1

Berlin: 8. mai 2022 – Frigjering utan frigjerarar

Publisert på Dem Volke dienen 8. mai 2022


8. mai har fått ei anna meining i offentlegheita i den tyske Forbundsrepublikken. Medan slutten på 2. verdskrigen lenge blei sett på som eit nederlag av mange opinionsdannarar, definerast den no som ein frigjeringsdag av dei høgste styresmaktene.

Denne endringa kom til uttrykk i talen til daverande president Richard von Weizsäcker i Forbundsdagen 8. mai 1985: «8. mai var ein frigjeringsdag. Den frigjorde oss alle frå det nasjonalsosialistiske tyranniet sitt inhumane system.»

Denne antatte «omtenkinga» hadde to samanhengande grunnar. For det første var krigsgenerasjonen gamle eller døde på det tidspunktet. Med dei forsvann også Nazi-funksjonærane som avgjerande hadde forma Forbundsrepublikken frå stillingane sine. Dermed gjekk den subjektive interessa for å rettferdiggjere si eiga tidlegare karriere i Hitler-Tyskland av moten. Ved å førutsjå dette generasjonsskiftet, blei den herskande klassen i stand til å ta opp narrativet om frigjering som tidlegare berre hadde blitt framsatt av kommunistar, jødar og alle andre som faktisk hadde blitt frigjorte frå nazistane sine konsentrasjonsleirar. Dei har forstått at eit nytt forsøk på tysk verdsmakt vil vere meir sansynleg dersom det førre fordømmast. Dei kritiserar tysk fascisme for å bevare og utvide den økonimiske basisen sin – det borgarlege styret. Så når tyske politikarar, imperialistiske yrkesnasjonalistar, snakkar om frigjering, er det berre med samanbitne tenner. Det einaste dei faktisk hatar meir enn frigjering, er frigjerarane, dei frå Sovjetunionen.

Det siste er i dag særleg tydeleg i Berlin. Under flyktig påskot av den russiske invasjonen av Ukraina, innførast vanvittige forbod ved alle stadar med minnesmerke for Den raude hæren på 8. og 9. mai. I tillegg til forbodet mot Russiske og Ukrainske flagg, vil bruk av det Sovjetiske flagget, Sankt Georgsband og «Russisk eller Ukrainsk militærmusikk» også bli straffa. Sovjetsoldaten laga av stein i Treptower Park skal ikkje omkransast av Sovjetiske flagg i år.

Forutan ei påfallande innskrenking av retten til å samlast, betyr dette også eit angrep på kulturen kring minnestunder og historie. Dei vil trakassere massene sine minnestunder og få dei til å gløyme at frigjerarane også hadde eit alternativ til deira skrantande imperialistiske system i marsj-bagasjen sin. Det må kjempast for og løftast fram kven frigjerarane var: Den raude hæren under leiing av kommunistane, særleg kamerat Stalin.