Utval av skriftene til Karl Marx, Friedrich Engels, V.I.Lenin, Josef Stalin, Mao Tsetung
©Forlaget Oktober, Oslo 1978. Kopiert og redigert frå PDF-versjon:
http://akp.no/ml-historie/pdf/klassikerne/marxisme_og_kvinnefrigjoring.pdf
Innhold
FØREORD FRÅ FORLAGET
Denne boka er ei samling utdrag frå skriftene til Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao om kvinnene si stilling i samfunnet. Boka inneheld utval frå større verk og frå artiklar og talar. Alt i alt syner desse utdraga kva som er røttene til kvinnespørsmålet, og kor omfattande det er, slik spørsmålet er utvikla og oppsummert av dei marxist-leninistiske klassikarane.
Forlaget Oktober har bygd si utgåve på utvalet i «The Woman Question», utgjeve av International Publishers, New York. Forlaget Oktober har utvida utvalet med utdraga frå skriftene til Mao Tsetung og dessutan somme Lenin-sitat, og står sjølvsagt eineansvarleg for heilskapen.
Utdraga i vår utgåve er ikkje omsett etter «The Woman Question», men etter dei autoriserte utgåvene av Samla verk. Marx og Engels-utdraga er omsette frå tysk, resten frå engelsk.
Overskrifter, noter osb. står for forlaget si rekning, med unntak av note 22 til avsnittet «Dei fire maktene som bind folket», som er teken frå Utvalde verk av Mao Tsetung. -Red.
l. TRÆLEBINDINGA AV KVINNENE
1. MENN, KVINNER OG ARBEIDSDELINGA
Soga lærer oss at den klassen eller sosiale gruppa som spelar hovudrolla i samfunnsproduksjonen og utfører dei viktigaste oppgåvene i produksjonen, med tida uungåeleg vil ta kontrollen over den produksjonen. Det var ei tid, under matriarkatet, då folk såg på kvinnene som dei som kontrollerte produksjonen. Kvifor var det slik? Av di den typen produksjon som dominerte på den tida var det primitive jordbruket. Under det spela kvinnene hovudrolla i produksjonen og hadde dei viktigaste oppgåvene, medan mennene flakka omkring i skogane på jakt etter vilt. Så kom ei tid, under patriarkatet, då den dominerande stillinga i produksjonen gjekk over til mennene. Kvifor kom denne endringa? Av di den typen produksjon som dominerte på den tida var feavl. Dei viktigaste produksjonsreiskapane var spydet, lassoen og pila og bogen, og her var det mennene som spela hovudrolla.
Stalin, «Anarkisme eller sosialisme?», Verk b. 1, engelsk utgåve, s.341-342.
At produksjonen auka i alle greiner – feavl, jordbruk, heimehandverk – sette den menneskelege arbeidskrafta i stand til å framstilla eit større produkt enn det som trongst for å halda ho ved lag. Samstundes auka det den daglege arbeidsmengda som kvart medlem i gensen, husfellesskapet eller einskildfamilien måtte gjera. No vart det ynskjeleg å føra inn ny arbeidskraft. Det gjorde krigen: Krigsfangane vart gjorde til slavar. Den fyrste store samfunnsmessige arbeidsdelinga auka arbeidsproduktiviteten og difor rikdomen, og ho utvida området for produksjonen. Under dei allmenne historiske vilkåra som herska måtte dette føra til at slaveriet kom etter. Av den fyrste store samfunnsmessige arbeidsdelinga oppsto den fyrste store kløyvinga av samfunnet i to klassar: herrar og slavar, utbyttarar og utbytta.
Enno veit vi ikkje noko om korleis og når bølingane gjekk over frå å vera felleseigde for stammen eller gensen til å verta eigedomen åt dei einskilde familieoverhovuda. Men det må i hovudsak ha gått føre seg på dette steget. Med bølingane og dei andre nye rikdomane opplevde familien ein revolusjon. Det hadde alltid vore ei sak for mannen å skaffa til veges det som trongst for å oppretthalda livet, for han laga og åtte midla til det. Bølingane var det nye midlet til å skaffa det som trongst, og det var mannsarbeid fyrst å temja dyra og sidan stella dei. Difor var det han som åtte feet, og han åtte varane og slavane som dei byta til seg for feet. Heile overskotet som no kom frå arbeidet med å livberga seg, var det mannen som fekk. Kvinna var med på å nyta det, men ho hadde ingen del i eigedomen. Den «ville» krigaren og jegeren hadde vore nøgd med andreplassen i huset, etter kvinna. Den meir «godmodige» gjetaren pukka på rikdomen sin og trengte seg fram til fyrsteplassen, medan han skauv kvinna ned på andreplassen. Og ho kunne ikkje klaga. Arbeidsdelinga i familien hadde ordna delinga av eigedomen mellom mann og kvinne. Same arbeidsdelinga stod ved lag, og likevel hadde ho no snudd opp ned på dei tilhøva som hadde rådd i huset til då, rett og slett av di arbeidsdelinga utanfor familien hadde vorte ei anna. Den same årsaka som tidlegare hadde sikra kvinna herredøme i huset – at verkefeltet hennar var avgrensa – var no årsak til at mannen fekk herredømet i huset: Husarbeidet åt kvinna fekk mindre og mindre å seia jamført med det arbeidet mannen gjorde for å skaffa til livets opphald . Det mannen gjorde hadde alt å seia . Det kvinna gjorde var eit ringt tillegg. Alt her syner det seg at det korkje er eller vil vera råd å frigjera kvinna og jamstille ho med mannen så lenge ho er stengd ute frå samfunnsmessig produktivt arbeid og virkefeltet hennar er innskrenka til privat husarbeid. Det vil fyrst verta råd å frigjera kvinna når ho kan ta del i produksjonen i stort samfunnsmessig omfang og husarbeidet ikkje krev meir enn ein uvesentleg del av tida hennar. Og dette har fyrst vorte mogleg gjennom den moderne storindustrien. Storindustrien gjev ikkje berre rom for at kvinnene kan arbeida i stor stil, han beint fram krev det. Storindustrien strevar etter å løysa det private husarbeidet meir og meir opp i ein offentleg industri.
Då mannen verkeleg fekk herredøme i huset, fall den siste skansen som hindra at han var eineveldig. Dette eineveldet vart stadfesta og foreviga ved at morsretten vart styrta, farsretten innført og ved at paringsekteskapet gradvis gjekk over til monogami. Engels, «Opphavet til familien, staten og privateigedomen»
Marx, Engels, Verk, b. 21, tysk utgåve, s. 157-158.
2. PARINGSFAMILIEN
Utviklinga av familien i urhistoria er altså ei stendig innsnevring av krinsen som ekteskapstilhøva mellom dei to kjøna gjekk føre seg innanfor. Opphaveleg omfatta han heile stammen. Fyrst vart nære slektningar stengde ute, seinare meir og meir fjerne slektningar, og til slutt også inngift familie. Den stendige utestenginga endte med at ein kvar type gruppekteskap vart praktisk talt umogleg. Til slutt var det berre det einskilde paret att, og banda som batt partane i hop var framleis lause. Om dette molekylet vart oppløyst, ville sjølve ekteskapet ta slutt. Dette syner i seg sjølv kor lite den individuelle kjønskjærleiken i moderne tyding av ordet hadde å gjera med oppkomsten av einskildekteskapet. Praksisen åt alle folk som står på dette trinnet i utviklinga, er endå sterkare prov for det. Under dei tidlegare familieformene hadde mennene aldri sakna kvinner, men tvert om heller hatt meir enn nok av dei. No hadde kvinnene vorte færre og svært ettertrakta. Det er såleis med paringsekteskapet at røving og kjøp av kvinner tek til. Dette var utbreidde teikn , men heller ikkje meir, på at det hadde funne stad ei mykje djupare endring. Desse teikna var ikkje anna enn metodar for å skaffa seg koner, men den pedantiske skotten, McLennan, har dikta dei om til særskilde familietypar og kalla dei «rovekteskap» og «kjøpsekteskap». Også elles, hos dei amerikanske indianarane eller hos andre folk (på same utvikIingssteget), er det å inngå ekteskap ikkje ei sak for dei som skal gifta seg, som ofte ikkje vert rådspurte i det heile, men for mødrene deira. På denne måten vert ofte to personar trulova utan å vita noko om kvarandre. Di får fyrst vita om den avslutta handelen når det nærmar seg tida for giftarmål. Før bryllaupet gjev brudgomen gåver til gensslektningane åt brura (altså til dei på morssida og ikkje til faren og slekta hans). Desse gåvene gjeld som vederlag for jenta som vert avstått. Ekteskapet kan framleis oppløysast etter ynskje frå ein av partane, men mange stammar, til dømes irokesarane, har gradvis utvikla ei folkemeining mot slike skilsmål. Når det oppstår usemje, kjem gensslektningane på begge sider inn som meklarar. Det er berre når desse freistnadene viser seg å vera frukteslause at skilsmål finn stad. Barna vert hos kvinna, og begge partane er frie til å gifta seg på ny.
Paringsfamilien er sjølv for svak og ustabil til at eit eige hushald er naudsynleg eller ynskjeleg, og han oppløyser ikkje på nokon måte det kommunistiske hushaldet som er arva frå tidlegare tider. Men kommunistisk hushald vil seia at kvinnene har herredøme i huset. Berre den biologiske mora er godkjend, for det er uråd å slå fast sikkert kven den biologiske faren er, og dette vil seia at kvinnene, det vil seia mødrene, er høgt akta. Ein av dei mest meiningslause forestillingane frå opplysningstida i det attande hundreåret er at kvinna var slave for mannen i den fyrste tida av samfunnet. Mellom alle ville og alle barbarar på det lågaste trinnet og mellomtrinnet, og også i ein viss mon på det øvste trinnet, har kvinnene ei stilling som ikkje berre er fri, men høgt akta. Korleis det står til under paringsekteskapet, kan Arthur Wright, som var misjonær mellom Seneca-irokesarane i mange år 1, vitna om:
«Når det gjeld familiane deira… dominerte alltid ein klan» (gens) «på den tida då dei enno budde i dei gamle langhusa» (kommunistiske hushald som omfatta fleire familiar), «slik at kvinnene tok mennene sine frå dei andre klanane» (gensane)… «Vanlegvis var det kvinnene som styrte huset… Forråda var felles, men nåde den ulukkelege ektemannen eller elskaren som var for lat eller ikkje dugde til å samla inn sin del til det felles forrådet. Utan omsyn til kor mange barn eller kva eignelutar han måtte ha i huset, kunne han kva tid som helst få varsel om å pakka saman og gje seg i veg. Og han trang ikkje freista å setja seg imot eit slikt påbod. Det ville verta for heitt for han i huset. Han kunne ikkje gjera anna enn å dra attende til sin eigen klan (gens), eller, som oftast skjedde, søka eit nytt ekteskap i ein annan klan. Kvinnene var den store makta i klanane» (gensane), «og alle andre stader. Ved nokre høve kvidde dei seg ikkje for å gje ein hovding avskil, og degradera han til vanleg krigar.»2
Det kommunistiske hushaldet – der dei fleste eller alle kvinnene høyrde til ein og same gens, medan mennene kom frå ulike gensar – var det materielle grunnlaget for den kvinnelege overhøgda, som var allment utbreidd i urtida … Eg kan leggja til at skildringane frå reisande og misjonærar om at kvinnene mellom ville og barbarar var nedlessa med arbeid, ikkje på nokon måte motseier det eg har hevda. Det er heilt andre årsaker enn stillinga åt kvinnene i samfunnet som avgjer arbeidsdelinga mellom kjøna. Hos folk der kvinnene må arbeida mykje meir enn vi synst er passande, er det ofte mykje meir av ekte vyrdnad for kvinnene enn hos europearane. Den siviliserte dama, omringa av falsk hyllest og framandgjord frå alt røynleg arbeid, har ei uendeleg mykje lågare stilling i samfunnet enn den hardt arbeidande barbarkvinna. Folket hennar såg ho som ei verkeleg dame, og ho var ei dame (lady, frowa, Frau = herskarinne) av sinn.
Engels, «Opphavet til familien … » Marx, Engels, Verk, b. 21, tysk utgåve, s. 52 – 54.
3. SLUTTEN PÅ MORSRETTEN
… Heilt til det lågaste trinnet i barbariet var mest den einaste faste rikdomen hus, klede, grove smykke og reiskapar til å skaffa og laga mat med: båt, våpen og husreiskapar av enklaste sort. Kvar dag måtte det skaffast ny føde. Gjetarfolka som trengde seg fram – ariarane i India ved dei fem flodane, i Ganges-området og på steppene ved Oxus og Jaxartes3, som var mykje rikare på vatn på den tida, og semittane ved Eufrat og Tigris4
– hadde no, med flokkar av hestar, kamelar, esel, fe, sauer, geiter og grisar, fått ein eigedom som berre trong oppsyn og grovt stell for å reprodusera seg og verta stendig fleir og for å gje dei rikeleg med mat i form av mjølk og kjøtt. Alle tidlegare måtar å skaffa seg mat på kom no i bakgrunnen. Jakt, som dei før ikkje kunne greia seg utan, vart no ein luksus.
Men kven åtte denne rikdomen? Opphaveleg var det utan tvil gensen. Men privateige av bølingane må ha utvikla seg tidleg. Det er vanskeleg å seia om forfattaren av den såkalla fyrste Mose-boka såg far Abraham som eigar av bølingane sine i kraft av retten han hadde som den øvste i eit familiefellesskap eller i kraft av stillinga som verkeleg arveleg overhovud for ein gens. Det som er sikkert er berre at vi ikkje må sjå på han som eigar i moderne forstand. Det er og sikkert at alt på terskelen til den skrivne historia finn vi at bølingane overalt var særeigendomen til dei øvste i familiane – nett som kunstprodukta frå barbariet, metallreiskapar og luksusgjenstandar og til sist menneskefeet – slavane.
For no var slaveriet og oppfunne. For ein barbar på det lågaste trinnet hadde ikkje ein slave nokon verdi. Difor gjekk og dei amerikanske indianarane heilt ulikt fram mot dei slegne fiendane sine enn det vart gjort på eit høgare utviklingstrinn. Mennene vart anten drepne eller tekne opp som brør i stammen til dei som sigra, kvinnene vart tekne til koner eller adoptert på anna vis med dei ungane som hadde overlevd. På dette trinnet gav den menneskelege arbeidskrafta framleis ikkje noko overskot å snakka om, ut over det det kosta å halda liv i ho. Då feavl, metallarbeid, veving og til sist åkerdyrking vart innført, vart det annleis. Medan det før hadde vore lett å få tak i koner, fekk konene no ein byteverdi og vart kjøpte. Det same skjedde med arbeidskrafta, særleg då bølingane no avgjort hadde vorte familieeige. Familien formeirte seg ikkje like fort som feet. Det trongst fleir folk til for å halda oppsyn med dyra. Til det kunne ein bruka fiendar som vart tekne til fange i krig, og dei kunne dessutan alast opp like lett som feet sjølv.
Då slik rikdom fyrst hadde kome over i privateige til familiar og dei snøgt vart større, var det ein mektig puff for det samfunnet som var tufta på paringsekteskap og morsrettsgensen. Paringsekteskapet hadde ført eit nytt element inn i familien. Ved sida av den biologiske mora hadde det no sett den stadfesta biologiske faren, og han hadde sannsynligvis betre heimel for å hevda at han var far enn mange «fedre» av i dag. Etter arbeidsdelinga i familien på den tida var det oppgåva åt mannen å skaffa mat og dei arbeidsmidla som trongst til det. Difor åtte han og arbeidsmidla og om dei skildes, tok han dei med seg på same måte som kona fekk ha hushaldsreiskapane sine. Etter skikk og bruk i samfunnet på den tida åtte mannen difor og den nye næringskilda, feet, og seinare det nye arbeidsmidlet, slavane. Men etter sedvane i det same samfunnet kunne ikkje borna hans arva frå han. For når det galdt arv var stoda denne:
Etter morsretten, det vil seia så lenge slektskap berre vart rekna på kvinnesida, og etter dei opphavlege arveskikkane innetter i gensen, arva gensmedlemane i fyrstrunga dei gensslektningane sine som døydde. Eigedomen måtte bli i gensen. Ettersom det dei åtte ikkje var stort, gjekk det sannsynlegvis frå gamalt av i praksis over til dei næraste gensslektningane, det vil seia til blodsslekta på morssida. Men barna til den daude mannen høyrde ikkje til gensen hans. Dei høyrde til i gensen åt mora og det var frå henne dei arva, i fyrstninga saman med den øvrige blodsslekta hennar og seinare kanskje med fyrsterett. Dei kunne ikkje arva noko frå far sin, for dei høyrde ikkje til gensen hans. Eigedomen hans måtte bli i denne gensen. Når ein som åtte bølingar døydde, gjekk difor bølingane hans fyrst til brørne og systrene hans, og til barna åt systrene eller avkomet åt mora sine systre. Men hans eigne barn hadde ikkje arverett.
Slik fekk mannen, i same grad som rikdomen auka, på den eine sida ei viktigare stilling i familien enn kvinna. På den andre sida brakte rikdomen fram ein hug hos mannen til å utnytta den stillinga han hadde fått styrkt til å styrta om det hevdvunne arvesystemet til fordel for barna sine. Men det var ikkje råd så lenge avstamming vart rekna etter morsretten. Difor måtte morsretten styrtast, og styrta vart han. Dette var slett ikkje så vanskeleg som det ser ut for oss i dag. For denne revolusjonen – ein av dei mest avgjerande som menneska nokon gong har levd gjennom – kunne finna stad utan at det verka inn på ein einaste av dei levande gensmedlemene. Alle skyldfolka deira kunne halda fram med å vera det dei hadde vore før. Det var nok med ei einskild avgjerd om at i framtida skulle avkomet etter dei mannlege medlemene høyra til gensen, men avkomet etter kvinnene skulle utelukkast gjennom å vera ført over til gensen åt faren. Slik vart det slutt med å rekna avstamming på kvinnesida , og morsarveretten vart styrta. Avstamming på mannssida og farsarveretten kom i staden. Vi har ikkje nokon kunnskap om korleis eller på kva tid denne revolusjonen fann stad mellom kulturfolka. I sin heilskap kjem han inn under den førhistoriske tida .. .
Omstyrtinga av morsretten var det verdshistoriske nederlaget for kvinnekjønet. Mannen tok kommandoen i heimen og. Kvinna vart nedverdiga og kua, og ho vart ein slave for hans lyster og ikkje noko meir enn ein reiskap til å avla barn. Denne nedverdigande stillinga for kvinna var særleg påfallande hos grekarane i heltetida, og endå meir i den klassiske tida. Etter kvart har stillinga hennar vorte skjønnmåla og dekt over med hykleri, og nokre gongar har ho fått ei mildare form. Men ho er ikkje på nokon måte avskaffa.
Engels, «Opphavet til familien … «, Marx, Engels, Verk, b. 21, tysk utgåve, s. 58- 61.
4. DEN MONOGAME FAMILIEN
Som eg har vist tidlegare, utvikla den monogame familien seg frå paringsfamilien i overgangsperioden mellom mellomstadiet og det øvste stadiet av barbariet. Då monogamiet avgjort sigra, var det eit av teikna på at sivilisasjonen tok til. Den monogame familien er bygd på mannleg overhøgd, og det uttalte føremålet er å avla barn utan strid om farskapet. Dette farskapet er eit krav av di barna seinare skal få del i farseigedomen som livsarvingane hans. Han skil seg frå paringsekteskapet ved at ekteskapsbanda er mykje sterkare, og ikkje lenger kan løysast etter ynskje frå ein av partane. Som regel er det no berre mannen som kan oppløysa ekteskapet og senda kona si vekk. Han er og framleis tryggja retten til å vera utru i ekteskapet, i alle fall ifylgje sedvane (Code Napoleon5 gjev uttrykkeleg mannen denne retten så lenge han ikkje tek elskerinna si med seg heim), og etter kvart som samfunnslivet utviklar seg, nyttar han stendig oftare retten sin. Dersom kona trekk fram den gamle omgangsforma i kjønnslivet og freistar få liv i ho att, vil straffen verta hardarde enn nokon gong.
Vi finn denne nye familieforma i heile sin hardleik mellom grekarane. Som Marx peika på svarar stillinga til gudinnene i mytologien til ein tidlegare periode, då kvinnene stod friare og stillinga deira var meir vyrd. Men i heltetida ser vi at kvinnene allereie er nedverdiga av mannsveldet og konkurransen frå slavinner. I «Odysseen»6 kan vi lesa korleis Telemakos avbryt mora si og får ho til å teia.7 Hos Homer vert dei erobra unge kvinnene overlatne til sigerherrane sine sanselege lyster. Hærførarane får velja ut dei vakraste etter rangstilling. Som kjent er heile «Iliaden» bygd kring ein strid mellom Akilles og Agamemnon om ei slik slavinne. Saman med alle viktige heltar hos Homer vert og fangejenta som han deler telt og seng med nemnd. Desse jentene vert og tekne med heim til Hellas, og dei levde under same tak som kona. Slik tok Agamemnon med seg Kassandra hos Aischylos. Sønene dei avla med slike slavinner fekk ein liten del av farsarven og status som fullt frie borgarar. Teukros var til dømes uekte son av Telamon, og han hadde retten til å nytta farsnamnet. Husfrua skulle tola alt dette medan ho sjølv skulle vera strengt rein og trufast mot ektemannen. I heltetida fekk den greske kvinna rett nok meir vyrdnad enn ho fekk i den siviliserte perioden. Men for mannen sin var ho, når alt kom til alt, ikkje anna enn mora til dei lovleg fødde barna og arvingane hans, sjefshushalda og den som førte tilsyn med slavinnene, som han kunne ta og og tok til konkubiner når han ynskte det. Det at slaveriet eksisterte side om side med monogamiet, at der var unge fagre slavinner som mannen åtte og rådde over, sette spor etter seg i monogamiet heilt frå det oppstod, og det fekk det kjennemerket at det berre var monogami for kvinna og ikkje for mannen. Og det kjennemerket har det framleis.
Når vi skal ta for oss dei seinare grekarane, må vi skilja mellom dorarane og jonarane.8 Sparta er eit klassisk døme på dei fyrste. Mellom dei var ekteskapstilhøva på mange måtar endå meir gamaldagse enn sjølv hos Homer. I Sparta var den godkjende forma for ekteskap paringsekteskap, tilpassa den oppfatninga av staten som galdt der og med mange spor etter gruppeekteskapet. Barnlause ekteskap vart oppløyste. Den fyrste kona til kong Anaxandridas (omkring 560 før tidsrekninga vår) var utan barn. Han tok ei ny kone og heldt to hus. Omlag på same tida tok kong Ariston, som hadde to ufruktbare koner, ei tredje kone, men ei av dei andre fekk avskil. På den andre sida kunne fleire brør ha ei sams kone, og ein som heller ville ha kona til vennen, kunne dela henne med han. Det var og rekna for anstendig å stilla kona si til disposisjon for ein sprek «hingst» – som Bismarck ville ha sagt – sjølv når han ikkje var ein byborgar. Etter Schoemann gjev eit avsnitt hos Plutark9, der ei spartansk kvinne viser ein pågåande friar til ektemannen, inntrykk av endå større moralsk fridom. Difor var verkeleg ekteskapsbrot, at kvinna var utru bak mannen sin rygg, uhørt. På den andre sida var der ikkje husslaveri i Sparta, i det minste ikkje i glansperioden. Dei liveigne helotane10 levde for seg sjølve på godsa, og difor var freistinga til å ta konene deira mindre for spartanarane. Under desse tilhøva var det ikkje til å unngå at kvinnene hadde ei mykje meir høgakta stilling i Sparta enn nokon annan stad i Hellas. Kvinnene i Sparta og eliten mellom hetærene11 i Aten er dei einaste greske kvinnene som dei gamle nemner med respekt, og det var berre deira ord dei brydde seg om å skriva ned.
Mellom jonarane var stillinga ei heilt anna. Aten var typisk. Jentene lærte berre å spinna, veva og sy, og kanskje litt lesing og skriving. Dei levde meir eller mindre bak låste dører og hadde berre selskap i kvarandre. Kvinneromma var ein avstengd del av huset, i øvste høgda eller på baksida. Der kunne mennene, særleg framande, vanskeleg ta seg fram, og dit drog kvinnene seg attende når menn såg innom huset. Dei gjekk aldri ut utan å ha ei slavinne med seg, og heime vart dei regelrett overvaka. Aristofanes12 snakkar om molossiske hundar som vart haldne for å skremma vekk ekteskapsbrytarar, og i det minste i dei asiatiske byane heldt dei evnukkar13 som skulle halda vakt over kvinnene. Allereie på den tida då Herodot14 levde, vart det fabrikert evnukkar for handel på Chios, og Wachsmuth meiner at det ikkje berre var til barbarane. Hos Euripides er kvinna kalla oikurema, ein ting (ordet er inkjekjøn) som skulle stella huset. Og ved sida av at ho skulle fø barn, var det alt ho var for atenaren – sjefshushaldaren hans. Mannen hadde gymnastikken og offentlege gjeremål som kvinna var stengd ute frå. Attåt hadde han ofte slavinner som han rådde over, og i høgda av Aten si glanstid hadde han eit utbygt prostitusjonssystem som i det minste staten var for. Det var nett denne prostitusjonen som danna grunnlaget for at dei einaste greske kvinnene med karakter utvikla seg. I kraft av ande og kunstnerisk kultur hevar dei seg like høgt over det allmenne nivået for kvinnene i antikken som spartanarinnene. Men at kvinnene måtte vera hetærer15 før dei kunne verta kvinner er den strengaste domen over den atenske familien.
Med tida vart den atenske familien førebiletet, og det var ikkje berre dei andre jonarane som bygde tilhøva i heimen etter dette førebiletet, men og i stendig aukande grad alle grekarane på fastlandet og i koloniane. Men trass i at dei var avsondra og overvaka på alle hald, fann dei greske kvinnene ofte høve til å lura mennene sine . Mennene ville ha vore flaue for å vise konene sine nokon kjærleik. Dei forlysta seg med alle slags kjærleiksaffærer med hetærene. Men då kvinnene vart nedverdiga slik, slo det attende på mennene og i sin tur vart mennene nedverdiga. Til slutt vart det til at mennene sank ned i homoseksuell omgang med unge gutar og alt det førde med seg, og nedverdiga gudane sine og seg sjølve gjennom myten om Ganymed.16
Dette er opphavet til monogamiet så langt attende som vi kan spora det hos dei mest siviliserte og høgst utvikla folka i oldtida. Det var ikkje på nokon måte eit resultat av individuell kjønskjærleik, og hadde i det heile ikkje noko med det å gjera. No som før gifta ein seg av di det var skikk og bruk. Monogamiet var den fyrste familieforma som grunna seg på økonomiske og ikkje naturlege vilkår, nemleg på sigeren som privateigedomen hadde vunne over den opphavelege og naturgjevne felleseigedomen. Grekarane la sjølv fram saka slik han var: Det einaste målet med einskildekteskapet var å gjera mannen overlegen i familien og avla barn som berre kunne vera hans eigne, slik at dei kunne arva rikdomen hans i framtida. Elles var giftarmål eit åk, ei plikt som måtte gjerast anten ein likte det eller ikkje, ei plikt andsynes gudane, staten og eins eigne forfedrar. I Aten tvinga lova ikkje berre mannen til å gifta seg, men og til å utføra eit minimum av såkalla ekteskapelege plikter.
I fyrstninga då einskildekteskapet vart til i soga, var det altså ikkje ei forsoning mellom mann og kvinne og langt mindre den høgste forma for ei slik forsoning. Tvert om. Einskildekteskapet vart innført med at det eine kjønet vart undertrykt av det andre. Det kunngjorde ein kamp mellom kjøna som hadde vore ukjent gjennom heile den førhistoriske perioden. I eit gamalt manuskript, forfatta av Marx og meg sjølv i 184617, som ikkje er gjeve ut, finn eg desse orda: «Den fyrste arbeidsdelinga er arbeidsdelinga mellom mann og kvinne for å setja barn til verda.» Og i dag kan eg leggja til: Den fyrste klassemotseiinga som trodde fram i soga, fall saman med utviklinga av antagonismen18 mellom mann og kvinne i einskildekteskapet, og den fyrste klasseundertrykkinga fall saman med at kvinnekjønet vart undertrykt av det mannlege. Einskildekteskapet var eit stort historisk framsteg. Men saman med slaveriet og privatrikdomen innleidde det ikkje dessto mindre den tidbolken – ein tidbolk som har vart fram til i dag – då kvart steg fram relativt sett og er eit steg attende, då velferd og utvikling for nokon vert vunne gjennom elende og tilbaketrenging av andre. Det er celleforma til det siviliserte samfunnet, der det alt er mogleg å granska naturen i motseiingane og motsetnadene som verkar for fullt i samfunnet.
Den gamle relative fridomen i den seksuelle omgangen vart ikkje borte då paringsekteskapet, eller sjølv einskildekteskapet sigra:
«Det gamle ekteskapssystemet vart avgrensa etter kvart som Punalua-gruppene døydde ut. Men det omga framleis den framveksande familien og fylgde han inn i den gryande sivilisasjonen… Det vart endeleg borte med den nye forma for hetærisme, som forfylgjer menneskeætta inn i sivilisasjonen og som kviler som ein mørk slagskugge over familien»19.
Med «hetærisme» meiner Morgan den seksuelle omgangen mellom menn og ugifte kvinner utanfor ekteskapet som eksisterer side om side med einskildekteskapet. Som vi veit blomstrar denne praksisen i svært ulike former gjennom heile den siviliserte tidbolken og utviklar seg meir og meir til å verta open prostitusjon. Denne hetærismen fylgjer ganske direkte frå gruppeekteskapet, frå det offeret å prisgje seg som kvinna kjøpte seg retten til å vera kysk for. Å gje seg sjølv for pengar var i fyrstninga ei religiøs handling som fann stad i templet til kjærleiksgudinna, og pengane gjekk opphavleg i tempelkassa.
I likskap med dei religiøse dansejentene i India, som var knytte til templa, dei såkalla bajaderene (ordet er ei forvansking av det portugisiske ordet bailadeira som tyder danserinne) var hierodulane20 til Anaitis i Armenia og til Afrodite i Korint dei fyrste prostituerte. Opphaveleg hadde det vore ei plikt for alle kvinner å prisgje seg. Seinare var det berre prestinnane som gjorde det, som representantar for alle andre kvinner. Mellom andre folk hadde hetærismen sitt opphav i den seksuelle fridomen som jentene hadde før dei vart gifte. Vi har altså nok ein gong med leivningar frå gruppeekteskapet å gjera, men dei er overleverte på ein annan måte. Med oppkomsten av eigedomsforskjellane, det vil seia allereie under det øvste stadiet av barbariet, fins lønsarbeidet sporadisk ved sida av slavearbeidet. På same tid, og som ei naudsynleg fylgje av dette finn vi prostitusjon som yrke mellom frie kvinner, ved sida av at slavekvinna vart tvungen til å prisgje seg. Slik har den arven som gruppeekteskapet har gjeve sivilisasjonen, to sider. Liksom alt som sivilisasjonen har ført fram, har det to sider, det har to tunger og er kløyvd i seg sjølv, det er motseiingsfylt: På den eine sida monogamiet, på den andre sida hetærismen og i si ekstreme form, prostitusjonen. For hetærismen er like mykje ein del av samfunnet som andre ting er det. Han fører vidare den gamle seksuelle fridomen – til føremon for mennene. Medan han i røynda ikkje berre er tolt, men praktisert med glede, særleg av herskarklassen, er han fordømt i ord. Men i røynda råkar denne domen aldri mennene det gjeld, berre kvinnene. Desse kvinnene vert forakta og forkasta for at vilkårslaus mannleg overhøgd over kvinnekjønet nok ein gong skal verta kunngjort som ei grunnleggjande lov for samfunnet.
Men av dette utviklar det seg ei anna motseiing innanfor monogamiet sjølv. Ved sida av mannen som smykkar livet sitt med hetærisme, står den vanskjøtta kona. Like lite som ein kan ha eit heilt eple i handa når ein har ete det halve, kan ein halda på den eine sida i denne motseiinga utan å ta med den andre. Men det verkar som om mennene hadde denne tanken, heilt til konene gjorde dei visare. Med einskildekteskapet trodde det fram to faste typar samfunnsmenneske som til då hadde vore ukjent: den faste elskaren til kona og hanreien. Mennene hadde vunne sigeren over kvinnene, men kroninga tok dei slegne høgmodig over. Saman med einskildekteskapet og hetærismen vart ekteskapsbrot uunngåeleg ein fast del av samfunnet. Ein tok avstand frå det, straffa det hardt, men kunne ikkje få bukt med det. I beste fall kvilte vissa om kven som var far til barna, no som før, på moralsk overtyding, og for å løysa denne uløyselege motseiinga kunngjorde Code Napoleon, art. 312: «L’enfant conçu pendant le mariage a pour pére le mari». («Når eit barn vert fødd i løpet av eit ekteskap, er det ektemannen som er faren.») Dette er det endelege resultatet av tre tusen år med einskildekteskap.
Slik ser vi at alle stader der einskildfamilien ikkje har fjerna seg frå det historiske opphavet sitt, avdekkjer han klårt antagonismen mellom mann og kvinne slik han kjem til uttrykk i mannleg eineveldig overhøgd. Einskildfamilien viser i det små dei same motseiingane og motsetnadene som har drive samfunnet fram, utan at det har vore i stand til å løysa eller overvinna dei, heilt sidan det vart delt i klassar då sivilisasjonen fyrst oppsto. Her snakkar eg sjølvsagt berre om dei tilfella av einskildekteskapet der det ekteskapelege livet i røynda rettar seg etter det som opphavleg kjennemerkte heile institusjonen, men kor kona gjer oppreist mot den mannlege overhøgda. Ikkje alle ekteskap har eit slikt utfall. Ingen veit dette betre enn den spissborgarlege tyskaren som var like lite i stand til å gjera makta si gjeldande i heimen som i staten. Kona tok med rette på seg broka som han ikkje var verdig å bera. Men til gjengjeld ser han seg sjølv som høgt heva over sin franske frende i nauda, som oftare enn han sjølv har vore ute for det som verre er.
Likevel fekk ikkje einskildfamilien på nokon måte alltid og alle stader same klassiske grove forma som han fekk mellom grekarane. Romarane skulle i framtida leggja verda under seg og dei hadde meir vidsyn, om enn ikkje eit så skarpt syn, som grekarane. Mellom dei var kvinnene friare og meir vyrde. Romaren meinte at så lenge det var i hans makt om kona skulle leva eller døy, hadde han garanti nok for ekteskapeleg truskap. I tillegg kunne kvinna, som mannen, oppløysa ekteskapet etter ynskje. Men sikkert er det at det var tyskarane som førte med seg inn i soga den største framgangen for einskildekteskapet. Grunnen var at tyskarane – svært sannsynleg av di dei var fattige – framleis var på det stadiet då monogamiet ikkje synest å ha utvikla seg heilt frå paringsekteskapet. Vi sluttar dette av tre ting som Tacitus21 nemner. Sjølv om ekteskapet vart halde svært heilagt – «dei greidde seg med ei kone, kvinnene lever livet sitt innringa av kravet om at dei skal vera kyske» – galdt fleirkoneriet for det fyrste likevel for dei fornemste og leiarane i stammen. Desse tilhøva likna tilhøva mellom dei amerikanske indianarane, der paringsekteskapet galdt. For det andre må overgangen frå morsrett til farsrett ha skjedd berre kort tid før, for broren på morssida – den næraste mannlege gensslektningen etter morsretten – var framleis mest rekna som nærare i slekt enn faren. Dette svarar igjen til den haldninga indianarane i Amerika hadde, og det var mellom dei Marx, som han ofte sa, fann nykelen til å forstå vår eiga urtid. Og for det tredje var kvinnene høgakta mellom tyskarane. Og dei hadde innverknad på styre og stell, noko som står i beinveges motsetnad til den mannlege overhøgda i monogamiet. Tyskarane svarar til spartanarane på nesten alle desse punkta, og som vi såg hadde paringsekteskapet heller ikkje i Sparta vorte heilt overvunne. Med tyskarane kom det altså i dette høvet og eit heilt nytt element som vart rådande i verda. No utvikla det seg eit nytt monogami på ruinane av den romerske verda, gjennom den folkeblandinga som fann stad. Det nye monogamiet kledde mannleg overhøgd i mildare former og ga kvinnene ei stilling, som i det minste på overflata, var mykje friare og meir vyrd enn ho nokon gong hadde vore i den klassiske oldtida. Fyrst no var det gjort mogleg at det ut frå monogamiet – i det, ved sida av det og mot det, alt etter tilhøva – kunne utvikla seg eit stort moralsk framsteg: den moderne individuelle kjønskjærleiken som hadde vore ukjent for heile verda til då. Han var det største moralske framsteget som vi skuldar monogamiet.
Likevel hadde dette framsteget utspringet sitt i at tyskarane framleis levde i paringsfamiliar og overførte den stillinga kvinna hadde her til monogamiet, så langt som mogleg. Han hadde heilt sikkert ikkje utspringet sitt i legendariske, vidunderleg dydige og naturlege anlegg hos tyskarane, som innskrenkar seg til at paringsekteskapet i røynda ikkje går gjennom dei same skrikande moralske motseiingane som monogamiet. Tvert imot vart tyskarane moralsk sterkt forkomne under vandringane sine, og særleg på vandringane mot søraust til nomadane på steppene i Svartehavsområdet. Mellom desse nomadane lærte tyskarane ikkje berre rytterkunst, men og dårlege, unaturlege laster, slik Ammianus22 klårt gjev uttrykk for når det gjeld taifalerane og Prokopius når det gjeld herulane.
Men at monogamiet var det einaste av alle kjende familieformer som den moderne kjønskjærleiken kunne utvikla seg under, vil ikkje seia det same som at den moderne kjønskjærleiken under monogamiet berre eller i hovudsak utvikla seg som kjærleik mellom mann og kone. Det utelukka sjølve naturen til det faste einskildekteskapet, der mannen herska. For alle dei historisk aktive klassane, det vil seia for alle dei herskande klassane, var det å inngå ekteskap ei skikk og bruk-sak som foreldra ville arrangera- som det alltid hadde vore sidan paringsekteskapet. Den fyrste historiske forma for kjønskjærleik som lidenskap, var ein lidenskap som tilkom eitkvart menneske (i det minste når dei høyrde til dei herskande klassane), og den høgste forma for kjønsdrift. Det er nett det som særmerkjer han. Og denne fyrste forma for kjønskjærleik som lidenskap, riddarkjærleiken i mellomalderen, var slett ikkje ekteskapeleg. Tvert om. I si klassiske form, mellom dei som budde i Provenye, styrte han med fulle segl rett mot ekteskaps brotet, og diktarane hans feirar det. Albadane23, på tysk Tagelieder, er det ypperste av kjærleikspoesien frå Provençe. I glødande fargar skildrar dei korleis riddaren ligg i senga ved sida av si fagre – kona til ein annan mann – medan vektaren står utanfor og varslar så snart grålysninga (alba) tar til, slik at han kan koma seg bort utan å verta sett. Høgda i diktet er avskilsscenen. Både dei som budde i Nord-Frankrike, og dei skikkelege tyskarane, overtok denne diktforma saman med skikken ho svara til, riddarkjærleiken. Gamle Wolfram von Eschenbach24 har etterlate tre vidunderleg fagre morgonsongar om dette same nærgåande stoffet, og eg liker dei betre enn dei tre lange heltedikta ha
Engels, «Opphavet til familien … «, Marx Engels Verk b. 21, tysk utgåve, s. 64-72.
Il. UNDERTRYKKINGA OG UTBYTTINGA AV KVINNENE
1. DEl FIRE MAKTENE SOM BIND FOLKET
I Kina er ein mann vanlegvis styrt av tre maktsystem: (l) Statssystemet (politisk makt), som femnar om det nasjonale styret, provinsstyret, fylkesstyret og herredsstyret. (2) Klansystemet (makta i klanen), som femnar om alt frå det sentrale templet til forfedrane med tempelfilialane til den øvste i huset. Og (3) det overnaturlege systemet (den religiøse makta), frå han som styrer i Helvete til by- og landsbygudane som høyrer underverda til, og frå keisaren i Det høge til alle dei ymse gudane og andane som høyrer heime i himmelriket. Samstundes med at dei er styrte av desse tre maktsystema, er kvinnene også styrte av mennene (makta til ektemaken). Desse fire maktene – den politiske makta, klanen, religionen og mannsveldet- er lekamleggjeringa av heile det føydal-patriarkalske systemet og ideologien hans. Dei er fire tjukke reip som bind det kinesiske folket, og særleg bøndene. Eg har allereie skildra korleis bøndene har styrta den politiske makta til godseigarane på landsbygda. Den politiske makta til godseigarane er ryggrada i alle dei andre maktsystema. Når ho er styrta, tek klanveldet, det religiøse veldet og mannsveldet til å vakla. På stader der samanslutninga av bønder er sterk, torer ikkje dei eldre i klanen eller dei som styrer tempelkassa lenger å kua folk som står under dei i klan-hierarkiet eller underslå dei midla som klanen rår over. Dei verste mellom dei eldste i klanen og dei som styrte var lokale tyrannar, og dei har vorte kasta. Det er ikkje lenger nokon som torer praktisera dei hjartelause kroppsstraffane eller dødsdomane som det var vanleg å utføra i templa åt forfedrane, slik som pisking, drukning eller å gravleggja folk levande. Ein har og brote den gamle regelen som stengde kvinner og fattigfolk ute frå festane i forfedretempla. Kvinnene i Paikuo i Hengshan fylke samla seg i store styrkar og sverma inn i forfedretemplet sitt, dei planta bestemt baken på stolane og var med og åt og drakk, medan dei ærverdige høge herrane i klanen, anten dei likte det eller ikkje, måtte finna seg i at dei gjorde som dei ville. På ein annan stad der fattigbøndene hadde vore utelukka frå tempelfestane, storma ei gruppe av dei inn og åt og drakk det dei vann, medan dei lokale tyrannane, den vonde adelen og andre herrar i lange kjolar la på sprang av redsle. Den religiøse makta vaklar alle stader ettersom bonderørsla veks. Mange stader har bondesamanslutningane teke over gudetempla og gjort dei til sine kontor. Alle stader går dei inn for å ta over tempeleigedomen for å starta bondeskular og for å dekkja utgiftene til samanslutningane. Dei kallar dei «offentleg inntekt frå overtru». I Liling fylke er det kome reint på moten å knusa gudebilete og forby handlingar som grunnar seg på overtru. I dei nordlege distrikta har bøndene gjort det ulovleg å gå i tog og brenne røykjelse for å tekkjast pestguden. I Tao-templet i Fupoling i Lukou var det mange gudebilete, men då hovudkvarteret for Kuomintang i distriktet trong meir plass, vart alle gudebileta stabla saman i eit hjørne, og ikkje ein einaste bonde hadde noko å seia mot det. Etter det har offer til gudane, religiøse ritual og ofring av heilage lamper når nokon i familien døyr vorte sjeldsynt praksis. Det var formannen for bondesarnanslutninga, Sun Hsiao-shan, som gjekk fremst i denne saka, og difor hatar dei lokale Tao-prestane han. I Tredje nordlege distrikt hogg bøndene og grunnskulelærarane opp gudebileta av tre frå nonneklosteret i Lufeng . Dei brukte faktisk veden til å koka kjøtt på. Studentar og bønder gjekk saman om å brenna meir enn tretti gudebilete frå munkeklosteret i Tungfu i det sørlege distriktet. Berre to små bilete av Pao-guden fekk ein gamal bonde med seg. Han sa: «De må ikkje synda!» På dei stadene der bøndene er den sterkaste makta, er det berre dei eldre bøndene og kvinnene som framleis trur på gudane. Dei unge bøndene er gått vekk frå trua, og det er dei som styrer bondesamanslutningane. Difor vert den religiøse makta styrta og overtru vert utsletta alle stader. Når det gjeld makta åt ektemaken, har ho alltid vore veikare mellom fattigbøndene av di det har vore økonomisk lovfest at kvinnfolka deira må gjera meir kroppsarbeid enn kvinnene i dei rike klassane. Og difor har dei hatt meir å seia og meir makt til å ta avgjerder i familiesaker. Ettersom økonomien på landsbygda har brote meir og meir saman dei siste åra, har grunnlaget for mannen si makt over kvinna allereie vorte veikare. Med framvoksteren av bonderørsla har kvinnene mange stader teke til å organisera seg i bygdelag for kvinner. Det har vorte råd for dei å halda hovudet høgt, og makta åt ektemennene vaklar meir og meir for kvar dag som går. Kort sagt, heile det føydalpatriarkalske systemet og ideologien vaklar når bondemakta veks. Men for tida samlar bøndene seg om å øydeleggja den politiske makta til godseigarane. Alle stader der ho er heilt styrta, tek dei til med åtaket på dei andre tre omkverva – klanen, gudane og mannsveldet. Men slike åtak er berre nett komne i gang, og det er ikkje råd å riva desse tre maktene opp med rota før bøndene har vunne full siger i den økonomiske kampen. Difor er oppgåva vår no å leia bøndene til størst innsats i den politiske kampen, slik at makta til godseigarane vert styrta heilt. Den økonomiske kampen må fylgja tett etter, slik at spørsmålet om jord og dei andre økonomiske problema til fattigbøndene kan verta grunnleggjande løyste. Avskaffinga av klansystemet, overtru og ulikskapen mellom menn og kvinner vil koma etter som ei naturleg fylgje av sigeren i dei politiske og økonomiske kampane. Dersom ein gjer for mykje for å avskaffa desse tinga tilfeldig og for tidleg, vil dei lokale tyrannane og den vonde adelen nytta høvet til å spreia kontrarevolusjonær propaganda som «bondesamanslutningane er blasfemiske og øydelegg religionen», «bondesamanslutningane er ikkje fromme mot forfedrane», «bondesamanslutningane går inn for at konene skal verta sams for alle». Dei gjer alt dette for å undergrava bonderørsla. Eit døme på dette er det som nyss har hendt i Hsianghsiang i Hunan og i Yanghsin i Hupeh, der godseigarane utnytta motstanden hos nokre av bøndene til å knusa gudebilete. Det er bøndene som har laga bileta. Når tida kjem vil dei kasta til sides gudebileta med sine eigne hender, ingen andre treng gjera det for dei for tidleg. I slike saker bør propagandapolitikken til kommunistpartiet vera «å spenna bogen utan å skyta, berre visa korleis det skal gjerast».25 Det er opp til bøndene sjølv å kvitta seg med gudebileta, å riva ned templa for martyrmøyane og søylegangane for dei kyske og trufaste enkjene. Det er gale om nokon andre gjerdet for dei.
Mao Tsetung «Melding om ei gransking av bonderørsla i Hunan», Utvalde verk b. l, s. 44-46.
2. HO DØYDDE AV OVERARBEID
Den siste veka i juni 1863 hadde alle dagsavisene i London eit avsnitt med den «sensasjonelle» overskrifta: «Ho døydde av overarbeid». Det tok opp korleis motesyerska Mary Ann Walkley døydde. Ho var tjue år gamal og tilsett på ein svært så respektabel stad der dei sydde hoffmotar. Ho var utbytta av ei dame med det tiltalande namnet Elisa.
Den gamle soga, som så ofte har vore fortalt, vart avslørt på ny. Denne jenta arbeidde i gjennomsnitt seksten og ein halv time, og i sesongen ofte tretti timar, utan pause, medan den sviktande «arbeidskrafta» hennar av og til vart vekt til live med sherry, portvin eller kaffi. Nett no var det midt i sesongen. På ein augneblink måtte ein trylla fram dei praktfulle kjolane til dei edle damene som var bodne på ball til ære for den nyimporterte prinsessa av Wales.
Mary Ann Walkley hadde arbeidd utan avbrot i tjueseks og ein halv time saman med seksti andre jenter. Tretti av dei arbeidde i eit rom som berre gav dei ein tredjedel av det naudsynte luftvolumet. Om natta sov dei parvis i dei kvelande små hóla som soverommet var delt i med skilleveggar. Og dette var ein av dei betre motefabrikkane i London. Mary Ann Walkley vart sjuk på fredag og døydde sundag, og til Madame Elisas store undring hadde ho ikkje gjort ferdig det arbeidet ho heldt på med.
Legen, Mr. Keys, vart henta for seint til daudssenga, men då tida kom, vitna han i tørre ordelag for “likskodekommisjonen” at: “Mary Ann Walkley døydde av di ho arbeidde for mange timar i eit overfylt rom og av di soverommet hennar var for lite og for dårleg lufta”. For å læra legen gode manerar felte “likskodekommisjonen” derimot domen at “den daude døydde av apopleksi, men det er grunn til å frykta at dauden vart framskunda av overarbeid i ein overfyld verkstad, osb.”
“Dei kvite slavane våre,” kunngjorde Morning Star, organet åt frihandelsherrane Cobden og Bright, «dei kvite slavane våre arbeider seg ned i grava og går til grunne og døyr utan song og musikk».
Marx, «Kapitalen» b. l, Marx Engels Verk b. 23, tysk utgå ve s. 269- 270.
3. BILLEG ARBEIDSKRAFT
Før det vart forbod mot kvinne- og barnearbeid (barn under ti år) i gruvene, fann kapitalen metoden med å nytta nakne kvinner og jenter – som ofte var bundne saman med menn – i kolgruvane og andre gruvar, heilt i samsvar med moraloppfatninga si, og især med hovudboka si. Det var fyrst då slikt arbeid vart forbode at dei tydde til maskiner. Yankeeane har funne opp ei steinknusemaskin. Engelskmennene nyttar ikkje denne maskina, av di “stakkaren” (“wretch” er uttrykket for landarbeidaren i engelsk politisk økonomi) som gjer arbeidet får vederlag for ein så liten del av arbeidet sitt at maskinene ville gjera produksjonen dyrare for kapitalisten. I England nyttar dei framleis stundom kvinner i staden for hestar til å dra kanalbåtane, av di det arbeidet som trengst til å framstilla hestar og maskiner er ein nøyaktig matematisk sum, medan det arbeidet som er naudsynt for å halda kvinnene frå folkeoverskotet ved lag, er så lågt at det ikkje reknast.
Marx, «Kapitalen» b. l, Marx Engels Verk b. 23, tysk utgåve, s. 415-416.
Så langt som maskinene gjer muskelkraft overflødig, er dei ein måte å utnytta muskelsvake arbeidarar på, samt arbeidarar som enno ikkje er fullt utvikla kroppsleg, men til gjengjeld har mjuke lemar. Difor var kvinne- og barnearbeid det fyrste som vart nytta i kapitalistisk bruk av maskiner! Frå då av vart denne store krafta som skulle koma i staden for arbeid og arbeidarar, til ein måte å auka talet på lønsarbeidarar på. Kvart medlem i arbeidarfamilien, utan omsyn til alder og kjøn, vart lagt direkte inn under kapitalmakta. Tvangsarbeid under kapitalisten kom ikkje berre i staden for barneleik, men og i staden for det frie arbeidet i heimen, innanfor dei moralske grensene for familien sjølv.
Ikkje berre den naudsynlege arbeidstida som måtte til for å underhalda den einskilde vaksne arbeidaren, men og den arbeidstida som måtte til for å underhalda arbeidarfamilien, fastsette verdien på arbeidskrafta. Av di maskinene kastar alle medlemane i arbeidarfamiliar ut på arbeidsmarknaden, vert verdien på mannen si arbeidskraft delt på heile familien hans. Slik vert arbeidskrafta hans mindre verd. Det er mogleg at det kostar meir å kjøpa arbeidskrafta til ein familie på fire arbeidarar enn det tidlegare gjorde å kjøpa arbeidskrafta til ein familiemedlem, men til gjengjeld kjem fire dagars arbeid i staden for ein, og prisen på eit dagsverk fell i høve til kor mykje meir meirarbeid som vert skapt av fire enn av ein. No må fire menneske ikkje berre arbeida, men gjera meirarbeid for kapitalen for at ein familie skal kunne leva. På dette viset aukar maskinene frå fyrste stund det menneske-materialet som vert utbytta, og som er det viktigaste feltet for kapitalen si utbytting. Og samstundes aukar dei utbyttingsgraden.
Marx, «Kapitalen», b. l Marx Engels Verk b. 23, tysk utgåve s. 416- 417.
4. UTBYTTINGA AV BARN
Fabrikklovgjevinga synest berre vera innblanding i utbyttingsretten til kapitalen, så lenge ho regulerer arbeidet i fabrikkane, i manufakturane osb. Men å regulera det såkalla “heime-arbeidet”26, vert med ein gong stempla som eit beinveges inngrep i patria potestas, i moderne tyding vil det seia i foreldremakta. Det kjenslevare engelske parlamentet let lenge som om det vegra seg for å ta dette steget. Men den krafta som låg i kjensgjerningane tvinga dei endeleg til å gå med på at storindustrien, ved å styrta det økonomiske grunnlaget som den gamle familien bygde på og det tilsvarande familiearbeidet, hadde løyst opp alle gamle familieband. Dei måtte kunngjera rettane til barna. Den endelege meldinga frå barnearbeidskommisjonen frå 1866 seier:
“Diverre vitnar alt i pinleg grad klårt om at barna har meir trong til vern mot foreldra enn mot nokon andre.” Systemet med uhemma utbytting av barnearbeid allment, og særleg heime-arbeid, vert “halde oppe ved at foreldra kan utøva denne tilfeldige og skadelege makta over det unge og sårbare avkomet sitt utan taumar og kontroll … Foreldra må ikkje ha ei så absolutt makt at dei kan gjera barna sine til reine maskiner som skal tena ei så og så stor løn i veka … Barn og unge menneske har rett til vern frå den lovgjevande forsamlinga mot foreldremakt som øydeleggjer den fysiske styrken deira for tidleg og bryt dei ned intellektuelt og moralsk.”
Likevel er det ikkje misbruk av foreldremakta som har skapt den beinveges eller omveges utbyttinga av umoden arbeidskraft frå kapitalen si side. Det er tvert om den kapitalistiske utbyttingsmåten som har gjort foreldremakta til misbruk ved å oppheva det økonomiske grunnlaget hennar.
Kor forferdeleg og avskyeleg oppløysinga av dei gamle familie banda innanfor det kapitalistiske systemet verkar, skaper ikkje desto mindre storindustrien eit nytt økonomisk grunnlag for ei høgare familieform og ei høgare form for tilhøve mellom kjøna. Dette av di han gjev kvinnene, ungdomen og barna av begge kjøn ei avgjerandre rolle i den samfunnsmessig organiserte produksjonsprosessen utanfor heimen. Det ville sjølvsagt vera like tåpeleg å hevda at den kristen-germanske familieforma var absolutt, som det ville vera å gjera det same med den gamal-romerske, eller den gamal-greske eller den orientalske familieforma, som elles utgjer ei historisk utviklingsrekke. Dessutan er det klårt at når ein set saman ei arbeidsgruppe av einskildmenneske frå begge kjøn og ulike alderstrinn, må det, under høvelege omstende, vera ei kjelde til menneskeleg vokster, sjølv om gruppa i den spontant utvikla, brutale kapitalistiske forma der arbeidaren eksisterer for produksjonsprosessen og ikkje produksjonsprosessen for arbeidaren, er ei motbydeleg kjelde til korrupsjon og slaveri.
Marx, «Kapitalen» b. l, Marx Engels Verk b. 23, tysk utgåve, s. 513- 514.
5. KVINNER OG BARN I FABRIKKANE
Lat oss granska litt nærare den kjensgjerninga at maskinene meir og meir trengjer unna arbeidet til den vaksne mannlege arbeidaren. Både i spinning og veving går arbeidet ved maskinene i hovudsaka ut på å knytta saman att trådar som har roke, resten gjer maskinene. Dette arbeidet krev ikkje muskelstyrke, men berre at ein er mjuk i fingrane. Difor trengst det ikkje menn til dette arbeidet, og ikkje berre det, men mennene passar faktisk ikkje så godt til dette arbeidet som kvinner og barn, av di musklane og knoklane i hendene til mennene er meir utvikla. Difor har sjølvsagt mennene vorte stengde heilt ute frå slikt arbeid. Di meir armkraft, krafttak, vert sett til sides for vatn- og dampkraft ved at det vert innført maskiner, di færre menn treng ein tilsetja. Og av di kvinner og barn dessutan er billegare, og -som sagt- arbeidar betre enn menn i desse arbeidsgreinene, får dei arbeid.
I spinneria finst det mest berre kvinner og jenter ved vingespinnemaskinene. Ved mulemaskinene finst det ein vaksen mann, ein spinneriarbeidar (med sjølvstartarane vil han og verta overflødig), og fleire bindarar som bind trådane. Dei siste er vanlegvis barn eller kvinner, nokre gongar er det unge menn mellom atten og tjue år, og meir sjeldsynt ein gamal brødlaus spinneriarbeidar. Ved dei mekaniske vevstolane finn vi i hovudsak kvinner frå femten til tjue år i arbeid, og nokre få menn, men dei vert sjeldan verande i dette faget etter at dei har runda tjue-ein. Ved dei maskinane som foredlar fibrane finn ein nesten berre kvinner, og kanskje nokre menn som gjer karde-reiskapen rein eller slipar han. I tillegg til alle desse har fabrikkane mange barn i arbeid til å ta av og setja på spolane (doffers – avtakarvalser), nokre vaksne menn som oppsynsmenn i lokala, ein mekanikar og ein maskinarbeidar til dampmaskinene, snikkarar, portvaktar, osb. Men det verkelege arbeidet er det kvinner og barn som gjer…
Kvinnearbeidet kløyver framfor alt sund familien, for når kona er i fabrikken tolv eller tretten timar kvar dag og mannen arbeider like lenge der eller ein annan stad, kva skjer då med barna? Dei veks opp vilt som ugras. Dei vert plasserte hos ein som passar dei for ein eller halvannan shilling i veka, og vi kan tenkja oss korleis dei vert farne åt med. Difor auker og ulukkene som småbarn i fabrikkdistrikta vert offer for på grunn av manglande oppsyn, på ein skrekkinnjagande måte. I løpet av ni månader viste listene som likskodetenestemennene i Manchester27 hadde: 69 dødsfall på grunn av forbrenning, 56 på grunn av drukning, 23 på grunn av fall og 77 av andre grunnar. Det er til saman 225 dødsfall på grunn av ulukker, medan Liverpool, som ikkje er fabrikkby, berre hadde 146 dødsulukker i løpet av tolv månader. Ulukkene i kolgruvane er ikkje teke med for nokon av byane, og ettersom likskodekommisjonen i Manchester ikkje har noko å seia i Salford28, er folketalet på dei to stadene nemnt i jamføringa omtrent det same. I nesten kvart nummer av Manchester Guardian29 står det om eit eller fleire dødsfall som skuldast forbrenning. Det seier seg sjølv at dødsfall mellom små barn aukar når mødrene må ut i arbeid, og kjensgjerningane gjer det heilt tvillaust.
Kvinnene går ofte attende til arbeidet tre eller fire dagar etter fødselen, og spedungen lar dei sjølvsagt liggja heime. I fritimane må dei skunda seg heim for å amme barnet og dessutan eta noko sjølve. Det seier og seg sjølv kva for amming det kan verta av slikt.
Lord Ashley tek opp att vitneprovet frå nokre arbeidarkvinner:
“M.H. er tjue år gamal og har to barn. Den yngste er ein spedunge, og den andre som er litt eldre, passar han. Mora går til fabrikken litt over klokka fem om morgonen og kjem heim klokka åtte om kvelden. Heile dagen renn mjølka frå brysta hennar, og det dryp av kleda.”
“H.W. har tre barn. Ho går heimefrå måndagsmorgonen klokka fem og kjem fyrst att laurdagskvelden klokka sju. Då har ho så mykje å gjera for barna at ho ikkje kjem seg til køys før klokka er tre om morgonen. Ho er ofte gjennomvåt, men nøydd til å arbeida i den tilstanden. ‘Eg har hatt fryktelege smertar i brysta, og eg har vore drivande våt med mjølk.’”
Dette skammelege systemet avlar bruk av narkotiske middel for å halda ungane i ro, og er verkeleg svært utbreidd i fabrikkstrøka. Dr. Johns, som leier folkeregisteret i Manchester-distriktet, meiner at denne skikken er den viktigaste årsaka til at så mange døyr av krampe. At kona må jobba i fabrikk fører til, og det må føra til, at familien vert heilt sundkløyvd. I dagens samfunn, som er tufta på familien, verkar denne sundkløyvinga heilt demoraliserande på ektemakane så vel som på barna …
Slik gjer samfunnssystemet familielivet åt arbeidaren omtrent umogleg. Heimehygge er ikkje mogleg i eit hyggelaust og skite hus som knapt er eit godt nok nattely. Det er dårleg møblert og ofte korkje regntett eller varmt, og ei motbydeleg luft fyller romma der det bur for mange menneske. Mannen arbeider heile dagen, kanskje kona og dei eldste barna og, på ulike stader. Berre om kvelden og om morgonen ser dei kvarandre, og dei er stadig freista av drykk. Er familieliv i det heile mogleg under slike tilhøve? Men arbeidsmannen kan ikkje koma seg vekk frå familien. Han må leva i familien, og fylgja av det er stadig oppstyr i familien og ekteskapskrangel som verkar nedbrytande både på ektefolka og særleg på bl)fna deira. Det skjer berre så alt for ofte at engelske arbeidsfolk ikkje gjer pliktene i huset og særleg at dei gløymer ungane, og dei beståande samfunnsinstitusjonane avlar berre så alt for mykje av denne gjerandsløysa i familien. Og så ventar ein at barna som på dette viset veks opp vilt under dei mest nedbrytande tilhøve, som foreldra sjølve svært ofte er ein del av, sidan skal verta høgmoralske! Sanneleg er det naive krav den sjølvgode borgaren stiller til arbeidaren!
Engels, «Tilhøva for arbeidarklassen i England i 1844,» Marx- Engels Verk b. 2, tysk utgåve, s. 366-368 og 356.
6. KAPITALISMEN I RUSSLAND 1899
… Den maskinelle storindustrien samlar massar av arbeidarar som ofte kjem frå ulike delar av landet, og han nektar beint fram å tola leivningar frå patriarkatet og personlege band. Storindustrien er merkt av ei verkeleg «foraktande haldning til fortida». Brotet med desse forelda sedvanane er eit av dei viktigaste vilkåra som har gjort det mogleg og naudsynt å regulera produksjonen og få offentleg kontroll med han. Når vi snakkar om korleis fabrikkane har omforma livstilhøva for folket, må det særleg strekast under at det å trekkja kvinner og barn med i produksjonen30 eigenleg er progressivt. Det er ei kjensgjerning at desse delane av det arbeidande folket får særleg harde vilkår i dei kapitalistiske fabrikkane, og at det er særleg viktig for dei å regulera og korta ned arbeidsdagen, å få garantert hygieniske arbeidstilhøve, osb. Men det ville vera reaksjonært og utopisk å freista å bannlysa heilt kvinne- og barnearbeid i industrien, eller å halda fast på den patriarkalske levemåten, som utelukkar slikt arbeid. Tidlegare kom desse folkegruppene seg aldri ut or den snevre krinsen som høvet til familien i heimen utgjorde. Den maskinelle storindustrien øydela den patriarkalske isolasjonen deira og trakk dei med direkte i den samfunnsmessige produksjonen, og det verkar til at dei utviklar seg og vert meir sjølvstendige. Storindustrien skaper med andre ord levevilkår som utan samanlikning er overlegne den patriarkalske stillstanden i dei førkapitalistiske tilhøva.31
Lenin, «Utviklinga av kapitalismen i Russland», Samla verk b. 3, engelsk utgåve, s. 546-548.
7. KVINNENE OG SMÅPRODUKSJONEN I JORDBRUKET
I dei moderne kapitalistiske statane er bondespørsmålet svært ofte opphav til at marxistar vert forvirra og vinglete, og til dei fleste åtaka på marxismen frå den borgarlege (professorale) politiske økonomien.
Marxistane seier at under kapitalismen er småproduksjonen i jordbruket dømt til undergang og til ei uhorveleg nedvurdert og undertrykt stilling. Småproduksjonen er avhengig av storkapital, og ligg attende for storproduksjonen i jordbruket. Det er berre desperate nedskjæringar av forbruket og uendeleg trøyttande slit som kan halda drifta i gang. For bonden fører kapitalismen alle stader til ødsling og sløsing med menneskeleg arbeid, til verste slags ufridom for produsenten, til at familien til bonden vert utslitt, feet avmagra og jorda utarma.
Den einaste redninga for bonden er å slutta seg til verksemda til proletariatet, særleg verksemda til lønsarbeidarane.
Borgarleg politisk økonomi, og narodnikane og opportunistane som forsvarar han (sjølv om dei ikkje alltid er klår over det), freistar heilt motsett å prova at småproduksjonen kan overleva og er meir lønsam enn storproduksjon. Bonden som har ei fast og sikker stilling i det kapitalistiske samfunnet, må ikkje nærma seg proletariatet, men borgarskapet. Han må ikkje nærma seg klassekampen til lønsarbeidarane, men freista å styrkja stillinga si som eigar og herre. Dette er det viktigaste innhaldet i teorien til dei borgarlege økonomane.
Ved hjelp av nøyaktige opplysningar skal vi freista å undersøkja kor rett den proletariske og den borgarlege teorien er. Lat oss sjå på opplysningar om kvinnearbeid i jordbruket i Austerrike og Tyskland. I Russland har vi enno ikkje fullstendige opplysningar av di regjeringa ikkje er viljug til å gjera ei vitskapleg oppteljing i jordbruket.
I Austerrike var 4 422 981 eller 48,7% av dei 9 070 682 som arbeidde i jordbruket kvinner etter folketeljinga i 1902. I Tyskland er kapitalismen mykje meir utvikla, og fleirtalet av dei som arbeidar i jordbruket er kvinner – 54,8%. Di meir kapitalismen utviklar seg i jordbruket, di meir nyttar han kvinneleg arbeidskraft. Det vil seia at han forverrar levekåra for dei arbeidande massane. I den tyske industrien er kvinnene 25% av heile arbeidsstyrken, men i jordbruket er dei meir enn 50%. Dette viser at industrien tek den beste arbeidskrafta og let den veikare arbeidskrafta vera att til jordbruket.
I dei kapitalistiske landa som er utvikla, har jordbruket allereie i hovudsak vorte eit kvinneyrke.
Men når vi ser på statistikken for gardsbruk av ulik storleik, ser vi at utbyttinga av den kvinnelege arbeidskrafta har særleg stort omfang i småproduksjonen. På den andre sida nyttar den kapitalistiske storproduksjonen, også i jordbruket, i hovudsak mannleg arbeidskraft, sjølv om jordbruket ikkje har nådd att industrien i så måte.
Fylgjande er samanlikningstal for Austerrike og Tyskland:
Vi ser at den same lova for kapitalistisk jordbruk gjeld i begge landa. Di mindre storleiken på produksjonen er, di dårlegare er samansetninga av arbeidsstyrken og di større er talet på kvinner mellom alle som arbeider i jordbruket.
Allment er stoda under kapitalismen fylgjande: På proletargardar, det vil seia der «eigarane» i hovudsak lever av lønsarbeid (landarbeidarar, dagarbeidarar og meir allment lønsarbeidarar som eig ein liten jordlapp), dominerer den kvinnelege arbeidskrafta over den mannlege, ofte i svært stor grad.
Vi må ikkje gløyma at talet på slike proletar- eller arbeidargardar er veldig stort. Dei er
l 300 000 av alle dei 2 800 000 gardane i Austerrike, og så mykje som 3 400 000 av alle dei 5 700 000 gardane i Tyskland.
På bondebruka er det omtrent like mange mannlege og kvinnelege arbeidarar.
Til slutt har vi dei kapitalistiske gardsbruka, og der dominerer den mannlege arbeidskrafta over den kvinnelege.
Kva er alt dette uttrykk for?
Det er uttrykk for at i småproduksjonen er samansetninga av arbeidsstyrken underlegen samansetninga i den kapitalistiske storproduksjonen.
Det er uttrykk for at i jordbruket må den arbeidande kvinna -proletarkvinna og bondekvinna – yta langt meir, anstrenga seg til det ytterste, og slita og streva og gjera skade på si eiga og barna si helse for så langt råd er å halda tritt med den mannlege arbeidaren i den kapitalistiske storproduksjonen.
Det er uttrykk for at småproduksjonen berre kan halda det gåande under kapitalismen gjennom å pressa større arbeidsmengder ut av arbeidarane enn det som vert pressa ut av arbeidarane i storproduksjonen.
Småbonden er meir vikla inn i det kapitalistiske nettet av band enn lønsarbeidaren. Han trur han er sjølvstendig, at han kan «klara seg», men i røynda må han arbeida (for kapitalen) hardare enn lønsarbeidaren for å halda det gåande.
Tala for barnearbeid i jordbruket er eit endå klårare prov på dette.
Lenin, «Småproduksjon i jordbruket», Samla verk b. 19, engelsk utgåve, s. 280-282.
Ill. DEN BORGARLEGE FAMILIEN
1. KOMMUNISMEN OG FAMILIEN
Avskaffing av familien! Sjølv dei mest radikale fyk opp over dette skjendige framlegget frå kommunistane.
Kva er grunnlaget for familen av i dag, den borgarlege familien? Kapital og privat tileigning. Det er berre i borgarskapet at denne familieforma er fullstendig utvikla. Men denne tilstanden får sitt motsvar i den tvungne familieløysa åt proletarane, og i den offentlege prostitusjonen.
Den borgarlege familien vil sjølvsagt verta borte når motsvaret vert borte, og båe vert borte når kapitalen vert borte.
Skuldar de oss for å ville gjera slutt på at foreldra utbytter barna sine? Vi seier oss skuldige i dette brotsverket.
Men, seier de, når vi set oppseding i samfunnet i staden for oppseding i heimen, øydelegg vi det mest heilage av alle hopehav.
Og oppsedinga dykkar! Er ikkje ho og samfunnsmessig? Er ikkje ho og styrt av dei samfunnsvilkåra du oppseder under, ved beinveges eller omveges inngrep frå samfunnet, gjennom skular osb.? Det er ikkje kommunistane som har funne på at samfunnet skal blanda seg i oppsedinga, dei vil berre endra karakteren innblandinga har og redda oppsedinga unna påverknaden frå den herskande klassen.
Borgarskapet skravlar mykje om familien, om oppseding og om det heilage hopehavet mellom foreldre og barn. Alt dette pratet vert meir og meir avskyeleg ettersom storindustrien verkar til å riva sund alle familieband mellom proletarane, og barna deira vert omgjorde til handelsvarar og arbeidsreiskapar.
Men, skrik borgarskapet i kor mot oss, de kommunistar vil innføra kvinnefellesskap.
Borgaren ser ikkje på kona si som anna enn ein produksjonsreiskap. Han høyrer at produksjonsreiskapane skal nyttast til sams vinning for alle, og kan naturlegvis ikkje slutta noko anna enn at kvinna og vil få den lagnaden å verta sams for alle.
Han har ikkje eingong ei aning om at det det verkeleg dreier seg om, er å gjera slutt på den stillinga kvinnene har som reine produksjonsreiskapar.
Dessutan er ikkje noko meir låttleg enn den høgmoralske redsla borgarskapet vårt viser andsynes kvinnefellesskapet. Dei let som om kommunistane har føre å oppretta eit slikt ope og allment kvinnefellesskap. Men kommunistane treng ikkje innføra eit slikt fellesskap, for kvinnefellesskapet er nesten like gamalt som soga.
Borgarane våre er ikkje nøgde med å kunne nytta seg av kvinnene og døtrene åt proletarane sine, for ikkje å nemna offentleg prostituerte. Dei finn stor glede i å forføra konene til einannan.
Det borgarlege ekteskapet er i røynda eit konefellesskap. Difor kan kommunistane i alle høve ikkje skuldast for noko meir enn at dei vil innføra eit ope og lovleg kvinnefellesskap i staden for eit fordekt og hyklersk kvinnefellesskap. Dessutan vil sjølvsagt det å gjera slutt på produksjonstilhøva slik dei er i dag, føra med seg avskaffing av kvinnefellesskapet som spring ut frå desse produksjonstilhøva, det vil seia, avskaffing av prostitusjonen anten han er offentleg eller privat.
Marx Engels, «Det kommunistiske manifestet,» Verk b. 4, tysk utgåve s.478-479.
2. DET BORGARLEGE GIFTARMÅLET
I dag er det to måtar å inngå eit borgarleg ekteskap på. I dei katolske landa er det no som før foreldra som finn ei høveleg kone for den unge borgarsonen. Fylgja er sjølvsagt at den motseiinga som monogamiet ber i seg utviklar seg til det fulle: Mannen tyr til frodig hetærisme og kvinna til frodig ekteskapsbrot. Sannsynlegvis var einaste grunnen til at den katolske kyrkja avskaffa skilsmål at ho hadde vorte overtydd om at det ikkje finst nokon kur mot utruskap, like lite som det finst ein kur for dauden. På den andre sida er regelen i dei protestantiske landa at borgarsonen sjølv får velja ei kone frå sin eigen klasse meir eller mindre fritt. Slik kan det henda at det finst ein viss mon av kjærleik når ein går inn i ekteskapet, og i tråd med det protestantiske hykleriet reknar ein faktisk alltid med det for sømda si skuld. Difor vert mannen sin hetærisme meir søvnig, og ekteskapsbrot frå kona si side vert mindre ein regel. Men i alle ekteskap er partane dei same som dei var før dei gifta seg, og av di borgarane i dei protestantiske landa for det meste er spissborgarar, så fører dette protestantiske monogamiet, og då tek vi gjennomsnittet av dei beste, berre til eit ekteskapeleg fellesskap i blytung keisemd, og det kallar ein familielukke. Romanen avspeglar best desse to måtane å gifta seg på – den franske romanen viser den katolske skikken, og den tyske romanen viser den protestantiske skikken. I begge «får han ho»: I den tyske får den unge mannen jenta si, i den franske får ektemannen horn. Vi kan stundom lura på kven som kjem verst ut av det. Dette er grunnen til at den franske borgaren får gysningar av den keisame tyske romanen, like mykje som den tyske spissborgaren får gysningar av den franske «umoralen». Men nyleg, etter at «Berlin vart ein verdsby», har den tyske romanen teke til med å vera noko mindre blyg når det gjeld hetærisme og ekteskapsbrot, som lenge har vore velkjent i den byen.
Men i begge fall er giftarmålet bunde av klassestillinga til partane, og er for så vidt alltid eit skikk og bruk-ekteskap. I begge falla slår dette skikk og bruk-ekteskapet ofte nok om til grovaste prostitusjon. Sume tider gjeld det begge partane, men det er mest vanleg for kvinna. Det einaste som skil henne frå vanlege kurtisaner er at ho ikkje sel kroppen sin i porsjonar som lønsarbeidar, men sel han ein gong for alle til trældom. Og for alle slike skikk og bruk-ekteskap gjeld det Fourier sa:
«På same måte som to nektingar vert eit ja i grammatikken, vert det ifylgje ekteskapsmoralen ein dyd av at to menneske prostituerer seg.»
Kjønskjærleik i høve til kvinna er, og kan berre vera, ein verkeleg regel mellom dei undertrykte klassane. I dag vil det seia proletariatet, anten tilhøvet er offisielt godkjent eller ikkje. Men her er heile grunnlaget for det klassiske monogamiet fjerna. Monogamiet og mannleg overhøgd kom i stand for å oppretthalda eigedom og arv. Her er eigedomen borte, og med det ein kvar spore til å gjera mannleg overhøgd gjeldande. Dessutan manglar og midla. Den borgarlege retten som vernar om denne overhøgda er berre til for eigarklassen og deira samband med proletarane. Han kostar pengar, og av di arbeidaren er fattig, gjeld han ikkje for proletaren sitt tilhøve til kona. Her er det heilt andre personlege og samfunnsmessige tilhøve som avgjer. Og no når storindustrien har teke kona vekk frå heimen og ut på arbeidsmarknaden og inn i fabrikkane, og ho ofte er den som skaffar brød til familien, er den siste resten av grunnlaget for mannleg overhøgd i proletarheimen fjerna. Unntaket er kanskje noko av den brutaliteten andsynes kvinna som har spreidd seg sidan monogamiet vart inført. Difor er familien åt proletaren strengt tatt ikkje monogam lenger, ikkje eingong når kjærleiken er lidenskapleg og lojaliteten sterk på begge sider, og ekteskapet kanskje har fått all den velsigninga dei religiøse og verdslege styresmaktene kan gje. Difor spelar det som evig fylgjer med monogamiet, hetærismen og ekteskapsbrotet, berre ei forsvinnande rolle her. Kvinna har faktisk fått att retten til å oppløysa ekteskapet, og når to menneske ikkje kjem ut av det med einannan skil dei helst lag. Kort sagt, proletarekteskapet er monogamt i den opphavelege tydinga av ordet, men slett ikkje i historisk forstand.
Juristane våre har rett nok funne ut at framsteg i lovgjevinga i stendig aukande grad tek frå kvinnene all grunn til å klaga. Moderne sivilisert lovverk godtek for det fyrste stendig oftare at eit giftarmål må vera ein avtale fritt inngått mellom partane for å vera lovleg, og for det andre at begge partane må ha dei same rettane og pliktene andsynes einannan i ekteskapet. Men om begge desse krava vert sett fylgjestrengt ut i livet, vil kvinnene ha alt dei kan krevja.
Denne typiske juristmåten å argumentera på er nett den same som det radikale republikanske borgarskapet nyttar for å avfeia og setja proletaren på plass. Arbeidsavtalen skal vera ein avtale som partane inngår friviljug. Men dei meiner at arbeidsavtalen er inngått friviljug så snart lova gjer dei to partane jamstilte på papiret. Makta som den eine parten har av di han har ei anna klassemessig stilling, og det presset som han med det kan leggja på den andre parten – den verkelege økonomiske stillinga til dei to partane – ho har ikkje lova noko med. Og så skal begge partane ha like rettar så lenge arbeidsavtalen varer, så lenge den eine eller den andre ikkje beint fram gjev avkall på dei. At dei økonomiske tilhøva til og med tvingar arbeidaren til å gje avkall på det siste som kan sjå ut som like rettar – det kan heller ikkje lova noko for.
Når det gjeld giftarmål er til og med dei mest framskridne lovene fullnøgde så snart partane formelt har gjeve uttrykk for at dei går inn i ekteskapet av eigen fri vilje. Kva som skjer i det verkelege livet attom dei juridiske kulissane, korleis denne frie semja vert røynleggjort – det kan ikkje lova og juristane bry seg med. Og jamvel ville den enklaste samanlikninga av lover på dette feltet få juristen til å sjå korleis det har seg med denne frie semja. I Tyskland, i dei landa som har fransk rett og andre stader, sikrar lova barna ein fastsett del av eigedomen åt foreldra, og difor kan dei ikkje verta arvelause. Her må barna ha samtykke frå foreldra for å gifta seg. I dei landa der engelsk rett gjeld, krev ikkje lova at foreldra skal samtykkja til giftarmål, men foreldra står fritt til å testamentera formua si til kven dei vil, og dei kan gjera barna arvelause om dei så lystar. Jamvel er det klårt at trass i og på grunn av nett denne kjensgjerninga er fridomen til å gifta seg med den ein vil i dei klassane som har noko å arva, ikkje det spor større i England og Amerika enn i Frankrike og Tyskland.
Stillinga er ikkje betre når det gjeld likskap for lova mellom mann og kone i ekteskapet. Den rettslege ulikskapen mellom dei to partane, som vi har teke over frå tidlegare samfunnstilhøve, er ikkje årsaka til, men fylgjen av den økonomiske undertrykkinga av kvinna. I det gamle kommunistiske hushaldet, som var sett saman av mange ektepar og barna deira, var den oppgåva kvinnene var tildelte, nemleg å styra hushaldet, like så mykje ein offentleg, ein samfunnsmessig naudsynt industri som det mannlege arbeidet med å skaffa mat. Med den patriarkalske familien, og endå meir med den monogame einskildfamilien, vart dette annleis. Styringa av hushaldet mista den offentlege karakteren sin. Ho kom ikkje samfunnet ved lenger. Ho vart ei privat teneste. Kona vart overtenar og utestengd frå den samfunnsmessige produksjonen. Det var fyrst den moderne storindustrien som opna for at ho kunne vera med i den samfunnsmessige produksjonen att, og då galdt det berre proletarkvinna. Men dette vart gjort på ein slik måte at om ho held fram med pliktene sine privat til fordel for familien, er ho framleis stengd ute frå den samfunnsmessige produksjonen og ute av stand til å tena noko. Og om ho vil vera med i den offentlege industrien og ha eigne inntekter, kan ho ikkje skøyta familiepliktene. Og på same vis som i fabrikken går det med kvinnene i alle yrkesgreiner, heilt opp til medisin og jus. Den moderne einskildfamilien byggjer på ope eller løynt husslaveri for kvinna, og det moderne samfunnet er ein masse som er sett saman av reine einskildfamiliar som sine molekyl. I det minste mellom eigarklassane må mannen, i det store fleirtalet av tilfella i dag, tena til levebrødet og brødfrø familien. Det i seg sjølv gjev han ei herskarstilling som ikkje treng nokre særskilte juridiske særrettar. I familien er han borgarskapet, kvinna representerer proletariatet. I den industrielle verda vil det som særkjenner den økonomiske undertrykkinga som tyngjer proletariatet, fyrst verta klårt og skarpt og fullt synleg når alle dei lovfesta særrettane til kapitalistklassen er avskaffa, og full likskap for lova er oppretta for dei to klassane. Den demokratiske republikken opphevar ikkje motseiinga mellom dei to klassane. Tvert om ryddar han vegen for at striden kan kjempast ut. Og på same vis vil det som særmerker den mannlege overhøgda andsynes kona i den moderne familien, trongen til å skapa verkeleg samfunnsmessig likskap mellom dei og forståinga for korleis det skal gjerast, fyrst stå klårt fram i lyset når dei har fått lovfesta heilt like rettar. Då vil det verta klårt at den fyrste føresetnaden for å frigjera kvinna er å få heile kvinnekjønet ut i offentleg industri att, og at dette i sin tur krev at einskildfamilien vert avskaffa som den økonomiske eininga i samfunnet.
Engels, «Opphavet til familien … «, Marx Engels Verk b. 21, tysk utgåve, s. 72-76.
3. KORLEIS BORGARSKAPET KJEMP AR MOT PROSTITUSJONEN
Den femte internasjonale kongressen for kampen mot den kvite slavehandelen vart nyleg avslutta i London.
Hertuginner, grevinner, biskopar, prestar, rabbinarar, politifullmektigar og alle slags borgarlege filantropar gjekk i brodden på denne kongressen! Å, så mange festlege lunsjar og storslegne offisielle mottakingar det vart gjeve! Det var ingen ende på alvorsame talar om den skadelege og skammelege prostitusjonen!
Men kva for kampmiddel foreslo desse elegante borgarlege utsendingane til kongressen? I hovudsak fremja dei to metodar: religionen og politiet. Det synest som om dei er dei einaste sikre og truverdige midla for å føra kamp mot prostitusjonen. London-korrespondenten i Leipziger Volkzeitung32 melde at ein engelsk utsending hadde skrytt av at han hadde fremja eit lovforslag i parlamentet som gjekk ut på at hallikar skulle verta kroppsleg straffa. No ser vi kven han er, den moderne «siviliserte» helten i kampen mot prostitusjonen!
Ei kanadisk dame uttrykte eldhug for politiet og for kvinneleg politiovervaking av «falne» kvinner. Men når det galdt å heva løningane sa ho at kvinnelege arbeidarar ikkje fortener betre løn.
Ein tysk prest gjekk hardt til åtak på den moderne materialismen. Han sa at stendig fleir folk omfemna den moderne materialismen og at dette verka til å spreia fri kjærleik.
Då den austerrikske utsendingen, Gartner, freista å reisa spørsmålet om dei sosiale årsakene til prostitusjon, nauda og fattigdomen i arbeidarfamiliane, utbyttinga av barna, uuthaldelege bustadtilhøve, osb., vart han stilna av fiendslege tilrop!
Men det som utsendingane fortalte kvarandre om personar i høge stillingar var lærerikt og storslege. Når til dømes den tyske keiserinna vitjar ein fødeklinikk i Berlin, får mødrene til «uekte» barn ringar på fingrane sine, slik at denne høge personen ikkje skal få sjokk ved synet av ugifte mødre.
Av dette kan ein døma om det avskyelege borgarlege hykleriet som herskar på desse aristokratisk-borgarlege kongressane. Filantropiske akrobater og politiforsvararar av dette systemet, som håner fattigdomen og som treng å samlast for «å kjempa mot prostitusjon», er støtta nett av aristokratiet og borgarskapet…
Lenin, «Den femte internasjonale kongressen mot prostitusjon», Samla verk b. 19, engelsk utgåve, s. 260-261.
IV. KVINNENE OG KAMPEN FOR SOSIALISMEN
1. KVINNENE OG REVOLUSJONEN
Den dagen alle kvinnene i Kina har reist seg er sigertimen for den kinesiske revolusjonen.
Mao Tsetung, sitat i Renmin Ribao (Folkets Dagblad) 25. august 1966 frå «Tale ved opningshøgtidinga ved Kvinneuniversitetet i Kina».
2. DEN ROLLA KVINNENE SPELAR I KAMPEN FOR FRIDOM
Kameratar, på ein måte er denne kongressen33 for den kvinnelege delen av arbeidarhæren særskilt viktig, for i alle land har ei av dei største vanskane vore å reisa kvinnene til handling. Det vert ikkje noko av den sosialistiske revolusjonen utan at svært mange arbeidande kvinner gjer ein stor innsats.
I alle siviliserte land, til og med dei mest framskridne, er kvinnene i røynda berre husslavar. Ikkje i ein einaste kapitalistisk stat, ikkje eingong i den friaste republikken, har kvinnene full likskap med mennene.
Ei av dei viktigaste oppgåvene for Sovjetrepublikken er å avskaffa alt som innskrenkar rettane til kvinnene. Sovjetregjeringa har heilt avskaffa rettargong i skilsmålssaker, som var ei kjelde til borgarleg fornedring, undertrykking og audmjuking.
Det er no snart eit år sidan full fridom til å skilja seg vart lovfesta. Vi har og gjeve eit påbod som opphevar all ulikskap mellom barn fødde i og utanfor ekteskapet og fjerna politiske innskrenkingar. Ikkje nokon annan stad i verda er det blitt oppretta likskap og fridom i så stor mon for arbeidande kvinner.
Vi veit at det er arbeidarkvinna som får bera heile børa av dei forelda skikkane.
For fyrste gong i soga har lova vår teke bort alt som nektar kvinnene rettar. Men det er ikkje lova som er viktig. I byane og industriområda verkar denne lova om full fridom i ekteskapet bra. Men på landsbygda er ho alt for ofte berre ei lov på papiret. Der har det religiøse ekteskapet framleis hevd. Grunnen er innverknaden frå prestane, og det er eit vonde som er vanskelegare å nedkjempa enn det gamle lovverket.
Vi må vera svært varsame når vi strir mot religiøse fordomar. Somme gjer stor skade i denne striden ved å krenkja religiøse kjensler. Vi må bruka propaganda og opplysning. Om vi strir med for skarpe middel, kan det berre vekkja folkeleg harme. Slike kampmetodar verkar til å halda ved lag oppdelinga av folket langs religiøse skileliner, medan styrken vår ligg i einskap. Den djupaste årsaka til religiøse fordomar er fattigdom og ukunne, og det er dette vondet vi må kjempa mot.
Den stillinga kvinnene har hatt til no har vore likna med trældom. Kvinnene har vore bundne til heimen, og det er berre sosialismen som kan fri dei frå dette. Dei vil fyrst verta heilt frigjorde når vi har gått over frå små einskildbruk til kollektivbruk og kollektivt arbeid på jorda. Det er ei vanskeleg oppgåve…
Røynslene frå alle frigjeringsrørsler syner oss at om ein revolusjon skal verta vellukka, er det avhengig av i kor stor grad kvinnene er med i han. Sovjetregjeringa gjer alt ho kan for at kvinnene skal verta i stand til å driva med sjølvstendig proletarisk sosialistisk arbeid…
Til no har ingen andre republikkar klart å frigjera kvinna. Sovjetregjeringa hjelper henne. Saka vår kan ikkje li nederlag, av di den uovervinnelege arbeidarklassen reiser seg i alle land. Denne rørsla er teikn på at den uovervinnelege sosialistiske revolusjonen breier seg.
Lenin, «Tale på den fyrste allrussiske kongressen av arbeidande kvinner», 19. november 1918, Samla verk, eng. utg., b. 28, s. 180-182.
3. DEN STØRSTE RESERVEN ARBEIDARKLASSEN HAR
Menneskesòga har ikkje sett ei einaste stor rørsle av undertrykte utan at dei arbeidande kvinnene har vore med. Dei arbeidande kvinnene, dei mest underkua av dei underkua, har aldri vike av frå den breie vegen frigjeringsrørsla har fylgd, og det kunne dei heller aldri ha gjort. Som vi veit har denne rørsla av slavar brakt fram hundretals og tusentals martyrar og heltinner. I rekkjene av dei som kjempa for å frigjera dei liveigne bøndene fanst det titusentals arbeidande kvinner. Det er ikkje til å undrast over at millionar av arbeidande kvinner vart trekte med under fanene til den revolusjonære arbeidarrørsla, som er den mektigaste av alle frigjeringsrørslene dei undertrykte massane har skipa.
Den internasjonale kvinnedagen er eit merke på at frigjeringsrørsla åt arbeidarklassen er uovervinneleg, og eit varsel om den store framtida hennar.
Arbeidande kvinner – arbeidarar og bønder – er den største reserven arbeidarklassen har. Denne reserven er meir enn halve folket. Framtida til proletarrørsla, siger eller nederlag i den proletariske revolusjonen, siger eller undergang for proletarmakta, er avhengig av om kvinnereserven er for eller mot arbeidarklassen.
Den fyrste oppgåva til proletariatet og til fortroppen, det kommunistiske partiet, er difor å kjempa ein avgjerande strid for å frigjera kvinnelege arbeidarar og bønder frå borgarleg påverknad. Dei må kjempa for politisk opplæring og organisera dei kvinnelege arbeidarane og bøndene under fana åt proletariatet.
Den internasjonale kvinnedagen er ein måte å vinna arbeidsreserven til kvinnene over til proletariatet si side på. Men dei arbeidande kvinnene er meir enn ein reserve. Dersom arbeidarklassen fører ein rett politikk, kan og må kvinnene verta ein verkeleg hær av arbeidarklassen som verkar mot borgarskapet.
Den andre og avgjerande oppgåva for arbeidarklassen er å smi den arbeidsreserven som kvinnene er, om til ein hær av arbeidar- og bondekvinner som vil stri skulder ved skulder med den store hæren til proletariatet. Den internasjonale kvinnedagen må verta eit middel til å gjera arbeidar- og bondekvinnene om til ein aktiv hær i frigjeringsrørsla til proletariatet.
Lenge leve Den internasjonale kvinnedagen!
Stalin, Ein politisk biografi.
4. VEGEN TIL FRIGJERING
Kjernen i bolsjevismen og den russiske Oktoberrevolusjonen er å trekkja nett dei med i politikken som var mest undertrykte under kapitalismen. Kapitalistane undertrykte dei, førde dei bak lyset og rana dei, både under monarkiet og i dei borgarleg-demokratiske republikkane. Så lenge jorda og fabrikkane var privateigde, var det uunngåeleg at kapitalistane undertrykte folket og førde det bak lyset, og plyndra arbeidet til folket.
Kjernen i bolsjevismen og sovjetmakta ligg i å avsløra det falske og hyklerske ved det borgarlege demokratiet, å avskaffa privateige av jord og fabrikkar og samla heile statsmakta i hendene på dei arbeidande og utbytta massane. Dei, desse massane, tek politikken, det vil seia arbeidet for å byggja eit nytt samfunn, i eigne hender. Det er ei vanskeleg oppgåve, for massane har vare trakka på og kua av kapitalismen. Men der korkje er eller kan vera nokon annan veg ut or lønnsslaveriet og trældomen under kapitalismen.
Men det er ikkje råd å dra massane med i politikken utan å dra kvinnene med også, for under kapitalismen vert den kvinnelege halvdelen av menneskeætta dobbelt undertrykt. Arbeidande kvinner og bondekvinner er undertrykte av kapitalen, men i tillegg er dei framleis – sjølv i dei mest demokratiske av borgarlege republikkar – for det fyrste frårøva nokre rettar av di lova nektar dei likskap med mennene, og for det andre er dei fortsett «bundne til heimen», og det er det viktigaste. Dei er «husslavar», for dei er knuga av mølla av skite, oppløysande og meiningslaust slit i kjøkkenet og familiehushaldet.
Den sovjetiske bolsjevikrevolusjonen råkar rota til at kvinnene er undertrykte og underlegne hardare enn noko parti eller nokon revolusjon i verda har drøymt om å gjera tidlegare. Det er ikkje att eit spor av ulikskap for lova mellom menn og kvinner her i Sovjet-Russland. Sovjetmakta har avskaffa alt som fanst av særleg avskyeleg, tarveleg og hyklersk ulikskap i ekteskaps- og familielovene, og ulikskap når det galdt barna. Men ikkje ein einaste borgarleg republikk, ikkje ein gong den mest demokratiske, har tort ta dette fyrste steget ein gong. Dei har ikkje tort å gjera det av otte for den «heilage private eigedomsretten».
Det andre og viktigaste steget er å avskaffa privateiget til jorda og fabrikkane. Dette, og berre dette opnar vegen til full og røynleg kvinnefrigjering, frigjeringa hennar frå «husslaveriet», ved overgang frå individuelt hushald i det små til storstilt sosialisert husarbeid.
Denne overgangen er vanskeleg, for det dreier seg om å støypa om eit fasttømra, innhylla og stivna «system» med djupe røtter, (det ville vera rettare å kalla det umoral og barbari). Men overgangen er sett i gang, saka er sett i rørsle, vi har teke den nye vegen.
På den internasjonale arbeidarkvinnedagen vil utallege arbeidarkvinnemøte i alle land i heile verda sende helsingar til Sovjet-Russland, som var det fyrste landet til å ta fatt på denne store oppgåva som er utan sidestykke i soga og utruleg vanskeleg. Men det er ei oppgåve som er stor i verdssamanhang og verkeleg frigjerande. Det vil verta eldhuga talar om ikkje å tapa motet andsynes den valdsame, ofte brutale borgarlege reaksjonen. Di meir «fritt» og «demokratisk» eit borgarleg land er, di villare vert raseriet frå kapitalistbanden i landet mot arbeidarrevolusjonen. Eit eksempel på det er den demokratiske republikken Sambandsstatane. Men arbeidarmassane har allereie vakna. Den imperialistiske krigen har endeleg vekt dei slumrande, døsige og uverksame massane i Amerika, Europa og sjølv i det tilbakeliggjande Asia.
Isen er broten i kvart hjørne av verda.
Ikkje noko kan stogga flodbølgja av folka si frigjering frå imperialiståket og arbeidande kvinner og menn si frigjering frå kapitalåket. Arbeidande menn og kvinner i byane og på landsbygda fører saka fram i ti- og hundretals millionar. Difor vil arbeidet si fridomssak frå kapitalåket sigre i heile verda.
Lenin: «Den internasjonale kvinnedagen, 1918», Samla verk b. 32, engelsk utgåve, s. 161-163.
5. VÆPNA STRID FOR FRIGJERING
Om den noverande krigen berre vekkjer redsle og frykt, berre motvilje mot all bruk av våpen, mot blodbad, daude osb., mellom dei reaksjonære kristne sosialistane og det klynkande småborgarskapet, då må vi seia: Det kapitalistiske samfunnet er og har alltid vore ein endelaus redsle. Om denne mest reaksjonære av alle krigar no førebur ein fælsleg slutt for dette samfunnet, har vi ikkje nokon grunn til å verta fortvila. Men «kravet» om avrusting – eller rettare: draumen om avrusting – er objektivt sett ikkje noko anna enn eit uttrykk for fortviling på ei tid då borgarskapet, som alle kan sjå, sjølv banar vegen for den einaste rettmessige og revolusjonære krigen – borgarkrigen mot det imperialistiske borgarskapet.
Nokre vil seia at dette er ein teori som er skild frå livet. Men vi vil minna dei om to verdshistoriske kjensgjerningar: Rolla til trustane og bruken av kvinner i industrien på den eine sida, og Pariskommunen34 i 1871 og desemberoppreisten35 i Russland i 1905 på den andre.
Borgarskapet gjer det til si sak å fremja trustar, driva kvinner og barn inn i fabrikkane, underkasta dei øydelegging og liding og døma dei til ytste fattigdom. Vi «krev» ikkje ei slik utvikling, vi «støttar» ho ikkje. Vi kjempar mot ho. Men korleis kjempar vi? Vi forklarar at trustane og bruken av kvinner i industrien er progressiv. Vi ynskjer ikkje å venda attende til handverksystemet, den før-monopolistiske kapitalismen, hus-mølla for kvinnene. Fram gjennom trustane osb., og forbi dei til sosialismen!
Med dei naudsynte endringane kan ein og bruka dette argumentet på den noverande militariseringa av folket. I dag militariserer det imperialistiske borgarskapet både ungdomen og dei vaksne. I morgon kan det taka til med å militarisera kvinnene. Haldninga vår må vera: Di betre! Full fart framover! For di snøggare det går, di nærare vil vi vera den væpna oppreisten mot kapitalismen. Sosialdemokratar kan berre gi etter for otte for militariseringa av ungdomen osb. om dei har gløymt Pariskommunen sitt føredøme. Dette er ikkje ein «teori skild frå livet» eller ein draum. Det er ei kjensgjerning. Og det ville verkeleg stå ille til om sosialdemokratar – trass i alle dei økonomiske og politiske kjensgjerningane – tok til med å tvila på at den imperialistiske tidbolken og dei imperialistiske krigane uunngåeleg må føra til at slike kjensgjerningar tek seg opp att.
Ein viss borgarleg observatør av Pariskommunen, som skreiv til ei engelsk avis i mai 1871, sa: «For ein forferdeleg nasjon Frankrike ville ha vore om han berre var samansett av kvinner!» Kvinner og barn frå trettenårsalderen slost i Pariskommunen, side om side med mennene. Det vil ikkje vera annleis i dei slaga som kjem for å styrta borgarskapet. Proletarkvinner vil ikkje sjå passivt på når dårleg væpna eller uvæpna arbeidarar vert skotne ned av dei godt væpna styrkane åt borgarskapet. Dei vil gripa til våpen slik dei gjorde i 1871. Og frå dei nasjonane som er kua i dag- eller rettare: frå dagens arbeidarrørsle, som er meir desorganisert av opportunistane enn av regjeringane – vil det før eller seinare, men heilt visst, utan tvil oppstå eit internasjonalt forbund av dei «forferdelege nasjonane» til det revolusjonære proletariatet.
Heile samfunnslivet vert no militarisert. Imperialismen er ein valdsam kamp mellom stormaktene for å dela opp og nyoppdela verda. Difor er han nøydd til å føra til at alle land, sjølv nøytrale og små land, vert vidare militariserte. Korleis vil proletarkvinnene kjempa mot dette? Vil dei berre forbanna all krig og alt militært, berre krevja avvæpning? Kvinnene til ein undertrykt og verkeleg revolusjonær klasse vil aldri godta denne skammelege rolla. Dei vil seia til sønene sine: «Snart er du vaksen. Du vil få eit gevær. Ta det, og lær militærkunsten skikkeleg. Proletariatet treng denne kunnskapen, ikkje for å skyta brørne dine, arbeidarane i andre land, slik det vert gjort i denne krigen og som dei som svik sosialismen seier at du skal gjera. Proletariatet treng han for å kjempa mot borgarskapet i ditt eige land, for å gjera slutt på utbytting, fattigdom og krig – ikkje gjennom fromme ynskje, men ved å seira over og avvæpna borgarskapet.» Om vi skulle halda oss unna slik propaganda, nett slik propaganda, i samband med denne krigen, så er det best at vi sluttar med å bruka fine ord om det internasjonale revolusjonære sosialdemokratiet, den sosialistiske revolusjonen og krig mot krigen.
Lenin, «Den proletariske revolusjonens krigsprogram» (1916), sjå hefte Sosialisme og krig, norsk utg., s. 44-45 eller Lenin, Utvalgte Verker i 12bind, b. 6, s. l77. -Red.
V. SOSIALISMEN OG KVINNEFRIGJERINGA
1. LIKSKAP FOR KVINNENE
Kvinnene i USSR har dei same rettane som mennene på alle område i det økonomiske, statlege, kulturelle, sosiale og politiske livet.
At kvinnene skal kunne gjera bruk av desse rettane er sikra ved at dei har fått like rettar med mennene til arbeid, løn for arbeid, kvile og fritid, trygd og utdanning. Desse rettane er sikra ved at staten vernar om interessene til mor og barn, ved statleg hjelp til mødre med store familiar og ugifte mødre, ved permisjon med full løn under svangerskap og etter fødslar, og ved at det vert oppretta eit vidt nett av fødeklinikkar, stader for å parkera barna og barnehagar.
Artikkel 122 i grunnlova til USSR, 1936
…For det femte er utkastet til denne nye grunnlova særmerkt ved at det er fylgjestrengt og gjennomført demokratisk. Frå ein demokratisk synsstad kan ein dela dei borgarlege grunnlovene inn i to grupper: Den eine gruppa grunnlover nektar ope, eller gjer faktisk inkje av, dei like rettane for statsborgarar og dei demokratiske fridomane. Den andre gruppa grunnlover godtek ivrig og framhevar til og med dei demokratiske prinsippa, men på same tid gjer dei atterhåld og avgrensingar slik at desse demokratiske rettane og fridomane syner seg å vera fullstendig lemlesta. Dei snakkar om lik val- og røysterett for alle statsborgarar, men gjer straks denne retten avhengig av at ein har fast bustad og av vurdering av utdanning og rikdom. Dei talar om like rettar for statsborgarane, men tek straks det atterhaldet at dette ikkje gjeld, eller gjeld berre delvis, for kvinner. Og så bortetter i det uendelege.
Eit særmerke ved utkastet til grunnlova for USSR er at ho er fri for slike atterhald og innskrenkingar. For henne finst ikkje noko skilje mellom aktive og passive borgarar, for henne er alle statsborgarar aktive. Ho godtek ikkje at det finst nokon skilnad i rettane mellom menn og kvinner, mellom folk med «fast bustad» og folk «utan fast bustad», mellom dei som har eigedom og dei eigedomslause, eller mellom dei som har og ikkje har utdanning. Det er ikkje eigedomsstatusen, nasjonalt opphav, ikkje kjønn, ikkje stilling, men dei personlege evnene og den personlege innsatsen som avgjer kva stilling kvar borgar får i samfunnet.
Stalin, «Om utkastet til grunnlov for USSR», Verk b. 14, tysk utgåve, s.69-70.
2. OPPGÅVENE TIL ARBEIDARKVINNERØRSLA I SOVJETREPUBLIKKEN
Eg vil gjerne seia nokre ord om dei allmenne oppgåvene som arbeidarkvinnerørsla i Sovjetrepublikken står framfor, om dei som har med overgangen til sosialismen allment å gjera, og om dei som det hastar særskilt med nett no. Kameratar, sovjetmakta tok opp spørsmålet om den stillinga kvinnene har heilt frå starten. For meg ser det ut som om alle arbeidarstatar har ei dobbelt oppgåve under overgangen til sosialismen. Den fyrste delen av den oppgåva er relativt enkel og lett. Den har å gjera med dei gamle lovene som heldt kvinnene i ei underlegen stilling samanlikna med mennene. Lenge, ikkje i tiår, men i fleire hundreår, har dei som har vore med i alle frigjeringsrørslene i Vest-Europa sett fram krav om at forelda lover skal fjernast og at kvinner og menn skal verta like for lova. Men ingen av dei demokratiske statane i Europa, ikkje ein gong dei mest framskridne republikkane, har klart å gjera røynd av dette kravet. For mennene held fast på særrettane sine alle stader der kapitalismen rår, over alt der det er privateige til jorda og fabrikkane . Det er berre av di arbeidarane har hatt makta sidan 25. oktober 1917 at det har vore råd å gjera røynd av dette kravet i Russland. Heilt frå starten hadde sovjetmakta som mål å vera ei makt for det arbeidande folket, ein fiende av alle former for utbytting. Ho sette seg som mål å fjerna alt som gjer det mogleg for landeigarar og kapitalistar å utbytta det arbeidande folket, å avskaffa kapitalstyret. Sovjetmakta har freista å laga det slik til at det vert råd for arbeidsfolk å organisera livet sitt utan at det er privateige til jorda, utan privateige til fabrikkane, utan denne privateigedomen som held det arbeidande folket alle stader i heile verda i ein faktisk fattigdom og lønsslaveri, og som held kvinnene i ein tilstand av dobbeltslaveri. Slik er det til og med der dei har full politisk fridom, sjølv i dei mest demokratiske republikkane.
Sovjetmakta er makta til det arbeidande folket, og i dei fyrste månadene etter at ho vart oppretta, sette ho i gang ein svært klår revolusjon i lovgjevinga som gjeld kvinner. I Sovjetrepublikken er ikkje noko att av dei lovene som sette kvinnene i ei underlegen stilling. Eg snakkar særskilt om dei lovene som utnytta den veikare stillinga til kvinnene og sette dei i ei underlegen, og ofte til og med ei nedverdigande stilling. Det vil seia lovene om skilsmål og barn fødde utanfor ekteskapet, og kvinna sin rett til å saksøkja barnefaren for å få underhald.
Det er særleg på dette omkvervet at den borgarlege lovgjevinga dreg nytte av at kvinna har ei veikare stilling til å nedverdiga henne og gje henne ein underlegen status. Eg må leggja til at det gjeld og i dei mest framskridne landa. Det er særleg på dette omkvervet at sovjetmakta har kvitta seg med alle dei gamle urettmessige lovene som ikkje var til å halda ut for det arbeidande folket. Stolte og utan å overdriva kan vi i dag seia at det ikkje finst eit einaste land i verda utanom Sovjetunionen der kvinnene har full likskap med mennene og der kvinna ikkje har den underlegne stillinga som ho særleg får kjenna i det daglege familielivet. Dette var ei av dei fyrste og viktigaste oppgåvene våre.
Om det hender seg slik at de kjem i kontakt med parti som er fiendslege tii bolsjevikane, kanskje får ei avis i hende, utgjeve på russisk i dei områda som Koltsjak og Denikin36 har hærsett, eller kan hende snakkar med folk som har sams syn med desse avisene, vil de ofte høyra at dei skulder sovjetmakta for å ha krenkt demokratiet.
Vi, representantane for sovjetmakta, bolsjevikkommunistar og folk som stør sovjetmakta, vert ofte skulda for å ha krenkt demokratiet. Provet dei kjem med er at sovjetmakta løyste opp den konstituerande forsamlinga. Oftast svarar vi på denne skuldinga slik: Det demokratiet og den konstituerande forsamlinga som vart til då privateigedomen enno fans på jorda, då der ikkje var likskap mellom folk, då den som åtte sin eigen kapital var sjef og dei andre arbeidde for han og var lønsslavane hans, det var eit demokrati som vi ikkje verdset. Eit slikt demokrati dekte over slaveriet, til og med i dei mest framskridne landa. Vi sosialistar stør berre demokratiet så langt som det gjer stillinga lettare for det arbeidande og undertrykte folket. I heile verda har sosialismen sett seg den oppgåva at dei skal kjempa mot alle former for at menneske utbyttar menneske. Det demokratiet som verkeleg har verd for oss, tener dei som er utbytta, og dei underprivilegerte. Å ta røysteretten frå dei som ikkje arbeider ville vera verkeleg likskap mellom folk. Dei som ikkje arbeider skulle heller ikkje eta.
Vi svarar på desse skuldingane ved å seia at spørsmålet må leggjast fram slik: Korleis vert demokratiet sett ut i livet i dei ulike landa? I ord står alle dei demokratiske republikkane for likskap. Men i dei sivile lovene og i lovene om kva rettar kvinnene har – dei som har med stillinga hennar i familien og skilsmål å gjera – ser vi at kvinnene er ulike, og vert nedverdiga på kvart einaste punkt. Vi seier at dette er å krenkja demokratiet, særleg i høve til dei undertrykte. Meir enn nokon av dei andre mest framskridne landa har sovjetmakta sett demokratiet ut i livet, for ho har reinska alle spor av ulikskap for kvinner ut or lovene sine. Nok ein gong seier eg at ikkje nokon annan stat og ikkje nokon annan lovgjeving nokon gong har gjort halvparten så mykje for kvinnene som sovjetmakta gjorde i dei fyrste månadene etter at ho vart oppretta.
Berre lover er sjølvsagt ikkje nok, og vi er ikkje på nokon måte nøgde med nakne påbod. Likevel har vi i lovgjevinga gjort alt som krevst av oss for at kvinnene skal få ei stilling lik med mannen, og vi har all rett til å vera stolte av det. I dag er den stillinga kvinnene har i Sovjet-Russland ideell i høve til stillinga hennar i dei mest framskridne statane. Vi seier likevel til oss sjølve at dette sjølvsagt berre er fyrste steget. På grunn av arbeidet hennar i heimen, har kvinna framleis ei vanskeleg stilling. Nasjonaløkonomien må sosialiserast og kvinna må ta del i felles produktivt arbeid for at ho skal verta heilt frigjort og likestilt med mannen. Fyrst då vil stillinga hennar vera den same som mannen si.
No snakkar vi sjølvsagt ikkje om at det gjeld å gjera kvinna lik med mannen i arbeidsproduktivitet, arbeidsmengd, lengd på arbeidsdagen, arbeidsvilkår osb. Det vi meiner er at kvinna ikkje skal, i motsetnad til mannen, vera underkua på grunn av stillinga si i familien. De veit alle at sjølv når kvinnene har fulle rettar vert dei i røynda framleis haldne nede av di dei må gjera alt husarbeidet. I dei fleste tilfella er husarbeidet det mest uproduktive, barbariske og slitsame arbeidet ei kvinne kan gjera. Det er uvanleg småskore og omfattar ikkje noko som på nokon måte kan framskunda kvinna si utvikling.
For å oppfylla det sosialistiske førebiletet vil vi stri for å gjennomføra sosialismen heilt, og dette stiller kvinnene framfor omfattande arbeidsoppgåver. I dag gjer vi alvorsame førebuingar for å leggje tilhøva til rette, slik at vi kan byggja sosialismen. Men oppbygginga av sosialismen kan fyrst ta til når vi har nådd full likskap for kvinnene og når vi tek til med det nye arbeidet saman med kvinner som er frigjorde frå det småskorne, øydeleggjande og uproduktive arbeidet. Dette er ei oppgåve som det vil ta mange, mange år å løysa.
Vi skaper mønsterinstitusjonar, kantiner og barnehagar som vil frigjera kvinnene frå husarbeidet. Og arbeidet med å organisera desse institusjonane vil i hovudsak falla på kvinnene. Vi må vedgå at det er svært få institusjonar i Russland i dag som kan hjelpa kvinnene ut or trældomstilstanden hennar i huset. Dei er eit umerkjande tal, og dei tilhøva som herskar i Sovjetrepublikken i dag – krigen og stoda når det gjeld matforsyningar, som andre kameratar allereie har gjort dykk kjende med – hindrar oss i dette arbeidet. Likevel må vi slå fast at desse institusjonane , som frigjer kvinnene frå stillinga deira som husslavar, dukkar opp alle stader der det i det heile er råd.
Vi seier at arbeidarane si frigjering er noko som arbeidarane sjølve må gjera. På nett same måten er dei arbeidande kvinnene si frigjering ei sak for dei arbeidande kvinnene sjølve. Dei arbeidande kvinnene sjølve må sjå til at slike institusjonar vert utvikla, og denne verksemda vil føra til ei fullstendig endring i stillinga deira samanlikna med det ho var i det gamle kapitalistiske samfunnet.
Under det gamle kapitalistiske regimet måtte det ei særskilt utdanning til for å verta aktiv i politikken. Det gjorde at til og med i dei mest framskridne og frie kapitalistiske landa spela kvinnene ei svært lita rolle i politikken. Det er oppgåva vår å gjera politikken tilgjengeleg for alle arbeidande kvinner. Etter at privateiget til jord og fabrikkar vart avskaffa, og makta til godseigarane og kapitalistane vart styrta, har dei politiske oppgåvene vorte enkle, klåre og forståelege for heile det arbeidande folket, dei arbeidande kvinnene medrekna. I det kapitalistiske samfunnet er kvinna si stilling merkt av slik ulikskap, at medverkinga hennar i politikken berre er ein uvesentleg brøkdel av det mannen gjer. Det arbeidande folket må ha makta for å endra denne stoda, for då vil dei viktigaste oppgåvene i politikken vera saker som verkar beinveges inn på lagnaden til det arbeidande folket sjølve.
Også her er det avgjerande at dei arbeidande kvinnene er med – ikkje berre partimedlemer og politisk medvitne kvinner, men og kvinner som ikkje er med i partiet og dei som er minst medvitne politisk. Her opnar sovjetmakta ein vid verkekrins for dei arbeidande kvinnene.
Vi har hatt vanskelege tider i kampen mot dei kreftene som er fiendslege til Sovjet-Russland og som har gått til åtak på henne. Det var vanskeleg for oss å kjempa på slagmarka mot styrker som gjekk til krig mot det arbeidande folket si makt og mot profitørane når det galdt matforsyningar. For talet på folk, arbeidsfolk, som heilhjarta støtta opp under oss med arbeidet sitt, var ikkje stort nok. I dette og må sovjetmakta verdsetja hjelpa frå massane av arbeidande kvinner som ikkje er med i partiet, meir enn noko anna. Kan henda veit dei at det kanskje måtte omfattande trening til for å vera med i politikken i det gamle borgarlege samfunnet, og at kvinnene ikkje hadde tilgjenge til slik trening. Den politiske verksemda i Sovjetrepublikken er i hovudsak kampen mot landeigarar og kapitalistar, kampen for å avskaffa utbyttinga. Difor får dei arbeidande kvinnene tilgjenge til politisk verksemd i Sovjetrepublikken, og innhaldet vil vera at den arbeidande kvinna nyttar dei organisatoriske evnene sine til å hjelpa den arbeidande mannen.
Vi treng ikkje berre organisatorisk arbeid som femnar om millionar, vi treng organisasjonsarbeid på det lågaste planet, og det gjer at også kvinnene kan arbeida. Kvinnene kan arbeida under krigstilhøve når det er spørsmål om å hjelpa hæren eller driva agitasjon i han. Kvinnene bør vera aktivt med i alt dette, slik at den raude hæren ser at nokon har omsut for dei og viser at ein bryr seg om dei. Kvinnene kan og arbeida med matutdeling, betra dei offentlege kjøkena og opna matsalar alle stader, som det er så mange av i Petrograd.
Det er på desse omkverva at verksemda til dei arbeidande kvinnene har størst organisatorisk verd. Det er og avgjerande at dei arbeidande kvinnene er med på å organisera og styra dei store eksperimentbruka, og ikkje berre i einskildtilfelle. Dette kan ikkje lukkast utan at mange arbeidarkvinner er med. På dette omkvervet kan arbeidande kvinner vera svært nyttige ved å ha oppsyn med utdeling av mat og ved å gjera matprodukt lettare å skaffa. Dette arbeidet kan like gjerne gjerast av arbeidande kvinner som ikkje er med i partiet, og det vil meir enn noko anna verka til å styrka det sosialistiske samfunnet.
Vi har avskaffa privateige til jorda, og vi har nesten avskaffa alt privateige til fabrikkane. No freistar sovjetmakta å sikra at heile det arbeidande folket, dei som er med i partiet og dei som ikkje er med i partiet, kvinner såvel som menn, skal ta del i denne økonomiske utviklinga. Det arbeidet som sovjetmakta har sett i gang kan fyrst få framgang når millionar på millionar av kvinner i heile Russland, i staden for nokre få hundre, er med på arbeidet. Vi er overtydde om at den sosialistiske utviklinga då vil verta sunn. Då vil det arbeidande folket visa at dei kan leva og styra landet sitt utan hjelp frå landeigarar og kapitalistar. Då vil grunnlaget for den sosialistiske oppbygginga i Russland vera så sterkt at ingen ytre fiendar og ingen fiendar i Russland vil vera nokon fare for sovjetrepublikken.
Lenin, «Oppgåvene til arbeidarkvinnerørsla i sovjet-republikken», Samla verk b. 30, engelsk utgåve s. 40-46.
3. ARBEIDET I KOLLEKTIVBRUKA
Det er klårt at jordbruket i dei raude områda er i framgang. Når vi samanliknar med 1932 var jordbruksproduksjonen i 1933 15% høgare i det sørlege Kiangsi og det vestlege Fukien, og 20% høgare i grenseområda mellom Fukien, Chekiang og Kiangsi. Grenseområdet mellom Szechuan og Shensi har hatt ein god haust. Etter at eit raudt område er skipa, går jordbruksproduksjonen ofte ned det fyrste eller dei to fyrste åra. Men han tek seg opp att etter at jorda er omfordelt og eigartilhøva avgjorte, og vi har hjelpt fram produksjonen, for då arbeidar bondemassane med større eldhug. På nokre stader har jordbruksproduksjonen i dag nådd, og til og med gått forbi, nivået før revolusjonen. Andre stader har dei ikkje berre dyrka opp den jorda som låg brakk under dei revolusjonære oppreistane, men dei har og dyrka ny jord. Mange stader er det organisert grupper for innbyrdes hjelp og pløyelag for å nytta arbeidskrafta i landsbyane på beste måten, og det er organisert kooperativ for å vinna over mangelen på trekkoksar. Dessutan er mange kvinner med i produksjonen. Ikkje noko av dette kunne ha funne stad på Kuomintang si tid. Så lenge det var godseigarane som hadde hand om jorda, hadde bøndene korkje vilja eller dei reiskapane som skulle til for å gjera jorda meir fruktbar. Det er fyrst etter at vi delte ut jord til bøndene og hjelpte og løna dei for produksjonen at arbeidshugen deira har blomstra opp og store framsteg er nådd i produksjonen. Det må peikast på at under dei tilhøva som no rår, står jordbruket fyrst for tur i den økonomiske oppbygginga. Det er gjennom jordbruket at vi løyser det særs viktige matproblemet og problemet med å skaffa råstoff som bomull, hamp, sukkerrør og bambus som trengst i framstillinga av klede, sukker, papir og andre livsviktige produkt. Dyrkinga av skog og auking av buskapen er og viktige delar av jordbruket. Innafor ramma av bondeøkonomien er det råd, ja naudsynt å leggja høvelege planar for framstillinga av visse viktige jordbruksprodukt og mobilisera bøndene til å stri for å fylla desse planane. Vi må vera meir merksame på dette og gjera meir for å få det til. Vi må aktivt leia bøndene i arbeidet med å løysa slike vanskelege og avgjerande produksjonsproblem som spørsmåla om arbeidskraft, trekkoksar, gjødsel, frø og vatning. Den grunnleggjande oppgåva vår i samband med dette er å omstilla bruken av arbeidskraft på ein organisert måte og å oppmuntra kvinnene til å gjera gardsarbeid. Dei tiltaka som er naudsynte for å løyse problemet med arbeidskraft er å organisera grupper for innbyrdes hjelp og pløyelag, og mobilisera og oppmuntre alle som bur på landsbygda til å hjelpa til i dei travle pløye-sesongane om våren og sumaren. Eit anna stort problem er at ein ganske stor del, (om lag 25%) av bøndene manglar trekkoksar. Vi må sjå til å få organisert kooperativ for trekkoksar og oppmuntra dei bøndene som ikkje har oksar til å kjøpa dei til sams bruk ved at dei friviljug teiknar aksjar. Vatning, som er sjølve livsåra i jordbruket, fortener nøye merksemd. Vi kan sjølvsagt ikkje reisa spørsmålet om statsdrift eller kollektivdrift enno, men det er brennande naudsynt å oppretta små forsøksbruk, skular for jordbruksforsking og utstillingar av jordbruksprodukt på ulike stader, for å framskunda utviklinga i jordbruket.
Mao Tsetung, «Den økonomiske politikken vår», Utvalgte verk, eng. utg. b.1, s. 141-143.
4. MOT HUSHALDSSLITET
La oss ta stillinga til kvinnene som døme. På dette omkvervet har ikkje eit einaste demokratisk parti, ikkje ein gong i dei mest framskridne borgarlege republikkane gjort så mykje som ein hundredel på ti-år av det vi gjorde det fyrste året vi hadde makta. Vi jamna verkeleg med jorda dei nedrige lovene som gjorde kvinnene underlegne, som vanskeleggjorde og hylla inn skilsmål i avskyelege formalitetar, nekta å godkjenna barn som var fødde utanfor ekteskapet, tvang fram leiting etter fedrane deira, osb. Til skam for borgarskapet og kapitalismen finst det mange leivningar av slike lover i alle dei siviliserte landa. Vi har tusen gongar retten til å vera stolte over det vi har gjort på dette om kvervet. Men di grundigare vi har rydda grunnen for leivningar av gamle borgarlege lover og institusjonar, di klårare ser vi at vi berre har rydda grunnen, men enno ikkje teke til å byggja.
Trass i alle lovene som set kvinna fri, er ho framleis ein husslave, for det småskorne husarbeidet knusar og kvelar henne. Det sløvar og nedverdigar henne, bind henne til kjøkenet og barnerommet, og ho kastar vekk arbeidet sitt på barbarisk, uproduktivt, småskore og nerveslitande, meiningslaust og knusande slit. Den verkelege frigjeringa av kvinnene, verkeleg kommunisme, vil fyrst ta til når og der ein total kamp (leidd av proletariatet som har statsmakta) tar til mot dette småskorne hushaldet, eller rettare når ei full omskaping av dette hushaldet til ein storstilt sosialistisk økonomi tar til.
Er vi i praksis nok merksame andsynes dette spørsmålet som alle kommunistar ser på som uomstrideleg i teorien? Sjølvsagt ikkje. Tek vi skikkeleg vare på dei spirene til kommunisme som allereie er til stades på dette omkvervet? Nok ein gong er svaret nei. Offentlege kjøken, stader for å setja frå seg barna, barnehagar, desse er døme på slike spirer. Her har vi dei enkle kvardagsmidla, som utan pomp og prakt eller høgtid, verkeleg kan frigjere kvinnene, som verkeleg kan gjera ulikskapen med mennene mindre og avskaffa han når det gjeld rolla i den samfunnsmessige produksjonen og det offentlege livet. Desse midla er ikkje nye. Dei (som alle dei materielle føresetnadene for sosialismen) vart skapte av storstilt kapitalisme. Men under kapitalismen var dei for det fyrste sjeldne. For det andre, og det er særs viktig, var dei anten profittforetak med alt det verste som særmerkjer spekulasjon, profittering, svindel og bedrag, eller dei var borgarleg «almisse-akrobatikk» som dei beste arbeidarane med rette hata og forakta. Det er ikkje tvil om at talet på slike institusjonar i landet vårt har vakse enormt mykje og at dei har teke til å endra karakter. Det er ikkje tvil om at vi har mykje meir organisasjonstalent mellom arbeidar- og bondekvinner enn vi veit om, at vi har mange fleire folk enn vi veit om som kan organisera praktisk arbeid. Dei kan gjera det i samarbeid med eit stort tal arbeidarar og endå fleire forbrukarar, utan det overmålet av snakk, klabb og babb og prat og skvalder om planar og system osb., som våre hovmodige «intellektuelle» eller halvferdige «kommunistar» «lir av». Men vi pleier ikkje desse spirene til det nye slik vi burde.
Sjå på borgarskapet. Dei veit utmerkt godt korleis dei skal gjera kjent kva dei er tente med! Sjå korleis millionopplag av deira aviser roser det kapitalistane ser på som «mønster»foretak, og korleis dei borgarlege «mønster»institusjonane vert gjenstand for nasjonal byrgskap! Pressa vår bryr seg ikkje eller sjeldan med å skildra dei beste kjøkena eller stadene for å setja frå seg barna for å gjera nokre av dei til føredøme i sitt slag gjennom å slå det fast dagleg. Pressa gjer ikkje nok for at dei skal verta vidkjende. Ho skildrar ikkje nøye korleis menneskeleg arbeidskraft vert spart, føremonene for forbrukarane eller kor økonomiske dei er i drift. Ho tek heller ikkje opp korleis desse føredøma på kommunistisk arbeid kan gjera kvinnene fri frå slaveriet i heimen, eller betra dei sanitære tilhøva og korleis dette kan utvidast til å omfatta heile samfunnet, heile det arbeidande folket.
Lenin, «Ein stor start», Samla verk b. 29, s. 428-430.
5. FRIDOM OG LIKSKAP
I høve toårsdagen for sovjetmakta skal vi sjå på kva som har vorte gjort i denne perioden og tenkja over den revolusjonen vi har gjennomført, kor viktig han er og kva mål han har.
Borgarskapet og tilhengarane deira skuldar oss for å ha krenkt demokratiet. På den andre sida hevdar vi at sovjetrevolusjonen meir enn noko før har verka til at demokratiet har utvikla seg i bredda og i djupna, det vil seia demokrati for det arbeidande folket som har vore kua av kapitalismen, demokrati for det store fleirtalet av folket, sosialistisk demokrati (for det arbeidande folket) til skilnad frå det borgarlege demokratiet (for utbyttarane , for kapitalistane, for dei rike).
Kven har rett?
For å ta opp dette spørsmålet på ein skikkeleg måte og forstå det betre må vi sjå på røynslene frå desse to åra og bu oss betre på den vidare utviklinga.
Den stillinga kvinnene har viser på ein slåande måte skilnaden mellom borgarleg og sosialistisk demokrati, og er det beste svaret på det spørsmålet som er stilt.
I ein borgarleg republikk (det vil seia der jorda, fabrikkane, aksjane, osb. er i privateige), det vere seg den mest demokratiske republikken, har kvinnene aldrig hatt heilt like rettar med mennene, ikkje nokon stad i verda, ikkje i eit einaste av dei mest framskridne landa. Og det trass i at det er meir enn 125 år sidan den store franske (borgarleg-demokratiske) revolusjonen.
Borgarlege demokrati lover likskap og fridom i ord, men i praksis har ikkje ein einaste borgarleg republikk, ikkje ein gong dei meir framskridne, gjort kvinner (halve menneskeætta) og menn heilt like for lova, eller hjelpt kvinna til ikkje lenger og vera avhengig og underkua av mannen.
Det borgarlege demokratiet er eit demokrati av pompøse frasar, alvorsame ord, overdådige lovnader og prangande slagord om fridom og likskap. Men i praksis dekkjer dette over den manglande fridomen og det at kvinnene ikkje har like rettar, den manglande fridomen og det at arbeidande og utbytta menneske ikkje har like rettar.
Sovjetisk eller sosialistisk demokrati feier vekk desse pompøse, men falske orda, og erklærer nådelaus krig mot storhykleriet til «demokratane», jordeigarane, kapitalistane og stor-bøndene som trass i overfylte lager, hovar inn rikdom gjennom å selja overskots-korn til sveltande arbeidarar til profittprisar.
Vekk med denne skammelege lygna! Der korkje er eller kan vera nokon «likskap» mellom underkuarane og dei som er underkua, mellom utbyttarane og dei som er utbytta. Der korkje er eller kan vera nokon verkeleg «fridom» så lenge kvinna er hemma av mannen sine lovfesta særrettar, så lenge arbeidarane ikkje er fri frå kapitalåket, så lenge den arbeidande bonden ikkje er fri frå åket som kapitalisten, jordeigaren og handelsmannen legg på han.
Lat lygnhalsane og hyklarane, dei dumme og dei blinde, borgaren og støttespelarane hans, freista å narra folket med snakk om allmenn fridom, om allmenn likskap og om allment demokrati!
Vi seier til bøndene og arbeidarane: Riv maska av desse lygnhalsane, opne augo til dei blinde. Spør dei:
Er det likskap mellom dei to kjønna?
Kva klassar er like?
Fridom frå kva for eit åk, eller frå åket til kva for ein klasse? Fridom for kva for ein klasse? Den verste fienden av det arbeidande folket er han som snakkar om politikk, demokrati og fridom, om likskap, om sosialisme, utan å stilla desse spørsmåla, utan å gje dei fyrsterang. Han som ikkje strir mot at ein dyssar dei ned, løyner dei og tek brodden av dei. Han er ein ulv i sauepels, ein rabiat mostandar av arbeidarane og bøndene, ein lakei for godseigarane, tsarane og kapitalistane.
På to år med sovjetmakt i eit av dei mest attendeliggjande landa i Europa er det vorte gjort meir for kvinnefrigjeringa, for at ho skal verta lik med det «sterke» kjønet, enn alle dei framskridne, opplyste, «demokratiske» republikkane i verda har gjort til saman i dei siste 130 åra.
I alle dei kapitalistiske, borgarlege republikkane i verda går utdanning, kultur, sivilisasjon, fridom – alle desse klangfulle orda – saman med utruleg urettvise, avskyelege, usle og dyrisk grove lover som gjer kvinna ulik med mannen i spørsmål om ekteskap og skilsmål, som skil mellom barn som er fødde utanfor ekteskapet og «lovlegfødde» barn, og som gjev særrettar til mannen og krenkjer og nedvurderer kvinnekjønet.
Kapitalåket, underkuinga frå «den heilage privateigedomem», despotismen i den spissborgarlege dumskapen, gjerrigskapen til dei som har små eigedomar – dette er dei tinga som har hindra dei mest demokratiske borgarlege republikkane frå å avskaffa desse urettmessige og skitne lovene.
Sovjetrepublikken, republikken til arbeidarane og bøndene, fjerna desse lovene i ei handvending. Han let ikkje stå att ein einaste stein i det borgarlege bygget av lygn og borgarleg hykling.
Ned med denne lygna! Ned med desse lygnhalsane som snakkar om fridom og likskap for alle, medan det finst kjøn som er kua, ein klasse av undertrykkarar, privateige til kapital og aksjar, og folk med overfylte lager som nyttar korn-overskotet til å trælebinda dei svoltne. I staden for fridom for alle, i staden for likskap for alle, lat det vera strid mot undertrykkarane og utbyttarane, lat oss gjera det uråd å underkua og utbyta. Det er slagordet vårt!
Fridom og likskap til det kjønet som er kua!
Fridom og likskap for arbeidarane og dei arbeidande bøndene!
Kamp mot undertrykkarane, kamp mot kapitalistane, kamp mot kulakk-profittørane!
Dette er kamp-parola vår, dette er den proletariske sanninga, sanninga i kampen mot kapitalen, sanninga som vi kastar i andletet på den kapitalistiske verda og dei honningsøte, hyklande og pompøse frasane hennar om fridom og likskap allment, om fridom og likskap for alle.
Grunnen til at arbeidarane verda over har fått sovjetstyret så kjært er nett den at vi har kledd dette hykleriet nake. Av di vi med revolusjonær kraft sikrar fridom og fulle rettar for det undertrykte arbeidande folket, mot undertrykkarane, mot kapitalistane, mot kulakkane.
Dette er grunnen til at dei arbeidande massane, alle dei underkua og utbytta folka i verda, har samkjensle med oss i høve toårsdagen for sovjetstyret.
I høve toårsdagen for sovjetstyret er vi difor heilt overtydde om at saka vår er rettmessig. Trass i svolt og kulde, trass i at imperialistane har hærsett den russiske Sovjetrepublikken og vore skuld i mykje liding, er vi heilt overtydde om at sovjetmakta uunngåeleg kjem til å sigra i heile verda.
Lenin, «Sovjetmakta og kvinnene si stilling», Samla verk b. 30, engelsk utgåve, s. 120-123.
6. VEL FLEIRE KVINNELEGE ARBEIDARAR!
Kameratar, vala til Moskvasovjetet viser at kommunistpartiet vinn terreng i arbeidarklassen.
Arbeidarkvinnene må vera meir med i vala. Sovjetregjeringa er den fyrste og einaste regjeringa i verda som heilt har avskaffa dei gamle, avskyelege borgarlege lovene som gjorde kvinna underlegen i høve til mannen og gav mannen særrettar, til dømes når det galdt ekteskapsrett og høvet til barna. Sovjetregjeringa, regjeringa til det arbeidande folket, er den fyrste og einaste regjeringa i verda som har avskaffa alle mannlege særrettar i eigedomsspørsmål, særrettar som ekteskapslovene i alle dei borgarlege republikkane, til og med dei mest demokratiske, framleis held ved lag.
Kvinna kan ikkje vera lik med mannen, ikkje ein gong for lova, der det finst godseigarar, kapitalistar og handelsmenn.
Menn og kvinner er like for lova der det ikkje finst godseigarar, kapitalistar og handelsmenn, der regjeringa til det arbeidande folket byggjer eit nytt liv utan desse utbyttarane.
Men det er ikkje nok.
Likskap for lova treng ikkje vera likskap i røynda.
Vi ynskjer at dei arbeidande kvinnene og mennene skal vera like, ikkje berre for lova, men i røynda. For å få det til må arbeidarkvinnene vera meir med i styra i dei sosialiserte verksemdene og i statsstellet.
Gjennom at dei vert med i styre og stell vil kvinnene læra snøgt og nå att mennene.
De må velja fleire arbeidarkvinner inn i sovjetet, både kommunistar og kvinner som ikkje er med i partiet. Så lenge dei er ærlege arbeidande kvinner og kan utføra arbeidet sitt med vit og flid, gjer det ikkje noko at dei ikkje er partimedlemer- vel dei til Moskvasovjetet!
Send fleir arbeidarkvinner til Moskvasovjetet! La proletariatet i Moskva visa at dei er budde på å gjera alt og gjer alt, for å kjempa for siger, for å slåst mot den gamle ulikskapen, den gamle borgarlege krenkinga av kvinnene!
Proletariatet kan aldri verta heilt fritt før det har vunne full fridom for kvinnene.
Lenin, «Til dei arbeidande kvinnene», Samla verk b. 30, engelsk utgåve,s. 371–372.
7. RØYNLEG, IKKJE FORMELL LIKSKAP
Kapitalismen sameinar formell likskap med økonomisk, og difor sosial, ulikskap. Det er eit hovudtrekk ved kapitalismen. Dei liberale, som stør borgarskapet, løyner det med vilje, dei småborgarlege demokratane forstår det ikkje. Dette kapitalistiske trekket gjer dessutan at vi må vedgå ope den kapitalistiske ulikskapen i den viljefaste striden vår for økonomisk likskap. I nokre høve må vi til og med gjera denne opne innrøminga av ulikskap til grunnlag for den proletariske staten (den sovjetiske grunnlova).
Men sjøl når det er snakk om formell likskap (likskap for lova, «likskapen» mellom dei som et godt og dei som svelt, mellom dei som har eigedom og dei som er eigedomslause) kan ikkje kapitalismen vera fylgjestreng. Og eit av dei mest openbare uttrykka for det er at kvinnene ikkje har same rettar. Ikkje ein gong dei mest framstegsvenlege republikkane og demokratiske borgarlege statane har knesett full likskap.
Den russiske Sovjetrepublikken har, på den andre sida, reinska vekk frå lovene sine alle spor av at kvinnene ikkje er jamstilte med mennene. Dette vart gjort på ein gong og utan unnatak og kvinnene fekk straks sikra full likskap for lova.
Det har vore sagt at kvinnene sin lovlege status er det beste kjenneteiknet på kulturelt nivå. Det finst eit snev av djup sanning i denne setninga. Frå denne synsvinkelen er det berre proletardiktaturet, berre den sosialistiske staten, som kan oppnå og har oppnådd det høgaste kulturnivået. Arbeidarkvinnerørsla har fått eit nytt storslege framdriv som saknar like, og vi kan difor ikkje la vera å sjå dette i samband med grunnlegginga (og fasttømringa) av den fyrste sovjetrepublikken – og i tillegg til og i samband med det, med Den kommunistiske internasjonalen.
Ettersom vi har vore inne på dei som var kua under kapitalismen, beinveges eller omveges, dels eller heilt, må det og seiast at sovjetsystemet, og berre sovjetsystemet, kan sikra demokratiet. Dette ser vi klårt av stillinga til arbeidarklassen og fattigbøndene. Og vi ser det klårt av den stillinga kvinnene har.
Men sovjetsystemet er den siste og avgjerande striden for å avskaffa klassane, for økonomisk og sosial likskap. Demokrati, til og med demokrati for dei som var kua under kapitalismen, det undertrykte kjønet medrekna, er ikkje nok for oss.
Hovudoppgåva til arbeidarkvinnerørsla er å kjempa for økonomisk og sosial likskap, og ikkje berre formell likskap for kvinnene. Hovudsaka er å få kvinnene med i samfunnsmessig produktivt arbeid, å fri dei frå «husslaveriet», å få slutt på at dei må underkasta seg det evindelege slitet på kjøkenet og barneromet som verkar sløvande og krenkjande. Denne kampen vil vara lenge, og han krev ei radikal omlegging, både av samfunnsteknikk og moral. Men denne kampen vil ta slutt når kommunismen endeleg sigrar.
Lenin, «Den internasjonale arbiedarkvinnedagen», Samla verk b. 30, 5. 408-409.
8. DEN POLITISKE FOSTRINGA AV KVINNENE
For fem år sidan kalla sentralkomiteen i partiet vårt saman den fyrste allrussiske kongressen for arbeidar- og bondekvinner i Moskva. Meir enn tusen utsendingar var samla på kongressen, og dei representerte ikkje mindre enn ein million kvinnelege slitarar. Den kongressen var ein milepæl i partiet sitt arbeid mellom dei arbeidande kvinnene. Den uvurderlege gode sida ved kongressen var at han la grunnen for organiseringa av den politiske opplysninga av arbeidar- og bondekvinnene i republikken vår.
Nokre menneske trur kanskje at dette ikkje var noko uvanleg og at partiet alltid har lagt vekt på å opplysa massane politisk, kvinnene medrekna. Dei trur kanskje at det ikkje kan vera så viktig å opplysa kvinnene politisk av di dei ser at vi har sameina arbeidar- og bondekadrar. Ei slik meining er grunnleggjande galen. No når arbeidarane og bøndene har fått makta er det særs viktig å opplysa dei arbeidande kvinnene politisk.
Og grunnane er desse:
I landet vårt bur det om lag 140 000 000 menneske. Av desse er ikkje mindre enn halvparten kvinner. Dei fleste er arbeidar- og bondekvinner. Dei har vore trakka på, dei er uopplyste og ukunnige. I fullt alvor har landet vårt teke på seg å byggja opp det nye sovjetiske livet. Er det ikkje då klårt at kvinnene, som utgjer halve folket, vil vera som ein hemsko for kvart steg vi går fram, dersom dei framleis vert trakka på, framleis er uopplyste og ukunnige?
Arbeidarkvinna og arbeidsmannen står side om side. Saman med han utfører ho ei sams oppgåve og byggjer ut industrien vår. Ho kan vera til hjelp i denne samse oppgåva om ho er politisk medviten og politisk opplyst. Men ho kan øydeleggja denne samse oppgåva om ho er kua og uopplyst. Sjølvsagt vil ho ikkje bryta ned noko av vond vilje, men av di ho er ukunnig.
Bondekvinna og bonden står side om side. Saman med han utfører ho ei sams oppgåve og utviklar jordbruket, gjer det rikt og blomstrande. I dette kan ho vera til svært stor hjelp om ho berre kvittar seg med ukunna si. På den andre sida kan ho hindra heile saka om ho framleis er fange av ukunna.
Arbeidar- og bondekvinner er frie borgarar på like fot med arbeidsmenn og bønder. Dei tek del i vala til sovjeta og til kollektivbruka, og dei kan sjølve verta valde til desse organa. Arbeidar- og bondekvinnene kan betra sovjeta og kollektiva våre og styrkja og utvikla dei, dersom dei berre er politisk opplyste. Men dei kan veikja dei og undergrava dei dersom dei er ukunnige.
Til slutt, arbeidar- og bondekvinnene er mødre. Dei fostrar opp ungdomen som er framtida for landet vårt. Dei kan forkvakla barnesinnet eller dei kan fostra oss ein ung generasjon med sunne haldningar og som er i stand til å føra vidare framgangen i landet vårt. Det avheng av om mødrene har hug til sovjetsystemet eller fylgjer i fotefara til prestane, kulakkane, borgarskapet.
No når arbeidarar og bønder har sett i gang med å byggja det nye livet, er det å opplysa arbeidar- og bondekvinnene politisk difor ei høgst viktig sak for at vi skal oppnå verkeleg siger over borgarskapet.
Difor var den fyrste kongressen for arbeidar- og bondekvinner, som kveikte arbeidet med å opplysa arbeidarkvinnene politisk, verkeleg uvurderleg viktig.
For fem år sidan, på den fyrste kongressen for arbeidar- og bondekvinner, var den mest påtrengjande oppgåva til partiet å trekkja hundretusenvis av arbeidarkvinner med i den samse oppgåva for å byggja det nye livet i Sovjet. Arbeidarkvinnene i industriområda var dei mest aktive og politisk medvitne elementa mellom dei arbeidande kvinnene. Difor stod dei i fyrste rekkje. Vi må vedgå at vi ikkje har gjort så reint lite med dette på dei siste fem åra, sjølv om det står mykje att.
I dag er den mest påtrengjande oppgåva til partiet å trekkja millionane av bondekvinner med i den samse oppgåva for å byggja opp sovjetlivet vårt. Arbeidet dei siste fem åra har allereie hatt til fylgje at ein del leiarar har vorte forfremma frå rekkjene av bondekvinner. Lat oss vona at rekkjene av bondekvinne-leiarar vert styrkte med fleire opplyste bondekvinner. Lat oss vona at partiet vil løysa denne oppgåva og med hell.
Stalin, «Femårsdagen for den fyrste kongressen for arbeidar og bondekvinner», Verk b. 5, engelsk utgåve, s. 356-359.
9. KVINNENE SINE RETT AR OG OPPGÅVER
Verj interessene til ungdommen, kvinnene og barna – skaff unge studentar som er flyktningar hjelp, hjelp ungdommen og kvinnene med å organisera seg slik at dei kan vera med på like fot i alt arbeid som tener krigsstrevet og framgang for samfunnet, trygg fridom til å gifta seg og likskap mellom menn og kvinner og gje dei unge og barna nyttig skulegang.
Mao Tsetung, «Om koalisjonsregjering», Utvalde verk eng. utg., bd. l,s. 238
VI. TILHØVET MELLOM KJØNA
1. FRAMTIDA FOR EKTESKAPET
Vi har då tre hovudformer for ekteskap og dei svarar grovt sett til dei tre hovudstadia i menneskeætta si utvikling. I villmannstida var det gruppeekteskap, under barbariet var det paringsekteskap, og i den siviliserte tidbolken har vi monogamiet utfylt av ekteskapsbrot og prostitusjon. Mellom paringsekteskapet og monogamiet, på det øvste stadiet av barbariet, skuver mannsherredømet over slavekvinner og fleirkoneriet seg inn.
Som heile framstillinga vår har prova, har framstega som syner seg i denne rekkefylgja samband med det særmerkte at kvinnene, men ikkje mennene, i stendig aukande grad vert fråtekne den seksuelle fridomen som dei hadde i gruppeekteskapet. For mennene gjeld gruppeekteskapet faktisk den dag i dag. Det som for kvinna er eit brotsverk og har alvorlege juridiske og samfunnsmessige fylgjer, er for mannen ærefullt, eller i verste fall ein liten flekk på moralen, og den ber han med glede. Men di meir den nedarva hetærismen i vår tid endrar seg på grunn av den kapitalistiske vareproduksjonen og vert tilpassa han, di meir han vert til apen prostitusjon, di meir nedbrytande verkar han på moralen. Og han demoraliserer mennene langt meir enn kvinnene. Mellom kvinnene verkar prostitusjonen nedsetjande berre for dei ulukkelege som fell ned i han, og ikkje ein gong for dei verkar han så nedsetjande som mange trur. Men han verkar nedsetjande på karakteren til heile den mannlege verda. Særleg er det å vera trulova i lengre tid i ni av ti tilfelle rett og slett ein førskule i ekteskapeleg utruskap.
No nærmar vi oss ein samfunnsrevolusjon som vil få dei økonomiske grunnvollane til monogamiet, slik dei har vore til no, til å forsvinna. Like sikkert vil prostitusjonen, som fylgjer med monogamiet, forsvinna. Monogamiet oppstod då mykje rikdom vart samla på hendene til eitt individ, mannen, og av trongen til å la denne rikdomen gå i arv til barna hans og ingen andre. For å oppnå dette måtte kvinna vera monogam, men ikkje mannen. Difor var det at kvinna var monogam ikkje på nokon måte eit hinder for ope eller løynt polygami på mannssida. Men den føreståande samfunnsrevolusjonen vil, gjennom å endra i det minste størstedelen av den varige, arvelege rikdomen – produksjonsmidla – til samfunnseige, redusera heile denne omsuten for å la ting gå i arv til eit minstemål. Monogamiet vart innført av økonomiske årsaker. Vil det då forsvinna når desse årsakene vert borte?
Ikkje utan grunn kunne ein svara: Så langt frå å verta borte vil det tvert om verta heilt gjennomført. For når produksjonsmidla vert endra til samfunnseige vil også lønsarbeidet og proletariatet forsvinna. Då vil heller ikkje eit visst antal kvinner, som vi kan rekna ut statistisk, måtta gje seg sjølv for pengar. Prostitusjonen vil forsvinna. Monogamiet vil ikkje bryta saman, men endeleg verta røynd – for mennene og.
Mennene vil altså i alle fall få ei heilt anna stilling. Men kvinnene, alle kvinner, vil og få endra stillinga si nokså mykje. Når produksjonsmidla vert felleseige vil ikkje den einskilde familien lenger vera den økonomiske eininga i samfunnet. Det private hushaldet vil verta omgjort til ein samfunnsmessig industri. Omsuten for og oppfostringa av barna vil verta ei offentleg sak, og samfunnet vil passa like mykje på alle barna anten dei er ektefødde eller ikkje. Dette vil fjerna all otte for «fylgjene», som i dag er den mest grunnleggjande, samfunnet, med hetærer, det vil seia utlendingar eller grunnen til at ei jente ikkje kan gje seg heilt til den ho elskar. Vil ikkje det vera nok til å føra med seg ein gradvis vekst i fritt kjønsleg samvær, og med det ei mindre streng folkemeining når det gjeld jomfruæra og kvinneskammen? Og, til slutt, har vi ikkje sett at monogamiet og prostitusjonen rett nok er motsetnader i verda i dag, men motsetnader som ikkje kan skiljast frå einannan, polar som høyrer til same samfunnstilstand? Kan prostitusjonen forsvinna utan å dra monogamiet med seg ned i avgrunnen?
Her kjem det ein ny ting inn i biletet, ein ting som det i høgda fanst ein kime til på den tida då monogamiet utvikla seg: Individuell kjønskjærleik.
Vi kan ikkje snakka om individuell kjønskjærleik før i mellomalderen. At lysta til kjønsleg samvær mellom motsette kjøn vart vekt av utsjånad, intim omgong, sams legning og slikt, at menn og kvinner ikkje var heilt likegyldige andsynes den partnaren som dei gjekk saman med i det næraste av alle tilhøve, er sjølvsagt. Men det var framleis langt igjen til kjønskjærleiken av i dag. I heile oldtida var det foreldra som ordna giftarmål, og partane tok roleg imot den utvalde. I oldtida var den stakkars kjærleiken som mann og kone kjende for kvarandre ikkje så mykje ei subjektiv tiltrekning som ei objektiv plikt, ikkje årsaka til ekteskapet, men noko som høyrde ekteskapet til. Det vi i dag meiner med kjærleikstilhøve var i oldtida noko som berre gjekk føre seg utanfor det offisielle samfunnet. Teokrit og Moskos37 kvad songar om kjærleiksgleda og kjærleikssorga til gjetarane. Desse gjetarane, Dafnis og Cloe hos Longos38, var alle slavar og dei var ikkje med i staten, levekrinsen til dei frie borgarane. Utanom hos slavane, finn vi berre kjærleikseventyr som avfallsprodukt i den gamle verda som gjekk i oppløysing, og dei vart inngått med kvinner som heller ikkje var med i det offisielle samfunnet men hetærer, det vil seia utlendingar eller frigjevne slavar. Slike eventyr finn vi i Aten på den tida då byen stod for fall, og i Rom i keisertida. Verkelege kjærleikseventyr mellom frie menn og frie kvinner gjekk berre føre seg, om i det heile, i samband med ekteskapsbrot. Gamle Anacreon39 er den klassiske kjærleiksdiktaren frå oldtida, og for han hadde det vi meiner med kjønskjærleik så lite å seia at han ikkje ein gong brydde seg om kjønet til den han elska.
Kjønskjærleiken vår er grunnleggjande ulik den enkle kjønsdrifta, Eros, til folka i antikken. For det fyrste reknar vi med at den som vert elska, elskar att. Så langt står kvinna på likefot med mannen, medan ho ofte ikkje ein gong vart spurt då antikkens Eros rådde. For det andre er kjønskjærleiken vår i ei viss mon sterk og varig. Det gjer at begge elskarane kjenner det som ei stor ulukke, kanskje den største som kan henda, når dei ikkje har kvarandre og er frå kvarandre, og dei spelar eit høgt spel, til og med med livet som innsats, for å kunne ha kvarandre. I oldtida hendte dette berre, om i det heile, i samband med ekteskapsbrot. Og, til slutt oppstår ein ny moralsk målestokk for kjønsleg omgang. Vi spør ikkje berre om det var i eller utanfor ekteskapet det gjekk føre seg, men og om grunnen var kjærleik, og om det var kjærleik på begge sider eller ikkje. Det har sjølvsagt ikkje gått betre med denne nye målestokken i den føydale og borgarlege praksisen enn med andre moralske målestokkar – ein set seg ut over dei. Men det har ikkje gått dårlegare heller. Ein godtek at det er til på line med dei andre – i teorien og på papiret. Og i dag kan vi ikkje krevja noko meir enn det.
Der oldtida bryt av framvoksteren av kjønskjærleiken, der tek mellomalderen til: ved ekteskapsbrotet. Vi har allereie skildra riddarkjærleiken som var opphav til morgonsongane. Vegen er lang frå den kjærleiken som vil bryta ekteskapet til den kjærleiken som er sjølve grunnlaget for ekteskapet, og riddartida gjekk aldri vegen til endes. Sjølv når vi går frå dei frivole romanske folka til dei dydefulle tyskarane, ser vi i «Niebelungenlied»40 kva Kriemhild svarar når Gunther kunngjer at han har lova henne vekk til ein riddar som han ikkje nemner namnet på. Trass i at Kriemhild i hjartet sitt elskar Siegfried like mykje som han elskar henne, svarar ho ganske enkelt:
«Du treng ikkje spørja meg, eg vil alltid vera slik du byr meg vera. Han du, herre, gjev meg til mann, vil eg med glede trulovast med.»
Ho tenkjer ikkje ein gong på at kjærleiken hennar kan koma inn i biletet. Gunther frir til Brünhild og Etzel til Kriemhild, sjølv om dei aldri har sett dei. Såleis og i «Gutrun»41 Sigebant av Irland frir til den norske kvinna Ute, Hetel av Hegelingen til Hilde av Irland, og, til sist, Siegfried av Morland, Hartmut av Ormania og Herwig av Seeland til Gutrun. Ho godtek Herwig, og det er det fyrste friviljuge valet. Som regel er det foreldra som finn ei brur til den unge fyrsten, om dei enno er i live. Om dei er daude, vel fyrsten seg ei brur sjølv, etter råd frå dei store lensherrane, og ordet deira veg tungt i alle slike saker. Annleis kan det heller ikkje vera. For riddaren eller baronen, som for landsfyrsten sjølv, er giftarmål ei politisk handling, eit høve til å auka makta si gjennom nye forbund. Det som er avgjerande er ikkje kva det einskilde mennesket ynskjer, men kva huset treng. Korleis skal då kjærleiken kunne ha det siste ordet når det gjeld giftarmål?
Det same galdt laugsborgaren i mellomalderbyane. Nett dei særrettane som verna han, dei laugsordningane som vart innskrenka av klausular og dei unaturlege grenselinene som skilde han juridisk frå andre laug, frå sine eigne laugsfeller eller frå sine eigne sveinar og lærlingar, var nok til å gjera den krinsen liten der han kunne sjå seg om etter ei høveleg kone. Og i dette innvikla systemet var det avgjort ikkje det personlege ynskjet hans, men kva familien hadde interesse av, som avgjorde kven som høvde best for han.
I det store fleirtalet av tilfella var ekteskapet difor framleis, heilt fram til slutten av mellomalderen, slik det hadde vore i fyrstninga – ei sak som partane sjølv ikkje avgjorde. I fyrstninga var folk fødde inn i ekteskapet – dei var gifte med ei heil gruppe av det andre kjønet. Liknande tilhøve rådde sannsynlegvis i seinare former for gruppeekteskap, men gruppene vart stendig snevrare. I paringsekteskapet var det vanleg at mødrene ordna giftarmåla for barna sine. Her og var dei nye slektskapsbanda avgjerande i vurderinga. Dei skulle gje det unge paret ei sterkare stilling i gensen og stammen. Då privateigedomen avløyste felleseigedomen voks interessa for arvespørsmål, og farsretten og monogamiet tok overhand. No vart giftarmål heilt avhengige av økonomiske vurderingar. I forma opphøyrer ekteskap ved kjøp, men i røynda vert praksisen i stendig stigande grad utbreidd; slik at ikkje berre kvinna, men også mannen får ein pris – ikkje etter kva eigenskapar han har, men etter kva han eig. I herskarklassane sin praksis var uhøyrt heilt frå byrjinga av at den gjensidige tiltrekninga mellom partane den viktigaste grunnen til giftarmål. Slikt kunne berre skje i romantikken eller – mellom dei undertrykte klassane som ikkje telte.
Slik var tilstanden som den kapitalistiske produksjonen var i då han, etter tidbolken med geografiske oppdagingar, tok til å førebu seg på å vinna verdsherredøme gjennom verdshandelen og manufakturen. Ein skulle tru at denne måten å gifta seg på passa han utmerkt, og det gjorde han og. Men likevel, ironien i verdssoga er uutgrunneleg, og det var den kapitalistiske produksjonen sjølv som måtte slå den avgjerande bresja i han. Han oppløyste alle nedarva og sedvanlege tilhøve ved å gjera alle ting til varar, og i staden for hevdvunne skikkar og historisk rett kom kjøp og sal og den «frie» avtalen. Og den engelske juristen, H.S.Maine, trudde han hadde gjort ei ovleg stor oppdaging då han sa at alle framstega våre i høve til tidlegare tider skuldast i røynda overgangen «from status to contract», frå nedarva vilkår til friviljug avtale. Dette, så langt som det er sant, sto allereie å lesa i «Det kommunistiske manifestet».
Men for å kunne slutta avtaler, krevst det folk som har fritt herredøme over seg sjølv, handlingane sine og eigendelane sine, og at dei står andsynes kvarandre med like rettar. Å skaffa fram desse «frie» og «like» menneska var ei av hovudoppgåvene til den kapitalistiske produksjonen. I byrjinga skjedde dette enno berre på eit halvmedvite, og endåtil religiøst forkledt vis. Men i tida etter den lutherske og kalvinistiske reformasjonen fekk likevel det prinsippet hevd, at mennesket berre hadde fullt ansvar for handlingane sine når det handla av heilt fri vilje, og at det var ein moralsk plikt å stå mot all tvang som kunne få ein til å gjera umoralske ting. Men korleis passa dette med det som til dessar hadde vore praksis i spørsmål om giftarmål? Ekteskapet var etter det borgarlege synet ein avtale. Det var ein rettshandel, og den viktigaste av alle av di han traff avgjerder om kroppen og sjela til to menneske for heile livet. Formelt vart avtalen rett nok inngått friviljug på den tida: Ikkje noko kunne gjerast utan samtykke frå partane. Men alle visste berre så alt for godt korleis dette samtykket kom i stand og kven som i røynda var avtalepartane i giftarmålet. Men når verkeleg fridom til å ta avgjerder vart kravd i andre avtalar, kvifor då ikkje i dette? Hadde ikkje dei to unge menneska som skulle koplast og retten til fritt å rå over seg sjølv, kroppen sin og lemane sine? Var ikkje kjønskjærleiken komen på moten på grunn av riddarvesenet, og var ikkje kjærleiken mellom ektefellene – med den riddarlege ekteskapsbrotskjærleiken – kjønskjærleiken i si rette borgarlege form? Og om gifte folk hadde plikt til å elska einannan, hadde då ikkje elskarar like mykje plikt til å gifta seg med einannan og ingen andre? Og var ikkje elskarane sin rett overordna retten til foreldre, slekt og andre sedvanlege ekteskapsmeklarar og gifteknivar? Når retten til fri, personleg gransking likefram braut seg veg inn i kyrkja og religionen, kvifor skulle han då stagga framfor den eldre generasjonen sitt utolelege krav om retten til å rå over kroppen, sjela, eigedomen, lukka og ulukka til den unge generasjonen?
Desse spørsmåla måtte dukka opp i ei tid då alle gamle samfunnsband løysna og alle nedarva syn vart undergravne. Verda hadde med eitt vakse seg mest ti gonger så stor. I staden for ein fjerdepart av ei halvkule låg no heile jordkloten framfor augo på vesteuropearane, og dei skunda seg å gjera dei andre sju fjerdepartane til sin eigedom. Og liksom dei gamle snevre skrankane i heimlandet, fallt og dei tusenårige skrankane som tankemåten i mellomalderen hadde sett. For mennesket vida synsranda seg uendeleg mykje ut både for det ytre og det indre auge. Kva brydde vel ein ung mann seg om kva ein meinte sømde seg, eller om ærefulle laugsprivilegie som den eine generasjonen hadde arva frå den andre, når han var lokka av rikdomen i India, av gullet og sølvet i Mexico og Potosi42? Denne tida var den omflakkande riddartida til borgarskapet. Dei hadde og sin romantikk og sitt kjærleikssvermeri, men på eit borgarleg grunnlag og til sjuande og sist med borgarlege mål.
Slik vart det til at det oppstigande borgarskapet litt etter litt godkjende avtalefridomen i ekteskapet og, og han vart sett ut i livet slik eg har skildra. Det skjedde især i dei protestantiske landa der tilhøva var mest skaka. Ekteskapet var framleis klasseekteskap, men partane hadde fått ei viss mon av valfridom innanfor klassen. Og på papiret, i moralteorien og i poetiske skildringar var ikkje noko slått fast så sikkert som at eitkvart ekteskap var usedeleg, om det ikkje kvilte på gjensidig kjønskjærleik og om ikkje avtalen var verkeleg fritt inngått mellom mann og kone. Kjærleiksekteskapet vart kort sagt proklamert som menneskerett, og faktisk ikkje berre som droit de l’homme, (ein rett for mannen – Red.) men unntaksvis og som droit de la femme (ein rett for kvinna –Red.) Men på eit punkt skil denne menneskeretten seg frå alle andre såkalla menneskerettar. Medan dei andre i praksis framleis berre gjeld for herskarklassen, borgarskapet, og vert beinveges eller omveges avstumpa for den undertrykte klassen, proletariatet, syner ironien i soga seg her enno ein gong. Dei kjende økonomiske innverknadene herskar framleis over dei herskande klassane og difor er ekteskap som er fritt inngåtte heller sjeldne der, medan slike ekteskap er regelen, som vi har sett, for den klassen som vert herska over.
Difor kan full fridom til å avgjera kven ein skal gifta seg med fyrst verta gjennomført fullt ut når den kapitalistiske produksjonen er avskaffa, og med han eigedomstilhøva han har skapt. Det vil fjerna alle dei økonomiske sideomsyna som framleis har så mykje å seia for valet av ekteskapspartnar. Då er der ingen andre motiv att enn gjensidig tiltrekning.
Og kjønskjærleiken utelukkar i seg sjølv meir enn ein partnar – sjølv om denne utelukkinga i dag gjennomgåande berre gjeld for kvinna. Difor vil det ekteskapet som er tufta på kjønskjærleik av natur vera eit einskildekteskap. Vi har sett kor rett Bachofen hadde då han meinte at det i fyrste rekkje var kvinna som sto bak framvoksteren frå gruppeekteskapet til einskildekteskapet. Mannen kan berre få æra for steget frå paringsekteskapet til monogamiet, og historisk var det eigenleg å gjera kvinnene verre stilte og å gjera det lettare for mannen å vera utru. Det var økonomiske vurderingar som gjorde at kvinna tolte mannen sin vanemessige utruskap, nemleg omsuten for å halda seg sjølv i livet og endå meir omsuten for framtida til barna. Om ein fjerna desse økonomiske vurderingane ville kvinna verta jamstilt med mannen, og alle tidlegare røynsler tyder på at dette ville verka til å gjera mennene verkeleg monogame, langt meir enn å gjera kvinnene polyandriske.43
Men den karakteren monogamiet har fått gjennom opphavet i eigedomstilhøva vil heilt sikkert forsvinna. Det gjeld for det fyrste den mannlege overhøgda, og for det andre at partane ikkje kan gå frå kvarandre. Den mannlege overhøgda i ekteskapet er rett og slett ei fylgje av den økonomiske overhøgda, og når den siste vert avskaffa, vil den fyrste forsvinna av seg sjølv. At ekteskapet ikkje kan løysast opp er dels ei fylgje av den økonomiske stoda som monogamiet oppsto under, dels ein tradisjon frå den tida då samanhangen mellom den økonomiske stoda og monogamiet ikkje var rett forstått og gav seg ekstreme religiøse utslag. I dag er det uoppløyselege ved ekteskapet brote på tusen punkt. Når einast det ekteskapet som er tufta på kjærleik er moralsk, då er ekteskapet berre moralsk om partane held fram med å elska einannan. Men kor lenge dei sterke kjenslene i den individuelle kjønskjærleiken varer, skiftar mykje frå menneske til menneske, særleg mellom menn. Om kjærleiken for visst tek slutt, eller vert erstatta av ein ny lidenskapeleg kjærleik, er det betre for partane og for samfunnet om dei går frå kvarandre. Ein vil berre spara folk frå å måtta kravla seg gjennom alt den nytteslause møkka i ei skilsmålsak.
Det vi i dag kan gissa oss til om korleis tilhøva mellom kjøna vil verta ordna etter den foreståande omstyrtinga av den kapitalistiske produksjonen, er i hovudsak negativt, det er for det meste avgrensa til kva som vil forsvinna. Men kva vil vera nytt? Det vil vi fyrst få svar på når ein ny generasjon har vakse opp, ein generasjon av menn som aldri i sitt liv har kome i den stillinga at dei har kjøpt ei kvinne for pengar eller noko anna sosialt maktmiddel, ein generasjon av kvinner som aldri har kjent kva det er å gje seg til ein mann på andre vilkår enn verkeleg kjærleik, eller kva det er å ikkje gje seg til den ein er glad i av otte for dei økonomiske fylgjene. Når det finst slike menneske, vil dei bry seg pokker om kva ein i dag meiner dei bør gjera. Dei vil skapa sin eigen praksis, og si eiga offentlege meining om praksisen til kvart individ – og det vil vera slutten på det.
Engels, «Opphavet til familien, … «, Marx Engels Werke, tysk utg., b. 21, s. 76-83.
2. «FRI KJÆRLEIK».
To brev til lnessa Armand.
Kjære ven,
Eg vil på det sterkaste oppmoda deg til å skriva ned planen til heftet ditt så nøyaktig som mogeleg, elles vil for mykje vera uklårt.
På eit punkt må eg uttrykkja meininga mi no. Mitt forslag er at du sløyfar heilt 3, «(kvinne-)krav om fri kjærleik». Dette er i røynda ikkje eit proletarisk, men eit borgarleg krav. Kva meiner du eigentleg med det? Kva kan nokon meina med det?
1. Fridom frå materielle (økonomiske) overleivningar i kjærleikssaker?
2. Fridom frå materielle problem?
3. Fridom frå religiøse fordomar?
4. Fridom frå faren sine forbod osb.?
5. Fridom frå «samfunnet» sine fordomar?
6. Fridom frå eit snevert miljø (bondemiljø, småborgarleg, borgarleg, intellektuelt miljø)?
7. Fridom frå lekkjane til lova, rettssalane og politiet?
8. Fridom frå alvoret i kjærleiken?
9. Fridom frå barnefødslar?
10. Fridom til utruskap osb.?
Eg har ramsa opp ei rekkje avskygningar (sjølvsagt ikkje alle). Du tenkjer sjølvsagt ikkje på punkt 8-10, men anten punkt 1-7 eller noko som ikkje ligg langt ifrå punkt 1-7.
Men då må du uttrykkja deg annleis, for vendinga «fri kjærleik» får ikkje dette klårt fram.
Og publikum, dei som les heftet, vil med «fri kjærleik» stort sett uunngåeleg forstå noko slikt som punkt 8-10, sjølv om du ikkje ynskte det. Dette er ikkje eit proletarisk, men eit borgarleg krav, nett av di dei mest snakkesalige, støyande og dei mest «høgtståande» klassane i dagens samfunn forstår punkt 8-10 med «fri kjærleik».
For proletariatet er dei viktigaste punkta for det fyrste punkt 1-2, og for det andre, punkt 1-7. Desse punkta tyder ikkje eigenleg det same som «fri kjærleik».
Spørsmålet er ikkje kva du subjektivt «meiner» med «fri kjærleik». Spørsmålet er kva den objektive logikken når det gjeld klassetilhøva i kjærleikssaker er.
17. jan., 1915.
Kjære ven,
Orsak at eg ikkje har svart på brevet ditt før. Eg ville svart i går, men eg vart hefta og fekk ikkje tid til å setja meg ned og skriva.
Når det gjeld planen din for heftet, meinte eg at «kravet om fri kjærleik» var uklårt, og at same kva du vil eller ynskjer (dette streka eg under då eg sa at det som talde var dei objektive klassetilhøva og ikkje dei subjektive ynskja dine) vil kravet under dei noverande samfunnstilhøva verta eit borgarleg og ikkje eit proletarisk krav. Du er usamd i det. La gå. La oss sjå på saka ein gong til.
For å gjera det uklåre klårt, rekna eg opp ti moglege ulike tolkingar (tolkingar som det ikkje er råd å koma utanom så lenge det er klassekamp). Og eg la til at tolkingane 1-7 etter mitt syn ville vera typiske for eller særmerkja proletarkvinnene, og 8 – 10 for borgarkvinnene. Vil du gå mot dette, må du visa at:
(1) desse tolkingane er galne (og så finna andre tolkingar i staden eller peika på dei som er galne).
(2) dei ikkje er fullstendige (då må du leggja til dei som manglar), eller
(3) dei ikkje er delte inn i proletariske og borgarlege på dette viset. Du gjer ikkje nokon av desse tinga.
Du nemner ikkje punkt 1-7 i det heile. Tydar det at du vedgår at dei er sanne (stort sett)? (Det du skriv om prostitusjon mellom proletarkvinnene er dekt fullt ut av punkt 1 – 7. Her er det ikkje råd å spora nokon usemje mellom oss.) Du går heller ikkje mot at dette er ei proletarisk tolking.
Då står vi att med punkt 8- 10.
Du forstår dei «ikkje heilt» og du «går mot» dei. – «Eg forstår ikkje korleis ein kan (dette er nett det du seier!) seia at «fri kjærleik» er det same som (!!??) punkt 10″…
Såleis synst det som om eg meiner at dei to tinga er «det same», og du har teke på deg å avvisa det og gjera kål på meg.
Kvifor?
Min tese er at borgarkvinnene forstår punkt 8 – 10 med fri kjærleik.
Går du mot det? Då skal du fortelja meg kva borgar-damer meiner med fri kjærleik.
Det gjer du ikkje. Er ikkje både litteraturen og livet prov på at det er nett slik borgarkvinnene forstår fri kjærleik? Dei er eit fullgodt prov på det! Dette vedgår du stilltiande. Og om det er slik, så er poenget klassestillinga deira. Og det er både uråd og naivt å «avvisa» dei.
Det du må gjera er å skilja det proletariske synspunktet klårt frå dei og stilla det opp mot dei. Vi må ta med i vurderinga den objektive kjensgjerninga at elles vil dei plukka ut dei passande avsnitta frå heftet ditt og tolka dei på sin eigen måte. Dei vil bruka heftet ditt til å hella vatn på si eiga mølle, dei vil fordreia tankane dine i arbeidarane sine augo, «forvirra» arbeidarane og vekkja otte for at du kanskje tilførar dei framande idear. Og dei har styringa med ei mengd aviser og så bortetter.
Og du gløymer heilt det objektive og klassestandpunktet, går til «offensiv» mot meg, som om eg meiner at «fri kjærleik» er «det same» som punkt 8 – 10… Forbløffande, heilt forbløffande…
«Til og med ein kortvarig lidenskap, ein flyktig affære» er «meir poetisk og reinare» enn kyss utan kjærleik som vanlege og overflatiske ektefolk gjev einannan. Dette skriv du. Og det har du tenkt å skriva i heftet ditt. Utmerkt. Er det logisk å setja desse to tinga opp mot kvarandre?
Når eit vanleg par kysser einannan utan kjærleik er det lurvet. Eg er samd i det. Men kva er det du vil setja opp mot dette? Eit kjærleg kyss skulle ein tru. Men nei. Du set det opp mot ein «kortvarig» (kvifor kortvarig?) «lidenskap» (kvifor ikkje kjærleik?). Det fylgjer logisk at desse (kortvarige) kjærleikslause kyssa er motsetnaden til dei kjærleikslause kyssa til mann og kone, underleg! Ville det ikkje i eit populært hefte vera betre å setja det vanlege og lurvete spissborgarlege – intelektuelle – bondeekteskapet utan kjærleik (eg trur dette finst i punkt 6 eller punkt 5 hos meg) opp mot det proletariske, kultiverte og kjærleiksfulle ekteskapet? (Om du no ein gong synest at du må, kan du leggja til at ein flyktig affære eller lidenskap kan vera anten lurvet eller rein.)
Det du har kome fram til er ikkje klassetypar som står mot kvarandre, men noko i likskap med ein «episode» som sjølvsagt er mogleg. Men dreier saka seg om spesielle episodar? Om du hentar stoffet ditt frå episodar, einskildtilfelle av lurvete kyss i ekteskapet og reine kyss i flyktige affærar, så er det stoff som det bør skrivast om i ein roman, (for i romanar ligg det avgjerande i dei individuelle omstendene, av figurane og psyket til spesielle typar) – men høver stoffet i eit hefte?
Du har forstått tankane mine om det uhøvelege sitatet frå Key44 svært godt når du seier at det er «dumt» å stå fram i rolla som «kjærleiksprofessor». Det er sant. Men kva med å ta på deg rolla som professor i flyktige osb.?
Eg vil verkeleg ikkje polemisera i det heile. Eg ville gjerne leggja til sides dette brevet og utsetja saka til vi kan snakka om ho. Men eg vil at heftet skal verta bra, slik at ingen kan lausriva setninger frå det som ville vera pinlege for deg, (nokre ganger er ei einaste setning nok til å sverta heile saka,) slik at ingen kan mistolka deg. Eg er sikker på at også her skreiv du «utan å ynskje det». Og den einaste grunnen til at eg sender deg dette brevet er at du kan granska planen din grundigare som eit resultat av breva mine enn du ville kunna etter ein samtale – og som du veit, planen er ein svært viktig ting. Kjenner du ikkje ein eller annan fransk sosialist? Du kan omsetja mine punkt 1 – 10, som om det var frå engelsk, og dine merknader om «flyktig» osb. Sjå på henne og høyr så nøye som mogleg etter: Litt erfaring om kva utanforståande vil seia, kva inntrykk dei får og kva dei vil venta seg av heftet…
Lenin, «To brev til Inessa Armand», (1915), Samla verk, Eng utg., b. 35, s. 180-186.
3. KJØN OG BORGARLEG MORAL
«Det verkar ‘lærd’, jamvel vitskapeleg, å byggja på dei freudianske hypotesane, men det er uvit og rot. I dag er teorien til Freud på mote. Eg trur ikkje på seksualteoriane i artiklane, avhandlingane, hefta osb., kort sagt på den særskilte typen litteratur som blomstrar til overmål på den skitne jorda i det borgarlege samfunnet. Eg stoler ikkje på dei som alltid ser på ymse spørsmål på same vis som den heilage indiaren ser på navlen sin. For meg ser det ut som om desse blomstrande seksualteoriane – som i hovudsak er hypotetiske, og ofte temmeleg vilkårlege hypotesar – kjem av ein personleg trang til å rettferdiggjera eit personleg unormalt eller overdrive seksualliv andsynes den borgarlege moralen og be han vera tolmodig. Denne løynde vyrdnaden for den borgarlege moralen verkar på meg like frastøytande som å snusa i det kjønslege. Kor vill og revolusjonær denne framferda enn er, er ho likevel i røynda heilt borgarleg. Ho er i hovudsak ei sysle for dei intellektuelle og dei laga som står dei intellektuelle nærast. Ho har ingen plass i kommunistpartiet, i det klassemedvitne, kjempande proletariatet…
Særleg dei unge treng glede og kraft i livet. Sunn sport, svømming, kappspringing, gåing, alle typar kroppsutøving, samt allsidige intellektuelle interesser. Dei treng å læra, studera, forska, og å gjera det saman så langt som mogleg. Ungdomen vil få mykje meir ut av dette enn av dei evindelege teoriane og ordskifta om seksuelle problem og såkalla «fulllivsutfalding». Sunne kroppar, sunne tankar!…
Revolusjonen krev at massane og einskildmenneska samlar og aukar kreftene sine. Han kan ikkje tola orgietilstandar av den typen som var normale for dei dekadente heltane og heltinnane til D’ Annunzio45 Eit utsvevande kjønsliv er borgarleg og eit teikn på forfall. Proletariatet er ein oppstigande klasse. Han treng korkje sløvande eller stimulerande rusmiddel. Han har like liten trang til å rusa seg med å overdriva det kjønslege som han har til alkohol. Han må ikkje og skal ikkje gløyma, ikkje gløyma skammen, skiten, det råe ved kapitalismen. Det er klassestoda og det kommunistiske idealet som verkar mest til at proletariatet får trang til å kjempa. Det treng klårleik, klårleik og atter klårleik. Og difor tek eg opp att: Vi skal ikkje veikja kreftene, ikkje skusla dei bort, ikkje øydeleggja dei. Sjølvkontroll og sjølvtukt er ikkje trældom, ikkje ein gong i kjærleiken.»
Clara Zetkin «Lenin om kvinnespørsmålet».
4. RETTEN TIL Å SKILJA SEG
Det same gjeld i spørsmålet om skilsmål. Lesaren vil hugsa at det var Rosa Luxemburg som fyrst tok det opp i diskusjonen om det nasjonale spørsmålet. Ho uttrykte den vel underbygde meininga at om vi står for autonomi innetter i staten, (for dei einskilde distrikta, områda, o.l.), må vi som sentralistiske sosialdemokratar halda fast ved at alle større nasjonale saker – og skilsmålslovgjevinga er ei av de – skal koma under rettsområdet til den sentrale regjeringa og den sentrale nasjonalforsamlinga. Dette dømet viser klårt at ein ikkje kan vera demokrat og sosialist utan å krevja full fridom til å skilja seg no, for mangelen på denne fridomen er med på å underkua det undertrykte kjønet endå meir. Men det skulle ikkje vera vanskeleg å innsjå at å godkjenna denne fridomen til å gå frå mannen sin ikkje er det same som å oppmoda alle konene om at dei skal gjera det!
P. Kievsky har ei «innvending»:
«Korleis ville denne retten (til skilsmål) vera i dei tilfella (når kona vil gå frå mannen) ho ikkje kan nytta han? Eller om det å gjera bruk av denne retten er avhengig av viljen til ein tredje part, eller endå verre – avhengig av viljen til han som krev kjærleiken hennar? Ville vi forsvara at ein slik rett vart kunngjort? Sjølvsagt ikkje!»
Denne innvendinga vitnar om fullstendig svikt i forståinga av tilhøvet mellom demokratiet allment og kapitalismen. Dei tilhøva som gjer det uråd for dei undertrykte klassane å «nytta» dei demokratiske rettane sine er ikkje unntak under kapitalismen, dei er typiske for systemet. Oftast vil retten til å skilja seg vera uråd å gjennomføra under kapitalismen, for det undertrykte kjønet er økonomisk bunde. Kor mykje demokrati det enn er under kapitalismen, er kvinna framleis ein «husslave», ein slave stengd inne på soverommet, barnerommet og kjøkenet. På same måte er retten til å velja «sine eigne» folkedomarar, tenestemenn, skulelærarar, domsmenn, osb., oftast ikkje råd å gjennomføra under kapitalismen nett av di arbeidarane og bøndene er økonomisk undertrykte. Det same gjeld i den demokratiske republikken. Programmet vårt definerer han som «folkestyre», men alle sosialdemokratar veit godt at under kapitalismen er det, sjølv i den mest demokratiske republikken, ikkje til å koma unna at borgarskapet kjøper opp tenestemennene og at børsen og regjeringa går saman i eit forbund.
Det er berre dei som ikkje kan tenkja klårt eller som er heilt utan kjennskap til marxismen som kan trekkja den slutninga at det difor ikkje er vits i å ha ein republikk, ikkje vits i å ha fridom til å skilja seg, ikkje vits i demokrati, ikkje vits i sjølvråderett for nasjonane! Men marxistane veit at demokratiet ikkje har avskaffa klasseundertrykkinga. Demokratiet gjer berre klassekampen meir beinveges, vidar han ut, gjer han meir open og klår, og det er det som trengst. Di større fridomen til å skilja seg er, di klårare vil kvinna sjå at opphavet til «husslaveriet» hennar er kapitalismen og ikkje mangel på rettar. Di meir demokratisk styresettet er, di klårare vil arbeidarane sjå at rota til det vonde er kapitalismen og ikkje mangel på rettar. Di meir fullstendig den nasjonale likskapen, (og han er ikkje fullstendig utan retten til å riva seg laus), di klårare vil arbeidarane i dei undertrykte nasjonane sjå at årsaken til undertrykkinga er kapitalismen, ikkje mangel på rettar o.s.b.
Vi må slå det fast gong på gong: Det er flaut å måtte banka marxismen sin ABC inn i hovudet på folk, men kva skal ein gjera når Kievsky ikkje kan ABC’en?
Han drøftar skilsmål mykje på same måten som ein av sekretærane i organisasjonskomiteen i utlandet, Semovski, gjorde det i Paris-avisa Golos, om eg hugsar rett. Argumenta hans gjekk ut på at fridom til å skilja seg rett nok ikkje er ei oppmoding til alle koner om å skilja seg frå mannen sin, men om det visar seg at alle andre menn er betre enn Dykkar, Madame, vil det vera eitt og det same!!
Då han argumenterte på denne måten gløymde Semovski at det å tenkja sprøtt ikkje er å øva vald mot sosialistiske eller demokratiske prinsipp. Om Semovski sa til ei kvinne at alle andre menn var betre enn mannen hennar, ville ingen sjå det som ei krenking av demokratiske prinsipp. Folk ville i høgda seia: Der vil alltid vera store skrullingar i eit stort parti! Men om Semovski kom på den tanken at han som demokrat ville forsvara eit menneske som gjekk mot fridom til å skilja seg og gjekk til domstolane og politiet eller kyrkja for å hindra at kona gjekk frå han, så er vi sikre på at til og med dei fleste av kollegane hans i utanlandssekretariatet, sjølv om dei er ynkelege sosialistar, ville nekta å støtta han.
Korkje Semovski eller Kievsky forstår kva saka gjeld når dei «drøftar» skilsmål. Dei vegrar seg for å ta opp kjernen i saka. Kjernen er at under kapitalismen er retten til å skilja seg, som alle andre demokratiske rettar utan unntak, hefta med vilkår, avgrensa, formell, snever og svært vanskeleg å setja ut i livet. Ingen sosialdemokrat med sjølvrespekt vil seia at eit menneske som går mot retten til skilsmål er ein demokrat, for ikkje å seia sosialist. Dette er kjernen i denne saka. Alt «demokrati» har å gjera med kunngjering og røynleggjering av rettar som berre kan setjast ut i livet i liten grad og berre relativt sett under kapitalismen. Men uten å kunngjera desse rettane, utan å kjempa for å innføra dei no, straks, utan å læra opp massane i anden til denne kampen, er sosialismen umogleg.
Lenin: «Eit vrengebilete av marxismen og imperialistisk økonomisme». Samla verk b. 23, engelsk utgåve, s. 72-74.
5. ARBEIDARKLASSEN OG NYMALTHUSIANSIMEN
På legekongressen i Pirogov vekte abortspørsmålet mykje interesse, og dei hadde eit langt ordskifte om emnet. Det var Litsjkus som la fram meldinga. Han la fram tal som synte kor veldig utbreidd praksisen med å øydeleggja fosteret er i dei såkalla siviliserte statane i dag.
I New York var det 80 000 abortoperasjonar på eitt år og i Frankrike er det 36 000 kvar månad. I St. Petersburg har abortprosenten vorte meir enn det doble på fem år.
Legekongressen i Pirogov gjorde eit vedtak som gjekk mot all rettsleg forfylging av mødre som hadde teke kunstig abort, og legene skulle berre straffast dersom dei opererte for «fortenesta si skuld».
I ordskiftet var fleirtalet samd om at abort ikkje skulle vera straffbart. Dei kom naturleg inn på spørsmålet om den såkalla ny-malthusianismen46 (bruk av prevensjonsmiddel), og like sjølvsagt kom dei inn på den sosiale sida av saka. Ifylgje meldinga til Russkoje Slovo sa til dømes Herr Vigdortsjik at ein skulle «ynskja prevensjonsmiddel velkomne». Og Herr Astrakhan braut ut under tordnande bifall:
«Vi må overtyda mødrene om å føda barn slik at barna kan verta lemlesta i utdanningsinstitusjonane, slik at ein kan trekka lodd om dei, slik at ein kan driva dei til sjølvmord!»
Dersom det som vert fortalt er sant, og dette utbrotet frå Herr Astrakhan vart motteke med tordnande bifall, undrast eg ikkje over det. Forsamlinga var sett saman av borgarar, mellom- og småborgarar som har ein spissborgarleg psyke. Kva anna kan ein venta av dei enn banal liberalisme?
Men frå arbeidarklassen sin synsstad ville ein vel ikkje kunne finna eit meir treffande uttrykk for den «sosiale ny-malthusianismen» sin fullstendige reaksjonære natur og styggedom enn det gjengjevne utbrotet frå Herr Astrakhan.
«fød barn slik at dei kan verta lemlesta»… Berre di for? Kvifor ikkje for at dei skal kunna kjempa betre, meir samla, medvite og viljefast enn vi gjer mot dei tilstandane som i dag lemlestar og øydelegg generasjonen vår?
Dette er det grunnleggjande skiljet mellom tankegangen til bonden, handverkaren, den intellektuelle eller småborgarar flest, og proletaren. Småborgaren ser og kjenner at han går undergangen i møte, at livet vert jamt vanskelegare og at stillinga for han sjølv og familien vert meir og meir vonlaus. Dette er kjensgjerningar som ikkje kan motstridast, og småborgaren protesterar mot dei.
Men korleis protesterar han?
Han protesterar som representant for ein vonlaust døyande klasse, fortvila over si eiga framtid, det vil seia nedtrykt og motlaus. Ikkje noko kan gjerast… Om det berre var færre barn til å tida våre kvalar, slitet, fattigdomen og usseldom en vår. Slik klagar småborgarskapet.
Den klassemedvitne arbeidaren står langt frå dette synet. Han let ikkje medvitet verta døyvd av slike klagar, kor ekte og inderlege de i enn måtte vera. Det er rett at vi arbeidarar og massen av småeigarar lever eit liv som er fylt av utoleleg undertrykking og liding. Generasjonen vår har det vanskelegare enn fedrane våre hadde det. Men i eit høve er vi heldigare enn fedrane våre. Vi har teke til å læra oss å kjempa, og vi lærer det fort. Og vi lærer ikkje å kjempa som einskildmenneske, slik dei beste av fedrane våre gjorde, ikkje for slagorda til dei borgarlege pratmakarane som har eit framandt innhald for oss. Men vi lærer å kjempa for våre-eigne slagord, slagorda til vår eigen klasse. Barna våre vil kjempa betre enn vi gjer, og dei vil vinna.
Arbeidarklassen går ikkje mot undergangen. Han veks, vert sterkare, vinn mot, grunnfestar seg, skolerer seg og vert stålsett i kamp. Vi er pessimistar når det gjeld trældom, kapitalisme og småproduksjon, men vi er glødande optimistar når det gjeld arbeidarrørsla og måla hennar. Vi er allereie i gang med å leggja grunnvollen til eit nytt byggverk,og barna våre vil fullføra bygginga av det.
Dette er eine og åleine grunnen til at vi er vilkårslause fiendar av ny-malthusianismen. Han høver berre egoistiske småborgarlege par utan kjensler, som ottefulle i røysta kviskrer: «Gud gje at vi klarar oss sjølve på eit eller anna vis. Så mykje betre om vi ikkje får barn.»
Sjølvsagt hindrar ikkje dette oss på noko vis i å krevja at alle lover mot abort og mot spreiing av medisinsk litteratur om preventive tiltak o.s.b., skal opphevast utan vilkår. Slike lover er ikkje anna enn hykleri frå dei herskande klassane. Desse lovene lækjer ikkje kreftbyllane til kapitalismen, dei gjer dei berre til vondarta kreftbyllar som er særleg pinefulle for dei undertrykte massane. Ein ting er fridom til å driva medisinsk propaganda og vern om grunnleggjande demokratiske rettar for menn og kvinner. Den ny-malthusianistiske samfunnsteorien er noko heilt anna. Klassemedvitne arbeidarar vil alltid føra ein nådelaus strid mot dei som freistar å få den mest progressive og sterkaste klassen i det moderne samfunnet, den klassen som er best budd på store endringar, til å godta denne reaksjonære og feige teorien.
Lenin: «Arbeidarklassen og ny-malthusianismen,» Samla verk b. 19, engelsk utgåve, s. 235- 237.
VII. KVINNENE OG DEN SOSIALISTISKE OPPBYGGINGA
1. VEGEN FRAM FOR KVINNENE
Slutt dykk saman og ver med i produksjonen og politisk verksemd for å betra den økonomiske og politiske stillinga til kvinnene.
Mao Tsetung, sjå Sitater frå formann Mao Tsetung ( 1972), norsk utg, (1972), s. 408.
For å byggja eit stort sosialistisk samfunn er det umåteleg viktig å reisa dei breie kvinnemassane til å slutta seg til produktiv verksemd. Menn og kvinner må få lik løn for likt arbeid i produksjonen. Ekte likskap mellom kjøna kan fyrst verta røyndom i prosessen med den sosialistiske oppbygginga av samfunnet som heilskap.
Mao Tsetung, sjå same stad, s. 409-41.
2. KVINNENE BYGGJER SOSIALISMEN
Vi skal merkja oss at dei kvinnelege kollektivbøndene er meir med i det samfunnsmessige og organisatoriske arbeidet. Det er ei gledeleg kjensgjerning og uttrykk for den kulturelle framgangen på landsbygda. Til dømes veit vi at omlag 6000 kvinnelege kollektivbønder er leiarar for kollektivbruk, meir enn 60 000 er med i styringsnemnder på kollektivbruk, 28 000 er brigadeleiarar, 100 000 er med og organiserer arbeidslag, 9000 styrer avdelingar for sal av dyr frå kollektivbruka og 7000 er traktorkøyrarar.
Sjølvsagt er ikkje desse tala fullstendige. Men desse tala åleine viser heilt klårt den store kulturelle framgangen på landsbygda. Kameratar, denne kjensgjerninga er enormt viktig. Ho er enormt viktig av di kvinnene er halvparten av innbyggjarane i landet vårt. Dei er ein stor arbeidarhær og dei har til oppgåve å fostra barna våre, den framtidige slekta, det vil seia framtida vår. Det er grunnen til at vi ikkje må la denne store hæren av arbeidande menneske liggja i mørkre og uvit! Det er grunnen til at vi må ynskja velkomen den veksande samfunnsmessige verksemda til dei arbeidande kvinnene og at dei vert forfremma tilleiande stillingar. Det er eit sikkert teikn på vokster i kulturen vår.
Stalin, «Melding til den syttande partikongressen», Verk, b. 13, engelsk utgåve, s. 345-346.
3. FOLK OG TEKNIKK
Men de vil ikkje koma langt med den moderne teknikken åleine. De kan ha fyrsteklasses teknikk, fyrsteklasses verk og fabrikkar, men utan at det finst menneske der som kan meistra denne teknikken, vil han berre vera teknikk. For at den nye teknikken skal gje resultat trengst det menneske, kadrar av arbeidarar og arbeidarkvinner som kan styra og utvikla teknikken.
At Stakhanovrørsla47 vart til og veks i omfang har ført til at slike kadrar allereie har stått fram mellom arbeidarane og arbeidarkvinnene i landet vårt. For om lag to år sidan slo partiet vårt fast at når vi byggjer nye verk og fabrikkar og utstyrer verksemdene våre med moderne maskineri, har vi berre gjort halve jobben. På den tida slo partiet vårt fast at eldhug for å styra dei nye fabrikkane måtte koma attåt eldhugen for å byggja fabrikkane. Berre på den måten kunne vi fullføra jobben. I dag er det klårt at vi har vorte meir kunnige i denne nye og vi har utdanna nye kadrar på dei to åra som er gått. I dag er det klårt at vi allereie har slike kadrar. Det er sjølvsagt at vi aldri ville hatt ei Stakhanovrørsle utan slike kadrar, utan desse nye menneska. Slik utgjer dei nye menneska, som har lært seg den nye teknikken og som kjem frå arbeidarane og arbeidarkvinnene sin midte, den krafta som har forma og ført fram Stakhanovrørsla.
Dette er vilkåra for at Stakhanovrørsla oppstod og vann fram.
Stalin, «Tale på det fyrste forbundsmøtet for Stakhanovittane», Verk, b. 14, tysk utgåve, s. 40.
4. KVINNENE I ARBEIDSFRONTEN
Før den kooperative omforminga av jordbruket var overflødig arbeidskraft eit problem i mange delar av landet. Sidan då har mange kooperativ kjent at det knip på grunn av mangelen på arbeidskraft, og at det er naudsynt å moblisera massane av kvinner, som ikkje arbeidde på jordet før, til å ta plassen sin i arbeidsfronten. Dette var ei viktig utvikling som kom overraskande på mange folk. Folk hadde allment venta at det skulle verta overskot på arbeidskraft i kjølvatnet etter kooperasjonen. Overskot alt no, og kva så om det vert eit til? Mange stader har kooperasjonen i praksis løyst opp slik tvil, ettersom problemet ikkje har vore overskot men mangel på arbeidskraft. På sume stader var det rett nok overskot på arbeidskraft ei stund etter kooperasjonen, men det var av di dei enno ikkje hadde utvida målestokken på produksjonen, sett i gang ulike økonomiske tiltak eller sett i gang intensiv dyrking. For mange stader vert mangelen på arbeidskraft tydeleg etter kvart som produksjonen veks i omfang, talet på tiltak aukar, strevet etter å laga naturen om vert meir omfattande og pågåande og arbeidet gjort grundigare. Dette er berre byrjinga, og det kjem til å verta tydelegare ettersom åra går. Det vert sameleis etter at jordbruket er vorte mekanisert. I tidene som kjem, kjem alle slags føretak som ingen drøymte om før til å koma til syne og jordbruksproduksjonen kjem til å auka mange gonger, eit dusin gonger, kanskje fleire snes gonger, over det nivået som er no. Utvidinga av industrien, kommunikasjonane og utvekslinga kjem til å gå hinsides det tidlegare generasjonar kunne tenkja seg. Det vert det same med vitskapen, kulturen, utdanninga og helsearbeidet. Kvinnene er ein stor Du kan aktivere støtte for skjermleser ved å trykke på Ctrl+Alt+Z Trykk på Ctrl+skråstrek hvis du vil ha informasjon om hurtigtaster
arbeidskraftreserve i Kina. Denne reserven må verta tappa i striden for å byggje eit stort sosialistisk land. Prinsippet om lik betaling for likt arbeid må setjast gjennom for å oppmuntra kvinner til å gå i gang med produktivt arbeid. Alle kooperativ kan gjera seg nytte av røynslene frå Chienteh-fylket i Chekiangprovinsen.
Mao Tsetung, Note til «Mangelen på arbeidskraft vart løyst ved å kalla på kvinnene til å slutta seg til produksjonen», sjå Utvalgte verker b. 5, norsk utg, s. 265.
Set kvar kvinne som kan arbeida i stand til å ta plassen sin i arbeidsfronten, etter prinsippet lik løn for likt arbeid. Dette må gjerast så fort som råd.
Mao Tsetung, sjå Sitat frå formann Mao Tsetung, s. 411.
For å byggja eit stort sosialistisk samfunn er det svært viktig å mobilisera massene av kvinnene til å slutta seg til den produktive verksemda. I produksjonen må menn og kvinner få lik betaling for likt arbeid. Ekte likskap mellom kjøna kan berre verta til røyndom gjennom den sosialistiske omforminga av samfunnet som heilskap.
Mao Tsetung, Note til «Kvinnene er no i arbeidsfronten», sjå Utvalgte verker b. 5, norsk utg., s. 260.
5. KVINNENE OG KOLLEKTIVBRUKA
No er ord om kvinnene, dei kvinnelege kollektivbøndene. Spørsmålet om kvinnene på kollektivbruka er eit stort spørsmål, kameratar. Eg veit at mange av dykk undervurderer kvinnene og til og med ler av ei. Men de gjer ein feil, kameratar, ein alvorleg feil. Saka er ikkje berre den at kvinnene er halve folket. Saka er i fyrste rekkje den at kollektivbrukrørsla har ført ei rad med utmerka og dyktige kvinner fram tilleiande stillingar. Sjå på denne kongressen, sjå på utsendingane, og de vil forstå at det er lenge sidan kvinner slutta å vera tilbakeliggjande. No står dei i bresjen. Kvinnen på kollektivbruka er ein mektig styrke. Å halda denne styrken nede ville vera eit brotsverk. Det er plikta vår å få fram kvinnene på kollektivbruka og gjera bruk av denne styrken.
For ikkje så lenge sidan var det rett nok litt usemje mellom sovjetregjeringa og dei kvinnelege kollektivbøndene. Det galdt kua. Men no er denne saka om kua avgjort og usemja er ikkje meir. Vi er allereie komne i den stillinga at fleirtalet av kollektivbrukhushald har ei ku kvar seg. Når det er gått eit år eller to vil ikkje ein einaste kollektivbonde vera utan si eiga ku. Vi Bolsjevikar vil sjå til at kvar einaste ein av kollektivbøndene våre får ei ku.
Når det gjeld dei kvinnelege kollektivbøndene sjølve må dei hugsa kor mektig og viktig kollektivbruka er for kvinnene. Dei må hugsa at berre på kollektivbruka er det råd for kvinnene å stå på likefot med mennene. Utan kollektiv bruk – ulikskap, på kollektivbruka – like rettar. Måtte kameratane våre, dei kvinnelege kollektivbøndene, hugsa dette og ta vare på kollektivbruksystemet som sin eigen augnestein.
Stalin, «Tale på den fyrste kongressen til sjokkbrigadane», Verk b. 13, engelsk utgåve, s. 257-259.
6. KVINNENE I DEN PATRIOTISKE KRIGEN
Sovjetkvinnene har gjort ein uvurderleg innsats for å forsvara fedrelandet. Dei har arbeidd sjøloppofrande for å tena interessene til fronten. Djervt har dei bore krigsstrabasane, og dei har eldna soldatane i den raude hæren – dei som skal gjera fedrelandet fritt – til kamphandlingar.
Den patriotiske krigen har vist at sovjetfolket kan gjera mirakel og koma sigerrike frå dei hardaste prøver. Arbeidarane, kollektivbøndene, dei intellektuelle i Sovjet, heile sovjetfolket, har sett seg føre å framskunda nederlaget for fienden, byggja opp att heile økonomien som fascistane har øydelagd og gjera landet vårt endå sterkare og meir velståande.
Stalin, «Den store patriotiske krigen.»
Notar
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.
- Seneca-irokesarane – Ein av dei fem irokesarstammane. Irokesarane var den politisk viktigaste indianarstammen i Nord-Amerika i kolonialiseringstida, med ein høgt utvikla jordbrukskultur. Det klassiske dømet på matriarkatet som samfunnsform.
- Sitert av Morgan i «Oidtidssamfunnet», Chicago 1907, s. 464. – Red.
- Ariarane- «ariar» er samnamn på dei folka som talar dei indiske og iranske språka. I indisk oldtid vart namnet brukt om dei som høyrde til den indiske kulturkrinsen, i motsetnad til folka ikring. Oxus og Jaxartes er elver som renn ut i Aralsjøen i USSR.
- Eufrat- Tigris- i dag Fura tog Diljah, elver i Irak.
- Code Napoleon- Namn på det franske lovverket som fekk form i åra 1804-1810, og framleis gjeld. No kjend som Code civil.
- Odysseen- gresk heltedikt frå 700-talet før Kr. O. og Iliaden skildrar krigen eit forbund av greske stammar førte mot Troja, ein by i Vesle-Asia, og heimferda til ein av stammehovdingane (Odyssevs). Diktaren er Homer. Akilles og Agamennon er greske hovudpersonar, Telamon, Teukros og Kassandra er trojanarar. Greske forfattarar frå antikken, som skodespelforfattaren Aischylos, brukte emne frå trojanarkrigen i skodespela sine.
- Dette viser til eit avsnitt der Telemakos, son til Odyssevs og Penelope, seier til mora at ho må halda fram med vevinga og la mennene ta seg av sine eigne saker. (Odysseen bok 21 , Il).-Red.
- Dorarane og jonarane – namn på dei greske stammane som grunnla Sparta (d.) og Aten (j.) og dei styringsformene og kulturane som er knytta til desse byane.
- Plutark- gresk historikar og filosof (46-120 e.Kr.) Har skrive biografiar over ei rekkje framståande grekarar og romarar.
- Helotane- den opphavlege folkesetnaden på Peloponnes, underkua og gjort til statsslavar under Sparta.
- Hetærene – gresk for «kamerater, venner». Namn på dei utanlandske kurtisanene som frå ca. 450 f.Kr. fekk ein viktig plass i den atenske bykulturen på grunn av den underkua stillinga til atenske husfruer.
- Aristofanes- gresk komedieforfattar (ca 450-385 f.Kr.)
- Evnukk- gr., kastrert mann som i Austen og i det gamle Hellas ofte vart nytta som vakt over kvinner, t.d. i harem.– Red.
- Herodot – gresk historikar (ca 485 – 425 f. Kr.) kalla «Historias far». Var og politikar og hærførar, har skildra persarkrigane og greske kolonikrigar.
- Sjå note 9- Red.
- Ganymed – i gresk gudelære munnskjenken til Zevs, røva frå jorda av di han var så vakker.
- Dette viser til Den tyske ideologien, forfatta av Marx og Engels i Bryssel1845-46 og fyrst utgjeve i 1932 av Marx-Engels-Lenin Instituttet i Moskva. Sjå ”Den tyske ideologi”, Marx Engels Verk b. 3, tysk utgåve.- Red.
- Antagonisme- uforsonleg, fiendsleg motseiing.-Red.
- Morgan, same bok, s. 511.
- Hierodulane- slavar som tilhøyrde gudane, i praksis presteskapet ved ulike tempel og offerstader i oldtida. I Forasia var dei prostituerte i teneste hjå ulike fruktbarheitsgudinnar (Anaitis, Afrodite).
- Tacitus- (55-115 e.Kr.) romersk historikar, politikar og hærførar, skildra keisartida i Roma og dei germanske folkeslaga
- Ammianus, Prokopius – Ammianus (330 – 395 e.Kr.) skreiv framhald av Tacitus si soge om romarriket. Prokopius var og historieskrivar (død ca 560 e.Kr.), og skildra ei rekkje romerske felttog. Herulane og Taijalarane var germanske stammar frå folkevandringstida.
- Albade (Fagelied) – morgonsong, dikt der elskaren sørgjer av di han snart må gå frå den tilbedne, som alltid er gift, vakta av strenge fedre osb. Ei av greinene i trubadurlyrikken som vart utvikla i Provence, med blømingstid ca. 1150-1250.
- Eschenbach, Wolfram von – tysk diktar frå høgmiddelalderen, utvikla trubadurdiktinga på tysk.
- Denne tilvisinga til bogeskyting kjem frå Meng-tze, (Kinesisk forfattar og filosof, ca. 300 e.Kr.) Ho skildrar korleis den fremste læraren i bogeskyting dreg ut bogen med ein overdriven gest, men ikkje slepper pila. Poenget er at kommunistane må leia bøndene til å utvikla politisk medvit i full mon, men dei må overlata det til bøndene sjølve å avskaffa overtru og andre dårlege skikkar, og må ikkje gje dei ordrar om det eller gjera det for dei.
- Denne typen arbeid går for det meste føre seg i mindre verkstader slik vi har sett i kniplingsmanufakturane og korgflettingsfaget, og som vi kunne gjera endå klårare om vi gjekk til metallmanufakturane i Sheffield, Birmingham, osb.
- Manchester – by i Nord-England, utvikla på få år frå liten handverks by til den største bomullsprodusenten i verda. Folketalet mangedobla 1780-1850
- Salford-hamneby – grannebyen til Manchester, no slukt av Manchester.
- Manchester Guardian – Britisk dagsavis, grunnlagt i 1821.I dag berre the Guardian. Viktigaste avisa til frihandelskapitalistane i førre hundreår.
- I katalogen står det at i 1890 hadde fabrikkane og verka i den europeiske delen av Russland totalt 875 764 tilsette. Av desse var 210 207 (24%) kvinner, 17 793 (2%) gutar og 8 216 (1%) jenter.
- «Den fattige vevarjenta fylgjer med faren og mannen sin til fabrikken og verka, og arbeidar på likefot og uavhengig av dei. Ho tener like mykje til brødet ho som mannen.» «På fabrikken … er kvinna ein heilt sjølvstendig produsent, uavhengig av mannen sin». Lesekunna breiar seg uvan!eg snøgt mellom arbeidarkvinnene på fabrikkane. (lndustriar i Vladimir-gruvernementet s. lll, ll3, ll8,112 og andre stader). Hr. Kharizomenov har heilt rett når han slut tar seg til fylgjande: Industrien gjer at kvinna ikkje lenger er «økonomisk avhengig av familien… og mannen… På fabrikken er kvinna lik med mannen, dette er proletarisk likskap… kapitaliseringa av industrien er viktig for den striden kvinna fører for sjølvstende i familien.» «Industrien har sett kvinna i ei ny stilling, og ho har vorte heilt sjølvstendig i høve til familien og ektemannen.» (Juriditsjevski/ Vestnik, 1883, nr. 12, s. 582, 596). I Statistisk melding for Moskva-guvernementet (band VII, punkt Il, Moskva 1882, s. 152, 138-139), samanliknar forskarane stillinga til dei kvinnene som framstiller strømper for hand og dei som nyttar maskiner. Handarbeidjentene tener om lag 8 kopek dagleg, og dei som nyttar maskiner 14-30 kopek. Vilkåra for den arbeidande kvinna under maskinproduksjonen vert skildra slik: » … Framfor oss står ei fri ung kvinne, det er ingen hinder i vegen hennar, ho er frigjort frå familien og frå alt som levekåra til bondekvinna er sett saman av. Den unge kvinna kan til kvar tid dra kor helst ho vil, byta arbeidskjøpar, og ho kan kva tid som helst vera utan arbeid … utan ei brødskorpe … Under handproduksjonen ten er strikkejentene svært lite, ikkje nok til å dekkja det maten kostar. Det ho tener er berre nok dersom ho samstundes høyrer til ein jordbruksfamilie som eig jordteigar og får ein del av produkta frå den jorda. Under maskinproduksjonen får den arbeidande kvinna, i tillegg til mat og te, inntekter som gjer ho i stand… til å leva borte frå familien og greia seg utan familien si inntekt frå jorda… Dessutan er den kvinnelege arbeidaren sine inntekter i maskinindustrien sikrare under dei rådande tilhøva.»
- Leipziger Volkzeitung- Leipzig Folkeblad- Red.
- Det var sentralkomiteen i Russlands Kommunistiske Parti som kalla saman denne kongressen, og meir enn 1000 utsendingar var med. Kongressen godkjende utanrikspolitikken til Sovjetregjeringa og oppmoda alle arbeidar- og bondekvinner til å stø og forsvara han. Kongressen godtok og forslaget om å trekkja arbeidande kvinner som ikke var med i partiet, med i den sosialistiske oppbygginga gjennom delegatrnøte. Denne kongressen var det fyrste steget i det omfattande arbeidet partiet gjorde mellom arbeidar- og bondekvinner.
- Pariskommunen – I 1871, etter den fransk-tyske krigen, nekta folkesetnaden i Paris, som var væpna og innrullert i militsen, å gje frå seg våpna på ordre frå den franske regjeringa. Dei hærsette byen, valde sitt eige styre osb. Marx analyserte Pariskommunen som det første dømet på proletariatets diktatur, og Lenin drøfta P. på same vis i «Staten og revolusjonen».
- Desemberoppreisten 1905 – væpna opprør i Moskva som bolsjevikane leidde, mot tsarismen og for ein demokratisk republikk, åttetimars dag og kverrsetjing av all godseigarjord. Opprøret vart slått ned.
- Koltsjak og Denikin – Admiral Koltsjak og general Denikin fekk hovudansvaret for å føra intervensjonskrig mot Sovjetunionen i 1918-1821. Koltsjak opererte i Sibir, Denikin i Sør-Russland. Båe vart knuste av den raude hæren.
- Teokrit og Moskos – hellenistiske diktarar frå tida 320-300 f.Kr. Grunnla hyrdediktinga, idylliske kjærleiksdikt frå landleg miljø.
- Dafnis og Cloë- kjæresteparet i hyrderoman av Longos. Tilhøyrer hellenismen.
- Anacreon – (ca. 570 f.Kr) gresk diktar, skreiv om kvinner, vin og sang.
- Niebelungenlied- sangen om nivlungane, dei mest kjende heltesagna frå Tyskland med emne frå folkevandringstida. Alle hovudpersonane finst i dei nordiske sagna om volsungane og nivlungane (Sigurd Fåvnesbane). Den tyske komponisten Wagner brukte episodar frå Niebelungenlied som emne for fleire operaer.
- Gutrun – Eit av Niebelungdikta, Gutrun er ein av hovudpersonane. Andre figurar er Kriemhild, Siegfried, Gunther, Etzel, Sigebant, osb.
- Potosi- by i Bolivia, grunnlagd av spanjolane som gruveby for å utnytte dei sølvforekomstane som den gongen var dei største i verda. l dag tinnby.
- Pollyandri -gr., ei kvinne er gift med fleire menn (motsett polygyni, der ein mann er gift med fleire koner, fleirkoneri).- Red.
- Ellen Key – (1849-1926) Svensk skribent og forfattar av den mykje omtalde pedagogiske boka Hundreåret til barnet (1900). Synet hennar på pedagogikk var svært påverka av mystisisme og individualisme
- D’Annunzio – Italiensk forfattar og lyrikar (1863-1938), estet og tilhengjar av Mussolini.
- Ny-malthusianismen – lære med namn etter den engelske økonomen Malthus (1766-1834). Han hevda at folkesetnaden hadde tendens til å auka fortare enn mengda på livsmiddel kan verta auka, og gjekk mot alle former for sosialstønad, av di det etter hans teori berre fekk folk til å formera seg fortare. Ny-malthusianismen gjekk ut på prevensjon for å halda folketalet nede.
- Stakhanovrørsla – rørsle for å auka arbeidsproduktiviteten i Sovjetunionen under den andre femårsplanen. Rørsla fekk namn etter gruvearbeidaren Aleksei Stakhanov frå Donbas, som på eit skift den 31. august 1935 utvann 102 tonn kol, 14 gonger så mykje som normen.