Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 1. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1977. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Forsvararar av nykolonialismen?
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Den proletariske revolusjonen og renegaten Khrustsjov
Om den falske kommunismen til Khrusjtsjov og kva historiske lærdommar verda kan dra av han
OM SPØRSMÅLET OM STALIN
Andre kommentar til det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP
Ved redaksjonane i Renmin Ribao (Folkets Dagblad) og Hongqi (Raude Fane)
(13. september 1963)
Spørsmålet om Stalin er viktig for heile verda og har hatt ringverkingar mellom alle klassar i alle land. Det er framleis emne for mykje drøfting i dag, der dei ulike klassane og dei politiske partia deira tek ulike synspunkt. Det er sannsynleg at ein ikkje kan nå nokon endeleg dom i dette spørsmålet i dette hundreåret. Men det er så godt som semje i fleirtalet av den internasjonale arbeidarklassen og av revolusjonære folk, som ikkje samtykkjer i den fullstendige fornektinga av Stalin og har minnet om han meir og meir kjært. Dette er sant om Sovjetunionen og. Samanstøyten vår med leiarane for SUKP er ein samanstøyt med ein del av folket. Vi vonar vi kan overtelja dei for å fremja den revolusjonære saka. Dette er føremålet vårt med å skriva denne artikkelen.
Kinas Kommunistiske Parti har alltid meint at då kamerat Khrusjtsjov fordømte Stalin fullstendig under påskot om å «stri mot persondyrkinga», gjorde han heilt gale, og han hadde løynde grunnar for det.
Sentralkomiteen i KKP peika i brevet sitt dagsett 14. juni på at «striden mot persondyrkinga» krenkjer den heilskaplege læra til Lenin om tilhøvet mellom leiarar, parti, klasse og massar, og undergrev det kommunistiske prinsippet om demokratisk sentralisme.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP unngår å koma med noko svar til prinsipp-argumenta våre, og stemplar berre dei kinesiske kommunistane som «forsvararar av persondyrkinga og kremmarar i dei galne tankane til Stalin».
Då Lenin slåst mot mensjevikane, sa han: «Å ikkje svara på eit argument frå motmannen sin i eit prinsippspørsmål og berre seia at han er «kjensleladd», vil seia å ikkje argumentera, men skifta til utskjelling.»(1) Den haldninga sentralkomiteen i SUKP syner i det opne brevet, er heilt lik den mensjevikane synte.
Sjølv om det opne brevet grip til utskjelling i staden for debatt, liker vi for vår del betre å svara på det med prinsipp-argument og ein heil del kjensgjerningar.
Den store Sovjetunionen var den fyrste staten under proletariatets diktatur. I byrjinga var den fremste leiaren av partiet og regjeringa i denne staten Lenin. Etter at Lenin døydde, var det Stalin.
Etter at Lenin døydde, vart Stalin ikkje berre leiar for partiet og regjeringa i Sovjetunionen, men den vedkjende leiaren for den internasjonale kommunistrørsla og.
Det er berre førtiseks år sidan den fyrste sosialistiske staten vart innsett av Oktoberrevolusjonen. I mest tretti av desse åra var Stalin den fremste leiaren av denne staten. Anten det gjeld soga til proletariatets diktatur eller soga til den internasjonale kommunistrørsla, har verksemda til Stalin ein umåteleg viktig plass.
Kinas Kommunistiske Parti har prinsippfast hevda at spørsmålet om korleis ein skal verdsetja Stalin og om kva slags haldning ein skal taka til han, ikkje berre er eit spørsmål om å verdsetja Stalin sjølv. Det som er viktigare er spørsmålet om korleis ein skal oppsummera den historiske røynsla til proletariatets diktatur og den internasjonale kommunistrørsla etter at Lenin døydde.
Kamerat Khrusjtsjov fornekta Stalin fullstendig på den 20. kongressen til SUKP. Han let vera å samrå seg med systerpartia på førehand om dette prinsippspørsmålet som dreg inn heile den internasjonale kommunistrørsla, og etterpå freista han å tvinga eit fait accompli på dei. Den som gjer ei vurdering av Stalin som er ulik vurderinga til SUKP, vert klaga for «å forsvara persondyrkinga» så vel som «innblanding» i dei indre sakene til SUKP. Men ingen kan nekta for kva den historiske røynsla til den fyrste staten under proletariatets diktatur har å seia internasjonalt, eller den historiske kjensgjerninga at Stalin var leiar for den internasjonale kommunistrørsla. Dermed kan ingen nekta at vurderinga av Stalin er eit viktig prinsippspørsmål som dreg inn heile den internasjonale kommunistrørsla. På kva slags grunnlag forbyr leiarane i SUKP andre parti å gjera ein realistisk analyse og vurdering av Stalin då?
Kinas Kommunistiske Parti har ufråvikeleg kravd ein fullstendig, objektiv og vitskapleg analyse av dei gode og dårlege sidene ved Stalin, etter metoden til den historiske materialismen og framlegginga av soga slik ho verkeleg gjekk føre seg, og har gått mot den subjektive, grovkorna og fullstendige fornektinga av Stalin etter metoden til den historiske idealismen og den overlagde renginga og endringa av soga.
Kinas Kommunistiske Parti har prinsippfast hevda at Stalin gjorde mistak som hadde ideologiske så vel som samfunnsmessige og historiske røter. Det er naudsynt å kritisera dei mistaka Stalin verkeleg gjorde, ikkje dei som vart tillagde han utan grunn, og å gjera det frå eit rett utgangspunkt og med rette metodar. Men vi har prinsippfast gått mot uhøveleg kritikk av Stalin som er gjord frå eit gale utgangspunkt og med galne metodar.
Stalin slåst mot tsarismen og propaganderte marxismen i livstida til Lenin. Etter at han vart medlem av sentralkomiteen til bolsjevikpartiet med Lenin i brodden, var han med i striden for å rydda veg for revolusjonen i 1917. Etter Oktoberrevolusjonen slåst han for å forsvara vinningane frå Oktoberrevolusjonen.
Stalin leidde SUKP og sovjetfolket etter at Lenin var daud ved å slåst målmedvite mot både indre og ytre fiendar, og ved å vakta og grunnfesta den fyrste sosialistiske staten i verda.
Stalin leidde SUKP og sovjetfolket i å halda ved lag lina for sosialistisk industrialisering og kollektivisering i jordbruket, og i å vinna store bragder i sosialistisk omdanning og sosialistisk oppbygging.
Stalin leidde SUKP sovjetfolket og sovjethæren i ein brennande og bitter strid fram til den store sigeren i den anti-fascistiske krigen.
Stalin verja og utvikla marxismen-leninismen i kampen mot ulike slags opportunisme, mot fiendane til leninismen, som var trotskistane, sinovjevistane, bukharinistane og andre borgaragentar.
Stalin gav eit uslettande bidrag til den internasjonale kommunistrørsla i fleire teoretiske arbeid, som er udøyelege marxist-leninistiske verk.
Stalin leidde sovjetpartiet og regjeringa i å fylgja ein utanrikspolitikk som alt i alt var i samsvar med den proletariske internasjonalismen, og som gav stor hjelp til dei revolusjonære stridane alle folk førte, irekna det kinesiske folket.
Stalin stod i fremste rekkje i den historiske straumen og leidde striden, og han var ein uforsonleg fiende av imperialismen og alle reaksjonære.
Verksemda til Stalin var svært nær knytt til stridane det store SUKP og det store sovjetfolket førte og uskiljande frå den revolusjonære striden til folket i heile verda.
Livet til Stalin var livet til ein stor marxist-leninist, ein stor proletarisk revolusjonær.
Det er sant at medan han gjorde fortenstfulle gjerningar for sovjetfolket og den internasjonale kommunistrørsla, gjorde Stalin, ein stor marxist-leninist og proletarisk revolusjonær, ymse mistak. Sume var prinsippmistak og sume var mistak han gjorde i det praktiske arbeidet. Sume kunne ha vore unngått, og sume var knapt til å unngå i ei tid då proletariatets diktatur ikkje hadde noko føredøme å gå etter.
Stalin gjekk frå den dialektiske materialismen og fall ut i metafysikk og subjektivisme i tenkemåten sin om ymse spørsmål, og som fylgje av det vart han nokre gonger skild frå røyndomen og massane. I kampar så vel i som utanfor partiet, ved ymse høve og i ymse spørsmål, blanda han saman to slags motseiingar som er ulike i innhald, motseiingar mellom oss sjølve og fienden og motseiingar i folket, og han blanda og saman dei ulike metodane ein treng for å handsama dei. I arbeidet med å underkua kontrarevolusjonen som Stalin leidde, fekk mange kontrarevolusjonære som fortente straff den rettkomne straffen sin, men samstundes var det uskuldige folk som vart dømde med urette. Og i 1937 og 1938 førekom det mistaket å gjera rekkevidden for underkuing av kontrarevolusjonære større. I spørsmålet om parti og frigjeringsorganisasjon brukte han ikkje den proletariske demokratiske sentralismen fullt ut og krenkte han i ein viss grad. Han gjorde nokre mistak når han handsama tilhøvet til systerparti og systerland. Han gav og nokre dårlege råd, i den internasjonale kommunistrørsla. Desse mistaka valda nokre tap for Sovjetunionen og den internasjonale kommunistrørsla.
Fortenestene og mistaka til Stalin er saker som er historisk og objektivt røynlege. Når ein samanliknar desse to, ser ein at fortenstene hans veg tyngre enn feila. Han gjorde fyrst og fremst rett, og feilgrepa hans kjem i andre rekkje. Når ein skal oppsummera tenkinga og arbeidet til Stalin som heilskap, kjem visseleg kvar ærleg kommunist med vyrnad for soga til å sjå det fyrst som var det fremste hjå Stalin. Når ein difor har verdsett, kritisert og vunne over mistaka til Stalin er det naudsynt å vakta det som var det fremste i Stalins liv, å vakta marxismen-Ieninismen som han verja og utvikla.
Det ville vera eit gode om mistaka til Stalin, som berre kjem i andre rekkje, vert tekne som historiske lærdomar slik at kommunistane i Sovjetunionen og andre land kan vara seg og unngå dei mistaka eller gjera færre mistak. Både positive og negative historiske lærdomar er eit gode for alle kommunistar, føresett at dei er dregne ut på rett vis og ikkje rengjer historiske kjensgjerningar.
Lenin peika meir enn ein gong på at marxistar var heilt og halde ulike revisjonistane i Den andre internasjonalen i haldninga til folk som Bebel og Rosa Luxemburg, som trass i alle mistaka dei gjorde var store proletariske revolusjonære. Marxistar løynde ikkje mistaka til desse folka, men lærte gjennom slike døme «korleis dei skulle unngå dei og leva opp til dei strengare krava frå den revolusjonære marxismen»(2). I motsetnad til marxistane, «gol» og «kakla» revisjonistane over mistaka til Bebel og Rosa Luxemburg. Lenin spotta revisjonistane og synte i den samanhengen til eit russisk eventyr. «Sume gonger kan ørner flyga lågare enn høns, men høns kan aldri stiga opp til ørnehøgder.»(3) Bebel og Rosa Luxemburg var store kommunistar», og trass i mistaka deira var dei framleis «ørner», medan revisjonistane var ein «hønseflokk» «i bakgarden til arbeidarklassen si rørsle, mellom skithaugane»(4)
Den historiske rolla til Bebel og Rosa Luxemburg let seg slett ikkje jamføra med rolla til Stalin. Stalin var den store leiaren for proletariatets diktatur og den internasjonale kommunistrørsla i ein heil historisk æra og ein må gjera seg meir føre når ein skal verdsetja han.
Leiarane i SUKP har klaga Kinas Kommunistiske Parti for å «verja» Stalin. Ja, vi verjar Stalin. Når Khrusjtsjov rengjer soga og fornektar Stalin fullstendig, har vi ein skyldnad vi ikkje kjem frå til å stå fram og verja han i samsvar med interessene til den internasjonale kommunistrørsla.
Når Kinas Kommunistiske Parti verjar Stalin, verjar det den rette sida hans, det verjar den ærerike soga til den fyrste staten under proletariatets diktatur som vart skapt av Oktoberrevolusjonen. Det verjar den ærerike soga til striden til SUKP. Det verjar vørnad for den internasjonale kommunistrørsla mellom arbeidsfolk i heile verda. Kort sagt verjar det soga og praksisen til marxismen-leninismen. Det er ikkje berre dei kinesiske kommunistane som gjer dette. Alle kommunistar som er knytte til marxismen-leninismen, alle støe revolusjonære og alle rettsinna folk har gjort det same.
Når vi verjar Stalin, verjar vi ikkje mistaka han gjorde. For lenge sidan hadde dei kinesiske kommunistane fyrste-hands røynsle med sume av mistaka hans. Av dei galne «venstre» og høgreopportunistiske linene som oppstod i Kinas Kommunistiske Parti ein og annan gong, var det sume som oppstod under innverknad frå ymse mistak Stalin gjorde, for så vidt som det galdt dei internasjonale kjeldane for dei. Sist i tjueåra, i trettiåra og tidleg og midt i førtiåra gjorde dei kinesiske marxist-leninistane med kamerat Mao Tsetung og kamerat Liu Shao-chi motstand mot innverknaden frå mistaka til Stalin. Etterkvart vann dei over dei galne «venstre» og høgreopportunistiske linene og til slutt leidde dei den kinesiske revolusjonen til siger.
Men ettersom sume av dei galne ideane som Stalin sette fram vart godtekne og brukte av ymse kinesiske kameratar, bør vi kinesarar taka ansvaret. Då partiet vårt streid mot «venstre» og høgreopportunismen, kritiserte det difor berre våre eigne villfarne kameratar og la aldri skulda på Stalin. Føremålet med kritikken vår var å skilja mellom rett og gale, dra dei høvelege lærdomane og fremja den revolusjonære saka. Vi bad berre dei villfarne kameratane om å retta mistaka sine. Om dei let vera med det, venta vi til dei litt etter litt vart vekte gjennom si eiga praktiske røynsle, føresett at dei ikkje skipa løynlege grupper til å driva hemmeleg og nedrivande verksemd. Metoden vår var den skikkelege metoden med kritikk og sjølvkritikk innanfor partiet. Vi gjekk ut frå ynskjet om einskap og kom fram til ny einskap på nytt grunnlag gjennom kritikk og strid, og slik vart det nådd fram til gode resultat. Vi stod på at desse motseiingane var motseiingar i folket og ikkje mellom fienden og oss sjølve, og at vi difor skulle nytta denne metoden.
Kva slags haldning har kamerat Khrusjtsjov og andre leiarar i SUKP teke til Stalin etter den 20. kongressen i SUKP?
Dei har ikkje gjort ein heilskapleg historisk og vitskapleg analyse av livet og arbeidet hans, men har fornekta han fullstendig utan noko skilje mellom rett og gale.
Dei har fare åt mot Stalin som mot ein fiende, ikkje som mot ein kamerat.
Dei har ikkje nytta metoden med kritikk og sjølvkritikk for å oppsummera røynsle, men har gjeve Stalin skulda for alle mistak eller skulda han for «mistak» dei har funne på tilfeldig.
Dei har ikkje lagt fram kjensgjerningane og drøfta tinga til botns, men har kome med demagogiske personlege åtak på Stalin for å så gift i tankane til folk.
Khrusjtsjov har skjelt ut Stalin og kalla han «mordar», «kriminell», «banditt»(5), «spelar», «despot av same slag som Ivan den fælslege», «den største diktatoren i russisk soge», «tosk»(6), «idiot»(7) og så bortetter. Når vi er nøydde til å gje att alt dette skitne, simple og vondkyndte snakket, er vi redde det skal søla til pennen og papiret vårt.
Khrusjtsjov har baktala Stalin som «den største diktatoren i russisk soge». Tyder ikkje det at sovjetfolket levde i tretti lange år under «tyranniet» til «den største diktatoren i russisk soge» og ikkje under det sosialistiske systemet? Det store sovjetfolket og det revolusjonære folket i verda er heilt usamde i denne bakvaskinga!
Khrusjtsjov har baktala Stalin som «despot av same slaget som Ivan den fælslege». Vil ikkje det seia at den røynsla det store SUKP og det store sovjetfolket gjennom meir enn tretti år skaffa folk verda over, ikkje var røynsla til proletariatets diktatur, men røynsla frå livet under styret til ein føydal «despot»? Det store sovjetfolket, dei sovjetiske kommunistane og marxist-leninistane over heile verda er heilt usamde i denne bakvaskinga!
Khrusjtsjov har baktala Stalin og kalla han «banditt». Vil ikkje det seia at den fyrste sosialistiske staten i verda i lang tid hadde ein «banditt» i brodden? Det store sovjetfolket og det revolusjonære folket i heile verda er heilt usamde i denne bakvaskinga!
Khrusjtsjov har baktala Stalin som «tosk». Vil ikkje dette seia at det SUKP som førte heltemodig strid gjennom dei framfarne tiåra hadde ein «tosk» som leiar? Dei sovjetiske kommunistane og marxist-leninistane i heile verda er heilt usamde i denne bakvaskinga!
Khrusjtsjov har baktala Stalin og kalla han «idiot». Vil ikkje dette seia at den store sovjethæren som sigra i den anti-fascistiske krigen hadde ein «idiot» som øvstkommanderande? Dei ærerike sovjetiske kommandørane og kjemparane og alle anti-fascistiske kjemparar i verda er fullstendig usamde i denne bakvaskinga!
Khrusjtsjov har baktala Stalin som «mordar». Vil ikkje det seia at den internasjonale kommunistrørsla hadde ein «mordar» som lærar i fleire tiår? Kommunistar i heile verda, irekna kommunistane i Sovjetunionen, er fullstendig usamde i denne bakvaskinga!
Khrusjtsjov har baktala Stalin som «spelar». Vil ikkje det seia at dei revolusjonære folka hadde ein «spelar» som faneberar i stridane mot imperialismen og reaksjonen? Alle revolusjonære folk i verda, irekna sovjetfolket, er fullstendig usamde i denne bakvaskinga!
Når Khrusjtsjov skjeller ut Stalin slik, er det ei grov fornærming mot det store sovjetfolket, ei grov fornærming mot SUKP mot sovjethæren, proletariatets diktatur og mot det sosialistiske systemet, den internasjonale kommunistrørsla, dei revolusjonære folka verda over og mot marxismen-leninismen.
Kva slags stilling set Khrusjtsjov seg i, han som var med i partileiinga og statsleiinga i Stalins tid når han slår seg på brystet, dunkar i bordet og brølar skjellsord mot Stalin så høgt han kan! I stillinga til ein medsamansvoren med ein «mordar» og ein «banditt»? Eller i same stillinga som ein «tosk» og ein «idiot»?
Kva skilnad er det mellom slik utskjelling av Stalin frå Khrusjtsjov og utskjellinga frå imperialistane, dei reaksjonære i ulike land og overløparane frå kommunismen? Kvifor slikt inngrodd hat til Stalin? Kvifor gå til villare åtak på han enn du gjer på fienden?
Når Khrusjtsjov skjeller ut Stalin, avviser han i røynda vilt det sovjetiske systemet og den sovjetiske staten. Målbruken hans i samband med dette er slett ikkje veikare, det er i røynda sterkare enn målbruken til slike overløparar som Kautsky, Trotski, Tito og Djilas.
Folk bør attgje dette avsnittet frå det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP og spørja Khrusjtsjov: «Korleis kan de seia slike ting om partiet til den store Lenin, om fedrelandet åt sosialismen, om det folket som var det fyrste i verda til å gjennomføra ein sosialistisk revolusjon, halda på dei store vinningane sine i ville slag mot den internasjonale imperialismen og kontrarevolusjonen innanlands, som gjev til syne under av heltemot og oppofring i strevet for å byggja kommunismen, som trufast oppfyller den internasjonalistisk skyldnaden sin mot det arbeidande folket i verda!»
I artikkelen «Det politiske innhaldet i skjellsord» sa Lenin: «Skjellsord i politikken dekkjer ofte den fullstendige skorten på ideologisk innhald, hjelpeløysa og maktesløysa, den plagsame maktesløysa til utskjellaren.» Høver ikkje dette på leiarane i SUKP som kjenner seg jaga av biletet av Stalin og freistar å dekkja over den fullstendige mangelen på prinsipp, hjelpeløysa og den plagsame maktesløysa si ved å skjella ut Stalin?
Det store fleirtalet av sovjetfolket samtykkjer ikkje i slik utskjelling av Stalin. Dei set minnet om Stalin høgare og høgare. Leiarane i SUKP har isolert seg alvorleg frå massane. Dei kjenner støtt at dei vert truga av biletet av Stalin som heimsøkjer dei, og i røynda er det den store misnøyen i dei breie massane med den fullstendige fornektinga av Stalin. Til no har ikkje Khrusjtsjov våga å lata sovjetfolket og resten av folket i det sosialistiske lægeret få sjå den løynlege meldinga som fornektar Stalin fullstendig, som han laga til den 20. kongressen i SUKP, fordi det er ei melding som ikkje tolar dagsljos, ei melding som ville gjera massane alvorleg fiendtlege.
Særskilt verd å merkja seg er den kjensgjerninga at medan dei skjeller ut Stalin på alle vis det går an, ser leiarane i SUKP på Eisenhower, Kennedy og slaget deira med «vyrdnad og tillit»(8). Dei skjeller ut Stalin som ein «despot av same slaget som Ivan den fælslege» og «den største diktatoren i russisk soge», men rosar både Eisenhower og Kennedy for å «ha støtte frå det absolutte fleirtalet av det amerikanske folket»!(9) Dei skjeller ut Stalin som «idiot», men rosar Eisenhower og Kennedy for å vera «vettuge»! På den eine sida frøser dei ilske mot ein stor marxist-leninist, ein stor proletarisk revolusjonær og ein stor leiar for den internasjonale kommunistrørsla, og på den andre sida prisar dei hovdingane for imperialismen til skyene. Finst det noka von om at sambandet mellom desse to ovringane berre er eit slumpetreff og at dei ikkje fylgjer med bønlaus logikk av sviket mot marxismen-leninismen?
Om ikkje minnet hans er for stutt, bør Khrusjtsjov hugsa at på eit massemøte i Moskva i januar 1937 fordømte han sjølv med rette dei som gjekk til åtak på Stalin, og sa: «Då dei lyfte handa mot kamerat Stalin, lyfta dei handa mot oss alle, mot arbeidarklassen og det arbeidande folket! Då dei lyfte handa mot kamerat Stalin, lyfta dei henne mot læra til Marx, Engels og Lenin!» Khrusjtsjov sjølv høgrosa Stalin gong på gong som ein «svært nær ven og våpenbror av den store Lenin»(10), som «det største geniet, den største læraren og leiaren av menneskeætta»(11) og «den store marskalken som alltid sigrar»(12), som «den oppriktige venen til folket»(13) og som sin «eigen far»(14).
Om ein samanliknar det Khrusjtsjov sa då Stalin levde, med det han seier no som Stalin er daud, kan ingen unngå å sjå at Khrusjtsjov har snudd 180 gradar i vurderinga si av Stalin.
Om ikkje minnet hans er for stutt, burde Khrusjtsjov sjølvsagt hugsa at i tida under Stalin si leiing var han sjølv særskilt aktiv til å stø og gjennomføra den rådande politikken for å underkua kontrarevolusjonære.
6. juni 1937, på den femte partikonferansen i Moskva-provinsen, sa Khrusjtsjov:
«Partiet vårt vil utan nåde knusa gjengen med svikarar og forrædarar og utsletta alle høgre-trotskist-utskota… Vissen om dette er den uskakande leiinga til leiaren vår, kamerat Stalin. … Vi skal utrydda fiendane — til siste mann — og spreia oska deira for vinden.»
8. juni 1938, på den fjerde partikonferansen i Kiev-provinsen, sa
Khrusjtsjov:
«Jakirane, Balitskijane, Ljubsjekijane, Zatonskijane og anna avskum som ville føra dei polske godseigarane til Ukraina, ville henta dei tyske fascistane, godseigarane og kapitalistane hit… Vi har utrydda ein heil del fiendar, men framleis ikkje alle. Difor er det naudsynt å halda augo opne. Vi må hugsa orda til kamerat Stalin vel, om at så lenge den kapitalistiske omringinga finst, kjem spionar og sabotørar til å verta smugla inn i landet vårt.»
Khrusjtsjov var i leiinga for partiet og staten i Stalin si tid, og stødde aktivt og sette fastrådd ut i livet politikken for å underkua kontrarevolusjonære. Kvifor seier han frå seg alt som vart gjort i denne tida og skuver skulda for alle mistak over på Stalin åleine, mens han kvitvaskar seg sjølv heilt og halde?
Når Stalin gjorde noko gale, kunne han kritisera seg sjølv. Til dømes hadde han gjeve sume dårlege råd med omsyn til den kinesiske revolusjonen. Etter at den kinesiske revolusjonen sigra, vedgjekk han mistaket sitt. Stalin vedgjekk og nokre av mistaka sine i arbeidet for å reinska partirekkjene i meldinga til den attande kongressen til SUKP i 1939. Men kva med Khrusjtsjov? Han veit rett og slett ikkje kva sjølvkritikk er. Alt han gjer er å skuva heile skulda over på andre og krevja all ære for seg sjølv.
Det er ikkje overraskande at desse stygge gjerningane til Khrusjtsjov skulle ha gått føre seg når den moderne revisjonismen er ute og herjar. Som Lenin sa i 1915 då han kritiserte revisjonistane i Den andre internasjonalen for å ha svike marxismen:
«Dette er slett ikkje noko å undrast over i denne tida for gløymde ord, tapte prinsipp, styrta filosofiar og forkasta fråsegner og høgtidelege lovnader.»(15)
Som hendingsgangen etter den 20. kongressen har synt fullt ut, fekk den fullstendige fornektinga av Stalin ved leiinga i SUKP umåteleg alvorlege fylgjer.
Det har utstyrt imperialistane og dei reaksjonære i alle land med uhorveleg velkomen anti-sovjetisk og anti-kommunistisk skyts. Kort etter den 20. kongressen til SUKP utnytta imperialistane den løynlege meldinga mot Stalin som Khrusjtsjov gav, til å piska opp ei verdsfemnande flodbylgje mot Sovjetunionen og kommunismen. Imperialistane, dei reaksjonære i alle land, Tito-klikken og opportunistar av ulike utsjånader kasta seg alle over høvet til å gå til åtak på Sovjetunionen, det sosialistiske lægeret og kommunistpartia. Slik kom mange systerparti og systerland opp i alvorlege vanskar.
Den styrlause kampanjen mot Stalin ved leiinga i SUKP sette trotskistane, som lenge hadde vore politiske lik, i stand til å livna til att og ropa etter «oppreising» for Trotski. I november 1961, ved avlsutninga av den 22. kongressen i SUKP slo det internasjonale sekretariatet for Den fjerde internasjonalen fast i eit brev til den 22. kongressen i SUKP og den nye sentralkomiteen, at i 1937 hadde Trotski sagt at det kom til å verta reist eit monument til ære for ofra for Stalin. «I dag», heldt det fram, «har denne spådomen vorte sanning. Framfor kongressen dykkar har fyrstesekretæren i partiet dykkar lova at dette monumentet skal verta reist.» I dette brevet vart det reist konkret krav om at namnet til Trotski skulle verta «hogd inn med gullbokstavar på monumentet som skal reisast til ære for ofra for Stalin», Trotskistane løynde ikkje gleda si og kunngjorde at den anti-Stalin-kampanjen som leiinga i SUKP hadde sett gang, hadde «opna døra for trotskismen,» og kom til å «vera til stor hjelp i å fremja trotskismen og organisasjonen hans — Den fjerde internasjonalen».
Når dei fornektar Stalin fullstendig, har leiarane i SUKP grunnar som ikkje tolar dagsljos.
Stalin døydde i 1953. Tre år etter at han døydde, gjekk leiarane i SUKP til valdsamt åtak på han på den 20. kongressen, og åtte år etter at han døydde gjorde dei det att på den 22. kongressen, då dei fjerna og brende leivningane av han. Då dei tok opp att det valdsame åtaket på Stalin, hadde leiarane i SUKP som mål å stryka ut den uutslettande innverknaden denne store proletariske revolusjonære hadde i folket i Sovjetunionen og verda over, og rydda vegen for å fornekta marxismen-leninismen som Stalin hadde verja og utvikla og for å nytta ei revisjonistisk line heilt ut. Den revisjonistiske lina deira byrja nett med den 20. partikongressen og vart fullt ut sett i system på den 22.kongressen. Kjensgjerningane syner klårare og klårare at revisjonen deira av dei marxist-leninistiske teoriane om imperialismen, krig og fred, proletarisk revolusjon og proletariatets diktatur, revolusjon i koloniane og halvkoloniane, det proletariske partiet osb., er uskiljande knytt til den fullstendige fornektinga av Stalin.
Det er under dekkje av å «stri mot persondyrkinga» at leiinga i SUKP freistar å fornekta Stalin fullstendig.
Då dei sette i gang «striden mot persondyrkinga», var ikkje leiarane i SUKP ute etter å nyoppretta det dei kallar «dei leninistiske standardane for partiliv og prinsipp for leiing». Tvert om krenkjer dei Lenin si lære om tilhøvet mellom leiarar, parti, klasse og massar og går på tvers av prinsippet om demokratisk sentralisme i partiet.
Marxist-leninistar hevdar at om det revolusjonære partiet til proletariatet verkeleg skal tena som hovudkvarter for proletariatet i strid, må det handsama tilhøvet mellom leiarar parti, klasse og massar rett, og det må vera organisert etter prinsippet med demokratisk sentralisme. Eit slikt parti må ha ei temmeleg stabil leiingskjerne, som bør vera samansett av ei gruppe grundig prøva leiarar som er gode til å integrera den allmenngyldige sanninga i marxismen-leninismen med den konkrete utøvinga av revolusjonen.
Leiarane for det proletariske partiet, anten dei er medlem i sentralkomiteen eller lokale utval, stig fram frå massane i løpet av klassestridane og dei revolusjonære masserørslene. Dei er grenselaust tru mot massane, har nære band til dei og er flinke til å konsentrera tankane til massane på rett vis og så setja dei ut i livet. Slike leiarar er ekte talsmenn for proletariatet, og massane kjennest ved dei. Det er eit teikn på politisk mogning i det proletariske partiet når det har slike leiarar, og i det ligg vona om siger for proletariatet si sak.
Lenin hadde heilt rett då han sa at «ikkje ein einaste klasse i soga har nådd makta utan å skapa politiske leiarar for seg, framståande talsmenn for seg som er i stand til å organisera ei rørlse og leia henne»(16). Han sa og:
«Å trena røynde og svært innverknadsrike partileiarar er ei langsiktig og vanskeleg oppgåve. Men utan dette kjem proletariatets diktatur, den «einskaplege viljen» det har, fortsatt til å vera tome ord.»(17)
Denne prinsippfaste og rette tilnærminga vår er grunnleggjande ulik «striden mot persondyrkinga» som leiinga i SUKP går inn for.
Det har vorte klårare og klårare at når leiarane i SUKP går inn for «strid mot persondyrkinga», har dei ikkje slik dei sjølve påstår tenkt å fremja demokratiet, praktisera kollektiv leiing og gå mot å overdriva rolla til einskildmennesket. Dei har løynde grunnar.
Nett kva er hovudpunktet i deira «strid mot persondyrkinga»?
For å seia det beint ut er det ikkje noko anna enn dette:
1. Under påskot om «å stri mot persondyrkinga» vil dei stilla Stalin, partileiaren, opp mot partiorganisasjonen, proletariatet og folkemassane.
2. Under påskot om å «stri mot persondyrkinga» vil dei skitna til det proletariske partiet, proletariatets diktatur og det sosialistiske systemet.
3. Under påskot om «å stri mot persondyrkinga» vil dei byggja opp seg sjølve og gå til åtak på revolusjonære som er tru mot marxismen-leninismen, for å rydda veg for at revisjonistiske renkesmedar kan riva til seg leiinga i partiet og staten.
4. Under påskot om å «stri mot persondyrkinga» vil dei blanda seg inn i dei indre sakene til systerparti og systerland og streva etter å undergrava leiinga deira som det passar dei sjølve, og
5. Under påskot om å «stri mot persondyrkinga» vil dei gå til åtak på systerparti som held fast ved marxismen-leninismen og kløyva den internasjonale kommunistrørsla.
«Striden mot persondyrkinga» som Khrusjtsjov sette i gang, er ein forakteleg politisk intrige. Slik var ein som Marx skildra: «Han er i sitt element som intrigant, men er eit null som teoretikar.»(18)
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP erklærer at «mens vi avviser persondyrkinga og strir mot fylgjene av henne» har dei «høg vyrdnad for leiarar som… nyt fortent vyrdnad». Kva vil dette seia? Det vil seia at medan dei trampar Stalin ned, rosar leiarane i SUKP Khrusjtsjov til skyene.
Dei skildrar Khrusjtsjov, som ikkje var kommunist enno då Oktoberrevolusjonen gjekk føre seg og som arbeidde med politikk i låg rang under borgarkrigen, som «ein aktiv skapar av Den raude hæren»(19).
Dei gjev Khrusjtsjov åleine æra for sigeren i det avgjerande slaget i den sovjetiske patriotiske krigen, og seier at i slaget ved Stalingrad «kunne ein svært ofte høyra røysta til Khrusjtsjov»(20) og at han var «sjela til Stalingrad-innbyggjarane.»(21)
Dei gjev Khrusjtsjov heile æra for dei store bragdene i atomvåpen og rakettvitskap og kallar han «kosmiske far».(22) Men som alle veit, var framgangen til Sovjetunionen i å laga atombomba og hydrogenbomba ei storgjerning som vitskapsmennene og teknikarane i Sovjetunionen gjorde under Stalin si leiing. Grunnlaget for rakettvitskapen vart lagt i Stalins tid. Korleis kan ein sletta ut desse viktige historiske kjensgjerningane? Korleis kan ein gje heile æra til Khrusjtsjov?
Dei prisar Khrusjtsjov som har revidert dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen og som hevdar at leninismen er forelda, som den «strålande modellen som utvikla den marxist-leninistiske teorien på skaparvis og gjorde han rikare»(23)
Det leiarane i SUKP driv med under dekkje av å «stri mot persondyrkinga», er nett som Lenin sa:
«… i staden for dei gamle leiarane som har vanlege menneskelege synspunkt på vanlege spørsmål, vert nye leiarar skuvd fram… som snakkar overnaturleg tøv og forvirring,»(24)
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP bakvaskar standpunktet vårt å halda fast ved marxismen-leninismen og påstår at vi «freistar å tvinga på andre parti den ordenen i tinga, den ideologien og moralen, dei formene og metodane som blømte i tida med persondyrkinga». Denne merknaden avdekkjer meiningsløysa i «striden mot persondyrkinga».
lfylgje leiarane i SUKP kom det «ein periode med persondyrking» i Russland etter at Oktoberrevolusjonen hadde gjort slutt på kapitalismen i Russland. Det ser mest ut som om «det sosiale systemet» og «ideologien og moralen» i den perioden ikkje var sosialistiske. I den perioden var det arbeidande folket i Sovjetunionen under ei «tung bør», det rådde ei «stemning med redsle, mistanke og uvisse som forgifta livet til folket»(25), og sovjetsamfunnet vart halde attende i utviklinga si.
I talen sin på det sovjetisk-ungarske venskapsmøtet den 19. juli 1963 gjekk Khrusjtsjov inn på det han kalla «terror»-styret til Stalin, og sa at Stalin «heldt makta si ved lag med øks». Han skildra samfunnsordenen i den tida i desse ordelaga: «… i den perioden visste ein mann som gjekk heimanfrå til jobben ofte ikkje om han kom til å koma heim att, om han kom til å sjå kone og born igjen.»
«Perioden med persondyrkinga» slik leiinga i SUKP skildrar han, Var ein periode då samfunnet var meir «styggjeieg» og «barbarisk» enn i perioden med føydalisme eller kapitalisme.
Ifylgje leiinga i SUKP greide ikkje proletariatets diktatur og det sosialistiske samfunnssystemet, som vart oppretta som fylgje av Oktoberrevolusjonen, å fjerna underkuinga av det arbeidande folket eller auka utviklingstakta til det sovjetiske samfunnet på fleire tiår. Fyrst etter at den 20. kongressen gjennomførte «striden mot persondyrkinga», vart den «tunge børa» fjerna frå det arbeidande folket og «utviklinga av sovjetsamfunnet» «skaut brått fart».(26)
Khrusjtsjov sa: «Å! Om berre Stalin hadde døydd ti år før!»(27) Som alle veit døydde Stalin i 1953. Ti år før ville vore i 1943, nett det året då Sovjetunionen byrja motoffensiven sin i den store patriotiske krigen. Kven var det som ville at Stalin skulle døy den gongen? Hitler!
Det er ikkje noko nytt i soga til den internasjonale kommunistrørsla at fiendane til marxismen-leninismen æreskjeller leiarane for proletariatet og freistar å undergrava den proletariske saka ved å bruka eit eller anna slagord slik som «strid mot persondyrkinga». Det er eit skite knep som folk har gjennomskoda for lenge sidan.
I perioden under Den fyrste internasjonalen brukte renkesmeden Bakunin liknande målbruk når han rasa mot Marx. For å smeikja seg innpå Marx og vinna tiltru frå han, skreiv han fyrst: «Eg er eleven Dykkar og stolt av det.»(28) Seinare, når han ikkje lykkast i komplottet for å riva til seg leiinga i Den fyrste internasjonalen, skjelte han ut Marx og sa: «Som tyskar og jøde er han autoritær frå topp til tå»(29) og ein «diktator»(30).
I perioden under Den andre internasjonalen nytta overløparen Kautsky liknande målbruk for å rasa mot Lenin. Han bakvaska Lenin og samanlikna han med «Guden til monoteistane»(31), som hadde redusert marxismen «til statusen ikkje berre til ein statsreligion, men til ei mellomaldertru eller ei orientalsk tru»(32).
I tida under Den tredje internasjonalen nytta overløparen Trotski på liknande vis slikt språk til å rasa mot Stalin. Han sa at Stalin var ein «tyrann»(33) og at «stalinist-byråkratiet har skapt ei avstyggjeleg leiardyrking som tillegg leiarar ulike guddommelege eigenskapar.»(34)
Den moderne revisjonistiske Tito-klikken nyttar og liknande ord for å rasa mot Stalin, og seier at Stalin var «diktatoren» «i eit system med absolutt personleg makt»(35).
Dermed skulle det vera klårt at spørsmålet om «strid mot persondyrkinga» som leiinga i SUKP har reist, har Vorte overlevert gjennom Bakunin, Kautsky, Trotski og Tito, som alle i hop har nytta det til å gå til åtak på leiarane for proletariatet og undergrava den proletariske revolusjonære rørsla.
Opportunistane i soga til den internasjonale kommunistrørsla var ute av stand til å fornekta Marx, Engels eller Lenin ved å æreskjella dei, og Khrusjtsjov kan ikkje fornekta Stalin gjennom æreskjelling heller.
Som Lenin påpeika, kan ikkje ei privilegert stilling sikra at æreskjelling fører fram.
Khrusjtsjov var i stand til å nytta den privilegerte stillinga si til å fjerna lekamen til Stalin frå Lenin-mausoleet, men same kor hardt han prøver kan han aldri greia å fjerna det store minnet om Stalin frå tankane til sovjetfolket og folket i heile verda.
Khrusjtsjov kan nytta den privilegerte stillinga si til å revidera marxismen-leninismen på den eine eller den andre måten, men same kor hardt han prøver kan han aldri greia å styrta marxismen-leninismen som Stalin verja og som vert verja av marxist-leninistar over heile verda.
Vi vil gjerne gje eit oppriktig råd til kamerat Khrusjtsjov, Vi vonar du vil verta klår over mistaka dine og vende deg frå den galne vegen din til den marxist-leninistiske vegen.
Lenge leve den store revolusjonære læra til Marx, Engels, Lenin og Stalin!
Noter:
(1)Lenin, «Nokre merknader til ‘svaret’ frå Maslov» (1908) i Samla verk eng. utg., band 15, s. 255—266.
(2) Lenin, «Føreord til brosjyren ved Voinov (A.V. Lunarcharskij) om partiet si haldning til fagforeiningane» i Samla verk, eng. utg, band 13, s. 165.
(3) Lenin, «Merknader frå ein skribent» i Utvalde verk, eng. utg., International Publishers, New York 1943, band 10, s. 312.
(4) Lenin, same stad.
(5)Khrusjtsjov, «Samtale med utsendingsgruppa frå Kinas Kommunistiske Parti», 22. oktober 1961.
(6) Khrusjtsjov, «Tale på 1. maimottakinga til Sovjetregjeringa i 1962.
(7) Khrusjtsjov, «Samtale med utsendingsgruppa frå Kinas Kommunistiske Parti», 22. oktober 1961.
(8) Khrusjtsjov, «Svarbrev til J. F. Kennedy», 28. oktober 1962.
(9) Khrusjtsjov, «Svar på spørsmål frå sjefsredaktørane i Pravda og Izvestia, 15. juni 1963.
(10) Khrusjtsjov, «Stalin og den store venskapen til folka i Sovjetunionen», Pravda, 21. desember 1939.
(11) Khrusjtsjov, «Tale på den attande kongressen til SUKP(b)», Pravda, 15. mars 1939.
(12)Khrusjtsjov og andre, «Brev til alle offiserar og menige i den sovjetiske Raude hæren», Pravda 13. mai 1945.
(13) Khrusjtsjov, «Stalin og den store venskapen til folka i Sovjetunionen», Pravda, 21. desember 1939.
(14) Khrusjtsjov, «Stalinistisk venskap mellom folka — ein garanti for at fedrelandet vårt er uovervinneleg». Pravda, 21 desember 1949.
(15) Lenin, «Føreord til brosjyren til Bukharin, Imperialismen og verdsøkonomien», (1915) Samla verk, eng. utg., band 22, s. 104.
(16)Lenin, «Dei brennande oppgåvene til rørsla vår», (1900) i Samla verk, eng. utg., band 4, s. 370.
(17)Lenin, «Eit brev til dei tyske kommunistane» (1921) i Samla verk, eng. utg., band 32, s. 512—523.
(18) Marx, «Marx til F. Bolte», 23. november 1871.
(19)«Livet for folket», Zarja Vostoka, 17. desember 1961.
(20) «Skapt og oppseda av partiet», Agitator, nr. 2,1963.
(21) V. I. Tsjuikov, «Tale på møte som markerte 20.årsdagen for den store patriotiske krigen til Sovjetunionen», Pravda, 22. juni 1961,
(22)G. S. Titov, Tale på den 22. kongressen i SUKP, 26. oktober 1961.
(23)A. N. Kosygin, Tale på den 22. kongressen i SUKP 21. oktober 1961.
(24) Lenin, «Venstre»-kommunismen — en barnesjukdom » (1920) Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1976, bind 11 side 121 — 122.
(25) Ope brev frå sentralkomiteen i SUKP til alle partiorganisasjonar og til alle kommunistar i Sovjetunionen, 14. juli 1963.
(26) Ope brev frå sentralkomiteen i SUKP til alle partiorganisasjonar og alle kommunistar i Sovjetunionen, 14. juli 1963.
(27) Khrusjtsjov, Tale på det sovjetisk-ungarske venskapsmøtet i Moskva, 19. juni 1963.
(28) Bakunin, Brev til Karl Marx, 22. desember 1868, Die Neue Zeit, nr. 1,1900.
(29) Franz Mehring,«Karl Marx, livssoga hans», eng. utg. 1935, s. 429.
(30) «Engels til A. Bebel, 20. juni 1873» Samla verk av Marx og Engels, tysk utg., band 33, s. 588.
(31) Monoteist — ein som trur på ein einaste gud. – Red.
(32) Karl Kautsky, «Sosialdemokrati mot kommunisme», eng. utg. Rand School Press, New York 1946, s. 54.
(33)Trotski, «Stalin, ei vurdering av mannen og innverknaden hans», eng. utg. 1941, s. 420. (34)Trotski, «Det stalinistiske byråkratiet og mordet på Kirov», Om Kirov-mordet, eng. utg. 1956, s. 17.
(35) E. Kardelj, «Fem år etter», Borba, 28. juni 1953.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.