Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
I Danmark har det borgarlege diktaturet haldt eit tidleg folketingsval. Valsirkuset var prega av mistillit til regjeringspartia og fraksjonering av det borgalege «demokratiet».
Våre kameratar i Røde Fane delte ei fråsegn av Antiimperialistisk Aktion om valet. I fråsegna skildrar dei den danske staten som ein «liten imperialist» som lever i skuggen av den tyske og den franske imperialistmakta. For å overleva, må den danske imperialistiske staten massivt utvide sine militære evner, og for å gjera dette, har den såkalla «sentrumsregjeringa» spelt ei nødvendig rolle. Igjennom partia på høgresida kunne dei skaffe støtte blant den private kapitalen og med det sosialdemokratiske partiet kunne dei pasifisere fagrørsla.
Vidare har kameratane skrive at det politiske landskapet i det borgarlege demokratitet er enno meir fraksjonert etter dette nye valet. Alle 12 partia som stilte til val fekk plass på Folketinget, og prosessen med å skape ei ny regjering kjem til å bli vanskeleg. Ei ny «sentrumsregjering» er umogleg, da både sosialdemokratane og partia på høgresida seier dei ikkje vil inn i ei ny slik regjering. Det beviser igjen at det borgarlege demokratiet er i krise.
Det har også vore fleire propagandaksjonar rundt om i Danmark. Blant anna, har det vore tagging i både København og Aalorg for boikott av valet:



Les også:
Referansar:
Den demokratiske maske falder i Danmark – BOYKOT VALGET (roedefane.org)
Valget afslører det borgerlige demokratis krise (roedefane.org)
København: Aktioner for valgboykot (roedefane.org)
Aalborg: Aktioner for valgboykot (roedefane.org)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.