Av en kommentator for Tjen Folket Media.
Måndag 27. april braut det ut folkelege opptøyer i Miguel Castro Castro fengsel i Lima, Peru. Dei braut ut grunna dei elendige forhalda i fengselet og mangelen på tiltak mot COVID-19.
Miguel Castro Castro-fengselet er som dei fleste fengsla i Peru overfylte, dei insette lever som sild i tønne. Fengselet har ein kapasitet på 2000 fangar, men husar 5500 fangar. Det er bekrefta 600 smitta i fengsla rundt om i landet og tallet er truleg høgare grunna mangel på testing. Etter at fleire innsette i Miguel Castro Castro-fengselet hadde døydd grunna viruset, braut det ut opptøyer på måndag.
I fengselet kunne ein sjå slagord malt på bannere på innsida av fengselet, der ein kunne lese “Retten til livet”, “Me har lyst å leva, men på utsida av murane”. Slagorda er korrekte og rettferdige krav, i følgje den borgarlege menneskerettsorganisasjonen Amnesty International har over 59 prosent av dei innsatte ikkje blitt dømd for noko. Dei fleste sit i fengsla i opp til 18 månadar før det blir rettsak.
Som reaksjon til opptøyane tilkalla fengselsvaktene hjelp frå politiet, familiemedlemmar til de innsatte seier at politiet opna ild mot fangane. Ni innsette vart drepne i samanstøytet med den gamle staten sine styrker. 60 av den gamle staten sine styrker blei skadd i opptøyene. Den gamle staten har enno ikkje sagt kva dødsårsaka er, men sier at dei drepne har blitt sendt til obduksjon. Dei seier også at opptøyene er under kontroll onsdag.
I videoen under kan ein sjå politistyrker som siktar med hagler og lydar som minner om skot:
Kjære leser,
Vi trenger din støtte for å fortsette å eksistere, og for å utvikle arbeidet videre. Vi trenger penger til lagringskapasitet, programvare og annen drift.
Liker du det vi skriver? Støtt oss da gjerne med et bidrag, stort eller lite, og gjør det gjerne til en fast støtte. Vi ønsker også tips og artikler velkommen, og vi setter stor pris på at du deler våre saker videre.
Ønsker du kontakt med andre revolusjonære? Skriv til oss gjennom vårt kontaktskjema, og vi formidler kontakt. Vi oppfordrer til å være varsom på nett, og anbefaler å bruke kryptert e-post samt TOR eller VPN.