Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
Innhold
DEI POLITISKE OPPGÅVENE TIL UNIVERSITETET TIL FOLKA I AUSTEN
Tale på eit studentmøte ved Det kommunistiske universitetet for slitarane i Austen, 18. mai 1925.
Kameratar, tillat meg fyrst av alt å helsa dykk i høve fireårsdagen for Det kommunistiske universitetet for folka i Austen. Det er ikkje naudsynt å seia at eg ynskjer universitetet dykkar all lukke på den vanskelege vegen med å læra opp kommunistkadrar for Aust.
Og lat oss no gå over til det vi har føre oss.
Når ein analyserar korleis studentmassen ved Universitetet for slitarane i Austen er sett saman, kan ein ikkje anna enn leggja merke til at samansetjinga i ei viss monn er todelt. Dette universitetet sameiner utsendingar frå ikkje mindre enn femti nasjonar og nasjonale grupper i Austen. Alle studentane ved dette universitetet er Austen sine søner. Men denne definisjonen gjev ikkje noka klårt eller heilt bilete. I røynda er det to hovudgrupper mellom studentane ved universitetet. Dei representerer to sett med heilt ulike utviklingstilhøve. Den fyrste gruppa er folk som har kome hit frå det sovjetiske Austen, frå land der styret til borgarskapet ikkje lenger er til, der imperialistisk undertrykking har vorte styrta og der arbeidarane har makta. Den andre studentgruppa er folk som har kome hit frå koloniland og usjølvstendige land, frå land der kapitalismen enno herskar, der imperialistisk undertrykking ennå står ved full makt, og der sjølvstendet enno må vinnast ved at imperialistane vert drivne ut.
Slik er det to slag Austen som lever ulike liv og utviklar seg under ulike vilkår.
Det er ikkje naudsynt å seia at denne todelte samansetjinga av studentmassen må setja merke på arbeidet til Universitetet for slitarane i Austen. Det forklårer at dette universitetet står med ein fot på sovjetisk jord og med den andre på jorda til koloniane og dei usjølvstendige landa.
Difor er det to liner i verksemda ved universitetet: Ei line har til mål å skapa kadrar som er i stand til å tena sovjetrepublikkane i Austen, og den andre lina har til mål å skapa kadrar som er i stand til å tena dei revolusjonære krava til dei arbeidande massane i del koloniale og usjølvstendige landa i Austen.
Difor er og Universitetet til slitarane i Austen stilt andsynes to slag oppgåver.
Lat oss undersøkja desse oppgåvene til Det kommunistiske universitetet for slitarane i Austen kvar for seg.
I. OPPGÅVENE TIL DET KOMMUNISTISKE UNIVERSITETET FOR SLITARANE I AUSTEN I HØVE TIL SOVJETREPUBLIKKANE I AUSTEN
Kva er særdraga livet og utviklinga til desse landa, desse republikkane, som skil dei frå dei koloniale og usjølvstendige landa?
For det fyrste er desse republikkane frie frå imperialistisk undertrykking.
For det andre utviklar dei seg og vert grunnfeste som nasjonar under vern av sovjetmakta, ikkje under vern av den borgerlege ordninga. Dette er noko som ikkje har skjedd tidlegare i historia, men ikkje dess mindre er det ei kjensjeming.
For det tredje: I den mon dei er industrielt underutvikla, kan dei fullt og heilt lita på støtte for utviklinga si frå industriproletariatet i Sovjetunionen.
For det fjerde. Sidan dei er frie frå kolonial undertrykking og får vern frå proletariatets diktatur, og sidan dei er medlemar av Sovjetunionen, kan og må desse republikkane verta dregne inn i arbeidet med å byggja sosialismen i landet vårt.
Hovudoppgåva er å gjera det lettare å trekkja arbeidarane og bøndene i desse republikkane inn i arbeidet med å byggja sosialismen i landet vårt, å skapa og utvikla dei føresetnadene som kan verta nytta under dei særskilde levevilkåra i desse republikkane, og som kan fremja og skunda på denne prosessen.
Dei oppgåvene som dei leiande kadrane i det sovjetiske Austen no med ein gong står andsynes er difor:
1) Å skapa industrisenter i sovjetrepublikkane i Austen som skal tena som basar, for å få bøndene til å fylka seg om arbeiderklassen. De veit at dette arbeidet alt har byrja, og det vil utvikla seg saman med den økonomiske voksteren til Sovjetunionen. Desse republikkane har alle slag råvarer, og det garanterer at dette arbeidet vil verta fullført i rett tid.
2) Å heva nivået på landbruket, framfor alt vatningssystemet. De veit at dette arbeidet og har vorte drive framover, i alle høve i Transkaukasia og i Turkistan.
3) Å starta organiseringa av kooperativ og vidare fremja dei for dei breie massane av bønder og handverkarar. Det er den sikraste måten for å trekkja sovjetrepublikkane i Austen inn i det allmenne systemet for sovjetisk økonomisk oppbygging.
4) Å føra sovjeta nærare massane, å gje dei ei nasjonal samansetjing og på dette viset innpoda nasjonal-sovjetisk statsskipnad som står dei arbeidande massane nær, og som dei skjønar.
5) Å utvikla den nasjonale kulturen, å setja opp eit vidt nettverk av kurs og skular både for allmenn utdanning og for teknisk yrkesutdanning der morsmålet vert nytta for å trena opp sovjet- og partikadrar tekniske kadrar og forretningskadrar frå dei lokale innbyggjarane.
Det er nett fullføringa av desse oppgåvene som vil letta arbeidet med å byggja sosialismen i sovjetrepublikkane i Austen.
Det ei snakk om mønsterrepublikkar det sovjetiske Austen. Men kva er ein mønsterrepublikk? Ein mønsterrepublikk er ein som utfører desse oppgåvene ærleg og samvitsfullt, og som med det trekkjer arbeidarane og bøndene i dei koloniale og usjølvstendige landa i grannelaget med i frigjeringsrørsla.
Eg har talt om å føra sovjeta nærare dei arbeidande massane i dei ymse nasjonalitetane – om å gjera sovjeta nasjonale i innhald. Men kva tyder dette, og korleis syner det seg i praksis? Eg meiner at den nasjonale grensesetjinga som nett vart fullført i Turkistan,(1) kan tena som modell for korleis sovjeta skulle verta førte nærare massane. Den borgarlege pressa ser på grensesetjinga som «bolsjevik-list». Men det er klårt at dette ikkje vart eit utslag av «list», men av den djuptgåande hugen til massane av folka i Turkmenistan og Usbekistan til å ha sine eigne maktorgan som står dei nære og som dei skjønar. I tidbolken før revolusjonen vart båe desse landa rivne sund og delte mellom ymse khanat 1 og statar. Del var difor eit høveleg felt for utbyttingsplanane til «makthavarane». Tida er no komen då det har vorte mogleg for desse spreidde bitane å verta sameinte på nytt i sjølvstendige statar, slik at dei arbeidande massane i Usbekistan og Turkmenistan kan verta førte nærare maktorgana og verta fast samanknytte med dei. Avgrensinga av Turkistan er framfor alt ei sameining på ny av dei spreidde delane av desse landa i sjølvstendige statar. At desse statane seinare uttrykte ynskje om å slutta seg til Sovjetunionen som likeverdige medlemar syner berre at bolsjevikane har funne nøkkelen til det som massane i ne i Austen djupt og inderleg ynskjer, og at Sovjetunionen er ein friviljug union av dei arbeidande massane av ulike nasjonalitetar den einaste i verda. For å sameine Polen på nytt, trong borgarskapet ei heil rekkje med krigar. Men for å sameina Turkmenistan og Usbekistan på nytt, trong kommunistane berre nokre få månader med forklårande propaganda.
Dette er måten for å føra regjeringsorgana, i dette høvet sovjeta, nærare dei breie arbeidande massane i ulike nasjonalitetar.
Det er provet på at den bolsjevikiske nasjonale politikken er den einaste rette politikken.
Eg talte vidare om å heva nivået i den nasjonale kulturen i sovjetrepublikkane i Austen. Men kva er nasjonal kultur? Korleis kan han verta sameint med den proletariske kulturen? Sa ikkje Lenin og før krigen at det finst to kulturar – ein borgarleg og ein sosialistisk, og at slagordet om nasjonal kultur er eit reaksjonært slagord frå borgarskapet som freistar å forgifta tankane til det arbeidande folket med til det arbeidande folket med giftig nasjonalisme?(2) Korleis skal bygging av nasjonal kultur, utvikling av skular og kurs på morsmåla og oppøving av kadrar frå folka på staden sameinast med bygginga av sosialismen, med bygginga av proletarisk kultur? Er det ikkje ei uløyseleg motseing her? Sjølvsagt ikkje! Vi byggjer proletarisk kultur. Det er heilt rett. Men det er og rett av proletarisk kultur? Er det ikkje ei uløyseleg motseiing her? Sjølvsagt uttrykksformer mellom dei ulike folka som er dregne inn i bygginga av sosialismen, alt etter skilnader i språk, livsstil og så bortetter. Proletarisk i innhald, nasjonal i form – slik er den allmenne kulturen som sosialismen går fram mot. Proletarisk kultur avskaffar ikkje nasjonal kultur, han gjev han innhald. På den andre sida avskaffar ikkje nasjonal kultur proletarisk kultur, han gjev han form. Slagordet om nasjonal kultur vart eit proletarisk slagord då proletariatet kom til makta, og då nasjonane byrja å verta grunnfeste under vernet til sovjetmakta. Kven som helst som ikkje skjønar den grunnleggjande skilnaden mellom desse to situasjonane kjem aldri til å skjøna korkje leninismen eller kjernen i det nasjonale spørsmålet.
Nokre (til dømes Kautsky) talar om at det vert skapt eit einaste verdsspråk og at alle andre språk skal døy ut i den sosialistiske tidbolken. Eg har lite tru på denne teorien om eit einaste altfemnande språk. I alle høve talar røynsla heller mot enn for ein slik teori. Det som har skjedd til no, er at den sosialistiske revolusjonen ikkje har minska, men heller auka, talet på språk. For ved å vekkja dei lågaste delane av menneskeætta og skuva dei ut på den politiske skodeplassen, vekkjer han til nytt liv ei rekkje nasjonalitetar som til no har vore ukjende eller lite kjende.
Kven kunne ha tenkt seg at det var ikkje mindre enn femti nasjonar og nasjonale grupper i det gamle tsaristiske Russland? Men då Oktoberrevolusjonen braut dei gamla banda og førte ei rekkje med gløymde folkeslag og nasjonar fram mot skodeplassen, så gav han dei nytt liv og ei ny utvikling. I dag talar ein om India som ein einaste heilskap. Men det kan knapt vera nokon tvil om at titals med til no ukjende nasjonalitetar med eigne språk og eigne kulturar, vil dukka fram på scenen dersom det vert revolusjonært opprør i India. Og når det gjeld å poda inn proletarisk kultur mellom dei ulike nasjonalitetane, kan det knapt vera nokon tvil om at dette kjem til å gå føre seg i former som er samsvar med språka og leveviset til desse nasjonalitetane.
For ikkje lenge sidan fekk eg eit brev frå nokre kameratar i Burjat som bad meg om å forklåra alvorlege og vanskelege spørsmål som galdt tilhøva mellom verdsfemnande kultur og nasjonal kultur. Her er det:
«Vi ber deg alvorleg om å forklåre dei fylgjande svært alvorlege og vanskelege spørsmåla for oss. Det endelege målet til kommunistpartiet er å få ein einaste verdsfemnande kultur. Korleis skal ein få til overgangen til ein einaste verdsfemnande kultur gjennom dei nasjonale kulturane som utviklar seg innom rammane av dei einskilde autonome republikkane våre? Korleis skal assimileringa av dei særskilde draga i dei einskilde nasjonale kulturane (språk osb.) gå føre seg?»
Eg trur at det som nett er sagt, kan tena som svar på dei ivrige spørsmåla som er stilte av kameratene frå Burjat.
Kameratane frå Burjat reiser spørsmålet om assimileringa av dei einskilde nasjonalitetane under oppbygginga av ein verdsfemnande proletarisk kultur. Det er tvillaust at nokre nasjonalitetar kan og kanskje sikkert kjem til å gå gjennom ein assimileringsprosess. Slike prosessar har det vore før. Men poenget er at prosessen med å assimilere nokre nasjonalitetar utelet ikkje, men har til føresetnad, den motsatte prosessen med å styrkja og vidareutvikla ei heil rekkje med nasjonar som eksisterar og utviklar seg. For delprosessen med at einskilde nasjonalitetar vert assimilerte, er resultatet av den allmenne prosessen med at nasjonane utviklar seg. Det er nett av denne grunnen at den moglege assimileringa av nokre einskilde nasjonalitetar ikkje svekkjer, men stadfester den heilt korrekte tesen at proletarisk verdsfemnande kultur ikkje utelet, men set som føresetnad og fostrar, den nasjonale kulturen til folka, – nett slik den nasjonale kulturen til folka ikkje gjer til inkjes, men utfyller den verdsfemnande proletariske kulturen og gjer han rikare.
Slik er allment dei oppgåvene som dei leiande kadrane i sovjetrepublikkane i Austen står andsynes i augneblinken.
Slik er karakteren til og innhaldet i desse oppgåvene.
Ein må utnytte den tidbolken som har byrja med intens økonomiske oppbygging og med nye innrømmingar til bøndene, for å sikra at desse oppgåvene vert fullførte. Med dette gjer ein det lettare å trekkja sovjetrepublikkane i Austen, som i hovudsak er bondeland, inn i arbeidet med å byggja sosialismen i Sovjetunionen.
Det vert sagt at den nye politikken som partiet har andsynes bøndene ved at det gjev etter på ei rekkje punkt (jord på kortidsbygsel, løyve til å leiga arbeidskraft), inneheld visse element av tilbaketrekking. Er det rett? Ja, det er det. Men dei er element av tilbaketrekking som vi tillet ved sida av at vi held fast på overveldande mykje sterkare krefter på partiet og sovjektmakta si side. Stabil mynt, utvikling av industri og transport, eit kredittsystem som veks seg sterkare og som gjennom preferansekreditt gjer det mogleg å ruinera eller heva kva som helst lag av folket til eit høgare nivå utan å vera årsak til den minste oppskaking alt dette er reservar som proletariatets diktatur rår over. Ved hjelp av dette kan visse element av tilbaktrekking på ein sektor av fronten berre gjera det lettare å førebu eit åtak langsmed heile fronten. Dei få punkta der partiet har gjeve etter for bøndene, skulle nett av denne grunnen no gjera det lettare, heller enn vanskeligare, å trekkja bøndene inn arbeidet med å byggja sosialismen.
Kva kan dette tilhøvet tyda for sovjetrepublikkene i Austen? Det kan berre tyda at dei leiande kadrane desse republikkane får eit nytt våpen i hendene, som set desse landa i stand til å verta lettare og snøggare bundne til det allmenne systemet for utviklinga av sovjetøkonomien.
Slik er sambandet mellom den politikken som partiet fører på landsbygda, og dei nasjonale oppgåvene som dei leiande kadrane i det sovjetiske Austen står andsynes nett no.
I denne samanhengen er oppgåva til Universitetet til folka i Austen i høve til sovjetrepublikkane i Austen, å trena opp kadrar for desse republikkane etter liner som sikrar at dei næraste oppgåvene som eg har rekna opp ovanfor, vert fullførte.
Universitetet til folka i Austen må ikkje isolera seg frå livet. Det korkje er eller kan vera ein institusjon som står over livet. Det må vera bunde saman med det verkelege livet gjennom kvar fiber av seg sjølv. Fylgjeleg kan det ikkje lata vera med å bry seg om dei næraste oppgåvene som sovjetrepublikkane i Austen står andsynes. Det er årsaka til at oppgåva til Universitetet til folka i Austen er å rekna med dei næraste oppgåvene som desse republikkane står andsynes, når det trenar opp dei høvelege kadrane for dei.
I denne samanhengen er det naudsynt å hugsa at det finst to avvik i praksisen til dei leiande kadrane i det sovjetiske Austen. Ein må kjempa mot desse avvika innom grensene til dette universitetet dersom det skal øve opp verkelege kadrar og verkelege revolusjonære for det sovjetiske Austen.
Det fyrste avviket ligg i forenkling, ei forenkling av dei oppgåvene som eg har talt om ovanfor, ein freistnad på å overføra mekaniske modellar for økonomisk oppbygging som heilt kan skjønast og nyttast i sentrum av Sovjetunionen, men som slett ikkje høver for utviklingstilhøva i dei såkalla grenseområda. Det er to ting dei kameratane som er skuldige i dette avviket ikkje skjønar. Dei skjønar ikkje at tilhøva i sentrum og i «grenseområda» ikkje er like og at dei er langt frå å vera heilt like. Vidare skjønar dei ikkje at sjølve sovjetrepublikkane i Austen ikkje er like, at nokre av dei, til dømes Grusia og Armenia er på eit høgare nasjonalt utviklingsnivå, medan andre, til dømes Tsjetsjenia og Kabarda er på eit lågare nasjonalt utviklingsnivå.
Andre igjen, til dømes Kirgisia, er i ei mellomstilling mellom dei to ytterpunkta. Desse kameratane skjønar ikkje at det ikkje kan verta bygt noko som er viktig, dersom arbeidet ikkje er tilpassa dei lokale tilhøva, og dersom det ikkje med omhug er teke omsyn til alle dei ulike særdraga ved kvart land. Resultatet av dette avviket er at dei vert skilde frå massane og fell ned til å vera venstre-frasemakarar. Oppgåva til Universitetet til folka i Austen er å øva opp kadrar i ei ånd av uforsonleg kamp mot desse avvika.
På den andre sida ligg det andre avviket i at lokale særdrag vert overdrivne. Ein gløymer den sams og viktigaste tingen som knytter sovjetrepublikkane i Austen saman med industriområda i Sovjetunionen. Di sosialistiske oppgåvene vert dyssa ned, ein trong og avgrensa nasjonalisme vert tilpassa oppgåvene. Dei kameratane som er skuldige i dette avviket, bryr seg lite om den indre utviklinga i landet sitt og vil heller lata utviklinga gå sin naturlege gang. Hovudsaka for dei er ikkje indre utvikling, men «ytre» politikk, at republikkane deira utvidar grensene sine, tvistemål med grannerepublikkane, hugen til å riva til seg ein ekstra bit territorium frå grannane sine og slik koma på god fot med dei borgerlege nasjonalistane i dei respektive landa sine. Resultatet av dette avviket er at dei vert skilde frå sosialismen og fell ned til å vera vanlege borgarlege nasjonalistar. Oppgåve til Universitetet til folka i Austen er å øve opp kadrar til ei ånd av uforsonleg kamp mot denne løynde nasjonalismen.
Slik er oppgåvene til Universitetet i Austen i høve til sovjetrepublikkane i Austen.
II. OPPGÅVENE TIL DET KOMMUNISTISKE UNIVERSITETET TIL SLITARANE I AUSTEN I HØVE TIL DEI KOLONIALE OG USJØLVSTENDIGE LANDA I AUSTEN
Lat oss gå over til det andre spørsmålet som er spørsmålet om oppgåvene til Det kommunistiske universitetet til slitarane i Austen i høve til dei koloniale og usjølvstendige landa i Austen.
Kva er særdraga ved livet og utviklinga til desse landa, kva skil dei frå sovjetrepublikkane i Austen?
For det fyrste lever og utviklar desse landa seg under undertrykkinga fra imperialismen.
For det andre vert den revolusjonære krisa desse landa gjort meir intens og djupare ved at det er dobbel undertrykking, indre undertrykking (frå deira eige borgarskap) og ytre undertrykking (frå det utanlandske imperialistiske borgarskapet.)
For det tredje veks kapitalismen snøgt i nokre av desse landa, til dømes i India. Han gjev vokster til og formar ein meir eller mindre talrik klasse av lokale proletarar.
For det fjerde. Når den revolusjonære rørsla veks, kløyver det nasjonale borgarskapet i slike land seg i to delar, ein revolusjonær del (småborgarskapet) og ein forsonleg del (storborgarskapet). Den fyrste av desse held fram med den revolusjonære kampen, medan den andre går inn i ei blokk med imperialismen.
For det femte formar det seg ei anna blokk i slike land parallelt med imperialistblokka. Dette er ei blokk mellom arbeidarane og det revolusjonære småborgarskapet. Ho er ei anti-imperialistisk blokk som har full frigjering frå imperialismen som mål.
For det sjette vert spørsmålet om hegemoniet til proletariatet i slike land, spørsmålet om å frigjera folkemassane frå påverknaden frå det forsonlege nasjonale borgarskapet meir og meir påtrengjande.
For det sjuande gjer desse tilhøva det mykje lettare å knyta den nasjonale frigjeringsrørsla i slike land saman med den proletariske rørsla i dei framskridne landa i Vesten.
Av dette fylgjer det minst tre slutningar:
1) Ein kan ikkje nå frigjering for dei koloniale og usjølvstendige landa frå imperialismen utan ein sigerik revolusjon: De vil ikkje nå sjølvstende gratis.
2) Revolusjonen kan ikkje gjera framsteg, og ein kan ikkje vinna fullt sjølvstende for dei koloniane som kapitalismen har utvikla og dei usjølvstendige landa utan at det nasjonale borgarskapet vert isolert, utan at dei småborgarlege revolusjonære massane vert frigjorde frå påverknaden frå dette borgarskapet, utan at politikken med hegemoni for proletariatet er sett i verk og utan at dei framskridne elementa i arbeidarklassen er organiserte i eit sjølvstendig kommunistparti.
3) Ein kan ikkje vinna ein varig siger i dei koloniale og usjølvstendige landa utan eit verkeleg band mellom frigjeringsrørsla i desse landa og den proletariske rørsla i dei framskridne landa i Vesten. Hovudoppgåva for kommunistane i dei koloniale og usjølvstendige
landa er å tufta den revolusjonære verksemda si på desse slutningane.
Kva er dei næraste oppgåvene til den revolusjonære rørsla koloniane og i dei usjølvstendige landa ut ifrå desse tilhøva?
Særdraget ved koloniane og dei usjølvstendige landa no er at det ikkje lenger finst eitt altfemnande kolonialt Austen. Tidlegare vart det koloniale Austen framstilt som ein einskapleg heilskap. I dag er ikkje det biletet lenger i samsvar med sanninga. No er det minst tre grupper av koloniale og usjølvstendige land. For det fyrste slike land som Marokko, som har lite eller ikkje noko proletariat og som er industrielt heilt uutvikla. For det andre slike land som Kina og Egypt, som er industrielt underutvikla og som har eit etter måten lite proletariat. For det tredje slike land som India, som er meir eller mindre kapitalistisk utvikla og har eit meir eller mindre talrikt nasjonalt proletariat.
Det er klårt at alle desse landa ikkje kan stillast likt.
I slike land som Marokko, der det nasjonal borgarskapet til no ikkje har nokon grunn til å kløyva seg i ein revolusjonær del og ein forsonleg del, er oppgåva for dei kommunistiske elementa å gjera alle tiltak for å skapa ein nasjonal einskapsfront mot imperialismen. I slike land kan dei kommunistiske elementa gruppera seg i eitt parti fyrst under kampen mot imperialismen, særleg etter ein sigerik revolusjonær kamp mot imperialismen.
Kommunistane kan ikkje lenger setja seg som mål å skipa ein nasjonal einskapsfront mot imperialismen i slike land som Egypt og Kina, der det nasjonale borgarskapet alt har kløyvt seg i eit revolusjonært parti og eit forsoningsparti, men der den forsonlege delen av borgarskapet enno ikkje er i stand til å slå seg i lag med imperialismen. I slike land må kommunistane gå over frå politikken med ein nasjonal einskapsfront til politikken med ei revolusjonær blokk av arbeidarane og småborgarskapet. I slike land kan denne blokka taka form av eit einskilt parti, eit arbeidar- og bondeparti. Men føresetnaden er at dette særskilt partiet verkeleg representerer ei blokk av to krefter – kommunistpartiet og partiet til det revolusjonære småborgarskapet. Oppgåvene til denne blokka er å avsløra kor halvhjarta og sjølvmotstridande det nasjonale borgarskapet er og å føre ein målmedviten kamp mot imperialismen. Eit slikt todelt parti er naudsynt og tenleg så framt det ikkje bind kommunistpartiet på hender og føter, så framt det ikkje avgrensar fridomen for kommunistpartiet til å gjera agitasjons- og propaganda-arbeid, så framt det ikkje hindrar at proletariatet fylkar seg ikring kommunistpartiet, og så framt det gjer det lettare at den revolusjonære rørsla verkeleg vert leidd av kommunistpartiet. Eit slikt todelt parti er ikkje naudsynt og tenleg dersom det ikkje samsvarer med alle desse tilhøva, for det kan berre føra til at dei kommunistiske elementa vert løyste opp i rekkjene til borgarskapet, og til at kommunistpartiet misser den proletariske hæren.
Stoda er noko annleis i slike land som India. Det grunnleggjande og nye draget i livsvilkåra i slike koloniar som India, er ikkje berre at det nasjonale borgarskapet har kløyvt seg i ein revolusjonær del og ein forsonleg del, men fyrst og fremst at den forsonlege delen av dette borgarskapet i hovudsak alt har greidd å slutta ein avtale med imperialismen. Denne delen av borgarskapet er den rikaste og den som har mest å seia, og han går heilt over i lægeret til dei uforsonlege fiendane til revolusjonen og skipar ei blokk med imperialismen mot arbeidarane og bøndene i sitt eige land. For han fryktar revolusjonen meir enn han fryktar imperialismen, og han bryr seg meir om pengesekkane sine enn om interessene til sitt eige land. Revolusjonen kan ikkje sigra dersom denne blokka ikkje vert knust. Men for å knuse denne blokka må ein konsentrera elden om det forsonlege nasjonale borgarskapet. Sviket som det gjer må verta avslørt, dei arbeidande massane må verte frigjorde frå påverknad frå det, og vilkåra som er naudsynte for hegemoniet til proletariatet må verta systematisk førebudd. I slike koloniar som India gjeld det med andre ord å førebu proletariatet på rolla som leiar for frigjeringsrørsla, og steg for steg å driva borgarskapet og dei talerøyra det har bort frå denne ærefulle posten. Oppgåva er å skapa ei revolusjonær anti-imperialistisk blokk og å tryggja hegemoniet til proletariatet i denne blokka. Sjølv om det ikkje alltid treng å vera slik, så kan denne blokka taka form av eit einskilt arbeidar- og bondeparti som formelt er bunde av ei einskild plattform. I slike land må sjølvstendet til kommunistpartiet vera hovudslagordet for dei framskridne kommunistiske elementa. For hegemoniet til proletariatet kan berre verta førebudd og sett i verk av kommunistpartiet. Men kommunistpartiet kan og må gå inn i ei open blokk med den revolusjonære fløya av borgarskapet for å leia dei store massane av småborgarskapet i byane og på bygdene i kampen mot imperialismen etter at det har isolert det forsonlege nasjonale borgarskapet.
Etter dette er dei nære oppgåvene for den revolusjonære rørsla i dei kapitalistisk utvikla koloniane og dei usjølvstendige landa:
1) Å vinna dei beste elementa i arbeidarklassen over til den kommunistiske sida og å skapa sjølvstendige kommunistparti.
2) Å skapa ei nasjonal revolusjonær blokk av arbeidarar bønder og dei revolusjonære intellektuelle mot blokka av det forsonlege nasjonale borgarskapet og imperialismen.
3) Å tryggja hegemoniet til proletariatet i denne blokka.
4) Å kjempa for å frigjera småborgarskapet i byene og på landsbygda frå påverknaden frå det forsonlege nasjonale borgarskapet.
5) Å tryggja at frigjeringsrørsla er lenka saman med den proletariske rørsla i dei framskridne landa.
Desse er dei tre gruppene med nære oppgåver som dei leiande kadrane i kolonilanda og dei usjølvstendige landa i Austen står andsynes.
Desse oppgåvene får ein særleg viktig karakter, og særleg stor tyding, når dei vert undersøkte i lys av den noverande internasjonale stoda. Særdraget ved den internasjonale stoda no er at den revolusjonære rørsla har kome inn i ein mellombels periode med stille. Men kva er ei stille, kva tyder det nett no? Det kan berre tyda at det vert eit sterkare press på arbeidarane i Vesten, på koloniane i Austen og fyrst og fremst på Sovjetunionen som viser vegen for den revolusjonære rørsla i alle land. Det kan knapt vera tvil om at ein alt har byrja å førebu dette presset på Sovjetunionen i imperialististane sine rekkjer. Bakvaskingskampanjen som vart sett fram i samband med opprøret i Estland(3) den ærelause oppeglinga mot Sovjetunionen samband med eksplosjonen i Sofia(4) og det allmenne korstoget som borgarpressa fører mot landet vårt, er alle merke på at ein offensiv vert førebudd. Det er artilleriet som førebur folkemeininga med det føremålet å venja almenta til at det vert gjort åtak på Sovjetunionen og å skapa dei moralske føresetnadene for intervensjon. Det står att å sjå kva som kjem ut av denne lygn- og bakvaskingskampanjen, om imperialistane vil risikera å gje seg i kast med ein alvorleg offensiv. Men det kan knapt vera nokon tvil om at desse åtaka ikkje varslar noko godt for koloniane. Difor er det eit uunngåeleg spørsmål i dag å førebu del samla revolusjonære kreftene på å slå attende mot det slaget som imperialismen truleg vil gje.
Difor vert det no særskilt viktig at den revolusjonære rørsla i koloniane og dei usjølvstendige landa fullfører dei næraste oppgåvene sine utan å vika.
Kva er oppgåva til Universitetet til folka i Austen i høve til kolonilanda og dei usjølvstendige landa på bakgrunn av alle desse tilhøva? Det har til oppgåve å taka omsyn til alle særdraga ved den revolusjonære utviklinga i desse landa, og å øva opp kadrar som kjem frå dei på eit vis som vil tryggja at dei ulike nære oppgåvene som eg har rekna opp, vert fullførte.
Ved Universitetet til folka i Austen er det om lag ti ulike studentgrupper som har kome hit frå koloniale og usjølvstendige land. Vi veit alle at desse kameratane tørstar etter lys og kunnskap. Oppgåva til Universitetet til folka i Austen er å gjera dei til verkelege revolusjonære som er væpna med den leninistiske teorien, rusta med praktisk røynsle i leninismen og i stand til å utføra dei nære oppgåvene til frigjeringsrørsla i koloniane og dei usjølvstendige landa med heile sitt hjarta og all sin hug.
I samband med dette er det naudsynt å ha i minne to avvik i praksisen til dei leiande kadrane i det koloniale Austen, to avvik som ein må kjempa mot dersom det skal verta øvd opp verkelege revolusjonære kadrar.
Det fyrste avviket ligg i at det revolusjonære potensialet i frigjeringsrørsla vert undervurdert, og i at ideen om ein allfemnande nasjonal einskapsfront i koloniane og dei usjølvstendige landa vert overvurdert utan omsyn til stoda og utviklingsgraden til desse landa. Dette er eit høgreavvik, og det ber med seg fare for at den revolusjonære rørsla vert svekka, og for at røystene til dei kommunistiske elementa druknar i det allmenne koret til dei borgarlege nasjonalistane. Det er den beinveges oppgåva til Universitetet til folka i Austen å føra ein målmedviten kamp mot dette avviket.
Det andre avviket ligg i at dei revolusjonære potensiala frigjeringsrørsla vert overvurderte, og i at rolla til ein allianse mellom arbeidarklassen og det revolusjonære borgerskapet mot imperalismen vert undervurdert. For meg ser det ut til at kommunistane på Java, som for ikkje lenge sidan gjorde den feilen å setja fram slagordet om sovjetmakt for sitt land, lid under dette avviket. Dette er eit venstreavvik, og det ber med seg fare for at kommunistpartiet skal verta skilt frå massane og skapt om til ei sekt. Ein målmedviten kamp mot dette avviket er eit grunnleggjande vilkår for å øva opp verkelege revolusjonære kadrar for koloniane og dei usjølvstendige landa i Austen.
Slik er allment oppgåvene til Universitetet til folka i austen i høve til folka i det sovjetiske Austen og det koloniale Austen.
Lat oss vona at Universitetet til folka i Austen greier å utføra desse oppgåvene med ære.
Pravda, nr. 115.
22. mai 1925
Notar
1. Dette syner til den nasjonalstatlege avgrensinga av Sovjetrepublikkane i Sentral-Asia (Turkistan, Bukhara og Khorezm), som vart gjennomført i 1924. Som eit resultat av denne nasjonale avgrensinga vart desse republikkane skipa: Den Turkmenske Sosialistiske Sovjetrepublikken, Den Usbekiske Sosialistiske Sovjetrepublikken, Den Autonome Tajikiske Sosialistiske Sovjetrepublikken som ein del av den usbekiske SSR, Den Kara-Kirgistiske autonome regionen av RSFSR (seinare vart han Den Kirgisiske Sosialistiske Sovjetrepublikken) og Den Autonome Kara-Kalpaliske Regionen av Den Autonome Kirgisiske Sosialistiske Sovjetrepublikken (seinare Den Kasakske Sosialistiske Sovjetrepublikken). Den tredje sovjetkongressen i USSR, som vart halden i mai 1925, godtok Den Usbekiske og Den Turkmeniske Sosialistiske Sovjetrepublikken som medlemar i USSR, og endra grunnlova til USSR i samsvar med dette. Nasjonalstatavgrensinga av sovjetrepublikkane i Sentral-Asia vart gjennomført under beinveges rettleiing frå J. V. Stalin.
2. Sjå artikkelen av Lenin, «Kritiske merknader til det nasjonale spørsmålet», Samla verk, eng. utg., band 20, s. 1-34.
3. Dette syner til den væpna arbeideroppreisten i Revel (Talinn) den 1. desember 1924. Han vart provosert fram av ein dom som vart sagt av ein estnisk domstol slutten av november 1924 mot 149 politiske lovbrytarar som vart skulda for å ha drive kommunistisk propaganda. Fleirtalet av dei som vart skulda, vart dømde til straffarbeid for lang tid, trettini vart dømde til straffarbeid for livstid og Tomp, som var leiaren for dei estniske arbeidarane, vart skoten. Oppreisten vart grufullt undertrykt av den reaksjonære estniske regjeringa.
4. Eksplosjonen i Sofia – Den 16. april 1925 vart katedralen i Sofia utsett for attentat av nokre militære som støtta kommunistane og bonderørsla. Attentat kom i protest mot fascistregimet til Zankoff, som var innført ved statskupp i 1923. Zankoff-regimet svara med å kunngjera krigstilstand i heile Bulgaria. Titusenvis vart arresterte, tusenvis skotne utan rettargang. 3-400 dømde til dauden og alle bonde- og arbeidarorganisasjonar gjort til inkjes. s. 203.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.