Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 1. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1977. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Forsvararar av nykolonialismen
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Innhold
ER JUGOSLAVIA EIT SOSIALISTISK LAND?
Tredje kommentar til det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP
Ved redaksjonane i Renmin Ribao (FolketsDagblad) og Hongqi (Raude fane)
(26. september 1963)
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Dette er ikkje berre eit spørsmål om å skaffa visse om innhaldet i den jugoslaviske staten, det dreg og inn spørsmålet om kva veg dei sosialistiske landa bør fylgja. Skal dei fylgja vegen til Oktoberrevolusjonen og føra den sosialistiske revolusjonen til endes, eller skal dei fylgja vegen til Jugoslavia og føra inn kapitalismen att? I tillegg dreg det inn spørsmålet om korleis ein skal vurdera Tito-klikken. Er han eit systerparti og ei kraft mot imperialismen, eller ein overløpar frå den internasjonale kommunistrørsla og ein tenar for imperialismen?
I dette spørsmålet er det grunnleggjande meiningsskilnader mellom leiarane i SUKP på den eine sida, og oss sjølve og alle marxist-leninistar på den andre. Alle marxist-leninistar meiner at Jugoslavia ikkje er eit sosialistisk land. Leiarklikken i Kommunistforbundet i Jugoslavia har svike marxismen-leninismen og det jugoslaviske folket og er samansett av overløparar frå den internasjonale kommunistrørsla og tenarar for imperialismen.
Leiarane i SUKP, på den andre sida, meiner at Jugoslavia er eit sosialistisk land og at Kommunistforbundet i Jugoslavia byggjer på marxismen-leninismen og er eit systerparti og ei kraft mot imperialismen.
I det opne brevet dagsett 14. juli kunngjer sentralkomiteen i SUKP at Jugoslavia er eit «sosialistisk land» og at Tito-klikken er eit «systerparti» som «står ved roret i statsskipet».
Kamerat Khrusjtsjov vitja nyleg Jugoslavia, og i fleire talar avslørte han endå klårare det verkelege standpunktet til leiarane i SUKP, og kasta heilt av det fikenbladet som dei hadde dekt seg med i dette spørsmålet.
Etter det Khrusjtsjov meiner er ikkje Jugoslavia berre eit sosialistisk land, det er eit «framskride» sosialistisk land. Der finn ein ikkje «gjerandslaust prat om revolusjon», men «verkeleg bygging av sosialismen», og utviklinga i Jugoslavia er «eit konkret tilskot til den allmenne revolusjonære arbeidarrørsla i verda»,(1) som Khrusjtsjov er nokså avundssjuk på og gjerne vil gjera etter.
Etter det Khrusjtsjov meinet er leiarane i SUKP og Tito-fylgjet «ikkje berre klassebrør», men «brør som er samanbundne … av at vi har heilt ut dei same måla framfor oss». Leiinga i SUKP er ein «pålitande og trufast alliert» for Tito-klikken.(2)
Khrusjtsjov trur han har oppdaga verkeleg marxisme-leninisme i Tito-klikken. Sentralkomiteen i SUKP lest berre som, då han påstod i det opne brevet at «det framleis står att meiningsskilnader i fleire grunnleggjande prinsippspørsmål mellom SUKP og Kommunistforbundet i Jugoslavia». No har Khrusjtsjov sagt til Tito-klikken at «vi tilhøyrer ein og same tanke og vert rettleidde av same teorien»(3), og at begge står på grunnen til marxismen-leninismen.
Khrusjtsjov har kasta Kunngjeringa frå 1960 for alle vindar. Kunngjeringa slår fast:
«Kommunistpartia har samrøystes fordømt den jugoslaviske varianten av den internasjonale opportunismen, ein variant av moderne revisjonistiske «teoriar» i konsentrert form.»
Der står det:
«Etter at dei sveik marxismen-leninismen, som dei kalla forelda, sette leiarane for Kommunistforbundet i Jugoslavia det anti-imperialistiske revisjonistiske programmet sitt opp mot Fråsegna frå 1957. Dei sette KFJ opp mot den internasjonale kommunistrørsla som heilskap…»
Der står det:
(Leiarane for KFJ var) «avhengig av såkalla «hjelp» frå USA og andre imperialistar, og dermed utsette dei folket i Jugoslavia for fåre for å missa dei revolusjonære vinningane som var oppnådde gjennom heltemotig strid.»
Vidare står det:
«De: jugoslaviske revisjonistane driv undergravingsarbeid mot det sosialistiske lægeret og mot den kommunistiske verdsrørsla… dei gjev seg ut på verksemd som set einskapen mellom alle fredskjære krefter og land i fåre.»
Kunngjeringa er heilt klår, og likevel vågar leiarane i SUKP å seia: «I samsvar med 1960-Kunngjeringa meiner vi Jugoslavia er eit sosialistisk land.»(4) Korleis kan dei seia noko slikt!
Ein får lyst til å spørja:
Kan eit land vera sosialistisk når det vert styrt av ein variant av den internasjonale opportunismen, slik det står i Fråsegna, ein variant av dei moderne revisjonistiske teoriane?
Kan eit land vera sosialistisk når det, som det står i Kunngjeringa, har svike marxismen-leninismen og set seg sjølv opp mot den internasjonale kommunistrørsla som heilskap?
Kan eit land vera sosialistisk når det, som det står i Kunngjeringa, driv undergravingsverksemd mot det sosialistiske lægeret og den kommunistiske verdsrørsla?
Kan eit land vera sosialistisk når det, som det står i Kunngjeringa, driv med verksemd som set einskapen til alle fredskjære krefter og land i fåre?
Kan eit land vera sosialistisk når dei imperialistiske landa med USA i brodden har nøra det med fleire hundre millionar med US-dollars?
Dette er sanneleg uvanleg og uhøyrd!
Det ser ut til at kamerat Togliatti talar meir beint ut enn kamerat Khrusjtsjov. Togliatti la ikkje fingrane mellom. Han sa at det standpunktet 1960-Kunngjeringa tok Tito-klikken var «gale».(5) Ettersom Khrusjtsjov og har sett seg føre å gjera om domen over Tito-klikken, burde han seia tydelegare frå. Han treng ikkje lata som om han står ved Kunngjeringa.
Er den domen Kunngjeringa feller over Jugoslavia galen og bør verta omstøytt? Togliatti seier han er galen og bør verta omstøytt. I røynda seier Khrusjtsjov og at han er galen og bør verta omstøytt. Vi seier han ikkje er galen og ikkje må verta omstøytt. Alle systerpartia som held seg til marxismen-leninismen og står ved Kunngjeringa frå 1960, seier likeins at han ikkje er galen og ikkje må verta omstøytt.
Etter det leiarane i SUKP meiner, klamrar vi oss til ein «stereotyp formel» og til «jungellovene» i den kapitalistiske verda(6) når vi gjer dette, og vi «bannlyser Jugoslavia frå sosialismen.»(7) Vidare vert det sagt at kvar den som ikkje ser på Jugoslavia som eit sosialistisk land, går mot kjensgjerningane og gjer mistaket å vera subjektivistisk.(8) Medan om dei let att augo for kjensgjerningane og påstår at Jugoslavia er eit sosialistisk land, då «går dei ut frå objektive lover, frå læra åt marxismen-leninismen» og har drege ei slutning på grunnlag av «djup analyse av røyndomen».(9)
Kva er dei røynlege kjensgjerningane om Jugoslavia? Kva slags slutning bør ein dra om ein går ut frå objektive lover, frå læra åt marxismen-leninismen og gjer ein djup analyse av røyndomen i Jugoslavia?
Lat oss no sjå på det spørsmålet.
UTVIKLINGA AV PRIVAT KAPITAL I BYANE I JUGOSLAVIA
Eit av argumenta til Khrusjtsjov for å stadfesta at Jugoslavia er eit sosialistisk land, er at privat kapital og private verksemder og kapitalistar ikkje finst i Jugoslavia.
Er det sant? Nei, det er ikkje det.
Kjensgjerninga er at privat kapital og private verksemder finst i svært stor målestokk i Jugoslavia og utviklar seg i friskt tempo.
Om ein går etter hendingsgangen i alle sosialistiske land, er det ikkje merkeleg å finna ulike sektorar, irekna ein privatkapitalistisk sektor, i nasjonaløkonomien til eit sosialistisk land i ein retteleg lang periode etter at proletariatet har teke den politiske makta. Det som er viktig er kva slags politikk regjeringa har teke i bruk andsynes den private kapitalismen — politikken å bruka, innskrenka, omdanna og fjerna han, eller politikken å lata han vera og fostra og oppmuntra han. Dette er eit viktig kriterium for å avgjera om eit land utviklar seg mot sosialisme eller mot kapitalisme.
I dette spørsmålet går Tito-klikken i motsett lei frå sosialismen. Samfunnsendringane som Jugoslavia innførte i den tidlege etterkrigsperioden, var ikkje grundige. Politikken Tito-klikken har gjort bruk av etter det opne sviket sitt, er ikkje ein politikk som omskipar og fjernar den private kapitalen og privat verksemd, han fostrar og utvidar dei.
Føresegner som Tito-klikken sende ut i 1953 fastset at «grupper av samfunnsborgarar» har rett til å «grunnleggja verksemder» og «leiga arbeidskraft». Same året sende han ut eit vedtak som fastsette at privatmenneske har rett til å kjøpa realkapital frå statlege økonomiske institusjonar.
I 1956 oppmuntra Tito-klikken lokaladministrasjonane til å fostra privatkapitalen gjennom skattlegging og andre politiske tiltak.
I 1961 fastslo Tito-klikken at privatmenneske har rett til å kjøpa utanlandsk valuta.
I 1963 sette Tito-klikken politikken med å utvikla privatkapitalisme inn i grunnlova. Etter føresegnene i grunnlova kan privatpersonar i Jugoslavia setja i gang verksemder og leiga arbeidskraft.
Med hjelp og oppmuntring frå Tito-klikken har privatverksemd og privatkapital sprotte opp som sopp i byane i Jugoslavia.
Etter den offisielle «Statistisk handbok for Jugoslavia, 1963» som vert utgjeve i Beograd, er det meir enn 115 000 privateigde handverkstiltak i Jugoslavia. Men i røynda er mange av eigarane av desse private verksemdene ikkje «handverkarar», men typiske privatkapitalistar.
Tito-klikken vedgår at sjølv om lova tillet privateigarar å ha på det meste fem arbeidarar kvar i sving, er det sume som har tilsett ti eller tjue gonger så mange, og til og med sume som har tilsett «fem til seks hundre arbeidarar».(10) Og den årlege omsetninga til sume private verksemder er på over 100 millionar dinarar.(11)
Den 7. desember 1961 avslørte Politika at i mange tilfelle er desse private verksemdeigarane i røynda «store verksemdeigarar». Det stod:
«Det er vanskeleg å få visse om kor vidt nettet til desse private verksemdeigarane er spreidd, og kor mange arbeidarar dei har. Etter lova har dei rett på fem arbeidarar som er meinte å skulla hjelpa dei med arbeidet deira. Men for dei som kjenner irrgangane i slike saker, er desse fem i røynda kontrahentar* som i sin tur har sine eigne «under-kontrahentar»… Som regel driv ikkje desse kontrahentane med arbeid lenger men gjev berre ordrar, lagar planar og sluttar kontraktar, og reiser i bil frå den eine verksemda til den andre.»
Av profitten som desse verksemdeigarane tek inn, kan ein sjå at dei er hundreprosents kapitalistar. Svet melde den 8. desember 1961 at «nettoinntekta til sume private handverkarar når opp i ein million dinarar i månaden», og Beograd-avisa Vecernje novosti sa den 20. desember 1961 at i Beograd «mottok 116 eigarar av private verksemder ei inntekt kvar på meir enn 10 millionar dinarar». Sume verksemdeigarar «mottok inntekt på om lag 70 millionar dinarar» på eit år, som er mest 100 000 amerikanske dollars etter den offisielle kursen.
I jugoslaviske byar er det ikkje berre private industriverksemder, private tenestetiltak, privathandel, privat husbygging og private transportforretningsverksemder — det finst og ågerkarar** som er kjende som «private bankierar». Desse ågerkarane driv verksemda si ope og lyser til og med ut forretninga si i avisene. Ei slik lysing hadde denne teksta: «Eit lån på 300 000 dinarar i tre månader er tilbode. Garanti vert kravd.»***
Alt dette er uimotstridelege kjensgjerningar.
Vi vil gjerne spørja dei som har sett seg føre å støyta om domen over Tito-klikken: Med mindre de har tenkt å narra, korleis kan de påstå at Jugoslavia ikkje har privatkapital, privatverksemd eller kapitalistar?
LANDSBYGDA I JUGOSLAVIA ER OVERFLØYMD MED KAPITALISME
Lat oss no sjå på stoda på landsbygda i Jugoslavia.
Finst det ikkje kapitalistar der lenger, slik Khrusjtsjov hevdar?
Nei, kjensgjerningane er heilt det motsette.
Den kjensgjerninga at Jugoslavia er ei myr av kapitalisme, er endå meir slåande på landsbygda.
Marxismen-leninismen lærer oss at einskildøkonomien, småprodusent-økonomien avlar kapitalisme kvar dag og kvar time, og at berre kollektivisering kan føra jordbruket over på den sosialistiske vegen.
Stalin påpeika:
«Lenin seier at så lenge einskildøkonomi for bøndene som avlar kapitalistar og kapitalisme er framherskande i landet, kjem fåren for attinnføring av kapitalismen til å vera til stades. Det er klårt at så lenge denne fåren finst, kan ein ikkje snakka alvorleg om at den sosialistiske oppbygginga har sigra i landet vårt.»(12)
I dette spørsmålet fylgjer Tito-klikken ei line som står i motstrid med sosialismen.
I den fyrste etterkrigstida gjekk det føre seg ein jordreform i Jugoslavia, og fleire arbeidskooperativ for bønder vart skipa. Men i hovudsak fekk rikbondeøkonomien stå urørt.
I 1951 kunngjorde Tito-klikken ope at han gjekk frå vegen for kollektivisering av jordbruket og tok til å oppløysa arbeidskooperativa til bøndene. Dette var eit alvorleg steg Tito-klikken tok i sviket mot den sosialistiske saka. Slike kooperativ gjekk ned i tal frå meir enn 6900 i 1950 til litt meir enn 1200 ved slutten av 1953 og til 147 i 1960. Landsbygda i Jugoslavia er drukna i ein sjø av einskildøkonomi.
Tito-klikken kunngjer at kollektivisering ikkje har synt seg verdfullt i Jugoslavia. Han kjem med den vondkyndte bakvaskinga at «kollektivisering er det same som oreigning(13)»,(14) og at det er ein veg som «held liveigenskapen og fattigdomen ved lag i bygdene så lenge som det let seg gjera»(14). Han går inn for den låttlege ideen at utviklinga av jordbruket skulle «byggja på fri kappestrid mellom økonomiske krefter»(16).
Medan han har oppløyst mange av kooperativa til bøndene, har Tito-klikken utlyst den eine lova og føresegna etter den andre etter 1953 for å oppmuntra utviklinga av kapitalisme i dei landlege områda. Han har gjeve fridom til å kjøpa, selja og leiga jord og til å leiga gardsarbeidarar, han har avskaffa det planlagde oppkjøpet av jordbruksprodukt og sett frihandel i staden på dette området.
Under denne politikken spreidde dei kapitalistiske kreftene seg fort på landsbygda, og polariseringsprosessen skaut fart. Dette har vore ei viktig side ved det arbeidet Tito-klikken har gjort for å innføra kapitalismen att.
Polariseringa på landsbygda kjem fyrst til syne i dei endringane som er gått føre seg i eigedomsrett til jord. Slavko Komar, tidlegare minister for jordbruk og skogbruk i Jugoslavia, vedgjekk at i 1959 åtte fattigbonde-hushald med mindre enn femti mål jord kvar — som er 70 prosent av alle bondehushald — berre 43 prosent av all privateigd jord. Samstundes åtte velståande bondehushald med meir enn åtti mål kvar — som berre er 13 prosent av alle bønder — 33 prosent av all privateigd jord. Komar vedgjekk og at om lag 10 prosent av bondehushalda kjøpte eller selde jord kvart år.(17) Dei fleste av seljarane var fattige familiar.
Konsentrasjonen av jord er i røynda mykje alvorlegare enn det som kjem fram frå opplysningane her. Som avslørt i nummeret 19. juli 1963 av Borba, organet til Tito-klikken, var det berre i eit distrikt «tusenvis av bondehushald som hadde langt meir enn det lovlege øvstemålet på 10 hektar jord», og i Bijelina-kommunen «vart det oppdaga at 500 bondehushaldningar åtte eigedomar på 10 til 30 hektar». Dette er ikkje einskildtilfelle.
Polariseringa på landsbygda ovrar seg og i dei store ulikskapane i eige av trekkdyr og gardsreiskapar. Av dei 308 000 bondehushalda i Vojvodina-provinsen, som er eit leiande område i kornproduksjonen, har 55 prosent ingen trekkdyr. Bondehushald med mindre enn 20 mål kvar, som er 40,7 prosent av alle bondehushald, har berre 4,4 prosent av alle plogane i dette området, eller i snitt ein plog for kvart tjuande hushald. På den andre sida eig rikbøndene meir enn 1300 traktorar og ein heil del anna gardsmaskineri, så vel som store tal med plogar og vogner som vert dregne av husdyr.(18)
Likeins ovrar polariseringa seg i veksten av slik kapitalistisk utbytting som å leiga arbeidskraft.
Nummeret av Kommunist frå 7. februar 1958 avslørte at 52 prosent av bondehushalda i Serbia som åtte meir enn 80 mål jord, leigde arbeidarar i 1956.
I 1962 sa Slavko Komar at sjefane i nokre bondehushald hadde «vorte mektige» dei siste åra og at «inntektene deira ikkje kjem frå deira eige arbeid, men frå ulovleg handel, frå foredling av både deira eigne produkt og andre sine, frå ulovleg spritdestillering, frå å eiga meir enn den føreskrivne øvstegrensa på 10 hektar dyrkande jord, som er skaffa gjennom kjøp, eller oftare ved å leiga jord, frå tilsynelatande deling av jord mellom familiemedlemer, frå å ta eller gøyma unna offentleg jord, frå å skaffa seg traktorar gjennom spekulasjon og ved å utbytta fattige grannar ved å dyrka jorda deira for dei»(19).
Borba slo den 30. august 1962 fast at «den såkalla godhjarta produsenten er ein som leiger land, som leiger arbeidskraft og som er ein røynd handelsmann… Slike folk er ikkje produsentar, men verksemdeigarar. Sume rører ikkje ei hakke heile året. De leiger arbeidskraft og fører berre tilsyn med arbeidet på jorda, og dei driv handel».
Pengeutlånarar er og svært aktive på landsbygda i Jugoslavia. Renteratene går ofte opp i meir enn 100 prosent i året. I tillegg er det folk som utnyttar nauda dei arbeidslause er i, monopoliserer arbeidsmarknaden og driv utbytting gjennom det.
Store tal av bønder som er råka av fattigdom og er fråtekne jord og andre produksjonsmiddel, kan berre leva av å selja arbeidskrafta si. Etter tal som er opplyste i Politika 20. august 1962, kjem om lag 70 prosent av pengeinntekta til bondehushald i Jugoslavia med mindre enn 20 mål jord frå sal av arbeidskrafta deira. Desse bøndene vert flådde på alle kantar og fører eit elendig liv.
Som kjensgjerningane syner vert landsbygda i Jugoslavia dominert av utbyttarklassen.
Når det argumenterer for at Jugoslavia er eit sosialistisk land, slår det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP fast at den «sosialistiske sektoren» på landsbygda i Jugoslavia har auka frå 6 til 15 prosent.
Diverre er ikkje ein gong denne ynkelege prosentdelen sosialistisk.
Når leiarane i SUKP snakkar om ein sosialistisk sektor på 15 prosent, kan dei berre meina slike organisasjonar som «jordbruksgardane» og «dei allmenne jordbrukskooperativa» som Tito-klikken fremjer. Men i røynda er «jordbruksgardane» kapitalistiske gardar, og dei «allmenne jordbrukskooperativa» er kapitalistiske økonomiske skipnader som i hovudsak driv handel. Dei verkar ikkje inn på den private eigedomsretten til jorda. Det som meir er, er at hovudfunksjonen deira er å fostra utviklinga av rikbondeøkonomien.
Problem i jordbruket i Jugoslavia, eit skrift som er prenta i Beograd, slår fast at «om ein skal døma etter korleis dei er skipa i dag og korleis dei verkar» vil kooperativa «slett ikkje seia sosialistisk oppbygging i jordbruket og av landsbygda. Dei arbeider ikkje for å skapa sosialistiske bolverk på landsbygda, men for å utvikla og fremja dei kapitalistiske elementa. Det finst tilfelle der desse kooperativa er kulakk-samanslutningar».
Tito-klikken har gjeve dei «allmenne jordbrukskooperativa» monopolrett til oppkjøp av jordbruksprodukt frå bøndene. Dei såkalla kooperativa utnyttar dette særskilte privilegiet og dei ukontrollerte svingingane i prisane på jordbruksprodukt, og spekulerer og utbyttar bøndene i stor stil gjennom slik handelsverksemd. I 1958 hadde Jugoslavia ein dårleg haust. Kooperativa og andre handelsorgan nytta høvet til å høga prisane på jordbruksprodukt. Året 1959 kom med ein betre haust, og kooperativa braut kontraktane sine med bøndene og skar ned på innkjøpa, og dei kvidde seg ikkje eingong for å lata komet rotna på rot.
Dei «allmenne jordbrukskooperativa» og «jordbruksgardane» leiger og utbyttar eit stort tal med arbeidarar mellombels og på lang sikt. Etter opplysningar i Den statistiske årboka til den føderale Folkerepublikken Jugoslavia frå 1962 var det i alt meir enn 100 000 langtidsarbeidarar som var leigde berre av «kooperativa» i 1961. Eit stort tal mellombels arbeidarar har og vore tilsette. Som Rad avslørte 1. desember 1962 vert leigearbeidarar «svært ofte utsette for særs grov utbytting (arbeidsdagen kan vera så lang som 15 timar), og til vanleg er den personlege inntekta deira særs låg».
Slik er det klårt at desse jordbruksorganisasjonane i den såkalla sosialistiske sektoren ikkje er noko anna enn kapitalistiske jordbruksorganisasjonar.
Oreigning av fattigbøndene og fremjing av kapitalistiske gardar er den grunnleggjande politikken til Tito-klikken i jordbruket. Før, i 1955, sa Tito:
«Vi gjev ikkje opp den tanken at den dagen vil koma i Jugoslavia då små gardar kjem til å verta samankopla på ein eller annan måte… I Amerika har dei alt gjort det. Vi må finna ei løysing på dette spørsmålet.»
For å taka den kapitalistiske vegen offentleggjorde Tito-klikken i 1959 Lova om bruk av dyrka jord, som fastsette at jorda til bønder som arbeider åleine og som ikkje kan driva det i samsvar med krava, kan underleggjast «tvangsstyring» ved dei «allmenne jordbrukskooperativa» og «jordbruksgardane». I røynda tyder dette at dei fattige bøndene vert oreigna og at jorda deira vert annektert med tvang for å utvikla kapitalistiske gardar. Dette er vegen for kapitalistisk jordbruk, reint og purt.
Då han snakka om overgangen frå småbondeøkonomi til ein økonomi for gardsdrift i stor målestokk, sa Stalin:
«Der har de to vegar, den kapitalistiske vegen og den sosialistiske vegen: vegen fram — til sosialismen, og vegen attende — til kapitalismen.»
Finst det ein tredje veg? Stalin sa, «Den såkalla tredje vegen er i røynda den andre vegen, den vegen som fører attende til kapitalismen.» «For kva vil det seia å venda attende til einskildgardsdrift og setja kulakkane inn att? Det vil seia å innføra kulakk-trældomen att, å innføra kulakkane si utbytting av bøndene att og gje kulakkane makt. Men er det mogleg å setja inn kulakkane att og samstundes halda sovjetmakta ved lag? Nei, det er uråd. Attinnsetjinga av kulakkane er nøydd til å føra til at det vert skapt kulakkmakt og til at sovjetmakta vert gjord til inkjes — difor er det nøydd til å føra til at det vert skipa ei borgarleg regjering. Og om det vert skipa ei borgarleg regjering, er det i sin tur nøydd til å føra til at godseigarane og kapitalistane vert innsette att, til attinnføring av kapitalismen.»(20)
Den vegen Jugoslavia har teke i jordbruket dei siste ti åra og meir enn det, er nett vegen med å attinnføra kapitalismen,
Alt dette er uomstøytelege kjensgjerningar.
Vi vil gjerne spørja dei som har sett seg føre å omstøyta domen over Tito-klikken: Med mindre de har tenkt å narra oss, korleis kan de påstå at det ikkje er nokon kapitalistar i Jugoslavia?
DEN SOSIALISTISKE ØKONOMIEN SOM HEILE FOLKET EIG DEGENERERER TIL KAPITALISTISK ØKONOMI
Attinnføringa av kapitalismen i Jugoslavia ovrar seg ikkje berre ved at privatkapitalismen spreier seg fritt, både i byane og på landsbygda. Det som er endå viktigare er at dei «offentlege» verksemdene, som spelar ei avgjerande rolle i den jugoslaviske økonomien, har degenerert.
Økonomien til Tito-klikken med «arbeidarsjølvstyre» er statskapitalisme av eit særeige slag. Det er ikkje statskapitalisme under vilkåra til proletariatets diktatur, men statskapitalisme under vilkår der Tito-klikken har gjort om proletariatets diktatur til diktaturet til byråkrat-komprador-borgarskapet. Produksjonsmidla til verksemdene med «arbeidarsjølvstyre» tilhøyrer ikkje ein eller fleire privatkapitalistar, men det nye slaget byråkrat-komprador-borgarskap i Jugoslavia, som femner om byråkratane og sjefane, og som Tito-klikken representerer. Dette byråkrat-komprador-borgarskapet har rana til seg statsnamnet, gjort seg avhengig av USA-imperialismen og løynt seg under den sosialistiske kappa, og røva det arbeidande folket for den eigedomen som opphavleg tilhøyrte dei. I røynda er «arbeidarsjølvstyre» eit system med omsynslaus utbytting under herredømet til byråkrat-komprador-kapital.
Etter 1950 har Tito-klikken sendt ut ei rad føresegner som opprettar «arbeidarsjølvstyre» i alle statseigde fabrikkar, gruver og andre verksemder i kommunikasjon, transport, handel, jordbruk, skogbruk og offentlege tenester. Kjernen i «arbeidarsjølvstyre» går ut på å gje over verksemdene til «arbeidande kollektiv» der kvar verksemd vert drive sjølvstendig, kjøper sitt eige råstoff, avgjer utval, produksjonsmengd og priser på sine eigne produkt og marknadsfører dei, fastset sin eigen lønsskala og delinga av ein del av profitten. Jugoslaviske føresegner slår vidare fast at økonomiske verksemder har rett til å kjøpa, selja eller leiga realkapital.
I verksemdene under «arbeidarsjølvstyre» vert eigedomsretten skildra av Tito-klikken som «ei høgare form av sosialistisk eigedomsrett». Dei påstår at berre med «arbeidarsjølvstyre» kan ein «verkeleg byggja sosialismen».
Dette er rein bløff.
Teoretisk sett har slagord som «arbeidarsjølvstyre» og «fabrikkane til arbeidarane» aldri vore marxistiske slagord, som alle med litt kjennskap til marxismen veit, men slagord som anarkistiske syndikalistar, borgarlege sosialistar og gammaldagse opportunistar og revisjonistar har fremja.
Teorien om «arbeidarsjølvstyre» og «fabrikkane til arbeidarane» står i motstrid til den grunnleggjande marxistiske teorien om sosialismen. Han vart vist fullstendig attende av dei klassiske marxistiske forfattarane for lenge sidan.
Som Marx og Engels påpeika i Det kommunistiske manifestet: «Proletariatet kjem til å bruka det politiske overherredømet sitt til å riva all kapital frå borgarskapet litt etter litt, å sentralisera alle produksjonsmiddel i hendene på staten…»
I Anti-Dühring skreiv Engels: «Proletariatet grip statsmakta og gjer produksjonsmidla til statseigedom.»
Når proletariatet har teke den politiske makta, må det samla alle produksjonsmidla i hendene på staten under proletariatets diktatur. Dette er eit grunnleggjande prinsipp i sosialismen.
I den tidlege perioden til sovjetmakta etter Oktoberrevolusjonen då sume folk gjekk inn for å gje fabrikkane over til produsentane slik at dei kunne «organisera produksjonen» beinveges, kritiserte Lenin strengt dette synet og sa at i røynda ville det seia å gå mot proletariatets diktatur. Han peika skarpsynt på
«… All beinveges eller omveges legalisering av at arbeidarane i einskildfabrikkar eller einskildfag skal eiga sin eigen produksjon eller at dei skal ha rett til å svekkja eller hindra påboda frå statsmakta, er ei særs grov renging av dei grunnleggjande prinsippa for sovjetmakta og ei fullstendig avskriving av sosialismen.»(21)
Dermed er det klårt at «arbeidarsjølvstyre» ikkje har noko med sosialisme å gjera.
I røynda gjev ikkje «arbeidarsjølvstyret» til Tito-klikken sjølvstyre for arbeidarane. Det er juks.
Verksemdene under «arbeidarsjølvstyre» er i røynda i klørne på det nye byråkrat-komprador-borgarskapet som Tito-klikken representerer. Det kontrollerer eigedomen til verksemdene og personalet deira og tek unna langt den største delen av inntektene deira.
Gjennom bankane kontrollerer Tito-klikken kreditten i heile landet og investeringsfonda og den flytande kapitalen til alle verksemdene og fører tilsyn med finanssakene deira.
Tito-klikken plyndrar inntektene frå desse verksemdene på ulike vis, slik som å ta inn skattar og rente. Etter statistikken i «Melding om arbeidet i 1961 i det føderale eksekutivrådet i Jugoslavia», tok det unna om lag tre fjerdedelar av nettoinntektene til verksemdene på denne måten.
Tito-klikken riv til seg fruktene av arbeidet til folket som det fyrst og fremst eignar til seg for å møta dei umåtehaldne utgiftene til byråkratklikken, for å halda det reaksjonære styret sitt ved lag, for å styrkja apparatet som undertrykkjer det arbeidande folket og for å gje skyldpengar til imperialistane i form av avdrag på gjeld i utlandet.
Dessutan kontrollerer Tito-klikken desse verksemdene gjennom sjefane deira. Sjefane vert formelt sett valde ved tevling av verksemdene, men i røynda vert dei utpeika av Tito-klikken. Dei er agentar for byråkrat-komprador-borgarskapet i desse verksemdene.
I verksemdene under «arbeidarsjølvstyre» er tilhøvet mellom sjefar og arbeidarar i røynda tilhøve mellom arbeidsgjevarar og tilsette, mellom utbyttarar og utbytta.
Slik sakene står kan sjefane avgjera produksjonsplanane og styringa av utviklinga i desse verksemdene, kvitta seg med produksjonsmidla, taka avgjerdene om fordelinga av inntekta til verksemdene, leiga eller seia opp arbeidarar og setja til sides vedtak frå arbeidarråda eller styrekomiteane.
Rikeleg informasjon som er prenta i den jugoslaviske pressa provar at arbeidarråda berre er ein formell slags røystemaskin, og at all makt i verksemda ligg i hendene på sjefen.
Den kjensgjerninga at sjefen i ei verksemd kontrollerer produksjonsmidla og fordelinga av inntektene, set han i stand til å eigna til seg fruktene av arbeidet til arbeidarane ved hjelp av ulike privilegie.
Tito-klikken vedgår sjølv at i desse verksemdene er det eit stort gap mellom sjefane og arbeidarane, ikkje berre i løn, men og i bonus. I sume verksemder er bonusane til sjefane og den høgare staben førti gonger så stor som bonusen til arbeidarane. «I ymse verksemder er heile bonussummen som ei gruppe leiarar får, like stor som lønsfondet for heile kollektivet.»(22)
Dessutan bruker sjefane for verksemdene privilegia sine til å tena store pengar ved hjelp av ulike kunstgrep. Muting, underslag og tjuveri er endå større inntektskjelder for sjefane.
Dei breie massane av arbeidarar lever i fattigdom. Det finst inga visse om arbeid. Store tal arbeidarar misser jobbane sine når verksemder vert nedlagde. Etter den offisielle statistikken nådde talet på arbeidslause 339 000 i februar 1963, eller omlag 10 prosent av talet på dei i arbeid. I tillegg reiser mange arbeidarar utanlands kvart år på jakt etter arbeid.
Politika den 25. september 1961 vedgjekk at det finst ein stor avgrunn mellom sume arbeidarar og kontortilsette. Arbeidarane ser på dei kontortilsette som «byråkratar» som «svelgjer i seg» lønene deira.
Desse kjensgjerningane syner at i dei jugoslaviske verksemdene under «arbeidarsjølvstyre», har det oppstått ei ny samfunnsgruppe som er samansett av dei få som eignar til seg arbeidet til dei mange. Ho er ein viktig del av det nye byråkrat-komprador-borgarskapet i Jugoslavia.
Ved å fremja «arbeidarsjølvstyre» har Tito-klikken skuvd dei verksemdene som heile folket åtte opphaveleg, fullstendig av vegen til den sosialistiske økonomien,
Dei viktigaste ovringane er desse:
For det fyrste har ein gått frå einskapleg økonomisk planlegging ved staten.
For det andre vert profitt brukt som det fremste tildrivet i drifta av verksemdene. Dei kan taka i bruk ei rad ulike metodar for å auka inntektene og profitten sin. Med andre ord er ikkje målet for produksjonen i verksemdene under «arbeidarsjølvstyre» å koma trongen til samfunnet i møte, men å søkja profitt, nett som i kva som helst kapitalistisk verksemd.
For det tredje vert politikken med å oppmuntra til kapitalistisk fri kappestrid fylgt. Tito har sagt til sjefane i verksemdene: «Kappestrid innanlands vil koma dei vanlege folka våre, forbrukarane, til gode.» Tito-klikken kunngjer og ope at han tillet «kappestrid, å søkja etter profitt, spekulasjon og den slags» av di «det spelar ei positiv rolle i å fremja tiltaket til produsentane, kollektivet deira, kommunane, osb.»(23)
For det fjerde vert bruk av kreditt og bankane nytta som viktige lyftestenger for å fremja kapitalistisk fri kappestrid. Når det garanterer for lån, innbyr kreditt- og banksystemet til Tito-styret til anbod for investering. Den som kan greia å betala lånet attende på kortast tid og betala den høgste renta, får lånet. I deira ord er det «å bruka kappestrid som den vanlege metoden for å tildela investeringskredittar».(24)
For det femte er ikkje tilhøva mellom verksemdene sosialistiske tilhøve for gjensidig støtte og samordning under ein einskapleg regjeringsplan, men kapitalistiske tilhøve med kappestrid og rivalisering i ein fri marknad.
Alt dette har undergrave sjølve grunnlaget for den sosialistiske planøkonomien.
Lenin sa:
«Sosialismen … er utenkjeleg utan planlagd statsorganisering som legg på titals millionar menneske å fylgja særs strengt ein einaste standard i produksjonen og fordelinga.»(25)
Han sa og:
«… utan allsidig statsrekneskap og kontroll av produksjonen og fordelinga av varer kan ikkje makta til slitarane, fridomen til slitarane haldast ved lag, og … ei tilbakevending til det åket som kapitalismen er, er ikkje til å unngå. »(26)
Under skiltet «arbeidarsjølvstyre» er alle økonomiske departement og verksemder i Jugoslavia fastlåste i vill kapitalistisk kappestrid. Det er heilt vanleg at verksemdene med «arbeidarsjølvstyre» driv med underslag, spekulasjon og hamstring, at dei blæs opp prisane, mutar, gøymer tekniske løyndomar, grip tak i teknisk personale og til og med går til åtak på kvarandre i pressa eller over radioen i rivaliseringa om marknader og profitt.
Den ville kappestriden mellom jugoslaviske verksemder går føre seg ikkje berre på heimemarknaden, men i utanrikshandelen og. Den jugoslaviske pressa seier at det ikkje er uvanleg at tjue eller tretti agentar for jugoslaviske tiltak som driv utanrikshandel vitjar den same marknaden utanlands, konkurrerer seg imellom om handel og tek vekk kundane eller forsyningskjeldene til andre. «Av sjølviske grunnar» freistar desse verksemdene som driv utanrikshandel å «gjera profitt kosta kva det kosta vil» og «er ikkje nøye på midla».
Eit resultat av denne ville kappestriden er full forvirring i den jugoslaviske marknaden. Prisar varierer ein god del, ikkje berre dei ulike byane og områda, men og i ulike forretningar på same stad, og til og med når det gjeld same slags vare frå same produsent. For å halda prisane høge kvir ikkje ymse verksemder seg for å øydeleggja store mengder jordbruksprodukt.
Eit anna resultat av denne ville kappestriden er at eit stort tal verksemder vert nedlagde i Jugoslavia. Ifylgje informasjon som vert gjeve i Offisiell bulletin frå FFRJ har fem til seks hundre verksemder vorte nedlagde pr. år dei siste åra.
Alt dette syner at den «offentlege» økonomien til Jugoslavia ikkje vert styrt av lovene for sosialistisk planøkonomi, men av lovene for kapitalistisk kappestrid og anarki i produksjonen. Verksemdene til Tito-klikken er ikkje sosialistiske, men kapitalistiske i innhald.
Vi vil gjerne spørja dei som har sett seg føre å omstøyta domen over Tito-klikken: Med mindre de har tenkt å narra, korleis kan de skildra den statskapitalistiske økonomien som er kontrollert av byråkrat-komprador-borgarskapet som sosialistisk økonomi?
EIT VEDHENG TIL USA-IMPERIALISMEN.
Prosessen med å attinnføra kapitalismen i Jugoslavia er innvoven i den prosessen som har gjort Tito-klikken underdanig andsynes USA-imperialismen og har fått Jugoslavia til å degenerera til eit vedheng til USA-imperialismen.
Då Tito-klikken sveik marxismen-Ieninismen, gav han seg ut på den skammelege kursen å selja unna suvereniteten til staten og leva på almisser frå USA-imperialismen.
Ifylgje ufullstendig statistikk har USA og andre imperialistmakter gjeve Tito-klikken «hjelp» på i alt om lag 5 460 millionar amerikanske dollars frå slutten av den andre verdskrigen og fram til i dag. Av dette har meir enn 60 prosent, eller om lag 3 500 millionar dollars, vore «hjelp» frå USA. Den største delen av hjelpa frå USA vart gjeven etter 1950.
Hjelpa frå USA har vore ryggrada i finansene og økonomien til Jugoslavia. Offisiell statistikk syner at i 1961 var dei låna Tito-klikken fekk frå USA og USA-kontrollerte internasjonale finansorganisasjonar, på meir enn 346 millionar dollars, eller 47,4 prosent av dei føderale budsjetterte inntektene til Jugoslavia det året. Om ein reknar med den hjelpa som kom frå andre vestlege land, mottok Tito-klikken i alt 493 millionar amerikanske dollars frå vestlege land i 1961, eller 67,6 prosent av dei føderale budsjetterte inntektene det året.
For å få hjelp frå USA har Tito-klikken slutta ei rad svikefulle avtalar med USA.
Dei notane som Jugoslavia og USA utveksla i 1951 som galdt Avtalen som gjeld gjensidig forsvarshjelp fastsette at tenestemenn for USA-regjeringa har «fridom … utan innskrenkingar» til å observera og føra tilsyn med framkomst og fordeling av amerikansk militært hjelpemateriell i Jugoslavia, og at dei har »fritt tilgjenge til kommunikasjons- og informasjonsmiddel». Avtalen kravde og at Jugoslavia skulle skaffa USA strategiske råstoff.
Avtalen med omsyn til militærhjelp som Jugoslavia og USA underskreiv i 1951, fastsette at Jugoslavia «må gje eit fullverdig tilskott… til å utvikla og halda ved lag forsvarsstyrken til den frie verda», og måtte stå klår til å skaffa troppar til FN. Etter denne avtalen skulle det militære sendelaget frå USA føra beinveges tilsyn med opplæringa av dei jugoslaviske troppane.
Avtalen om økonomisk samarbeid mellom USA og Jugoslavia i 1952, fastsette at Jugoslavia må bruka hjelp frå USA til å «fremja grunnleggjande rettar, fridomar og demokratiske tiltak for einskildmennesket», det vil seia fremja kapitalismen.
I 1954 slutta Jugoslavia ein avtale om forbund, politisk samarbeid og gjensidig hjelp med Hellas og Tyrkia, som begge er medlem av NATO. Avtalen borga for militær og diplomatisk samordning mellom dei tre landa, og gjorde såleis Jugoslavia til så godt som medlem av den USA-kontrollerte militærblokken.
Etter 1954 har og Jugoslavia slutta ei rad avtalar med USA og seld unna suvereniteten sin. Meir enn 50 slike avtalar vart underskrivne i perioden mellom 1957 og 1962.
Fordi desse avtalane og paktene er vortne slutta, og av di Tito-klikken har gjort Jugoslavia avhengig av USA-imperialismen har USA desse rettane Jugoslavia:
1. å kontrollera militærpolitikken deira,
2. å kontrollera utanrikspolitikken deira,
3. å blanda seg inn i innanrikspolitikken deira,
4. å styra og føra tilsyn med finansane deira,
5. å kontrollera utanrikshandelen deira,
6. å plyndra dei strategiske råvarekjeldene deira, og
7. å sanka militær og økonomisk informasjon.
Tito-klikken har sett sjølvstendet og suvereniteten til Jugoslavia under hammaren.
I tillegg til å selja unna dei suverene rettane til Jugoslavia i ei rad ulikeverdige avtalar med USA, har Tito-klikken, for å sikra seg hjelp frå USA, teke det eine steget etter det andre i innanriks- og utanrikspolitikken sin for å koma i møte ynskje frå vestleg monopolkapital om å trengja inn i Jugoslavia.
I 1950 starta det, då Tito-klikken oppheva statsmonopolet på utanrikshandel.
Lova om utanrikshandelsverksemd som vart offentleggjort i 1953, tillet verksemder å føra utanrikshandel sjølvstendig og å ha beinveges mellomvere med vestlege monopolkapitalistiske verksemder.
I 1961 innførte Tito-styret reformer i systemet for utveksling av valuta og handel med utlandet. Hovudinnhaldet i dei var vidare lemping på innskrenkingar i innførsle og utførsle av varer. Det vart gjennomført fullstendig liberalisering i innførsla av viktige halvforedla materiale og ymse forbruksvarer, og innskrenkingar i innførsla av andre varer vart gjort friare i ulik grad. Innskrenkingar i tilførsla av utanlandsk valuta som trongst for såkalla uinnskrenka innførsle, vart fjerna.
Alle veit at statsmonopolet på utanrikshandelen er eit grunnleggjande prinsipp for sosialismen.
Lenin sa at industriproletariatet «er ikkje på noko vis i ei slik stilling at dei kan vinna att industrien vår og gjera Russland til eit industriland utan at industrien vert verja, som slett ikkje vil seia å verja han gjennom tollpolitikk, men eine og åleine vil seia å verja han gjennom monopol på utanrikshandelen»(27). Stalin sa at «monopolet på utanrikshandelen er ein av dei uskakande grunnsteinane i plattforma til sovjetregjeringa» og at å avskaffa monopolet på utanrikshandel ville seia «å avskaffa industrialiseringa av landet» og «oversvømma USSR med varer frå kapitalistiske land» og «omdanna landet vårt frå eit sjølvstendig land til eit halvkolonialt land»(28).
Å avskaffa statsmonopolet på utanrikshandelen slik Tito-styret har gjort, er å opna døra på vid vegg for den imperialistiske monopolkapitalen.
Kva er dei økonomiske fylgjene av at Tito-klikken tek mot store mengder hjelp frå USA og held døra til Jugoslavia vidopen for imperialismen?
For det fyrste har Jugoslavia vorte ein marknad for dumping frå imperialistane.
Svære mengder industrivarer og jordbruksprodukt frå dei imperialistiske landa har oversvømt den jugoslaviske marknaden. I jakta på profitt held dei jugoslaviske komprador-kapitalistane, som tener pengar i haugevis ved å tena den utanlandske monopolkapitalen, fram med å innføra varer, sjølv om dei kan lagast i landet og sjølv om lagra er digre. Politika, dagsett den 25. juli 1961 vedgjekk at det «var tydeleg overalt» at den jugoslaviske industrien «tok mot slag frå den stadige og svært innfløkte kappestriden med utanlandsk industri».
For det andre har Jugoslavia vorte ein marknad for imperialistisk investering.
Mange industriverksemder er vortne bygde med «hjelp» fra USA og andre imperialistland. Ein heil del utanlandsk privat monopolkapital har trengt inn i Jugoslavia. Ifylgje Augustin Papic, direktøren for den jugoslaviske investeringsbanken, «nådde delen av utanlandske fonds 32,5 prosent av heile verdet av økonomisk investering» i tida mellom 1952 og 1956. Utanriksminister Dean Rusk sa den 5. februar 1962 at kapitalkjelda for Jugoslavia «i hovudsak ligg i Vesten».
For det tredje har Jugoslavia vorte ein base som imperialistane dreg ut råstoff frå.
I samsvar med Avtalen med omsyn til militærhjelp har Tito-klikken etter 1951 stadig forsynt USA med store mengder strategiske råstoff. Ifylgje Statistisk årbok for den føderale Folkerepublikken Jugoslavia frå 1961 har om lag halvparten av eksporten frå Jugoslavia av viktige metall som magnesium, bly, sink og antimon, gått til USA sidan 1957.
For det fjerde har industriverksemdene i Jugoslavia vortne monteringsverkstader for vestlege monopolkapitalistiske selskap.
Mange store jugoslaviske industriar produserer på lisens frå vestlege land og er avhengige av innførsle av halvforedla materiale, delar reservedelar og halvferdige varer. Produksjonen i desse industrigreinene ligg heilt i hendene på den vestlege monopolkapitalen.
I røynda vert mange av dei varene som vert selde som eigenproduserte varer i Jugoslavia, monterte av innførte ferdiglaga delar og får klistra på jugoslaviske varemerke. Vesnik usredu, dagsett 25. april 1962, sa at «sume av industriverksemdene våre held på å verta eit særskilt slags handelsføretak som ikkje lagar, men set saman, og berre klistrar sitt eige varemerke på det som andre har laga».
Under desse omstenda har Jugoslavia vorte ein integrert del av verdsmarknaden til den vestlege monopolkapitalen. I områda for finans og økonomi er det tett bunde til den kapitalistiske verdsmarknaden og har degenerert til eit vedheng til imperialismen, og særskilt USA-imperialismen.
Når eit sosialistisk land sel sjølvstendet sitt og dei suverene rettane sine og vert eit vedheng til imperialismen, er attinnføring av kapitalismen det uunngåelege resultatet.
Den særeigne vegen å byggja «sosialismen» ved å lita på hjelp fra USA som Tito-klikken gjer reklame for, er ikkje noko anna enn ein veg til å gjera eit sosialistisk system om til eit kapitalistisk system for å koma trongen til imperialismen i møte, ein veg for degenerering frå eit sjølvstendig land til ein halvkoloni.
Khrusjtsjov står hardt på at dette vedhenget til USA-imperialismen «byggjer sosialismen». Dette er fantastisk. Ein sjølvoppnemnd sosialisme med hjelp frå USA som varemerke, er ein ny variant å leggja til dei uekte slaga sosialisme som vart kritiserte av Marx, Engels og Lenin, og dette skal då liksom vera eit stort tilskot frå Tito og Khrusjtsjov til å «utvikla teorien til marxismen-leninismen på skapande vis».
EI KONTRAREVOLUSJONÆR SPESIALAVDELING AV USA-IMPERIALISMEN
Om ein dømer etter den kontrarevolusjonære rolla som Tito-klikken har spela i internasjonale tilhøve, og gjennom den reaksjonære utanrikspolitikken sin, er Jugoslavia endå lengre frå å vera eit sosialistisk land.
På den internasjonale skodeplassen er Tito-klikken ei spesialavdeling av USA-imperialismen som skal sabotera verdsrevolusjonen.
Under merket til eit sosialistisk land går Tito-klikken oppøst mot det sosialistiske lægeret og forstyrrar det, og tener som aktiv agent i den anti-kinesiske kampanjen.
Under dekkje av alliansefridom og aktiv samlivnad freistar Tito-klikken å øydeleggja den nasjonale frigjeringsrørsla i Asia, Afrika og Latin-Amerika, og tener nykolonialismen til USA.
Tito-klikken sparar ikkje på noko for å skjønnmåla USA-imperialismen og døyva folka i verda i striden dei fører mot den imperialistiske politikken for krig og aggresjon.
Under påskot om å «gå mot stalinismen», byr Tito-klikken fram revisjonistisk gift overalt, og går mot revolusjonen ved folk i alle land.
Tito-klikken har utan unntak spela rolla som tenar for USA-imperialismen i dei største internasjonale hendingane dei siste ti åra eller
så.
1. Revolusjonen i Hellas. Den 10. juli 1949 stengde Tito grensa mellom Jugoslavia og Hellas mot dei greske folkegeriljasoldatane. Samstundes let han dei greske fascistiske kongetru troppane gå gjennom jugoslavisk territorium for å gå til åtak på geriljaen bakfrå. På denne måten hjelpte Tito dei amerikanske og britiske imperialistane med å kjøva revolusjonen til det greske folket.
2. Koreakrigen. I ei kunngjering som vart utsend den 10. september 1950, bakvaska Edvard Kardelj, som den gongen var utanriksminister, frekt den rettferdige motstandskrigen folket i Korea førte mot aggresjon, og forsvara USA-imperialismen, Den 1. desember, i ein tale i Tryggingsrådet i FN gjekk talsmannen for Tito-klikken til åtak på Kina for «Kinas aktive innblanding i Koreakrigen». Tito-klikken røysta og for blokaden mot Kina og Korea.
3. Frigjeringskrigen til folket i Vietnam. Rett før Genevekonferansen om Indo-Kina i april 1954 baktala Tito-klikken valdsamt den rettferdige krigen til folket i Vietnam, og påsto at det vart brukt av Moskva og Kina «som eit kort i den kalde krigen-politikken deira i etterkrigstida»(29). Dei sa om det store slaget til folket i Vietnam for å frigjera Dien Bien Phu at det ikkje var «ei handling som synte godvilje»(30).
4. Undergravingsverksemd mot Albania. Tito-klikken har drive undergravingsverksemd og væpna provokasjonar mot Albania i lang tid. Han har stelt til fire store tilfelle med landssvik, i 1944, 1948, 1956 og 1960. Dei væpna provokasjonane på grensa mellom Jugoslavia og Albania var fleire enn 470 frå 1948 til 1958. I 1960 planla Tito-klikken og dei greske reaksjonære eit væpna åtak på Albania i samråd med den sjette flåten til USA i Middelhavet.
5. Det kontrarevolusjonære opprøret i Ungarn. Tito-klikken spela den skammelege rolla til ein intervensjonistisk provokatør i det ungarske kontrarevolusjonære opprøret i oktober 1956. Etter at opprøret braut ut prenta Tito eit brev som støtta dei kontrarevolusjonære tiltaka til svikaren Nagy. 3. november bad Tito-klikken Nagy om å søkja asyl i den jugoslaviske ambassaden i Ungarn. I ein tale den 11. november skildra Tito den kontrarevolusjonære oppreisten som motstand frå «progressive» og spurde uforskamma om «vegen åt Jugoslavia» eller «den stalinistiske vegen» kom til å vinna.
6. Hendingane i Midtausten. I 1958 sende USA-imperialismen troppar for å hærtaka Libanon, og den britiske imperialismen sende troppar for å hærtaka Jordan. Det reiste seg ei verdsfemnande protestbylgje som kravde at dei amerikanske og britiske troppane måtte verta dregne attende med ein gong. På det ekstraordinære møtet i Hovudforsamlinga i FN om stoda i Midtausten sa Koca Popovic, utanriksminister i Jugoslavia, at «det er ikkje spørsmål om vi insisterer på å døma eller samtykkja i dei handlingane som USA og Storbritannia har gått til». Han gjekk inn for intervensjon frå De sameinte nasjonane, ein organisasjon som står under kontroll av USA-imperialismen.
7. Hendingane i Taiwan-stretet. Hausten 1958 bombarderte Frigjeringshæren til det kinesiske folket Quemoy med artilleri, for å møta provokasjonane frå USA-imperialismen i Taiwan-stretet og straffa Chiang Kai-shek-banden, som er ein lakei for USA-imperialismen. Tito-klikken bakvaska den rettvise striden til Kina som «ein fåre for heile verda»(31) og «skadeieg for freden»(32).
8. U2-hendinga. I 1960 sende USA eit U2-spionfly til å gå inn over Sovjetunionen og saboterte firemaktstoppmøtet som var planlagt til å verta halde i Paris Den 17. mai sende Tito ut ei kunngjering som gjekk til åtak på det rette standpunktet sovjetregjeringa tok den gongen og sa det var å skapa «slike storlagde kranglar».
9. Den patriotiske striden folket i Japan fører mot USA. I juni 1960 førte folket i Japan ein rettferdig og patriotisk strid mot USA, som var utan like i omfang. Men Tito-klikken forsvara USA-imperialismen, og sa at når USA okkuperte Japan «fremja det demokratiseringa av det politiske livet i Japan»(33). Etterpå gjekk dei til åtak på fråsegna frå Inejiro Asanuma, før formann i det japanske sosialistpartiet, som sa at «USA-imperialismen er den sams fienden for folka i Japan og Kina» og klaga han for «å stå for ei ekstremistline»(34).
10. Striden til folket i Indonesia. Tito-klikken freista å sabotera striden til folket i Indonesia mot imperialismen. Han gav seg i veg med nedrig verksemd i ein freistnad på å hindra at «Nasakom»-regjeringa vart oppretta i Indonesia, det vil seia ei nasjonal einskapsregjering som femnde om nasjonalistane, religiøse krinsar og kommunistane,
11. Kongo-hendinga. Sommaren 1960, då USA-imperialismen dreiv væpna aggresjon i Kongo under fana til Dei sameinte nasjonane, røysta ikkje Tito-klikken berre for USA-imperialismen i Dei sameinte nasjonane, men i samsvar med ynskjet til USA-imperialismen sende dei flyvåpenpersonell til Kongo for å taka beinveges del i den blodige underkuinga av folket i Kongo,
12. Laos-spørsmålet. Då USA-imperialismen trappa opp innblandinga i Laos i januar 1961, spreidde Tito-klikken det synet at USA «verkeleg er interessert i freden og nøytralisering av Laos».(35) Då USA-imperialismen stelte til politiske mord og væpna konfliktar i Laos i mai 1963, gjekk Tito-klikken til åtak på dei patriotiske laotiske styrkane for di dei «la all skuld på USA».(36)
13. Forbund for framsteg-programmet til USA. I august 1961 tvinga USA ulike latin-amerikanske land til å skriva under Forbund for framsteg-programmet, som var ein ny reiskap frå USA-imperialismen til å trælbinda folka i Latin-Amerika med. Dette aggresjonsprogrammet vart møtt med hard motstand frå folka i Latin-Amerika, men Tito-klikken roste det som «å møta krava frå dei latin amerikanske landa i stor stil»(37).
14. Grensesamanstøyten mellom Kina og India. Heilt sidan dei reaksjonære i India skapte spenning på grensa mellom Kina og India i 1959, har Tito-klikken stadig støtta ekspansjonismen, aggresjonen og provokasjonane frå dei indiske reaksjonære mot Kina. Dei spreidde ope den lygna at «grensa var alt ferdig oppdregen fyrst i dette hundreåret og fekk form som den velkjende McMahon-lina»(38), og gjorde sitt beste for å floka saman rett og gale. Dei kom med den bakvaskinga at Kina «tek seg løyve til å revidera grensa mot India etter eige hovud og med makt»(39) og «har gått til åtak»(40) på India.
15.Revolusjonen på Cuba og krisa i Karibia. Tito-klikken har kome med talrike merknader som går til åtak på Cuba. Dei seier at Cuba «trur berre på revolusjon»(41), og at den kubanske revolusjonen er «ikkje så mykje eit førebilete, som eit unntak på revolusjonen som veg»(42). Under krisa i det Karibiske havet hausten 1962, forsvara Tito-klikken aggresjonen frå USA-imperialismen og sa at «vanskane tok til då den kubanske revolusjonen trakka på dei vondaste liktærne til dei amerikanske selskapa»(43), og at «om det vert sagt at USA vart terga av at det vart sett opp rakettbasar på Cuba, i sitt nære grannelag, så ville det vera skjøneleg»(44).
Av alt dette kan ikkje folk unngå å sjå at i dei siste ti åra eller så har Tito-klikken gjort fortvila motstand mot dei sosialistiske landa, freista å sabotera den nasjonale frigjeringsrørsla, bakvaska den anti-imperialistiske revolusjonære striden folket i alle land fører og tent imperialismen aktivt, særskilt USA-imperialismen.
Khrusjtsjov har sagt gong på gong at det er «full semje» og «samsvar» mellom leiinga i SUKP og Tito-klikken i standpunkta deira til internasjonale problem(45).
Javel, då vil vi gjerne spørja dykk om det er samsvar og semje mellom verksemda dykkar og dei kontrarevolusjonære brotsverka til Tito-klikken. Vær så god og svar, om de har mot til det.
PROLETARIATETS DIKTATUR DEGENERERER TIL BORGARSKAPETS DIKTATUR
I siste omgang skuldast den kjensgjerninga at både by og land i Jugoslavia er ei myr av kapitalisme, at økonomien som var ått av heile folket, er degenerert til ein statskapitalistisk økonomi, og at Jugoslavia er forfalle til eit vedheng til USA-imperialismen, at partiet og statsmakta i Jugoslavia er degenerert.
Kommunistpartiet og folket i Jugoslavia streid heltemodig mot dei tyske og italienske fascistiske åtaksmennene under den andre verdskrigen, og dei styrta det reaksjonære styret til imperialismen og tenaren hans Jugoslavia og oppretta den folkedemokratiske statsmakta under proletariatets diktatur.
Ikkje lenge etter sveik den leiande gruppa i Jugoslavias Kommunistiske Parti marxismen-leninismen, og gav seg ut på den revisjonistiske vegen som førte med seg at partiet og statsmakta i Jugoslavia degenererte litt etter litt.
Jugoslavias Kommunistiske Parti hadde ein ærerik tradisjon i revolusjonære kampar. Sviket til Tito-klikken møtte fyrst hard motstand innanfor partiet. For å underkua denne motstanden nytta Tito-klikken makta si til å utstøyta og reinska eit stort tal med kommunistar som var tru til marxismen-leninismen frå partiet. Berre i tida mellom 1948 og 1952 vart meir enn 200 000 partimedlemer eller helvta av det opphavlege medlemstalet i Jugoslavias Kommunistiske Parti ekskluderte. Han gjekk til aksjon mot dei såkalla Kominform-elementa og sette fast og slakta store tal med marxist-leninistar og revolusjonære kadrar og folk, og berre talet på kommunistar og aktive revolusjonære som vart sette fast og fengsla, var på meir enn 30 000. Samstundes slo Tito-klikken døra vidopen for kontrarevolusjonære, borgarlege element, alle slags anti-sosialistiske element og karrieristar som søkte stillingar og rikdom ved hjelp av medlemskortet. I november 1952 kunngjorde Tito-klikken at «nemninga ’parti’ høver ikkje lenger» og endra namnet Jugoslavias Kommunistiske Parti til Kommunistforbundet i Jugoslavia. Han krenkte viljen til alle ærlege kommunistar i Jugoslavia, og endra innhaldet i Jugoslavias Kommunistiske Parti som fortropp for proletariatet og gjorde i røynda KFJ til reiskap for å halda ved lag det diktatoriske styret sitt.
I dei sosialistiske landa er statsmakta under leiing av kommunistiske politiske parti. Når eit kommunistparti degenererer til eit borgarleg politisk parti, degenererer statsmakta uunngåeleg frå proletariatets diktatur til borgarskapets diktatur.
Statsmakta til proletariatets diktatur i Jugoslavia var frukta av langvarig og heltemodig strid frå det jugoslaviske folket. Men då Tito-klikken vart overløparar, endra denne statsmakta innhaldet sitt.
Tito-klikken har kunngjort: «Midla til det revolusjonære
proletariatets diktatur, det vil seia til det sosialistiske statssystemet, vert mindre og mindre naudsynt.»(46)
Men finst det ikkje lenger diktatur i Jugoslavia? Jo, det gjer det. Proletariatets diktatur finst rett nok ikkje lenger, men borgarskapets diktatur ikkje berre finst, det er eit brutalt fascistisk diktatur attpå til.
Tito-styret har rigga opp mange fascistiske fengsel og konsentrasjonslæger, der titusentals revolusjonære er blitt torturerte til daude med all slags umenneskelege straffar. Samstundes har Tito-styret nåda store tal med kontrarevolusjonære og svikarar frå den antifascistiske krigen. I svar til ein United Press-journalist den 7. januar
1951, vedgjekk Tito at 11 000 politiske fangar hadde vorte nåda i Jugoslavia. Den 13. mars 1962 vart 150 000 kontrarevolusjonære som budde i eksil nåda. Diktaturet over desse fiendane av folket var verkeleg avskaffa og dei har fått «demokrati». Kva slågs høgtflygande frasar Tito enn nyttar seg av, er «demokratiet» deira berre eit demokrati for det vesle talet på gamle og nye borgarlege element. For det arbeidande folket er det eit knallhardt diktatur. Tito-klikken har omdanna det revolusjonære statsmaskineriet som var oppbygt for å underkua det vesle mindretalet med utbyttarar, til eit statsmaskineri for å underkua proletariatet og dei breie massane.
Degenereringa av statsmakta i Jugoslavia gjekk ikkje føre seg ved at den opphavlege statsmakta vart styrta med vald og ei ny statsmakt oppretta, men gjennom «fredeleg utvikling». Å sjå til sit dei same menneska ved makta, men eigentleg representerer ikkje desse folka lenger interessene til arbeidarane, bøndene og det arbeidande folket, men interessene til imperialismen og det gamle og nye borgarskapet i Jugoslavia.
Tito-klikken brukte statsmakta og kontrollerte den økonomiske livlina i landet, og på den måten utbytta han det arbeidande jugoslaviske folket så hardt det gjekk an, og gjorde at ein byråkrat-kapitalistisk klasse kom til. Statsmakta under kontroll av Tito-klikken er statsmakta under diktaturet til byråkrat-komprador-borgarskapet.
Desse kjensgjerningane syner frå ulike sider at den politikken Tito-styret fylgjer, er ein politikk for å attinnføra og utvikla kapitalisme, nemleg å redusera Jugoslavia til ein halvkoloni eller eit vedheng.
Degenereringa av statsmakta i Jugoslavia har ført til at det sosialistiske økonomiske systemet er vorte øydelagt, og eit kapitalistisk økonomisk system er vorte attinnført. Når eit nytt byråkrat-komprador-borgarskap litt etter litt er kome til, etter som det kapitalistiske økonomiske systemet er vorte oppretta påny i ei ny form, krev dei styrking av det borgarlege diktaturet og utvikling av eit politisk system som høver til det kapitalistiske økonomiske systemet for å grunnfesta herskarstillinga si.
Dette er korleis prosessen frå degenerering av partiet og statsmakta til attinnføring av kapitalismen i heile det samfunnsmessige og politiske systemet, har vorte gjort til røyndom steg etter steg i Jugoslavia. Degenereringsprosessen har vara i femten år. Dette er soga om korleis ein sosialistisk stat «utviklar seg fredeleg» til ein kapitalistisk stat.
Tito-klikken held herredømet sitt ved lag ved å lita på støtte frå USA-imperialismen, statsmaskinen til diktaturet til byråkrat-komprador-borgarskapet, arbeidararistokratiet som det har kjøpt opp, og dei rike bøndene på landsbygda. Samstundes nyttar det ulike utspekulerte middel for å løyna dei reaksjonære draga sine og lura folket. Men den reaksjonære politikken deira er umåteleg upopulær. Degenereringa av den sosialistiske staten til ein kapitalistisk stat og degenereringa av eit sjølvstendig land til ein halvkoloni eller eit vedheng til USA-imperialismen, står i motstrid til dei grunnleggjande interessene til det jugoslaviske folket, og kan ikkje anna enn verta imøtegått av alle ærlege kommunistar og det overveldande fleirtalet av folket i Jugoslavia.
Vi kjenner djupt med folket og kommunistane i Jugoslavia i den vanskelege stoda dei er i no. Sjølv om Tito-klikken kan trakka på folket ei stund, er vi visse på at kva slags sjølvrådige åtgjerder og kva slags narrestykkje han enn grip til, så kan inga herskargruppe få ein god endelikt når ho fyrst er mot folket. Tito-klikken er sjølvsagt ikkje noko unntak. Folket som er lurt, kjem til å vakna att litt etter litt. Folket og kommunistane i Jugoslavia som har ei ærerik soge, kjem ikkje til å bøya seg for overløparen Tito til æveleg tid. Framtida for det jugoslaviske folket er lys.
DET PRINSIPPFASTE STANDPUNKTET KKP HAR TEKE I SPØRSMÅLET OM JUGOSLAVIA
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP påstår at ei stund «var ikkje KKP-leiarane i tvil om innhaldet i det sosialistiske systemet i Jugoslavia», og at no har dei kinesiske leiarane «endra standpunktet sitt til spørsmålet om Jugoslavia så kraftig».
Det er sant at Jugoslavia ein gong var eit sosialistisk land. Ei stund gjekk landet fram etter den sosialistiske vegen.
Men snart etter tok samfunnssystemet i Jugoslavia til å degenerera steg for steg.
I 1954, då Khrusjtsjov gjorde framlegg om å betra tilhøvet til Jugoslavia, gjekk vi med på å fara åt mot det som eit sosialistisk systerland, for det føremålet å vinna det attende til den sosialistiske vegen og halda auge med korleis Tito-klikken kom til å utvikla seg.
Vi hadde ikkje store vona for Tito-klikken då eingong. I brevet dagsett 10. juni 1954 til sentralkomiteen i SUKP påpeika sentralkomiteen i KKP at ein måtte rekna med den kjensgjerninga at ettersom leiarane i Jugoslavia alt hadde gått retteleg langt i hopehavet sitt med imperialismen, kunne dei avvisa freistnaden vår på å vinna dei til oss og venda attende til den sosialistiske vegen. «Men sjølv om dette skulle henda, ville det ikkje føra med seg noko tap for lægeret for fred, demokrati og sosialisme — tvert om, det ville avsløra hyklinga til dei jugoslaviske leiarane andsynes folket i Jugoslavia og heile verda.»
Diverre har orda våre synt seg å vera alt for sanne! Tito-klikken har sanneleg avvist blankt freistnaden vår på å vinna dei over, og har gått lengre og lengre ned etter den revisjonistiske vegen.
Etter at han nekta å skriva under 1957-Fråsegna, sette Tito-klikken fram det heilt revisjonistiske programmet sitt i 1958 og sette denne fana for den moderne revisjonismen opp mot 1957-Fråsegna, som er det sams programmet som alle kommunistparti og arbeidarparti godtek. Prosessen med å attinnføra kapitalismen i Jugoslavia er vorten røyndom steg for steg, og internasjonalt tener Tito-klikken meir og meir energisk som ei kontrarevolusjonær spesialavdeling av USA-imperialismen.
Under slike omstende er ikkje den haldninga som eit marxist-leninistisk parti bør taka til Tito-klikken lenger den haldninga det bør taka til eit systerparti eller eit systerland, og heller ikkje bør haldninga vera å vinna Tito-klikken for oss. Han bør vera ei haldning for å avsløra denne overløparbanden grundig og kjempa han fastrådd ned. 1960-Kunngjeringa har gjeve sin klåre konklusjon i denne saka.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP har med vilje gått utanom den rada med viktige hendingar som gjekk føre seg etter møtet for systerparti i november 1957, og dessutan dei samrøystes konklusjonane som var nådde på møtet for systerparti i 1960. Det prøver å forsvara det galne standpunktet til leiinga i SUKP ved å gje att ei setning frå leiarartikkelen om Jugoslavia i Renmin Ribao 12. september 1957. Dette er fåfengd.
Kjensgjerningane syner at standpunktet vårt med omsyn til Tito-klikken svarar til røyndomen, at det er eit prinsippfast standpunkt og at det er i samsvar med den allmenne semja på møtet for systerparti i 1960. På den andre sida har leiarane i SUKP freista på tusen og ein måtar å omstøyta domen over Tito-klikken, som vitnar om at dei har svike marxismen-Ieninismen, gått frå 1960-Kunngjeringa og gjeve hjelp til USA-imperialismen og tenarane deira i å narra folket i Jugoslavia og heile verda.
HAR TITO «TEKE VEKK MISTAKA SINE»? ELLER SER KHRUSJTSJOV PÅ TITO SOM LÆRAREN SIN?
Khrusjtsjov seier at dei jugoslaviske leiarane har teke vekk svært mykje av det som vart rekna for feil. Men Tito-klikken vedgår ikkje at dei har gjort nokre mistak, langt mindre teke dei vekk. Tito-klikken seier han «ikkje treng» å retta nokon feil(47) og at «det ville vera bortkasta tid»(48) og «rett og slett overflødig og låttleg» å venta at dei skulle gjera det.(49)
Lat oss sjå på kjensgjerningane. Har Tito-klikken endra det revisjonistiske programmet sitt? Nei han har ikkje det. Har han godteke 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa? Nei han har ikkje det. Har han endra den revisjonistiske innanriks- og utanrikspolitikken sin? Nei, atter ein gong.
Den nye grunnlova som den jugoslaviske Føderale Folkeforsamlinga vedtok i april 1963, syner svært klårt at Tito-klikken ikkje har endra det revisjonistiske standpunktet sitt det minste. Grunnlova er det ytterleggåande revisjonistiske programmet til Tito-klikken kledd i lovs form. Edvard Kardelj sa i meldinga si om utkastet til ny grunnlov at ho er den «lovleg-politiske og organisatoriske utforminga» av tankane i programmet til KFJ.
Khrusjtsjov dyrkar eit varmt hopehav med Tito-klikken, ikkje av di han har retta nokon feil, men av di han fylgjer i fotefara til Tito.
Tenk over desse kjensgjerningane:
1. Tito fråseier seg Stalin for å gå mot marxismen-leninismen i sjølve grunnlaget. Khrusjtsjov fornektar Stalin fullstendig av same grunn.
2. Både Tito og Khrusjtsjov avviser dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen, båe bakvaskar kinesarane og andre kommunistar som held fast ved marxismen-leninismen som dogmatikarar, og begge skildrar sin eigen revisjon av marxismen-leninismen som «skapande utvikling av marxismen-leninismen».
3. Både Tito og Khrusjtsjov prisar hovdingane for USA-imperialismen. Tito seier at Eisenhower «er ein mahardnakka verjar freden»(50) og at tiltaka til Kennedy «kjem til å verta til hjelp for å betra internasjonale tilhøve og løysa påtrengjande verdsproblem på fredeleg vis»(51). Khrusjtsjov seier at Eisenhower «har eit oppriktig ynskje om fred»(52), og at Kennedy «syner omsut for å taka vare på freden»(53).
4. Både Tito og Khrusjtsjov spelar på det fælslege ved atomkrig for å skræma folket i verda til å gje opp revolusjonær strid. Tito seier at når ein atomkrig fyrst bryt ut, kjem det til å verta «utsletting av menneskeætta»(54). Likeins seier Khrustjsjov at når ein atomkrig fyrst bryt ut, «kjem vi til å øydeleggja Noas ark — jordkloten»(55).
5. Både Tito og Khrusjtsjov messar om at ei verd utan våpen, utan væpna styrkar og utan krigar kan oppstå medan imperialismen framleis finst.
6. Tito-klikken kunngjer at «aktiv fredeleg samlivnad» er hjørnesteinen i utanrikspolitikken til Jugoslavia.(56) Khrusjtsjov uttalar at fredeleg samlivnad er «generallina for utanrikspolitikken» til Sovjetunionen.(57).
7. Både Tito og Khrusjtsjov kunngjer at sjansen for fredeleg overgang frå kapitalismen til sosialismen har auka. Tito-klikken seier at «menneskeætta går umotståeleg eit langt stykke inn i tidbolken til sosialismen etter ulike vegar»(58). Khrusjtsjov seier at vegen åt Oktoberrevolusjonen kan setjast til sides for den «parlamentariske vegen».
8. Tito går inn for å innføre «politisk og økonomisk samordning»(59) i verda gjennom «fredeleg kappestrid». Khrusjtsjov går og inn for «allsidig samarbeid» med imperialismen gjennom «fredeleg økonomisk kappestrid».
9. Tito-klikken saboterer den nasjonale frigjeringsrørsla og dei nasjonale frigjeringskrigane på alle vis. Khrusjtsjov går mot den nasjonale frigjeringsrørsla og dei nasjonale frigjeringskrigane under påskot om at «ein eller anna liten ‘lokalkrig’ kunna verta gneisten som tenner storbrannen som ein verdskrig er»(60).
10. Tito-klikken har fråsagt seg proletariatets diktatur. Under slagordet «staten for heile folket» har Khrusjtsjov og fråsagt seg proletariatets diktatur.
11. Tito-klikken nektar for at kommunistpartiet må vera fortroppen for arbeidarklassen. Likeins seier Khrusjtsjov at SUKP er «vorte eit parti for heile folket»(61).
12. Tito-klikken veiftar med «ikkje-blokk»-merket og når Khrusjtsjov seier og at «uttrykk som blokkar osb. er mellombels fenomen»(62). Båe ynskjer å gjera det sosialistiske lægeret til inkjes.
Frå desse kjensgjerningane må ein slutta at Khrusjtsjov verkeleg ser på Tito som læraren sin, både i innanriks- og utanrikspolitikken, og glir ned etter den revisjonistiske vegen hakk i hæl på Tito.
Khrusjtsjov har gått frå marxismen-leninismen, kasta 1960-Kunngjeringa på skraphaugen og velta seg søla med overløparen Tito og klikken hans, og han har fullstendig krenkt interessene til Sovjetunionen, sovjetfolket og folket i heile verda. Dette kjem ikkje til å verta tolt av det store sovjetfolket, det overveldande fleirtalet av medlemmene i SUKP og kadrar på ulike nivå, som alle i hop har ein ærerik revolusjonær tradisjon.
Det store sovjetfolket og medlemsmassen i SUKP kjem aldri til å samtykkja i at Khrusjtsjov samansver seg med Tito-klikken mot dei systerpartia som hevdar marxismen-leninismen.
Det store sovjetfolket og medlemsmassen i SUKP kjem aldri til å samtykkja i samansverjinga mellom Khrusjtsjov og Tito-klikken, og samarbeidet med imperialismen i å gå mot det sosialistiske Kina, Albania og i å riva opp det sosialistiske lægeret.
Det store sovjetfolket og medlemsmassen i SUKP kjem aldri til å samtykkja i samansverjinga mellom Khrusjtsjov og Tito-klikken og samarbeidet med reaksjonære i alle land mot folket i verda og revolusjonen.
Det store sovjetfolket og medlemsmassen i SUKP kjem aldri til å samtykkja i strevet til Khrusjtsjov etter å fylgja dømet til dei jugoslaviske revisjonistane, endra innhaldet i partiet og staten og rydda veg for attinnføring av kapitalismen.
Khrusjtsjov har valda at myrke skyer ligg over Sovjetunionen, det fyrste sosialistiske landet i verda. Men dette kan berre vera eit mellomspel i soga til SUKP og Sovjetunionen. Folk som er narra og bløffa ei stund, kjem litt etter litt til å vakna til sist. Soga har stadfesta og kjem til å halda fram med å stadfesta at den som vil få sovjetfolket til å gå attende i frammarsjen deira, er som grashoppa i eventyret som ville stogga stridsvogna. Han kjem aldri til å lukkast med målet sitt.
KORT KONKLUSJON
Attinnføringa av kapitalisme i Jugoslavia gjev ein ny historisk lærdom til den internasjonale kommunistrørsla.
Denne lærdomen syner oss at når arbeidarklassen har teke makta, held striden mellom borgarskapet og proletariatet fram, striden om siger mellom dei to vegane for kapitalisme og sosialisme held fram og det er fåre for at kapitalismen kan verta innført att. Jugoslavia er eit typisk døme på attinnføring av kapitalismen.
Det syner oss at ikkje berre er det mogleg for eit arbeidarparti å falla under kontroll av eit arbeidararistokrati, degenerera til eit borgarleg parti og verta tenar for imperialismen før det tek makta, men til og med etter at det tek makta er det mogleg at eit arbeidarparti kan falla under kontroll av nye borgarlege element, degenerera til eit borgarleg parti og verta ein tenar for imperialismen. Kommunistforbundet i Jugoslavia er typisk for slik degenerering.
Det syner oss at attinnføringa av kapitalismen kan verta gjennomført utan at det er naudsynt med eit kontrarevolusjonært statskupp eller væpna imperialistisk invasjon, og at det og kan verta gjennomført ved at den leiande gruppa i landet forfell. Den lettaste måten å ta ei borg på, er innanfrå. Jugoslavia er eit typisk døme på det.
Det syner at revisjonismen er eit produkt av imperialistisk politikk. Den gamle revisjonismen steig fram som utkome av den imperialistiske politikken med å kjøpa opp og fostra eit arbeidararistokrati. Den moderne revisjonismen har oppstått på same måten. Imperialismen har ikkje spart på noko, har utvida feltet for operasjonane sine og kjøper over leiande grupper i sosialistiske land, og gjennom dei fylgjer han den politikken han ynskjer med «fredeleg utvikling». USA-imperialismen ser på Jugoslavia som «bjøllesauen» av di det har sett eit døme i denne saka.
Attinnføringa av kapitalismen i Jugoslavia kjem til å få alle marxist-leninistar til å sjå betre og setja folk i stand til å skjøna kvassare at det er naudsynt og tvingande viktig å slåst mot den moderne revisjonismen.
Så lenge imperialismen finst er det tydelegvis ikkje nokon grunn til å seia at fåren for attinnføring av kapitalisme i dei sosialistiske landa er teken vekk.
Leiarane i SUKP kunngjer at dei alt har fjerna fåren for attinnføring av kapitalismen og held på å byggja kommunismen. Om dette var sant ville det sjølvsagt vera oppmuntrande. Men vi ser i røynda at dei etterliknar Jugoslavia på alle vis og har teke ein særs fårleg veg. Dette uroar oss djupt og gjer oss vondt.
På grunnlag av den varme kjærleiken vi ber for det store Sovjetunionen og det store SUKP vil vi gjerne seia oppriktig og inntrengjande til leiarane i SUKP: Kameratar og vener! Ikkje fylg den jugoslaviske vegen. Snu om med ein gong. Ellers vert det for seint!
Noter:
(1)Khrusjtsjov, Tale på masemøte i Velenje, Jugoslavia, 30. august 1963.
(2)Khrusjtsjov, Tale på møte i ein fabrikk i Rakovica, Jugoslavia, 21. august 1963.
(3) Khrusjtsjov, Intervju med utanrikskorrespondentar i Brioni, Jugoslavia, 28. august 1963, som meld av Tanjug.
(4) «For siger for den skapande marxismen-leninismen og mot revisjon av kursen for den kommunistiske verdsrørsla», leiarartikkel ved redaksjonen i Kommunist, Moskva, nr. 11 1963.
(5) P. Togliatti,«Lat oss føra diskusjonen attende til den røynlege grensa for han», L’Unita, 10. januar 1963.
(6) Khrusjtsjov, «Melding til møtet i det øvste sovjet i USSR», desember 1962.
(7) «Ope brev frå sentralkomiteen i SUKP til alle partiorganisasjonar og kommunistar i Sovjetunionen», dagsett 14. juli 1963.
(8) «Ope brev frå sentralkomiteen i SUKP til alle partiorganisasjonar og kommunaistar i Sovjetunionen», dagsett 14. juli 1963.
(9) Khrusjtsjov, «Melding til møte i det øvste sovjet i USSR», desember 1962.
(10) M. Todorovic, «Striden på to frontar», Nasha Stvarnost, mars-utgåva, 1954.
(11) Vesnik usredu, 27. desember 1961.
(13) Oreigning — ekspropriering. — Red.
(14) E. Kardelj, Opningshelsing til det 9. plenumsmøtet i den fjerde føderale komiteen til det sosialistiske forbundet av det arbeidande folket i Jugoslavia, 5. mai 1959.
(15) V. Bacaric, Tale på den sjette kongressen til Kommunistforbundet i Jugoslavia.
(16) E. Kardelj «Om nokre problem som gjeld politikken vår i landsbyane», Kommunist, Beograd, nr. 4,1953.
(17)Slavko Komar, «Sume problem som gjeld landsbygda og bondehushalda», Socializam, nr. 5, 1962.
(18) Det jugoslaviske tidsskriftet Index, nr. 2,1962.
(19)Slavko Komar, det tidlegare siterte verket.
(20) Stalin, «Tale på den første unionskongress av støtarbeidere fra kollektivbrukene» (19. februar 1933). Norsk utgave: Stalin, «Spørsmål i leninismen», Forlaget Oktober 1976, s. 418.
(21)Lenin, «Om demokratiet og det sosialistiske innhaldet i Sovjetmakta».
(22)Brev frå sentralkomiteen i KFJ til organisasjonane og leiinga for det på alle nivå, 17. februar 1958.
(23)V. Bacaric, Melding til den fjerde kongressen til Kommunistforbundet i Kroatia, 7. april 1959.
(24) A. Papic, «Investeringsfinansiering i Jugoslavia», Årbok for kollektiv økonomi, — Beograd, april—november 1959.
(25)Lenin, «Venstre»-barnslegdom og småborgarleg sinnelag»(1918) i Samla verk, eng. utg., band 27, s. 323-354.
(26)Lenin «Dei fyrste oppgåvene til sovjetregjeringa» (1918) Samla verk, eng. utg., band 27, s. 235-277.
(27) Lenin, «Om monopolet på utanrikshandelen», (1922) Samla verk, eng. utg., band 33, s. 420.
(28) Stalin, «Samtale med den første amerikanske arbeiderdelegasjon» (1927) i Spørsmål i leninismen, Forlaget Oktober 1976, s. 604—633.
(29) Borba, 23. april 1954.
(30) Borba, 8. mai 1954.
(31) Slobodni Dom, 4. september 1958.
(32) Slovenski Porocevalec, 9. september 1958.
(33) Kommunist, Beograd, 2. juni 1960.
(34) Utanrikspolitisk bulletin, 1. februar 1962.
(35) Borba, 26. desember 1960.
(36) Politika, 3. september 1959.
(37) Kommunist, Beograd, 17. august 1961.
(38) Rad, 12. september 1959.
(39) Borba, 13. januar 1961.
(40) Politika, 5. mai 1963.
(41) Opprøret på Cuba, Beograd, november 1962.
(42) Politika, 1. januar 1963.
(43) Kommunist, Beograd, 13. september 1962.
(44) Politika, 13. november 1962.
(45) Khrustsjov, Tale på massemøte Splitt, Jugoslavia, 24. august 1963.
(46) E. Kardelj, «Den nye grunnlova til det sosialistiske Jugoslavia», Borba, 29. september 1962.
(47) Tito, Tale på jernbanestasjonen i Beograd, 20. desember 1962.
(48) Tito, Tale på den 17. kongressen til Kommunist forbundet i Jugoslavia, april 1958.
(49) Tale på jernbanestasjonen i Beograd, 20. desember 1962.
(50) Tito Samtale med ein kommentator for New York Times, 28. februar 1958.
(51) Tito, Helsingsbod til Kennedy, Borba, 21. januar 1961.
(52)Khrusjtsjov, Tale på møte i det øvste sovjet for USSR, mai 1960.
(53) Khrusjtsjov, Brev til Kennedy 27. oktober 1962.
(54) Tito, Melding til møte i den føderale folkeforsamlinga i Jugoslavia, 19. april 1958.
(55) Khrusjtsjov, Tale på møte for den austerriksk-sovjetiske venskapsforeininga.
(56) Koca Popovic, Melding om utanrikspolitikken til møte i den føderale folkeforsamlinga i Jugoslavia. Borba, 27. februar 1957.
(57) Khrusjtsjov, Melding til den 20. kongressen i SUKP februar 1956.
(58)Programmet til Kommunistforbundet i Jugoslavia.
(59) Tito, Svar på spørsmål frå Washington Post-journalisten Drew Pearson, Borba, 12.august 1962.
(60) Khrusjtsjov, Utsegn på pressekonferanse i Wien, 8. juli 1960.
(61) Khrusjtsjov, «Om programmet til SUKP», tale på den 22. kongressen til SUKP oktober 1961.
(62) Khrusjtsjov, Intervju med utanriksjournalistar i Brioni i Jugoslavia, 28. oktober 1963
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.