1

Dei næraste oppgåvene til partiet i det nasjonale spørsmålet


Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.


DEI NÆRASTE OPPGÅVENE TIL PARTIET I DET NASJONALE SPØRSMÅLET

Tesar til den tiande kongressen i RKP (b) Godkjende av sentralkomiteen i partiet(1)

I. DET KAPITALISTISKE SYSTEMET OG DEN NASJONALE UNDERTRYKKINGA

1. Moderne nasjonar er eit produkt av ein viss tidbolk – tidbolken med veksande kapitalisme. Prosessen med å gjera føydalismen til inkje og utvikla kapitalismen er på same tid ein prosess der folk vert organiserte i nasjonar. Britane, franskmennene, tyskarane og italienarane vart forma til nasjonar på den tida kapitalismen utvikla seg sigerrikt og sigra over føydal oppkløyving.

2. Der skipinga av nasjonar i det store og heile fall saman i tid med skipinga av sentraliserte statar, fekk nasjonane sjølvsagt statsform, dei utvikla seg til sjølvstendige, borgarlege nasjonalstatar. Det var dette som hende i Storbritannia (unnateke Irland), i Frankrike og Italia. I Aust-Europa vart tvert om dei sentraliserte statane, påskunda av trongen for sjølvforsvar (invasjon av tyrkarar, mongolar osb.), skipa før føydalismen var gjort til inkjes – altså før nasjonane vart danna. Resultatet var at nasjonane her ikkje utvikla seg til nasjonalstatar, noko dei heller ikkje kunne. I staden vart det fleire blanda, fleirnasjonale borgarlege statar, til vanleg med ein sterk herrenasjon og fleire veike, underlagde nasjonar. Døme: Austerrike, Ungarn og Russland.

3. I nasjonalstatar som Frankrike og Italia, som i fyrstninga i hovudsak leit på eigne nasjonale krefter, var det allment ikkje noka nasjonal undertrykking. I motsetnad til dette er dei fleirnasjonale statane som byggjer på dominans frå ein nasjon – eller meir nøyaktig frå herskarklassen i denne nasjonen – over dei andre nasjonane, den opphavelege heimstaden til og hovudskodeplassen for nasjonal undertrykking og nasjonale rørsler. Motseiingane mellom interessene til herrenasjonen og interessene til dei underlagde nasjonane, er motseiingar som, dersom dei ikkje vert løyste, gjer det uråd at ein fleirnasjonal stat skal kunna ha eit stabilt tilvære. Tragedien for den fleirnasjonale borgarlege staten ligg i at han ikkje kan løysa desse motseiingane, at alle freistnader han gjer for å gjera nasjonane «likestilte» og for å «verna» dei nasjonale minoritetane samstundes som dei held på privateigedom og klasseulikskap, til vanleg endar med eit nytt nederlag – med endå større skjerping av nasjonale konfliktar.

4. Den vidare voksteren til kapitalismen i Europa, trongen til nye marknader, etterspurnaden etter råvarar og brennstoff, og endeleg, utviklinga av imperialismen, kapitaleksporten og trongen til å tryggja viktige sjø- og jamvegsruter, førte på den eine sida til at dei gamle nasjonalstatane tok nye territorium og til at dei vart omdanna til fleirnasjonale (koloni-) statar med innebygd nasjonal undertrykking og nasjonale konfliktar (England, Frankrike, Tyskland, Italia). På den andre sida førte dette til at herrenasjonane i dei gamle fleirnasjonale statane auka strevet etter ikkje berre å halda ved lag dei gamle statsgrensene, men og å utvida dei, leggja under seg nye (veike) nasjonalitetar på kostnad av grannestatane. Dette gjorde det nasjonale spørsmålet meir omfattande og smelta det til sist, gjennom sjølve utviklingsgangen, saman med det allmenne spørsmålet om koloniane. Nasjonal undertrykking vart omforma frå eit indre statsspørsmål til eit mellomstatleg spørsmål, eit spørsmål om kamp (og krig) mellom dei «store» imperialistmaktene for å leggja under seg veike, ikkje-likestilte nasjonalitetar.

5. Den imperialistiske krigen som kledde dei uløyselege nasjonale motseiingane og den indre falitten til dei borgarlege fleirnasjonale statane nakne til skinnet, skjerpa uhorveleg dei nasjonale konfliktane i dei sigrande kolonistatane (England, Frankrike, Italia). Han førde til full oppløysing i dei overvunne gamle fleirnasjonale statane (Austerrike, Ungarn, Russland i 1917), og førde endeleg, som den mest «radikale» borgarlege løysinga av det nasjonale spørsmålet, til at det vart skipa nye borgarlege nasjonalstatar (Polen, Tsjekkoslovakia, Jugoslavia, Finland, Grusia, Armenia osb.). Men skipinga av dei nye sjølvstendige nasjonalstatane førde ikkje, og kunne ikkje føra til fredeleg samlivnad mellom nasjonalitetane. Ho fjerna ikkje, og kunne ikkje fjerna, nasjonal ulikskap eller nasjonal undertrykking. For dei nye nasjonalstatane, som er grunna på privateigedom og klasseulikskap, kan ikkje vera til:

a) utan å undertrykkja dei nasjonale minoritetane (Polen som undertrykkjer kviterussarane, jødane, litauarane og ukrainarane, Grusia som undertrykkjer ossetane, abkharane og armenarane, Jugoslavia som undertrykkjer kroatane, bosniarane, osb.).

b) utan å auke territoria sine på kostnad av grannane sine. Dette fører til konfliktar og krigar (Polen mot Litauen, Ukraina og Russland, Jugoslavia mot Bulgaria, Grusia mot Armenia, Tyrkia osb.).

c) utan å underleggja seg det finansielle, økonomiske og militære herredømmet til dei «store» imperialistmaktene.

6. Slik avdukar etterkrigstida eit mørkt bilete av nasjonal fiendskap, ulikskap, undertrykking, konfliktar krig og imperialistisk råskap frå nasjonane i dei siviliserte landa si side, både mot kvarandre og mot dei ikkje-likestilte nasjonane. På den eine sida finst det nokre få «stor»-makter som undertrykkjer og utbyttar alle dei usjølvstendige og «sjølvstendige» (i røynda fullt ut usjølvstendige) nasjonalstatane, og mellom desse maktene er det ein innbyrdes strid for å monopolisera utbyttinga av nasjonalstatane. På den andre sida fører dei usjølvstendige og «sjølvstendige» nasjonalstatane ein strid mot den utolande undertrykkinga frå «stor»-maktene, og nasjonalstatane strir innbyrdes for å auka det nasjonale territoriet sitt. I kvar einskild nasjonalstat er det strid mot dei nasjonale minoritetane han undertrykkjer. Til sist styrkjer frigjeringsrørsla mot «stor»-maktene i koloniane seg, og dei nasjonale konfliktane skjerpar seg både i desse maktene og i dei nasjonalstatane som i regelen har ei rekkje nasjonale minoritetar.

Slik er «biletet av freden» som den imperialistiske krigen let etter seg. Det borgarlege samfunnet har synt seg å vera heilt ute av stand til å løysa det nasjonale spørsmålet.

II. SOVJETSYSTEMET OG NASJONAL FRIDOM

1. Medan privateigedom og kapital uomgjengeleg kløyver folk, nører nasjonal strid og skjerpar nasjonal undertrykking så sameiner kollektiv eigedom og kollektivt arbeid like uomgjengeleg folk, grip tak i røtene til nasjonal strid og gjer slutt på nasjonal undertrykking. Det er like utenkjeleg at det kan finnast kapitalisme utan nasjonal undertrykking som at det kan finnast sosialisme utan at dei undertrykte nasjonane vert frigjorde, utan nasjonal fridom. Sjåvinisme og nasjonal strid er uomgjengeleg ikkje til å unngå så lenge bøndene (og småborgarskapet) allment, som er fulle av nasjonale fordommar fylgjer borgarskapet. Derimot kan ein rekna nasjonal fred og nasjonal fridom som tryggja dersom bøndene fylgjer proletariatet, dvs. dersom proletariatets diktatur vert tryggja. Difor er sigeren for sovjeta og opprettinga av proletariatets diktatur eit grunnvilkår for å gjera slutt på nasjonal undertrykking få til nasjonal likestilling og tryggja rettane til nasjonale minoritetar.

2. Røynsla frå sovjetrevolusjonen har fullt ut stadfest denne tesen. Skipinga av sovjetsystemet i Russland og utropinga av retten nasjonane har til lausriving, endra fullt og heilt tilhøvet mellom dei arbeidande massane i dei ulike nasjonalitetane i Russland. Ho greip tak i røtene til den gamle nasjonale fiendskapen, fjerna grunnlaget for nasjonal undertrykking og gjorde at dei russiske arbeidarane vann tillit hjå brørne sine i andre nasjonalitetar, ikkje berre i Russland, men i Europa og Asia og. Ho heva denne tilliten til eldhug, til at dei vart budde til å kjempa for den sams saka. Skipinga av sovjetrepublikkar i Aserbajdsjan og Armenia har ført til same resultatet, for ho har gjort ende på nasjonale konfliktar og gjort opp med den «eldgamle» fiendskapen mellom dei tyrkiske og armenske, og mellom dei armenske og aserbajdsjanske arbeidande massane. Det same må seiast om den mellombels sigeren for sovjeta i Ungarn, Bayern og Latvia. På den andre sida kan ein trygt slå fast at dei russiske arbeidarane ikkje kunne ha slege Koltsjak og Denikin, og at dei aserbajdsjanske og armenske republikkane ikkje kunne ha kome seg opp med føtene fast under seg, dersom dei ikkje hadde gjort slutt på nasjonal fiendskap og nasjonal undertrykking heime, dersom dei ikkje hadde vunne tillit og kveikt eldhugen hjå dei arbeidande massane i nasjonalitetane i Vesten og i Austen. Å styrkja sovjetrepublikkane og gjera slutt på nasjonal undertrykking er to sider av ein og same prosessen med å frigjera det arbeidande folket frå imperialistisk trældom.

3. Men det at det finst sovjetrepublikkar, same i kor lita mon det er, er eit livsfarleg trugsmål mot imperialismen. Trugsmålet ligg ikkje berre i det at sovjetrepublikkane med å bryta seg laus frå imperialismen vart omforma frå koloniar og halvkoloniar til verkeleg sjølvstendige statar, og med dette frårøva imperialistane ein del ekstra territorium og ekstra inntekter. Men i tillegg, og fyrst og fremst, ligg trugsmålet i sjølve det at sovjetrepublikkane finst, i at kvart steg dei tek for å halde borgarskapet nede og styrkja proletariatets diktatur, er ovsterk agitasjon mot kapitalismen og imperialismen, agitasjon for frigjering av dei usjølvstendige landa frå imperialistisk trældom. Og sovjeta er eit uovervinneleg element i å løysa opp og desorganisera kapitalismen i alle hans former. Ut frå dette spring striden dei «store» imperialistmaktene uunngåeleg må føra mot sovjetrepublikkane og strevet til «stor»-maktene for å øydeleggja desse republikkane. Soga om striden «stor»-maktene har ført mot Sovjet-Russland ber eit overtydande vitne om at slik den internasjonale stoda er no, under vilkår med kapitalistisk omlægring, kan ikkje ein einaste sovjetrepublikk som står åleine rekna seg trygg mot økonomisk utmatting frå og militært nederlag for verdsimperialismen. For desse maktene har sett det eine borgarlege grannelandet etter det andre opp mot Sovjet-Russland, den eine gruppa med kontrarevolusjonære generalar etter den andre. Med det har dei skipa ein tett blokade rundt Sovjet-Russland og i det heile freista å isolera det økonomisk.

4. Difor er det isolerte tilværet for einskilde sovjetrepublikkar ustabilt og utrygt, av di tilværet deira vert truga av kapitaliststatane. For det fyrste dei sams interessene av å forsvara sovjetrepublikkane, for det andre oppgåva med å atterreisa produktivkreftene som er øydelagde, og for det tredje den naudsynlege hjelpa dei korndyrkande sovjetrepublikkane må gje alle dei som ikkje dyrkar korn, gjer det bydande klårt for alle at ein statsunion mellom dei einskilde sovjetrepublikkane er naudsynt. Dette er den einaste redninga frå imperialistisk trældom og nasjonal undertrykking. Dei nasjonale sovjetrepublikkane som har frigjort seg frå «sitt eige» og det «utanlandske» borgarskapet kan berre halda seg i live og slå dei sameinte kreftene til imperialismen gjennom å sameina seg i ein tett statsunion, elles vil dei ikkje kunna slå dei i det heile.

5. Ein føderasjon av sovjetrepublikkar tufta på sams militære og økonomiske interesser er den allmenne forma for statsunion som vil gjera det råd

a) å tryggja integriteten og den økonomiske utviklinga til kvar einskild republikk og til føderasjonen som heilskap,

b) å femna om heile mangfaldet når det gjeld levemåte, kultur og økonomiske tilhøve i dei ulike nasjonane og nasjonalitetane som no står på ulike utviklingssteg, og å nytta former for føderasjonen som motsvarar dette,

c) å få til fredeleg samlivnad og brorskapleg samarbeid mellom nasjonane og nasjonalitetane som på eitt eller anna vis har knytt lagnaden sin til føderasjonen sin lagnad.

Russland si røynsle med å nytta ulike føderasjonsformer, frå føderasjon tufta på sovjetautonomi (Kirgisia, Basjkir, Tataria, Høglandet, Dagestan), til føderasjon tufta på paktbundne tilhøve med sjølvstendige sovjetrepublikkar (Ukraina og Aserbajdsjan), og å tillata mellomtrinn (Turkistan og Kviterussland) har fullt ut prova at føderasjon er føremålstenleg og smidig som allmenn form for statsunion mellom sovjetrepublikkane.

6. Men føderasjonen kan berre vera stabil, og resultata av føderasjonen berre effektive, dersom han byggjer på gjensidig tillit og friviljug samtykke frå landa i føderasjonen. Dersom RSFSR er det einaste landet i verda der eksperimentet med fredeleg samlivnad og brorskapleg samarbeid mellom fleire nasjonar og nasjonalitetar har lukkast, er det fordi her korkje er herrenasjonar eller underlagde nasjonar, korkje metropolar1 eller koloniar korkje imperialisme eller nasjonal undertrykking. Føderasjonen her kviler på gjensidig tillit og friviljug strev frå dei arbeidande massane i dei ulike nasjonane fram mot union. Denne friviljuge karakteren til føderasjonen må konsekvent takast vare på, for berre ein slik føderasjon kan tena som overgangssteg til den høgre einskapen mellom slitarane i alle land i eitt einaste økonomisk verdssystem. Og at dette er naudsynt vert stendig meir tydeleg.

III DEI NÆRASTE OPPGÅVENE TIL RKP (b)

1. RSFSR og sovjetrepublikkane som er assosierte med han har eit folketal på omlag 140 000 000. Av desse er ikkje-storrussarar omlag 65 000 000 (ukrainarar, kviterussarar, kirgisarar, usbekar turkmenarar, tadsjikar, aserbajdsjanarar Volga-tatarar, Krim-tatarar, bukhararar khivanar, basjkirar armenarar tsjetsjenarar, kabardinarar ossetar tsjerkessarar, ingusjar karatsjaiar, balkarar2 kalmykar, karelarar avarar dargenarar, kasikumukkar, kyurinarar, kumykkar3, mariar tsjuvatsjar, votjakar, Volga-tyskarar, buijatar, jakutar osb.)

Politikken til tsarismen, politikken til godseigarane og borgarskapet andsynes desse folka var å drepa kva enn slag kimar til statsskipnad som fanst mellom dei, å skamfara kulturen deira, halda språket deira nede, halda dei i vankunne, og endeleg, å russifisera dei så langt råd var. Resultatet av denne politikken var at desse folka vart underutvikla og politisk tilbakeliggjande.

No når godseigarane og borgarskapet er velta og sovjetmakta er utropt av folkemassane i desse landa og, er partiet si oppgåve å hjelpa dei arbeidande massane i dei ikkje-storrussiske folka å nå att Sentral-Russland som har kjempa seg fram. Oppgåva er å hjelpa dei til

a) å utvikla og styrkja sovjet-statsskipnaden sin i former som samsvarar med dei nasjonale draga til desse folka.

b) å skipa sine eigne domstolar, administrasjon, økonomiske organisasjonar og maktorgan som nyttar morsmålet i arbeidet sitt og som har ein arbeidsstokk av lokale folk som kjenner levemåten og sinnelaget til folket i området.

c) å utvikla presse, skular teater, rekreasjonsklubbar, og kultur- og utdanningsinstitusjonar allment, der ein nyttar morsmålet i arbeidet.

2. Dersom vi frå dei 65 000 000 ikkje-storrussarane trekkjer Ukraina, Kviterussland og ein liten del av Aserbajdsjan og Armenia, som i ei viss mon har vore gjennom tidbolken med industriell kapitalisme, står det att ein folkesetnad på omlag 25 000 000 menneske. Desse er i hovudsak turkar (Turkestan, størstedelen av Aserbajdsjan, Daghestan, høglandsfolket, tatarane, basjkirane, kirgisarane, osb.) som ikkje har vore gjennom noka kapitalistisk utvikling, og som ikkje har noko eller berre eit lite industriproletariat. For det meste har dei halde på ein landsøkonomi og ein patriarkalsk-stammebunden levemåte (Kirgisia, Basjkir. Nord-Kaukasus), eller har ikkje gått ut over dei primitive formene for ein halv-patriarkalsk, halvføydal levemåte (Aserbajdsjan, Krim, osb.), men er alt dregne med i den same straumen med sovjetutvikling.

Partiet si oppgåve i høve til dei arbeidande massane desse folka (i tillegg til oppgåva som er peikt på i punkt 1), er å hjelpa dei til å gjera leivningane etter patriarkalsk-føydale tilhøve til inkje, og å dra dei med i arbeidet med å byggja ein sovjetøkonomi med grunnlag i sovjet av arbeidande bønder, gjennom å skapa sterke kommunistiske organisasjonar mellom desse folka. Med andre ord organisasjonar som evnar å nytta røynsla til dei russiske arbeidarane og bøndene i oppbygginga av ein sovjetøkonomi, og som samstundes evnar å ta omsyn til alle særdraga den økonomiske stoda, klassestrukturen, kulturen og levemåten til kvar nasjonalitet det gjeld i oppbyggingsarbeidet sitt, og som held seg frå å omplanta mekanisk økonomiske åtgjerder frå Sentral-Russland som berre høver for eit anna, høgre utviklingssteg.

3. Dersom vi frå dei 25 000 000, i hovudsak turkar, trekkjer frå Aserbajdsjan, størstedelen av Turkestan, tatarane (Krim- og Volga-tatarane), Bukhara, Khiva, Daghestan, ein del av høglandsfolket, (kabardinarane, tsjerkessarane og balkarane) og fleire andre nomadenasjonalitetar som alt har slege seg ned og busett seg på eit visst territorium, er det att omlag 6000 000 kirgisarar, basjkirar, tsjetsjenar ossetar, og ingusjar. Til nyleg tente landa deira som koloniseringsmål for russiske nybyggjarar, som har greidd å ta frå dei den beste dyrkingsjorda og stendig har skuvd dei innover i den nakne ørkenen.

Den tsaristiske politikken, som var politikken til godseigarane og borgarskapet, var å kolonisera desse områda så langt råd med kulakk-element av russiske bønder og kosakkar, og gjera desse sistnemnde til ei påliteleg støtte for strevet for å verta herrenasjon. Resultatet av denne politikken var at den innfødde folkesetnaden (kirgisarar, basjkirar) steg for steg vart utrydda. Dei hadde vorte drivne ut i øydemarka.

Partiet si oppgåve i høve til dei arbeidande massane desse nasjonalitetane (ved sidan av oppgåvene som er nemnde i punkt 1 og 2) er å sameina sitt eige strev med strevet til dei arbeidande massane i den lokale russiske folkesetnaden, i striden for frigjering frå kulakkane allment, og frå dei umåteleg grådige storrussiske kulakkane særskilt. Vidare er det partiet si oppgåve å hjelpa dei med alle mogelege rådgjerder til å kasta av seg åket frå dei koloniserande kulakkane og på denne måten skaffa dei den dyrkingsjorda som må til for at menneske skal kunne leva.

4. I tillegg til dei førnemnde nasjonane og nasjonalitetane som har ein fast klassestruktur og bur i eit fast område, finst det framleis flytande nasjonale grupper i RSFSR, nasjonale minoritetar som er spreidde inn mellom kompakte majoritetar av andre nasjonalitetar. Desse gruppene har i dei fleste høve korkje ein fast klassestruktur eller eit fast landområde (latviarar estlendarar polakkar, jødar og andre nasjonale minoritetar). Den tsaristiske politikken var å utrydja desse minoritetane med alle tenkjelege rådgjerder, jamvel med pogromar (dei anti-jødiske pogromane).

No når nasjonale særrettar er utrydda, når likestilling for rettane til nasjonane er sett i verk, og når retten til fri nasjonal utvikling for nasjonale minoritetar er tryggja av sjølve karakteren til sovjetsystemet, er partiet si oppgåve i høve til dei arbeidande massane i desse nasjonale gruppene å hjelpa dei til å gjera best mogleg nytte av den garanterte retten dei har til fri utvikling.

5. Dei kommunistiske organisasjonane i grenseregionane utviklar seg under noko særeigne vilkår som seinkar den naturlege voksteren til partiet i desse regionane. På den eine sida undervurderer ofte dei storrussiske kommunistane som arbeider i grenseregionane, og som voks opp då det fanst ein «herre»-nasjon og sjølve ikkje lei under nasjonal undertrykking, kor viktige særlege nasjonale drag er når dei arbeider med partisaker, eller dei overser dei heilt. Dei tek ikkje omsyn til særdraga i klassestrukturen, kulturen, levemåten og den tidlegare historia til nasjonaliteten det gjeld i arbeidet sitt, og slik vulgariserer og rengjer dei partiet sin politikk i det nasjonale spørsmålet. Dette fører til avvik frå kommunismen i retning av ein herrenasjon og kolonialistisk syn, i retning av storrussisk sjåvinisme. Kommunistane frå den lokale, innfødde, folkesetnaden som har opplevd den bitre tidbolken med nasjonal undertrykking og som framleis ikkje har fridd seg frå minna som forfylgjer dei frå denne tidbolken, overdriv på den andre sida ofte vekta av særskilde nasjonale drag i partiarbeidet dei gjer. Dei let klasseinteressene til det arbeidande folket verta ståande i skuggen, eller blandar rett og slett saman interessene til det arbeidande folket i nasjonen det gjeld med dei «nasjonale» interessene til denne nasjonen. Dei evnar ikkje å skilja det fyrste frå det siste og byggjer partiarbeidet sitt på det. Dette fører i sin tur til avvik frå kommunismen i retning borgarleg-demokratisk nasjonalisme, og dette får stundom form av pan-islamisme, pan-tyrkisme(2) (i aust).

Denne kongressen fordømer sterkt begge desse avvika som skadelege og farlege for kommunismen, og meiner difor det er naudsynt å peika på den særlege faren og særleg skadelege verknaden av det fyrstnemnde avviket, avvik i retning av ein herrenasjon og eit kolonialistisk syn. Kongressen vil minna partiet om at dersom ikkje kolonialistiske og nasjonalistiske leivningar rekkjene vert overvunne, vil det verta uråd å byggja opp sterke, ekte, kommunistiske organisasjonar i grenseregionane, organisasjonar som er knytte til massane og som sameinar i rekkjene sine dei proletære elementa i den lokale innfødde og den russiske folkesetnaden, med grunnlag i internasjonalismen. Kongressen meiner difor at det å gjera til inkjes nasjonalistisk og fyrst og fremst kolonialistisk vakling i høve til kommunismen, er ei av dei viktigaste oppgåvene til partiet i grenseregionane.

6. Som eit resultat av framgangane som er vunne på krigsfrontane, særleg etter at Wrangel vart knust, har det i ein del tilbakeliggjande grenseregionar der det er eit lite eller ikkje noko industriproletariat, vore ei aukande tilstrøyming til partiet av småborgarlege, nasjonalistiske element som går inn i partiet for å gjera karriere. Av di dei tek omsyn til partiet si stilling som den røynlege styringsmakta, kler desse elementa seg til vanleg ut i kommunistiske fargar. Og dei strøymer ofte inn i partiet i heile grupper og dreg med seg ei ånd av dårleg løynt sjåvinisme og oppløysing, medan dei allment veike partiorganisasjonane i grenseregionane ikkje alltid evnar å stå mot freistinga til å «utvida» partiet med å ta opp nye medlemar.

Kongressen kallar til viljefast strid mot alle liksom-kommunistiske element som knyter seg til proletariatet sitt parti, og vil åtvara partiet mot «utviding» gjennom å ta opp intellektuelle, småborgarlege, nasjonalistiske element. Kongressen meiner at rekkjene i partiet i grenseregionane fyrst og fremst må styrkjast med folk frå proletariatet, dei fattige og dei arbeidande bøndene frå desse regionane, og at ein samstundes må arbeida for å styrkja partiorganisasjonane i grenseregionane gjennom å betra kvaliteten i medlemsstokken.

Pravda, nr. 29,

10. februar, 1921.

Notar

1. Tesane «Dei næraste oppgåvene til partiet det nasjonale spørsmålet» vart drøfta på eit møte i politbyrået i sentralkomiteen i RKP (b) 5. februar 1921, og ein kommisjon med V. I. Lenin og J. V. Stalin i leiinga vart utpeikt til å laga det endelege utkastet. Tesane vart offentleggjorde i Pravda nr. 29, 10. februar 1921, og vart attåt gjevne ut som eige skrift same året.

Den tiande kongressen til RKP (b) vart halden frå 8. til 16. mars 1921. Han drøfta meldingane frå sentralkomiteen og den sentrale kontrollkommisjonen, og i tillegg meldingane om fagforeiningane og rolla deira det økonomiske livet i landet, om naturalskatten, om partisaker, om dei næraste oppgåvene for partiet i det nasjonale spørsmålet, om einskapen partiet og det anarko-syndikallstiske avviket osb. Den politiske meldinga til sentralkomiteen, meldinga om naturalskatten, om einskapen i partiet og om det anarko-syndikalistiske avviket var laga av V. I. Lenin. Kongressen oppsummerte diskusjonen Som hadde gått føre seg i spørsmålet om fagforeiningane, og godkjende Lenin si plattform med overveldande fleirtal. I fråsegna om «Einskapen i partiet,» skriven av V. I. Lenin, fordømde kongressen alle fraksjonsgruppene, gav ordre om at dei skulle oppløysast straks og påpeikte at einskap i partiet var grunnvilkåret for at proletariatets diktatur skulle sigra. Kongressen vedtok V. I, Lenin si fråsegn om «Det syndikalistiske og anarkistiske avviket i partiet». Ho fordømde den såkalle «arbeidaropposisjonen», og sa frå at det i propagandera ideane til det anarko-syndikalistlske avviket ikkje kunne sameinast med medlemskap i kommunistpartiet. Den tiande kongressen vedtok å gå over frå systemet med å levera produksjonsoverskotet til systemet med naturalskatt, å gå over til Den nye økonomiske politikken. J. V. Stalin si melding om «Dei næraste oppgåvene til partiet i det nasjonale spørsmålet» vart lagt fram den tiande mars. Kongressen vedtok samrøystes J. V. Stalin sine tesar dette spørsmålet som grunnlag, og sette ned ein kommisjon som skulle utarbeida dei vidare. J. V. Stalin gav melding om resultata av arbeidet til kommisjonen på kveldsmøtet den femtande mars. Fråsegna han la fram på vegner av kommisjonen vart vedteken samrøystes av kongressen, som fordømde dei partiflendslege avvika i det nasjonale spørsmålet, dvs. herrenasjons- (storrussisk) sjåvinisme og lokal nasjonalisme, som skadelege og farlege for kommunismen og den proletariske intemasjonalisme. Kongressen fordømte særskilt herrenasjons- (storrussisk) sjåvinismen som hovudfåren. (Om den tiande kongressen til RKP (b) sjå Soga til SUKP (b), norsk utgåve Forlaget Oktober 1974, s. 262f. – Red.) Når det gjeld fråsegnene kongressen vedtok, sjå «Fråsegner og vedtak på kongressane, konferansene og sentralkomiteplena i SUKP (b)» Del I. 1941, s. 356-95.)

2. Pan-Islamisme – ein reaksjonær religiøs og politisk ideologi som voks fram i andre halvdelen av det nittande hundreåret i Sultan-Tyrkia mellom dei tyrkiske godseigarane, borgarskapet og presteskapet. Seinare spreidde han seg mellom eigar-klassane i dei andre muhammedanske folkeslaga. Pan-Islamismen sto for sameining i eit heile av alle folk som dyrkar Islam. Med hjelp av Pan-Islamismen streva dei herskande klassane hjå dei muhammedanske folkeslaga etter å styrkja sine eigne stillingar og å kjøva den revolusjonære rørsla til de arbeidande folka i Austen.

Målet til Pan-tyrkismen er å leggja alle dei tyrkiske folka under tyrkisk styre. Han voks fram under Balkan-krigane 1912-1913. Under krigen i 1914-1918 utvikla han seg til ein umåteleg aggressiv og sjåvinistisk ideologi. I Russland vart Pan-Islamismen og Pan-tyrkismen nytta av kontrarevolusjonære element for nedkjempa sovjetmakta etter den sosialistiske Oktoberrevolusjonen.

Seinare nytta dei anglo-amerikanske imperialistane Pan-Islamismen og Pan-tyrkismen som sine reiskapar til å førebu imperialistisk krig mot USSR og folkedemokratia, og for å halda de nasjonale frigjeringsrørsla nede.