Tjen Folket Media
  • Nyheter
    • Krigen i Ukraina
    • Aktiviteter
    • Innenriks
    • Norden
    • Europa
    • Asia
    • Afrika
    • Nord-Amerika
    • Latin-Amerika
    • Midt-Østen
    • Internasjonalt
  • Film
  • Om oss
    • Om oss
    • Disclaimer
    • Kontakt oss
  • Bidra
  • Teori
    • Revolusjonær teori fra Norge
    • Klassiske tekster
  • Lenker
    • Arkiv
    • Arkiv før 2019
    • Lenker
  • English
Tjen Folket Media
Tjen Folket Media
  • Nyheter
    • Krigen i Ukraina
    • Aktiviteter
    • Innenriks
    • Norden
    • Europa
    • Asia
    • Afrika
    • Nord-Amerika
    • Latin-Amerika
    • Midt-Østen
    • Internasjonalt
  • Film
  • Om oss
    • Om oss
    • Disclaimer
    • Kontakt oss
  • Bidra
  • Teori
    • Revolusjonær teori fra Norge
    • Klassiske tekster
  • Lenker
    • Arkiv
    • Arkiv før 2019
    • Lenker
  • English
  • Norden

Norden: Mange ulike aksjonar i februar

  • 25. februar 2023
Last nedSkriv ut


Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.


Tyske kameratar skriv om mange aktivitetar i Norden den siste veka.

Publisert på Den Volke Dienen 20.02.23


Nordisk Rapport 20.02.23

Ei felles erklæring frå organisasjonar i Sverige, Finland, Danmark og Noreg mot Svensk og Finsk NATO-medlemskap er delt av kameratane i Punalippu. Felleserklæringa er signert av svenske Kommunistiska Föreningen,  Anti-imperialistisk Forbund (Finland), Anti-Imperialistisk Kollektiv (Danmark) og Raud Front (Noreg).

Les felleserklæringa her.

Sverige

Ein demonstrasjon blei organisert av aktivistar til støtte for fattigbøndene i Brasil. Aktivistar demonstrerte utanfor den brasilianske ambassaden. Det var også sivilpoliti til stades ved ambassaden, som ringte etter forsterkingar straks dei såg aktivistane. Politiet kunne likevel ikkje stanse gjennomføringa av demonstrasjonen. Det var mange slagord og talar. Ein brasiliansk journalist viste seg også i tillegg ambassadetilsette som ville «rapportere heim». Desse slagorrda blei ropt: «Slutt å  massakrer fattigbønder!», «Kva er det! Ein folkemordersk stat!», «Lenge leve studentokkupasjonane!» og «Lenge leve LCP!»

Se1 140223

Kameratar frå Kommunistiska Föreningen i Sverige melder om fleire gjennomførte aksjonar:

Se1 210223

Gjennom vinteren har det blitt gjennomført fleire aksjonar for Internasjonalt Kommunistisk Forbund:

Se2 210223
«Forein dykk under Maoismen!»
Se3 210223
«Forein dykk under Maoismen!»
Se4 210223
«Forein dykk under Maoismen!»
Se5 210223
«Studer Marxismen-Leninismen-Maoismen! Kjemp i massekampen! Delta i aksjonar! Organiser dykk i Kommuniska Föreningen! Bygg eit Maoistisk Kommunistparti! For ein Sosialistisk Revolusjon!»

Noreg

I Kristiansand organiserte Kampkomiteen ei solidaritetsmarkering for samane sin kamp saman med organisasjonane: Solidaritet med Romer og Romani, Latin-Amerikagruppene, NKP Agder og Telemark, “Kristiansand MDG”, Lindesnes SV og Antirasistisk Agder. Det blei holdt appellar om samefolket sin kamp, og mot den norske staten sine forsøk på assimilation, koloniseringa og utbyttinga av naturen i Sápmi.

Det blei halde ein presentasjon om Elsa Laula Renberg. Ho var ein organisator, aktivist og ei framståande samisk kvinne, som kjempa mot den norske kolonialiseringa av samane. Ho leia det samiske landsmøtet 6. februar 1917, dagen blei i 1992 innstifta som samane sin nasjonaldag.

No1 140223

Torsdag, 2. februar delte aktivistar frå Kampkomiteen ut løpesedlar i Trondheim sentrum mot Russia sin angrepskrig mot Ukraina. Mange tok imot løpesedlane og var samde i slagordet: «Ned med krigen og dei aukte prisane!»

No2 140223

I Stjørdal blei det hengt opp plakatar for demonstrasjon mot krigen og dei aukte prisane 24. februar på torget i Trondheim.

No3 140223

Kameratar frå Tjen Folket Media melder at Kampkomiteen har halde ein demonstrasjon til støtte for fattigbønder i Brasil og Mexico. Demonstrasjonen fann stad i Oslo og fordømte  massakren mot fattigbøndene i Brasil og represjonen mot folket i Mexico.

Ropp som: «Lenge leve Liga Camponeses Pobres – LCP!» og «Lenge leve Corriente del Pueblo – Sol Rojo!», også  LCP-slagordet: «Un, dos, tres, quatro cinco mil, avanza a Liga a todo Brasil!» blei ropt av dei revolusjonære.

Vidare holdt demonstrasjonen fram viktigheita av internasjonal solidaritet: «Vi må aldri lukke auga våre og vere sittande ender når kameratane våre møter represjon, vi må alltid gjere det vi kan for å støtte kameratane våre og fordømme reaksjonen sin terror mot folket.»

No1 210223

Kampkomiteen mobiliserar til ein demonstrasjon mot den økonomiske krisa og Russland sin angrepskrig 24, årsdagen for fullskalainvasjonen av Ukraina.

Mobiliseringsplakatar for demonstrasjonen har blitt hengt opp og løpesedlar er delt ut.

No2 210223
No3 210223

For meir informasjon sjå:

24. februar: Vis motstand mot den imperialistiske krigen!

Tjen Folket Media melder om fleire aksjonar, som har blitt gjort i Bergen mot den imperialistiske krigen og prisauken, for Internasjonalt Kommunistisk Forbund og i solidaritet med kameratane i Corriente del Pueble Sol Rojo.

Dazibaoar (plakatar med politisk bodskap i store bokstavar, vår merknad) mot krigen og prisauken blei sett opp på Danmarksplass. Slagordet var«Ned med den imperialistiske krigen! Kamp mot aukte prisar!»

No4 210223

Ein annan dazibao med slagordet “La kapitalistane betale si eiga krise!”:

No5 210223

På bybanestasjonen Florida blei eit slagord til støtte for IKF satt opp. Slagordet er: «Lenge leve Internasjonalt Kommunistisk Forbund – IKF!»

No6 210223

Det blei måla eit veggmaleri ved Danmarksplass til støtte for Ernesto Sernas Garcia, som blei bortført i Mexico. Det står «Gi oss dr. Ernesto Sernas Garcia i live!» både på Norsk og Spansk.

No7 210223

Danmark

Det blei heldt demonstrasjonar framfor både den Brasilianske og Mexicanske ambassaden av Anti-Imperialistisk Kollektiv. Løpesedlar som fordømte massakrane mot folket i Mexico og fattigbøndene i Brasil blei delt ut og også gitt til ambassadane.

DK1 140223
DK2 140223

Aktivistar melder at eigaren av eit stort Brasiliansk jordbruksselskap gjekk forbi og fekk eit flygeblad. Han blei sjokert da han gjenkjente slagorda til støtte for LCP og å finne ut at LCP og Corriente del Pueblo Sol Rojo også har støtte i Danmark.

DK3 140223

Eit banner som fordømte masakren i Rondônia, blei også hengt opp i eit proletarisk nabolag i København.

DK4 140223

Les heile rapporten frå aksjonen her:

Copenhagen: Report of actions in solidarity with the LCP and Corriente del Pueblo Sol Rojo

Det blei også hengt opp plakatar i samband med stiftinga av IKF og mot den krigshissande regjeringa og  militariseringa blei også sett opp kring København.

DK5 140223
DK6 140223
DK7 140223

Eit banner i Aalborg til støtte for fattigbøndene i Brasil blei også hengt opp framfor Aalborg Sentralstasjon.

DK8 140223



Last nedSkriv ut

Kjære leser!

Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.

Related Topics
  • Aksjoner
  • Demonstrasjoner og markeringer
Tjen Folket Media
© 2021 Tjen Folket Media

Input your search keywords and press Enter.