I løpet av mars månad har Marxism-Leninism-Maoism Ireland på facebook meldt om to hendingar. Den største hendinga er utgjevinga av eit nytt maoistisk tidsskrift.
Nytt tidsskrift
Tidsskriftet har fått namnet “An Ghrian Dhearg” som betyr “Raud Sol” på irsk. Språket i tidsskriftet er engelsk. Dei omtalar utgjevinga som eit stort framsteg for marxismen-leninismen-maoismen i Irland, det tredje og høgaste stadiet i den proletariske revolusjonære ideologien. Tidsskriftet er tilgjenglig for 3 euro pluss fraktkostnad, og dei sender til heile verda. Dei seier at tidsskriftet er naudsynt for ein kvar som er interessert i maoismen og dens anvending på de særegne forholda i Irland.
Innhaldet i det fyrste nummeret er som følgjande:
• Maoism and Irish Republicanism
• The Loughgall Ambush
• The Protracted People’s War in India
• A critical assessment on what happened to the Revolution in Nepal
• The Protracted People’s War in Peru
• And individual assessments of the revolutionary contributions of Marx, Engels, Lenin, Stalin and Mao to the Science that is Marxism-Leninism-Maoism
Ny podkast
Den andre hendinga er utgjevinga av ein ny podkast kalt “Study Notes”, som er eit initiativ meint som ein utdanning ressurs for revolusjonære kadre. Formatet til podkasten vil væra å ta føre seg ein viktig revolusjonær tekst, diskutera hovudtemane, og gjera greie for korleis lærdommane i tekstane kan anvendast i dag, samt gi punkter for refleksjon som kadre kan bruka i deira eigenstudie av dokumenta. Den fyrste sendinga er ei kort leserettleiing av formann Maos udødelige verk “Tjen Folket” frå 1944. I den andre sendinga diskuterer dei formann Maos tekst “Mot Liberalismen”.
Tjen Folket Media kom i førre veke med ein tekst om studier av maoistisk teori der ein kan finna begge tekstane dei irske kameratane har laga sendingar om. I dette høve kan podkasten vera eit godt supplement til eigenstudier, også for nordmenn som generelt har gode engelskkunnskapar.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.