Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 1. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1977. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Forsvararar av nykolonialismen
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Den proletariske revolusjonen og renegaten Khrustsjov
Om den falske kommunismen til Khrusjtsjov og kva historiske lærdommar verda kan dra av han
Innhold
OPPHAVET TIL OG UTVIKLINGA AV MEININGSSKILNADENE MELLOM LEIINGA I SUKP OG OSS
Kommentar til det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP
Ved redaksjonane i Renmin Ribao (Folkets Dagblad) og Hongqi (Raude Fane)
(6. september 1963)
Det er meir enn ein månad sidan sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti prenta det opne brevet dagsett 14. juli til partiorganisasjonar og alle kommunistar i Sovjetunionen. Dette opne brevet og alle dei stega leiinga i SUKP har teke sidan det vart prenta, har skuvd tilhøvet mellom Sovjetunionen og Kina til bristepunktet før kløyving og har ført meiningsskilnadene i den internasjonale kommunistrørsla til eit nytt stadium, som er alvorlegare enn nokon gong før.
No er Moskva, Washington, New Delhi og Beograd samla i kjærleiksfeiring, og sovjetpressa vartar opp med eit endelaust utval fantastiske soger og teorier med åtak mot Kina. Leiinga i SUKP har gått i forbund med USA-imperialismen, dei reaksjonære i India og overløparklikken til Tito mot det sosialistiske Kina og mot alle marxist-leninistiske parti, i ope svik-mot marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen, i skamlaus avvising av 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa og i hemningslaus krenking av avtalen om venskap, forbund og gjensidig hjelp mellom Kina og Sovjetunionen.
Meiningsskilnadene no innanfor den internasjonale kommunistrørsla og mellom partia i Kina og Sovjetunionen trekk inn ei heil rekkje viktige prinsippspørsmål. I brevet dagsett 14. juni til sentralkomiteen i SUKP drøftar sentralkomiteen i KKP systematisk og omfattande kjernen i desse meiningsskilnadene. Han peikar på at i siste omgang gjeld meiningsskilnadene som finst no mellom partia Kina og Sovjetunionen spørsmålet om ein skal godtaka eller ikkje godtaka dei revolusjonære prinsippa i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa, om ein skal godtaka marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen eller ikkje, om revolusjonen trengst eller ikkje, om ein skal gå mot imperialismen eller ikkje, og om ein ynskjer einskap i den internasjonale kommunistrørsla eller ikkje.
Korleis har meiningsskilnadene i den internasjonale kommunistrørsla og mellom leiinga i SUKP og oss oppstått? Og korleis har dei vakse til det urovekkjande omfanget dei har no? Alle er opptekne av desse spørsmåla.
I artikkelen vår «Kvar kjem meiningsskilnadene frå?»(1) tok vi opp spørsmålet om opphavet og framveksten av meiningsskilnadene i den internasjonale kommunistrørsla i store trekk. Vi let med vilje vera å oppgje visse kjensgjerningar om dette spørsmålet, særskilt visse viktige kjensgjerningar som gjeld leiinga i SUKP og gav leiinga i SUKP ei viss slingringsmon. Men vi var reie til å skaffa eit meir heilt bilete og gå til botns i kva som var rett og urett når det trongst. No som det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP har fortald mange lygner om opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene og rengd kjensgjerningane fullstendig, har det difor vorte naudsynt for oss å leggja fram visse kjensgjerningar for å greia ut saka meir noggrant.
I det opne brevet vågar ikkje sentralkomiteen i SUKP seia sanninga til partimedlemmene sine og folkemassane. I staden for å vera opne og ærlege som marxist-leninistar bør vera, grip leiinga i SUKP til den vanlege skikken til borgarlege politikarar, rengjer kjensgjerningane og vasar saman sanning og usanning i ein målmedviten freistnad på å skuva skulda for at meiningsskilnadene har kome til og vakse, over på Kinas Kommunistiske Parti.
Lenin sa ein gong: «Ærleg framferd i politikken er utkomet av styrke: hykling er utkomet av veikskap.»(2)
Ærlegdom og vyrdnad for kjensgjerningane merkjer ut haldninga til marxist-leninistar. Berre dei som har degenerert politisk, treng ljuga for å livberga seg.
Kjensgjerningane er særs veltalande. Kjensgjerningar er beste vitnesbyrdet. Lat oss sjå på kjensgjerningane.
MEININGSSKILNADENE TOK TIL MED DEN 20. KONGRESSEN TIL SUKP
Eit ordtak lyder «Det trengst meir enn ein kald dag før elva frys tre fot djup». Meiningsskilnadene i den internasjonale kommunistrørsla no tok sjølvsagt ikkje til nett i dag.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP spreier den ideen at meiningsskilnadene i den internasjonale kommunistrørsla vart sette i gang av «Lenge leve leninismen!» og to andre artiklar som vi prenta i april 1960. Dette er ei stor lygn.
Kva er sanninga?
Sanninga er at heile rekkja med meiningsskilnader om prinsipp i den internasjonale kommunistrørsla tok til for meir enn sju år sidan.
For å vera konkret tok det til med den 20. kongressen til SUKP 1956.
Den 20. kongressen til SUKP var det fyrste steget etter den revisjonistiske vegen som leiinga i SUKP tok. Frå den 20. kongressen til no har den revisjonistiske lina til leiinga i SUKP gått gjennom prosessen å oppstå, ta form, veksa og verta systematisert. Og ved ein gradvis prosess har folk og kome til å skjøna den revisjonistiske lina til leiinga i SUKP djupare og djupare.
Heilt frå byrjinga meinte vi at fleire av dei synsmåtane som vart fremja på den 20. kongressen om den internasjonale striden og den internasjonale kommunistrørsla i dag var galne. Vi meinte dei krenkte marxismen-leninismen. Særskilt er den fullstendige fornektinga av Stalin under påskot om å «kjempa mot persondyrkinga» og læresetninga om fredeleg overgang til sosialismen etter «den parlamentariske vegen» grove prinsippfeil.
Kritikken av Stalin på den 20. kongressen var galen både i prinsippet og i metoden.
Livet til Stalin var livet til ein stor marxist-leninist, ein stor proletarisk revolusjonær. Stalin var den fremste leiaren av SUKP og av sovjetregjeringa i tretti år etter at Lenin døydde, og likeins den vedkjende leiaren for den internasjonale kommunistrørsla og faneberar for verdsrevolusjonen. Stalin gjorde nokre alvorlege mistak i livstida si, men samanlikna med dei store og prisverdige gjerningane hans er mistaka hans berre underordna.
Stalin ytte store tenester til utviklinga av Sovjetunionen og den internasjonale kommunistrørsla. I artikkelen «Om den historiske røynsla til proletariatets diktatur» som vart prenta i april 1956, sa vi:
Etter at Lenin døydde, brukte og utvikla Stalin marxismen-leninismen på skapande vis som fremste leiaren for partiet og staten. Stalin uttrykte viljen og vonene til folket, og synte seg å vera ein framståande marxist-leninistisk stridsmann i striden til forsvar for den arven leninismen er mot fiendane hans — trotskistane, Sinovjev-tilhengjarane og andre borgaragentar. Stalin vann støtte frå sovjetfolket og spela ei viktig rolle i soga fyrst og fremst av di han forsvarte Lenin si line om industrialisering av Sovjetunionen og kollektivisering av jordbruket, i lag med dei andre leiarane for Sovjetunionens Kommunistiske Parti. Ved å fylgja denne lina førte Sovjetunionens Kommunistiske Parti sosialismen til siger i Sovjetunionen og skapte vilkåra for sigeren for Sovjetunionen i krigen mot Hitler. Desse sigrane til Sovjetunionen samsvara med interessene til arbeidarklassen i verda og heile den progressive menneskeætta. Difor var det naturleg at namnet til Stalin vart æra høgt i heile verda.(3)
Det var naudsynt å kritisera mistaka til Stalin. Men i den hemmelege meldinga til den 20. kongressen fornekta kamerat Khrusjtsjov Stalin fullstendig, og dermed vanæra han proletariatets diktatur, vanæra det sosialistiske systemet, det store SUKP den store Sovjetunionen og den internasjonale kommunistrørsla. Han bruka slett ikkje metoden til eit revolusjonært proletarisk parti med kritikk og sjølvkritikk for å gjera ein oppriktig og alvorleg analyse og oppsummering av den historiske røynsla til proletariatets diktatur. Han for åt mot Stalin som mot ein fiende, og skuvde skulda for alle mistak over på Stalin åleine.
I vondsinna og oppøste vendingar fortalde Khrusjtsjov ein hærskare med lygner i den hemmelege meldinga si og strødde om seg med klagemål om at Stalin hadde «forfylgjingsvanvit», at han tillet seg å vera «brutalt lunut», tok vegen med «masseundertykking og terror», «berre kjende landet og jordbruket frå filmar» og «planla operasjonar på ein globus», at leiinga til Stalin «vart eit alvorleg hinder i vegen for samfunnsutviklinga i Sovjetunionen», og så vidare i det uendelege. Han sletta fullstendig ut dei prisverdige gjerningane til Stalin, han som leidde sovjetfolket i å føra målmedviten strid mot alle indre og ytre fiendar, og oppnådde store resultat i sosialistisk omskiping og sosialistisk oppbygging, som leidde sovjetfolket i å forsvara og grunnfesta det fyrste sosialistiske landet i verda og i å vinna den strålande sigeren i den antifascistiske krigen, og som forsvara og utvikla marxismen-leninismen.
Då han fornekta Stalin fullstendig på den 20. kongressen i SUKP fornekta Khrusjtsjov i røynda proletariatets diktatur og dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen som Stalin forsvara og utvikla. Det var på den kongressen at Khrusjtsjov i meldinga si tok til med å avvisa marxismen-leninismen i fleire prinsippspørsmål.
I meldinga til den 20. kongressen sette Khrusjtsjov fram tesen om «fredeleg overgang», under påskot om at «gjennomgripande endringar» hadde gått føre seg i verdsstoda. Han sa at vegen til Oktoberrevolusjonen var «den einaste rette vegen under dei historiske vilkåra», men at ettersom stoda hadde endra seg, var det blitt råd å få til overgangen frå kapitalisme til sosialisme «etter den parlamentariske vegen». I innhald var denne galne læresetninga ein klår revisjon av den marxist-leninistiske læra om staten og revolusjonen og ei klår fornekting av at vegen til Oktoberrevolusjonen er allment gyldig.
I meldinga sette Khrusjtsjov og spørsmålsteikn ved om læra til Lenin om imperialismen og om krig og fred framleis galdt, under same påskotet om at «gjennomgripande endringar» hadde gått føre seg i verdsstoda. I røynda klussa han med læra til Lenin
Khrusjtsjov måla fram regjeringa i USA og leiaren hennar som folk som gjorde motstand mot krigskreftene, og ikkje som talsmenn for dei imperialistiske krigskreftene. Han sa, «… dei som talar for å avgjera framståande saker ved hjelp av krig, har framleis sterke stillinger der (i USA), og … dei driv framleis og pressar presidenten og administrasjonen hardt.» Han held fram med å seia at imperialistane tok til å vedgå at styrkeposisjons-politikken hadde slått feil og at «teikn på eit visst måtehald kjem til syne» mellom dei. Det var jamgodt med å seia at det var råd for USA-regjeringa og sjefen hennar å ikkje representera interessene til monopolkapitalen i USA, at det var råd for dei å gå frå krigs- og aggresjonspolitikken sin og at dei var blitt til fredsforsvarande krefter.
Khrusjtsjov kunngjorde: «Vi ynskjer å verta vener med USA og samarbeida med dei for fred og internasjonal tryggleik, og også i områda for økonomi og kultur.» Dette galne synet utvikla seg seinare til lina «samarbeid mellom Sovjetunionen og USA for å løysa verdsproblem».
Khrusjtsjov rengde det rette prinsippet til Lenin om fredeleg samlivnad mellom land med ulike samfunnssystem, og kunngjorde at fredeleg samlivnad var «generallina for utanrikspolitikken» til Sovjetunionen. Dette var det same som å stengja den gjensidige hjelpa og samarbeidet dei sosialistiske landa imellom, og likeins hjelp frå dei til dei revolusjonære stridane til dei undertrykte folka og nasjonane, ute frå generallina for utanrikspolitikken til dei sosialistiske landa, eller å underordna alt dette politikken for såkalla «fredeleg samlivnad».
Spørsmåla som leiinga i SUKP reiste på den 20. kongressen, og særleg spørsmålet om Stalin og «fredeleg overgang», er ikkje på noko vis berre indre spørsmål for SUKP. Dei er livsviktige spørsmål som har sams interesse for alle parti. Utan noko førehandsdrøfting med systerpartia drog leiinga i SUKP eigenrådige slutningar. Dei tvinga systerpartia til å godtaka eit fait accompli.(4)
Og under påskot om «strid mot persondyrkinga», blanda dei seg grovt inn i dei indre sakene til systerparti og systerland og freista å undergrava leiingane deira. Slik skauv dei politikken sin med sekterisme og kløyving inn i den internasjonale kommunistrørsla.
Seinare hendingar syner klårare og klårare at revisjonen av og sviket mot marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen som leiarane i SUKP har gjort, har vakse ut or desse mistaka.
KKP har alltid hatt ei prinsipielt anna meining i sitt syn på den 20. kongressen til SUKP og dei leiande kameratane i SUKP veit dette godt. Likevel påstår dei i det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP at Kinas Kommunistiske Parti før støtta den 20. kongressen fullt ut, at vi «har snudd 180°» i vurderinga vår av den 20. kongressen, og at stillinga vår er full av «vakling og vingling» og er «falsk».
Det er uråd for leiinga i SUKP å stengja himmelen ute med ei hand. La kjensgjerningane tala sjølve.
Ved mange høve i indre drøftingar etter den 20. kongressen i SUKP har leiande kameratar frå sentralkomiteen i KKP alvorsfullt kritisert mistaka til SUKP-leiinga.
I april 1956, mindre enn to månader etter den 20. kongressen, i samtalar både med kamerat Mikojan, som er medlem av presidiet i sentralkomiteen til SUKP, og med den sovjetiske ambassadøren i Kina, uttrykte kamerat Mao Tsetung synet vårt på spørsmålet om Stalin. Han understreka at Stalins «fortenester veg tyngre enn feila hans» og at det var naudsynt å «gjera ein konkret analyse» og ei «allsidig vurdering» av Stalin.
Den 23. oktober 1956 tok kamerat Mao Tsetung mot den sovjetiske ambassadøren i Kina. Då påpeika han: «Stalin fortener å verta kritisert, men vi er ikkje samde i den metoden for kritikk, og det er sume andre saker vi ikkje er samde i.»
Den 30. november 1956 tok kamerat Mao Tsetung mot den sovjetiske ambassadøren i Kina. Då peika han atter på at den grunnleggjande politikken og lina under perioden då Stalin sat ved makta, var rette og at metodar som vert nytta mot fiendar ikkje må verta brukte mot kameratar.
Kamerat Liu Shao-chi hadde ein samtale med leiarar for SUKP i oktober 1956, og kamerat Chou En-lai hadde samtalar den 1. oktober 1956 med utsendingsgruppa frå SUKP til det åttande landsmøtet til KKP, og med leiarar for SUKP den 18. januar 1957. Båe uttrykte og synet vårt på Stalin-spørsmålet, og båe retta kritikk mot mistaka til leiarane i SUKP, i hovudsak som «fullstendig mangel på heilskapsanalyse» av Stalin, «mangel på sjølvkritikk» og «de let vera å samrå dykk med systerpartia på førehand.»
I indre drøftingar med kameratar frå SUKP slo leiande kameratar frå sentralkomiteen i KKP og fast kvar vi hadde ei anna meining i spørsmålet om fredeleg overgang. Dessutan gav sentralkomiteen i KKP eit skriftleg «Omriss av synsmåtar på spørsmålet om fredeleg overgang» i november 1957, som forklåra synspunktet til KKP dekkjande og klårt.
I dei mange indre drøftingane med kameratar frå SUKP la leiande kameratar frå sentralkomiteen i KKP og systematisk fram syna våre på den internasjonale stoda og strategien til den internasjonale kommunistrørsla, som viste beinveges til mistaka frå den 20. kongressen i SUKP.
Dette er greie kjensgjerningar. Korleis kan leiinga i SUKP sletta dei ut ved å ljuga oss opp i andletet?
For å freista å løyna desse viktige kjensgjerningane gjev sentralkomiteen i SUKP i det opne brevet att offentlege utsegner rivne ut or samanhengen av kameratane Mao Tsetung, Liu Shao-chi og Teng Hsiao-ping, for å syna at Kinas Kommunistiske Parti ein gong stadfesta den 20. kongressen til SUKP fullt ut. Dette er fåfengd.
Røyndomen er at ikkje nokon gong eller nokon stad stadfesta Kinas Kommunistiske Parti fullt ut den 20. kongressen til SUKP eller sa seg samd i den fullstendige fornektinga av Stalin eller skreiv under på synet om fredeleg overgang til sosialismen ved den «parlamentariske vegen».
Ikkje lenge etter den 20. kongressen til SUKP den 5. april 1956, prenta vi «Om den historiske røynsla til proletariatets diktatur». Så, den
29.desember 1956, prenta vi «Meir om den historiske røynsla til proletariatets diktatur». Medan dei slo attende den antikommunistiske bakvaskinga, gjorde desse to artiklane ein heilskapleg analyse av livet til Stalin, stadfesta at vegen til Oktoberrevolusjonen er allment gyldig, oppsummerte den historiske røynsla til proletariatets diktatur og kritiserte taktfult, men utvetydig, dei galne påstandane frå den 20. kongressen. Er ikkje dette ei velkjend kjensgjerning?
Etter den 20. kongressen til SUKP har Kinas Kommunistiske Parti halde fram med å syna portrettet av Stalin ved sida av portretta av dei andre store revolusjonære leiarane, Marx, Engels og Lenin. Er ikkje dette og ei velkjend kjensgjerning?
Det trengst sjølvsagt at det vert sagt at for skuld einskapen mot fienden og av omsyn til den vanskelege stillinga leiarane i SUKP var i, let vi vera med open kritikk av feila frå den 20. kongressen i dei dagane, av di imperialistane og dei reaksjonære i alle land utnytta desse feila og dreiv med oppøst verksemd mot Sovjetunionen, mot kommunismen og mot folket, og dessutan av dei leiarane for SUKP ikkje hadde gått så langt vekk frå marxismen-leninismen som di gjorde seinare. Vi vona inderleg den gongen at leiarane i SUKP ville retta opp feila sine att. På grunn av det freista vi støtt å leita fram positive sider og ved offentlege høve gav vi dei den støtta som var høveleg og naudsynt.
Trass i det, ved å leggja vekt på positive lærdomar og prinsipp i dei offentlege talane sine, forklåra leiande kameratar i sentralkomiteen i KKP stillinga vår med omsyn til den 20. kongressen i SUKP.
I det opne brevet påstår sentralkomiteen i SUKP at kamerat Liu Shao-chi stadfesta den 20. kongressen til SUKP fullt ut i den politiske meldinga til det åttande landsmøtet i KKP. Men det var nett i denne meldinga at kamerat Liu Shao-chi snakka om lærdomane frå den kinesiske revolusjonen og forklåra at vegen med «fredeleg overgang» var galen og ikkje let seg gjennomføra.
I det opne brevet påstår sentralkomiteen i SUKP at kamerat Teng Hsiao-ping stadfesta «striden mot persondyrkinga» som vart ført på den 20. kongressen fullt ut i meldinga si til det åttande landsmøtet i KKP om revisjonen av partivedtektene. Men det var nett i denne meldinga at kamerat Teng Hsiao-ping døfta demokratisk sentralisme i partiet og tilhøvet mellom leiarane og massane etter måten grundig, forklåra den prinsippfaste og rette arbeidsstilen til partiet vårt, og kritiserte slik i røynda mistaket den 20. kongressen gjorde om «striden mot persondyrkinga».
Er det noko gale med den måten vi gjekk fram? Har vi ikkje gjort nett det eit marxist-leninistisk parti bør gjera ved å halda fast på prinsippa og hevda einskapen?
Korleis kan denne prinsippfast rette haldninga til Kinas Kommunistiske Parti andsynes den 20. kongressen verta skildra som full av «vingling og vakling», som «falsk» og som uttrykk for «ein snunad på 180°»?
Når sentralkomiteen i SUKP kom med desse klagemåla mot oss i det opne brevet, trudde han kan henda at han kunne nekta for kritikken vi kom med av di han berre var kjend for nokre få leiarar i SUKP, og at han kunne bruka usanningar til å narra dei breie massane av medlemmene i SUKP og sovjetfolket. Men provar ikkje dette i seg sjølv at det er usant?
DEN 20. KONGRESSEN TIL SUKP FEKK ALVORLEGE FYLGJER
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP kunngjer høglydt dei «strålande» og «storlagde resultata» frå den 20. kongressen.
Men soga let seg ikkje endra. Folk som ikkje lid av for stutt minne vil hugsa at gjennom dei mistaka han gjorde, laga ikkje den 20. kongressen «strålande» og «storlagde resultat», men han vanheidra Sovjetunionen, proletariatets diktatur og sosialismen og kommunismen, og gav eit høve til imperialistane, dei reaksjonære og alle dei andre fiendane av kommunismen, med umåteleg alvorlege fylgjer for den internasjonale kommunistrørsla.
Etter kongressen var imperialistane og reaksjonære over alt oppblåste av hovmod, og dei piska opp ei verdsfemnande flodbylgje mot Sovjetunionen, mot kommunismen og mot folket. USA-imperialistane såg på det utøymde åtaket mot Stalin ved leiinga i SUKP som noko «så høveleg for våre føremål som det kunne vera»,(5) dei snakka ope om å bruka den løynlege meldinga til Khrusjtsjov som «eit våpen til å øydeleggja det høge ryet og innverknadsmakta til kommunistrørsla med»(6) og dei nytta høvet til å tala for «fredeleg omforming» i Sovjetunionen.(7)
Tito-klikken vart svært aggressiv. Dei slo om seg med det reaksjonære slagordet «anti-stalinisme» og gjekk til vilt åtak på proletariatets diktatur og det sosialistiske systemet. Dei kunngjorde at den 20. kongressen i SUKP «skapte nok element» for «den nye retninga» som Jugoslavia hadde teke til med og at «spørsmålet no er om denne retninga kjem til å vinna eller om stalinismeretninga vil vinna att.»(8)
Trotskistane, fiendar av kommunismen, som hadde vore i ein fortvila situasjon, tok no til å arbeida som galne att. I sitt Manifest til arbeidarane og folka i heile verda sa den såkalla Fjerde internasjonalen:
«I dag, når leiarane i Kreml sjølve vedgår brotsverka til Stalin, sannkjenner dei implisitt at den utrøytande striden … som den verdsfemnande trotskistrørsla førte mot degenereringa av arbeidarstaten var heilt på sin plass.»
Mistaka frå den 20. kongressen førte til stor ideologisk forvirring i den internasjonale kommunistrørsla og gjorde at ho vart overfløymt av revisjonistiske tankar. Saman med imperialistane, dei reaksjonære og Tito-klikken gjekk overløparar frå kommunismen i mange land til åtak på marxismen-leninismen og den internasjonale kommunistrørsla.
Dei mest slåande mellom hendingane som gjekk føre seg i denne perioden, var episoden i tilhøvet mellom Polen og Sovjetunionen og det kontrarevolusjonære opprøret i Ungarn. Dei to hendingane var ulike i innhald. Men leiinga i SUKP gjorde alvorlege mistak begge gongene. Då dei rykka fram troppar i ein freistnad på å underkua dei polske kameratane med våpenmakt, gjorde dei det mistaket å handla som stormaktssjåvinistar. Og i den avgjerande augneblinken då den ungarske kontrarevolusjonen hadde hærteke Budapest, tenkte dei ei tid på å knesetja ein knefallspolitikk og overgje det sosialistiske Ungarn til kontrarevolusjonen.
Desse mistaka som leiinga i SUKP gjorde, bles opp hovmodet til alle fiendar av kommunismen, skapte alvorlege vanskar for mange systerparti og valda stor skade på den internasjonale kommunistrørsla.
Andsynes denne stoda kravde Kinas Kommunistiske Parti og andre systerparti som held fast ved marxismen-leninismen, fast at overfallet frå imperialismen og reaksjonen vart slege attende og at ein skulle verna det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla. Vi stod hardt på at alle naudsynte tiltak for å knusa det kontrarevolusjonære opprøret i Ungarn vart tekne, og stod fast mot at det sosialistiske Ungarn vart gjeve opp. Vi stod hardt på at rette prinsipp skulle verta fylgde når problem mellom systerparti vert handsama, slik at einskapen i det sosialistiske lægeret vart styrkt, og vi gjekk fast mot dei galne stormaktssjåvinistiske metodane. Samstundes gjorde vi ein svært stor innsats for å vakta om ryet til SUKP.
Den gongen godtok leiarane i SUKP framlegget vårt, og den
30.oktober 1956 sende dei ut sovjetregjeringa si «Kunngjering om grunnlaget for utviklinga og den vidare styrkinga av venskapen og samarbeidet mellom Sovjetunionen og andre sosialistiske land», der dei granska nokre av dei tidlegare mistaka sine i handsaminga av tilhøva til systerland. Den 1. november sende den kinesiske regjeringa ut ei utsegn som uttrykte støtte til kunngjeringa frå sovjetregjeringa.
Alt dette gjorde vi til beste for den internasjonale kommunistrørsla, og også for å overtelja leiarane i SUKP til å dra dei rette lærdomane og retta opp mistaka sine i god tid, og ikkje skli lenger vekk frå marxismen-leninismen. Men hendingar etter det synte at leiarane i SUKP bar nag til oss og såg på KKP som held fast ved den proletariske internasjonalismen, som det største hinderet for den galne lina si.
MØTET MELLOM SYSTERPARTI I MOSKVA 1957
Møtet i 1957 mellom talsmenn frå kommunistpartia gjekk føre seg i Moskva, etter at dei tunge åtaka frå imperialistane og dei reaksjonære frå ulike land mot den internasjonale kommunistrørsla var slegne attende.
I det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP står det at den 20. kongressen i SUKP spela ei «enorm rolle» i å avgjera generallina til den internasjonale kommunistrørsla. Kjensgjerningane syner det motsette. Dei galne synsmåtane frå den 20. kongressen i mange viktige prinsippspørsmål vart avviste og retta av møtet for systerparti i 1957.
Den velkjende Fråsegna frå 1957 som Moskva-møtet vedtok oppsummerte røynsla til den internasjonale kommunistrørsla, slo fast dei sams stridsoppgåvene til alle kommunistpartia, stadfesta at vegen til Oktoberrevolusjonen er allment gyldig, streka opp dei sams lovene som styrer den sosialistiske revolusjonen og den sosialistiske oppbygginga og fastsette dei prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland. Den sams lina for den internasjonale kommunistrørsla som vart utarbeidd slik på møtet, inneheld dei revolusjonære marxist-leninistiske prinsippa og står i strid med dei galne synsmåtane som vik av frå marxismen-leninismen, som vart fremja av den 20. kongressen. Prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland som er fastsette i Fråsegna, er konkrete uttrykk for prinsippet om proletarisk internasjonalisme og står i motstrid til stormaktssjåvinismen og sekterismen til leiinga i SUKP.
Utsendingsgruppa frå KKP som var leia av kamerat Mao Tsetung, gjorde ein heil del arbeid på møtet. På den eine sida hadde ho omfattande samrådingar med leiarane i SUKP, og der det var naudsynt og høveleg førte ho strid mot dei for å hjelpa dei til å retta mistaka sine. På den andre sida hadde ho fleire gonger synsutvekslingar med leiarane for andre systerparti for at det skulle kunna verta utarbeidd eit sams dokument som alle kunne godtaka.
På dette møtet var det viktigaste stridspunktet mellom oss og utsendingsgruppa frå SUKP overgangen frå kapitalisme til sosialisme. I det opphavlege utkastet til Kunngjeringa stod leiinga i SUKP hardt på at dei galne synsmåtane frå den 20. kongressen skulle med. Det opphavlege utkastet sa. ikkje eit ord om ikkje-fredeleg overgang og nemnde berre fredeleg overgang. Dessutan skildra det fredeleg overgang som «å sikra eit fleirtal i parlamentet og omskipa parlamentet frå ein reiskap for det borgarlege diktaturet til ein reiskap for ei ekte folkestatsmakt». I røynda bytta det ut vegen til Oktoberrevolusjonen med den «parlamentariske vegen» som opportunistane i Den andre internasjonalen gjekk inn for, og klussa med den grunnleggjande marxist-leninistiske teorien om staten og revolusjonen.
Kinas Kommunistiske Parti gjekk målmedvite mot dei galne synsmåtane som utkastet til Fråsegn inneheldt slik leiinga i SUKP la det fram. Vi uttrykte synsmåtane våre på dei to utkasta som sentralkomiteen i SUKP la fram etter kvarandre, og gjorde retteleg mange store prinsipp-endringar som vi så la fram som vårt eige reviderte utkast. Så vart det halde fleire drøftingar mellom utsendingsgruppene frå det kinesiske og det sovjetiske partiet på grunnlag av det reviderte utkastet vårt, før det sams utkastet til kunngjering frå SUKP og KKP vart lagt fram for utsendingsgruppene frå dei andre systerpartia til uttaling.
Som resultat av det sams strevet til utsendingsgruppene frå KKP og dei andre systerpartia vedtok møtet til slutt den utgåva av Fråsegna som står no, som inneheldt to store endringar i spørsmålet om overgang frå kapitalisme til sosialisme samanlikna med den fyrste utgåva som leiarane i SUKP la fram. For det fyrste, sjølv om Fråsegna peikar på at det er råd med fredeleg overgang, peikar ho og på vegen for ikkje-fredeleg overgang og understrekar at «leninismen lærer og røynsle stadfester at herskarklassen aldri gjev frå seg makta friviljug». For det andre, sjølv om Fråsegna snakkar om å sikra «eit fast fleirtal i parlamentet», strekar ho under at det trengst «å setja i gang massestrid utanom parlamentet, å knusa motstanden frå dei reaksjonære styrkane og skapa dei naudsynte vilkåra for å gjera den sosialistiske revolusjonen til røyndom på fredeleg vis».
Trass i desse endringane var ordlegginga av Fråsegna framleis utilfredsstillande i spørsmålet om overgang frå sosialismen til kapitalismen. Vi gav til slutt etter på det punktet berre av omsyn til det ynskjet som leiarane i SUKP tok opp att fleire gonger, om at ordlegginga skulle syna noko samband med ordlegginga frå den 20. kongressen.
Men vi gav sentralkomiteen i SUKP eit omriss av synsmåtane våre på spørsmålet om fredeleg overgang, der synsmåtane til KKP vart forklåra dekkjande og klårt. Omrisset strekar under dette:
«Slik stoda er no i den internasjonale kommunistrørsla, er det med omsyn til taktikken til føremon for oss å nemna ynskjet om fredeleg overgang. Men det ville vera uhøveleg å leggja for mykje vekt på at fredeleg overgang er mogleg.»
«Dei (proletariatet og kommunistpartiet) må alltid vera budd på å slå attende kontrarevolusjonære åtak, og i den avgjerande augneblinken i revolusjonen då arbeidarklassen tek statsmakta, må dei vera budde på å styrta borgarskapet med våpenmakt dersom borgarskapet nyttar våpenmakt for å undertrykkja folkerevolusjonen (generelt sagt til vanleg er det ikkje til å unngå at borgarskapet vil gjera det).»
«Å oppnå fleirtal i parlamentet er ikkje det same som å knusa det gamle statsmaskineriet (fyrst og fremst dei væpna styrkane). Med mindre det militærbyråkratiske statsmaskineriet til borgarskapet vert knust, vil eit fleirtal i parlamentet for proletariatet og deira pålitande allierte anten vera umogleg… eller upålitande…»
(Sjå Tillegg 1)
Takk vera det sams strevet frå utsendingsgruppene frå KKP og andre systerparti, retta Fråsegna og opp dei galne synsmåtane som SUKP-leiinga hadde lagt fram på den 20. kongressen i slike spørsmål som imperialismen og krig og fred, og ho fekk lagt til mange viktige punkt i fleire prinsippspørsmål. Dei viktigaste tillegga var tesen om at USA-imperialismen er sentrum for verdsreaksjonen og den svorne fienden til folket, tesen om at imperialismen ville døma seg sjølv til undergang dersom han sleppte laus ein verdskrig, dei sams lovene som styrer den sosialistiske revolusjonen og bygginga av sosialismen. Prinsippet om å sameina den allmenngyldige sanninga i marxismen-leninismen med den konkrete gjennomføringa av revolusjonen og oppbygginga i ulike land, formuleringa om kor viktig det er å nytta den dialektiske materialismen i praktisk arbeid, tesen om at når arbeidarklassen grip den politiske makta tek revolusjonen til, han tek ikkje slutt. Tesen om det vil taka ganske lang tid å løysa spørsmålet om kven som skal vinna — kapitalismen eller sosialismen, tesen om at det at det finst borgarleg innverknad er ein indre kjelde til revisjonisme, medan det å gje etter for press frå imperialismen er den ytre kjelden. Og så bortetter.
Samstundes gjekk utsendingane frå KKP med på nokre naudsynte kompromiss. I tillegg til ordlegginga om spørsmålet om fredeleg overgang, var vi usamde i tilvisinga til den 20. kongressen i SUKP. Vi gjorde framlegg om endringar. Men for å visa omsyn for den vanskelege stillinga til leiinga i SUKP den gongen, stod vi ikkje hardt på kravet om endringar.
Kven kunna ha tenkt seg at leiinga i SUKP ville nytta desse ettergjevnadene, som vi gjorde av omsyn til dei større interessene, som orsaking for å utdjupa meiningsskilnadene og skapa ei kløyving i den internasjonale kommunistrørsla?
I det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP vert vedtaket frå den 20. kongressen i SUKP heile tida jamstelt med Fråsegna frå 1957, i freistnaden på å setja den galne lina frå den 20. kongressen i staden for den sams lina til den internasjonale kommunistrørsla. Vi har peika på for lenge sidan, og meiner no at det er naudsynt å ta opp att, at i samsvar med prinsippet om at alle systerparti er sjølvstendige og likeverdige, har ingen rett til å krevja av systerparti at dei godtek vedtaka frå kongressen ti eit parti, eller for den saks skuld noko som helst anna. Og vedtaka frå ein partikongress, same kva for parti det gjeld, kan ikkje verta rekna som den sams lina for den internasjonale kommunistrørsla, og kan ikkje ha bindande verknad for dei andre systerpartia. Berre marxismen-leninismen og dei dokumenta som er vedtekne samrøystes er den sams samlinga av prinsipp som bind oss og alle systerparti.
REVISJONISMEN TIL SUKP-LEIINGA VEKS
Etter Moskva-møtet i 1957, med si samrøystes vedtekne Fråsegn, vona vi at leiinga i SUKP ville fylgja den låna som er fastlagd i Fråsegna og retta feila sine. Vi er lde for å seia at heilt på tvers av vonene som vi og alle andre marxist-leninistiske systerparti hadde, gjorde SUKP-leiinga seg skuldig i meir og meir alvorlege brot på dei revolusjonære prinsippa i Fråsegna og prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland, og gjekk lenger og lenger vekk frå marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen. Revisjonismen til SUKP-leiinga voks. Denne utviklinga utdjupa meiningsskilnadene i den internasjonale kommunistrørsla og førte dei vidare til eit nytt steg.
Leiinga i SUKP såg heilt bort frå den sams slutninga i 1957-fråsegna om at USA-imperialismen er fienden til heile folket i verda. Leiinga i SUKP la heile sjela si i å få til samarbeid med USA-imperialismen og i å få til at verdsproblem skulle løysast av sjefane i Sovjetunionen og USA. Særleg i tida omkring Camp David-samtalane i september 1959 priste Khrusjtsjov Eisenhower til skyene, helsa han som ein mann som «folket i USA lit heilt og fullt på»(9), og som «og uroar seg for å tryggja freden nett som vi gjer.»(10) Dessutan dreiv kameratar i SUKP energisk reklame for den såkalla «anden frå Camp David», som Eisenhower sjølv nekta for fanst, og dei hevda at han merkte av «ein ny tidbolk i internasjonale tilhøve»(11) og «eit vendepunkt i soga».(12)
Leiarane i SUKP såg fullstendig bort frå den revolusjonære lina i 1957-Fråsegna. I utsegner frå Khrusjtsjov og i sovjetpressa tok SUKP-leiarane kraftig til orde for den revisjonistiske lina si for «fredeleg samlivnad», «fredeleg kappestrid», og «fredeleg overgang», rosa «visdomen» og «godviljen» til imperialistane, messa at «ei verd utan våpen, utan væpna styrkar, og utan krigar», kunne gjerast til røyndom medan størstedelen av jordkloten framleis vart styrt og kontrollert av imperialismen,(13) at universell og fullstendig nedrusting kunne «opna noko som verkeleg ville vera ein ny tidbolk i den økonomiske utviklinga til Asia, Afrika og Latin-Amerika»,(14) osb., osb.
SUKP prenta mange bøker og artiklar der dei klussa med dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen, vatna ut den revolusjonære anden i dei og propaganderte dei revisjonistiske syna sine i områda for filosofi, politisk økonomi, sosialistisk og kommunistisk teori, soge, litteratur og kunst.
Leiinga i SUKP freista aktivt å tvinga dei galne synsmåtane sine på dei internasjonale demokratiske organisasjonane, og endra dei rette linene deira. Eit døme som peikar seg ut er framferda til dei sovjetiske kameratane på Peking-møtet for generalrådet for verdssamanslutninga av fagforbund i juni 1960.
Leiarane i SUKP såg fullstendig bort frå prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland som vart fastsette i 1957-Fråsegna. Dei var ivrige etter å stå seg godt med USA-imperialismen, og gav seg av med uhemma verksemd mot Kina. Dei såg på Kinas Kommunistiske Parti, som held seg til marxismen-leninismen, som eit hinder for den revisjonistiske lina si. Dei trudde dei hadde løyst dei indre problema sine og hadde «stabilisert» si eiga stilling, og difor kunne dei trappa opp politikken å «vera ven med fiendar og hard mot vener».
I 1958 sette SUKP-leiinga fram urimelege krav som var meinte til å setja Kina under sovjetisk militær kontroll. Desse urimelege krava vart rett og fast avviste av den kinesiske regjeringa. Ikkje lenge etter, i juni 1959, reiv sovjetregjeringa einsidig sund avtalen om ny teknologi til det nasjonale forsvaret, som Kina og Sovjetunionen hadde slutta i oktober 1957, og nekta å gje Kina ei prøve på ei atombombe og tekniske opplysningar om korleis ein lagar dei.
Så, rett før Khrusjtsjov vitja USA, køyrde leiinga i SUKP ut TASS-utsegna den 9. september om hendinga på grensa mellom Kina og India, og tok parti for dei reaksjonære i India, trass i at Kina protesterte gong på gong. På den måten førte SUKP-leiinga meiningsskilnadene med Kina ut på open scene føre heile verda.
Det at SUKP-leiinga reiv sund avtalen om ny teknologi til nasjonalt forsvar, og at dei sende ut utsegna om grensesamanstøyten mellom Kina og India rett før Khrusjtsjov vitja USA, var gjestegåver til Eisenhower for å stå seg godt med USA-imperialistane og skapa den såkalla «anden frå Camp David».
Leiarane for SUKP og skrifter utgjevne i Sovjetunionen har og retta mange giftige åtak mot innanrikspolitikken og utanrikspolitikken til Kinas Kommunistiske Parti. Desse åtaka vart mest utan unntak leidde av Khrusjtsjov sjølv. Han let det skina gjennom at den sosialistiske oppbygginga til Kina «hoppa over eit steg» og var «likskapskommunisme»(15) og at folkekommunane i Kina var «reaksjonære i innhald».(16) Han tala vondt om Kina ved å ymta om at Kina var krigersk, skuld i.«eventyrpolitikk»(17) og så bortetter. Då han kom attende frå Camp David-samtalane, gjekk han så langt at han freista å bløffa Kina med USA-samansverjinga om «to Kina».(18) Og på statsbanketten
som feira tiårsdagen for grunnleggjinga av Folkerepublikken Kina, las han Kina teksten mot å «prøva stabiliteten i det kapitalistiske systemet med makt».
Denne lina med revisjonisme og kløyving som leiinga i SUKP fylgde, skapte alvorleg forvirring i rekkjene til den internasjonale kommunistrørsla. Det verka som om USA-imperialismen hadde slutta å vera den svorne fienden til folka i verda. Eisenhower vart helsa velkomen av visse kommunistar som eit «fredssendebod». Marxismen-leninismen og Fråsegna frå 1957 såg ut til å vera forelda.
Under desse omstenda prenta Kinas Kommunistiske Parti «Lenge leve leninismen!» og to andre artiklar i april 1960, for å verja marxismen-leninismen og rydda opp i den ideologiske forvirringa i den internasjonale kommunistrørsla. Vi heldt oss til det prinsippfaste standpunktet vårt med å halda fast ved prinsippa og hevda einskapen, og samla oss om å forklåra dei revolusjonære læresetningane i 1957-Fråsegna og dei grunnleggjande marxist-leninistiske teoriane om imperialismen, krig og fred, proletarisk revolusjon og proletariatets diktatur. Synsmåtane i desse tre artiklane var heilt og halde ulike den rekkja galne synsmåtar som leiarane i SUKP propaganderte. Men av omsyn til dei større interessene let vi vera å kritisera kameratane i SUKP offentleg og retta spjutodden i striden mot imperialistane og dei jugoslaviske revisjonistane.
I det opne brevet brukar sentralkomiteen i SUKP mykje krefter på å rengja og gå til åtak på «Lenge leve leninismen!» og dei andre to artiklane, men han er ute av stand til å stø oppunder åtaka sine med noko overtydande argument. Vi vil gjerne stilla dette spørsmålet: Under dei omstenda, burde vi ha tagd still om dei galne syna og meiningslause argumenta som hadde kome i omlaup? Hadde vi ikkje rett, og i sanning plikt, til å stiga fram til forsvar for marxismen-leninismen og Fråsegna frå 1957?
LEIINGA I SUKP GÅR TIL OVERRASKINGSÅTAK PÅ KKP
Ei veke etter at artikkelen «Lenge leve leninismen!» og dei andre to artiklane våre vart prenta, trengte eit amerikansk U-2 fly seg inn på Sovjetisk luftområde, og USA braut av førebuingane til firemaktstoppmøtet. «Anden frå Camp David» vart aldeles borte. Slik stadfesta hendingane våre syn.
Andsynes erkefienden var det svært viktig for kommunistpartia i Kina og Sovjetunionen og systerpartia i heile verda å kvitta seg med meiningsskilnadene sine, styrkja einskapen og føra ein sams strid mot fienden. Men det var ikkje det som hende. Sommaren 1960 vart meiningsskilnadene i den internasjonale kommunistrørsla utvida, ein kampanje i stor målestokk vart sett i gang mot Kinas Kommunistiske Parti, og leiinga i SUKP utvida dei ideologiske meiningsskilnadene mellom partia i Kina og Sovjetunionen til å gjelda området for tilhøve mellom statar.
Tidleg i juni 1960 kom sentralkomiteen i SUKP med framlegg om at ein skulle nytta det tredje landsmøtet til Det rumenske arbeidarpartiet, som skulle haldast i Bucuresti seinare i juni, som høve til å møtast for talsmenn frå alle kommunistpartia og arbeidarpartia i alle dei sosialistiske landa, og dei kunne utveksla syn på den internasjonale stoda etter at USA gjorde at firemaktstoppmøtet slo feil. Kinas Kommunistiske Parti likte ikkje denne tanken med eit hastverksmøte, og heller ikkje at det skulle vera eit møte med talsmenn berre for partia i dei sosialistiske landa. Vi kom med det positive framlegget at det burde skipast eit møte for talsmenn frå alle kommunistparti og arbeidarparti i verda, og heldt på at det trongst tilstrekkelege førebuingar for å gjera møtet vellukka. Framlegget vårt fekk tilslutning frå SUKP. Etter det vart dei to partia samde om at som førebuing for det internasjonale møtet, kunne talsmenn for systerpartia som var til stades ved det tredje landsmøtet til det rumenske arbeidarpartiet, førebels utveksla syn på dag og stad for møtet, men ikkje taka noka avgjerd.
I Bucuresti vart vi opp i under då leiarane i SUKP gjekk attende på ordet sitt og sleppte laus eit overraskingsoverfall på Kinas Kommunistiske Parti og vende spjutodden i striden mot oss og ikkje mot USA-imperialismen.
Bucuresti-møtet for talsmenn frå systerparti gjekk føre seg frå 24. til
26.juni. Det er blank lygn når det vert skildra som eit møte med «kameratsleg hjelp» til Kinas Kommunistiske Parti i brevet frå sentralkomiteen i SUKP.
Rett før møtet delte sanneleg utsendingsgruppa frå SUKP med Khrusjtsjov i brodden ut eit informasjonsbrev dagsett 21. juni frå sentralkomiteen i SUKP til sentralkomiteen i KKP, til utsendingane for nokre systerparti, og las det høgt for utsendingane frå andre land. Dette informasjonsbrevet bakvaska KKP utan grunn og gjekk til åtak på det langs heile lina. Det var eit program for den anti-Kina-kampanjen som vart sett i gang av leiinga i SUKP.
På møtet greip Khrusjtsjov leiinga i å skipa eit stort stormåtak frå alle kantar mot Kinas Kommunistiske Parti. I talen sin skjelte han lauskjefta ut Kinas Kommunistiske Parti som «galningar», «ute etter å sleppa laus krig», «lyfter fana til dei imperialistiske monopolkapitalistane», «er reine nasjonalistar» i det kinesisk-indiske grensespørsmålet og bruker «trotskist-metodar» mot SUKP. Sume av talsmennene for systerparti lydde Khrusjtsjov og tok opp tråden etter han, klaga og KKP lauskjefta for å vera «dogmatisk», «venstre-eventyrarar», «psevdorevolusjonært», «sekterisk», «verre enn Jugoslavia» og så bortetter i det uendelege.
Anti-Kina-kampanjen som Khrusjtsjov sette i gang på det møtet var og ei overrasking for mange systerparti. Talsmennene for fleire marxist-leninistiske systerparti tok den galne handlinga til leiinga i SUKP ille opp.
På dette møtet nekta utsendingsgruppa frå Arbeidets Parti i Albania å lyda peikestokken til leiinga for SUKP og gjekk fastrådd mot den sekteriske verksemda deira. Dermed såg leiarane i SUKP på Arbeidets Parti i Albania som ein tagg i kjøtet. Etter det tok dei stadig beiskare tiltak mot Arbeidets Parti i Albania.
Kan ein kalla dette nedrige åtaket på KKP som leiinga i SUKP sette i gang for «kameratsleg hjelp»? Sjølvsagt ikkje. Det var ei førehandsskipa anti-kinesisk førestilling som leiinga i SUKP sette i scene. Det var eit alvorleg og grovt brot mot dei prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti slik dei er fastsette i 1957-Fråsegna. Det var eit åtak i stor målestokk på eit marxist-leninistisk parti frå revisjonistane, representerte ved leiarane i SUKP.
Under desse omstenda førte Kinas Kommunistiske Parti ein like-for-like-strid mot leiinga i SUKP til forsvar for stillingane til marxismen-leninismen og prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti slik dei er fastsette i Fråsegna. Av omsyn til dei større interessene skreiv utsendingsgruppa frå KKP under på meldinga frå møtet, og samstundes, den 26. juni 1960, delte ho ut ei skriftleg kunngjering etter instruks frå sentralkomiteen i KKP. I denne kunngjeringa peikar utsendingsgruppa frå KKP på at framferda til Khrusjtsjov på Bucuresti-møtet sette eit umåteleg dårleg føredøme i den internasjonale kommunistrørsla. Det kunngjorde høgtideleg:
«Det finst meiningsskilnader mellom oss og kamerat Khrusjtsjov i ei rekkje grunnleggjande prinsipp i marxismen-leninismen.» «Framtida for den internasjonale kommunistrørsla avheng av trongen og stridane til folket i alle land og av den rettleiinga marxismen-leninismen gjev, og kjem aldri til å verta avgjort av peikestokken til eit einskildmenneske.» «… partiet vårt trur på og lyder sanninga i marxismen-leninismen og berre marxismen-leninismen, og vil aldri bøya seg for galne synsmåtar som står i strid med marxismen-leninismen.» (Sjå Tillegg II.)
Leiarane for SUKP forsona seg ikkje med at dei ikkje greide å kua Kinas Kommunistiske Parti i Bucuresti. Rett etter Bucuresti-møtet la dei meir press på Kina ved å taka ei rekkje steg for å utvida dei ideologiske meiningsskilnadene mellom partia i Kina og Sovjet til området for tilhøve mellom statar.
I juli tok sovjetregjeringa brått ei einsidig avgjerd om å kalla attende alle sovjetiske ekspertar i Kina innan ein månad, og dermed reiv dei i stykker hundretals med avtalar og kontrakter. Den sovjetiske sida kasta einsidig vrak på avtalen om å gje ut tidsskriftet Druzhba (Venskap) i Kina for sovjetiske lesarar og Su Chung Hao (Sovjetisk-kinesisk venskap) i Sovjetunionen for kinesiske lesarar og om å spreia dei etter gjensidige vilkår. Ho gjekk til det uheimla steget å krevja at den kinesiske regjeringa skulle kalla attende eit medlem av staben ved den kinesiske ambassaden i Sovjetunionen. Og ho pressa fram uro på grensa mellom Kina og Sovjetunionen.
Det ser ut til at leiarane for SUKP tenkte seg at berre dei veifta med staven, samla saman ein flokk skarprettarar til å gå til åtak frå alle kantar og nytta umåteleg stort politisk og økonomisk press, kunne dei tvinga Kinas Kommunistiske Parti til å gå frå det marxist-leninistiske og proletariske standpunktet sitt og bøya seg for dei revisjonistiske og stormaktssjåvinistiske pålegga deira. Men det herda og gjennomprøvde Kinas Kommunistiske Parti og det kinesiske folket let seg korkje overvinna eller kua. Dei som freista å underkua oss ved å stella i stand eit overfall frå alle kantar og nytta press, rekna fullstendig feil.
Vi vil la detaljane om korleis leiinga i SUKP saboterte tilhøvet mellom Kina og Sovjetunionen stå over til andre artiklar. Her skal vi rett og slett peika på at i spørsmålet om tilhøvet mellom Kina og Sovjetunionen rettar det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP usanne klagemål mot Kina for å utvida dei ideologiske meiningsskilnadene til området for statstilhøve og for å innskrenka handelen mellom dei to landa. Samstundes løyner dei med vilje at Sovjetregjeringa drog attende alle ekspertane sine frå Kina og einsidig reiv sund hundrevis av avtalar og kontraktar. og det var desse einsidige handlingane frå Sovjetunionen si side som gjorde at handelen mellom Kina og sovjetunionen skrumpa inn.
Det er verkeleg syrgjeleg at leiinga i SUKP narrar medlemene sine og sovjetfolket på slik ein skamlaus måte.
STRIDEN MELLOM DEI TO LINENE PÅ 1960-MØTET FOR SYSTERPARTI
I andre halvdel av 1960 utvikla det seg ein kvass strid i den internasjonale kommunistrørsla rundt møtet for talsmenn frå kommunistparti og arbeidarparti. Det var ein strid mellom den marxist-leninistiske lina og den revisjonistiske lina og mellom politikken å halda fast på prinsippa og hevda einskapen mot politikken å gje slepp på prinsipp og skapa kløyving.
Det hadde vorte tydeleg før møtet at leiinga i SUKP heldt hardnakka fast ved det galne standpunktet sitt og freista å tvinga den galne lina si på den internasjonale kommunistrørsla.
Kinas Kommunistiske Parti var svært merksam på at meiingsskilnadene var alvorlege. I interessene til det internasjonale proletariatet gjorde vi mange tiltak i vona om at leiinga i SUKP ikkje ville gå for langt etter den galne vegen.
Den 10. september 1960 svara sentralkomiteen i KKP på informasjonsbrevet dagsett 21. juni 1960 frå sentralkomiteen i SUKP. I dette svaret som legg fram kjensgjerningane og drøftar ting igjennom, forklåra sentralkomiteen i KKP systematisk synet sitt på ei rekkje viktige prinsippspørsmål som gjeld verdsstoda og den internasjonale kommunistrørsla, viste attende dei åtaka leiinga i SUKP retta mot oss, kritiserte dei galne synspunkta hennar og la fram fem positive framlegg for sentralkomiteen i SUKP for å løysa meiningsskilnadene og nå fram til einskap. (Sjå Tillegg III med dei Fem framlegga.)
Etter det sende sentralkomiteen i KKP ei utsendingsgruppe til Moskva i september til samtalar med utsendingsgruppa frå SUKP. Under desse samtalane peika utsendingsgruppa frå KKP på at medan leiinga i SUKP skjønnmalte USA-imperialismen, gjekk ho aktivt mot Kina og utvida dei ideologiske meiningsskilnadene mellom dei to partia til statstilhøve, og at ho dermed for åt mot fiendar som brør og mot brør som fiendar. Utsendingsgruppa frå KKP bad leiarane for SUKP innstendig om å endra det galne standpunktet sitt om att og om att, og venda attende til prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland og styrkja einskapen mellom partia i Kina og Sovjetunionen og mellom dei to landa for å slåst mot den sams fienden. Men leiarane for SUKP synte ikkje den minste vilje til å retta mistaka sine.
Slik vart ein tilkvesst strid ikkje til å unngå. Denne striden falda seg fyrst ut i utkastskomiteen der talsmenn for 26 parti møtte, og seinare voks han til han vart meir skjerpa enn nokon gong før på møtet for talsmenn frå 81 systerparti.
På møta i utkastskomiteen i Moskva i oktober freista leiarane for SUKP å tvinga gjennom sitt eige utkast til kunngjering som inneheldt ei heil remse med galne synsmåtar. Som resultat av den prinsippfaste striden utsendingsgruppene frå KKP og nokre andre systerparti førte, gjorde utkastskomiteen etter oppøste drøftingar mange viktige prinsippendringar i det utkastet til kunngjering som SUKP la fram. Komiteen nådde fram til semje om mesteparten av utkastet. Men leiinga i SUKP var så fastrådde på å halda fram med debatten at dei nekta å koma til semje på fleire viktige stridspunkt i utkastet. Og det som meir er, då Khrusjtsjov kom attende frå New York, kasserte dei til og med den semja som alt var nådd i sume spørsmål.
Møtet med utsendingar frå 81 systerparti vart halde i Moskva i november 1960. Leiinga i SUKP såg bort frå ynskjet til den kinesiske utsendingsgruppa og mange andre utsendingsgrupper om å fjerna meiningsskilnadene og styrkja einskapen, og rett før møtet delte dei ut eit brev på 127 sider til talsmennene frå systerpartia som gjekk villare til åtak på Kinas Kommunistiske Parti enn nokon gong før og med det provoserte dei fram ein endå kvassare samanstøyt.
Slik var den svært så unaturlege stemninga som møtet med talsmennene for 81 systerparti vart halde i. Leiarane i SUKP førte møtet til randa før brot med den nedrige framferda si. Men møtet nådde semje til sist og oppnådde positive resultat av di utsendingsgruppene frå KKP og somme andre parti heldt seg til prinsipp, stod på i striden og hevda einskapen, og av di fleirtalet av utsendingsgrupper frå systerpartia kravde einskap og var mot kløyving.
I det opne brevet sitt kunngjer sentralkomiteen i SUKP at utsendingsgruppa frå KKP «skreiv under på Kunngjeringa fyrst når fåren for at ho skulle verta ståande heilt åleine vart tydeleg» på dette møtet. Dette er ei lygn til.
Korleis var stoda i røynda?
Det er sant at leiinga i SUKP stelte til overfall frå alle kantar mot Kinas Kommunistiske Parti både før og under møtet, der fleire utsendingar frå systerparti var med. Dei lek på eit såkalla fleirtal og freista å få utsendingsgruppene frå KKP og andre marxist-leninistiske parti i kne og tvinga dei til å godtaka den revisjonistiske lina og dei revisjonistiske synsmåtane. Men dei freistnadene som leiarane i SUKP gjorde på å tvinga ting på andre, slo feil både i utkastskomiteen for dei 26 systerpartia og på møtet for talsmenn for dei 81 systerpartia.
Det som står att er at mange av dei galne tesane dei sette fram i utkastet til kunngjering, vart avviste. Her er nokre døme:
Den galne tesen til SUKP-leiinga om at fredeleg samlivnad og økonomisk kappestrid er generallina for utanrikspolitikken til dei sosialistiske landa, vart avvist.
Den galne tesen om at fredeleg samlivnad og fredeleg kappestrid har forårsaka at eit nytt steg i den allmenne krisa til kapitalismen er oppstått, vart avvist.
Den galne tesen om at det stadig vert meir mogleg å gjennomføra fredeleg overgang, vart avvist.
Den galne tesen om å gå mot politikken «å driva på på eiga hand» i dei sosialistiske landa, som i røynda vil seia å gå mot politikken å lita i hovudsak på seg sjølv i oppbygginga, vart avvist.
Den galne tesen om motstand mot den såkalla «klikk-verksemda» og «fraksjonsverksemda» i den internasjonale kommunistrørsla vart avvist. I røynda ville denne tesen seia eit krav om at systerparti skulle lyda peikestokken deira, å gjera til inkjes prinsippa om sjølvstende og likeverd i tilhøva mellom systerparti, og å setja skikken med å underkua mindretalet med fleirtalet i staden for prinsippet å nå samrøystes semje gjennom samråding.
Den galne tesen om å undervurdera kor alvorleg ein fåre den moderne revisjonismen er, vart avvist.
Det som står att er at mange rette synspunkt på viktige prinsipp, som vart sette fram av utsendingsgruppene frå det kinesiske partiet og andre systerparti, vart skrivne inn i Kunngjeringa. Tesane om at imperialismen ikkje har endra natur, om USA-imperialismen som fienden til folket i heile verda, om å skipa ein einskapsfront så omfemnande som råd mot USA-imperialismen, om den nasjonale frigjeringsrørsla som ei viktig kraft for å hindra verdskrig, om å føra dei nasjonaldemokratiske revolusjonane til dei landa som nyleg har vunne sjølvstende grundig til endes, om støtte frå dei sosialistiske landa og den internasjonale arbeidarrørsla til den nasjonale frigjeringsstriden, om at arbeidarklassen og massane i dei framskridne kapitalistiske landa under politisk, økonomisk og militært herredøme frå USA-imperialismen treng å retta dei viktigaste slaga sine mot herredømet til USA-imperialismen og dessutan mot monopolkapitalen og andre reaksjonære krefter i heimlandet som svik dei nasjonale interessene, om prinsippet om å nå fram til samrøystes semje gjennom samråding mellom systerparti, mot den revisjonistiske utvatninga av de revolusjonære anden i marxismen-leninismen, om at leiarane for Kommunistforbundet i Jugoslavia har svike kommunismen, — og så vidare — alle desse tesane er i Kunngjeringa som eit resultat av at synspunkta til den kinesiske utsendingsgruppa og nokre andre vart godteke.
Det er sjølvsagt naudsynt å leggja til at etter at leiarane for SUKP gjekk med på å lata dei galne framlegga sine falle og godtok dei rette framlegga frå andre parti, gjorde utsendingsgruppene frå KKP og nokre andre systerparti og nokre innrømmingar. Til dømes hadde vi eit anna syn på spørsmålet om den 20. kongressen i SUKP og på formene for overgang frå kapitalisme til sosialisme, men av omsyn til trongen hjå SUKP og visse andre systerparti, gjekk vi med på å ta med same ordlyden om desse to spørsmåla som den som vart nytta i 1957-Fråsegna. Men vi gjorde det klårt den gongen for leiarane i SUKP at dette vart siste gongen vi ville slå oss til ro med ein slik ordlyd om den 20. kongressen: vi ville aldre gjera det meir.
Av alt dette kan ein sjå at striden mellom dei to linene i den internasjonale kommunistrørsla rådde på Moskva-møtet i 1960 frå fyrste til siste stund. Mistaka til leiinga i SUKP slik dei vart avslørte på dette møtet, hadde utvikla seg vidare. Av utkastet til kunngjering frå leiarane i SUKP og av talane deira under møtet kunne ein skjøna tydeleg at det politiske hovudinnhaldet i den galne lina dei freista å tvinga på systerpartia, var dei urette teoriane om «fredeleg samlivnad», «fredeleg kappestrid» og «fredeleg overgang», medan det organisatoriske innhaldet var urett sekterisk og kløyvande politikk. Det var ei revisjonistisk line i grunnleggjande strid med marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen. Utsendingsgruppene frå det kinesiske partiet og andre marxist-leninistiske systerparti gjekk målmedvite mot henne og hevda fastrådd lina til marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen.
Utkomet av striden på dette møtet var at den revisjonistiske lina og dei revisjonistiske synsmåtane til leiinga i SUKP i hovudsak vart viste attende, og at den marxist-leninistiske lina vann ein stor siger. Dei revolusjonære prinsippa som Kunngjeringa som vart vedteke på møtet inneheld, er mektige våpen i hendene på alle systerparti i kampane mot imperialisme og for fred i verda, nasjonal frigjering, folkedemokrati og sosialisme. Dei er og mektige våpen i hendene på marxist-leninistar verda over for å kjempa ned den moderne revisjonismen.
På møtet kritiserte dei systerpartia som hevda marxismen-leninismen oppriktig, dei urette synsmåtane til leiinga i SUKP og tvinga dei til å godtaka mange av dei rette synsmåtane deira. Då dei gjorde det, endra dei den tidlegare svært unormale stoda då ikkje ein gong den minste kritikk av mistaka til leiinga for SUKP vart tolt og då ho hadde siste ord. Dette var ei hending i soga til den internasjonale kommunistrørsla som var avgjerande viktig.
I det opne brevet sitt påstår sentralkomiteen i SUKP at utsendingsgruppa frå KKP vart «ståande fullstendig åleine» på møtet. Dette er berre ein frekk freistnad frå leiinga i SUKP si side på å framstilla nederlaget sitt som siger.
Prinsippa om gjensidig solidaritet så vel som sjølvstende og likskap mellom systerparti og om å nå fram til semje gjennom samråding vart vyrde på møtet, og den feilslåtte freistnaden frå leiarane i SUKP på å nytta eit fleirtal til å setja mindretalet til sides og tvinga synsmåtane sine på andre systerparti vart velta. Møtet synte nok ein gong at når marxist-leninistiske parti skal løysa meiningsskilnader mellom systerparti, er det heilt naudsynt for dei å halda seg til prinsipp, stå på i striden og hevda einskapen.
REVISJONISMEN TIL SUKP-LEIINGA VERT SETT I SYSTEM
I det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP vert det påstått at «når KKP-leiarane sette namnetrekket sitt under 1960-Kunngjeringa, manøvrerte dei berre.» Er det verkeleg sant? Nei. Tvert om, det var leiarane for SUKP, og ikkje vi, som manøvrerte.
Kjensgjerningane har synt at på 1960-møtet for systerparti gjekk leiarane i SUKP med på å stryka ut eller endra dei galne framlegga i utkastet sitt til kunngjering mot sin vilje, og dei var ikkje oppriktige då dei godtok dei rette framlegga frå systerpartia. Dei gav blanke blaffen i det dokumentet som systerpartia var samde om å godtaka. Blekket var knapt turt på namnetrekka deira på 1960-Kunngjeringa før dei gav seg til å øydeleggja henne. 1. desember skreiv Khrusjtsjov under Kunngjeringa på vegner av sentralkomiteen i SUKP, og tjuefire timar seinare krenkte den same Khrusjtsjov det som systerpartia hadde vorte samde om, og skildra skamlaust Jugoslavia som eit sosialistisk land på ein bankett for utsendingsgruppene frå systerpartia.
Etter møtet for 81 systerparti gjekk leiarane for SUKP meir og meir ope inn for å øydeleggja 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa. På den eine sida gjorde dei seg til vens med USA-imperialismen, som Kunngjeringa slår fast at er fienden til folket i verda, gjekk inn for «samarbeid mellom USA og Sovjetunionen» og uttrykte ynskje om å arbeida i lag med Kennedy for å «gå i gang med å byggja varige bruer av tillit, gjensidig forståing og venskap».(19) På den andre sida for dei åt mot somme systerparti og systerland som fiendar, og gjorde Sovjetunionen sitt tilhøve til Albania mykje dårlegare.
Den 22. kongressen til SUKP i oktober 1961 merkte av eit nytt lågpunkt i strevet til SUKP-leiinga for å gå mot marxismen-leninismen og kløyva det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla. Den merkte av at den revisjonismen som SUKP-leiinga hadde utvikla steg for steg etter den 20. kongressen, var sett i system.
Leiinga i SUKP sleppte laus eit stort offentleg åtak på det albanske Arbeidets Parti på den 22. kongressen. I talen sin gjekk Khrusjtsjov så langt at han kravde ope at den albanske leiinga under Enver Hoxha og Mehmet Shehu måtte verta styrta. Slik sette leiinga i SUKP fram det vondsinna føredømet å nytta ein partikongress til offentlege åtak på andre systerparti.
Ei anna storbragd som SUKP-leiinga gjorde på kongressen, var eit oppattnya samla åtak på Stalin, fem år etter at han vart fornekta fullstendig på den 20. kongressen, og 8 år etter at han døydde.
I siste omgang vart dette gjort for at leiinga i SUKP skulle kunna hiva Fråsegna og Kunngjeringa over bord, gå mot marxismen-leninismen og fylgja ei systematisk revisjonistiskline.
Revisjonismen deira var uttrykt i fortetta form i det nye programmet for SUKP som denne kongressen vedtok.
I det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP står det at lina frå den 22. kongressen vart «godkjend på møta for talsmenn frå kommunistpartia og lagt fram i Fråsegna og Kunngjeringa». Er det ikkje svært slurvete av leiarane i SUKP å koma med ei slik utsegn? Korleis kan dei skildra det som hende i 1961 som noko som vart «godkjend» eller «lagt fram» på møtet for kommunistparti og arbeidarparti i 1960, eller så langt attende som møtet i 1957?
Men lat oss sjå bort frå slik tåpeleg sjølvros nett no, og fyrst sjå på kva slags stoff det programmet som vart vedteke på den 22. kongressen er laga av.
Sjølv ei overflatisk gransking av programmet og den meldinga Khrusjtsjov gav om det, syner at det er eit tvers igjennom revisjonistisk program som heilt og halde krenkjer dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen og dei revolusjonære prinsippa i Fråsegna og Kunngjeringa.
Det står i strid med 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa i mange viktige prinsippspørsmål. Mange av dei urette synsmåtene til SUKP-leiinga som vart avviste i 1960 på møtet for systerparti, kjem til syne att. Til dømes skildrar det fredeleg samlivnad som det allmenne prinsippet for utanrikspolitikken, legg einsidig vekt på at fredeleg overgang er mogleg og bakvaskar politikken til eit sosialistisk land som i hovudsak lit på eigne krefter i oppbygginga, som «å driva på på eiga hand».
Programmet går eit steg vidare i å setja den galne lina som leiinga i SUKP har fylgt sidan den 20. kongressen, i system. Hovudinnhaldet i henne er «fredeleg samlivnad», «fredeleg kappestrid», og «fredeleg overgang».
Programmet reviderer grovt kjernen i marxismen-leninismen, som er læra om den proletariske revolusjonen, om proletariatets diktatur og om partiet til proletariatet, og kunngjer at proletariatets diktatur ikkje trengst meir i Sovjetunionen og at innhaldet i SUKP som fortropp for proletariatet har endra seg, og fremjer villfaringar som ein «stat for heile folket» og eit «parti for heile folket».
Det set humanisme i staden for den marxist-leninistiske teorien om klassestriden og set det borgarlege slagordet om Fridom, Likskap og Brorskap i staden for ideala til kommunismen.
Det er eit program som går mot revolusjon for dei folka sin del som framleis lever under det imperialistiske og kapitalistiske systemet, som omfattar to tredelar av folkemengda i verda, og går mot at revolusjonen skal gjennomførast til han er fullendt for dei folka sin del som alt er på den sosialistiske vegen, som omfattar ein tredel av folkemengda i verda. Det er eit revisjonistisk program for å halda kapitalismen ved lag eller føra han inn att.
Kinas Kommunistiske Parti gjekk målmedvite mot mistaka til den 22. kongressen til SUKP. Kamerat Chou En-lai som var leiar for utsendingsgruppa frå KKP til kongressen, slo fast stillinga til partiet vårt i talen sin der og han kritiserte og likeframt mistaka til leiinga i SUKP i samtaler med Khrusjtsjov og andre leiarar for SUKP etterpå.
I samtalen sin med utsendingsgruppa frå KKP avviste Khrusjtsjov blankt kritikken og råda våre, og uttrykte til og med ope støtte til anti-partielement i Kinas Kommunistiske Parti. Han slo ope fast at etter den 20. kongressen til SUKP, då leiarane i SUKP tok til å taka ein «veg som var ulik vegen Stalin gjekk» (det vil seia revisjonisme-vegen) trong dei framleis støtte frå systerpartia. Han sa «Den gongen var røysta til Kinas Kommunistiske Parti svært viktig for oss», men «det er annleis no», og «vi gjer det godt» («vi greier oss bra») og «vi kjem til å gå vår eigen veg».
Orda til Khrusjtsjov synte at leiarane i SUKP hadde sett seg føre å gå vegen med revisjonisme og kløyving heilt til endes. Sjølv om Kinas Kommunistiske Parti ofte har gjeve dei kameratslege råd, har dei rett og slett sett bort frå det og ikkje synt den minste vilje til å betra seg.
EIN MOTSTRAUM SOM STRIR MOT MARXISMEN-LENINISMEN OG KLØYVER DEN INTERNASJONALE KOMMUNISTRØRSLA
I det opne brevet freistar leiarane i SUKP hardt å få folk til å tru at etter den 22. kongressen «prøvde dei på ny» å betra tilhøvet mellom partia i Kina og Sovjetunionen og styrkja einskapen mellom systerpartia og systerlanda.
Her lyg dei att.
Kva er kjensgjerningane?
Dei syner at etter den 22. kongressen har leiinga i SUKP vorte meir uhemma til å krenkja prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland og til å fylgja ein politikk med stormaktssjåvinisme, sekterisme og kløyving for å fremja si eiga line med systematisk revisjonisme, som er ei fullstendig krenking av marxismen-leninismen. Dette har ført med seg stadig forverring av tilhøvet mellom Kina og Sovjetunionen og alvorleg skade på einskapen mellom systerpartia og systerlanda.
Dette er dei viktigaste kjensgjerningane om korleis leiarane i SUKP har sabotert einskapen mellom Kina og Sovjetunionen og einskapen mellom systerparti og systerland etter den 22. kongressen:
1. Leiarane i SUKP har prøvd hardt å tvinga den urette lina si på den internasjonale kommunistrørsla og setja sitt eige revisjonistprogram i staden for Fråsegna og Kunngjeringa. Dei skildrar den urette lina si som «heile settet med leninistisk politikk for den internasjonale kommunistrørsla i seinare år»(20) og dei kallar revisjonistprogrammet sitt «det verkelege kommunistiske manifestet i vår tid»(21) og det «sams programmet» for «kommunistparti og arbeidarparti og for folket i landa i det sosialistiske samfunnet»(22).
Eit systerparti som avviser den urette lina og programmet til SUKP og held fast ved dei grunnleggjande teoriane til marxismen-leninismen og dei revolusjonære prinsippa i Fråsegna og Kunngjeringa, ser leiarane i SUKP på som ein fiende, og dei går mot det, går til åtak på det og sårar det og freistar å undergrava leiinga for det på alle moglege måtar.
2.Leiinga i SUKP vende ryggen til alle fylgjer det kunne få og braut av det diplomatiske sambandet med det sosialistiske Albania, eit steg utan føredøme i soga om tilhøve mellom systerparti og systerland,
3. Leiinga i SUKP har halde fram med å øva press mot Kina og gjera skammelege åtak på Kinas Kommunistiske Parti. I brevet dagsett 22. februar 1962 til sentralkomiteen i KKP klaga sentralkomiteen i SUKP KKP for å taka «eit særskilt standpunkt for seg sjølv» og for å fylgja ei line som var ulik den sams retninga til systerpartia, og dei gjorde til og med eit brotsverk ut av støtta vår til det marxist-leninistiske Arbeidets Parti i Albania. Som eit førevilkår for å betra tilhøva mellom Kina og Sovjetunionen freista leiarane i SUKP å tvinga KKP til å gje avkall på det marxist-leninistiske og proletarisk internasjonalistiske standpunktet sitt, gje avkall på den prinsippfaste lina si som er i fullt samsvar med dei revolusjonære prinsippa i Fråsegna og Kunngjeringa, godtaka den urette lina deira, og dessutan godtaka krenkinga deira av prinsippa som styrer tilhøve mellom systerparti og systerland som ei kjensgjerning. I det opne brevet skrytte sentralkomiteen i SUKP av breva sine til sentralkomiteen KKP i denne perioden, av orda frå Khrusjtsjov til ambassadøren vår i Sovjetunionen om at han ynskte einskap i oktober 1962 og så bortetter, men i røynda var alt dette handlingar for å gjera den nedrige freistnaden sin til røyndom.
4. Sentralkomiteen i SUKP avviste framlegga frå systerpartia i Indonesia, Vietnam, Ny Zealand osb., om at eit møte for talsmenn for systerpartia burde verta samankalla, og likeins dei fem positive framlegga frå sentralkomiteen i KKP til sentralkomiteen i SUKP, i brevet dagsett 7. april 1962, for å førebu møtet mellom systerparti. I svaret dagsett 31. mai 1962 til sentralkomiteen i KKP gjekk sentralkomiteen i SUKP så langt at han kravde at dei albanske kameratane skulle gå frå sitt eige standpunkt som eit førevilkår for å betra tilhøvet mellom Sovjetunionen og Albania, og dessutan for å kalla saman eit møte for systerpartia.
5. I april og mai 1962 nytta leiarane i SUKP organa og personalet sitt i Sinkiang i Kina til å gjennomføra undergravingsverksemd i stor målestokk i Ili-området, og lokka og tvinga fleire titusen kinesiske statsborgarar til å reisa til Sovjetunionen. Den kinesiske regjeringa leverte inn fleire protestar og sette fram synet sitt gong på gong, men sovjetregjeringa nekta å senda desse kinesiske borgarane heim att under påskot om «kjensla for sovjetisk rett»(23) og «humanisme»(24). Denne saka er ikkje løyst til denne dag. Dette er i sanning ei forbløffande hending, noko liknande har aldri hendt mellom sosialistiske land.
6.I august 1962 gjorde den sovjetiske regjeringa Kina formelt kjend
med at Sovjetunionen kom til å slutta ein avtale med USA om å hindra mangfalding av atomvåpen. Dette var eit sams komplott mellom Sovjetunionen og USA for å monopolisera atomvåpen, og ein freistnad på å ta frå Kina retten til å eiga atomvåpen til å stå mot atomtrugsmålet fra USA med. Den kinesiske regjeringa leverte protestar mot dette gong på gong.
7. Leiinga i SUKP har vorte meir og meir ivrig etter å gjera politiske handlar med USA-imperialismen og har sett seg i hovudet å forma ein reaksjonær allianse med Kennedy, til og med på kostnad av interessene til det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla. Eit framståande døme er det at under den karibiske krisa gjorde leiinga i SUKP det mistaket å gå i kne ved å gje etter for atom-utpressinga frå USA-imperialistane og godtaka kravet frå USA-regjeringa om «internasjonale tilsyn», som krenkte suvereniteten til Cuba.
8. Leiinga i SUKP er vorten meir og meir ivrig etter å samansverja seg med dei indiske reaksjonære, og har sett seg i hovudet å forma ein reaksjonær allianse mot det sosialistiske Kina. Leiinga i SUKP og pressa hennar tok ope parti for den indiske reaksjonen, fordømte Kina for det rettferdige standpunktet Kina tok til grensesamanstøyten mellom Kina og India og verja Nehru-regjeringa. To tredelar av den økonomiske hjelpa frå Sovjetunionen til India er blitt gjevne etter at dei indiske reaksjonære pressa fram grensesamanstøyten mellom India og Kina. Sjølv etter at den væpna samanstøyten i stor målestokk tok til på grensa mellom Kina og India utpå hausten 1962, har leiinga i SUKP halde fram med å gje dei indiske reaksjonære militærhjelp.
9. Leiinga i SUKP har vorte meir og meir ivrig etter å samansverja seg med Tito-klikken i Jugoslavia, og har satt seg i hovudet å skipa ein reaksjonær allianse med overløparen Tito for å gå mot alle marxist-leninistiske parti. Etter den 22. kongressen tok ho ei rekkje steg for å venda domen over Tito-klikken, og reiv slik ope i stykker 1960-Kunngjeringa.
10. Etter november 1962 har leiinga i SUKP kome med endå villare åtak, i internasjonal målestokk, mot Kinas Kommunistiske Parti og andre marxist-leninistiske parti, og piska opp ein ny motstraum for å kløyva det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla. Khrusjtsjov kom med den eine kunngjeringa etter den andre, og sovjetpressa prenta hundretals med artiklar som gjekk til åtak på Kinas Kommunistiske Parti i eit heilt sett med saker. Under styring av leiarane i SUKP har landsmøta til systerpartia i Bulgaria, Ungarn, Tsjekkoslovakia, Italia og Den demokratiske republikken Tyskland vorte scenar for anti-Kina-førestellingar, og meir enn førti systerparti har prenta fråsegner, kunngjeringer og artiklar som går til åtak på Kinas Kommunistiske Parti og andre marxist-leninistiske parti.
Dei kjensgjerningane som er attgjevne her, kan ikkje leiarane i SUKP nekta for på noko vis. Desse jernpansra kjensgjerningane provar at dei «nye tiltaka» dei gjorde etter den 22. kongressen i SUKP ikkje hadde som mål å betra tilhøvet mellom Kina og Sovjetunionen og styrkja einskapen mellom systerpartia og landa, men tvert om å rotta seg meir i hop med USA-imperialistane, dei indiske reaksjonære og overløpar-klikken til Tito for å laga ei breiare kløft i det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla.
Under desse alvorlege omstenda hadde ikkje Kinas Kommunistiske Parti noko anna val enn å koma med opne svar på åtaka frå visse systerparti. Mellom 15. desember 1962 og 8. mars 1963 prenta vi sju slike svar. I desse artiklane heldt vi fram med å la det vera att noko slingringsmonn og kritiserte ikkje leiinga i SUKP ved namn.
Trass i den alvorlege forverringa av tilhøvet mellom Kina og Sovjetunionen, som er eit resultat av mistaka til leiinga i SUKP gjekk Kinas Kommunistiske Parti med på å senda utsendingsgruppa si til Moskva til samtalane mellom partia i Kina og Sovjetunionen, og for at det skal kunna bli ei systematisk utveksling av syn i samtalane, har det lagt fram sitt framlegg om generallina for den internasjonale kommunistrørsla i svarbrevet til sentralkomiteen i Sovjetunionen dagsett 14. juni.
Som kjensgjerningar seinare har synt, var ikkje leiarane i SUKP uoppriktige berre når det gjaldt å fjerna meiningsskilnader og styrkja einskapen, men dei nytta samtalane som røykteppe for å dekkja over verksemda si for å gjera tilhøvet mellom Sovjetunionen og Kina endå verre.
Rett før samtalane gjekk leiarane i SUKP til offentleg åtak på Kinas Kommunistiske Parti ved namn, i kunngjeringar og fråsegner. Samstundes utviste dei fleire av personalet i den kinesiske ambassaden og fleire forskingsstudentar frå Sovjetunionen, og det kan ikkje forsvarast.
Den 14. juli, det vil seia rett før samtalane mellom USA, Storbritannia og Sovjetunionen, medan samtalane mellom Kina og Sovjetunionen framleis dreiv på, prenta leiinga i SUKP i full fart det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP til partiorganisasjonar og alle kommunistar i Sovjetunionen og sette i gang utøyla åtak på Kinas Kommunistiske Parti. Dette var endå ei verdfull gjestegåve som leiarane i SUKP gav til USA-imperialistane for å stå seg godt med dei.
Rett etterpå i Moskva skreiv leiinga i SUKP under på avtalen om delvis stogg av atomprøver med USA og Storbritannia i ope svik mot interessene til Sovjetfolket, folket i det sosialistiske lægeret, irekna det kinesiske folket, og det fredskjære folket i verda. Det var eit renn av kontaktar mellom Sovjetunionen og India. Khrusjtsjov reiste til Jugoslavia på «ferie». Sovjetpressa sette i gang ein rasande anti-kinesisk kampanje. Og så vidare og så bortetter. Heile denne hendingsrekkja syner på slåande vis at leiinga i SUKP vender ryggen til alt og allierer seg med imperialistane, dei reaksjonære i alle land og overløparklikken til Tito for å gå mot dei sosialistiske systerlanda og dei marxist-leninistiske systerpartia. Alt dette avslører fullstendig den revisjonistiske kløyvarlina som leiinga i SUKP fylgjer.
No for tida lagar «det anti-kinesiske koret» til imperialistane, dei reaksjonære i alle land og revisjonistane mykje bråk. Og kampanjen som Khrusjtsjov leier mot marxismen-Ieninismen og for å kløyva det sosialistiske lægeret og rekkjene til den internasjonale kommunistrørsla, vert sett ut i livet med aukande styrke.
KVA HAR KJENSGJERNINGANE DEI SISTE SJU ÅRA SYNT?
I det som står foran har vi gått etter måten grundig gjennom opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene. Målet vårt er å klårleggja kjensgjerningane som vart rengde i det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP, og å hjelpa partimedlemmene våre og folket vårt og dessutan marxist-leninistane og det revolusjonære folket i verda til å sjå sanninga.
Kjensgjerningane dei siste sju åra har gjeve rikeleg prov på at meiningsskilnadene mellom partia i Kina og Sovjetunionen og innanfor den internasjonale kommunistrørsla er vortne til eine og åleine av di leiinga i SUKP har gått frå marxismen-leninismen og dei revolusjonære prinsippa i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa og fylgt ei revisjonistisk kløyvarline i den internasjonale kommunistrørsla. Prosessen der leiinga i SUKP har gått lenger og lenger ned vegen med revisjonisme og kløyving, er nett den prosessen som har utvida og utdjupa skilnadene.
Kjensgjerningane frå dei siste sju åra har gjeve rikeleg prov på at dei meiningsskilnadene som finst no innanfor den internasjonale kommunistrørsla, er meiningsskilnader mellom lina for å halda seg til marxismen-leninismen og lina for å klynga seg til revisjonismen, mellom den revolusjonære lina og den ikkje-revolusjonære og anti-revolusjonære lina, mellom den anti-imperialistiske lina og lina for knefall for imperialismen. Dei er skilnadene mellom den proletariske internasjonalismen og stormaktssjåvinisme, sekterisme og kløyving.
Kjensgjerningane frå dei siste sju åra har prova i rikeleg mon at den vegen som leiinga i SUKP har teke, er retninga for å gå i forbund med imperialismen mot sosialismen, å gå i forbund med USA mot Kina, å gå i forbund med dei reaksjonære i alle land mot folket i verda og gå i forbund med overløparklikken til Tito mot marxist-leninistiske systerparti. Denne urette lina til SUKP-leiinga har ført til ein revisjonistisk flaum i internasjonal målestokk, har ført den internasjonale kommunistrørsla andlet til andlet med fåren for ei kløyving meir alvorleg enn noka det finst døme på, og har ført alvorleg skade over folket si sak for verdsfred, nasjonal frigjering, folkedemokrati og sosialisme.
Kjensgjerningane frå dei siste sju åra provar og rikeleg at Kinas Kommunistiske Parti har streva for å hindra stoda frå å verta verre og har streva for å hevda prinsipp, fjerna meiningsskilnader, styrkja einskapen og føra ein sams strid mot fienden. Vi har synt stort atterhald og gjort det beste vi kunne.
Kinas Kommunistiske Parti har alltid lagt vekt på kor viktig einskapen mellom partia i Kina og Sovjetunionen og mellom dei to landa er. Det har alltid halde Sovjetunionens Kommunistiske Parti som den store Lenin skapte høgt i age. Vi har alltid kjent djup proletarisk kjærleik for det store SUKP og det store sovjetfolket. Vi har gledd oss over kvar bragd SUKP og sovjetfolket har gjort, og vi har vorte sorgtunge over kvart mistak SUKP har gjort som har skadd det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla. Det er ikkje fyrst i dag at dei kinesiske kommunistane har teke til å oppdaga mistaka til SUKP-leiinga. Heilt sidan den 20. kongressen til SUKP har vi sett med uro at SUKP-leiinga tok vegen med revisjonisme.
Stilt andsynes denne alvorlege stoda har partiet vort snesvis av gonger og gjennom ein lang periode tenkt over: Kva bør vi gjera?
Vi spurde oss sjølve, bør vi fylgja SUKP-leiinga og innretta alle handlingane våre etter ynskja deira? I så fall ville sjølvsagt SUKP-leiinga gle seg, men ville ikkje vi sjølve verta revisjonistar då?
Vi spurde og oss sjølve, bør vi teia still om mistaka til SUKP-leiinga? Vi trudde at mistaka SUKP-leiinga gjorde ikkje var berre tilfeldige, einskilde og mindre viktige mistak, men heller ei heil rekkje prinsippfeil som set heile interessen til det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla i fåre. Korleis kunne vi vera likesæle og teia still om desse mistaka når vi sjølve var medlemmer av den internasjonale kommunistrørsla? Om vi gjorde det, ville vi ikkje då svika plikta vår til å forsvara marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen?
Vi spådde at om vi kritiserte mistaka til leiarane SUKP kom dei heilt visst til å slå hemngjerrig til mot oss, og dermed ville det ikkje vera til å unngå at dei valda stor skade mot den sosialistiske oppbygginga i Kina. Men bør kommunistar ta eit standpunkt for nasjonal egoisme og ikkje våga å hevda sanninga av redsle for hemnarslag? Skulle kommunistar kjøpslå med prinsipp?
Vi tok med i rekninga at SUKP vart bygt av Lenin, at det er partiet til den fyrste sosialistiske staten og at det var. mykje vyrd i den internasjonale kommunistrørsla og mellom folket i heile verda. Difor var vi i ein retteleg lang periode særskilt varsame og tolmodige i kritikken vår mot leiarane i SUKP. Vi gjorde vårt beste for å avgrensa slik kritikk til samtalar mellom leiarane i partia i Kina og Sovjetunionen og å løysa meiningsskilnadene gjennom private drøftingar utan å gripa til offentleg polemikk.
Men all den kameratslege kritikken og råda som ansvarlege kameratar i sentralkomiteen i KKP gav leiarane i SUKP i snesvis av samtalar mellom partia, greide ikkje å få dei til å gå attende til den rette vegen. SUKP-leiarane gjekk lenger og lenger ned etter vegen med revisjonisme og kløyving. For dei råda vi gav i velvilje, gav dei oss attende ei rad med politisk, økonomisk og militært press og sette gang åtak som vart meir og meir valdsame.
SUKP-leiarane har ein uvane: dei set merkelappar på alle som kritiserer dei.
Dei seier: «Du er mot Sovjet!» Nei, vener! Merkelappen «mot Sovjet» kan ikkje festast på oss. Vår kritikk av mistaka dykkar kjem nett av di vi vil verja det store SUKP og Sovjetunionen og hindra at agen for SUKP og Sovjetunionen vert hardt skadd av dykk. For å seia det beint ut er det de, og ikkje vi, som er mot Sovjet i røynda og som vanærar og skjemmer ut SUKP og Sovjetunionen. Heilt sidan den fullstendige fordøminga av Stalin på den 20. kongressen til SUKP, har de gjort ugjerningar utan tal. Ikkje alt vatnet i Volga kan vaska vekk den store skamma som de har ført over SUKP og Sovjetunionen.
Dei seier: «De vil riva til dykk leiinga!» Nei, vener! De er ikkje mykje flinke som kjem med denne bakvaskinga. Slik de seier det, høyrest det ut som om nokre folk konkurrerer med dykk om noko slikt som «leiinga». Er ikkje det så godt som å påstå skamlaust at det finst noka slags «leiing» i den internasjonale kommunistrørsla og at de har denne «leiinga»? Det er ein svært, svært dårleg vane de har der, med å setja opp minen til eit patriarkalsk parti. Det er heilt ut illegitimt. 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa slår klårt fast at alle kommunistparti er sjølvstendige og likeverdige. Etter dette prinsippet skulle ikkje tilhøva mellom systerparti under noko høve vera som tilhøva mellom eit leiarparti og dei som vert leidde, og langt mindre som tilhøva mellom ein patriarkalsk far og sonen hans. Vi har alltid gått mot at eit parti skal kommandera andre parti, og det har aldri falle oss inn at vi sjølve skulle kommandera andre systerparti, så dermed dukkar ikkje spørsmålet om å kappast om leiinga opp. Det den internasjonale kommunistrørsla står overfor no, gjeld ikkje om det eine eller det andre partiet skal ta på seg leiinga, men om ein skal lyda peikestokken til revisjonismen eller halda dei revolusjonære prinsippa i Fråsegna og Kunngjeringa ved lag og stå fast ved den revolusjonære lina, marxismen-leninismen. Kritikken vår mot leiinga i SUKP gjeld freistnaden deira på å spela herrar over systerparti og tvinga den revisjonistiske og kløyvande lina si på dei. Det vi vil er berre at systerpartia skal ha den sjølvstendige og likeverdige stillinga som er føreskrive i Fråsegna og Kunngjeringa, og at einskapen mellom dei skal vera grunnlagd på marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen.
Det er leiarane i SUKP som har pressa fram og utvida den store debatten som går føre seg no i den internasjonale kommunistrørsla, og tvinga han på oss. Ettersom dei har retta åtak i stor målestokk og all slags hemningslause bakvaskingar mot oss, og ettersom dei har svike marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen ope og rive i stykker Fråsegna og Kunngjeringa, kan dei ikkje venta at vi skal lata vera å svara, lata vera å syna bakvaskinga deira attende, å verja Fråsegna og Kunngjeringa og forsvara marxismen-leninismen. Debatten er i gang, og rett og gale må gjerast grundig klårt.
Vi kinesiske kommunistar held oss til prinsipp og hevdar einskapen. Det har vi gjort før, vi gjer det no og vi kjem til å halda fram med å gjera det i framtida. Vi har gjeve oss ut i polemikk med leiarane i SUKP, men vi vonar framleis at dei skal skjøna at dei har teke ein svært fårleg veg når dei går frå revolusjonen, går frå det revolusjonære folket i verda, går frå einskapen i det sosialistiske lægeret og den internasjonale kommunistrørsla og samarbeidar ivrig med USA-imperialistane, dei reaksjonære i alle land og overløparklikken til Tito.
Interessene til folka i Kina og Sovjetunionen, til det sosialistiske lægeret, til den internasjonale kommunistrørsla og til folket i heile verda krev at alle kommunistparti og arbeidarparti må verta sameinte og gå mot den sams fienden.
Med dette oppmodar vi endå ein gong leiinga i SUKP om å retta mistaka sine og venda attende til den marxist-leninistiske vegen og den proletariske internasjonalismen, vegen frå 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa.
Den internasjonale kommunistrørsla går gjennom ein viktig periode. Debatten som går føre seg no har livsviktig verknad for framtida til den proletariske verdsrevolusjonen og lagnaden til menneskeætta. Som soga kjem til å prova kjem marxismen-leninismen til å lysa fram meir strålande etter denne store dabatten, og den revolusjonære saka til det internasjonale proletariatet og folket i verda kjem til å vinna endå større sigrar.
Tillegg I
OMRISS AV SYNSMÅTAR PÅ SPØRSMÅLET OM FREDELEG OVERGANG
(10. november 1957)
1. I spørsmålet om overgang frå kapitalisme til sosialisme ville det vera smidigare å syna til dei to utvegane, fredeleg overgang og ikkje-fredeleg overgang, enn å syna berre til ein, og dette ville setja oss i ei stilling der vi kan ha det politiske initiativet når som helst.
a. Å syna til at fredeleg overgang er mogleg, tyder for oss at valdsbruk fyrst og fremst gjeld sjølforsvar. Det set kommunistpartia i dei kapitalistiske landa i stand til å vika unna åtak mot dei i denne saka, og det er ein politisk føremon — ein føremon for å vinna massane og dessutan for å ta frå borgarskapet påskota for slike åtak og til å isolera det.
b. Om det skulle oppstå praktiske sjansar for fredeleg overgang i einskildland i framtida når den internasjonale eller innanlandske situasjonen endrar seg avgjerande, då kunne vi gjera tidhøveleg bruk av høvet til å vinna støtte frå massane og løysa spørsmålet om statsmakta på fredeleg vis.
c. Ikkje dess mindre bør vi la vera å lamma oss sjølve på grunn av dette ynskjet. Borgarskapet kjem ikkje til å stiga ned frå soga sin skodeplass av fri vilje. Dette er ein allmenngyldig lov om klassestriden. Ikkje i eit einaste land må proletariatet og det kommunistiske partiet dempa førebuingane sine på revolusjon på noko vis. Dei må alltid vera budde til å støyta attende kontrarevolusjonære åtak, og i den kritiske augneblinken i revolusjonen då arbeidarklassen tek statsmakta, må dei vera budde på å styrta borgarskapet med våpenmakt, dersom borgarskapet nyttar våpenmakt for å underkua folkerevolusjonen (generelt sagt er det ikkje til å unngå at borgarskapet gjer det).
2. I den stoda som rår no i den internasjonale kommunistrørsla er det til føremon frå den taktiske synsstaden å syna til ynskjet om fredeleg overgang. Men det ville ikkje høva å leggja for mykje vekt på at fredeleg overgang er mogleg. Grunnane er:
a. Det som er mogleg og røyndomen, ynskjet og om det let seg oppfylla, det er to ulike spørsmål. Vi bør syna til ynskjet om fredeleg overgang, men vi bør ikkje festa lit til det i hovudsak, og difor bør ikkje denne sida få for mykje vekt.
b. Dersom det vert lagt for mykje vekt på at det er råd med fredeleg overgang, og særskilt at det er råd å ta statsmakta ved å vinna fleirtal i parlamentet vil det halla til å veikja den revolusjonære viljen til proletariatet, det arbeidande folket og det kommunistiske partiet og avvæpna dei ideologisk.
c. Etter det vi veit er det framleis ikkje eit einaste land der denne utvegen har noka praktisk vekt. Sjølv om han skulle vera litt meir sannsynleg i eit særskilt land, er det uhøveleg å leggja for mykje vekt på han av di han ikkje samsvarar med røyndomen i det overveldande fleirtalet av land. Om ein slik utveg verkeleg skulle dukka opp i eit land, må kommunistpartiet der streva hardt etter å gjera han til røynd, og på den andre sida støtt vera budd på å støyta attende dei væpna åtaka frå borgarskapet.
d. Resultatet av å leggja vekt på denne utvegen kjem korkje til å veikja den reaksjonære naturen til borgarskapet eller til å dyssa det ned.
e. Å leggja vekt på dette kjem ikkje til å gjera dei sosialdemokratiske partia meir revolusjonære heller.
f. Slik understreking vil heller ikkje gjera at kommunistpartia veks seg sterkare. Tvert om, om eit eller anna kommunistparti som resultat kom til å skoddeleggja dei revolusjonære draga sine og slik verta forveksla med dei sosialdemokratiske partia i augo til folket, då ville dei berre verta veikte.
g. Det er svært tungt å samla opp styrkje og bu seg på revolusjon, og trass alt er parlamentarisk strid lett i samanlikning med det. Vi må gjera full bruk av den parlamentariske kampforma, men rolla hennar er avgrensa. Det som er det viktigaste er å gå vidare med det tunge arbeidet å samla opp revolusjonær styrkje.
3. Å oppnå eit fleirtal i parlamentet er ikkje det same som å knusa det gamle statsmaskineriet (i hovudsak dei væpna styrkane) og oppretta nytt statsmaskineri (i hovudsak dei væpna styrkane). Om ikkje det militær-byråkratiske statsmaskineriet til borgarskapet vert knust, kjem eit fleirtal i parlamentet for proletariatet og deira pålitande allierte anten vera uråd (av di borgarskapet kjem til å endra grunnlova når det trengst for å gjera konsolideringa av diktaturet sitt lettare) eller upålitande (til dømes kan val verta erklærte ugyldige, det kommunistiske partiet kan verta sett utanfor lova, parlamentet kan verta oppløyst osb.).
4. Fredeleg overgang til sosialismen bør ikkje verta tolka slik at det berre tyder overgang gjennom eit fleirtal i parlamentet. Hovudspørsmålet gjeld statsmaskineriet. I 1870-åra meinte Marx at det fanst ein sjanse for å oppnå sosialisme i Storbritannia med fredelege middel, av di. «den gongen var England eit land der militarismen og byråkratiet var mindre tydeleg enn i noko anna land». I ei tid etter Februarrevolusjonen vona Lenin at revolusjonen skulle utvikla seg fredeleg og sigra gjennom «all makt til sovjeta», av di på den tida var «våpna i hendene på folket». Korkje Marx eller Lenin meinte at fredeleg overgang kunne verta røyndom ved å nytta det gamle statsmaskineriet. Lenin utdjupa fleire gonger den vidgjetne ytringa til Marx og Engels: «Arbeidarklassen kan ikkje rett og slett taka tak i det ferdiglaga statsmaskineriet og bruka det til eigne føremål.»
5. Dei sosialdemokratiske partia er ikkje sosialistiske parti. Med unnatak av visse venstrefløyar, er dei parti som tener borgarskapet og kapitalismen. Dei er ein variant av borgarlege politiske parti. I spørsmålet om den sosialistiske revolusjonen er stillinga vår grunnleggjande annleis enn stillinga til dei sosialdemokratiske partia. Dette skiljet må ikkje verta skoddelagt. Å skoddeleggja dette skiljet hjelper berre leiarane for dei sosialdemokratiske partia til å narra massane, og hemmar oss i å vinna massane vekk frå innverknaden frå dei sosialdemokratiske partia. Men det er utan tvil svært viktig å styrkja arbeidet vårt med omsyn til dei sosialdemokratiske partia og streva etter å oppretta ein einskapsfront med venstre- og midtgruppene i dei.
6. Slik forstår vi dette spørsmålet. Vi har verkeleg ulike syn på dette spørsmålet, men av ulike omsyn slo vi ikkje fast synsmåtane våre etter den 20. kongressen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti. Ettersom ei sams Fråsegn skal sendast ut, må vi forklåra synsmåtane våre no. Men dette treng ikkje hindra oss i å nå fram til sams ordlegging i utkastet til Fråsegn. For å syna eit samband mellom ordlegginga av dette spørsmålet i utkastet til Fråsegn og ordlegginga frå den 20. kongressen til SUKP går vi med på å bruka det utkastet som sentralkomiteen i SUKP har lagt fram i dag som grunnlag, medan vi kjem med endringsframlegg ymse stader.
Tillegg II
FRÅSEGN FRÅ UTSENDINGSGRUPPA FRÅ KINAS KOMMUNISTISKE PARTI PÅ BUCURESTI-MØTET FOR SYSTERPARTI
(26. juni 1960)
1. Sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti hevdar at på dette møtet har kamerat Khrusjtsjov i utsendingsgruppa frå sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti brote fullstendig med det prinsippet i den internasjonale kommunistrørsla som har stått lenge ved lag, om at spørsmål som opptek fleire bør verta løyst gjennom samråding mellom systerparti, og han har brote fullstendig den avtalen som vart gjord før dette møtet om å avgrensa det til eit byte av synsmåtar og ikkje taka noka avgjerd her. Dette har han gjort gjennom det overraskingsåtaket å setja fram eit utkast til kommuniké frå møtet utan å ha samrådd seg med systerpartia om innhaldet på førehand og utan å gje løyve til omfattande og vanleg drøfting på møtet. Dette er misbruk av vørnaden for SUKP i den internasjonale kommunistrørsla, ein vørnad som er vorten bygd opp gjennom dei lange åra sidan Lenin si tid, og dessutan er det ein umåteleg grovkorna måte å tvinga sin eigen vilje på andre folk. Denne haldninga har ingenting sams med arbeidsstilen til Lenin og denne måten å gjera ting på skapar eit umåteleg dårleg føredøme i den internasjonale kommunistrørsla. Sentralkomiteen i KKP meiner at denne haldninga og denne måten å gjera ting på frå kamerat Khrusjtsjov si side kjem til å få alvorlege fylgjer langt utanom det vanlege for den internasjonale kommunistrørsla,
2. Kinas Kommunistiske Parti har alltid vore trufast mot marxismen-leninismen og har alltid halde seg stødig til dei teoretiske standpunkta til marxismen-leninismen. I dei siste to åra og vel så det har det vore heilt trufast mot Moskva-Fråsegna frå 1957, Og det har hevda fast alle dei marxist-leninistiske tesene i Fråsegna. Det finst meiningsskilnader mellom kamerat Khrusjtsjov og oss i ei rekkje grunnleggjande spørsmål i marxismen-leninismen. Desse meiningsskilnadene har livsviktig verknad for interessene til heile det sosialistiske lægeret, for interessene til proletariatet og det arbeidande folket i heile verda. Dei gjeld spørsmålet om folket i alle land kjem til å greia å verja verdsfreden og hindra imperialistane i å setja i gang ein verdskrig, og spørsmålet om sosialismen kjem til å halda fram med å henta inn sigrar i den kapitalistiske verda, som femner om to tredelar av folkemengda i verda og tre fjerdedelar av landområdet i verda. Alle marxist-leninistar bør taka ei alvorleg haldning til desse meiningsskilnadene, tenkja alvorleg over dei og halda kameratslege drøftingar, for å nå fram til samrøystes slutningar. Men den haldninga kamerat Khursjtsjov har innteke er patriarkalsk, vilkårleg og tyrannisk. Han har i røynda fare åt med tilhøvet mellom det store Sovjetunionens Kommunistiske Parti og partiet vårt som om det ikkje var eit tilhøve mellom brør, men mellom ein patriarkalsk far og son. På dette møtet har han øvd press i ein freistnad på å få partiet vårt til å bøya seg for dei ikkje-marxist-leninistiske syna hans. Med dette kunngjer vi høgtideleg at partiet vårt trur på og lyder sanninga i marxismen-leninismen, og berre den, og kjem aldri til å bøya seg for misfarne syn som står i strid med marxismen-leninismen. Vi meiner at ymse syn som kamerat Khrusjtsjov gav uttrykk for i talen på det tredje landsmøtet til det rumenske partiet er misfarne og står i strid med Moskva-Fråsegna. Talen hans kjem til å verta helst velkommen av imperialistane og Tito-klikken og har sanneleg alt vorte helst velkomen av dei. Når høvet melder seg, skal vi stå reie til å føra alvorlege drøftingar med SUKP og andre systerparti om meiningsskilnadene våre med kamerat Khrusjtsjov. Når det gjeld informasjonsbrevet frå Sovjetunionens Kommunistiske Parti til Kinas Kommunistiske Parti, som kamerat Khrusjtsjov har delt ut i Bucuresti, så vil sentralkomiteen i KKP svare på det i detalj etter at dei har granska det nøye. Svaret kjem til å forklåra meiningsskilnadene om prinsipp mellom dei to partia, setja fram dei kjensgjerningane som vedkjem saka, og sentralkomiteen i KKP vil halda alvorlege, oppriktige og kameratslege drøftingar med systerparti. Vi er overtydde om at sanninga i marxismen-leninismen kjem til å sigra til slutt same kva. Sanninga er ikkje redd for strid. I siste omgang er det uråd å framstilla sanning som lygn og lygn som sanning. Framtida til den internasjonale kommunistrørsla kjem an på trongen og stridane til folket i alle land og på leiinga marxismen-leninismen gjev, og kjem aldri til å verta avgjord av peikestokken til nokon einskildperson.
3. Vi, Kinas Kommunistiske Parti, har alltid streva etter å tryggja einskapen mellom alle kommunistparti og einskapen mellom alle sosialistiske land. For skuld den ekte einskapen i dei internasjonale kommunistrekkjene og for skuld den sams striden mot imperialisme og reaksjon, meiner vi at det er naudsynt å setja i gang vanlege drøftingar om meiningsskilnader og at alvorlege prinsippspørsmål ikkje bør verta avgjorde i full fart på uvanlege måtar eller rett og slett ved røysting. Heller ikkje bør ein tvinga på andre vilkårlege syn som ikkje er vortne utprøvde i praksis eller som alt har synt seg å vera galne i slike prøver. Den måten kamerat Khrusjtsjov gjorde tinga på på dette møtet, er heilt og halde skadeleg for einskapen i den internasjonale kommunismen. Men same korleis kamerat Khrusjtsjov fer åt, er einskapen mellom partia i Kina og Sovjetunionen nøydd til å verta styrkt og utvikla vidare. Vi er djupt overtydde om at ettersom den internasjonale kommunistrørsla og marxismen-leninismen utviklar seg, kjem einskapen i rekkjene våre til å veksa seg stadig sterkare.
4. Om tilhøvet mellom dei to partia våre vert sett som heilskap, er dei meiningsskilnadene som er nemnde mellom kamerat Khrusjtsjov og oss berre av delkarakter. Vi meiner at hovudsaka i tilhøvet mellom dei to partia er einskapen deira i strid for sams sak. Dette er slik av di begge landa våre er sosialistiske land og begge partia våre er bygde på marxist-leninistiske prinsipp og slåst for å fremja saka til heile det sosialistiske lægeret, for å gå mot imperialistisk aggresjon og vinna verdsfred. Vi trur at kamerat Khrusjtsjov og sentralkomiteen i SUKP og vi sjølve kjem til å greia å finna høve til å halda rolege og kameratslege drøftingar og løysa meiningsskilnadene våre, slik at partia i Kina og Sovjetunionen kan verta meir sameinte og tilhøvet mellom dei meir styrkt. Dette ville vera eit stort gode for heile det sosialistiske lægeret og for striden folket i verda fører mot imperialistisk aggresjon og for verdsfred.
5. Vi er glade for at utkastet til melding frå møtet som er sett fram her, stadfester at Moskva-Fråsegna er rett. Men dei marxist-leninistiske tesane i Moskva-Fråsegna er framlegde unøye og einsidig i dette utkastet. Og det er gale at utkastet unngår å taka klårt standpunkt til dei store problema i den internasjonale stoda no og slett ikkje nemner den moderne revisjonismen, hovudfåren for den moderne arbeidarrørsla. Difor kan vi ikkje godtaka dette utkastet. For skuld einskapen i den sams striden mot fienden har vi lagt fram eit revidert utkast og gjer framlegg om at det vert drøfta. Om det ikkje er råd å verta samde denne gongen, gjer vi framlegg om at det vert sett ned ein særskild utkastkomité som etter fullstendige drøftingar skal arbeida ut eit dokument som alle kan seia seg samde i.
Tillegg III
DEI FEM FRAMLEGGA FOR Å LØYSA MEININGSSKILNADENE OG NÅ FRAM TIL EINSKAP, SOM STOD I BREVET SENTRALKOMITEEN I KKP SENDE SOM SVAR PÅ INFORMASJONSBREVET FRÅ SETNRALKOMITEEN I SUKP.
(10. september 1960)
Medan vi strevar etter å løysa meiningsskilnadene godt og nå fram til einskap, legg vi fram desse framlegga, heilt oppriktig.
1. Dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen og prinsippa i Fråsegna og Manifestet frå Moskva-møtet i 1957 er det ideologiske grunnlaget for einskapen mellom dei to partia våre og mellom alle systerparti. Alle utsegner og handlingar frå oss må vera heilt ut tru mot dei grunnleggjande prinsippa i marxismen-leninismen og prinsippa i Moskva-Fråsegna, som vi bør bruka som kjennemerke for å skilja mellom sanning og lygn.
2. Tilhøvet mellom dei sosialistiske landa og mellom systerpartia må halda seg strengt til prinsippa om likeverd, kameratskap og internasjonalisme slik det er føresett i Moskva-Fråsegna.
3. Alle usemjer mellom dei sosialistiske landa må verta løyste i samsvar med det som er føresett i Moskva-Fråsegna, gjennom kameratsleg og uhastig drøfting. Både Sovjetunionen og Kina, og partia i både Kina og Sovjetunionen, ber eit stort ansvar når det gjeld den internasjonale stoda og andsynes den internasjonale kommunistrørsla. Dei bør ha omfattande samrådingar og uhastige drøftingar om alle viktige spørsmål av felles interesse for å få einskap i handling. Om usemjene mellom partia i Kina og Sovjetunionen ikkje kan verta løyste i ei tid i samrådingar mellom dei to partia, då bør dei uhastige drøftingane halda fram. Når det er naudsynt bør synsmåtane til begge sider verta sett fram heilt objektivt for alle kommunistparti og arbeidarparti frå alle land, slik at desse partia kan fella rette domar etter alvorleg gjennomtenking og i samsvar med marxismen-leninismen og prinsippa i Moskva-Fråsegna.
4. Det er ofseleg viktig at kommunistar trekkjer ei klår skiljeline både mellom fienden og oss sjølve, mellom sanning og lygn. Dei to partia våre bør skatta og verdsetja venskapen vår og taka kvarandre i hendene for å gå mot fienden, og bør ikkje gje kunngjeringar eller gå til handlingar som undergrev einskapen mellom dei to partia og dei to landa og slik gje fienden høve til å køyra inn ein kile mellom oss.
5. På grunnlag av desse prinsippa bør partia våre i lag med andre kommunistparti og arbeidarparti streva etter å gjera møtet for talsmenn frå kommunistparti og arbeidarparti frå alle land som skal haldast i Moskva i november i år, med omfattande førebuing og samråding før møtet, vellukka. På dette møtet bør dei arbeida ut eit dokument som samsvarar med dei grunnleggjande prinsippa i marxismen-leninismen og prinsippa i 1957-Fråsegna som skal tena som program vi skal halda oss til alle saman, eit program for den sameinte striden mot fienden.
Noter:
(1) Leiar i Renmin Ribao (Folkets Dagblad), 27. februar 1963.
(2) Lenin, «Polemiske merknader», (1911)i Samla verk, eng. utg., band 17, s. 166
(3)Den historiske røynsla til proletariatets diktatur, eng. utg., Foreign Languages Press, Peking 1964, s. 7.
(4)Fait accompli — fullbyrda kjensgjerning. – Red.
(5)Radiotale ved T. C. Streibert, direktør for informasjonsbyrået i USA, 11. juni 1956.
(6)«Kommunistkrisa», leiarartikkel i New York Times, 23. juni 1956.
(7) J. F. Dulles, Utsegn på pressekonferensen 3. april 1956.
(8)J. B. Tito, Tale halden Pula, 11. november 1956.
(9)N. S. Khrusjtsjov, Tale på massemøte i Moskva, 28. september 1959.
(10)N. S. Khrusjtsjov, pressekonferanse i Washington, 27. september 1959.
(11) A. A. Gromyko, Tale på møte for Det øvste sovjet i Sovjetunionen, 31. oktober 1959.
(12) Nyårshelsing frå N. S. Khrusjtsjov og K. Y. Vorosjilov til D. D. Eisenhower, 1. januar 1960.
(13)N. S. Khrusjtsjov, Svar på spørsmål frå Roberto J. Noble, styrar for den argentiske avisa Clarin, 30. desember 1959.
(14) N. S. Khrustjsjov, Tale i generalforsamlinga i SN, 18. september 1959.
(15)N. S. Khrusjtsjov, Melding til den 21. kongressen i SUKP, januar 1959.
(16) N. S. Khrusjtsjov, Samtale med senator H. H. Humphrey frå USA, 1. desember 1958.
(17) N. S. Khrusjtsjov, Melding til møte Det øvste Sovjet i Sovjetunionen, oktober 1959.
(18) (To kina)» — nemning på imperialismen og særleg USA-imperialismen sin freistnad på å få Taiwan godteke som eigen stat med namnet Kina, på lik line med Folkerepublikken Kina. — Red.
(19) Helsingsbod frå N. S. Khrusjtsjov og L. I. Bresjnev til J. F. Kennedy på den 185. Sjølvstende-årsdagen for USA, 4. juli 1961.
(20)Y Andropov, «Den 22. kongressen til SUKP og utviklinga av det sosialistiske verdssystemet», Pravda, 2. desember 1961.
(21)N. S. Khrusjtsjov, Tale på konferanse for jordbruksarbeidarar i Uzbekrepublikken og andre republikkar, 16. november 1961.
(22)«Einskap tidoblar kreftene til kommunismen», Leiarartikkel i Pravda, 25. august 1961.
(23)Memorandum overlevert til det kinesiske utanriksdepartementet av den sovjetiske ambassaden i Kina den 9. august 1962.
(24) Memorandum overlevert til det kinesiske utanriksdepartementet av den sovjetiske ambassaden i Kina den 29. april 1962.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.