REORD FRÅ FORLAGET

Denne boka er eit band i serien Utvalgte verker i 12 bind, som Forlaget Oktober held på å gje ut.

Dette bandet inneheld skriftet Staten og revolusjonen. Den marxistiske teorien om staten og oppgåvene til proletariatet i revolusjonen. Det vart skrive i august – september 1917, rett før den politiske krisa i Russland som førte til Oktoberrevolusjonen. Bandet går inn som nummer 8 i serien.

Dette bandet og serien som heilskap svarar til det som vart laga av Marx-Engels-Lenin-instituttet under vegleiing frå Stalin fyrst i trettiåra. Den utgåva vi gjev ut no, fylgjer den 4. russiske utgåva frå 1946.

[…]

Notene er i hovudsak laga av redaksjonen til Oktober-utgåva 1977. Originalen inneheld nokre få av notene med ordforklaringar og bokreferansar, samt notene x og aa.

STATEN OG REVOLUSJONEN

Den marxistiske teorien om staten og oppgåvene til proletariatet i revolusjonen 1) (note 1)

SKRIVEN I AUGUST OG SEPTEMBER 1917.

UTGJEVE SOM HEFTE I 1918 AV FORLAGET ZHIZN I ZNANIJE PRENTA, ETTER HEFTETEKSTEN SOM VART UTGJEVE AV KOMMUNIST FORLAG I 1919 OG JAMFØRT MED MANUSKRIPTET OG 1918-UTGAVA.

Lenin planla sju kapittel i Staten og revolusjonen. Men det siste, “Røynslene frå dei russiske revolusjonane i 1905 og 1917”, fekk han aldri ferdig, og det finst berre ein detaljert plan for det.

Om utgjevinga av boka skreiv Lenin til forleggjaren at dersom han “kom til å bruka for lang tid på å gjera ferdig dette sjuande kapitlet, eller dersom det kom til å verta for omfattande, skulle dei fyrste seks kapitla gjevast ut for seg, som Del ein.”

På fyrste sida i manuskriptet står forfattaren av boka fram under pseudonymet F F Ivanovski. Lenin rådde til å nytta det, for elles ville den provisoriske regjeringa konfiskera boka. Men boka kom ikkje ut før i 1918, så det vart ikkje bruk for pseudonymet. Andre utgåva kom i 1919. Der hadde forfattaren lagt ein ny del til kapittel II: “Korleis Marx la fram spørsmålet i 1852”.

REORD TIL FYRSTE UTGÅVA

Spørsmålet om staten held no på å verta særskilt viktig både i teori og i praktisk politikk. Den imperialistiske krigen har både auka farten på omskipingsprosessen av monopolkapitalismen til statsmonopolkapitalisme, og styrkt han umåteleg. Staten smeltar meir og meir saman med dei allmektige kapitalistiske samanslutningane, og den uhyrlege undertrykkinga han driv av arbeidarane vert stendig meir uhyrleg. Dei framskridne landa – vi meiner då områda bak fronten – held på å verta militærtukthus for arbeidarane.

Bak fronten – Staten og revolusjonen er skriven under fyrste verdskrigen, mellom Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia på den eine sida (trippelalliansen) og Russland, Frankrike og England på den andre sida (trippelententen).]

Den langvarige krigen fører med seg redsler og elende utan like som gjer stillinga til folket uuthaldeleg og aukar sinnet. Det er klårt at den proletariske verdsrevolusjonen held på å mognast. Spørsmålet om tilhøvet mellom verdsrevolusjonen og staten held på å verta viktig i praksis.

Opportunistiske element har hopa seg opp gjennom tiåra med etter måten fredeleg utvikling og har no gjeve opphav til det sosialsjåvinistiske straumdraget som rår i dei offisielle sosialistpartia over heile verda. Dette straumdraget – sosialisme i ord og sjåvinisme i handling (Potresov, Bresjkovskaja, Rubanovitsj, og i lett tilslørt form Tsereteli, Tsjernov og andre i Russland; Scheidemann, Legien, David og andre i Tyskland; Renaudel, Guesde og Vandervelde i Frankrike og Belgia, Hyndman og fabianarane 2) (note 2) i England osb osb) – merkar seg ut ved den nedrige krypande måten “leiarane for sosialismen” vert tilpassa ikkje berre interessene til “sitt” nasjonale borgarskap, men interessene til “sin” stat. For fleirtalet av dei såkalla stormaktene har lenge drive og utbytta og trælbunde ein heil flokk med små og veike nasjonar. Og den imperialistiske krigen er ein krig som skal dela og nydela denne slags bytte. Det er uråd å føra striden for å frigjera det arbeidande folket frå innverknaden frå borgarskapet allment, og frå innverknaden frå det imperialistiske borgarskapet særskilt, utan strid mot opportunistfordomar om “staten”.

Fyrst av alt skal vi granska Marx og Engels sin teori om staten, og vi skal ta særleg nøye for oss dei sidene ved denne teorien som opportunistane ser bort frå eller rengjer. Så tek vi særskilt for oss han som ber hovudansvaret for desse rengingane. Det er Karl Kautsky, den mest kjende leiaren for Den andre internasjonalen (1889-1914), som har gått så ynkeleg fallitt i denne krigen. Til slutt skal vi summera opp hovudresultata av røynslene frå dei russiske revolusjonane i 1905 og særskilt den i 1917. No (tidleg i august 1917) ser det ut til at 1917-revolusjonen held på å fullføra det fyrste stadiet i utviklinga si. Men ein kan berre skjøna denne revolusjonen som heilskap som eit ledd i ei lenkje av sosialistiske proletarrevolusjonar som imperialistkrigen vert årsak til. Spørsmålet om kva tilhøve den sosialistiske proletarrevolusjonen har til staten vert difor viktig ikkje berre i praktisk politikk. Det held og på å verta eit svært påtrengjande problem no i dag, problemet med å gjera klårt for massane kva dei må gjera om ikkje lenge for å fri seg frå kapitalistisk tyranni.

August 1917

Forfattaren

REORD TIL ANDRE UTGÅVA

Denne andre utgåva kjem så godt som utan endringar, sett bort ifrå at avsnitt 3 har vorte lagt til kapittel II.

Moskva, 17. desember 1918

Forfattaren

KAPITTEL I

KLASSESAMFUNNET OG STATEN

STATENEIT PRODUKT AV AT KLASSEMOTSETNINGANE ER UFORSONLEGE

Det som no skjer med teorien til Marx, har hendt om att og om att opp gjennom soga med teoriane til revolusjonære tenkjarar og leiarar for dei undertrykte klassane som kjempar for frigjering. Så lenge dei store revolusjonære var i live, halsa undertrykkjarklassane etter dei utan stans og tek mot teoriane deira med den villaste vondskap, med rasande hat og lygn- og bakvaskingskampanjar av det mest hemningslause slaget. Men etter at dei er døde, kjem freistnadene på å gjera dei om til harmlause helgenbilete, liksom kanonisera Kanonisera – gjera nokon til helgen.] dei, og til ein viss mon helga namna deira for å “trøysta” dei undertrykte klassane med tanke på å narra dei. Samstundes stel dei vekk sjølve innhaldet i den revolusjonære teorien, sløvar den revolusjonære eggen hans og vulgariserer han. I dag er borgarskapet og opportunistane innanfor arbeidarrørsla saman om å kurera marxismen på denne måten. Dei utelet, skoddelegg eller vrir om på den revolusjonære sida ved denne teorien, den revolusjonære anden i han. Dei skuvar i framgrunnen og lovprisar det som er eller ser ut til å vera godtakande for borgarskapet. Alle sosialsjåvinistar er “marxistar” no (ikkje le!). Og tyske borgarlege lærde, som seinast i går var spesialistar i å gjera marxismen til inkjes, talar no oftare og oftare om den “nasjonal-tyske” Marx. Etter det dei seier, lærte han opp dei arbeidarorganisasjonane som er så framifrå skipa til å føra røvarkrig med!

Under desse tilhøva, når renginga av marxismen har nådd eit omfang som aldri før, er fremste oppgåva vår å slå fast på ny kva Marx verkeleg lærte om staten. Det vil gjera det naudsynt å gje att ein del lange sitat frå verka til Marx og Engels sjølve. Sjølvsagt kjem lange sitat til å gjera teksten tung, og slett ikkje hjelpa til å gjera han til folkelesnad. Men det er ikkje mogleg for oss å greia oss utan dei. Alle, eller i alle fall dei mest sentrale avsnitta i verka til Marx og Engels om staten, må for all del siterast så fullstendig som råd, slik at lesaren kan gjera seg opp ei sjølvstendig meining om heilskapen i synet til dei som grunnla den vitskaplege sosialismen, og om korleis dette synet utvikla seg. Slik kan rengingane til “kautskyanismen” som gjer seg sterkt gjeldande no, verta dokumenterte og synte klårt fram.

La oss ta til med det mest populære verket til Engels, Opphavet til familien, privateigedomen og staten, som kom med sjette opplaget i Stuttgart så langt tilbake som i 1894. Vi må omsetja sitata frå den tyske originalen, for jamvel om det er mange av dei, er dei russiske omsetjingane anten ufullstendige eller svært utilfredsstillande.

Engels dreg saman den historiske analysen sin slik:

“Difor er staten på ingen måte ei makt som er tvinga inn på samfunnet utanfrå. Like lite er han ‘røyndomen til den etiske ideen’, ‘biletet og røyndomen til fornuften’, som Hegel hevdar. Han er heller eit produkt av samfunnet på eit visst utviklingssteg. Han er ei vedgåing av at dette samfunnet har floka seg inn i ei uløysande motseiing med seg sjølv, at det har kløyvd seg opp i uforsonlege motsetningar som det ikkje maktar å driva bort. Men for at desse motsetningane, desse klassane med motstridande økonomiske interesser, ikkje skal øyda seg sjølve og samfunnet i ein gagnlaus kamp, vert det naudsynt å ha ei makt som ser ut til å stå over samfunnet, og som kan dempa ned konflikten og halda han innanfor grensene for ‘ordninga’. Og denne makta, som har vakse ut or samfunnet, men stiller seg over det og gjer seg meir og meir framand for det, det er staten.” Friedrich Engels: Opphavet til familien, privateigedomen og staten (1884), side 177-178, sjette tyske utgåva]

Dette gjev eit fullkome klårt uttrykk for grunntanken i marxismen når det gjeld den historiske rolla staten spelar og kva han vil seia. Staten er eit produkt og ei ovring av at klassemotsetningane ikkje let seg forsona. Staten oppstår der, når og i den mon klassemotsetningar objektivt sett ikkje let seg forsona. Og omvendt provar det at staten er til, at klassemotsetningane ikkje let seg forsona.

Det er på dette svært viktige og grunnleggjande punktet at renginga av marxismen tek til, og renginga fylgjer to hovudliner.

På den eine sida har vi dei borgarlege og særleg dei småborgarlege ideologane. Under tyngda av udiskutable historiske fakta vert dei tvinga til å vedgå at staten berre finst der det er klassemotsetningar og klassekamp. Dei “rettar” på Marx på ein slik måte at det skal sjå ut som om staten er eit organ til å forsona klassane med. I fylgje Marx kunne staten korkje ha vakse fram eller halde seg ved lag om det hadde gått an å forsona klassar. Etter det småborgarlege og spissborgarlege professorar og skribentar seier, med retteleg jamne og velviljuge tilvisingar til Marx, går det fram at staten nettopp forsonar klassar. I fylgje Marx er staten eit organ for klasseherredøme, eit organ for ein klasse til å undertrykkja ein annan med. Han er å skapa “ordning” som gjer denne undertrykkinga lovleg og varig ved å mildna samanstøyten mellom klassane. Men dei småborgarlege politikarane meiner at ordning vil seia klasseforsoning, og ikkje at ein klasse vert undertrykt av ein annan. Å letta samanstøyten vil seia å forsona klassar, og ikkje å ta frå dei undertrykte klassane særskilde kampmiddel og kampmetodar til å styrta undertrykkjarane med.

Ta eit døme. I revolusjonen i 1917 reiste spørsmålet om kva staten vil seia og kva rolle han har seg i alt sitt velde som eit praktisk spørsmål som kravde handling med det same, og endå til handling i masseomfang. Då datt alle dei sosialrevolusjonære og mensjevikane brått ned på den småborgarlege teorien at “staten” “forsonar” klassar. Eit utal fråsegner og artiklar ved politikarar frå båe desse partia er grundig gjennomsyra av denne småborgarlege og spissborgarlege “forsonings”-teorien. At staten er eit organ for herredømet til ein særskild klasse som ikkje let seg forsona med antipoden Antipode – motpol] sin (klassen som er stilt mot han) er noko dei småborgarlege demokratane aldri vil bli i stand til å skjøna. Haldninga deira til staten er ei av dei mest slåande stadfestingane for at dei sosialrevolusjonære og mensjevikane våre ikkje er sosialistar i det heile (noko vi bolsjevikar alltid har hevda). Dei er småborgarlege demokratar som nyttar ein bortimot-sosialistisk språkbruk.

På den andre sida er den “kautskyanske” renginga av marxismen langt meir utspekulert: “Teoretisk” vert det ikkje nekta for at staten er eit organ for klasseherredøme, eller at klassemotsetningane er uforsonlege. Men det som vert oversett eller glatta over er dette: Dersom staten er eit produkt av at klassemotsetningane er uforsonlege; dersom han er ei makt som står over samfunnet og “gjer seg meir og meir framand for det”, då er det klårt at det er uråd å frigjera den undertrykte klassen ikkje berre utan ein valdeleg revolusjon, men og utan å øydeleggja det statsmaktapparatet som herskarklassen har skapt, og som lekamleggjer denne “framandgjeringa”. Som vi skal sjå seinare, drog Marx denne teoretisk sett sjølvinnlysande slutninga med svært reine ord, med grunnlag i ein konkret historisk analyse av oppgåvene revolusjonen stiller. Og – som vi skal syna i detalj lenger ute – er det denne slutninga som Kautsky har “gløymt” og rengd.

RSKILTE AVDELINGAR AV VÆPNA MENNESKE, FENGSEL OSB

Engels held fram:

“Til skilnad frå den gamle ætteskipnaden ”note3_tilbake">3) (note 3) (stamme eller klan) deler staten fyrst inn undersåttane etter territorium …

Denne inndelinga synest “naturleg” for oss, men ho kosta langvarig kamp mot den gamle organiseringa etter ætter eller stammar.

Det andre særdraget er at det vert oppretta ei offentleg makt som ikkje lenger fell direkte saman med at folkesetnaden organiserer seg sjølv som væpna styrke. Denne særlege offentlege makta er naudsynt av di ein sjølvverksam væpna samskipnad av folkesetnaden er vorten uråd å få til etter klassekløyvinga … Denne offentlege makta finst i kvar stat. Ho er ikkje berre samansett av væpna menneske, men og av materielle hjelpemiddel, tukthus og tvangsanstaltar av alle slag, som ætte(klan)-samfunnet ikkje kjende noko til."

Engels går så nærare innpå omgrepet om den “makta” som vert kalla staten, ei makt som har vokse seg ut or samfunnet, men set seg sjølv over det og gjer seg meir og meir framand for det. Kva er denne makta i hovudsak samansett av? Jau, ho er sett saman av særskilde avdelingar av væpna menneske som har fengsel osb til sitt rådvelde.

Vi har rett til å tala om særskilde avdelingar av væpna menneske, av di den offentlege makta som høyrer til i kvar stat “ikkje fell direkte saman” med den væpna folkesetnaden, med deira “sjølvverksame væpna samskipnad”.

Som alle store revolusjonære tenkjarar freistar Engels å gjera klassemedvitne arbeidarar særskilt merksame på det som det rådande spissborgarsynet meiner er minst verd merksemd – på det som er tilvant og helga av fordomar som ikkje berre sit djupt, men jamvel er forsteina. Ein ståande hær og politi er viktigaste reiskapane for statsmakta. Men korleis kan det vera annleis?

Frå synsstaden til det overveldande fleirtalet av europearar mot slutten av førre hundreåret, dei som Engels vende seg til, og som korkje hadde vore gjennom ein einaste stor revolusjon eller sett ein slik på nært hald, kunne det ikkje vore annleis. Dei kunne slett ikkje skjøna kva ein “sjølvverksam væpna samskipnad” av folkesetnaden var. Når dei vart spurde kvifor det vart naudsynt å ha særskilde avdelingar av væpna menneske som står over samfunnet og står framande andsynes det (politi og ein ståande hær), då er dei vesteuropeiske og russiske spissborgarane huga til å koma med eit par frasar dei har lånt av Spencer eller Mikhailovski. Dei er huga til å syna til at samfunnslivet stendig vert meir innvikla, funksjonane meir oppdelte, og så frametter.

Ei slik tilvising synest “vitskapleg”, og har den verknaden at ho dyssar vanleg folk i svevn med di ho tilslørar den viktige og grunnleggjande kjensgjerninga, nemleg at samfunnet er kløyvt i klassar som står i uforsonleg motsetning til kvarandre.

Om det ikkje var for denne kløyvinga, ville ein slik “sjølvverksam væpna samskipnad av folkesetnaden” skilja seg frå den primitive samskipnaden til ein stokksvingande apeflokk, eller primitive menneske, eller til folk som var samla i klanar, ved det at han var komplisert og låg på eit høgt teknisk nivå. Men ein slik samskipnad ville likevel vera mogleg.

Han er umogleg av di det siviliserte samfunnet er kløyvt i klassar som står mot kvarandre, og endå til uforsonleg mot kvarandre. Om dei gjekk til “sjølvverksam” væpning, ville det føra til væpna kamp mellom dei. Ein stat oppstår, ei særskilt makt vert skapt, særskilde avdelingar av væpna menneske kjem til, og ved å knusa statsapparatet syner kvar revolusjon oss den nakne klassekampen. Revolusjonen syner klårt korleis herskarklassen slit for å byggja opp att dei særskilde avdelingane med væpna menneske som tener han, og korleis den undertrykte klassen slit for å skapa ein ny skipnad av dette slaget som er i stand til å tena dei utbytta i staden for utbyttarane.

I drøftinga ovanfor stiller Engels nett det same spørsmålet i teorien, som kvar stor revolusjon reiser handgripeleg framfor oss i praksis, og det som meir er, i masseaksjonsmålestokk. Det er spørsmålet om tilhøvet mellom “særskilde” avdelingar av væpna menneske og den “sjølvverksame væpna samskipnaden av folkesetnaden”. Vi skal sjå korleis røynsla frå dei europeiske og russiske revolusjonane kan kasta konkret lys over dette spørsmålet.

Men lat oss venda attende til utlegginga til Engels.

Han peikar på at denne offentlege makta nokre gonger er veik – i visse område i Nord-Amerika til dømes (her tenkjer han på eit sjeldan unnatak i det kapitalistiske samfunnet og på dei delane av Nord-Amerika der den frie kolonisten rådde grunnen, i tida før Nord-Amerika vart imperialistisk). Men allment tala vert denne offentlege makta sterkare:

“Men ho (den offentlege makta) veks seg sterkare i same forhold som klassemotsetningane innan staten kvesser seg til, og som grannestatane vert større og meir folkerike. Vi kan berre sjå på Europa i våre dagar, der klassekamp og rivalisering om å vinna nytt land har skruva den offentlege makta så høgt opp at ho trugar med å sluka heile samfunnet og jamvel staten.”

Dette vart skrive så tidleg som fyrst i nittiåra i førre hundreåret. Siste føreordet til Engels er dagsett 16. juni 1891. Snunaden mot imperialisme ville seia at trustane dominerte fullstendig, storbankane vart allmektige, det vart ført ein storslegen kolonipolitikk osfr. Denne snunaden hadde berre så vidt teke til i Frankrike, og var til og med veikare i Nord-Amerika og Tyskland. Etter den tid har rivaliseringa om å vinna nytt land gått fram med kjempesteg, og dette di meir fordi verda hadde vorte oppdelt heilt ut mellom desse “rivalane i landevinning”, dvs dei rovgriske stormaktene, då det andre tiåret av det tjuande hundreåret tok til. Sidan den gongen har opprustingane i hæren og marinen vokse fantastisk, og røvarkrigen frå 1914 til 1917 som gjeld om England eller Tyskland skal rå over verda, og om delinga av byttet, har gjort at den rovlystne statsmakta si “sluking” av alle samfunnskreftene er kome nær fullstendig katastrofe.

Alt så tidleg som i 1891 kunne Engels peika på at “rivalisering om landevinning” var eitt av dei viktigaste særdraga ved utanrikspolitikken til stormaktene. Men heile tida etter 1914, då denne rivaliseringa hadde vorte mange gonger hardare og gav opphav til ein imperialistisk krig, har dei sosialsjåvinistiske slynglane dekt til at dei forsvarar røvarinteressene til “sitt eige” borgarskap med frasar om “å forsvara fedrelandet”, “forsvara republikken og revolusjonen” osb!

Om urkommunismen, sjå Friedrich Engels: Om opphavet til familien, privateigedomen og staten (1884).

STATENEIN REISKAP TIL Å UTBYTTA DEN UNDERTRYKTE KLASSEN MED

For å halda ved lag ei særskilt offentleg makt som står over samfunnet, krevst det skattar og statslån.

“Med di tenestemennene har fått offentleg mynde og rett til å krevja inn skattar,” skriv Engels, “står dei no over samfunnet som organ for samfunnet. Den frie og friviljuge vyrdnaden som vart synt organa for ætte(klan)-skipnaden, strekk ikkje til for dei, jamvel om dei kunne få han …” No vert det sett i verk særlover som skal gjera tenestemennene heilage og ukrenkjande. Den mest “lurvute polititenestemannen”, har større “autoritet” enn talsmennene for ein klan, men jamvel øvstkommanderande for militærmakta i ein sivilisert stat kan koma til å misunna den eldste i ein klan den “atterhaldslause vyrdnaden” frå samfunnet."

Her blir spørsmålet om den privilegerte stillinga til tenestemennene som organ for statsmakta reist. Hovudpoenget som vert peika ut er: Kva er det som stiller dei over samfunnet?

Vi skal få sjå korleis dette teoretiske spørsmålet fekk svar i praksis av Paris-kommunen, og korleis Kautsky skoddela spørsmålet utifrå eit reaksjonært standpunkt i 1912.

“Staten oppsto ut frå trongen til å halda klassemotsetningane under kontroll. Men på same tid voks han fram midt oppe i samanstøyten mellom desse klassane. Av desse grunnane er han i regelen staten til den sterkaste og økonomisk rådande klassen, som ved å bruka staten som medium og blir den klassen som rår politisk. Slik skaffar han seg nye middel til å halda den undertrykte klassen nede og utbytta han …” Den antikke Antikk – frå oldtida, særleg om dei greske bystatane og Romerriket.] og den føydale staten var organ til å utbytta trælar og liveigne med. På same måte er “den moderne representativstaten eit organ for at kapitalen skal kunna utbytta lønsarbeidet. Men reint unntaksvis kan det koma periodar då dei krigførande klassane kjem så nær likevekt med kvarandre at staten, som synest stå som meklar mellom dei, i ei tid oppnår eit visst sjølvstende frå dei båe …” Døme på dette er eineveldet i det syttande og attande hundreåret, bonapartismen under fyrste og andre keisardømet i Frankrike og Bismarck-styret i Tyskland.

Vi kan leggja til at slik er Kerenski-regjeringa i det republikanske Russland, etter at ho tok til å forfylgja det revolusjonære proletariatet. Det hender i ei stund då sovjeta alt har vorte makteslause, som fylgje av at dei vert leidde av småborgarlege demokratar, medan borgarskapet enno ikkje er sterkt nok til å rett og slett jaga dei frå kvarandre.

I ein demokratisk republikk, held Engels fram, "utøvar rikdomen makta si indirekte, men di tryggare. For det fyrste gjer han det ved hjelp av beinveges muting av embetsmenn (Amerika), for det andre ved ein “allianse mellom regjeringa og børsen” (Frankrike og Amerika).

I dag har imperialismen og bankherredømet utvikla til ein uvanleg fin kunst båe desse metodane for å halda ved lag og gje verknad åt rikdomens allmakt i demokratiske republikkar av alle slag. La oss to eit døme. I den demokratiske republikken i Russland gjekk dei “sosialistiske” sosialrevolusjonære og mensjevikane inn i ekteskap med borgarskapet i koalisjonsregjeringa 4) (note 4). Alt i dei fyrste månadene av republikken, så og seia i kveitebrødsdagane, la herr Paltsjinski hinder i vegen for kvart tiltak som var meint å tøyma kapitalistane og røvarlaget deira, den plyndringa dei dreiv av statskassa gjennom krigsleveransar. Seinare, då herr Paltsjinski gjekk ut or regjeringa (og det sjølvsagt kom ein heilt ut tilsvarande Paltsjinski i staden hans), vart han løna av kapitalistane med ei stilling som kasta av seg ei årsløn på 120.000 rublar. Kva kallar de dette? Beinveges eller omveges muting? Ein allianse mellom regjeringa og syndikata_, [_Syndikat – ei samanslutning av bedrifter eller finansmenn som er oppretta for å få kontroll over marknaden.] eller “berre” venskapleg samband? Kva rolle spelar slike som Tsjernov, Tsereteli, Avksentjev og Skobeljev? Er dei “beinveges” eller berre omveges allierte med millionærane som plyndrar statskassa?

Grunnen til at allmakta til " rikdomen" er sikrare i ein demokratisk republikk, er at ho ikkje er avhengig av enkeltståande manglar i det politiske maskineriet, eller av det mangelfulle politiske skalet kring kapitalismen. Ein demokratisk republikk er det best tenkjelege politiske skalet for kapitalismen. Difor er det at straks kapitalen har eigna til seg dette aller beste skalet (med hjelp frå slike som Paltsjinski, Tsjernov, Tsereteli & co), så byggjer han makta si så trygt og så fast at inga utskifting av personar, institusjonar eller parti i den borgarleg-demokratiske republikken kan skaka henne.

Vi må og merkje oss at Engels er heilt eintydig når han kallar allmenn røysterett ein reiskap for borgarvelde. Det er tydeleg at han reknar ut frå den lange røynsla til det tyske sosialdemokratiet når han seier at allmenn røysterett er

“… eit gradmål for kor mogen arbeidarklassen er. Det kan ikkje bli noko meir og kjem aldri til å bli meir i den staten vi har no.”

Dei småborgarlege demokratane, slike som våre sosialrevolusjonære og mensjevikar, men og tvillingbrørne deira, alle sosialsjåvinistane og opportunistane i Vest-Europa, ventar nett dette “meir” frå den allmenne røysteretten. Dei har sjølve den galne tanken at allmenn røysterett “i den staten vi har no” verkeleg er i stand til å syna kva fleirtalet av det arbeidande folket vil og tryggja at det vert til røyndom. Denne tanken freistar dei å få inn i folket.

Her kan vi berre visa til denne galne tanken. Vi kan berre peika på at den heilt ut klåre, nøyaktige og konkrete utsegna til Engels vert rengd på kvart einaste steg i propagandaen og agitasjonen frå dei “offisielle” (dvs. opportunistiske) sosialistpartia. Vi skal gje ei utførleg avsløring av kor spikande galen denne tanken som Engels feier til sides er, når vi no skal gjera greie for kva syn Marx og Engels hadde på den staten “vi har no”.

Engels gjev eit allment samandrag av synspunkta sine i det mest populære av verka sine med dei orda som no fylgjer:

“Staten har såleis ikkje vore til i all æve. Det har vore samfunn som har greidd seg utan, og som ikkje hadde nokon tanke om staten og statsmakta. På eit visst steg i den økonomiske utviklinga, som var nøydd til å hengja nær saman med at samfunnet vart kløyvt i klassar, vart staten naudsynt på grunn av denne kløyvinga. No nærmar vi oss raskt eit steg i produksjonsutviklinga der det ikkje berre er slik at klassane ikkje lenger er naudsynte, men der dei vil verta eit røynleg hinder for produksjonen. Dei vil falla like uunngåeleg som dei oppsto på eit tidlegare steg. Saman med dei er staten nøydd til å falla. Det samfunnet som då kjem til å omorganisera produksjonen på grunnlag av ei fri og lik samanslutning mellom produsentane, kjem til å setja heile statsmaskinen der han då vil høyra heime: i oldsaksamlinga, ved sida av rokken og bronseøksa.”

Det er ikkje ofte vi støyter på dette avsnittet i propaganda- og agitasjonsskriftene til vår tids sosialdemokratar. Jamvel der vi kjem over det, vert det oftast sitert på same måten som når ein bøyer kne framfor eit helgenbilete. Det vil seia at det vert gjort for å syna offisiell vyrdnad for Engels, men ingen gjer nokon freistnad på å mæla ut breidda og djupna i den revolusjonen som krevst for å setja bort “heile statsmaskinen til oldsakssamlinga”. Oftast vil vi ikkje ein gong finna noka forståing av det som Engels kallar statsmaskinen.

BORTVISNINGA” AV STATEN OG DEN VALDELEGE REVOLUSJONEN

Orda til Engels om at staten “visnar bort” er så velkjende, vert sitert så ofte og klårgjer så tydeleg kjernen i den gjengse tillempinga av marxismen til opportunismen at vi må ta dei nøye for oss. Vi skal gje att heile drøftinga dei er tekne frå:

“Proletariatet grip statsmakta og gjer i fyrste omgang produksjonsmidla om til statseigedom. Men med det avskaffar det seg sjølv som proletariat, avskaffar alle klasseskilje og klassemotsetningar, og avskaffar og staten som stat. Til no har samfunnet verka midt mellom klassemotsetningar. Samfunnet hadde bruk for staten, det vil seia ein samskipnad av den særskilde utbyttarklassen, for å halda ved lag dei ytre produksjonsvilkåra for samfunnet, og difor særleg for å halda den utbytta klassen nede med makt i dei vilkåra for undertrykking som fylgjer produksjonsvilkåra til kvar tid (slaveri, liveigenskap eller stavnsband, lønsarbeid). Staten var den offisielle representanten for samfunnet som heilskap. Han var samlinga av samfunnet i eit synleg organ. Men dette var han berre for så vidt som han var staten til den klassen som sjølv representerte samfunnet som heilskap i sin eigen tidebolk. I oldtida var han staten til dei slaveeigande statsborgarane, i mellomalderen staten til føydaladelen, og i vår tid staten til borgarskapet. Når han til sist vert den verkelege talsmannen for heile samfunnet, gjer han seg sjølv overflødig. Så snart ingen samfunnsklasse skal haldast nede lenger, så snart klasseherredømet og den individuelle kampen for tilveret som spring ut frå det anarkiet som no rår i produksjonen, med dei samanstøytane og utskeiingane som skriv seg frå denne striden, vert tekne bort, då står det ikkje att noko meir å underkua. Det er ingenting som gjer det naudsynt med ei særskilt undertrykkingsmakt – ein stat. Den fyrste handlinga staten gjer der han verkeleg står fram som talsmannen for heile samfunnet – når han eignar til seg produksjonsmidla i namnet åt samfunnet – vert og den siste sjølvstendige handlinga han gjer som stat. Statsinnblanding i samfunnstilhøve vert overflødig på det eine området etter det andre, og til slutt tek det ende av seg sjølv. I staden for regjering over personar kjem det administrasjon av ting og styring av produksjonsprosessar. Staten vert ikkje “avskaffa”. Han visnar bort. Dette gjev målet på verdien av frasen “ein fri folkestat”, både på om det let seg forsvara å bruka han ei stund ut ifrå agitasjonsføremål, og at han i siste omgang ikkje strekk til vitskapleg sett. Det same gjeld det såkalla anarkistkravet om at staten må avskaffast over natta." (Herr Eugen Dührings revolusjon i vitskapen (Anti-Dühring), 3. tyske utgåve, s. 301-303, 1894) Friedrich Engels: Anti-Dühring. Herrn Eugen Dührings Umwälzung der Wissenschaft (1876-1878).]

Ein kan trygt slå fast at berre eitt punkt i denne drøftinga til Engels, som er så merkeleg rik på tankar, har vorte ein innbygd del av den sosialistiske tenkinga i dei moderne sosialistpartia. Det er at staten “visnar bort” , i fylgje Marx – til skilnad frå den anarkistiske læresetninga at staten vert “avskaffa”. Å stussa ned marxismen så kraftig er å skjera han ned til opportunisme, for denne “tolkinga” let berre etter seg ei vag kjensle av ei sakte, jamn og gradvis endring, der sprang og stormar er borte, og der revolusjonen like eins er borte. Den vanlege, utbreidde og populære oppfatninga, om at ein kan seia det slik at staten “visnar bort”, tyder tvillaust at revolusjonen vert skoddelagt, om ikkje forkasta.

Ei slik tolking er ei uhyre grov renging av marxismen, som berre borgarskapet har fordel av. Teoretisk byggjer ho på at det vert sett bort i frå dei viktigaste omstenda og synspunkta som vert dregne fram, t.d i det “samandraget” av Engels som vi nett har gjeve att i heilskap.

For det fyrste seier Engels heilt til å byrja med at når proletariatet grip statsmakta, “avskaffar” det med det “staten som stat”. Det er ikkje god tone å tenkja etter kva som ligg i dette. Til vanleg vert det anten heilt oversett, eller så vert det sett som ein slags “hegelsk veikskap” frå Engels si side. Men i røynda uttrykkjer desse orda kort røynsla frå ein av dei største proletariske revolusjonane, Paris-kommunen i 1871. Den skal vi ta grundigare for oss ein annan stad. I røynda talar Engels her om at den proletariske revolusjonen “avskaffar” den borgarlege staten, medan orda om at staten visnar bort, viser til restane av den proletariske staten etter den sosialistiske revolusjonen. I fylgje Engels “visnar” ikkje den borgarlege staten bort, men vert “avskaffa” av proletariatet under gangen av revolusjonen. Det som visnar bort etter denne revolusjonen, er den proletariske staten eller halvstaten.

For det andre er staten ei “særleg undertrykkingsmakt”. Engels legg her fram denne storarta og umåteleg djupe definisjonen så klårt det berre går an. Og frå han fylgjer at i staden for den “særlege undertrykkingsmakta” borgarskapet nyttar for å undertrykkja proletariatet, der ei handfull rike undertrykkjer millionar av arbeidsfolk, må det setjast ei “særleg undertrykkingsmakt” som proletariatet skal undertrykkja borgarskapet med (proletariatets diktatur). Nett dette er det som er meint med å “avskaffa staten som stat”. Dette er nett den “handlinga” å eigna til seg produksjonsmidla i namnet åt samfunnet. Og det seier seg sjølv at å setja inn ei (proletarisk) “særleg makt” i staden for ei anna (borgarleg) “særleg makt” på ein slik måte, det kan ikkje gå for seg i form av noka “bortvisning”.

For det tredje: Når Engels snakkar om at staten “visnar bort”, og endå meir målande og fargerikt om at han “døyr bort av seg sjølv” då viser han klårt og tydeleg til perioden etter at “staten har eigna til seg produksjonsmidla i namnet åt heile samfunnet”, dvs etter den sosialistiske revolusjonen. Vi veit alle at den politiske forma for “staten” er det mest fullstendige demokratiet. Men det har aldri falle nokon av dei opportunistane som rengjer marxismen så skamlaust, inn at Engels her talar fylgjestrengt om at demokratiet “døyr bort av seg sjølv” eller “visnar bort”. Ved fyrste augekastet verkar dette svært så merkeleg. Men det er “uskjøneleg” berre for dei som ikkje har tenkt over at demokratiet og er ein stat, og fylgjeleg forsvinn når staten forsvinn. Berre revolusjonen kan “avskaffa” den borgarlege staten. Staten allment, dvs. det mest fullstendige demokratiet, kan berre “visna bort”.

For det fjerde: Når Engels har forma ut den vidkjende læresetninga om at staten “visnar bort”, forklårar han straks konkret at dette er retta mot både opportunistane og anarkistane. I og med at han gjer dette, set Engels den slutninga som er dregen av læresetninga om at staten “visnar bort”, som er retta mot opportunistane, heilt i fyrste rekkje.

Ein kan våga på at av 10.000 menneske som har lese eller høyrt om “bortvisninga” av staten, er 9.990 anten slett ikkje merksame på at Engels ikkje retta slutningane av den læresetninga berre mot anarkistane, eller dei har gløymt det. Og av dei ti som står att, er det truleg ni som ikkje veit kva ein “fri folkestat” tyder, eller kvifor eit åtak på dette slagordet er eit åtak på opportunistane. Slik vert historia skriven! Slik vert ei stor revolusjonær lære umerkeleg forfalska og tilpassa etter det rådande spissborgariet. Den slutninga som var retta mot anarkistane, har vorte teke opp att tusenvis av gonger, vulgarisert, hamra inn i hovudet på folk i så overflatisk form som råd, og er blitt gjort like sterk som ein fordom, medan den slutninga som var retta mot opportunistane har vorte skoddelagt og “gløymt”!

Den “frie folkestaten” var eit programkrav og eit slagord i omlaup mellom dei tyske sosialdemokratane i 1870-åra. Dette slagordet er fritt for alt politisk innhald, ut over at det gjev att demokratiomgrepet på ein pompøs og spissborgarleg måte. I den mon slagordet ymta om ein demokratisk republikk på ein måte som lovene tillet, var Engels budd på å “forsvara” at det vart bruka ei stund av agitasjonsgrunnar. Men det var eit opportunistisk slagord, for det uttrykte ikkje berre ei skjønnmåling av det borgarlege demokratiet, men og ei manglande evne til å forstå den sosialistiske kritikken av staten allment. Vi går inn for ein demokratisk republikk som den beste statsforma for proletariatet under kapitalismen. Men vi har ingen rett til å gløyma at folket lever under lønsslaveri jamvel i den mest demokratiske borgarlege republikken. Vidare er kvar stat ei “særleg makt” for å halda den undertrykte klassen nede. Fylgjeleg, kvar ein stat er ikkje “fri” og ikkje ein “folkestat”. Dette forklåra Marx og Engels stadig vekk for partikameratane sine i syttiåra.

For det femte har det same verket av Engels der han forklårar at staten visnar bort, som vi alle hugsar og med ei drøfting der han forklårar kor viktig den valdelege revolusjonen er. Den historiske analysen Engels gjev av rolla til revolusjonen vert ei retteleg lovprising av valdeleg revolusjon. Dette “hugsar ingen”. Det er ikkje god tone i moderne sosialistparti å snakka om kor viktig denne tanken er, eller jamvel tenkja på det. Og han spelar inga rolle i det heile i propagandaen og agitasjonen deira mellom folket til kvardags. Like fullt er han uløyseleg samanbunden med at staten “visnar bort” til ein harmonisk heilskap.

Her er drøftinga til Engels:

“… Men at vald spelar endå ei anna rolle (enn rolla som djevlekraft) i soga, ei revolusjonær rolle; at han, i Marx sine ord, er jordmor for kvart eit gamalt samfunn som går svanger med eit nytt; at han er den reiskapen som samfunnsrørsla bryt seg veg med gjennom dei daude, forsteina politiske formene og som ho smadrar dei med – om dette står det ikkje eit ord hjå herr Dühring. Det er berre med sukk og stønn han vedgår at det kan tenkjast at vald kanskje vert naudsynt for å styrta ein økonomi som byggjer på utbyting – diverre, for all bruk av vald, seier han, bryt ned moralen hjå den personen som brukar vald. Og dette seier han trass i den enorme moralske og åndelege framskuven som kvar einaste sigerrik revolusjon har gjeve! Og dette i Tyskland, der ein valdeleg samanstøyt – som trass alt kan verta tvinga på folket – i det minste ville føra den føremonen med seg at den kryparhaldninga som har gjennomsyra sinnelaget til nasjonen alt sidan audmjukinga i Trettiårskrigen ”note5_tilbake">5) (note 5), vart sopa til sides. Og denne sløve, saft- og kraftlause prestetenkinga er det som no vågar seg til å trengja seg inn på det mest revolusjonære partiet historia har sett!" (s. 193 i tredje tyske utgåva, del II; slutten av kap. 4)

Korleis kan denne lovprisinga av valdeleg revolusjon som Engels stadig vekk la fram så pågåande for dei tyske sosialdemokratane mellom 1878 og 1894 – dvs heilt til han døydde, sameinast med teorien om “bortvisninga” av staten til ein teori?

Til vanleg vert dei to sameint ved hjelp av eklektisisme Eklektisisme – filosofisk reining som vel ut delar frå ulike system utan å ta omsyn til om dei samsvarer seg imellom.], med ein prinsipplaus eller fuskande utveljingsmåte der fyrst eitt og så eit anna argument blir plukka ut vilkårleg (eller for å gjera makthavarane til lags). Og i nittini av hundre tilfelle – om ikkje oftare – er det ideen om “bortvisninga” av staten som kjem i fremste rekke. Eklektisismen blir sett i staden for dialektikken. Dette er den vanlegaste og mest utbreidde skikken vi støyter på i den offisielle sosialdemokratiske litteraturen i vår tid når det gjeld marxismen. Denne slags utskifting er sjølvsagt ikkje noko nytt. Slikt fann ein alt i historia til den klassiske greske filosofien. Når ein skal forfalska marxismen på opportunistisk vis, er den lettaste måten å narra massane på å setja eklektisisme i staden for dialektikk. Det gjev ei falsk tilfredsstilling. Tilsynelatande reknar det med alle sider ved prosessen, alle utviklingsdrag, alle motstridande innverknadsretningar osb, men i røynda gjev det inga heilskapt og revolusjonær forståing av utviklingsprosessen i samfunnet i det heile.

Vi har alt sagt det før og skal syna det grundigare seinare, at teorien til Marx og Engels om at ein valdeleg revolusjon ikkje er til å unngå, gjeld for borgarstaten. Han kan ikkje bli etterfylgd av den proletariske staten, som ein allmenn regel, gjennom ein “bortvisnings”-prosess, men til vanleg berre ved ein valdeleg revolusjon. Den lovsongen Engels song til ære for han, samsvarar heilt ut med utsegner som Marx stadig tok opp att (sjå avsnitta som avsluttar Filosofiens elende og Det kommunistiske manifestet). Desse utsegnene kunngjer byrgt og ope at den væpna revolusjonen ikkje er til å unngå. Sjå på det Marx skreiv i 1875, bortimot tretti år seinare, då han kritiserte Gotha-programmet og refsa den opportunistiske karakteren det hadde nådelaust. 6)(note 6) Denne lovsongen frå Engels er på ingen måte berre eit “påhitt”, eller ei rein framseiing eller eit polemisk utfall. Heile teorien til Marx og Engels kviler på at det er naudsynt å gjera massane systematisk heilt ut innforstått med dette og nett dette synet på valdeleg revolusjon. Det sviket mot teorien deira som dei rådande sosialsjåvinistiske og kautskyanske straumdraga står for, kjem slåande til uttrykk ved at båe desse straumdraga overser propaganda og agitasjon av dette slaget.

Utan ein valdeleg revolusjon er det uråd å setja proletarstaten i staden for borgarstaten. Å avskaffa proletarstaten, dvs staten allment, er uråd utan ved bortvisningsprosessen.

Marx og Engels gav ei detaljert og konkret utlegging av desse synspunkta når dei studerte kvar revolusjonær situasjon for seg, og når dei analyserte kva lærdomar som kan trekkjast av røynsla frå kvar einskild revolusjon. Vi skal no gå over til denne delen av teorien deira, som tvillaust er den viktigaste.

KAPITTEL II

STATEN OG REVOLUSJONEN. RØYNSLA FRÅ 1848-51

VED OPPTAKTEN TIL REVOLUSJONEN

Dei fyrste verka til den mogne marxismen – Filosofiens elende og Det kommunistiske manifestet – kom ut nett før revolusjonen i 1848. Av denne grunnen speglar dei i ein viss mon av den konkrete revolusjonære situasjonen den gongen, i tillegg til at dei legg fram dei allmenne prinsippa i marxismen. Difor vil det ha mest for seg, kan henda, å granska det som forfattarane av desse verka sa om staten rett før dei drog slutningar frå røynsla i åra 1848-51.

I Filosofiens elende skreiv Marx:

“Etter som utviklinga går sin gang kjem arbeidarklassen til å bytta ut det gamle borgarsamfunnet med ei samanslutning som stengjer ute klassar og motsetninga mellom dei. Det kjem ikkje til å vera noka eigentleg politisk makt meir, sidan politisk makt nett er det offisielle uttrykket for klassemotsetninga i det borgarlege samfunnet.” Karl Marx: Filosofiens elende (1847), side 182, tysk utgåve, 1885]

Det er lærerikt å jamføra denne allmenne framstillinga av tanken om at staten fell bort etter at klassane er avskaffa, med den framstillinga som står i Det kommunistiske manifestet. Det skreiv Marx og Engels nokre månader etter – i november 1847, for å vera nøyaktig:

“Når vi no har rissa opp dei mest allmenne fasane i utviklinga av proletariatet, har vi fylgt spora etter den meir eller mindre løynde borgarkrigen som rasar innanfor samfunnet slik det er no, heilt til det punktet der den krigen bryt ut i open revolusjon, og at borgarskapet vert styrta med vald, legg grunnen for proletariatet sitt herredøme …”

“… Vi har sett før at det fyrste steget når arbeidarklassen gjer revolusjon, er å lyfta proletariatet til stillinga som herskarklasse, å vinna slaget om demokratiet.

Proletariatet vil bruka den politiske overmakta si til å vri all kapital frå borgarskapet litt etter litt, til å sentralisera alle produksjonsreiskapar i staten sine hender, det vil seia i hendene til proletariatet organisert som herskarklassen, og til å auka totalmengda av produktivkrefter så raskt som råd" [Sjå Karl Marx og Friedrich Engels: Det kommunistiske partis manifest (1847), s. 31 og 37, 7. tyske utgåve, 1906]

Her er ein av dei merkelegaste og viktigaste tankane om staten i marxismen ordlagt. Det er tanken om “proletardiktaturet” (som Marx og Engels tok til å kalla det etter Paris-kommunen). Her er også ein særs interessant definisjon av staten, som og er mellom dei “gløymde orda” i marxismen: “staten, det vil seia proletariatet organisert som herskarklassen”.

Denne definisjonen av staten har aldri vore forklåra i den rådande propaganda- og agitasjonslitteraturen frå dei offisielle sosialdemokratiske partia. Ja, meir enn det, han har vore oversedd med vilje, for han kan ikkje på noko vis sameinast med reformismen, og han er eit slag i andletet på dei vanlege opportunistiske fordomane og spissborgarillusjonane om den “fredelege utviklinga av demokratiet”.

Proletariatet treng staten. Dette tek alle opportunistane, sosialsjåvinistane og kautskyanarane opp att, og dei seier oss for visst at nett dette var det Marx lærte. Men dei “gløymer” å leggja til at for det fyrste treng proletariatet i fylgje Marx berre ein stat som visnar bort, dvs. ein stat som er bygd opp slik at han tek til å visna bort straks, og ikkje kan anna enn å visna bort. Og for det andre treng det arbeidande folket ein stat, dvs “proletariatet organisert som herskarklassen”.

Staten er ein særskilt tvangssamskipnad: Han er ein valdsorganisasjon til å undertrykkja ein eller annan klasse. Kva klasse må proletariatet undertrykkja? Sjølvsagt berre utbyttarklassen, dvs borgarskapet. Det arbeidande folket treng staten berre til å undertrykkja motstanden frå utbyttarane med, og berre proletariatet kan styra denne undertrykkinga og setja ho ut i livet. For proletariatet er den einaste klassen som er prinsippfast revolusjonær, og den einaste klassen som kan samla heile det arbeidande og utbytta folket i kampen mot borgarskapet, og fjerna det heilt.

Utbyttarklassane treng politisk rådvelde for å halda utbytinga ved lag, det vil seia i den eigennyttige interessa til eit ørlite mindretal mot det ovstore fleirtalet av folket. Dei utbytta klassane treng politisk rådvelde for å avskaffa all utbyting heilt ut, det vil seia i samsvar med interessene til det ovstore fleirtalet av folket, og imot det ørvesle mindretalet av moderne slaveeigarar – godseigarane og kapitalistane.

Dei småborgarlege demokratane, som lest vera sosialistar og byter ut klassekamp med draumar om klasseharmoni, dei skildrar jamvel den sosialistiske omskapinga som eit draumebilete – ikkje slik at rådveldet til utbyttarklassen vert kasta over ende, men slik at mindretalet gjev seg fredeleg inn under fleirtalet, som har kome til medvit om kva mål det har. Denne småborgarlege utopien Utopi – av gresk: outopos = ingen stad. ‘Utopia’ er namn på eit fantasiland med fullkome samfunnssystem og politisk system, og emne for ei bok med same namn av Sir Thomas More. Boka kom ut i 1516 og er skrive etter førebilete av Republikken av Platon. Utopiar er fantasiar om samfunnsspørsmål som ikkje let seg realisera.], som ikkje kan skiljast frå ideen om at staten står over klassane, førte i praksis til at interessene til dei arbeidande klassane vart svikne. Det synte seg t.d i historia til dei franske revolusjonane i 1848 og 1871 og i røynsla med “sosialistisk” deltaking i borgarlege regjeringar i Storbritannia, Frankrike, Italia og andre land kring hundreårsskiftet.

Marx kjempa heile livet mot denne småborgarlege sosialismen, som no har stått fram att i Russland gjennom dei sosialrevolusjonære og mensjevikane. Han utvikla teorien om klassekampen fylgjestrengt fram til teorien om politisk makt, om staten.

Berre proletariatet kan makta å kasta over ende borgarstyre, for denne særskilde klassen lever under økonomiske eksistensvilkår som førebur han for oppgåva og gjev han høve og kraft til å utføra henne. Medan borgarskapet kløyver bøndene og alle småborgargruppene og løyser dei opp, men det sveisar proletariatet saman, og samlar og organiserer det. Berre proletariatet – i kraft av den økonomiske rolla det spelar i storproduksjonen – er i stand til å vera leiar for alle arbeidande og utbytta menneske som borgarskapet utbytar, undertrykkjer og knuser, ofte meir og ikkje mindre enn dei gjer med proletarane, men som er ute av stand til å føra ein sjølvstendig kamp for å gjera seg frie.

Marx nytta teorien om klassekampen på spørsmålet om staten og den sosialistiske revolusjonen. Denne teorien fører heilt sjølvsagt til at ein sannkjenner det politiske herreveldet til proletariatet og diktaturet deira. Det vil seia at ein sannkjenner deira udelte makt som stør seg direkte på våpenmakta til folket. Borgarskapet kan berre verta styrta ved at proletariatet vert herskarklassen som er i stand til å knusa den desperate motstanden frå borgarskapet som ikkje er til å unngå, og i stand til å organisera heile det arbeidande og utbytta folket for det nye økonomiske systemet.

Proletariatet treng statsmakta, som er ein sentralisert maktsamskipnad og ein valdssamskipnad. Dei treng han både til å knusa motstanden frå utbyttarane og til å leia dei svære massane av folkesetnaden – bøndene, småborgarane og halvproletarane – i arbeidet med å organisera ein sosialistisk økonomi.

Når marxismen lærer opp arbeidarpartiet, lærer han opp fortroppen til proletariatet som er i stand til å ta makta og føra heile folket til sosialismen, og til å leia og organisera det nye systemet, vera lærar, vegvisar og leiar for heile det arbeidande og utbytta folket når dei skal organisera samfunnslivet sitt utan borgarskapet og mot borgarskapet. I motsetning til dette trenar opportunismen som rår no, medlemene av arbeidarpartiet opp til å vera talsmenn for dei best lønna arbeidarane. Dei misser kontakten med massane, “greier seg” tolleg bra under kapitalismen og sel fyrstefødselsretten sin for ein rett linser, det vil seia at dei gjev avkall på rolla si som revolusjonære leiarar for folket mot borgarskapet.

Den proletariske staten kan slett ikkje undertrykkja den borgarlege staten utan valdeleg revolusjon. Det er uråd å avskaffa den proletariske staten, det vil seia staten allment sett, utan gjennom prosessen ved at han “visnar bort”.

Marx og Engels gav ei detaljert og konkret utlegging av desse synsmåtane då dei studerte kvar særskilt revolusjon. No skal vi gå vidare til denne delen av teorien deira, som utan tvil er den viktigaste delen.

OPPSUMMERING AV REVOLUSJONEN

I den drøftinga som no fylgjer frå Louis Bonapartes 18. brumaire, summerer Marx opp dei konklusjonane han drog frå revolusjonen 1848-51 når det gjeld det emnet vi er opptekne av; staten:

“Men revolusjonen er grundig. Han er framleis på veg gjennom skirselden. Han gjer arbeidet sitt metodisk. Fram til 2. desember 1851 (den dagen Louis Bonaparte gjorde statskupp) hadde han gjort unna eine halvparten av førebuingsarbeidet sitt. No held han på og gjer ferdig den andre halvparten. Fyrst gjorde han den parlamentariske makta fullenda, slik at han kunne styrta henne. No når han har greidd det, fullendar han den utøvande makta, skjer ho ned til det reinaste uttrykket ho kan ha, isolerer henne, set henne opp mot seg sjølv som den einaste målskiva, for å samla alle øydeleggingskreftene sine mot henne (uthevingane er våre). Og når han har gjort denne andre halvparten av førebuingsarbeidet sitt, kjem Europa til å springa opp frå sessen sin og ropa ut i jubel: Du har grave godt, gamle moldvarp!

Denne utøvande makta har ein veldig byråkratisk og militær organisasjon, eit vidfemnande og sinnrikt statsmaskineri, ein hærskare av tenestemenn på ein halv million mann, og ein hær attåt på ein halv million til. Denne fælslege snyltarskapnaden sveiper seg som eit nett om den franske samfunnskroppen og tettar til alle porene på han. Han voks fram i det eineveldige kongedømet sine dagar då føydalsystemet rotna opp, og skunda fram denne opprotninga." Den fyrste franske revolusjonen utvikla sentralisering, “men til same tid” auka han “omfanget, kjennemerka og talet på handlangarar for regjeringsmakta. Napoleon fullførte dette statsmaskineriet.”

Legitimist-kongedømet og julikongedømet “la ikkje til noko nytt ut over ei større arbeidsdeling …”

“I striden mot revolusjonen såg den parlamentariske republikken til slutt seg sjølv tvinga til å styrkja ressursane til og sentraliseringa av statsmakta, ved sida av undertrykkingstiltak. Alle revolusjonane fullenda denne maskinen i staden for å knusa han (vår utheving). Partia som tevla om herredømet etter tur, såg det å få hand om denne veldige statsbygninga som det viktigaste byttet for sigerherren.” Karl Marx: Louis Bonapartes attande brumaire (1851-1852), s. 98-99, fjerde utgåva, Hamburg 1907. Seinare gjev Lenin att frå føreordet Engels skreiv i 1885 til den tredje utgåva av dette verket av Marx.]

I denne drøftinga som er vel verd å merkja seg, tek marxismen eit kjempesteg framover jamført med Det kommunistiske manifestet. Der vert spørsmålet om staten framleis teke opp på ein umåteleg abstrakt måte, i svært allmenne vendingar og uttrykk. I avsnittet vi nett har gjeve att her, vert problemet teke opp på konkret vis, og slutninga er særs presis, klår, praktisk og handgripeleg: Alle revolusjonar som har vore til no, har fullenda statsmaskinen, medan det som trengst er å bryta han sund og knusa han.

Denne slutninga er det viktigaste og grunnleggjande poenget i den marxistiske læra om staten. Og det er nett dette grunnleggjande poenget som dei rådande offisielle sosialdemokratiske partia har sett heilt bort frå, og den fremste teoretikaren i Den andre internasjonalen, Karl Kautsky, jamvel har rengd det.

Det kommunistiske manifestet gjev eit allment samandrag av historia som tvingar oss til å sjå på staten som organet for klasseherrevelde. Det leier oss til den uunngåelege slutninga at proletariatet ikkje kan styrta borgarskapet utan å vinna politisk makt fyrst, utan å skapa staten om til “proletariatet organisert som herskarklassen”. Og det fører oss til at denne proletariske staten vil ta til å visna bort med ein gong etter at han har sigra, for staten trengst ikkje og kan ikkje vera til i eit samfunn der det ikkje finst klassemotsetningar. Spørsmålet om korleis den borgarlege staten skal bytast ut med den proletariske staten, sett ut frå den historiske utviklinga, vert ikkje teke opp her.

Dette spørsmålet er det Marx tek opp og gjev svar på i 1852. I samsvar med filosofien sin om den dialektiske materialismen, tek Marx den historiske røynsla frå dei store revolusjonsåra frå 1848 til 1851 som utgangspunkt. Her som over alt elles, er teorien hans ei oppsummering av røynsle, opplyst av ei djup filosofisk verdsoppfatning og rike kunnskapar om historia.

Spørsmålet om staten vert sett fram konkret: Korleis vart den borgarlege staten, som er den statsmaskinen borgarskapet treng for å rå, vorten til historisk? Kva for endringar gjekk han gjennom, og korleis utvikla han seg under dei borgarlege revolusjonane og andsynes dei sjølvstendige aksjonane frå dei underkua klassane? Kva er oppgåvene til proletariatet i høve til denne statsmaskinen?

Den sentraliserte statsmakta som særmerker borgarsamfunnet, vart til på den tida då eineveldet var i nedgang. To institusjonar som er svært særmerkte for dette statsapparatet, er byråkratiet og den ståande hæren. I verka sine tek Marx og Engels stadig opp att at borgarskapet er bunde saman med desse institusjonane med tusentals trådar. Kvar arbeidar har røynsler som syner dette sambandet på ein over lag målande og verknadsfull måte. Arbeidarklassen lærer å kjenna att dette sambandet frå sine eigne bitre røynsler. Dette er grunnen til at han grip så lett og lærer så grundig den læresetninga som syner at dette sambandet er uunngåeleg. Det er ei læresetning som dei småborgarlege demokratane anten nektar for på uvitande og lettbeint vis, eller så er dei endå meir lettbeinte og vedgår det “allment”, men gløymer å dra dei praktiske slutningane som høyrer med.

Byråkratiet og den ståande hæren er “snyltarar” på lekamen til borgarsamfunnet – snyltarar som er skapte av dei indre motsetningane som riv sund dette samfunnet, men snyltarar som tettar til alle dei livsviktige porene. Den kautskyanske opportunismen som rår no innanfor det offisielle sosialdemokratiet, meiner at anarkismen, og berre anarkismen, hevdar synet om at staten er ein snyltande organisme. Ein treng knapt nemna at denne renginga av marxismen er til veldig føremon for dei spissborgarane som har skore ned sosialismen til den uhøyrde skamma å rettferdiggjera og pryda den imperialistiske krigen med å bruka omgrepet “forsvar av fedrelandet” på han. Men ei renging er det, like fullt.

Det byråkratiske og militære apparatet har halde fram og utvikla seg, gjort seg fullkome og styrkt seg under alle dei talrike borgarlege revolusjonane som Europa har fått sjå sidan føydalismen fall. Det er særleg småborgarskapet som vert drege over til borgarskapet si side og i stor mon underlagt dei gjennom dette apparatet, for det syter for at dei øvre laga av bøndene, dei små handverkarane, handelsfolka og liknande får etter måten makelege, rolege og velsedde stillingar som set dei over folket. Berre sjå kva som hende i Russland i dei seks månadene etter 27. februar 1917. Dei offentlege stillingane som Dei svarte hundre 7) (note 7) hadde fyrsteretten på før, har no vorte bytte for kadettane 8) (note 8), mensjevikane <a name="note9_tilbake"9) (note 9) og dei sosialrevolusjonære 10) (note 10). Ingen har eigentleg tenkt på å innføra alvorlege reformer. Alle slags krumspring vert gjorde for å utsetja dei til “den grunnlovgjevande forsamlinga kjem saman”, og for å utsetja samankallinga til etter krigen! Men ingen har somla eller venta på noka grunnlovgjevande forsamling når det galdt å dela byttet, skaffa seg lønsame stillingar som ministrar, varaministrar og generalguvernørar osb osb! Den kombinasjonsleiken som gjekk føre seg for å få sett saman regjeringa, er i kjernen berre eit uttrykk for den delinga og omdelinga av “byttet” som har gått føre seg både høgt og lågt over heile landet, i kvar einaste avdeling av dei sentrale og lokale styresmaktene. Ein kan oppsummera dei seks månadene mellom den 27. februar og den 27. august objektivt og hinsides all tvil med desse orda: Reformer er lagde på hylla. Dei offentlege stillingane er utdelte og “mistak” i utdelinga er retta på med nokre omdelingar.

Men di meir byråkratapparatet vert “omdelt” mellom dei ymse borgarpartia og småborgarpartia (mellom kadettane, dei sosialrevolusjonære og mensjevikane i Russlands tilfelle), di grundigare vert dei undertrykte klassane, og proletariatet i brodden for dei, klåre over at dei står i uforsonleg fiendskap til heile borgarsamfunnet. Difor er alle borgarparti, sjølv dei mest demokratiske og “revolusjonær-demokratiske” mellom dei, nøydde til å stramma til undertrykkingstiltaka mot det revolusjonære proletariatet og styrkja tvangsapparatet, det vil seia statsmaskinen. Denne hendingsgangen tvingar revolusjonen “til å samla alle øydeleggingskreftene sine” mot statsmakta, og til å setja seg som må1 ikkje å betra statsmaskinen, men å knusa og øydeleggja han.

Det var ikkje logisk tankeverksemd som førte til at saka vart sett fram på denne måten, det var verkelege utviklingar, den verkelege røynsla frå 1848-51. Ein kan sjå kor strengt Marx heldt seg til det solide grunnlaget dei historiske røynslene gav, av at han i 1852 enno ikkje tok opp konkret spørsmålet om kva – som skulle koma i staden for den statsmaskinen som skulle øydeleggjast. Røynsla hadde enno ikkje skaffa fram materiale til å handsama dette spørsmålet. Historia sette det på saklista seinare, i 1871. Alt ein kunne slå fast så nøye som vitskapleg observasjon krev i 1852, var at den proletariske revolusjonen hadde nærma seg den oppgåva å “samla alle øydeleggingskreftene sine” mot statsmakta, å “knusa” statsmaskinen.

Her kan dette spørsmålet reisa seg: Er det rett å generalisera røynsla, observasjonane og slutningane til Marx, og nytta dei på eit meir vidstrekt område enn soga til Frankrike i dei tre åra frå 1848 til 1851? Før vi går laus på dette spørsmålet vil vi leggja oss ein merknad frå Engels på minnet, og så vil vi granska kjensgjerningane. I innleiinga til tredje utgåva av Den attande brumaire, skreiv Engels:

“Frankrike er det landet der klassestridane opp gjennom soga kvar gong vart kjempa ut til siste slutt, meir enn nokon annan stad. Dermed er det der dei ulike politiske formane som klassestridane rører seg innanfor, og som utkoma av dei er samandregne i, er vortne prenta med dei kvassaste omrissa. I mellomalderen var Frankrike sentrum for føydalismen, og etter renessansen var det modell-landet for sameinte kongedøme som bygde på samfunnsstendene. Frankrike knuste føydalismen i den store revolusjonen og sette opp borgarstyret i ei rein og klassisk form som ikkje har hatt sin like i noko anna europeisk land. Og kampen som det framhuga proletariatet fører mot det herskande borgarskapet, kom her i ei tilkvest form som er ukjend andre stader”.

Den siste merknaden er forelda, i og med at den revolusjonære kampen til det franske proletariatet har lege i ei stille sidan 1871. Men jamvel om denne stilla er lang, vil det på ingen måte stengja ute at det er mogleg at Frankrike kan syna seg å vera det klassiske landet der klassestriden vert ført heilt til endes i den komande proletarrevolusjonen.

Men la oss no kasta eit allment blikk over soga til dei framskridne landa ved hundreårsskiftet. Vi skal sjå at den same prosessen gjekk føre seg saktare og i meir varierte former over eit mykje meir vidstrekt område. På den eine sida ser vi utviklinga av “parlamentarisk makt” både i republikklanda (Frankrike, Amerika, Sveits) og i kongedøma (Storbritannia, Tyskland i ein viss mon, dei skandinaviske landa osb). På den andre sida ser vi ein strid om makta mellom dei ulike borgarpartia og småborgarpartia som fordelte og omdelte embets"beina", medan grunndraga i borgarsamfunnet vart verande uendra. Til sist ser vi den “utøvande makta”, og byråkratapparatet og militærapparatet hennar, verta fullenda og grunnfesta.

Det er ikkje den ringaste tvil om at desse draga er sams for heile den moderne utviklinga av alle kapitaliststatar allment sett. I dei tre åra frå 1848 til 1851 synte Frankrike fram, i rask, kvass og fortetta form, nett dei same utviklingsprosessane som er særeigne for heile kapitalistverda.

Imperialismen er tidbolken til bankkapital, gigantiske kapitalistmonopol, til utviklinga av monopolkapitalen til statsmonopolkapitalisme. Han har synt klårt ei umåteleg styrking av “statsmaskinen” og ein vekst utan like i byråkratapparatet og militærapparatet hans, i samband med at undertrykkingstiltaka vert styrkte mot proletariatet, både i kongedøma og dei friaste republikklanda.

Verdssoga fører no utan tvil til at proletarrevolusjonen “samlar alle krefter” for å “øydeleggja” statsmaskinen, og det i ein heilt annan målestokk enn i 1852.

Kva proletariatet vil setja i staden, får vi ymt om i det særs lærerike materialet som Paris-kommunen har utstyrt oss med.

KORLEIS MARX LA FRAM SPØRSMÅLET I 1852 [Lagt til i 2. utgåva.]

I 1907 offentleggjorde Mehring i tidsskriftet Neue Zeit 11) (note 11) (band XXV, 2, s. 164) utdrag frå eit brev frå Marx til Weydemeyer 5. mars 1852. I dette brevet står m.a fylgjande observasjon som er vel verd å merka seg.

Og når det no gjeld meg, så skal ikkje eg ha noka ære av å ha oppdaga at det finst klassar i det moderne samfunnet, eller at det står strid mellom dei. Borgarlege historikarar hadde skildra korleis denne klassekampen utvikla seg, og borgarlege økonomar har skrive om den økonomiske anatomien til desse klassane, lenge før meg. Det eg gjorde som var nytt, var å prova: 1) At eksistensen av klassar berre er bunden i hop med særskilde historiske fasar i utviklinga av produksjonen (historische Entwicklungsphasen der Produktion). 2) At klassestriden er nøydd til å føra til proletardiktaturet, 3) At dette diktaturet sjølv berre dannar overgangen til å avskaffa alle klassar og til eit klasselaust samfunn."

Med desse orda greidde Marx å uttrykkja slåande klårt for det fyrste det som er hovud- og grunnskilnaden mellom teorien hans og teoriane til dei fremste og mest djuptpløyande borgarlege tenkjarane, og for det andre kjernen i statsteorien sin.

Det vert ofte sagt og skrive at hovudpoenget i læra til Marx er klassestriden. Men dette er gale. Og denne galne oppfatninga ender svært ofte i ei opportunistisk renging av marxismen, og til at han vert forfalska i ei ånd som borgarskapet kan godta. For teorien om klassestriden vart ikkje skapt av Marx, men av borgarskapet før Marx, og han er allment sett godtakande for borgarskapet. Dei som godtek berre klassestriden vert ikkje marxistar for det. Dei kan godt framleis vera trygt planta innanfor rammene for borgarleg tenking og borgarleg politikk. Å avgrensa marxismen til teorien om klassestriden vil seia å leggja band på marxismen, rengja han og gjera han til noko som borgarskapet kan godta. Berre den er marxist som utvidar sannkjenninga av klassestriden til å sannkjenna proletariatets diktatur. Det er her den djupaste skiljelina går mellom marxistar og vanlege små- (så vel som stor-)borgarar. Dette er den prøvesteinen som den verkelege forståinga og sannkjenninga av marxismen må prøvast opp mot. Og det er ikkje overraskande at då den europeiske soga stilte arbeidarklassen andlet til andlet med dette spørsmålet som ei praktisk sak, då synte ikkje berre alle opportunistane og reformistane, men og alle kautskyanarane (folk som vaklar mellom reformisme og marxisme) seg som ynkjelege spissborgarar og småborgarlege demokratar som avviste proletariatets diktatur. Kautskys brosjyre “Proletariatets diktatur” kom ut i august 1918, dvs lenge etter fyrste utgåva av denne boka. Ho er eit fullkome føredøme på småborgarleg renging av marxismen og simpel fornekting av han i gjerning, saman med å sannkjenna han i ord på hyklarvis. [Sjå brosjyren min, Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky_, Petrograd og Moskva 1918. (_Lenin: Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky (1918), Forlaget Oktober, 1975.)]

Opportunismen i dag, slik han kjem fram gjennom fremste talsmannen sin, eks-marxisten Karl Kautsky, høver heilt inn i den karakteristikken Marx gav av det borgarlege standpunktet vi har gjeve att før, for denne opportunismen avgrensar sannkjenninga av klassestriden til området for borgarlege tilhøve. (Innanfor dette området, innanfor denne rama vil ikkje ein einaste velutdanna liberalar la vera å sannkjenna klassestriden “i prinsippet”!) Opportunismen utvidar ikkje sannkjenninga av klassestriden til sjølve hovudpoenget, som er overgangsperioden frå kapitalisme til kommunisme, til det å styrta borgarskapet og avskaffa det fullstendig. I røynda er denne perioden nøydd til å vera ein periode med klassekamp så ofseleg som aldri før, i former som er tilkveste som aldri før. Fylgjeleg må staten i denne perioden vera ein stat som er demokratisk på ein ny måte (for proletariatet og dei eigedomslause allment) og diktatorisk på ein ny måte (mot borgarskapet).

Og vidare. Sjølve kjernen i den marxistiske statsteorien har berre dei gripe som innser at diktaturet til ein einskild klasse er naudsynt ikkje berre for kvart klassesamfunn allment, ikkje berre for proletariatet som har styrta borgarskapet, men og for heile den historiske perioden som skil kapitalismen frå “det klasselause samfunnet”, frå kommunismen. Borgarlege statar er svært ulike i form, men kjernen i dei er den same: Same kva form dei har, er alle desse statane i siste omgang nøydde til å vera diktaturet til borgarskapet. Overgangen frå kapitalisme til kommunisme vil utan tvil koma til å syna ein veldig rikdom og ulikskap i politiske former, men kjernen er nøydd til å vera den same: proletariatets diktatur.

KAPITTEL III

STATEN OG REVOLUSJONEN, RØYNSLA FRÅ PARISKOMMUNEN I 1871 – ANALYSEN TIL MARX

KVA VAR DET SOM GJORDE FREISTNADEN TIL KOMMUNARDANE HELTEMODIG?

Det er velkjent at Marx om hausten 1870, nokre få månader før Kommunen, åtvara arbeidarane i Paris om at kvar ein freistnad på å styrta regjeringa ville vera ein fortvila galskap. Men då eit avgjerande slag vart tvinga på arbeidarane i mars 1871, og dei tok ope imot det, helsa Marx den proletariske revolusjonen med stor fagnad, trass i dei dårlege førevarsla. Marx vart ikkje hengjande i den pedantiske haldninga som går ut på å fordøma ei rørsle som veks fram til “uhøveleg” tid, slik den illgjetne russiske overløparen frå marxismen, Plekhanov, gjorde. I november 1905 skreiv han oppmuntrande om den striden arbeidarane og bøndene førte, men etter desember 1905 skreik han etter den liberale moten: “Dei skulle ikkje ha gripe til våpen.”

Men Marx var ikkje berre oppglødd over heltemotet til kommunardane, som – slik han uttrykte det – “storma himmelen”. Jamvel om den revolusjonære masserørsla ikkje nådde målet sitt, såg han henne som ei overlag viktig historisk røynsle, som eit klårt steg framover for den proletariske verdsrevolusjonen, som eit praktisk steg som var viktigare enn hundrevis av program og utgreiingar. Og den oppgåva Marx sette seg føre, var å analysera dette eksperimentet, dra taktiske lærdomar frå det og granska teorien sin på ny i lys av det.

Den einaste rettinga Marx såg det naudsynt å gjera i Det kommunistiske manifestet, gjorde han på grunnlag av den revolusjonære røynsla til kommunardane i Paris.

Det siste føreordet båe forfattarane skreiv under på til den nye tyske utgåva av Det kommunistiske manifestet, er dagsett 24. juni 1872. I dette føreordet seier forfattarane Karl Marx og Friedrich Engels at programmet i Det kommunistiske manifestet “har vorte forelda i einskilde detaljar”, og dei held fram:

… "Ein ting især vart prova av Kommunen. Det var at “arbeidarklassen kan ikkje rett og slett ta over det ferdiglaga statsmaskineriet og nytta det til eigne føremål” …"

Det innskotne sitatet henta forfattarane frå Marx si bok Borgarkrigen i Frankrike (skriven i 1871 – Red.).

Såleis såg Marx og Engels ein prinsipiell og grunnleggjande lærdom frå Paris-kommunen som så overlag viktig at dei førte han inn som ei viktig retting i Det kommunistiske manifestet.

Det er svært typisk at nett denne viktige rettinga har vorte rengd av opportunistane. Det som er meint med henne er truleg ukjent for ni tidelar, om ikkje nittini hundredelar av dei som les Det kommunistiske manifestet. Vi skal ta for oss denne renginga grundigare seinare, i eit kapittel som er særleg avsett til rengingar. Her greier det seg å merkja seg at den vulgære “tolkinga” i omlaup av den vidkjende utsegna til Marx som vi nett har sitert, går ut på at Marx her skulle leggja vekta på tanken om ei sakte utvikling, i motstrid til det å gripa makta, osb.

I røynda er nøyaktig det motsette tilfelle. Tanken til Marx er at arbeidarklassen må bryta sund, og knusa det “ferdiglaga statsmaskineriet”. Dei må ikkje nøya seg berre med å få hand om det.

12. april 1871, dvs nett under Kommunen, skreiv Marx til Kugelmann:

“Om du slår opp det siste kapitlet i mi Attande brumaire, vil du sjå eg seier frå at den neste freistnaden frå den franske revolusjonen ikkje lenger vil vera som før, å overføra den byråkratisk-militære maskinen frå ei hand til ei anna, men å knusa han (utheva av Marx, som nyttar ordet ‘zerbrechen’). Dette er vilkåret for kvar verkeleg folkerevolusjon på kontinentet. Og dette er det dei heltemodige partikameratane våre i Paris freistar på.” [Neue Zeit, band XX, 1, 1901-02, s. 709.) (Breva frå Marx til Kugelmann har kome på russisk i ikkje mindre enn to utgåver. Den siste har eg redigert og utstyrt med føreord. (Sjå Lenin: Føreord til den russiske omsetjinga av breva frå Karl Marx til doktor Kugelmann (1907), i Samla verk, band 12, engelsk utgåve 1974, s. 104-112.)]

Orda “å knusa den byråkratisk-militære maskinen” uttrykkjer kort den viktigaste lærdomen i marxismen om oppgåvene til proletariatet i ein revolusjon i høve til staten. Og det er denne lærdomen som ikkje berre har vorte heilt utegløymt, men regelrett rengd i den rådande kautskyanske “tolkinga” av marxismen.

Når det gjeld den tilvisinga Marx gjev til Attande brumaire, har vi sitert det avsnittet det gjeld heilt ut før.

Det er interessant å leggja særskilt merke til to punkt i den drøftinga vi nett har gjeve att etter Marx. For det fyrste avgrensar han konklusjonane sine til kontinentet. Dette var forståeleg i 1871, då Storbritannia framleis var modellen for eit reint kapitalistisk land, men utan ein militaristisk klikk, og i god mon utan eit byråkrati. Marx let difor vera å ta med Storbritannia, der ein revolusjon, jamvel ein folkerevolusjon, på den tida syntest mogleg og faktisk var mogleg, utan at det var eit vilkår å knusa “det ferdiglaga statsmaskineriet”.

I dag, i 1917, no som den fyrste store imperialistkrigen står på, gjeld ikkje denne avgrensinga som Marx gjorde lenger. Storbritannia og Amerika var dei største og siste representantane – i heile verda – for “angelsaksisk fridom”, på den måten at dei ikkje hadde militaristklikkar og byråkrati. Båe landa har no sokke fullstendig ned i den alleuropeiske skitne og blodige myra av byråkratmilitære institusjonar, som legg alt under seg og undertrykkjer alt. Også i Storbritannia og Amerika er i dag “vilkåret for kvar røynleg folkerevolusjon” å knusa og øydeleggja “det ferdiglaga statsmaskineriet” (som har vorte bygt opp og ført fram til “europeisk” allmenn imperialistisk fullending i desse landa i åra 1914-17).

For det andre skal vi leggja særleg merke til den overlag djupe merknaden frå Marx om at øydelegging av den byråkratisk-militære statsmaskinen er “vilkåret for kvar røynleg folkerevolusjon”. Denne tanken om ein “folkerevolusjon” synest merkeleg når han kjem frå Marx, så dei russiske Plekhanov-tilhengjarane og mensjevikane – desse Struve-etterfylgjarane som ynskjer å verta oppfatta som marxistar – kunne tenkjast å hevda at eit slikt uttrykk er ein “penneglepp” frå Marx. Dei har skore ned marxismen til ein slik tilstand av stakkarsleg liberal renging at ikkje noko er til for dei, ut over motstriden mellom borgarleg og proletarisk revolusjon. Og jamvel denne motstriden tolkar dei så livlaust som det berre går an.

Om vi tek revolusjonane i det tjuande hundreåret som døme, må vi sjølvsagt vedgå at både den portugisiske og den tyrkiske revolusjonen var borgarrevolusjonar. Men ingen av dei var nokon “folkerevolusjon”, sidan folkemassane, det enorme fleirtalet av folket, ikkje i nemnande mon steig aktivt og sjølvstendig fram med sine eigne økonomiske og politiske krav i nokon av dei. Til motsetning var den russiske borgarlege revolusjonen 1905-07 ein røynleg “folkerevolusjon”, jamvel om han aldri hadde nokon slik “blendande” framgang som den tyrkiske og portugisiske stundom synte. For i den russiske revolusjonen reiste fleirtalet av folkemassane, dei aller lågaste samfunnsgruppene som var knuga av undertrykking og utbyting, seg av seg sjølve. Dei sette stemplet sitt på heile utviklingsgangen i revolusjonen med sine krav og sine freistnader på å byggja eit nytt samfunn på sin eigen måte, i staden for det gamle samfunnet som heldt på å verta øydelagt.

I Europa i 1871 var ikkje proletariatet i fleirtal i folket i noko land på kontinentet. Ein "folke"revolusjon som verkeleg reiv fleirtalet med i straumen sin, kunne det berre verta om han femnde både om proletariatet og bøndene. Desse to klassane utgjorde då “folket”. Desse to klassane vert førte i lag av den kjensgjerninga at den " byråkratisk-militære statsmaskinen" undertrykkjer, knuser og utbytar dei. Å knusa denne maskinen, å bryta han sund, det er sant og visst til beste for “folket”, fleirtalet av dei, arbeidarane og dei fleste bøndene. Det er “vilkåret” for at det skal koma i stand ein fri allianse mellom fattigbøndene og proletarane. Men utan ein slik allianse, er demokratiet ustøtt og ei sosialistisk omskiping uråd.

Det er velkjend at Paris-kommunen verkeleg heldt på å arbeida seg fram til ein slik allianse, jamvel om ei rekkje indre og ytre omstende førte til at han ikkje nådde målet sitt.

Når Marx tala om ein “røynleg folkerevolusjon”, tok han fylgjeleg strengt omsyn til den røynlege balansen mellom klassekreftene i dei fleste landa på det europeiske kontinentet i 1871, utan at han på nokon måte såg bort frå særdraga ved småborgarskapet (han tala mykje og ofte om særdraga ved det). På den andre sida slo han fast at interessene til både arbeidarane og bøndene kravde at statsmaskinen vart “knust”. Det samla dei og sette framfor dei den sams oppgåva å fjerna “snyltaren” og setja noko nytt i staden hans.

Men nøyaktig kva skulle det vera?

KVA SKAL SETJAST I STADEN FOR DEN KNUSTE STATSMASKINEN?

I Det kommunistiske manifestet i 1847 gav Marx eit svar på dette spørsmålet som enno var reint abstrakt. For å vera nøyaktig var det eit svar som peika på oppgåvene, men ikkje på korleis ein kunne fullføra dei. Svaret som vart gjeve i Det kommunistiske manifestet, var at denne maskinen skulle erstattas av “proletariatet organisert som herskarklasse”, av at “slaget om demokratiet vart vunne”.

Marx kosta ikkje på seg draumesyner. Han venta at røynsla frå masserørsla skulle gje svar på spørsmålet om kva for konkrete former denne organiseringa av proletariatet som herskarklasse ville ta, og på spørsmålet om nøyaktig korleis denne organiseringa ville verta kombinert med at “slaget om demokratiet vart vunne” så fullstendig og prinsippfast som råd.

Marx gjorde røynsla frå Kommunen, spinkel som ho var, til emne for analyse av grundigaste slag i Borgarkrigen i Frankrike. Lat oss gje att dei viktigaste avsnitta frå dette verket.

Med opphav i mellomalderen utvikla “den sentraliserte statsmakta med organa sine som er overalt: ein ståande hær, politi, byråkrati, presteskap og domarstand” seg i det nittande hundreåret. Samstundes med at klassemotsetningane mellom arbeid og kapital utvikla seg, “fekk statsmakta meir og meir karakter av ei offentleg makt som skulle undertrykkja arbeidarklassen, ein maskin for klasseherredøme. Kvar revolusjon tyder ein framgang for klassekampen, og etter han teiknar den reine tvangskarakteren til statsmakta seg klårare og klårare av”. Etter revolusjonen i 1848-49 vart statsmakta “den nasjonale krigsreiskapen til kapitalen mot arbeidet.” Det andre keisardømet 12) (note 12) styrkte og festna dette.

“Den direkte motsetninga til keisardømet var Kommunen.” Han var den “konkrete forma” til “ein republikk som ikkje berre skulle ta vekk monarkiforma til klasseherredømet, men klasseherredømet i seg sjølv …”

Kva var denne “konkrete” forma til den proletariske, sosialistiske republikken? Kva slag stat var det han tok til å skapa?

“… Det fyrste vedtaket til Kommunen … gjekk ut på å undertrykkja den ståande hæren og setja det væpna folket i hans stad …”

Dette kravet går no att i programma til alle parti som kallar seg sosialistiske. Men kor mykje desse programma i røynda er verde, syner seg klårast i åtferda til dei sosialrevolusjonære og mensjevikane våre, som rett etter revolusjonen den 27. februar faktisk nekta å setja dette kravet ut i livet!

“Kommunen var skipa av medlemene av kommunalrådet, som var valde med allmenn røysterett frå dei ulike kvartera i Paris. Dei var ansvarlege og kunne til kvar tid kallast attende. Fleirtalet av medlemene var sjølvsagt arbeidsfolk eller vyrde talsmenn for arbeidarklassen … Politiet hadde inntil då vore reiskap for regjeringa. Det vart straks fråteke dei politiske kjennemerka sine og snudd om til reiskapar for Kommunen, som stod til ansvars for han, og det kunne avsetjast kva tid som helst. Like eins var det med tenestemennene i alle dei andre greinene av administrasjonen. Frå medlemene av Kommunen og nedetter skulle all offentleg teneste utførast for arbeidarløn. Særrettane og utbetalingane til representasjon til dei høge embetsmennene i staten kvarv, saman med dei høge herrane sjølve … Etter at dei fyrst hadde kvitta seg med den ståande hæren og politiet, reiskapane for den fysiske makta til det gamle styret, gjekk Kommunen straks i gang med å bryta ned reiskapen for den åndelege undertrykkinga, prestemakta … Tenestemennene innan rettsvesenet miste det falske sjølvstendet sitt … frå då av skulle dei veljast, stå til ansvars og kunna avsetjast … [Karl Marx: Borgarkrigen i Frankrike (1871).]

Det ser difor ut som om Kommunen bytte ut den knuste statsmaskinen “berre” med eit meir fullstendig demokrati: Den ståande hæren vart avskaffa, og alle tenestemenn skulle veljast og kunne kallast tilbake. Men i røynda tyder dette “berre” ei kjempemessig utskifting av visse institusjonar med andre institusjonar av eit grunnleggjande ulikt slag. Dette er nett eit tilfelle der “kvantitet går over til kvalitet”: Demokratiet, som er innført så fullstendig og heilskapleg som tenkjast kan, vert gjort om frå borgardemokrati til proletardemokrati, frå staten (= ei særleg makt til å undertrykkja ein særskild klasse med) til noko som ikkje lenger er staten i eigentleg meining.

Det er framleis naudsynt å undertrykkja borgarskapet og knusa motstanden deira. Det var særleg naudsynt for Kommunen. Og ein av grunnane til at han leid nederlag, var at han ikkje gjorde dette målmedvite nok. Men her er undertrykkingsorganet folkefleirtalet, og ikkje eit mindretal, slik tilfellet var under slaveriet, liveigenskapen og lønsslaveriet. Og sidan fleirtalet av folket sjølve undertrykkjer underkuarane sine, er det ikkje lenger naudsynt med ei “særleg makt” for undertrykking! Slik sett tek staten til å visna bort. I staden for dei særlege institusjonane til eit mindretal med særrettar (ein embetsstand med særrettar og sjefane for den ståande hæren), kan fleirtalet fylla alle desse funksjonane beinveges, og di meir funksjonane til statsmakta vert utførte av folket som heilskap, di mindre bruk vert det for denne makta.

I denne samanhengen er det særleg verd å leggja merke til dei fylgjande tiltaka Kommunen gjorde – og som Marx la stor vekt på. Kommunen avskaffa alle utgifter til representasjon og alle pengeprivilegia til embetsmennene, han sette ned løna til alle i statstenesta til same nivå som “arbeidarløner”.

Dette syner klårare enn noko anna skiftet frå borgarleg til proletarisk demokrati, frå demokratiet åt undertrykkjarane til demokratiet åt dei undertrykte klassane, frå staten som ei “særleg makt” som skal undertrykkja ein særskilt klasse til undertrykking av underkuarane ved den allmenne makta åt fleirtalet av folket – arbeidarane og bøndene. Og det er på dette særskilt slåande punktet, som kan hende er det viktigaste i problemet om staten, at tankane til Marx har vorte oversedde mest fullstendig! I populære kommentarar vert ikkje dette nemnt, og talet på dei er umåteleg. Det ein gjer, er å teia still om det, nett som om det var ein gammaldags “naivitet”. Nett slik “gløymde” dei kristne “naiviteten” i urkristendomen og den demokratisk-revolusjonære ånda i han, etter at religionen i urkristendomen deira hadde fått status som statsreligion.

Nedskjeringa av godtgjerslene til høge statstenestemenn ser “heilt enkelt” ut til å vera eit krav frå det naive, primitive demokratiet. Ein av “grunnleggjarane” for den moderne opportunismen, den tidlegare sosialdemokraten Eduard Bernstein, har meir enn ein gong teke etter den vulgærborgarlege spotten av det “primitive” demokratiet. Liksom alle opportunistar og liksom kautskyanarane i våre dagar, skjøna han ikkje i det heile at for det fyrste er overgangen frå kapitalisme til sosialisme umogleg utan ei viss “tilbakevending” til “primitivt” demokrati (for på kva annan måte kan fleirtalet, og så heile folkesetnaden utan unnatak, verta i stand til å utføra statsfunksjonane?). Og for det andre skjøna han ikkje at “primitivt demokrati” bygd på kapitalismen og kapitalistisk kultur ikkje er det same som primitivt demokrati i førhistoriske og førkapitalistiske tider. Den kapitalistiske kulturen har skapt storproduksjon, fabrikkar, jernbanar, postvesen, telefon osb. På dette grunnlaget har storparten av funksjonane til den gamle “statsmakta” vorte så forenkla, og kan reduserast til slikt overmåte enkelt arbeid med registrering, sortering og kontroll at kvart einaste skriveført menneske lett kan utføra dei for vanleg “arbeidarløn”. Desse funksjonane kan (og må) verta ribba for kvar einaste flik av privilegium og alt som minner om “offisiell prakt”.

Alle tenestemenn skal utan unnatak veljast og kunna kallast attende kva tid som helst. Lønene deira skal setjast ned til nivået til vanlege “arbeidarløner”. Desse enkle og sjølvinnlysande demokratiske tiltaka som sameinar interessene til arbeidarane og fleirtalet av bøndene heilt ut, tener på same tid som ei bru som leier frå kapitalismen over til sosialismen. Desse tiltaka gjeld omskipinga av staten, den reint politiske omskipinga av samfunnet. Men dei får sjølvsagt si fulle meining og verdi berre i samband med at “oreigninga av oreignarane” anten vert fullført eller førebudd, dvs med at det kapitalistiske privateiget over produksjonsmidla vert overført til samfunnseige.

“Kommunen,” skreiv Marx, “gjorde ei billeg regjering, eit slagord for alle borgarlege revolusjonar, til røyndom med å avskaffa dei to største utgiftspostane, hæren og embetsverket.”

Det er berre nokre umerkande få frå bøndene og frå andre delar av småborgarskapet som “klyv til topps”, kjem seg fram i verda" i borgarleg meining – dvs anten vert velståande borgarar eller embetsmenn i trygge og privilegerte stillingar. I alle kapitalistiske land der det er bønder (og det er det i dei fleste kapitalistiske landa) vert det store fleirtalet av dei underkua av styresmaktene. Dei lengtar etter at styresmaktene skal styrtast, og dei lengtar etter ei “billeg” regjering. Dette er det berre proletariatet som kan få til. Og med å få til det, tek proletariatet samstundes eit steg mot den sosialistiske omskipinga av staten.

AVSKAFFING AV PARLAMENTARISMEN

“Kommunen,” skreiv Marx, "skulle vera eit arbeidande organ, og ikkje eit parlamentarisk organ, det skulle vera utøvande og lovgjevande til same tid …

I staden for at den allmenne valretten skulle avgjera ein gong kvart tredje eller sjette år kva medlemer av den herskande klassen som skulle uttrykkja og undertrykkja (ver- und zertreten) folket i nasjonalforsamlinga, skulle han tena folket som var delt inn i kommunar, liksom den individuelle valretten tener kvar ein annan arbeidskjøpar som søkjer arbeidarar, formenn og bokhaldarar til næringsverksemda si."

Den sterke stillinga til sosialsjåvinismen og opportunismen gjer at denne kritikken av parlamentarismen frå 1871, som er vel verd å merkja seg, og høyrer til dei “gløymde orda” i marxismen. Yrkesministrane og yrkesparlamentarikarane, svikarane mot proletariatet og vår tids “praktiske” sosialistar, har overlate all kritikk av parlamentarismen til anarkistane. Og på dette underfullt fornuftige grunnlaget avviser dei all kritikk mot parlamentarismen som “anarkisme”!! Det er ikkje å undrast over at proletariatet i dei “framskridne” parlamentariske landa styggjest for slike “sosialistar” som Scheidemann, David, Legien, Sembat, Renaudel, Henderson, Vandervelde, Stauning, Branting, Bissolati & co, og vender hugen sin til anarkosyndikalismen 13) (note 13) oftare og oftare i staden, trass i at han berre er tvillingbror til opportunismen.

Men for Marx var revolusjonær dialektikk aldri den motefrasen og leikerangla som Plekhanov, Kautsky og andre har gjort han til. Marx visste korleis han skulle bryta miskunnlaust med anarkismen, fordi anarkismen var ute av stand til å nytta seg jamvel av den borgarleg-parlamentariske “svinestigen”, særleg når stoda heilt klårt ikkje var revolusjonær. Men til same tid visste Marx korleis han skulle setja inn ein verkeleg revolusjonær proletarisk kritikk mot parlamentarismen.

Å avgjera med års mellomrom kva for medlemer av herskarklassen som skal undertrykkja og halda folket nede gjennom nasjonalforsamlinga – det er den røynlege kjernen i den borgarlege parlamentarismen. Og det er ikkje berre i konstitusjonelt parlamentariske monarki, men og i dei mest demokratiske republikkane.

Men om vi tek for oss spørsmålet om staten, og om vi ser på parlamentarismen – ein av statsinstitusjonane – ut ifrå kva oppgåver proletariatet har på dette omkvervet, kva vert då vegen ut av parlamentarismen? Korleis skal vi verta kvitt han?

Enno ein gong må vi seia: Lærdomane frå Marx, som byggjer på studiet av Kommunen, har vorte så fullstendig gløymde, at “sosialdemokraten” i vår tid (dvs vår tids svikar mot sosialismen) faktisk ikkje kan skjøna nokon annan kritikk mot parlamentarismen enn anarkistisk reaksjonær kritikk.

Vegen ut av parlamentarismen går sjølvsagt ikkje gjennom å avskaffa dei representative organa og valprinsippet, han går gjennom å gjera om dei representative organa frå prateklubbar til “arbeidande” organ. “Kommunen skulle vera eit arbeidande organ, ikkje eit parlamentarisk organ, og utøvande og lovgjevande til same tid.”

“Eit arbeidande organ, ikkje eit parlamentarisk organ” – dette er eit hardt og råkande slag mot parlamentarikarane og dei parlamentariske “kjælehundane” for sosialdemokratiet no om dagen: Sjå på kva parlamentarisk land som helst, frå Amerika til Sveits, frå Frankrike til Storbritannia, Noreg osb – i desse landa vert dei verkelege "stats"sakene avgjorde bak scena og utførde av departementa, ministeria og generalstabane. Nasjonalforsamlinga er vigd til prat med det særføremålet å halda “folk flest” for narr. Dette er så sant at jamvel i den russiske republikken, som er ein borgarleg-demokratisk republikk, dukka alle desse parlamentariske syndene fram på flekken, jamvel før han rakk å setja i hop ei verkeleg nasjonalforsamling. Heltane til det rotne spissborgarskapet, slike som Skobeljev og Tsereteli, Tsjemov og Avksentjev, har jamvel lukkast i å skitna til sovjeta etter mønster frå den mest styggjelege borgarlege parlamentarismen, ved å gjera dei om til reine prateklubbar. I sovjeta narrar dei “sosialistiske” ministrane godtruande landsens folk med vakre frasar og fråsegner. Innan regjeringa sjølv går det for seg ei slag permanent omstokking, for på den eine sida at så mange sosialrevolusjonære og mensjevikar som råd skal få sleppa fram til “smørauga”, dei lønsame og ærefulle postane, og på den andre sida at folkets “merksemd” skal vera “fanga”. I mellomtida røktar regjeringskontora og hærleiinga “statssakene”.

Djelo Naroda 14) (note 14), organ for det regjerande sosialrevolusjonære partiet, vedgjekk nyleg i ein leiarartikkel – så ope som berre folk av “det gode selskap” kan gjera det, der “alle” tek del i den politiske prostitusjonen – at jamvel i dei departementa der det sit “sosialistar” (orsak språkbruken!) i leiinga, er heile det byråkratiske apparatet i røynda uendra. Det arbeider på gamalt vis og saboterer heilt ope dei revolusjonære åtgjerdene! Men jamvel utan denne vedgåinga, provar ikkje sjølve soga om deltakinga til dei sosialrevolusjonære og mensjevikane i regjeringa nett dette? Det er likevel verd å merkja seg at i ministerselskapet saman med kadettane, har Tsjemov, Rusanov, Sensinov og dei andre i redaksjonen i Djelo Naroda så fullstendig mist all skamkjensle at dei frekt og freidig slår fast at i deira departement er alt uendra – nett som det skulle vera sin rein bagatell! Revolusjonær-demokratiske frasar for å lura Dumme-Petter på landsbygda, og byråkrati og sommel for å " oppmuntra" kapitalistane – det er kjernen i den “ærlege” koalisjonen.

Kommunen byter ut den korrupte og rotne parlamentarismen til borgarsamfunnet med institusjonar der meinings- og diskusjonsfridomen ikkje degenererer til eit narrespel. For parlamentsmedlemene må sjølve arbeida og setja lovene sine i verk: Dei må sjølve prøva ut dei resultata som er nådde i praksis, og stå beinveges til rettes for dei andsynes veljarane sine. Dei representative organa varer ved, men det er ikkje nokon parlamentarisme her som særskild system, som arbeidsdeling mellom lovgjevarane og dei utøvande og som stillingar med særrettar for representantane. Vi kan ikkje tenkja oss demokrati, ikkje ein gong proletarisk demokrati, utan representative organ. Men vi kan og må tenkja oss demokratiet utan parlamentarisme, dersom kritikken av det borgarlege samfunnet er noko meir enn ord for oss. Det må vi dersom ynsket om å kasta over ende borgarstyret er vårt ærlege og oppriktige ynske, og ikkje berre eit “valrop” til å fanga inn arbeidarrøyster med, slik det er for mensjevikane og dei sosialrevolusjonære og for slike som Scheidemann og Legien, Sembat og Vandervelde.

Det er overlag lærerikt å leggja merke til at når Marx talar om funksjonane til dei tenestemennene som er naudsynte for Kommunen og for det proletariske demokratiet, jamfører han dei med arbeidarane til “kvar ein annan arbeidskjøpar”. Det vil seia at han jamfører dei med arbeidarane til det vanlege kapitalistiske føretaket, med “arbeidarar, formenn og bokhaldarar”.

Det er ingen spor etter utopisme hos Marx, i den tydinga at han har laga til eller fann opp eit “nytt” samfunn. Nei, han studerte korleis det nye samfunnet vert fødd ut av det gamle, og overgangsformene frå det sine til det andre, som ein naturhistorisk prosess. Han granska den verkelege røynsla til ei proletarisk masserørsle og freista dra praktiske lærdomar frå henne. Han “lærte” av Kommunen, slik alle dei store revolusjonære tenkjarane utan å tvika har teke lærdom frå røynsla til store rørsler hjå dei undertrykte klassane. Og han heldt aldri pedantiske “moralpreiker” til dei (slik som Plekhanovs: “Dei skulle ikkje ha gripe til våpen”, eller Tseretelis: “Ein klasse må leggja band på seg sjølv”).

Det kan ikkje koma på tale å avskaffa byråkratiet straks, overalt og fullstendig. Det er ein utopi. Men å knusa den gamle byråkratiske maskinen straks, og så med ein gong ta til å byggja opp ein ny som kan gjera det råd å avskaffa alt byråkrati litt etter litt, det er ingen utopi. Det er røynsla frå Kommunen og den direkte og umiddelbare oppgåva til det revolusjonære proletariatet.

Kapitalismen forenklar funksjonane til " stats"administrasjonen. Han gjer det mogleg å setja alt “sjefsvesen” til sides og avgrensa heile saka til samskipnaden av proletarane (som herskarklasse), som skal tilsetja “arbeidarar, formenn og bokhaldarar” i namnet til heile samfunnet.

Vi er ikkje utopistar. Vi “drøymer” ikkje om å kvitta oss straks med all administrasjon og all underordning. Desse anarkistdraumane som byggjer på manglande forståing av oppgåvene til proletardiktaturet, er heilt framande for marxismen. Dei tener i røynda berre til å utsetja den sosialistiske revolusjonen til menneska har vorte annleis. Nei, vi vil ha den sosialistiske revolusjonen med menneska som dei er no, med menneske som ikkje kan klara seg utan underordning, kontroll og “formenn og bokhaldarar”.

Men underordninga må vera under den væpna fortroppen til alle utbytta og arbeidande menneske, dvs under proletariatet. Vi både kan og må ta til straks over natta, med å skifta ut det konkrete “sjefsvesenet” til statstenestemennene med dei enkle funksjonane som “formenn og bokhaldarar”. Det er funksjonar som ein middels bybuar alt er fullt i stand til å greia, og dei kan vel utførast for “arbeidarløn”.

Vi, arbeidarane, skal skipa til storproduksjon på grunnlag av det kapitalistane alt har skapt. Vi skal lita på vår eiga røynsle som arbeidarar og leggja opp ein streng jerndisiplin med statsmakta til dei væpna arbeidarane som ryggstød. Vi skal innskrenka rolla til statstenestemennene til berre å setja instruksjonane våre ut i livet, som ansvarlege, avsettelege, smålåte løna “formenn og bokhaldarar” (sjølvsagt med hjelp av teknikarar av alle slag, typar og gradar). Dette er vår proletariske oppgåve, dette er det vi kan og må ta til med når vi skal gjennomføra den proletariske revolusjonen. Ein slik start, med grunnlag i storproduksjon, vil i seg sjølv føra til at alt byråkrati smått om senn “visnar bort”, og til at det litt etter litt vert skapt ein ny skipnad. Det vert ein skipnad utan gåseauge, som ikkje liknar lønsslaveriet på noko vis – ein skipnad der funksjonane med kontroll og bokføring, som vert enklare og enklare, vil verta utførde av alle etter tur. Etter kvart vil dei verta ein vane, og til sist vil dei døy ut som særfunksjon for ein særskilt del av folkesetnaden.

Ein vittig tysk sosialdemokrat kalla ein gong i syttiåra i førre hundreåret posttenesta eit døme på det sosialistiske økonomiske systemet. Dette er heilt rett. For tida er posttenesta ei verksemd som er organisert som eit statskapitalistisk monopol. Imperialismen formar smått om senn om alle trustar til organisasjonar av liknande slag, der ein har det same borgarlege byråkratiet som står over “vanleg” folk som er overarbeidde og svelt. Men mekanismen for samfunnsstyring er her alt klår til bruk. Så snart vi har kasta kapitalismen over ende, knust motstanden til desse utbyttarane med jernhanda til dei væpna arbeidarane og knust den byråkratiske maskinen til den moderne `staten, har vi for oss ein mekanisme som er framifrå utstyrt og frigjort frå “snyltaren”. Det er ein mekanisme som dei samla arbeidarane svært godt kan få til å gå sjølve. Og dei kjem til å tilsetja teknikarar, formenn og bokhaldarar og betala dei alle arbeidarløner, like eins som alle "stats"tenestemenn i det heile. Her er ei konkret, praktisk oppgåve som straks kan oppfyllast i høve til alle trustar, ei oppgåve som vil ha fjerna utbytinga frå det arbeidande folket når ho er fullført. Det er ei oppgåve som tek utgangspunkt i det Kommunen alt tok til å gjera i praksis (særleg med å byggja opp staten).

Det umiddelbare målet vårt er å organisera heile økonomien etter linene til posttenesta, slik at teknikarane, formennene og bokhaldarane, så vel som alle tenestemenn, skal få løner som ikkje er større enn ei “arbeidarløn”. Og det væpna proletariatet skal kontrollera og leia alt dette. Dette er den staten og dette er det økonomiske grunnlaget vi treng. Det er dette som vil føra til at parlamentarismen vert avskaffa og dei representative organa tekne vare på. Det er dette som kjem til å fri dei arbeidande klassane frå borgarskapet si prostituering av desse organa.

SAMSKIPNADEN FOR NASJONAL EINSKAP

“I ei grov skisse av nasjonal organisering som Kommunen ikkje fekk tid til å utvikla, vert det sagt uttrykkjeleg at Kommunen skulle vera den politiske forma jamvel for den minste landsbyen …” Kommunane skulle velja “Det nasjonale representantskapet” i Paris.

“… Dei få, men viktige funksjonane som framleis stod att for sentralregjeringa, skulle ikkje avskaffast, slik det medvite har vorte urett framstilt, men dei skulle overførast til kommunale, dvs strengt ansvarlege tenestemenn.

Einskapen i nasjonen skulle ikkje rivast opp, men tvert om organiserast etter den kommunale grunnlova. Han skulle verta røyndom ved å øydeleggja den statsmakta som stilte seg opp som lekamleggjeringa av denne einskapen, og likevel ville vera uavhengig av nasjonen og stå over han, endå ho berre var ein snyltarutvekst på nasjonskroppen. Medan dei reine underkuarorgana for den gamle styringsmakta skulle verta avkutta, måtte dei rettmessige funksjonane hennar verta rivne laus frå ein autoritet som kravde retten til å stå over samfunnet, og gjevne attende til dei ansvarlege tenarane for samfunnet."

Opportunistane i vår tids sosialdemokrati har ikkje greidd å skjøna desse merknadene frå Marx – kan hende det ville vera sannare å seia at dei har nekta å skjøna dei. I kva grad det er slik, går klårast fram av den herostratisk Herostratisk – etter grekaren Herostrat som vart vidkjend då han stakk Artemis-templet i Efesos i brann. Altså, eit ry som kjem frå ei ugjerning.] kjende boka til renegaten Renegat – overløpar, svikar.] Bernstein: Føresetnadene for sosialismen og oppgåvene til sosialdemokratane. Det var i samband med dei setningane vi nett har gjeve att, at Bernstein skreiv at dette programmet, "så langt som det gjeld det politiske innhaldet, syner i alle grunndraga sine svært stor likskap med føderalismen Føderalisme – politikk som byggjer på stort indre sjølvstyre for enkelteiningane (delstatar, fylke, kommunar) innan ein stat.] til Proudhon … Trass i alle dei andre ulikskapane mellom Marx og “småborgaren” Proudhon (Bernstein set ordet “småborgar” i gåseauge for å få det til å lyda ironisk) når det gjeld desse punkta, går tankebanane deira så nær einannan som det berre går an." Sjølvsagt, held Bernstein fram, vert dei kommunale einingane stendig viktigare, men “det synest tvilsamt for meg om den fyrste oppgåva for demokratiet skulle vera ei slik oppløysing (Auflösung) av dei moderne statane, og ei slik fullstendig omskiping (Umwandlung) av oppbygginga deira, som Marx og Proudhon har førestilt seg det (å setja i hop ei Nasjonalforsamling av utsendingar frå provins- eller distriktsforsamlingar, som i sin tur er sette saman av utsendingar frå kommunane). Slik ville dei tidlegare måtane å forma ein nasjonal representasjon på, fylgjeleg forsvinna.” (Bernstein, “Føresetnadene…” tysk utgåve 1899, s. 134 og 136.)

Å blanda i hop synet til Marx om “å øydeleggja statsmakta, ein snyltande utvekst” med Proudhons føderalisme er beint fram uhyrleg! Men det er ikkje nokon glipp, for det har aldri falle opportunistane inn at Marx ikkje i det heile snakkar om føderalisme i motsetnad til sentralisme her, men om å knusa den gamle borgarlege statsmaskinen som finst i alle borgarlege land.

Det einaste som kan falla opportunisten inn, er. det ban kan sjå rundt seg, i omgivnader med småborgarleg spissborgarskap og “reformistisk” stillstand, nemleg “kommunaleiningar”. Opportunisten bar jamvel lagt av seg vanen med å tenkja på den proletariske revolusjonen.

Det er til å le av. Men det som verkeleg er verd å merka seg, er at ingen har lagt imot Bernstein på dette punktet. Bernstein har vorte tilbakevist av mange, særleg av Plekhanov i Russland og Kautsky i Europa, men ingen av dei bar sagt noko som helst om denne renginga som Bernstein gjorde av Marx.

Opportunisten bar gløymt å tenkja revolusjonært og å vera oppteken av revolusjonen så langt at han tillegg Marx “føderalisme” og blandar han i hop med grunnleggjaren av anarkismen, Proudhon. Og Kautsky og Plekhanov, som gjer krav på å vera rettruande marxistar og å forsvara den revolusjonære marxistiske læra, dei teier still på dette punktet!

Det finst ikkje spor etter føderalisme hjå Marx i den framstillinga vi nett har gjeve att om røynsla frå Kommunen. Marx var samd med Proudhon nett på det punktet opportunisten Bernstein ikkje såg. Marx var usamd med Proudhon nett på det punktet der Bernstein fann at dei var like.

Marx var samd med Proudhon i det at dei båe var for å knusa den moderne statsmaskinen. Korkje opportunistane eller kautskyanarane ynskjer å sjå likskapen i syn mellom marxismen og anarkismen (både Proudhon og Bakunin) på dette punktet, for det er nett her dei har skilt lag med marxismen.

Marx var usamd både med Proudhon og Bakunin nett på spørsmålet om føderalismen (for ikkje å nemna proletardiktaturet). Føderalismen som prinsipp fylgjer logisk av dei småborgarlege syna til anarkismen. Marx var sentralist. Det er ikkje noko som helst stags avvik frå sentralismen i den framstillinga vi nett har gjeve att. Berre dei som er gjennomsyra av spissborgarleg “overtru” om staten, kan forveksla det å øydeleggja den borgarlege statsmaskinen med det å øydeleggja sentralismen!

Om no proletariatet og fattigbøndene tek statsmakta i sine eigne hender, organiserer seg sjølve heilt fritt i kommunar og sameinar verksemda til alle desse kommunane i slag mot kapitalen, for å knusa motstanden frå kapitalistane og for å overføra dei privatåtte jernbanane, fabrikkane, jorda og så frametter til heile nasjonen – ville ikkje det vera sentralisme? Ville ikkje det vera fylgjestreng demokratisk sentralisme, og det som meir er, proletarisk sentralisme?

Bernstein kan rett og slett ikkje tenkja seg at det kan vera råd med friviljug sentralisme, ei friviljug samanslutning av kommunane til ein nasjon, ei friviljug samansmelting av dei proletariske kommunane med det for auga å øydeleggja det borgarlege styret og den borgarlege statsmaskinen. Liksom alle spissborgarar førestiller Bernstein seg at sentralismen er noko som kan tvingast inn og haldast ved lag berre ovanfrå, og berre med hjelp av byråkratiet og militærklikken.

Nett som om han føresåg at synspunkta hans kom til å verta rengde, la Marx uttrykkjeleg vekt på at skuldinga om at Kommunen hadde ynskt å øydeleggja den nasjonale einskapen og avskaffa sentralautoriteten, var ei medviten forfalsking. Marx nytta med vilje orda: “Nasjonal einskap skulle … organiserast”, for å setja ein medviten, demokratisk, proletarisk sentralisme opp som motsetning til ein borgarleg, militaristisk, byråkratisk sentralisme.

Men ingen er så dauvhøyrde som dei som ikkje vil høyra. Og er det noko opportunistane i sosialdemokratiet i dag ikkje vil høyra om, så er det at statsmakta må øydeleggjast og den snyltande utveksten skjerast vekk.

AVSKAFFING AV SNYLTARSTATEN

Vi har alt gjeve att kva Marx sa om dette emnet, og no må vi fylla det ut.

“Det er til vanleg lagnaden for historiske nyskapingar,” skreiv han, “at dei blir mistekne for å vera motstykket til eldre og jamvel forelda former for samfunnsliv, som dei til ei viss mon kan likna på. Såleis har denne nye Kommunen, som bryt sund (bricht, smadrar) den gamle statsmakta, vorte sedd på som gjenoppvekkinga av kommunane frå mellomalderen …som eit forbund mellom småstatar (slik Montesquieu og girondinarane ”note15_tilbake">15) (note 15) tenkte seg) … som ei overdriven form for den gamle kampen mot oversentraliseringa …

… Kommunegrunnlova ville ha gjeve alle dei kreftene attende til samfunnskroppen som den snyltarutveksten, ‘staten’, har suga opp til no, når han har fødd seg på den frie samfunnsrørsla og hemma henne. Men ved denne eine handlinga ville Kommune-grunnlova ha gjort opptakten til attfødinga av Frankrike …

Kommune-grunnlova ville ha ført produsentane på landsbygda inn under åndsleiarskapen til dei sentrale byane i distriktet sitt, og arbeidsfolk i byane ville ho ha sikra dei det naturlege vernet for interessene deira. Det at Kommunen var til, førte med seg lokalt sjølvstyre som ein sjølvsagt ting, men ikkje lenger som ei motvekt mot statsmakta som no vart overflødig."

“Bryta sund statsmakta”, som var ein “snyltarutvekst”, “skjera ho bort”, “knusa ho”, “statsmakta som no vart overflødig” – desse uttrykka var det Marx brukte om staten når han vurderte og analyserte røynsla frå Kommunen.

Alt dette vart skrive for litt under eit halvt hundreår sidan. Men no er det nett som ein må gje seg til med utgravingar for å kunne gjera massane kjende med den urengde marxismen. Dei slutningane Marx drog frå det han var vitne til i den siste store revolusjonen han opplevde, var gløymde nett då tida var inne for dei neste store proletariske revolusjonane.

“… Det mangfaldet av tolkingar som Kommunen har vore utsett for, og det mangfaldet av interesser som kom til uttrykk gjennom han, syner at han var ei heilt igjennom tilpassingsdyktig politisk form, medan alle tidlegare styreformer i all hovudsak hadde vore undertrykkjande. Den røynlege løyndomen var denne: Han var i hovudsak eit arbeidarklassestyre. Han var eit resultat av kampen den produserande klassen fører mot den tileignande klassen. Han var den politiske forma som til slutt vart oppdaga der den økonomiske frigjeringa av arbeidet kunne gjennomførast…

Utan dette siste vilkåret ville Kommunegrunnlova ha vore umogleg, og eit blendverk …"

Utopistane fekk det travelt med å “oppdaga” politiske former som den sosialistiske omforminga av samfunnet skulle gå føre seg i. Anarkistane avviste spørsmålet om politiske former heilt. Opportunistane i sosialdemokratiet i dag godtok dei borgarlege politiske formene til den parlamentarisk demokratiske staten som ei grense ingen måtte trø over. Dei slo pannene sine i marka og bad framfor dette “førebiletet”, og fordømde kvar freistnad på å bryta desse formene som anarkisme.

Marx avleidde frå heile soga til sosialismen og den politiske kampen at staten var dømd til å kverva, og at overgangsforma fram til han vart borte (overgangen frå stat til ikkje-stat), ville verta “proletariatet organisers som herskarklasse”. Men Marx gav seg ikkje til å oppdaga dei politiske formene for dette framtidsstadiet. Han avgrensa seg til å fylgja nøye med i fransk soge, til å analysera henne og til å dra den slutninga som året 1851 hadde ført fram til: No gjekk det i den leia at den borgarlege statsmaskinen skulle øydeleggjast.

Og då den revolusjonære masserørsla til proletariatet braut fram, tok Marx til å granska dei formene ho hadde oppdaga. Det gjorde han truss i at ho slo feil, truss i at ho vart kortliva og openbert var veik.

Kommunen er den forma som den proletariske revolusjonen “oppdaga til slutt”, der den økonomiske frigjeringa av arbeidet kan gå føre seg.

Kommunen er den fyrste freistnaden ein proletarisk revolusjon har gjort på å slå sund den borgarlege statsmaskinen, og han er den politiske forma som “vart oppdaga til slutt” som både kan og må koma i staden for den knuste statsmaskinen.

Seinare skal vi sjå at dei russiske revolusjonane i 1905 og 1917, under andre omstende og andre vilkår, held fram arbeidet til Kommunen og stadfester den strålande historiske analysen til Marx.

KAPITTEL IV

FRAMHALDUTFYLLANDE UTGREIINGAR VED ENGELS

Marx peika på dei grunnleggjande tinga som synte kva røynsla frå Kommunen verkeleg ville seia. Engels vende attende til dette emnet om att og om att, og greidde ut analysen og slutningane til Marx. Somme tider kasta han lys over andre sider av spørsmålet med slik kraft og slikt liv at det er naudsynt å ta opp utgreiingane hans særskilt.

BUSTADSPØRSMÅLET

I verket sitt Om bustadspørsmålet (1872) drog Engels alt inn røynsla frå Kommunen, og han tok fleire gonger for seg dei oppgåvene revolusjonen har i høve til staten. Det er interessant å merkja seg at gjennomgangen av dette konkrete emnet, på den eine sida klårgjorde likskapspunkt mellom den proletariske staten og staten slik han no er – punkt som gjev heimel for å snakka om staten i båe tilfelle – og på den andre sida klårgjorde punkt som skil dei, eller overgangen til å øydeleggja staten.

“Korleis skal ein så løysa bustadspørsmålet? I samfunn i dag blir det løyst nett liksom alle andre samfunnsspørsmål: med ei gradvis økonomisk utjamning mellom etterspurnad og tilbod. Ei slik løysing attskaper sjølve spørsmålet på ny og på ny, og difor er ho inga løysing. Korleis ein samfunnsrevolusjon ville løysa dette spørsmålet, avheng ikkje berre av omstenda i kvart tilfelle for seg, men heng og saman med langt meir vidtrekkande spørsmål. Eit av dei mest grunnleggjande av dei er å oppheva motstriden mellom by og land. Det er ikkje vår oppgåve å skapa utopiske system for skipnaden av framtidssamfunnet, og difor ville det vera meir enn bortkasta å gå inn på spørsmålet her. Men eitt er visst: Det er alt no nok husrom i storbyane til at all verkeleg “husnaud” kan rettast på flekken, om berre husa vart nytta med omdøme. Det kan sjølvsagt berre gå for seg ved at dei som no eig husa vert oreigna Oreigna – ekspropriera, to eigedom frå utan vederlag.], og at husa deira vert nytta til huslause arbeidarar eller arbeidarar som no bur i overfylte bustader. Så snart proletariatet har vunne den politiske makta, vil eit slik tiltak ut ifrå omsynet til det felles beste verta like lett å gjennomføra som andre oreigningar og innkvarteringar som den staten vi har no, gjer." Friedrich Engels: Om bustadspørsmålet (1872-1873),Tysk utgåve, 1887, s. 22.]

Endringar i forma på statsmakta vert ikkje drøfta her, berre innhaldet i det ho gjer. Jamvel den staten som er no, gjev pålegg om oreigningar og innkvarteringar. Frå ein formell synsstad vil den proletariske staten og “gje pålegg om” okkupasjon av bustader og kverrsetjing av hus. Men det er greitt at det gamle utøvande apparatet, byråkratiet, som er knytt i hop med borgarskapet, rett og slett ville vera ueigna til å setja i verk dei ordrane den proletariske staten gjev.

“… Vi må peika på at den “verkelege overtakinga” av alle arbeidsreiskapane, det at det arbeidande folket eignar til seg industrien som heilskap, det er det beint motsette av Proudhons “innløysing”. I det siste tilfellet vert kvar arbeidar for seg eigar av bustaden, gardsbruket, arbeidsreiskapane. I det fyrste tilfellet vert det “arbeidande folket” kollektivt eigar av husa, fabrikkane og arbeidsreiskapane. Og i det minste i ein overgangsperiode vil dei knapt gje lov til at desse tinga vert brukte av einskildmenneske eller samanslutningar utan godtgjersle for kostnaden. På same måten tyder avskaffing av eigedom over jord ikkje at grunnrenta vert avskaffa, men at ho vert overført til samfunnet, om enn i ei noko endra form. Dette at det arbeidande folket tek over alle arbeidsreiskapane, er såleis på ingen måte til hinder for at det framleis kan finnast leigetilhøve." (s. 68)

I neste kapitlet skal vi så granska det spørsmålet som så vidt vart nemnt i dette avsnittet, nemleg det økonomiske grunnlaget for at staten skal visna bort. Engels uttrykkjer seg svært varsamt, og seier at den proletariske staten “knapt” ville tillata at hus vert nytta utan betaling, “i det minste i ein overgangsperiode”. Utleige av hus som heile folket eig, til einskildfamiliar, føreset at det vert kravt inn leige, at det vert ført ein viss kontroll og at tildeling av husvære skjer etter ei viss normering. Alt dette krev ei viss form for stat, men det krev slett ikkje noko særskilt militært og byråkratisk apparat med tenestemenn som sit i særskilt privilegerte stillingar. Overgangen til ein situasjon der det vil verta mogleg å skaffa bustader utan husleige, er knytt i hop med at staten “visnar” heilt bort. Der Engels snakkar om at blanquistane 16) (note 16) har overteke det grunnleggjande standpunktet til marxismen etter og under innverknad frå Kommunen, ordlegg han i forbifarten dette synet slik:

“Politisk handling frå proletariatet og proletariatets diktatur er naudsynt som overgang til å avskaffa klassane og med dei, staten …” (s. 55)

Dei som elskar hårkløyvarkritikk, eller borgarlege “marxismeutryddarar” kjem kanskje til å sjå ei motseiing mellom denne sannkjenninga av “avskaffinga av staten” og avvisninga av denne formelen som anarkistisk i det avsnittet vi har gjeve att før frå Anti-Dühring. Det ville ikkje vera rart om opportunistane stempla Engels og som “anarkist”, for det har vorte meir og meir vanleg mellom sosialsjåvinistane å skulda internasjonalistane for anarkisme.

Marxismen har alltid sagt at når klassane vert avskaffa, vil staten også verta avskaffa. Den velkjende formuleringa i Anti-Dühring om at “staten visnar bort”, skuldar anarkistane ikkje berre for å gå inn for å avskaffa staten, men for å hevda at staten let seg avskaffa “over natta”.

I og med at den sosialdemokratiske læra som no rår grunnen, rengjer tilhøvet fullstendig mellom marxismen og anarkismen i spørsmålet om å avskaffa staten, vil det vera særleg nyttig å minnast ei polemikk der Marx og Engels gjekk ut mot anarkistane.

SAMANSTØYT MED ANARKISTANE

Denne polemikken gjekk føre seg i 1873. Marx og Engels leverte artiklar mot proudhonistane 17) (note 17), “autonomistane” 18) (note 18) eller dei “anti-autoritære” til ei italiensk sosialistisk årbok, og det var ikkje før i 1913 desse artiklane kom på tysk i Neue Zeit 19) (note 19).

“Dersom den politiske kampen til arbeidarklassen tek revolusjonære former,” skreiv Marx, som gjorde narr av anarkistane fordi dei avviste politikken, “og dersom arbeidarane opprettar det revolusjonære diktaturet sitt i staden for diktaturet til borgarskapet, då gjer dei det fæle brotsverket å gjera vald på prinsippa. For for å stetta dei ynkelege, tarvelege kvardagsbehova og for å knusa motstanden frå borgarskapet, gjev dei staten ei revolusjonær og mellombels form, i staden for å leggja ned våpna og avskaffa staten …” (Neue Zeit, band XXXII, 1, 1913-14, s. 40)

Det var berre mot denne slags “avskaffing” av staten Marx streid når han tilbakeviste anarkistane! Han gjekk slett ikkje imot det synet at staten forsvinn når klassane forsvinn, eller at han vil verta avskaffa når klassane vert avskaffa. Det han gjekk imot, var framlegget om at arbeidarane skulle gje avkall på å bruka våpen og organisert valdsbruk – det vil seia staten, som skal tena tit å “knusa motstanden frå borgarskapet”.

Marx ville hindra at det han verkeleg meinte i kampen mot anarkistane, vart rengd. Difor la han uttrykkjeleg vekt på den “revolusjonære og mellombels” forma til den staten proletariatet treng. Proletariatet treng staten berre for ei tid. Vi er i det heile ikkje usamde med anarkistane om at målet er å avskaffa staten. Vi hevdar at for å nå dette målet, må vi mellombels gjera oss nytte av reiskapane, ressursane og metodane tit statsmakta mot utbyttarane, nett slik det mellombels diktaturet til den undertrykte klassen er naudsynt for å avskaffa klassane. Marx vel den skarpaste og klåraste måten å leggja fram synet sitt på mot anarkistane: Skulle arbeidarane, etter at dei har kasta av seg åket til kapitalistane, “leggja ned våpna”, eller skulle dei nytta dei mot kapitalistane for å knusa motstanden deira? Men kva er så ein systematisk bruk av våpen frå ein klasse mot ein annan, om det ikkje er ei “mellombels form” for stat?

La kvar sosialdemokrat spørja seg sjølv: Er det slik han har lagt fram spørsmålet om staten når han har polemisert mot anarkistane? Er det på denne måten spørsmålet har vorte stilt av det store fleirtalet av offisielle sosialistparti i Den andre internasjonalen?

Engels utlegg dei same tankane mykje meir utførleg og endå meir lettfatteleg. Først gjer han narr av dei rotute tankane til proudhonistane, som kalla seg sjølve “anti-autoritære”, dvs at dei forkasta all autoritet, all underordning, all makt. Men ta ein fabrikk, ein jernbane eller eit skip i rom sjø, seier Engels: Er det ikkje opplagt at ingen av desse innvikla tekniske innretningane, som byggjer på bruk av maskiner og systematisk samarbeid mellom mange menneske, kunne fungera utan eit visst minstemål av underordning og dermed utan eit visst minstemål av autoritet og makt?

“… Når eg møter dei villaste anti-autoritære med desse argumenta, er dette det einaste dei kan gje ti! svar: " Å, det er sant nok, sett bort frå at her er det ikkje spørsmål om å tildela dei som får fullmaktene autoritet, men eit ombod! Desse folka trur dei kan endra ein ting med å byta namn på han …"

Etter at Engels har synt at autoritet og autonomi er relative omgrep på denne måten, at dei områda dei kan nyttast på varierer med ulike fasar i samfunnsutviklinga, at det er meiningslaust å sjå dei som uomskiftande og upåverkelege, og etter at han har lagt til at det området der maskinar og storproduksjon vert nytta stadig vert utvida, går han over frå den allmenne drøftinga av autoriteten til spørsmålet om staten.

“Om desse autonomistane,” skriv han, "hadde vore nøgde med å seia at samfunnsskipnaden i framtida berre ville tillata autoritet innanfor dei grensene som produksjonsvilkåra gjer uunngåelege, då kunne ein ha kome på talefot med dei. Men dei er blinde for alle kjensgjerningar som gjer autoritet naudsynt, og dei kjempar lidenskapeleg mot det ordet. Kvifor avgrensar ikkje dei anti-autoritære seg til å skrika ut mot den politiske autoriteten, staten? Alle sosialistar er samde om at staten, og med han den politiske autoriteten, vil verta borte som fylgje av den komande samfunnsrevolusjonen. Det vil seia at dei offentlege funksjonane vil tapa den politiske karakteren sin og verta omgjorde til reine administrative funksjonar med å stå vakt over samfunnsinteressene. Men dei anti-autoritære krev at den politiske staten skal avskaffast med eitt slag, jamvel før dei samfunnstilhøva som gav opphav til han, er øydelagde. Dei krev at den fyrste handlinga til samfunnsrevolusjonen, skal vera å avskaffa autoriteten.

Har desse herrane nokon gong sett ein revolusjon? Ein revolusjon er visseleg det mest autoritære som finst til. Det er ei handling der ein del av folkesetnaden tvingar viljen sin på den andre delen med hjelp av rifler, bajonettar og kanonar. Alt dette er i høgste grad autoritære hjelpemiddel. Og det partiet som sigrar, må halda herredømet sitt oppe med hjelp av den skrekken som våpna deira fører over dei reaksjonære. Ville Paris-kommunen ha vara meir enn ein dag om han ikkje hadde bruka autoriteten til det væpna folket mot borgarskapet? Kan vi ikkje tvert om klaga han for at han gjorde for lite bruk av denne autoriteten? Difor – eitt av to: Anten veit ikkje dei anti-autoritære kva dei talar om. I så fall skapar dei ikkje anna enn forvirring. Eller så veit dei det, og i så fall svik dei saka til proletariatet. I båe tilfelle tener dei berre reaksjonen." (s. 39)

Denne drøftinga kjem inn på spørsmål som ein må sjå i samanheng med tilhøvet mellom politikk og økonomi i den tida staten held på og visnar bort (dette skal takast opp i neste kapittel). Desse spørsmåla gjeld korleis dei offentlege funksjonane vert gjorde om frå politiske til enkle administrative funksjonar, og det gjeld den “politiske staten”. Denne siste nemninga, som vil ha særleg lett for å føra med seg mistydingar, peikar mot prosessen med at staten visnar bort: Når denne prosessen har nådd eit visst steg, kan den staten som visnar bort kallast ein ikkje-politisk stat.

Det som er mest verd å leggja merke til i denne drøftinga til Engels, er igjen den måten han legg fram saka på mot anarkistane. Sosialdemokratane, som gjer krav på å vera elevane til Engels, har diskutert denne saka med anarkistane eit utal av gonger sidan 1873, men dei har ikkje argumentert slik marxistar kan og skal. Den anarkistiske ideen om å avskaffa staten er grumsete og ikkje-revolusjonær – slik seier Engels det. Det er nett revolusjonen anarkistane nektar å sjå, slik han stig fram og utviklar seg, og med dei særlege oppgåvene han fører med seg i høve til vald, autoritet, makt, staten.

Den vanlege kritikken frå vår tids sosialdemokratar mot anarkismen har koka ned til spissborgarbanalitetar av reinaste slag: “Vi godtek staten, medan anarkistane ikkje gjer det!” Slike banalitetar kan sjølvsagt ikkje gjera anna enn å støyta frå seg arbeidarar som i det heile er i stand til å tenkja, og har eit revolusjonært sinnelag. Det Engels seier er noko anna. Han legg vekt på at alle sosialistar sannkjenner at staten vil kverva som fylgje av den sosialistiske revolusjonen. Så tek han konkret for seg spørsmålet om revolusjonen – nett det spørsmålet sosialdemokratane på grunn av opportunismen sin har gjort det til regel å unngå, og som dei om ein kan seia det slik, overlet til anarkistane å finna ut or. Og når Engels tek opp dette spørsmålet, tek han oksen ved horna og spør: Skulle ikkje Kommunen ha gjort større bruk av den revolusjonære makta til staten, i tydinga det væpna proletariatet organisert som herskarklasse?

Det rådande offisielle sosialdemokratiet avviser til vanleg spørsmålet om dei konkrete oppgåvene for proletariatet i revolusjonen, anten med ei spissborgarleg grimase eller i høgda med den sofistiske omgåinga: “Det vil framtida visa.” Og anarkistane hadde rett når dei sa om denne sorten sosialdemokratar, at dei ikkje greidde oppgåva med å gje arbeidarane ei revolusjonær oppseding. Engels nyttar røynsla frå den siste proletariske revolusjonen nett for å gjera ein svært konkret studie av kva proletariatet må gjera, og korleis det skal gjera det, både når det gjeld bankane og staten.

EIT BREV TIL BEBEL

Ein av observasjonane om staten, om det ikkje er den observasjonen som er mest verd å merka seg i verka til Marx og Engels, finn vi i det fylgjande utdraget frå eit brev Engels skreiv til Bebel 18.-28. mars 1875. I parentes kan vi merkja at så vidt vi veit, vart dette brevet offentleggjort for fyrste gong av Bebel i andre bandet av memoarane hans (Aus meinem Leben). Det kom i 1911, dvs 36 år etter at brevet var skrive og sendt.

Engels skreiv til Bebel og kritiserte nett det same utkastet til Gotha-programmet som Marx kritiserte i det vidkjende brevet sitt til Bracke. Med særleg omsyn til spørsmålet om staten, skreiv Engels:

“Den frie folkestaten har vorte gjort om til den frie staten. Grammatisk sett er ein fri stat ein stat som er fri i høve til innbyggjarane sine, og fylgjeleg ein stat med eit despotisk styre. Alt snakket om staten burde leggjast til sides, særleg etter Kommunen, som ikkje lenger var ein stat i den eigentlege tydinga av ordet. Anarkistane har slengt “folkestaten” i andleta på oss så vi blir reint kvalme. Og det jamvel om det vart sagt klårt ifrå alt i den boka Marx skreiv mot Proudhon og seinare i Det kommunistiske manifestet, at når den sosialistiske samfunnsordninga var innført, ville staten løysa seg sjølv opp (sich auflöst) og verta borte. Sidan staten berre vert ein overgangsinstitusjon som skal brukast i kampen, i revolusjonen, for å halda motstandarane nede med makt, blir det reint tullprat å snakka om ein “fri folkestat”. Så lenge proletariatet treng staten, treng det han ikkje i interessene til fridomen, men for å halda motstandarane sine nede, og så snart det vert råd å snakka om fridom, vil staten i seg sjølv slutta å vera til. Difor vil vi gjera framlegg om å bytta ut stat over alt med “fellesskap” (Gemeinwesen), eit godt gamalt tysk ord som godt kan koma i staden for det franske ordet kommune." (s. 321-22 i den tyske originalen)

Vi bør hugsa på at dette brevet gjeld det partiprogrammet som Marx kritiserte i eit brev berre få veker seinare (brevet er dagsett 5. mai 1875). På denne tida var Marx og Engels i lag i London. Dermed er det tvillaust at når Engels skriv “vi” i siste perioden, vil han både i sitt eige og i Marx sitt namn rå til for leiaren for Det tyske arbeidarpartiet at ordet “stat” vert stroke ut or programmet og bytt ut med ordet “fellesskap”.

Tenk for eit hyl om “anarkisme” som ville ha kome frå dei lyse hovuda for “marxismen” i dag – som har vorte rengd slik at han høver for opportunistane – om dei hadde fått framlegg om ei slik forbetring i programmet!

La dei hyla. Borgarskapet vil prisa dei for det.

Og vi skal halda fram med arbeidet vårt. Når vi reviderer programmet til partiet vårt, må vi på alle vis tenkja over råda frå Engels og Marx for å koma nærare sanninga, for å gje marxismen sin rette skapnad ved å fri han frå alle rengingar, og for å rettleia den kampen arbeidarklassen fører for å frigjera seg på rettare vis. Det er visst nok at vi ikkje vil finna nokon som går mot råda frå Marx og Engels mellom bolsjevikane. Einaste vansken som kan henda vil dukka opp, gjeld omgrepet. På tysk er det to ord som tyder “fellesskap” [“Gemeinde” og “Gemeinwesen”.]. Engels nytta det av dei som ikkje går på eit enkelt fellesskap, men på totaliteten av dei, på ein sum av fellesskap. På russisk har vi ikkje noko slikt ord, og vi må kan henda velja det franske ordet “kommune”, jamvel om det og har sine ulemper.

“Kommunen var ikkje lenger ein stat i den eigentlege tydinga av ordet” – dette er den teoretisk viktigaste utsegna Engels kjem med. Etter det som er sagt ovanfor, blir denne utsegna tvers igjennom klår. Kommunen var i ferd med å slutta å vera ein stat, sidan han måtte undertrykkja ikkje eit fleirtal av folket, men eit mindretal – utbyttarane. Han hadde knust den borgarlege statsmaskinen. I staden for ei særskild tvangsmakt var det folkesetnaden sjølv som steig fram på scena. Alt dette skilde seg frå staten i den eigentlege tydinga av ordet. Og dersom Kommunen hadde fått festa seg til, ville alle spora etter staten i han ha “visna bort” av seg sjølve. Då ville han ikkje ha vore nøydd til å “avskaffa” dei statlege institusjonane – dei ville ha slutta å verka når dei ikkje hadde noko å gjera lenger.

“Anarkistane har slengt “folkestaten” i andletet på oss." Når Engels seier dette, tenkjer han framfor alt på Bakunin og dei åtaka han kom med mot dei tyske sosialdemokratane. Engels går med på at desse åtaka var rettvise for så vidt som “folkestaten” var like meiningslaus og eit like stort avvik frå sosialismen som “den frie folkestaten”. Engels prøvde å køyra kampen som dei tyske sosialdemokratane førde mot anarkistane, inn på rett spor, å gjera denne kampen rett i prinsipp, og reinska ut dei opportunistiske fordomane om staten frå han. Men diverre vart brevet frå Engels liggjande i ein skuff i 36 år. Seinare skal vi få sjå at jamvel etter at dette brevet var offentleggjort, vart Kautsky hengjande fast ved feil som i røynda var dei same som dei Engels hadde åtvara mot.

Bebel svara Engels i eit brev 25. september 1875, der han m.a skreiv at han var “heilt samd” i det Engels meinte om programutkastet, og at han hadde lasta Liebknecht for at han gav så viljug etter (s. 337 i tysk utgåve at Bebels memoarar, band II). Men om vi tek for oss brosjyren til Bebel, Måla våre, vil vi finna synsmåtar der om staten som er heilt ut galne:

“Staten må … formast om frå ein stat grunna på klasseherredøme til ein folkestat.” (Måla våre) (Unsere Ziele), tysk utgåve 1886, s. 14)

Dette vart prenta i den niande (niande!) utgåva av brosjyren til Bebel. Ingen skal undrast at dei tyske sosialdemokratane tok opp i seg opportunistiske synsmåtar på staten når dei vart så ofte oppattekne, særleg når dei revolusjonære tolkingane til Engels låg trygt forvara i ein skuff, og alle levevilkåra var slike at sosialdemokratane skulle “avvendas” frå revolusjonen for lange tider.

KRITIKK AV UTKASTET TIL ERFURT-PROGRAMMET

I ein analyse av den marxistiske læra om staten kan vi ikkje sjå bort frå den kritikken av utkastet til Erfurt-programmet 20) (note 20) som Engels sende til Kautsky 29. juni 1891, og som vart offentleggjort i Neue Zeit berre ti år seinare. For det kritikken i hovudsak tek for seg, er dei opportunistiske synsmåtane sosialdemokratane hadde på spørsmål om statsskipnad.

Vi skal merkja oss i forbifarten at Engels også legg fram ein overlag verdfull merknad om økonomiske spørsmål. Det syner kor merksamt og gjennomtenkt han fylgde med i dei ulike endringane som skjer i den moderne kapitalismen, og korleis han ut ifrå dette, til ei viss mon, var i stand til å sjå på førehand kva oppgåver vår tidbolk, den imperialistiske, stiller. Her er det han la fram: Han synte til ordet “planløyse” (Planlosigkeit) som var nytta i programutkastet som eit særkjenne for kapitalismen, og skreiv:

“Når vi går over frå aksjeselskap til trustar, som vinn kontroll over og monopoliserer heile industrigreiner, då får ikkje berre privatproduksjonen, men og planløysa, ein ende.” (Neue Zeit, band XX, 1, 1901-02, s. 8.)

Her kjem det fram kva som er kjernepunktet i den teoretiske vurderinga av den siste fasen i kapitalismen, dvs imperialismen, nemleg at kapitalismen vert monopolkapitalisme. Det siste må strekast under på grunn av den villfarne borgarlege reformistiske påstanden at monopolkapitalismen eller statsmonopolkapitalismen ikkje lenger er kapitalisme, men no kan kallast “statssosialisme” osb. Denne påstanden er svært vanleg. Sjølvsagt har trustane aldri sytt for, syter ikkje no for, og kan heller ikkje syta for fullstendig planlegging. For kor mykje dei enn planlegg, kor mykje dei kapitalistiske magnatane enn reknar ut på førehand kor stor produksjonen vil bli på nasjonalt og jamvel internasjonalt plan, og kor mykje dei enn regulerer han systematisk, så lever vi framleis under kapitalismen. Han har nådd eit nytt stadium, det er sant, men han er framleis kapitalisme, utan nokon tvil. For verkelege talsmenn for proletariatet skulle “nærleiken” mellom slik kapitalisme og sosialisme tena som argument for å syna at den sosialistiske revolusjonen er nær, lett tilgjengeleg, gjennomførleg og påtrengjande. Han skulle ikkje på noko vis tena som argument for å tola at ein slik revolusjon vert avvist og for freistnader på å få kapitalismen til å verka meir tiltrekkjande – slik alle reformistar freistar gjera.

Men for å venda attende til spørsmålet om staten. I brevet sitt ymtar Engels frampå om tre særleg verdfulle vink. Det fyrste gjeld republikken. Det andre gjeld tilhøvet mellom det nasjonale spørsmålet og statsskipnaden. Det tredje gjeld det lokale sjølvstyret.

Når det gjeld republikken, gjorde Engels dette til hovudpunktet i kritikken sin av utkastet til Erfurt-programmet. Og når vi tenkjer etter kor viktig Erfurt-programmet vart for alle sosialdemokratar i verda, og at det vart modellen for heile Den andre internasjonalen, då kan vi utan å overdriva seia at Engels med dette kritiserte opportunismen til heile Den andre internasjonalen.

“Dei politiske krava i utkastet har ein stor feil,” skreiv Engels. “Nett det som skulle ha vore sagt, det manglar” (utheva av Engels).

Og seinare gjer han det klårt at den tyske grunnlova strengt teke berre er ein kopi av den umåteleg reaksjonære grunnlova frå 1850. Han gjer det klårt at Riksdagen berre er – som Wilhelm Liebknecht uttrykte det – “eit fikenblad for eineveldet”, og at å ynskja “å gjera alle arbeidsreiskapar til felleseige” på grunnlag av ei grunnlov som tillet småstatar og ein føderasjon av småstatar, det er ei “openberr meiningsløyse”.

“Men det er farleg å koma inn på dette,” la Engels til, for han visste berre så alt for vel at det var uråd å ta inn kravet om republikk i Tyskland i programmet på lovleg vis. Men han nekta å berre slå seg til ro med ein slik sjølvsagt synsmåte som “alle” kunne seia seg nøgde med. Han heldt fram: “Like fullt må vi gå laus på dette på eitkvart vis. Kor naudsynt det er, syner seg nett no i desse tider med den opportunismen som vinn fram (einreissende) i ein god del av den sosialdemokratiske pressa. Dei er redde antisosialistlovene ”note21_tilbake">21) (note 21) skal verta innførte att, eller dei minnest alle dei ulike slag forhasta uttalar som vart sette fram då denne lova stod ved makt, og no ynskjer dei partiet skal meina at den lovskipnaden som rår i Tyskland no, strekk til for å setja i verk alle krava til partiet med fredelege middel …"

Engels la særleg vekt på den grunnleggjande saka at dei tyske sosialdemokratane var drivne av redsle for at antisosialistlovene skulle bli innførte på ny, og han kalla dette uttrykkjeleg for opportunisme. Han sa ifrå at nett fordi det ikkje var nokon republikk og ingen fridom i Tyskland, var draumane om den “fredelege” vegen heilt ut meiningslause. Engels var varsam med ikkje å låsa seg fast. Han gjekk med på at i republikanske eller svært frie land “kunne ein tenkja seg” (berre “tenkja seg”!) ei fredeleg utvikling fram mot sosialismen. Men i Tyskland, tok han opp att,

“… i Tyskland, der regjeringa er så godt som allmektig og Riksdagen og alle andre representative organ ikkje har noka røynleg makt – å gjera seg til talsmann for noko slikt i Tyskland, der det dessutan ikkje er nokon trong for å gjera det, det er å ta vekk fikenbladet frå eineveldet og sjølv verta skjermbrett for nakenskapen åt det.”

Det store fleirtalet av dei offisielle leiarane for det tyske sosialdemokratiske partiet, dei som la til sides dette rådet, har verkeleg prova at dei er skjermbrett for eineveldet.

“… I lengda kan ein slik politikk berre leia eins eige parti på avvegar. Dei skuvar allmenne, abstrakte politiske spørsmål i framgrunnen og løyner med det dei dagsaktuelle, konkrete spørsmåla, som automatisk vil stilla seg på saklista ved dei fyrste storhenda og den fyrste politiske krisa. Kva anna kan koma ut or dette enn at partiet i den avgjerande augeblinken brått syner seg hjelpelaust, og at det vil rå uvisse og usemje om dei mest avgjerande spørsmåla fordi desse spørsmåla aldri har vore diskuterte? …

Å gløyma dei store og prinsipielle synspunkta for interessene i dagen og augeblinken, å stri og streva for framgang i augeblinken utan omsyn til fylgjene seinare, å ofra framtida til rørsla til føremon for notida hennar, det kan vera ærleg meint, men det er og blir opportunisme, og ærleg opportunisme er kan hende det farlegaste av alt …

Om noko er visst, er det at partiet vårt og arbeidarklassen berre kan koma til makta gjennom forma til den demokratiske republikken. Dette er jamvel den særskilde forma til proletariatets diktatur, slik den store franske revolusjonen alt har synt …"

Engels tek her opp att i ei særleg slåande form den grunnleggjande tanken som går gjennom alle verka til Marx, nemleg at den demokratiske republikken er det som fører nærast opp til proletariatets diktatur. For han avskaffar ikkje i det heile herredømet til kapitalen og med det undertrykkinga av massane og klassekampen. Men ein slik republikk er nøydd til å leia til ei slik utviding, utvikling, utdjuping og skjerping av denne striden, at så snart det vert mogleg å koma dei grunnleggjande interessene til dei undertrykte massane til møtes, er det som her er gjort mogleg, nøydd til å verta sett i verk. – Og det kan berre skje gjennom proletariatets diktatur, gjennom at proletariatet leier desse massane. Dette er også “gløymde ord” i marxismen for heile Den andre internasjonalen, og det vart overlag tydeleg berrstilt at dei er gløymde gjennom soga til mensjevikpartiet i dei første seks månadene i den russiske revolusjonen i 1917.

Når det galdt spørsmålet om ein føderal republikk, i samanheng med den nasjonale samansetjinga av folkesetnaden, skreiv Engels:

“Kva skal koma i staden for Tyskland slik det no er (med ei reaksjonær monarkisk grunnlov og ei like reaksjonær oppdeling i småstatar – ei oppdeling som fører vidare alle særdraga ved “prøyssardomen” i staden for å løysa dei opp i Tyskland som heilskap)? Etter mitt syn kan proletariatet berre nytta forma til den eine og udelelege republikken. I det kjempemessige området til Sambandsstatane er ein føderal republikk framleis stort sett naudsynt, jamvel om han alt held på å verta ei hindring i Auststatane. Han ville vera eit steg framover i Storbritannia, der det er fire nasjonar på dei to øyane, og der det trass i at det berre er eitt parlament, alt finst tre ulike lovsystem ved sida av einannan. I vesle Sveits har det for lenge sidan vorte ei hindring. Ho er godtakande berre fordi Sveits er nøgd med å vera ein reint passiv medlem av det europeiske statssystemet. For Tyskland ville det vera eit kjempesteg bakover å innføra ei føderalisering etter sveitsisk mønster. Det er to punkt som skil ein føderalstat frå ein heilt ut sameint stat. For det fyrste har kvar einskild medlemsstat, kvar kanton, sitt eige sivile og strafferettslege lovverk og domsapparat. For det andre har dei ved sida av ei folkeforsamling også ei statsforsamling, der kvar kanton, liten eller stor, røystar som kanton." I Tyskland er unionsstaten ein overgang til ein heilt sameint stat, og “revolusjonen ovanfrå” frå 1866 og 1870 må ikkje skruast attende, han må byggjast ut med ei “rørsle nedanfrå”.

Engels var langt ifrå likesæl når det galdt statsformene. Tvert om freista han å analysera overgangsformene så grundig som råd, for å slå fast kva overgangsformene det var snakk om gjekk frå, og kva dei gjekk til, i samsvar med dei historiske draga kvart tilfelle hadde.

På same måten som Marx, tok Engels for seg saka frå standpunktet til proletariatet og den proletariske revolusjonen, og stod fast på den demokratiske sentralismen og republikken – som ein og udeleleg. Han såg den føderale republikken anten som eit unnatak og ei hindring for utviklinga, eller som ein overgang frå monarkiet til den sentraliserte republikken, som eit “steg framover” under visse særlege vilkår. Og mellom desse særvilkåra set han det nasjonale spørsmålet i framgrunnen.

Marx og Engels retta nådelaus kritikk mot den reaksjonære naturen til småstatane og den måten det nasjonale spørsmålet dekte det til i visse konkrete tilfelle. Like fullt synte dei aldri den minste trong til å skuva det nasjonale spørsmålet til side – ein trong dei nederlandske og polske marxistane ofte slepp fram, når dei går vidare frå den heilt ut rettvise motstanden sin mot den snevre spissborgarlege nasjonalismen til småstatane “sine”.

Jamvel i Storbritannia, der ein skulle tru geografiske vilkår, eit sams språk og mange hundreårs soge ville ha “gjort ende på” det nasjonale spørsmålet i dei ulike smådelane av landet – jamvel når det gjeld dette landet, gjorde Engels rekning med den klåre kjensgjerninga at det nasjonale spørsmålet enno ikkje var noko som høyrde fortida til. Han gjekk fylgjeleg med på at det ville vera eit “framsteg” å oppretta ein føderal republikk. Sjølvsagt er det ikkje noko her som tyder på at Engels gjev avkall på å kritisera manglane ved den føderale republikken, eller let vera å argumentera så målmedvite som råd for ein einskapleg og sentralisert-demokratisk republikk, og kjempa for det.

Men Engels meinte på ingen måte demokratisk sentralisme i den byråkratiske tydinga som dette omgrepet vert nytta i av borgarlege og småborgarlege ideologar – mellom dei siste anarkistane. Tanken hans om sentralisme stengjer på ingen måte ute eit breitt lokalt sjølvstyre av det slaget som kombinerer eit friviljug forsvar for einskapen i staten ved “kommunane” og distrikta, med ei fullstendig avskaffing av all byråkratisk praksis og alle “ordrar” ovanfrå. Engels fører framover det marxistiske programsynet på staten når han skriv:

“Altså, ein sameint republikk, men ikkje slik som den noverande franske republikken, som ikkje er noko anna enn keisardømet frå 1798 utan keisaren. Frå 1792 til 1798 hadde kvart fransk departement og kvar kommune (Gemeinde) fullt sjølvstyre etter amerikansk modell, og det er dette vi og må ha. Korleis sjølvstyret skal organiserast, og korleis vi skal greia oss utan eit byråkrati, har Amerika og den fyrste franske republikken synt oss, og vi får sjå det jamvel i dag i Australia, Canada og dei andre britiske koloniane. Og eit provins- (regionalt) eller kommunalt sjølvstyre av dette slaget er langt friare enn t.d den sveitsiske føderalskipnaden. Der er rett nok kvar kanton temmeleg sjølvstendig i høve til Bundet (dvs sambandsstaten som heilskap), men også sjølvstendig i høve til distriktet (Bezirk) og kommunen. Kantonregjeringane nemner ut statthaldarar i distrikta (Bezirksstatthalter) og prefektar. Dette er ukjend i dei engelsktalande landa, og vi er like fast meinte på å avskaffa det her i framtida som dei prøyssiske Landräte og Regierungsräte” (kommissærar, distriktspolitimeistrar, guvernørar og allment alle slag embetsmenn som vert utnemnde ovanfrå). Fylgjeleg gjer Engels framlegg om denne ordlyden på punktet om sjølvstyre i programmet: “Fullt sjølvstyre for provinsane (guvernement eller regionar), distrikta og kommunane gjennom tenestemenn som er valde med allmenn røysterett. Avskaffing av alle lokale styresmakter og provinsstyresmakter som staten har utnemnt.”

I Pravda (nr 68, 28. mai 1917) [Sjå Lenin: Eit prinsippspørsmål. “Gløymde ord” om demokrati (1917), i Samla verk, engelsk utgåve 1974, band 24, s. 536-538.], som vart forbode av regjeringa til Kerenski og andre “sosialistiske” ministrar, har eg alt hatt høve til å peika på korleis dei kvasisosialistiske representantane for det kvasirevolusjonære kvasidemokratiet vårt har gjort grelle avvik frå demokratiet på dette punktet (og det er sjølvsagt ingen måte det einaste punktet). Sjølvsagt har folk som har bunde seg ved ein “koalisjon” til det imperialistiske borgarskapet, berre snudd dauvøyra til denne kritikken.

Det er særs viktig å leggja merke til at Engels, fullvæpna med fakta, avviste med eit heilt ut råkande døme ein fordom som har vore svært utbreidd særleg mellom småborgarar. Det er at ein føderal republikk med naudsyn tyder større fridom enn ein sentralisert republikk. Det er urett. Det blir motsagt av dei fakta Engels gjev att om den sentraliserte franske republikken frå 1792 til 1798 og den føderale sveitsiske republikken. Den verkeleg demokratisk sentralistiske republikken gav større fridom enn den føderale republikken. Med andre ord har den største lokale, regionale eller annan slags fridom historia kjenner, kome frå ein sentralisert republikk og ikkje frå ein føderal republikk.

Propagandaen og agitasjonen til partiet vårt har gjeve og gjev for lite ans på desse tilhøva, så vel som på heile spørsmålet om den føderale republikken og den sentraliserte republikken og på det lokale sjølvstyret.

REORDET FRÅ 1891 TIL BORGARKRIGEN I FRANKRIKE AV MARX

I føreordet til tredje utgåva av Borgarkrigen i Frankrike (det er dagsett 18. mars 1891 og vart fyrst offentleggjort i Neue Zeit) gav Engels ei framifrå klår oppsummering av lærdomane frå Kommunen, i tillegg til ein del interessante strømerknader om spørsmål som hadde med haldninga til staten å gjera. Denne oppsummeringa var utdjupa av den samla røynsla frå dei meir enn tjue åra som skilde forfattaren frå Kommunen. Ho var uttrykkeleg retta mot den “overtruiske liten til staten” som var så utbreidd i Tyskland. Og ein kan med full rett kalla ho marxismens siste ord om det spørsmålet vi har for oss.

I Frankrike, slo Engels fast, stod arbeidarane fram med våpen etter kvar revolusjon. “Difor var avvæpning av arbeidarane fyrste bodet for borgarskapet som sat med statsroret. Fylgjeleg fylgde det ein ny kamp etter kvar einaste revolusjon som arbeidarane hadde vunne, som ende med nederlag for arbeidarane.”

Denne oppsummeringa av røynsla med borgarlege revolusjonar er like knapp som ho er uttrykksfull. Kjernen i saka, – m.a i spørsmålet om staten (har den undertrykte klassen våpen?) – er her gripe merkeleg godt. Det er nett denne kjernen både professorar som er påverka av borgarleg ideologi og småborgarlege demokratar oftast vik utanom. I den russiske revolusjonen i 1917 vart det mensjeviken og frasemarxisten Tsereteli som fekk æra (den Cavaignac’ske æra) av å plapra ut med denne løyndomen frå borgarrevolusjonane. I den “historiske” talen sin den 11. juni plumpa Tsereteli ut med at borgarskapet var meint på å avvæpna arbeidarane i Petrograd – og han la sjølvsagt fram denne avgjerda som si eiga, og som noko naudsynt for “staten” allment!

Den historiske talen til Tsereteli 11. juni vil sjølvsagt tena som ein slåande illustrasjon for alle revolusjonshistorikarar, på korleis blokken av dei sosialrevolusjonære og mensjevikane, med Tsereteli som leiar, gjekk over til borgarskapet mot det revolusjonære proletariatet.

Ein annan sidemerknad frå Engels som også er knytt i hop med spørsmålet om staten, tek opp religionen. Det er velkjend at dei tyske sosialdemokratane, som etter kvart degenererte og vart stendig meir opportunistiske, gleid oftare og oftare ut i den spissborgarlege mistolkinga av den velkjende formelen: “Religionen skal kunngjerast å vera ei privatsak.” Det tyder at formelen vart vridd rundt til å tyda at religionen var ei privatsak jamvel for partiet til det revolusjonære proletariatet!! Engels la kraftig mot dette gjennomførte sviket mot det revolusjonære programmet til proletariatet. I 1891 såg han berre den svært veike byrjinga på opportunismen i partiet sitt, og difor uttrykte han seg overlag varsamt:

“Sidan det nesten berre var arbeidarar eller godkjende talsmenn for arbeidarane som sat i Kommunen, fekk avgjerdene deira ein avgjort proletarisk karakter. Anten vedtok dei reformer som det republikanske borgarskapet berre hadde late vera å vedta av di dei var feige, men som gav eit naudsynt grunnlag for den frie aktiviteten til arbeidarklassen – slik som å setja ut i livet prinsippet at når det gjeld tilhøvet til staten er religionen ei rein privatsak. Eller så kunngjorde Kommunen vedtak som var beinveges i interessa til arbeidarklassen og delvis skar djupt inn den gamle samfunnsskipnaden.”

Engels la medvite vekt på orda “når det gjeld tilhøvet til staten”, som eit direkte slag mot den tyske opportunismen, som hadde kunngjort at religionen var ei privatsak i høve til partiet. På den måten hadde dei senka partiet til det revolusjonære proletariatet ned til same nivå som det mest vulgære “fritenkjande” spissborgarskapet. Dei var nok budde på å gje løyve til ein konfesjonslaus status, men dei gav avkall på at partiet skulle føra kamp mot den religiøse opiumen som fordummar folket.

Når han som i framtida skal skriva soga til dei tyske sosialdemokratane, skal spora opp røtene til den skammelege fallitten i 1914, kjem han til å finna ein god del interessant materiale knytt til dette spørsmålet. Det tek til med dei unnvikande fråsegnene frå den ideologiske leiaren i partiet, Kautsky, som slo døra på vid vegg for opportunismen, og enda med den haldninga partiet tok til “Ut av kyrkja”-rørsla (“Los von Kirche”-Bewegung) 22) (note 22) i 1913.

Men la oss sjå korleis Engels 20 år atter Kommunen summerte opp dei lærdomane han gav for det kjempande proletariatet.

Her er dei lærdomane Engels sette opp som dei fremste:

“… Det var nett undertrykkingsmakta til den tidlegare sentraliserte regjeringa, hæren, det politiske politiet og byråkratiet som Napoleon hadde skapt i 1798, og som kvar ny regjering etterpå hadde take over som ein kjærkomen reiskap og nytta mot motstandarane sine – denne makta var det som skulle falla overalt, nett som ho hadde falle i Paris.

Heilt frå fyrste stund måtte Kommunen innsjå at når arbeidarklassen fyrst hadde fått makta, kunne han ikkje halda fram å styra med den gamle statsmaskinen. For ikkje å tapa att det overherredømet han nyss hadde vunne, måtte denne arbeidarklassen på den eine sida kvitta seg med heile det gamle undertrykkingsmaskineriet som tidlegare var nytta mot han sjølv. På den andre sida måtte han verna seg mot sine eigne folkevalde og tenestemenn med å seia frå at dei alle utan unntak skulle kunna kallast attende kva tid som heist … "

Engels legg endå ein gong vekt på at ikkje berre under monarkiet, men og i den demokratiske republikken blir staten verande ein stat. Det vil seia at han framleis held på det grunnleggjande særdraget at han gjer om tenestemennene, “tenarane til samfunnet” og samfunnsorgana til herrar over samfunnet.

“Mot denne omforminga av staten og statsorgana frå tenarar for samfunnet til herrar over samfunnet – ei omforming som har vore uråd å unngå i alle tidlegare statar – nytta Kommunen to rådgjerder som ikkje slo feil. For det fyrste vart alle postar – i administrasjon, rettsstell og utdanningsvesen – fylde gjennom val, ved at alle det galdt, vart valde gjennom allmenn røysterett og kunne kallast attende kva tid som heist av dei som hadde valt dei. For det andre vart alle tenestemenn, både høge og låge, berre betalte same løn som andre arbeidarar. Den høgaste løna Kommunen betalte til nokon var 6.000 francs .[Nominelt omlag 2.400 rublar, etter vekslingskursen no (august 1917 – Red.) kring 6.000 rublar.] Dei bolsjevikane som gjer framlegg om ei løn på 9.000 rublar til dei som t.d sit i byråda, i staden for ei maksimumsløn på 6.000 rublar i heile staten – som ville vera aldeles nok – kan ikkje tilgjevast.. På denne måten vart det sett opp eit trygt stengsel mot stillingsjegerar og karrieristar, jamvel ved sida av det bundne mandatet til dei som var valde til dei representative organa, som kom i tillegg …”

Engels kjem her inn imot den interessante grenselina der det fylgjestrenge demokratiet på den eine sida blir skapt om til sosialisme, og på den andre sida krev sosialisme. For for å avskaffa staten er det naudsynt å gjera funksjonane til den offentlege tenesta om til dei enkle kontroll- og bokføringsoppgåvene, som ligg innanfor rekkevidda og evnene til det store fleirtalet av folkesetnaden og fylgjeleg til kvart einskild individ. Og dersom karrierismen skal avskaffast heilt ut, må det gjerast umogleg å nytta “ærefulle”, men lite lønsame postar i statstenesta som springbrett til postar som kastar mykje av seg i bankar eller aksjeselskap, slik det skjer utan stans i alle dei friaste kapitalistlanda.

Men Engels gjer ikkje det mistaket ein del marxistar gjer når dei t.d tek for seg spørsmålet om den retten nasjonane har til å avgjera for seg sjølve, og hevdar at dette er umogleg under kapitalismen og ikkje trengst under sosialismen. Dette synspunktet, som er kløktig å sjå til, men i røynda urett, kan ein koma med i høve til kva som helst demokratiske institusjon, medrekna moderate løner for tenestemenn. For eit fullt ut fylgjestrengt demokrati er umogleg under kapitalismen, og under sosialismen vil alt demokrati visna bort.

Dette er sofisme på line med den gamle vitsen om mannen som blir skallut om han mistar eitt hår til.

Å utvikla demokratiet til sitt ytste, å finna formene for denne utviklinga, å prøva dei ut i praksis og så bort etter – alt dette er ei av dei oppgåvene som høyrer i hop i kampen for samfunnsrevolusjonen. Ikkje noko slag demokrati kan føra med seg sosialisme sett åleine. Men i det røynlege livet vil demokratiet aldri bli “sett åleine”. Det vil bli “sett saman med” ei rekkje andre ting, det vil og verka inn på det økonomiske livet og stimulera omforminga av det, og i sin tur vil det bli påverka av den økonomiske utviklinga, osfr. Dette er dialektikken til den levande historia.

Engels heldt fram:

“Dette at den tidlegare statsmakta har vorte sprengd, og at det har kome ei ny og røynleg demokratisk statsmakt i staden for henne, er inngåande skildra i tredje delen av Borgarkrigen. Men det var naudsynt her å koma inn på nokre av særdraga ved han endå ein gong, for særleg i Tyskland har den overtruiske trua på staten gått over frå å vera filosofi til å vera det allmenne medvitet til borgarskapet og jamvel mange arbeidarar. I fylgje den filosofiske ideen er staten “verkeleggjeringa av ideen” eller guds kongerike på jord, omsett til filosofisk språkbruk, det området der evig sanning og rettferd blir – eller skulle bli – gjort til røyndom. Og frå dette fylgjer ein overtruisk vyrdnad for staten og alt som er knytt til han. Og han slår så mykje lettare rot med di folk alt frå barndomen er vende opp til å tenkja seg at dei sakene og interessene som heile samfunnet har sams, ikkje kan verta røkta på annan måte enn dei har vore røkta i fortida. Og det vil seia gjennom staten og tenestemenn som sit i lønsame stillingar. Folk trur dei har teke eit retteleg modig steg framover når dei har kvitta seg med trua på det arvelege monarkiet og sver til den demokratiske republikken. Men i røynda er ikkje staten anna enn ein maskin ein klasse nyttar for å undertrykkja ein annan. Og det gjeld ikkje mindre den demokratiske republikken enn monarkiet. I beste fall er han eit vonde proletariatet har arva etter at dei har sigra i kampen for klasseherredømet, der det sigrande proletariatet må skjera bort dei verste sidene så snøgt som råd, på same måten som Kommunen måtte det, heilt til ein generasjon som er vaksen opp i nye frie samfunnsvilkår vert i stand til å kassera heile statsskrapet."

Engels åtvara tyskarane mot å gløyma dei allmenne sosialistiske prinsippa om staten i samband med at monarkiet skulle bytast ut med ein republikk. Åtvaringane hans høyrest no ut som ei klår lekse til slike som Tsereteli og Tsjernov, som i "koalisjons"praksisen sin har lagt for dagen ei overtruisk tru på og ein overtruisk vyrdnad for staten!

To merknader til: 1. Når Engels seier at staten i ein demokratisk republikk, – “ikkje mindre” enn i eit monarki, blir verande “eit apparat ein klasse nyttar for å undertrykkja ein annan”, tyder det på ingen måte at undertrykkingsforma ikkje tel noko, slik ein del anarkistar “lærer”. Når klassekampen og klasseundertrykkinga får ei vidare, friare og meir open form, vert det til mektig stønad for proletariatet i kampen deira for å avskaffa klassane allment.

2. Kvifor er det berre ein ny generasjon som blir i stand til å kassera heile statsskrapet? Dette spørsmålet heng saman med korleis demokratiet skal overvinnast, og det skal vi ta for oss no.

ENGELS OM KORLEIS DEMOKRATIET SKAL OVERVINNAST

Engels fekk høve til å uttrykkja kva han meinte om dette emnet då han slo fast at nemninga “sosialdemokrat” var vitskapleg feil.

Det var i eit føreord til ei utgåve av artiklane hans frå syttiåra om ulike emne, for det meste om “internasjonale” spørsmål (Internationales aus dem Volksstaat, Om internasjonale emne frå folkestaten). Det var dagsett 3. januar 1894, dvs halvtanna år før han døydde. Der skreiv Engels at han hadde nytta ordet “kommunist” og ikkje “sosialdemokrat” i alle artiklane sine, fordi proudhonistane i Frankrike og lassalleanarane 23) (note 23) i Tyskland kalla seg sosialdemokratar på denne tida.

“… For Marx og meg,” heldt Engels fram, “var det difor heilt ut uråd å nytta ei slik tøyeleg nemning for å merkja ut vårt særlege synspunkt. I dag står saka annleis, og ordet (”sosialdemokrat") må kunne passera (mag passieren) jamvel kor uhøveleg (unpassend) det framleis er for eit parti med eit økonomisk program som ikkje berre er allment sosialistisk, men rett ut kommunistisk, og som har som endeleg politisk mål å vinna over heile staten, og fylgjeleg også demokratiet. Men namna til dei røynlege (utheva av Engels) politiske partia måtar aldri heilt ut. Partiet utviklar seg medan namnet blir ståande."

Dialektikaren Engels var tru mot dialektikken til siste slutt. Marx og eg, sa han, hadde eit framifrå, vitskapleg nøyaktig namn på partiet, men det var ikkje noko retteleg parti, dvs noko proletarisk masseparti. No (mot slutten av 19. hundreåret) var det eit retteleg parti, men det hadde eit vitskapleg gale namn. Men det fekk berre vera. Det måtte “kunne passera” så lenge partiet utvikla seg, så lenge det vitskapleg unøyaktige i namnet ikkje var løynt for det, og ikkje hindra at det utvikla seg i rett lei!

Kan hende vil einkvan vittighund freista trøysta oss bolsjevikar etter same mønster som Engels: Vi har eit retteleg parti, det utviklar seg framifrå, jamvel ei så meiningslaus og utriveleg nemning som " bolsjevik" vil “kunne passera”, jamvel om ho ikkje uttrykkjer noko i det heile ut over den reint tilfeldige tingen at vi var i fleirtal på partikongressen i Brüssel og London i 1903 [Bolsjevik – “Fleirtal” heiter på russisk “bolsjinstvo”, og namnet bolsjevik kjem av dette. På same måten kjem mensjevik av " mensjinstvo" – mindretal.]. Men no når forfylginga partiet vårt har vore utsett for frå republikanarar og “revolusjonære” småborgarar har gjort nemninga “bolsjevik” til eit allment heidersord, og no når denne forfylginga markerer den kjempestore historiske framgangen partiet vårt har gjort i den røynlege utviklinga si – då vil kan henda jamvel eg tvika med å halda hardt på det framlegget eg kom med i april om å byta namn på partiet vårt. Kan henda ville eg gjera framlegg for kameratane mine om eit “kompromiss”, nemleg å kalla oss for Kommunistpartiet, men å halda på ordet “bolsjevikane” i parentes.

Men spørsmålet om namnet på partiet er utan jamføring mindre viktig enn spørsmålet om kva haldning det revolusjonære proletariatet har til staten.

Når staten til vanleg vert drøfta, blir stadig vekk den feilen som Engels åtvara mot gjort, og som vi har vore inne på lenger oppe. Det vert stadig vekk gløymt at å avskaffa staten tyder at demokratiet vert avskaffa og. Når staten visnar bort tyder det og at demokratiet visnar bort.

Ved fyrste augekastet synest denne påstanden overlag framand og uskjøneleg. Faktisk kan sume jamvel koma til å mistenkja oss for at vi ventar det skal stå fram eit samfunnssystem der det ikkje blir teke omsyn til prinsippet at mindretalet skal underordnast fleirtalet – for demokrati tyder at nett dette prinsippet vert halde i hevd.

Nei, demokrati er ikkje heilt ut det same som at mindretalet vert underordna fleirtalet. Demokrati er ein stat som godkjenner at mindretalet vert underordna fleirtalet, dvs ein organisasjon for systematisk tvangsbruk frå ein klasse mot ein annan, frå ein del av folkesetnaden mot ein annan.

Vi set oss det endelege målet å avskaffa staten, dvs all organisert og systematisk vald, all bruk av vald mot folk allment. Vi ventar ikkje det skal stiga fram eit samfunnssystem der prinsippet om at mindretalet skal underordnast fleirtalet ikkje vert teke omsyn til. Men i strevet for sosialismen er vi overtydde om at det vil utvikla seg til kommunisme, og at behovet for valdsbruk mot folk allment, for å underordna, eitt menneske under eit anna, og ein del av folkesetnaden under ein annan, vil koma heilt bort med di folk vil verta vane med å halda seg til dei grunnleggjande vilkåra for samfunnsliv utan valdsbruk og utan underordning.

For å forklåra dette, er det naudsynt å analysera det økonomiske grunnlaget for at staten skal visna bort.

KAPITTEL V

DET ØKONOMISKE GRUNNLAGET FOR BORTVISNINGA AV STATEN

Marx forklårar dette spørsmålet svært grundig i sin Kritikk av Gothaprogrammet (brev til Bracke 5. mai 1875, som ikkje vart offentleggjort før 1891. Då vart det prenta i Neue Zeit, band IX, 1, og det har kome i eiga utgåve på russisk). Den polemiske delen av dette framifrå arbeidet, som inneheld ein kritikk av lassalleanismen, har så å seia skugga for den positive delen, nemleg analysen av samanhengen mellom utviklinga av kommunismen og bortvisninga av staten.

KORLEIS MARX LA FRAM SPØRSMÅLET

Om vi jamfører brevet frå Marx til Bracke 5. mai 1875 overflatisk med det brevet frå Engels til Bebel 28. mars1875 som vi har gått igjennom før, kan det synast som om Marx i langt større mon var ein “talsmann for staten” enn Engels, og at det var svært stor meiningsskilnad mellom dei to forfattarane i spørsmålet om staten.

Engels gjorde framlegg til Bebel om at alt snakk om staten skulle sløyfast heilt, at ordet “stat” skulle takast heilt ut or programmet og at ordet “fellesskap” skulle inn i staden. Engels uttala jamvel at Kommunen ikkje lenger var ein stat i rette meininga av ordet. Like fullt snakka Marx jamvel om “framtidsstaten i det kommunistiske samfunnet”, dvs at han såg ut til å godkjenna at staten trongst jamvel under kommunismen.

Men eit slikt syn ville vera grunnleggjande gale. Ein grundigare gjennomgang syner at Marx og Engels hadde heilt ut det same synet på staten og “bortvisninga” av han, og at det uttrykket vi nett gav att etter Marx gjeld staten medan han held på og visnar bort.

Det er klårt det ikkje kan bli tale om å slå nøyare fast kva tid denne framtidige “bortvisninga” vil gå føre seg, og dette di meir som det vil verta ein langvarig prosess. Det tilsynelatande usamhøvet mellom Marx og Engels skriv seg frå at dei tok for seg ulike emne og hadde ulike føremål med det. Engels sette seg føre å syna Bebel biletleg, skarpt og i store drag kor tvers igjennom meiningslause dei vanlege fordomane om staten var (dei som Lassalle i stor mon delte). Marx streifa berre inn på dette spørsmålet i forbifarten, for han var interessert i eit anna emne, nemleg utviklinga av kommunistsamfunnet.

Heile læra til Marx er bruk av utviklingslæra – i si mest prinsippfaste, fullstendige, gjennomtenkte og råkande form – på den moderne kapitalismen. Sjølvsagt stod Marx andsynes problemet med å bruka denne teorien både på det komande samanbrotet av kapitalismen og på den framtidige utviklinga av framtidskommunismen.

Kva kjensgjerningar skal så leggjast til grunn når vi tek for oss den framtidige utviklinga av framtidskommunismen?

Vi skal leggja til grunn den kjensgjerninga at han har opphavet sitt i kapitalismen, at han utviklar seg historisk frå kapitalismen, at han er utkomet etter handlinga til ei samfunnskraft som kapitalismen gav opphav til. Det finst ikkje spor hjå Marx etter freistnader på å byggja opp ein utopi, på å gje seg av med føremålslaus gissing om slikt ingen kan vita. Marx tok for seg spørsmålet om kommunismen på same måten som ein naturvitskapsmann ville ta for seg spørsmålet om t.d ein ny biologisk variant, når han fyrst visste noko slikt hadde vorte til på eine eller hin måten, og endra seg i ei eller hi klåre leia.

Til å byrja med feia Marx til sides all den forvirringa Gotha-programmet førte inn i spørsmålet om tilhøvet mellom stat og samfunn. Han skreiv:

“Det noverande samfunnet” er eit kapitalistisk samfunn som finst i alle kulturland. Det er meir eller mindre fritt frå mellomaldersk tilsetjing, meir eller mindre forma til av den særskilde historiske utviklinga i kvart land, meir eller mindre utvikla. På den andre sida endrar “den noverande staten” seg med landegrensene. Han er ein annan i det prøyssisk-tyske keisarriket enn i Sveits, og ein annan i England enn i Sambandsstatane. “Den noverande staten” er difor ein fiksjon.

Trass i den brokute skilnaden mellom dei i form, har dei ulike statane i dei ulike kulturlanda like fullt det sams at dei alle grunnar seg på det moderne borgarlege samfunnet, berre at dei er meir eller mindre utvikla som kapitalistiske samfunn. Difor har dei og ein del vesentlege kjennemerke sams. I denne tydinga går det an å snakka om “den staten som er no” i motsetning til fram tida, då den rota han no har – det borgarlege samfunnet – vil ha døydd bort.

Så reiser spørsmålet seg: Kva for omforming vil staten gå gjennom i det kommunistiske samfunnet? Med andre ord: Kva samfunnsfunksjonar vil verta att som ein kan sidestilla med statsfunksjonar no? Dette spørsmålet kan berre svarast på vitskapleg, og ein kjem ikkje eit høneføt nærare problemet om ein så finn tusenvis av måtar å setja ordet folk saman med ordet stat." [Karl Marx: Kritikk av Gotha-programmet (1875).]

Etter å ha gjort alt snakk om “folkestaten” til lått på denne måten, forma Marx ut spørsmålet og gav åtvaring, må ein seia, om at dei som søkte eit vitskapleg svar på det, berre skulle nytta trygt sannkjende vitskaplege data.

Den fyrste kjensgjerninga som har vorte svært nøye klårlagt av heile utviklingsteorien og av vitskapen i det heile – ei kjensgjerning som utopistane oversåg og som vår tids opportunistar, som er redde den sosialistiske revolusjonen, overser – det er at historisk sett må det utan tvil vera eit særskilt stadium, eller ein særskilt fase, med overgang frå kapitalisme til kommunisme.

OVERGANGEN FRÅ KAPITALISME TIL KOMMUNISME

Marx heldt fram:

“Mellom det kapitalistiske og det kommunistiske samfunnet ligg perioden med den revolusjonære omforminga av det eine til det andre. Til dette svarar og ein politisk overgangsperiode då staten ikkje kan vera noko anna enn proletariatet sitt revolusjonære diktatur.”

Marx tuftar denne slutninga på ein analyse av den rolla proletariatet spelar i det moderne kapitalistiske samfunnet, på data om korleis dette samfunnet utviklar seg og på at dei motstridande interessene til proletariatet og borgarskapet er uforsonlege.

Tidlegare vart spørsmålet stilt slik: For å frigjera seg må proletariatet styrta borgarskapet, vinna den politiske makta og setja opp det revolusjonære diktaturet sitt.

No blir spørsmålet stilt på ein noko annan måte: Overgangen frå det kapitalistiske samfunnet – som utviklar seg mot kommunisme – til det kommunistiske samfunnet er umogleg utan ein “politisk overgangsperiode”, og staten i denne perioden kan berre vera proletariatet sitt revolusjonære diktatur.

På kva måte heng så dette diktaturet i hop med demokratiet?

Vi har sett at Det kommunistiske manifestet rett og slett set to uttrykk ved sida av einannan: “Å heva proletariatet opp til herskarklasse” og “å vinna slaget om demokratiet”. På grunnlag av alt som er sagt ovanfor, er det råd å avgjera meir nøyaktig korleis demokratiet endrar seg i overgangen frå kapitalisme til kommunisme.

I det kapitalistiske samfunnet har vi, så sant det får utvikla seg under dei beste vilkåra, eit meir eller mindre fullstendig demokrati i den demokratiske republikken. Men dette demokratiet vert alltid inngjerda av dei tronge grensene den kapitalistiske utbytinga set, og dermed er ho støtt i røynda eit demokrati for mindretalet, berre for eigarklassane, berre for dei rike. Fridomen i det kapitalistiske samfunnet er alltid omtrent den same som han var i dei gamalgreske republikkane: fridom for slaveeigarane. Som fylgje av vilkåra den kapitalistiske utbytinga set, er dei moderne lønsslavane så kua av naud og fattigdom at “dei ikkje bryr seg om demokrati”, “dei bryr seg ikkje om politikk”. Når hendingane går på vanleg fredeleg vis er fleirtalet av folkesetnaden avskorne frå å ta del i offentleg og politisk liv.

Kor rett denne utsegna er, vert kan henda klårast stadfesta i Tyskland, for der heldt eit grunnlovsfesta lovstyre seg støtt forbausande lenge – mest eit halvt hundreår (1871-1914). På denne tida kunne sosialdemokratane oppnå langt meir enn andre land når det galdt å “utnytta legaliteten”, og dei organiserte ein større del av arbeidarane i eit politisk parti enn nokon annan stad i verda.

Kor stor er så denne delen av politisk medvitne og lønsslavar som er den største vi har sett til no i det kapitalistiske samfunnet? Ein million medlemer i det sosialdemokratiske partiet – av 15 millionar lønsarbeidarar! Tre millionar organiserte i fagrørsla – av 15 millionar!

Demokrati for eit lite mindretal, demokrati for dei rike – det er demokratiet i det kapitalistiske samfunnet. Om vi kikkar nærare på maskineriet i det kapitalistiske demokratiet, ser vi overalt, i dei “små” – å sjå til – detaljane ved røysteretten (atterhald om heimstadrett, utestenging av kvinner osfr), i teknikken til dei representative organa, i dei røynlege hindringane for forsamlingsretten (offentlege bygningar er ikkje for “fattiglemer”!), i den reint kapitalistiske oppbygginga av dagspressa, osb osb – overalt ser vi innskrenking på innskrenking av demokratiet. Desse innskrenkingane, unnataka, utestengingane, hindringane for dei fattige tykkjest uviktige, særleg i augo på dei som aldri har mangla noko sjølve og aldri har vore i nært hopehav med dei undertrykte klassane i deira masseliv (og ni av ti, om ikkje nittini av hundre borgarlege skribentar og politikarar kjem i denne gruppa). Men når dei vert talde i hop, stengjer og pressar desse innskrenkingane dei fattige ut frå politikken og frå aktiv deltaking i demokratiet.

Marx tok sjølve kjernen i det kapitalistiske demokratiet på kornet då han analyserte røynslene frå Kommunen. Då sa han at ein gong med års mellomrom skal dei undertrykte få lov til å avgjera kva for talsmenn for undertrykkarklassen som skal få lov å uttrykkja og undertrykkja det dei står for i nasjonalforsamlinga!

Dette kapitalistiske demokratiet er nøydd til å vera snevert og skuvar dei fattige til sides med løynderåder, og difor er det hyklande og falskt tvers igjennom. Men frå dette kapitalistiske demokratiet går ikkje utviklinga greitt, beint og glatt framover mot “større og større demokrati”, slik dei liberale professorane og småborgarlege opportunistane vil ha oss til å tru. Nei, utviklinga framover, dvs utviklinga mot kommunismen, går gjennom proletariatets diktatur. Ho kan ikkje anna, for motstanden frå dei kapitalistiske utbyttarane kan ikkje brytast ned av nokon annan eller på noko anna vis.

Og proletariatets diktatur, dvs organiseringa av fortroppen for dei undertrykte som herskarklasse, kan ikkje berre få som fylgje at demokratiet vert utvida. Til same tid som demokratiet vert veldig utvida – og dette vert for fyrste gong demokrati for dei fattige, demokrati for folket, og ikkje demokrati for pengesekkane – legg proletariatets diktatur ei lang rekkje innskrenkingar på fridomen til undertrykkjarane og utbyttarane på kapitalistane. Vi må undertrykkja dei for å fri menneska frå lønsslaveriet. Motstanden deira må knusast med makt. Det er klårt det ikkje er nokon fridom og noko demokrati der det er undertrykking og der det er vald.

Engels uttrykte dette framifrå i brevet sitt til Bebel då han, som lesaren vil hugsa, sa at “proletariatet treng – staten, ikkje til beste for fridomen, men for å halda motstandarane sine nede. Og så snart det vert mogleg å tale om fridom, sluttar staten som slik å vera til.”

Demokrati for det store fleirtalet av folket, og undertrykking med makt, dvs utestenging frå demokratiet, av dei som utbytar og held folket nede -det er den forandringa som skjer med demokratiet gjennom overgangen frå kapitalisme til kommunisme.

Fyrst i det kommunistiske samfunnet, der motstanden frå kapitalistane har vorte fullstendig knust, der kapitalistane har forsvunne, der det ikkje lenger er klassar (dvs der det ikkje lenger er noko skilje mellom samfunnsmedlemene når det gjeld det tilhøvet dei står i til produksjonsmidla i samfunnet), fyrst då “sluttar staten … å vera til” og “det vert mogleg å tala om fridom”. Fyrst då vil eit verkeleg fullstendig demokrati verta mogleg og verta sett ut i livet, eit demokrati utan unnatak i det heile. Og fyrst då vil demokratiet ta til å visna bort, som fylgje av den enkle røyndomen at når folk har vorte fri frå kapitalistisk slaveri, frå den uhorveleg mengda redsler, villskap, vanvit og vondskap som fylgjer den kapitalistiske utbytinga, da vil dei etter kvart verta vane med å halda seg til dei grunnleggjande omgangsreglane i samfunnet som har vore kjende i hundreår og tekne opp at i tusenår i alle regelverk for skikk og bruk. Dei vil verta vane med å halda seg til dei utan maktbruk, utan tvang, utan underordning, utan det særskilte apparatet for tvangsbruk som vert kalla staten.

Uttrykket “staten visnar bort” er særs godt vald, for det peikar både mot at prosessen går smått om senn, og at han går fram av seg sjølv. Det er berre vanen som kan få ein slik verknad og tvillaust vil gjera det. For kring oss ser vi millionvis av døme på kor lett folk vert vane med å halda seg til dei naudsynte omgangsreglane i samfunnet når det ikkje er noko utbyting, når der ikkje er noko som vekkjer sinnet, kallar fram protest og oppreist og gjer undertrykking naudsynt.

Og dermed har vi eit innskrenka, ynkeleg og falskt demokrati i det kapitalistiske samfunnet, eit demokrati som berre er for dei rike, for mindretalet. Proletariatets diktatur, perioden med overgang til kommunismen, vil for fyrste gong skapa demokrati for folket, for fleirtalet, samstundes med at utbyttarane, mindretalet, er nøydde til å verta undertrykte. Einast kommunismen maktar å få i stand eit verkeleg fullstendig demokrati. Og di meir fullstendig det er, di før kjem det til å verta uturvande og visna vekk av seg sjølv.

Med andre ord: Under kapitalismen har vi staten i rette tydinga av ordet. Det vil seia ein særskilt maskin som ein klasse nyttar til å undertrykkja ein annan, og attåt det er det mindretalet som undertrykkjer fleirtalet. Om eit slikt føretak som systematisk undertrykking av det utbytta fleirtalet ved det utbytande mindretalet skal vinna fram, krev det sjølvsagt at underkuinga vert gjord med villskap og vondskap av fælaste slaget. Det krev hav av blod, og i røynda har manneætta vassa seg fram gjennom slike hav under slaveriet, liveigenskapen og lønsarbeidet.

Vidare vert det framleis naudsynt med undertrykking under overgangen frå kapitalisme til kommunisme, men no vil det utbytta fleirtalet undertrykkja det utbytande mindretalet. Det trengst framleis eit særskilt apparat, ein særskilt maskin til å undertrykkja med, men no er det ein overgangsstat. Det er ikkje ein stat i eigentleg tyding av ordet lenger. For no skal fleirtalet, som er lønsslavane av i går, undertrykkja det mindretalet som var utbytarar. Og i jamføring er det ei oppgåve så lett, grei og sjølvsagt at ho vil føra med seg langt mindre blodspille enn det kosta å undertrykkja oppreistane til trælane, dei liveigne og lønsarbeidarane, og ho vil kosta manneætta mykje mindre. Og det er i samsvar med det å utvida demokratiet til eit slikt overveldande fleirtal av folkesetnaden, at trongen for ein “særskilt maskin” til å undertrykkja med, vil ta til å kverva. Utbytarane er sjølvsagt ute av stand til å undertrykkja folket utan ein svært innfløkt maskin til å gjera jobben. Men folket kan undertrykkja utbyttarane til og med med ein svært beintfram “maskin”, mest utan ein “maskin”, utan eit spesialapparat. Dei kan gjera det med den greie samskipnaden av det væpna folket (slik som sovjeta av utsendingar frå arbeidarane og soldatane, kan vi skyta for å ta det på forskot).

Til slutt: Det er berre kommunismen som gjer staten uturvande, for der finst ingen som skal undertrykkjast – “ingen” i tydinga klasse som systematisk strid mot ein avgrensa del av folkesetnaden. Vi er ikkje utopistar. Vi nektar på ingen måte for at einskildpersonar kan og vil koma til å skeia ut, eller at slike utskeiingar må stoggast. Men for det fyrste trengst ingen særskilt maskin, ikkje noko særskilt undertrykkingsapparat til dette. Det vil det væpna folket gjera sjølve, like enkelt og greitt som kva som helst forsamling av siviliserte menneske, jamvel i det moderne samfunnet, vil blanda seg inn for å stogga ein slåsskamp eller hindra at ei kvinne vert krenkt. Og for det andre veit vi at dei grunnleggjande samfunnsårsakene til utskeiingar som gjeld brot på omgangsreglane i samfunnet, er at folk vert utbytta, og at dei lid naud og er fattige. Når vi tek bort denne hovudårsaka, vil utskeiingane uunngåeleg ta til å “visna bort”. Vi veit ikkje kor raskt eller i kva rekkjefylgje, men vi veit at dei vil visna bort. Når dei visnar bort, vil staten og visna bort.

Utan at Marx gav seg inn på utopiar, slo han fast meir fullstendig det som vi no kan slå fast om denne framtida, nemleg skilnaden mellom dei lågare og høgare fasane (nivåa, etappane) av det kommunistiske samfunnet.

DEN FYRSTE FASEN I DET KOMMUNISTISKE SAMFUNNET

I Kritikken av Gotha-programmet går Marx i detalj for å motprova ideen til Lassalle om at arbeidaren under sosialismen vil få det “uinnskrenka” eller “samla produktet av arbeidet sitt”. Marx syner at ut frå den samla produksjonen i samfunnet, må det dragast eit reservefond, eit fond til å utvida produksjonen, eit fond til å byta ut nedslite maskineri og så frametter. Frå forbruksmidla må det så dragast eit fond til administrasjonsutgifter, skular, sjukehus, aldersheimar og så frametter.

I staden for den tåkete, uklåre, allmenne frasen til Lassalle (“Arbeidaren skal få det samla produktet at arbeidet sitt”), gjer Marx eit nøkternt overslag over korleis det sosialistiske samfunnet skal utføra oppgåvene sine. Marx går så over til å analysera konkret livsvilkåra i eit samfunn der det ikkje finst nokon kapitalisme, og han seier:

“Det vi har å gjera med her (når vi analyserer programmet til arbeidarpartiet) er eit kommunistisk samfunn, ikkje som det har utvikla seg på sitt eige grunnlag, men tvert imot nett slik det veks ut or det kapitalistiske samfunnet. Det ber såleis på alle vis, økonomisk, moralsk og intellektuelt, framleis fødselsmerke frå det gamle samfunnet som det er kome ut or morslivet på.” Karl Marx: Kritikk av Gotha-programmet (1875).]

Det er dette kommunistiske samfunnet, som nett har kome ut i dagslyset frå morslivet til kapitalismen, og som på alle vis ber fødselsmerke frå det gamle samfunnet, som Marx kallar den “fyrste” eller lågare fasen av det kommunistiske samfunnet.

Produksjonsmidla er ikkje lenger privateigedomen til einskildindivid. Produksjonsmidla høyrer heile samfunnet til. Kvar samfunnsmedlem gjer ein viss del av det arbeidet som trengst for samfunnet, og får ei kvittering frå samfunnet på at han har gjort ei viss mengd arbeid. Og med denne kvitteringa får han ei tilsvarande produktmengd .frå det offentlege lageret med forbruksvarer. Etter at det er drege ut så mykje arbeid som det skal gå til det offentlege fondet, får kvar arbeidar difor like mykje frå samfunnet som han sjølv har gjeve det.

Etter alt å døma rår “likskapen” åleine.

Men då Lassalle såg for seg ei slik samfunnsordning (som til vanleg vert kalla sosialisme, men som Marx nytta nemninga fyrste fasen i kommunismen om) og sa at dette er “rettferdig fordeling”, og at dette er “likeretten alle har til eit likt arbeidsprodukt”, då tek Lasalle feil, og Marx avslører mistaket.

“Difor,” seier Marx, samsvarar “likeretten” i dette tilfellet framleis med “borgarleg lov” som inneber ulikskap, slik all lov gjer. All lov går ut på å nytta eit likt mål på ulike folk, som i røynda ikkje er sameleis og ikkje kan målast over same leisten. Difor gjer “likeretten” vald på likskapen, og han er urettferdig. I røynda får kvar og ein som har gjort like mykje samfunnsarbeid som ein annan ein like stor del av samfunnsproduktet (etter dei frådraga som er nemnde ovanfor).

Men folk er ikkje like. Ein er sterk, ein annan veik, ein er gift, ein annan ikkje, ein har fleire, ein annan færre born, osfr. Og slutninga Marx dreg er denne:

“… Med same arbeidsytinga og fylgjeleg ein like stor del i forbruksfondet til samfunnet, kjem ein i røynda til å få meir enn ein annan, ein vert rikare enn ein annan, osb. For å unngå alle desse mistilhøva må retten i staden for å vera lik vera ulik.”

Fyrste fasen i kommunismen kan difor enno ikkje syta for rettferd og likskap. Ulikskapar, og urettferdige ulikskapar i rikdom vil framleis vara ved. Men det vil verta umogleg for eit menneske å utbytta eit anna, for det vil vera umogleg å få hand om produksjonsmidla – fabrikkane, maskinane, jorda osb – og gjera dei til privat eigedom. Når han knusar dei småborgarlege, uklåre frasane til Lassalle om “likskap” og " rettferd" allment, peikar Marx på utviklingsleia for det kommunistiske samfunnet, som er tvinga til å avskaffa fyrst berre den “urettferda” som ligg i at einskildmenneske har fått hand om produksjonsmidla, og som ikkje er i stand til å setja til sides den andre urettferda straks, som går ut på at forbruksvarane vert fordelte “i samsvar med den utførte arbeidsmengda” (og ikkje i samsvar med trong).

Vulgærøkonomane, medrekna dei borgarlege professorane og " vår" Tugan, lastar støtt og stendig sosialistane for å gløyma at folk er ulike, og for å “drøyma” om å ta bort denne ulikskapen. Men som vi ser, provar eit slik klagemål berre kor umåteleg uvitande dei borgarlege ideologane er.

Marx tek ikkje berre særs nøyereknande omsyn til at folk er nøydde til å vera ulike. Han tek og omsyn til at om produksjonsmidla vert gjorde om til offentleg eigedom (det som til vanleg vert kalla " sosialisme"), fjernar ikkje det åleine manglane ved fordelinga og ulikskapen i “den borgarlege retten” som framleis rår så lenge produkta vert fordelte “i samsvar med den utførte arbeidsmengda”. Og Marx held fram:

“Men desse veikskapane er ikkje til å unngå i fyrste fasen av det kommunistiske samfunnet, slik det er nett etter at det har vakse fram frå det kapitalistiske samfunnet etter lange fødselsrier. Lova kan aldri stå over den økonomiske strukturen i samfunnet og den kulturelle utviklinga som han legg vilkåra for.”

I den fyrste fasen av det kommunistiske samfunnet (den som til vanleg vert kalla sosialismen) vert den “borgarlege retten” såleis ikkje avskaffa heilt ut, men berre delvis, berre i samsvar med den økonomiske revolusjonen som er nådd til då, dvs berre i høve til produksjonsmidla. “Den borgarlege retten” godkjenner dei som privateigedomen til einskildmenneske. Sosialismen gjer dei om til sams eigedom. Så langt – og berre så langt kjem den “borgarlege retten” bort.

Men når det gjeld den andre delen av han varer han ved. Han varer ved i eigenskap av regulator (avgjerande faktor) når produkta skal fordelast og arbeidet tildelast mellom medlemene i samfunnet. Det sosialistiske prinsippet “den som ikkje arbeider skal heller ikkje eta” er alt no sett ut i livet. Det andre sosialistiske prinsippet, “lik produktmengd for likt arbeid”, er og alt no sett ut i livet. Men dette er ikkje kommunisme enno, og det avskaffar enno ikkje “borgarleg rett”, som gjev einskildmenneske som er ulike, like mengder produkt att for ulike (verkeleg ulike) mengder med arbeid.

Dette er ein “mangel”, seier Marx, men han er ikkje til å unngå i den fyrste fasen i kommunismen. For om vi ikkje skal tulla oss bort i utopiar, må vi ikkje tru at når folk har styrta kapitalismen, vil dei straks læra seg å arbeida for samfunnet utan lovreglar. Dessutan skaper ikkje det å avskaffa kapitalismen straks dei økonomiske vilkåra for ei slik forandring.

No finst det ingen andre reglar enn dei i den “borgarlege retten”. Så langt trengst det difor framleis ein stat, som samstundes som han slår vern om den sams eigedomsretten over produksjonsmidla, tryggjer likskapen i arbeid og i fordelinga av produkta.

Staten visnar bort for så vidt som det ikkje lenger finst kapitalistar eller klassar, og fylgjeleg ingen klasse som kan undertrykkjast.

Men staten har enno ikkje visna heilt bort, sidan det framleis står att å verna om den “borgarlege retten”, som helgar verkeleg ulikskap. For at staten skal visna heilt bort, er det naudsynt med fullstendig kommunisme.

DENGARE FASEN I DET KOMMUNISTISKE SAMFUNNET

Marx held fram:

“I ein høgare fase av det kommunistiske samfunnet, etter at den slaveliknande underordninga av einskildmennesket under arbeidsdelinga har kome bort, og med den også motstriden mellom åndsarbeid og kroppsarbeid, etter at arbeid ikkje lenger berre er noko å leva av, men fremste trongen i livet, etter at produktivkreftene har auka med den allsidige utviklinga til einskildmennesket, og alle kjeldene til rikdom for fellesskapen flyt meir rikeleg fram – fyrst då kan vi leggja den snevre horisonten til den borgarlege retten heilt attom oss, og samfunnet kan skriva på fanene sine: Frå kvar etter evne, til kvar etter trong!”

Fyrst no kan vi fullt ut verdsetja kor rette merknadene til Engels var når han gjorde nådelaust narr av det meiningslause i å setja i hop orda “fridom” og “stat”. Så lenge staten er til, er det ingen fridom. Når det er fridom, kjem det ikkje til å vera nokon stat.

Det økonomiske grunnlaget for at staten skal visna heilt bort, er at kommunismen er utvikla til eit så høgt nivå at motstriden mellom åndsarbeid og kroppsarbeid fell bort. Men det fell ei av dei grunnleggjande kjeldene til moderne sosial ulikskap bort – ei kjelde som dessutan på ingen måte kan takast bort straks ved at ein berre gjer produksjonsmidla om til offentleg eigedom, ved at ein berre oreignar kapitalistane.

Denne oreigninga vil gjera det mogleg for produktivkreftene å utvikla seg kjempemessig. Og når vi ser kor utruleg kapitalismen alt no seinkar denne utviklinga, når vi ser kor store framsteg ein kunne gjera ut ifrå det tekniske nivået som alt no er nådd, då har vi rett til å seia med all mogleg tillit at når kapitalistane er oreigna, er det nøydd til å føra med seg at produktivkreftene i menneskesamfunnet får ei enorm utvikling. Men kor raskt denne utviklinga vil gå, kor snart ho vil nå fram til å bryta med arbeidsdelinga, og fjerna motstriden mellom åndsarbeid og kroppsarbeid, å gjera arbeidet om til “fremste behovet i livet”, – det veit vi ikkje, og vi kan ikkje vita det.

Difor har vi berre rett til å tala om at staten ikkje kan unngå å visna bort, og leggja vekt på at denne prosessen er slik at han vil verta langvarig, og at han er avhengig av kor raskt den høgare fasen i kommunismen utviklar seg. Og vi let spørsmålet om kor lang tid det vil krevja at staten visnar bort, og kva konkrete former det vil skje i stå heilt ope, for det finst ikkje noko materiale som kan gje svar på desse spørsmåla.

Staten vil verta i stand til å visna heilt bort når samfunnet tek opp i seg regelen: “Frå kvar etter evner, til kvar etter trong”, dvs når folk har vorte så vane med å halde seg til dei grunnleggjande samversreglane i samfunnet og når arbeidet deira har vorte så produktivt at dei friviljug vil arbeida etter evne. “Den snevre horisonten til den borgarlege retten” tvingar ein til å rekna etter like hjartelaust som ein Shylock om den eine ikkje har arbeidd ein halvtime meir enn den andre, eller om den eine ikkje får mindre betaling enn den andre – denne snevre horisonten vil då vera tilbakelagt. Då vil det ikkje trengast at samfunnet set fast kor mykje kvar skal få når produkta verte fordelte. Kvar og ein vil ta fritt “etter trong”.

Frå borgarleg synsstad er det lett å slå fast at ein slik samfunnsskipnad er “rein og skjer utopi” og flira av sosialistane for å lova alle retten til å få frå samfunnet så mykje dei vil av trøflar, bilar, piano osb – utan at det vert ført noko som heist slags kontroll med kor mykje kvar einskild innbuar arbeider. Heilt opp til denne dag nøyer dei fleste borgarlege “sakkunnige” seg med å f1ira på denne måten. Med det avslører dei både kor uvitande dei er og kor eigennyttig dei forsvarar kapitalismen.

Fåkunne – for det har aldri falle nokon sosialist inn å “lova” at den høgare fasen i utviklinga av kommunismen skal koma. Når det gjeld spådomane frå dei store sosialistane om at denne fasen vil koma, så føreset det at arbeidsproduktiviteten ikkje er som no, og at gjennomsnittsmenneska ikkje er som no, når dei – nett liksom presteskulestudentane i sogene til Pomjalovski 24) (note 24) – er i stand til å gjera skade på lagra av samfunnsrikdomar “berre på moro”, og til å krevja det umoglege.

Fram til den “høgare” fasen i kommunismen kjem, vil sosialistane krevja svært streng kontroll frå samfunnet og frå staten med kor mykje som vert arbeidd og kor mykje som vert forbrukt. Men denne kontrollen må ta til med at kapitalistane vert oreigna, med at det vert sett opp arbeidarkontroll over kapitalistane, og det er ikkje ein stat av byråkratar som skal stå for denne kontrollen, men ein stat av væpna arbeidarar.

Når dei borgarlege ideologane (og vedhenget deira, slike som Tsereteli, Tsjernov & co) forsvarar kapitalismen ut frå eigennytte, gjer dei det med å diskutera og snakka om ei fjern framtid i staden for å ta opp dei levande og brennande spørsmåla i dagens politikk, nemleg om å oreigna kapitalistane, gjera alle innbuarar om til arbeidarar og andre tilsette i eitt kjempestort “syndikat” – heile staten – og å underordna alt arbeidet til dette syndikatet heilt ut under ein verkeleg demokratisk stat, staten av sovjeta til arbeidar- og soldatutsendingane.

Når den lærde professoren, etterfylgd av spissborgaren, som i sin tur vert etterfylgd av slike som Tsjernov og Tsereteli, talar om ville utopiar, om dei demagogiske lovnadene til bolsjevikane, om det umoglege i å “innføra” sosialismen, då tenkjer han i røynda på det høgare stadiet eller den høgare fasen i kommunismen, det som ingen nokon gong har gjeve lovnad om eller jamvel har tenkt på å “innføra” av di det allment sett ikkje kan “innførast”

Og dette fører oss til spørsmålet om det vitskaplege skiljet mellom sosialisme og kommunisme, det Engels var inne på i den drøftinga vi har sitert om det urette i nemninga “sosialdemokrat”. Politisk vil skilnaden mellom den fyrste eller lågare og den høgare fasen i kommunismen med tida truleg verta uhorveleg stor. Men det ville vera låtteleg å sannkjenna denne skilnaden no under kapitalismen, og berre individuelle anarkistar vil kan hende seia at dette er grunnleggjande viktig (om det framleis finst nokon mellom anarkistane som ikkje har lært noko av at folk som Kropotkin, Grave, Cornelissen og andre anarkist-“stjerner” har vorte omgjorde til sosialsjåvinistar på “Plekhanov-vis” eller til “skyttargravsanarkistar”, slik Ghe – ein av dei få anarkistane som framleis eig ærekjensle og samvit – har kalla det).

Men det vitskaplege skiljet mellom sosialismen og kommunismen er klårt. Det som til vanleg vert kalla sosialisme gav Marx nemninga den “fyrste” eller lågare fasen av det kommunistiske samfunnet. I den mon produksjonsmidla vert felleseige kan ordet “kommunisme” nyttast her og, så sant vi ikkje gløymer at dette ikkje er fullstendig kommunisme. Den store verdien i forklaringane til Marx ligg i at han her og nyttar den materialistiske dialektikken og utviklingslæra fylgjestrengt, og at han ser kommunismen som noko som utviklar seg ut or kapitalismen. I staden for å finna opp spissfindige og " utspekulerte" definisjonar og gje seg ut i ein ufruktbar ordkrangel (kva er sosialisme? kva er kommunisme?), kjem Marx med ein analyse av det ein kan kalla utviklingsstega i den økonomiske mogninga av kommunismen.

I fyrste fasen, eller fyrste utviklingssteget sitt, kan ikkje kommunismen enno vera fullt ut økonomisk mogen eller fri frå tradisjonane eller far etter kapitalismen. Av dette fylgjer det interessante tilhøvet at kommunismen held ved lag “den snevre horisonten til den borgarlege retten” i fyrste fasen sin. Sjølvsagt føreset den borgarlege retten når det gjeld fordelinga av forbruksvarer at det finst ein borgarleg stat, for lov er ingenting utan eit apparat som er i stand til å tvinga igjennom at lovreglane vert haldne.

Det fylgjer av det at under kommunismen vil ikkje berre den borgarlege retten vara ved ei stund, men jamvel den borgarlege staten, utan borgarskapet!

Dette kan høyrast som eit paradoks eller rett og slett eit dialektisk ordspel, slik marxismen ofte vert skulda for av folk som ikkje har gjort seg det minste umak i med å studera det uvanleg djupe innhaldet i han.

Men i røynda vil leivningar av det gamle som overlever i det nye, møta oss på kvart einaste steg i livet, både i naturen og i samfunnet. Og Marx førte ikkje inn ein bit med “borgarleg” rett i kommunismen på slump. Han peika på kva som er økonomisk og politisk uunngåeleg i eit samfunn som stig fram ut or morslivet på kapitalismen.

Demokratiet er overlag viktig for arbeidarklassen i den kampen han fører mot kapitalistane for å frigjera seg. Men demokratiet er på ingen måte ei grenseline som ikkje må overskridast. Det er berre eitt av utviklingsstega på vegen frå føydalismen til kapitalismen, og fråkapitalismen til kommunismen.

Demokrati tyder likskap. Det vil verta klårt kor mykje kampen proletariatet fører for likskap, og slagordet om likskap, har å seia, om vi tolkar han rett til å tyd avskaffing av klassane. Men demokrati tyder berre formell likskap. Og så snart alle medlemene av samfunnet har nådd likskap i høve til eige av produksjonsmidla, det vil seia likskap i arbeid og løn, er manneætta nøydd til å verta stilt andsynes spørsmålet om å gå vidare frametter frå formell likskap til røynleg likskap, dvs til å la regelen “frå kvar etter evne, til kvar etter trong” ta til å verka. Kva steg manneætta vil gå igjennom og kva praktiske tiltak ho vil setja i verk for å nå dette øvste målet, det veit vi ikkje, og det kan vi ikkje vita. Men det er viktig å innsjå for ei uendeleg lygn som i den vanlege borgarlege oppfatninga om at sosialismen er noko livlaust, stramt og fastlåst ein gong for alle. I røynda er det slik at berre sosialismen kjem til å verta ei rask, ekte og verkeleg masserørsle frametter, som fyrst vil femna om fleirtalet og sidan om heile folkesetnaden i alle område av offentleg liv og privatliv.

Demokratiet er ei statsform og ein av variantane av staten. Fylgjeleg står det på eine sida for organisert, systematisk bruk av tvang mot personar liksom alle statar. Men på andre sida vil det seia formell godkjenning av likskapen mellom innbuarane, og like rettar for alle til å avgjera kva skap staten skal få og til å administrera han. Dette fører i sin tur med seg at på eit steg i utviklinga av demokratiet, smir det fyrst i hop den klassen som fører ein revolusjonær kamp mot kapitalismen – proletariatet. Det set proletariatet i stand til å knusa den borgarlege – jamvel den republikansk-borgarlege – statsmaskinen, den ståande hæren, politiet og byråkratiet, og slå det i småbitar og sope det vekk frå jordoverflata. Det set proletariatet i stand til å setja i staden eit meir demokratisk statsapparat for dei, men like fullt eit statsapparat, i form av væpna arbeidarar som så formar ein milits som femner om heile folkesetnaden.

Her “vert kvantitet gjort om til kvalitet”: Ein slik grad av demokrati ber i seg at grensene for det borgarlege samfunnet vert overskridne og den sosialistiske omskipinga tek til. Dersom verkeleg alle tek del i administreringa av staten, kan ikkje kapitalismen halda på taket sitt. Utviklinga av kapitalismen skaper i sin tur vilkåra som gjer det mogleg for verkeleg “alle” å ta del i administreringa av staten. Nokre av desse vilkåra er: Allmenn lese- og skrivekunnskap, som alt er oppnådd i ein del av dei mest framskridne kapitalistlanda: “Opplæring og disiplinering” av millionvis av arbeidarar ved hjelp av det veldige, sosialiserte apparatet til posttenesta, jernbanane, storfabrikkane, handels- og bankverksemd i stormålestokk osfr, osfr.

Med desse økonomiske føresetnadene er det godt mogleg å gå rest vidare, over natta, med å ta plassen til kapitalistane og byråkratane i kontrollen over fordelinga og produksjonen etter at dei er styrta. Dei væpna arbeidarane og heile den væpna folkesetnaden kan ta plassen deira i arbeidet med å føra ettersyn med arbeidet og produkta. (Spørsmålet om kontroll og ettersyn må ikkje verta samanblanda med spørsmålet om den vitskapleg utdanna staben av ingeniørar, agronomar osfr. Desse herrane arbeider i dag i lydnad etter ynska til kapitalistane, og kjem til å arbeida endå betre i morgon i lydnad etter ynska til dei væpna arbeidarane.)

Ettersyn og kontroll – det er i hovudsak det som trengst for at den fyrste fasen i det kommunistiske samfunnet skal “koma glatt i gang” og funksjonera som han skal. Alle innbyggjarar vert gjorde om til løna tilsette i staten, som er samansett av væpna arbeidarar. Alle innbyggjarar vert tilsette og arbeidarar i eitt einskild landsfemnande stats-“syndikat”. Alt som krevst er at dei skal arbeida likt, gjera sin del av arbeidet skikkeleg, og få lik betaling. Kapitalismen har forenkla det ettersynet og kontrollen som trengst for dette til det ytste og skore det ned til uvanleg enkle framgangsmåtar – som kvart einaste lesekunnig menneske kan utføra. Det gjeld å sjå etter og notera ned, å kunna dei fire rekneslaga, og å skriva ut dei kvitteringane som trengst.

[Når dei viktigare funksjonane til staten vert skorne ned til slikt ettersyn og kontroll frå arbeidarane sjølve, vil han ikkje lenger vera ein “politisk stat”, og “dei offentlege funksjonane vil tapa den politiske karakteren sin og verta omgjorde til reine administrative funksjonar” (jf ovanfor, kap. IV, 2, Engels’ samanstøyt med anarkistane).]

Når fleirtalet av folket sjølvstendig og over alt tek til å føra slikt ettersyn og utføra slik kontroll over kapitalistane (som no er gjorde om til tilsette) og over den intellektuelle fiffen som held oppe dei kapitalistiske vanane sine, då vil denne kontrollen verkeleg verta allfemnande, allmenn og uttrykk for folkeviljen. Og det vil ikkje vera mogleg å koma unna han, for det vil ikkje vera “nokon stad å dra”.

Heile samfunnet vil verta eitt kontor og ein einskild fabrikk, med likt arbeid og lik løn.

Men denne “fabrikk”-disiplinen, som proletariatet vil la femna om heile samfunnet etter at det har slege kapitalistane og kasta utbytarane over ende, er på ingen måte idealet og det endelege målet vårt. Det er berre eit naudsynt steg for å reinska heilt ut or samfunnet all vanæra og styggedomen til den kapitalistiske utbytinga, og for vidare framsteg.

Frå den stunda alle samfunnsmedlemene, eller i det minste det digre fleirtalet, har lært å administrera staten sjølve, har teke dette arbeidet i sine eigne hender, har skipa til kontroll over det ringe kapitalistiske mindretalet, over den fiffen som ynskjer å halda oppe dei kapitalistiske vanane sine, og over dei arbeidarane som har vorte heilt utskjemde av kapitalismen – frå denne stunda tek trongen for styresmakter av noko slag til å koma heilt bort. Di meir fullstendig demokratiet er, di nærare kjem den stunda då det ikkje lenger er naudsynt. Di meir demokratisk den staten vert som er sett saman av dei væpna arbeidarane, og som “ikkje lenger er ein stat i rette tydinga av ordet”, di snøggare tek kvar form for stat til å visna bort.

For når alle har lært å administrera, og verkeleg administrerer produksjonen i samfunnet sjølvstendig; fører sjølvstendig ettersyn og kontroll over snyltarane, rikmannssonene, svindlarane og andre “vaktarar av dei kapitalistiske tradisjonane”, då er det nøydd til å verta så utruleg vanskeleg å koma seg unna slikt folkeleg ettersyn og kontroll, slikt eit sjeldan unnatak, og vil truleg verta fylgd av slik rask og streng straff (for dei væpna arbeidarane er praktiske menneske og ikkje sentimentale intellektuelle, og dei vil knapt la nokon få driva ap med seg), at det naudsynte i å halda seg til enkle, grunnleggjande reglar i fellesskapen temmeleg snart vil verta ein vane.

Då vil dei dørene verta opna på vidt gap som fører over frå den fyrste fasen i det kommunistiske samfunnet til den høgare, og med det til at staten visnar fullstendig bort.

KAPITTEL VI

KORLEIS OPPORTUNISTANE VULGARISERER MARXISMEN

Samfunnsspørsmålet om kva tilhøve staten står i til revolusjonen og kva tilhøve samfunnsrevolusjonen står i ti1 staten vart i svært liten mon teke opp av dei leiande teoretikarane og skribentane i Den andre internasjonalen (1889-1914), liksom spørsmålet om revolusjonen allment. Det mest særmerkte med den gradvise framveksten av opportunismen som førte til at Den andre internasjonalen braut saman i 1914, er den kjensgjerninga at jamvel når desse menneska vart stilte beint andsynes spørsmålet, freista dei gå utanom det, eller dei oversåg det.

Allment kan det seiast at unnaviking for spørsmålet om kva tilhøve den proletariske revolusjonen står i til staten – ei unnaviking som tente og fostra opportunisme – førte til renging av marxismen og fullstendig vulgarisering av han.

For å karakterisera denne grøtelege prosessen, jamvel om det berre vert kort, skal vi ta for oss dei mest framståande teoretikarane i marxismen, Plekhanov og Kautsky.

PLEKHANOVS SAMANSTØYT MED ANARKISTANE

Plekhanov skreiv eit særskilt hefte om tilhøvet mellom anarkistar og sosialistar. Det fekk tittelen Anarkisme og sosialisme, og vart prenta på tysk i 1894.

Plekhanov makta å ta opp dette emnet på ein slik måte at han gjekk fullstendig utanom det mest påtrengjande, brennande og politisk mest grunnleggjande spørsmålet i striden mot anarkismen: nemleg spørsmålet om kva tilhøve revolusjonen står i til staten, og spørsmålet om staten allment. Heftet hans fell i to klårt skilde delar. Den eine er historisk og litterær, og inneheld verdefullt materiale om historia til ideane til Stirner, Proudhon og andre. Den andre er spissborgarleg, og inneheld ei klossut utgreiing over temaet at ein anarkist ikkje let seg skilja frå ein banditt.

Det er ei svært fornøyeleg samanstilling av emne, og svært karakteristisk for alt Plekhanov hadde føre seg i tida nett før revolusjonen og gjennom den revolusjonære perioden i Russland. I røynda avslørte Plekhanov seg i åra frå 1905 til 1917 som halvveges doktrinær Doktrinær – Nokon som held seg strengt og firkantet til læresetningane, dogmatikar.] og halvveges spissborgar, og politisk hang han i kjølvatnet etter borgarskapet.

Vi har sett korleis Marx og Engels forklåra synet sitt på tilhøvet mellom revolusjonen og staten så utførleg som det berre går an i polemikken sin med anarkistane I føreordet frå 1891 til Kritikk av Gotha-programmet av Marx, skreiv Engels at “vi” – det vil seia Engels og Marx – “låg på denne tida, knapt to år etter Haag-kongressen til (den fyrste) Internasjonalen ”note25_tilbake">25) (note 25) i ofseleg strid med Bakunin og anarkistane hans".

Anarkistane hadde freista gjera krav på Paris-kommunen som sin “eigen”, så å seia, som ei stadfesting på læra si. Dei misforstod fullstendig lærdomane frå han og den analysen Marx gav av desse lærdomane Anarkismen har ikkje gjeve noko som i det heile kjem opp imot eit sant svar på det konkrete politiske spørsmålet: Må den gamle statsmaskinen knusast? Og kva skal koma i staden for han?

Men å tala om “anarkisme og sosialisme” og samstundes gå heilt utanom spørsmålet om staten og sjå bort ifrå heile utviklinga i marxismen før og etter Kommunen, det er nøydd til å vera det same som å skli rett inn i opportunismen. For det opportunismen treng mest av alt, er at dei to spørsmåla som nett vart nemnde ikkje vert tekne opp i det heile. Det er i seg sjølv ein siger for opportunismen.

KAUTSKYS SAMANSTØYT MED OPPORTUNISTANE

Ein langt større del av verka til Kautsky har tvillaust vorte omsette til russisk enn til noko anna språk. Det er ikkje utan grunn at sume tyske sosialdemokratar seier for spøk at Kautsky er meir lesen i Russland enn i Tyskland. (La oss i parentes seia at denne spøken har ei langt djupare historisk meining enn dei som fyrst kom med han tenkjer seg. I 1905 sette dei russiske arbeidarane eit uvanleg sterkt og eineståande krav etter dei beste verka i den beste sosialdemokratiske verdslitteraturen. Dei fekk då så mange omsetjingar og utgåver av desse verka at inkje land hadde sett maken. Dette så å seia planta dei store og rike røynslene frå eit meir framskride granneland snøgt over i den unge jordbotnen til den proletariske rørsla vår.)

Ved sida av populærframstillingane av marxismen, er Kautsky særleg godt kjent her til lands for samanstøyten med opportunistane, med Bernstein i brodden. Men det er ei kjensgjerning som er nesten ukjend, og som vi ikkje kan oversjå om vi set oss føre å undersøkja korleis Kautsky gjekk seg ut i hengemyra av utruleg, skammeleg forvirring og forsvar for sosialsjåvinismen i storkrisa 1914-15. Det er at kort tid før han gjekk ut imot dei mest framståande representantane for opportunismen i Frankrike (Millerand og Jaurès) og Tyskland (Bernstein), la Kautsky sjølv ein svært solid del vakling for dagen. Det marxistiske tidsskriftet Zarja 26) (note 26) som kom ut i Stuttgart i 1901-02 og stod for revolusjonært proletariske synspunkt, vart nøydd til å gå ut i polemikk med Kautsky, og kalla den fråsegna han gjorde framlegg om på den internasjonale sosialistkongressen i Paris i 1902 27 (note27) for ei “kautsjukfråsegn” [_ Kautsjuk_ – (Elastisk) gummimasse.], fordi ho var halvhjarta, unnavikande og full av forsoning andsynes opportunistane. Dei breva frå Kautsky som er offentleggjorde på tysk ber ikkje mindre bod om kor tvikande han var før han gjekk ope ut imot Bernstein.

Men det som utan samanlikning er viktigare, er at når vi studerer historia om dei siste svika Kautsky har gjort mot marxismen, vil vi nett i polemikken hans med opportunistane, i måten han stiller spørsmålet på og fører det vidare, finna det systematiske avviket hans i retning av opportunismen nett på spørsmålet om staten.

La oss ta det fyrste viktige verket til Kautsky mot opportunismen, Bernstein og det sosialdemokratiske programmet. Kautsky viser her Bernstein grundig attende, Men noko er særmerkt her.

I den illgjetne boka Føresetnadene for sosialismen, klagar Bernstein marxismen for “blanquisme” (eit klagemål som sidan er teke opp att tusenvis av gonger av opportunistane og det liberale borgarskapet i Russland mot dei revolusjonære marxistane, bolsjevikane). I det høvet er Bernstein særleg oppteken av Borgarkrigen i Frankrike av Marx. Han freistar, som vi har sett utan nemnande hell, å påvisa at Marx hadde same synet på lærdomane frå Kommunen som Proudhon. Bernstein tek særleg for seg den slutninga Marx la vekt på i føreordet frå 1872 til Det kommunistiske manifestet, nemleg at “arbeidarklassen kan ikkje berre rett og slett ta hand om det ferdige statsapparatet og bruka det for sitt eige føremål”.

Denne utsegna gjorde Bernstein så “nøgd” at han nytta ho ikkje mindre enn tre gonger i boka si, og tolka ho på det mest rengde og opportunistiske viset.

Som vi har sett, meinte Marx at arbeidarklassen må knusa, bryta sund og splintra (Engels nytta dette uttrykket – Sprengung) heile statsapparatet. Men etter det Bernstein seier verkar det som om Marx med desse orda åtvarar arbeidarklassen mot ein overdriven revolusjonær eldhug når dei tek makta.

Ei grovare og meir styggjeleg renging av det Marx meinte kan ein ikkje tenkja seg.

Korleis gjekk så Kautsky fram når han viste bernsteinismen attende så svært grundig?

Han let vera å analysera kor djupt den opportunistiske renginga av marxismen gjekk på dette punktet. Han viste til det avsnittet vi har sitert ovanfor frå føreordet Engels skreiv til Borgarkrigen av Marx. Og han sa at i fylgje Marx kan ikkje arbeidarklassen berre rett og slett ta over det ferdige statsapparatet, men han kan allment sett ta det over – og det var det heile. Kautsky sa ikkje eitt ord om at Bernstein tilla Marx det stikk motsette av det Marx retteleg meinte, at etter 1852 hadde Marx formulert oppgåva til den proletariske revolusjonen som den å “knusa” statsmaskinen.

Fylgja vart at Kautsky sløra til det mest grunnleggjande skiljet mellom marxismen og opportunismen når det gjeld oppgåvene til den proletariske revolusjonen.

“Vi kan trygt overlata løysinga på spørsmålet om proletardiktaturet til framtida,” skreiv Kautsky “mot” Bernstein. (s. 172, tysk utgåve)

Dette er ikkje ein polemikk mot Bernstein, men i grunnen ei innrømming til han, å gje seg over til opportunismen. For nett no er det ikkje noko opportunistane heller vil enn å “trygt overlata til framtida” alle grunnleggjande spørsmål om oppgåvene til den proletariske revolusjonen.

Frå 1852 til 1891, eller i 40 år, gjorde Marx og Engels det klårt for proletariatet at det må knusa statsmaskinen. I 1899 vart Kautsky stilt andsynes det gjennomførte sviket frå opportunistane mot marxismen på dette punktet. Men då bytta han like fullt på falsknarvis ut spørsmålet om det er naudsynt å knusa denne maskinen med spørsmålet om dei konkrete formene dette skulle gå føre seg i. Så søkte han livd bak denne “udiskutable” (og ufruktbare) spissborgarsanninga at vi ikkje kan vita noko om konkrete former på førehand!!

Eit hav skil haldningane til Marx og Kautsky andsynes oppgåva til det proletariske partiet med å førebu arbeidarklassen på revolusjonen.

La oss to det neste, meir mogne verket som han og for det meste vigde til å visa attende dei opportunistiske mistaka. Det er heftet Samfunnsrevolusjonen.

Der valde forfattaren å ta særskilt for seg emnet “den proletariske revolusjonen” og “det proletarisk styret”. Her la han fram mykje som var svært verde fullt, men han unngjekk spørsmålet om staten. Gjennom heile heftet talar forfattaren om å vinna statsmakta – og ikkje meir. Det vil seia at han har vald ei oppskrift som gjev ei innrømming til opportunistane; for så vidt som han går med på at det går an å vinna makta utan å knusa statsmaskinen. Nett det som Marx i 1872 slo fast var “forelda” i programmet i Det kommunistiske manifestet, det gav Kautsky nytt liv i 1902.

Ein særskilt del av heftet er vigd til “former og våpen for samfunnsrevolusjonen”. Her talar Kautsky om den politiske massestreiken, om borgarkrig, og “maktreiskapane til den moderne storstaten, byråkratiet og hæren hans”. Men han seier ikkje eitt ord om det som Kommunen alt har lært arbeidarane. Tydelegvis var det ikkje utan grunn Engels sende ut ei åtvaring, særleg til dei tyske sosialistane, mot “overtruisk vyrdnad” for staten.

Kautsky tek for seg saka på fylgjande vis: Det sigrande proletariatet “vil setja i verk det demokratiske programmet”, og han går vidare til å forma ut programmet Men han seier ikkje eitt ord om det nye materialet 1871 skaffa fram, om korleis det borgarlege demokratiet skal bytast ut med det proletariske demokratiet. Kautsky gjer seg ferdig med spørsmålet ved å nytta slike “imponerande” banalitetar som:

“Like fullt seier det seg sjølv at vi ikkje vil vinna overherredømet under dei vilkåra som rår no. Revolusjonen sjølv føreset lange og djuptgripande stridar som i seg sjølve vil endra den politiske og sosiale strukturen vi har no.”

Utan tvil “seier dette seg sjølv”, på same måten som at hesten et havre eller at Volga renn ut i Kaspihavet. Det er berre synd at ein tom og bombastisk frase om “djuptgripande” stridar vert nytta for å unngå eit livsviktig spørsmål for det revolusjonære proletariatet, nemlig kva det er som gjer deira revolusjon “djuptgripande” i høve til staten, til demokratiet, til skilnad frå tidlegare ikkje-proletariske revolusjonar.

Ved å unngå dette spørsmålet gjev Kautsky i praksis ei innrømming til opportunismen på dette heilt grunnleggjande punktet, jamvel om han i ord lyser hardsett krig mot opportunismen og legg vekt på kor viktig “ideen om revolusjonen” er (kor mykje er denne “ideen” verd når ein er redd for å spreia dei konkrete lærdomane om revolusjonen til arbeidarane?). Eller han seier “revolusjonær idealisme framfor alt anna” og kunngjer at dei engelske arbeidarane no “knapt er meir enn småborgarar”.

“I det sosialistiske samfunnet,” skriv Kautsky, kan svært ulike former for føretak – byråkratiske (??), samyrkeføretak, fagforeinings- og private føretak … eksistera side om side. Det finst t.d føretak som ikkje kan klara seg utan ein byråkratisk (??) organisasjon, slik som jernbanane. Her kan den demokratiske organiseringa få fylgjande form: Arbeidarane vel utsendingar til ei slag folkeforsamling, som set fast arbeidstilhøva og rettleier leiinga for byråkratapparatet. Andre føretak kan fagforeiningane få styringsretten over, og andre alt kan drivast kooperativt."

Denne drøftinga er villfaren. Ho er eit steg attende jamført med dei forklaringane Marx og Engels gav i syttiåra, då dei nytta lærdomane frå Kommunen som døme.

Når det gjeld den " byråkratiske" organiseringa Kautsky trur er naudsynt, er det ingen skilnad mellom ein jernbane og kva som helst anna storføretak i maskinindustrien, kva som helst fabrikk, stor produksjonshall eller kapitalistisk storføretak i landbruket. Teknikken i alle desse føretaka gjer det vilkårslaust naudsynt at disiplinen er streng og at kvar og ein gjer den oppgåva han har fått tildelt så noggrant som råd, for elles kan heile føretaket gå i stå eller maskineriet eller dei ferdige produkta kan verta skada. I alle desse føretaka vil arbeidarane sjølvsagt “velja utsendingar til ei slag folkeforsamling”.

Heile poenget er berre at denne “slags folkeforsamling” ikkje vil verta ei folkeforsamling i same forstand som eit borgarleg parlamentarisk organ. Heile poenget er at denne “slags folkeforsamling” ikkje berre vil “setja fast arbeidstilhøva og føra oppsyn med leiinga for byråkratapparatet”, slik Kautsky, som ikkje maktar tenkja ut over grensene for den borgarlege parlamentarismen, tenkjer seg. I det sosialistiske samfunnet vil den “slags folkeforsamling” som er sett saman av arbeidarutsendingar sjølvsagt " setja fast arbeidstilhøva og føra oppsyn med leiinga for “apparatet”, men dette apparatet vil ikkje vera “byråkratisk”. Etter at arbeidarane har vunne den a politiske makta vil dei knusa det gamle byråkratapparatet, slå det i småbitar heilt ned til grunnmurane og jamna det med jorda. Så vil dei setja eit nytt der i staden. Det vil vera samansett av nett dei same arbeidarane og av andre funksjonærar. Og for at ikkje dei skal verta omgjorde til byråkratar vil dei tiltaka straks bli sette i verk som Marx og Engels føreskreiv i detalj: 1) Ikkje berre val, men og tilbakekalling til kvar: tid. 2) Ikkje betaling ut over arbeidarløn. 3) Det skal straks innførast kontroll og ettersyn frå alle, slik at alle kan verta “byråkratar” for ei tid, og at ingen difor kan greia å verta ein " byråkrat".

Kautsky har ikkje tenkt over orda til Marx i det heile: “Kommunen var eit arbeidande, ikkje eit parlamentarisk organ, det var utøvande og lovgjevande på ein gong.”

Kautsky har ikkje i det heile skjøna skilnaden mellom borgarleg parlamentarisme, som kombinerer demokrati (ikkje for folket) med byråkrati (mot folket), og proletarisk demokrati, som straks vil ta steg for å skjera ned byråkratiet til røtene, og vil verta i stand til å gjennomføra desse tiltaka til endes heilt til byråkratiet er avskaffa heilt ut og fullstendig demokrati for folket er innført.

Kautsky berrlegg her den same gamle “overtruiske vyrdnaden” for staten og den “overtruiske tiltrua” til byråkratiet.

La oss no gå over til det siste og beste av dei verka Kautsky skreiv mot opportunistane, heftet Vegen til makta (som så vidt eg veit ikkje er utgjeven på russisk, med di ho kom i 1909, medan reaksjonen stod på sitt høgste i landet vårt). Dette heftet er eit langt steg framover, sidan han ikkje tek for seg det revolusjonære programmet allment, slik heftet mot Bernstein i 1899 gjorde. Heller ikkje tek han for seg oppgåvene for samfunnsrevolusjonen utan omsyn til kva tid han kjem, slik som i heftet frå 1902, Samfunnsrevolusjonen. Det han tek for seg, er dei konkrete vilkåra som tvingar oss til å innsjå at “tidbolken til revolusjonane” er i emning.

Forfattaren peikar klårt og tydeleg på at klassemotsetningane kvesser seg til allment, og på imperialismen, som spelar ei særleg viktig rolle i den samanhengen. Etter “den revolusjonære perioden frå 1789 til 1871” i Vest-Europa, seier han, tok ein tilsvarande periode til i aust i 1905. Ein verdskrig kjem skremmande snøgt nærare. “Det (proletariatet) kan ikkje lenger tala om ein umogen revolusjon.” “Vi har gått inn i ein revolusjonær periode.” “Den revolusjonære tidbolken er i ferd med å ta til.”

Desse utsegnene er så klåre som dei kan verta. Dette heftet til Kautsky kan tena som mælestav for det dei tyske sosialdemokratane lova å vera før den imperialistiske krigen, og for kor djupt ned dei sokk, medrekna Kautsky sjølv, då krigen tok til. "Slik stoda er no, er det stor fare for at vi (dvs dei tyske sosialdemokratane) lett vil verta sjåande meir “moderate” ut enn vi eigentleg er," skreiv Kautsky i det heftet vi har for oss no. I røynda synte det seg at det tyske sosialdemokratiske partiet var mykje meir moderat og opportunistisk enn det såg ut for!

Dess meir typisk er det at jamvel om Kautsky slo uttrykkjeleg fast at tidbolken til revolusjonane alt hadde teke til, gjekk han endå ein gong beint utanom spørsmålet om staten i det heftet han sjølv sa var vigd til ein analyse av den “politiske revolusjonen”.

Slik unnaviking for spørsmålet, ei såvoren utelating og slik tvitydig tale, var nøydd til å føra fram imot den fulle omsnunaden over til opportunismen som vi no skal to for oss.

Kautsky, talsmann for dei tyske sosialdemokratane, ser ut til å ha gjeve klårt uttrykk for dette: Eg står fast ved revolusjonære syn (1899). Eg sannkjenner framfor alt at samfunnsrevolusjonen til proletariatet ikkje er til å unngå (1902). Eg sannkjenner at ein ny revolusjonær tidbolk er i emning (1909). Like fullt går eg tilbake på det Marx sa så tidleg som 1852, no når spørsmålet om oppgåvene for den proletariske revolusjonen i høve til staten har vorte teke opp (1912).

Det var i denne endeframme forma spørsmålet vart reist i samanstøyten Kautsky hadde med Pannekoek.

KAUTSKYS SAMANSTØYT MED PANNEKOEK

Då Pannekoek gjekk ut imot Kautsky, var det som ein av talsmennene for det “venstreradikale” straumdraget som femnde om Rosa Luxemburg, Karl Radek og andre. Dei gjekk inn for ein revolusjonær taktikk, og stod saman i overtydinga om at Kautsky var på veg over til “sentrum”, som vakla prinsipplaust mellom marxisme og opportunisme. Krigen prova at dette synet var heilt rett, då dette “sentrums”-straumdraget (som med urette vart kalla marxistisk) eller “kautskyismen” avslørte seg sjølv i all sin fråstøytande stakkarsdom.

I artikkelen “Masseaksjon og revolusjon” (Neue Zeit 1912 bd. XXX, 2) kjem Pannekoek inn på spørsmålet om staten. Han skildrar haldningane til Kautsky som “passiv radikalisme”, som ein “teori for handlingslaus venting”. “Kautsky nektar å sjå den prosessen som revolusjonen er,” skreiv Pannekoek (s. 616). Då han la fram saka på den måten, kom Pannekoek inn på det emnet som interesserer oss, nemleg kva oppgåver den proletariske revolusjonen har i høve til staten.

“Striden til proletariatet,” skreiv han, “er ikkje berre ein strid mot borgarskapet for statsmakta, men ein kamp mot statsmakta. Innhaldet i denne (den proletariske) revolusjonen er å øydeleggja og løysa opp (Auflösung) maktreiskapane til staten med hjelp av maktreiskapane til proletariatet. Kampen vil ta slutt fyrst når statsskipnaden som fylgje av dette er heilt øydelagt. Samskipnaden til fleirtalet vil då ha synt at han er overlegen ved å knusa samskipnaden til det herskande mindretalet.” (s. 548)

Den utforminga Pannekoek gjev tankane sine lir av alvorlege veikskapar. Men likevel er meininga klår, og det er interessant å leggja merke til korleis Kautsky slost mot dei.

“Fram til no,” skreiv han, “har motstriden mellom sosialdemokratane og anarkistane vore at dei fyrste ynskte å vinna statsmakta, medan dei siste ynskte å knusa henne. Pannekoek ynskjer å gjera båe delar.” (s. 724)

Jamvel om forklåringa til Pannekoek er lite presis og konkret – for ikkje å snakka om andre manglar i artikkelen hans, som ikkje har noko å seia for emnet vårt – greip Kautsky rett tak i det prinsipp-punktet som Pannekoek reiste. Og på dette grunnleggjande prinsipp-punktet gav Kautsky fullstendig slepp på det marxistiske standpunktet og gjekk heilt over til opportunismen. Definisjonen hans av kva som skil sosialdemokratane frå anarkistane er tvers igjennom urett. Han vulgariserer og rengjer marxismen fullstendig.

Det som skil marxistane frå anarkistane er dette: 1) Marxistane siktar mot å avskaffa staten heilt ut. Men dei sannkjenner at dette målet fyrst kan nåast etter at klassane har vorte avskaffa av den sosialistiske revolusjonen, som fylgje av at sosialismen er innført, og det vil føra til at staten vil visna bort. Anarkistane ynskjer å avskaffa staten fullt ut over natta, og skjønar ikkje dei vilkåra som må til for at staten kan avskaffast. 2) Marxistane sannkjenner at etter at proletariatet har vunne den politiske makta, må det knusa den gamle statsmaskinen fullstendig og i staden setja opp ei ny, som er sett i hop av ein samskipnad av dei væpna arbeidarane, etter modell av Kommunen. Anarkistane sver rettnok til at statsmaskinen må øydeleggjast, men dei har ei svært uklår førestelling om kva proletariatet skal setja i staden og korleis det skal nytta den revolusjonære makta si. Anarkistane forkastar jamvel at det revolusjonære proletariatet skal nytta seg av statsmakta. Dei avviser det revolusjonære diktaturet til proletariatet. 3) Marxistane krev at proletariatet skal verta førebudde på revolusjonen ved at den noverande staten vert nytta ut. Anarkistane avviser dette.

I denne polemikken er det ikkje Kautsky, men Pannekoek som står for marxismen. For det var Marx som lærte oss at proletariatet ikkje rett og slett kan vinna statsmakta på den måten at den gamle statsmaskinen går over i nye hender. Proletariatet må knusa dette apparatet, bryta det sund og bytta det ut med eit nytt.

Kautsky går frå marxismen og går over til opportunistane. For denne øydelegginga av statsmaskinen, som opportunistane slett ikkje kan godta, kjem heilt bort hjå han. Og han gjev dei eit smotthol med di “å vinna” kan tolkast som beint fram å få fleirtalet.

For å dekkja til denne renginga av marxismen ber Kautsky seg åt som ein læretru: Han legg fram eit “sitat” frå Marx sjølv. I 1850 skreiv Marx at ei “fast sentralisering av makta i hendene på statsautoriteten” var naudsynt, og Kautsky spør triumferande: Ynskjer Pannekoek å øydeleggja “sentralismen”?

Men dette er rett og slett eit knep, på same måten som når Bernstein set liketeikn mellom marxismen og proudhonismen i synet på føderalismen i motsetning til sentralismen.

“Sitatet” til Kautsky høyrer ingen stad heime. Sentralisme er mogleg både med den gamle og den nye statsmaskinen. Dersom arbeidarane friviljug sameinar dei væpna styrkane sine vil det vera sentralisme. Men han vil grunna seg på den “fullstendige øydelegginga” av det sentraliserte statsapparatet – den ståande hæren, politiet og byråkratiet. Kautsky ber seg beint fram åt som ein svindlar når han går i stor krok utanom dei svært velkjende synspunkta til Marx og Engels om Kommunen, og plukkar seg ut eit sitat som ikkje har noko å gjera med det spørsmålet gjeld.

“Kan hende han (Pannekoek) ynskjer å avskaffa stats oppgåvene til tenestemennene?” held Kautsky fram. “Men ikkje eingong i partiet og fagforeiningane kan vi greia oss utan tenestemenn, og slett ikkje i statsadministrasjonen. Og programmet vårt krev ikkje at statstenestemennene skal avskaffast, men at dei skal veljast av folket … Her diskuterer vi ikkje kva form forvaltningsapparatet til framtidsstaten vil få, men om den politiske striden vår oppløysar (auflöst) statsmakta før vi har teke ho (utheva av Kautsky). Kva for eit departement med tenestemennene sine kan oppløysast?” Så vert undervisnings-, justis-, finans og krigsdepartementet rekna opp. "Nei, ikkje eitt av dei departementa vi har no vil verta fjerna gjennom den politiske kampen vår mot regjeringa … Eg tek det opp att for å førebyggja misforståingar: Her talar vi ikkje om kva skapnad “framtidsstaten” vil få av dei sigrande sosialdemokratane, men om korleis motstanden vår kan verka inn på forma til den staten vi har no." (s.725)

Dette er eit klårt knep. Pannekoek tok opp spørsmålet om revolusjon. Både tittelen på artikkelen hans og det avsnittet vi har gjeve att ovanfor gjer dette klårt. Med å hoppa over til spørsmålet om “motstand” byter Kautsky det revolusjonære synspunktet ut med det opportunistiske. Det han seier tyder: No er vi i opposisjon. Kva vi skal vera etter at vi har teke makta, det får vi sjå. Revolusjonen har kome bort! Og det var nett det opportunistane ynskte.

Det spørsmålet gjeld er korkje opposisjon eller politisk kamp allment, men revolusjon. Revolusjon går ut på at proletariatet øydelegg “administrasjonsapparatet” og heile statsmaskinen og byter det ut med ei ny, som er samansett av dei væpna arbeidarane. Kautsky gjev til syne ein “overtruisk vyrdnad” for “departementa”. Men kvifor kan ikkje dei bytast ut med nemnder av fagfolk som arbeider under suverene, allmektige sovjet av arbeidar- og soldatutsendingar?

Det det gjeld er i det heile ikkje om “departementa” vil halda fram, eller om “nemnder av fagfolk” eller organ av anna slag vil verta skipa. Det er temmeleg uviktig. Det det gjeld, er om den gamle statsmaskinen (som er bunde med tusen trådar til borgarskapet og heilt ut gjennomsyra av rutine og stillstand) skal vara ved, eller om han skal øydeleggjast og bytast ut med ein ny. Revolusjon går ikkje ut på at den nye klassen kommanderer og styrer med hjelp av den gamle statsmaskinen, men at denne klassen knuser denne maskinen og kommanderer og styrer med hjelp av ein ny maskin. Kautsky tilslørar denne grunnleggjande tanken i marxismen, eller han skjønar han ikkje i det heile.

Spørsmålet hans om tenestemenn syner klårt at han ikkje skjønar lærdomane frå Kommunen eller læra til Marx. “Ikkje ein gong i partiet og fagforeiningane kan vi greia oss utan tenestemenn …”

Vi kan ikkje greia oss utan tenestemenn under kapitalismen, under herredømet til borgarskapet. Proletariatet er undertrykt, det arbeidande folket vert trælka av kapitalismen. Under kapitalismen er demokratiet innskrenka, pressa, skore ned; lemlesta gjennom alle vilkåra i lønsslaveriet, og fattigdomen og elendet til folket. Dette og berre dette er årsaka til at funksjonærane til dei politiske organisasjonane og fagforeiningane våre er utskjemde – eller rettare har tendensar til å verta utskjemde – av vilkåra i kapitalismen og avslører ein tendens til å verta byråkratar, dvs personar med særrettar som er skilde frå folket og står over folket.

Dette er kjernen i byråkratiet. Og inntil kapitalistane har vorte oreigna og borgarskapet styrta, vil jamvel proletariske funksjonærar vera nøydde til å verta “byråkratiserte” til ein viss mon.

Ettersom valde funksjonærar kjem til å finnast under sosialismen, kjem tenestemenn og byråkrati til å gjera det og, i fylgje Kautsky! Det er nett her han tek i miss. Marx viste til Kommunen sitt døme, og synte at under sosialismen kjem funksjonærar til å slutta å vera “byråkratar” og “tenestemenn”. I tillegg til prinsippet om å velja tenestemenn, kjem dei til å slutta å vera byråkratar i same høve som prinsippet om tilbakekalling vert innført og, som løner vert skore ned til same lønsnivået som vanlege arbeidsfolk har, og som “arbeidande organ som er utøvande og lovgjevande på ein gong” vert sette i staden for parlamentariske institusjonar.

I røynda er heile argumentasjonen Kautsky nyttar mot Pannekoek, og særleg det herlege punktet hans om at vi ikkje kan greia oss utan tenestemenn jamvel i partiet vårt og i fagforeiningane, berre ei oppattaking av dei gamle “argumenta” til Bernstein mot marxismen allment. I renegatboka Føresetnadene for sosialismen kjempar Bernstein mot tankane om “primitivt” demokrati og kjempar mot det han kallar “doktrinært demokrati”: Bindande mandat, ubetalte tenestemenn,

makteslause sentrale representasjonsorgan osb. For å prova at dette “primitive” demokratiet er usunt, syner Bernstein til røynslene frå den britiske fagrørsla, slik ekteparet Webb tolka dei? 28) (note 28) Sytti års utvikling “i fullstendig fridom”, seier han (s. 137, tysk utgåve), overtydde fagrørsla om at primitivt demokrati var ubrukande, og dei bytte det ut med vanleg demokrati, dvs parlamentarisme kombinert med byråkrati.

I røynda utvikla ikkje fagrørsla seg “i fullstendig fridom”, men i fullstendig kapitalistisk slaveri. Der seier det seg sjølv at “ein kan ikkje koma utanom” ei rekkje vedgåingar til den rådande vondskapen, valden, lygnferda og utestenginga av dei fattige frå saker som gjeld “høgare” administrasjon. Under sosialismen er mykje av det “primitive” demokratiet nøydd til å verta vekt til live att, sidan massane av folkesetnaden for fyrste gong i soga til det siviliserte samfunnet vil stiga fram for å spela ei sjølvstendig rolle, ikkje berre i røysting og val, men og i den daglege administrasjonen av staten. Under sosialismen vil alle regjera etter tur, og vil snart verta vane med at ingen regjerer.

I dei praktiske åtgjerdene til Kommunen såg Marx med sitt kritisk-analytiske geni det vendepunktet som opportunistane reddast og ikkje ynskjer å sannkjenna av di dei er feige, av di dei ikkje ynskjer å bryta atterhaldslaust med borgarskapet. Anarkistane ynskjer ikkje å sjå det anten av di dei har det travelt, eller av di dei i det heile ikkje skjønar vilkåra for store omskiftingar i samfunnet. “Vi må ikkje ein gong tenkja på å øydeleggja den gamle statsmaskinen. Korleis kan vi greia oss utan departement og tenestemenn?” Slik argumenterer opportunisten, som er heilt ut metta med spissborgarskap, som når alt kjem til alt ikkje berre ikkje trur på revolusjonen, på skaparkrafta til revolusjonen, men som er livande redd for han (liksom våre mensjevikar og sosialrevolusjonære).

“Vi må berre tenkja på å øydeleggja den gamle statsmaskinen. Det har ingenting for seg å trengja inn i dei konkrete lærdomane frå tidlegare proletariske revolusjonar og analysera kva som skal setjast i staden for det øydelagde, og korleis.” Slik argumenterer anarkisten (dei beste anarkistane, sjølvsagt, og ikkje dei som fylgjer slike som Kropotkin & co og trakkar i hælane på borgarskapet). Taktikken til anarkistane vert fylgjeleg ein fortvilingstaktikk, i staden for ein omsynslaust djerv revolusjonær freistnad på å løysa konkrete problem til same tid som dei praktiske vilkåra for masserørsla vert innrekna.

Marx lærer oss å unngå båe feila. Han lærer oss å gå fram med grenselaus djervskap for å øydeleggja heile den gamle statsmaskinen, og til same tid lærer han oss korleis vi skal stilla spørsmålet konkret: Kommunen makta innan eit tidsspenn på få veker å ta til å byggja ein ny proletarisk statsmaskin ved å innføra dei og dei åtgjerdene for å syta for meir vidfemnande demokrati og rykkja opp byråkratiet med rota. La oss læra revolusjonær djervskap frå kommunardane. La oss i deira praktiske åtgjerder sjå konturane av verkeleg påtvingande åtgjerder som er moglege med ein gong. Og så, når vi fylgjer denne vegen, skal vi greia å øydeleggja byråkratiet heilt ut.

At denne øydelegginga er mogleg, vert garantert av at sosialismen vil korta inn arbeidsdagen, lyfta opp folket til eit nytt liv, og skapa slike vilkår for fleirtalet av folkesetnaden at alle utan unntak vil verta i stand til å utføra “statsfunksjonar”. Og dette vil føra til at kvar form av staten allment sett vil visna fullstendig bort.

“Føremålet med han (med massestreiken),” held Kautsky fram, “kan ikkje vera å øydeleggja statsmakta. Einaste føremålet med han må vera å gjera ei regjering mjuk på eit særskilt spørsmål, eller å byta ut ei regjering som er fiendtleg mot proletariatet med ei som er viljug til å koma det i møtes på halvvegen (entgegenkommende) … Men dette (dvs ein siger for proletariatet over ei fiendtleg regjering) kan ikkje og kan aldri føra til at statsmakta vert øydelagt. Det kan berre føra til ei viss forskuving av makttilhøva innanfor statsmakta … Og målet for den politiske kampen vår vert verande som før: Å vinna statsmakta gjennom å vinna fleirtalet i nasjonalforsamlinga og heva nasjonalforsamlinga opp til herre over regjeringa.” (s. 726, 727, 732)

Dette er ingenting anna enn rein og simpel opportunisme. Det er å nekta for revolusjonen i gjerning medan ein vedkjenner seg til han i ord. Tankane til Kautsky går ikkje lenger enn til ei “regjering som er viljug til å koma proletariatet til møtes på halvvegen” – eit steg attende til spissborgarskap jamført med 1847, då Det kommunistiske manifestet kunngjorde “organiseringa av proletariatet som herskarklasse”.

Kautsky vert nøydd til å nå fram til den kjære “einskapen” sin med slike som Scheidemann, Plekhanov og Vandervelde. Alle dei er samde om å kjempa for ei regjering “som er viljug til å koma proletariatet til møtes på halvvegen”.

Men vi skal bryta med desse svikarane mot sosialismen, og vi skal kjempa for å øydeleggja den gamle statsmaskinen heilt ut, slik at det væpna proletariatet sjølv kan verta regjering. Dette er to heilt ulike ting.

Kautsky vert nøydd til å hyggja seg i lag med slike som Legien og David, Plekhanov, Potresov, Tsereteli og Tsjernov. Dei er heilt viljuge til å arbeida for at “maktbalansen innan statsmakta skal skuva på seg”, og “heva nasjonalforsamlinga opp til herre over regjeringa”. Ei særs verdig målsetjing, som opportunistane kan godta fullt ut, og som held alt innanfor grensene til den borgarlege parlamentariske republikken.

Men vi skal bryta med opportunistane. Og heile det klassemedvitne proletariatet vil vera med oss i kampen – ikkje for å “skuva på maktbalansen”, men for å kasta over ende borgarskapet, å øydeleggja den borgarlege parlamentarismen, for ein demokratisk republikk av same type som Kommunen, eller ein republikk av sovjet av arbeidar- og soldatutsendingar, for det revolusjonære proletardiktaturet.

Til høgre for Kautsky i den internasjonale sosialismen er det slike straumdrag som Sozialistische Monatshefte 29) (note 29) i Tyskland (Legien, David, Kolb og mange andre, medrekna skandinavane Stauning og Branting); dei som fylgjer Jaurès og Vandervelde i Frankrike og Belgia; Turati, Treves og andre på høgresida i det italienske partiet; fabianarane og “Dei uavhengige” (Det uavhengige arbeidarpartiet – Independent Labour Party 30) (note 30)), som i røynda alltid har vore avhengig av dei liberale i Storbritannia; osfr. Dette herskapet spelar ei uhyre stor og svært ofte dominerande rolle i det parlamentariske arbeidet og i pressa til partia sine. Og dei avviser beint ut proletardiktaturet og fylgjer ein politikk med utilsløra opportunisme. I augo til dette herskapet står proletar"diktaturet" i “motseiing” til demokratiet!! I røynda er det ikkje noko vesentleg skilje mellom dei og dei småborgarlege demokratane.

Når vi tek omsyn til desse omstenda, har vi rett til å dra den slutninga at Den andre internasjonalen, dvs det overveldande fleirtalet av dei offisielle representantane for han, har sokke fullstendig ned i opportunismen. Røynsla frå Kommunen har ikkje berre vorte oversedde, men rengde. Det er langt ifrå at dei har prenta inn i arbeidarane at den tida kjem nærare då dei må gå til handling for å knusa den gamle statsmaskinen, setja inn ein ny i staden, og på den måten gjera det politiske herredømet sitt til grunnlag for den sosialistiske omskipinga av samfunnet. I røynda har dei fortalt massane det beint motsette, og dei har framstilt “det å vinna makta” på ein slik måte at det opna tusenvis av smotthol for opportunismen.

I dag rår statar over eit militærapparat som er styrkt som fylgje av den imperialistiske rivaliseringa. Dei har vorte krigsuhyre som utslettar millionar av menneske for å avgjera spørsmålet om det er Storbritannia eller Tyskland – den eller hin finanskapitalen – som skal rå over verda. I ei slik tid kan det ikkje anna enn spela ei umåteleg stor rolle at spørsmålet om kva tilhøve proletarrevolusjonen står i til staten, vert rengd og hysja ned.

[Manuskriptet held fram slik:]

KAPITTEL VII

YNSLA FRÅ DEI RUSSISKE REVOLUSJONANE I 1905 OG 1917

Det temaet som er nemnt i overskrifta til dette kapitlet er så vidfemnande at det burde og skulle vore skrive fleire band om det. I dette heftet må vi rimeleg nok avgrensa oss til dei viktigaste lærdomane som røynsla gjev, dei som har direkte tilknyting til oppgåvene for proletariatet i revolusjonen når det gjeld statsmakta.

[Her tek manuskriptet slutt. – Red.]

ETTERSKRIFT TIL FYRSTE UTGÅVA

Dette heftet vart skrive i august og september 1917. Eg hadde alt sett opp planen for det neste, sjuande kapitlet, “Røynsla frå dei russiske revolusjonane i 1905 og 1917”. Men ut over overskrifta fekk eg ikkje tid til å skriva ei einaste line på dette kapitlet. Eg vart “avbroten” av ei politisk krise – den som leidde opp til oktoberrevolusjonen i 1917. Eit slikt “avbrot” kan vi berre ynskja velkomen, men å skriva andre delen av heftet (“Røynsla frå dei russiske revolusjonane i 1905 og 1917”) må truleg leggjast til sides for lange tider. Det er hyggjelegare og nyttigare å gjennomleva “røynsla frå revolusjonen” enn å skriva om henne.

Petrograd, 30. november 1917

Forfattaren

NOTER

1)Lenin skreiv Staten og revolusjonen medan han låg i dekning i august og september 1917.Fyrste gong han tok opp att det var naudsynt å utdjupa spørsmålet om staten teoretisk, var i siste del av 1916. Då skreiv han notatet Ungdomsinternasjonalen, der han kritiserte det umarxistiske synet Bukharin hadde på spørsmålet om staten og lova å skriva ein utfyllande artikkel om det marxistiske synet på staten. (Sjå Lenin: Samla verk, engelsk utgåve 1964, band 23, s. 163-166.) 17. februar skreiv Lenin til Alexandra Kollontay at han var nesten ferdig med å leggja til rette eit materiale om det marxistiske synet på staten. Dette materialet var handskrive i ei lita skrivebok og hadde tittelen Marxismen og staten. Ho inneheldt eit utval av Marx og Engels og utdrag frå bøker av Kautsky, Pannekoek og Bernstein med kritiske merknader, slutningar og oppsummeringar av Lenin. tilbake

2) Fabianarane – medlemar av Det fabianske selskapet (The Fabian Society), ein britisk reformistisk og opportunistisk organisasjon grunnlagd i 1884. Medlemene var for det meste borgarlege intellektuelle – vitskapsmenn, forfattarar, politikarar (som t.d S og B Webb, Bernhard Shaw, R MacDonald og andre). Fabianarane nekta for at proletarisk klassekamp og den sosialistiske revolusjonen var naudsynt, og hevda at overgangen frå kapitalismen til sosialismen berre var mogeleg gjennom små reformer og ei gradvis omdanning av samfunnet. I 1900 gjekk Det fabianske selskapet inn i Det britiske arbeidarpartiet. Lenin har karakterisert fabianarane i artikkelen “Britisk pasifisme og britisk avsmak for teori” (1915). (Se Lenin: Samla verk, engelsk utgåve 1974, band 21, s. 260-265.) tilbake

3) Ætte- eller stammeskipnad av samfunnet – urkommunismen eller den første sosiale og økonomiske formasjonen i historia. Stammesamfunnet var eit samfunn av folk frå same ætt som var bundne saman med økonomiske og sosiale band. Stammesystemet gjekk gjennom den matriarkalske og den patriarkalske perioden. Patriarkatet munna ut i at det primitive samfunnet vart eit klassesamfunn, og staten voks fram. Produksjonstilhøva under urkommunismen bygde på samfunnseige av produksjonsmidla og lik fordeling av alle produkta. Dette samsvara allment til det låge nivået produktivkreftene låg på og til deira karakter på denne tida. tilbake

4) Koalisjonsregjeringa vart skipa 5. mai 1917. I den sat representantar for storborgarskapet saman med t.d mensjevikane Skobeljev og Tsereteli og dei sosialrevolusjonære Tsjernov og Kerenski. tilbake

5) Trettiårskrigen – var til å byrja med eit oppgjer mellom keisaren og ikkje-katolske tyske småfyrstar. Etter kvart blanda dei fleste europeiske statane seg inn. Etter krigen var Tyskland endå sterkare oppsplitta enn før, og føydalfyrstane hadde styrkt stillinga si. Landet var sterkt herja, og folket hadde lide store tap. tilbake

6) Gotha-programmet – programmet til Det sosialistiske arbeidarpartiet i Tyskland, vedteke i 1875 på Gotha-kongressen, der dei to tidlegare skilde tyske sosialistpartia, eisenacherane og lassalleanerane, samla seg. Dette programmet var heilt ut opportunistisk, fordi eisenacherane hadde gjort vedgåingar på alle viktige spørsmål og hadde godteke ordlaga til lassalleanerane. (Sjå Marx: Kritikk av Gotha-programmet (1875).) tilbake

7) Dei svarte hundre – monarkistiske stormtroppar som politiet til tsaren sette opp for å kjempa ned den revolusjonære rørsla. Reaksjonære godseigarar, prestar og halvkriminelle spela ein viktig rolle i organisasjonen, som myrda revolusjonære og progressive intellektuelle og organiserte antijødiske pogromar. tilbake

8) Kadettane – medlemer av Det konstitusjonal-demokratiske partiet. Det var det viktigaste borgarlege partiet i Russland og var talerøyr for det liberale monarkistiske borgarskapet. Det vart skipa i oktober 1905. Kadettane sa seg å vera demokratar og kalla seg “partiet for fridom for folket”. Slik freista dei å vinna oppslutning frå bøndene. Målet deira var å halda tsarismen oppe i form av et konstitusjonelt demokrati. Seinare vart kadettane partiet for det imperialistiske borgarskapet. Under den fyrste verdskrigen gjekk kadettane aktivt ut til støtte for tsar-regjeringa sin utanrikspolitikk, som gjekk ut på å annektera område. Då den borgarleg-demokratiske revolusjonen kom i februar 1917, freista dei redda monarkiet. Kadettane hadde ei leiande stilling i den borgarlege provisoriske regjeringa, og dei fylgde ein anti-folkeleg, kontrarevolusjonær politikk som vart godteke av dei britiske, franske og amerikanske imperialistane. Etter at den sosialistiske oktoberrevolusjonen hadde sigra, organiserte kadettane kontrarevolusjonære samansverjingar og oppreistar mot Sovjet-republikken. tilbake

9) Mensjevikane – dei som støtta det småborgarlege, opportunistiske straumdraget innanfor Russlands sosialdemokratiske arbeidarparti (RSDAP) og var reiskapen for borgarleg innverknad mellom arbeidarane. Namnet, som tyder “medlemar av mindretalet”, skriv seg frå Den andre kongressen til RSDAP i 1903, frå vala til dei sentrale organa i partiet som vart haldne på slutten av kongressen. Mensjevikane var i mindretal, medan dei revolusjonære sosialdemokratane leia av Lenin, var i fleirtal (ordet " bolsjevik" tyder “medlem av fleirtalet”). Under revolusjonen 1905-07 var mensjevikane imot at proletariatet skulle ta leiinga i revolusjonen, dei var imot forbundet mellom arbeidarklassen og bøndene, dei gjekk inn for ei semje med det liberale borgarskapet og var for at det skulle ha leiinga i revolusjonen. I reaksjonsåra (1907-10) som fylgde etter at revolusjonen var slege ned, forkynte mensjevikane likvidasjonisme, dvs dei ville avskipa det revolusjonære partiet til proletariatet som arbeidde illegalt. tilbake

Under den fyrste imperialistiske verdskrigen fylgde mensjevikane den same lina som dei opportunistiske leiarane i Den andre internasjonalen, som sentristane Kautsky & co. Deira politikk var å taka fråstand frå revolusjonen og stilla inn klassekampen under krigen for ikkje å hindra “deira” regjering i å taka del i den imperialistiske krigen.

Den borgarleg-demokratiske februarrevolusjonen i 1917 førte til at det vart skipa ei dobbeltmakt i Russland – borgarskapet sitt diktatur gjennom den provisoriske regjeringa, og proletariatets og bøndenes diktatur gjennom sovjeta. Mensjevikane og dei sosialrevolusjonære (sjå note 10) gjekk inn i den provisoriske regjeringa, støtta den imperialistiske politikken ho fylgde og stridde mot den proletariske revolusjonen som heldt på å voksa seg sterk. Innanfor sovjeta fylgde mensjevikane den same politikken med å støtta den provisoriske regjeringa og skilja massane frå den revolusjonære rørsla.

Etter Oktoberrevolusjonen vart mensjevikane eit ope kontrarevolusjonært parti som organiserte og tok del i samansverjingar og oppreistar som hadde som mål å styrta sovjetmakta.

10) Sosialrevolusjonære – medlemer av eit småborgarleg parti som kom til i 1901-02, då einskilde narodnikgrupper og -sirklar slo seg saman (Den sosialrevolusjonære unionen, Partiet for dei sosialrevolusjonære og andre). Dei sosialrevolusjonære skilde ikkje mellom proletariatet og småeigarane, dei sletta over klasseskilnadene mellom bøndene og gjekk imot at proletariatet spelar ei leiande rolle i revolusjonen. Deira synsstader var ei blanding av narodnik-idear og revisjonisme. For å nytta eit uttrykk frå Lenin, så freista dei “å bøta riftene i narodnik-ideane med bitar frå moderne opportunistisk ‘kritikk’ av marxismen”. (Lenin: Sosialismen og bøndene (1905) i Samla verk, engelsk utgåve 1965, band 9, s. 310.)

Bolsjevikpartiet reiv sløret av freistnadene frå dei sosialrevolusjonære på å gøyma seg bak ei sosialistisk maske, og det førte ein fast strid mot dei for å få innverknad mellom bøndene. Bolsjevikane synte at den terroristiske taktikken til dei sosialrevolusjonære var til skade for arbeidarrørsla. Likevel gjekk bolsjevikane, i visse høve, inn i mellombels semjer med dei i striden mot tsarismen. Under den fyrste russiske revolusjonen braut høgrefløya mellom dei sosialrevolusjonære ut og skipa det legale Folkesosialistpartiet som sto nær kadettane (sjå note 8) i politiske synsstader. Venstrefløya skipa det halv-anarkistiske maximilistforbundet. I perioden med Stolypin-reaksjonen forfall det sosialrevolusjonære partiet ideologisk og organisatorisk, og under den fyrste verdskrigen vart dei fleste av medlemane sosialsjåvinistar.

Etter februarrevolusjonen i 1917 var dei sosialrevolusjonære saman med mensjevikane og kadettane hovudstomnen i den kontrarevolusjonære borgar- og godseigarregjeringa, der leiarane var sosialrevolusjonære (Kerenski, Avksentjev, Tsjernov). Seint i november 1917 skipa venstrefløyen i partiet Det sjølvstendige venstresosialrevolusjonære partiet. I ein freistnad på å halda på innverknaden sin mellom bøndene anerkjende dei sosialrevolusjonære sovjetmakta formelt og gjekk inn i ein avtale med bolsjevikane, men snart gjekk dei over til å stri mot dei.

Under den utanlandske intervensjonen og borgarkrigen tok dei sosialrevolusjonære del i kontrarevolusjonær undergravingsverksemd, dei støtta aktivt intervensjonistane og kvitegardistgeneralane, dei tok del i kontrarevolusjonære samansverjingar og organiserte terroristiske aksjonar mot leiarane i sovjetregjeringa og i det kommunistiske partiet. Etter borgarkrigen heldt dei sosialrevolusjonære fram med dei fiendslege handlingane mot Sovjetstaten, både innanlands og mellom kvite-emigrantane. tilbake

11) Die Neue Zeit – eit tysk sosialdemokratisk tidsskrift utgjeve i Stuttgart frå 1883 til 1923. Frå 1885 til 1895 trykte tidsskriftet nokre artiklar av Engels. Engels gav ofte råd til redaktørane og kritiserte dei skarpt for avvik frå marxismen. Etter at Engels døydde, offentleggjorde tidsskriftet systematisk revisjonistiske artiklar. Under den imperialistiske verdskrigen (1914-18) hadde det ein sentristisk og kautskyansk synsstad og støtta sosialsjåvinistane. tilbake

12) Det andre keisardømet – keisardømet til Louis Bonaparte (Napoleon III) i Frankrike, 1852-1870. Det fyrste keisardømet var under Napoleon I, 1804-14. tilbake

13) Anarko-syndikalisme – ei stemnelei innanfor syndikalismen som hallar mot anarkismen. Dette kjem særskilt til syne i teorien om “det aktive mindretalet”. Anarko-syndikalismen fører teorien til anarkistane om kor avgjerande vekt kvar einskild handling har, over til det faglege omkvervet. Til liks med all syndikalisme går og anarko-syndikalismen imot at det er naudsynt at arbeidarklassen driv partipolitisk verksemd, dei godtek berre den beinveges økonomiske striden (boikott, sabotasje, generalstreik). Men anarko-syndikalismen går eit steg vidare og fører fram anarkismen som det endelege målet. tilbake

14) Djelo Naroda (Folkesaka) – dagsavis som kom ut i St Petersburg og sidan i Moskva i 1917-18 som organ for sentralstyret i det sosialrevolusjonære partiet (sjå og note 10). Tsjernov sat i redaksjonen. Etter Oktoberrevolusjonen førte avisa fram skarpt kontrarevolusjonære synsmåtar. tilbake

15) Girondinar – tilhengjar av Gironden, den moderate fløya i jakobinarpartiet under den store franske revolusjonen. Frå 1791-93 var Gironden eit sjølvstendig politisk parti som hevda moderate republikanske prinsipp. Det vart underkua av jakobinarane. Namnet kom av at fleire av leiarane var valde frå distriktet Gironde på sørvestkysten av Frankrike. tilbake

16) Blanquistane – tilhengjarane av den framståande franske revolusjonære leiaren Auguste Blanqui tilbake

17) Proudhonisme – eit uvitskapleg straumdrag i småborgarleg sosialisme som har namn etter ideologen sin, den franske anarkisten Pierre Joseph Proudhon.

Proudhon kritiserte storkapitalistisk eigedom frå stillinga til småborgaren og drøymde om evigvarande eigedomsrett for småeigedom. Han gjorde framlegg om å skipa “folke”- og “byte”-bankar, der arbeidarane skulle få hjelp til å skaffa seg produksjonsmidla, verta handverkarar og sikra ei “rettvis” marknadsføring av varane deira. Proudhon skjøna ikkje kva for rolle og vekt proletariatet har også på klassestriden, den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur frå ein negativ synsstad. Som anarkist nekta han for at staten var naudsynt. Marx og Engels stridde ihuga mot freistnadene frå proudhonistane på å trumfa igjennom standpunkta sine i Den fyrste internasjonalen. Proudhonistane fekk ein knusande kritikk av Marx i Filosofiens elende (1847). Den faste striden Marx, Engels og tilhengjarane av dei førte, enda med at marxismen vann full siger over proudhonismen. i Den fyrste internasjonalen.

Lenin kalla proudhonismen “uklår tenking av ein småborgar og besteborgar” som ikkje kan skjøna synspunkta til arbeidarklassen. Ideane i proudhonismen vert i stor mon nytta av borgarlege “teoretikarar” i deira propaganda for klassesamarbeid. tilbake

18) “Autonomist” – (av gr. autonom = med sjølvstyre), ein som går inn for personleg fridom som overordna mål. “Autonomisme” er ein del av den anarkistiske “teorien”. tilbake

19) Lenin viser her til artiklane L’indifferenzia in materia politica (Den politiske likesæla) av Marx og Dell’ Autorità (Om autoriteten) av Engels i Almanacco Republicano per l’anno 1874 tilbake

20) Erfurt-programmet til det tyske sosialdemokratiske partiet vart vedteke i oktober 1891 og sett i staden for Gotha-programmet frå 1875. Engels kritiserte feila i Erfurt-programmet i artikkelen Om kritikken av utkastet til det sosialdemokratiske programmet i 1891 tilbake

21) Antisosialistlova – Bismarck knesette henne i Tyskland i 1878. Ho fastsette at det var forbod mot alle sosialdemokratiske organisasjonar, masseorganisasjonar for arbeidarar og arbeidarpressa, at sosialistisk litteratur skulle dragast inn og at sosialdemokratane forfylgjas. Lova vart sett ut av kraft i 1890 etter press frå masserørsla til arbeidarklassen. tilbake

22) Los-von-Kirch-Bewegung eller Kirchenaustrittbewegung (“Gå ut av kyrkja”-rørsla) – var ei masserørsle som voks raskt i Tyskland før den fyrste verdskrigen. I januar 1914 starta Die Neue Welt (sjå note 11) ein diskusjon om kva standpunkt det tyske sosialdemokratiske partiet skulle taka til denne rørsla. Diskusjonen tok utgangspunkt i ein artikkel av revisjonisten Paul Göhre, Kircheneaustrittbewegung und Sozialdemokratie. Göhre hevda at partiet skulle halda seg nøytralt andsynes rørsla og forby medlemane å taka del i propaganda mot religion og kyrkja på vegner av partiet. I denne diskusjonen let framståande sosialdemokratiske leiarar vera å slå standpunkta til Göhre attende. tilbake

23) Lassalleanarane – eit parti i den tyske arbeidarrørsla i 1860- og tidleg i 1870-åra. Lassalleanarane var tilhengjarar av Ferdinand Lassalle. Det tyske sentralarbeidarforbundet var kjernen i rørsla. Lassalleanarane meinte det var råd med fredeleg overgang frå kapitalismen til sosialismen, og preika strid for allmenn røysterett og fredeleg parlamentarisme i staden for at arbeidarklassen skulle føra revolusjonær strid.

Marx kritiserte lassalleanarane kvasst og peika på at “i fleire år var dei eit hinder for å organisera proletariatet, og dei ende med å vera ein reiskap i hendene til politiet og ikkje noko anna”. Marx analyserte dei teoretiske synspunkta til lassalleanarane og taktikken deira i Kritikk av Gotha-programmet (1875). tilbake

24) Dette syner til Skisser frå ein presteskule, ei samling soger av Nikolaj Pomjalovskij (1835-63). Seminaristane vann åtgaum i vide krinsar av di dei var så uvitande og oppførte seg så barbarisk. Høyrer med til den såkalla populist-litteraturen. tilbake

25) Haag-kongressen i Den fyrste internasjonalen gjekk føre seg 2.-7. september 1872. 65 utsendingar var til stades, og mellom dei var Marx og Engels. Mellom andre spørsmål var desse spørsmåla på saklista: 1. Fullmaktene til Generalrådet. 2. Den politiske verksemda til proletariatet. Hard strid med Bakunin-flokken sette merker på heile gangen i kongressen. Kongressen vedtok å utvida fullmaktene til Generalrådet. I fråsegna om “Den politiske verksemda til proletariatet” er det fastslege at proletariatet må organisera sitt eige politiske parti for å tryggja sigeren for samfunnsrevolusjonen og at frå då var den store oppgåva til proletariatet å vinna politisk makt. Kongressen stengde Bakunin og Guillaume ute frå Internasjonalen som desorganisatorar og grunnleggjarar for eit nytt, antiproletarisk parti. tilbake

26) Zarja (Morgongry) – eit marxistisk vitskapleg og politisk tidsskrift utgjeve i 1901-02 i Stuttgart av Iskra-redaksjonen. Alt i alt kom det ut fire nummer. Zarja stod fram med kritikk av den internasjonale og russiske revisjonismen og forsvarte den marxistiske teorien.

Desse artiklane av Lenin stod i Zarja: “Flogmerknader”, “Dei som forfylgjer Zemstvo og hannibalane for liberalismen”, dei fire fyrste kapitla av “Jordbruksspørsmålet og ‘kritikken av Marx’” (prenta under tittelen “‘Kritikken’ om jordbruksspørsmålet”), “Oversyn over heimlege tilhøve”, “Jordbruksprogrammet til det russiske sosialdemokratiet”.

I nr 1, 1901 prenta Zarja ein artikkel av Plekhanov som heitte “Nokre få ord om den siste sosialistiske verdskongressen i Paris. Ope brev til dei kameratane som har gjeve meg fullmakt”, som kritiserte fråsegna til Kautsky skarpt. tilbake

27) Den femte internasjonale sosialistkongressen til Den andre internasjonalen vart halden 23.-27. september 1900 i Paris, og 791 utsendingar var til stades. Den russiske utsendingsgruppa var på 23 medlemer. Hovudspørsmålet galdt korleis proletariatet skulle vinna politisk makt. Her vedtok fleirtalet på kongressen ei fråsegn som Kautsky fremja, som Lenin skildra som “forsonleg andsynes opportunistane”. Mellom andre vedtak, vedtok kongressen å oppretta eit internasjonalt sosialistbyrå der talsmenn for sosialistparti i alle land skulle ha sete. Sekretariatet for byrået skulle ha sete i Brüssel. tilbake

28) Dette syner til Industrielt demokrati av Sydney og Beatrice Webb tilbake

29) Sozialistische Monatshefte (Sosialistisk månadsblad) – hovudorganet til opportunistane i det tyske sosialdemokratiet og organ for den internasjonale opportunismen. Under den fyrste verdskrigen sto Sosialistisk månadsblad på eit sosialsjåvinistisk standpunkt. Det kom ut i Berlin frå 1897 til 1933. tilbake

30) ILP, The Independent Labour Party (Det uavhengige arbeidarpartiet) blei danna i 1893. Det vart leia av James Keir Hardie, J Ramsay MacDonald og andre. Det gav seg ut for å vera politisk uavhengig av dei andre borgarlege partia, men i røynda var det “uavhengig av sosialismen, men avhengig av liberalismen”, som Lenin sa i 1919. (Sjå Lenin: Oppgåvene til Den tredje Internasjonalen. Ramsay MacDonald på Den tredje internasjonalen, i Samla verk, engelsk utgåve 1965, bind 29, s. 494-512.)

Då den imperialistiske verdskrigen braut ut i 1914, sende ILP ut eit manifest mot krigen den 13. august som gjekk mot krigen. Men frå 1915 tok leiarane eit sosialsjåvinistisk standpunkt, under dekkje av pasifistiske frasar.

Då den tredje internasjonalen vart oppretta i 1919, vedtok ILP-leiinga å trekkja seg ut or Den andre internasjonalen, etter press frå dei vanlege medlemene, som hadde gått til venstre. I 1921 slutta ILP seg til den såkalla To-og-ein-halv-internasjonalen.

To-og-ein-halv-internasjonalen eller Wiener-internasjonalen vart starta i 1921 av parti som hadde brote med Den andre internasjonalen eller var mot å setja han i gang att, men som ikkje ville slutta seg til Den tredje internasjonalen. Dei godtok ikkje parolen om proletariatets diktatur, stilte seg fiendslege til utviklinga i Russland og fordømte den striden bolsjevikane førte mot mensjevikane og dei sosialrevolusjonære. I 1923 gjekk To-og-ein-halv-internasjonalen opp i Den andre internasjonalen. tilbake

Biografiske noter til Lenin: Staten og revolusjonen

Desse biografiske notene er laga av redaksjonen til Oktober-utgåva 1977.

AVKSENTJEV, Nikolai Dmitrijevitsj (1878-1943): Ein av dei høgre-sosialrevolusjonære leiarane. Etter februarrevolusjonen i 1917 var han medlem i eksekutivkomiteen i Petrogradsovjetet av utsendingar for arbeidarane og soldatane, og formann i eksekutivkomiteen for det allrussiske rådet for bondeutsendingar. I juli – august 1917 var han innanriksminister i Kerenski-regjeringa. Etter den sosialistiske Oktoberrevolusjonen vart han ein av dei som organiserte kontrarevolusjonære og anti-sovjetiske handlingar. Etter det vart han ‘kvit’ emigrant.

BAKUNIN, Mikhail (1814-1876): Russisk anarkist. Tok aktiv del i revolusjonen i 1848-49 i Tyskland. B. avviste all deltaking i den politiske dagskampen som opportunisme. B. skjøna ikkje den leiande rolla til arbeidarklassen i revolusjonen. Han skjøna ikkje rolla til staten og avviste alle statar, irekna proletariatets diktatur. B. streid mot Marx i Den fyrste internasjonalen, og nytta alle middel, utan hemningar, for å få kontroll over leiinga. På Haag-kongressen vart B. og Guillaume, leiarane for anarkismen, utestengde frå Den fyrste internasjonalen på grunn av nedbrytarverksemda si. Marx og Engels kritiserte kvast teorien og eventyrartaktikken til bakunistane.

BEBEL, August (1840-1913): Ein av grunnleggjarane og forgrunnsfigurane i det tyske sosialdemokratiet og Den andre internasjonalen. Var opphavleg dreiar av fag. Streid energisk mot revisjonismen og reformismen i den tyske arbeidarrørsla.

BERNSTEIN, Eduard (1850-1932): Leiaren for den stridaste opportunistiske fløya i det tyske sosialdemokratiet og Den andre internasjonalen. Under dekke av at det trongst ein “revisjon” av Marx si lære, forkasta han alle grunnsetningane i marxismen og sette fram eit reint reformistisk program for den tyske arbeidarrørsla. Dette gav opphav til ein langvarig, internasjonal strid mot revisjonismen frå midten av 90-åra og fram til hundreårsskiftet. Støtta det tyske borgarskapet under den fyrste imperialistiske verdskrigen.

BISMARCK, Otto (1815-1898): Fyrste, monarkist, prøyssisk statsleiar. Leiar for Prøyssen under samlinga av Tyskland. Tysk rikskanslar frå 1871 til 1890. B. innførte antisosialistlova i 1878. Den avgjorde at det var forbod mot alle sosialdemokratiske organisasjonar, masseorganisasjonar for arbeidarar og arbeidarpressa, at sosialistisk litteratur skulle dragast inn og at staten skulle forfylgja sosialdemokratane. Lova vart avskipa i 1890 etter press frå ei masserørsle blant arbeidarklassen.

BISSOLATI, Leonida (1857-1920): Ein av grunnleggjarane av det italienske sosialistpartiet, leiar for høgrefløya. Vart sosialsjåvinist under den fyrste verdskrigen.

BLANQUI, Louis Auguste (1805-1881): Framståande fransk revolusjonær og utopisk sosialist. Han leia fleire hemmelege revolusjonære samanslutningar. Sat over 36 år i fengsel. Han vona å ta makta gjennom ei lita gruppe revolusjonære konspiratørar, og skjøna ikkje at det har avgjerande vekt å organisers massane i den revolusjonære striden. Marx, Engels og Lenin sette den revolusjonære innsatsen til B. høgt, men kritiserte på same tid skarpt feila hans og den skadelege samansverjingstaktikken han sto for.

BRACKE, Wilhelm (1842-80): Tysk sosialdemokrat. I 1865 vart han medlem av Det tyske sentralarbeidarforbundet som Lassalle hadde skipa to år tidlegare. (Sjå og Lassalle, Ferdinand.) I 1869 braut B. med lassalleanarane (sjå note 23) og slutta seg til eisenacharane. Eisenacharane var tilhengjarar av marxismen og ideologisk påverka av Marx og Engels. Under leiing av Wilhelm Liebknecht og August Bebel skipa dei Tysklands sosialdemokratiske arbeidarparti på Bisenach-kongressen i 1869. B. vart på denne kongressen vald inn i sentralstyret i partiet.

BRANTING, Hjalmar Karl (1860-1925): Reformistisk leiar for det svenske sosialdemokratiske partiet. Ein av leiarane i Den andre internasjonalen.

BRESJKOVSKAJA, Jekatarina Konstantinovna (1844-1934): Ein av organisatorane og leiarane av det sosialrevolusjonære partiet (sjå note 10). Ho høyrde til den ekstreme høgrefløya i partiet. Etter februarrevolusjonen i 1917 støtta B. den borgarlege provisoriske regjeringa og vart ein ihuga tilhengjar av krigen. Etter den sosialistiske Oktoberrevolusjonen motarbeidde ho aktivt sovjetregjeringa.

CAVAIGNAC, Louis Eugene: Fransk general og borgarleg politikar. Forsvarsminister frå mai 1848. Som forsvarsminister fekk han diktatorisk makt til å slå ned junioppreisten som Paris-arbeidarane starta i 1848, og han gjorde det med blodig villskap.

CORNELISSEN, Ch: Hollandsk anarko-syndikalist (sjå note 13), fylgjesvein til Kropotkin.

DAVID, Eduard (1863-1930): Ein av leiarane for høgrefløya i det tyske sosialdemokratiet, revisjonist. Var sosialsjåvinist under den fyrste verdskrigen.

D�?HRING, Eugen (1833-1921): Tysk filosof og økonom. Den filosofiske verdsåskodinga hans var ei blanding av idealisme og vulgærmaterialisme, som Engels retta knusande kritikk mot i Anti-Dühring (1876-78).

GHE, Alexander (1879-1919): Anarkist. Var internasjonalist under den fyrste verdskrigen og gjekk såleis mot forsvars-anarkistane. Etter Oktoberrevolusjonen støtta han Sovjetmakta og var medlem av den allrussiske sentrale eksekutivkomiteen.

GRAVE, Jean (1854-1939): Fransk anarkist og redaktør av det anarkistiske tidsskriftet La Revolte som var grunnlagt av Kropotkin. I byrjinga av det 20. hundreåret vart han anarko-syndikalist (sjå note 13). Under den fyrste imperialistiske verdskrigen vart han sosialsjåvinist og støtta krigspolitikken til regjeringa.

GUESDE, Jules (1845-1922): Ein av grunnleggjarane og leiarane for Sosialistpartiet i Frankrike (Parti socialiste de France) og Den andre internasjonalen. Før den fyrste verdskrigen leis han den revolusjonære venstrefløya i partiet. Seinare vart han sosialsjåvinist. Då krigen braut ut, gjekk han inn i den franske borgarlege regjeringa.

HEGEL, Georg Wilhelm Friedrich (1770-1831): Tysk klassisk filosof, objektiv idealist. I føreordet til 2. utgåve av Kapitalen, fyrste boka seier Karl Marx: “For Hegel er det tenkinga – som han til og med omvandlar til eit sjølvstendig subjekt – som skapar røyndomen, og røyndomen er berre eit atterskin av tenkinga. Hjå meg er det omvendt, tenkinga er ikkje noko anna enn det materielle omvandla og omsett i den menneskelege hjernen … Den mystifiseringa som dialektikken lir under hjå Hegel, hindrar på ingen måte at han før nokon annan framstilte dei allmenne rørsleformene i han på ein omfemnande og medveten måte. Han står på hovudet hjå han. Ein må snu han om for å oppdaga den fornuftige kjernen i det mystiske skalet.” Hegel vart til sist professor i Berlin og døydde som yndlingsfilosofen til den prøyssiske herskarklassen.

HENDERSON, Arthur (1863-1935): Engelsk politikar. Ein av leiarane for høgrefløya i partiet, sosialsjåvinist. Mellom 1915 og 1931 var han fleire gonger med i den britiske regjeringa.

HYNDMAN, Henry Mayers (1842-1921): Ein av grunnleggjarane av Det britiske sosialistpartiet (British Socialist Party). Leiar for høgrefløya og opportunist. I 1916 vart H. ekskludert frå partiet på grunn av propaganda for den imperialistiske krigen. H. tok eit fiendtleg standpunkt til Oktoberrevolusjonen, og støtta intervensjonen i Sovjet-Russland.

JAURES, Jean (1859-1914): Framståande person i den franske og internasjonale sosialistiske rørsla. Ein av leiarane for Det sameinte sosialistpartiet i Frankrike, grunnleggjar og redaktør av L’Humanité som var hovudorganet for partiet. Han stridde aktivt mot militarismen og den imperialistiske krigen som truga. I juni 1914 vart J. snikmyrda av ein leigesvein for militaristane.

KAUTSKY, Karl (1854-1938): Ein av leiarane og teoretikarane i det tyske sosialdemokratiet og Den andre internasjonalen. K. var fyrst marxist og arbeidde med å gje ut dei etterletne verka til Marx og Engels. Kritiserte Bernsteins revisjonisme i 1890-åra. Seinare renegat og teoretikar for ein avart av opportunismen, nemleg sentrismen (kautskyanismen). K. vende seg mot dei revolusjonære under den fyrste verdskrigen og stødde borgarskapet i krigen. Han kjempa mot bolsjevikane under Oktober-revolusjonen og vart ein leiande fiende av den sosialistiske Sovjetstaten. Sjå Lenin: Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky (1918), norsk utgåve Oktober og Imperialismen (1916), Utvalgte verker, band 6, Oktober.

KERENSKI, Aleksander Fjodorovitsj (1881-1970): Sosialrevolusjonær. Med i den borgarlege provisoriske regjeringa i Russland frå februar 1917, og leiar for ho frå juli 1917. Førte ein anti-folkeleg politikk ved å halda fram med den imperialistiske krigen. Han let storborgarskapet og godseigarane halda på makta og undertrykte revolusjonære. Etter den sosialistiske Oktoberrevolusjonen levde han i utlandet.

KOLB, Wilhelm (1870-1918): Tysk sosialdemokrat og revisjonist.

KROPOTKIN, Peter (1842-1921): Kom frå det høgaste russiske aristokratiet. Under eit opphald i utlandet slutta han seg til bakunistane (sjå Bakunin, M). Han var opphavleg ein individualistisk aristokrat; og difor hata han all slags statsmakt. Under den fyrste verdskrigen var K. sjåvinist. Etter den sosialistiske Oktoberrevolusjonen støtta K. sovjeta og proletariatets diktatur.

KUGELMANN, Ludwig (1830-1902): Tysk lege. Tok del i revolusjonen 1848-49. Han var medlem av Den fyrste internasjonalen og utsending til fleire av dei internasjonale kongressane. K. var ein nær ven av Marx og Engels og heilt ut tilhengjar av dei. Marx og K. brevveksla mellom 1862 og 1874. K. heldt Marx informert om stoda i Tyskland, og dei drøfta ei rad viktige politiske og økonomiske spørsmål.

LASSALLE, Ferdinand (1835-1864): Tysk småborgarleg sosialist, grunnleggjaren av Det tyske sentralarbeidarforbundet. Lassalle og dei som fylgde etter han tok opportunistiske standpunkt i viktige politiske spørsmål, og vart kvast kritiserte for det av Marx og Engels.

LEGIEN, Karl (1861-1920): Leiar for den opportunistiske fløya i den tyske fagforeiningsrørsla. Under den fyrste verdskrigen tok han eit sosialsjåvinistisk standpunkt.

LIEBKNECHT, Wilhelm (1826-1900): Forgrunnsfigur i den tyske og den internasjonale arbeidarrørsla. Ein av leiarane og grunnleggjarane for det tyske sosialdemokratiske partiet og Den andre internasjonalen.

LOUIS BONAPARTE (1808-73): Nevø av Napoleon I. Drøymde – og skreiv – om eit “cæsarisk” demokrati der keisaren styrer i kraft av folkeviljen. L. vart president av den franske republikken i 1848, etter februarrevolusjonen. I 1851 gjorde han statskupp, oppløyste nasjonalforsamlinga og fekk gjennom ei grunnlov som oppheva dei borgarleg-demokratiske rettane (forsamlingsfridom, prente- og ytringsfridom) og gjorde presidenten eineveldig for ti år av gongen. Let seg utropa til keisar under namnet Napoleon III i desember 1852. Han vart tvinga til å gå av då Frankrike tapte den fransk-tyske krigen (1870-71) og døydde i eksil. Statskuppet i 1851 er analysert av Marx i Louis Bonapartes attende brumaire (1852).

LUXEMBURG, Rosa (1871-1919): Forgrunnsfigur i den polske og tyske arbeidarrørsla. Ein av leiarane for venstrefløya i Den andre internasjonalen. Om lag 1910 tok det til å veksa fram motseiingar innanfor venstrefløya i det tyske sosialdemokratiske partiet. Den gamle venstreretninga i partiet delte seg i sentristar med m.a. Kautsky og Hilferding i brodden, og ein revolusjonær fløy som m.a vart leia av Luxemburg, Liebknecht og Klara Zetkin. Den fyrste verdskrigen djupa ut desse motsetningane. L. var ein av dei leiande tyske internasjonalistane og ein av leiarane for Spartakusforbundet, som kjempa mot den imperialistiske krigen. I januar 1919 braut Spartakusforbundet med det sosialdemokratiske partiet i Tyskland og tufta Tysklands kommunistiske parti. 15. januar 1919 vart G. myrda av kontrarevolusjonære. L. var ein stor revolusjonær, men ho veik av frå marxismen m.a i det nasjonale spørsmålet og i spørsmålet om partiorganisasjonen, og vart kritisert av Lenin for det.

MEHRING, Franz (1846-1919): Framgrunnsfigur i den tyske arbeidarrørsla. Han var ein av leiarane og teoretikarane for venstrefløya i det tyske sosialdemokratiet, historikar, publisist og kritikar. Saman med Liebknecht, Luxemburg og andre skipa han Tysklands kommunistiske parti i januar 1919.

MIKHAILOVSKI, Nikolai Konstantinovitsj (1842-1904): Russisk sosiolog, publisist og litteraturkritikar. Den fremste teoretikaren for den liberale narodnismen. Kjempa bittert mot marxistane.

MILLERAND, Alexandre Etienne (1859-1943): Fransk politikar. Slutta seg til sosialistane på 1890-talet, men sveik sosialismen og gjekk inn i ei borgarleg regjering i 1899.

MONTESQUIEU, Charles Louis (1689-1755): Fransk historikar og filosof på opplysningstida. Skreiv boka L’esprit des Lois (“Ånda i lovene”). Han reiste mykje, særleg til England og Nederland, og studerte historie, politikk og samfunnstilhøve nøye. Var tilhengjar av det konstitusjonelle demokratiet. Det viktigaste ved arbeidet til M. er at han freista å nytta naturvitskaplege metodar på samfunnslivet og historia.

NAPOLEON I (1769-1821) (Napoleon Bonaparte): Frå Corsica. N. var offisersutdanna og gjorde karriere i den franske revolusjonshæren. Førte så ei rekkje hærtog utanfor Frankrike (Austerrike, Egypt, Italia). Gjorde statskupp og utnemnde seg sjølv til “fyrstekonsul” i november 1799, og i 1804 let han seg utropa til keisar. Under leiing av Napoleon låg Frankrike i krig med Austerrike, England og Russland mest samanhengande frå 1799 til 1814, då Napoleon vart tvinga til å gå av. Ein freistnad på å ta makta alt i 1815 leid endeleg nederlag i slaget ved Waterloo. N. moderniserte hæren og bygde det franske statsapparatet kraftig ut. Han grunnfesta diktaturet til borgarskapet i Frankrike.

PALTSJINSKI, Pjotr Joakimovitsj (d. 1930): Ingeniør, organiserte det russiske kolsyndikatet. Varaminister for handel og industri i Kerenskis borgarlege provisoriske regjering 1917.

PANNEKOEK, Anton (1873-1960): Hollandsk venstresosialdemokrat. Internasjonalist under fyrste verdskrigen. Han var medlem av kommunistpartiet i Holland frå 1918 til 1921, og var med i den kommunistiske internasjonalen. I 1921 inntok han ei “venstre”-sekterisk haldning, drog seg attende frå kommunistpartiet og slutta med aktivt politisk arbeid.

PLEKHANOV, Georgi Valentinovitsj (1856-1918): Framståande leiar for den russiske og internasjonale arbeidarrørsla. Den fyrste som propaganderte for marxismen i Russland, og grunnleggjar av “Gruppa for frigjering av arbeidet”, den fyrste russiske marxistiske organisasjonen (1883). Etter den andre kongressen til RSDAP (1903) slutta P. seg til mensjevikane. Under den fyrste russiske revolusjonen hadde han alvorlege usamhøve med bolsjevikane i dei grunnleggjande spørsmåla om taktikken. Verja marxismen mot den machistiske revisjonen av han 1907-10 (sjå Lenin: Materialisme og empiriokritisisme, 1908.) Leia den mensjevikgruppa som var for partiet. Under den fyrste verdskrigen tok han eit sosialsjåvinistisk standpunkt, og etter den borgarleg-demokratiske revolusjonen i februar 1917 vende P. attende til Russland, der han støtta den borgarleg-provisoriske regjeringa. Han var fiendtleg innstilt til den sosialistiske Oktoberrevolusjonen.

POMJALOVSKI, Nikolai Gerasimovitsj (1835-1863): Russisk forfattar. Skreiv boka Skisser frå skulelivet, som gjev eit sant bilete av dei fælslege tilhøva som rådde på skulane for borna til det lågare presteskapet, dei fattige i byane osb.

POTRESOV (Starover), Aleksandr Nikolajevitsj (1869-1934): Mensjevikleiar. Stod i brodden for likvidatorane under reaksjonsåra 1907-1910 og var sosialsjåvinist under den fyrste verdskrigen.

PROUDHON, Pierre Joseph (1809-1865): Franskmann. Ein av grunnleggjarane av anarkismen. Det mest vidkjende arbeidet hans er Kva er eigedom (1840), der han kom til den vidkjende slutninga: Eigedom er tjuveri. Dei økonomiske, politiske og filosofiske syna hans uttrykkjer fyrst og fremst korleis det breie franske småborgarskapet reagerte mot kapitalismen, som braut gjennom på den tida. Marx og Engels kritiserte teoriane hans skarpt, og særleg var kritikken mot dei økonomiske avhandlingane hans knusande. Sjå m.a Marx: Filosofiens elende (1847), Marx: Om Proudhon, Brev til J B Schweitzer (1865) og Engels: Om bustadspørsmålet (1872-73). Tilhengjarane av P. heldt fram som eige politisk straumdrag etter at han var død. Den seinare anarko-syndikalismen er knytt svært nær til P.s tankar.

RADEK, Karl Berngardovitsj (1885-1939): Frå byrjinga av dette hundreåret var han med i den sosialdemokratiske rørsla i Galicia, Polen og Tyskland. Internasjonalist under den fyrste verdskrigen, med somme tilvik til sentrisme. Han hadde eit rangt syn på den nasjonale sjølvråderetten. Gjekk inn i bolsjevikpartiet i 1917, “venstre”-kommunist då Brest-Litovsk-traktaten vart underteikna mellom Sovjet-Russland og Tyskland. Frå 1923 aktivt med i Trotski-opposisjonen, og vart ekskludert or partiet for det på den 15. kongressen til SUKP(b) i 1927. Vart teken inn att i 1930, men vart ekskludert att i 1936 og dømt for handlingar retta mot partiet.

RENAUDEL, Pierre (1871-1935): Ein av dei opportunistiske leiarane for Det franske sosialistpartiet.

RUBANOVITSJ, Ilja Adolfovitsj (1860-1920): Ein av leiarane for det småborgarlege sosialrevolusjonære partiet i Russland. Var sosialsjåvinist under fyrste verdskrigen.

RUSANOV, Nikolaj Sergejevitsj (f. 1859): Skribent, forfattar av mange bøker og hefte. Ein av grunnleggjarane av det sosialrevolusjonære partiet. I 1917 var han medlem av redaksjonen av Djelo Naroda (Folkesaka) som var sentralorgan for dei sosialrevolusjonære. Rusanov reiste frå Russland etter Oktoberrevolusjonen.

SCHEIDEMANN, Phillip (1865-1926): Ein av leiarane for den stridaste høgrefløya i det tyske sosialdemokratiet. Leiar for den tyske borgarlege regjeringa frå februar til juni 1919. Undertrykte arbeidarrørsla brutalt.

SEMBAT, Marcel (1862-1922): Ein av dei reformistiske leiarane for det franske sosialistpartiet. Sosialsjåvinist under den fyrste verdskrigen. Var med i ei borgarleg fransk regjering.

SENSINOV, Vladimir Mikhailovitsj (f. 1881): Ein av leiarane for det sosialrevolusjonære partiet, medlem av redaksjonen i Djelo Naroda (Folkesaka). Kvit emigrant etter Oktoberrevolusjonen.

SKOBELJEV, Matvei Ivanovitsj (1885-1937): Russisk sosialdemokrat, mensjevik. Under den fyrste verdskrigen var S.. sosialsjåvinist. Han var arbeidsminister i Den borgarleg provisoriske koalisjonsregjeringa under Kerenski i 1917.

SPENCER, Herbert (1820-1903): Engelsk filosof, psykolog og sosiolog. Positivist. Spencer grunna den såkalla organiske teorien om samfunnet og forsvarte det borgarlege samfunnet ved å samanlikna det med ein levande organisme.

STAUNING, Thorvald August Marinus (1873-1942): Dansk høgresosialdemokrat, parlamentarikar med fagforeiningsbakgrunn. Formann i Det sosialdemokratiske parti frå 1910, skipa den fyrste sosialdemokratiske regjeringa i Danmark i 1924, statsminister 1929-1940.

STIRNER, Max (1806-1856): Pseudonym for Johann Kaspar Schmidt. Tysk filosof. Forkasta alle ytre band på individet, som religiøse og etiske normer, og gjekk mot alle former for autoritet. Meinte at målet for alle menneske var å verta frie individ med berre eigeninteressa som drivkraft. Rekna som ideologisk føregjengar for anarkismen. Kritisert av Marx i Den tyske ideologi ("Den heilage Max ").

STRUVE, Pjotr Berngardovitsj (1870-1944): Russisk borgarleg økonom og skribent, den fremste talsmannen for den “legale marxismen” på 1890-talet. Vart seinare ein av leiarane for Kadettpartiet.

TREVES, Claudio (1868-1933): Medlem av det italienske sosialistpartiet, teoretikar for den italienske reformismen. Sentrist under den fyrste verdskrigen.

TSERETELI, Irakly Georgievitsj (1882-1959): Mensjevikleiar. Sentrist under fyrste verdskrigen. (Sjå personregister om Kautsky.) Han var minister i den borgarlege provisoriske regjeringa i 1917, som post- og telegrafminister. Etter hendingane i juli, då regjeringa slo ned ein arbeidardemonstrasjon med våpenmakt, vart han innanriksminister. Etter Oktoberrevolusjonen leia Tsereteli anti-sovjetblokka i den grunnlovsgjevande forsamlinga. T. var ein av leiarane for den kontrarevolusjonære mensjevikregjeringa i Grusia. Etter at sovjetmakta vart oppretta i Grusia i 1921, for T. til utlandet som “kvit” emigrant.

TSJERNOV, Viktor Mikhailovitsj (1876-1952): Ein av leiarane og teoretikarane i det sosialrevolusjonære partiet. Etter februarrevolusjonen i 1917 vart T. landbruksminister i den borgarlege provisoriske regjeringa. Han organiserte harde straffetokt mot bønder som tok godseigedom. Etter den sosialistiske Oktoberrevolusjonen var han ein av hovudmennene i anti-sovjetiske opprør. I 1920 drog han til utlandet og heldt fram med dei anti-sovjetiske handlingane sine derfrå.

TUGAN-BARANOVSKIJ, Michail Ivanivitsj (1865-1919): Russisk sosialøkonom. Teoretikar for “den legale marxismen”. Gjekk over til borgarskapet etter 1905, og var med i fleire kontrarevolusjonære regjeringar i tida etter Oktoberrevolusjonen.

TURATI, Filippo (1857-1932): Reformistisk leiar i den italienske arbeidarrørsla. Ein av grunnleggjarane av Det italienske sosialistpartiet, og leiar for høgrefløya. Sto for ei klassesamarbeidsline mellom proletariatet og borgarskapet.

VANDERVELDE, Emilie (1866-1938): Ein av dei opportunistiske leiarane for Det belgiske arbeidarpartiet og Den andre internasjonalen. Gjekk inn i ei borgarleg regjering tidleg i den fyrste verdskrigen.

WEBB, Beatrice (1858-1943) og Sidney (1847-1918): Grunnleggjarane av det reformistiske fabianske selskap (Fabian Society) i Storbritannia. Skreiv bøker om soga til den britiske arbeidarklassen. Var sosialsjåvinistar under den fyrste verdskrigen. Hadde stor sympati for Sovjetunionen etter den sosialistiske Oktoberrevolusjonen.

WEYDEMEYER, Joseph (1818-1866): Tysk revolusjonær, medarbeidar til Marx. W. gav ut eit tidsskrift der ein del av skriftene til Marx vart prenta for fyrste gong, og han brevveksla jamt med Marx og Engels.

Tjen folket Media

Hvordan bidra til kampen?

Medlemskap

Ta kontakt

Pengestøtte

Gi på konto

Nyhetsbrev

Arbeidere og undertrykte i alle land, forén dere!