1

Skiping av Unionen av sosialistiske sovjetrepublikkar


Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.


SKIPINGA AV UNIONEN AV SOSIALISTISKE SOVJETREPUBLIKKAR

Melding framlagd på den fyrste kongressen for sovjeta i USSR,(1)

30. desember 1922

Kameratar denne dagen markerer eit vendepunkt i soga til sovjetmakta. Han set ein merkestein mellom den gamle tidbolken som no er over, då sovjetrepublikkane fylgde sin eigen veg kvar for seg, og fyrst og fremst var opptekne av å taka vare på seg sjølve, sjølv om dei handla i lag, og den nye tidbolken som alt har teke til. No vert det gjort slutt på det isolerte tilværet til sovjetrepublikkane. Republikkane vert sameinte i ein einaste unionsstat for framgangsrik strid mot økonomisk ruin, og no er sovjetmakta ikkje berre oppteken med å taka vare på seg sjølv, men med å utvikla seg til ei viktig internasjonal kraft som er i stand til å påverka den internasjonale stoda og lempa henne til etter interessene til det arbeidande folket.

Kva var sovjetstaten for fem år sidan? Ei lita eining, knapt å leggja merke til, som kalla fram hånlatter frå alle fiendane sine og medynk frå mange av venene sine. Det var tidbolken med krigsøydelegging, då sovjetmakta ikkje så mykje leit på eigen styrke som på maktesløysa til motmennene sine, då fiendane til sovjetmakta som var delte i to forbund, det austerriksk-tyske og det engelsk-franske, var opptekne med innbyrdes krigføring og ikkje var i ei slik stilling at dei kunne venda våpna sine mot sovjetmakta. I soga til sovjetmakta var det tidbolken med krigsøydelegging. Men i striden mot Koltsjak og Denikin skapte sovjetmakta den raude hæren, og steig framgangsrik fram frå tidbolken med krigsøydelegging.

Seinare tok den andre tidbolken i soga til sovjetmakta til, tidbolken med strid mot økonomisk ruin. Denne tidbolken er ikkje på noko vis over enno, men han har bore grøde alt, for i denne tidbolken har sovjetmakta hamla opp med hungersnauda som råka landet i fjor. I denne tidbolken har vi vore vitne til eit synbert framsteg i jordbruket og ei synberr opplivning av lettindustrien. Kadrar av industrileiarar er komne fram i brodden alt og dei har vi von og tillit til. Men det er langt frå nok, om ein skal overvinna økonomisk ruin. Om ein skal slå og fjerna den ruinen må kreftene til alle sovjetrepublikkane verta slegne saman. Alle dei økonomiske og finansielle ressursane til republikkane lyt verta samla om oppgåva med å byggja opp at grunnindustrien vår. Difor er det naudsynt å sameina sovjetrepublikkane i ein einaste unionsstat. I dag er den dagen då republikkane våre vert sameinte til ein einaste stat med det føremålet å slå saman alle kreftene våre for å byggja opp økonomien vår att.

Tidbolken med å kjempa ned krigsøydelegginga gav oss den raude hæren, ein av grunnstolpane for sovjetmakta. Den neste tidbolken, tidbolken med strid mot økonomisk ruin, gjev oss ei ny ramme for tilvære som stat – Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar, som utan tvil kjem til å fremja arbeidet med å byggja sovjetøkonomien opp att.

Kva er sovjetmakta no? Ein stor stat for det arbeidande folket som ikkje får fiendane våre til å le hånleg, men til å skjera tenner.

Slik er resultata av utviklinga av sovjetmakta i dei fem åra ho har vore til.

Men kameratar, denne dagen er ikkje berre ein dag å oppsummera på, det er samstundes sigersdagen for det nye Russland over det gamle Russland, det Russland som var politimann for Europa, det Russland som var skarprettaren til Asia. I dag er sigersdagen for det nye Russland, som har knust lekkjene med nasjonal underkuing, organisert sigeren over kapitalen, skapt proletariatets diktatur, vekt folka i Austen, gjeve von til arbeidarane i Vesten, skapt om den raude fana frå eit partiflagg til eit statsflagg, og mønstra folka frå sovjetrepublikkane rundt den fana for å sameina dei i ein einaste stat, Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar, mønsteret for den framtidige sovjetiske sosialistiske verdsrepublikken.

Vi kommunistar vert ofte skjelte ut og klaga for å ikkje kunna byggja. Lat soga til sovjetmakta, i desse fem åra ho har vore til, tena som prov på at kommunistar kan byggja og. Lat sovjetkongressen i dag, som har som oppgåve å stadfesta kunngjeringa og avtalen om unionen av republikkar som vart vedteken på konferansen for sendelaga med fullmakt går lat denne unionskongressen syna fram for alle dei som ikkje har mist evna til å skjøna, at kommunistar er like godt i stand til å byggja det nye som dei kan øydeleggja det gamle.

Her, kameratar, er kunngjeringa som vart vedteken i går på møtet for sendelaga med fullmakt.(2) Eg skal lesa henne. (Sjå tillegg nr. 1).

Og her er teksten i avtalen som vart vedteken på same konferansen. Eg skal lesa han (sjå tillegg nr. 2).

Kameratar, etter oppdrag frå konferansen av sendelag frå sovjetrepublikkane med fullmakt, gjer eg framlegg om at de stadfester dei tekstane eg nyss har lese høgt frå kunngjeringa og avtalen om å skipa Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar.

Kameratar, eg gjer framlegg om at de vedtek dei med den fullstendige semja som kjennemerkjer kommunistar og med det legg eit nytt kapittel til menneskesoga. (Applaus).

Pravda nr. 298,

31. desember 1922

Notar

1. Den fyrste kongressen for sovjeta i USSR gjekk føre seg i Moskva den 30. desember 1922. Det var tilstades 1727 utsendingar frå RSFSR, 364 fra Den Ukraniske SSR, 91 frå Den transkaukasiske føderasjonen og 33 frå Den Kviterussiske SSR. Kongressen drøfta J. V. Stalin si melding om skipinga av Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar, stadfeste kunngjeringa og avtalen om unionen ved skipinga av USSR og valde sentraleksekutivkomiteen for USSR.

2. Konferansen for sendelag med fullmakt frå RSFSR, Den Ukrainske SSR, Den Kviterussiske SSR og Den Transkaukasiske SFSR gjekk føre seg den 29. desember 1922. Konferansen granska og vedtok kunngjeringa og avtalen om skipinga av Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar. Stalin gav ei melding til konferansen om drøftingsgangen på den fyrste kongressen for sovjeta USSR. Møtet påla Stalin å leggja fram melding for kongressen om at USSR var skipa. Om morgonen den 30. desember skreiv sendelaga med fullmakt under kunngjeringa og avtalen om skipinga av USSR.