1

Revolusjonær song: Lær av Soga

Proletariatet og den revolusjonære rørsla skapar ikkje berre organisasjonar i sitt bilete, ikkje berre ideologi og politikk, men óg kultur. Den revolusjonære kulturen er ein uvurderleg del av den proletariske rørsla. Formann Mao skriv om folkehæren at ein hær utan kultur er ein sløv hær.

Den fylgjande songen er agitatorisk i form og speler mellom ein usikker part og ein part som kjem med svar. Den er skriven av Raud Front-leiren på Tromøya utanfor Arendal i 1976. Den er altså nærare femti år gamal, men er etter kvart blitt ein gløymd skatt, som det ikkje er så lett å finne tekst til. 

Songen er gitt ut på plata «Ridderslag, revolusjonære arbeidarsongar» av plateselskapet MAI, der den er framført av MAI-ensemblet. Den finst óg i ei songbok frå Forlaget Oktober. MAI-ensemblets versjon kan høyrast nedanfor.

Lær av Soga

Framandt folk i feider, det ser vi mykje av,
men her i lune Noreg er krigen lagt i grav?
Slik er stoda, kamerat: No er freden fåfengd von.
Sablar raslar kvassare frå Kreml og Pentagon!

Storebroren austfrå kan aldri ta sin dolk
og støyta inn i ryggen på heile verdas folk?
Lær av soga, kamerat, storebror har skifta fjør:
Pratar fred som tyske-ørn, men kvessar sine klør!

Tenk på krigens redsle med vald og barbari,
Hiroshimas lagnad er døme for vår tid?
Lær av soga, kamerat, dei har utsuging som mål!
Ikkje stein og oske frå byar brent på bål!

Krigsmakta er mektig, vi kan vel ikkje slåss,
USA er mektig, og Sovjet ein koloss?
Lær av soga, kamerat, dei er tigrar av papir
som brenn opp av våpna som folkekrigen smir!

Ja, slik er soga, kamerat, ho er meisla ut i strid.
Underkua folk vil alltid slå seg fri!