Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra «Den store polemikken 1. band» utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1977. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Forsvararar av nykolonialismen
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Den proletariske revolusjonen og renegaten Khrustsjov
Om den falske kommunismen til Khrusjtsjov og kva historiske lærdommar verda kan dra av han
Innhold
EIT FRAMLEGG TIL GENERALLINE FOR DEN INTERNASJONALE KOMMUNISTRØRSLA
Svarbrevet frå sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti på brev frå sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti, dagsett 30. mars 1963
14. juni 1963
Sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti
Kjære kameratar,
Sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti har granska brevet frå sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti, dagsett 30. mars 1963.
Alle som legg einskapen i det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla på hjarta, er djupt opptekne av samtalane mellom partia i Kina og Sovjetunionen. Dei vonar at samtalane våre vil hjelpa til å fjerna meiningsskilnader, styrkja einskapen og få fram gode vilkår for å kalla saman eit møte med utsendingar frå alle kommunist- og arbeidarparti.
Det er ei sams, heilag plikt for kommunistparti og arbeidarparti i alle land å hevda og styrkja einskapen i den internasjonale kommunistrørsla. Partia i Kina og Sovjetunionen ber eit tyngre ansvar for einskapen i heile det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla, og samsvar med det må dei sjølvsagt leggja seg meir i selen.
No finst det fleire større meiningsskilnader om prinsipp i den internasjonale kommunistrørsla. Men same kor alvorlege desse meiningsskilnadene er, bør vi syna tolmod nok og finna måtar å verta kvitt dei på, slik at vi kan samla kreftene våre og styrkja striden mot den sams fienden.
Med dette heilhuga ynskjet går sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti til dei komande samtalane mellom partia i Kina og Sovjetunionen
I brevet dagsett 30. mars legg sentralkomiteen i SUKP systematisk fram sitt syn på spørsmål som må drøftast i samtalen mellom partia i Kina og Sovjetunionen. Dei reiser særskilt spørsmålet om generallina for den internasjonale kommunistrørsla. I dette brevet vil vi og gjerne leggja fram vårt syn, som utgjer vårt framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla, og synet vårt på nokre prinsippspørsmål som knytter seg til dette emnet.
Vi vonar at denne utgreiinga av synsmåtar vil tena til gjensidig forståing i dei to partia våre og til ein detaljert diskusjon punkt for punkt i samtalane.
Vi vonar og at dette vil tena til forståing for våre synsmåtar i systerpartia, og til ei fullstendig tankeutveksling på eit internasjonalt møte for systerparti.
1. Generallina til den internasjonale kommunistrørsla må ha den revolusjonære marxist-leninistiske teorien om den historiske oppgåva til proletariatet som leiarprinsipp, og må ikkje vika frå det.
Moskva-møta i 1957 og 1960 samla seg fyrst om Fråsegna og så om Kunngjeringa etter ei fullstendig utveksling av synsmåtar, i samsvar med prinsippet om å nå fram til semje gjennom samråding. Dei to dokumenta peikar ut kjennemerka ved tidbolken vår, og dei sams lovene for den sosialistiske revolusjonen og den sosialistiske oppbygginga, og slår fast den sams lina for alle kommunistpartia og arbeidarpartia. Dei er det sams programmet for den internasjonale kommunistrørsla.
Det er rett at det har vore meiningsskilnader innanfor den internasjonale kommunistrørsla om korleis ein skal skjøna og halda seg andsynes Fråsegna frå 1957 og Kunngjeringa frå 1960 i fleire år no. Den sentrale saka gjeld om ein skal godtaka dei revolusjonære prinsippa i Fråsegna og Kunngjeringa eller om ein ikkje skal det. I siste omgang er det eit spørsmål om ein skal eller ikkje skal godtaka den allmenngyldige sanninga i marxismen-leninismen; om ein skal eller ikkje skal sannkjenna at vegen til Oktoberrevolusjonen er allment gyldig; om ein skal eller ikkje skal godtaka den kjensgjerninga at folket som framleis lever under det imperialistiske og kapitalistiske systemet, det vil seia to tredelar av folkemengda i verda, treng å gjera revolusjon; og om ein skal eller ikkje skal godtaka den kjensgjerninga at folket som alt går den sosialistiske vegen, det vil seia ein tredel av folkemengda i verda, treng å føra revolusjonen sin til endes.
No er det vorte ei brennande og livsviktig oppgåve for den internasjonale kommunistrørsla å forsvara dei revolusjonære prinsippa frå 1957-Fråsegnaog 1960-Kunngjeringa fast og medvite.
Berre om ein fylgjer dei revolusjonære lærdomane i marxismen-leninismen og hovudvegen til Oktoberrevolusjonen strengt, er det råd å forstå dei revolusjonære prinsippa i Fråsegna og Kunngjeringa på rett vis og ha ei rett haldning til dei.
2. Kva er dei revolusjonære prinsippa i Fråsegna og Kunngjeringa?
Ein kan dra dei saman slik:
Arbeidarar i alle land, stå saman. Arbeidarar i verda, stå saman med dei undertrykte folka og undertrykte nasjonane. Gjer motstand mot imperialismen og reaksjonen i alle land. Strev etter fred i verda, nasjonal frigjering, folkedemokrati og sosialisme. Trygg og utvid det sosialistiske lægeret, Før den proletariske verdsrevolusjonen steg for steg mot full siger. Og opprett ei ny verd utan imperialisme, utan kapitalisme og der menneske ikkje utbytter menneske.
Etter vårt syn er dette generallina for den internasjonale kommunistrørsla på det steget vi er no.
3. Denne generallina spring ut frå stoda i verda slik ho er no og sett under eitt, og frå ein klasseanalyse av dei grunnleggjande motseiingane i verda i dag, og ho er retta mot den kontrarevolusjonære verdsfemnande strategien til USA-imperialismen.
Denne generallina er ei generalline for å skipa ein brei sameint front, med det sosialistiske lægeret og det internasjonale proletariatet som kjerne, for å gå mot imperialistane og dei reaksjonære med USA i brodden. Det er ei line som vekkjer massane djervt, utvider dei revolusjonære kreftene, trekkjer med seg mellomkreftene og isolerer dei reaksjonære kreftene.
Denne generallina er ei line for at folk i alle land fører ein fast revolusjonær strid, og verdsrevolusjonen vert ført til endes. Det er den lina som strir mot imperialismen og verjar verdsfreden med størst verknad.
Om generallina for den internasjonale kommunistrørsla einsidig vert skore ned til «fredeleg samlivnad», «fredeleg kappestrid», og «fredeleg overgang», så er det å krenkja dei revolusjonære prinsippa i 1957- Fråsegna og 1960-Kunngjeringa. Det vil seia å kasta til sides den historiske oppgåva den proletariske verdsrevolusjonen har, og gå frå dei revolusjonære lærdomane til marxismen-leninismen.
Generallina til den internasjonale kommunistrørsla bør spegla av den allmenne lova for utviklinga av verdssoga. Dei revolusjonære stridane til proletariatet og folk i ulike land går gjennom ulike steg og har eigne kjennemerke alle i hop, men dei går ikkje ut over den allmenne lova for utviklinga av verdssoga. Generallina må staka ut den grunnleggjande retninga for dei revolusjonære stridane proletariatet og folk i alle land fører.
Medan kvart kommunistparti eller arbeidarparti arbeider ut si særskilde line og sin særskilde politikk, er det svært viktig for dei å halda seg til prinsippet om å byggja saman den allmenngyldige sanninga til marxismen-leninismen med den konkrete praksisen i revolusjonen og oppbygginga i deira eige land.
4. Når ein skal slå fast generallina til den internasjonale kommunistrørsla, er utgangspunktet den konkrete klasseanalysen av verdspolitikken og økonomien under eitt og av dei røynlege tilhøva i verda, det vil seia dei grunnleggjande motseiingane i verda i dag.
Går ein utanom ein konkret klasseanalyse, grip i vidotta etter visse overflatehendingar og dreg subjektive og grunnlause slutningar, kan ein ikkje på noko vis nå rette slutningar med omsyn til generallina til den internasjonale kommunistrørsla. Då er ein nøydd til å hamna på ein veg som er heilt ulik vegen til marxismen-leninismen.
Kva er dei grunnleggjande motseiingane i verda i dag? Marxist- leninistar held fast ved at dei er:
Motseiinga mellom det sosialistiske lægeret og det imperialistiske lægeret, motseiinga mellom proletariatet og borgarskapet i dei kapitalistiske landa, motseiinga mellom dei undertrykte nasjonane og imperialismen, og motseiingane mellom imperialistiske land og mellom monopolkapitalistiske grupper.
Motseiinga mellom det sosialistiske lægeret og det imperialistiske lægeret er ei motseiing mellom to grunnleggjande ulike samfunnssystem, sosialismen og kapitalismen. Ho er utan tvil svært kvass. Men marxist-leninistar må ikkje sjå på motseiingane i verda som om dei eine og åleine er sette i hop av motseiinga mellom det sosialistiske lægeret og det imperialistiske lægeret.
Den internasjonale maktbalansen har endra seg og har vorte stadig betre for sosialismen og for alle undertrykte folk og nasjonar i verda. Han ligg dårlegast til rette for imperialismen og reaksjonære i alle land. Ikkje dess mindre er dei motseiingane som er lista opp ovanfor objektiv røyndom.
Desse motseiingane og dei stridane som dei er opphav til, er i slekt og verkar på kvarandre. Ingen kan sletta ut nokon av desse grunnleggjande motseiingane eller subjektivt setja ei i staden for alle dei andre.
Det er ikkje til å unngå at desse motseiingane vil føra til folkerevolusjonar, som er det einaste som kan løysa dei.
5. Fylgjande galne synspunkt i spørsmålet om dei grunnleggjande motseiingane i verda i dag må verta avviste:
a) Det synet som stryk ut klasseinnhaldet i motseiinga mellom det sosialistiske lægeret og det kapitalistiske lægeret og ikkje ser denne motseiinga som ei motseiing mellom statar under proletariatets diktatur og statar under diktaturet til monopolkapitalistane.
b) Det synet som berre sannkjenner motseiinga mellom det sosialistiske og det kapitalistiske lægeret og samstundes ser bort frå eller undervurderer motseiingane mellom proletariatet og borgarskapet i den kapitalistiske verda, mellom dei undertrykte nasjonane og imperialismen, mellom dei imperialistiske landa og mellom monopolkapitalistiske grupper, og dei stridane som desse motseiingane fører til.
c) Det synet som med omsyn til den kapitalistiske verda hevdar at motseiinga mellom proletariatet og borgarskapet kan løysast utan ein proletarisk revolusjon i kvart land, og at motseiinga mellom dei undertrykte nasjonane og imperialismen kan løysast utan at dei undertrykte nasjonane gjer revolusjon.
d) Det synet som nektar for at utviklinga av dei innebygde motseiingane i den kapitalistiske verda i dag er nøydd til å føra til ein ny situasjon der dei imperialistiske landa står fastlåste i bitter strid, og påstår at motseiingane mellom dei imperialistiske landa kan løysast forsonleg eller til og med takast bort gjennom «internasjonale avtalar mellom dei store monopola».
Og
e) det synet som hevdar at motseiinga mellom dei to verdssystema sosialisme og kapitalisme vil verta borte automatisk som fylgje av «økonomisk kappestrid», at dei andre grunnleggjande motseiingane i verda automatisk vil verta borte når motseiingane mellom dei to systema forsvinn, og at «ei verd utan krig», ei ny verd med «allsidig samarbeid» vil oppstå.
Det er opplagt at desse galne synspunkta er nøydde til å føra til galen og skadeleg politikk, og med det til attendeslag og tap av eit eller anna slag for folka og sosialismen si sak.
6. Maktbalansen mellom imperialismen og sosialismen har gått gjennom ei grunnleggjande endring sidan den andre verdskrigen. Viktigaste kjenneteiknet på denne endringa er at verda dag ikkje har berre eitt sosialistisk land men mange sosialistiske land, som til saman er det mektige sosialistiske lægeret, og at dei folka som har vald den sosialistiske vegen i dag ikkje er 200 mill. i talet, men 1000 mill., ein tredel av folkesetnaden i verda.
Det sosialistiske lægeret er utkomet av stridane til det internasjonale proletariatet og det arbeidande folket. Det tilhøyrer det internasjonale proletariatet og det arbeidande folket, så vel som folket i dei sosialistiske landa.
Dei viktigaste sams krava frå folket i landa i det sosialistiske lægeret og det internasjonale proletariatet og det arbeidande folket er at alle kommunistparti og arbeidarparti i det sosialistiske lægeret må:
Halda fast ved den marxist-leninistiske lina og fylgja rett marxist-leninistiske innanriks- og utanrikspolitikk.
Tryggja proletariatets diktatur og forbundet mellom arbeidarar og bønder under leiing av proletariatet, og føra den sosialistiske revolusjonen til endes på den økonomiske, politiske og ideologiske fronten.
Fremja tiltaket og skaparkrafta til dei breie massane, setja den sosialistiske oppbygginga planmessig ut i livet, utvikla produksjonen, betra livskåra for folket og styrkja det nasjonale forsvaret.
Styrkja einskapen i det sosialistiske lægeret på grunnlag av marxismen-leninismen og stø andre sosialistiske land på grunnlag av den proletariske internasjonalismen.
Gå mot den imperialistiske politikken for aggresjon og krig og verja verdsfreden.
Gå mot den antikommunistiske, antifolkelege og kontrarevolusjonære politikken til reaksjonære i alle land.
Og hjelpa dei revolusjonære stridane til dei undertrykte klassane og nasjonane i verda.
Alle kommunistparti og arbeidarparti i det sosialistiske lægeret skuldar sine eigne folk og det internasjonale proletariatet og arbeidande folket å oppfylla desse krava.
Ved å oppfylla desse krava vil det sosialistiske lægeret verka avgjerande inn på gangen i menneskesoga.
Nettopp difor freistar imperialistane og dei reaksjonære alltid på tusen og ein måtar å verka inn på innanriks- og utanrikspolitikken til landa i det sosialistiske lægeret, å undergrava lægeret og bryta opp einskapen mellom dei sosialistiske landa og særskilt einskapen mellom Kina og Sovjetunionen. Dei prøver alltid å infiltrera og kasta over ende dei sosialistiske landa, og dyrkar til og med ei overspent von om å øydeleggja det sosialistiske lægeret.
Spørsmålet om kva som er den rette haldninga andsynes det sosialistiske lægeret, er eit svært viktig prinsippspørsmål som alle kommunistparti og arbeidarparti står andsynes.
Kommunistpartia og arbeidarpartia fører no vidare oppgåva med internasjonal proletarisk einskap og strid under nye historiske vilkår. Før fanst det berre eit sosialistisk land, og det landet vart møtt med fiendskap og freistnad på øydeleggjing frå alle imperialistar og reaksjonære, av di det fastrådd fylgde ei rett marxist-leninistiske line og ein tilsvarande politikk. Då var sjølve prøvesteinen på proletarisk internasjonalisme for kvart kommunistparti om det gav eit fast forsvar for det einaste sosialistiske landet eller ikkje. No finst det eit sosialistisk læger på tretten land, Albania, Bulgaria, Kina, Tsjekkoslovakia, Den tyske demokratiske republikken, Ungarn, Den demokratiske folkerepublikken Korea, Mongolia, Polen, Romania, Sovjetunionen og Den demokratiske republikken Vietnam. Under desse vilkåra er prøvesteinen på proletarisk internasjonalisme for alle kommunistparti om dei målmedvite forsvarar heile det sosialistiske lægeret, om dei forsvarar einskapen mellom alle landa i lægeret på grunnlag av marxismen- leninismen og om dei forsvarar den marxist-leninistiske lina og politikken som dei sosialistiske landa bør fylgja, eller om dei ikkje gjer det.
Dersom nokon ikkje fylgjer den rette marxist-leninistiske lina og politikken, ikkje forsvarar einskapen i det sosialistiske lægeret, men tvert om skapar spenning og kløfter innanfor det, eller til og med fylgjer linene til dei jugoslaviske revisjonistane og freister å gjera det sosialistiske lægeret til inkjes eller hjelpa kapitalistiske land med å gå til åtak på sosialistiske systerland, då svik han interessene til heile det internasjonale proletariatet og folket i verda.
Dersom nokon går i opptrakka fotefar og forsvarar den galne opportunistiske lina og politikken eit visst sosialistisk land fylgjer, i staden for å hevda den rette marxist-leninistiske lina og politikken som dei sosialistiske landa burde fylgja, forsvarar kløyvarpolitikken i staden for å hevda einskapspolitikken, då går han vekk frå marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen.
7. USA-imperialistane drog føremon av stoda etter den andre verdskrigen og tok opp arven etter dei tyske, italienske og japanske fascistane. Dei har freista å byggja opp eit digert verdsrike, av eit slag ingen har kjent til tidlegare. USA-imperialismen har hatt som strategisk mål å slå kloa i og rå over det mellomområdet som ligg mellom USA og det sosialistiske lægeret, slå ned revolusjonane til dei undertrykte folka og nasjonane og gå vidare med å øydeleggja dei sosialistiske landa. På den måten vil dei kasta alle folk og land i verda, irekna sine eigne allierte, inn under herredøme og trældom under monopolkapitalen i USA.
Heilt sidan den andre verdskrigen har USA-imperialistane propagandert for krig mot Sovjetunionen og det sosialistiske lægeret. Denne propagandaen har to sider. Samstundes med at USA-imperialistane faktisk førebur ein slik krig, nyttar dei denne propagandaen som røykteppe over at dei utbyttar det amerikanske folket og utvidar aggresjonen sin mot resten av den kapitalistiske verda.
Kunngjeringa frå 1960 peikar på at:
«USA-imperialismen er blitt den største internasjonale utbyttaren.»
«USA er ryggrada i kolonialismen i dag.»
«USA-imperialismen er den viktigaste krafta for aggresjon og krig.»
«Internasjonal utvikling dei siste åra har gjeve mange nye prov på at USA-imperialismen er det viktigaste bolverket for verdsreaksjonen og eit internasjonalt politi, at han er blitt ein fiende for folka i heile verda.»
USA-imperialismen pressar fram aggresjons- og krigspolitikken sin over heile verda, men utkomet er nøydd til å verta det motsette av føremålet hans — det vil berre skuva fram at folket i alle land vaknar opp og skuva fram revolusjonane deira.
På den måten har USA-imperialistane sett seg i motsetnad til folka i heile verda, og er vortne innringa av dei. Det internasjonale proletariatet kan og må samla alle krefter som let seg samla, utnytta dei indre motseiingane i fiendelægeret og byggja ut så brei ein front som råd mot USA-imperialistane og tenarane deira.
Den røyndomsnære og rette vegen er å tru lagnaden til folket og menneskeætta til einskapen og striden til verdsproletariatet og einskapen og striden til folket i alle land.
På den andre sida er det å ikkje skilja mellom fiendar, vener og oss sjølve, og å tru lagnaden til folket og menneskeætta til samarbeid med USA-imperialismen, å føra folk vill. Hendingane dei siste få åra har sprengt denne illusjonen.
8. Dei ulike typane motseiingar i verda i dag er konsentrert i dei svære områda i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Dette er dei områda under imperialistisk styre som er lettast å gå til åtak på, og dei er stormsentra i verdsrevolusjonen som gjev imperialismen direkte slag.
Den nasjonaldemokratiske revolusjonære rørsla i desse områda og den internasjonale sosialistiske revolusjonære rørsla er dei to store historiske straumane i vår tid.
Den nasjonaldemokratiske revolusjonen i desse områda er ein viktig del av den proletariske verdsrevolusjonen i våre dagar.
Dei anti-imperialistiske revolusjonære stridane til folket i Asia, Afrika og Latin-Amerika hamrar laus på og undergrev grunnvollen for herredømet til imperialismen og kolonialismen, gammal og ny, og er no ei mektig kraft til forsvar for verdsfreden.
Difor avheng heile saka til den internasjonale proletariske revolusjonen på eit vis av utkomet av dei revolusjonære stridane folket i desse områda fører, dei som er det overveldande fleirtalet i folkesetnaden i verda.
Difor er den anti-imperialistiske revolusjonære striden til folket i Asia, Afrika og Latin-Amerika avgjort ikkje berre ei sak som har mykje å seia i områda det gjeld, men ei sak som har altomfemnande verde for heile saka til den proletariske verdsrevolusjonen.
Visse folk går no så langt at dei nektar for det store internasjonale verdet til dei anti-imperialistiske revolusjonære stridane som dei asiatiske, afrikanske og latin-amerikanske folka fører. Under påskot av å bryta ned nasjonale, rasemessige og geografiske skrankar, freistar dei best råd å viska ut grenselina mellom undertrykte nasjonar og undertrykkjarnasjonar og mellom undertrykte land og undertrykkjarland og å halda nede dei revolusjonære stridane til folka i desse områda. I røynda stettar dei trongen til imperialismen og skaper ein ny «teori» for å rettferdiggjera herredømet til imperialismen i desse områda og at imperialismen fremjar sin politikk med gammal og ny kolonialisme. Denne «teorien» er slett ikkje ute etter å bryta ned nasjonale, rasemessige og geografiske skrankar. Han er ute etter å halda herredømet til dei «overlegne nasjonane» over dei undertrykte nasjonane ved lag. Det er berre naturleg at denne falske «teorien» vert avvist av folka i desse områda.
Arbeidarklassen i kvart sosialistisk land og i kvart kapitalistisk land må verkeleg setja stridsslagorda «Arbeidarar i alle land, stå saman!» og «Arbeidarar og undertrykte nasjonar i verda, stå saman!» ut i livet. Han må studera den revolusjonære røynsla til folka i Asia, Afrika og Latin- Amerika, stø dei revolusjonære handlingane deira fast og sjå på frigjeringssaka deira som ei særs pålitande støtte for seg sjølv og beinveges i samsvar med hans eigne interesser. Dette er den einaste verknadsfulle måten å bryta ned nasjonale, rasemessige og geografiske hinder, og dette er den einaste ekte proletariske internasjonalismen.
Det er uråd for arbeidarklassen i dei europeiske og amerikanske kapitalistiske landa å frigjera seg sjølv, om han ikkje står saman med dei undertrykte nasjonane og om desse nasjonane ikkje vert frigjorde. Lenin hadde rett då han sa:
«Den revolusjonære rørsla i dd framskridne landa ville i røynda vera rein svindel om ikkje arbeidarane i Europa og Amerika i sin strid mot kapitalen var nært og fullstendig sameina med dei hundretal på hundretal med millionar av «koloniale» slavar som vert undertrykte av kapitalen.»(1)
Visse personar i den internasjonale kommunistrørsla tek no ei passiv eller hånleg eller negativ haldning til frigjeringsstridane til dd undertrykte nasjonane. Det dei i røynda gjer er å verja interessene til monopolkapitalen medan dei svik interessene til proletariatet. Dei forfell til å verta sosialdemokratar.
Haldninga til dei revolusjonære stridane folka i dei asiatiske, afrikanske og latin-amerikanske landa fører, er eit viktig kjennemerke for å skilja dei som vil ha revolusjon frå dei som ikkje vil det, dd som verkeleg verjar verdsfreden frå dei som hjelper kreftene bak aggresjon og krig.
9. Dei undertrykte nasjonane og folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika står andsynes den krevjande oppgåva å slåst mot imperialismen og tenarane hans.
Soga har trudd ei strålande oppgåve til dei proletariske partia i desse landa. Dei skal halda høgt stridsfana mot imperialismen, gammal og ny kolonialisme og for nasjonalt sjølvstende og demokrati for folket. Desse partia skal stå i fyrste rekkje i den nasjonaldemokratiske revolusjonære rørsla og streva for ei sosialistisk framtid.
I desse områda nektar svært breie grupper av folket å vera trælar under imperialismen. Dei omfattar ikkje berre arbeidarar, bønder, intellektuelle og småborgarar, men og det patriotiske nasjonale borgarskapet og til og med visse kongar, prinsar og adelsmenn som er patriotar.
Proletariatet og partiet deira må ha tiltru til styrken til massane og må framfor alt sameina seg med bøndene og byggja ein sterk allianse mellom arbeidarar og bønder Det er ei fyrsterangs oppgåve for framskridne medlemmer av proletariatet å arbeida i jordbruksområde, hjelpa bøndene med å få organisert seg og reisa klassemedvitet deira og den nasjonale sjølvvyrdnaden og sjølvtrua deira.
På grunnlag av arbeidar—bonde-alliansen må proletariatet og partiet hans sameina alle lag som let seg sameina og organisera ein brei samla front mot imperialismen og tenarane hans. For å styrkja og utvida denne samla fronten er det naudsynt at det proletariske partiet held oppe det ideologiske, politiske og organisatoriske sjølvstendet sitt og held fast på at det skal leia revolusjonen.
Det proletariske partiet og det revolusjonære folket må læra seg å meistra alle former for strid, irekna væpna strid. Dei må slå ned kontrarevolusjonær væpna makt med revolusjonær væpna makt kvar gong imperialismen og tenarane hans grip til væpna undertrykking.
Dei nasjonalistiske landa som nett har vunne politisk sjølvstende, står framleis andsynes den krevjande oppgåva å tryggja det, og gjera kreftene til imperialismen og den heimlege reaksjonen til inkjes. Dei må gjennomføra jordbruksreformer og andre samfunnsreformer, og utvikla den nasjonale økonomien og kulturen. Det er praktisk sett livsviktig for desse landa å vera på vakt og stri mot den nykolonialistiske politikken som dei gamle kolonialistane gjer bruk av for å berga interessene sine, særskilt mot nykolonialismen til USA-imperialismen.
I nokre av desse landa held det patriotiske nasjonale borgarskapet fram med å stå saman med massane i striden dei fører mot imperialisme og kolonialisme, og i å setja fram visse lovframlegg om sosial framgang. Dette krev at det proletariske partiet må gjera ei fullstendig vurdering av den progressive rolla det nasjonale borgarskapet spelar, og styrkja einskapen med dei.
Etter som dei indre sosiale motseiingane og den internasjonale klassestriden kvesser seg til, vil borgarskapet og særskilt storborgarskapet i somme land som nyss er vortne sjølvstendige, ha stadig større hug til å verta agentar for imperialismen. Då kjem dei til å fylgja ein antikommunistisk, antifolkeleg og kontrarevolusjonær politikk. Det proletariske partiet må gå målmedvite mot denne reaksjonære politikken.
Allment vil borgarskapet i desse landa ha ein tosidig karakter. Når einskapsfronten omfattar borgarskapet, må politikken til det proletariske partiet sameina både einskap og strid. Politikken må vera å stå saman med borgarskapet, så vidt dei har hug til å vera progressive, anti-imperialistiske og anti-føydale, men å stri mot dei reaksjonære tildriva deira til kompromiss og’ samarbeid med imperialismen og føydalismen.
I det nasjonale spørsmålet er verdssynet til det proletariske partiet internasjonalisme, og ikkje nasjonalisme. I den revolusjonære kampen stør det progressiv nasjonalisme og går mot reaksjonær nasjonalisme. Det må alltid dra ei skarp grenseline mellom seg sjølv og borgarleg nasjonalisme, som det aldri må la seg fanga av.
I Kunngjeringa frå 1960 står det:
Kommunistar avslører freistnader får den reaksjonære delen av borgarskapet på å framstilla sine sjølvgode tronge klasseinteresser som interessene til heile nasjonen. Dei avslører den demagogiske bruken borgarlege politikarar gjer av sosialistiske slagord med same føremål…
Om proletariatet vert eit haleheng til godseigarane og borgarskapet i revolusjonen, er ingen verkeleg eller grundig siger i den nasjonaldemokratiske revolusjonen mogleg, og sjølv om ein vinn siger av eit slag, vert det uråd å tryggja han.
Under dei revolusjonære stridane til dei undertrykte nasjonane og folka, må det proletariske partiet leggja fram eit eige program som er heilt igjennom mot imperialisme og heimleg reaksjon og for nasjonalt sjølvstende og folkedemokrati, og det må arbeida sjølvstendig i massane og heile tida utvida dei progressive kreftene, trekkja mellomkreftene til seg og isolera dei reaksjonære kreftene. Berre på den måten kan det føra den nasjonaldemokratiske revolusjonen til endes og leia revolusjonen inn på vegen mot sosialismen.
10. I dei imperialistiske og kapitalistiske landa er den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur uomgjengeleg naudsynt for å løysa motseiingane i det kapitalistiske samfunnet fullstendig.
I striden for å fullføra denne oppgåva må det proletariske partiet under dei vilkåra vi har i dag leia arbeidarklassen og det arbeidande folket aktivt i kampen mot monopolkapitalen, i forsvar for dei demokratiske rettane, mot det trugsmålet fascismen er, for å betra livskåra, mot imperialistisk opprustning og krigsførebuingar, til forsvar for verdsfreden og til aktiv støtte til dei revolusjonære stridane dei undertrykte nasjonane fører.
I dei kapitalistiske landa som USA-imperialismen kontrollerer eller freistar å kontrollera, bør arbeidarklassen og folket i hovudsak retta åtaka sine mot USA-imperialismen, men og mot sine eigne monopolkapitalistar og andre reaksjonære krefter som svik dei nasjonale interessene.
Massestrid i stort omfang i dei kapitalistiske landa i dei siste åra har synt at arbeidarklassen og det arbeidande folket på ny held på å vakna opp. Stridane deira, som rettar slag mot monopolkapitalen og reaksjonen, opnar lyse framtidssyner for revolusjonen si sak i deira eigne land. Han er og ei mektig støtte for dei revolusjonære stridane dei asiatiske, afrikanske og latin-amerikanske folka fører, og for landa i det sosialistiske lægeret.
Dei proletariske partia i imperialistiske eller kapitalistiske land må halda ved lag sitt eige ideologiske, politiske og organisatoriske sjølvstende når dei leier revolusjonær strid. Samstundes må dei sameina alle krefter som let seg sameina og byggja ein brei sameint front mot monopolkapitalen og mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken.
Medan dei aktivt leier dagskampane, bør kommunistane i dei kapitalistiske landa knytta dei til striden for langsiktige og allmenne interesser, oppseda massane i ein marxist-leninistisk revolusjonær ande, heva det politiske medvitet deira utan stans og taka på seg den historiske oppgåva til den proletariske revolusjonen. Om dei ikkje gjer det, om dei ser på rørsla nett no som alt, avgjer framferda si frå sak til sak, innrettar seg etter hendingane kvar dag og ofrar dei grunnleggjande interessene til proletariatet, er det sosialdemokrati heilt ut.
Sosialdemokratiet er ei borgarleg ideologisk retning. Lenin peika for lenge sidan på at dei sosialdemokratiske partia er politiske avdelingar av borgarskapet. Dei er agentane deira i arbeidarrørsla og den viktigaste støttespelaren deira i samfunnet. Kommunistar må til kvar tid dra ei kvass grenseline mellom seg sjølve og dei sosialdemokratiske partia i dei grunnleggjande spørsmåla om den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur. Dei må gjera til inkjes den ideologiske påverknaden sosialdemokratiet har i den internasjonale arbeidarrørsla og i det arbeidande folket. Det er heilt tvillaust at kommunistane må trekkja til seg dei massane som står under påverknad frå dei sosialdemokratiske partia og må trekkja over til seg dei venstre- og midtelementa i dei sosialdemokratiske partia som er viljuge til å gå mot den heimlege monopolkapitalen og herredømet til utanlandsk imperialisme. Dei må stå saman med desse folka i vidtrekkjande samla handling i dagskampen til arbeidarklassen, og i striden for å verja verdsfreden.
Skal dei kunna leia proletariatet og det arbeidande folket i revolusjonen, må marxist-leninistiske parti meistra alle former for strid. Dei må kunna setja ei form i staden for ei anna, like fort som vilkåra for striden endrar seg. Fortroppen til proletariatet vil vera uovervinneleg under alle forhold berre om han meistrar alle former for strid, — fredeleg og væpna, open og løynd, legal og illegal, parlamentarisk strid og massestrid, osb. Det er gale å nekta å bruka parlamentarisk strid og andre legale stridsformer når dei kan og bør takast i bruk. Men om eit marxist-leninistisk parti forfell til legalisme eller parlamentarisk idioti og nøyer seg med å føra striden innanfor dei grensene som borgarskapet gjev løyve til, så er det nøydd til å føra til at det gjev avkall på den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur.
11. I spørsmålet om overgang frå kapitalisme til sosialisme må det proletariske partiet gå ut frå standpunktet til klassestriden og revolusjonen, og byggja på den marxist-leninistiske lærdomen om den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur.
Kommunistar ville alltid føretrekkja å få til overgangen til sosialismen på fredeleg vis. Men kan fredeleg overgang verta eit nytt verdsfemnande strategisk prinsipp for den internasjonale kommunistrørsla? Absolutt ikkje.
Marxismen-leninismen held fylgjestrengt fast ved at det grunnleggjande spørsmålet i alle revolusjonar gjeld statsmakta. Fråsegna frå 1957 og Kunngjeringa frå 1960 peikar båe klårt på at «leninismen lærer oss, og røynsle viser, at herskarklassane aldri gjev frå seg makta friviljug». Den gamle regjeringa veltar ikkje over ende ein gong i krisetider, med mindre ho vert dytta ned. Dette er ei allmenngyldig lov i klassestriden.
Under konkrete historiske vilkår nemnde Marx og Lenin at det kunne tenkjast at revolusjonen kunne utvikla seg fredeleg. Men som Lenin peika på, så er den fredelege utviklinga av revolusjonen eit høve som ein «møter svært sjeldan i revolusjonssoga».
Når sant skal seiast finst det ikkje noko føredøme i soga på ein fredeleg overgang frå kapitalisme til sosialisme.
Visse folk seier at det ikkje fanst noko føredøme i soga då Marx på førehand slutta seg til at sosialismen uunngåeleg kom til å ta plassen til kapitalismen. Kvifor kan vi ikkje spå ein fredeleg overgang frå kapitalisme til sosialisme då?
Denne jamføringa er meiningslaus. Marx brukte den dialektiske og historiske materialismen til å analysera motseiingane i kapitalismen, og han oppdaga dei objektive utviklingslovene for menneskesamfunnet og nådde fram til ei vitskapleg slutning. Men profetane som set all si lit til «fredeleg overgang», går ut frå historisk idealisme og overser dei mest grunnleggjande motseiingane i kapitalismen. Dei kastar vrak på den marxist-leninistiske læra om klassestriden og kjem fram til ei subjektiv og grunnlaus slutning. Korleis kan folk som kastar vrak på marxismen få noka hjelp frå Marx?
Det er klårt for alle at dei kapitalistiske landa styrkjer statsmaskineriet sitt, særskilt militærapparata. Fyrste føremålet med det er å halda folket nede i deira eigne land.
Det proletariske partiet må aldri byggja tenkinga si, politikken sin for revolusjonen og heile arbeidet sitt på den trua at imperialistane og dei reaksjonære vil godta fredeleg omdanning.
Det proletariske partiet må bu seg på to utvegar. Medan det bur seg på ei fredeleg utvikling av revolusjonen, må det bu seg fullt ut på ei ikkje-fredeleg utvikling. Det må samla seg om strevsamt arbeid for å samla opp revolusjonær styrke, slik at det står klårt til å gripa sigeren når vilkåra for revolusjonen er mogne, eller å slå kraftige slag mot imperialistane og dei reaksjonære når dei set i gang overraskingsåtak og væpna overfall.
Let det vera å bu seg slik, så kjem det proletariske partiet til å lamma den revolusjonære viljen til proletariatet. Det kjem til å avvæpna seg sjølv ideologisk og forfalla til fullstendig passiv og ubudd stillstand både politisk og organisatorisk. Slutten på det må vera å gravleggja den proletariske revolusjonen si sak.
12. Alle sosiale revolusjonar på dei ulike stega i menneskesoga er historisk uunngåelege og er styrte av objektive lover ubundne av menneskeviljen. Kva meir er, soga syner at det aldri har vore nokon revolusjon som kunne sigra utan krokvegar og offer.
Med den marxist-leninistiske teorien som grunnlag er det oppgåva for det proletariske partiet å analysera dei konkrete historiske vilkåra, leggja fram den rette strategien og taktikken og leia massane utanom løynde skjer, unngå unødige offer og nå målet steg for steg. Er det råd å sleppa offer heilt og halde? Det var ikkje råd ved slaverevolusjonane, revolusjonane til dei liveigne, dei borgarlege revolusjonane eller dei nasjonale revolusjonane, og det er ikkje råd med dei proletariske revolusjonane heller. Sjølv om hovudlina i revolusjonen er rett, er det uråd å ha ufeilande garanti mot tilbakeslag og offer mens revolusjonen står på. Berre ein held seg til den rette lina, er revolusjonen nøydd til å sigra til slutt. Å venda revolusjonen ryggen under påskot av å unngå offer, er i røynda å krevja at folket skal halda fram som trælar og tola pine og offer utan ende.
Elementær kjennskap til marxismen-leninismen fortel oss at fødselsveene til revolusjonen på langt nær gjer så vondt som den vedvarande pina i det gamle samfunnet. Lenin sa heilt rett at «sjølv med den mest fredelege hendingsgangen, krev det systemet vi har no (kapitalismen) alltid og uunngåeleg uteljande offer frå arbeidarklassen».(2)
Kvar den som meiner at revolusjonen berre kan setjast i verk dersom alt går glatt, berre om det finst førehandstrygging mot offer og nederlag, han er visseleg ingen revolusjonær.
Kor vanskelege tilhøva enn er, og kva offer og nederlag revolusjonen enn må tola, så må dei proletariske revolusjonære oppseda massane i anden til revolusjonen og halda revolusjonen si fane høgt og ikkje gje avkall på henne.
Det ville vera «venstre»-eventyrpolitikk om det proletariske partiet forhasta sette i gang ein revolusjon før dei objektive vilkåra var mogne. Men det ville vera høgreopportunisme om det proletariske partiet ikkje skulle våga å leia ein revolusjon og gripa statsmakta når dei objektive vilkåra er mogne.
Sjølv til vanleg, mens det leier massane i striden dag for dag, må det proletariske partiet bu sine eigne rekkjer og massane politisk, ideologisk og organisatorisk på revolusjonen og fremja revolusjonær strid, slik at det ikkje går glipp av sjansen til å kasta det reaksjonære styret og oppretta ei ny statsmakt når vilkåra for revolusjonen er mogne. Elles kjem det proletariske partiet rett og slett til å kasta vekk høvet til å gripa sigeren når dei objektive vilkåra er mogne.
Det proletariske partiet må vera smidig så vel som svært prinsippfast, og nokre gonger må det gjera slike kompromiss som trengst i revolusjonen si interesse. Men det må aldri gje avkall på den prinsippfaste politikken og målet for revolusjonen under påskot om å vera smidig eller inngå naudsynte kompromiss.
Det proletariske partiet må leia massane i å føra strid mot fiendane, og det må vita korleis det skal gjera bruk av motseiingane mellom fiendane. Men føremålet med å bruka desse motseiingane er å gjera det lettare å nå målet for dei revolusjonære stridane folket fører, ikkje gjera desse stridane til inkjes.
Tallause kjensgjerningar har prova at der det mørke styret til imperialismen og reaksjonen finst, der vil folket, som femner om meir enn 90% av folkesetnaden, før eller seinare reisa seg til revolusjon.
Om kommunistane isolerer seg frå dei revolusjonære krava massane reiser, er dei nøydde til å missa tiltrua frå massane, og dei vil verta slengde til baktroppen av den revolusjonære straumen.
Om den leiande gruppa i eit eller anna parti tek opp ei ikkje-revolusjonær line og gjer partiet om til eit reformistparti, så kjem marxist-leninistar i og utanfor partiet til å ta plassen deira og leia folket i å gjera revolusjon. I ein annan slags situasjon kjem borgarlege revolusjonære fram for å leia revolusjonen, og det proletariske partiet tapar retten til å leia revolusjonen. Når det reaksjonære borgarskapet svik revolusjonen og undertrykkjer folket, vil ei opportunistisk line føra til tragiske og uturvande tap for kommunistane og dei revolusjonære massane.
Om kommunistane sklir ut på den opportunistiske vegen, utartar dei til å verta borgarlege nasjonalistar og vert vedheng til imperialistane og det reaksjonære borgarskapet.
Visse folk påstår at dei har gjeve dei største nyskapande tilskota til den revolusjonære teorien sidan Lenin, og at berre dei har rett. Men det er svært tvilsamt om dei nokon gong verkeleg har tenkt gjennom den vidtrekkjande røynsla til heile kommunistrørsla i verda, om dei har tenkt gjennom interessene, målsettinga og oppgåvene til den internasjonale proletariske rørsla som heilskap, og om dei verkeleg har ei generalline for den internasjonale kommunistrørsla som samsvarar med marxismen-leninismen.
I dei siste få åra har den internasjonale kommunistrørsla og den nasjonale frigjeringsrørsla røynt mykje og lært mykje. Det finst røynsler som folk bør rosa, og det finst røynsler som gjev folk sorg. Kommunistar og revolusjonære i alle land bør tenkja over desse røynslene og granska dei alvorleg anten dei gjeld siger eller nederlag, slik at dei kan trekkja rette slutningar og nyttig lærdom frå dei.
13. Dei sosialistiske landa og dei revolusjonære stridane til dei undertrykte folka og nasjonane stør og hjelper kvarandre.
Dei nasjonale frigjeringsrørslene i Asia, Afrika og Latin-Amerika og dei revolusjonære rørslene til folket i dei kapitalistiske landa er ei sterk støtte for dei sosialistiske landa. Det er heilt gale å nekta for dette.
Den einaste haldninga dei sosialistiske landa kan taka andsynes dei revolusjonære stridane til dei undertrykte folka og nasjonane, er varm sympati og aktiv støtte. Dei sosialistiske landa må ikkje visa seg likesæle, nasjonalt sjølvopptekne eller stormakts-sjåvinistiske.
Lenin sa: «Utanrikspolitikken til proletariatet er forbund med dei revolusjonære i framskridne land og med alle dei undertrykte nasjonane mot alle og kvar og ein av imperialistane.»(3)
Han som ikkje greier å forstå dette poenget og som meiner at den støtta og hjelpa som dei sosialistiske landa gjev dei undertrykte folka og nasjonane er ei bør eller ei velgjerning, han går mot marxismen- leninismen og den proletariske internasjonalismen.
Det sosialistiske systemet er overlegent og dei sosialistiske landa har nådd store resultat i oppbygginga, og dette tener som døme og er ei inspirasjonskjelde for dei undertrykte folka og dei undertrykte nasjonane.
Men denne rolla som døme og inspirasjon kan aldri taka plassen til dei revolusjonære stridane dei undertrykte folka og nasjonane fører. Ikkje noko undertrykt folk eller nokon undertrykt nasjon kan nå fram til frigjering på anna vis enn gjennom sin eigen støe revolusjonære strid.
Visse folk har overdrive einsidig den rolla fredeleg kappestrid spelar mellom sosialistiske og imperialistiske land, i freistnaden sin på å setja fredeleg kappestrid i staden for den revolusjonære striden undertrykte folk og nasjonar fører. Etter deira lære skulle ein tru imperialismen kjem til å detta i hop automatisk under marsjen i denne fredelege kappestriden, og at det einaste dei undertrykte folka og nasjonane treng gjera er å venta pent på at dagen skal koma. Kva har dette sams med marxist-leninistiske synsmåtar?
Dessutan har visse personar kokt i hop den forunderlege soga at Kina og nokre andre sosialistiske land vil «sleppa laus krig» og spreia sosialismen gjennom «krig mellom statar». Som det står i Kunngjeringa frå 1960, er ikkje slike soger noko anna enn imperialistisk og reaksjonær bakvasking. For å seia det rett ut, så har dei som tek opp att slik skitkasting berre det målet å løyna at dei er mot revolusjonane til dei undertrykte folka og nasjonane i verda, og mot at andre stør slike revolusjonar.
14. I dei siste åra er mykje — sant å seia ein heil del — vorte sagt om spørsmålet om krig og fred. Vårt syn og vår politikk i dette spørsmålet er kjend for verda, og ingen kan rengja på det.
Visse personar i den internasjonale kommunistrørsla snakkar om kor høgt dei elskar fred og hatar krig. Det er synd dei ikkje er viljuge til å skaffa seg berre ei lita aning om den enkle sanninga om krigen som Lenin peika på. Lenin sa:
«Det ser ut for meg som om hovudsaka som vanlegvis vert gløymd i spørsmålet om krigen, som ikkje får nok merksemd, den viktigaste grunnen til at det er så mykje usemje og eg vil seia unyttig, vonlaus og mållaus krangel, er at folk gløymer det grunnleggjande spørsmålet om klassekarakteren til krigen. Kvifor braut krigen ut? Kva for klassar fører han? Kva for historiske og historisk-økonomiske vilkår gav opphav til han?»(4)
Slik marxist-leninistar ser det, er krigen eit framhald av politikken med andre middel, og ingen krig kan skiljast frå det politiske systemet og den politiske striden som er opphav til han. Om ein går bort frå denne vitskaplege marxist-leninistiske læresetninga som er stadfesta av heile soga til klassestriden, vil ein aldri greia å skjøna korkje spørsmålet om krig eller spørsmålet om fred.
Det finst ulike slags fred og ulike slags krig. Marxist-leninistar må ha klårt føre seg kva slags fred eller kva slags krig det dreier seg om. Å hauga saman rettvise og urettvise krigar og gå mot alle saman utan å skilja mellom dei, er ein borgarleg pasifistisk og ikkje ein marxist- leninistisk tilnærmingsmåte.
Visse personar hevdar at revolusjonar svært godt kan gå føre seg utan krig. Kva slags krig tenkjer dei på då — ein nasjonal frigjeringskrig eller ein revolusjonær borgarkrig, eller ein verdskrig?
Om dei meiner ein nasjonal frigjeringskrig eller ein revolusjonær borgarkrig, då går denne utsegna i røynda mot revolusjonære krigar og mot revolusjon.
Meiner dei ein verdskrig, så skyt dei på ei målskive som ikkje finst. Marxist-leninistar har på grunnlag av soga til dei to verdskrigane peika på at verdskrigar uunngåeleg fører til revolusjon. Men ingen marxist-leninist har nokon gong eller vil nokon gong hevda at revolusjon må koma i stand gjennom verdskrig.
Marxist-leninistar har som sitt ideal at all krig skal verta avskaffa, og dei trur at krigen kan verta avskaffa for godt.
Men korleis skal krigen verta avskaffa?
Slik såg Lenin det:
«…Målet vårt er å nå fram til det sosialistiske samfunnssystemet, som ved å avskaffa oppdelinga av menneskeætta i klassar, ved å avskaffa all utbytting av menneske ved menneske og av ein nasjon ved andre nasjonar, heilt visst kjem til å avskaffa kvart høve til krig.»(5)
Kunngjeringa frå 1960 seier det og svært klårt: «Når sosialismen sigrar over heile verda, fjernar han fullstendig dei sosiale og nasjonale grunnane til alle krigar.»
Likevel hevdar visse personar no verkeleg at det er mogleg å få til «ei verd utan våpen, utan hærstyrkar og utan krig» ved å «rusta ned, allment og fullstendig», mens det imperialistiske systemet og utbytting av menneske ved menneske enno finst. Dette er ein rein illusjon.
Ein elementær kjennskap til marxismen-leninismen fortel oss at dei væpna styrkane er den viktigaste delen av statsmaskinen, og at ei såkalla verd utan våpen og utan væpna styrkar berre kan vera ei verd utan statar. Lenin sa:
«Berre etter at proletariatet har avvæpna borgarskapet, kan det kasta alle våpen på skraphaugen til historia utan å svika oppgåva si i verdssoga. Og dette kjem proletariatet heilt visst til å gjera, men berre når dette vilkåret er oppfylt og ikkje før.»(6)
Kva er kjensgjerningane om verda i dag? Finst det ein skugge av prov for at dei imperialistiske landa med USA i brodden er reie til å setja ei allmenn og fullstendig nedrusting ut i livet? Er dei ikkje kvar og ein oppslukte av allmenn og fullstendig opprusting?
Vi har alltid hevda at det er naudsynt å fremja framlegget om allmenn nedrusting for å avsløra og kjempa mot opprustinga og krigsførebuingane til imperialistane. Vidare går det an å tvinga imperialismen til å godtaka ein slags avtale om nedrusting gjennom samordna strid frå dei sosialistiske landa og folka i heile verda.
Om ein ser på allmenn og fullstendig nedrusting som den grunnleggjande vegen til verdsfred, spreier den illusjonen at imperialismen automatisk vil leggja ned våpna og prøver å gjera dei revolusjonære stridane til dei undertrykte folka og nasjonane til inkjes under påskot av nedrusting, då er dette å narra folket i verda med vilje og hjelpa imperialistane i aggresjons- og krigspolitikken deira.
For å koma over den ideologiske forvirringa som rår no i den internasjonale arbeidarrørsla i spørsmålet om krig og fred, meiner vi at Lenins læresetning som dei moderne revisjonistane har kasta vrak på, må takast opp att, til beste for kampen mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken, og til vern om verdsfreden.
Folka i verda krev alle i hop at ein ny verdskrig vert hindra. Og det går an å hindra ein ny verdskrig.
Spørsmålet er då: Kva er framgangsmåten å tryggja verdsfreden med? Etter den leninistiske synsmåten kan folk i alle land vinna verdsfred berre ved å stri for han, ikkje ved å tigga imperialistane om fred. Verdsfreden kan berre verjast verknadsfullt dersom ein lit på utviklinga av kreftene i det sosialistiske lægeret, lit på dei revolusjonære stridane til proletariatet og det arbeidande folket i alle land, på frigjeringsstridane til dei undertrykte nasjonane og på stridane til alle fredskjære folk og land.
Slik er den leninistiske politikken. Kvar politikk som går i motsett lei, kjem avgjort ikkje til å føra til fred i verda. Han vil berre oppmuntra æresykja til imperialistane og auka faren for verdskrig.
I dei siste åra har visse personar spreidd det argumentet at ein einaste gnist frå ein nasjonal frigjeringskrig eller revolusjonær folkekrig kjem til å setja heile verda i brann og øydeleggja heile menneskeætta. Kva er kjensgjerningane? Heilt på tvers av det desse personane påstår har ikkje dei nasjonale frigjeringskrigane og dei revolusjonære folkekrigane som har gått føre seg etter den andre verdskrigen, endt i verdskrig. Sigeren i desse revolusjonære krigane har veikt kreftene til imperialismen beinveges, og det har styrkt dei kreftene mykje som hindrar imperialistane i å setja i gang ein verdskrig og som verjar verdsfreden. Viser ikkje desse kjensgjerningane kor meiningslaust dette argumentet er?
15. Ei viktig oppgåve i striden for å verja freden i verda er å bannlysa og øydeleggja atomvåpen fullt ut. Vi må gjera alt vi kan for å få til det.
Atomvåpen er meir øydeleggjande enn noko anna vi har døme på, og difor har USA-imperialistane hatt utpressing med atomvåpen som politikk i meir enn eit tiår no, for å gjera til røyndom den ærgjerrige draumen om å gjera folket i alle land til trælar og rå over heile verda.
Men når imperialistane trugar andre land med atomvåpen, utset dei folket i sitt eige land for same trugsmålet, og slik vekkjer dei det til motstand mot atomvåpen og mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken. Samstundes som dei dyrkar ei fåfengd von om å øydeleggja motstandarane sine med atomvåpen, set imperialistane seg sjølve i fare for den same øydeleggjinga.
Det er verkeleg mogleg å få fram eit forbod mot atomvåpen. Men om imperialistane vert tvinga til å finna seg i ein avtale som forbyr atomvåpen, kjem det avgjort ikkje til å vera av di dei «elskar menneskeætta», men av di folk i alle land pressar dei, og at dei må taka vare på sine eigne livsviktige interesser.
I motsetnad til imperialistane lit sosialistiske land på den rettvise styrken til folket og på sin eigen rette politikk, og treng ikkje spela høgt med atomvåpen på verdsarenaen. Sosialistiske land har atomvåpen eine og åleine for å forsvara seg sjølve og for å hindra imperialismen frå å setja i gang ein atomkrig.
Slik marxist-leninistane ser det, er det folket som skapar soga. No som før er det mennesket som er den avgjerande faktoren. Marxist-leninistar legg vekt på den rolla teknologisk endring spelar, men det er gale å minska rolla til mennesket og overdriva rolla til teknologien.
Oppdaginga av atomvåpen kan korkje stogga framgangen i menneskesoga eller berga det imperialistiske systemet frå å gå under, like lite som oppdaging av ny teknikk kunne berga eldre samfunnssystem frå undergang før.
Oppdaginga av atomvåpen løyser ikkje og kan ikkje løysa dei grunnleggjande motseiingane i verda i dag, ho endrar ikkje og kan ikkje endra lova om klassestriden, og ho endrar ikkje og kan ikkje endra innhaldet i imperialisme og reaksjon.
Difor går det ikkje an å seia at oppdaginga av atomvåpen gjer at samfunnsrevolusjonar og nasjonale revolusjonar ikkje let seg gjennomføra eller ikkje trengst lenger, eller at dei grunnleggjande prinsippa i marxismen-leninismen, særskilt teoriane om den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur og om krig og fred, er blitt gammaldagse og har forvandla seg til inntørka «dogme».
16. Det var Lenin som la fram læresetninga om at det er mogleg for dei sosialistiske landa å leva fredeleg side om side med dei kapitalistiske landa. Det er velkjent at etter at det store sovjetfolket fyrst slo attende væpna framand innblanding, fylgde Sovjetunionens Kommunistiske Parti og Sovjet-regjeringa strengt politikken med fredeleg samlivnad, fyrst under leiing av Lenin og så under leiing av Stalin. Dei vart tvinga til å føra krig i sjølvforsvar fyrst då dei tyske imperialistane gjekk til åtak på dei.
Sidan Folkerepublikken Kina vart grunnlagt, har han og halde seg strengt til politikken med fredeleg samlivnad med land som har andre samfunnssystem, og det var Kina som gjorde tildrivet til Dei fem prinsippa om fredeleg samlivnad.
Men for nokre få år sidan gjorde visse folk plutseleg krav på Lenins politikk om fredeleg samlivnad som deira eige «store oppdaging». Dei hevdar at dei har einerett på å tolka denne politikken. Dei handsamar «fredeleg samlivnad» som om det galdt ei altfemnande mystisk bok frå himmelen, og gjev henne æra for kvar einaste siger folket i verda vinn gjennom strid. Kva meir er, dei stemplar alle som er usamde i rengjebiletet deira av synsmåtane til Lenin som motstandarar av fredeleg samlivnad, som folk som ikkje har greie på Lenin og leninismen i det heile, og som kjettarar som fortener å verta brende på bålet.
Korleis kan dei kinesiske kommunistane vera samde i slike syn og slik framferd? Det kan dei ikkje, det er uråd.
Prinsippet til Lenin om fredeleg samlivnad er svært klårt og lett å skjøna for vanlege folk. Fredeleg samlivnad vil seia eit tilhøve mellom land med ulike samfunnssystem, og ein må ikkje tolka det slik ein har lyst. Det må aldri verta utvida til å gjelda tilhøva mellom undertrykte nasjonar og undertrykkjarnasjonar, mellom undertrykte land og undertrykkjarland eller mellom undertrykte klassar og undertrykkjarklassar. Det må aldri skildrast som hovudinnhaldet i overgangen mellom kapitalisme og sosialisme, og langt mindre bør nokon påstå at fredeleg samlivnad er vegen til sosialisme for menneskeætta. Grunnen er at det er ein ting å praktisera fredeleg samlivnad i høve til land med ulike samfunnssystem, Det er heilt utillateleg og umogleg for land som praktiserer fredeleg samlivnad å pirka borti samfunnssystemet til kvarandre med veslefingeren ein gong. Klassestriden, striden for nasjonal frigjering og overgangen frå kapitalisme til sosialisme i ulike land er ein heilt annan ting. Dei er alle bitre, revolusjonære stridar på liv eller død, som har som mål å endra samfunnssystemet. Fredeleg samlivnad kan ikkje taka plassen til dei revolusjonære stridane folket fører. Overgangen frå kapitalisme til sosialisme i eit land kan berre gjennomførast ved den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur i landet det dreier seg om.
Medan ein brukar politikken med fredeleg samlivnad, er strid mellom dei sosialistiske landa og dei imperialistiske landa på dei politiske, ideologiske og økonomiske områda ikkje til å unngå, og det er heilt umogleg å ha «samarbeid på alle felt».
Det er naudsynt at dei sosialistiske landa deltar i forhandlingar av ulike slag med dei imperialistiske landa. Det går an å nå fram til visse avtalar gjennom forhandlingar ved å lita på den rette politikken til dei sosialistiske landa og presset frå folket i alle land. Men naudsynte kompromiss mellom dei sosialistiske landa og dei imperialistiske landa krev ikkje at dei undertrykte folka og nasjonane fylgjer opp og gjer kompromiss med imperialismen og lakeiane deira. Ingen må nokon gong i namnet til den fredelege samlivnaden krevja at dei undertrykte folka og nasjonane skal gje opp dei revolusjonære stridane sine.
Det at dei sosialistiske landa gjer bruk av politikken med fredeleg samlivnad er til føremon for å oppnå fredelege internasjonale omgivnader for den sosialistiske oppbygginga, for å avsløra den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken og for å isolera dei imperialistiske kreftene for aggresjon og krig. Men om generallina i utanrikspolitikken til dei sosialistiske landa vart skore ned til fredeleg samlivnad, då er det uråd å handsama tilhøva mellom dei sosialistiske landa eller tilhøva mellom dei sosialistiske landa og dei undertrykte folka på rett vis. Difor er det gale å gjera fredeleg samlivnad til generallina i utanrikspolitikken til dei sosialistiske landa.
Etter vårt syn bør generallina i utanrikspolitikken til dei sosialistiske landa ha dette innhaldet:
Å utvikla venskapstilhøve, gjensidig hjelp og samarbeid mellom landa i det sosialistiske lægeret i samsvar med prinsippet om proletarisk internasjonalisme.
Å arbeida for fredeleg samlivnad på grunnlag av Dei fem prinsippa med land som har andre samfunnsystem, og gå mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken.
Og å stø og hjelpa dei revolusjonære stridane til alle dei undertrykte folka og nasjonane.
Desse tre sidene heng saman og kan ikkje skiljast, og ikkje ei av dei let seg sløyfa.
17. I ein svært lang periode i soga etter at proletariatet har teke makta, held klassestriden fram som ein objektiv lov, uavhengig av menneskeviljen. Det er berre i forma han skil seg frå det han var før maktovertakinga.
Etter Oktoberrevolusjonen peika Lenin fleire gonger på at:
a) Dei styrta utbyttarane freistar alltid på tusen og ein måtar å vinna att det «paradiset» dei har vorte fråteke.
b) Nye element av kapitalisme vert utvikla stadig og spontant i den småborgarlege atmosfæren.
c) Politiske utartingar og nye borgarlege element kan dukka opp i rekkjene til arbeidarklassen og mellom regjeringsfunksjonærar som fylgje av borgarleg påverknad og den korrupte atmosfæren som gjennomtrengjer småborgarskapet.
d) Dei ytre vilkåra for at klassestriden held fram innanfor eit sosialistisk land, er at landet er omgjeve av den internasjonale kapitalismen, trugsmålet frå imperialistane om væpna intervensjon og den undergravinga dei driv for å oppnå oppløysing på fredeleg vis.
Livet har stadfesta desse slutningane til Lenin.
I tiår eller til og med lengre periodar etter den sosialistiske industrialiseringa og kollektiviseringa av jordbruket, vil det vera uråd å seia at noko sosialistisk land vil vera fritt for desse elementa som Lenin stempla gong på gong, slike som borgarleg vedheng, snyltarar, spekulantar, svindlarar, lathansar, pøblar og slike som underslår statsmiddel, eller å seia at eit sosialistisk land ikkje lenger vil trenga å utføra eller kan leggja ned den oppgåva som Lenin fastsette, som er å vinna over «denne smitten, denne pesten, dette opne såret som sosialismen har arva frå kapitalismen».
I eit sosialistisk land tek det ein svært lang historisk periode å avgjera gradvis kven som vil vinna — sosialismen eller kapitalismen. Striden mellom den sosialistiske vegen og den kapitalistiske vegen går gjennom heile denne historiske perioden. Striden stig og fell i bylgjeform. Nokre gonger vert striden svært hard, og forma striden kan taka er mangearta og skiftande.
Fråsegna frå 1957 seier heilt rett at «Når arbeidarklassen vinn makta, er det berre byrjinga på revolusjonen, ikkje slutten på han».
Å nekta for at det finst klassestrid i perioden med proletariatets diktatur og at det er naudsynt å føra den sosialistiske revolusjonen grundig til endes på den økonomiske, politiske og ideologiske fronten er gale. Det svarar ikkje til den objektive røyndomen og krenkjer marxismen-leninismen.
18. Både Marx og Lenin hevda at heile perioden før det høgare stadiet i det kommunistiske samfunnet kjem, er overgangsperioden med proletariatets diktatur. I denne overgangsperioden går proletariatets diktatur, det vil seia den proletariske staten, gjennom den dialektiske prosessen å verta oppretta, konsolidert, styrkt og visna bort.
I «Kritikk av Gothaprogrammet» stilte Marx spørsmålet slik:
«Mellom det kapitalistiske og det kommunistiske samfunnet ligg perioden med revolusjonær omskiping av det eine til det andre. Til dette svarar og ein politisk overgangsperiode der staten ikkje kan vera noko anna enn det revolusjonære proletariatets diktatur.»(7)
Lenin understreka ofte den store teorien til Marx om proletariatets diktatur og analyserte utviklinga av denne teorien, særleg i det framifrå arbeidet «Staten og revolusjonen». Der skreiv han:
«…overgangen frå det kapitalistiske samfunnet — som utviklar seg mot kommunismen — til eit kommunistisk samfunn er umogeleg utan ein «politisk overgangsperiode», og i denne perioden kan staten berre vera det revolusjonære proletariatets diktatur.»(8)
Vidare sa han:
«Kjernen læra til Marx om staten er vorten meistra berre av dei som skjønar at diktaturet til ein einaste klasse er naudsynt ikkje berre allment for alle klassesamfunn, ikkje berre for proletariatet som har styrta borgarskapet, men og for heile den historiske perioden som skil kapitalismen frå «det klasselause samfunnet», frå kommunismen.»(9)
Som fastslege her, er den grunnleggjande tesen til Marx og Lenin at proletariatets diktatur uunngåeleg vi! halda fram i heile den historiske perioden med overgang frå kapitalisme til kommunisme, det vil seia i heile perioden fram til alle klasseskilje er avskaffa og ein går inn i det klasselause samfunnet, det høgare steget i det kommunistiske samfunnet.
Kva skjer dersom det vert kunngjort halvvegs i perioden at proletariatets diktatur ikkje trengst lenger?
Står ikkje det i grunnleggjande motstrid til læra til Marx og Lenin om staten til proletariatets diktatur?
Gjev ikkje det løyve til utviklinga av «denne smitten, denne pesten, dette opne såret som sosialismen har arva frå kapitalismen»?
Med andre ord ville dette ha umåteleg alvorlege fylgjer og setja einkvar overgang til kommunismen ut av biletet.
Går det an å ha ein «stat for heile folket»? Er det råd å setja ein «stat for heile folket» i staden for proletariatets diktatur?
Dette spørsmålet gjeld ikkje dei indre tilhøva i eit særskilt land. Det er eit grunnleggjande spørsmål som gjeld den allmenngyldige sanninga til marxismen-leninismen.
Synet til marxist-leninistane er at det ikkje finst noko slikt som ein klasselaus stat eller ein stat over klassane. Så lenge staten held fram å vera stat må han ha klassekarakter. Så lenge staten finst, kan han ikkje vera ein «stat for heile folket». Så snart samfunnet vert klasselaust, kjem det ikkje til å finnast nokon stat lenger.
Kva slags ting kan ein «stat for heile folket» vera då?
Alle med eit grunnleggjande kjennskap til marxismen-leninismen kan skjøna at denne såkalla «staten for heile folket» ikkje er noko nytt. Representative borgarlege skapnader har alltid kalla den borgarlege staten ein «stat for heile folket», eller «ein stat der makta tilhøyrer heile folket».
Visse personar kan kanskje seia at samfunnet deira alt er eit klasselaust samfunn. Vi svarar: Nei, det finst klassar og klassestrid i alle sosialistiske land, utan unntak.
Ettersom det framleis finst restar av dei gamle utbyttarklassane der som prøver å setja i scene attkomsten sin, ettersom nye kapitalistiske element stadig kjem til der og ettersom det framleis finst snyltarar, spelarar, lathansar, pøblar, folk som underslår statsmiddel osb., korleis kan ein då påstå at klassar eller klassestrid ikkje finst lenger? Korleis kan ein seia at proletariatets diktatur ikkje trengst meir?
Marxismen-leninismen fortel oss at i tillegg til å undertrykkja dei klassane som er fiendslege, omfattar dei historiske oppgåvene til proletariatets diktatur under bygginga av sosialismen med naudsyn å handsama tilhøvet mellom arbeidarklassen og bøndene rett, å konsolidera den politiske og økonomiske alliansen deira og skapa vilkår for å fjerna klasseskiljet mellom arbeidar og bonde litt etter litt.
Når vi ser på den økonomiske basisen i eit kvart sosialistisk land, ser vi at skilnaden mellom eigedomsrett ved heile folket og kollektiv eigedomsrett finst i alle sosialistiske land utan unntak, og at det finst privat eigedomsrett og. Eigedomsrett ved heile folket og kollektiv eigedomsrett er to slags eigedomsrett og to slags tilhøve til produksjonen i eit sosialistisk samfunn. Arbeidarane i tiltak som heile folket eig og bøndene på gardar som er kollektiv-åtte høyrer til to ulike kategoriar arbeidarar i det sosialistiske samfunnet. Difor finst klasseskilnaden mellom bonde og arbeidar i alle sosialistiske land utan unntak. Denne skilnaden vert ikkje borte før overgangen til det høgare steget kommunismen er fullført. På det steget i økonomisk utvikling som dei står no, er alle sosialistiske land framleis langt, langt frå det høgare steget i kommunismen, der «frå kvar etter evne, til kvar etter trong» vert sett i. verk. Difor kjem det til å taka lang, lang tid å fjerna klasseskilnaden mellom bonde og arbeidar. Og før denne skilnaden er fjerna, er det uråd å seia at samfunnet er klasselaust eller at proletariatets diktatur ikkje trengst lenger.
Er det då ein freistnad på å setja den borgarlege statsteorien i staden for den marxist-leninistiske statsteorien når ein kallar den sosialistiske staten «ein stat for heile folket»? Prøver ein då å erstatta staten til proletariatets diktatur med ein stat med ein annan karakter?
Om det er tilfelle, så er det ikkje anna enn eit stort attendesteg i soga. Utartinga av samfunnssystemet i Jugoslavia er ein alvorleg lærepenge.
19. Leninismen hevdar at det proletariske partiet må eksistera saman med proletariatets diktatur i sosialistiske land. Det proletariske partiet er uunnverleg heile den historiske perioden med proletariatets diktatur. Grunnen er at proletariatets diktatur må stri mot fiendane til proletariatet og folket, støypa om bøndene og andre småprodusentar, heile tida grunnfesta dei proletariske rekkjene, byggja sosialismen og gjennomføra overgangen til kommunismen. Ingen av desse tinga let seg gjera utan leiing frå partiet til proletariatet.
Kan det finnast eit «parti for heile folket»? Er det råd å setja eit «parti for heile folket» i staden for det partiet som er fortroppen til proletariatet?
Dette er heller ikkje eit spørsmål om dei indre tilhøva i eit særskilt parti, men eit grunnleggjande problem som gjeld den allgilde sanninga til marxismen-leninismen.
Slik marxist-leninistane ser det finst det ikkje noko slikt som eit klasselaust politisk parti eller eit politisk parti over klassane. Alle politiske parti har klassekarakter. Partianden er det fortetta uttrykket for klassekarakteren.
Partiet til proletariatet er det einaste partiet som kan fremja interessene til heile folket. Det kan det gjera nett fordi det står for interessene til proletariatet og samlar tankane og viljen til proletariatet.
Det kan leia heile folket fordi proletariatet kan frigjera seg heilt berre når heile menneskeætta vert frigjort, fordi sjølve naturen til proletariatet set partiet deira i stand til å nærma seg problem ut frå interessene til proletariatet no og i framtida, fordi partiet er grenselaust tru mot folket og har ein sjølvoppofrande ande. Av dette fylgjer den demokratiske sentralismen og jerndisiplinen det har. Utan eit slikt parti er det uråd å halda proletariatets diktatur ved lag og stå for interessene til heile folket.
Kva hender dersom det vert kunngjort på halvvegen, før det høgare steget i det kommunistiske samfunnet, at partiet til proletariatet er vorte «eit parti for heile folket», og om det vert kasta vrak på den proletariske klassekarakteren til partiet?
Strider ikkje dette grunnleggjande mot læra til Marx og Lenin om partiet til proletariatet?
Avvæpnar ikkje dette proletariatet og heile det arbeidande folket både organisatorisk og ideologisk, og er ikkje det det same som å hjelpa til med å innføra kapitalismen att?
Er det ikkje «å dra sørover ved å køyra vogna nordetter», når ein pratar om nokon overgang til det kommunistiske samfunnet under slike omstende?
20. I dei siste få åra har visse personar krenkt den heilskaplege læra til Lenin om det innbyrdes tilhøvet mellom leiarar, parti, klasse og massar, og reist spørsmålet om «å slåst mot persondyrkinga». Dette er gale og skadeleg.
Den teorien Lenin la fram er slik:
- Massane er delte i klassar.
- Klassane vert vanlegvis leidde av politiske parti.
- Politiske parti vert som regel styrte av meir eller mindre faste grupper som er samansette av dei mest tungtvegande, innverknadsrike og røynde medlemmene, som vert valde til dei mest ansvarsfulle stillingane og vert kalla leiarar.
Lenin sa: «Alt dette er elementært.»
Partiet til proletariatet er hovudkvarteret til proletariatet i revolusjon og strid. Kvart proletarisk parti må bruka sentralisme bygd på demokrati og oppretta ei sterk marxist-Ieninistisk leiing før det kan bli ein organisert og stridsdugande fortropp. Å reisa spørsmålet om å «kjempa mot persondyrkinga» er faktisk det same som å setja leiarane opp mot massane, undergrava den einskaplege leiinga i partiet som er bygd på demokratisk sentralisme, og vatna ut stridsstyrken til partiet og løysa opp rekkjene.
Lenin kritiserte dei galne synsmåtane som stiller leiinga opp mot massane. Han kalla dei «låttleg meiningslause og dumme». Kinas Kommunistiske Parti har alltid mislikt at rolla til einskildmennesket vert overdrive, og har tala for og fastrådd nytta den demokratiske sentralismen i partiet, og tala for å knyta leiinga til massane. Det har stått fast ved at ei rett leiing må vita korleis ho skal samanfatta synsmåtane til massane.
Medan dei kjempar høglydt mot denne såkalla «persondyrkinga», gjer visse personar i røynda sitt beste for å vanæra partiet til proletariatet og proletariatets diktatur. Samstundes overdriv dei rolla til visse einskildpersonar ofseleg, skuver alle mistak over på andre og krev all heider for seg sjølv.
Det som er meir alvorleg er at visse personar under påskot om å «stri mot persondyrkinga», blandar seg grovt inn i dei indre sakene til andre systerparti og systerland og tvingar andre systerparti til å skifta ut leiinga si for å dytta si eiga galne line på desse partia. Kva er alt dette, om ikkje stormaktssjåvinisme, sekterisme og kløyving? Kva er alt dette, anna enn undergraving?
No er det sanneleg på tide å føra fram den heilskaplege læra til Lenin om det indre tilhøvet mellom leiarar, parti klasse og massar på alvorleg og omfattande vis.
21. Tilhøve mellom sosialistiske land er internasjonale tilhøve av eit nytt slag. Tilhøve mellom sosialistiske land, anten landa er store eller små, og anten dei er meir eller mindre utvikla økonomisk, må vera tufta på prinsippa om fullstendig likeverd, vyrdnad for territorial integritet, suverenitet og sjølvstende, og ikkje-innblanding i dei indre sakene til kvarandre. Tilhøva må og byggja på prinsippa om gjensidig støtte og hjelp i samsvar med den proletariske internasjonalismen.
Alle sosialistiske land må i hovudsak lita på seg sjølv i oppbygginga si.
Etter sine eigne konkrete vilkår må kvart sosialistisk land fyrst lita på det flittige arbeidet og evnene til sitt eige folk, gjera planmessig og fullstendig bruk av alle ressursar dei har tilgjenge til og trekkja heile potensialet sitt med i den sosialistiske oppbygginga. Berre slik kan det byggja sosialismen verknadsfullt og utvikla økonomien sin raskt.
Dette er måten kvart sosialistisk land kan styrka makta i heile det sosialistiske lægeret på og styrka evna til å hjelpa den revolusjonære saka til det internasjonale proletariatet. Å halda seg til prinsippet om å lita i hovudsak på seg sjølv i oppbygginga, er difor å gjera konkret bruk av den proletariske internasjonalismen.
Om noko sosialistisk land berre går ut frå sine eigne delinteresser og einsidig krev at andre systerland skal underleggja seg deira trong, og nyttar som påskot å gå mot det dei kallar «å driva på for seg sjølv» og «nasjonalisme» for å hindra andre systerland i å gjera bruk av prinsippet om å lita i hovudsak på eigne krefter og utvikla økonomien sin på grunnlag av sjølvstende, eller det til og med går så langt at det legg økonomisk press på systerland — då er dette reinhekla utslag av nasjonal egoisme.
Det er heilt naudsynt for sosialistiske land å praktisera gjensidig økonomisk hjelp, samarbeid og utveksling. Slikt økonomisk samarbeid må byggjast på prinsippa om fullstendig likeverd, gjensidig fordel og kameratsleg gjensidig hjelp.
Å nekta for desse grunnleggjande prinsippa ville vera stormaktssjåvinisme, Det same er det å tvinga viljen sin på andre, gripa inn i sjølvstendet og suvereniteten til systerland eller skada interessene til folket deira, under namnet «internasjonal arbeidsdeling» eller «spesialisering».
I tilhøve mellom sosialistiske land ville det vera uhyrleg å fylgja skikken med å skaffa seg sjølv forteneste på kostnad av andre, ein skikk som kjennemerkjer tilhøve mellom kapitalistiske land, eller å gå så langt at ein tek den «økonomiske samordninga» og «fellesmarknaden» — som monopol kapitalistiske grupper har innført med føremål å slå til seg marknader og riva til seg profitt — som døme til etterfylging for sosialistiske land i det økonomiske samarbeidet og den gjensidige hjelpa deira.
22. Fråsegna frå 1957 og Kunngjeringa frå 1960 slår fast prinsippa som styrer tilhøva mellom systerparti. Det er prinsippet om solidaritet, prinsippet om gjensidig støtte og gjensidig hjelp, prinsippet om sjølvstende og likeverd, prinsippet om å nå fram til semje gjennom samråding — alle på grunnlag av marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen.
Vi merkjer oss at sentralkomiteen i SUKP i brevet dagsett 30. mars seier at det ikkje finst noko «overordna» eller «underordna» parti i kommunistrørsla, at alle kommunistparti er sjølvstendige og likeverdige, og at dei alle bør byggja tilhøva seg imellom på grunnlag av den proletariske internasjonalismen og gjensidig hjelp.
Ein god eigenskap ved kommunistar er at handlingane deira samsvarar med det dei seier. Den einaste rette måten å tryggja og styrkja einskapen mellom systerparti på, er å verkeleg halda seg til prinsippet om proletarisk internasjonalisme og ikkje krenkja det, verkeleg halda seg til prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og ikkje undergrava dei, og gjera det ikkje berre i ord, men i handling — det siste er mykje viktigare.
Om prinsippet om sjølvstende og likeverd er godteke i tilhøve mellom systerparti, er det utillateleg for noko parti å stilla seg over andre, blanda seg inn i dei indre sakene deira og leggja seg til ei patriarkalsk åtferd i tilhøva til dei.
Om det er godteke at ingen er «overordna» eller «underordna» i tilhøve mellom systerparti, då er det utillateleg å tvinga programmet, vedtaka og lina til sitt eige parti på andre systerparti som det «sams programmet» til den internasjonale kommunistrørsla.
Om prinsippet om å nå fram til semje gjennom samråding vert godteke tilhøve mellom systerparti, då bør ein ikkje leggja vekt på «kven som er i fleirtal» eller «kven som er i mindretal», og tufta seg på eit såkalla fleirtal for å tvinga gjennom si eiga galne line og setja sekterisk og kløyvande politikk ut i livet.
Er det semje om at meiningsskilnader mellom systerparti skal løysast gjennom samråding mellom partia, då bør ikkje andre systerparti bli utsette for åtak offentleg og under fullt namn på sine eigne eller andre partilandsmøte, i talar frå partileiarar, vedtak eller kunngjeringar. Endå mindre bør ideologiske meiningsskilnader mellom systerparti verta trekte inn i området for tilhøve mellom statar.
Vi meiner at under dei omstenda som rår no, då det finst meiningsskilnader i den internasjonale kommunistrørsla, er det særskilt viktig å leggja vekt på at ein held seg strengt til prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti, slik dei er fastlagde i Fråsegna og Kunngjeringa. I området for tilhøve mellom systerparti og systerland peiker spørsmålet om tilhøvet mellom Sovjetunionen og Albania seg særleg ut no. Her er det spørsmål om kva som er den rette måten å handsama eit systerparti og systerland på, og om dei prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland som er fastlagde i Fråsegna og Kunngjeringa skal gjelda. Den rette måten å løysa dette spørsmålet på er ei viktig prinsippsak for å vakta einskapen til det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla.
Korleis ein skal handsama det marxist-leninistiske systerpartiet Arbeidets Parti i Albania, er eit spørsmål. Korleis ein skal handsama den jugoslaviske revisjonistklikken av svikarar er eit heilt anna spørsmål. Desse to sakene er heilt ulike i innhald, og må på ingen måte verta sette i bås.
I brevet dykkar seier de at de «ikkje gjev opp vona om at tilhøva mellom SUKP og Arbeidets Parti i Albania skal betra seg». Men samstundes held de fram med åtak på dei albanske kameratane for det de kallar «kløyvarverksemda» deira. Det er klårt at dette er sjølvmotseiande, og det hjelper ikkje på noko vis til å løysa spørsmålet om tilhøva mellom Sovjetunionen og Albania.
Kven har gått til kløyvarverksemd i tilhøvet mellom Sovjetunionen og Albania?
Kven har utvida dei ideologiske meiningsskilnadene mellom partia i Sovjetunionen og Albania til tilhøve mellom statar?
Kven har teke opp usemja mellom partia i Sovjetunionen og Albania og mellom dei to landa rett for augo på fienden?
Kven har kravd skifte i det albanske partiet og statsleiinga?
Alt dette er greit og klårt for heile verda.
Kan det vera mogleg at leiande kameratar i SUKP verkeleg ikkje kjenner ansvaret sitt for at tilhøva mellom Sovjetunionen og Albania er vortne så dårlege?
Vi uttrykkjer atter ein gong vår oppriktige von om at dei leiande kameratane r SUKP vil halda seg til prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland, og taka opptaket til å finna ein verknadsfull måte å betra tilhøva mellom Sovjetunionen og Albania på.
Stutt sagt, spørsmålet om korleis ein skal handsama tilhøve mellom systerparti og systerland må takast alvorleg. No spreier dei reaksjonære og imperialistane rykte om «handa frå Moskva». Den einaste måten å slå attende slike rykte kraftfullt på, er å halda seg strengt til prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland.
Proletarisk internasjonalisme vert kravd av alle parti utan unntak anten dei er store eller små, om dei held makta eller ikkje. Men dei store partia og dei partia som har makta har eit særskilt tungt ansvar i så måte. Den rekkja med uroande hendingar i det sosialistiske lægeret i den siste tida har gått ut over ikkje berre systerpartia som er innblanda, men folkemassane i landa deira. Det syner på overtydande vis at dei store landa og partia treng å ha i minnet pålegget frå Lenin om aldri å gjera det mistaket som heiter stormaktssjåvinisme.
Kameratane i SUKP seier i brevet sitt at «Sovjetunionens Kommunistiske Parti har aldri tatt og vil aldri taka eit einaste steg som kan så fiendskap mellom folka i landet vårt og det kinesiske brorfolket eller andre folk». Vi har ikkje lyst til å gå attende og ramsa opp dei mange leie tinga som har hendt her vi ynskjer berre at kameratane i SUKP vil halda seg strengt til denne utsegna i handlingane sine frametter.
I dei siste åra har partimedlemmene våre og folket vårt synt stort atterhald andsynes ei rekkje alvorlege hendingar som krenkte prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland. Dei synte atterhald trass i alle vanskane og tapa vi har fått tvinga på oss. Den proletariske internasjonalismen til dei kinesiske kommunistane og det kinesiske folket har tolt ei hard prøve.
Kinas Kommunistiske Parti vik aldri frå truskapen sin til den proletariske internasjonalismen. Det står ved og verjar prinsippa i Fråsegna frå 1957 og Kunngjeringa frå 1960 som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland, og vaktar på og tryggjer einskapen i det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla.
23. For å setja det sams programmet for den internasjonale kommunistrørsla ut i livet, som systerpartia samrøystes vart samde om, må det førast ein kompromisslaus strid mot alle former for opportunisme, som er eit avvik frå marxismen-leninismen.
Fråsegna og Kunngjeringa peikar på at revisjonismen, eller med andre ord høgreopportunismen5 er hovudfåren i den internasjonale kommunistrørsla. Den jugoslaviske revisjonismen er typisk for den moderne revisjonismen.
Kunngjeringa peiker særskilt på at:
«Kommunistpartia har samrøystes fordømt den jugoslaviske varianten av den internasjonale opportunismen, ein variant av dei moderne revisjonistiske «teoriane» i fortetta form.»
Vidare heiter det:
«Etter at dei sveik marxismen-leninismen, som dei stempla som forelda, sette leiarane for Kommunistforbundet i Jugoslavia det anti-leninistiske revisjonistiske programmet sitt opp mot Fråsegna frå 1957. Dei sette Kommunistforbundet i Jugoslavia opp mot den internasjonale kommunistrørsla som heilskap, skar landet sitt av frå det sosialistiske lægeret og gjorde det avhengig av såkalla «hjelp» frå USA og andre imperialistar…»
Vidare heiter det i Kunngjeringa:
«Dei jugoslaviske revisjonistane driv undergraving av det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla. Under påskot om ein alliansefri politikk går dei med i verksemd som er til skade for einskapen mellom alle dei fredskjære kreftene og landa.»
Etter det dreg Kunngjeringa denne slutninga:
«Det er framleis ei vesentleg oppgåve for dei marxist-leninistiske partia å avlsøra leiarane for dei jugoslaviske revisjonistane endå meir og stri aktivt for å vakta kommunistrørsla og arbeidarrørsla frå dei anti-leninistiske tankane til dei jugoslaviske revisjonistane.»
Spørsmålet som vert reist her er eit viktig prinsippspørsmål for den internasjonale kommunistrørsla.
Heilt nyleg har Tito-klikken slege fast offentleg at dei vil stå ved det revisjonistiske programmet og det anti-leninistiske standpunktet sitt, imot Fråsegna og Kunngjeringa.
USA-imperialismen og NATO-partnarane hans har brukt fleire tusen millionar US-dollar til å pleia Tito-klikken lang tid no. Utkledde som «marxist-leninistar», mens dei syner flagg som «eit sosialistisk land», har Tito-klikken undergrave den internasjonale kommunistrørsla og den revolusjonære saka til folket i verda, og gjort teneste som ei særskilt avdeling av USA-imperialismen.
Det er fullstendig grunnlaust og i utakt med kjensgjerningane å hevda at Jugoslavia syner «tydelege positive trekk», at det er «eit sosialistisk land», og at Tito-klikken er ei «anti-imperialistisk kraft».
No freistar visse personar å føra den jugoslaviske revisjonistklikken inn i det sosialistiske samfunnet og inn i dei internasjonale kommunistrekkjene. Dette er ope å riva sund den avtalen som vart nådd fram til samrøystes på 1960-møtet for systerparti, og det kan ikkje tillatast.
Fråsegna og Kunngjeringa konkluderer med at revisjonismen er hovudfåren i den internasjonale kommunistrørsla no. Dei revisjonistiske retningane som har fløymt gjennom den internasjonale rørsla til arbeidarklassen dei siste få åra og dei mange røynslene og lærdomane som den internasjonale kommunistrørsla har fått, stadfester til fulle at denne konklusjonen er rett.
Men no seier visse personar at dogmatisme og ikkje revisjonisme er hovudfåren, og at dogmatisme er minst like fårleg som revisjonisme. Kva slags prinsipp ligg under alt dette?
Støe marxist-leninistar og ekte marxist-leninistiske parti må setja prinsipp fyrst. Dei må ikkje kjøpslå med prinsipp, gå inn for ein ting i dag og ein annan i morgon.
Dei kinesiske kommunistane vil halda fram med å føra ein kompromisslaus strid mot den moderne revisjonismen saman med alle marxist-leninistar, for å verja reinleiken til marxismen-leninismen og det. prinsippfaste standpunktet i Fråsegna og Kunngjeringa.
Medan kommunistane strir mot revisjonismen, som er hovudfåren for den internasjonale kommunistrørsla, må dei og stri mot dogmatismen.
Fråsegna frå 1957 seier klårt at proletariske parti «må halda seg strengt til prinsippet om å samordna … allmenngyldig marxist- leninistisk sanning med den særskilte gjennomføringa av revolusjonen og oppbygginga i landa sine».
Det vil seia:
På den eine sida må vi støtt halda oss til den allmenngyldige sanninga til marxismen-leninismen. Å ikkje gjera det fører til høgreopportunistiske eller revisjonistiske feil.
På den andre sida må vi alltid gå ut frå røyndomen og halda ved lag eit nært samband med massane, heile tida summera opp røynslene frå massestridar og arbeida ut og bruka politikk og taktikk som høver med vilkåra i våre eigne land på sjølvstendig vis. Dogmatiske feil kjem til å verta gjorde dersom ein ikkje gjer det, om ein etterliknar blindt politikken og taktikken til andre kommunistparti, om ein bøyer seg blindt for viljen til andre og godtek program og fråsegner frå eit anna parti som sitt eige utan å analysera det.
Visse folk krenkjer no dette grunnleggjande prinsippet, som vart fastslege i Fråsegna. Dei kastar til sides den allmenngyldige sanninga i marxismen-leninismen under påskot om å «utvikla marxismen- leninismen på skaparvis». Dei set til og med fram sine eigne oppskrifter som «allmenngyldige marxist-leninistiske sanningar» som ikkje byggjer på anna enn deira eiga subjektive gissing, og som er skild frå røyndomen og massane, og så tvingar dei andre til å overtaka desse oppskriftene utan vilkår.
Det er difor så mange alvorlege hendingar har kome til å gå føre seg i den internasjonale kommunistrørsla.
24. Ein svært viktig lærdom frå røynsla til den internasjonale kommunistrørsla er at utviklinga og sigeren for ein revolusjon avheng av at det finst eit proletarisk revolusjonært parti.
Det må finnast eit revolusjonært parti.
Det må finnast eit revolusjonært parti som er bygt i samsvar med den revolusjonære teorien og den revolusjonære stilen til marxismen- leninismen.
Det må vera eit revolusjonært parti som kan bruka den allmenngyldige sanninga til marxismen-leninismen i arbeidet med å setja revolusjonen i verk i sitt eige land.
Det må vera eit revolusjonært parti som kan knytta leiinga nært til dei breie folkemassane.
Det må vera eit revolusjonært parti som står fast ved sanninga, rettar på mistaka sine og veit korleis det skal føra kritikk og sjølvkritikk.
Berre eit slikt revolusjonært parti kan leia proletariatet og dei breie folkemassane til å gje imperialismen og lakeiane hans usiger og vinna ein grundig siger i den nasjonaldemokratiske revolusjonen og vinna den sosialistiske revolusjonen.
Om eit parti ikkje er eit proletarisk revolusjonært parti, men eit borgarleg reformistisk parti, om det ikkje er eit marxist-leninistisk parti, men eit revisjonistisk parti, om det ikkje er eit fortroppsparti for proletariatet, men heng etter borgarskapet, om det ikkje er eit parti som står for interessene til proletariatet og det arbeidande folket, men eit parti som står for interessene til arbeidararistokratiet, om det ikkje er eit internasjonalistisk parti, men eit nasjonalistisk parti,om det ikkje er eit parti som brukar hovudet til å tenkja sjølv, skaffa seg nøye kjennskap til retningane innanfor dei ulike klassane i sitt eige land gjennom alvorlege undersøkingar og studium, veit korleis det skal bruka den allmenngyldige sanninga til marxismen-leninismen og gjera han til eitt med det konkrete arbeidet i sitt eige land, men i staden er eit parti som plaprar tomt etter andre, etterliknar utanlandsk røynsle utan å granska henne, spring hit og dit etter peikestokken til visse folk i utlandet og har blitt til ei mølje av revisjonisme, dogmatiske og alt anna enn marxist-leninistiske prinsipp,då er eit slikt parti heilt ute av stand til å leia proletariatet og massane i revolusjonær strid, heilt ute av stand til å vinna revolusjonen og heilt ute av stand til å fullenda den store historiske oppgåva til proletariatet.
Dette spørsmålet må alle marxist-leninistar, alle klassemedvitne arbeidarar og alle progressive menneske over alt tenkja grundig gjennom.
25. Alle marxist-leninistar har plikt til å skilja mellom sanning og lygn i dei meiningsskilnadene som er framkomne i den internasjonale kommunistrørsla. Til felles beste for einskapen i striden mot fienden har vi alltid tala for å løysa problem gjennom samråding mellom partia, og gått mot å taka opp meiningsskilnader rett for augo på fienden.
Som kameratane i SUKP veit, er den offentlege polemikken i den internasjonale kommunistrørsla blitt provosert fram av leiarane i visse systerparti, og tvinga på oss.
Sidan ein offentleg debatt er blitt provosert fram, burde han ha blitt ført på grunnlag av likeverd mellom systerparti og på grunnlag av demokrati, og ved å leggja fram fakta og drøfta ting til botns.
Sidan visse partileiarar har gått til offentleg åtak på andre systerparti og pressa fram ein offentleg debatt, meiner vi at dei korkje har vit eller rett på si side når dei forbyr systerpartia under åtak å gje offentleg svar.
Visse partileiarar har prenta eit utal med artiklar som går laus på andre systerparti. Kvifor prentar dei då ikkje i si eiga presse artiklane desse partia har skrive som svar?
I den siste tida har Kinas Kommunistiske Parti vorte utsett for uhyrlege åtak. Dei som går til åtak, har laga til eit svært lurveleven og dikta opp mange klagemål mot oss, utan omsyn til kjensgjerningane. Vi har prenta desse artiklane og talane som går til åtak på oss i pressa vår.
I pressa vår har vi i sin heilskap prenta meldinga frå sovjetleiarane på møtet i Det øvste sovjet 12. desember 1962, leiarartikkelen i Pravda 7. januar 1963, talen til leiaren for SUKP-utsendingane på det 6. landsmøtet til Det sosialistiske einskapspartiet i Tyskland 16. januar 1963 og leiarartikkelen i Pravda 10. februar 1963.
Vidare har vi prenta heile teksten i dei to breva frå sentralkomiteen i SUKP dagsett 21. februar 1963 og 30. mars 1963.
Vi har svart på nokre artiklar og talar der systerparti har gått til åtak på oss, men andre har vi ikkje svart på enno. Til dømes har vi ikkje svart beinveges på dei mange artiklane og talane frå kameratane i SUKP.
Mellom 15. desember 1962 og 8. mars 1963 skreiv vi sju artiklar som svar på åtak. Desse artiklane heiter:
«Arbeidarar i alle land, stå saman og gå mot den sams fienden vår!»
«Meiningsskilnadene mellom kamerat Togliatti og oss.»
«Leninismen og den moderne revisjonismen.»
«Lat oss stå saman på grunnlag av Moskva-Fråsegna og Moskva-Kunngjeringa.»
«Kvar kjem meiningsskilnadene frå? Eit svar til Thorez og andre kameratar.»
«Meir om meiningsskilnadene mellom kamerat Togliatti og oss — Nokre viktige problem i leninismen i dag.»
«Ein kommentar til Kunngjeringa frå kommunistpartiet i USA.»
Det er vel desse artiklane de viser til, når de sist i brevet dagsett 30. mars 1963 klagar den kinesiske pressa for å gå til «grunnlause åtak» på SUKP. Å kalla desse svara på tidlegare åtak for «åtak», er å snu tinga på hovudet.
Sidan de stemplar våre artiklar som «grunnlause» og som så veldig dårlege, kvifor prentar de ikkje alle sju av desse «grunnlause åtaka», på same vis som vi har prenta artiklane dykkar, så kan alle kameratane i Sovjetunionen og folket i Sovjetunionen få tenkja sjølve og avgjera sjølve kven som har rett og kven som tek feil? De har sjølvsagt rett til å visa attende desse artiklane som de reknar for «grunnlause åtak» punkt for punkt.
Sjølv om de kallar artiklane våre «grunnlause» og argumenta våre galne, fortel de ikkje folket i Sovjetunionen kva argumenta våre i røynda går ut på. Denne skikken kan knapt seiast å syna ei alvorleg haldning til drøftingane mellom systerparti, til sanninga eller til massane.
Vi vonar denne offentlege debatten mellom systerparti kan stoggast. Dette er eit problem som vi må handsama ut frå prinsippa om sjølvstende, likeverd og om å nå fram til semje gjennom samråding mellom systerparti. I den internasjonale kommunistrørsla har ingen rett til å kasta fram åtak når han vil, eller å gje ordre om å «slutta den opne polemikken» når han vil hindra den andre sida i å svara.
Kameratane i SUKP veit at vi har avgjort å halda tilbake for ei tid offentlege svar på offentlege åtak retta mot oss under fullt namn frå kameratar i systerparti, frå og med 9.3.63. Det har vi gjort for å skapa god stemning før møtet med systerpartia vert kalla saman. Vi held på retten til å svara offentleg.
I brevet vårt dagsett 9. mars sa vi til spørsmålet om å halda attende den offentlege debatten «dei to partia våre og systerpartia som er innblanda, treng å starta drøftingar og nå fram til ein avtale som er rettvis og som alle kan gå med på».
Dette er vårt syn på generallina for den internasjonale kommunistrørsla og nokre prinsippspørsmål i samband med henne. Som vi sa fyrst i dette brevet, vonar vi at denne opne framlegginga av synet vårt vil føra oss nærmare gjensidig forståing. Kameratane kan sjølvsagt vera samde eller usamde i desse syna. Men vi meiner at dei spørsmåla som er drøfta her, er dei kjernespørsmåla som krev å verta lagde merke til og løyst av den internasjonale kommunistrørsla. Vi vonar at alle desse spørsmåla og også dei som er tekne opp i brevet dykkar, vil verta drøfta fullt ut i samtalane mellom dei to partia våre og på møtet med utsendingar frå alle systerparti.
I tillegg er det andre spørsmål som opptek oss alle, slike som kritikken av Stalin og nokre viktige prinsippspørsmål som gjeld den internasjonale kommunistrørsla, som vart reiste på den 20. og den 22. kongressen til SUKP. Vi vonar vi kan få ei ope meiningsutveksling om desse spørsmåla og i samtalane.
Når det gjeld spørsmålet om samtalane mellom dei to partia våre, så gjorde vi i brevet vårt dagsett 9. mars framlegg om at kamerat Khrusjtsjov skulle koma til Peking. Høvde det dårleg, så gjorde vi framlegg om at ein annan kamerat med ansvar frå sentralkomiteen i SUKP leidde ei utsendingsgruppe til Peking, eller at vi sende ei utsendingsgruppe til Moskva.
Ettersom de har slått fast i brevet dykkar dagsett 30. mars at kamerat Khrusjtsjov ikkje kan koma til Kina, og sidan de ikkje uttrykkjer noko ynskje om å senda ei utsendingsgruppe til Kina, har sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti bestemt seg for å senda ei utsendingsgruppe til Moskva.
I brevet dykkar dagsett 30. mars bad de kamerat Mao Tsetung om å vitja Sovjetunionen. Så tidleg som 23. februar sa kamerat Mao Tsetung i samtale med den sovjetiske ambassadøren i Kina klårt frå kvifor han ikkje var budd til å vitja Sovjetunionen no. Dette er de fullt klår over.
Då ein ansvarleg kamerat frå sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti tok mot ambassadøren til Sovjetunionen i Kina den 9. mai, fortalde han dykk at vi ville senda ei utsendingsgruppe til Moskva midt i juni. Seinare har vi sagt oss viljuge til å utsetja samtalane mellom dei to partia våre til 5. juli, i samsvar med oppmodinga frå sentralkomiteen i SUKP.
Vi vonar oppriktig at samtalane mellom det kinesiske og det sovjetiske partiet vil gje positive resultat og medverka til førebuingane for å kalla saman møtet for alle kommunist- og arbeidarparti.
No trengst det meir enn nokon gong at alle kommunistar står saman på grunnlag av marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen, og på grunnlag av Fråsegna og Kunngjeringa som systerpartia vedtok samrøystes.
Saman med marxist-leninistiske parti og revolusjonære folk over heile verda vil Kinas Kommunistiske Parti halda fram med den ustoggande innsatsen sin for å hevda interessene til det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla, frigjeringssaka til dei undertrykte folka og nasjonane og striden mot imperialisme og for verdsfred.
Vi vonar at hendingar som fører sorg over dei som står oss nær og er oss kjære, og som berre gleder fienden, ikkje vil taka seg opp att i den internasjonale kommunistrørsla i framtida.
Dei kinesiske kommunistane trur fast og heilt at marxist-leninistane, proletariatet og revolusjonære folk overalt vil stå tettare saman, overvinna alle vanskar og hindringar og vinna endå større sigrar i striden mot imperialismen og for verdsfred, i striden for den revolusjonære saka til folket i verda og for den internasjonale kommunismen.
Arbeidarar i alle land, stå saman! Arbeidarar og undertrykte folk og nasjonar i verda, stå saman! Gå mot den sams fienden vår!
Med kommunistiske helsingar,
Sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti
Noter:
(1)Sjå Lenin, «Den kommunistiske internasjonalens 2. kongress» (1920) i Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1976, bind 11, s. 214—216.
(2)Lenin, «Nok ein massakre», (1901) i Samla verk, eng. utg., band 5, s. 25—30.
(3) Lenin, «Utanrikspolitikken til den russiske revolusjonen», (1917) i Samla verk, eng. utg., band 25, s. 87.
(4) Lenin, «Krig og revolusjon» (1917) i Samla verk, eng. utg. band 24, s. 398.
(5) Lenin, «Krig og revolusjon» (1917) Samla verk, eng. utg. band 24, s. 399.
(6) Lenin, «Den proletariske revolusjonens militærprogram» (1916) 9 Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1976, bind 6, s. 175.
(7) Marx, «Kritikk av Gothaprogrammet», (1875), kap. IV, sjå Marx og Engels: Samla verk, tysk utg., band 17. Norsk utg, Forlaget Oktober 1977.
(8) Lenin, «Staten og revolusjonen» (1917), sjå i Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1977, bind 8, s. 106 -107.
(9) Lenin, «Staten og revolusjonen» (1917) sjå Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1977, bind 8, s.49.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.