1

Brasil: Studentar okkuperer universitet

Studentar på trappane til Det føderale universitetet i Parana i Brasil (kjelde: A Nova Democracia)

Publisert av Tribune of the People 12.11.2021, skriven av Ben Robinson.


Mellom 6. og 8. november organiserte Studentfronten mot fjernundervising (Frente Estudantil Contra a Educação a Distância) ein studentstreik og okkupasjon av kantina ved Det føderale universitetet i Parana. Brasilianske studentar protesterar mot privatisering av utdanning, finansieringskutt, og slutten på fysiske førelesingar ved universitetet.

Studentgruppa ser fjernundervising som ein måte for staten å fremme privatisering på. Ettersom det er gratis å ta lågare grader ved brasilianske offentlege universitet, medan private universitet krev skolepengar. Den fascistiske presidenten Jair Bolsonaro og den brasilianske regjeringa har pressa på for finansieringskutt til offentlege universitet, studentar og nasjonal forsking, samt blokkert finansiering av stipend. Studentane sine aksjonar er svar på eit opprop frå Den nasjonale leiinga for pedagogikkstudentar (Executiva Nacional dos Estudantes de Pedagogia) om å kjempe mot regjeringa sine kutt.

Før streiken protesterte om lag 50 studentar framfor kantina ved Det føderale universitetet i Parana den 23. oktober (kjent som Restaurante Universitário, RU), som har vore stengt sidan 2020. Politiet forsøkte å hindre demonstrasjonstoget under påskot av COVID-tiltak, men studentane gjorde vellykka motstand og fullførte marsjen som planlagt. Demonstrantar hold bannarar med teksten “Mot kutt: til forsvar for forsking og nasjonal vitskap!” “Stopp privatisering med okkupasjonsstreik!” “For gjennopning av RU! Ned med privatiseringa av offentlege universitet!”

Studentfronten mot fjernundervising leia studentane sin okkupasjon av universitetskantina den 6. november med krav om øyeblikkeleg gjennopning og utbetaling av stipend til studentane. Før streiken starta marsjerte studentane til kantina, delte ut flygeblad og hang opp plakatar med krava sine. Medan politiet prøvde å audmjuke demonstrasjonen opna studentane dei stengte dørane til kantina medan politiet sto attmed.

Under okkupasjonen serverte studentane måltid og organiserte verkstader i Kantina. Studentane viste også dokumentaren “Resistance!” som framstiller ein liknande okkupaajons-streik blant studentar i 2011, kor studentar vann fram med alle krava.

Studentane hold ei demokratisk forsamling og avgjorde å avslutte okkupasjonen den 8. november. Studentfronten la ut ei fråsegn i sine sosiale media der dei forklarte at dei avskutta for å styrke organisasjonen, og at okkupasjonen var vellykka. Fråsegna oppmodar alle studentar om å okkupere stader dei har rett til, og stadfestar at, “studentar kan, og vil, gi ordrar til skolene og universiteta sine, og slik påta seg plikta til å forsvare offentleg og gratis utdanning.”

“Vi kjem tilbake! Sterkare og meir budd!”

Ved å vise solidaritet med andre kampar i Brasil, ga studentane ekko til fattigbøndene sin kamp på landsbygda ved å henge att eit banner som “Vi kjem tilbake! Sterkare og meir budd!” Dette slagordet hang att etter fattigbønder, som under leiing av Fattigbøndene sitt forbund (LCP, Liga dos Camponeses Pobres) braut gjennom ei militær beleiringa ved leiren Tiago dos Santos. LCP kjempar mot latifundioen (store godseigarar) på den brasilianske landsbygda, som nådelaust utbyttar og undertrykker bøndene, ved å organisere landlause bønder for å okkupere land og skape produktive busettingar.

Studentfronten sin bruk av slagordet til LCP på banneret sitt viser den veksande styrka og einskapen til den revolusjonære rørsla over heile landet mot den forfallande og folkemorderiske militærregjeringa i Brasil.