Denne teksten er digitalisert fra heftet V.I. Lenin : Imperialismen og kløyvinga i sosialismen utgitt av forlaget Oktober i 1977. Feil kan ha forekommet under digitaliseringsarbeidet.
Imperialismen og kløyvinga i sosialismen
Skriven i oktober 1916. Publisert i Sbornik Sotsial-Demokrata nr. 2, desember 1916. Signert: N. Lenin.
Finst det noko samband mellom imperialismen og den uhyrlege og avskyelege sigeren opportunismen (i form av sosialsjåvinisme) har vunne over arbeidarrørsla i Europa?
Dette er det grunnleggjande spørsmålet i den moderne sosialismen. I partilitteraturen vår har vi slått fullt ut fast for det første, den imperialistiske karakteren ved vår æra, ved den krigen som går føre seg no, og for det andre, det uskiljande historiske sambandet mellom sosial- sjåvinismen og opportunismen, og likeeins den ibuande likskapen i den politiske ideologien deira. Og no kan og må vi gå vidare til å analysera dette grunnleggjande spørsmålet.
Vi må ta til med ein så nøye og fullstendig definisjon av imperialismen som råd. Imperialismen er eit særskilt historisk steg i kapitalismen. Den særskilde karakteren ved han er trefaldig: Imperialismen er (1) monopolkapitalisme; (2) snyltande eller rotnande kapitalisme; (3) døyande kapitalisme. Det grunnleggjande økonomiske draget, sjølve kvintessensen i imperialismen, er at frikonkurransen vert sett til side av monopolet. Monopolet kjem til uttrykk i fem hovudformer: (1) kartell, syndikat og trustar — konsentrasjonen av produksjonen har nådd eit nivå som gjev opphav til desse monopolistiske samanslutningane av kapitalistar; (2) den monopolistiske stillinga til dei store bankane — tre, fire eller fem kjempebankar manipulerer heile det økonomiske livet i Amerika, Frankrike og Tyskland; (3) trustane og finansoligarkiet (finanskapital er industriell monopolkapital som er smelta saman med bankkapitalen) har rive til seg råvarekjeldene; (4) den (økonomiske) oppdelinga av verda mellom dei internasjonale kartella har teke til. Det finst alt meir enn eitt hundre slike internasjonale kartell, som herskar over heile verdsmarknaden og deler han «venskapeleg» seg imellom til krigen omdeler han. Kapitaleksporten, til skilnad frå vareeksporten under ikkjemonopolistisk kapitalisme, er eit særs karakteristisk fenomen og er knytt til den økonomiske og territorial-politiske oppdelinga av verda; (5) den territoriale oppdelinga av verda (koloniar) er fullført.
Imperialismen, som det høgaste steget i kapitalismen i Europa og Amerika og seinare i Asia, tok endeleg form i perioden 1898 — 1914. Den spansk-amerikanske krigen (1898), England-boerkrigen (1899—1902), den russisk-japanske krigen og den økonomiske krisa i Europa i 1900 er dei viktigaste historiske landemerka i den nye æraen i verdssoga.
Det at imperialismen er snyltande eller rotnande kapitalisme slår først og fremst ut i tendensen til forfall, som er karakteristisk for alle monopol under systemet med privateige av produksjonsmidla. Skilnaden mellom det demokratisk-republikanske og det reaksjonært-monarkistiske imperialistiske borgarskapet vert sletta ut, nett av di båe rotnar i levande live (noko som slett ikkje stengjer for ei umåteleg rask utvikling av kapitalismen i einskildgreiner av industrien, i einskilde land og einskilde periodar). For det andre slår forfallet i kapitalismen ut i at det vert skapt eit digert lag rentenistar, kapitalistar som lever av å «klippa kupongar». I kvart av dei fire leiande imperialistlanda — England, USA, Frankrike og Tyskland — når kapital i verdipapir opp i 100 000 til 150 000 millionar franc, og frå dei får kvart land ei årleg inntekt på ikkje mindre enn 5 til 8 tusen millionar. For det tredje er kapitaleksport snylting som er sett på spissen. For det fjerde strir «finanskapitalen etter herredøme, ikkje fridom». Politisk reaksjon over heile lina er det karakteristiske draget ved imperialismen. Korrupsjon, muting1 i enorm målestokk og all slags falsk. For det femte, utbyttinga av underkua nasjonar — som er uskiljande knytt til anneksjonar — og særskilt utbyttinga av koloniar ved nokre få «stor»makter omvandlar stadig meir den «siviliserte» verda til ein snyltar på kroppen til hundretals millionar i dei usiviliserte nasjonane. Den romerske proletaren levde på samfunnet sin kostnad. Det moderne samfunnet lever på den moderne proletaren sin kostnad. Marx la særskilt vekt pådenne djupttrengjande merknaden frå Sismondi[1]. Imperialismen endrar situasjonen noko. Eit priviligert øvre lag av proletariatet i dei imperialistiske landa lever dels på kostnaden til hundretals millionar i dei usiviliserte nasjonane.
Det er klårt kvifor imperialismen er døyande kapitalisme, kapitalisme i overgang til sosialismen: Monopolet, som veks ut or kapitalismen, er alt døyande kapitalisme, byrjinga på overgangen til sosialismen. Den ofselege sosialiseringa av arbeidet imperialismen står for (det som forsvararane — dei borgarlege økonomane — kallar «samanknyting» — ) skapar same resultat.
Når vi set fram denne definisjonen av imperialismen, fører det oss inn i fullstendig motseiing til K. Kautsky, som nektar å sjå på imperialismen som ein «fase i kapitalismen» og definerer han som ein politikk som finanskapitalen «føretrekk», ein tendens i dei «industrielle» landa til å annektera «jordbruksland»2. Kautskys definisjon er tvers igjennom galen frå ein teoretisk synsstad. Det som skil ut imperialismen er herredømet til finanskapitalen, ikkje til industrikapitalen, strevet etter å annektera alle slags land, ikkje jordbruksland særskilt. Kautsky skil imperialistisk politikk frå imperialistisk økonomi, han skil monopol i politikken frå monopol i økonomien for å rydda veg for den vulgære borgarlege reformismen sin, slik som «avrustning», «ultra-imperialisme» og liknande tøv. Heile føremålet og innhaldet i denne teoretiske usanninga er å mørkleggja dei djupaste motseiingane i imperialismen og med det rettferdiggjera teorien om «einskap» med dei som forsvarar imperialismen, dei opne sosialsjåvinistane og opportunistane.
Vi har teke for oss Kautskys brot med marxismen på dette punktet utførleg nok i Sotsial-Demokrat[3] og Kommunist[4]. Dei russiske kautskyanarane våre, dei som stør Organiseringskomiteen (O.K.)[5] med Axelrod og Spektator i brodden, som og femner om Martov og i stor grad Trotski, ville heller halda seg diskret tagale i spørsmålet om kautskyanismen som straumdrag. Dei våga ikkje forsvara krigstid-skriftene til Kautsky, og nøydde seg med å rosa Kautsky (Axelrod i den tyske brosjyren sin, som Organiseringskomiteen har lova å gje ut på russisk) eller sitera privatbrev frå Kautsky (Spektator), der han seier at han høyrer til opposisjonen, og på jesuittvis freistar å oppheva sjåvinist- kunngjeringane sine.
Ein bør merkja seg at Kautsky si «oppfatning» av imperialismen — som er det same som å pynta på imperialismen — er eit attendesteg ikkje berre samanlikna med Finanskapitalen av Hilferding (same kor flittig Hilferding no verjar Kautsky og «einskapen» med sosialsjåvinistane!), men og samanlikna med den sosial-liberale J.A.Hobson. Denne engelske økonomen, som ikkje på noko vis hevdar å vera marxist, definerer imperialismen og avslører motseiingane i han mykje meir djuptpløyande i ei bok som kom ut i 1902.3 Dette er det Hobson (boka hans inneheld mest alle dei pasifistiske og «forlikande» banalitetane til Kautsky) skreiv om det særs viktige spørsmålet, den snyltande naturen til imperialismen:
To slags omstende veikte etter Hobson si meining makta til dei gamle imperia: (1) «økonomisk snylting», og (2) skipinga av hærar av dei avhengige folka. «For det første er det vanen med økonomisk snylting, som herskarstaten har lagt seg til for å bruka provinsane, koloniane og dei avhengige områda sine til å gjera herskarklassen sin rikare og muta dei lægre klassane til å føya seg». Om det andre slaget omstende skriv Hobson:
«Eit av dei merkelegaste symptoma på at imperialismen er blind (denne visa om at imperialismen er «blind» kjem meir høveleg fråden sosialliberale Hobson enn frå «marxisten» Kautsky) er den vørdlause likesæla som Storbritannia, Frankrike og andre imperialist-nasjonar syner i det dei gjev seg ut i dette fårefylte usjølvstendet. Storbritannia har gått lengst. Mesteparten av kampane som vi har vunne det indiske keisardømet med, er blitt utført av innfødde. I India, og nylegare i Egypt, er store ståande hærar vortne sette under britiske kommandantar; mest alle kampane som knyttar seg til områda våre i Afrika unnateke lengst sør, er vortne utførte for oss av innfødde.»
Utsikten til å dela opp Kina kalla fram den følgjande økonomiske vurderinga frå Hobson: «Mesteparten av Vest-Europa kunne då få same utsjånaden og karakteren som landområde i Sør-England, Rivieraen og i turistplaga område eller residens-område i Italia og Sveits syner, små klynger rike aristokratar som tek ut utbytte og pensjonar frå Det fjerne aust, med ei noko større gruppe profesjonelle handlangarar og handelsmenn og ei større gruppe personlege tenarar og arbeidarar i transportverksemd og i sluttstega av produksjonen av meir fordervelege varer. Alle dei viktigaste livgjevande industriane ville ha blitt borte, og hovudnæringsmidla og halvfabrikata ville strøyma inn som skatt frå koloniane… Vi har og sett varsel om sjansen for eit større forbund av veststatar, ein europeisk føderasjon av stormakter, som så langt frå å fremja verdssivilisasjonen ville kunne føra inn den svære fåren for ein vestleg parasittisme, ei gruppe framskridne industrinasjonar med overklassar som drog ut kolossale skattar frå Asia og Afrika, som dei brukte til å forsyta store tamme massar med handlangarar som ikkje lenger driv med hovudarbeidsgreinene jordbruk og tilvirking, men vert haldne for å yta personlege og underordna industrielle tenester under kontroll av eit nytt finansaristokrati. Lat dei som vil venda ein slik teori ryggen (han burde sagt utsyn) av di han ikkje fortener omtanke, granska den økonomiske og sosiale tilstanden i Sør-England i dag, som alt er kome ned til denne tilstanden. Lat han tenkja over kor umåteleg eit slikt system kunne verta utvida om Kina vart underlagt den økonomiske kontrollen til liknande grupper finansfolk, investorar (rentenistar) og tenestemenn i politikken og forretningslivet, som tappa det største potensielle profittreservoaret verda nokon gong har kjent til, for å forbruka det i Europa. Stoda er alt for innfløkt, spelet av verdskrefter alt for ureknande til å gjera den eine eller den andre einskildtolkinga av framtida særleg sannsynleg. Men innverknadene som styrer imperialismen i Vest-Europa i dag rører seg i denne retninga , og om dei ikkje vert motverka eller avleidde, går det i retning av ei slik fullbyrding.»
Sosial-liberalaren Hobson skjønar ikkje at denne «motverknaden» berre kan koma frå det revolusjonære proletariatet og berre i form av ein samfunnsrevolusjon. Men så er han sosial-liberal! Ikkje dess mindre hadde han så tidleg som i 1902 utmerka innsyn i kva «Europas sameinte statar» var og ville seia (lat det vera sagt, til beste for kautskyanaren Trotski!) og i alt det som no vert dekt over av dei hyklande kautskyanarane i ulike land, nemleg at opportunistane (sosial-sjåvinistane) arbeider hand i hanske med det imperialistiske borgarskapet nett mot å skapa eit imperialistisk Europa på ryggen av Afrika og Asia, og at opportunistane objektivt er ein del av småborgarskapet og av visse lag av arbeidarklassen som er vortne muta med imperialistisk superprofitt og omdanna til vakthundar for kapitalismen og øydeleggjarar av arbeidarrørsla.
Både i artiklar og i fråsegnene frå partiet vårt har vi gong på gong peika på dette svært djupe sambandet, det økonomiske sambandet, mellom det imperialistiske borgarskapet og den opportunismen som har sigra (for lang tid?) i arbeidarrørsla. Og av dette slutta vi forresten at eit brot med sosialsjåvinistane ikkje var til å unngå, Kautskyanarane våre føredrog å gå utanom spørsmålet! Martov ytra t.d. ein sofisme i førelesningane sine som vert uttrykt som følgjer i Bulletin for Organiseringskomiteen, Utanlandssekretariatet[4] Nr. 4,10. april 1916:
«Saka til det revolusjonære sosialdemokratiet ville vera i ei sørgjeleg, ja, vonlaus knipe om dei gruppene av arbeidarar som i åndsutvikling kjem «intelligentsiaen» nærast, og som er dei mest dugande, lagnadstungt dreiv vekk frå det og mot opportunismen…»
Ved hjelp av det tåpelege ordet «lagnadstungt» og eit visst fingerknep vert den kjensgjerninga omgått at visse grupper arbeidarar alt har drive vekk til opportunismen og til det imperialistiske borgarskapet! Og det er nett den kjensgjerninga sofistane i O.K vil omgå! Dei avgrensar seg til den «offisielle optimismen» som kautskyanaren Hilferding og mange veiftar seg med no: objektive vilkår tryggjer einskapen i proletariatet og sigeren for det revolusjonære straumdraget! Vi er i sanning «optimistar» med omsyn til proletariatet!
Men i røynda er alle desse kautskyanarane — Hilferding, O.K.-tilhengjarane, Martov og co. — optimistar… når det gjeld opportunismen. Det er kjernen i saka!
Proletariatet er eit barn av kapitalismen — av verdskapitalismen. og ikkje berre av den europeiske kapitalismen, eller av den imperialistiske kapitalismen. I verdsmålestokk, femti år før eller femti år etter — målt i verdsmålestokk er dette eit underordna poeng — «kjem proletariatet» sjølvsagt til å bli sameina, og det revolusjonære sosialdemokratiet kjem «uunngåeleg» til å sigra blant det. Men det er ikkje det som er saka, herrar kautskyanarar. Saka er at nett no, i dei imperialistiske landa i Europa, lograr de for opportunistane, som er framande for proletariatet som klasse, som er tenarane, agentane for borgarskapet og ber fram innverknaden frå det. Og med mindre arbeidarrørsla kvittar seg med dykk, kjem ho til å halda fram med å vera ei borgarleg arbeidarrørsle. Ved å gå inn for «einskap» med opportunistane, med folk som Legien og David, Plekhanov, Tsjkhenkeli og Potresov og tilhengjarane deira, forsvarar de objektivt at det imperialistiske borgarskapet trælbind arbeidarane med hjelp av dei beste agentane sine i arbeidarrørsla. Sigeren til det revolusjonære sosialdemokratiet i verdsmålestokk er heilt uunngåeleg, men han rører seg og kjem til å røra seg, han går fram og kjem til å gå fram mot dykk, han vert ein siger over dykk.
Desse to straumdraga, ein kunne til og med seia to partia, i arbeidarrørsla i dag, som i 1914—16 openbert skilde lag over heile verda, vart spora opp av Marx og Engels i England gjennom fleire tiår, grovt sagt frå 1858 til 1892.
Korkje Marx eller Engels levde så lenge at dei fekk sjå den imperialistiske tidbolken av verdskapitalismen, som ikkje tok til før 1898—1900. Men England har hatt det særdraget at alt midt på 1800-talet synte i det minste dei to viktigaste skiljemerka på imperialisme seg der: (1) veldige koloniar og (2) monopolprofitt (takka vere den monopolstillinga landet hadde på verdsmarknaden). Begge desse to tilhøva gjorde England til eit unnatak mellom dei kapitalistiske landa på denne tida, og Marx og Engels analyserte dette unnataket og peika klart og avgjort på korleis dette hang saman med den (mellombels) sigeren opportunismen vann i den engelske arbeidarrørsla.
I eit brev til Marx, datert 7. oktober 1858, skreiv Engels: «…Det engelske proletariatet held i røynda på å bli meir og meir borgarleg, så det ser ut som at denne nasjonen, som er den mest borgarlege av alle, set seg som mål å få eit borgarleg aristokrati og eit borgarleg proletariat til slutt ved sida av borgarskapet. Dette er sjølvsagt til ein viss mon rettkome for ein nasjon som utbyttar heile verda.»[7] I eit brev til Sorge, datert 21. september 1872, fortel Engels han at Hales stelte i stand mykje bråk i det føderale rådet i Internasjonalen og fekk det til å røysta for ein kritikk av Marx for å ha sagt at «dei engelske arbeidarleiarane hadde selt seg».8 Marx skreiv til Sorge 4. august 1874: «Når det gjeld arbeidarane i byane her (i England), er det synd at heile bundelen av leiarar ikkje kom inn i Parlamentet. Det ville vore den tryggaste måten å bli kvitt heile skokken på.»[9] I eit brev til Marx, datert 11. august 1881, talar Engels om «dei aller verste engelske fagforeiningane som lar seg leia av menn som er selde til borgarskapet, eller i det minste er betalte av det.»[10] I eit brev til Kautsky, datert 12. september 1882, skriv Engels: «Du spør meg om kva dei engelske arbeidarane meiner om kolonipolitikk. Jau, nett det same som dei meiner om politikk i det heile. Det finst ikkje noko arbeidarparti her, det er berre konservative og liberal- radikale, og arbeidarane er gladeleg med på gildet som vert halde på Englands monopol på verdsmarknaden og koloniane.»[11]
Den 7. desember 1889 skreiv Engels til Sorge: «Det mest fråstøytande her (i England) er den borgarlege «respektabiliteten» som har vakse arbeidarane langt inn i margen… Til og med Tom Mann, som eg reknar som den beste av dei alle, er glad i å nemna at han skal eta middag med borgarmeisteren. Om ein jamfører dette med franskmennene, ser ein verkeleg kva ein revolusjon er godt for, når alt kjem til alt.»[12] I eit brev datert 19. april 1890: «Men under overflata held rørsla (til arbeidarklassen i England) fram, og femner om stendig vidare delar og mest nettopp mellom dei lågaste (utheva av Engels) laga, der det har vore stillstand til no. Den dagen er ikkje lenger fjern då denne massen brått vil finna seg sjølv, då han vil vakna og sjå at han er ein kolossal masse i rørsle.»[13] Den 4. mars 1891: «Hamnearbeidarforbundet har ikkje lukkast og har falle saman; dei «gamle» konservative fagforeiningane, som er rike og derfor feige, står åleine att på slagmarka…»[14] 14. september 1891: På Fagforeiningskongressen i Newcastle tapte dei gamle fagforeiningsfolka, dei som var mot åttetimars-dagen «og dei borgarlege avisene ser dette som eit tap for det borgarlege arbeidarpartiet» (utheva av Engels heile vegen)…[15]
Desse ideane, som Engels tok opp på ny og på ny gjennom fleire tiår, gav han og uttrykk for offentleg, i pressa. Provet for dette er føreordet han skreiv til den andre utgåva av «Vilkåra for arbeidarklassen i England», 1892.[16] Her talar han om eit «aristokrati i arbeidarklassen», om eit «priviligert, mindretal blant arbeidarane», i motsetnad til den «store massen av arbeidande menneske». «Eit lite, priviligert, omhegna mindretal» i arbeidarklassen var åleine om å ha «varig føremon» av at England hadde ei priviligert stilling i 1848—68, medan «stortalet av dei merka i høgda ei mellombels betring»… «Når (Englands industrielle) monopol bryt saman, vil den engelske arbeidarklassen tapa den priviligerte stillinga…» Medlemene i dei «nye» fagforeiningane, fagforeiningane for ufaglærde arbeidarar, «hadde den svære føremonen at sinnet deira var urørd mark, heilt fritt frå dei nedervde respektable fordomane som tyngde hjarnane til dei betrestilte ‘gamle fagforeiningsfolka’»… «Dei såkalla arbeidarrepresentantane» i England er folk «som vert tilgjevne at dei høyrer til arbeidarklassen fordi dei sjølve helst vil drukna særkjennet sitt som arbeidarar i eit hav av liberalisme…»
Vi har medvete valt å gje att dei direkte utsegnene til Marx og Engels ganske omfattande for at lesaren skal få høve til å studera dei som heilskap. Og dei bør bli studerte, det er verdt å tenkja dei grundig etter. For dei er dreiepunktet i taktikken for arbeidarrørsla som vert tvinga fram av dei objektive vilkåra den imperialistiske tidbolken gjev.
Her og har Kautsky freista å «leggja spørsmålet i tåke» og byta ut marxismen med sentimental forsoning med opportunistane. Han argumenterer mot dei opne og truskuldige sosialimperialistane (folk som Lensch) som rettferdiggjer at Tyskland er med i krigen med at det er eit middel til å øydeleggja monopolstillinga for England. Her brukar Kautsky ei openberr usanning til å «retta opp» ei like openberr usanning. I staden for ei kynisk usanning nyttar han ei glatt usanning! Englands industrielle monopol er øydelagt for lengst, seier han, og difor er det ikkje meir å øydeleggja.
Kvifor er dette argumentet usant?
Fordi det for det første overser at England har eit kolonialt monopol. Og som vi har sett, peika Engels klårt og tydeleg på dette så tidleg som i 1882, for trettifire år sidan! Englands industrielle monopol kan gjerne ha blitt øydelagt. Men det koloniale monopolet står ikkje berre att, det har blitt kraftig understreka, for heile verda er alt blitt delt opp! Ved hjelp av denne glatte lygna smuglar Kautsky inn den borgarleg – pasifistiske og opportunistisk-spissborgarlege ideen om at «det ikkje er noko å stridast om». Tvert om, kapitalistane har ikkje berre noko å stridast om no, attåt er det slik at dei ikkje kan la vera å stridast dersom dei ønskjer å halda kapitalismen oppe. For om dei ikkje får i stand ei ny oppdeling av koloniane med makt, vil ikkje dei nye imperialistiske landa få tak på dei privilega dei gamle (og veikare) imperialistmaktane har kunna gle seg over.
For det andre, kvifor er det slik at monopolstillinga England har hatt kan forklåra at opportunismen (mellombels) har sigra i England? Fordi monopolstilling gjev superprofittar, dvs. eit overskot av profitt på toppen av dei kapitalistiske profittane som er normale og sedvanlege over heile verda. Kapitalistane kan ofra ein del (og ikkje nokon liten del heller!) av desse superprofittane for å muta sine eigne arbeidarar. Dei kan ofra dei på å skapa ein slag allianse (hugs dei vidgjetne «alliansane» mellom dei engelske fagforeiningane og arbeidskjøparane som ekteparet Webb har skrive om) mellom arbeidarane i ein viss nasjon og deira kapitalistar mot dei andra landa. Englands industrielle monopol vart alt øydelagt mot slutten av det nittande hundreåret. Det er ingenting å diskutera. Men korleis gjekk denne øydelegginga for seg? Vart alt monopol borte?
Dersom det var slik det hadde seg, då kunne ein gjerne seia at Kautsky sin «teori» om forsoning (med opportunistane) til ein viss mon var rettferdiggjort. Men det er ikkje slik det har seg, og det er nettopp det det heile sviv om. Imperialisme er monopolkapitalisme. Alle kartell, trustar, syndikat, alle kjempebankar er monopol. Superprofittane har ikkje blitt borte, dei finst framleis. At eit priviligert, finansielt rikt land utbyttar alle andre land, det held og fram og er blitt meir intenst. Ein handfull rike land — det er berre fire av dei, dersom vi meiner sjølvstendig, verkeleg diger og «moderne» rikdom: England, Frankrike, Tyskland og USA — har utvikla monopol av veldige dimensjonar. Dei tek inn superprofittar som går opp i hundretals om ikkje tusentals millionar. Dei «rir på ryggen» til hundretal på hundretal millionar menneske i andre land og slåst seg imellom om korleis dei skal dela det særskilt rike, særskilt feite og særskilt lett-takande bytet.
Dette er i røynda den økonomiske og politiske kjernen i imperialismen, og det er dei djupe motseiingane i dette Kautsky glattar over i staden for å avsløra.
Borgarskapet i ei imperialistisk «stor»makt er økonomisk i stand til å muta dei øvste laga av arbeidarane «sine» ved å bruka eit hundre millionar francs eller noko slikt om året på det, for superprofittane det får, går truleg opp i eit tusen millionar. Og korleis desse små beina blir delte mellom arbeidarministrane, «arbeidarrepresentantane» (hugs den strålande analysen Engels gav av dette uttrykket), arbeidarmedlemene i krigsindustrikomitear,[17] arbeidartenestemennene, arbeidarane i dei tronge, laugsprega fagforeiningane, kontortenestemennene osb. osb., det er eit spørsmål i andre rekkje.
Mellom 1848 og 1868, og til ein viss mon seinare og, var England åleine om å ha monopol. Difor kunne opportunismen råder i tiår. Ikkje noko anna land hadde korkje svært rike koloniar eller eit industrielt monopol.
I den siste tredelen av det nittande hundreåret kom overgangen til den nye, imperialistiske tidbolken. Finanskapitalen ikkje berre i ei, men i fleire stormakter, sjølv om dei er få, nyt godt av eit monopol. (I Japan og Russland er det slik at monopol på militærmakt, digre landområde eller særskilte føremoner til å røve nasjonale minoritetar, Kina osb., dels gjev noko attåt og dels gjer same nytten som monopolet til ein moderne, tidssvarande finanskapital.) Denne skilnaden forklårer kvifor England kunne halda på monopolstillinga si utan utfordring frå nokon kant i tiår. Monopolet til den moderne finanskapitalen blir utsett for rasande utfordringar; tidbolken for imperialistiske krigar har teke til. , Den gongen var det råd å muta og forderva arbeidarklassen i eitt land i tiår. No er dette usannsynleg, om ikkje umogleg. Men på den andre sida kan alle imperialistiske «stor»makter muta mindre lag (mindre enn i England i 1848—68) av «arbeidararistokratiet», og dei gjer det og. Før i tida kunne eit «borgarleg arbeidarparti», for å bruka det uvanleg djupe uttrykket til Engels, berre veksa fram i eitt land, fordi det var åleine om å ha monopol, men på den andre sida kunne det vara lenge. No er eit «borgarleg arbeidarparti» uunngåeleg og typisk i alle imperialistiske land. Men når ein ser det i høve til den desperate striden dei fører for å dela bytet, er det lite truleg at eit slikt parti kan rå grunnen lenge i mange land. Rett nok gjev trustane, finansoligarkiet, høge prisar osb. sjølve grunnlaget for å muta ein handfull i toppsjikta. Men samstundes kuar og knuser, ruinerer og plagar dei massen av proletariatet og halv- proletariatet.
På den eine sida finst tendensen til at borgarskapet og opportunistane skapar ein handfull svært rike og priviligerte nasjonar om til «evige» snyltarar på kroppen til resten av manneætta, slik at dei kan «kvila på laurbæra» frå utsuginga av negrar, indiarar osb., og halda dei under åket ved hjelp av dei framifrå øydeleggingsvåpna som den moderne militarismen har utstyrt dei med. På den andre sida har vi massane som er meir underkua enn før og ber alle børene av dei imperialistiske krigane. Hjå dei finn vi tendensen til å kasta av seg dette åket og styrta borgarskapet. Det er ikkje til å koma utanom at soga til arbeidarklassen no vil utvikla seg i kampen mellom desse to tendensane. For den første tendensen er ikkje tilfeldig, det er økonomiske «grunnvilkår» for at han eksisterer. I alle land har borgarskapet allereie ale opp, fostra og sikra seg «borgarlege arbeidarparti» av sosialsjåvinistar. Skilnaden mellom eit klårt utforma parti, partiet til Bissolati i Italia til dømes, som er fullt ut sosialimperialistisk, og lat oss seia det halvveges utforma nære-på-partiet til folk som Potresov, Gvozdjov, Bulkin, Tsjkheidze, Skobolev og co. er ein heilt uviktig skilnad. Det som er viktig er at det er skapt økonomiske vilkår som har gjort eit lag av arbeidararistokratiet mogent for å gå over til borgarskapet og at dette no er blitt ei fullbyrda kjensgjerning. Og denne økonomiske kjensgjerninga, dette skiftet i klasseforholda, vil få politisk form, i den eine eller den andre skapnaden, utan særlege «vanskar».
På det økonomiske grunnlaget vi alt har synt til, har dei politiske institusjonane under den moderne kapitalismen — pressa, parlamentet, samskipnader, kongressar, osb. — skapt politiske privileg og bein for lydige, føyelege, reformistiske og patriotiske kontortenestemenn og arbeidarar, som svarar til dei økonomiske privilega og beina. Lønsame og lette jobbar i statsstyret eller i krigsindustrikomitear[17], i parlamentet og ulike komitear, i redaksjonane til «respektable», legale aviser eller i styre og råd i dei like respektable og «borgarleg-lovlydige» fagforeiningane — dette er det agnet det imperialistiske borgarskapet nyttar for å trekkja til seg og påskjøna representantar og tilhengjarar for dei «borgarlege arbeidarpartia».
Mekanikken i det politiske demokratiet arbeider i same leia. Ingenting kan gjerast i vår tid utan val, ingenting kan gjerast utan massane. Og i denne tidbolken med prentekunst og parlamentarisme er det uråd å vinna oppslutnad frå massane utan eit mangegreina, systematisk drive, velutstyrt system av smiger, løgn, svik, jøgling med moderne og populære slagord og lovnader om alle slag reformer og velsigningar for arbeidarane til høgre og venstre — berre dei let den revolusjonære kampen for å styrta borgarskapet liggja. Eg ville kalla dette systemet for lloydgeorgisme, etter den engelske ministeren Lloyd George, ein av dei fremste og mest hendige representantane for dette systemet i det klassiske landet for det «borgarlege arbeidarpartiet». Lloyd George er ein borgarleg manipulator av første klasse, ein snedig politikar, ein folketalar som kan halda kva tale det skal vera, gjerne r-r-revolusjonære talar og, for eit arbeidarpublikum. Han er mann for å få fram monalege føremoner for medgjerlege arbeidarar i form av sosiale reformar (trygd, osb.). Lloyd George tener borgarskapet på ein strålande måte4 og tener det nettopp blant arbeidarane, får innverknaden frå borgarskapet fram nettopp til proletariatet, der borgarskapet treng det mest og der det har størst vanskar med å kua massane moralsk.
Og er det så stor skilnad mellom Lloyd George og folk som Scheidemann, Legien, Henderson og Hyndman, Plekhanov, Renaudel og co.? Når det gjeld dei siste kan ein innvenda at somme vil venda attende til den revolusjonære sosialismen til Marx. Dette er mogleg, men det er ein uviktig gradsskilnad om ein ser spørsmålet frå den politiske sida, dvs. frå masse-sida. Visse einskildpersonar blant dei noverande sosial-sjåvinistiske leiarane kan gjerne koma til å venda attende til proletariatet. Men det sosialsjåvinistiske eller (og det er det same) opportunistiske straumdraget kan korkje bli borte eller «venda attende til» det revolusjonære proletariatet. Kvar helst marxismen er populær blant massane, vil dette politiske straumdraget, dette «borgarlege arbeidarpartiet» sverja ved namnet til Marx. Ein kan ikkje forby det å gjera dette, nett som ein ikkje kan forby eit handelsfirma å nytta noko særskilt merke, teikn eller reklameskilt. Det har alltid vore tilfellet i historia at når revolusjonære leiarar som var populære i dei underkua klassane er døde, då har fiendane deira freista å eigna til seg namna deira for å narra dei underkua klassane.
Kjensgjerninga er at «borgarlege arbeidarparti» som politisk fenomen allereide har teke form i alle dei fremste kapitalistiske landa. Og dersom det ikkje vert ført ein målmedviten og ubøyeleg strid over heile lina mot desse partia — eller gruppene, straumdraga osb., det er det same alt i hop — kan det ikkje bli spørsmål om nokon strid mot imperialismen, eller med nokon marxisme, eller med ei sosialistisk arbeidarrørsle. Tsjkheidze-fraksjonen,[18] Nasje Djelo og Golos Truda[19] i Russland og O.K.-tilhengjarane i utlandet er ikkje anna enn variantar av eit slikt parti. Det finst ikkje den minste grunn til å tru at desse partia vil bli borte før samfunnsrevolusjonen. Tvert om, dess nærmare revolusjonen kjem, dess sterkare han blussar opp, og dess snøggare og meir valdsame og sterke overgangane og spranga han utviklar seg gjennom blir, dess større rolle vil kampen som den revolusjonære massestraumen fører mot den opportunistiske småborgarlege straumen spela i arbeidarrørsla. Kautskyanisme er ikkje eit sjølvstendig straumdrag, for det har korkje røter i massane eller i det priviligerte laget som har gått over til borgarskapet . Men fåren ved kautskyanismen ligg i at han nyttar ideologien frå i går for å freista å forsona proletariatet med det «borgarlege arbeidarpartiet», å halda proletariatet samla om dette partiet, og dermed gje det større ry. Massane følgjer ikkje lenger dei opne sosialsjåvinistane: Lloyd George er blitt pipen ut på arbeidarmøte i England, Hyndman har gått ut av partiet, folk som Renaudel og Scheidemann, Potresov og Gvozdjov står under vern frå politiet. Den tildekte måten kautskyanarane verjar sosialsjåvinistane på er langt farlegare.
Ein av dei vanlegaste utspekulerte frasane frå kautskyanismen er å visa til «massane». Vi ønskjer ikkje å bryta med massane og masseorganisasjonane, seier dei! Men hugs berre på korleis Engels stilte spørsmålet. I det nittande hundreåret sto «masseorganisasjonane» til dei engelske fagforeiningane på sida til det borgarlege arbeidarpartiet. Marx og Engels slo seg ikkje til ro med det på dette grunnlaget, dei avslørte det. Dei gløymde for det første ikkje at fagforeiningsorganisasjonane berre femnde om eit mindretal i proletariatet. I England den gongen, som i Tyskland no, var ikkje meir enn ein femdel av proletariatet organisert. Ingen kan på alvor meina at det er råd å organisera fleirtalet av proletariatet under kapitalismen. For det andre — og det er hovudpunktet — er det ikkje så mykje eit spørsmål om kor stor ein organisasjon er, som om kva det verkelege, objektive innhaldet i politikken han står for er: Representerer politikken massane, dvs. har han som mål å gjera dei frie frå kapitalismen, eller representerer han interessene til mindretalet, mindretalet som vil forsona seg med kapitalismen? Det siste galdt for England i det nittande hundreåret, og det gjeld for Tyskland osb. osb.
Engels dreg eit skilje mellom det «borgarlege arbeidarpartiet» til dei gamle fagforeiningane — det priviligerte mindretalet — og dei «lågaste» massane, det verkelege fleirtalet, og appellerer til dei siste, som ikkje er smitta av «borgarleg respektabilitet». Dette er kjernen i den marxistiske taktikken!
Korkje vi eller nokon annan kan rekna ut kor stor del av proletariatet som følgjer eller vil følgja sosialsjåvinistane og opportunistane. Dette vil først bli avgjort av kampen, det vil først bli endeleg avgjort av den sosialistiske revolusjonen. Men vi veit heilt visst at dei som er for «fedrelandsforsvaret» i den imperialistiske krigen berre representerer eit mindretal. Og difor er det ei plikt for oss om vi framleis vil vera sosialistar å gå lenger ned og djupare, til dei verkelege massane: Dette er heile meininga med kampen mot opportunismen og heile innhaldet i denne kampen. Vi må avsløra at opportunistane og sosialsjåvinistane i røynda svik og sel interessene til massane, at dei verjar dei privilega som eit mindretal av arbeidarane har for ei viss tid. Vi må avsløra at dei er berarar av borgarlege idear og borgarleg innverknad, at dei eigentleg er allierte med borgarskapet og agentar for det. På den måten lærer vi nettopp massane til å sjå kva interesser dei verkeleg har, å kjempa for sosialismen og for revolusjonen gjennom alle dei lange og pinefulle omskifta med imperialistiske krigar og imperialistiske våpenstillstandar.
Den einaste marxistiske lina i den internasjonale arbeidarrørsla er å forklåra for massane at det er uunngåeleg og naudsynt å bryta med opportunismen, å oppseda dei for revolusjonen ved å føra ein ubøyeleg kamp mot opportunismen, å nytta røynslene frå krigen til å avsløra, ikkje dølja, kor umåteleg skammeleg den nasjonal-liberale arbeidarpolitikken er.
I den neste artikkelen skal vi freista å summera opp dei hovuddraga som skil denne lina frå kautskyanismen5.
Omsett etter den engelske teksten i Samla verk, b. 23, Moskva 1964, 1974, s.111—120.
NOTER
1. Marx, «Forord til den andre utgåva av Louis Bonapartes 18. brumaire», Marx Engels Werke, Berlin 1973, b. 16, s. 359.
2. Die Neue Zeit (Ny Tid) — eit tysk sosialdemokratisk tidsskrift som vart gjeve ut i Stuttgart frå 1883 til 1923. I 1885—95 prenta tidsskriftet somme av artiklane til Engels. Engels gav ofte instruksjonar til redaktørane av tidsskriftet og kritiserte det skarpt for avvika det gjorde frå marxismen. Frå den siste halvparten av 90-åra, etter at Engels var død, kom Die Neue Zeit stadig ut med artiklar av revisjonistar. Under den imperialistiske krigen frå 1914—18 tok det eit sentristisk, kautskyansk standpunkt og støtta sosialsjåvinistane.
3. Sotsial-Demokrat — sentralorganet for Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet. Kom ut som ei illegal avis frå februar 1908 til januar 1917. I alt kom det 58 utgåver — dei første i Russland, resten i utlandet, i Paris og seinare i Geneve. Sotsial-Demokrat prenta meir enn 80 artiklar og notisar av Lenin, som vart redaktør for bladet i desember 1911.
4. Kommunist — blad som Lenin organiserte. Gjeve ut i Geneve i 1915 av redaksjonen i avisa Sotsial-Demokrat. Kom ein gong med eit dobbeltnummer, der det stod tre artiklar av Lenin: «Samanbrotet i Den andre internasjonalen», «Røysta til ein ærleg fransk sosialist» og «Imperialismen og sosialismen i Italia».
I redaksjonen for bladet kjempa Lenin mot den partifiendslege gruppa til Bukharin-Pjatakov og avslørte dei anti-bolsjevikiske synsmåtane deira og freistnadene deira på å nytta bladet til fraksjonsformål. Ut frå den partifiendslege stillinga til denne gruppa instruerte Lenin redaksjonen i Sotsial-Demokrat til å bryta sambandet med det og stansa fellesutgjevinga av bladet. I oktober 1916 byrja redaksjonen i Sotsial-Demokrat å gje ut sin Sbornik Sotsial-Demokrata.
5. Organiseringskomiteen (O.K.) — det leiande mensjeviksentret som vart forma i 1912 ‘ på Augustkonferansen for dei mensjevikiske likvidatorane og alle partifiendslege grupper og straumdrag.
6. Bulletin for Organiseringskomiteen, Utanlandssekretariatet — ei mensjevikisk avis som vart gjeven ut i Sveits frå februar 1915 til mars 1917. Det kom ut 10 nummer.
7. Marx Engels Werke, Berlin 1973, b. 29, s. 358.
8. Marx Engels Werke, b. 33, s. 524.
9. Marx Engels Werke, b. 33, s. 635.
10 .Marx Engels Werke, b. 35, s. 210.
11. MarxEngels Werke.b. 35, s. 357.
12. MarxEngelsWerke.b.37,s.321.
13. Marx Engels Werke, b. 37, s. 394.
14. Marx Engels Werke, b. 38, s. 46.
15. Marx Engels Werke, b. 22, s. 265—278.
16. https://www.marxists.org/archive/marx/works/1845/condition-working-class/
17. Krigsindustrikomitear vart bygde opp i Russland i 1915 av det store imperialistiske borgarskapet. Borgarskapet prøvde å få arbeidarane under sin innverknad og planta for-svarshugne kjensler i dei, og vedtok difor å forma «arbeidargrupper» av krigsindustrikomiteane. Det var ein føremon for borgarskapet å ha representantar for arbeidarane i desse krigsindustrikomiteane som skulle oppmoda arbeidarmassane til å auka arbeidsproduktiviteten i krigsfabrikkane. Mensjevikane tok aktivt del i denne psevdopatriotiske samansverjinga til borgarskapet. Bolsjevikane gjekk inn for boikott av krigsindustrikomiteane og lukkast med å gjennomføra denne boikotten med støtte frå fleirtalet av arbeidarane.
18. Tsjkheidze-fraksjonen — mensjevikfraksjonen i Den fjerde statsdumaen.
19. Nasje Djelo (Vår sak), mensjevikisk månadsblad, utgjeve i Petrograd i 1915. Galos Truda (Arbeidets røyst), legal mensjevikavis, kom med tre nummer, i 1916.
* Når det gjeld opplysningar om personar som er nemnde i artikkelen, viser vi til personregistra i Lenin: Verker i utvalg i 12 bind, Forlaget Oktober.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.
- Muting, av muta, bestikke på bokmål. — Red.
- «Imperialismen er eit produkt av den høgt utvikla industrikapitalismen. Han går ut på at alle industrielle kapitalistiske nasjonar strevar etter å underkua og annektera stadig større jordbruksområde, utan omsyn til nasjonane som bur der» (Kautsky, i Die Neue Zeit,[2] 11. september 1914). (Leninsnote)
- J.A. Hobson, Imperialismen, London, 1902. (Lenins note)
- Eg har nyleg lese ein artikkel i eit engelsk blad av ein Tory, ein politisk motstandar av Lloyd George, som heitte «Lloyd George sett frå synsstaden til ein Tory». Krigen opna augo på denne motstandaren hans og fekk han til å skjøna kva for ein framifrå tenar for borgarskapet denne Lloyd George er! Toriane har slutta fred med han! (Lenins note.)
- Lenin kom ikkje til å skriva framhaldet av denne artikkelen. —Red.