Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Kapitalistar, politikarar og både norske- og utanlandske militærtoppar var til stede på årskonferansen til Bergen Næringsråd for å diskutere den stadige endrande verda imperialiststaten Noreg finn seg i. Imperialismens allmenne krise og forrotning har ført til ei stadig meir usikker verd for imperialistane, som gjennom aukande militarisering av samfunnet førebur seg for den neste store inter-imperialistiske krigen.
Den 14. november arrangerte Bergens Næringsråd årskonferansen sin og feira sitt 180-års jubileum. Bergens Næringsråd er den største medlemsorganisasjonen for næringslivet i Bergensregionen, og årskonferansen med den påfølgande festmiddagen er ein populær møteplass for kapitalistar, politikarar og andre innflytelsesrike personar i Bergen.
Hovudtematikken i årets konferanse var sjakk, der Noreg saman med andre imperialistar og imperialistalliansar blir framstilt som brikker i eit sjakkspel. Gjennom heile programmet var hovudfokuset på korleis imperialiststaten Noreg kan komme seg best ut av og tene på dagens imperialistiske rivalisering.
Den første seksjonen av programmet var fokuset på skiftande alliansar og endring av maktbalansen i verda. Her heldt Ane Kvaal, politimester i Vest politidistrikt, og Håkon Skulstad, politidirektør i Politidirektoratet, eit innlegg om korleis desse endringane påverke trusselbildet i Vestlandet og Bergen.
Den andre seksjonen av programmet hadde fokus på beredskap og krig. Her kom Anatoily Kazmirchuk, ein generalmajor i det Ukrainiske forsvaret, for å snakke om situasjonen på fronten i Ukraina. Seinare kom Konsernsjefen for Kongsberggruppen, Geir Håøy, og heldt eit innlegg med tittelen “Totalforsvar i praksis. Teknologi, beredskap og samfunnsansvar” i den same seksjonen av programmet.
Andre som var ein del av programmet var Dasha Navalnaya (dottera til Aleksey Navalny) og Knut Arild Hareide, administrerande direktør i Norges Rederiforbund. Årskonferansen slutta med ein panelsamtale mellom statsminister Jonas Gahr Støre og Erna Solberg, leiaren i Høgre, som skulle samla trådane av dagen.
Referanser:
Stedet å være i 2025: Årskonferansen og Årsmiddagen – Program (bergen-chamber.no)
Se Årskonferansen 2025 i bilder (bergen-chamber.no)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.