatet fører mot borgarskapet og kjempa mot proletariatet på vegner av borgarskapet. Dei let som om dei ynskjer stabilitet og einskap og vil auka produksjonen. Det dei verkeleg vil er å kasta vekk proletardiktaturet og innføra kapitalismen på nytt. Den revisjonistiske lina deira er i røynda det stikk motsette av stabilitet, einskap og sosialistisk produksjon.

Etter at den demokratiske revolusjonen vann fram, står saka slik at det anten gjeld om å stogga revolusjonene på det gamle steget og ikkje gå vidare framover, eller å stå på med arbeidet for den sosialistiske revolusjonen og arbeida fram mot målet vårt, som er kommunismen. Dette vil då seia at anten får ein halda fram med å gjera revolusjon mot borgarskapet eller så får ein la vera. Her ligg dei grunnleggjande skilnadene mellom proletære revolusjonære og borgarlege demokratar, og mellom marxistar og revisjonistar. Kampen mellom dei to linene innafor partiet i den sosialistiske perioden går akkurat på dette her.

Kvifor går den personen i partiet som går den kapitalistiske vegen og som nektar å gjera opp med feila sine, så hardt ut mot Den store kulturrevolusjonen? Kvifor ser han på dei nye tinga i sosialismen som kom ut av Den store kulturrevolusjonen som ein tagg i kjøtet sitt, noko som ein for alt i verda må kvitta seg med? Kvifor er han så motviljug mot å gå bort frå alt slags kapitalistisk og revisjonistisk rusk og rask som vi skilde oss bort frå under Den store kulturrevolusjonen? Kvifor er han så ivrig etter å setja dette inn att? Jau, dette er fordi, som formann Mao har sagt: «den store kulturrevolusjonen er eigenleg ein stor politisk revolusjon som vert gjennomført under sosialismen og dei vilkåra som finst der. Det er ein revolusjon utført av proletariatet mot borgarskapet og alle andre utbyttande klassar.» Denne store revolusjonen traspa dei to borgarlege hovudkvartera til Liu Shao-chi og Lin Piao og kritiserte den revisjonistiske lina deira. Dei folka som gjekk den kapitalistiske vegen kom i skotlina, og borgarskapet i partiet vart skyteskiva for revolusjonen. Ideologiane til borgarskapet og alle andre utbyttarklassar vart kritiserte. Kulturrevolusjonen må også utdanning, litteratur og kunst og andre delar av overbygnaden som ikkje var i samhøve med den sosialistiske grunnvollen i økonomien. Alt dette går beint imot dei borgarlege interessene som dei personen i partiet som går den kapitalistiske vegen nektar å gjera opp med feila sine og den kapitalistiske vegen han trår etter å gå, står for. Ut frå dette er det ikkje til å koma utanom at slike folk som han vert motstandarar av Den store kulturrevolusjonen.

Fødselsmerka frå det gamle samfunnet held seg i det sosialistiske samfunnet. Slik er det t.d. med den saka som gjeld borgarleg rett og dei tre hovudskilnadene, mellom arbeidar og bonde, by og land og mellom kropps- og åndsarbeid. Desse skaper det jordsmonnet og dei vilkåra som skal til for at borgarskapet og kapitalisme skal koma opp. Den langsiktige oppgåva under sosialismen er å halda att på borgarleg rett og smått om senn viska ut leivningane frå det gamle samfunnet. Til djupare ned den sosialistiske revolusjonen går, til meir om å gjera er det for oss å fremja denne saka og setja oss føre å fullføra henne.

Formann Mao har streka under: «Vi praktiserer eit slags varesystem i landet vårt no. Lønssystemet er ulikt også, slik som i den åttedelte lønsskalaen, og så bortetter. Under proletardiktaturet må slike ting berre bli stramma inn. Om slike folk som Lin Piao difor kom til makta, vil det vera nokså lett for dei å rigga til det kapitalistiske systemet. Difor lyt vi lesa meir i dei marxist-leninistiske verka.»

Denne rettleiinga frå Formann Mao speglar av det ynskjet og dei krava som proletariatet og det revolusjonære folket har for å skuva den sosialistiske revolusjonen frametter. På same tida reiser ho redsle og motstand frå folk som har ein ideologi som enno står på det demokratiske revolusjonssteget. Dei vil helst halda på desse grunnleggjande sidene ved den borgarlege retten. Desse folka kjem i opposisjon når revolusjonen råkar dei direkte ved å skjera inn på dei sidene ved den borgarlege retten som dei ynskjer å halda oppe. Kvifor hatar denne personen som fer den kapitalistiske vegen og nektar å gjera ting godt att, dei nye sosialistiske tinga som strammar inn på borgarleg rett på ymse område? Kvifor held han borte kritikken av dei materielle tildriva og sensurerer kritikken av det synet som ser på kunnskap som privat eigedom? Og kvifor teier han i hel kritikken av andre idear som kjem frå borgarleg rett?

Kvifor er han så redd for å reisa spørsmålet om å skjera inn på borgarleg rett, og kvifor er han så på død og liv imot dette? Jau det er fordi han representerer borgarskapet og gjerne vil verna om å styrka den borgarlege retten. Såleis ynskjer han å halda si hand om det grunnlaget som borgarskapet blir ala fram frå og overlever på, og utvida det.

Motvilje og motstand mot den sosialistiske revolusjonen som stammar frå ideologi som står på det demokratiske revolusjonssteget — dette er eit historisk fenomen som gong på gong har vist seg i partiet dei siste 20 åra og vel det. I 1953 vedtok partiet til dømes å setja i verk ein planleggingspolitikk for kjøp og marknadsføring. Dette er eit viktig steg når ein skal gå i gang med sosialistisk revolusjon og oppbygging. Den gongen var det folk i partiet som skar ut og gjorde hard motstand. Dei var kommunistar i namnet, men tala ut frå kapitalistkreftene i by og land mot den sosialistiske revolusjonen. I den tidbolken då samyrkelaga i jordbruket vart utvikla, oppløyste Liu Shao-chi og hans likemenn massevis av samyrkelag og gjekk til åtak på rørsla. Det dei la planar om og gjorde var det heilt motsette av det bøndene ynskte og gjorde, og bøndene var hundrevis av millionar. I 1957 var det ei korrigeringskampanje i partiet. Då greip dei borgarlege høgrefolka tilføret og køyrde ut med eit vilt åtak på proletariatet. Samstundes var det folk i partiet som tala for eit borgarleg program som stava med det dei borgarlege høgrefolka stod for på den tida. I 1959 gjekk høgreopportunismen til Peng Teh-huai mot generallina til partiet og sa nei til det store spranget og folkekommunane. Enda ein gong synte det seg kva for farge dei har slike som vart verande borgarlege demokratar. Desse folka prøvde å køyra fram eit kapitalistisk program og borgarlege slagord i tidbolken for den sosialistiske revolusjonen. Dei måtte bli vaska bort av den straumen som følgde med den sosialistiske revolusjonen. Annleis kunne det ikkje gå.

Det er på ingen måte underleg at det framleis er somme i partiet som har ein ideologi som blir ståande på det demokratiske revolusjonssteget. Dei handsamar ting ut frå eit borgarleg standpunkt og ei borgarleg verdsåskoding. Det er heller ikkje rart at dette skjer under den sosialistiske revolusjonen. Partiet vårt er stort, ærerikt og korrekt. Under leiing av den store leiaren vår, formann Mao Tse-tung og den proletære revolusjonære lina hans, har revolusjonen vunne store sigrar under leiing av partiet. I lengre tid i fortida leia partiet revolusjonære rørsler som var borgarleg-demokratiske i grunnhått. Difor kom mange borgarlege og småborgarlege demokratar til å slutta seg til dei revolusjonære rekkjene og fortroppen i proletariatet. Mange som var blitt utdanna i marxismen-leninismen og hadde gått gjennom lange revolusjonære kampar, gjekk smått om senn bort frå det borgarlege verdsåskodinga si og godtok eller fostra fram det proletære standpunktet og den proletære verdsåskodinga. Men enno er det nokre få som har vorte djupt påverka av borgarleg ideologi. Dei har ikkje godteke utdanninga og omforminga som partiet har gitt, og standpunktet og verdsåskodinga deira er framleis det same. Borgarskapet finst framleis i det sosialistiske samfunnet, og den ideologien det har, vil nødvendigvis påverka visse folk som høyrer til i fortroppen i proletariatet. Desse folka vil såleis gå over til å bli borgarlege demokratar og revisjonistar. Verdsåskodinga deira er pukka nøydd til å gje seg uttrykk i politiske og ideologiske spørsmål på alle måtar. Ein kan ikkje venta det annleis heller. Når den sosialistiske revolusjonen rullar frametter, vil det alltid vera folk som strilyndt ynskjer å stogga han og snu han tilbake. Slike folk har vi sett tidlegare, dei finst no og, og dei kjem til å dukka opp i framtida.

Det proletære partiet lyt kjempa strie kampar mot slike freistnader på å omforma partiet og samfunnet i borgarskapet sitt bilete. Med andresse til dei kameratane som har gjort feil, så er den følgjestrenge politikken til partiet å: «Læra av tidlegare feil for å unngå å gjera fleire i framtida, og lækja sjukdomen for å berga pasienten.» I den kampen som går no skal vi framleis stå på denne politikken. Tolmodig skal vi hjelpa dei kameratane som har gjort feil slik at dei kan gjera det godt att. Såleis hjelper vi fram einskap og gjer arbeidet vårt godt.

(Omsett etter Peking Review 13.73)

Noter

1. Det tre direktivene er tre direktiver formann Mao har gitt ved forskjellige anledninger om å studere teorien om proletaratets diktatur og kjempe mot revisjonismen og hindre at den vokser fram, om å skape stabilitet og enhet og å drive den nasjonale økonomien framover. Teng Hsiao-ping — den personen i partiet som fulgte den kapitalistiske vegen og sikta mot å gjøre om korrekte avgjørelser — brukte knepet med å gjøre alle tre til nøkkelleddet, dvs. stille dem likt. Om dette uttalte Mao Tsetung: «Hva for slags bruk av ‘ta de tre direktivene som nøkkelleddet’ er dette! Stabilitet og enhet betyr ikke å avskrive klassekampen. Klassekampen er nøkkelleddet og alt annet er avhengig av det.» (Bl.a. sitert i Peking Review nr. 12.76 i artikkelen «Kina setter i gang en kamp mot ei revisjonistisk linje».) — Red.

2. «Vannkanten» er en klassisk kinesisk roman som blei ferdig utforma i tida mellom 1368 og 1644. Temaet er henta fra et bondeopprør som fant sted omkring Liangshanfjellet mot slutten av det nordre Sung-dynastiet (960—1127). Borgere og revisjonister har pleid å hevde at boka er ei lovprisning av bøndenes revolusjonære kamp. I virkeligheten er det ei bok som anbefaler kapitulasjonisme. Formann Mao har sagt at «Fortjenesten ved boka «Vannkanten» ligger nettopp i at den gir et bilde av kapitulasjon. Den tjener som læremateriell ved negativt eksempel for å hjelpe hele folket til å gjenkjenne kapitulasjonister.» (Sitert bl.a. i artikkelen «Kritikk av ‘Vannkanten’» av Chu Fang-ming, Peking Review 9.76.) Sung Chiang er en av hovedpersonene i boka, en godseier som slutter seg til bondeoppstanden for å bruke kampen til sin egen fordel, ikke for å slåss mot keiseren og føydalismen. Denne boka er blitt grundig diskutert og kritisert blant massene i Kina det siste året, og har hjulpet mye til å avsløre karakteren til Teng Hsiao-ping.