Vedtatt på det 2. landsmøtet november 1976

    I. ARBEIDARKLASSENS KOMMUNISTISKE PARTI

    1. Klassegrunnlag og målsetjing

    Kapitalismen har skapt den moderne arbeidarklassen - proletariatet.Proletariatet er den mest revolusjonære klassen i menneskeslekta si historie. Proletariatet er den klassen som skal styrta kapitalismen og gjera slutt på all utbytting. AKP(m-l) er partiet til proletariatet i Noreg. AKP(m-l) har ingen andre interesser enn interessene til arbeidarklassen i Noreg og i heile verda.

    AKP(m-l) står for interessene til arbeidarklassen i den daglege striden mot kapitalismen og imperialismen/ sosialimperialismen. AKP(m-l) står og for den historiske oppgåva til arbeidarklassen, å gjera sosialistisk revolusjon, skipa proletariatets diktatur og til slutt å tryggja sigeren for kommunismen i heile verda.

    AKP(m-l) byggjer på den heilstøypte teorien til arbeidarklassen, marxismen-leninismen- Mao Tsetungs tenking, slik han i fyrste rekkje er forma ut av Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao Tsetung. Teorien byggjer på røynslene frå kampane arbeidarklassen har ført over heile jorda i meir enn eit hundreår. AKP(m-l) nyttar denne vitskaplege teorien sjølvstendig på tilhøva i Noreg.

    AKP(m-l) fører ein kompromisslaus strid mot alle freistnader på å forfalska marxismen-leninismen. Særskilt fører det ein hard kamp mot den moderne revisjonismen og sosialdemokratiet, som står for interessene til imperialismen / sosialimperialismen, borgarskapetog reaksjonen i arbeidarklassen og arbeidarrørsla.

    AKP(m-l) byggjer på den proletariske internasjonalismen. Vi kjempar for samhaldet mellom proletarar i alle land og samhaldet mellom dei underkua folka og nasjonane mot imperialismen / sosialimperialismen og mot freistnadene reaksjonen gjer på å kløyva dei arbeidande massane ved å ta i bruk sjåvinisme og rasisme.

    AKP(m-l) stør dei sosialistiske landa (to slike land i dag er Kina og Albania) og frigjeringsrørslene på same vis som dei stør det norske proletariatet og folket.

    AKP(m-l) er sett saman av den mest medvitne og revolusjonære delen av arbeidarklassen i Noreg, den delen som klarast ser dei langsiktige måla til proletariatet, som tek marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking som rettesnora si og er viljug til å ofra heile livet sitt for å kjempa for at proletariatet og kommunismen skal sigra. Partiet tek og opp i seg småbønder, arbeidande fiskarar og revolusjonære frå andre klassar som er viljuge til å ta klassestandpunktet at proletariatet, omformar seg til proletariske revolusjonære og kjempar saman med det revolusjonære proletariatet for kommunismen.

    2. Ein del av den kommunistiske verdsrørsla

    AKP(m-l) er partiet til proletariatet i Noreg. Samtidig er det politiske målet partiet strir for internasjonalt: siger for kommunismen i heile verda. Det same er det politiske grunnlaget vårt. Marxismen-leninimen-Mao Tsetungs tenking byggjer på røynslene som heile den proletariske verdsrørsla har gjort og ikkje berre på dei avgrensa røynslene proletariatet har gjort i Noreg.

    Alt ved starten slo den marxistiske rørsla fast at ho var internasjonal og stridde for internasjonale mål. I det fyrste vitskaplege kommunistiske programmet, Det kommunistiske manifestet frå 1848, gav Marx og Engels alle verkelege kommunistar denne rettesnora: ARBEIDARAR I ALLE LAND, GÅ SAMAN. Difor er og eitverkeleg kommunistisk parti som AKP(m-l) utenkjeleg utan som ein del av den internasjonale kommunistiske rørsla. Denne rørsla er dei verkelege marxist-leninistiske partia og organisasjonane i alle land. AKP(m-l) står saman med dei, stør dei og lærer av dei.

    I tidbolken for den proletariske verdsrevolusjonen som vi lever i no, må dei verkelege marxist-leninistiske partia og organisasjonane slutta seg stadig tettare saman og utvikla kampfellesskapen. AKP(m-l) stør og samarbeider med dei partia som leier arbeidarklassen i dei landa der proletariatet har sigra, som Kina og Albania. Vi stør og samarbeider med verkelege kommunistiske parti og organisasjonar i grannelanda våre og marxist-leninistiske parti og organisasjonar over heile verda. Vi må stø frigjeringsrørslene som fører folkekrig mot imperialismen / sosialimperialismen. Vi må stø striden arbeidarklassen og folka fører over heile verda. Berre då gjer vi vår plikt mot det marxist-leninistiske prinsippet om den proletariske internasjonalismen.

    AKP(m-l) studerer røynslene frå andre parti. Særskilt studerer vi dei viktige røynslene frå bolsjevikpartiet under Lenin og Stalin, før det skifta farge og vart borgarleg og fascistisk under Khrusjtsjov, og dei sigerrike og røynde systerpartia våre i Kina og Albania.

    Samstundes kan ikkje partiet vårt kopiera. Det er berre vårt parti sjølv som kan nytta marxismen-leninismen - Mao Tsetungs tenking rett på klassekampen i Noreg. Ingen andre kan utforma ei rett line for oss i vårt land.

    I den marxist-leninistiske rørsla finst det parti og organisasjonar med meir og mindre røynsle, det finst unge og gamle, store og småe parti. Alle verkelege marxist-leninistiske parti, mellom dei AKP(m-l), avviser den revisjonistiske tesen om "storebror"-parti som kommanderer over "småbrørne", om eit "førande parti" i verdsmålestokk. I den kommunistiske verdsrørsla står alle verkelege marxist-leninistiske parti på like fot. Alle må stø kvarandre, læra av kvarandre og samstundes stå til ansvars åleine for å forma ut ei rett line for sitt land.

    Den verkelege kommunistiske verdsrørsla skil seg grunnleggjande frå den revisjonistiske verdsrørsla som kallar seg "kommunistisk". Den revisjonistiske verdsrørsla har gått frå den proletariske internasjonalismen. I staden blir ho brukt av den svarte, kontrarevolusjonære og fascistiske sosialimperialismen som vil gjera alle revisjonistparti til reiskapar i striden for å bli herre over verda. Dei russiske sosialimperialistane vil ikkje godta nokon like rett for andre parti, men ynskjer at alle andre parti skal vera under kommando av dei. Samstundes strir andre revisjonistparti for eit "sjølvstende" som berre skuldast at dei er blitt reiskapar for borgarskapa i sine eige land og står for dei sjåvinistiske interessene deira. Difor finst det heller ingen verkeleg einskap i denne "internasjonale rørsla" som rotnar meir for kvart år som går.

    AKP(m-l) er byrgt over å høyra til den verkelege kommunistiske verdsrørsla som strir for å styrta imperialismen over heile verda og fri menneska frå all klasser underkuing.

    3. Rolla og arbeidsmåten åt partiet

    a) Eit parti av ein ny type

    AKP(m-l) er den leiinga proletariatet må ha for å vinna siger i den sosialistiske revolusjonen.

    AKP(m-l) skil seg grunnleggjande frå alle andre norske politiske parti. Dei andre partia er organiserte for å vera med i det borgarleg-parlamentariske spelet om taburettar og bein under kapitalismen. AKP(m-l) er skipa for å leia proletariatet i ein revolusjon som styrtar kapitalismen.

    Desse skilnadene viser seg ikkje berre når det gjeld den politiske lina, men og når det gjeld organisasjon og arbeidsmåte. Dei opne borgarlege, sosialdemokratiske og revisjonistiske partia er tvert gjennom prega av borgarleg ideologi og har ein organisasjon og arbeidsstil som tener interessene åt borgarskapet. Dei fryktar kampen dei arbeidande massane fører, samstundes som dei i regelen kan venta vern frå monopolborgarskapet og staten.

    AKP(m-l) har ein organisasjon og arbeidsstil som byggjer på dei marxist-leninistiske grunnsetningane og som har til formål å tena arbeidarklassen. AKP(m-l) kan berre veksa og styrka seg ved å ta del i masserørslene til arbeidarklassen og folket heile tida, og kan berre venta fiendskap og forfylging frå monopolborgarskapet og staten.

    Eit parti som skil seg frå dei borgarlege partia på alle grunnleggjande område på denne måten, kallar vi eit parti av ein ny type.

    Kapitalistane skjønar svært godt at kommunistpartiet er eit dødeleg trugsmål mot dei og eit våpen arbeidarklassen må ha for å sigra. Det er ei oppgåve av aller fyrste rang for heile arbeidarklassen at det kommunistiske partiet vert bygt og vert styrka.

    Historia syner at det er ei svært vanskeleg oppgave å skapa eit slikt parti, og at det ikkje har lukkast for tidlegare generasjonar av arbeidarar og kommunistar i Noreg å løysa denne oppgåva fullt ut.

    Arbeidarforeiningane som Marcus Thrane leidde (1848), Det Norske Arbeiderparti (1887) og NKP(1923) var alle saman opphaveleg revolusjonære arbeidarparti som stridde for sosialismen. DNA hadde marxismen på programmet, og NKP jamvel marxismen-leninismen. Båe var med i Den kommunistiske internasjonalen. Likevel lei desse partia nederlag og vart knuste eller omvandla seg til slutt til borgarlege parti. Ein av grunnane til det var at dei var prega av uklare og urette idear om rolla, organisasjonen og arbeidsmåten som det revolusjonære partiet må ha.

    b) Kvifor treng arbeidarklassen det kommunistiske partiet?

    Proletariatet og det arbeidande folket kan ikkje fri seg sjølv utan ei rett politisk line for revolusjonen. Denne politiske lina er det AKP(m-l) som er beraren av. Ho er marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking, nytta i samband med ein konkret analyse av tilhøva i Noreg. Arbeidarklassen i Noreg treng AKP(m-l) av di partiet er beraren av den kommunistiske teorien og den revolusjonære proletariske lina for kampen som byggjer på den.

    Leiinga som det kommunistiske partiet og den kommunistiske teorien gjev, trengst i klassekampen under kapitalismen, i den sosialistiske revolusjonen og under kampen for å utvikla det sosialistiske samfunnet fram til kommunismen.

    Det kommunistiske partiet trengst for det fyrste under kapitalismen fordi berre det kommunistiske partiet, som byggjer politikken sin på marxismen-leninismen, kan førebu arbeidarklassen og folket på revolusjonen i tida før det er en revolusjonær situasjon i landet. Og det er berre det kommunistiske partiet som kan gå i brodden for klassekampen og gjera han stadig meir skjerpa under kapitalismen.

    For det andre, når den revolusjonære situasjonen er der og dei breie folkemassane i Noreg strir med våpen i hand mot kapitalistane for å ta frå dei statsmakta, så kan ikkje revolusjonen sigra utan at det finst eit kommunistisk parti.

    Eit revolusjonært, kommunistisk parti er eit parti som har ei marxist-leninistisk politisk line for korleis arbeidarklassen skal handla i ein revolusjonær situasjon, som er organisert slik at det er i stand til å verka handlekraftig og målmedvete i ein revolusjonær situasjon same kva som skjer, og som har førebudd både massane og partiet sjølv på revolusjonen. Å skapa eit slikt parti tektid. Partiet må førebuast og skipast i god tid før den sosialistiske revolusjonen startar.

    Ingen andre parti han fylla den viktige rolla AKP(m-l) spelar når det gjeld å førebu dei arbeidande massane på den sosialistiske revolusjonen. AKP(m-l) er og det einaste partiet som går inn for at arbeidarklassen og folket skal verja seg mot åtak frå imperialismen gjennom folkekrig, og trengs for å leia folket inn i ein slik krig.

    For det tredje trengst det kommunistiske partiet når den sosialistiske revolusjonen har vunne den fyrste sigeren sin over borgarskapet og har skipa proletariatets diktatur. Striden for å føra klassekampen vidare under sosialismen og utvikla samfunnet vidare til kommunismen kan berre vinna siger om han har eit parti i leiinga som har ei klar forståing av vegen vidare, som byggjer på marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking.

    I dag viser kjensgjerningane sjølve at AKP(m-l) er det einaste partiet i Noreg som er berar av arbeidarklassen sin vitskaplege teori, det einastepartiet som har ei strategisk politisk line for kampane arbeidarklassen i Noreg må føra for å styrta kapitalismen, hindra at borgarskapet tek att makta og byggja sosialismen.

    Arbeidarklassen i Noreg treng partiet, for utan partiet kan klassen aldri frigjera seg sjølv. For å gjera revolusjon må proletariatet fremst av alt stø og styrkja partiet sitt, AKP(m-l).

    c) AKP(m-l) kjempar i samsvar med masselina

    For å leia kampen åt dei arbeidande massane må AKP(m-l) alltid kjempa og arbeida i samsvar med masselina. Masselina grunnar seg på den proletariske verdsåskodinga. Kjernen i masselina er prinsippet frå massane - til massane. Det vil seia at partimedlemene må gå til dei arbeidande massane og læra av dei. Vi må samla røynslene deira. Vi må få kjennedom til ynskja og behova deira slik dei står fram einskilde og usystematiske, studera og samanfatta dei og gje grunnlag for ei politisk rettesnor som partiet fører ut att i massane. Slik kan dei sjølve handla på grunnlag av rette parolar og liner som byggjer på røynslene deira, men som samstundes er reinodla og systematiserte. Sidan må røynslene frå kampen etter desse linene verta summerte opp på ny. Dette må gjerast opp att i ein uendeleg spiral. På det viset vert linene og politikken stadig riktigare. Det er å arbeida i samsvar med den marxistiske sannkjenningsteorien (erkjennelsesteorien). Han lærer oss at riktige tankar ikkje vert til i hovudet på folk skilt frå røyndomen, men at dei vert til og prøvast i sosial praksis.

    Mao Tsetung er den marxistiske teoretikaren som i fremste rekkje har utvikla teorien om masselina.

    Føresetnadene for masselina at partiet har djupe røter i massane. Difor er det naudsynt at heile leiinga, alle grunnorganisasjonar og medlemer heile tida har så brei kontakt som råd er med massane.

    Partiet må kjenna massane sitt liv og ta del i det, læra av massane og ha vyrdnad for dei. Partiet går ut frå massane sine objektive behov, ynskje og kva dei har skjøna. Det sameiner seg med og byggjer på alle gode og rette straumdrag i masserørsla og nyttar dei til å driva attende alle range og skadelege straumdrag. Partiet vert ikkje eit haleheng til dei spontane ytringane i masserørsla, men strir for å heva ho opp på eit høgare nivå, gjera ho meir konsekvent og målmedveten, sterkare og meir progressiv. Føresetnaden for dette er at partiet går i brodden med eit godt døme som overtyder massane og vinn tilliten deira.

    Dei borgarlege partia, og med dei sosialdemokratane og revisjonistane, har ingen tillit til eller vyrdnad for massane, medan AKP(m-l) lit på dei arbeidande massane og vyrder dei. Det vil ikkje seia at massane ikkje kan ta i mist. Sjølvsagt er arbeidarklassen og påverka av propagandaen frå borgarskapet og opportunistane. Men vi lit på at massane vil avsløra dei gjennom røynslene i klassekampen. Partiet vil aldri gje etter for reaksjonære straumdrag som imperialismen sin propagandamaskin stundom klarar å fremja i delar av folket. Sjølv om slike for ei tid skulle få ein viss stønad, vil vi føra fram ein open kritikk av dei og vera visse på at det arbeidande folket etter ei tid vil gjennomskoda dei reaksjonære linene.

    Masselina til AKP(m-l) skil seg skarpt frå den djupe vanvyrdnaden dei sosialdemokratiske og revisjonistiske partia har for massane. Dei lyg for massane, fører dei bak lyset og står fjernt frå massane sitt liv.

    Formålet med masselina til AKP(m-l) er å setja massane i rørsle. Berre dei kan skapa verdshistorie. Berre dei kan tryggja sigeren i den sosialistiske revolusjonen. Difor vil AKP (m-l) alltid skjerpa klassekampen mot borgarskapet, vera det tryggjaste støet for dei kjempande massane og gå i brodden for massekampen sjølv.

    d) AKP(m-l) tek del i masseorganisasjonane og stør dei i kampen mot klassefienden

    Dei arbeidande massane kan ikkje sigra over klassefienden utan å organisera seg. Difor er det alltid oppgåva for AKP(m-l) å hjelpa fram denne organiseringa. Samstundes står det kamp mellom to liner, den proletariske og den borgarlege, innanfor masseorganisasjonane sjølve.

    Fagforeiningane vart skipa for å stri for interessene åt arbeidarklassen mot kapitalen. No er leiinga i fagrørsla teken av arbeidararistokratiet. Desse leiarane går i teneste for borgarskapet og nyttar det faglege apparatet til å underkua arbeidarane.

    AKP(m-l) vil stø all kamp masseorganisasjonane fører mot klassefienden og imperialismen. Samstundes vil partiet stri mot sosialdemokratane og revisjonistane sine freistnader på å gjera dei til reiskapar for klassefienden.

    Medlemene i partiet tek del i masseorganisasjonane for å vinna det store fleirtalet for ein politikk som samsvarar med interessene til medlemene i organisasjonane.

    Ulike fagforeiningar og masseorganisasjonar organiserer berre særskilde delar av arbeidarklassen og det arbeidande folket, og dei kjempar berre for eit avgrensa program. AKP(m-l) står for interessene til heile proletariatet og ikkje berre ein del av det. AKP(m-l) kjempar for dei strategiske interessene til heile proletariatet og det arbeidande folket, for sosialismen og kommunismen. Samstundes stør AKP(m-l) alle dei kampane proletariatet og det arbeidande folket fører mot reaksjonen kvar dag. AKP(m-l) står difor for noko meir enn eit avgrensa program for nokre kampar, AKP(m-l) står for eit program som stør alle kampane klassen fører og rettar dei inn mot same målet. Difor er AKP(m-l) den høgste forma for proletarisk klasseorganisasjon i Noreg.

    Partiet strir for å styrkja dei kampane masseorganisasjonane fører mot klassefienden og for å føya dei saman. Difor seier vi at partiet strir for å spela ei leiande rolle i masseorganisasjonane. Partiet gjer dette ved å setja fram framlegg og freista å vinna stønad for dei gjennom demokratisk diskusjon mellom massane av medlemer i organisasjonane. Medlemene i AKP(m-l) arbeider i masseorganisasjonane på lik line med andre medlemer. Partiet krev ikkje å få kommandera nokon og nyttar ikkje intrigemakeri eller kuppmetodar. Vi har tiltru til at massane i organisasjonane vil stø framlegga våre når dei vert overtydde om at lina vår er rett. Difor kjempar vi og alltid for eit verkeleg medlemsdemokrati i desse organisasjonane.

    Dette skil AKP(m-l) frå dei borgarlege "arbeidarpartia". Revisjonismen og sosialdemokratiet er retningar som ikkje toler å bli diskuterte og kritiserte av arbeidarklassen og arbeidsfolk. Difor kjempar desse reaksjonære retningane mot medlemsdemokratiet i masseorganisasjonane, krev å få kommandera over dei, byråkratiserer dei og kløyver og øydelegg masseorganisasjonane når medlemene sjølve vil rå over politikken.

    e) AKP(m-l) er leiande ved å gå i brodden

    Som kommunistisk parti vil AKP(m-l) alltid vera den mest oppofrande og konsekvente kjemparen for interessene til arbeidarklassen. Partiet kjempar for å utvikla rette liner og for å vinna tilslutnad til dei i arbeidarklassen. AKP(m-l) kan utvikla rette liner av di partiet byggjer på marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking og gjer konkrete analyser av stoda i Noreg.

    Såleis vert partiet ein fortropp og ein generalstab for proletariatet. Klassen treng ei slik leiing for å føra slaget mot klassefienden.

    AKP(m-l) sine medlemer må vera leiande i å utvikla og verja den rette kommunistiske lina, dei må ta del i massane sine kampar og vera viljuge til å ofra seg for massane sine interesser. Difor kallar vi AKP(m-l) for eit parti av leiarar.

    AKP (m-l) spelar den leiande rolla av di partiet sjølve er ein del av arbeidarklassen. Medlemene er sjølve utbytta og underkua av borgarskapet og har difor dei same interessene og problema som det arbeidande folket elles. Det er eit prinsipp for partiet å styrkja luten av arbeidarar i partiet. Dei kommunistiske arbeidarane er dei beste vaktarane av marxismen-leninismen og av partiet sin proletariske karakter. Difor må og kommunistiske arbeidarar vera ryggraden i partiet på alle plan.

    Det kommunistiske partiet er partiet til arbeidarklassen av di dei som er med i det sjølve er arbeidarar og arbeidande menneske, av di heile partiet er knytt tett saman med klassen og det arbeidande folket, og av di ingen i partiet kjempar for noko anna enn å frigjera arbeidarklassen. Ingen får nokon føremon for seg sjølv av å vera med i partiet.

    Revisjonistane og sosialdemokratane freistar å narra folk til å tru at kommunistane er noko framandt for arbeidarklassen. Men det som verkeleg er framandt er dei reaksjonære sosialdemokratiske og revisjonistiske partia. Leiinga og mange medlemer der er borgarar og byråkratar som lever eit liv som er heilt avskilt frå vanlege arbeidande menneske. Dei veit ikkje kva som skjer i arbeidarklassen, kva arbeidarane tenkjer og meiner.

    Arbeidararistokratane og byråkratane i dei borgarlege arbeidarpartia representerer interessene åt utbyttarklassen, ikkje arbeidarklassen, og dei gjer sjølve karriere og får føremoner gjennom at dei er med i partia.

    f) AKP(m-l) er organisert etter den demokratiske sentralismen

    Det marxistiske prinsippet om den demokratiske sentralismen vart fyrste gongen samanfatta av Lenin. Partivedtektene uttrykkjer denne lina i detalj.

    Den demokratiske sentralismen er den proletariske organisasjonsforma. Proletarane kan aldri sigra over borgarskapet om dei slåst som einskilde individ. Dei kan berre sigra om dei går saman. Den demokratiske sentralismen skaper størst mogeleg einskap i klassen og konsentrerer kreftene åt klassen mest mogeleg.

    Den demokratiske sentralismen frigjer skaparkrafta i arbeidarklassen ved å nytta den demokratiske metoden. Han gjer slaget mot klassefienden hardast mogeleg ved å sentralisera kreftene under ein jernhard, medveten og friviljug disiplin. Gjennom den demokratiske sentralismen vert det slike tilhøve i partiet at der "rår både sentralisme og demokrati, både disiplin og fridom, både einskapleg vilje og personleg frimot og initiativ". (Mao Tsetung)

    Partidisiplinen er slik at han krev at den einskilde underordnar seg organisasjonen, mindretalet underordnar seg fleirtalet, lågare organ underordnar seg høgare og heile partiet underordnar seg sentralkomiteen.

    Det er i strid med ein sterk og friviljug disiplin å skipa fraksjonar i partiet. Det strir mot eit verkeleg demokrati av di fraksjonar set sin eigen disiplin over organisasjonen. Det er og i strid med sentralismen. Eit parti som er kløyvd opp i fraksjonar kan ikkje leia arbeidarklassen i den sosialistiske revolusjonen. Fraksjonisme løyser opp einskapen i partiet, øydelegg disiplinen og organisasjonen. Difor kan fraksjonisme ikkje tillatast og må rydjast ut med fast hand.

    Sosialdemokratane og revisjonistane går til åtak på den demokratiske sentralismen og kallar han "diktatur over medlemene" og "for sentralistisk". Men i røynda er det dei borgarlege "arbeidarpartia" som er prega av byråkratisk sentralisme og mangel på demokrati. Leiande klikkar av borgarlege politikarar avgjer alt bak stengde dører, medan medlemene ikkje har noko å seia.

    g) Kritikk og sjølvkritikk

    AKP(m-l) nyttar metoden med kritikk og sjølvkritikk for å retta på feil som oppstår i partiet. Vi kommunistar fryktar ikkje kritikken og sjølvkritikken, men søkjer han, av di vi veit at vi har sanninga på vår side og at sanninga tener proletariatet. Metoden med kritikk og sjølvkritikk er heilt naudsynt for den demokratiske sentralismen. Han set eit skarpt lys på alle feilaktige og byråkratiske tendensar i partiet og reinskar dei ut. Kritikken og sjølvkritikken er og naudsynt for at partiet skal kunna leia massane og utvikla ei verkeleg masseline.

    Kritikken og sjølvkritikken er og noko som skil AKP(m-l) frå dei borgarlege "arbeidarpartia". Dei prøver å løyna handlingane sine og kan aldri vedgå feil. Det syner at dei borgarlege leiarane fryktar sanninga og massane sine meiningar.

    h) AKP(m-l) styrkjer seg ved å reinsa seg for opportunistiske element

    Borgarlege tendensar som kjem til syne hjå ærlege kommunistar, blir vi kvitt ved demokratisk diskusjon i samsvar med formelen einskap-kritikk-einskap. Men borgarlege tendensar i form av borgarlege politikarar i partiet blir vi kvitt ved å avsløra dei gjennom demokratisk diskusjon for å kasta dei ut or partiet.

    Borgarlege politikarar og karrieristar innanfor partiet vil alltid prøva å omskapa AKP(m-l) i sitt eige - i borgarskapet sitt bilete. Dei vil prøve å gjera AKP(m-l) til eit borgarleg "arbeidarparti", eit revisjonistisk parti.

    Difor kan ikkje AKP(m-l) tillata at borgarlegekarrieristar, arbeideraristokratar, revisjonistar og sosialdemokratar får vera med i partiet. "Å kjempa mot imperialismen når ein har slike 'stridsfelagar' i ryggen vil seia å koma i ein situasjon der ein vert skoten på frå to sider-framanfrå og bakanfrå" (Stalin). "Om ein har reformistar, mensjevikar i rekkjene er det uråd å sigra i den proletariske revolusjonen" (Lenin). Partiet har ikkje bruk for medlemer som ikkje verkeleg kjempar for proletariatet si sak. Om slike medlemer vert borte frå partiet, "så veikjer det ikkje, det styrkjer både partiet, arbeidarrørsla og revolusjonen" (Lenin).

    i) AKP(m-l) bind saman legalt og illegalt arbeid

    Under borgarskapets diktatur må kommunistane alltid vera budde på valdsam undertrykking og krig. Det er ei plikt for partiet alltid å vera førebudd, slik at det ikkje vert knust av forfylgingane, men halda fram med kampen same korleis tilhøva er.

    Difor er det eit prinsipp for kommunistiske parti under kapitalismen at dei viktigaste delane av partiorganisasjonen skal vera løynde for klassefienden. Det vil seia at sjølv i tider då borgarskapet tillet partiet å trå fram legalt, må partiet ha ei organisasjonsform som er førebudd på å gå over i illegalitet. Det må binda saman legalt og illegalt arbeid.

    Dette vil ikkje seia at politikken til partiet er løynleg. Politikken vår er fullt offentleg og alle som ynskjer kanverta kjende med han. AKP(m-l) vil og nytta høvet til legalt arbeid så lenge det er råd å stri for den marxist-leninistiske politikken med legale middel.

    Dei borgarlege "arbeidarpartia" går til åtak på tryggingspolitikken til AKP(m-l). Dei vil pressa partiet til å gjera medlemer og organisasjon kjende for borgarskapet slik at klassefienden lettare kan knusa partiet. Dei borgarlege "arbeidarpartia" sjølve har ingen grunn til å løyna organisasjonen sin mot klassefienden, for dei går sjølv i teneste for kapitalen.

    På den andre sida løyner desse partia den eigentlege politikken sin frå dei arbeidande massane for å få røyster. Det syner den borgarlege karakteren deira.

    j) AKP(m-l) er sjølvberga og lit på eigen styrke

    Eit revolusjonært parti som har som mål å styrta kapitalismen i Noreg, kan aldri gjera seg avhengig av stønad frå andre enn dei som har interesse av å stri mot borgarskapet her i landet, arbeidarklassen og dei arbeidande massane i Noreg.

    Difor avviser AKP(m-l) kvart tilbod om stønad frå staten eller frå andre organ for monopolborgarskapet. Slik stønad er "kuler med sukkertrekk" som skal gjera partiet korrupt og omvandla det til ein narkotikaslave, som berre kan frelsa livet når det får "sprøyter" frå klassefienden. AKP(m-l) snyltar ikkje på masseorganisasjonar og vert ikkje finansiert frå utlandet. Partiet set sin lit til det arbeidande folket i Noreg.

    Alle som stør AKP(m-l) skal vita at ikkje noko sløsast bort og at AKP(m-l) ikkje gjev grobotn for eit skikt av byråkratiske yrkespolitikarar med høge løner.

    I motsetnad til AKP(m-l) let dei borgarlege "arbeidarpartia" klassefienden finansiera seg. Dei imperialistiske supermaktene Sovjet og USA stør kvar sine borgarlege arbeidarparti med pengar. I Noreg er desse partia nesten heilt finansiert av monopolkapitalen sin stat. Høgresosialdemokratiet tek millionar til drifta av partiet frå fagforeiningskassene. Ingen av desse partia kan lita på eigne krefter og på friviljuge tilskot fråarbeidsfolk.

    k) AKP(m-l) bind saman teori og praksis

    Det vil seia at partiet nyttar dei allmenne prinsippa i marxismen-leninismen på ein konkret analyse av den konkrete stoda. Det vil seia å utvikla ein politikk som er både prinsippfast og i samsvar med stoda i klassekampen.

    Partiet bind saman teori og praksis ved stadig å arbeida for å setja partiet sitt program og paroler om i handling frå dei arbeidande massane si side.

    Denne marxist-leninistiske lina krev at medlemene alltid studerer den kommunistiske teorien. Alle må studera verk av Marx, Engels, Lenin, Stalin, Mao og partidokument frå AKP(m-l). Det er og naudsynt å studera utviklinga i Noreg og i verda og røynslene frå systerpartia. Desse studia vert ikkje noko partimedlem ferdig med nokon gong.

    Samstundes som alle medlemer studerer, må alle vera aktive og ta del i klassekampen i Noreg og gå i brodden for han. Berre i praksis kan partiet og medlemene prøva den politiske lina og tryggja at ho alltid er i samsvar med røyndomen.

    Ved å nytta studia på praksis i klassekampen og nytta røynslene frå klassekampen igjen for å skjøna betre det vi studerer, knyter vi kommunistar saman teori og praksis. Dei to må alltid gå saman. Ein teori utan praksis vert utan liv, medan ein praksis som ikkje vert rettleidd av den marxist-leninistiske teorien vert blind.

    II. Imperialismen og den proletariske verdsrevolusjonen

    4. Imperialismen

    a) Imperialismen er det monopolistiske stadiet i kapitalismen

    Kapitalismen i verda fekk sitt store gjennombrot i samband med den industrielle revolusjonen og dei store borgarlege revolusjonane. Den kapitalistiske storindustrien sprengde dei føydale lekkjene som heldt utviklinga av samfunnet attende. Kapitalismen ruinerte millionar av småprodusentar og dreiv dei inn i fabrikkane. På det viset vart det moderne proletariatet skapt.

    Kapitalismen fører til konsentrasjon av produksjonen. Det går føre seg ei kapitalistisk sosialisering av arbeidet og produksjonen. På den eine sida får produksjonen stadig meir samfunnskarakter, men på den andre sida er det ein fåtalig kapitalistklasse som eignar til seg resultata av denne produksjonen. Denne motseiinga fører til anarki i den sosiale produksjonen og til stadig aukande motseiing mellom proletariatet og alle arbeidande massar på den eine sida og borgarskapet på hi side.

    Då borgarskapet gjorde småprodusentane eigedomslause og dreiv dei saman i store fabrikkar, skapte det og den klassen som skal leggja heile den kapitalistiske utbyttinga i grava-det moderne proletariatet.

    Konkurransen mellom dei ulike kapitalistane og den stadige akkumuleringa av kapital førte til at den tidlege frikonkurransekapitalismen voks over i monopolkapitalisme, det vil seia imperialisme. Dette løyste ikkje dei grunnleggjande motseiingane i kapitalismen. Det gjorde dei tvert om mykje skarpare.

    Motseiinga mellom produktivkreftene sin karakter og produksjonstilhøva gjev seg utslag i periodiske overproduksjonskriser. Det vert produsert meir enn det marknaden kan ta imot av di massane er utbytta. Difor hopar det seg opp store lager som ikkje får avsetnad. Det fører til øydeleggjing av produktivkrefter, arbeidarar vert arbeidslause og fabrikkar nedlagde.

    I imperialismen sin tidbolk er desse krisene vorte kraftigare og dei kjem oftare. Krisene vert forsterka av den kapitalistiske verdsmarknaden.

    Kapitalismen har søkt å løysa desse motseiingane med å skapa stadig større trustar og monopol, og staten spelar og ei meir sentral rolle som verkeleg felleskapitalist. Desse tiltaka gjev inga løysing, fordi tileigninga framleis er privat. Dei berre fører til at stadig fleire småprodusentar vert proletarar.

    Utviklinga av statsmonopolkapitalismen fører til ei skjerping av den kapitalistiske krisa. Kraftig auke i den statsmonopolistiske sektoren er eit lovbunde produkt av imperialismen sin utvikling. På det viset er statsmonopolkapitalismen ei materiell førebuing av sosialismen, men statsovertaking under kapitalismen er ingen veg til sosialismen. Det rører ikkje ved den private eigedomsretten til produksjonsmidla. "Arbeidarane held fram med å vera lønsarbeidarar, proletarar. Kapitalforholdet vert ikkje avskipa, det drivast tvert imot på spissen. Men det slår om. At staten tek over produktivkreftene er altså ikkje noka løysing av konflikten, men det gøymer i seg det formelle midlet, vegen til løysinga." (Engels.)

    Marx og Engels synte at dei indre motseiingane i kapitalismen aldri kunne løysast innanfor rama av kapitalismen. Dei synte at kapitalismen aldri kan avskipa grunnlaget for krisene og aldri hindra dei i å bli kvassare. Dei slo fast kva som er dei indre utviklingslovene for den kapitalistiske økonomien, og synte at denne utviklinga lovbunde må føra til at kapitalismen sjølv lid nederlag, at proletariatet gjer revolusjon og skipar sosialismen.

    Utviklinga av monopolkapitalismen og imperialismen har ikkje endra noko på at den analysen Marx og Engelsgjorde er gyldig. Motseiingane mellom den veksande samfunnskarakteren av produksjonen og den private tileigninga av produksjonsresultata kan framleis berre løysast ved at proletariatet gjer revolusjon, knuser den borgarlege staten og skipar si eiga statsmakt i staden for hin, proletariatets diktatur, og nyttar det til å gjera produksjonsmidla om til verkeleg samfunnseige, til felleseige for arbeidarklassen.

    b) Lenins teori om imperialismen som det høgste og siste stadiet i kapitalismen

    Den imperialistiske tidbolken tok til då den gamle frikonkurransekapitalismen voks over i monopolkapitalisme ved inngangen til det 20. hundreåret.

    Det er Lenin som fyrst og fremst har analysert framvoksteren av imperialismen, dei grunnleggjande motseiingane i imperialismen og dei nye vilkåra for den proletariske revolusjonen som imperialismen har skapt. Ved å gjera dette vidareutvikla han marxismen for imperialismen sin tidbolk. "Leninismen er marxismen i tidbolken for imperialismen og den proletariske revolusjonen". (Stalin.)

    Lenin synte at den gamle frikonkurransekapitalismen utvikla seg vidare til monopolkapitalisme og imperialisme som eit resultat av dei indre drivkreftene i kapitalismen sjølve. Det kapitalistiske profittjaget førte til ein ofseleg vokster i industrien og ein svært snøgg prosess med konsentrasjon av produksjonen i stadig større verksemder. Denne utviklinga førte samstundes med seg ein overmåte stor konsentrasjon av kapitalen.

    Denne utviklinga la grunnlaget for det moderne kapitalistiske monopolet. Krisa i kapitalismen ved inngangen til dette hundreåret hjelpte til med å konsentrera kapitalen endå meir. Frikonkurransekapitalismen slo om til monopolkapitalisme. Veldige monopol dominerte no økonomien i Europa og dermed heile verdsøkonomien.

    Lenin synte at sjølv om monopola gjer slutt på frikonkurransekapitalismen, så vil ikkje det seia at dei gjer slutt på konkurransen. Tvert om, under monopolkapitalismen vert i staden den valdsame konkurransen og striden mellom monopola skjerpa. Vidare synte Lenin at "ordninga" av produksjonen gjennom at det vert skipa monopol ikkje kan hindra kriser i kapitalismen: "Tvert om. Monopolet, som oppstår i sume industrigreiner, styrkjer og skjerpar det kaoset som er karakteristisk for heile den kapitalistiske produksjonen sett under eitt." I røynda fører utviklinga av monopolkapitalismen til at dei økonomiske krisene vert skjerpa, og krisene på si side "styrkjer tendensane til konsentrasjon og monopol i ofseleg grad".

    Lenin synte at ved framvoksteren av monopolkapitalismen smelta den gamle industrikapitalen og den gamle bankkapitalen saman under leiing av nokre få storbankar. Denne nye, kraftig sentraliserte kapitalen i desse storbankane kalla Lenin finanskapital. "Konsentrasjon av produksjonen, monopol som veks fram or denne konsentrasjonen, samansmelting av bankane med industrien, det er det som særkjenner framveksten av finanskapitalen og innhaldet i dette omgrepet." Ei lita gruppe finansherrar som kontrollerer desse enorme kapitalane får makta over bankane, industrien og industrimonopola. Desse kapitalistane kalla Lenin finansoligarkiet.

    Lenin synte at den store rolla kapitaleksporten spelar er eit særkjenne for monopolkapitalismen og imperialismen. "For den gamle kapitalismen, med fullt herredøme for frikonkurransen, var vareeksporten karakteristisk. For den nyaste kapitalismen, med herredøme for monopola, har eksport av kapital vorte karakteristisk".

    Utviklinga av monopol fører med seg ei svær opphoping av finanskapital som det ikkje lenger er råd for kapitalistane å investera i heimlandet. Monopolkapitalismen fører difor med seg at kapitalen i dei imperialistiskelanda "flyt over grensene" for å verta investert i andre land der profittkvoten er høgast.

    Lenin synte at konkurransen mellom dei imperialistiske monopola utviklar seg som ein strid for å dela verda mellom dei. Dess større vekt kapitaleksporten får, dess hardare vert den kampen ulike monopol fører for å vinna kontroll over så stor del av verdsmarknaden som råd for seg sjølve. Denne striden gjev opphav til ei oppdeling av den kapitalistiske verdsmarknaden mellom internasjonale monopolistiske kapitalistsamskipnader.

    Ettersom monopola har ulikt nasjonalt opphav og grunnlag, verkar kampen om oppdelinga av den kapitalistiske verdsmarknaden jamvel inn på tilhøvet mellom dei ulike imperialistiske statane. Blant dei kapitalistiske statane voks det fram nokre fåe som var langt framom dei andre statane i økonomisk styrke, konsentrasjon av kapital og militær makt. Desse imperialistiske stormaktene var på Lenin si tid, ved inngangen til den 1. verdskrigen, fyrst og fremst England, Tyskland, USA, Frankrike og til ein viss grad Tsar-Russland.

    Dei kapitalistiske statane har kjempa om koloniar så lenge kapitalismen har funnest. Men overgangen til kapitalistisk imperialisme utvikla kolonipolitikken kraftig. Gjennom å sikra seg koloniar kunne monopola i dei ulike landa sikra seg marknader for kapitaleksport og for eksport av varer og kontroll over råvarer som dei trong for å tryggja at den imperialistiske kapitalismen kunne halda fram.

    Men ved innleiinga av det 20. hundreåret var det ikkje lenger territorium att som ikkje var teke av ei eller anna kolonimakt. Verda var alt ferdig oppdelt mellom stormaktene. Det særeigne ved kolonipolitikken under imperialismen er såleis at det berre er råd å gjera ei nyoppdeling av verda mellom dei imperialistiske statane. Samstundes held monopoliseringa og opphopinga av finanskapital fram. Denne utviklinga gjer det til eit spørsmål om liv eller død for dei imperialistiske monopola å halda fram med å utvida seg. Dei må ha utvida marknader for kapital og varer og kontroll over meir råvarer same om alt er teke av andre. Difor kan kampen om nyoppdeling berre bli kvassare og kvassare under imperialismen. Lenin drog difor denne konklusjonen: "Det er difor ei absolutt kjensgjerning at overgangen frå kapitalismen til monopolkapitalisme, til finanskapital, er bunde saman med ei skjerping av kampen om oppdelinga av verda."

    Dette gjev grunnen for at kapitalismen i den noverande tidbolken meir enn nokon annan tidbolk er kjenneteikna av militær aggresjon, valdeleg underkuing og blodig framferd for å sikra seg koloniar og koloniområde.

    Lenin synte at ekspansjonstrongen til den moderne kapitalismen ikkje på noko vis avgrensa seg til jakt på koloniar blant dei lite utvikla jordbrukslanda. Store imperialistiske makter søkjer og å leggja andre kapitalistiske og imperialistiske makter under seg, og å få kontroll over alt som kan gje overtak i kampen med imperialistiske rivalar: aude øyar, polarområde havområde.

    Vidare synte Lenin at det imperialistiske kapitalistiske kolonisystemet ikkje berre fører til at verda vert delt opp i reine kolonimakter med reine koloniar. I imperialismen sin tidbolk veks det fram ein rad overgangsformer for kolonitilhøve: ei "rekkje former for avhengige land som trass i at dei formelt er politisk sjølvstendige i røynda er infiltrert i eit net av finansiell og diplomatisk kontroll".

    På Lenin si tid var hovudforma for kontroll over koloniar det gamle kapitalistiske kolonisystemet. Men då dette braut saman for frigjeringskampane, særleg etter den andre verdskrigen, er dette systemet med halvkoloniar blitt hovudforma for den imperialistiske nykolonialismen i våre dagar.

    På grunnlag av analysen sin av kapitalismen i hans imperialistiske stadium, stilte Lenin opp fylgjande grunnleggjande kjenneteikn på imperialismen: "1. konsentrasjon av produksjon og kapital, som har nådd eit så høgt utviklingssteg at han har skapt avgjorde monopol som spelar den avgjerande rolla i det økonomiske livet; 2. bankkapitalen er smelta saman med industrikapitalen, og det er skapt eit finansoligarki på grunnlag av denne 'finanskapitalen'; 3. kapitaleksporten, til skilnad frå vareeksporten, får særs mykje å seia; 4. det oppstår internasjonale monopolistiske kapitalistsamskipnader som deler verda mellom seg, og 5. den territoriale oppdelinga av jorda mellom dei kapitalistiske stormaktene er avslutta. Imperialismen er kapitalismen på det utviklingssteget då monopola og finanskapitalen sitt herredømme er skipa, då kapitaleksporten har fått ei framståande rolle, då oppdelinga av verda mellom dei internasjonale trustane har teke til og oppdelinga av territoriet på heile jorda mellom dei største kapitalistiske landa er avslutta."

    Lenin sin analyse av grunndraga i imperialismen gjeld heilt ut framleis, og er det einaste vitskapelege grunnlaget revolusjonære kan byggja på for å unngå å hamna i opportunisme og revisjonisme.

    Lenin synte at imperialismen er det høgste stadiet i kapitalismen, fordi det ikkje finst noko grunnlag for noka vidare utvikling av imperialismen til eit nytt stadium etter dette. Imperialismen kan heller ikkje løysa dei indre motseiingane sine og ikkje hindra at dei vert stadig kvassare.

    På grunnlag av dette slo Lenin fast at imperialismen er reaksjonær, opprotnande og snyltande kapitalisme, det vil seia: "Imperialismen er døyande kapitalisme". Difor så han også at "imperialismen er terskelen til proletariatet sin sosialistiske revolusjon. Dette har vorte stadfest i verdsmålestokk sidan 1917." Analysen av motseiingane i imperialismen og den lovbundne utviklinga av det imperialistiske verdssystemet syner at imperialismen sin tidbolk samstundes er tidbolken for den proletariske verdsrevolusjonen. Imperialismen er det siste stadiet i kapitalismen, og i imperialismen sin tidbolk vil imperialismen og kapitalismen bli styrta og sosialismen gå fram til verdsomfemnande siger.

    c) Motseiingane i det imperialistiske verdssystemet gjev opphav til krig og revolusjon

    Eit særdrag ved det imperialistiske verdssystemet er at nokre fåe imperialistiske stormakter rivaliserer om hegemoni og verdsherredøme.

    Lenin synte at rivaliseringa om hegemoni ikkje er ein politikk som leiinga i ei imperialistisk stormakt kan velja eller la vera å velja. Denne rivaliseringa er ein lovbunden fylgje av den imperialistiske økonomien. Lenin sa: "for imperialismen er det nettopp karakteristisk at strevet ikkje berre går ut på å annektera jordbruksområde, men og høgt utvikla industriområde (Tyskland sin appetitt på Belgia, Frankrike sin på Lothringen). For det fyrste tvingar den avslutta oppdelinga av jorda imperialismen til å strekkja ut handa etter kvart og eitt territorium gjennom nyoppdeling, og for det andre er det karakteristisk for imperialismen at sume stormakter rivaliserer om hegemoniet."

    Den økonomiske, politiske og militære makta til dei ulike imperialistiske stormaktene legg grunnlaget for at dei kan dela opp verda i "interessesfærar" som dei held kvart sitt hegemoni over.

    Men det er ei lov at kapitalismen utviklar seg ujamnt, at ulike industrigreiner, ulike kapitalistiske land osb. utviklar seg med ujamn fart. Det vil seia det same som at den økonomiske og politiske makta statane har vert endra med tida. Sume makter går snøgt fram, andre stagnerer, andre går attende. Men med dei endra styrketilhøva mellom dei imperialistiske stormaktene som det fører med seg, kvessast også kampen for å endra den oppdelinga av verda som byggjer på dei gamle styrketilhøva.

    Rivaliseringa om hegemoniet og den ujamne utviklinga av styrketilhøvet mellom dei imperialistiske stormaktene er ei kjelde til krig under imperialismen og er årsaka til at krig mellom imperialiststatar i røynda er uunngåeleg under imperialismen.

    Den imperialistiske krigen er framhaldet av den imperialistiske politikken imperialistmaktene fører i fredstid. Denne politikken avlar uunngåeleg både urettvise krigar mellom dei største imperialistmaktene for å dela verda opp på nytt, urettvise krigar for å sikra gamle og røva nye koloniar, nykoloniar og interessesfærar, og urettvise krigar for å hindra proletariatet i å gjera revolusjon, ta statsmakta og byggja sosialismen.

    Men motseiingane i imperialismen må og avla rettvise krigar. Den imperialistiske underkuinga fører uunngåeleg til at folka i dei underkua nasjonane gjer oppreist, fører væpna kamp mot dei imperialistiske statane for å frigjera landet og gjera nasjonal og demokratisk revolusjon. Underkuinga av proletariatet og dei arbeidande massane i dei kapitalistiske landa fører uunngåeleg til at arbeidarklassen og det arbeidande folket gjer oppreist, styrtar borgarskapets diktatur med vald og skipar proletariatets diktatur og sosialismen. Slike anti-imperialistiske og revolusjonære krigar er og fylgjar av motseiingane i det imperialistiske verdssystemet, og dei er rettvise.

    d) Den allmenne krisa i kapitalismen har utvida basisen for den sosialistiske verdsrevolusjonen

    Den gamle frikonkurransekapitalismen var råka av periodiske økonomiske kriser. Slike kriser finst og under tidbolken for imperialismen. Men imperialismen har samstundes ført med seg den allmenne krisa i kapitalismen.

    Denne allmenne krisa er samstundes ei økonomisk, sosial, politisk og militær krise som råkar alle sider ved det imperialistiske og kapitalistiske verdssystemet, skjerpar alle motseiingar og verkar inn på alle former for kapitalistisk og borgarleg verksemd. Ho er eit uttrykk for at imperialismen har nådd topp-punktet i den historiske utviklinga si. No kan han ikkje gjera anna enn gå attende, rotna opp.

    Den allmenne krisa vart innleidd i 1914 med utbrotet av den fyrste imperialistiske verdskrigen som enda med ein rad proletariske revolusjonar, særskilt med den sigerrike sosialistiske Oktober-revolusjonen i Russland i 1917.

    Stalin viste at skjerpinga av dei internasjonale motseiingane i imperialismen har blitt ein faktor som driv fram proletariske revolusjonar:

    "Tidlegare såg ein den proletariske revolusjonen berre som eit resultat av den indre utviklinga i vedkomande land. No er dette standpunktet allereie utilstrekkeleg. No må ein fyrst og fremst sjå den proletariske revolusjonen som eit resultat av utviklinga av motseiingane i det imperialistiske verdssystemet.

    Samstundes understrekar Stalin at revolusjonen utviklar seg utfrå dei særskilde vilkåra i dei einskilde landa. På grunn av den ujamne utviklinga vil revolusjonen sigra i kvart einskild land og ikkje i heile verda i eitt slag.

    Lenin, Stalin, og særskilt Mao, har synt korleis framvoksteren av imperialismen har utvikla basisen for den proletariske verdsrevolusjonen. Den kampen dei underkua folka og nasjonane i Asia, Afrika og Latin-Amerika fører for nasjonal og sosial frigjering er ein lekk i den verdsomfemnande striden for den proletariske verdsrevolusjonen. Dei anti-imperialistiske og nydemokratiske revolusjonane i dei koloniale og halv-koloniale landa er ein heilstøypt del av den sosialistiske verdsrevolusjonen. Mao seier det slik:

    "Ein slik revolusjon går til åtak på imperialismen i sjølve røtene hans og vert såleis ikkje tolt, men motarbeidd av imperialismen. Derimot vert han støtta av sosialismen, det sosialistiske landet og det internasjonale, sosialistiske proletariatet. Såleis vert ein såvoren revolusjon ein uskiljeleg del av den proletarisk-sosialistiske verdsrevolusjonen."

    e) Dei grunnleggjande motseiingane i verda i dag

    Dei fire grunnleggjande motseiingane i verda i dag er desse: - Motseiinga mellom imperialismen/sosialimperialismen på den eine sida og dei underkua nasjonane på hi sida. - Motseiinga mellom borgarskapet og proletariatet i dei kapitalistiske/byråkratkapitalistiske landa. - Motseiingane mellom dei imperialistiske/sosialimperialistiske landa innbyrdes. - Motseiinga mellom dei sosialistiske landa på den eine sida og dei imperialistiske/sosialimperialistiske landa på hi sida.

    Ikkje nokon av desse motseiingane kan løysast innanfor rama av det imperialistiske verdssystemet.

    Verda i dag er prega av at alle desse fire motseiingane er kraftig skjerpa.

    • Den kampen dei underkua nasjonane, folka og landa fører mot nasjonal underkuing frå imperialismen blir stadig hardare. Særskilt gjeld det dei folka som strir mot imperialismen i den 3. verda. Der har folka gått til frigjeringskrig mot imperialismen i ein rad land. Dei store sigrane folkekrigen har vunne i Indokina er døme på den mektige krafta i denne rørsla. Den politiske og økonomiske striden som mange av desse landa fører mot imperialisme og supermaktshegemoni er og eit uttrykk for frigjeringskampen til dei underkua nasjonane. Det gjeld og striden som underkua folk og nasjonar fører i Europa og i supermaktene sjølve, til dømes striden dei arbeidande massane fører i dei landa sosialimperialismen okkuperer og den striden dei underkua nasjonane og nasjonale minoritetane fører i Sovjet og USA.

    • Klassekampen arbeidarklassen og dei arbeidande massane fører mot borgarskapet har auka kraftig i 70-åra både i dei vestlege kapitalistiske og dei austlege byråkratkapitalistiske landa.

    • Motseiingane mellom dei imperialistiske/sosialimperialistiske landa innbyrdes, særleg mellom dei to supermaktene Sovjet og USA, har blitt særs kraftig skjerpa i 70-åra. Over heile jorda vert rivaliseringa mellom dei to om hegemoni alt kvassare, og i Europa rustar dei til eit stort slag om verdsherredømet.

      Samstundes aukar og motseiingane mellom supermaktene og dei mindre imperialistiske og kapitalistiske landa. Desse landa står i motsetnad både til den supermakta dei sjølve er underordna eller alliert med og til den andre supermakta. Til dømes kjem det fram klare motseiingar mellom dei vesteuropeiske kapitalistiske landa og Japan i høve til USA, og samstundes aukar motseiingane mellom desse landa og Sovjet. Slike motseiingar finst og mellom dei byråkratkapitalistiske landa i Aust-Europa og sosialimperialismen, sjølv om det militære strupetaket Sovjet har på desse landa til no i regelen har hindra kampen i å syna seg ope i dagen.

    • Motseiinga mellom dei imperialistiske/sosialimperialistiske landa og dei sosialistiske landa syner seg mellom anna gjennom den militære oppbygginga og provokasjonane som den sovjetiske sosialimperialismen rettar mot Kina. Ho kjem og fram ved at USA-imperialismen strir for å halda oppe dei ulovlege regjeringane på Taiwan og i Sør-Korea, for å ha basar mot Folkerepublikken Kina, og gjennom innringinga og provokasjonane frå aust og vest mot Albania.

    Den av dei grunnleggjande motseiingane som karakteriserer verdsutviklinga i dag, som er hovuddrivkrafta i verdsutviklinga og verkar inn på alle andre motseiingar, er motseiinga mellom imperialismen / sosialimperialismenpå den eine sida og dei underkua nasjonane på hi sida. Dette er hovudmotseiinga i verda i 1976.

    På den eine sida i denne motseiinga står i dag dei to supermaktene Sovjet og USA og dei mindre imperialistiske maktene. På den andre sida står dei underkua nasjonane, folka og landa i verda. I den noverande stoda er det folka i den tredje verda som er hovudkrafta i kampen mot imperialismen og særskilt supermaktene.

    Det vil seia at dei anti-imperialistiske og demokratiske revolusjonane i desse landa er ein del av og fremjar den proletariske verdsrevolusjonen. Dei verkar og attende på proletariatet i dei imperialistiske landa og skjerpar deira revolusjonære kamp.

    Den striden som folka, nasjonane og landa i den tredje verda fører mot supermaktene gjennom frigjeringsrørslene sin væpna kamp, saman med den andre politiske og økonomiske kampen dei fører, er ei mektig revolusjonær rørsle som inga makt i verda kan stogga.

    5. Dei to imperialistiske supermaktene

    a) Samanbrotet for dei gamle imperialistiske stormaktene og utviklinga av systemet med to imperialistiske supermakter

    Då den revolusjonære bylgja hadde lagt seg etter den fyrste verdskrigen, skjedde det ei relativ og mellombels stabilisering av det imperialistiske verdssystemet. Men ho vart snart avløyst av ei ny skjerping av den allmenne krisa i kapitalismen. Denne skjerpinga førte med seg den andre verdskrigen.

    Den andre verdskrigen starta som ein ny imperialistisk omfordelingskrig mellom dei imperialistiske stormaktene. Med åtaket på det sosialistiske Sovjet og utviklinga av frigjeringskrigar mot Tyskland, Japan og Italia i mange land, skifta krigen karakter til å bli ein verdsomfemnande krig for å slå den tyske, italienske og japanske fascismen.

    Fylgjen av denne krigen var ein rad sosialistiske og folkedemokratiske revolusjonar. Den største av dei alle var den verdshistoriske sigeren i den store kinesiske nydemokratiske revolusjonen, som førte til at proletariatets diktatur vart skipa i Kina og byggjinga av sosialismen kunne starta der etter 1949.

    Samstundes var England, Tyskland, Frankrike, Italia og Japan kraftig veikte. Tilbakegangen for desse gamle imperialistiske stormaktene og den kraftige framgangen for dei nasjonale frigjeringsrørslene i den 3. verda, førte til at det imperialistiske kolonisystemet i den gamle forma braut saman.

    Den einaste av dei gamle imperialistiske stormaktene som styrkte seg gjennom krigen var USA. Etter 1945 sto USA fram som den einaste imperialistiske supermakta. Ikkje noka anna imperialistmakt kunne måla seg med USA i økonomisk og militær styrke. For ei tid kunne USA difor tvinga dei mindre og veikare imperialistmaktene til å fylgja taktstokken sin. USA kunne ta over ein del av interessesfærane til dei andre, veikare imperialistmaktene, og gjorde dei tidlegare koloniane deira om til nykoloniar for USA-imperialismen. USA skipa basar på alle kontinent og freista å gripa inn overalt i verda. USA-imperialismen var blitt hovudfienden til folka i verda.

    Under USA-imperialismen sitt hegemoni skipa USA og dei veikare imperialistiske landa eit imperialistisk læger. Mot det skapte det sosialistiske Sovjet, Kina og andre sosialistiske og folkedemokratiske land det sosialistiske lægeret. USA-imperialismen freista å kløyva det sosialistiske lægeret, styrta sosialismen i dei ulike sosialistiske landa og leggja føresetnadene til rettes for ein verdskrig mot det sosialistiske Sovjet, Kina og heile det sosialistiske lægeret.

    Den borgarlege kontrarevolusjonen i Sovjetsamveldeti midten av 50-åra endra denne stoda. I og med skipinga av borgarskapets diktatur i Sovjet vart det sosialistiske Sovjet omskapt til ein statsmonopolkapitalistisk og imperialistisk stat. Med det store økonomiske potensialet og i sær med den store militære makta Sovjet hadde, vart grunnen lagt for utviklinga av ei ny imperialistisk supermakt.

    Dette gjer at i dag har vi ikkje lenger ei, men to imperialistiske stormakter som utbyttar, plyndrar og underkuar andre folk og nasjonar over heile verda og som konkurrerer seg imellom om hegemoni og herredøme i verda.

    Omvandlinga av Sovjet frå eit sosialistisk land til eit kapitalistisk og imperialistisk land støtta opp om kontrarevolusjonen i dei fleste tidlegare sosialistiske og folkedemokratiske landa, omvandla desse landa til kapitalistiske land og til satelittar og nykoloniar for sosialimperialismen og knuste det sosialistiske lægeret.

    Då det sosialistiske lægeret fanst, kunne landa i verda plasserast i tre grupper: landa i det imperialistiske lægeret, i den 3. verda og i det sosialistiske lægeret. I 1976 må vi skilja mellom dei på ein annan måte. I ei gruppe for seg har vi dei to imperialistiske supermaktene. Mot dei står landa i den 3. verda. I ei mellomstilling står dei mindre kapitalistiske og imperialistiske landa, som har motseiingar både til landa i den 3. verda og til dei to imperialistiske supermaktene.

    Omvandlinga av Sovjet til ei imperialistisk supermakt i tevling med USA-imperialismen set eit skilje i historia som gjer at den andre fasen i den allmenne krisa i kapitalismen er blitt avløyst av ein tredje fase.

    Sigeren for kontrarevolusjonen i Sovjet og mange andre sosialistiske og folkedemokratiske land var det viktigaste grunnlaget for at det imperialistiske verdssystemet stabiliserte seg mellombels i ein perioden etter den andre verdskrigen. Men utviklinga i 60- og 70- åra har synt at denne mellombels stabiliseringa no er over og er avløyst av ein tredje fase med skjerping av den allmenne krisa forkapitalismen. Denne tredje fasen med skjerping av den allmenne krisa har skapt ei stadig meir gunstig stode for striden til dei underkua folka og nasjonane. Han vil skunda fram sigeren for den sosialistiske revolusjonen i verdsomfang. Samstundes fører han med seg ein stadig kvassare kamp om verdsherredømet mellom dei to imperialistiske supermaktene.

    b) USA-imperialismen-ei supermakt i tilbakegang

    USA er i dag ei imperialistisk makt i relativ nedgang. Som alle aggressorar har USA-imperialismen fått røyna at den som freistar å vinna verdsherredømet gjennom å underkua andre folk, uunngåeleg skapar grunnlaget for sitt eige nederlag. Tapa i Indokina, samanbrotet for innringingspolitikken retta mot det sosialistiske Kina, den skjerpa motstanden mot USA-imperialismen overalt i den 3. verda, den skjerpa klassekampen frå arbeidarklassen og folket i USA sjølv og motstanden mot USA også frå dei imperialistiske landa som er allierte med USA - alt dette har veikt posisjonane for USA-imperialismen og har sett fart i attergangen for denne supermakta.

    Andre imperialistiske land har utvikla seg snøggare enn USA-imperialismen dei siste tiåra. Samstundes har dei periodiske økonomiske krisene i den vestlege verda råka USA med stadig aukande styrke.

    Dei auka vanskane for USA-imperialismen heime og internasjonalt har skapt djupe kløyvingar og bitre stridar innanfor det amerikanske monopolborgarskapet sjølv, og dette har igjen veikt handlekrafta til USA-imperialismen.

    Alt dette har skapt ein utveg for den sosialimperialistiske supermakta til å rykkja fram på kostnad av USA-imperialismen mange stader i verda og ta posisjonar som USA har halde før.

    Men USA-imperialismen er ikkje nokon daud hund. USA er veikt, men dette har ikkje endra at USA har karakteren av å vera ei supermakt, ei makt som utbyttar og kuar folk over heile verda og framleis har krefter til å ta del i kampen om hegemoni over alt på jordkloda. USA rivaliserer stadig kraftigare med den andre supermakta for å halda på hegemoniet. Samanlikna med Sovjet er USA framleis ei mykje sterkare og rikare makt økonomisk, med ein mykje høgare utvikla industri og mykje større produksjonskapasitet. USA-imperialismen er framleis i stand til å kasta inn enorme krefter i ein desperat kamp med den andre supermakta for å freista å hindra sin eigen undergang og vinna verdsherredømet sjølv.

    c) Den sovjetiske sosialimperialismen-ei supermakt i relativ framgang

    I den fyrste tida etter sigeren i kontrarevolusjonen kjende sosialimperialismen seg veik og dårleg i stand til å ta opp kampen mot andre imperialistmakter. Difor la sosialimperialistane i byrjinga opp ein politikk for å fremja dei imperialistiske måla sine gjennom samarbeid med den andre supermakta, USA-imperialismen.

    Men ettersom sosialimperialismen har styrka posisjonane sine overfor dei andre imperialistmaktene, har han også teke opp kampen mot dei stadig meir ope. No er rivaliseringa og striden mellom dei to supermaktene blitt hovudsida i tilhøvet mellom dei.

    Den sovjetiske supermakta er enno ung som imperialistisk makt. Ho er enno ikkje veikt av dei svære nederlaga som alle imperialistmakter uunngåeleg møter før eller seinare. Ho har kunna nytta tilbakeslaga til USA-imperialismen og andre vestlege imperialistmakter til å ekspandera sjølv. Ho er ei supermakt som relativt sett, innanfor det kriseråka imperialistiske verdssystemet, framleis går fram og ekspanderer.

    Den sosialimperialistiske supermakta har særdrag som gjer henne til ei særs fårleg og aggressiv makt.

    Sovjetunionen skil seg frå USA-imperialismen gjennom at den økonomiske og politiske makta er enda sterkare sentralisert enn i USA og i alle andre imperialistiske land. I økonomien er Sovjet statsmonopolkapitalistisk. I politikken tek det byråkratiske borgarskapet sitt diktatur form av eit diktatur av fascistisk type, som Mao slo fast i 1964: "Sovjetsamveldet er i dag ... eit diktatur av storborgarskapet, eit diktatur av den tyske fascistiske typen, eit diktatur av Hitler-typen."

    Den sterke konsentrasjonen av økonomisk og politisk makt i hendene på den leiande klikken innanfor byråkratborgarskapet gjev denne klikken gode høve til å setja i gang ekspansjonistiske eventyr utan å møta motstand frå andre grupper i det eigne borgarskapet. Han gjer det mogeleg å konsentrera svært store middel om militær produksjon og opprusting. Han gjer det mogeleg for dei å setja inn vald og terror mot alle freistnader dei arbeidande massane gjer på å syna motstanden sin mot den imperialistiske politikken. Alt dette gjer det svært lett for den sovjetiske sosialimperialismen å rusta til krig og gå til krig.

    Samstundes gjer dei fascistiske og imperialistiske leiarane for det sovjetiske byråkratborgarskapet bruk av den ærerike fortida og internasjonale prestisjen til det tidlegare sosialistiske Sovjet. Dei løyner den reaksjonære politikken sin ved å kalla han"sosialistisk" og "marxist-leninistisk". Dei målar denimperialistiske infiltrasjonen sin i vakre fargar ved å framstilla segsjølve som "antiimperialistar" og "vener avfrigjeringsrørslene". Dei nyttar demagogiske metodar for å infiltrerafrigjeringsrørsler og land som kjempar mot andre imperialistmakter.

    Det er fordi sovjetherskarane forkler imperialismen sin med"sosialistisk" demagogi vi slår fast med Lenins ord at dei er sosialimperialistar: "sosialistar" i ord, imperialistar i handling. Nettopp denne "sosialistiske" demagogien gjer og sosialimperialismen til ein særleg lumsk fiendefor folka, som det er vanskelegare å avsløra enn dei gamleimperialistmaktene.

    Samstundes er sosialimperialismen veik innvendig. Byråkratkapitalismen i Sovjet byggjer på at den kapitalistiske utbyttinga av arbeidarane og bøndene i Sovjet er gjenoppretta. Dette kunne det nye sovjetiske borgarskapet berre gjera under vern av eit ope, svært hardt og terroristisk fascistisk diktatur. Dei nye herskarane underkuar det sovjetiske folket med eit enormt militærapparat, med tanks og maskingevær, med eit altomfemnande hemmeleg politi og eit gigantisk system av fengsel og konsentrasjonslæger. Dei nye herskaranevågar ikkje anna enn å nekta arbeidarklassen elementære og borgarleg-demokratiske rettar som ytrings- og prentefridom, fridom til demonstrasjonar, til møteog til å organisera seg politisk. Borgarskapet har forvandlapartiet og alle masseorganisasjonar til reiskapar for detfascistiske diktaturet sitt. Dei har gjenoppretta det gamle terrorstyretover dei ikkje-russiske nasjonane i Sovjet som fanst i tsartida. Sovjeter som det gamle Tsar-Russland blitt "eit fengsel for nasjonane",der den storrussiske sjåvinismen rår, der dei andre nasjonane verthaldne i trældom med vald og søkt utsletta av herrefolket ved tvangs-russifisering.

    Den sovjetiske økonomien er også relativt sett underutvikla og veik i høve til USA-imperialismen og dei andre høgt utvikla imperialistiske landa. Det nye sovjetborgarskapet evnar ikkje å gjera opp med at dei står i ei slik relativt tilbakeståande stilling, fordi det sjølv er ein historisk reaksjonær klasse som hemjar og ikkje fremjar utviklinga av produktivkreftene. Dei periodiske økonomiske krisene har teke tilå verka også i den sovjetiske økonomien og slår svært hardt ut, nettopp fordi kapitalen er så kraftig konsentrert innanfor det byråkratkapitalistiske økonomiske systemet. I jordbruket og lettindustrien herskar det permanent krise. Rekninga for dette tvingar byråkratborgarskapet dei arbeidande massane og andre veikare land til å betala. I Sovjet og Sovjet sine nykoloniar er "kanonar i staden for smør" - senking av levestandarden for å betala rekninga for opprustinga - blitt ein integrert lekk av økonomien.

    Alt dette skjerpar dei indre motseiingane mellom byråkratborgarskapet og proletariatet og dei arbeidande bøndende, mellom den russiske imperialismen og dei ikkje-russiske underkua nasjonane. Dei sosialimperialistiske herskarane sit på ei kruttønne, og når desse indre motseiingane får utløp i open revolusjonær kamp vil dei også sjølve gå under.

    Nett desse indre veikskapane og vanskane gjer det naudsynt for sovjetherskarane å freista å løysa dei indre problema gjennom ytre ekspansjon og militære eventyr. I kampen for ytre ekspansjon er sosialimperialismen og betre i stand til å nytta militære middel enn til å nytta økonomiske middel. For konsentrasjonen av kapitalen og statsforma i Sovjet gjer det mogeleg å ta opp tevlinga med økonomisk sterkare imperialistmakter på det militære området, medan dei indre veikskapane i Sovjet-økonomien gjer at Sovjet kjem til kort når det gjeld å tevla med USA gjennom handel og økonomisk infiltrasjon.

    Denne kombinasjonen av ytre styrke og indre veikskap er det som gjer sosialimperialismen særleg farleg og aggressiv. Han fryktar sitt eige folk, han evnar ikkje å løysa dei akutte indre økonomiske problema han har. Sovjetleiarane skjønar sikkert også at dei ikkje har uavgrensa med tid. På den andre sida har sosialimperialismen ikkje lide svære militære nederlag utanlands, han har evna å ekspandera ein del, han har enorm kapasitet når det gjeld rustingar. Sosialimperialismen sine leiarar har også gode røynsler med ein del militære eventyr.

    Difor er også opprusting og krigsførebuing blitt det viktigaste trekket ved den sosialimperialistiske politikken. Sosialimperialismen er blitt ei svært sannsynleg kjelde til ein tredje imperialistisk verdskrig.

    d) Kamp mot begge supermakter og all imperialisme

    Dei imperialistiske supermaktene Sovjet og USA er i dag hovudfienden for folka i verda. Dei er hovudkrafta som held det imperialistiske verdssystemet oppe. Dei er den militære garantien for all imperialisme og for reaksjonære regime over heile verda. Kampen mot imperialismen må retta hovudstøtet mot dei.

    Samstundes finst det framleis andre og mindre imperialistar. Dei freistar å halda oppe si eiga imperialistiske utbytting. Dei vil og ofte alliera seg med supermaktene og underordna seg dei for å få ta del i utbyttinga i deira interessesfærar. Monopolborgarskapet i mindre imperialistiske og kapitalistiske land har motseiingar til supermaktene som folka i verda kan gjera seg nytte av. Samstundes må folka aldri gløyma at dette er motseiingar mellom store og mindre utbyttarar. Allment har monopolborgarskapet i alle land interesse av å halda oppe det imperialistiske verdssystemet. Dette gjeld og monopolborgarskapet eit lite imperialistisk land som Noreg.

    Proletariatet og folka i verda må konsentrera kreftene om dei to supermaktene og samstundes halda fram med kampen mot dei mindre imperialistane, mot borgarskapet og monopola i sine eigne land, mot føydalistane, mot imperialismen sine lakeiar i alle land.

    I denne kampen må dei avvisa dei freistnadene revisjonistane gjer på å få folk til å jamstella småe imperialistar med supermakter og tru på lygna om at "alle imperialistar er like farlege". Proletariatet og folka i dei ulike landa må skilja ut den viktigaste fienden ut frå tilhøvet i det einskilde landet og samstundes ta del i den kampen folka over heile verda fører mot dei to imperialistiske supermaktene og freistnadene deira på å vinna verdsherredøme.

    6. Vi lever i ei førkrigstid

    a) Fåren for krig aukar kraftig

    Ein heilskapleg analyse av verdsutviklinga i 1976 syner at såvel krigsfaktoren som revolusjonsfaktoren aukar kraftig og snøgt. Det veldige oppsvinget for den revolusjonære rørsla i verda grip om seg overalt, og framfor alt veks den politiske og militære kampen til dei undertrykte nasjonane og folka i den tredje verda mot imperialismen og supermakts-hegemonismen fram med stor styrke. Denne revolusjonære flodbylgja er ein historisk tendens som ikkje kan stoggast. Revolusjonen er framleis hovudtendensen i verda i dag.

    Samstundes peikar den alt kvassare striden og stadig aukande rivaliseringa mellom supermaktene om verdsherredøme i retning av ein ny, tredje verdskrig. Denne rivaliseringa har alt forplanta seg frå det økonomiske og politiske omkvervet til det militære. Alt i dag nyttar dei to i eit visst omfang imperialistisk krig som eit middel i rivaliseringa. Dels gjer dei militære framstøytar på kvar sin kant, dels er det stadig fleire krigar der båe supermaktene er blanda inn gjennom agentar på kvar si side. Båe supermaktene driv intense krigsførebuingar og rustar sterkare enn nokon gong, med sosialimperialismen som den leiande opp til no.

    Supermaktene freistar å løyna krigsførebuingane sine bak eit skoddeteppe av prat om "fred" og "avspenning". Særskilt snakkar dei nye tsarane i Kreml mykje om "internasjonale tryggingsordningar" og spreier imperialistisk pasifisme. I røynda vil dei lulla folka i verda i svevn for å kunna overraska dei verjelause ved eit imperialistisk åtak.

    Dei faktorane som verkar i retning krigen styrkjer seg: Rivaliseringa mellom supermaktene, den ujamne utviklinga mellom dei, fasciseringa og militariseringa hjåsupermaktene som vert særskilt snøgt skjerpa i Sovjet, skjerpinga av den allmenne krisa i kapitalismen.

    Mao Tsetung har slege fast at "anten hindrar revolusjonen krigen, eller så fører krigen til revolusjon". Det mektige revolusjonære oppsvinget i verda er det einaste som kan hindra ein ny imperialistisk verdskrig. Berre ein proletarisk revolusjon i ei eller båe supermaktene kan hindra ein slik krig. Men framleis er dei revolusjonære kreftene i USA og Sovjet for veike til at dette vil skje snøgt, samstundes som krigsfaktorane aukar særs kraftig. Difor er det lite sannsynleg at revolusjonen vil kunna hindra krigen.

    Eit særs viktig tilhøve som må bli teke med i vurderinga av verdsutviklinga no, er at tendensen til krig synest å veksa snøggare enn tendensen til revolusjon.

    Det er heilt klart at i denne situasjonen vil det bryta ut stadig fleire mindre krigar der ein eller båe supermaktene er blanda inn. Slik stoda er i verda i dag, er det og sannsynleg at det vil bryta ut krig mellom dei to supermaktene.

    Når det gjeld tilhøvet mellom supermaktene utviklar det seg no slik at det er sosialimperialismen som er på offensiven andsynes USA-imperialismen. Sovjet har rykt kraftig fram, skaffa seg basar og kontroll over strategiske område, vunne overtaket i rustingskappløpet, alt på kostnad av USA. Sovjet er ei ung supermakt på veg opp, som ynskjer å driva fram ei nyoppdeling av verda med alle middel. Sovjet er den som mest sannsynleg kjem til å utløysa krigen.

    Men om supermaktene utløyser krigen, vil dette heilt sikkert utløysa store revolusjonære stormar. Supermaktene synest sterke og er rusta til tennene. Men folka i verda er sterkare. Dei kjempar for ei rettvis sak og vil utan tvil venda krigen til revolusjon og gje imperialistane og alle reaksjonære knusande slag.

    b) Supermaktene trugar Noreg med krig

    Båe dei to supermaktene har interesse av å utbytta Noreg og sikra seg kontroll over rikdomane i landet vårt.

    USA-imperialismen, som er den dominerande supermakta i Noreg, har stor kontroll over viktige delar av norsk økonomi. Sosialimperialismen driv rovfiske, freistar å røva til seg rikdomane som finst på norsk sjøterritorium i nord og å utnytta Svalbard.

    Særleg alvorleg er det aukande presset og dei stadige provokasjonane frå den sovjetiske sosialimperialismen for å rana til seg kontroll over norsk territorium på Svalbard og i Barentshavet.

    Men i samband med utviklinga i retning av verdskrig aukar trugsmålet frå dei to mot Noreg. Noreg er eit strategisk nykkelområde i ein kamp mellom dei to om Europa. Bryt krigen ut må vi difor rekna med at han og vil bli ført i Noreg.

    Båe dei to supermaktene er difor eit dødeleg trugsmål mot det norske arbeidande folket, mot den nasjonale suvereniteten og sjølvråderetten til Noreg.

    Gjennom NATO har USA kontroll over det borgarlege militærapparatet i Noreg. USA og NATO driv storstilte militærøvingar som ikkje tek sikte på å verna det norske folket og den norske nasjonen, men å verja interessene åt USA-imperialismen i ein krig mot den andre supermakta.

    Sosialimperialismen har bygt opp enorme militærstyrkar og har skapt seg stor militær overmakt langs norskegrensa. Kolahalvøya er ein einaste stor militærbase, der Sovjet m.a. har den største flåtebasen i verda. Sovjet driv regelbundne øvingar retta mot Noreg i landsetjing av okkupasjonstroppar.

    Proletariatet og folket i Noreg må styrkja kampen sin mot dei to imperialistiske supermaktene og førebu seg på at dei kan løysa ut krig som vil bli ført i landet vårt. Om Noreg vert drege inn i ein slik krig, er det den kampen proletariatet og folket i Noreg fører mot åtaksstyrkane som vil avgjera kva for framtid som vil finnast for det arbeidande folket i Noreg og den norske nasjonen. Arbeidarklassen og folket i Noreg må svara på imperialistiske militære åtak og okkupasjon med nasjonal, revolusjonær folkekrig.

    7. Verdsrevolusjonen vil sigra

    Utviklinga i retning av verdskrig er berre ein av to tendensar i verdsutviklinga. Den andre tendensen er framgangen for revolusjonen og dei stadig betre vilkåra for han over heile verda som er hovudtendensen i dag.

    Sjølv om sume imperialistiske statar går fram medan andre går attende, så går det nedover med heile det imperialistiske verdssystemet. Inga supermakt kan venda denne tendensen. Det er den sovjetiske sosialimperialismen og USA-imperialismen som har grunn til å frykta folka i verda og ikkje folka som fryktar imperialismen og supermaktene.

    Den imperialistiske utbyttinga og underkuinga av nasjonane i den 3. verda skapar sjølv dei kreftene som frigjer desse landa frå imperialismen. Imperialismen utløyser nasjonale frigjeringsrørsler som driv folkekrig for nasjonal og sosial frigjering.

    Rivaliseringa mellom dei to supermaktene om verdsherredømet samlar folka i verda meir og meir mot båe supermakter og all imperialisme.

    Utviklinga av den kapitalistiske produksjonen i dei imperialistiske og kapitalistiske landa sjølve skapar stadig nye og djupare økonomiske kriser. I desse landa veks proletariatet, som er banemannen for kapitalismen, og kampane proletariatet fører mot borgarskapet blir stadig skarpare.

    Den stadige skjerpinga av motseiingane gjer det vanskelegare for agentane for imperialismen, sosialdemokratiet og revisjonismen, å føra folk bak lyset. Større og større delar av dei arbeidande massane lærer å sjå skilnaden mellom ekte og falsk marxisme. Opportunismen får stadig større vanskar, medan dei ekte marxist-leninistiske partia og organisasjonane i verda styrkjer seg.

    Den borgarlege kontrarevolusjonen i Sovjetsamveldet og andre tidlegare sosialistiske og folkedemokratiske land og den snøgge indre opprotninga i desse landa, er ein verdfull lærepenge for folka og dei revolusjonære i verda. Kommunistane i Kina og Albania har drege slutningar av det, skjerpa klassekampen, styrkja proletariatets diktatur og tryggja og vidareutvikla det sosialistiske systemet i desse landa.

    Innsirklingspolitikken og provokasjonane imperialismen / sosialimperialismen har drive overfor dei sosialistiske landa som Kina og Albania, har mislukkast. Prestisjen til dei sosialistiske landa som Kina og Albania er styrkt hos arbeidarklassen og folka i verda.

    Lenin synte at imperialismen må føra til ulike former for revolusjonær krig: Imperialismen "må avla og fostra politikken med strid mot nasjonal underkuing og proletarisk strid mot borgarskapet. Difor vert det både mogeleg og uomgjengeleg med for det fyrste revolusjonære nasjonale oppreistar og krigar, for det andre med proletariske krigar og oppreistar mot borgarskapet, og for det tredje med ei samling av båe slag revolusjonær krig." Dei meir enn 50 åra som har gått sidan Lenin skreiv dette, har til fulle prova sanninga i orda hans. Framtida kan berre styrkja utviklinga av nasjonal frigjeringskrig, revolusjonar frå proletariatet og kombinasjonar av båe desse to.

    Vil dette endra seg dersom imperialistane slepp laus ein 3. imperialistisk verdskrig? Nei, det kan berre styrkja utviklinga av revolusjonane i mange ulike land i verda. Ein slik krig vil beinveges utløysa revolusjonær krig frå proletariatet og folka i mange nye land. Om supermaktene utløyser ein 3. verdskrig, vil proletariatet og folka sjølve svara med revolusjonær krig og leggja åtaksmaktene og imperialistane sjølve i grava.

    Same kva som skjer og same kva dei imperialistiske supermaktene gjer, kan ingen ting i verda berga det imperialistiske verdssystemet, og inga makt i verda kan hindra den proletariske verdsrevolusjonen frå å vinna siger.

    8. Imperialismen og revisjonismen

    Revisjonismen er eit middel imperialismen nyttar for å freista å demma opp for framgangen til den proletariske verdsrevolusjonen. Når revisjonismen har fått stadig meir å seia i det 20. hundreåret, er det eit uttrykk for at imperialismen har gått attende og frigjeringsrørsla som verdsproletariatet og folka driv er på frammarsj.

    Lenin synte sambandet mellom utviklinga av imperialismen og framvoksteren av opportunismen og revisjonismen i proletariatet og arbeidarrørsla.

    Framvoksteren av monopola og superprofittane som vart skapt gjennom den imperialistiske utbyttinga, gjorde at borgarskapet i dei imperialistiske landa kunne muta (bestikke) eit tunt skikt av arbeidarane gjennom å gje dei økonomiske og politiske føremoner. Dette skapte det økonomiske og politiske grunnlaget for at det voks fram eit "arbeidararistokrati" som har interessene sine knytte til dei imperialistiske monopola og ynskjer å halda deira diktatur oppe. Det la grunnlaget for at det voks fram borgarlege "arbeidarleiarar" og borgarlege "arbeidarparti" i alle imperialistiske land.

    Arbeidararistokratiet er, som partiet sin klasseanalyse syner, berre eit tunt sjikt. Men dette tunne sjiktet kan for ei tid lukkast med å narra dei breie arbeidande massane til å tru at dei borgarlege "arbeidarleiarane" og "arbeidarpartia" i røynda står for arbeidarane sine interesser. Dei nyttar innverknaden dei har i arbeidarklassen til å svika og selja proletariatet sine interesser og sabotera og øydeleggja den revolusjonære kampen. Lenin synte at dei borgarlege "arbeidarpartia" på hans tid var blitt den viktigaste politiske støtta for borgarskapets diktatur i dei kapitalistiske landa. Difor slo Lenin fast at kampen for den sosialistiske revolusjonen og mot imperialismen aldri kan sigra utan skarp og ubøyeleg strid mot revisjonismen.

    Opportunismen nådde det fyrste høgdepunktet sitt under den fyrste verdskrigen. Innanfor dei marxistiske arbeidarpartia på denne tida hadde det utvikla seg straumdrag som sjølve gjorde krav på å vera marxistiske, men som i røynda reviderte ut det revolusjonære innhaldet i marxismen-dvs. sto for revisjonisme. Under krigen fekk desse straumdraga dominera dei fleste gamle sosialdemokratiske partia. Dei utvikla seg til sosialsjåvinisme og sosialimperialisme - dvs. stønad til det eigne borgarskapet i den imperialistiske krigen.

    I Noreg og sume andre nordiske og europeiske land er desse sosialdemokratiske partia blitt hovudparti for monopolkapitalen. Etter den andre verdskrigen har fleire av dei fått dobbeltkarakteren av både agentar for borgarskapet i det eigne landet i arbeidarklassen og samstundes støttespelarar og agentar for den imperialistiske supermakta USA.

    Under og etter den andre verdskrigen voks det fram revisjonistiske straumdrag i dei kommunistiske partia i mange land. I fyrstninga var desse straumdraga støttespelarar for borgarskapet i kvart einskilt land og USA-imperialismen.

    Etter at kontrarevolusjonen sigra i Sovjet og Khrusjtsjov fekk makta i partiet der, fekk den moderne revisjonismen eit kraftig støt framover. I eit fleirtal av dei tidlegare kommunistiske partia lukkast dei i å ta makta. Dei moderne revisjonistiske partia er som dei gamle sosialdemokratiske partia agentar for det eigne borgarskapet i arbeidarklassen. Samstundes er dei opne agentar for den aggressive oppstigande imperialistiske supermakta Sovjet.

    Den moderne revisjonismen skil seg frå det gamle sosialdemokratiet ved at han ikkje berre er eit agentur for monopolborgarskapet og imperialismen. Attåt har han statsmakta i ein rad land, mellom anna ein av dei to imperialistiske supermaktene. I desse landa er borgarskapet sjølv revisjonistisk. Monopolborgarane i Sovjet har dessutan kontroll over ei av dei to største militærmaskinane i verda. Ikkje berre sosialt, men også militært er den moderne revisjonismen blitt ei hovudstøtte for det imperialistiske verdssystemet.

    Den moderne revisjonismen har større maktmedel enn den gamle revisjonismen på Lenin si tid. Den verkeleg kommunistiske, marxist-leninistiske rørsla er også større og sterkare enn nokon gong før. At borgarskapet og imperialismen slik stoda er no, må dekkja seg bak stadig fleire "sosialistiske" fraser, må sverja ikkje berre til Marx, men og til Lenin, det er berre ein naudsynt fylgje av den desperate stoda borgarskapet er i.

    Kvart år som går syner sanninga i læra til Lenin om at ingen kamp mot borgarskapet og imperialismen kan sigra utan strid mot revisjonismen. I dag kan vi slå fast at den revolusjonære rørsla og den revolusjonen som vil sigra, aldri må forsona seg med den moderne revisjonismen og sosialimperialismen, men skjerpa kampen mot dei, elles vil han li nederlag.

    I framtida må vi venta at dess verre krisa for kapitalismen vert, dess veikare imperialismen vert, dess meir vil reaksjonen gripa til revisjonisme og dess skarpare vil kampen mot revisjonismen og sosialimperialismen måtta verta. Kommunistane, proletariatet og folka i verda må bli stadig meir dugande til å skilja mellom ekte og falsk anti-imperialisme, ekte og falsk sosialisme, ekte og falsk marxisme og kommunisme.

    9. Den proletariske internasjonalismen

    Den proletariske internasjonalismen er svaret proletariatet gjev det internasjonale kapitalistiske og imperialistiske systemet.

    Ettersom imperialismen og kapitalismen er eit verdsomfemnande system, kan det også berre bli kasta på historia sin skraphaug gjennom ein sams strid frå proletariatet og folka i heile verda. Vi har slege fast at oppgåva proletariatet har er internasjonal: å styrta imperialismen, oppretta sosialismen og til slutt kommunismen på heile jordkloten. Difor har og den kampen proletariatet fører ein internasjonal karakter.

    Samstundes utviklar kapitalismen og klassekampen seg ujamnt i dei ulike landa, og vilkåra for revolusjonen utviklar seg og til ulik tid i ulike land. Difor kan ikkje den sosialistiske revolusjonen sigra til same tid over heileverda. I vår tid er det proletariatet og folka i dei ulike landa som har oppgåva å gjera sosialistiske og nydemokratiske revolusjonar i kvart einskilt land, og dimed leggja grunnlaget for å byggja sosialismen i heile verda.

    Det at sosialismen fyrst sigrar i ulike land vil ikkje seia at kampen proletariatet fører i denne tidbolken ikkje er internasjonal. Sjølv om hovudkrafta for revolusjonen i kvart land er proletariatet og folket i landet sjølv, så kan ingen revolusjon sigra utan at han samstundes vert støttaav proletariatet og folka i andre land. Proletariatet i dei ymse landa må stø kvarandre og samordna kampen sin for å vinna siger i kvart einskild land no og på heile jorda på lang sikt.

    Det er ei plikt for proletariatet og alle revolusjonære i verda å stø slike verkelege sosialistiske land som Kina og Albania og alle andre land der revolusjonar skaper verkeleg sosialisme eller folkedemokrati. I desse landa har proletariatet alt vunne makta, og det er ei sak for heile verdsproletariatet å stø dei mot alle framstøytar for å knusa det sosialistiske systemet der. Desse landa er føredøme som syner proletariatet og folka i verda kva veg dei må gå for å styrta imperialismen, kapitalismen og reaksjonen, skipa proletariatets diktatur, byggja sosialismen, kjempa mot revisjonismen under sosialismen og hindra at kapitalismen vert atterreist etter revolusjonen. Dei er baklandet og dei mest trugne allierte for proletariatet i dei kapitalistiske landa og for den nasjonale frigjeringsrørsla til dei underkua folka og nasjonane.

    Det er ei plikt for proletariatet i dei utvikla kapitalistiske og imperialistiske landa å stø den kampen som dei underkua folka og nasjonane fører mot imperialismen. Kommunistane og proletariatet må kjempa mot alle tendensar til sjåvinisme og sosialimperialisme som borgarskapet, sosialdemokratane og revisjonistane spreier. Dei må solidarisera seg med og stø kraftig opp om kampen den 3. verda fører og særskilt frigjeringsrørslene som fører folkekrig mot imperialismen.

    Det er ei plikt for proletariatet i kvart kapitalistisk og imperialistisk land å stø den kampen arbeidarane og folket i andre kapitalistiske og imperialistiske land fører.

    Om det bryt ut krig, må proletariatet stø rettvis krig mot imperialismen og kjempa mot å la seg bli brukt som kanonføde i urettvis krig for imperialistane og særskilt for supermaktene.

    Om supermaktene utløyser ein verdskrig, må proletariatet i dei landa som blir dregne inn svara på imperialistisk krig med å føra revolusjonær frigjeringskrig sjølv og kjempa for å styrta supermaktene og imperialismen.

    Dei ekte marxist-leninistiske partia og organisasjonane er den konsekvente leiinga for heile den revolusjonære rørsla i verda. Det er berre under leiing av dei at sosialistisk og nydemokratisk revolusjon kan vinna i kvart einskilt land. Det er berre under leiing av dei at den proletariske verdsrevolusjonen kan vinna siger. Difor er det og ei plikt for dei verkelege marxist-leninistiske partia og organisasjonane å stø kvarandre, utvikla sambandet mellom kvarandre og einskapen i den internasjonale marxist-leninistiske rørsla.

    Inga kraft i verda kan stå mot den krafta proletarane og dei kjempande folka i verda kan utløysa når dei går saman i kampen for å styrta kapitalismen og imperialismen. Dei kan omskapa jorda og frigjera heile den arbeidande menneskeætta, dei kan rydda ut all utbytting og all underkuing mellom menneska for all tid.Imperialismen ser mektig ut, men han er ein koloss på leirføter. Alle imperialistar og alle reaksjonære er papirtigrar!

    PROLETARAR OG UNDERKUA FOLK I ALLE LAND, GÅ SAMAN!

    III. Klassekampen i Noreg

    10. Kapitalismen i Noreg

    a) Utviklinga av den norske kapitalismen

    Det har levd menneske i Noreg i meir enn titusen år, men berre i om lag 1500 år har det vore klassar. Klassane voks fram då produksjonen vart så utvikla at han gav eit overskot. Då var grunnlaget for privateigedomen og klasseunderkuinga lagt. Sidan har historia vore ei historie om klassekamp. Dei arbeidande massane i Noreg har gong på gong reist seg mot utbyttarklassane og er blitt møtte med blodig underkuing. Gjennom utviklinga av produksjonsmidla og klassekampen har det norske samfunnet utvikla seg frå eit slaveeigarsamfunn til eit føydalsamfunn og deretter til eit kapitalistisk samfunn. Liksom kapitalismen i si tid synte føydalismen til historia sin skraphaug, vil sosialismen like sikkert visa kapitalismen dit.

    Kapitalismen i Noreg hadde røtene sine i bergverksdrift, trelastindustri og handel. Seinare voks skipsfarten fram og blei eit viktig element i den norske kapitalismen. Reiarkapitalen, handelskapitalen og restar av den føydale godseigarklassen kom til å setja eit særpreg på det norske borgarskapet då det utvikla seg. Den industrielle revolusjonen i Noreg tok ikkje verkeleg fart før på 1850-talet. I siste halvdelen av det førre hundreåret blei den kapitalistiske utbyttinga heilt dominerande. Som all annan kapital er også den norske grunnlagd på proletariatet sitt blod i Noreg og andre land. Reiarane skapte seg formuer ved å la massevis av sjøfolk risikeralivet på synkeferdige skuter. Industrikapitalen blei til på barnearbeid og omsynslaus utbytting av arbeidarklassen.

    Utviklinga av kapitalismen i Noreg blei hindra av at den norske nasjonen var undertrykt av den svenske staten. Fram til 1905 og unionsoppløysinga spelte borgarskapet difor ei progressiv rolle innan visse grenser.Med unionsoppløysinga og den allmenne røysteretten som vart innført etterpå, var den siste steinen i den borgarlege revolusjonen lagt, og frå då av har borgarskapet spelt ei heilt ut reaksjonær rolle som underkuande, utbyttande og snyltande klasse.

    I tida frå 1905 til fyrste verdskrigen utvikla den norske kapitalismen seg valdsamt. Samstundes fekk utanlandsk kapital eit stort fotfeste i Noreg, og seinare er det berre blitt styrkt. Arbeidarklassen voks og blei den største klassen i det norske samfunnet.

    Den fyrste verdskrigen var ei tid då krigsprofitørane la grunnlaget for den norske monopolkapitalismen. Det arbeidande folket i Noreg måtte li under ei kraftig forverring av levevilkåra, samstundes som reiarkapital og bankkapital voks. Krisa på tjuetalet sanerte mykje av den mindre kapitalen og kravde at dei store kapitalistane nytta staten meir beinveges som økonomisk reiskap. Slik starta utviklinga av den norske statsmonopolkapitalismen.

    Trettitalet førte med seg ei økonomisk og politisk konsolidering av statsmonopolkapitalismen. Særleg hadde det mykje å seia for den norske kapitalistklassen atsosialdemokratiet klarte å knebla arbeidarklassen gjennom Hovudavtalen og andre reaksjonære tiltak.

    Norsk kapital gjorde store profittar på den andre verdskrigen. Reiarane tente på krigsfraktene og industrien tente på produksjonen for okkupantane. På nytt var det dei arbeidande massane i Noreg som måtte bera børene av kapitalakkumulasjonen.

    Ved innleiinga til etterkrigstida brukte borgarskapet den akkumulerte krigskapitalen til å skapa nye store produksjonsmonopol og ein langt meir utvikla finanskapital. På det politiske området fekk denne prosessen uttrykket sitt i sosialdemokratiet sin demagogi om "nasjonal gjenreising". USA-imperialismen styrkte grepet på Noreg. Femtiåra blei ei tid med ein kraftig auke i utbyttinga av den norske arbeidarklassen gjennom rasjonalisering og auka arbeidsintensitet. Men sigeren for revisjonismen i NKP og i Sovjetunionen drog ut den mellombels stabiliseringa av kapitalismen.

    Ved slutten av seksti-åra var den mellombels stabiliseringa av kapitalismen avgjort slutt. Det norske samfunnet gjekk inn i ei tid med kraftig skjerping av den allmenne krisa og av klassekampen. I dag har den norske kapitalismen ingen reservar som kan gje utveg til ei ny stabilisering på line med 50- og 60-åra.

    Dei faktorane som den norske kapitalismen henta den forbigåande styrken sin frå har endra seg. Internasjonalt går imperialismen frå krise til krise og dei økonomiske krisene i Noreg vert djupare for kvar gong.

    Medan revisjonismen likviderte storparten av dei kommunistiske partia over heile verda for eit par tiår sidan, vert det no skipa nye marxist-leninistiske parti som vil vera fortroppen for arbeidarklassen. I Noreg har arbeidarklassen fått sitt eige politiske parti, AKP(m-l).

    I etterkrigstida har statsmonopolkapitalismen utvikla seg, og i 1970-åra har han kome på eit heilt nytt nivå. Utviklinga av den norske kapitalismen til statsmonopolkapitalisme og imperialisme har skapt eit økonomisk grunnlag for eit relativt vidfemnt arbeidararistokrati. Desse arbeidarløytnantane for kapitalen er aktive sabotørar av klassekampen, og jobbar meir effektivt for å få kapitalismen i Noreg til å vara enn kapitalistklassen kunne gjort på eiga hand.

    Arbeidararistokratiet har gjort dei store samyrkeorganisasjonane om til byråkratkapitalistiske selskap, slik som NKL, Landsbanken, Samvirke osb. Ei tilsvarande utvikling har skjedd med dei store landbruksorganisasjonane. Dei leiande byråkratkapitalistane høyrer til den monopolistiske delen av borgarskapet.Vi tek avstand frå den borgarlege og revisjonistiske myten om at det norske klassesamfunnet har vore prega av "fredeleg og parlamentarisk utvikling". Før kapitalismen braut gjennom i Noreg raste det gong på gong klassekrigar der dei undertrykte massane prøvde å kasta av seg utbyttaråka. Under kapitalismen har arbeidarklassen blitt møtt med valdsmakta til borgarskapet gong på gong. Kampen for fagforeiningane kravde store offer av arbeidarklassen, både forfylging og kriminalisering og til og med dødsoffer. Ved mange viktige arbeidskampar har borgarskapet brukt valdsapparatet til å knekkja kampen. Når kampen ikkje har blitt valdsamare, kjem det ikkje av at det norske borgarskapet har nokon særskilt fredeleg karakter. Det kjem av at arbeidarklassen sjeldan har vore i nærleiken av å truga borgarskapet si makt. All historie, også den norske, syner at så snart arbeidarklassen blir sterk nok til å truga den kapitalistiske staten, då vil borgarskapet og vera budd på å slå han ned med blodig vald.

    Thranitterrørsla, som var den fyrste arbeidarrørsla i Noreg, vart slegen ned med vald. Dei fyrste streikekampane og fagforeiningane vart møtte med vald. Dei store arbeidskampane på tjue- og trettitalet blei møtte med soldatar, statspoliti og borgarvern. Slik er soga om kapitalismen i Noreg.

    b) Noreg og imperialismen

    Noreg er eit imperialistisk land. Noreg er eit høgt utvikla monopolistiskland som driv imperialistisk utbytting. Sjølv om Noreg er eit lite land, driv den norske herskarklassen slik utbytting i alle verdsdelar. Den kampen som folka i andre land måtte føra for å kjempa mot norsk imperialisme, tener og arbeidarklassen og folket i Noreg, og vi vil stø slike kampar.

    Proletariatet i Noreg må aldri stø norsk imperialisme. Det må kjempa mot han, og kjempa mot den imperialistiske sjåvinismen som borgarskapet prøver å forgifta arbeidarklassen med. Denne sjåvinismen er i strid med den proletariske internasjonalismen og ein verkeleg antiimperialistisk patriotisme.

    Noreg er ein del av den imperialistiske verda. Det kapitalistiske Noreg tek del i den imperialistiske utbyttinga og undertrykkinga av dei undertrykte folka og nasjonane. Det imperialistiske borgarskapet i Noreg har ikkje nokon eigen militær og politisk styrke til å driva slik utbytting. Det har alltid fylgt lina med å stø seg på ei større imperialistisk makt og driva utbyttinga si i ly av kanonane til denne makta. Tidlegare var det den engelske imperialismen. I 1976 og i heile tida etter den 2. verdskrigen har monopolborgarskapet stødd seg på USA-imperialismen. Dette har gjort Noreg til ein del av hegemoniområdet til USA-imperialismen og gjeve sterke militære styrkeposisjonar til USA i Noreg. Men ettersom sosialimperialismen har gått fram, har han byrja å pressa på Noreg for å riva Noreg laus frå USA-imperialismen og over i hegemoniområdet til Sovjet. Det har skapt eit grunnlag for at delar av det norske borgarskapet kan hella til sosialimperialismen.

    Det norske imperialistiske borgarskapet høyrer til verdsreaksjonen. Samstundes er Noreg truga av sterkare imperialistiske makter, særleg av sosialimperialismen og USA-imperialismen, som trugar Noreg militært.

    Noreg er eit offer for imperialismen. Sidan Noreg vann sjølvråderetten i 1905 har det alltid vore ein stor del utanlandsk imperialistisk eigedom i Noreg. Både amerikansk, britisk, fransk, svensk og annan imperialistisk kapital har røva norske naturrikdomar og utbytta arbeidskraft i Noreg. I 1976 er det og tendensar til at sosialimperialismen aukar den økonomiske aggresjonen sin overfor Noreg. Sovjet pressar på for å få Noreg til å gje opp suvereniteten over Svalbard. Dei utanlandske imperialistane er fiendar av det norske folket, og det norske borgarskapet syner at det har ein unasjonal karakter ved at det alltid har oppmuntra slik utbytting og støtta seg på utanlandsk imperialisme. Samstundes finst det motseiingar mellom dei norske og dei utanlandske imperialistane. Av og til fører desse motseiingane til at den borgarlege staten tek tiltak mot utanlandsk kapital for å auka det norske borgarskapet sin lut. Det endrar ikkje noko ved den grunnleggjande karakteren til borgarskapet. Det er berre eit uttrykk for tevlinga mellom ulike kapitalistar.

    Noreg driv "indre imperialisme". Det norske borgarskapet og dei tidlegare herskarklassane har lagt den samiske nasjonen under seg med vald. Gjennom mange hundreår er dei samiske områda blitt koloniserte, og det moderne borgarskapet har ført denne politikken vidare. Det norske proletariatet må kjempa mot den nasjonale underkuinga av samane og smi ein einskapsfront med samane mot den felles fienden. (Sjå sameprogrammet til AKP(m-l). )

    11. Klassane i det norske samfunnet

    a) Prinsipp for klasseanalysen

    Klasseanalysen skal svara på spørsmålet om kva for klassemotseiingar som er i landet, kven som er den reaksjonære, herskande klassen og kven som er den leiande, revolusjonære klassen. Han skal og svara på spørsmålet om kva klassar eller grupper som kan verta stridsfelagane til den revolusjonære klassen og kven som er fiendane hans.

    Den marxistiske klasseanalysen er ein vitskapleg, objektiv analyse. Han avdekkjer den antagonistiske motseiinga mellom proletariatet og borgarskapet og viser til at klassekampen mellom dei berre kan føra til den sosialistiske revolusjonen, proletariatets diktatur og kommunismen. Analysen syner den leiande rolla proletariatet har og gjev rettleiing for kven av dei mellomliggjande gruppene klassen kan vinna for seg, og kven det i det minste er råd å nøytralisera.

    Då dei moderne revisjonistane kom til makta i SUKP var noko av det fyrste dei gjorde å gå til åtak på den marxist-leninistiske klasseanalysen. Dei freista å viska ut skiljelinene mellom proletariatet på den eine sida og dei lågare laga av intelligentsiaen og småborgarskapet på hi. Dei gjekk til åtak på den leninistiske tesen om forbundet mellom proletariatet og dei arbeidande bøndene og ville setja forbundet med intelligensiaen i staden. Dei overdreiv motseiinga mellom det monopolistiske og det ikkje-monopolistiske borgarskapet og ville framstilla dei siste mest som stridsfelagar for proletariatet.

    Alt dette har eit formål. Det er å nekta for at proletariatet har den leiande rolla og freista å leggja den proletariske rørsla under leiing av borgarskapet og småborgarskapet. Den revisjonistiske "analysen" tener difor til å halda kapitalismen oppe. Det same gjeld om den same revisjonistiske "analysen" vert lagt fram i "venstre" frasar.

    b) Hovudmotseiinga og klasseforbundet

    Sidan Noreg vart eit kapitalistisk samfunn har den grunnleggjande motseiinga vore motseiinga mellom samfunnskarakteren til produksjonen og den private karakteren til eigedomen. Når det gjeld klassetilhøva, kjem denne motseiinga fram i motseiinga mellom borgarskapet og proletariatet.

    Då kapitalismen gjekk over frå frikonkurransekapitalisme til imperialisme, skjedde det inga endring i klassenaturen til den grunnleggjande motseiinga. Det kapitalistiske vesenet ved samfunnet endra seg heller ikkje. Men motseiinga mellom desse to klassane vart skarpare, motseiinga mellom monopolistisk og ikkje-monopolistisk kapital oppsto, motseiinga mellom kolonimakteneog koloniane vart skarpare og motseiinga mellom dei kapitalistiske landa, som spring fram av den ujamne utviklinga deira, vart særleg skarp. Motseiinga mellom borgarskapet og dei småborgarlege delane av bøndene har lagt eit fastare grunnlag for klasseforbundet mellom arbeidarklassen og dei arbeidande bøndene.

    Hovudmotseiinga i eit samfunn til ei kvar tid er den motseiinga som styrer og påverkar utviklinga av dei andre motseiingane. I dag går hovudmotseiinga i Noreg mellom proletariatet og borgarskapet.

    I høve til den sosialistiske revolusjonen vert samfunnet delt i to store læger, og proletariatet og borgarskapet er drivkrafta på kvar si side.

    Borgarskapet er fienden til proletariatet. Monopolborgarskapet er den leiande delen av borgarskapet sitt læger. Borgarskapet stør seg på arbeidararistokratiet og dei øvste delane av småborgarskapet og på den internasjonale reaksjonen.

    Proletariatet må på si side stø seg på sine viktigaste allierte, halvproletariatet, småbøndene og dei fiskarane som kan samanliknast med småbøndene. Det må og alliera seg med store delar av ungdomen under utdaning og dei lågare delane av dei funksjonærane som høyrer til småborgarskapet og progressive intellektuelle. Det er desse vi meiner med folket. Proletariatet må stø seg på klassefelagane sine og dei underkua over heile verda.

    Mellom dei to hovudklassane vil det finnast vaklande grupper som i sume høve kan vinnast for proletariatet og i sume høve kan nøytraliserast. Delar av dei kan og vinnast for fienden.

    c) Dei tre klassane

    Tidbolken vi lever i er kjenneteikna av at han har forenkla klassemotseiingane. Heile samfunnet spaltar seg meir og meir i to store, fiendslege læger, i to store klassarsom står beinveges mot kvarandre, borgarskap og proletariat.

    Mellom desse to hovudklassane finn vi eit småborgarskap som ikkje er nokon homogen klasse, men som deler seg i ulike grupper. Småborgarskapet som heilskap er difor ikkje noka drivkraft i omdaninga av samfunnet. Dei ulike småborgarlege gruppene kan berre spela ei rolle ved å knyta seg til den eine eller den andre av dei to hovudklassane.

    Som Marx peika på vil det i klassesamfunnet finnast lag som står på overgangen frå den eine til den andre klassen. Halvproletariatet er eit slik lag. Det er på veg frå småborgarskapet til proletariatet, og står med eit bein i kvar klasse. Men det overvegande fleirtalet av samfunnsmedlemene vil høyra til den eine eller den andre av dei tre store klassane. Vi avviser "teorien" om at den statsmonopolistiske kapitalismen har skapt store grupper "mellomlag" som ikkje høyrer til nokon av desse klassane. Vi stør Mao Tsetung sine ord om at "i klassesamfunnet står kvar og ein som medlem av ein særskild klasse."

    Borgarskapet

    Borgarskapet er den klassen som er tufta på kapitalistisk utbytting av lønsarbeid. Han eig og kontrollerer produksjonsmidla. Det er underordna om utbyttinga skjer i form av eit privat firma, eit aksjeselskap eller ei statsverksemd. Det avgjerande er at dei som eig eller rår over kapitalen utbyttar andre menneske. Difor reknar vi både dei småe og mellomstore kapitalistane til borgarskapet likesåvel som dei private monopolkapitalistane og byråkratkapitalistane i toppen av statsverksemdene.

    Borgarskapet er ein klasse som lever av kapitalistisk utbytting av arbeidarklassen, og difor er det som heilskap fiende av revolusjonen. Men innanfor borgarskapet er det monopolborgarskapet som har makta. Borgarskapets diktatur i vår tidbolk har form av eit monopolkapitalistisk diktatur. Finansoligarkiet og toppane i statsapparatet er eksekutivkomiteen til monopolkapitalen. Dei mindre kapitalistane er interesserte i at monopolkapitalens diktatur vert halde oppe, men dei har ikkje sjølve nokon del av makta. Monopolkapitalistane sikrar seg ekstraprofitt også på kostnad av dei mindre kapitalistane. Det fører til at desse kapitalistane vert radert ut. Men jamvel under den mest monopoliserte kapitalismen oppstår det mindre kapital att, mellom anna som delleverandørar til monopola.

    Som herskande lag innanfor borgarskapet med råderett over finanskapitalen, med makta i staten osb., har monopolborgarskapet sume drag av å vera eigen klasse i høve til resten av borgarskapet. Men motseiingane mellom dei monopolistiske og dei ikkje-monopolistiske kapitalistane er underordna motseiingane mellom borgarskapet som heilskap og proletariatet.

    Attåt kapitalistane i industri, transport, handel, finans, statsbyråkrati osb. høyrer og spissane i intelligentsiaen og dei rike bøndene med i borgarskapet. I eit høgt utvikla kapitalistisk land som Noreg har kapitalistiske produksjonstilhøve trengt inn i landbruket. Det skjedde seinare enn i andre sektorar, og framleis er småproduksjonen det mest typiske draget ved landbruket i Noreg.

    Jordeigedomen gjev opphav til absolutt grunnrente på alle jordstykke som vert drivne og ei differensialrente i tillegg på den beste jorda som vert driven mest rasjonelt. Men det er berre dei rikaste bøndene som får denne renta sjølve. Dei dårlegare stilte bøndene vert utbytta av landbruksmonopolet, staten og bankane. Det er desse som sikrar seg renta på jorda som småbøndene driv.

    Mekaniseringa av landbruket har redusert talet på landbruksarbeidarar, men det vil ikkje på noko vis seia at den kapitalistiske utbyttinga er på veg ut or landbruket. Akkumuleringa av kapital hos dei rike bøndene er eit uttrykk for utbyttinga av arbeidarklassen, sjølv om lønsarbeidet på desse bruka er blitt mindre. I Noreg spelar landbruksmonopolet ei særskild rolle som kapitalist, av di det har monopol på omsetnad og vidareforedling.

    I fisket svarar dei kapitalistiske fiskebåteigarane, som eig større båtar og utbyttar leigd arbeidskraft, til storbøndene i jordbruket.

    Proletariatet

    Proletariatet er den klassen som får seg levebrødet sitt berre ved å selja arbeidskrafta si, og ikkje gjennom profitt av kapital. I all den tida det har vore klassar, har det også vore fattigfolk og arbeidande klassar, og dei arbeidande klassane har for det meste vore fattige. Men det har ikkje alltid eksistert slike arbeidarar som det moderne proletariatet. Det moderne proletariatet speler ei heilt ny rolle i verdssoga. Det er eit produkt av den industrielle revolusjonen og den moderne storindustrien. I denne industrien er proletariatet blitt organisert, trena, herda og disiplinert. Proletariatet er den sterkaste klassen under kapitalismen, og det er berre denne klassen som er heilt gjennom revolusjonær. Han har ikkje anna å mista enn lekkjene sine.

    Det er berre denne klassen som kan gripa makta og skapa ein sosialistisk stat - proletariatets diktatur. Jamvel om denne staten vil stø seg på klassealliansen mellom proletariatet og småbøndene og dei arbeidande fiskarane, må makta vera i hendene på proletariatet. Samfunnet vil verta omforma i proletariatet sitt bilete, og medan det endrar verda, endrar proletariatet og seg sjølv. Den sosialistiske revolusjonen og førebuinga av detkommunistiske samfunnet er den historiske oppgåva for proletariatet. I vår partilitteratur tyder proletariatet det same som den moderne arbeidarklassen.

    Til proletariatet høyrer arbeidarane i industri, gruver bygg, anlegg, sjø- og landtransport. Vidare høyrer landarbeidarane og eigedomslause fiskarar til proletariatet. Det same gjeld dei lågaste delane av funksjonærar og tenestemenn i kontor, handel, samferdsle og teneste.

    Proletariatet er den største klassen i Noreg i dag og det er fleirtalet av innbyggjarane i landet.

    Innanfor proletariatet er det arbeidarane i storindustrien og dei største arbeidsplassane som er fortroppen, kjernen i proletariatet. Kontorfunksjonærar o.l. blant arbeidarane høyrer til ytterkanten i proletariatet og er mykje merkte av at dei er kløyvde opp og tek imot mykje påverknad frå småborgarlege element kring seg.

    Småborgarskapet

    Småborgarskapet er ikkje ein einskapleg klasse i høve til proletariatet og den sosialistiske revolusjonen. I småborgarskapet finst det både folk som eig produksjonsmiddel eller verksemder i varehandel o.l., og intellektuelle og mellomliggjande funksjonærar som har utdaning eller særskilde kvalifikasjonar som gjer at dei ikkje treng selja arbeidskrafta si.

    I småborgarskapet finst det grupper som står nært proletariatet og har interesse av den sosialistiske revolusjonen t.d. småbrukarane og dei fiskarane som står i same stilling som dei. Dei er proletariatet sine viktigaste allierte, og proletariatets diktatur vil stø seg på klassealliansen med dei. Attåt finst det og andre grupper blant det lågaste småborgarskapet som lever eit liv som ikkje skil seg mykje frå livet til proletariatet, og som kan vinnast som allierte for revolusjonen, t.d. dei lågaste delane av intellegentsiaen, som fleirtalet av lærarane og sume av dei lågare mellomliggjande funksjonærane. Andre grupper er nærare knytte til borgarskapet. Sume av dei. som t. d.delar av dei mellomliggjande bøndene, kan nøytraliserast og i sume høve vinnast for revolusjonen eller stø proletariatets diktatur. Andre vil vera reservar eller faste allierte for borgarskapet, og vil motarbeida revolusjonen og proletariatets diktatur.

    I) Småborgarskapet i landbruk og fiske

    Den øvste delen av småborgerskapet i landbruk og fiske er dei som i hovudsak lever av sitt eige arbeid, men som nyttar leigd arbeidskraft i ein viss mon eller til visse tider på året. Denne delen av småborgarskapet i landbruket er mellombønder. Sume av dei akkumulerer frå år til anna, utvidar produksjonen og går over til borgarskapet. Slike vert storbønder i landbruket og kapitalistiske reiarar i fisket. Dei fleste av mellombøndene akkumulerer berre i gode år og tærer på det i dei dårlegare åra. Dei held seg i småborgarskapet. Den tredje gruppa går underskot det eine året etter det andre og vert tvinga til å selja eller vert som dei lågare delane av småborgarskapet. Mellombøndene og dei motsvarande delane av folk i fisket er fleire enn dei kapitalistiske storbøndene og reiarane. Dei har til no vore nært knytte til borgarskapet og har stått under deira politiske leiing. Skjerpinga av den kapitalistiske landbrukskrisa vil føra til auka skilje mellom dei og vil betra vonene for at dei dårlegast stilte av dei kan rivast laus frå borgarskapet si leiing. Det er ei oppgåve for proletariatet å søkja å nøytralisera dei øvste laga av mellombøndene og søkja å skipa om ikkje anna ein delvis allianse med dei dårlegast stilte mellombøndene for revolusjonen. Etter den sosialistiske revolusjonen må proletariatet nytta statsmakta si til å dra mellombøndenevekk frå storbøndene. Difor vil dei ikkje bli krenkte og dei vil verta vunne for samyrke og kollektivisering gjennom overtyding.

    Den lågaste delen av småborgarskapet i landbruk og fiske er småbøndene og dei fiskarane som eig mindre båtar og noko reiskap, men ikkje lever av å utbytta andre.

    Desse er strategiske allierte med proletariatet. Dei vert utbytta av finanskapitalen, staten og landbruksmonopolet for småbøndene sin del, og jamvel av imperialistiske verksemder og kapitalistiske oppkjøparar for fiskarane sin del.

    Fiendane deira er difor dei same som proletariatet sine fiendar. Det objektive grunnlaget for å skapa eit sterkt klasseforbund er difor til stades.

    Småbøndene har ikkje gjeve opp stillinga si som småprodusentar. Difor vert dei tvinga av konkurransen til å investera i betre og meir kapitalkrevjande utstyr. Men desse investeringane aukar berre kløfta mellom dei og dei rike bøndene, av di dei ikkje kan bli utnytta effektivt på småe eigedomar. Den aukande gjelda dreg dei difor raskt nedover. Det er ikkje berre jordrenta som vert teke frå dei, jamvel ein del av det naudsynlege arbeidet vert teke av kapitalistklassen. Mange av småbruka vert liggjande brakk etter fråflytting. Det syner korleis kapitalismen raserer produktivkrefter. Småbøndene og dei arbeidande fiskarane har verkeleg mykje å vinna på den sosialistiske revolusjonen og dei har rom i seg for stor entusiasme for han.

    For at sosialismen skal sigra, må det skapast ein aktiv allianse begge vegar for den sosialistiske revolusjonen mellom arbeidarklassen, småbøndene og dei fiskarane som eig mindre båtar og noko reiskap, men ikkje lever av å utbytta andre. Det er oppgåva for arbeidarklassen å gjera opptaket til ein slik allianse og utvikla dei røtene som finst for han.

    II) Småborgerskapet i handel, småproduksjon, handverk, transport

    Det er små butikkeigarer, eigarar av småagentur, småe produksjonsverksemder med meir. Anten driv dei verksemda berre med familien eller dei utbyttar arbeidskraft i liten målestokk. Dei kan ikkje leva av utbytting, men freistar å koma opp på det nivået at dei kan gjera det. Det vil i dei fleste høva ikkje lukkast av di dei er under hælen på monopola og bankane.

    Politisk skil dei seg frå småborgarskapet i landbruket ved at dei for det meste er lydige tenarar for borgarskapet. Dei er dels organiserte saman med borgarskapet og let i alle høve borgarskapet leia seg. Det finst døme på at einskilde personar frå denne gruppa har kjempa saman med arbeidarklassen mot interessene til borgarskapet og monopola. Men som gruppe er dei nært knytte til borgarskapet, og rørslene blant dei får lett eit reaksjonært innhald.

    III) Intelligentsiaen, dei "frie yrka" og mellomliggjande funksjonærar

    Intelligentsiaen er ikkje nokon klasse, men eit sjikt som er oppstått i historia av delinga mellom åndsarbeid og kroppsarbeid, samstundes med oppkomsten av klassemotseiingane. Intelligentsiaen har alltid vore sterkt knytt til dei herskande klassane og utbyttarklassane, og har hatt som oppgåve å gjera ulike funksjonar for dei. Så lenge det finst klassemotseiingar og arbeidsdeling, vil intelligentsiaen alltid ha visse føremoner i høve til arbeidarane og småbøndene.

    Kapitalismen har utvikla ein rad nye kategoriar intellektuelle for å utføra ulike oppgåver i det kapitalistiske samfunnet. Under borgarskapets diktatur vil intelligentsiaen vera sterkt prega av borgarskapet, sjølv om mange av dei lågare delane av dette sjiktet lever eit liv som ikkjeskil seg svært mykje frå livet til dei arbeidande massane.

    Intelligentsiaen er ikkje noka sjølvstendig kraft i samfunnet, og kan aldri bli det. Han spelar berre ei rolle i tilknytning til den eine eller den andre klassen. Rolla han spelar vil bli avgjort av klasseopphavet hans, den stillinga han står i samfunnet og dei alliansane dei ulike delane av han går inn i med denne eller hin klasse. Det spring ut av sjølve naturen hans at han vil vera prega av vakling og ustabilitet.

    Fleirtalet av dei intellektuelle står i ei stilling som har eit småborgarleg preg. Dei høyrer difor til småborgarskapet. Det gjeld alt frå lærarar i grunnskulen og oppetter. Dei øvste laga av intellektuelle er så muta av borgarskapet og har ei slik rolle i organiseringa av samfunnet at dei har vorte borgarar sjølve.

    Dei "frie yrka", slike som lækjarar, tannlækjarar, arkitektar, advokatar osb. med eigen praksis, høyrer og til småborgarskapet dersom dei ikkje har tilsett så mange at dei vert kapitalistar eller kan ta så store honorar at deikan akkumulera kapital. Det er ein aukande tendens til atdesse gruppene vert tilsette i staten, men det endrar ikkje klassestillinga deira.

    Det store fleirtalet av funksjonærar med intellektuell utdaning må og reknast til småborgarskapet, i motsetnad til dei lågaste funksjonærane med usjølvstendig og rutineprega arbeid, slike som postbod, telefonistar maskinskrivarar med fleire, som høyrer til proletariatet.

    Dei øvste delane av funksjonærar og tenestemenn høyrer til borgarskapet, dei tek del i utbyttinga av arbeidarklassen og organiserer denne utbyttinga.

    Dei progressive intellektuelle, dei mellomliggjande laga av tenestemenn og funksjonærar må arbeidarklassen stri for å vinna over til seg og skilja dei frå den borgarlege intelligentsiaen og toppfunksjonærane.

    d) Andre grupper og lag

    Halvproletariatet

    Med halvproletarar meiner vi småprodusentar som er lønsarbeidarar ein del av året. Dei finst mest i fisket og landbruket. Det er dei småbrukarane og fiskarane som ikkje kan få endane til å møtast utan å ta lønsarbeid ved sida. Dei tek ofte anleggsarbeid, vegarbeid, skogsarbeid eller arbeid i sesongprega industri. Dei står med det eine beinet i proletariatet og er i ferd med å dra det andre etter seg.

    Saman med småbøndene utgjer dei halvproletariske småbrukarane meir enn 70% av jordbrukarane. Det går stadig snøggare i den leia at det blir fleire halvproletarar mellom dei enn reine småbønder.Halvproletarane driv på den dårlegaste jorda. Dei er knytte til proletariatet og dei er det stødigaste elementet mellom stridsfelagane til proletariatet.

    Filleproletariatet

    Dette er eit rotnande sjikt på botnen av samfunnet. Det er ekstremt undertrykt og fattig og lever i ei sosial naud borgarskapet freistar å løyna. Filleproletarane kjem frå fleire klassar. Ein del filleproletarar ligg nær proletariatet, har meir eller mindre jobb og noko større motstandskraft.

    Delar av filleproletariatet er så demoraliserte at dei kan nyttast av herskarklassen mot proletariatet. Andre delar av dei kan under visse høve bli mobiliserte for proletariatet.

    Arbeidararistokratiet

    Imperialismen har gjort det økonomisk mogeleg for borgarskapet å muta eit tunt sjikt av arbeidarklassen frå den imperialistiske superprofitten. Dette laget av borgarleggjorde arbeidarar er i våre dagar den viktigaste sosiale støtta for borgarskapet. Arbeidararistokratiet er korrumpert av imperialismen og utgjer ei politisk avdeling av borgarskapet.

    Til arbeidararistokratiet reknar vi dei halvt småborgarlege priviligerte arbeidarane som er skilde frå det store fleirtalet av arbeidarklassen ved særlege føremoner. Sjølv om dei utgjer eit lite mindretal innanfor klassen erdei ein massebasis for opportunismen og revisjonismen.

    Attåt desse borgarleggjorde arbeidarane har det vorte utvikla eit stort arbeideraristokratisk byråkrati innanfor fagrørsla, i dei borgarlege arbeiderpartia, i bladstyre organisasjonar osb. Staten stør og utviklinga av eit slikt lag omkring dei parlamentariske organa og i statsapparatet. Sosialt har desse arbeidararistokratane teke steget ut or arbeidarklassen og vorte småborgarar eller borgarar. Dei øvste delane av arbeidararistokratiet høyrer til monopolborgarskapet.

    Partiet sin politikk må vera å isolera arbeidararistokratiet frå dei breie massane av arbeidarklassen. Partiet må oppmuntra arbeidarklassen til ein innbiten og kvass strid mot dette sjiktet av overløparar til borgarskapet sitt læger. Partiet må sjølv hindra at det utviklar seg eit arbeidararistokrati i eigne rekkjer og jamvel kjempa mot påverknaden frå det, som partiet alltid vil vera utsett for. Partiet vil kjempa mot at medlemer som får verv som faglege tillitsmenn eller parlamentarikarar skal motta særskilde føremoner frå dette arbeidet.

    12. Anna underkuing i det kapitalistiske Noreg

    Kvinneundertrykkinga

    Samstundes som klassane voks fram byrja kvinneundertrykkinga. Før det hadde kvinnene ei mektig rolle i det urkommunistiske samfunnet. Med utviklinga av husdyrhald vart arbeidet til mannen grunnlaget for økonomien, og produksjonsmidla vart privateigedomen hans medan arbeidet til kvinna minka inn til eit uviktig tilskot. Slik vart kvinna sett utanfor den samfunnsmessige produksjonen og fekk ei annanrangs rolle i samfunnet. Dei ulike formene for klassesamfunn har kvar til si tidgjeve kvinneundertrykkinga si eiga form, men alle som eitt har dei bygt vidare på sjølve grunnlaget for kvinneundertrykkinga slik det oppsto då urkommunismen braut saman: "kvinna er stengd ute frå sosialt produktivt arbeid og er bunden til det private arbeidet" (Engels).

    Den borgarlege revolusjonen har eit stykke på veg gjeve kvinnene ein formell likskap, men kvinna er framleis ei reservearbeidskraft. Ho er anten lenkja til det private husarbeidet, eller om ho tek del i det samfunnsmessige arbeidet, har ho dei dårlegaste, lågast lønte og utryggaste jobbane. Kapitalismen har sett salet av kvinnekroppen i system gjennom å gjera prostitusjon og pornografi til industri. Imperialismen fornedrar kvinna endå meir gjennom sin dekadente og rotnande kultur, ideologi og brutale underkuing.

    Full frigjering av kvinnene kan ikkje verta røyndom utan at kvinna tek del i den sosiale produksjonen på lik line med mannen. Kvinnefrigjeringa vert ikkje røyndomfør oppsedinga av ungane får samfunnskarakter og det private husarbeidet vert redusert til eit absolutt minimum. Familien må opphøra å vera den økonomiske grunneininga i samfunnet.

    Dette målet kan ikkje bli nådd under kapitalismen. Rett nok har kapitalismen utvikla sume av dei formelle tiltaka som trengst for at kvinnene skal ta del på lik line med mennene i den sosiale produksjonen, slikt som dagheimar, moderne hushaldningsreiskapar osb. Men desse tiltaka kan ikkje koma kvinnene til gode i full mon så lenge den kapitalistiske vareøkonomien herskar. Desse tiltaka vert føremål for kapitalistisk vareomsetnad, dei vert berre produserte i den grad dei gjev profitt. Kvinnefrigjeringa er umogeleg under kapitalismen av di ho vert hindra av den grunnleggjande motseiinga i kapitalismen, motseiinga mellom samfunnskarakteren til produksjonen og den private tileigninga. Fyrst etter at den sosialistiske revolusjonen og proletariatets diktatur har sett produksjonen for samfunnsbehova i staden for produksjonen for profitt og frigjort produktivkreftene frå det kapitalistiske anarkiet, fyrst då vil frigjeringa av kvinnene verta røyndom.

    Difor har kvinnene i det arbeidande folket enda ein grunn til å kjempa for sosialismen. Dette gjer det mogeleg å mobilisera endå breiare blant kvinnene. For at kvinnerørsla skal ha ei progressiv retning er det naudsynt at ho har ei proletarisk leiing og at dei proletariske kvinnene har ein framskoten plass i henne, som medlemer av den einaste verkelege revolusjonære klassen. Revolusjonen er naudsynt for kvinnene og kvinnene er naudsynte for revolusjonen. Utan at kvinnene tek del i revolusjonen, er det uråd at han kan sigra. Difor har kvinnekampen svært mykje å seia strategisk.

    Den nasjonale underkuinga

    I Noreg finn den nasjonale underkuinga stad på ulikt vis. Samane som er urfolk i Noreg, har vore underkua i hundretals år av den norske staten og overklassen i Noreg. Dei er undertrykte økonomisk, kulturelt, språkleg osb.; kort sagt, dei er undertrykte som nasjon. AKP(m-l) har uttrykt politikken sin i kampen mot den nasjonale underkuinga av samane i eit eige sameprogram. Innhaldet i det programmet er at den sosialistiske revolusjonen i Noreg skal avskipa den nasjonale underkuinga og fornedringa av samane. Det er ei sams oppgåve for arbeidarklassen og det arbeidande folket både av norsk og samisk nasjonalitet å kjempa mot norsk nasjonal underkuing av samefolket.

    Den nasjonale underkuinga kjem og til uttrykk gjennom underkuinga av ulike nasjonale minoritetar. Kapitalismen sikrar seg ein ekstraprofitt gjennom å utbytta utanlandske arbeidarar i Noreg. Samstundes freistar borgarskapet å setja norske og utanlandske arbeidarar opp mot kvarandre. Mot dette må vi kommunistar setja den proletariske internasjonalismen. AKP(m-l) er ikkje berre partiet til det norske proletariatet, vi er partiet til heile proletariatet i Noreg, same kva nasjon arbeidarane høyrer til. Den sosialistiske revolusjonen vil og gjera slutt på at utanlandske arbeidarar i Noreg vert underkua nasjonalt, kulturelt, politisk osb.

    Motseiinga mellom by og land

    Det er typisk for alle kapitalistiske land, også for Noreg, at landbruket ligg langt etter for industrien og at motseiinga mellom by og land vert stadig djupare og skarpare. Grunnlaget for denne motseiinga er det systemet sjølv. Byen utbyttar landdistrikta, småbøndene vert drivne frå garden ogfleirtalet av folket på landsbygda vert ruinerte som ein fylgje av heile utviklinga av den kapitalistiske industrien, handelen og kredittsystemet. Spegelbiletet av avfolkinga av landsbygda er bustadnaud og aukande sosiale problem for arbeidarklassen i byane.

    Landbruket ligg etter for industrien fyrst og fremst når det gjeld utviklingsnivået i produktivkreftene. Den tekniske utviklinga i landbruket går mykje seinare enn i industrien. Maskinane vert berre nytta på dei store bruka, medan småbruka ikkje maktar å gjera bruk av dei.

    Kapitalismen har og gjort at landsbygda vert liggjande endå meir til atters for byane kulturelt.

    Sosialismen gjer ende på kapitalismen og utbyttingssystemet og vil difor avskipa grunnlaget for interessemotseiinga mellom by og land. Motseiinga mellom by og land vil ikkje verta borte, men ho vil slutta å vera antagonistisk. I staden for at landsbygda stadig kjem lenger til atters for byane, vil by og land nærma seg kvarandre meir og meir når det gjeld utviklinga av produksjonstilhøve og produktivkrefter, kulturell utvikling og levevilkår. Småeigedomen vert gjort om til gruppeeigedom. Gruppeeigedom vert gjort om til statseigedom steg for steg. Klasseskiljet mellom bøndene og arbeidarane vert viska ut ved at bøndene vert arbeidarar.

    Undertrykking av born og ungdom

    Den private oppsedinga av borna i familien gjer borna til eigedomen åt foreldra. Det er grunnlaget for undertrykkinga av borna. I det kapitalistiske samfunnet vert denne underkuinga ført vidare med at også ungdomen får låge løner, dårlege arbeidstilhøve eller ikkje arbeid i det heile. Sosialismen vil avskipa grunnlaget for denne underkuinga av born og ungdom ved å gjera oppsedinga til samfunnsansvar.

    13. Det norske statsapparatet

    Så lenge det har vore klasseunderkuing i Noreg har utbyttarklassen hatt eit statsapparat til å halda massane nede med. Staten voks ut frå våpenmakta, og til alle tider har våpenmakta vore kjernen i statsapparatet.

    I dag er det norske statsapparatet og ein reiskap i hendene på den herskande klassen til å underkua arbeidarklassen og folket og halda det kapitalistiske klassediktaturet oppe. No som tidlegare er kjernen i staten valdsapparatet, militæret, halvmilitære styrkar og politiet.

    Lenin peikar på at "særleg syner imperialismen-tidbolken for bankkapitalen, dei kjempestore kapitalistmonopola, tidbolken då monopolkapitalen veks over i statsmonopolistisk kapitalisme-ei usedvanleg styrking av 'statsmaskineriet', ein makelaus vokster i embetsmanns- og militærapparatet i samband med dei aukande underkuingstiltaka mot proletariatet både i dei monarkistiske og også i dei friaste, republikanske land."

    Dette gjeld fullt ut for Noreg.

    I imperialismen sin tidbolk har borgarskapet eit større militærapparat og fleire våpen enn nokon gong tidlegare til å slå ned oppreistar og revolusjonar med. Det norske borgarskapet har og gong på gong nytta valdsmakta mot arbeidarklassen, og det jamvel mot meir avgrensa arbeidarkampar enn ein sosialistisk revolusjon. Thrane-rørsla og sameoppreisten i førre hundreåret vart knekte med valdsmakt. Dei fyrste fagforeiningane og streikane vart og møtte med soldatar og politi. I vårt hundreår er det talrike døme på valdeleg undertrykking frå borgarstaten si side. Det vart sett inn marinesoldatar mot sjømannsstreiken i Hammerfest i 1921, og politi og marinefarty vart sende mot Hydroarbeidarane på Menstad i 1931. Politi har verna streikebrytarar både føre krigen og i 1970-åra. Dei væpna styrkane og andre delar av det borgarlege statsapparatet driv regelbundne øvingar ikorleis arbeidaroppreistar skal knusast.

    Dei væpna styrkane til borgarskapet er ikkje retta inn på å verna den nasjonale sjølvråderetten. Ved sida av at dei skal underkua det arbeidande folket er dei og ein lekk i kampen USA-imperialismen fører med sosialimperialismen om hegemoniet i verda.

    Det norske lovverket er eit vern om borgarskapet sine interesser. Grunnlova, straffelova, unnatakslovene osb. er uttrykk for borgarskapet sitt diktatur. Politi og domstolar er sette til å bruka desse lovene mot arbeidarklassen og det arbeidande folket. Sambandet mellom den militære og sivile delen av statsapparatet er nært. I borgarskapet sin strategi skal alle desse delane av staten verka som ein maskin i lag med delar av pressa osb. for å hindra ein arbeidaroppreist.

    Dei siste femti åra har staten fått ei heilt ny oppgåve som felleskapitalist.

    Staten er ein aukande marknad for den private kapitalen. Det gjeld anlegg, varer, militært utstyr o.a. Staten tek over verksemder og jamvel sektorar som ikkje kan gje dei private kapitalistane nok profitt. Staten grip inn med stønad for å tryggja dei monopolistiske verksemdene. Han kjøper og sel aksjar og verksemder slik at dei private kapitalistane aukar sin profitt. Staten går inn aktivt meir og meir i dei kapitalkrevjande prosjekta og blir ein verkeleg felleskapitalist. Staten styrkjer monopoliseringa ved å skipa samanslutningar av dei største private monopola. Dei store organisasjonane og dei borgarlege partia av ulik type vert knytte meir og meir beinveges til staten. Det er ei vidareføring av den utviklinga som den reaksjonære Hovudavtalen starta. Det beinveges sambandet mellom dei private monopolselskapa og bankane på den eine sida og staten på den andre vert nærmare, og dette vert kalla "demokratisering". Staten er ein reiskap for borgarskapet, men han ligg i hendene på den monopolistiske delen av borgarskapet. Han uttrykkjer dei sams interessene til denne delen. Difor vil han stundom koma i motsetnad til den eine og andre monopolgruppa, og dei ulike monopolgruppene vil kjempa om kven av dei som skal ha den største makta i staten.

    Den norske staten er ein snyltarstat. Han aukar det uproduktive byråkratiet, men samstundes skjer han ned på avsetningane til sosiale fonds.

    Staten spelar ei stor ideologisk og politisk rolle. Han dikterer politikken og ideologien til borgarskapet som rettesnor for heile utdaningsverket. Staten har monopol på kringkastinga og nyttar det til å kjempa mot arbeidarklassen og dei revolusjonære.

    Dei borgarlege partia og avisene er avhengige av statlege økonomiske middel. Alle parti utanom AKP (m-l) lever av statspengar.

    Under kapitalismen vil det alltid vera borgarskapets diktatur. Men borgardiktaturet kan ta ulike former. Så lenge makta til monopolborgarskapet ikkje er truga, vil det helst underkua det arbeidande folket med den borgarleg-demokratiske forma for borgardiktaturet. Så snart den politiske og økonomiske krisa har utvikla seg så langt at borgardiktaturet vert truga, vil den opne terroristiske forma for diktatur-fascismen-bli nytta. Under den borgarleg-demokratiske forma for diktaturetdriv borgarskapet førebuing i dulsmål for overgangen til fascismen.

    Dei parlamentariske organa, Stortinget og kommunestyra har inga verkeleg makt. Dei er sette til å strø sand på dei avgjerdene kapitalen eller staten tek. Men av di dei er folkevalde og folk har illusjonar om dei, er dei ein viktig lekk i det borgarlege diktaturet - for borgarskapet. Desse organa kan berre nyttast som talarstolar om kommunistar vert valde inn i dei. Partiet må aldri gje folk illusjonar om at dei kan oppnå noko gjennom desse borgarlege klasseunderkuingsorgana.

    14. Partisystemet i Noreg

    Partia i Noreg gjev uttrykk for at dei står for ulike klassar. Men alle desse partia utanom AKP(m-l) ber fram klasseinteressene til borgarskapet, og i fyrste hand det monopolistiske borgarskapet. Dei hjelper på ulikt vis til med å halda kapitalismen oppe. Dei kjempar alle saman mot revolusjonen og spreier borgarleg ideologi. Skilnadene ligg i kva klassar dei vender seg til for å henta røyster i frå val og samansetjinga av kaderen deira. Men dei representerer korkje dei klassane dei vender seg til eller dei klassane dei rekrutterer frå, dels med unnatak av Høyre, som ope vedgår at det er partiet til borgarskapet.

    Partia er likevel dels representantar for ulike monopolgrupper - slik som DNA særleg står for dei byråkratkapitalistiske monopola i staten og under LO - leiinga. Høyre særleg for dei gamle finans- og industrimonopola,Senterpartiet for landbruksmonopola osb.

    Det parlamentariske partisystemet er eit system som er utvikla i detalj for å føra arbeidarklassen og det arbeidande folket bak lyset. Aller viktigast er dei borgarlege "arbeidarpartia", sosialdemokratiet og revisjonistpartia. Borgarskapet kunne ikkje halda diktaturet sitt oppe utan desse partia. I periodar med framgang for dei revolusjonære kreftene er det jamvel naudsynt for borgarskapet å ha parti som kallar seg "marxistiske", "revolusjonære" osb., for å prøva å hindra at arbeidarklassen i stor mon sluttar opp om det partiet som representerer dei verkelege interessene til klassen, AKP (m-l).

    IV. Kampen mot opportunismen

    15. Marxismen og revisjonismen

    a) Klassekarakteren til opportunismen og revisjonismen

    Marxismen har heilt frå den oppsto vekse fram i kamp mot opportunismen.

    Opportunismen i arbeidarrørsla er like gamal som kapitalismen og arbeidarrørsla sjølv. Så lenge arbeidarar har kjempa mot borgarar, så lenge har og borgarlege politikarar hylla seg i raud frakk for å svindla proletariatet og dei arbeidande massane og leia kampen deira på avvegar. Opportunisme er maskert borgarleg politikk og ideologi. Opportunismen har borgarleg klassestempel.

    Det typiske for opportunismen er at han vil fjerna alt revolusjonært innhald og alle revolusjonære kampmetodar frå arbeidarrørsla. I regelen gjer han det ved å framstilla revolusjonen som "umogeleg" og den revolusjonære rørsla som utopisk og fjern frå røyndomen. Samstundes talar han vakkert om kva det er mogeleg å "vinna" gjennom å tilpassa seg den herskande klassen. Den opportunistiske rørsla siktar i røynda alltid mot å radera ut all revolusjonær politikk og setja klassesamarbeidspolitikk i staden.

    Reformismen er den vanlegaste forma for opportunisme. Reformismen rosar kapitalismen og borgarskapets diktatur og seier at arbeidarklassen kan "vinna fram" gjennom å reformera kapitalismen.

    Revisjonismen er den forma for opportunisme og reformisme som kler seg i "marxistiske" klede, men som berre brukar dei til å løyna at han kjempar mot marxismen og den revolusjonære rørsla. Revisjonisme er falsk marxisme. Han vil revidera dei viktigaste revolusjonære sanningane i læra til Marx og laga ein "marxisme" som er tannlaus og ufarleg for borgarskapet.

    Grunnen til at revisjonismen kler seg i "marxistiske" fraser er sjølvsagt at dei marxist-leninistiske klassikarane har stor fagnad i dei breie laga av arbeidarmassane. Lenin har synt at det alltid vil vera slik: "Kvar helst marxismen er populær, vil dette politiske straumdraget, dette borgarlege 'arbeidarpartiet', sverja ved namnet Marx." Den same bruken har opportunistane freista å gjera av Lenin, og dei vil gjera det same med Mao Tsetung.

    Den moderne revisjonismen går i dei same fotefara som den gamle revisjonismen, men skil seg frå den ved at han kler seg i "marxist-leninistiske" og "kommunistiske" klede, ved at sume av dei revisjonistiske partia held statsmakta i sine land og kallar det kapitalistiske systemet og den fascistiske statsforma i dei for "sosialisme" og "proletariatets diktatur". Hovudkrafta for den moderne revisjonismen i dag er den sosialimperialistiske supermakta Sovjet.

    Imperialismen er grunnlaget for dei sterke borgarlege straumdraga i arbeidarklassen i dei kapitalistiske landa.

    Dei borgarlege "arbeidarpartia" tener klasseinteressene til dei imperialistiske monopola og er naudsynte for at dei skal kunne verja diktaturet sitt: "No er eit borgarleg 'arbeidarparti' ikkje til å koma utanom og typisk i alle imperialistiske land" (Lenin). Arbeidararistokratiet er det sosiale grunnlaget som opportunismen, revisjonismen og dei borgarlege "arbeidarpartia" byggjer på. Dei borgarlege "arbeidarleiarane", som bygger makta si på arbeidararistokratiet, er "fiendar" til proletariatet som klasse, dei er tenarane, agentane tilborgarskapet og reiskapar for makta til borgarskapet." (Lenin.)

    Den marxistiske, kommunistiske rørsla, som byggjer kommunistiske arbeidarparti og kjempar for proletariatet si sak, står mot den opportunistiske, reformistiske og revisjonistiske rørsla, som byggjer borgarlege "arbeidarparti" tufta på arbeidararistokratiet og som strir for monopola og imperialismen sine interesser.

    b) Historia til striden mellom marxismen og revisjonismen

    Alt dei fyrste spirene til ei proletarisk, kommunistisk rørsle vart møtte med rasande åtak frå borgarlege "sosialistar" og opportunistar. Marx og Engels tufta for fyrste gong denne rørsla på eit vitskapleg sosialistisk program. Marxismen var eit verdshistorisk framsteg. Marx og Engels var grunnleggjarane av den internasjonale kommunistiske rørsla. Den vitskaplege sosialismen utvikla seg heile tida i kvass kamp mot ulike borgarlege "sosialistiske" retningar som anarkismen, proudhonismen og andre. På Marx og Engels si tid tapte dei ope anti-marxistiske retningane kampen om makta i arbeidarrørsla. I alle utvikla kapitalistiske land voks det fram marxistiske (såkalla sosialdemokratiske) arbeidarparti.

    Fordi marxismen voks så sterkt, vart dei opportunistiske straumdraga tvinga til å søkja tilflukt innanfor dei marxistiske partia sjølve. Dei borgarlege arbeidarleiarane måtte kunngjera at dei var marxistar, dei måtte "svinga med raude faner for å kunna gå til åtak på den raude fana".

    Den revisjonistiske retninga utvikla seg innanfor dei marxistiske, sosialdemokratiske arbeidarpartia. Denne retninga skaut fart då imperialismen braut gjennom og då arbeidararistokratiet voks som ein fylgje av det. Revisjonismen vann makta i dei fleste gamle partia. Dei revisjonistiske "arbeidar" leiarane avslørte sviket sitt under den 1. verdskrigen då dei støtta dei urettvise imperialistiske røvarkrigane til borgarskapa i dei ulike landa og synte seg som sosialsjåvinistar og sosialimperialistar. Dei gamle sosialdemokratiske partia slutta å vera marxistiskeparti for arbeidarklassen. I staden vart dei borgarlege "arbeidarparti" som tente monopola og imperialismen. Dei freista overalt å forsona proletariatet med borgarskapets diktatur, dei vart regjeringsparti eller lojal opposisjon for monopola i dei viktigaste imperialistiske landa. Dei vart dei viktigaste politiske støttene for borgarskapets diktatur, og dei sosialdemokratiske leiarane vart "betre representantar for borgarskapet enn borgarskapet sjølv" (Lenin).

    Lenin og bolsjevikpartiet i Russland leidde det store brotet mellom den verkelege marxistiske, revolusjonære verdsrørsla og den borgarlege, sosialdemokratiske verdsrørsla. Lenin og bolsjevikpartiet lukkast i å vinna siger i Oktober-revolusjonen og skapa Sovjetsamveldet, det fyrste sosialistiske landet i verda. Gjennom kampen mot revisjonismen og kampen for Oktober-revolusjonen utvikla Lenin marxismen til eit nytt og høgare nivå: til marxismen-leninismen. Tilhengjarane av marxismen-leninismen skipa kommunistiske parti i dei kapitalistiske landa og mange av kolonilanda.

    Under leiing av Lenin og hans elev og etterfylgjar Stalin vart den kommunistiske rørsla dominerande i verdsproletariatet, og han voks seg stadig sterkare i frigjeringsrørsla i koloniane. I dei fleste kapitalistiske landa vart dei kommunistiske partia sterkare enn dei borgarlege sosialdemokratiske partia. Sovjetunionens kommunistiske parti nedkjempa ein rad revisjonistiske avvik i Sovjetsamveldet og det sovjetiske kommunistpartiet sjølv. Rørsler som førevarsla den moderne revisjonismen, slike som trotskismen og bukharinismen, vart avslørte for arbeidarklassen og lukkast ikkje å vinna noka masseoppslutning.

    Den mektige framgangen for den kommunistiske verdsrørsla la grunnlaget for at revolusjonen kunne sigra i ein rad land etter den andre verdskrigen. Mange nye folkedemokrati og sosialistiske land oppsto, mellom dei det revolusjonære Kina der ein fjerdedel av menneska på jorda lever og arbeider. Men samstundes mogna denmoderne revisjonismen i den kommunistiske rørsla. Det farlegaste var at det voks fram nye byråkratiske borgarlege sjikt i dei sosialistiske og folkedemokratiske landa sjølve.

    Under og etter den andre verdskrigen vann moderne revisjonistar leiinga i ein rad parti i vest. I Jugoslavia lukkast det for fyrste gong moderne revisjonistar å gjera kontrarevolusjon i eit land der proletariatet hadde vunne statsmakta. Med kontrarevolusjonen i Sovjet etter at Stalin døydde, fekk revisjonistane i alle kommunistparti i verda ein mektig stønad. I eit fleirtal av dei tidlegare sosialistiske og folkedemokratiske landa vart sosialismen styrta, kapitalismen vart gjenoppretta og proletariatets diktatur vart bytt ut med borgarlege fascistiske diktatur. Sovjetsamveldet sjølv utvikla seg til ei sosialimperialistisk supermakt, til ein hovudfiende av folka i verda saman med USA-imperialismen. Eit fleirtal av dei gamle kommunistpartia utvikla seg til borgarlege, revisjonistiske parti, til reiskapar for det eigne borgarskapet og sosialimperialismen.

    Den moderne revisjonismen er farlegare enn den gamle revisjonismen fordi han har mykje større maktmiddel. Han har statsmakta i ei imperialistisk supermakt. Han har ikkje berre politisk og økonomisk makt, han styrer og den største militære drapsmaskinen i verda. Samstundes er den moderne revisjonismen farlegare fordi han kallar seg "marxist-leninistisk" og "kommunistisk", medan dei gamle sosialdemokratia for det meste tilmed tek ope avstand frå marxismen som dei eingong svor ved. Han er farlegare fordi han kallar seg "antiimperialistisk" og dekkjer dei imperialistiske planane sine bak frasar om at han er "den naturlege venen til frigjeringsrørslene". Difor er den moderne revisjonismen den forma for opportunisme som lettast finn grobotn i kommunistpartia sjølve, i frigjeringsrørsler og i land der det herskar proletariatets diktatur. For han freistar å dra til seg nettopp folk som ynskjer å vera revolusjonære, som vil stø frigjeringskamp mot imperialismen, som vil stø marxismen-leninismen og kommunismen.

    Den sosialimperialistiske moderne revisjonismen er blitt eit livsfarleg trugsmål mot folka i verda.

    Samstundes som han rustar til krig, gjer han alt for å spreia imperialistisk pasifisme og narra folka i verda til å falla i svevn, slik at dei skal bli hjelpeslause offer for åtak frå sosialimperialismen og USA-imperialismen. Dei revisjonistiske partia i dei ulike landa vert nytta som 5. kolonnistar som skal letta infiltrasjonen sosialimperialismen driv i fredstid og hjelpa den militære frammarsjen hans i krig. Aldri før har det eksistert ei så skadeleg, farleg og svart rørsle.

    Mao Tsetung, Kinas Kommunistiske Parti og Arbeidets Parti i Albania gjekk i brodgen for den opne striden for å avsløra og kjempa mot den moderne revisjonismen. Det sosialistiske Kina og det sosialistiske Albania gjekk den motsette vegen av fleirtalet av sosialistiske og folkedemokratiske land fordi dei verkelege marxist-leninistiske partia der evna å analysera årsakene til den revisjonistiske degenereringa i Sovjetsamveldet, stilte oppgåva med å kjempa mot framvoksteren av eit nytt borgarskap og styrka proletariatets diktatur. I Kina utløyste Mao Tsetung Den Store Proletariske Kulturrevolusjonen, som er ein mektig revolusjon gjennomført under proletariatets diktatur, for å reinska ut borgarlege grupper i partiet og staten og revolusjonera heile samfunnet. Mao summerte opp røynslene frå den veldige kinesiske revolusjonen, dei positive og negative røynslene med proletariatets diktatur og framvoksteren av den moderne revisjonismen. På grunnlag av det utvikla han marxismen i vår tid til eit nytt nivå: til marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking. Tilhengjarane av den verkelege, revolusjonære marxismen skipa nye, marxist-leninistiske kommunistparti og organisasjonar i dei fleste av dei landa der revisjonistane hadde teke makta i dei gamle partia, og i mange land der det aldri før hadde vore noka kommunistisk rørsle.

    Under leiing av den revolusjonære marxistiske lina til Mao Tsetung og vegleidd av dømet til dei verkelege marxist-leninistiske partia i Kina og Albania, har den sanne marxist-leninistiske rørsla vunne overtaket på den reaksjonære revisjonistiske rørsla i verdsmålestokk. I 1976 rasar den mektige verdsomfemnande kampen mellom marxist-leninistane og dei moderne revisjonistane framleis og han er ikkje på noko vis avgjord. Men alt no kan vi sjå klårt at marxismen-leninismen står mykje sterkare enn revisjonismen. I verkelege sosialistiske land som Kina og Albania har partia solid oppslutning frå dei arbeidande massane. I dei revisjonistiske landa er dei fascistiske partia der avskydde og isolerte, dei held seg ved makta med kontrarevolusjonær vald. I den 3. verda står dei marxist-leninistiske partia langt sterkare enn dei revisjonistiske. Den marxist-leninistiske avvisinga av revisjonismen har lagt grunnen for eit stort oppsving i frigjeringsrørslene og for historiske sigrar som dei i Vietnam, Kampuchea og Laos. Sjølv i dei kapitalistiske landa i vesten, der dei gamle sosialdemokratia har den siste høgborga si, og i dei byråkratkapitalistiske landa i Aust-Europa, der det herskar hardt revisjonistisk, fascistisk diktatur, held dei marxist-leninistiske partia på å reorganisera seg og veksa seg sterkare.

    Verda er inne i ein periode med nytt oppsving for den proletariske verdsrevolusjonen. Samstundes har den verkelege marxist-leninistiske, kommunistiske revolusjonære rørsla aldri før vore så sterk politisk og når det gjeld tal som no. Dette viser oss at stoda i kampen mellom marxismen og opportunismen er lys, og at vi kan rekna med stor framgang for marxismen-leninismen i kampen mot den moderne revisjonismen i dei tiåra som kjem.

    c) Kva syner dei historiske røynslene frå kampen mellom marxismen og revisjonismen?

    • Det må alltid vera skarp strid og det kan aldri bli snakk om forsoning mellom marxismen og revisjonismen. Marxismen og revisjonismen er to liner i arbeidarrørsla som ikkje kan sameinast fordi dei står for to ulike klassar. Kommunismen står for dei verkelege interessene til proletariatet. Kommunismen vil leia proletariatet til venstre, til å skjerpa klassekampen, til å gjera revolusjon for å styrta kapitalismen og imperialismen. Revisjonismen står for interessene til borgarskapet. Han vil halda proletariatet igjen og leia det til høgre. Dette gjeld anten revisjonismen fylgjer den vanlege taktikken sin med å gå ope til høgre, eller om han som unnatak maskerer seg som meir"venstre" enn kommunismen. Revisjonismen vil utviklaklassesamarbeid, han vil forsoning med kapitalismen og stønad tilborgarskapets diktatur og imperialismen. Difor må det alltid verakamp på liv og død mellom marxismen og revisjonismen, det kanaldri bli spørsmål om forsoning mellom dei to.

    • Borgarskapet vil freista å kløyva den revolusjonære marxist-leninistiske rørsla innanfrå. Dei største framgangane har reaksjonen ikkje vunne gjennom å stilla opp ope reaksjonære rørsler som kjempar om innverknaden i arbeidarklassen mot den marxistiske, proletariske rørsla, men ved å byggja opp borgarlege rørsler innanfor dei marxistiske partia sjølv og i partiet og staten i dei sosialistiske landa sjølve. I dei gamle marxistiske partia kalla opportunistane seg "marxistar", i dei gamle kommunistiske partia "leninistar", i Kinas Kommunistiske Parti har dei borgarlege agentane tilmed måtta seia at dei "stør Mao Tsetungs tenking". Dette syner at marxist-leninistane ikkje berre må kjempa mot opportunismen og revisjonismen i heile arbeidarklassen, dei må også vera særs nøye med å kjempa mot revisjonistiske framstøytar i sitt eige parti.

    • Dess meir krisa i kapitalismen skjerpar seg, dess meir hatsk og reaksjonær vert opportunismen og revisjonismen. Dette fylgjer avat revisjonismen stadig vert viktigare for reaksjonen ettersom marxismen går fram, og at revisjonismen stadig meir vert den siste tilfluktsstaden og den siste forsvarslina for imperialistar og reaksjonære som er truga med undergang av verdsrevolusjonen. Difor skal vi ikkje venta at kampen mot revisjonismen skal kunna bli noko mildare. Tvert imot vil han berre bli villare og bitrare dess meir tida går.

    • Vi kommunistar har ingen grunn til å vera redde for kløyving, men revisjonismen og opportunismen har. Slik kløyving er naturleg og kan ikkje unngåast så lenge det finst klassar. "...organiseringa av proletarane til klasse og dermed til politisk parti, blir stadig vekk sprengd av konkurransen mellom arbeidarane sjølve. Men ho oppstår alltid på nytt, sterkare, fastare, mektigare" (Marx og Engels.) Historia har prova sanninga i desseorda til grunnleggjarane av den kommunistiske verdsrørsla. Borgarskapet kan utnytta konkurransen mellom arbeidarane til å kjøpa seg politiske agentar i arbeidarrørsla og kløyva arbeidarpartia. Det harskjedd mange gonger og det vil skje mange gonger til. Men kvar gong har den verkeleg proletariske, revolusjonære rørsla konstituert seg sjølv som parti på nytt, kvar gong har desse partia vorte politisk klarare, sterkare og nådd lenger. For kvar gong revisjonistar har kløyvd verdsrørsla, har den revolusjonæremarxismen gått fram i verdsmålestokk, medan imperialismen og opportunismen har gått attende.

    • Hovudlina i den internasjonale arbeidarrørsla har alltid vore revolusjonær, og ingenting kan hindra den kommunistiske verdsrørsla i å veksa og vinna siger. Kommunistane sitt forbund, som vart leidd av Marx og Engels, vart sprengt og knust. Men etter nokre år sto Den 1. internasjonalen fram, langt mektigare enn Kommunistane sitt forbund. Den 1. internasjonalen vart sprengd av anarkistane. Men trass det voks dei marxistiske arbeidarpartia, og Den 2. internasjonalen oppsto, sterkare enn den fyrste. Revisjonistane øydela Den 2. internasjonalen. Men Lenins og Stalins 3. kommunistiske internasjonale oppsto, langt sterkare enn den andre. Revisjonismen sigra i dei fleste gamle kommunistpartia, sosialistiske og folkedemokratiske landa. Men trass i det er den verkelege marxist-leninistiske rørsla sterkare enn den kommunistiske verdsrørsla har vore nokon gong før.

    Såleis ser vi at trass i alle sigrar for opportunismen i arbeidarrørsla og trass i alle atterslag for marxismen, så har hovudlina i arbeidarrørsla frå Marx og Engels si tid alltid vore rett, marxistisk og revolusjonær, og ho har alltid styrka seg trass i alle atterslag.

    Dette er ikkje historisk tilfeldig. Det er ein fylgje av sjølve lovene for utviklinga av kapitalismen, som Marx og Engels fastla alt i det fyrste kommunistiske programmet i 1848: "Framsteget for industrien, som borgarskapet viljelaust og motstandslaust er beraren av, byter ut oppsplittinga av arbeidarane gjennom isoleringa med den revolusjonære samanslutninga av dei i forbund. Med utviklinga av storindustrien vert såleis sjølve det grunnlaget som borgarskapet produserer og tileignar seg produkt på, rykt vekk under føtene på det. Det produserer framfor alt sine eigne banemenn. Undergangen for det og sigeren for proletariatet er like uunngåeleg."

    For kvart år som går, vert alle motseiingane i kapitalismen og i det imperialistiske verdssystemet skjerpa. For kvart år som går, produserer kapitalismen fleire proletarar. For kvart år mognar grunnlaget for den proletariske verdsrevolusjonen meir og meir, same kva borgarane og revisjonistane gjer. Difor er også nederlaget uunngåeleg for borgarskapet og for den siste skansen det har, revisjonismen i arbeidarrørsla sjølv.

    16. Sosialdemokratiet i Noreg

    Då Det norske arbeiderparti vart skipa (1887), innebar det at proletariatet i Noreg organiserte seg som klasse. DNA var arbeidarklassens parti som spreiddemarxistiske idear og skjerpa klassekampen. Dette er hovudsida sjølv om det fanst sterke opportunistiske straumdrag i partiet.

    Med den sterke voksteren i partiet og fagrørsla før den 1. verdskrigen fekk arbeidararistokratiet auka makt i partiet og med det styrka reformismen seg og. Men verdskrigen, krisa og Oktober-revolusjonen gjorde at proletariatet gjekk til venstre. Den revolusjonære marxistiske venstrefløyen tok makta i DNA. DNA gjekk inn i Komintern og sette væpna revolusjon og proletariatets diktatur på programmet.

    At DNA var det største partiet i arbeidarklassen og i Noreg, viser den sterke støtta linja med sosialistisk revolusjon hadde i fleirtalet av arbeidarklassen.

    Men DNA vart aldri noko einskapeleg parti og aldri noko leninistisk parti. Sjølv om dei opne anti-marxistane vart styrta og gjekk ut, heldt arbeidararistokratane stor makt og leiande posisjonar. I røynda fanst det heile tida ei sterk sosialdemokratisk fløy som det aldri var nokooppgjer med. I 1923 tok ho makta. DNA braut med Komintern og Komintern-tilhengjarane i Noreg.

    Etter 1923 vart DNA den sosiale hovudstøtta for borgarskapets diktatur i Noreg.

    I over 50 år har det vore slik at parti som ope seier at dei er borgarlege, ikkje lenger kan vinna tiltru hos stortalet av arbeidarklassen. Berre DNA, som sjølv hadde hatt eit kommunistisk program, kunne få arbeidarmassane til å forsona seg med det borgarlege diktaturet. DNA-leiarane vart dei viktigaste bogarlege politikarane nettopp fordi dei sjølve forkledde seg som "arbeidarpolitikarar". I mange år etter 1923 snakka dei om "marxisme" og "revolusjon", dei var revisjonistar. I dag har dei for lengst teke ope avstand frå marxismen, men dei snakkar framleis om "sosialisme" og seier at dei kjempar mot "dei borgarlege".

    DNA-leiinga byggjer makta si over arbeidarklassen på makta over LO. DNA- toppane herskar over LO gjennom det talrike arbeidararistokratiet i LO sjølv, i DNA og i statsbyråkratiet. Leiinga over fagrørsla gjennom byråkratiet i LO gjer DNA til det borgarlege arbeidarpartiet med sterkast stilling i arbeidarklassen i Noreg. Stalins ord om dei vestlege sosialdemokratiske partia gjeld fullt ut for DNA: "Med fagforeiningane er dei alt, utan fagforeiningane er dei inkje."

    Dette har gjort DNA til det viktigaste politiske partiet borgarskapet har i Noreg, og det har hatt regjeringsmakta i mesteparten av dei siste 40 åra.

    I desse åra harDNA bygt opp eit veldig net av ordningar og avtalar og lover for å trælbinde arbeidarklassen i klassesamarbeid. Samstundes har DNA-regjeringane gjennomført reformer som sjukekasser, folketrygd osb. Desse reformene brukar DNA-toppane som argument for at dei "hjelper arbeidarklassen". Men i røynda er dei og til føremon for monopola, fordidet hjelper til med å skaffa dei sunn arbeidskraft og demparklassestriden. Heile systemet av klassesamarbeid bunde saman med små reformer er blitt brukt for å spreia myten om at "klassekampen er slutt", at arbeidarklassen kan vinna fram langs "den fredelege og parlamentariske vegen" og at "Noreg er blitt ein velferdsstat".

    Slik greidde DNA-pampane å dempa klassekampen i mange år, særskilt i 50- og 60-åra. Dimed kunne monopola skjerpa utbyttinga av arbeidarane og driva profittane i veret utan motstand. Dei kunne ruinera småbrukarane og dei arbeidande fiskarane, pressa løftene til småborgarlege funksjonærar og intellektuelle. Slik tydde "velferdsstaten" at sjølv om klassekampen vart dempa, så voks klassemotseiingane. Monopola styrka seg, og DNA-regjeringa var sjølv den hardaste til å driva på for å styrka monopola og etterkvart særskilt statsmonopola. Samstundes utvikla DNA-toppane sine eignemonopol på grunnlag av kapital som var skapt av fagforeingskontigentane, og dei skaffa seg sjølve ei dominerande stilling innanfor dei snøgt veksande statsmonopolselskapa .På same tid blei DNA-leiarane dei viktigaste støttespelarane for USA-imperialismen i Noreg. Under krigen støtta dei den borgarlege "heimefrontleiinga" som hadde som mål å tryggja borgarskapets diktatur i Noreg etter krigen og hindra at motstanden mot nazismen tok form av geriljakrig. I krigsåra i London vart og grunnlaget lagt for alliansen med USA-imperialismen. I 1949 var det berre DNA-toppen som kunne kua motstanden mot NATO i arbeidarklassen. DNA-leiinga leidde den antikommunistiske kampanjen til USA-imperialismen-den såkalla mccartyismen - i Noreg, og kasta ut kommunistar av fagforeiningar og masserørsler. I 70-åra sto DNA-leiinga i brodden for kampanjen for EEC. Med framvoksteren av sosialimperialismen går regjeringspolitikarane i DNA inn for å bøya kne for sovjetisk press, samstundes som eit straumdrag som stør sosialimperialismen har byrja å reisa hovudet ved sida det pro-USA-imperialistiske straumdraget.

    Slik har DNA-leiarane kunna gjera monopola og imperialismen tenester som ikkje noko anna ope borgarleg parti kunne gjera for dei. Grunnen er nettopp at DNA-leiarane har sterk innverknad i arbeidarklassen og arbeidarrørsla. DNA er blitt eit parti som borgarskapet og imperialismen ikkje kan greia seg utan.

    DNA er det sterkaste borgarlege arbeidarpartiet i Noreg i 1976, fordi partiet vann ein sterk posisjon den gongen det var revolusjonært, fordi det herskar over fagrørsla gjennom arbeidararistokratiet, og fordi det tidlegare revolusjonære NKP aldri klarte å vinna over dei indre veikskapane sine.

    Dette skil Noreg frå dei fleste andre landa der dei gamle sosialdemokratiske partia har tapt mykje av innverknaden sin. Men sjølv DNA har vore prega av forfall i lang tid. Sjølv om partiet mellombels kan vinna att noko av det har tapt, går sosialdemokratiet inn i ei stadig skarpare krise. Skjerpinga av klassekampen vil skjerpa motseiingane mellom arbeidararistokratane og byråkratkapitalistane i DNA-leiinga på den eine sida og den breie massen av arbeidarar, småbrukarar osb. som har voreunder sosialdemokratisk påverknad på den andre sida. Ungdomen vil venda dei ryggen. Dei ulike gruppene av borgarlege politikarar i DNA-leiinga vil koma i kvassare kamp med kvarandre, mellom anna fordi dei dels er knytte til kvar si supermakt.

    Historia syner at dersom arbeidarane i Noreg skal kunna gjera opp med borgarskapet, så må arbeidarklassen fyrst riva seg laus frå kvelartaket til høgresosialdemokratiet og arbeidararistokratiet. Dette er inga lita oppgåve, for høgresosialdemokratiet har stønad av monopola og ei supermakt, det har djupe røter, sterke tradisjonar og svære organisasjonar. Men historisk er høgresosialdemokratiet i Noreg i attergang. I den revolusjonære tidbolken vi no er inne i, vil tilhøva bli stadig betre for å riva dei store arbeidande massane laus frå høgresosialdemokratiet og vinna dei for den sosialistiske revolusjonen.

    17. Den moderne revisjonismen i Noreg

    a) Veikskapane i det revolusjonære NKP

    Norges Kommunistiske Parti, som vart stifta i 1923, var den fyrste freistnaden på å skipa eit verkeleg leninistisk kommunistparti i Noreg.

    I NKP var det frå starten ikkje berre med marxist-leninistar, men også borgarlege sosialdemokratiske leiarar som braut med DNA av taktiske grunnar. Dette gjorde at NKP vart veikt innvendig. Til skilnad frå parti i mange andre land gjekk NKP difor attende i striden mot DNA i mange år etter 1923.

    Trass det var NKP i den fyrste tida eit i hovudsak marxist-leninistisk parti med medlemer som ynskte å gjera sosialistisk revolusjon. Partiet leidde mange store klassekampar og medlemene gjorde mykje for å spreia revolusjonært medvit i dei arbeidande massane.

    Under den andre verdskrigen førte NKP-medlemene ein heltemodig kamp mot nazismen, og mange ofra livet. Men samstundes evna ikkje NKP som parti å gje rettleiing til den store folkelege motstanden mot nazismen og utvikla han til folkekrig. 1 1941 fekk P. Furubotn og med han den moderne revisjonismen makta i partileiinga.

    I 1945 var oppslutninga om NKP auka kraftig. Men samstundes la Furubotn NKP inn på ein ope revisjonistisk kurs. NKP gjekk inn i regjeringa og starta tingingar om å gå saman med DNA. Den opne klassesamarbeidslina i åra etter 1945 førte til eit oppgjer med Furubotn-revisjonismen i 1949-50. Men etter Furubotn kom nye revisjonistar til makta. 1 1953 fekk dei gjennom eit fullt ferdig revisjonistisk program for «fredeleg overgang til sosialismen», 3 år før Khrusjtsjov gjorde det same på den 20. partikongressen i Sovjet.

    Ved den opne kløyvinga i den kommunistiske verdsrørsla gav partileiinga i røynda full støtte til sovjetrevisjonistane, mot marxist-leninistane i KKP og APA. Dette gjer det heilt klart at «NKP» for lengst hadde slutta å vera eit marxist-leninistisk parti og i staden var blitt eit borgarleg revisjonistisk parti.

    b) "NKP" i 1970-åra: representant for den ekstremt pro-sovjetiske revisjonismen, ein spydspiss for den svartaste reaksjonen

    I dag har «NKP» ikkje noko anna felles med kommunismen enn namnet.

    «NKP»-leiarane kjempar for interessene til den sosialimperialistiske supermakta, dei fungerer som eit ope og konsekvent agentur for sosialimperialismen. Alle dei mest brutale imperialistiske overgrepa frå Sovjet, alle dei mest avskyelege fascistiske overgrepa mot folka i Sovjet og i andre land får full og entusiastisk stønad frå «NKP»-leiarane. Særskilt strir desse folka som rasande for å hindra arbeidsfolk i å sjå at sosialimperialismen rustar seg til verdskrig og er eit trugsmål mot Noreg.

    Samstundes har «NKP»-leiinga lagt ned kampen mot USA-imperialismen og NATO og freistar å sabotera alt anti-imperialistisk arbeid, same kva for imperialistmakt det er retta mot.

    «NKP» stør fullt ut monopolborgarskapet i Noreg. Blant dei borgarlege gruppene går «NKP» i brodden for å krevja styrking av statsmonopolkapitalismen. «NKP»-leiarane målar den skarpe utbyttinga statsmonopola driv i vene fargar og kallar dette «sosialisme». Dei stør borgarskapets diktatur og seier at det er råd å nå sosialismen i Noreg på «fredeleg og parlamentarisk veg» gjennom å alliera seg med sume av monopola og skipa ei «anti-monopolistisk» regjering som skal «førebu sosialismen», dvs. styrka statsmonopolkapitalismen. Dei går inn for full stønad utan atterhald til dei reaksjonære leiarane i høgresosialdemokratiet. I dagskampen fungerer dei som sabotørar og streikebrytarar som tilmed kan vera meir ope reaksjonære enn DNA-LO-toppen, fordi dei har så liten stønad å tapa i arbeidarklassen.

    «NKP»-leiarane har vorte ei leiande drivkraft i dei anti-kommunistiske kampanjane, saman med det opne høgre og DNA-LO-toppane. Inga lygn om AKP(m-l), om Folkerepublikken Kina osb., er så grov at dei ikkje kan bruka henne.

    «NKP» høyrer til på ytste høgrekanten blant borgarlege grupper i Noreg. Det er ein svart reaksjonær organisasjon, leidd av anti-kommunistar, streikebrytarar og imperialistagentar.

    Den modernerevisjonismen har støttepunktet sitt i arbeidararistokratiet. Arbeidararistokratiet avlar moderne revisjonisme heile tida, fordi han svarar til den rolla dei har som politisk avdeling av borgarskapet. «NKP» rettar seg og inn på arbeidararistokratiet og freistar å framstilla det som om lina deira fell saman med interessene åt arbeidarklassen. Det bandet «NKP» har til arbeidararistokratiet, gjer at partiet berre kan verta meir og meir reaksjonært ettersom arbeidararistokratiet vert meir og meir desperat i freistnadene på å berga eit kapitalistisk system som er dømt til å døy.

    Framleis finst det ærlege folk som er førte bak lyset av «NKP». Det er ikkje dei vi fordømer som reaksjonære. Men omsynet til dei krev og at vi så skarpt som råd er brennemerkjer dei svarte reaksjonære leiarane i denne organisasjonen.

    Den tvers gjennom rotne politikken og særskilt den atterhaldslause støtta til sosialimperialismen har ført til at organisasjonen også rotnar opp. «NKP» er ei svært lita gruppe som er isolert, diskreditert og nesten fri for ungdom. Etter mange kløyvingar finst det framleis skarpe indre motseiingar.

    «NKP» er ei døyande rørsle. Likevel er det svært viktig å ta denne gruppa alvorleg.

    Det var frå «NKP» at den moderne revisjonismen fyrst spreidde seg i Noreg. I dag har denne retninga langt vidare nedslagsfelt enn «NKP» sjølv. Enda om «NKP» skulle døy så er ikkje den moderne revisjonismen daud, han har grobotn i arbeidararistokratiet og kan vinna framgang gjennom krisa i sosialdemokratiet.

    «NKP» kallar den reaksjonære politikken sin «marxisme-leninisme», kallar fascismen og imperialismen i Sovjet for «sosialisme» osb. Dette er ei god støtte til den ope borgarlege reaksjonen. Arbeidsfolk som trur «NKP» verkeleg er kommunistisk og ikkje skjønar at dette er ei anti-kommunistisk gruppe, får det inntrykket at det avskyelege andletet til sosialimperialismen er andletet til marxismen-leninismen og sosialismen. Slik hjelper «NKP» resten av den borgarlege reaksjonen med å halda arbeidsfolk vekk frå kommunismen.

    «NKP» er veikt og elendig i Noreg, men det vert halde under armane av den sosialimperialistiske supermakta. Sosialimperialismen freistar å bruka «NKP»-leiinga som politiske støttroppar for å letta den sosialimperialistiske infiltrasjonen i Noreg i dag og hjelpa den militære frammarsjen under krig. Om sosialimperialismen okkuperer Noreg, blir «NKP»s ideologi den offisielle ideologien for militærdiktaturet til okkupasjonsmakta.

    «NKP» er den norske representanten for eit av dei to viktigaste straumdraga innanfor den moderne revisjonismen i verda i dag: Det straumdraget som ope og utan atterhald stør den sosialimperialistiske supermakta.

    Jamvel om kampen marxist-leninistane fører mot «NKP» har utvikla seg svært bra, er det naudsynt å ta denne kampen svært alvorleg framleis.

    c) SV i 1976: representant for den formelt "sjølvstendig" revisjonismen som lettast vinn støtte blant massane

    SV er representanten i Noreg for den andre hovudretninga innan den moderne revisjonismen i dag. Denne retninga vil framstilla seg sjølv som «sjølvstendig» i høve til revisjonistpartiet i Sovjet. Ho vil ikkje stå fram som eit vedheng til Sovjet-ambassaden på same vis som «NKP». SV-leiarane vil sume gonger gå for å vera «motstandarar» av DNA-LO-leiinga, ein og annan gong ta «radikale» standpunkt osb.

    Difor har SV også fått stønad frå mange progressive og revolusjonært innstilte folk, ikkje minst ungdomar, som er motviljuge mot «NKP», men som har hysa von til SV. Det at «NKP» sin politikk har mist all massestønad, har gjort det råd for SV å bli det største revisjonistiske partiet i Noreg i 70-åra og opp til 1976.

    Likevel er SV eit moderne-revisjonistisk parti like godt som «NKP». Politikken til SV er borgarleg og reaksjonær. SV gjev ei svært verdfull støtte til sosialimperialismen. Og SV er sjølv eit ektefødt barn av utviklinga av den moderne revisjonismen i Noreg.

    SV vart til ved at ulike grupper gjekk saman. Sosialistisk Folkeparti inneheldt både venstresosialdemokratiske og revisjonistiske straumdrag. Ei anna gruppe kom frå DNA, ei tredje frå «NKP». At heile «NKP» var med i SV i 3 år, syner at i prinsipp er det ingen skilnad på «NKP» og gruppene i SV. Striden mellom SV og «NKP» skuldast taktiske spørsmål.

    I 1976 strir ulike retningar mot kvarandre i SV. Sume leiarar står nær det gamle høgresosialdemokratiet i DNA. Mange av dei tidlegare leiarane i «NKP» og kadrar i SV står framleis på identiske standpunkt med «NKP». Ein fraksjon strir for ei trotskistisk-revisjonistisk line.

    Men sams for alle straumdrag, klikkar og «løynlege» fraksjonar i SV er at dei stør «den fredelege og parlamentariske vegen til sosialismen». Alle grupper i leiinga er for klassesamarbeid. Alle er for støtte til DNA-LO-toppane. Frå stortingsvalet i 1973, var SV ei naudsynt parlamentarisk støtte for DNA-regjeringa, og såleis ikkje eingong formelt noko borgarleg «opposisjonsparti» til monopola si regjering! Heile SV-leiinga stør utviklinga av den statsmonopolistiske kapitalismen og kallar dette «sosialisme». Same om SV-leiarane organisatorisk har brote med DNA og «NKP», så har dei aldri vore i nærleiken av eit politisk brot med den sosialdemokratiske og revisjonistiske politikken.

    Den haldninga SV tek til monopola sin stat, syner seg klårt ved at dette partiet har vore heilt finansiert av staten frå 1973 til 1976. Det er klårt at det er ikkje fiendar av borgarskapet som monopola held oppe ved å gje dei millionar i året!

    SV-leiinga saboterer dagskampen, akkurat som leiinga i DNA-LO og «NKP». Ho har teke del i dei antikommunistiske kampanjane, som ikkje berre har retta seg mot AKP(m-l), men tilmed mot tilhengjarar av SV som har ynskt å driva klassekamp. SV-leiinga er ikkje på noko vis noko alternativ til DNA-leiinga. Det har leiande SV-arar tilmed synt sjølv: 1 1974 sa dei at det langsiktige målet deira var å slå saman SV og DNA!

    Sams for alle retningar i SV-leiinga er det og at dei kallar det fascistiske og sosialimperialistiske Sovjet for «sosialistisk» og «anti-imperialistisk». Dei kjempar mot dei kreftene som vil ta opp kampen mot sosialimperialismen og avsløra at han trugar Noreg. Sume leiarar i SV stør sosialimperialismen like fast som «NKP», andre tek atterhald, men alle stør dei i regelen framstøyta frå sosialimperialismen. SV-leiinga er i røynda og eit agentur for sosialimperialismen. Ho kan tilmed vera ein betre forsvarar av sosialimperialismen, nett av di ho formelt står meir «sjølvstendig» og ikkje så lett vert oppfatta som eit reint agentur for ei supermakt.

    Samstundes har SV-leiinga lagt ned all kamp mot USA og NATO. Ho gjev stønaden sin til den politiske hovudstøtta for USA-imperialismen i Noreg, DNA-leiinga.

    I 1976 var SV råka av ei hard krise. Det er ein fylgje av at tilhengjarar bryt med SV på grunn av den støtta leiinga gjev til DNA-regjeringa og sosialimperialismen, og av den skjerpa kampen mellom revisjonistiske grupper i SV sjølv. Eit samansett revisjonistisk parti som SV kan ikkje koma utanom kløyving. Stoda i den striden marxistleninistane fører mot SV-revisjonismen er god.

    Arbeidararistokratiet har og stor innverknad på SV, fordi mange av SV-leiarane er arbeidararistokratar sjølve og fordi SV har ei line som byggjer opp under arbeidararistokratiet. Men SV har og leiarar frå den borgarlege intelligentsiaen. Desse gruppene utviklar borgarlege liner som står i motstrid til kvarandre. Dette er ei lov. Slik vil SV bli kløyvt på nytt og på nytt.

    Sjølv om SV har synt seg å vera ein papirtiger, er det ikkje nokon grunn til å veikja kampen mot det. Som alle fiendar av proletariatet er det oppgåva vår å ta også denne fienden taktisk alvorleg.

    Leiinga i SV er roten og kontrarevolusjonær. Ho står i motsetnad til dei vanlege medlemene, som ho har ført bak lyset. At reaksjonære revisjonistiske standpunkt i dag er vidt spreidde hjå dei vanlege medlemene, endrar ikkje på dette. Særskilt viktig er det å vera klar over at hovudmassen av dei som sympatiserer med SV ikkje har nokon sams interesser med den kontrarevolusjonære leiinga. Oppgåva til kommunistane må vera å riva desse folka vekk frå revisjonismen. Vi må utvikla einskap med dei på grunnlag av ei klassekampline og arbeida målretta for å vinna dei for den revolusjonære klassekamplina til AKP(m-l) .

    d) Andre moderne-revisjonistiske og opportunistiske grupper og straumdrag

    Men innverknaden frå revisjonismen i Noreg er ikkje avgrensa til dei moderne-revisjonistiske partia. 1 1976 finst det ein rad andre grupper og straumdrag som anten er moderne-revisjonistiske eller er påverka av den moderne revisjonismen og opptrer saman med han.

    • Moderne revisjonisme i DNA. Blant DNA-trugne pampar i fagrørsla, i DNA sjølv og i ungdomsforbundet finst det eit straumdrag som sympatiserer med sosialimperialismen. Her finst mange tidlegare «NKP» medlemer. Samstundes driv Sovjet-regjeringa systematisk arbeid for å knyta kontakt med desse byråkratsjikta. Det er lett for mange arbeidararistokratar å «byta hest» frå gamal-sosialdemokrati til moderne-revisjonisme, fordi dei to retningane er like i innhald og svært like i forma. Dette straumdraget er særskilt farleg, ettersom DNA er det største partiet i Noreg og framleis har mest å seia i arbeidarklassen.

    • Trotskist/revisjonistiske grupper og straumdrag. Viktige trotskistiske bannerførarar i Noreg gjekk til NS under krigen, og etter det har alle ope trotskistiske grupper vore småe. Men gjennombrotet for den moderne revisjonismen ga nytt liv til dette politiske liket. Det fekk støtte av Khrusjtsjov, som spreidde dei same lygnene om Stalin som Trotskijgjorde før han. I vesten har trotskisme og nærskylde revisjonistiske straumdrag vunne oppslutning blant nokre studentar og intellektuelle ved å gjera seg nytte av at dei er urøynde og merkte av opportunisme. Dei utgjer ein politisk sump som fungerer som ein skugge av den moderne revisjonismen og ei viktig politisk støtte for sosialimperialismen.

    I Noreg har revisjonistisk/trotskistiske straumdrag støtte i SV på universiteta og smågrupper utanfor SV. Dei ser det som ei svært viktig oppgåve å verja sosialimperialismen. Dei kjempar mot marxismen-leninismen, rettar særskilt harde åtak på marxismen i filosofien og nektar for at det finst dialektikk i naturen, og spreier reformisme og økonomisme. Desse straumdraga freistar å forkle seg sjølve som meir «marxist-leninistiske» og «revolusjonære» enn leiarane i SV og «NKP». Men samstundes fører dei ingen kamp mot dei andre revisjonistiske straumdraga og stør arbeidararistokratiet. Bitter strid fører dei berre mot den marxist-leninistiske rørsla. Desse straumdraga er småbrør av den moderne revisjonismen, og kan berre overleva i kjølvatnet til større moderne-revisjonistiske parti. I røynda er dei spesialavdelingar av den moderne-revisjonistiske rørsla med særskilt oppdrag: å stø sosialimperialismen og kjempa mot den marxist-leninistiske rørsla blant intellektuelle og studentar.

    • Ope anti-marxistiske straumdrag. Den oppløysinga og forvirringa revisjonismen har skapt, har og gjort det mogeleg å gjenoppvekkja eldgamle, anti-marxistiske teoriar og skapa ei avgrensa oppslutning om dei enda dei vart lagde i grava for fyrste gong for over hundre år sidan.

    Den retninga som i Noreg har hatt det meiningslause namnet populisme, er eit døme på dette. Denne norske retninga er ikkje noko anna enn eit oppkok av gamle utopisk-sosialistiske retningar som ville skapa «sosialisme» under kapitalismen, gjennom å byggja på økonomiske samyrkelag og verja småborgarleg handverksproduksjon. Slik ville dei skapa eit «himmelrike på jorda» utan å endra dei borgarlege eigedomstilhøva, utan å avskipa utbyttinga til borgarskapet, styrta borgarskapet og knusa borgarskapet sin stat.

    Norske populistiske profetar seier at dei er vener av arbeidsfolk på landsbygda, av den 3. verda og alle som strir for å verna naturen. Men i røynda løyner dei fiendane til arbeidsfolket i bygdene og kjem med tiltak som berre kan gjera at monopola ruinerer småbøndene og fiskarane. Dei kjem med «milde gåver» og ikkje revolusjon som det som skal gjera slutt på nauda i den 3. verda. Det vil i praksis seia å la imperialismen i fred og at alt held fram som før. Desse «naturvenene» vil ikkje mana til kamp mot monopola som verkeleg øydelegg naturen. I staden seier dei at «arbeidarane har skulda» og gjev monopola argument for å skjerpa utbyttinga.

    Den gamle anarkismen som gjekk konkurs for 100 år sidan, får i dag oppslutning i blaff frå nokre småe ungdomsgrupper. Den moderne norske anarkismen skil seg frå den gamle gjennom at han er påverka av den moderne revisjonismen. Ved sida av å bruka dei gamle anarkistiske argumenta mot organisasjon og leiing, grip han til moderne-revisjonistiske argument som han brukar i kampen mot den marxist-leninistiske rørsla.

    Alle desse straumdraga har fått gjennombrotet sitt etter at den moderne revisjonismen slo gjennom i «NKP». Då «NKP» gjekk inn i fotspora til DNA, vart skiljelinene mellom revolusjonær og reformistisk politikk viska ut. «NKP» spreidde reformisme, tru på «den fredelege vegen», tiltru til det borgarlege statsapparatet og til arbeidararistokratiet. Ulike opportunistiske og revisjonistiske straumdrag kan suga næring av den store forvirringa som dette har skapt. Dei kan og nytta den ærlege viljen til mange menneske som uklart byrjar å skjøna sviket til revisjonismen og som søkjer etter noko anna. I andre vestlege land enn Noreg har dette ført til enda meir valdsame utslag. Til dømes har det skapt ein renessanse for den individuelle terrorismen, ei desperat, småborgarleg retning som uttrykkjer opprørsvilje samstundes som ho syner total mangel på forståing for sosialistisk teori og total mangel på tru til dei veldige revolusjonære kreftene som finst i dei arbeidande massene.

    Såleis ser vi at både framvoksteren og oppløysinga av den moderne revisjonismen ikkje kunna anna enn gje opphav til mange nærskylde opportunistiske straumdrag. For å vinna framgang i kampen mot dei er det difor også fyrst og fremst viktig å vinna framgang i striden mot opphavet deira, å trengja attende innverknaden frå den moderne revisjonismen og styrkja tiltrua til det marxist-leninistiske alternativet i dei arbeidande massane.

    e) Oppsummering: den moderne revisjonismen i Noreg

    1 1976 er dei moderne-revisjonistiske partia småe. Det gamal-sosialdemokratiske DNA er den sterkaste borgarlege retninga i arbeidarklassen. Men likevel er den moderne-revisjonistiske rørsla i Noreg svært viktig.

    Den moderne revisjonismen øydela det gamle, revolusjonære NKP. Gjennombrotet for den moderne revisjonismen gjorde at marxismen-leninismen ikkje vart spreidd i Noreg i mange år. I staden styrkte ideane om klassesamarbeid og «den fredelege vegen» stillinga si i arbeidarklassen. Med det vart borgarskapets diktatur kraftig styrkt politisk.

    Den moderne-revisjonistiske rørsla i Noreg speler ei viktig rolle gjennom å hindra mange arbeidarar i å bryta med den største borgarlege retninga i arbeidarklassen, DNA. DNA har byrja å missa grepet sitt på mange arbeidarar og ungdomar. Samstundes skjønar dei ikkje så lett kva den moderne revisjonismen står for. Difor kan den moderne-revisjonistiske rørsla fanga opp sume av dei som går frå sosialdemokratiet og leia dei attende til den same borgarlege politikken som dei freista å bryta med.

    Slik hindrar den moderne revisjonismen mange i å gå til den kommunistiske rørsla. Han er ein viktig lekk i den anti-kommunistiske kampanjen borgarskapet driv. Mange arbeidsfolk og progressive trur ikkje på antikommunistisk hets som kjem frå folk som ope kallar seg borgarlege eller sosialdemokratar. Slikt får meir slagkraft når det vert teke oppatt av folk som sjølv kallar seg «sosialistar» og «leninistar».

    Den moderne revisjonismen er og ei god støtte til borgarskapet i arbeidet for å spreia mistru til sosialismen og kommunismen. Mange arbeidsfolk i Noreg ser ikkje nokon skilnad mellom SV/ «NKP»-pampane og DNA-pampane. Fordi dei trur at revisjonistane er «sosialistar» og «kommunistar» får dei det inntrykket at kommunismen ikkje er noko alternativ til høgresosialdemokratiet. Arbeidsfolk kjenner tilhøva i dei fascistiske statane i Aust-Europa som er under diktatur av sosialimperialismen. Dei seier at om dette er sosialisme, så er sosialisme noko som er mot arbeidsfolk. Slik gjev den moderne revisjonismen stor hjelp til den borgarlege propagandaen som skal hindra arbeidsfolk frå å bli tilhengjarar av sosialismen og kommunismen.

    Dei norske monopola veit å verdsetja den støtta dei får frå den moderne-revisjonistiske rørsla. Difor let DNA-pampane nokre pampar i «NKP» og SV ha tillitsverv i slike fagforeiningar der DNA sjølv har heile makta. Difor betalar staten millionar av kroner for å halda oppe eit parti som SV som elles ville klappa saman.

    Samstundes er den moderne-revisjonistiske rørsla ganske særskilt viktig og farleg, av di ho er ein viktig reiskap for ei av dei to supermaktene, den sovjetiske sosialimperialismen. Medan sosialimperialismen rustar til verdskrig og gjer førebuingar til åtak på Noreg, er det oppgåva til den norske moderne-revisjonistiske rørsla å hindra arbeidsfolk i å ta opp kampen mot sosialimperialismen og førebu seg. Ved å spreia illusjonane om «avspenning» og «fred og ingen fåre» vil revisjonismen gjera folket i Noreg verjelaust ikkje berre mot sosialimperialismen, men og mot USA-imperialismen, som på si side og førebur verdskrig og krig i Noreg. Om den moderne-revisjonistiske rørsla lukkast i dette, så vil det føra med seg ei veldig katastrofe for det arbeidande folket i Noreg.

    Alt dette syner klårt at den moderne revisjonismen ikkje på noko vis er noko slags «sosialistisk» eller «progressiv» rørsle. Han er ei reaksjonær borgarleg rørsle som står for interessene til dei norske monopola. Den moderne revisjonismen er den politiske retninga som mest konsekvent stør den objektive utviklinga innanfor monopolkapitalismen i retning av stadig meir statsmonopolkapitalistisk kapitalisme. Samstundes står han for interessene til den mest aggressive og militært sterkaste av dei to imperialistiske supermaktene, Sovjetsamveldet.

    Derfor er den moderne revisjonismen den fårlegaste av dei opportunistiske retningane i Noreg i dag.

    Det sosiale grunnlaget for denne rørsla finst i arbeidararistokratiet, blant småborgarleg-intellektuelle sjikt og arbeidarar som er påverka av borgarlege tendensar. Dei moderne revisjonistane kan dra nytte av 100 års propaganda for klassesamarbeid og reformisme som har gjort at slike idear er djupt rotfesta blant arbeidsfolk i Noreg. Tiltru til falske «arbeidarleiarar» frå arbeidararistokratiet og reformistiske illusjonar er svære hinder som framleis held hundretusentals ærlege arbeidarar, klassekjemparar og anti-imperialistar fanga og held dei igjen når dei vil ta opp kampen mot borgarskapet, monopola og imperialismen. Så lenge desse hindringane finst, er det og god grobotn for sosialdemokrati og moderne revisjonisme.

    At den moderne revisjonismen finn grobotn blant arbeidarar og småborgarlege lag, vil ikkje på noko vis seia at han «står for småborgarskapet sine interesser». Den moderne revisjonismen står for dei norske monopola og sosialimperialismen. Han tener dei og lakeiane deira, arbeidararistokratane, og han dreg nytte av reaksjonære straumdrag i småborgarskapet og småborgarlege illusjonar i arbeidarklassen.

    Men den store massen av arbeidarar, småbrukarar, fiskarar, arbeidande intellektuelle og ungdomar osb. som stør moderne-revisjonisme og sosialdemokrati, har inga interesse av den politikken desse partia strir for. Dei er førte bak lyset, dei strir eigentleg mot sine verkelege interesser og stør dei verkelege klassefiendane sine. Desse arbeidarane og arbeidande massane som den moderne revisjonismen har makt over, er ikkje AKP(m-l) sine fiendar, dei er i røynda våre vener og allierte som vi må vinna for den sosialistiske revolusjonen.

    For å hjelpa dei arbeidande massane til å bryta med den moderne revisjonismen må AKP (m-l) føra ein hard strid mot den moderne revisjonismen, mot dei moderne revisjonistiske leiarane og partia. Det krev at vi seier klårt frå om den reaksjonære karakteren til den moderne-revisjonistiske rørsla og syner at i dag er den moderne revisjonismen den fårlegaste forma for opportunisme i arbeidarrørsla i verdsmålestokk.

    I verda i dag er den moderne revisjonismen den viktigaste forma for opportunisme nett fordi den sosialistiske revolusjonen er i framgang og leninismen spreier seg.

    Den moderne revisjonismen har inga lang framtid, han må gå under med borgarskapet sjølv. Med krisa i kapitalismen vert og krisa og opprotninga i den revisjonistiske verdsrørsla skjerpa. Trass det er den moderne revisjonismen i dag ei veldig kraft i verdsmålestokk, og han vil vera det i mange år framover, til imperialismen er styrta og langt inn i tidbolken då sosialismen har sigra i heile verda.

    I Noreg er den moderne revisjonismen det viktigaste opportunistiske straumdraget som dukkar opp gong på gong i AKP(m-l) sjølv. Den største fåren for at AKP(m-l) skal bli knust ligg i at moderne revisjonisme skal voksa fram i rekkjene og ta makta i partiet.

    Oppgåva til AKP(m-l) er å føra strid utan opphald mot den moderne revisjonismen i partiet sjølv og i arbeidarklassen. Det er oppgåva vår å trengja innverknaden frå den moderne revisjonismen attende. Vi vil kjempa saman med dei massane som er påverka av den moderne revisjonismen og vinna dei. Samstundes må vi aldri forsona oss med den moderne-revisjonistiske politikken og dei moderne-revisjonistiske leiarane. Vi må aldri gløyma den store sanninga at den sosialistiske revolusjonen aldri kan sigra i eit land så lenge det finst eit moderne-revisjonistisk parti som er sterkt nok til å hindra han.

    18. Kampen for proletariatets parti i Noreg

    Fire gongar har proletariatet i Noreg freista å skapa seg ei revolusjonær leiing, å organisera proletariatets parti.

    I 1848 vart Arbeiderforeningene skipa av Marcus Thrane. Denne fyrste klasserørsla til det norske proletariatet var vegleidd av utopisk-sosialistisk teori. I rørsla var både ei revolusjonær-sosialistisk og ei borgarleg fløy. Sabotasjen til den borgarlege fløya og den teoretiske veikskapen i rørsla gjorde at terroren statsmakta sette inn, kunna knusa Arbeiderforeningene.

    Da DNA vart skipa, kom det til å dominera proletariatet og skapa den store norske fagrørsla. Det fanst marxistiske straumdrag i DNA frå starten. Etter hard strid fekk dei revolusjonære i partiet DNA til å vedta eit revolusjonært program og gå inn i Komintern. Men i røynda vart DNA aldri noko leninistisk parti. Arbeidararistokratane hadde alltid sterke stillingar i DNA. Dei tok makta og omvandla DNA til ei tvangstrøyve for arbeidarklassen og det viktigaste støttepartiet for dei norske monopola og for USA-imperialismen i Noreg.

    I 1923 vart NKP skipa. NKP programfesta marxismen-leninismen. NKP-medlemene gjorde ein stor og ærerik innsats i klassekampen i Noreg og i kampen mot den nazistiske okkupasjonen. Men heilt frå starten av var det ingen einskap i NKP. Arbeidararistokratar og andre borgarlege element i rekkjene gav NKP indre veikskapar som gjorde at NKP aldri greidde å stri om rangen med DNA som det partiet som hadde mest støtte i arbeidarklassen i Noreg. Med borgarlege leiarar kom den moderne revisjonismen til makta i NKP. Dei moderne revisjonistane har likvidert NKP som kommunistisk parti og har forvandla det til ei svart reaksjonær støttegruppe for sosialimperialismen og dei norske monopola. Samstundes som «NKP» sjølv har skrumpa og har forfalle til ei lita sekt, har gjennombrotet for revisjonismen der lagt grunnlaget for ei mykje breiare moderne-revisjonistisk rørsle i Noreg.

    I 1973 vart AKP(m-l) grunnlagt. AKP(m-l) byggjer på marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking.

    AKP(m-l) har drege dei historiske lærdomane av kampen som proletariatet har ført for å konstituera seg sjølv som parti både i verda og i Noreg. AKP(m-l) byggjer vidare på dei gode revolusjonære tradisjonane og røynslene frå Arbeiderforeningene, frå dei fyrste tiåra til DNA og frå den tida då NKP var eit revolusjonært parti.

    AKP(m-l) har også drege lærdomar frå nederlaga til desse føregangarane. Dei syner at å konstituera det revolusjonære partiet til proletariatet er ei svært hard og vanskeleg oppgåve.

    Desse røynslene syner at det er særs viktig å kjempa mot opportunisme i eigne rekkjer. Det finst medvetne agentar for borgarskapet som vil freista å øydeleggja partiet innanfrå. Det finst karrieristar og pampar som ynskjer å utnytta partiet som ei plattform for seg sjølve og gjerne endrar partipolitikken slik at dei kan bli godtekne av borgarklassen. Blant ærlege medlemer av partiet finst det og borgarleg tankegods, illusjonar og fordomar som klassefienden kan utnytta. Borgarskapet har skapt eit enormt system av arbeidararistokratar for å kjøpa opp arbeidarleiarar og knytta dei til seg. Alle røynsler syner at dette også lett kan skje med medlemer av det revolusjonære kommunistiske partiet.

    Difor er kampen for at AKP(m-l) skal overleva og vinna stadig meir stønad, samstundes ein kamp mot djupt rotfesta borgarlege fordomar i arbeidarklassen og det arbeidande folket, mot opportunisme, klassesamarbeid, sosialdemokrati og revisjonisme, og mot heile det svære systemet av arbeidararistokratar som heile tida spreier opportunismen. Dette er ein svær, seig og langvarig kamp.

    Vil dette seia at AKP(m-l) ser pessimistisk på framtida? Nei, vi er optimistar.

    Kapitalismen og imperialismen er eit døyande system. Ingenting kan endra på det. For kvart år som går vert grunnlaget for den sosialistiske revolusjonen i Noreg meir og meir moge. AKP(m-l) har ein høgare utvikla marxistisk teori og ein betre vitskapleg marxistisk analyse av samfunnstilhøva i Noreg enn noko arbeidarparti før i Noreg. AKP(m-l) har ein betre skulert og meir einskapleg medlemsmasse og skarpare skiljeliner mot opportunisme og arbeidararistokrati enn noka parti før. AKP (m-l) kjenner veikskapane til partia som gjekk føre, og har ei djupare forståing av revisjonismen og dei historiske lovene som utviklar revisjonisme. Det opnar og vegen for at AKP(m-l) kan nå lenger enn alle partia som gjekk føre.

    Trass opportunismen har proletariatet i Noreg på nytt konstituert seg som klasse. Etter svære tilbakeslag er det revolusjonære proletariatet på ny på marsj framover. Grunnleggjinga av AKP(m-l) opnar den vegen som kan leia fram til siger for den sosialistiske revolusjonen i Noreg .

    V. Prinsippa for kampane proletariatet fører under kapitalismen

    19. Det er naudsynt å utvikla klassekampen også før det er mogeleg å gjennomføra den sosialistiske revolusjonen.

    AKP(m-l) avviser alle idear om at det er råd å «betra» kapitalismen slik at han vert «meir akseptabel» for arbeidarklassen og dei arbeidande massane. Under kapitalismen kan det aldri bli slutt på utbytting, krise og krig. Difor kan kommunistane, som verkelege representantar for proletariatet, aldri forsona seg med det kapitalistiske systemet, men må alltid vera dødsfiendar av det.

    Kommunistane går i brodden for dei daglege klassekampane som arbeidarklassen og dei arbeidande massane fører under kapitalismen sitt herredøme, sjølv om desse klassekampane ikkje stiller spørsmålet om statsmakta, men søkjer å oppnå nokre målsetjingar innanfor rama av kapitalismen. Den som avviser å ta del i desse klassekampane og grunngjev det med at dei ikkje «fører til revolusjon», er ingen kommunist, men ein fiende av arbeidarklassen, ein reaksjonær.

    Arbeidarklassen og det arbeidande folket kjempar kvar dag mot klassefienden, også før dei tek opp kampen om statsmakta fordi dei arbeidande massane ikkje har noko val. Dei må verja seg mot dei rasande åtaka frå monopola og imperialismen fordi alternativet er at utbytinga og underkuinga vert endå hardare. Det arbeidande folket må kjempa eller la seg trakka ned. Kommunistpartiet går i brodden for desse dagskampane, støttar, utløyser og leier dei. For elles svik det massane og skil seg frå dei, og har ikkje lenger rett til å kalla seg proletariatets parti.

    Samstundes går partiet i brodden for desse dagskampane for å hjelpa dei arbeidande massane til å dra lærdomar av dei. Dei daglege klassekampane lærer arbeidarklassen og folket kven som er vener og kven som er fiendar. Siger og nederlag utviklar klassesolidariteten gjev dei røynsle om eigen styrke, lærer dei å sjå borgarskapet og monopola som fienden og staten som reiskapen deira. Kampen lærer stadig fleire arbeidande menneske strategi og taktikk, dei dreg massane med i organisasjonar i stadig større omfang, får massane til å bli interesserte i politikk og sume til å studera marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking. Partiet går i brodden for dagskampane og leier dei for å styrkja denne tendensen.

    Gjennom dagskampen lærer stadig fleire arbeidande menneske å sjå kommunistane som dei mest trufaste støttene og beste målsmennene sine, dei lærer å sjå partiet som sitt parti, som sin reiskap og si leiing. Arbeidarklassen og folket lærer i praksis at dei sosialdemokratiske og revisjonistiske leiarane er fiendane deira, at arbeidararistokratane er representantar for borgarskapet.

    Partiet går i brodden for dagskampen og leier han for å styrkja kommunismen og veikja revisjonismen og sosialdemokratiet i arbeidarklassen. AKP(m-l) nyttar døma frå svika opportunistane gjer i praksis til å illustrera tesane i den marxistiske teorien om at dei borgarlege arbeidarpartia representerer klassefienden, og nyttar teorien til å gjera klart kvifor opportunistane gong på gong vil gå ope mot arbeidarklassen i framtida.

    Alt dette tyder at det er heilt naudsynt for partiet vårt å gå i brodden i dagskampar, også slike som ikkje tek sikte på å styrta kapitalismen, nettopp fordi vi aldri kan forsona oss med kapitalismen og må bruka desse kampane til å samla og organisera kreftene til proletariatet til stormløpet mot heile det kapitalistiske systemet i framtida.

    Det er eit prinsipp for partiet vårt å stå saman med dei arbeidande massane i den daglege klassekampen dei fører. Samstundes går ikkje partiet med i desse kampane som eit passivt etterslep på den spontane rørsla. Partiet går med i dei for å målretta dei alltid skarpare mot reaksjonen, mot borgarskapet, monopola og imperialismen. Partiet nøyer seg ikkje med å vera den mest lojale og beste kjemparen for dagsinteressene. Det går også vidare, held fram dei langsiktige måla, brukar de små daglege kampane som reiskapar for alltid å forklåra at den store kampen, for revolusjonen og sosialismen, trengst. Dette er ei revolusjonær line for dagskampen.

    Den proletariske, marxistiske lina AKP(m-l) har for dagskampen står i skarp motstrid til den snevert reformistiske, opportunistiske lina som arbeidararistokratane står for overalt der dei vert tvinga til å gå med i kampen. Når dei ikkje lukkast med å hindra at det vert kamp, kjempar dei som rasande mot alle freistnade på å løfta perspektivet ut over den einskilde kampen. Liksom dei saboterer sjølve den daglege kampen og svik han, går dei og mot at arbeidarane skal sjå at dei må skoda lenger fram, mot at dei skal sjå fellesskapet med kampen arbeidarar, andre arbeidsfolk og folka i andre land fører. Dei kjempar mot at dei arbeidande massane skal knyta band til kvarandre i kampen og skipa ein landsomfemnande kampfront mot klassefienden. I staden spreier dei illusjonar om at arbeidarklassen kan vinna varig framgang gjennom reformer. Dei preikar forsoning med klassefienden, dei spreier legalisme og saboterer kampen på alle måtar.

    AKP(m-l) går i brodden for den daglege kampen - men på revolusjonært grunnlag, med perspektiv som alltid går langt utover den einskilde daglege kampen. AKP(m-l) vil alltid stri hardt saman med resten av arbeidarklassen og det arbeidande folket for å vinna i dei daglege kampane. Men samstundes kjempar partiet mot alle illusjonar om at desse sigrane har veldig mykje å seia, mot alle freistnader klassefienden og reiskapane hans, opportunistane, gjer på å bruka dei til å venda augo frå den avgjerande kampen, revolusjonen.

    20. Kampen mot den kapitalistiske utbyttinga

    Kapitalen freistar alltid å pressa lønene ned og arbeidstida og arbeidsintensiteten opp. Samstundes som kapitalen aukar utbyttinga på arbeidsplassane - kjempar han for å røva frå arbeidaren så mykje som råd av den løna somer betalt ut ved å auka skattar og husleiger, skjera ned på sosiale ytingar som skular, sjukehus og trygder. Monopola utbyttar også småbøndene og andre arbeidande småprodusentar gjennom gjeldsrente, pris-, skatte- og avgiftssystem og til slutt ruinerer dei.

    Arbeidarklassen, småbrukarane osb. møter desse åtaka frå kapitalen med å føra ein økonomisk forsvarskamp. Denne kampen er ein viktig del av klassekampen. 194 av 100 tilfelle dreier det seg ikkje om ein kamp for betringar. Som oftast er det tvert om ein kamp mot forverring. Verkeleg betring av levestandarden skjer berre unntaksvis i samband med høgkonjunktur og etter hard kamp. Om dette skjer, greier kapitalistane snøgt å ta dette attende ved å bruka inflasjon, auka skattar, rasjonalisering m.m. Løna til arbeidarane svingar omkring verdien av arbeidskrafta. Arbeidarane i Noreg får framleis berre utbetalt det dei treng for å halda livet oppe. Samstundes freistar kapitalen å pressa denne summen nedover.

    For grupper i det arbeidande folket som småbrukarar og andre er det dei tener tilmed ofte under eksistensminimum, og det er også grunnen til at dei vert ruinerte i stort omfang.

    AKP(m-l) går i brodden for, stør og leier klassekampen mot utbyttinga, fordi denne kampen er til føremon for dei arbeidande massane.

    Vi kommunistar er sjølv arbeidarar og arbeidsfolk og er sjølvsagt for at arbeidarklassen så langt som råd er under kapitalismen har ei slik løn og slike arbeidstilhøve at han kan halda oppe liv og helse og få eit fysisk og mentalt overskot til intellektuelt arbeid, til å utdana seg, til politisk organisering og politisk klassekamp. Vi er mot nedskjering av dei sosiale fonda, t.d. er vi for utbygging av skulevesenet fordi proletariatet sjølv har interesse av å få seg kunnskap og bryta det borgarlege monopolet på kunnskap. Under kapitalismen er skulane sjølve og borgarlege og spreier borgarleg ideologi, men dei er likevel betre enn ingen skular.

    Partiet går fremst i kampen for å betra den økonomiske eksistensen til dei arbeidslause, ved å krevja arbeidsløysetrygd og krevja arbeid. Denne kampen endrar sjølvsagt ikkje på utbyttinga, men arbeidarklassen må like fullt føra han.

    Vi er imot ruineringa av småbøndene, dei arbeidande fiskarane og andre klasseallierte med arbeidarklassen. Vi er mot strevet for å pressa ned lønene til dei lågare småborgarlege funksjonærane. Proletariatets parti gårfremst i klassekampane mot dette fordi dei tener proletariatet og fordi desse kampane tener til å knyta desse klasseallierte nærare til den leiande klassen.

    Samstundes går partiet i slike kampar skarpt mot ideen om at dei kan leggja grunnlaget for noka «trygg» økonomisk stilling for arbeidarklassen og det arbeidande folket. Historiske røynsler syner at ingen av sigrane til proletariatet er meir flyktige enn nettopp sigrane i økonomiske kampar.

    Streikar har vore ei svært viktig form for klassekamp i Noreg i 70-åra. Samstundes kan borgarskapet godt greia å leva med mange streikar og svære lønspålegg. Ingen kan «streika seg til sosialismen». Når streik kan brukast til å fremja kampen for den sosialistiske revolusjonen, så er det ikkje fordi streiken i seg sjølv fører sosialismen eit steg nærare, men fordi han vekkjer idear om sosialismen blant arbeidarane. Streiken er ein klassekamp, men ikkje ein klassekamp om makta. Han er «ein skule i krig, men ikkje sjølve krigen» (Lenin). Streikekampen for å betra lønene kan vera revolusjonær dagspolitikk berre når han blir brukt til å auka forståinga blant arbeidarane for at heile lønstrældomen må avskipast.

    I økonomiske streikar og andre økonomiske klassekampar er det lina til partiet alltid å framheva og utvikla den politiske sida. I Noreg i 70-åra vert dei fleste økonomiske streikane snøgt politiske. Dei må trassa tvangsreglane til staten og det faglege byråkratiet. Dei kan bli førte framover berre gjennom kamp mot arbeidararistokratiet, dei sosialdemokratiske og revisjonistiske leiarane. Å streika og å solidarisera seg med streik vert difor snøgt eit politisk standpunkt. Det viktigaste i streikane er å utvikla den politiske forståinga, styrkja klassekjensla, styrkja organiseringa av arbeidarklassen og styrkja tendensen til brot med arbeidararistokratiet og opportunismen. Slik vil arbeidarklassen riva fagforeiningane ut or hendene på borgarskapet sine tenarar i fagrørsla. Desse resultata er viktigare enn dei flyktige økonomiske resultata.

    På dette området i klassekampen står den proletariske lina til AKP(m-l) og i skarp motsetnad til den sosialdemokratiske og revisjonistiske. Dei sosialdemokratiske og revisjonistiske pampane stør ikkje desse kampane, dei er tvert imot dei verste og mest effektive sabotørane som finst. Dei fører til torgs dei verste lygner om arbeidarar, bønder og andre som fører sosiologisk kamp, brukar anti-kommunisme mot dei, framstiller kapitalistar som rimelege og dei arbeidarane som kjempar som urimelege, verjar arbeidsretten og den borgarlege lova. Og om dei fyrst tek del i streiken, så er det alltid for visst at det fyrste dei ventar på er eit høve til å sabotera kampen for å leggja han ned innanfrå.

    Desse to linene er ingenting anna enn ein fylgje av at AKP(m-l) og opportunistane tener kvar sine klassar: AKP(m-l) kjempar mot borgarskapet og mot utbyttinga, medan revisjonismen og sosialdemokratiet er retningar som slett ikkje har noko anna mål enn å tryggja profitten for kapitalistane.

    21. Kampen mot den politiske underkuinga frå borgarskapet

    Det borgarlege «demokratiet» i Noreg er ikkje noko anna enn ei særskild form for borgarskapets diktatur.

    Formelt finst det talefridom, ein viss prentefridom, ein viss organisasjonsfridom. Mange demonstrasjonar har vorte tilletne og streikar har berre blitt underkua med vald i sume høve. Det finst rett til å røysta på fleire parti i val. Desse rettane nyttar borgarskapet for å løyna at makta deira i siste hand kviler på militær makt og blodig vald.

    Men sjølv dei rettane som finst er innskrenka på alle kantar, og det arbeidande folket kjem gong på gong i konflikt med det ope borgardiktaturet. Streikar vert for det meste forbodne, revolusjonære vert sparka for meininga si, prentefridomen er avgrensa av det kapitalistiske pressemonopolet. Kringkastinga spreier borgarskapet sin politikk og vert brukt aktivt mot interessene til arbeidarklassen. Fascistar får førebu valdshandlingar mot arbeidarklassen, og politiet vert nytta mot demonstrantar, framandarbeidarar og streikande arbeidarar. Det fascistiske tryggingspolitiet lagar kartotek over revolusjonære og progressive som kan nyttast til massearrestasjonar og blodbad. Militærmakta trenar i fascistkupp og i å slå ned folkelege oppreistar.

    Dei demokratiske rettane som arbeidarklassen og dei arbeidande massane har i 1976 er vunne gjennom meir enn hundre år med hard strid og mange offer, til og med i blod.

    Det er ei kampoppgåve å halda fast ved desse rettane og verja dei mot åtaka frå borgarskapet. Desse rettane er til føremun for arbeidarklassen. Dei gjer det lettare for han å organisera seg og samla krefter til den revolusjonære kampen om statsmakta. Som proletarisk, revolusjonært parti er det difor ei oppgåve for AKP(m-l) å verja desse borgarleg-demokratiske rettane og vida dei ut om det er mogeleg.

    Samstundes må partiet aldri la vera å peika på at heile det borgarlege «demokratiet» ikkje er noko anna enn svindel. Partiet må avsløra freistnadene borgarskapet og arbeidararistokratiet gjer på å føra arbeidarklassen bak lyset når dei spreier illusjonane om «fredeleg overgang» og førestillinga om at «fascismen kan ikkje råka oss i Noreg». Denne propagandaen freistar å løyna at alle dei borgarleg-demokratiske rettane berre finst så lenge det høver monopola som har makta. Så snart monopola ser makta si verkeleg truga, nøler dei ikkje med å setja alle formelle borgarleg-demokratiske rettar til sides, innføra fascisme og setja i gang blodbad mot arbeidarklassen.

    AKP (m-l) har som oppgåve å syna at fascismen er eit produkt av dei imperialistiske monopola. Monopola og staten førebur overgangen til fascisme alt under det borgarlege «demokratiet». Borgarskapet driv gjennom fasciseringa, utholinga av dei borgarleg-demokratiske rettane, steg for steg. Monopola byggjer opp fascistiske korps innanfor staten, som tryggingspoliti, opprørspoliti og fallskjermjegarar. Dei oppmuntrar fascistiske mordarbandar og spreier rasisme og anti-kommunisme. Arbeidarklassen må slå attende mot alle framstøytar frå fascismen. Men røtene til fascismen kan berre bli utrydda gjennom at imperialismen og borgarskapet vert utrydda.

    Verkeleg demokrati kan dei arbeidande massane berre vinna gjennom ein revolusjon som gjer slutt på heile kapitalismen, og med han det borgarlege «demokratiet». Berre proletariatets diktaturet vil vera verkeleg demokrati for dei arbeidande massane. Dette gjer vi kommunistar heilt klårt også når vi kjempar for borgarlege demokratiske rettar.

    Om borgarskapet eller ein del av det skulle freista å gjennomføra eit fascistisk kupp, vil AKP(m-l) kjempa saman med arbeidarklassen for å verja det borgarlege demokratiet, ikkje av di det er verkeleg demokratisk, men av di det er eit mindre vonde enn det ope fascistiske diktaturet.

    Arbeidarklassen har berre eitt middel til å verja seg mot eit væpna fascistisk kupp frå borgarskapet. Det er at arbeidarklassen sjølv har våpen og brukar dei mot fascistane. Er det arbeidande folket uvæpna, vil det li sama lagnad under eit fascistisk kupp som folket i Tyskland i 1933, i Indonesia i 1965 og i Chile i 1973. Berre våpenmakt kan knusa fascistisk diktatur, liksom berre revolusjonær vald kan skapa eit verkeleg proletarisk demokrati.

    I kampen om dei demokratiske rettane er sosialdemokratane og revisjonistane sabotørar og skadegjerarar. Dei spreier legalisme og parlamentariske illusjonar samstundes som dei går i bresjen for å minka inn på streikeretten, demokratiet i fagforeiningane osb. Dei går mot forbod mot dei fascistiske bandane, samstundes som dei driv anti-kommunistiske kampanjar. Internasjonalt stør revisjonistane det fascistiske diktaturet i Sovjet og set det opp som eit «ideal» for arbeidarklassen i Noreg. Det er å dyrka den største eksportøren av fascisme og reaksjon i vår tid, ein sann arvtakar etter Hitler-Tyskland i vår tid.

    Det er to liner i kampen om dei demokratiske rettane:

    Den revolusjonære marxistiske lina til AKP (m-l) som støttar klassekampen mot den politiske underkuing, som verjar dei demokratiske rettane, men som samstundes seier klårt frå at desse rettane berre er eit skin og at berre proletariatets diktatur kan skapa verkeleg demokrati. Mot den står den sosialdemokratiske og revisjonistiske, som i ord seier seg å vera for demokrati, men som i praksis ikkje tener til noko anna enn å verja det borgarlege diktaturet og måla det i vene fargar.

    22. Kampen mot imperialismen

    Det kapitalistiske Noreg er sjølv eit imperialistisk land, ein del av den imperialistiske verda og samstundes eit offer for imperialismen. Dette krev at proletariatet og dess parti fører kamp mot imperialismen på mange frontar:

    • Kamp mot imperialismen i Noreg. Arbeidarklassen og det arbeidande folket har ei stolt soge med å verja det norske sjølvstendet mot-freistnadene større imperialistmakter har gjort på å leggja Noreg under seg. Kampen mot den tyske fascismen er det mest strålande dømet, kampen mot EEC er eit ferskt døme på patriotismen og motstanden mot imperialismen som det arbeidande folket i Noreg står for.

    I dag er dei farlegaste fiendane fram for alt dei to supermaktene, Sovjet og USA. Det er naudsynt å kjempa mot den militære opprustninga og militærøvingane dei driv, mot trugsmål og press, mot den politiske og økonomiske infiltrasjonen deira. Dei arbeidande massane i Noreg har og synt at dei er mot dei to supermaktene. Det er ei svært viktig oppgåve for AKP(m-l) å gå i brodden for denne kampen.

    Middel i denne kampen er å organisera demonstrasjonar og protestar, å organisera faglege kampanjar for å bryta dei faglege sambanda med representanter for supermaktene osb. Samstundes er det også naudsynt å stilla krav til den noverande norske staten, mellom anna krav om at han skal handheva suvereniteten over Svalbard, protestera mot dei sovjetiske militære provokasjonane, dra Noreg ut or NATO.

    Samstundes må AKP(m-l) seia ope å frå at borgarskapet i Noreg er eit imperalistisk borgarskap og ein svikar mot nasjonen. I sume høve kapitulerer det for press og i andre høve ser det seg tent med i underordna seg sterkare imperialistar friviljug.

    Det kapitulerte for Hitler, melde Noreg inn i NATO, og gjorde freistnader på å melda Noreg inn i EEC. Slik er det og truleg at det vil gje etter f.eks. for eit kraftig ytre press frå sosialimperialismen. AKP(m-l) må seia klårt frå om at ingen må ha tiltru til at desse monopola og staten deira verkeleg vil verja Noreg sine nasjonale interesser. Om regjeringa gjer noko som verjar Noreg sine nasjonale interesser mot ei supermakt så vil vi stø det, men vi ventar oss ingenting, for dei norske monopola og politikarane deira er kapitulantar.

    Den norske borgarskapet i dag er ingen nasjonal klasse. For dei norske monopola er spørsmålet om vernet av dei nasjonale interessene noko som vert avvege etter styrketilhøva, av kva monopola trur vil løna seg.

    Dei verkelege patriotane i Noreg i dag er proletariatet og dei arbeidande massane-arbeidsfolk av norsk og annan nasjonalitet som ikkje er viljuge til å handla med sjølvstendet. Berre dei er verkeleg konsekvente forkjemparar for Noreg sine nasjonale interesser mot supermaktene og all imperialisme.

    AKP(m-l) må og seia ope å frå at det einaste som kan driva supermaktene ut av Noreg og tryggja Noreg sine nasjonale interesser for godt, er at proletariatet gjer seg sjølv til leiande og herskande klasse i nasjonen-det vil seia at revolusjonen sigrar og proletariatets diktatur vert oppretta i Noreg.

    • Kamp mot norsk imperialisme. Arbeidarklassen må kjempa mot den underkuinga som herskarklassen i det eigne landet driv. Det vil seia at AKP(m-l) må leia arbeidarklassen i Noreg i kamp mot den utbyttinga dei norske monopola driv av andre folk. Det vil seia at proletariatet i Noreg m.a. må støtta all konfiskering av norsk imperialistisk eigedom i utlandet, støtta den kampen som arbeidarar fører i norske imperialistiske verksemder i andre land. Det vil også seia at vi må kjempa mot rasisme og norsk sjåvinisme i Noreg og stø kampen som vert ført av den samiske nasjonen i Noreg og dei utanlandske arbeidarane som vert utsette for nasjonal underkuing frå staten til dei norske monopola.

    • Støtte til dei underkua folka som kjempar mot imperialismen. Det er ei proletarisk-internasjonalistisk plikt for arbeidarklassen i dei imperialistiske landa i støtta dei underkua folka som fører frigjeringskampar og folkekrigar mot imperialismen. AKP(m-l) må gå i brodden for og støtta kampen for å utvikla solidariteten frå det norske arbeidande folket med dei arbeidande og underkua folka i heile verda, med dei verkelege sosialistiske landa, med frigjeringsrørslene i den 3. verda, med folka i dei utvikla kapitalistiske landa som er underkua av supermaktene og med dei underkua folka og arbeidarklassen i dei to supermaktene sjølve.

    I samband med denne striden løyner ikkje AKP(m-l) at vi stør denne kampen som ein lekk i kampen for å styrta imperialismen på heile jorda og at imperialismen heller ikkje kan bli lagd endeleg i grava utan revolusjon i dei utvikla kapitalistiske og imperialistiske landa, særskilt i supermaktene.

    AKP (m-l) brukar og solidaritetsarbeidet for dei underkua folka til å gjera klårt for arbeidarklassen og folket i Noreg at dei sjølve må fylgja den same vegen, at dei kan frigjera seg med våpen i hand.

    Dette er den lina AKP(m-l) har for kampen mot imperialimen i det kapitalistiske Noreg.

    Denne lina syner klårt at AKP(m-l) er det einaste verkeleg anti-imperialistiske partiet i Noreg i dag, for det er berre AKP(m-l) som konsekvent går mot alle supermakter og all imperialisme. AKP(m-l) er det einaste verkeleg internasjonalistiske partiet, for det er berre AKP(m-l) som konsekvent støttar alle dei folka i verda som kjempar mot imperialismen, same om dei kjempar mot imperialismen til ei supermakt, ei anna imperialistmakt eller den norske imperialismen. Samstundes er AKP(m-l) det einaste verkeleg patriotiske partiet, fordi berre AKP(m-l) vil verja norsk sjølvstende utan kompromiss mot båe supermaktene og all imperialisme.

    Alle dei borgarlege partia i Noreg støttar seg på ein eller fleire imperialistiske makter. Dei sosialdemokratiske og revisjonistiske partia støttar seg anten på USA eller Sovjet. Samstundes som dei borgarlege arbeidarpartia i Noreg målar den supermakta som er den høgste beskyttaren deira i vene fargar, går dei aktivt inn for å sabotera kampen mot den andre.

    Ingen kamp mot imperialismen kan førast utan at antiimperialistane samstundes kjempar mot agentane for imperialismen, dei sosialdemokratiske og revisjonistiske pampane.

    23. Den teoretiske kampen mot borgarskapet og revisjonismen

    Samstundes som partiet tek del i den daglege klassekampen mot utbyttinga og underkuinga og imperialismen, må det aldri mista grepet om den teoretiske striden mot borgarskapet og revisjonismen.

    Den daglege praktiske klassekampen er ein stor skule for dei arbeidande massane og partiet, som førebur dei på revolusjonen. Men utan den revolusjonære teorien kan ikkje revolusjonen sigra. Det er heller ikkje nok at berre partiet har kunnskapar om marxismen-leninismen Mao Tsetungs tenking, teorien må og vera spreidd og forstått i større eller mindre grad mellom dei lengstkomne i klassen utanfor partiet.

    Teoretisk klårleik kan ikkje berre koma gjennom studium. Det er og naudsynt med teoretisk kamp mot borgarskapet og revisjonismen. Sjølv i tider då den sosialistiske revolusjonen enno ikkje står på dagsordenen, står propagandaen for sosialismen i Noreg absolutt på dagsordenen.

    Det er oppgåva for partiet å kjempa mot revisjonismen og diskreditera han framfor arbeidarklassen. Partiet må aldri leggja ned kampen mot revisjonismen og annan borgarleg ideologi. Ved å knusa revisjonismen teoretisk vil partiet leggja grunnen for å knusa han politisk.

    Alt dette gjer det rett å slå fast at kampen for å spreia den marxistiske teorien, syna kvifor den sosialistiske revolusjonen og proletariatets diktatur er naudsynt i Noreg, og avsløra revisjonismen, er ein viktig del av den daglege klassestriden i Noreg no.

    AKP(m-l) må sameina den praktiske dagskampen med dagleg teoretisk kamp. AKP(m-l) må sjå det som ein viktig del av klassekampen under kapitalismen å spreia store opplag av verka til Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao, partiprogramma og andre marxistiske verk, å spreia bøker, aviser, å skriva artiklar og flygeblad som forklarer marxismen, som avslører og fordømer revisjonismen, som forklarer at det er naudsynt med den sosialistiske revolusjonen. At medlemene i AKP(m-l) og så mange andre som råd er studerer marxistiske verk heile tida, er ein del av klassekampen, liksom det at dei heile tida tek del i den praktiske dagskampen.

    24. Oppgåvene til arbeiderklassen om Noreg vert drege inn i ein 3. verdskrig

    Dersom Noreg vert offer for ein imperialistisk eller sosialimperialistisk okkupasjon og det norske monopolborgarskapets diktatur vert bytt ut med militærdiktaturet til denne imperialistmakta, så vil og hovudmotseiinga i Noreg skifta. På den eine sida av hovudmotseiinga står då den imperialistiske okkupasjonsmakta. På den andre sida står den underkua norske nasjonen og dei nasjonale minoritetane.

    Dette vil ikkje seia at den antagonistiske motseiinga mellom borgarskapet og proletariatet innanfor den norske nasjonen vert borte eller vert mellombels uviktig. Denne motseiinga vert berre ei sekundær motseiing i høve til den nye hovudmotseiinga. Ho vil framleis avgjera den indre utviklinga i den norske nasjonen, og avgjera kva klassar i den norske nasjonen som vil kjempa for nasjonal frigjering og kva for klassar som vil svika nasjonen.

    Om Noreg vert drege inn i ein 3. imperialistisk verdskrig og landet vert slagmark for supermaktshærane, vil det framleis vera kapitalistisk utbytting og borgarleg underkuing. Men partiet og proletariatet vil likevel få heilt andre oppgåver enn no.

    Den sovjetiske sosialimperialismen planlegg i dag eit lynåtak mot Noreg frå aust, nord og sør i tilfelle ein slik krig. USA-imperialismen og NATO planlegg invasjon frå vest og sør. Om desse planane vert røyndom er det den fyrste oppgåva for partiet, arbeidarklassen og folket å verja Noreg gjennom å føra ein rettvis forsvarskrig mot det imperialistiske åtaket. AKP(m-l) avviser alle tankar om at det er rett å alliera seg med ei supermakt for å fri landet frå den andre. Difor kan ikkje arbeidarklassen eller partiet hans alliera seg med USA og NATO under noko omstende for å slå Sovjetsamveldet, eller stø seg på Sovjet og Warszawapakta for å slå USA.

    Dei væpna styrkane i Noreg er ikkje skipa for å verja Noreg sitt nasjonale sjølvstende. Dei er bygde opp for å underkua det arbeidande folket med vald, gje kanonføde til USA-imperialismen og tryggja posisjonane for USA-imperialismen i Noreg. Den prinsippielle haldninga AKP(m-l) tek er at vi ikkje vil løyva ein øre til desse væpna styrkane, at vi ikkje kan stø dei og at vi oppmodar folket i Noreg til å sjå dei som reiskapar for klassefienden og imperialismen. Proletariatet må likevel nytta det høvet verneplikta gjer til å læra å handsama våpen og læra militærkunsten. Kommunistane og dei progressive må og jobba mellom soldatane for å vinna dei mot militarismen, reaksjonen og borgarskapet i det heile.

    Om til dømes sosialimperialismen går til åtak på Noreg er det ingen grunn til å rekna med at det borgarlege «forsvaret» vil gjera nokon stor motstand. Mest truleg er det at dei væpna styrkane vil gå i oppløysing, liksom dei gjorde i 1940. Om dei skulle gjera motstand under leiinga av den borgarlege regjeringa mot eit imperialistisk åtak, vil AKP(m-l) sjå det som ein rettvis krig som proletariatet stør.

    Den borgarlege regjeringa kan gjera ein slik rettvis krig om til ein urettvis krig.

    Slike tilhøve vil inntreffa om krigen i hovudsak vert ført som ein lekk i å tryggja eit USA-imperialistisk åtak på Noreg. Det vil og inntreffa om regjeringa gjer soldatane til kanonføde for USA-imperialismen og i røynda ikkje gjev dei høve til å verja landet mot sosialimperialismen. I slike høve vert det ikkje lenger ein rettvis krig, men ein imperialistisk krig.

    Sjølv om det norske «forsvaret» skulle yta ein viss motstand mot eit åtak, er det mest truleg at det vil bryta saman etter ei viss tid.

    Det einaste verkelege vernet for det norske folket mot ein ny imperialistisk verdskrig er det væpna folket sjølv. Berre dette og aldri den reaksjonære hæren til dei borgarlege kapitulantane er ei verkeleg pålitande kraft som kan verja landet mot alle åtak.

    Difor svarar AKP(m-l) på det auka trugsmålet frå dei to imperialistiske supermaktene ikkje med å krevja opprusting av det reaksjonære norske militærapparatet, men ved å gå inn for folkevæpning, og oppmodar proletariatet og det arbeidande folket til å få seg våpen og læra seg militærkunst.

    Dersom det kjem eit åtak på Noreg, er det AKP(m-l) si plikt å leia proletariatet og det arbeidande folket i forsvarskrig mot alle imperialistmakter som går til åtak, same om dei kjem frå aust eller vest.

    Så snart ei supermakt går til åtak på Noreg, må arbeidarklassen og folket svara på det ved å organisera ein væpna motstand uavhengig av borgarskapets si leiing same kva den borgarlege hæren gjer, same om han gjer motstand som fortener støtte eller ikkje.

    Proletariatet må svara på eit åtak med å føra nasjonalrevolusjonær frigjeringskrig mot den imperialistiske krigen. Mot den imperialistiske åtaksmakta som fører urettvis krig, må det arbeidande folket i Noreg svara med sin rettvise forsvarskrig.

    Berre proletariatet og det arbeidande folket vil ha alt å vinna og ingenting å tapa på å kjempa med all kraft mot åtaksmakta. Berre dei er den krafta som kan verja interessene til nasjonen og folket og frigjera Noreg. Kva haldning borgarskapet vil ta vil bli avgjort av at det norske borgarskapet i hovudsak er ein svikar av Noregs nasjonale interesser. Heile borgarskapet og særskilt dei store monopola vil ikkje kunna halda fram med å driva utbytting utan å søkja samarbeid med okkupantane, og difor vil dei i praksis søka å leggja ned motstandskampen. Sjølv om borgarlege einskildpersonar og grupper er viljuge til å kjempa saman med det arbeidande folket mot okkupasjonsmakta, vil dei alltid kunna vakla og svika, dei vil aldri kunna bli noka pålitande støtte og aldri gje kampen konsekvent leiinga som kan føra til siger.

    Når folket har drive ein slik okkupant ut av landet att, vil motseiinga mellom borgarskapet og proletariatet på nytt verta hovudmotseiinga.

    Hovudmotseiinga under ein okkupasjon må løysast gjennom at proletariatet og partiet dess sluttar seg saman med alle patriotiske klassar og-grupper til ein nasjonal frigjeringsfront, byggjer ein folkehær og fører ein nasjonal-revolusjonær frigjeringskrig i samsvar med prinsippa for langvarig folkekrig, for å kasta fienden ut or landet.

    Ein slik nasjonal-revolusjonær frigjeringskrig vil byrja under tilhøve då kapitalismen framleis finst i Noreg. Det fyrste målet for krigen vil heller ikkje vera å styrta kapitalismen, men å kasta ut åtaksmakta og frigjera landet. Det vil ikkje seia at ein slik krig kan bli leidd av borgarskapet. Det kan tenkjast at borgarlege einskildpersonar og grupper i ein slik situasjon vil vera viljuge til å kjempa saman med det arbeidande folket. Men dei kan ikkje gje kampen noka konsekvent leiinga, og dei vil alltid kunne opna vegen for at frigjeringsrørsla kastar ut ei imperialistmakt berre for å opna døra for ei anna. Difor må proletariatet ikkje under noko omstende gje frå seg leiinga i frigjeringskampen.

    Dersom proletariatet og det arbeidande folket lukkast med å frigjera Noreg gjennom ein slik nasjonal-revolusjonær frigjeringskrig, så vil vegen og vera opna til å gå vidare med det same, til å gjennomføra den sosialistiske revolusjonen og skipa proletariatets diktatur. Om det skjer er avhengig av det politiske medvitet og den politiske viljen proletariatet har til å kjempa, og særskilt av om proletariatets parti står sterkt og fylgjer ei rett marxist-leninistisk line for å leia revolusjonen vidare.

    VI. Den sosialistiske revolusjonen

    25. Den sosialistiske revolusjonen

    a) Revolusjonen i Noreg vil ha ein sosialistisk karakter

    Arbeidarklassen og dei arbeidande massane kan aldri vinna korkje frigjering eller trygge levekår under kapitalismen. Borgarskapets diktatur vil alltid underkua dei og utbytta dei. Sjølv om dei skulle kjempa til seg nokre føremoner, vil slike alltid verta undergravne.

    Berre ved å styrta borgarskapets diktatur gjennom ein sosialistisk revolusjon kan kapitalismen bli avskipa og proletariatets diktatur bli oppretta. I eit høgt utvikla kapitalistisk land som Noreg er det berre ein slik revolusjon som er mogeleg.

    b) Kvifor ikkje nydemokratisk revolusjon?

    Noreg er eit utvikla kapitalistisk land, der føydalismen er knust for lang tid sidan, der det er ein høgt utvikla storindustri og proletariatet er fleirtalet av folkesetnaden. Difor er det ikkje på tale med nokon nydemokratisk revolusjon. Slike revolusjonar er naudsynte føre den sosialistiske revolusjonen i halvføydale og halvkoloniale land. I vår tidbolk er desse nydemokratiske revolusjonane ein del av den proletariske verdsrevolusjonen. Dei er framleis borgarleg-demokratiske i samfunnskarakteren sin, men dei tener og fremjar sigeren for proletariatet i verdsmålestokk. Den nydemokratiske revolusjonen er leidd av proletariatet og er det steget revolusjonen i desse landa må gjennom føre den sosialistiske revolusjonen. Den nydemokratiske revolusjonen er ein borgarleg-demokratisk revolusjon av ein ny type og målet hans er ikkje og kan ikkje vera å oppretta kapitalismen og borgarskapets diktatur. Han må tvert om førebu sosialismen og proletariatets diktatur.

    I eit høgt utvikla kapitalistisk land som Noreg, der proletariatet ikkje lyt rydda vekk viktige føydale restar, nedkjempa eit kolonisystem eller utvikla produktivkreftene kraftig før sosialismen kan byggjast, finst det heller ikkje noko grunnlag for ein nydemokratisk revolusjon. I slike land er det ikkje den borgarleg-demokratiske, men den sosialistiske revolusjonen som er aktuell. Slik har det vore sidan den fyrste imperialistiske verdskrigen og særskilt sidan Oktober-revolusjonen.

    c) Den "anti-monopolistiske revolusjonen" - eit påhitt frå revisjonistane

    Vi avviser den såkalla «anti-monopolistiske» revolusjonen, som berre er eit påhitt frå dei moderne revisjonistane for å føra folk bak lyset. Dei seier at arbeidarklassen kan gå saman med dei ikkje-monopolistiske kapitalistane og jamvel sume monopolgrupper for å skipa ei såkalla «anti-monopolistisk» regjering. Denne regjeringa skal liksom «innføra sosialismen». Heile denne «strategien» tek sikte på å halda kapitalismen oppe og føra arbeidarklassen inn under leiinga til borgarskapet.

    Den «anti-monopolistiske strategien» er det nye framstøtet frå borgarskapet for å føra arbeidarklassen på avvegar etter at den gamle reformismen har gått bankerott og stadig større delar av arbeidarklassen skjønar at det er naudsynt med ein revolusjon. Det einaste denne «strategien» kan føra til, er ein auka grad av statsmonopolistisk kapitalisme og hardare underkuing av massane. Difor er det viktig å avsløra denne falske «vegen» og fremja forståing for den sosialistiske revolusjonen .

    d) Revolusjonen kan berre sigra med våpenmakt

    Den einaste vegen fram til proletariatets diktatur i Noreg går gjennom det væpna folkeopprøret som knuser den borgarlege hæren og resten av den borgarlege statsmakta.

    Ingen tidligare sosialistisk revolusjon har sigra utan væpna opprør, utan at reaksjonen først vart nedkjempa med våpenmakt. Borgarskapet vil aldri gje frå seg makta friviljug, men kjempa som rasande så lenge det har noko å kjempa med.

    Denne historiske lova gjeld og for Noreg i vår tid. Det norske borgarskapet er betre førebutt på å slå ned kampen dei arbeidande massane reiser enn nokon gong før. 1 dag er staten ti gonger meir sentralisert og militærapparatet hundre gonger sterkare enn før. Aldri før i soga har det funnest så godt rusta imperialistiske stormakter som supermaktene i våre dagar. Dei har synt at dei kan slå til mot kampane folka fører over heile jorda på få dagars varsel.

    Dette vil ikkje seia at imperialismen er uovervinneleg. På lang sikt er imperialismen ein koloss på leirføter. Men den einaste krafta som kan sigra over borgarskapet og armeane til dei imperialistiske maktene, er dei breie massane av arbeidsfolk i Noreg når dei vågar å reisa seg og nytta folkekrigen mot dei.

    e) "Den fredelege vegen" og andre falske "vegar til sosialismen"

    Myten om den «fredelege og parlamentariske vegen» som vert spreidd av sosialdemokratane og revisjonistane, er ikkje noko anna enn svindel. Målet med han er å avvæpna arbeidarklassen og folket slik at dei vert hjelpeslause framfor klassefienden. Overalt der denne myten har vunne fram, har folket måtta betala for han med blod. Indonesia 1965, Tsjekkoslovakia 1968 og Chile 1973 syner kva som vert resultatet når revisjonismen får grobotn for slike illusjonar.

    Verkelege revolusjonar kan ikkje importerast eller eksporterast. Ingen land kan bli «sosialistiske» ved at sosialimperialismen sender troppar dit. Dei kan ikkje gjennomførast av ei lita gruppe som er skild frå folket, med individuell terror eller gjennom at ein klikk offiserar i hæren i eit land vert «revolusjonære». Verkeleg sosialisme og eit verkeleg proletarisk diktatur kan berre verte bygt av det arbeidande folket sjølv. Oktoberrevolusjonen, den kinesiske revolusjonen og alle andre revolusjonar som har ført til sosialismen, har fylgt vegen med at dei arbeidande massane har reist seg til væpna opprør. Det er og vegen den sosialistiske revolusjonen i Noreg må fylgja.

    f) Dei tre våpna som er naudsynte for at den sosialistiske revolusjonen skal sigra

    Soga syner at utan leiing, utan at massane er organiserte, utan førebuing, kan ikkje den væpna revolusjonen Sigra. Føresetnadene for siger i revolusjonen er:

    • Eit revolusjonært kommunistisk parti, slik som AKP (m-l), eit parti som held fast på prinsippa i marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking og nyttar dei på skapande vis på røyndomen i den norske revolusjonen, som er bundne nært saman med proletariatet og det arbeidande folket. Berre eit slikt parti kan førebu den sosialistiske revolusjonen og leia han.

    • Ein folkehær av arbeidarar og andre utbytta under leiinga av dette partiet, som strir og gjev offer ikkje for sine personlege interesser, men for arbeidarklassen og sosialismen, som er bunden nært saman med dei arbeidande massane og er i stand til å føra ein langvarig folkekrig mot alle reaksjonære armear heilt fram til sigeren. Berre ein slik hær kan sigra over kontrarevolusjonen militært.

    • Ein einskapsfront som er leidd av partiet og som sameiner arbeidarklassen og sameiner arbeidarklassen med hans nærmaste allierte, med småbøndene og fiskarane, men og med dei progressive intellektuelle og alle andre arbeidande og progressive menneske som kan vinnast for revolusjonen og alle grupper og organisasjonar som kan vinnast for revolusjonen. Berre ein slik front kan mobilisera og organisera dei arbeidande massane og løysa ut kjempekreftene deira i ein slik målestokk at det vert råd å styrta kapitalismen og reisa sosialismen .

    g) Kva er ein revolusjonær situasjon?

    Når startar revolusjonen? Når det ikkje lenger er råd for folket å la seg underkua på den gamle måten og det vert uråd for herskarane å herska utan brigde - når utviklinga skapar ein revolusjonær situasjon.

    Revolusjonar tvingar seg fram når samfunnet ikkje lenger kan utvikla seg vidare utan dei. Den sosialistiske revolusjonen vert utløyst når det vert klart for dei arbeidande massane at det er tvingande naudsynt å gjera oppreist. Det vil seia at dei arbeidande massane ikkje berre ynskjer sosialismen, men at dei jamvel på kort sikt meiner det er uråd å halda fram med å leva under dei rådande tilhøva. Det vil seia at det må vera ei stadig veksande masserørsle mot monopolborgarskapet og imperialismen. Rørsla må og mobilisera delar av det arbeidande folket som tidlegare har vore passive og stått utanfor kampen. Og det vil seia at herskarane, at borgarskapet sjølve må vera inne i ei djup krise som gjer det uråd å halda fram med å herska på same viset som før. Dette er kva Lenin kallar ein revolusjonær situasjon.

    Det vil seia at klassekampen vil bylgja att og fram til ein slik situasjon oppstår. Det er ikkje slik at arbeidarklassen kan setja «delmål» for dagskampen under kapitalismen for å nærma seg til den revolusjonære situasjonen gjennom å nå dei steg for steg. Vi avviser skarpt den revisjonistiske teorien om «strukturreformer», som seier at arbeidarklassen kan nedkjempa kapitalismen stykke for stykke.

    h) Korleis førebur partiet seg på ein revolusjonær situasjon?

    En revolusjonær situasjon er ikkje det same som at revolusjonen har sigra. Om massane vantar leiing og organisasjon og kjempar utan nokon plan, vil borgarskapet etter ei tid slå ned den revolusjonære rørsla og konsolidera diktaturet sitt. Den revolusjonære situasjonen kan berre bli ført til siger om massane har eit revolusjonært parti, om det finst ein folkehær og ein einskapsfront som kan organisera sigeren.

    Revolusjonære situasjonar vil oppstå på nytt og på nytt på grunn av dei grunnleggjande motseiingane i kapitalismen. Ein kan ikkje tidfesta dei på førehand. Difor vert det viktigaste AKP(m-l) kan gjera for å leggja grunnen for sigeren, å førebu proletariatet og det arbeidande folket på revolusjon. Den viktigaste lekken i denne førebuinga er å styrkja det revolusjonære medvitet hjå dei arbeidande massane og å styrkja den revolusjonære kommunistiske rørsla og AKP(m-l). Det er naudsynt å gjera det klårt for dei arbeidande massane at berre den væpna revolusjonen kan føra til sosialismen. Det er naudsynt å forklara kva som må vera målet for revolusjonen- sosialismen og proletariatets diktatur. Partiet må spreia kunnskap om marxist-leninistisk militær teori og oppmoda den mannlege arbeidarungdomen til å gjera verneplikt i borgarskapet sin hær, slik at dei lærer våpenbruk. For at den sosialistiske revolusjonen skal sigra, må arbeidarklassen på førehand vera herda i ei rekkje klassekampar og klassefienden sine tenarar i arbeidarrørsla må verta avslørte.

    Ein revolusjonær situasjon i Noreg kan oppstå på mange vis. Han kan koma i samband med ei eller anna krise i kapitalismen i Noreg, anten ho er økonomisk eller politisk. Men ein revolusjonær situasjon kan og oppstå i samband med eit imperialistisk åtak på Noreg. I så fall vil revolusjonen bli innleidd av ein nasjonal-revolusjonær frigjeringskrig som seinare veks over i ein sosialistisk revolusjon. Faren for ein verdskrig der Noreg vert drege inn aukar no. Å førebu partiet og massane på ein slik nasjonal-revolusjonær folkekrig mot åtak frå ei supermakt er difor vorte ein svært viktig lekk i kampen for å førebu den sosialistiske revolusjonen.

    VII Sosialismen, proletariatets diktatur og utviklinga til kommunisme

    26. Sosialismen og proletariatets diktatur

    a) Den proletariske revolusjonen

    Sigeren i den proletariske revolusjonen vil seia at proletariatets diktatur vert sett i staden for borgarskapets diktatur, at det sosialistiske økonomiske systemet vert sett i staden for det kapitalistiske økonomiske systemet og at klassekampen mellom det herskande borgarskapet og den underkua arbeidarklassen går over til å bli ein klassekamp mellom den herskande arbeidarklassen og det underkua borgarskapet.

    Med dette har det sosialistiske samfunnet avløyst det kapitalistiske samfunnet. Dette er den mest gjennomgripande revolusjonen i menneskjesoga. I alle tidlegare revolusjonar har ein utbyttarklasse teke makta frå ein annan utbyttarklasse, og systemet med at menneske utbyttar menneske er blitt ført vidare. Gjennom den sosialistiske revolusjonen frigjer den utbytta arbeidarklassen seg sjølv og tek fatt på striden for å frigjera alle utbytta og underkua og gjera ende på grunnlaget for all utbytting i historia, oppdelinga av menneska i klassar.

    Målet for proletariatet og sosialismen er det klasselause, kommunistiske samfunnet, og sosialismen sjølv er ein overgangsperiode mellom kapitalismen og kommunismen.

    b) Proletariatets diktatur

    Proletariatets diktatur er ikkje berre naudsynt for proletariatet når det har styrta borgarskapet, men også «for heile den historiske tidbolken som skil kapitalismen frå det 'klasselause samfunnet', frå kommunismen.» (Lenin)

    Staten under proletariatets diktatur er ikkje lenger ein stat i den opphavelege tydinga av ordet. For han er ikkje lenger ein maskin som nyttast av dei fåe utbyttarane til å kua det overveldande fleirtalet av folket. Han er vorten ein maskin for å øva diktatur over eit lite fåtal utbyttarar, medan det er demokrati for det overveldande fleirtalet av folket.

    Oppgåva for proletariatets diktatur er å underkua borgarskapet militært, økonomisk, politisk og ideologisk, fremja demokratiet for det arbeidande folket og utvikla klassestriden, striden for vitskaplege framsteg og produksjonen til beste for folket under leiing av proletariatet.

    Arbeidarklassen kan ikkje gjera dette ved å ta over og bruka den borgarlege statsmaskinen. Den borgarlege staten er tufta på statsmakta til dei tidlegare utbyttarklassane. Borgarskapet har utvikla henne til ein framifrå reiskap til å halda dei arbeidande massane nede med. Etter at staten vart lagt beinveges under monopolborgarskapet som dess reiskap i klasseunderkuinga, er dette endå tydelegare. Statsmaskinen er knytt til borgarskapet og imperialismen med tusen band. Difor kan den nye statsmakta, proletariatets diktatur, berre verta oppretta gjennom å knusa den gamle borgarlege staten, avvæpna den borgarlege hæren og gjera han til inkjes og oppløysa heile det gamle byråkratiet av embetsmenn osb.

    Kjernen i den nye proletariske statsmakta - som i alle andre statar - er og våpenmakta. Men dei væpna styrkane under proletariatets diktatur skil seg frå væpna styrkar i tidlegare tider ved at dei ikkje underkuar folket, tvert om er dei bygde på væpning av arbeidarklassen og det arbeidande folket. Oppgåva for denne våpenmakta er ikkje noko anna enn å underkua utbyttarane, imperialistiske agentar og andre reaksjonære og verja den sosialistiske staten mot imperialistiske åtak.

    For det arbeidande folket vil proletariatets diktatur seia verkeleg demokrati i motsetnad til det formelle skindemokratiet i Noreg i dag. Proletariatets diktatur bryt med det borgarlege skiljet mellom den lovgjevande og løyvande styresmakta og den utøvande styresmakta og sameiner desse funksjonane. Det byter ut borgarskapet sin byråkratiske sentralisme med proletariatet sin demokratiske sentralisme. Dette vil seia verkeleg rett for det arbeidande folket til å velja leiarane i staten og leiande tenestemenn, kontrollera arbeidet dei gjer og dra dei attende om dei gjer alvorlege feil og ikkje rettar på dei.

    Proletariatets diktatur vil seia at statsmakta meir og meir misser si formelt sjølvstendige stilling «over samfunnet». Dette skjer ved at stortalet av det arbeidande folket vert drege inn i statsstyret på alle nivå, ved at statstenesta vert utført for arbeidarløn og ved at tenestemennene tek regelrett del i produksjonen.

    Proletariatets diktatur vil seia verkeleg fridom til politisk verksemd på arbeidsplassar, i dei væpna styrkane og overalt elles. Det vil seia verkeleg ytringsfridom i kringkastinga, pressa, på veggaviser osb. Det vil seia arbeidarkontroll på alle plan i staten og verksemdene.

    Om tidlegare kapitalistar, imperialistiske agentar og andre reaksjonære verkeleg grip til våpen mot sosialismen, så er det våpenmakta til proletariatet som må underkua dei. Men så lenge borgarskapet ikkje vågar å gjera opprør, er det politiske massearbeidet det viktigaste våpenet i kampen for å avsløra og nedkjempa alle borgarlege og reaksjonære element. I slike tider må sjølvsagt ikkje den proletariske våpenmakta verta veikt, ho må tvert om styrkjast. Det er otten for denne makta som i så fall held borgarskapet frå å freista ein væpna kontrarevolusjon.

    Sigeren for proletariatet i Noreg kan ikkje vera trygg før sosialismen har vunne i verdsomfang. Den proletariske staten må difor sameina seg med alle andre sosialistiske land, landa som har frigjort seg frå imperialismen og dei underkua folka og nasjonane som strir for nasjonal og sosial revolusjon. Alle freistnader på å vinna herredøme over andre land og nasjonar må kjempast ned. Overfor statar med andre samfunnssystem må den proletariske staten praktisera dei fem prinsippa for fredeleg samlivnad. Dersom imperialismen går til åtak på landet, må heile folket bli reist til væpna strid og drukna åtakshæren i eit hav av folkekrig. Ingen må ha rett til å gå med på kapitulasjon andsynes noka åtaksmakt. Slikt kapitulasjon må bli straffa som landssvik.

    Dei fem prinsippa for fredeleg samlivnad, utforma på Bandungkonferansen i 1955:
    - Begge partar må visa vyrdnad for suverenitet og territorial integritet.
    - Partane nyttar ikkje aggresjon mot kvarandre.
    - Ikkje-innblanding i indre tilhøve.
    - Likestilling og føremon for begge partar.
    -Fredeleg samlivnad.

    Så lenge proletariatets diktatur varer, må det kommunistiske partiet bli halde oppe som fortropp for proletariatet. Den leiande rolla åt proletariatet vert utøvd gjennom den leiinga partiet har i staten og samfunnet. I tidbolken med proletariatets diktatur må partiet halda på det faste sambandet med proletariatet og dei breie massane i det arbeidande folket, styrkja dette sambandet og utvikla den revolusjonære arbeidsstilen sin. Partiet må føra vidare stilen med å måta til den allmenngyldige sanninga i marxismen-leninismen på den konkrete praksisen i kampen for å reisa sosialismen i sitt eige land. Det må føra strid utan stans mot revisjonisme, dogmatisme og opportunisme av alle slag. Partiet må leggja vekt på å oppseda etterfylgjarar som kan føra klassestriden vidare gjennom nye ættleder, for å tryggja proletariatets diktatur og sosialismen og halda fram med kampen for å byggja sosialismen også i framtida.

    Sidan det er gjennom partiet sitt proletariatet utøver makta si i staten og samfunnet, er det der den mest avgjerande striden mellom den kapitalistiske og den sosialistiske vegen vil gå. Borgarskapet og dei borgarlege elementa veit at den lettaste måten å ta ei borg på er innanfrå. Arbeidarklassen må difor verna om partiet, halda det reint for opportunisme og revisjonisme, og føra ein varig strid mot freistnader på å gjera det om frå eit parti for proletariatet til eit parti for borgarskapet. «Den som berre i minste mon veikjer jerndisiplinen i proletariatet sitt parti (i sær når det har diktaturet), han hjelper i røynda borgarskapet mot proletariatet.» (Lenin .)

    c) Den sosialistiske økonomien

    Under kapitalismen og alle økonomiske samfunnssystem før han står produksjonstilhøva i antagonistisk forhold til utviklinga av produktivkreftene. Sosialismen avskipar grunnlaget for denne motseiinga, at menneske utbyttar menneske, og skaper produksjonstilhøve som fremjar ei jamn, varig utvikling av produktivkreftene etter ein plan. Lovene for den økonomiske utviklinga av samfunnet vert ikkje avskipa, men desse lovene går over frå å vera herrar over menneska til å bli lydige tenarar for dei.

    Kapitalisme vil seia produksjon for profitt. Sosialisme vil seia produksjon for å fullnøya folket sine behov. Grunnlova for kapitalismen i våre dagar er å oppnå maksimal kapitalistisk profitt ved å utbytta, ruinera og utarma fleirtalet av folket, ved trælbinding og systematisk plyndring av folka i andre land og gjennom krigar og militarisering av økonomien.

    Den grunnleggjande lova for sosialismen er maksimal fullnøying av dei stadig veksande materielle og kulturelle behova i samfunnet.

    Sosialismen har løyst den grunnleggjande motseiinga som fins under kapitalismen mellom samfunnskarakteren åt produksjonen og den private tileigninga. Kapitalistisk privateigedom vert omvandla til sosialistisk eigedom (stats- og gruppeeigedom). Det gjer arbeidarklassen som heilskap til herre over produksjonsmidla.

    Med det vert det råd å skapa ein økonomisk statsplan som sikrar likevekt i produksjonen etter kva folket og samfunnet treng. Prinsippet for statsplanen er den demokratiske sentralismen og masselinja: frå massane til massane.

    Sosialismen gjer ende på det anarkiet som herskar i produksjonen under kapitalismen og difor gjer han og ende på dei kapitalistiske krisene.

    Sosialismen gjer det mogeleg å halda stabile prisar og auka konsumet og dei sosiale goda med den auka produksjonen. Meirproduktet hamnar ikkje hjå ein snyltande, ikkje-arbeidande klasse, men vert nytta til beste for folket. Staten er ikkje lenger ein snyltande felleskapitalist, og etter kvart vert det mogeleg å ta bort alle direkte og indirekte skattar.

    Den økonomiske grunnvollen for sosialismen er ikkje ferdig utvikla i og med sigeren for den proletariske revolusjonen, men må utvikla seg i steg. Etter at all kapitalistisk eigedom er gjort om til statseigedom, er det framleis småborgarleg eigedom på landsbygda. Den må omvandlast til gruppeeigedom og vidare til sosialistisk statseigedom. Denne utviklinga må skje i samsvar med bøndene sine ynskje, men må aldri stoppa opp.

    Sosialismen gjer slutt på den antagonistiske motseiinga mellom by og land som rår under kapitalismen. I staden er den sosialistiske økonomien slik at han let industrien tena jordbruket og jordbruket fremja industrien og bryt ned skiljet mellom by og land.

    Den sosialistiske revolusjonen i Noreg vert til å byrja med vanskelegare enn revolusjonane i mange land i den tredje verda Det er fordi statsapparatet i desse landa er nokså veikt, medan staten til det norske monopolborgarskapet er svært sterk. Men når revolusjonen har sigra, vert han lettare å føra vidare. Det er fordi produktivkreftene er høgt utvikla, arbeidarklassen har eit høgt kulturelt nivå og lang røynsle frå moderne storindustri.

    Når produktivkreftene fyrst er frigjorde frå det kapitalistiske anarkiet, vil den norske arbeidarklassen kunne utretta mirakel. Det vert råd å gjera ende på all fattigdomen som kapitalismen har skapt, å skapa liv og bløming i område av landet som i dag stagnerer og vert lagde øyde. Den sosialistiske revolusjonen opnar vegen for den mest framgangsrike perioden i norsk historie.

    Den veldige utviklinga av produksjonen under sosialismen vil leggja grunnlaget for å fullnøya dei behova menneska har på ein heilt annan måte enn i dag, under kapitalismen. Formålet med den auka produksjonen er å gje dei som arbeider høve til å utvikla den rike skaparkrafta si og skapa ein ny type menneske som arbeider på grunn av gleda ved arbeidet og ut frå kjensla av at dei står saman med andre menneske og har plikter overfor dei, ein ny sosialistisk mennesketype. Omvandlinga av produksjonen må difor gå hand i hand med omvandlinga av menneska.

    d) Klassekampen under sosialismen

    «Det sosialistiske samfunnet dekkjer ein ganske lang historisk tidbolk. I den historiske tidbolken for sosialismen finst det framleis klassar, klassemotseiingar og klassekampar, det går for seg ein strid mellom den sosialistiske vegen og den kapitalistiske vegen, og faren for kapitalistisk gjenoppretting er framleis til stades.» (Mao Tsetung .)

    Gjennom den proletariske revolusjonen vert klassenaturen til dei to klassane som formar den grunnleggjande motseiinga under kapitalismen ikkje endra, og motseiinga mellom desse to klassane er framleis hovudmotseiinga. Men dei to sidene i motseiinga skiftar plass: arbeidarklassen vert herskande og borgarskapet vert underkua.

    Difor rasar også striden mellom proletariatet og borgarskapet gjennom heile perioden med utvikling av sosialismen fram til kommunismen. Det finst framleis ein lang rad område der det sosialistiske samfunnet er prega av arven frå det gamle samfunnet, der borgarskapet difor kan utnytta restane av det gamle og motseiingar som finst under sosialismen mot proletariatet.

    • Motseiingar i folket under sosialismen. I det sosialistiske samfunnet finst det to slag samfunnsmotseiingar, for det fyrste motseiingane i folket og for det andre motseiingane mellom folket og fienden. Dei er heilt ulike i innhald. Difor må dei handsamast på ulikt vis. Motseiingane i folket vil skifta ettersom vilkåra og stega i den sosialistiske oppbygginga endrar seg. Dei vil vera motseiingar som desse: Motseiingar innanfor arbeidarklassen, mellom dei småborgarlege bøndene, mellom dei intellektuelle, mellom arbeidarklassen og bøndene, mellom desse to klassane og dei intellektuelle osb. Det vil vidare vera motseiingar mellom staten og folket, mellom interessene til kollektivet og individet, mellom leiinga i staten og partiet og dei som vert leidde, mellom folket og tendensar til byråkrati i leiinga osb.

    Dersom ein ikkje skil rett mellom desse motseiingane og motseiingane til fienden og handsamar dei urett, kan sume motseiingar i folket utvikla seg til antagonistiske motseiingar og skada sosialismen og proletariatets diktatur. Dersom ein skil dei rett frå motseiingane til fienden, ser at det under motseiingane i folket finst eit grunnlag for sams interesser og handsamar dei rett, vil det vera råd å hindra at dei gjer stor skade. Kampen for å løysa dei kan då vendast til noko som styrkjer og utviklar sosialismen og proletariatets diktatur.

    • Motseiingane mellom folket og fienden under sosialismen. Motseiingane mellom folket og fienden er motseiingane mellom dei som tidlegare var utbytta på den eine sida og utbyttarane og dei som fylgjer dei hardnakka på den andre sida. Dette er antagonistiske motseiingar. Slike motseiingar er motseiingane mellom arbeidarklassen og borgarskapet, mellom dei småborgarlege bøndene og borgarskapet, mellom det sosialistiske landet og imperialismen og sosialimperialismen. Under sosialismen vil det alltid finnast slike motseiingar mellom folket og kontrarevolusjonære krefter, og det vil oppstå nye slike krefter også etter at restane av dei gamle utbyttarklassane er blitt svært småe. Sjølv om desse utbyttarane ikkje er mange i tal, så er dei særskilt fårlege. For dei oppstår i maktorgana til sjølve det nye proletariske diktaturet - i leiinga i partiet, hæren, staten, i leiinga av økonomien osb. Om dei lukkast å koma i leiinga kan dei lett gjera svært stor skade og dei har gode vilkår for å gjennomføra ein kapitalistisk kontrarevolusjon.

    Sjølv om borgarskapet er styrta for fleire generasjonar sidan, må arbeidarklassen difor aldri gløyma at det finst eit borgarskap, arbeidarklassen må aldri gløyma klassekampen. Sjølv om borgarskapet er styrta frå makta, vert ikkje den endelege sigeren trygg. Borgarlege element frå det gamle samfunnet vil framleis eksistera, og det same vil kulturen og ideologien deira.

    Det sosialistiske samfunnet er født av det kapitalistiske samfunnet, og ber fødselsmerke frå det. Røynslene frå dei sosialistiske landa og frå kontrarevolusjonen i Sovjetsamveldet og mange andre tidlegare sosialistiske land har synt at det oppstår borgarlege tendensar under sosialismen. Det kan gje opphav til ein nytt borgarskap som vil stri for å gjera sosialismen om til kapitalisme att.

    Dei utbyttarane som er styrta av revolusjonen, vil ikkje gje opp draumane om i gjenoppretta kapitalismen. Så snart dei får høve til det, vil dei gjera desse draumane om kontrarevolusjon om til freistnader på kontrarevolusjon.

    Sjølv om borgarskapet er styrta, har det framleis føremonen av store kunnskapar om organisering av produksjonen, om administrasjon, militærstell og politikk. Det har kontaktar og støtte frå utanlandsk imperialisme.

    Etter revolusjonen vil det høgst sannsynleg eksistera ei imperialistisk omverd. Borgarskapet i desse landa vil stø kontrarevolusjonen i Noreg politisk, økonomisk og militært, ved freistnader på innringing, blokadar, førebuing og opptak til krig.

    Det må difor førast ein langvarig, vaktsam strid mot det gamle borgarskapet og agentar for imperialismen.

    • Arv frå det gamle samfunnet i tenking, kultur og vanar. Det vil og finnast ein tung arv frå det gamle samfunnet i form av reaksjonær kultur og ideologi. Denne arven vil i lang tid verka inn på tenkinga til arbeidarklassen og folket. Restane av dei gamle utbyttarklassane og andre som går den kapitalistiske vegen kan nytta vekta av desse reaksjonære vanane, fordomane og tankane frå det gamle samfunnet til hjelp for seg.

    Staten og partiet må difor leia massane i kamp mot borgarleg ideologi og fordomar, utvikla massestudium av den proletariske ideologien, marxismen-leninismenMao Tsetungs tenking slik at han vert den førande ideologien i samfunnet og den borgarlege, idealistiske underkuarideologien blir driven attende.

    • Restar av gamle produksjons- og eigedomstilhøve. Alt i Det kommunistiske manifestet synte Marx og Engels at dei tiltaka proletariatet tek for å sosialisera økonomien når dei skipar sosialismen, ikkje kan verta varige og stabile i seg sjølve. Dei kan berre bli verja ved å utvikla dei stadig vidare. Det må setjast tronge grenser for alle restar av produksjons- og eigedomstilhøve som har rota si i kapitalismen og som framleis vil finnast i større eller mindre grad under sosialismen, og dei må bli rydda ut etter kvart. Også i økonomien kan sosialismen aldri vera noko anna enn ei overgangsform mellom det gamle kapitalistiske samfunnet og det framtidige kommunistiske samfunnet. Så snart sosialismen sluttar å gå vidare fram mot kommunismen, degenererer det sosialistiske økonomiske systemet attende i retning av kapitalismen.

    Blant restane frå kapitalismen i økonomien er småproduksjonen. Restar av småproduksjon vil vera til i lang tid under sosialismen. Han avlar kapitalisme i masseomfang. Dersom ein ikkje kjempar mot denne spontane tendensen, vil småproduksjonen bli eit støttepunkt for dei kreftene som ynskjer å gjenoppretta kapitalismen. Proletariatet må difor sameina seg med småbøndene og dei lågaste delane av dei mellomstore småborgarlege bøndene, reisa dei mot dei kapitalistiske elementa og tildrivet til kapitalisme, og oppmoda og hjelpa dei til å byggja ut samyrkedrift og omvandla den individuelle småeigedomen til sosialistisk gruppeeigedom .

    Gruppeeigedom er ei høgare form for eigedom enn den individuelle småeigedomen. Men med utviklinga av produktivkreftene vil også produksjonstilhøve som er bygde på gruppeeigedom bli eit hinder for bygginga av sosialismen. Det er naudsynt å gå vidare og ikkje stogga på stadiet med gruppeeigedom. Denne eigedomen må omvandlast vidare ved at dei arbeidande massane som har gruppeeigedom sjølve friviljug let han gå over til å bli felles eigedom for heile det arbeidande folket, sosialistisk statseigedom.

    • Under sosialismen finst det framleis restar av borgarleg fordeling og tileigning av produksjonen, det finst framleis borgarleg rett. Under sosialismen må ein framleis nytta eit system med løn og pengar, ein må driva fordeling etter prinsippet «frå kvar og ein etter evne, til kvar og ein etter arbeid», og ein må halda fram med visse lønsskilje. Systemet med varebyte vert og halde oppe for forbruksvarer og for utveksling mellom statssektoren i økonomien og den sektoren der det rår gruppeeigedom. Borgarleg rett vil såleis eksistera i ein viss mon så lenge sosialismen varar. Skiljet mellom åndsarbeid og kroppsarbeid, mellom administrativt arbeid og produktivt arbeid vil og finnast like lenge. Slike ting kan ein berre setja stadig trongare grenser for under proletariatets diktatur.

    Røynslene frå den tida då sosialismen har eksistert som samfunnssystem, har synt at tilhøve som desse gjev opphav til kapitalistiske tendensar hos eit mindretal i samfunnet, og dette kjem attåt dei tendensane som spreier seg frå restane av dei gamle utbyttarklassane.

    Sume folk i partiet, i statsstyret og styret for verksemdene kan nytta stillingane sine til å gjera den sosialistiske eigedomen om til kapitalistisk privateigedom steg for steg. Delar av folket sin intelligentsia kan degenerera til ein borgarleg intelligensia. Når slike folk fyrst har fått fotfeste sume stader, kan dei søkja stønad hos villfarne og urøynde folk i dei arbeidande massane, byggja opp ein styrke for å vinna makta i partiet og dimed i staten og freista å gjera kontrarevolusjon.

    Dersom dei lukkast med dette, vil dei gjera det kommunistiske partiet om til eit fascistisk parti, byta ut proletariatets diktatur med eit borgarleg fascistisk diktatur og sosialismen med statsmonopolkapitalisme.

    • Sosialismen kan berre tryggjast gjennom at klassekampen held fram. Alt dette vil seia at sjølv om borgarskapet er styrta, vil klassekampen halda fram under heile tidbolken med proletariatets diktatur. Det er det som ligg i Mao Tsetung sin tese om at «klassekampen er nykkellekken under sosialismen».

    Klassekampen under sosialismen vil bylgja att og fram heilt til kommunismen avløyser sosialismen. Til visse tider vil motseiingane kvessa seg til og gje opphav til store klassestridar som kulturrevolusjonen i Kina og revolusjoneringskampanjane i Albania.

    Kampen i eit sosialistisk land mellom den sosialistiske vegen og den kapitalistiske vegen er uunngåelig. Alle revolusjonar i historia har hatt atterslag og gått gjennom motgangstider og forviklingar. Det har aldri «hendt nokon gong før i historia at ein ny produksjonsmåte har fått fotfeste med ein gong, utan ein lang rad atterslag, mistak og tilbakefall.» (Lenin.) Kapitalismen brukte 500 år på å vinna gjennom, og sosialismen er berre vel eit halvt hundreår gamal som samfunnssystem.

    Men eit sosialistisk Noreg må ikkje degenerera til eit kapitalistisk Noreg att. Ved å byggja på dei negative røynslene frå kontrarevolusjonen i Sovjetsamveldet og dei positive røynslene frå kampen for å styrkja proletariatets diktatur og vinna siger over revisjonismen i land som Kina og Albania, kan vi halda fast ved den rette revolusjonære lina, treffa dei rette tiltaka og føra ein sigerrik klassekamp mot restane av utbyttarklassane, mot innringing og åtak frå imperialismen og mot nye kapitalistiske tildriv og eit nytt borgarskap.

    Nykkellekken i kampen for å styrkja proletariatets diktatur er å mobilisera proletariatet og heile det arbeidande folket til klassekamp, lita på dei, oppseda dei og få dei til å nytta alle kreftene sine mot borgarskapet og borgarlege tildriv. Klassekamp må til for å halda partiet reint for borgarlege element, for å styrkja folkevæpninga og folkehæren, for å styrkja den proletariske statsmakta, setja stadig trongare grenser for dei borgarlege restane i eigedomstilhøva, kjempa mot byråkrati og utvikla produksjonen. Berre dersom partiet mobiliserer proletariatet og dei arbeidande massane til å studera og fylgja marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking, kan massane samstundes læra å skjøna, kritisera og nedkjempa den moderne revisjonismen og hindra han i å gjennomføra ein kapitalistisk kontrarevolusjon.

    I alle store revolusjonar gjennom soga har det vore tilbakefall. Men atterslag for sosialismen i det eine eller det andre landet vil berre vera mellombels sigrar for kapitalismen og imperialismen. Vår tid er tida for overgangen frå kapitalismen til sosialismen. Denne overgangen er ein fylgje av at kapitalismen inneheld antagonistiske motseiingar som ikkje let seg løysa innanfor rama av det kapitalistiske samfunnet, som uunngåeleg sprengjer kapitalismen og gjev opphav til sosialistisk revolusjon. Difor er overgangen til sosialismen fylgjen av ei historisk lov som verkar uavhengig av menneskeviljen. Om sosialismen tapar for ei tid i eit land og kapitalismen vert atterreist, så gjenoppstår også dei indre motseiingane som kapitalismen ikkje kan løysa. Det er lovbunde at dei før eller seinare vil gje opphav til ein sosialistisk revolusjon att. Ingen slike kortsiktige nederlag kan difor stogga den marsjen den arbeidande menneskeætta går framover mot sosialismen og kommunismen i alle land, og sigeren for sosialismen og kommunismen i heile verda er heilt viss.

    27. Dei fyrste oppgåvene for den sosialistiske revolusjonen

    Når proletariatet har teke statsmakta i Noreg, må det straks gå i gang med å bryta ned den gamle borgarlege samfunnsordninga på alle område og byggja opp den nye, proletariske samfunnsordninga. Dette er ein langvarig prosess som vil halda fram i mange år, heilt fram til grunnlaget er lagt for å skipa kommunismen. For at denne prosessen skal koma i gang, må den sosialistiske staten gjennomføra visse viktige minimumstiltak.

    a) Bryta med den borgarlege statsmaskinen og styrkja den proletariske statsmaskinen

    Berre dei arbeidande massane kan sikra at den sosialistiske ordninga vert ståande. Difor må dei straks gå i gang med å byggja opp og styrkja si eiga statsmakt, det proletariske diktaturet.

    Statsmakta byggjer på den allmenne væpninga av arbeidarklassen og dei arbeidande massane. Statsorgana er leidde av folkevalde forsamlingar. Røysteretten for dei arbeidande massane vert vida ut til å gjelda val til alle leiande organ i staten, domstolane, leiingane i industri, jordbruk, handel osb., og til å gjelda ikkje berre val av delegatar, men og retten til å kalla dei attende og byta dei ut med andre når som helst. Slik vert det falske, borgarlege parlamentariske «demokratiet» avløyst av eit verkeleg proletarisk, sosialistisk demokrati, der veljarane verkeleg kontrollerer dei folkevalde, der dei folkevalde verkeleg rår over politikken og sameiner både avgjerdsmakta og den utøvande makta i staten.

    For å nå måla sine må den proletariske staten straks gå i gang med å mobilisera dei arbeidande massane så vidt som råd er for å ta del i statssakene. Han må gje det arbeidande folket rettsleg og materiell trygd for at dei verkeleg kan vera med i politiske avgjerder. Han må sikra talefridom, prentefridom og organisasjonsfridom for det arbeidande folket, forby all diskriminering på grunn av kjønn, nasjonalitet, rase og tru og verdsanskoding, skilja kyrkja frå staten og syta for at den sosialistiske rettstrygda verjar det arbeidande folket.

    Han må mobilisera massane til klassekamp for å slå ned på reaksjonære borgarlege element og imperialistiske agentar som vil atterreisa kapitalismen, og vera særskilt på vakt mot at det utviklar seg borgarleg byråkratisme og tilvik til å utnytta og underkua massane frå folk som har leiande stillingar i den sosialistiske staten, økonomien og i skuleverket og kulturlivet. Difor er det også svært viktig at alle tenestemenn så snart som råd er byrjar å ta del i produktivt arbeid ein del av året.

    Å styrkja proletariates diktatur er eit spørsmål som avgjer liv og død for sosialismen. Berre om denne oppgåva vert løyst vel, er det rad å vinna framgang i å byggja sosialismen på dei ulike andre områda av samfunnslivet.

    b) Mot imperialismen, for sjølvstende og samhald med verdsproletariatet og folka som strir mot imperialismen

    Den proletariske staten må straks avskipa alle avtalar og konsesjonar som gjev utanlandske imperialistar særrettar i Noreg, og slå ned på alle agentar for imperialistiske stormakter som opererer i Noreg. Han må straks dra Noreg ut or alle internasjonale imperialistiske organisasjonar. Han må straks slå fast at han avskipar alle avtalar som gjev Noreg rett til imperialistisk utbytting i utlandet og gjev avkall på all norsk imperialistisk eigedom i utlandet.

    Den proletariske staten må gje Noreg trygd for verkeleg politisk og økonomisk sjølvstende og gå mot alle former for hegemoni. Han må byggja opp ein sterk folkehær som kan verja Noreg mot imperialistisk åtak. Staten må hevda og verja integriteten til Noreg og suvereniteten over alt retteleg norsk land, som Svalbard, Jan Mayen og det norske territorialfarvatnet og kontinentalsokkelen. Staten må utvikla ein sjølvstendig økonomi bygd på dugleiken til det norske folket og rikdomane i landet sjølv, ein økonomi som korkje utbyttar andre land eller gjev andre land høve til å kontrollera Noreg.

    Ein slik stat ordnar tilhøva sine med statar med andre samfunnssystem ut frå dei fem prinsippa for fredeleg samlivnad*.

    Ein slik stat vil vera eit kraftig atterslag for imperialismen og ei kraftig støtte til arbeidarklassen og dei kjempande folka i heile verda. Han må stø og kan sjølv rekna med støtte frå dei revolusjonære og anti-imperialistiske kreftene i verda, fyrst og fremst dei andre verkelege sosialistiske landa, proletariatet og dei arbeidande massane som strir for den sosialistiske revolusjonen og frigjeringsrørslene og folket som strir for nasjonal og sosial frigjering.

    Dei fem prinsippa for fredeleg samlivnad, sjå note i kapittel 26, side 143.

    c) Gjera kapitalistisk eigedom om til sosialistisk eigedom og utvikla ein sosialistisk planøkonomi

    Det økonomiske grunnlaget for at borgarskapets diktatur eksisterer og for at borgarskapet sjølv er til, er dei borgarlege eigedomstilhøva, at borgarskapet eig kapital i form av pengar, produksjonsmiddel osb. Det økonomiske grunnlaget for proletariatets diktatur er dei sosialistiske eigedomstilhøva, at det arbeidande folket eig produksjonsmidla gjennom staten eller i grupper.

    I dag er industriproduksjonen, handelen, samferdslemidla osb. dominerte fullstendig av nokre fåe kapitalistiske monopol (private og statsåtte). Proletariatet si statsmakt kan ikkje overleva ein augneblink utan å kverrsetja (konfiskera) desse monopola og gjera dei til sosialistisk statseigedom. For om dei fekk vera i fred, ville dei ha eit økonomisk strupetak på den sosialistiske staten og heile det arbeidande folket.

    Difor er det den fyrste oppgåva for den proletariske revolusjonen å kverrsetja dei store monopola og gjera dei om til statseige. Det vil seia: å kverrsetja bankar, finansieringsinstitusjonar og trygdelag, å kverrsetja den monopolistiske eigedomen i industri og gruvedrift, jord- og skogeigedomen til godseigarane, dei store reiarlaga, samferdsleselskapa, varehuskjedane osb. Den sosialistiske staten må straks ta full kontroll over utanrikshandelen, finansar, dei store selskapa i samferdsle og varehandel og over produksjon som har noko å seia militært.

    Den proletariske staten kverrset ikkje berre dei private monopola, han tek og over dei statsåtte kapitalistiske monopola som finst frå før og gjer dei til sosialistisk statseigedom.

    Gjennom desse tiltaka vert økonomien med eitt slag grunnleggjande sosialistisk.

    Men utover dette er det og turvande at den sosialistiske statssektoren vert vida ut så snøgt råd er til å femna om resten av den eigentleg kapitalistiske verksemda i industri, samferdsle, handel osb. Kva former dette vil skje i er avhengig av tilhøva. Det kan henda at sume kapitalistiske grupper kan oreignast (eksproprierast) gjennom overtyding, tingingar og vederlag, og at sume former for småkapitalistisk eigedom som det er vanskeleg å gjera til statseigedom, kan gå opp i gruppeeigedom. Men det må bli avgjort etter korleis ulike sjikt i borgarskapet stiller seg.

    Det er heilt klårt at mesteparten av den kapitalistiske eigedomen i Noreg kan og må verta gjort til sosialistisk eigedom straks, og det kan ikkje vera noka lang overgangstid før all kapitalistisk eigedom vert gjort til sosialistisk eigedom.

    Når det gjeld jordbruk og fiske, som i dag er merkte av mykje småborgarleg produksjon, må den sosialistiske staten ta over dei store kapitalistiske verksemdene i desse sektorane, samstundes som han hjelper og stør bøndene og fiskarane som lever av eige arbeid på eiga jord og i eigen båt. Dei arbeidande bøndene og fiskarane er arbeidarklassen sine allierte og støtte for sosialismen.

    Eigedomen deira kan berre verta omvandla til sosialistisk statseigedom gjennom oppmuntring og støtnad til friviljug samyrke. Det må skje i den takta dei arbeidande bøndene og fiskarane sjølve vel ettersom dei ser føremonene av det. Sosialistisk gruppeeigedom vert difor i fyrste omgang ei viktig form for sosialistisk eigedom i jordbruk og fiske, ved sida av sosialistisk statseigedom. Det kan og henda at småborgarleg eigedom i småhandel og handverk kan bli omvandla til sosialistisk gruppeeigedom på denne måten.

    Den sosialistiske staten må leggja ned forbod mot kjøp og sal av jord og forbod mot å eige jord for dei som ikkje brukar henne.

    Bygginga av den svære sosialistiske statssektoren legg grunnlaget for ein sosialistisk planøkonomi. Ein sosialistisk planøkonomi må byggja på den demokratiske sentralismen. Planøkonomien krev sentralisert styring, men samstundes krev han og demokrati. Han krev at skaparkrafta i massane vert mobilisert og at massane drøfter, utviklar og kontrollerer planen. Plandirektiva må bli drøfta av massane og dei endelege vedtaka i parti- og statsorgana bli fatta på grunnlag av desse drøftingene. Utan å nytta masselina i planarbeidet vil planleggjarane skilja seg frå massane og verta borgarlege byråkrater.

    d) Skapa trygge kår for alle, gje høve til eit rikt og skapande liv for alle som arbeider, byrja å utvikla det nye, sosialistiske mennesket.

    Ingen kan seia på førehand korleis stoda vil vera i Noreg like etter ein sosialistisk revolusjon. Men det som er visst, er at den sosialistiske staten straks må setja i verk alle mogelege tiltak for å tryggja kåra til dei arbeidande massane og leggja grunnlaget for eit rikt og skapande liv for alle.

    Den aller fyrste oppgåva er å tryggja dei naudsynte behova og rydda ut armoda som kapitalismen har skapt. Det vil seia å sikra alle rett og høve til å forsørgja seg ved å arbeida, å tryggja levevilkåra for uføre og pensjonistar, å gje bustad til alle, å tryggja legestell og utvida helsestell og andre sosiale ytingar til heile landet (også dei områda som kapitalismen har rasert), å tryggja høve til utdaning osb.

    I dag er Noreg eit rikt og utvikla kapitalistisk land. Dersom dei veldige rikdomane til monopola vart kverrsette og samfunnsproduksjonen vart innretta på å rydda ut armoden og nauda som kapitalismen har skapt, så kunne alle dei turvande behova folket har, bli stetta på ganske stutt tid.

    Men dette åleine er ikkje nok. Det sosialistiske samfunnet må og straks starta kampen for å gje menneska høve til eit rikare liv enn under kapitalismen, til å nytta ut evnene sine og skaparkrafta si på ein måte som kapitalismen aldri har tillete.

    Den fyrste føresetnaden for dette er at arbeidarklassen og folket tek stadig vidare del i det politiske livet, at dei stadig får større kontroll over statssaker osb.

    Den sosialistiske staten må skapa heilt nye vilkår for kvinnene. Staten må gje dei høve til å ta del i det politiske livet fullt ut, gje arbeid til alle kvinner, byggja ut barnehagar og andre sosiale ytingar som frigjer kvinnene for ansvaret for husarbeid og barnepass som det gamle samfunnet har bunde dei til. Vidare må han forby den rotne, kvinnefiendslege ideologien, pornografien osb., som framstiller kvinner som salsvare og kjønnsobjekt, kjempa mot det reaksjonære kvinnesynet frå det gamle samfunnet og mobilisera massane mot det. Kjempa mot reaksjonært kvinnesyn i tenkinga til mennene, kjempa mot reaksjonær ideologi og for lik arbeidsdeling både i familien og i heile samfunnet. Dimed opnar sosialismen vegen for verkeleg frigjering av kvinnene og verkeleg økonomisk og sosial jamstelling mellom kjønna. Ei slik frigjering er det uråd å gjennomføra under kapitalismen.

    Den sosialistiske staten vil skapa heilt nye vilkår for ungdomen. Han vil mobilisera det naturlege tiltaket og virketrongen han har og tryggja demokratiske rettar for ungdomen og mobilisera han til politisk kamp. Han vil byggja ut undervisningstilboda, der teori er sameint med praksis og heile undervisninga er sameinte med produksjon, rekreasjon og idrett. Den sosialistiske staten vil tryggja kåra under framvoksteren og garantera ei trygg framtid for ungdomen, i motsetnad til kapitalismen.

    Den sosialistiske staten vil gjera ende på den hundreårgamle underkuinga av samefolket, syna full vyrnad for sjølvråderetten til samane og gje den samiske nasjonen all mogeleg støtnad for å utvikla sin eigen økonomi og kultur. Han vil gjera slutt på tilbakegangen for samefolket, og i staden opna vegen for at dei kan skapa eit rikt og blomstrande liv for seg sjølve. (Dette spørsmålet vert teke grundigare opp i Sameprogrammet til AKP(m-l). Vi syner til det.)

    Den sosialistiske staten må skapa nye vilkår for kulturen og vitskapen. Massane må mobiliserast for å kjempa mot borgarleg, imperialistisk og reaksjonær kultur og verna og utvikla folkeleg, sosialistisk og nasjonal, patriotisk kultur, og det arbeidande folket må stri for verkeleg å gjera desse kulturgoda til sin eigen eigedom. Staten må tryggja arbeidsvilkåra for kunstnarar og vitskapsmenn og leggja tilhøva til rettes for dei, slik at dei kan ha nært samhald med massane, tena dei og læra av dei.

    Samstundes er målet at ikkje berre eit fåtal, men eit fleirtal av det arbeidande folket skal vera med i kunstnarleg verksemd og idrett, skal studera og vera med på vitskapleg gransking. Dette er ei utvikling som peikar frametter mot det kommunistiske samfunnet, der skiljet mellom åndsarbeid og kroppsarbeid endeleg er avskipa.

    Den sosialistiske staten må kjempa for å rehabilitera filleproletarane, kriminelle, prostituerte osb. gjennom å sameina undertrykkinga av kriminelle bandar med oppseding og hjelp til dei som kan hjelpast, slik at dei kan venda ryggen til fortida, gå inn i produksjonen og bli arbeidande menneske med same rettar og plikter som andre.

    e) Styrk den leiande rolla åt partiet

    Vilkåra for at desse tiltaka skal kunna bli sette ut i livet og kampen for sosialismen skal bli ført vidare, er at partiet fyller oppgåva si som leiar for proletariatet i klassekampen under sosialismen.

    Partiet må arbeida etter masselina og lita på dei arbeidande massane, læra av dei, læra dei opp, mobilisera og leia dei. Samstundes som det styrkjer banda sine til massane, må det vera på vakt mot at karrieristar og agentar for borgarskapet og imperialismen snik seg inn i rekkjene når revolusjonen har sigra. Partiet må vera djervt når det gjeld å bruka kritikk og sjølvkritikk for å kontrollera arbeidet det gjer på alle nivå og overalt i samfunnet, oppmoda til kritikk av arbeidet sitt og høyra vel etter all kritikk. Partiet må alltid styrkja studiet av marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking, og fylgja prinsippet om å vera rettframt, ikkje gå krokvegar, praktisera marxisme-leninisme og ikkje revisjonisme, halda på den proletariske internasjonalismen og ikkje streva etter hegemoni.

    f) Skapa eit nytt, sosialistisk menneske

    Kor snøgt desse og liknande oppgåver kan bli gjennomførte vil bli avgjort av korleis revolusjonen skjer, kva stode han kjem i, og det er avhengig av korleis klassestriden utviklar seg i og utanfor Noreg under sosialismen. Vi gjev ingen særskilt tidsplan, men nøyer oss med å peika ut leia.

    Formålet med den auka produksjonen og betringa av kåra for arbeidarklassen og folket er ikkje å gjera alle i Noreg «rike». Det er å frigjera dei beste eigenskapane og den rike skaparkrafta i arbeidarklassen i Noreg, som kapitalismen har bunde og revolusjonen har utløyst, og leggja grunnen for ein ny, sosialistisk mennesketype som er fri for snevre egoistiske drifter og arbeider til beste for det folket eig i fellesskap.

    Utviklinga av denne nye mennesketypen er heilt naudsynt for at det sosialistiske samfunnet skal kunna halda fram med å utvikla seg og for at det skal bli råd å gå over til kommunismen.

    28. Utviklinga av sosialismen til kommunisme

    Når proletariatet gjennomfører den sosialistiske revolusjonen, grip statsmakta og nyttar proletardiktaturet til å ta eigedomen over produksjonsmidla frå borgarskapet og gjer dei til verkeleg samfunnseige, då gjer det og ende på systemet med at menneske utbyttar menneske. Dimed gjer det og ende på det sosiale grunnlaget for staten som ein maskin for eit fåtal utbyttarar til å underkua og utbytta fleirtalet av menneska. Sosialismen gjer dei som før var det utbytta og underkua fleirtalet til herrar over produktivkreftene og produksjonstilhøva. Dimed frigjer han produktivkreftene frå dei lekkjene kapitalismen har lagt dei i, og skapar utveg for at dei kan bli utvikla etter ein medveten plan og fullnøya menneska sine behov stadig meir.

    «Fyrst frå denne stunda vil menneska gjera historia si sjølve på fullt medvete vis, fyrst no vil dei samfunnskreftene som dei har sett i rørsle, koma til å få dei verknadene som menneska ynskjer i den overveiande delen og i stadig større mon.» (Engels.)

    Difor er sosialismen «den fyrste fasen i kommunismen» (Lenin.)

    Under sosialismen finst det framleis klassar og klassekampen er drivkrafta i samfunnsutviklinga. Det finst framleis ein stat, med folkehær og statsadministrasjon, for å tryggja fellesinteressene og makta for dei revolusjonære klassane mot det gamle borgarskapet og nye borgarlege element.

    Samfunnsmedlemene eig produksjonsmidla som felles samfunnseige, overskotet av produksjonen går til fond som det arbeidende folket rår over og som blir fordelte etter fellesbehova i samfunnet. Men i fordelinga av forbruksgoda fylgjer ein prinsippet om «frå kvar og ein etter evne, til kvar og ein etter arbeid». Denne like retten er ein rett til ulik fordeling, til at nokon får verdsett arbeidet sitt høgare enn andre, og med det og til skilnader i tileigninga av produksjonen. Denne like retten er difor i røynda ein ulik rett, og dimed ein borgarleg rett for tileigninga som gjeld under sosialismen.

    Statseigedomen dominerer økonomien som heilskap, men i jordbruket finst det og gruppeeigedom som enno ikkje er fullt utvikla samfunnseigedom, og restar av privat eigedom over produksjonsmiddel.

    Dei økonomiske lovene for sosialismen er slike at det vil finnast ein marknad for forbruksvarer og for kjøp og sal mellom den statlege sektoren og gruppeeigedomen, og pengar vert nytta i sirkulasjonen. Arbeidsdelinga mellom industriarbeid, administrativt arbeid, åndsarbeid, arbeid i jordbruket og ulike typar arbeid elles finst og.

    Under sosialismen kan proletariatet nytta ut desse lovene for å utvikla økonomien og samfunnet i rett lei. Proletariatets diktatur kan berre setja stadig trongare grenser for verknaden av desse tinga. Gjennom å gjera det, minkar proletariatet inn på virkefeltet for desse tinga steg for steg og set nye sosialistiske ting inn i staden, for å få bort fødselsmerka frå det gamle samfunnet steg for steg. Grunnlaget for at dei kan gjera dette, er at utbyttinga er avskipa og at proletariatet øver revolusjonært diktatur over borgarskapet.

    Sosialismen er difor ein overgangsperiode mellom det kapitalistiske og det kommunistiske samfunnet, «perioden då det eine samfunnet vert endra revolusjonært til det andre»(Marx).

    Under kommunismen vil vesensskilnadene i arbeidsdelinga vera borte. Det vil ikkje finnast klassar, difor vil samfunnsgrunnlaget for staten og hæren falla bort. «Ei statsmakt som grip inn i samfunnssakene vert overflødig på det eine området etter det andre og staten sovnar bort av seg sjølv.» (Engels.) Staten døyr bort, i staden for han kjem styring med tinga og leiinga av produksjonsprosessen. Menneska samarbeider i eit kollektivt samfunn. Vareproduksjonen vil ta slutt, fordelinga vil skje utan ein marknad og utan pengar. Den materielle produksjonen og den politiske og åndelege utviklinga har kome så langt at ein kan fordela samfunnsgoda etter prinsippet «frå kvar og ein etter evne, til kvar og ein etter behov». Den borgarlege like retten vil dimed vera avskipa.

    Proletariatet spelar den avgjerande rolla i kampen for det klasselause, kommunistiske samfunnet. Under leiing av proletariatet vert verda omskapt, og medan det skapar verda om, skapar det seg sjølv om. Steg for steg vert det skapt eit nytt menneske med høge kommunistiske ideal.

    Striden for det kommunistiske samfunnet vil gå for seg under proletariatets diktatur.

    Proletariatet er den mest revolusjonære klassen i historia. Berre når det held på makta si i staten og gjer denne makta stadig fastare, berre når det vert mobilisert fullt ut, kan borgarskapet bli heilt avskipa og alle nye tildriv til å gjenskapa kapitalisme og borgarskap bli drivne attende.

    For å få dette til, må proletariatet ha ein generalstab av dei beste, mest offerviljuge og lengstsjåande representantane sine, det kommunistiske partiet. Difor må det haldast oppe heile denne tidbolken, og det får ei stadig viktigare, ikkje ei stadig mindre viktig rolle.

    Likeins må den revolusjonære staten til proletariatet, proletariatets diktatur, haldast oppe i heile perioden, for å utøva proletariatet si makt over utbyttarklassane. Proletariatets diktatur byggjer makta si på dei store massane. Dess lenger det utviklar seg, dess fleire av funksjonane sine gjev det over frå det sjølvstendige statsstyret til massane i samfunnet sjølve. Dette skjer dels gjennom utviklinga av arbeidarkontroll og bruk av arbeidarar i statsstyret, og dels ved at statstenestemennene går ut i produktivt arbeid stadig lengre tider i året. For å få dette til, må det førast ein langvarig klassestrid mot borgarleg ideologi, byråkratisme, intellektualisme og autoritetsfrykt i massane og i leiinga av økonomien, produksjonen og staten.

    Proletariatet er skapt av storindustrien og representerer den lengstkomne produksjonsmåten i samfunnssoga. Berre det er difor i stand til å utvikla produksjonen slik at han i stadig større mon kan fullnøya dei materielle og kulturelle behova i samfunnet. Utan ei slik utvikling kan det ikkje bli nokon kommunisme. Berre det gjev grunnlag for at kvar einskild skal få høve til å gjera meir enn å skaffa seg dei strengt nødvendige eksistensmidla. Fyrst då kan kvar og ein utvikla seg allsidig, auka det kulturelle, politiske og åndelege nivået sitt, slik at de kan ta full del i klassestriden og statsstyret, i utviklinga av produksjonen og i det vitskaplege og kulturelle livet.

    For å få dette til, må det førast ein langvarig klassestrid mot borgarlege fordomar, idealisme og metafysikk i arbeidsmetodar, vitskap og teknikk. Vitskapsmenn og teknikarar må ta del i produksjonen og læra av massane. Massane må sjølve ta del i vitskaplege eksperiment og få fritt rom til å skapa tekniskenyvinningar. Vitskapsmenn og teknikarar må skapast mellom dei arbeidande massane sjølve. Undervisninga må sameinast med deltaking i produksjonen.

    Utviklinga av produksjonen er og grunnlaget for at produkta skal slutta å vera varer, at pengane skal få mindre og mindre å seia, at lønssystem og lønsskilje kan bli avskipa. Den auka produksjonen for samfunnsbehova gjer at større og større delar av samfunnsgoda kan bli tildelte beinveges til samfunnsmedlemene gjennom staten, og ikkje bli omsette som varer på ein marknad.

    Samstundes er striden for å setja stadig trongare grenser for den borgarlege retten, tildelinga etter arbeidsinnsats og lønssystem og å byta ut dette med fordeling etter prinsippet «frå kvar og ein etter evne, til kvar og ein etter behov», ein klassestrid som arbeidarklassen fører mot andre klassar og innanfor seg sjølv for å styrkja den proletariske, kollektive og kommunistiske moralen mot den borgarlege, egoistiske og kapitalistiske moralen som er arva frå det gamle samfunnet.

    For å få avskipa vareproduksjonen må også småeigedomen og gruppeeigedomen på landsbygda verta skapt om til høgare former for samfunnseige og til slutt til statseigedom. Dette må gjerast ved å utvikla produktivkreftene i jordbruket ved mekanisering og utvikling av vitskaplege jordbruksmetodar, ved å knyta jordbruket saman med industrien og jamna ut skilja mellom by og land på det materielle, kulturelle og sosiale området. Proletariatet må sameina seg med småbøndene og dei lågare mellomstore bøndene, stri mot borgarskapet og borgarlege tildriv på landsbygda, og nytta overtaling, oppseding og hjelp for å få bøndene sjølve til å utvikla høgare former for samfunnseige.

    Striden for å utvikla det sosialistiske samfunnet til det klasselause, kommunistiske samfunnet vil gå gjennom langvarige klassekampar som vil ta generasjonar. Han er «ein hardnakka strid, ein blodig og ublodig, valdeleg og fredeleg, militær og økonomisk, pedagogisk og administrativ strid mot kreftene og tradisjonane frå det gamle samfunnet. (Lenin.) Han må førast av proletariatet med det kommunistiske partiet i leiinga og med den vitskaplege sosialismen, marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking som rettesnor.

    Striden for dette samfunnet er ikkje ein strid for eit mål som er oppstått i menneska sin fantasi. Det er eit mål som byggjer på den historiske, økonomiske utviklinga og som stør seg på henne for å bli verkeleg.

    Utviklinga mot kommunismen er styrt av lover uavhengig av menneskeviljen, av dei same lovene som utvikla det urkommunistiske samfunnet til slavesamfunn, slavesamfunnet til føydalisme og føydalismen til kapitalisme. Kapitalismen har sjølv skapt proletariatet, den klassen som vil gjera ende på utbytting og klassar i det heile. Men proletariatet er samstundes den einaste klassen som eig ein vitskapleg teori om kva målet hans er og korleis det skal bli nådd.

    AKP (m-l) byggjer på denne teorien, er den politiske leiinga for proletariatet i Noreg i denne striden, og fører alle kampane sine med det for augo å føra proletariatet fram til den endelege sigeren for det kommunistiske samfunnet.

Tjen folket Media

Hvordan bidra til kampen?

Medlemskap

Ta kontakt

Pengestøtte

Gi på konto

Nyhetsbrev

Arbeidere og undertrykte i alle land, forén dere!