Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
UTDRAG FRÅ EIT BREV TIL KAMERAT KAGANOVITSJ OG DEI ANDRE MEDLEMANE I POLITIBYRÅET I SENTRALKOMITEEN TIL KOMMUNISTPARTIET I UKRAINA
Når det gjeld det fyrste punktet er det noko rett i det Sjumski seier. Det er rett at det har byrja ei brei rørsle til føremon for ukrainisk kultur og det offentlege livet i Ukraina, og at ho spreier seg over heile Ukraina. Det er rett at vi ikkje under noko høve må lata denne rørsla falla i hendene på element som er fiendslege til oss. Det er rett at ei rekkje med kommunistar i Ukraina ikkje skjønar kva denne rørsla tyder og kor viktig ho er, og difor ikkje tek noko steg for å vinna kontroll over ho. Det er rett at det må skje ei endring innstilling i partiet vårt og mellom sovjetkadrane som enno er gjennomsyra av ei ironisk og tvilande haldning til ukrainsk kultur og ukrainsk offentleg liv. Det er rett at vi må velja nøye ut og byggja opp kadrar som er i stand til å vinna kontroll over den nye rørsla i Ukraina. Alt dette er rett. Likevel gjer Sjumski minst to alvorlege feil.
For det fyrste blandar han ukrainisering av partiapparatet vårt og andre einingar samen med ukrainisering av proletariatet. Apparatet til partiet vårt, statlege og andre organ som tener innbyggjarane, kan og burde verta ukrainiserte, sjølv om denne saka ikkje må gå for fort. Men det er umogleg å ukrainisera proletariatet ovanfrå. Det er umogleg å tvinga massane av dei russiske arbeidarane til å gje opp det russiske språket og russisk kultur og godta den ukrainske kulturen og språket som deira eige. Det ville vera tvert imot prinsippet om den frie utviklinga av nasjonalitetane. Det ville ikkje vera nasjonal fridom, men ei særskild form for nasjonal undertrykking. Det kan ikkje vera tvil om at samansetninga av det ukrainske proletariatet vil endra seg med industriutviklinga i Ukraina og med straumen av ukrainske arbeidarar inn i industrien frå landsbygda omkring. Det kan ikkje vera tvil om at samansetinga av det ukrainske proletariatet vil verta ukrainisert nett slik samansetjinga av proletariatet i til dømes Latvia eller Ungarn, som ein gong var tyske i karakteren, seinare vart latvisert eller madjarisert. Men dette er ein langvarig, spontan og naturleg prosess. Å freista å skifta ut denne spontane prosessen med tvungen ukrainisering av proletariatet ovanfrå, ville vera ein utopisk og skadeleg politikk. Han kunne fyra opp under anti-ukrainsk sjåvinisme mellom dei ikkje-ukrainske delane av proletariatet i Ukraina. For meg ser det ut til at Sjumski har ein galen idé om ukrainiseringa, og ikkje tek omsyn til denne siste faren.
For det andre. Medan han på ein heilt rett måte legg vekt på det positive innhaldet i den ukrainske rørsla til føremon for ukrainsk kultur og ukrainsk offentleg liv så ser ikkje Sjumski vrangsida av ho. Sjumski ser ikkje at på bakgrunn av veikskapen til de innfødde kommunistkadrane i Ukraina, kan denne rørsla, som svært ofte vert leidd av ikkje-kommunistiske intellektuelle, her og der få karakteren av ein kamp for å gjera ukrainsk kultur og offentleg liv fjern frå allmenn sovjetkultur og offentleg liv Innhaldet i ho vert då kamp mot «Moskva» allment, mot russarane allment, mot russisk kultur og det høgste han har nådd – leninismen. Eg skal ikkje bruka tid på å prova at dette held på å verta ein aukande verkeleg fare i Ukraina. Eg ynskjer berre å seia at endåtil visse ukrainske kommunistar ikkje er frie for slike feil. Eg tenkjer på noko så allment kjend som artikkelen til kommunisten Khvilevoi i den ukrainske pressa. Kravet til Khvilevoi om «avrussiflsering av proletariatet» i Ukraina «straks», synet hans at «ukrainsk poesi må fjerna seg frå den russiske litteraturen og stilen hans så snøgt som råd», det at han seier at «ideane til proletariatet er kjende for oss utan Moskva-kunsten», at han er forgapt i ideen at den «unge» ukrainske intelligensiaen har ei slags Messias-rolle å spela, at han gjer ein låttleg og ikkje-marxistisk freistnad på å skilja kultur frå politikk – alt dette og mykje anna liknande lyder (det kan ikkje anna!) meir enn merkjeleg no om dagen, når det kjem or munnen på ein ukrainsk kommunist. I ei tid då proletarane Vest-Europa og kommunistpartia deira har samhug med «Moskva», denne bastionen for den internasjonale revolusjonære rørsla, og med leninismen, i ei tid då proletarane i Vest-Europa fagnar flagget som vaiar over Moskva, har den ukrainske kommunisten Khvilevoi ikkje noko betre å seia til føremon for «Moskva» enn å oppmoda dei ukrainske leiarane om å fjerna seg frå «Moskva» «så snøgt som mogleg.» Og slikt vert kalla internasjonalisme! Kva kan ein seia om andre ukrainske intellektuelle, dei frå det ikkje-kommunistiske lægeret, dersom kommunistar byrjar å tala, og ikke berre tala, men og å skriva, i sovjetpressa vår i same ordelag som Khvilevoi? Sjumski skjønar ikkje at vi kan vinna kontroll over den nye rørsla Ukraina til føremon for ukrainsk kultur berre ved at vi kjempar mot slike ytterpunkt som Khvilevoi i dei kommunistiske rekkjene. Sjumski skjønar ikkje at berre ved å kjempa mot slike ytterpunkt, kan det veksande ukrainske kulturen og det offentlege livet verta omskapt til sovjetisk kultur og offentleg liv.
26. 4. 1926 J. Stalin
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.