Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Publisert av New Epoch Media 8. april 2020
Illustrasjon: Folk plukker sneglar frå ei drenert elv i Dantu, i provisen Jiangsu.
Kampen mot Schistosomiasis
Det er no mange teoriar om opphavet til koronaviruset. Ganske mange av dei legg skylda for epidemien på “det kommunistiske diktaturet”. Opphavet til koronaviruset er førebels ikkje heilt klart. Likevel vil vi ta for oss krisehandtering under sosialismen, og vise at det ikkje er sosialismen som lar sjukdom breie seg. Eit godt døme er sjukdomen schistosomiasis. Det kinesiske folket “jubla for tidleg” da leiaren for den kinesiske revolusjonen, Mao Zedong, skreiv diktet «Avskjed med Pestguden», ifølgje ei studie frå New York med tittelen «Pestguden vender tilbake». Grunnen er at den ein gong nesten utrydda sjukdomen på nytt aukar i dag.
Kva er Schistosomiasis? Schistosomiasis (eller bilharzia, red. mrk.) er ein frykteleg infeksjonssjukdom. Med 238 millionar tilfelle (2010, 85% av dei i Afrika!) og 200.000 dødsfall i året, er ikkje sjukdommen liten sak, men truleg den mest utbreidde parasittiske infeksjonssjukdomen (til samanlikning: var det 207 millionar malariatilfelle i 2013). Sidan sjukdomen ikkje spreier seg eksplosivt, og grunna leve- og klimaforhold, særleg i undertrykka land, prioriterast den ikkje økonomisk og høyrer til «dei oversette sjukdomane». Schistosomiasis er forårsaka av ein mark. Ein hanne og ei hoe heng i saman, og den kallast derfor også for «couple gel». Patogenesen påverkar levra og tarmsystemet (ofte også andre organ) og kan forårsake kroniske plager. Sjukdomen kan føre til at menstruasjonssyklusen forsvinn, sterilitet hos menn og alvorlege funksjonsnedsetjingar. Den er blant dei døyelegaste tropesjukdomane. Etter at marken har lagt mange egg, som klekkast i blodomløpet, overførast dei til tarmane. Med avføring kjem dei ut i vatnet. Schistosomiasis er avhengig av ein spesiell type vassnegle som kallast oncomelania (sjukdomen kallast også sneglefeber red. mrk.), inne i desse klekkast egga og larvar kjem ut, som igjen infiserar menneske. Slik byrjar sirkelen på nytt.
I 1989, blei 1.52 millionar menneske i Kina råka. Dette talet aukar, men det er relativt lågt, etter som det var 12 millionar før 1949. Heile område blei avfolka av pesten.Fattigbøndene blei sjuke grunna dei primitive leveforholda, dei sjuke måtte halde ut lidinga fordi behandling var så dyrt at berre dei rike føydalherrane kunne betale for den. Kina var ein halvkoloni og koloni under imperialismen, som var grunnlag for fattigdom på landsbygda.
Den massive nedgangen i talet på sjuke kjem av den historisk unike kampen mot sjukdomen i det revolusjonære Kina, som byrja med frigjeringa i 1949. Denne kampen avgrensa seg ikkje berre til terapi. Førsteprioritet var sjukdomsførebygging. Målet var å fri folket frå denne forferdelege pesten.
Den britiske legen Joshua S. Horn skreiv i 1986 rapporten «Doctor in China» om kampen mot sjukdomen. Joshua Horn studerte medisin i England og utvandra til Kina i 1945 for å bruke den medisinske kunnskapen sin i folket si teneste, i den kinesiske revolusjonen si teneste. Vil du avbryte infeksjonssyklusen, skriv han, finst det fleire måtar. “Den vanskelegaste, og mest lovande, er å utrydde sneglane som ein mellomliggande vert. Om det lukkast, oppstår ikkje schistosomiasis på nytt.» Det viste seg fort at denne oppgåva ikkje kunne løysast av nokre ekspertar frå Shanghai. Denne oppgåva var «så enorm at den ikkje kunne ha lykkast utan partiet si leiing, utan den totale og mest aktive støtta frå millionar av menneske, og utan ein korrekt overordna strategi.»
Denne strategien blei utvikla frå eit medisinsk synspunkt, basert på Mao Zedong, leiaren for den kinesiske revolusjonen og den proletariske verdsrevolusjonen, sine lærdomar. Ein av dei viktigaste lærdomane som har blitt tatt i bruk har vore masselinja. Fordi dei breie massane av folket har ei uendeleg skaparkraft.
“Vi må ut i massene, lære av massene, generalisere deres erfaringer, utlede av dem enda bedre og mer systematiske prinsipper og framgangsmåter, og deretter gå ut i massene med dem igjen (propagere dem) og oppfordre massene til å bruke disse prinsippene og framgangsmåtene i praksis, og løse massenes problemer og hjelpe dem å nå fram til frigjøring og lykke.»
Oppgåva kunne aldri ha blitt utført utan visdomen og styrka til milllionar av folk på landsbygda. Med ei serie førelesingar, filmframvisingar, plakatar og radioprogram, blei bønder og landbrukarbeidarar gjort merksame på faren med snegler og dei viste eit overveldande initiativ. To gong i året, drenerte lokalbefolkinga, med støtte frå frivillige frå byane, midlertidig alle infiserte vassvegar (tusenvis kilometer!) og fjerna dei infiserte laga. Utan erfaringa til bøndene som kjente desse løpa som sine eigne handflater, hadde dette aldri vore mogleg. Innimellom gjennomsøkte sneglevernpatruljar breddene. Joshua Horn rapporterar om ein medisinstudent som utvikla ein veldig enkel avføringtest som blei brukt til å teste prøver frå 1.3 millionar bønder i Shanghaiområdet i 1965! «Det er berre mogleg å fange opp sjuke i ein slik enorm skala om ein brukar enkle, improviserte metodar og mobiliserar folket til å utføre dei sjølve og ikkje vente på hjelp frå ekspertar utanfrå.»
Joshua Horn skriv at berre i sitt område blei lengda på den snegleinfiserte elvebredda redusert frå 4300 km til 65 km innan 1966, og 245 000 pasientar blei behandla. Eit gjengitt utsagn frå ei kvinne seier:
«Eg vart gift da eg var tjuefire, og da magen blei stor trudde eg at eg var gravid. Men det var pestguden som hadde kome inn i magen min. Etter frigjeringa fikk eg nokre injeksjonar som gjorde at eg kjende meg veldig elendig. Men eg blei sakte betre frå sjukdomen. Da eg var førtifire byrja magen min å bli stor igjen. Denne gongen var eg verkelig gravid. Eg fikk ei nydeleg lita dotter, og på den første bursdagen hennar tok vi eit bilde av ho og sendte til formann Mao. Han skreiv eit fint brev tilbake til meg. «
Bilde: Sneglevernpatruljar
Suksessen med å nedkjempe schistosomiasis var ikkje berre resultatet av ein “smart plan”. Dei var sigrane til eit nytt system over eit gamalt, med eit helsesystem som tjente folket. Dei som hadde medisinsk behov blei behandla, ikkje berre dei som var rike nok. Imperialismen baserar seg på at eit lite mindretal utbyttar det store fleirtalet av folket i verda. Dei har berre ei viss interesse av å nedkjempe epidemiar når eit stort tal arbeidarar trugast av øydelegging. For imperialistane er eit aukande tal arbeidarar likevel berre «billige varer» eller «overflødige», særleg i dei undertrykte landa, derfor er sjukdomar som schistosomiasis «oversett». Den immense innsatsen i å nedkjempe epidemiar i Kina er ikkje mogleg innafor rammene til imperialismen, der den fremste interessa alltid er å skvise meir ut av arbeidsstyrken enn konkurentane. Velstanden til nokre få voks på grunnlag av fleirtalet sin fattigdom, bygd på forhold som produserar sjukdom. Førebygging gjekk hand i hand med å løfte folk sin levestandard og ekspropriering av dei som levde av å utbytte andre. Som følge av dette er det essensielt at spørsmålet ikkje berre taklast medisinsk, men gjerast til ein politisk massekampanje. Massane må kjempe for sine eigne sigrar.
Det faktum at tilfella aukar igjen er eit produkt av dagens Kina, der kapitalen på nytt hersker. Forferdeleg fattigdom og tilbakeliggande forhold har kome tilbake til landsbygda mange stader (slik Kina og USA har til felles). Men suksessen til den sosialistiske oppbygginga kan ikkje fullstendig tas bort frå folket som kjempa for den.
Bilete: Diktet til Mao Zedong «Avskjed med Pestguden«
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.