Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 1. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1977. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Den proletariske revolusjonen og renegaten Khrustsjov
Om den falske kommunismen til Khrusjtsjov og kva historiske lærdommar verda kan dra av han
Innhold
FORSVARARAR AV NYKOLONIALISMEN
Fjerde kommentar til det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP
Ved redaksjonane i Renmin Ribao (Folkets Dagblad) og Hongqi (Raude Fane)
(22. oktober 1963)
Ein stor revolusjonær storm har spreidd seg gjennom Asia, Afrika og Latin-Amerika etter den andre verdskrigen. I meir enn femti asiatiske og afrikanske land er sjølvstende vorte utropt. Kina, Vietnam, Korea og Cuba har teke den sosialistiske vegen. Andletet til Asia, Afrika og Latin-Amerika har gått gjennom ei ofseleg endring.
Medan revolusjonen i koloniane og halvkoloniane leid alvorlege tilbakeslag etter den fyrste verdskrigen på grunn av underkuing frå imperialistane og lakeiane deira, er stoda etter den andre verdskrigen grunnleggjande annleis. Imperialistane greier ikkje lenger sløkkja præriebrannen frå nasjonal frigjering. Baklandet deira er vorte ein front av rasande anti-imperialistiske stridar. Det imperialistiske herredømet har vorte styrta i sume koloniale og halvkoloniale land, og i andre har det teke mot tunge slag og vaklar. Dette veikjer uunngåeleg imperialismen og skakar herredømet hans i metropollanda.
Sigrane i folkerevolusjonane i Asia, Afrika og Latin-Amerika, i lag med at det sosialistiske lægeret er oppstått, tonar i ein triumferande hyllingssong til vår dag og tidsalder.
Stormen av folkerevolusjonen i Asia, Afrika og Latin-Amerika krev at alle politiske krefter i verda tek standpunkt. Denne mektige revolusjonære stormen får imperialistane og kolonialistane til å skjelva, og det revolusjonære folket i verda til å gle seg. Imperialistane og kolonialistane seier: «Skrekkeleg, skrekkeleg!» Det revolusjonære folket seier «Flott, flott!» Imperialistane og kolonialistane seier: «Det er opprør, som er forbode.» Det revolusjonære folket seier: «Det er revolusjon, som er folket sin rett og ein nådeslaus straum i soga.»
Ei viktig grenseline mellom marxist-leninistane og dei moderne revisjonistane er den haldninga dei tek andsynes dette umåteleg tilkvesste spørsmålet i verdspolitikken i dag. Marxist-leninistane tek målmedvite parti for dei underkua nasjonane, og stør den nasjonale frigjeringsrørsla aktivt. Dei moderne revisjonistane tek i røynda parti for imperialistane og kolonialistane, og avviser og går mot den nasjonale frigjeringsrørsla på alle moglege måtar.
Leiarane for SUKP tør ikkje heilt forkasta slagorda med støtte til den nasjonale frigjeringsrørsla i det dei seier, og nokre gonger tek dei til og med ymse åtgjerder som skapar inntrykk av støtte, av omsyn til sine eigne interesser. Men om vi trengjer inn til kjernen og tenkjer over synsmåtane og politikken deira gjennom fleire år, ser vi klårt at haldninga deira andsynes frigjeringsstridane til dei underkua nasjonane i Asia, Afrika og Latin-Amerika er passiv eller hånleg eller negativ, og at dei gjer teneste som forsvararar av ny kolonialismen.
I det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP dagsett 14. juli 1963, og i fleire andre artiklar og utsegner har kameratane i SUKP arbeidd hardt for å forsvara dei galne synsmåtane sine og gått til åtak på Kinas Kommunistiske Parti i spørsmålet om den nasjonale frigjeringsrørsla. Men einaste utkomet er å stadfesta det anti-marxist-leninistiske og anti-revolusjonære standpunktet til leiarane i SUKP i dette emnet.
Lat oss no sjå på teorien og praksisen til leiarane for SUKP i spørsmålet om den nasjonale frigjeringsrørsla.
AVSKAFFING AV OPPGÅVA Å KJEMPA NED IMPERIALISMEN OG KOLONIALISMEN
Sigrar som er avgjerande viktige i soga har alt vorte vunne av den nasjonale frigjeringsrørsla i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Ingen kan nekta for dette. Men kan nokon påstå at oppgåva å kjempa ned imperialismen og kolonialismen og agentane deira har vorte fullført av folket i Asia, Afrika og Latin-Amerika?
Svaret vårt er nei. Denne stridsoppgåva er langt frå fullført.
Men leiarane for SUKP spreier ofte det synet at kolonialismen er forsvunnen eller held på å forsvinna frå verda i dag. Dei legg vekt på at «det finst femti millionar mennske på jorda som framleis styn under koloniherredøme»,(1) at restane av kolonialismen berre finst slike stader som portugisisk Angola og Mosambik i Afrika, og at avskaffinga av koloniherredømet alt har gått inn i «slutt-fasen».**
Korleis er kjensgjerningane?
Tenk fyrst over stoda i Asia og Afrika. Der har ei heil gruppe land alt kunngjort sjølvstendet sitt. Men mange av desse landa har ikkje rista fullstendig av seg den imperialistiske og koloniale kontrollen og trældomen, og er framleis mål for imperialistisk plyndring og aggresjon, så vel som stridsskodeplassar mellom dei gamle og nye kolonialistane. I sume land har dei gamle kolonialistane endra seg til nykolonialistar og halde på kolonistyret sitt ved dei opplærte agentane sine. I andre land har ulven gått ut ytterdøra, men tigeren har kome inn bakdøra, den gamle kolonialismen er vorten tilsidesett av den nye, mektigare og fårlegare kolonialismen til USA. Folka i Asia og Afrika er alvorleg truga av fangarmane til nykolonialismen, representerte ved USA-imperialismen.
Lat oss så lyda på røysta til folket i Latin-Amerika.
I Den andre Havana-Kunngjeringa står det: «Latin-Amerika ligg i dag under for ein rovgriskare imperialisme som er mektigare og meir omsynslaus enn det spanske koloniriket.»
Ho legg til:
«Etter den andre verdskrigen slutta … går Nord-amerikanske investeringar opp i meir enn 10 000 millionar dollars. Dessutan skaffar Latin-Amerika til vegar billege råstoff og betalar høge prisar for ferdiglaga varer.»
Vidare heiter det:
«…Frå Latin-Amerika til USA renn det ein stadig stri straum av pengar: om lag 4 000 dollars i minuttet, 5 millionar pr. dag, 2 000 millionar i året, 10 000 millionar for kvart femår. For kvart tusen dollars som forlet oss, ligg det att ein daud lekam. 1 000 dollars for kvar daude, det er prisen på det som vert kalla imperialisme.»
Kjensgjerningane er klåre. Etter den andre verdskrigen har imperialistane visseleg ikkje gjeve opp kolonialismen, dei har berre teke i bruk ei ny form, nykolonialismen. Eit viktig kjennemerke på slik nykolonialisme er at imperialistane er vortne tvinga til å endra den gamle stilen sin med beinveges kolonistyre i sume område, og taka ein ny type kolonistyre og utbytting i bruk, ved å lita på dei agentane dei har valt ut og lært opp. Imperialistane med USA i brodden trælbind eller kontrollerer kolonilanda og landa som alt har utropt sjølvstendet sitt ved å organisera militærblokkar, rigga opp militærbasar, oppretta «føderasjonar» og«samfunn» og fostra marionettstyre. Ved hjelp av økonomisk «hjelp» eller andre former held dei på desse landa som marknader for varene sine, som råstoffkjelder og marknader for kapitaleksporten sin, og plyndrar rikdomane og syg blodet av folket i desse landa. Dessutan nyttar dei Dei sameinte nasjonane som ein viktig reiskap til å blanda seg inn i innanlandske spørsmål i desse landa og til å underkasta dei militær, økonomisk og kulturell aggresjon. Når dei ikkje greier å halda fram med å styra desse landa med «fredelege» middel, steller dei til militære statskupp, driv med undergraving eller grip til og med til beinveges væpna innblanding og aggresjon.
USA er særs pågåande og lur til å fremja nykolonialismen. Med dette våpenet freistar USA-imperialistane hardt å raska til seg koloniane og innverknadsområda til andre imperialistar og oppretta verdsherredøme.
Denne nykolonialismen er ei skadelegare og uhyggjelegare form for kolonialisme.
Vi vil gjerne spørja leiarane for SUKP om korleis det kan seiast under slike omstende at koloniherredømet alt har gått inn i «sluttfasen»?
Når dei skal freista å underbyggja slike usanningar, er leiarane for SUKP så dristige at dei ser etter hjelp i 1960-Kunngjeringa. Dei seier, «nemner ikkje 1960-Kunngjeringa den kraftige oppløysingsprosessen av kolonisystemet?» Men det er ikkje råd at dame tesen om den snøgge oppløysinga av det gamle kolonisystemet kan hjelpa argumentet deira om at kolonialismen forsvinn. Kunngjeringa peiker klårt på at «USA er ryggraden i kolonialismen i dag», at «imperialistane, med USA i brodden, strevar fortvila for å halda koloni-utbyttinga av folka i dei tidlegare koloniane ved lag med nye metodar og i nye former» og at dei «freistar å halda taket på lyftestengene for økonomisk kontroll og politisk innverknad i landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika». I desse vendingane stiller Kunngjeringa ut nett det som leiinga i SUKP prøver så hardt å dekkja over.
Leiarane i SUKP har og skapt teorien om at den nasjonale frigjeringsrørsla har gått inn i eit «nytt stadium» med økonomiske oppgåver som kjernen. Argumentet deira er at medan «striden tidlegare i hovudsak vart ført på det politiske området», så har det økonomiske spørsmålet vorte «den sentrale oppgåva» og «den grunnleggjande lekken i vidare utvikling av revolusjonen»(3) i dag.
Den nasjonale frigjeringsrørsla har gått inn i eit nytt stadium. Men det er ikkje på noko vis den slags «nytt stadium» som leiinga i SUKP skildrar. I det nye stadiet har nivået i det politiske medvitet til folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika stige høgare enn nokon gong, og den revolusjonære rørsla bylgjar fram med kraft utan føredøme. Dei krev inntrengjande at styrkane til imperialismen og tenarane hans deira eigne land må verta grundig fjerna, og strever etter fullstendig politisk og økonomisk sjølvstende. Den fremste og mest brennande oppgåva desse landa står overfor er framleis å utvikla vidare striden mot imperialismen, den gamle og nye kolonialismen og tenarane deira. Striden vert framleis ført vilt på dei politiske, økonomiske, militære, kulturelle, ideologiske og andre områda. Og stridane på alle desse områda finn framleis det mest konsentrerte uttrykket sitt i politisk strid, som ofte uunngåeleg utviklar seg til væpna strid når imperialistane grip til beinveges eller omveges væpna underkuing. Det er viktig for landa som nyleg har kjempa til seg sjølvstende, å utvikla ein sjølvstendig økonomi. Men denne oppgåva må aldri verta skild frå striden mot imperialismen, den gamle og nye kolonialismen og tenarane deira.
Liksom «kvervinga av imperialismen» er denne teorien om eit «nytt stadium» som leiarane i SUKP går inn for, klårt meint til å kvitvaska at nykolonialismen, representert ved USA, går til åtak på Asia, Afrika og Latin-Amerika og plyndrar dei. Han skal dekkja til dei kvasse motseiingane mellom imperialismen og dei underkua nasjonane og lamma den revolusjonære striden til folket i desse verdsdelane.
Etter denne teorien deira er sjølvsagt striden mot imperialismen, den gamle og nye kolonialismen og tenarane deira sjølvsagt ikkje naudsynt lenger, for kolonialismen held på å verta borte og økonomisk utvikling har vorte den sentrale oppgåva for den nasjonale frigjeringsrørsla. Fylgjer det ikkje at ein kan kvitta seg med heile den nasjonale frigjeringsrørsla? Difor er den slags «nytt stadium» som leiarane for SUKP snakkar om, der økonomiske oppgåver står i sentrum av biletet, tydelegvis ikkje noko anna enn eit stadium utan motstand mot imperialismen, den gamle og nye kolonialismen og tenarane deira, eit steg der den nasjonale frigjeringsrørsla ikkje lenger er ynskjeleg.
RESEPTER FOR Å AVSKAFFA REVOLUSJONEN TIL DEI UNDERKUA NASJONANE
I tråd med dei galne teoriane sine har leiarane i SUKP flittig arbeidd ut fleire patentmedisinar for alle skavankane til dei underkua nasjonane. Lat oss granska dei.
Den fyrste resepten er merkt fredeleg samlivnad og fredeleg kappestrid.
Leiarane for SUKP gjev stadig det dei kallar «fredeleg samlivnad» og «fredeleg kappestrid» æra for dei store sigrane i den nasjonale frigjeringsrørsla som folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika har vunne i etterkrigstida. I det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP heiter det:
«Under tilhøva med fredeleg samlivnad samlivnad har nye viktige sigrar vorte vunne dei siste åra i klassestriden til proletariatet og i striden folka fører for nasjonal frigjering. Den revolusjonære verdsprosessen utviklar seg framgangsrikt.»
Dei seier og at den nasjonale frigjeringsrørsla utviklar seg under vilkår med fredeleg samlivnad mellom land med ulike samfunnssystem og økonomisk kappestrid mellom dei to motsette samfunnssystema(4), og at fredeleg samlivnad og fredeleg kappestrid «hjelper til å utvikla ein frigjeringsprosess for dei folka sin del som strir for å fri seg frå herredømet til utanlandske monopol»(5) og kan retta «eit knusande slag» mot «heile systemet med kapitalistiske tilhøve»(6).
Alle sosialistiske land bør bruka den leninistiske politikken med fredeleg samlivnad mellom land med ulike samfunnssystem. Men fredeleg samlivnad og fredeleg kappestrid kan ikkje ta plassen til dei revolusjonære stridane til folket. Sigeren i den nasjonale revolusjonen i alle koloniar og avhengige land må vinnast fyrst og fremst ved den revolusjonære striden til deira eigne massar, og striden til noko anna land kan aldri koma i staden for det.
Leiarane i SUKP hevdar at sigrane i den nasjonale frigjeringsrevolusjonen ikkje fyrst og fremst skuldast dei revolusjonære kampene til massane, og at folket ikkje kan gjera seg fri sjølv, men må venta til imperialismen bryt saman av seg sjølv gjennom fredeleg samlivnad og fredeleg kappestrid. Dette er i røynda jamgodt med å seia til dei underkua nasjonane at dei skal finna seg i imperialistisk plyndring og trælbinding til æveleg tid, og ikkje reisa seg i motstand og revolusjon.
Den andre resepten er merkt hjelp til dei tilbakeliggjande landa.
Leiarane i SUKP skryt av den rolla den økonomiske hjelpa frå dei til dei landa som nyleg er vortne sjølvstendige spelar. Kamerat Khrusjtsjov har sagt at slik hjelp kan setja desse landa i stand til å «unngå fåren for fornya trælbinding» og at «det stimulerer framgangen deira og gjev tilskot til den normale utviklinga deira og til og med aukar farten i dei indre prosessane som kan føra desse landa opp på den hovudvegen som fører til sosialismen»(7)
Det er naudsynt og viktig for dei sosialistiske landa å gje dei landa som nyss er vortne sjølvstendige økonomisk hjelp på grunnlag av internasjonalismen. Men ein kan ikkje i noko tilfelle seia at det nasjonale sjølvstendet og det sosiale framsteget deira eine og åleine skuldast den økonomiske hjelpa dei tek mot frå dei sosialistiske landa, og ikkje i hovudsak dei revolusjonære stridane til folket i landet.
For å seia det beint ut ligg politikken og føremålet til leiarane i SUKP ope for mistanke når dei har gjeve hjelp til land som nyss er vortne sjølvstendige dei siste åra. Dei syner ofte ei stormaktssjåvinistisk og nasjonal-egoistisk haldning i saker som gjeld hjelp til land som nyss er vortne sjølvstendige, dei skadar dei økonomiske og politiske interessene til mottakarlanda og som fylgje av det fører dei skam over dei sosialistiske landa. Når det gjeld hjelpa deira til India, så er dei underliggjande motiva særleg klåre. India står øvst på lista over land som nyss er vortne sjølvstendige som Sovjetunionen gjev økonomisk hjelp til. Denne hjelpa er openbert meint å skulla oppmuntra Nehru-regjeringa i politikken deira som er retta mot kommunismen, mot folket og mot sosialistiske land. Sjølv USA-imperialistane har sagt at slik sovjetisk hjelp «er i særs høg grad til beste for oss (USA)»(8).
I tillegg til det gjer SUKP-leiarane ofte ope framlegg om samarbeid med USA-imperialismen i å «gje hjelp til tilbakeliggjande land». I ein tale i USA i september 1959 sa Khrusjtsjov:
«Dykkar og våre økonomiske framgangar kjem til å verta helsa av heile verda, som ventar at dei to stormaktene våre skal hjelpa dei folka som ligg fleire hundreår attende i den økonomiske utviklinga si til å koma seg på beina snøggare.»
Sjå! Ryggraden i den moderne kolonialismen (nemleg USA-imperialismen) vil hjelpa dei underkua nasjonane «å koma seg på beina snøggare»! Det er verkeleg noko å undrast over at leiarane for SUKP ikkje berre er viljuge, men byrge av å vera partnarar med nykolonialistane.
Den tredje resepten er merkt nedrusting,
Khrusjtsjov har sagt:
«Nedrusting vil seia å avvæpna krigsstyrkane, avskaffa militarismen, gjera slutt på væpna innblanding i innanrikspolitikken til noko land og få vekk alle former for kolonialisme ein gong for alle»(9).
Han har og sagt:
«Nedrusting ville skapa høvelege vilkår for ein ofseleg auke i målestokken for hjelp til dei nyoppretta nasjonalstatane. Om berre ein 8—10 prosent av dei 120 000 millionar dollars som vert brukte til militærføremål over heile verda vart brukte til dette, ville det innan tjue år vera råd å gjera slutt på svolt, sjukdom og analfabetisme i dei områda på kloten som lid naud.»(10).
Vi har alltid hevda at striden for allmenn nedrusting bør drivast for å avsløra og gå mot imperialistisk våpenopprusting og krigsførebuingar. Men det er ikkje råd å påstå at kolonialismen kjem til å verta fjerna gjennom nedrusting.
Khrusjtsjov høyrest ut som ein predikant her. Nedtrødde folk i verda, de er signa! Om de syner tolmod, om de berre ventar til imperialistane legg ned våpna, stig fridomen ned til dykk. Vent til imperialistane syner nåde, og dei utfattige områda i verda kjem til å verta eit jordisk paradis som flyt av mjølk og honning!…
Dette er ikkje berre å fostra illusjonar, det er opium for folket.
Den fjerde resepten er merkt fjerning av kolonialismen ved Dei sameinte nasjonane.
Khrusjtsjov hevdar at om Dei sameinte nasjonane tek åtgjerder for å ryddja ut kolonisystemet «kjem dei folka som i dag lid under den audmjukinga som ligg i framandt herredøme, til å få eit klårt utsyn til fredeleg frigjering frå utanlandsk underkuing med ein gong»(11).
I ein tale i Hovudforsamlinga i FN i september 1960 spurde Khrusjtsjov: «Kven, om ikkje Dei sameinte nasjonane, skulle gå i brodden for å avskaffa det koloniale styringssystemet?».
Dette er eit underleg spørsmål å reisa. Ifylgje Khrusjtsjov bør og kan ikkje dei revolusjonære folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika gjera slutt på kolonialismen sjølve, dei må vona på hjelp frå Dei sameinte nasjonane.
I Hovudforsamlinga i Dei sameinte nasjonane sa Khrusjtsjov og:
«Dette er grunnen til at vi vender oss til fornufta og framsynet hjå folka i dei vestlege landa, til regjeringane deira og talsmennene deira i denne opphøgde forsamlinga, Dei sameinte nasjonane. Lat oss semjest om åtgjerder for å avskaffa det koloniale styringssystemet og med det auka farten i den naturlege historiske prosessen.»
Det er tydeleg at det han verkeleg meiner med å vona på hjelp frå Dei sameinte nasjonane, er å vona på hjelp frå imperialistane. Kjensgjerningane syner at Dei sameinte nasjonane som framleis er under kontroll av imperialistane, berre kan verja og styrkja herredømet til kolonialismen, det kan aldri avskaffa det.
Kort sagt har patentmedisinane til leiarane for SUKP blitt miksa saman for å få folk til å tru at imperialistane vil gje opp kolonialismen og gje fridom og frigjering i gåve til dei underkua nasjonane og folka, og at alle revolusjonære teoriar, krav og stridar difor er gammaldagse og ikkje naudsynte og at dei skal og må verta oppgjevne.
MOTSTAND MOT NASJONALE FRIGJERINGSKRIGAR
Sjølv om dei snakkar om å stø dei nasjonale frigjeringsrørslene og dei nasjonale frigjeringskrigane har leiarane i SUKP freista med alle middel å få folket i Asia, Afrika og Latin-Amerika til å gje opp den revolusjonære striden sin, av di dei sjølve er ynkeleg redde for den revolusjonære stormen.
Leiarane for SUKP har den vidkjende «teorien» at «sjølv ein ørliten gneiste kan tenna ein verdsbrann»(12) og at ein verdskrig er nøydd til å verta ein atomkrig som vil seia at menneskeætta vert utsletta. Difor brøler Khrusjtsjov at «’lokale krigar’ i vår tid er svært fårlege»(13) og at «vi vil arbeida svært hardt… for å sløkkja dei gneistane som kan setja i gang krigslogen»(14). Her dreg ikkje Khrusjtsjov noko skilje mellom rettferdige og urettferdige krigar og svik det kommunistiske standpunktet å stø rettferdige krigar.
Soga om dei atten åra etter den andre verdskrigen syner at nasjonale frigjeringskrigar er uunngåelege så lenge imperialistane og tenarane deira freistar å halda ved lag det brutale styret sitt ved hjelp av bajonettar og nyttar makt til å underkua revolusjonen til underkua nasjonar. Desse revolusjonære krigane i stor og liten målestokk mot imperialistane og tenarane deira, som aldri har stogga, har råka dei imperialistiske krigskreftene hardt, styrkt kreftene som verja verdsfreden og i røynda hindra imperialistane i å gjera planen om å setja i gang ein verdskrig til røyndom. Oppriktig tala, når Khrusjtsjov bråkar om at det trengst å «sløkkja» gneistane av revolusjonen for freden si skuld, er det ein freistnad på å gå mot revolusjonen i namnet åt forsvar for freden.
Med utgangspunkt i desse galne synsmåtane og denne gale politikken krev leiarane i SUKP ikkje berre at dei underkua nasjonane må gje opp den revolusjonære striden dei fører for frigjering og «leva fredeleg i lag med» imperialistane og kolonialistane, men dei tek til og med parti for imperialismen og nyttar ulike metodar for å sløkkja revolusjons-gneistane i Asia, Afrika og Latin-Amerika.
Tak dømet med krigen til folket i Algerie for nasjonal frigjering. Leiinga i SUKP heldt ikkje berre attende stønad lang tid, men dei tok verkeleg parti for den franske imperialismen, Khrusjtsjov brukte å handsama det nasjonale sjølvstendet til Algerie som eit «innanriksspørsmål» for Frankrike. Då han snakka om Algerie-spørsmålet
3. oktober 1955, sa han, «Eg hadde og har fyrst og fremst for auga at USSR ikkje legg seg opp i indre spørsmål hjå andre statar.» Då han tok mot ein journalist frå Le Figaro den 19. mars 1958, sa han: «Vi vil ikkje at Frankrike skal verta veikare, vi vil at det skal verta endå større.»
For å halda seg inne med dei franske imperialistane våga ikkje leiarane for SUKP å godkjenna den provisoriske regjeringa i republikken Algerie ei lang stund. Ikkje før det var ei slutning ein kunne trekkja på førehand at motstandskrigen som folket i Algerie førte mot fransk aggresjon gjekk mot siger og Frankrike vart tvinga til å gå med på sjølvstendet i Algerie, skunda dei seg å godkjenna Algerie. Denne upassande haldninga førte skam over dei sosialistiske landa. Likevel skryt leiarane i SUKP av skamma si og påstår at den sigeren som folket i Algerie betalte for med blodet sitt, og bør reknast til føremon for politikken med «fredeleg samlivnad».
Lat så sjå på den rolla leiarane for SUKP spela i Kongo-spørsmålet. Dei ikkje berre nekta å gje aktiv stønad til den væpna striden som folket i Kongo førte mot kolonialismen, men dei var ivrige etter å «samarbeida» med USA-imperialismen om å sløkkja gneisten i Kongo.
Den 13. juli 1960 gjekk Sovjetunionen samen med USA og røysta for ei fråsegn i tryggingsrådet om å senda ut FN-troppar til Kongo. Slik hjelpte dei USA-imperialismen til å bruka flagget til Dei sameinte nasjonane i den væpna intervensjonen i Kongo. Sovjetunionen skaffa og FN-styrkane transportmiddel. I eit telegram til Kasavubu og Lumumba den 15. juli sa Khrusjtsjov at «Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane har gjort noko nyttig». Etter det held sovjetpressa i gang ein straum med ros til Dei sameinte nasjonane for å ha «hjelpt regjeringa i republikken Kongo å forsvara sjølvstendet og suvereniteten til landet»(15), og uttrykte von om at Dei sameinte nasjonane ville vedtaka «målmedvitne åtgjerder»(16). I fråsegna den 21. august og 10. september heldt sovjetregjeringa fram med å rosa Dei sameinte nasjonane, som dreiv på og underkua folket i Kongo.
I 1961 overtala leiarane i SUKP Gizenga til å møta i parlamentet i Kongo, som hadde vorte samankalla under «vern» frå FN-troppane, og til å slutta seg til marionettregjeringa. Leiinga i SUKP påstod lygnaktig at samankallinga av parlamentet i Kongo var «ei viktig hending i livet til den unge republikken» og «ein framgang for dei nasjonale kreftene»(17).
Det er klårt at denne galne politikken frå leiinga i SUKP gjorde USA-imperialismen ei stor teneste i aggresjonen han retta mot Kongo. Lumumba vart myrda, Gizenga vart sett i fengsel, mange andre patriotar vart forfylgde, og den kongolesiske striden for sjølvstende fekk eit tilbakeslag. Kjenner ikkje leiinga i SUKP noko ansvar for alt dette?
OMRÅDA DER MOTSEIINGANE I VERDA I DAG ER KONSENTRERTE
Det er heilt naturleg at det revolusjonære folket i Asia, Afrika og Latin-Amerika har avvist orda og gjerningane frå leiarane i SUKP mot rørslene og krigane for nasjonal frigjering. Men leiarane for SUKP har late vera å dra den høvelege lærdomen og endra den galne lina og politikken. I staden er dei sinte av di dei vart audmjuka, og har sett i gang ei rad bakvaskingsåtak mot Kinas Kommunistiske Parti og andre marxist-leninistiske parti.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP klagar Kinas Kommunistiske Parti for å setja fram ein «ny teori». Der heiter det:
«… ifylgje dette (den nye teorien) er hovudmotseiinga i vår tid ikkje, får vi høyra, motseiinga mellom sosialisme og imperialisme, men mellom den nasjonale frigjeringsrørsla og imperialismen. Etter det dei kinesiske kameratane meiner er den avgjerande krafta i slaget mot imperialismen ikkje det sosialistiske verdssystemet, og ikkje striden til den internasjonale arbeidarklassen, men, får vi atter høyra, den nasjonale frigjeringsrørsla.»
For det fyrste er dette oppdikta. I brevet vårt dagsett 14. juni peika vi på at dei grunnleggjande motseiingane i verda i dag er motseiinga mellom det sosialistiske lægeret og det imperialistiske lægeret, motseiinga mellom proletariatet og borgarskapet i dei kapitalistiske landa, motseiinga mellom dei undertrykte nasjonane og imperialismen og motseiingane mellom imperialistiske land og mellom monopolkapitalistiske grupper.
Vi peika og på at: Motseiinga mellom det sosialististiske lægeret og det imperialistiske lægeret er ei motseiing mellom to grunnleggjande ulike samfunnssystem, sosialismen og kapitalismen. Ho er utan tvil svært kvass. Men marxist-leninistar må ikkje sjå på motseiingane i verda som eine og åleine motseiinga mellom det sosialistiske lægeret og det kapitalistiske lægeret.
Synspunktet vårt er krystallklårt.
I brevet vårt dagsett 14. juni forklåra vi den revolusjonære stoda i Asia, Afrika og Latin-Amerika og kva den nasjonale frigjeringsrørsla hadde å seia og kva rolle ho spela. Dette er det vi sa:
1. «Dei ulike typane motseiingar i verda i dag er konsentrerte i dei svære områda i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Dette er dei områda under imperialistisk styre som er lettast å gå til åtak på, og dei er stormsentra i verdsrevolusjonen i dag som gjev imperialismen direkte slag.»
2.«Den nasjonaldemokratiske revolusjonære rørsla i desse områda og den internasjonale sosialistiske revolusjonære rørsla er dei to store historiske straumane i vår tid.»
3.«Den nasjonaldemokratiske revolusjonen i desse områda er ein viktig dei av den proletariske verdsrevolusjonen i våre dagar.»
4. «Dei anti-imperialistiske revolusjonære stridane til folket i Asia, Afrika og Latin-Amerika hamrar laus på og undergrev grunnvollen for herredømet til imperialismen og kolonialismen, gammal og ny, og er no ei mektig kraft til forsvar for verdsfreden.»
5. «Difor avheng heile saka til den internasjonale proletariske revolusjonen på eit vis av utkomet av dei revolusjonære stridane folket i desse områda fører, dei som er det overveldande fleirtalet av folkemengda i verda.»
6. «Difor er den anti-imperialistiske revolusjonære striden til folket i Asia, Afrika og Latin-Amerika avgjort ikkje berre ei sak som har mykje å seia i området det gjeld, men ei sak som har altomfemnande verde for heile saka til den proletariske verdsrevolusjonen.»
Dette er marxist-leninistiske teser. slutningar som er dregne ved vitskapleg analyse av røyndomen i vår tid.
Ingen kan nekta for at det er ei umåteleg gunstig revolusjonær stode no i Asia, Afrika og Latin-Amerika. I dag er dei nasjonale frigjeringsrevolusjonane i Asia, Afrika og Latin-Amerika dei viktigaste kreftene som rettar slag beint mot imperialismen. Motseiingane i verda er konsentrerte i Asia, Afrika og Latin-Amerika.
Senteret for motseiingane i verda, for dei politiske verdsstridane, er ikkje fast, men skiftar med endringar i dei internasjonale kampane og den revolusjonære situasjonen. Vi trur at ettersom motseiinga og striden mellom proletariatet og borgarskapet i Vest-Europa og Nord-Amerika utviklar seg, så vil den avgjerande dagen koma då slaget skal stå i desse heimane til kapitalismen og kjernelanda til imperialismen. Når den dagen kjem, vil Vest-Europa og Nord-Amerika utan tvil verta senteret for dei politiske verdsstridane, for verdsmotseiingane.
I 1913 sa Lenin: «… Ei ny kjelde til store verdsstormar har opna seg i Asia… Det er i denne tidbolken med stormar og «ringvirkningane» deira i Europa vi lever no.»(18)
I 1925 sa Stalin:
«Kolonilanda er det viktigaste baklandet imperialismen har. Revolusjoneringa av dette baklandet er nøydd til å undergrava imperialismen, ikkje berre slik å forstå at imperialismen misser baklandet sitt, men og slik å forstå at revolusjoneringa i aust er nøydd til å gje ein mektig framskuv til styrkinga av den revolusjonære krisa i Vesten.»(19)
Er det mogleg at desse utsegnene av Lenin og Stalin var galne? Dei tesene dei gav ord til har lenge vore elementær marxistisk kunnskap. Det er tydeleg at no som leiarane i SUKP har sett seg føre å gjera den nasjonale frigjeringsrørsla liten, så ser dei fullstendig bort frå elementær marxisme-leninisme og dei openberre kjensgjerningane rett under nasen på dei.
RENGING AV DET LENINISTISKE SYNET PÅ LEIING I REVOLUSJONEN
I det opne brevet av 14. juli går sentralkomiteen i SUKP og til åtak på standpunktet til Kinas Kommunistiske Parti i spørsmålet om proletarisk leiing i revolusjonen. Der står det:
«… dei kinesiske kameratane vil ‘retta på’ Lenin og prova at hegemoniet i verdsstriden mot imperialismen ikkje bør gå til arbeidarklassen, men til småborgarskapet eller det nasjonale borgarskapet, til og med til ‘visse patriotiske kongar, prinsar og aristokratar’.»
Dette er ei medviten renging av synspunkta til Kinas Kommunistiske Parti.
Der det drøftar kvifor det er naudsynt at proletariatet held på at det skal leia den nasjonale frigjeringsrørsla, står det i brevet frå sentralkomiteen i KKP dagsett 14. juni:
«Soga har trudd ei strålande oppgåve til dei proletariske partia i desse landa. Dei skal halda høgt stridsfana mot imperialismen, gammal og ny kolonialisme og for nasjonalt sjølvstende og demokrati for folket. Desse partia skal stå i fyrste rekkje i den nasjonaldemokratiske revolusjonære rørsla og streva for ei sosialistisk framtid.»
«På grunnlag av arbeidar-bondealliansen må proletariatet og partiet hans sameina alle lag som let seg sameina og organisera ein brei samla front mot imperialismen og tenarane hans. For å styrkja og utvida denne samla fronten er det naudsynt at det proletariske partiet held oppe det ideologiske, politiske og organisatoriske sjølvstendet sitt og held fast på at det skal leia revolusjonen.»
Der det drøftar at det er naudsynt å oppretta ein brei anti-imperialistisk einskapsfront i den nasjonale frigjeringsrørsla, står det i brevet frå KKP:
«Dei undertrykte nasjonane og folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika står andsynes den krevjande oppgåva å slåst mot imperialismen og tenarane hans.»
………………………………………….
«I desse områda nektar svært breie grupper av folket å vera trælar under imperialismen. Dei omfattar ikkje berre arbeidarar, bønder, intellektuelle og småborgarar, men og det patriotiske nasjonale borgarskapet og til og med visse kongar, prinsar og adelsmenn som er patriotar.»
Synspunktet vårt er aldeles klårt. I den nasjonale frigjeringsrørsla er det naudsynt både å halda hardt på at proletariatet skal ha leiinga og å oppretta ein brei anti-imperialistisk einskapsfront. Kva er det som er gale med desse syna? Kvifor skulle leiinga i SUKP rengja og gå til åtak på desse rette synsmåtane?
Det er ikkje vi, men leiarane i SUKP som har gått frå Lenins syn på proletarisk leiing i revolusjonen.
Den galne lina til leiarane for SUKP gjev fullstendig opp oppgåva å slåst mot imperialismen og kolonialismen og går mot nasjonale frigjeringskrigar. Dette vil seia at denne lina vil ha proletariatet og kommunistpartia i dei undertrykte nasjonanen til å rulla saman den patriotiske fana med å gå mot imperialismen og stri for nasjonalt sjølvstende og overlata det til andre, I så fall, korleis kan ein ein gong snakka om ein anti-imperialistisk einskapsfront eller proletarisk leiing?
Ein annan tanke som leiarane for SUKP ofte propaganderer, er at eit land kan byggja sosialismen same kva slags leiing det har til og med irekna leiing av ein reaksjonær nasjonalist som Nehru. Dette er endå lengre vekk frå tanken om proletarisk leiing.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP feiltolkar det høvelege tilhøvet mellom gjensidig støtte som bør finnast mellom det sosialistiske lægeret og arbeidarrørsla i dei kapitalistiske landa på den eine sida og den nasjonale frigjeringsrørsla på den andre, og påstår at den nasjonale frigjeringsrørsla bør verta «leidd» av dei sosialistiske landa og arbeidarrørsla i metropollanda. Dei er så frekke at dei påstår dette «byggjer» på Lenins syn på proletarisk leiing. Det er openbert at dette er ei grov renging og ein revisjon av tenkinga til Lenin. Det syner at leiarane for SUKP vil tvinga lina si for å avskaffa revolusjonen på den revolusjonære rørsla til dei undertrykte nasjonane.
VEGEN MED NASJONALISME OG DEGENERERING
I det opne brevet dagsett 14. juni freistar leiarane for SUKP å festa på Kinas Kommunistiske Parti klagemålet om å «isolera den nasjonale frigjeringsrørsla frå den internasjonale arbeidarklassen og det han har skapt, det sosialistiske verdssystemet.» Dei klagar oss og for å «skilja» den nasjonale frigjeringsrørsla frå det sosialistiske systemet og arbeidarrørsla i dei vestlege kapitalistiske landa og «stilla det eine opp mot det andre». Det finst andre kommunistar, som leiarane for det franske kommunistpartiet, som tek høglydt oppatt det leiarane for SUKP seier.
Men kva er kjensgjerningane? Dei som stiller den nasjonale frigjeringsrørsla opp mot det sosialistiske lægeret og arbeidarrørsla i dei vestlege kapitalistiske landa, er ingen andre enn leiarane i SUKP og fylgjesveinane deira, som ikkje stør, og til og med går mot, den nasjonale frigjeringsrørsla.
Kinas Kommunistiske Parti har prinsippfast hevda at dei revolusjonære stridane til alle folk stør kvarandre. Vi ser alltid på den nasjonale frigjeringsrørsla frå synsstaden til marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen, frå synsstaden til den proletariske verdsrevolusjonen som heilskap. Vi trur at det er umåteleg viktig for det sosialistiske lægeret, arbeidarrørsla i dei kapitalistiske landa og saka for forsvar av verdsfreden at den nasjonale frigjeringsrevolusjonen utviklar seg sigerrikt.
Men leiarane for SUKP og fylgjesveinane deira nektar å kjennast ved at dette er så viktig. Dei snakkar berre om den stønaden som det sosialistiske lægeret gjev den nasjonale frigjeringsrørsla og ser bort frå den stønaden som den nasjonale frigjeringsrørsla gjev det sosialistiske lægeret. Dei snakkar berre om rolla til arbeidarrørsla i dei vestlege kapitalistiske landa når det gjeld å slå slag mot imperialismen, og rakkar ned på eller ser bort frå rolla til den nasjonale frigjeringsrørsla i same samanheng. Standpunktet deira motseier marxismen-leninismen og overser kjensgjerningane, og difor er det gale.
Spørsmålet om kva haldning ein skal taka til tilhøvet mellom dei sosialistiske landa og revolusjonen i dei undertrykte nasjonane, og andsynes tilhøvet mellom arbeidarrørsla i dei kaptialistiske landa og revolusjonen i dei undertrykte nasjonane, dreg inn det viktige prinsippet om marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen skal verta halde ved lag eller oppgjeve.
Etter marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen, må alle sosialistiske land som har nådd siger i revolusjonen sin, stø og hjelpa frigjeringsstridane til dei underkua nasjonane aktivt. Dei sosialistiske landa må verta baseområde for å stø og utvikla revolusjonen åt dei underkua nasjonane og folka i heile verda, skipa så nært eit forbund med dei som råd og gjennomføra den proletariske verdsrevolusjonen til han er fullført.
Men leiarane for SUKP ser i røynda på sigeren for sosialismen i eit land eller fleire land som slutten på den proletariske verdsrevolusjonen. Dei vil underordna den nasjonale frigjeringsrevolusjonen under generallina si for fredeleg samlivnad og under dei nasjonale interessene til sitt eige land.
Då Stalin i 1925 slåst mot likvidasjonistane, som var representerte av trotskistane og sinovjevistane, påpeika han at eit av dei fårlege særtrekka ved likvidasjonisme var:
«… skort på tillit til den internasjonale proletariske revolusjonen, skort på tillit til at han kjem til å sigra, ei tvilande haldning andsynes den nasjonale frigjeringsrørsla i koloniane og dei usjølvstendige landa… å ikkje greia å skjøna det elementære kravet om internasjonalisme som gjer at siger for sosialismen i eit land ikkje er noko mål i seg sjølv, men eit middel for å utvikla og stø revolusjonen i andre land.»(20)
Han la til:
«Det er vegen til nasjonalisme og degenerering, vegen til fullstendig tilinkjesgjering av den internasjonale politikken til proletariatet, for folk som er råka av denne sjukdomen, ser på landet vårt ikkje som ein del av den heilskapen som vert kalla den revolusjonære verdsrørsla, men som byrjinga og slutten på den rørsla, og dei trur at interessene til alle andre land bør verta ofra for interessene til landet vårt.»(21)
Stalin skildra tankegangen til likvidasjonistane slik:
«Stø frigjeringsrørsla i Kina? Kvifor? Vil ikkje det vera fårleg då? Vil det ikkje setja oss i konflikt med andre land? Vil det ikkje vera betre om vi oppretta «innverknadssfærer» i Kina i samråd med andre «framskridne» makter og raska til oss noko frå Kina til beste for oss sjølve? Det ville då vera både nyttig og trygt… Og så vidare i det uendelege.»(22)
Han avslutta:
«Slik er den nye typen nasjonalistisk «sinnelag» som freistar å likvidera utanrikspolitikken frå Oktoberrevolusjonen og dyrkar spirer til degenerering.»(23)
Dei noverande leiarane for SUKP har gått lenger enn dei gamle likvidasjonistane, Medan dei kroar seg over vitet sitt, går dei berre i gang med det som er «både nyttig og trygt». Dei er livredde for å verta innblanda i samanstøyt med dei imperialistiske landa, difor har dei lagt seg på hjarta å gå mot den nasjonale frigjeringsrørsla. Dei er drukne av tanken om dei to ’supermaktene’ som opprettar innverknadssfærer i heile verda.
Stalin sin kritikk av likvidasjonistane gjev ei rimeleg skildring av dei noverande leiarane for SUKP. Dei fylgjer fotefara etter likvidasjonistane, og har gjort utanrikspolitikken frå Oktoberrevolusjonen til inkjes og teke vegen med nasjonalisme og degenerering.
Stalin åtvara:
«… det er sjølvsagt at det fyrste landet som er sigerrikt, berre kan halda på rolla som faneberar for den revolusjonære verdsrørsla på grunnlag av prinsippfast internasjonalisme, berre på grunnlag av utanrikspolitikken til Oktoberrevolusjonen, og at vegen med minste motstand og nasjonalisme i utanrikspolitikken er vegen til isolasjon og opprotning av det fyrste landet som var sigerrikt.»(24)
Denne åtvaringa frå Stalin har alvorleg og praktisk meining for dei noverande leiarane i SUKP.
EIT DØME PÅ SOSIALSJÅVINISME
Likeins, etter den proletariske internasjonalismen må proletariatet og kommunistane i underkuarnasjonane stø aktivt både retten dei underkua nasjonane har til nasjonalt sjølvstende og frigjeringsstridane deira. Med støtte frå dei underkua nasjonane kjem proletariatet i underkuarlanda til å vera betre utstyrt til å vinna sin eigen revolusjon.
Lenin trefte spikaren på hovudet då han sa:
«Den revolusjonære rørsla i dei framskridne landa ville i røynda vera rein bløff om arbeidarane i Europa og Amerika i striden mot kapitalen ikkje var nært og fullstendig knytte til dei hundretal på hundretal med millionar av «koloni»-trælar som vert underkua av kapitalen.»(25)
Men sume sjølvoppnemnde marxist-leninistar har gått frå marxismen-leninismen nett på dette punktet som gjeld eit grunnleggjande prinsipp. Leiarane for Frankrikes Kommunistiske Parti er typiske i så måte.
I lang tid no har leiarane for FKP gjeva opp striden mot USA-imperialismen, nekta å slåst hardnakka mot USA-imperialismen sin kontroll over og innskrenkingar andsynes Frankrike i områda for politikk, økonomi og militærstell, og har overlate fana for den franske nasjonale striden mot USA til folk som de Gaulle. På den andre Sida har dei nytta ulike knep og orsakingar for å forsvara koloni-interessene til dei franske imperialistane og har nekta å stø, og sanneleg gått mot, dei nasjonale frigjeringsrørslene i dei franske koloniane, og særskilt gått mot nasjonalrevolusjonære krigar. Dei har sokke i den sjåvinistiske blautmyra.
Lenin sa: «Europearar gløymer ofte at kolonifolka og er nasjonar, men å lata slik «gløymsle» passera er å lata sjåvinisme passera».(26) Men leiinga for Frankrikes Kommunistiske Parti, med kamerat Thorez som talsmann, har ikkje berre late slik «gløymsle» passera, han har ope sett på folka i dei franske koloniane som «naturaliserte franskmenn»(27), nekta å godtaka retten dei har til nasjonalt sjølvstende utskilt frå Frankrike og offentleg stødd politikken med «nasjonal assimilering» som dei franske imperialistane fylgjer
I dei siste ti åra og meir så har leiarane for det franske kommunistpartiet fylgt kolonipolitikken til dei franske imperialistane og tent som vedheng til den franske monopolkapitalen. I 1946, då dei franske monopolkapitalistiske herskarane fann på eit nykolonialistisk knep ved å gjera framlegg om å skipa ein fransk union, fylgde dei opp og kunngjorde at «vi har alltid sett for oss den franske unionen som ein ’fri union av frie folk’»(28) og at «den franske unionen kjem til å tillata regulering på nytt grunnlag av tilhøvet mellom folket i Frankrike og folka i koloniane som før har vore knytte til Frankrike»(29).
I 1958, då den franske unionen fall saman og den franske regjeringa gjorde framlegg om å oppretta eit fransk fellesskap for å taka vare på kolonisystemet sitt, fylgde leiarane for FKP opp att og kunngjorde: «Vi trur at å skapa eit ekte fellesskap vil vera ei positiv hending.»(30)
Då leiarane for det franske kommunistpartiet gjekk mot kravet frå folket i dei franske koloniane om nasjonalt sjølvstende, freista dei til og med å skræma dei og sa at «kvar freistnad på å bryta ut frå unionen vil berre føra til at imperialismen vert styrkt. Sjølv om de får sjølvstende vert det berre mellombels, i namnet og uekte». Vidare kunngjorde dei ope:
«Spørsmålet er om dette sjølvstendet som alt er uunngåeleg, vert med Frankrike, utan Frankrike eller mot Frankrike. Det beste for landet vårt krev at dette sjølvstendet vert med Frankrike.»(31)
I spørsmålet om Algerie er det sjåvinistiske standpunktet til leiarane i FKP desto tydelegare. Nyleg har dei freista å gje seg sjølve rett ved å påstå at dei hadde godteke det rette kravet frå folket i Algerie i lang tid alt. Men kva seier kjensgjerningane?
I lang tid nekta leiarane for FKP å godtaka at Algerie hadde rett til nasjonalt sjølvstende. Dei fylgde, dei franske monopolkapitalistane og ropte at «Algerie er ein uskiljande del av Frankrike»(32) og at Frankrike «skulle væra ei stor afrikansk makt no og i framtida»(33). Thorez og andre brydde seg mest om at Algerie kunne skaffa Frankrike «ein million sauer» og store mengder kveite kvart år for å løysa problemet hennar med «kjøtmangel» og «gjera opp for kornunderskotet vårt»(34).
Berre sjå! For ein oppøst sjåvinisme mellom leiarane for FKP! Syner dei eit grann proletarisk internasjonalisme? Er det noko av ein proletarisk revolusjonær i dei? Då dei tok dette sjåvinistiske standpunktet, sveik dei dei grunnleggjande interessene til det internasjonale proletariatet, dei grunnleggjande interessene til det franske proletariatet og dei sanne interessene til den franske nasjonen.
MOT «TEORIEN OM RASISME» OG «TEORIEN OM DEN GULE FÅREN»
No har leiarane for SUKP brukt opp alle mirakelvåpna sine til å gå mot den nasjonale frigjeringsrørsla med, og er reduserte til å leita etter hjelp frå rasismen, den mest reaksjonære av alle imperialistiske teoriar. Dei skildrar det rette standpunktet til KKP i å gje fastrådd stønad til den nasjonale frigjeringsrørsla som «å skapa stengsle etter rase og geografi» og «taka utgangspunkt i rase i staden for i klasse», og «spela på dei nasjonale og til og med rasemessige fordomane til folka i Asia og Afrika».
Om marxismen-leninismen ikkje fanst, kunna kan henda slike lygner lura folk. Diverre for dei som diktar opp desse lygnene lever dei i galen tidsalder, for marxismen-leninismen har alt funne vegen djupt inn i hjarto til folk. Som Stalin så rett peika på «braut leninismen ned muren mellom kvite og svarte, mellom europearar og asiatar, mellom ‘siviliserte’ og ‘usiviliserte’ trælar under imperialismen»(35). Det er fåfengt for leiarane i SUKP å prøva å byggja denne rasistmuren.
I siste omgong er det nasjonale spørsmålet i verda i dag eit spørsmål om klassestrid og anti-imperialistisk strid. I dag har arbeidarane, bøndene, dei revolusjonære intellektuelle, anti-imperialistiske og patriotiske borgarlege element og andre patriotiske og anti-imperialistiske opplyste folk av alle rasar — kvit, svart, gul eller brun — skipa ein brei einskapsfront mot imperialistane, med USA i brodden, og tenarane deira. Denne einskapsfronten utvidar seg og veks seg sterkare. Spørsmålet her gjeld ikkje om ein skal taka parti for det kvite folket eller det farga folket, men om ein skal taka parti for dei undertrykte folka og nasjonane eller for handfullen med imperialistar og reaksjonære.
Etter det marxist-leninistiske klassestandpunktet må underkua nasjonar dra ei klår grenseline mellom seg sjølve og imperialistane og kolonialistane. Å gjera denne lina uklår står for eit sjåvinistisk syn som tener imperialismen og kolonialismen.
Lenin sa:
«… det sentrale punktet i det sosialdemokratiske programmet må vera skiljet mellom underkuarnasjonar og underkua nasjonar, som er kjernen i imperialismen og som sosialsjåvinistane, og likeins Kautsky går falskt utanom».(36)
Ved å bakvaska einskapen mellom folket i Asia, Afrika og Latin-Amerika i den anti-imperialistiske striden som «bygd på prinsipp som gjeld geografi eller rase», har leiarane for SUKP openbert sett seg sjølv i same stilling som sosialsjåvinistane og Kautsky.
Når dei byr fram «teorien om rasisme», skildrar dei den nasjonale frigjeringsrørsla i Asia, Afrika og Latin-Amerika som ei rørsle av dei farga mot den kvite rasen, og leiarane for SUKP har som tydeleg mål med det å eggja til rasehat mellom det kvite folket i Europa og Nord-Amerika, å avleia folket i verda frå striden mot imperialismen og snu den internasjonale arbeidarklasserørsla vekk frå striden mot den moderne revisjonismen.
Leiarane for SUKP har sett i gang ståk og styr om den «gule fåren» og «det overhengande trugsmålet frå Djenghis Khan». Dette er verkeleg ikkje verd bryet å tilbakevisa. I denne artikkelen har vi ikkje tenkt å seia noko om den historiske rolla til Djenghis Khan eller utviklinga av den mongolske, russiske og kinesiske nasjonen og prosessen då dei tok form som statar. Vi vil berre minna leiarane for SUKP om at dei treng å gå over sogeleksene sine att før dei diktar opp slike fortellingar. Djenghis Khan var Khan av Mongolia, og på hans tid vart både Russland og Kina utsette for åtak frå mongolarane. Han trengte inn i ein del av nordvestre og nordre Kina i 1215 og Russland i 1223. Etter at han døydde underkua etterfylgjarane hans Russland i 1240, og trettini år seinare, i 1279 hærtok dei heile Kina.
Lu Hsun, den velkjende kinesiske forfattaren, har eit avsnitt om Djenghis Khan i ein artikkel han skreiv i 1934. Vi tek det med her så de kan sjå på det, for det er kan henda til nytte for dykk.
Han som skreiv dette var ein ung mann på tjue.
«Eg hadde blitt fortalt at ’vår’ Djenghis Kahn hadde hærteke Europa og opna for den mest strålande perioden i ’vår’ soge. Fyrst då eg var tjuefem oppdaga eg at denne såkalla særs strålande perioden i ’vår’ soge i røynda var den gongen då mongolarane hærtok Kina og vi vart trælar. Og ikkje før august i fjor, mens eg bladde gjennom tre bøker om mongolsk soge, fann eg ut at hærsetjinga av Russland ved mongolarane og invasjonen deira i Ungarn og Austerrike i røynda gjekk føre hærtakinga av Kina, og at Djenghis Kahn slett ikkje var vår Kahn den gongen. Russarane vart trælbundne før vi vart det, og då er det vel dei som burde kunna seia: ’Då vår Djenghis Khan hærtok Kina, opna han den mest strålande perioden i soga vår’.»(37)
Alle med litt kjenskap til moderne verdssoge veit at «teorien om den gule fåren» som SUKP-leiinga har laga så mykje leven om, er ein arv frå den tyske keisaren Wilhelm II. For eit halvt hundreår sidan sa Wilhelm II: «Eg trur på den gule fåren.»
Føremålet til keisaren med å propagandera teorien om «den gule fåren», var å gjennomføra delinga av Kina vidare, gå inn i Asia, undertrykkja revolusjonen i Asia, avleia merksemda til folket i Europa frå revolusjonen og bruka det som røykteppe for dei aktive førebuingane han dreiv med til den imperialistiske verdskrigen og for freistnaden han gjorde på å vinna verdshegemoni.
Då Wilhelm II spreidde denne teorien om «den gule fåren», var borgarskapet i Europa i bratt nedgang og umåteleg reaksjonært, og demokratiske revolusjonar feide gjennom Kina, Tyrkia og Persia og verka inn på India, rundt tida for 1905-revolusjonen i Russland. Dette var og den tida då Lenin kom med den vidkjende merknaden sin om det «tilbakeliggjande Europa og framskridne Asia».
Wilhelm II var ein storkar for si tid. Men i røynda synte han seg å berre vera ein snømann i sola. På svært kort tid kvarv denne reaksjonære hovdingen frå skodeplassen i lag med den reaksjonære teorien han fann på. Den store Lenin og den strålande læra hans lever vidare i æveleg tid.
Femti år er gått. Imperialismen i Vest-Europa og Nord-Amerika er vorten endå meir dødssjuk og reaksjonær, og dagane hans er talde. I mellomtida har den revolusjonære stormen som rasar over Asia, Afrika og Latin-Amerika vakse seg mange gongar sterkare enn i Lenin si tid. Det er knapt til å tru at i dag er det framleis folk som ynskjer å trø i skoa til Wilhelm den II. Det er sanneleg å spotta soga.
DEN GAMLE REVISJONISMEN FÅR LIV ATT I NY HAM
Politikken til leiinga i SUKP i det nasjonale og koloniale spørsmålet er eins med den bankerotte politikken til revisjonistane i Den andre internasjonalen. Den einaste skilnaden er at dei gamle baud fram den gamle kolonialismen til imperialistane, medan dei moderne revisjonistane byr fram nykolonialismen til imperialistane.
Dei gamle revisjonistane dansa etter pipa til dei gamle kolonialistane og Khrusjtsjov dansar etter pipa til nykolonialistane.
Heltane frå Den andre internasjonalen, med Bernstein og Kautsky som talsmenn, forsvara det gamle kolonistyret til imperialismen. Dei sa ope frå at koloni-styret var progressivt, at det førte høg sivilisasjon til koloniane og utvikla produktivkreftene der. Dei påstod til og med at «å avskaffa koloniane ville vera det same som barbari»(38).
På denne måten er Khrusjtsjov noko ulik dei gamle revisjonistane. Han er tapper nok til å fordøma det gamle kolonisystemet.
Korleis har det seg at Khrusjtsjov er så tapper? Av di imperialistane blæs ein annan låt no.
Etter den andre verdskrigen, under dei doble slaga frå den sosialistiske revolusjonen og den nasjonale frigjeringsrevolusjonen, vart imperialistane tvinga til å innnnsynleg «tvert om …alismen gjord
På denne måten er Khrusjtsjov noko ulik dei gamle revisjonistane. Han er tapper nok til å fordøma det gamle kolonisystemet.
Korleis har det seg at Khrusjtsjov er så tapper? Av di imperialistane blæs ein annan låt no.
Etter den andre verdskrigen, under dei doble slaga frå den sosialistiske revolusjonen og den nasjonale frigjeringsrevolusjonen, vart imperialistane tvinga til å innsjå at «om Vesten hadde freista å halda ved lag stoda som ho var med kolonialisme, ville det ha gjort valdeleg revolusjon uunngåeleg og nederlag uunngåeleg»(39). Dei gamle kolonialistiske styreformene kjem mest sannsynleg «tvert om … til å syna seg å vera som ‘opne sår’ som øydelegg både den økonomiske og den moralske livskrafta i livet til ein nasjon»(40) Difor vart det naudsynt med endring i forma og å utøva nykolonialisme.
Difor dansar og Khrusjtsjov etter pipa til nykolonialistane og slår om seg med «teorien om at kolonialismen kverv» for å dekkja over den nye kolonialismen. Ja, meir enn det, han freistar å få dei underkua nasjonane til å omfemna denne nykolonialismen. Han propaganderer aktivt det synet at «fredeleg samlivnad» mellom dei underkua nasjonane og den siviliserte imperialismen kjem til å få «nasjonaløkonomien til å veksa snøgt» og føra til «ein framskuv for produktivkreftene», setja heimmarknaden i stand til «å verta større hinsides samanlikning» og «skaffa meir råstoff, og ulike produkt og varer som krevst i økonomien til dei utvikla industrilanda»(41) og samstundes vil det «lyfta levestandarden til innbuarane ein heil del i dei høgt utvikla kapitalistiske landa»(42).
No har Khrusjtsjov gløymt å få med seg ymse utslitne våpen frå våpenlageret til Den andre internasjonalen.
Her er nokre døme.
Dei gamle revisjonistane gjekk mot nasjonale frigjeringskrigar og hevda at det nasjonale spørsmålet «berre kan avgjerast gjennom internasjonale avtalar»(43). I dette spørsmålet har Khrusjtsjov teke over lina til revisjonistane i Den andre internasjonalen — han går inn for «ei stillsam gravferd for kolonisystemet»(44).
Dei gamle revisjonistane gjekk til åtak på dei revolusjonære marxistane og slyngde ut mot dei bakvaskinga at «bolsjevismen er eigentleg ei krigersk form for sosialisme»(45) og at «den kommunistiske Internasjonalen nører den illusjonen at ein kan oppnå frigjering av arbeidarane ved hjelp av bajonettane til den sigerrike Raude hæren og at ein ny verdskrig er naudsynt for verdsrevolusjonen». Dei spreidde og forteljinga om at dette standpunktet hadde «skapt svært stor fåre for ein ny verdskrig»(46).
Det språket Khrusjtsjov nyttar i dag for å bakvaska Kinas Kommunistiske Parti og andre marxist-leninistiske systerparti er nett det same som det språket dei gamle revisjonistane nytta for å skjella ut bolsjevikane. Det er vanskeleg å finna nokon skilnad.
Det må seiast at når Khrusjtsjov tener nykolonialismen til imperialistane, ligg han ikkje eit grann etter dei gamle revisjonistane når dei ytte teneste til den gamle kolonialismen til imperialistane.
Lenin synte korleis politikken til imperialismen gjorde at den internasjonale arbeidarrørsla vart kløyvd i to delar, den revolusjonære og den opportunistiske. Den revolusjonære delen tok parti for dei underkua nasjonane og gjekk mot imperialistane og kolonialistane. Den opportunistiske delen på den andre sida levde på smular frå byttet som imperialistane og kolonialistane klemte ut or folket i koloniane og halv-koloniane. Den delen tok standpunkt for imperialistane og kolonialistane og gjekk mot revolusjonen for frigjering til dei underkua nasjonane.
Den same slags deling mellom revolusjonære og opportunistar i den internasjonale arbeidarrørsla som den Lenin skildra tek no form ikkje berre i arbeidarklasserørsla i dei kapitalistiske landa, men og i dei sosialistiske landa der proletariatet held statsmakta.
Røynsla frå soga syner at om den nasjonale frigjeringsrørsla skal vinna fullstendig siger, må den skipa eit solid forbund med den revolusjonære arbeidarrørsla, dra ei klår grenseline mellom seg sjølv og revisjonistane som tener imperialistane og kolonialistane og fastrådd rydda ut innverknaden deira.
Røynsla frå soga syner at om arbeidarklasserørsla i dei kapitalistiske landa i Vest-Europa og Nord-Amerika skal vinna full siger, må ho skipa eit nært forbund med den nasjonale frigjeringsrørsla i Asia Afrika og Latin-Amerika, dra ei klår grenseline mellom seg og revisjonistane og fastrådd rydda ut innverknaden deira.
Revisjonistane er agentar for imperialismen som har løynt seg i rekkjene til den internasjonale arbeidarrørsla. Lenin sa, «… striden mot imperialismen er juks og svindel med mindre han er uskiljande bunden til striden mot opportunismen»(47). Dermed er det klårt at striden no mot imperialismen og den gamle og nye kolonialismen må vera nær knytt til kampen mot dei som forsvarar nykolonialismen.
Same kor hardt imperialistane løyner målsettingane sine og rører på seg, same kor hardt forsvararane deira kvitvaskar og hjelper nykolonialismen, imperialismen og kolonialismen, kan dei ikkje sleppa unna domen sin. Sigeren for den nasjonale frigjeringsrevolusjonen er ikkje til å stå mot. Før eller seinare kjem forsvararane av nykolonialismen til å gå bankerott.
Arbeidarar i verda og underkua nasjonar, stå saman!
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.