Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Fleire hundre bangladesharar har vorte lokka til Russland med lovnadar om arbeid, men vart i staden sendt til frontlinja i Ukraina.
Ifølgje ei undersøking utført av det borgarlege nyhetsbyrået Associated Press (AP), kan opptil fleire hundre bangladesharar ha vorte lurt med lovnadar om arbeid i Russland, for så å bli sendt til frontlinja i Ukraina. Der blir dei tvunge til å gjera førstehjelp og hente ut skadde soldatar og grave skyttargraver. Dei får òg våpentrening og sete ut i tvungen militær teneste – militært slaveri.
Agentar i Bangladesh lokkar fattige og arbeidarar med lovnadar om relativt godt betalt arbeid i Russland, blant anna som reingjerarar eller i sama yrke som dei har i Bangladesh, berre betre betalt. Dei må ta opp lån eller selje land og eigedelar for å betale for reisa til Moskva, der dei blir bedne om å skrive under ei avtale på russisk. Dette er avtaler som ifølgje AP lover dei vekk til den russiske hæren. Dei blir vidare sendt til fronten, kor dei får våpentrening og anna militær opplæring. Dei får òg opplæring i droneflyging.
Fleire av dei AP har intervjua, fortel om grufulle forhold. Dei bangladeshiske slavesoldatane blir utsette for tortur og drapstrugslar om dei ikkje lystrar ordre, men òg om dei ikkje forstår ordrane – som blir gjevne på russisk. Ein fortel om å bli lenkja fast i ei trong kjellar og slått med spade. Han vart egentleg lovt arbeid som elektrikar ved ei militærbase.
Desse slavesoldatane blir altså lokka til Russland med lovnadar om relativt godt betalt arbeid, men når dei kjem fram, blir dei selt til den russiske hæren og sete inn på fronten for å gjera nedverdigande arbeid under trugslar. Dei som AP har snakka med, fortel om at dei har sett fleire hundre landsmenn med dei på fronten. Ifølgje aktivistar, har Russland òg framandkrigarar fra andre land som Nepal, India og afrikanske land. Politiet i Bangladesh reknar med at minst 40 bangladesharar er drepne i krigen i Ukraina.
Hittil har politiet i Bangladesh sikta fleire bangladeshiske menn med tilknyting til Russland, men ingen er dømd enno.
Sjøl om den russiske imperialismen er inga hegemonisk makt på linje med yankee-imperialismen, er han framleis ein fiende av verdas arbeidande folk. Krigen i Ukraina er ein imperialistisk aggresjonskrig, som ikkje berre går utover det ukrainske folket, men òg folk i andre undertrykte land i Asia og Afrika. Samtidig, ser vi at den russiske imperialismen er desperat etter ny arbeidskraft, og går så langt at dei lurar til seg arbeidarar fra land langt borte fra fronten. Den russiske staten og kapitalen er i forfall og med den fell russisk imperialisme og aggresjonskrig.
Les også:
Referanse:
Workers from Bangladesh sought jobs in Russia but instead got sent to combat in Ukraine (apnews.com)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.