Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Over heile Norden har kameratane våre markert arbeidarkvinnene sin internasjonale kampdag. Dagen vart markert i alle dei nordiske landa med revolusjonær glød, entusiasme og optimisme – med eit spesielt fokus på antiimperialisme.
Finland
Punalippu rapporterer om at mange aktivistar og antiimperialistar deltok aktivt på fleire aksjonar og markeringar i Finland. Det har vore eit fokus på antiimperialisme og proletær feminisme i år, spesielt med tanke på den imperialistiske krigen som førast mot Iran og bruken av «kvinner» som verktøy for å unnskylde krigen.
I Turku vart det haldt ein demonstrasjon med godt oppmøte. Fokuset var kampen mot patriarkatet, mot krig og for situasjonen i Iran. Det var slagord for fred i Iran, Ukraina og mot Erdogan og hans forfølging av det kurdiske folket. Det var òg eit banner med teksta «Yankeeane frigjer ikkje! Ned med imperialistisk aggresjon!»

I Helsinki var det ei markering med marsj. Dette er den årlege markeringa der statsministeren held tale. Antiimperialistar og aktivistar deltok med parolar for proletær feminisme og kommunisme, med fokus på at kvinner ikkje er offer, men kjemparar. Det var parolar mot imperialistiske krigar og i støtte for folkekrigane i India, Peru, Tyrkia og Filippinane. Men her òg var hovudparolen «Yankeeane frigjer ikkje! Ned med imperialistisk aggresjon!» Aktivistane har sagt til Punalippu at fokuset var kampen mot sionisme, imperialisme og den folkemorderiske Operasjon Kaagar. Mot slutten av markeringa, deltok aktivistane i Palestina-rørsla sine slagord for å overdøyve statsministeren si tale:
I Tampere var det òg ei markering med marsj. Her var igjen hovudparolen mot yankee-imperialisme og aggresjon. I motsetnad til året før, var det ingen angrep på markeringa fra fascistar, som bevisa at det hjelper å forsvare seg sjølv mot fascisme og kjempe mot!


Sverige
Kommunisten.nu rapporterer om fleire aksjonar rundt den 8. mars. Før sjølve dagen, samla kameratane seg i eit større politisk møte der dei diskuterte kvinneundertrykking i dag, og dei einast bak parolen «Kamp mot den patriarkalske og kapitalistiske staten!» Kommunisten.nu skriv om korleis den moderne svenske «velferdsstaten» er eit fengsel for dei proletære kvinnene, der utviklinga av denne staten er samanfletta med utviklinga av eit kvinneleg velferdsproletariat. Vidare, konkluderer dei at berre den sosialistiske revolusjonen kan endeleg frigjera kvinner.
På sjølve dagen held aktiviser agitatoriske markeringar på Råduhstorget og Stortorget i byen Gälve:


Danmark
I København har det vore fleire aksjonar og aktivitetar rundt og under den 8. mars. Våre kameratar i Røde Fane rapporterer på sine nettstader. Den 7. mars vart det haldt eit ope møte i opptakt til 8. mars. Her vart kvinnelege revolusjonære heve fram, blant anna kamerat Norah av Perus Kommunistiske Parti og Leila Khaled av PFLP. Under møtet vart dokumentaren Hijacker vist, som er ein film om korleis Leila Khaled kapra eit fly for Palestina. Det vart òg sunge feministiske songer og lese opp feministiske og revolusjonære dikt og taler. Møtet ga rom til fleire livlege diskusjonar, og sette stemning for dagen etter. Det vart òg i forkant av møtet hengt opp fleire plakatar for å mobilisere til å gå ut på gata 8. mars.

På sjølve dagen, vart det haldt ein storarta demonstrasjon på plassen der Klara Zetkin i 1910 leia den Internasjonale Sosialistiske Kvinnekonferansen og innvia 8. mars som arbeidarkvinnene sin internasjonale kampdag. På demonstrasjonen deltok Antiimperialistisk Aksjon som medarrangør i lag med ei rekkje revolusjonære og progressive organisasjonar. Kameratane våre rapporterer at demonstrasjonen var livleg, med fleire musikalske innslag. Det vart halde fleire taler og leia kamprop i støtte til folka i Palestina, Iran og Libanon. Særleg merkbart, var det ei tale for det grønlandske folket. Talene heva fram korleis det er kvinner som lir mest under imperialismen, med tredobbel undertrykking, og korleis det under vårt samfunn i dag ikkje er mogleg å frigjera kvinner; at kvinner må kjempe for det nye, sosialistiske samfunnet. Demonstrasjonen runda av med kamprop i solidaritet med eit anna demonstrasjonstog som gjekk forbi.


Les også:
Referansar:
Kansainvälinen työtätekevien naisten päivä Suomessa 2026 (punalippu.org)
Video: Palestiina-aktivistit paljastavat pääministeri Orpon kansanmurhan tukijaksi 8. maaliskuuta (punalippu.org)
8 mars 2026: Aktionsrapport (kommunisten.nu)
København: Aktiviteter fra den 8. marts (roedefane.org)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.