1

Bergen: Streikande arbeidarar får støtte

I fire veker har mekanikarane hos BerteI O. Steen sine avdelingar i Åsane, Arna og på Kokstad redusert arbeidstempoet slik at dei no jobbar 45% av vanleg tempo. Dei får då berre utbetalt 45% av lønna medan aksjonen pågår, og fire veker inn i aksjonen begynner det å koste arbeidarane, men kamplysten ser ikkje ut til å avta.

Får hjelp
I skrivande stund har 129 givarar bidratt med 63 560 kr til dei streikande arbeidarane.

I tillegg til dette har Fellesforbundet avdeling 1 i Oslo og Akershus, med mange bilmekanikarar, gitt eit bidrag på heile 80.000 kroner til aksjonistane i Bergen.

«Vi gir vår fulle støtte til medlemmene i Bertel O. Steen-klubbene i Bergen i sin kamp for sin rettmessige del av verdiskapningen og på veien mot et mer rettferdig lønnssystem i bilbransjen», skriv styret i fagforeininga.

I tillegg har Heismontøranes Fagforening (EL og IT) gitt 5.000 kroner, ifølge Bertel O. Steen-klubben, og Oslo Grafiske Fagforeining (Fellesforbundet) har gitt same beløp.

Unionen fagforening i Bergen har også vilga 40 000 kroner i støtte til dei aksjonerande arbeidarane.

Dei streikande arbeidarane har med andre ord fått støtte på oppunder 200 000 kroner, noko klubbleiar Kristoffer Heggholmen seier i eit intervju med Fri Fagbevegelse at dei set stor pris på, både den moralske og økonomiske støtta.

Les mer om aksjonen her:
https://tjen-folket.no/index.php/2022/08/08/bergen-mekanikere-gar-sakte-for-hoyere-lonn/

Referanser:

Unionen Fagforening gir 40 000

Frifagbevegelse: Mekanikarar i Bergen har fått inn 130 000 kr i støtte til gå sakte aksjon

Spleis: Støtt aksjonistene hos Bertel O. Steen