Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 2. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1977. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Forsvararar av nykolonialismen
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Den proletariske revolusjonen og renegaten Khrustsjov
Om den falske kommunismen til Khrusjtsjov og kva historiske lærdommar verda kan dra av han
Innhold
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Femte kommentar til det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP
Ved redaksjonen i Renmin Ribao (Folkets Dagblad) og Hongqi (Raude Fane)
(19. november 1963)
Heile verda diskuterer spørsmålet om krig og fred.
Det kriminelle imperialistsystemet har valda talrike krigar for folket i verda, irekna to fælslege verdskrigar. Krigar imperialismen har sett i gong har vore skuld i store lidingar for folket, men har oppseda dei og.
Etter den andre verdskrigen har folk over alt reist kraftige krav om fred i verda. Fleire og fleire folk har skjønt at skal ein kunna forsvara verdsfreden er ein tvingande nøydd til å føra strid mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken.
Marxist-leninistar over heile verda har skyldnad til å verdsetja freds-kjenslene til folket høgt og stilla seg i brodden i striden for fred i verda. Dei har skyldnad til å stri mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken, syna narrespelet deira og slå ned krigsplanane deira. Dei har skyldnad til å oppseda folket, lyfta det politiske medvitet deira og leia striden for fred i verda i rette leia.
I motsetnad til marxist-leninistane hjelper dei moderne revisjonistane imperialistane med å narra folket, få tankane deira over på andre ting, svekkja og undergrava striden dei fører mot imperialismen og løyna planane til imperialistane om ein ny verdskrig. Såleis stettar dei tarven til den imperialistiske politikken.
Den marxist-leninistiske lina i spørsmålet om krig og fred er rake motstykket til den revisjonistiske lina.
Den marxist-leninistiske lina er den rette lina som fører til at det vert fred i verda. Det er denne lina alle marxist-leninistiske parti, irekna Kinas Kommunistiske Parti, og alle marxist-leninistar held prinsippfast ved.
Den revisjonistiske lina er ei galen line og ho tener til å auka fåren for ein ny krig. Det er denne lina leiarane i SUKP steg for steg har utvikla etter den tjuande kongressen.
I spørsmålet om krig og fred er det i det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP og i talrike utsegner frå leiarane i SUKP fabrikert mange lygner som skal bakvaska dei kinesiske kommunistane, men dette kan ikkje løyna kjernen i usemja.
I det som fylgjer skal vi analysera dei viktigaste meiningsskilnadene mellom den marxist-leninistiske og den moderne revisjonistiske lina i spørsmålet om krig og fred.
LÆRDOMMANE FRÅ SOGA
Heilt sidan kapitalismen utvikla seg til imperialisme har spørsmålet om krig og fred vore eit hovudspørsmål i striden mellom Marxismen-leninismen og revisjonismen.
Imperialismen er kjelda til krig i vår tid. Imperialistane nyttar skiftevis ein villeiande fredspolitikk og ein krigspolitikk. Dei dekkjer ofte aggresjonsbrotsverka og krigsførebuingane sine med lygner om fred.
Lenin og Stalin heldt utrøyttande ved å oppmoda folket i alle land om å nedkjempa fredsbløffane til imperialistane.
Lenin sa at imperialistregjeringane «preikar om fred og rettferd, men i røynda fører dei anneksjons- og røvarkrigar».(1)
Stalin sa at imperialistane «berre har eitt mål for augo når dei tyr til pasifisme — å narra massane med høgtidssame frasar om fred for å kunna førebu ein ny krig».(2) Han sa og:«Mange trur at imperialistisk pasifisme er ein reiskap for fred. Det er heilt ut gale. Imperialistisk pasifisme er ein reiskap for å førebu krig og for å løyna denne førebuinga med hyklarprat om fred. Utan denne pasifismen og reiskapen for han, Folkeforbundet, ville det vera uråd å førebu krig under dei rådande tilhøva.»(3)
I motsetnad til Lenin og Stalin hjelpte revisjonistane i Den andre internasjonalen, som hadde gått over frå arbeidarklassen til fienden, imperialistane med å narra folket og vart medhjelparar for dei i å setja i gong dei to verdskrigane.
Før den fyrste verdskrigen freista revisjonistane med Bernstein og Kautsky som målsmenn å lamma den revolusjonære kampviljen til folket og dekkja over dei imperialistiske planane om verdskrig med hyklarprat om fred.
Då den fyrste verdskrigen var ved å bryta ut, kasta dei gamle revisjonistane snøgt av seg fredsmaska, tok parti for si eiga imperialistiske regjering, støtta den imperialistiske krigen for nyoppdeling av verda, røysta for militærløyvingar i nasjonalforsamlinga og eggja arbeidarklassen i sitt eige land til å kasta seg inn i krigen og slakta klassebrørne sine i andre land under hyklarslagordet om å «forsvara fedrelandet».
Då imperialistane trong våpenkvile til beste for seg sjølve, prøvde revisjonistar av Kautsky sitt slag å forgifta tankane til folk og gå mot revolusjon med lettbeint snakk om at «ikkje noko ville gjera meg meir lukkeleg enn ein forsoningsfred bygd på prinsippet ’lev og la leva’».(4)
Etter den fyrste verdskrigen vart renegaten Kautsky og etterfylgjarane hans endå meir skamlause talerøyr for fredsbløffane til imperialistane.
Revisjonistane i Den andre internasjonalen spreidde ei mengd lygner i spørsmålet om krig og fred.
1. Dei rosemåla imperialismen og vende tankane til folket bort frå kampane dei hadde å føra. Kautsky sa:
«… imperialismen representerer ein nokså liten fåre for verdsfreden. Den største fåren ser ut til å koma frå det nasjonale strevet i aust og frå dei ulike diktatura».(5)
Slik vart folk bedne om å tru at kjelda til krig ikkje var imperialismen, men dei underkua nasjonane i Austen og Sovjetstaten, den fremste fredsskansen.
2. Dei hjelpte imperialistane med å dekkja over fåren for ein ny krig og sløva kampviljen til folket. I 1928 sa Kautsky: «Om de held fram å tala høgt om fåren for imperialistisk krig i dag, lit de på ein tradisjonell formel og ikkje på vurderingar av i dag».(6) Gammalrevisjonistar av merket han sa om dei som meinte at imperialistiske krigar ikkje er til å unngå at dei var «fastlagde i eit lagnadsbunde historiesyn».(7)
3. Dei skremde folket med ideen om at krig ville øydeleggja menneskeætta. Kautsky sa:
«… den neste krigen kjem ikkje berre til å føra til naud og elende, han kjem i røynda til å gjera ende på sivilisasjonen, og i det minste i Europa kjem han ikkje til å lata etter seg anna enn rykande ruinar og rotnande lik».(8)
Desse gammalrevisjonistane sa:
«Den førre krigen førde heile verda til kanten av stupet. Den neste kjem til å øydeleggja henne heilt. Berre det å førebu ein ny krig ville øydeleggja verda».(9)
4. Dei gjorde ikkje noko skilje mellom rettferdige og urettferdige krigar og forbaud revolusjon. I 1914 sa Kautsky:
«… under dei rådande tilhøva finst det ikkje noko slikt som ein krig som ikkje er ei ulukke for nasjonane allment, og proletariatet særskilt. Det vi drøfta var kva middel vi kunne hindre ein trugande krig med, ikkje kva for krigar som er nyttige og kva for krigar som er til skade».(10)
Han sa og:
«Lengten etter evig fred kveikjer fleirtalet av kulturnasjonar stendig meir. Mellombels skuvar det det store kjerneproblemet i vår tid i bakgrunnen.. ,»(11)
5. Dei propaganderte teorien om at våpna avgjer alt og dei gjekk mot væpna revolusjonær strid. Kautsky sa:
«Det har så ofte vorte slege fast at ein av grunnane til at dei komande revolusjonære stridane sjeldnare vil verta kjempa med militære middel er at dei hærane dei moderne statane har til rådvelde er så umåteleg overlegent utrusta i høve til dei våpna dei ‘sivile’ har til rådvelde, og dette gjer det til vanleg slik at motstand frå dei sistnemnde er vonlaust alt frå fyrste stund».(12)
6. Dei spreier den absurde teorien om at verdsfreden kan tryggjast og at ein kan oppnå likskap mellom nasjonane med nedrusting. Bernstein sa:
«Fred på jorda og venskap mellom alle menneske! Vi må ikkje stogga eller kvila og må sjå til at det vert uhindra framgang i samfunnet mot velstand til gagn for alle, mot likerett mellom nasjonane gjennom internasjonal semje og nedrustning».(13)
7. Dei spreidde den falske ideen om at pengane ein sparde inn ved nedrusting kunne nyttast til å hjelpa tilattersliggjande land. Kautsky sa:
«… di lettare børa av militærutgifter vert i Vest-Europa, di meir pengar står til rådvelde for å byggja jarnbanar i Kina, Persia, Tyrkia, Sør-Amerika, osb. og desse offentlege tiltaka er eit langt meir verknadsfullt middel til å fremja industriutvikling enn å byggja slagskip».(14)
8. Dei la fram planar for ein «fredsstrategi» for imperialistane. Kautsky
sa:
«Nasjonane i det siviliserte Europa (og likeins amerikanarane) kan halda freden i det nære og fjerne Austen mykje betre ved lag med dei økonomiske og intellektuelle ressursane sine enn med panserskip og fly».(15)
9. Dei lovprisa Folkeforbundet som var heilt i hendene på imperialistane. Kautsky sa:
«Sjølve det at Folkeforbundet finst er i seg sjølv ein stor framgang for fredssaka. Det står der som ei lyftestong for å verna freden på ein måte som ikkje nokon anna institusjon kan gjera det».(16)
10. Dei spreidde illusjonen om at ein kunne lita på at USA-imperialismen ville verna verdsfreden. Kautsky sa:
«I dag er USA den sterkaste makta verda, og ho kjem til å gjera Folkeforbundet umotståeleg så snart ho arbeider i det eller med det for å hindre krig».(17)
Lenin var nådelaus i å syna dei avstyggjeiege draga til Kautsky og hans likemenn. Han peikte på at pasifistfrasene til revisjonistane i Den andre internasjonalen berre tente «som ei hjelperåd til å trøysta folket, ei hjelperåd til å hjelpa regjeringane med å halda massane nede for sjølve å kunna halda fram den imperialistiske nedslaktinga!»(18)
Stalin påpeikte:
«Og det viktigaste i alt dette er at sosialdemokratiet er hovudkanalen til å få imperialistisk pasifisme inn i arbeidarklassen — fylgjeleg er det hovudstøtta til kapitalismen i arbeiderklassen når han førebur nye krigar og intervensjonar».(19)
Sjølv ei lauseleg samanlikning mellom utsegnene til kamerat Khrusjtsjov og utsegnene til Bernstein, Kautsky og andre i spørsmålet om krig og fred syner at det ikkje er noko nytt i det synet han står for. Det er rein attgjeving av revisjonismen frå Den andre internasjonalen .
I spørsmålet om krig og fred, eit spørsmål som er livsviktig for lagnaden til menneskeætta, fylgjer Khrusjtsjov i fotefara til Bernstein og Kautsky. Som soga syner er denne vegen umåteleg fårleg for verdsfreden.
Skal ein kunna forsvara verdsfreden effektivt og hindra ein ny verdskrig, må marxist-leninistar og fredskjære folk over heile verda avvisa og stå mot den galne lina til Khrusjtsjov.
DEN STØRSTE BLØFFEN
Det finst ikkje større lygn enn å kalla erkefienden til verdsfreden ein fredskjær engel.
Sidan den andre verdskrigen har USA-imperialismen teke over plassen til dei tyske, italienske og japanske fascistane og har freista å skipa eit stort verdsrike ikkje nokon har sett maken til før. Den «globale strategien» til USA-imperialismen har vore å rana til seg og vinna herredøme over det området som ligg mellom USA og den sosialistiske leiren, slå ned revolusjonane til dei undertrykte folka og nasjonane, halda fram med å øydeleggja dei sosialistiske landa, og slik få herredøme over heile verda.
I dei atten åra etter den andre verdskrigen har USA-imperialismen ført aggresjonskrigar og kontrarevolusjonære væpna intervensjonar i ulike deler av verda for å setja målsettinga si om verdsherredøme ut i livet, og dei har aktivt førebudd seg på ein ny verdskrig.
Det er tydeleg at imperialismen framleis er kjelda til krigar i vår tid og at USA-imperialismen er hovedkrafta bak krig og aggresjon i verda i dag. Dette er klårt stadfest både i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa.
Likevel meiner leiarane i SUKP at dei fremste målsmennene for USA-imperialismen elskar freden. Dei seier at det har vakse fram ei «fornuftig» gruppe som evnar å vurdera stoda nøkternt. Og Eisenhower og Kennedy er målsmenn for denne «fornuftige» gruppa.
Khrusjtsjov rosar Eisenhower som ein som «har full og heil tillit frå folket sitt», som ein som «ærleg ynskjer fred», og som «er like oppteken av å tryggja freden son vi er».
No rosar Khrusjtsjov Kennedy som ein som er endå betre eigna til å aksla ansvaret for å halda ved lag verdsfreden enn det Eisenhower var. Han synte «omsut for å ta vare på freden».(20) og det er rimeleg å venta at han «skaper trygge vilkår for eit fredeleg liv og skapande arbeid på jorda».(21)
Khrusjtsjov arbeider like hardt som revisjonistane i Den andre internasjonalen når det gjeld å fortelja lygner om imperialismen og rosemåla han.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP spør alle som ikkje trur på desse lygnene: «Trur dei verkeleg at alle borgarlege regjeringar manglar fornuft i alt dei gjer?»
Det er berrsynt at leiarane i SUKP ser bort frå ABC-en i marxismen-leninismen. I eit klassesamfunn finst det ikkje noko fornuft som er skild frå klasse. Proletariatet har proletarisk fornuft og borgarskapet har borgarleg fornuft. Fornuft vil seia at ein må vera god til å forma ut ein politikk som svarar til dei grunnleggjande interessene til eins eigen klasse og handla i samsvar med det grunnleggjande klassestandpunktet sitt. Fornuften til Kennedy og likemennene hans ligg i å handla i samsvar med dei grunnleggjande interessene til den amerikanske monopolkapitalen, og det er imperialistisk fornuft.
I ei stund då balansen mellom klassekreftene i verda vert mindre og mindre tenleg for imperialismen og då aggresjons- og krigspolitikken til USA-imperialismen får stendig nye atterslag, vert USA-imperialistane stendig oftare nøydde til å kle seg ut i fredsbunad.
Det stemmer at Kennedy er heller flink til å spinna saman ord om fred og nytta fredstaktikk. Men både krigspolitikken og dette narrespelet av ein fredspolitikk tener den «globale strategien» til USA-imperialismen.
«Fredsstrategien» til Kennedy har som mål å samla heile verda i «eit verdssamfunn av frie nasjonar» med grunnlag i «lov og rett» frå USA-imperialismen.
Hovudpunkta i «fredsstrategien» til Kennedy er:
Å fremja nykolonialismen til USA i Asia, Afrika og Latin-Amerika med fredelege middel;
Å trengja inn i og rå over andre imperialistiske og kapitalistiske land med fredelege middel;
Å oppmuntra dei sosialistiske landa til å gå den jugoslaviske vegen med «fredeleg utvikling» med fredelege middel;
Å svekkja og undergrava striden folket i verden fører mot imperialismen med fredelege middel.
I ein tale Kennedy nyss heldt i hovudforsamlinga i FN, kunngjorde han høgmodig desse vilkåra for fred mellom USA og Sovjetunionen:
1) Den tyske demokratiske republikken må innlemmast i Vest-Tyskland.
2) Det sosialistiske Kuba må ikkje få finnast.
3) Dei sosialistiske landa i Aust-Europa må få lov å «velja fritt», og med det meiner han at kapitalismen må attinnførast i desse landa.
4) Dei sosialistiske landa må ikkje stø dei revolusjonære stridane dei undertrykte folka og nasjonane fører.
Å nå måla sine med «fredelege middel» så sant det er råd, har vore ein vanleg taktikk frå imperialistar og kolonialistar.
Dei reaksjonære klassane lit støtt på to slags taktikk for å halda ved lag herredømet sitt og gjera seg mektigare i utlandet. Den eine er taktikken med å lyga som ein prest, den andre å slå ned motstand som ein slaktar. Imperialismen nyttar alltid politikken med å bløffa om fred og politikken med krig til å styrkja kvarandre, og dei utfyller kvarandre. Kennedy, som er målsmann for monopolkapitalen i USA, kan berre gje uttrykk for ein sløgare bruk av desse to taktikkane.
Vald er støtt den viktigaste taktikken til dei reaksjonære herskarklassane. Å lyga som ein prest spelar berre ein utfyllande rolle. Imperialistane lit alltid på styrkeposisjonar når dei skal meisla ut maktsfærene sine. Kennedy er heilt klår på dette punktet. Han sa «Når alt kjem til alt er den einaste måten å halda freden oppe på at ein på det verste er budd på å slåst for landet vårt — og meiner det».(22) Sidan Kennedy kom på presidentstolen har han halde seg til «strategien med smidig motsvar». Denne krev at det raskt vert bygt «allsidige militærstyrkar» og styrking av «styrken på alle område». Då vil USA kunna kjempa den krigen det vil, om det er allmenn eller avgrensa krig, om det er atomkrig eller konvensjonell krig, om det er ein stor eller liten krig. Denne sinnssvake planen til Kennedy har drive våpenrustinga og krigsførebuinga i USA til nye høgder. La oss sjå på fylgjande kjensgjerningar som er kunngjorde av offisielle kjelder i USA:
1. Militærbudsjettet til regjeringa i USA har gått opp frå 46 700 millionar dollar i budsjettåret 1960 til pårekna 60 000 millionar dollar i budsjettåret 1964, den høgste summen i fredstid i det heile, og større enn under Korea-krigen.
2. Kennedy har nyst gjort kjent at i dei to siste åra eller vel så det har talet på atomvåpen i dei strategiske vakthaldsstyrkane i USA gått opp med 100 prosent, talet på stridsklåre hærdivisjonar har gått opp med 45 prosent, tilfanget av fraktfly har gått opp med 175 prosent, og dei «særskilde gerilja- og anti-opprørsstyrkane» er mest femdobla.(23)
3.Den sams planleggingsstaben i USA for strategiske mål har arbeidd ut planar for atomkrig mot Sovjetunionen og andre sosialistiske land. Robert McNamara, forsvarsministeren i USA, kunngjorde tidleg i
år:
«… i den tida det er tale om, har vi skaffa oss evne til å øydeleggja så godt som alle «mjuke» (over bakken) og «halvharde» (dels forskansa) militære mål i Sovjetunionen og ein stor del av dei fullt forskansa rakettbasane deira. I bakhand har vi ein verna styrke som skal nyttast eller haldast i reserve til bruk mot byområde eller industriområde.»(24)
USA har styrkt nettet av rakettbasar for atomvåpen som er retta mot den sosialistiske leiren og har styrkt oppmønstringa av ubåtar med atomrakettar utanlands svært mykje.
Samstundes har troppane til NATO-blokka under kommando frå USA flytta seg austover dette året og nærma seg grensene til Den tyske demokratiske republikken og Tsjekkoslovakia.
4. Kennedy-administrasjonen har forsterka den militære oppmarsjen i Asia, Latin-Amerika og Afrika og streva mykje for å utvida «spesialstyrkane» i bakke-, sjø- og luftstridskreftene for å kunne hamla opp med den revolusjonære rørsla til folket i dei områda det gjeld. USA har gjort Vietnam til prøvefelt for «spesialkrigføring» og har auka talet på soldatar der til meir enn 16 000.
5. Dei har styrkt krigskommandoen, Dei har skipa ein «Lyn-stridskommando for USA» som har kombinerte land- og luftstridskrefter til rådvelde. Desse styrkane står alltid i høg alarmtilstand i fredstid slik at dei straks kan sendast kvar som helst i verda for å provosera fram krigar. Dei har og skipa nasjonale militære kommandosentra både på bakken og under bakken, har organisert ein særluftkommando som opererer frå fly og ein særsjøkommando som opererer frå krigsskip.
Desse kjensgjerningane syner at USA-imperialistane er dei verste militaristane i nyare tid, dei verste til å planleggja ein ny verdskrig og den mest omsynslause fienden verdsfreden har.
Såleis er det klårt at USA-imperialistane ikkje er vortne fagre englar trass i at Khrusjtsjov les bibelen og synger salmar. Dei er ikkje vortne medynksfulle buddhaer trass i at Khrusjtsjov ber og brenn røykelse. Same kor hardt Khrusjtsjov prøver å tena USA-imperialistane syner dei ikkje det minste teikn på at dei set pris på det. Dei held fram å avsløra fredskamuflasjen dei har teke på seg gjennom nye og tallause aggresjons- og krigshandlingar. Såleis held dei fram å slå Khrusjtsjov rett i anletet og avslører kor heilt ut feilslegne dei låttelege teoriane hans for å rosemåla imperialismen er. Dei som gjerne orsakar USA-imperialismen lir sanneleg ein syrgjeleg lagnad.
SPØRSMÅLET OM DET ER RÅD Å HINDRA EIN NY VERDSKRIG
Det er ei kjensgjerning at imperialistane med USA i brodden aktivt bur seg på ein ny verdskrig og at det verkeleg er fåre for ein slik krig. Denne kjennsgjerninga må vi få heilt klårt fram for folket.
Men går det an å hindra ein ny verdskrig?
Dei kinesiske kommunistane har alltid hatt eit klårt uttala syn på dette spørsmålet.
Etter at den andre verdskrigen var slutt analyserte kamerat Mao Tsetung den internasjonale stoda etter krigen vitskapleg og la fram det synet at det er råd å hindra ein ny verdskrig.
I den velkjende samtalen han hadde med den amerikanske journalisten Anna Louise Strong i 1946, sa han:
«Dei reaksjonære i USA skrik høgt om krig mellom USA og Sovjet og skapar ein stygg atmosfære. At dei gjer dette no, så stutt tid etter at den andre verdskrigen tok slutt, tvingar oss til å sjå litt på kva dei verkelege grunnane deira er. Det syner seg at dei under dekkje av anti-sovjetiske slagord går til ville åtak på arbeidarar og demokratiske krinsar i USA og gjer alle land som er mål for den ytre ekspansjonen til lydrike under USA. Eg trur at det amerikanske folket i alle dei landa som er truga av aggresjon frå USA må stå saman og stri mot åtaka frå dei reaksjonære i USA og bandhundane deira i desse landa. Berre dersom ein sigrar i denne striden er det råd å unngå ein tredje verdskrig — i motsett fall er han ikkje til å unngå.»(25)
Det kamerat Mao-Tsetung sa var retta mot pessimistiske vurderingar av den internasjonale stoda på den tida. Imperialistane med USA i brodden styrkte kvar einaste dag den anti-sovjetiske, antikommunistiske og anti-folkelege verksemda si og ropte ut at «krig mellom USA og Sovjetunionen er ikkje til å unngå» og at «det er ikkje råd å hindra at det bryt ut ein tredje verdskrig». Dei reaksjonære Chiang Kai-shek-folka la ut om dette i det vide og det breie for å skremma folket i Kina. Ein del kameratar vart skremde av denne utpressinga og miste motet andsynes dei væpna åtaka dei reaksjonære Chiang Kai-shek-folka sette i verk med støtte frå USA-imperialismen. Dei våga ikkje å stå fast og møta den kontrarevolusjonære krigen med revolusjonær krig. Kamerat Mao Tsetung såg annleis på det. Han peikte på at ein ny verdskrig kunne hindrast dersom det vart ført viljefast og effektiv strid mot verdsreaksjonen.
Desse vitskaplege utsegna hans vart stadfest av den store sigeren i den kinesiske revolusjonen.
At den kinesiske revolusjonen sigra førte til at den internasjonale balansen mellom klassekreftene endra seg umåteleg mykje. Kamerat Mao Tsetung peikte i juni 1950 på fylgjande:
«Den imperialistiske leiren trugar framleis med krig. Ein tredje verdskrig er framleis tenkjeleg. Men dei kreftene som står i vegen for krigsfåren og hindrar ein tredje verdskrig, utviklar seg fort og det politiske medvitet til dei breie massane av folket i verda aukar. Det er råd å hindra ein ny verdskrig dersom kommunistpartia i verda held fram å sameina og styrkja alle krefter som er for fred og demokrati så langt dei berre lar seg sameina.»(26)
På møtet for systerparti i november i 1957 la kamerat Mao Tsetung fram ein detaljert analyse av endringane i dei internasjonale tilhøva i tida etter den andre verdskrigen. Han synte at den internasjonale situasjonen hadde nådd eit nytt vendepunkt. Han ga eit levande bilete av stoda med ei likning frå ein klassisk kinesisk roman: «Austavinden er sterkare enn vestavinden». Han sa:
«Eg meiner det særmerkte ved stoda i dag er at austavinden er sterkare enn vestavinden. Det vil seia at dei sosialistiske kreftene er overmåte mykje sterkare enn dei imperialistiske kreftene».(27)
Han kom fram til denne slutninga gjennom å analysera dei internasjonale klasseforholda. Klårt og tydeleg plasserte han den sosialistiske leiren, den internasjonale arbeidarklassen, kommunistpartia, det undertrykte folket og nasjonane og dei fredskjære folka og landa på sida til «austavinden». «Vestavinden» vart avgrensa til krigskreftene til imperialismen og reaksjonen. Den politiske meininga i dette biletet er heilt klår og innlysande. Det at leiarane i SUKP og fylgjesveinane deira vrir dette biletet til ein slag geografisk eller etnisk eller meteorologiske tanke syner berre at dei ynskjer å klemma seg inn i rekkjene til «vesten» for å gjere imperialistane til lags og for å piska opp sjåvinisme i Europa og Nord-Amerika.
Hovudsiktemålet til kamerat Mao Tsetung med å slå fast at «austavinden er sterkare enn vestavinden» var å peika på at sjansen for å kunna hindra at det vert ein ny verdskrig aukar og at dei sosialistiske landa ville kunna halda fram oppbyggingsarbeidet i fredelege omgivnader.
Utsegnene til Kamerat Mao Tsetung har vore og er det synet Kinas Kommunistiske Parti står fast på.
Såleis er det klårt at leiarane i SUKP lyg med overlegg når dei påstår at Kinas Kommunistiske Parti ikkje «trur det er råd å hindra ein ny verdskrig».(28)
Like klårt er det at tesen om at det er råd å hindra ein tredje verdskrig vart sett fram av marxist-leninistar for lenge sidan. Det var ikkje på den 20. kongressen i SUKP han fyrst vart sett fram, heller ikkje er det Khrusjtsjov som har «skapt» han.
Er det då slik at Khrusjtsjov ikkje har skapt noko i det heile? Nei. Han har skapt noko. Dessverre er det han har «skapt» slett ikkje marxist-leninistisk, men revisjonistisk.
For det fyrste har Khrusjtsjov med vilje tolka dette at det er råd å hindra ein ny verdskrig slik at det er det einaste tenkjelege, og han hevdar såleis at ein ny verdskrig er utenkjeleg.
Marxist-leninistar meiner at sjølv om vi peikar på at det er råd å hindra ein ny verdskrig må vi likeins gjera merksame på at det er mogeleg at imperialismen vil setja i gong ein verdskrig. Berre om vi peikar på at begge deler kan henda, held oss til rette politikken og bur oss på at begge deler er mogeleg, kan vi mobilisera massane effektivt til å føra strid for å verna verdsfreden. Berre slik kan vi unngå at dei sosialistiske landa og folka og andre fredskjære land og folk vert tekne på senga og er heilt ubudde dersom imperialismen tvingar ein verdskrig på folka i verda.
Men Khrusjtsjov og andre er mot å avsløra at det er fåre for ein ny krig og at imperialistane legg planar for ein slik krig. Dei seier at imperialistane i røynda er vortne fredskjære. Dette hjelper imperialistane til å byssa massane i søvn og svekkja kampviljen deira så dei legg bort vaktsemda andsynes fåren for den nye krigen imperialistane planlegg.
For det andre har Khrusjtsjov med vilje tolka dette at det er råd å hindra ein ny verdskrig slik at det er råd å hindra krig i det heile, og hevdar såleis at læresetninga til Lenin om at krig ikkje er til å unngå så lenge det finst imperialisme er gammaldags.
At det er råd å hindra ein ny verdskrig er eitt, at det er råd å hindra krig det heile, irekna revolusjonære krigar, er noko heilt anna. Og det er heilt ut gale å rota saman desse to tinga.
Det finst grobotn for krigar så lenge imperialismen og systemet med at menneske utbyttar menneske finst. Dette er ei objektiv lov Lenin oppdaga etter svært grundig vitskapleg gransking.
I 1952 sa Stalin, etteråt han hadde vist til at det var råd å hindra ein ny verdskrig: «Skal ein kunna fjerna grunnlaget for at krigar ikkje er til å unngå, er det naudsynt å avskaffa imperialismen.»(29)
Lenin og Stalin har rett og Khrusjtsjov tek feil.
Det soga syner er at medan imperialistane har lukkast med å setja i gong to verdskrigar, har dei og ført tallause andre krigar. Sidan den andre verdskrigen har imperialistane med USA i brodden, gjennom aggresjons- og krigspolitikken sin sett i gong endelause lokale krigar og væpna konflikter av alle slag ein mengd stader, og særleg i Asia, Afrika og Latin-Amerika.
Det er klårt at nasjonale frigjeringskrigar er uomgjengelege når imperialistane, og då særleg USA-imperialistane, sender soldatar eller brukar ærendssveinane sine til å gjennomføra blodig undertrykking av dei undertrykte nasjonane og landa som kjempar for eller vil halda på nasjonalt sjølvstende.
Lenin sa:
«Å nekta for at nasjonale krigar er tenkjelege under imperialismen er gale i teorien, opplagt feil historisk og i praksis det same som europeisk sjåvinisme.»(30)
Det er like klårt at revolusjonære borgarkrigar ikkje er til å unngå når dei borgarlege reaksjonære undertrykkjer folket i sitt eige land med våpenmakt.
Lenin sa:
«… borgarkrigar er og krigar. Den som vedgår klassestriden må og vedgå borgarkrigen. I alle klassesamfunn er han eit naturleg, og under visse omstende, uomgjengeleg framhald, ei utvikling og skjerping av klassestriden. Alle dei store revolusjonane provar dette. Å fornekta borgarkrigen eller å gløyma han ville seia å søkkja ned i ein umåteleg opportunisme og gje avkall på den sosialistiske revolusjonen.»(31)
Nesten alle dei store revolusjonane i soga vart gjennomførde med revolusjonær krig. Den amerikanske sjølvstendekrigen og borgarkrigen er døme på dette. Den franske revolusjonen er nok eit døme. Den russiske revolusjonen og den kinesiske revolusjonen er sjølvsagt og døme. Revolusjonane i Vietnam, på Kuba, i Algerie, osb. er og velkjende døme.
Då Marx i 1871 oppsummerte lærdommane frå Pariskommunen i talen han heldt til sjuårsdagen for skipinga av Den fyrste internasjonalen, nemnde han vilkåra for å kunna tilinkjesgjera klasseherrevelde og klasseundertrykking. Han sa:
«… før ei slik endring kan gjennomførast fullt ut trengst det eit proletariatets diktatur, og den fremste føresetnaden for det er at proletariatet har ein hær. Arbeidarklassen må vinna retten til frigjering på slagmarka.»(32)
Då kamerat Mao Tsetung i 1938 drøfta kva lærdommar vi kan dra av den russiske og kinesiske revolusjonen, heldt han i samsvar med den marxist-leninistiske teorien fram den vidgjetne tesen om at «politisk makt veks ut or geværløpet». No er og denne tesen vorten skyteskive for åtaka frå leiarane i SUKP. Dei seier han er vitnemål på at Kina er «krigersk ».
Vyrde vener, baktaling av det slaget de driv med vart vist attende av kamerat Mao Tsetung for så mykje som tjuefem år sidan:
«I fylgje den marxistiske teorien om staten er hæren den viktigaste delen av statsmakta. Den som ynskjer å gripa og halda på statsmakta må ha ein sterk hær. Ein del folk gjer narr av oss og seier vi er målsmenn for at krigen er allmektig. Ja, vi hevdar at den revolusjonære krigen er allmektig, det er bra, ikkje ille, — det er marxistisk».(33)
Kva er gale med det kamerat Mao Tsetung sa? Berre dei som fornektar all den historiske røynsla som er vunnen i dei borgarlege og proletariske revolusjonane dei siste par hundre åra kan gå mot det han seier her.
Det kinesiske folket har skapt sosialistisk politisk makt med geværa sine. Alle utan imperialistar og ærendssveinane deira skjønar straks at dette er bra og at det er ein viktig faktor i vernet om verdsfreden og for å kunna hindra ein tredje verdskrig.
Marxist-leninistar løynar aldri det dei meiner. Vi stør heilhjarta alle revolusjonære folkekrigar. Lenin sa fylgjande om slik revolusjonær krig: «Av alle krigar ein kjenner frå soga er han den einaste lovlege, rettkomne, rettvise og verkeleg store krigen».(34) Om vi vert skulda for å vera krigshuga berre på grunn av dette, provar det berre at vi verkeleg tar parti med dei undertrykte folka og nasjonane og er ekte marxist-leninistar.
Imperialistane og revisjonistane fordømte alltid bolsjevikane og revolusjonære leiarar som Lenin og Stalin av di dei var «krigerske». Sjølve det at vi vert utskjelte av imperialistar og revisjonistar på same viset i dag syner at vi har halde den revolusjonære marxist-leninistiske fana høgt.
Khrusjtsjov og andre spreier med stor styrke det synet at alle krigar kan hindrast og at det kan skapast «ei verd utan våpen, utan væpna styrkar og utan krigar» medan imperialismen framleis lever. Dette er ikkje noko anna enn Kautsky sin teori om «ultra-imperialismen» og den har spelt falitt for lenge sidan. Målet deira er så altfor klårt. Det er å få folket til å tru at det kan verta varig fred under imperialismen. Såleis vil dei avskaffa revolusjonen og nasjonale frigjeringskrigar og revolusjonære borgarkrigar mot imperialismen og ærendssveinane til imperialismen, og i røynda hjelpa imperialistane med å førebu ein ny krig.
DYRKINGA AV ATOMVÅPEN OG UTPRESSING MED ATOMVÅPEN ER DET TEORETISKE GRUNNLAGET OG LEIESTJERNA FOR POLITIKKEN TIL DEI MODERNE REVISJONISTANE
Kjerna i teorien til leiarane i SUKP om krig og fred er tesen deira om at alt, irekna lovene for klassestriden, har endra seg etter at atomvåpna kom til.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP seier: «Atomvåpna og rakettvåpna som vart oppfunne i midten av dette hundreåret har endra dei tidlegare oppfatningane av krig». På kva måte vart dei endra?
Leiarane i SUKP meiner at sidan atomvåpna kom til, finst det ikkje lengre nokon skilnad mellom rettvise og urettvise krigar. Dei seier at «atombomba gjer ikkje skilnad på klassane», og at «atombomba skil ikkje mellom imperialistar og arbeidsfolk, ho råkar område slik at milliontals arbeidarar vert drepne for kvar monopolist som stryk med.»(35)
Dei hevdar at dei undertrykte folka og nasjonane må gje opp å gjera revolusjon og halda seg frå å føra rettvise revolusjonære folkekrigar og nasjonale frigjeringskrigar av di atomvåpna er oppfunne. Om dei ikkje gjer det vil desse krigane føra til at menneskeætta vert utrydda. Dei seier, «… kvar liten «lokalkrig» kan vera gneisten som set verda i brann i krig», og «I dag er det sannsynleg at kva som helst slag krig kan utvikla seg til ein øydeleggjande atomrakettkrig, sjølv om han bryt ut som ein konvensjonell krig utan bruk av atomvåpen».(36) Då «kjem vi til å øydeleggja vår Noas ark — jorda».
Leiarane i SUKP hevdar at dei sosialistiske landa ikkje må gjera motstand mot, men gje etter for imperialistisk atomutpressing og trugsmål om krig. Khrusjtsjov sa:
«Det kan ikkje finnast tvil om at dersom desse galne imperialistane sette i gong ein verdskrig med atomvåpen ville dette heilt visst føra til at det kapitalistiske systemet, eit system som avlar krig, vart velta. Men ville dei sosialistiske landa og sosialismen i verda tena på ein atomkatastrofe i verdsomfang? Berre folk som med overlegg let att augo for kjensgjerningane kan tru det. Når det gjeld marxist-leninistane, så kan ikkje dei tenkja på å skipa ein kommunistisk sivilisasjon på ruinane av sentra for verdskulturen, på jord som ligg aude og ureina på grunn av radioaktivt nedfall. Vi treng knapt leggja til at for mange folk kunne det ikkje bli spørsmål om sosialisme i det heile, då dei ville vera utsletta frå planeten vår».(37)
Stutt sagt har det at atomvåpna vart oppfunne lfylgje leiarane i SUKP ført til at motseiinga mellom den sosialistiske og den imperialistiske leiren, motseiinga mellom proletariat og borgarskap i dei kapitalistiske landa og motseiinga mellom dei undertrykte nasjonane og imperialismen er blitt heilt borte. Det finst ikkje lengre klassemotseiingar i verda. Dei kokar motseiingane i verda dag ned til ei einskild motseiing, det vil seia, ei motseiing dei innbiller seg går slik: enten overlever imperialismen og dei undertrykte klassane og nasjonane saman eller så vert alle utrydda fullt og heilt.
Når det gjeld leiarane i SUKP har dei kasta marxismen-leninismen, Fråsegna og Kunngjeringa, sosialismen og kommunismen for alle vindar.
Kor endeframt Pravda uttrykkjer det: «Kva er vitsen med å ha prinsipp om hovudet ditt er hogd av?»(38)
Dette er jamgodt med å seia at dei revolusjonære som døydde av sablane til dei reaksjonære så dei russiske revolusjonane og Oktoberrevolusjonen skulle sigra var toskar og sameleis krigarane som djervt ofra livet i den anti-fascistiske krigen, heltane som spilte blodet sitt i striden mot imperialismen og for nasjonalt sjølvstende og likeeins alle revolusjonære martyrar gjennom tidene. Kvifor skulle dei ofra livet for å halda på prinsipp?
Dette er filosofien til gjennomførte renegatar. Det er ei skammeleg utsegn som berre kan finnast i trusvedkjenninga til renegatar.
Med teorien som dyrkar atomvåpen og om utpressing med atomvåpen som rettesnor, hevdar leiarane i SUKP at den beste måten å forsvara verdsfreden på ikkje er at alle fredskrefter som finst skal sameina seg og skipa ein breiast mogeleg front mot USA-imperialismen og ærendssveinane til USA-imperialismen — nei, det er at dei to atommaktene, USA og Sovjetunionen samarbeider for å løysa verdsproblema.
Khrusjtsjov har sagt:
«Vi (Sovjetunionen og USA) er dei mektigaste landa i verda, og dersom vi sameiner oss for å få fred, kan det ikkje bli krig. Så om ein eller annan galning ynskte krig kunne vi berre vifta med fingrane for å få han frå det.»(39)
Det er såleis klårt for alle kor langt leiarane i SUKP har gått i å sjå på fienden som ven.
Leiarane i SUKP har ikkje vore seine med å gå til åtak på den rette lina til KKP med lygn og bakvasking for å dekkja over feila sine. Dei påstår at Kinas Kommunistiske Parti gjennom å fremja støtte til folkekrigane for nasjonal frigjering og dei revolusjonære borgarkrigane ynskjer å framprovosera ein verdskrig med atomvåpen.
Dette er ei merkeleg lygn.
Kinas Kommunistiske Parti har alltid meint at dei sosialistiske landa bør gje aktiv støtte til dei revolusjonære krigane folket fører, irekna nasjonale frigjeringskrigar og revolusjonære borgarkrigar. Om dei ikkje gjorde det, ville det ha vore eit svik mot den skyldnaden dei har andsynes den proletariske internasjonalismen. Samstundes hevdar vi at dei undertrykte folka og nasjonane berre kan vinna frigjering ved eige viljefast, revolusjonært strev, og at ikkje nokon annan kan gjera det for dei.
Vi har alltid hevda at sosialistiske land ikkje må nytta atomvåpen for å stø folkekrigar for nasjonal frigjering og revolusjonære borgarkrigar, og at det slett ikkje trengst.
Vi har alltid hevda at dei sosialistiske landa må skaffa seg og halda ved lag overmakt når det gjeld atomvåpen. Det er det einaste som kan hindra imperialistane i å setja i gong ein atomkrig, og hjelpa fram eit totalt forbod mot atomvåpen.
Vi står støtt på at dei atomvåpna dei sosialistiske landa skaffar seg alltid må vera defensive våpen til å stå mot atomtrugsmål frå imperialismen med. Eit sosialistisk land må ikkje i noko høve vera den fyrste til å nytta atomvåpen, og dei må heller ikkje under noko omstende gje seg til å leika med dei eller gje seg ut på utpressing og vågespel med atomvåpen.
Vi er både mot den range praksisen til leiarane i SUKP med å nekta støtte til dei revolusjonære stridane folka fører og det range synet dei har på atomvåpen. I staden for å granska sine eigne feil skuldar dei oss for å vona på eit «frontaloppgjer»(40) mellom Sovjetunionen og USA, og for å prøva å driva dei ut i atomkrig.
Svaret vårt er: Nei, vener. No får det verta slutt på dette vondsinna sensasjonsmakeriet. Kinas Kommunistiske Parti er heilt mot eit «frontaloppgjer» mellom Sovjetunionen og USA, og ikkje berre i ord. Det har og i gjerning arbeidd hardt for å hindra beinveges væpna samanstøyt mellom dei. Døme på dette er Koreakrigen mot USA-aggresjonen, der vi kjempa side om side med kameratar frå Korea, og likeeins striden vi førte mot USA i Taiwan-sundet. Vi valde heller sjølve å ta på oss dei tunge ofra som måtte til og sto i fyrste lina i forsvaret av den sosialistiske leiren slik at Sovjetunionen kunne stå i andre lina. Kan leiarane i SUKP ha noko som helst slag proletarisk moralkjensle når dei kokar saman slike lygner?
I røynda er det ikkje vi, men leiarane i SUKP, som så ofte har skrytt av at dei vil nytta atomvåpen for å hjelpa den anti-imperialistiske striden i eitt eller anna land.
Alle veit at dei undertrykte folka og nasjonane ikkje har atomvåpen og at dei ikkje kan nytta dei til å gjera revolusjon, heller ikkje har dei trong for å gjera noko slikt. Leiarane i SUKP vedgår at det ofte ikkje er noka klår frontline mellom dei to sidene i nasjonale frigjeringskrigar og borgarkrigar, og då kan det ikkje koma på tale å nytta atomvåpen. Vi vil difor gjerne spørja leiarane i SUKP: Kva trong finst det for at eit sosialistisk land skal stø den revolusjonære striden folka fører med atomvåpen?
Vi vil og gjerne spørja dei: Korleis skal eit sosialistisk land nytta atomvåpen for å stø den revolusjonære striden eit undertrykt folk eller ein undertrykt nasjon fører? Skal det nytta atomvåpen i eit område der ein nasjonal frigjeringskrig eller ein revolusjonær borgarkrig er i utvikling og med dette utsetja både det revolusjonære folket og imperialistane for eit atomåtak? Eller skal det vera den fyrste til å nytta atomvåpen mot eit imperialistland som fører ein konvensjonell aggresjonskrig i eit anna land? Det er opplagt at eit sosialistisk land ikkje i noko av desse tilfella skal gjera nokon som helst slag bruk av atomvåpen.
Sanninga er at når leiarane i SUKP viftar om seg med atomvåpva sine så er det i røynda ikkje for å støtta den anti-imperialistiske striden folket fører.
Stundom kjem dei med tomme utsegner som dei aldri har tenkt å gjera noko med, berre for å vinna billeg ære.
Andre gongar, som til dømes under Cuba-krisa, gjev dei seg av usagde grunnar ut på eit spekulativt, opportunistisk og uansvarleg vågespel med atomvåpen.
Så snart denne atom utpressinga deira vert gjennomskoda og dei får svar på tiltale, dreg dei seg attende steg for steg, går over frå eventyr-politikk til kapitulasjonisme og taper alt på grunn av dette vågespelet med atomvåpen.
Vi vil gjerne peika på at det store sovjetfolket og Raudehæren har vore og framleis er ei stor kraft når det gjeld å verna verdsfreden. Men dei militære ideane til Khrusjtsjov er heilt ut range avdi dei byggjer på dyrking av atomvåpen og utpressing med atomvåpen.
Khrusjtsjov har berre syn for atomvåpen. Slik han ser det «er flyvåpnet og marinen på grunn av at nivået i militærteknologien er slik det er i dag, ikkje lengre så viktig som før. Desse våpengreinene vert skifta ut, ikkje reduserte».(41)
Sjølvsagt er då dei einingane og mennene som har tenesteplikt på bakken endå mindre viktige. Slik han ser det «vert ikkje forsvarsevna til eit land avgjort av talet på menn under våpen, på menn i uniform, i vår tid. … Det avgjerande målet på kva forsvarspotensial eit land har er eldkrafta og forsyningskjeldene landet rår over».(42)
Folkemilitsen og folket tel endå mindre. Khrusjtsjov har kome med ei velkjend utsegn der han seier at for dei som har moderne våpen til rådvelde er militsen ikkje ein hær, men berre menneskekjøt.(43)
Heile settet av militærteoriar Khrusjtsjov laga er stikk i strid med den marxist-leninistiske læra om krigen og hæren. Dersom ein fylgjer dei range teoriane hans vil det med naudsyn innebera at ein oppløyser hæren og avvæpnar seg sjølv moralsk.
Det er berrsynt at om eit sosialistisk land skulle godta den range militærstrategien til Khrusjtsjov, ville det uomgjengeleg stilla seg i ei umåteleg fårleg stilling.
Khrusjtsjov kan berre driva på og gje seg sjølv titlar som «ein stor målsmann for freden», dela ut fredspris til seg sjølv og festa heltemedaljar på seg, men same kor mykje han rosar seg sjølv kjem han ikkje til å evna å dekkja over den fårlege vanen han har med å leika vyrdlaust med atomvåpen eller krypinga si andsynes imperialistisk utpressing med atomvåpen.
KAMP ELLER KAPITULASJON?
Ein kan berre vinna fred i verda gjennom at folket i alle land kjempar for fred, og ikkje gjennom å tigga imperialistane om det. Ein kan berre verna freden effektivt gjennom å lita på massane av folket og føra ein auga for auga og tann for tann-strid mot den imperialistiske aggresjons-og krigspolitikken,
Frå den langvarige krigen det kinesiske folket førte mot imperialismen og ærendssveinane til imperialismen, trekte det den viktige slutninga at ein må stri auga for auga og tann for tann.
Kamerat Mao Tsetung sa:
«Chiang Kai-shek prøver alltid å tvinga til seg kvart gram makt folket har og kvart gram av det folket har vunne. Og vi? Politikken vår er å gje like for like og kjempa for kvar tomme jord. Vi gjer som han.»(44)
Han la til:
«Han prøver alltid å tvinga krig på folket, med eitt sverd i venstre handa og eit anna i høgre. Vi grip og sverda våre og fylgjer føredømet hans.»(45)
Då kamerat Mao Tsetung analyserte den politiske stoda i landet i 1945, sa han:
«Korleis ein skal gje «like for like» kjem an på situasjonen, Stundom er det å ikkje gå til forhandlingar å gje like for like, og stundom er det å gå til forhandlingar og å gje like for like… Dersom dei tek til å slåst, slår vi tilbake, kjempar vi for å vinna fred. Freden kjem ikkje utan at vi slår harde slag mot dei reaksjonære som vågar å gå til åtak på dei frigjorde områda.»(46)
Ut frå nederlaget den kinesiske revolusjonen lei i 1924—27, drog han Fylgjande historiske slutning:
«Andsynes kontrarevolusjonære åtak mot folket nytta ikkje Chen Tu-hsiu politikken med å gje like for like og kjempa for kvar einaste tomme jord. Resultatet var at folket på nokre få månader i 1927 miste alle rettane dei hadde vunne.»47
Kommunistane i Kina skjønar og held seg til politikken med å gje like for like. Vi går mot både kapitulasjonisme og eventyrpolitikk. Denne rette politikken tryggja sigeren i revolusjonen i Kina og dei store framgangane det kinesiske folket seinare vann i striden mot imperialismen.
Alle revolusjonære folk sannkjenner og ynskjer velkomen denne rette kamppolitikken dei kinesiske kommunistane har lagt fram. Alle imperialistar og reaksjonære er redde han og hatar han.
Politikken med å gje like for like slik KKP har lagt fram vert utsett for illsinte åtak frå leiarane i SUKP. Dette syner berre at dei ikkje har det minste ynskje om å gå mot imperialismen. Det einaste føremålet dei har med å gå til åtak på og baktala like for like-politikken er å dekkja over den range lina si som er å gjera imperialismen til lags og gje etter for han.
Leiarane i SUKP påstår at ein like for like-strid mot imperialismen vil føra til internasjonal spenning. Kor fælt!
Logikken deira er at imperialismen skal få lov til å driva aggresjon og koma med trugsmål mot andre, medan dei som er offer for imperialistisk aggresjon ikkje skal få lov til å kjempa. Imperialistane skal få lov til å undertrykkja andre medan dei som vert undertrykte ikkje skal få lov til å gjera motstand. Dette er ein naken freistnad på å fri imperialistane for ansvar for aggresjonsbrotsverka dei har gjort. Dette er jungellova, klår og eintydig.
Internasjonal spenning er eit produkt av imperialistisk aggresjons- og krigspolitikk. Folka bør sjølvsagt føra ein fastrådd strid mot imperialistisk aggresjon og trugsmål frå imperialismen. Kjensgjerningane har synt at det berre er gjennom strid ein kan tvinge imperialismen til å trekkja seg attende og få til ekte internasjonal avspenning. At ein heile tida trekkjer seg attende andsynes imperialistane kan ikkje føra til ekte avspenning. Det oppmodar berre imperialismen til aggresjon.
Vi har alltid vore mot at imperialismen skaper internasjonal spenning og har gått inn for å minka denne spenninga. Men imperialistane er fastrådde på å driva med aggresjon og skapa spenning overalt, og det kan berre føra til det motsette av det dei ynskjer seg.
Kamerat Mao Tsetung sa:
«USA-imperialistane trur at dei alltid vil tena på spente situasjonar, men saka er at den spenninga USA har skapt har ført til det motsette av det dei ynskjer seg. Ho tener til å mobilisera folket i heile verda mot USA-aggressorane.»(48)
Han sa vidare: «Dersom monopolgruppene i USA held fast på aggresjons- og krigspolitikken sin må den dagen koma då folket i verda hengjer dei etter halsen.(49)
1957-Fråsegna slår heilt rett fast: «Med denne politikken seier desse anti-folkelege, aggressive imperialistkreftene dødsdommen over seg sjølve og skaper sine eigne banemenn».
Dette er dialektikken i soga. Dei som heilagar imperialismen kan knapt forstå denne sanninga.
Leiarane i SUKP påstår at Kinas Kommunistiske Parti gjennom å gå inn for like for like-strid har avvist forhandlingar. Dette er og berre tøv.
Vi har alltid stått fullt og heilt fast ved at dei som nektar å forhandla under alle omstende slett ikkje er marxist-leninistar.
Kommunistane i Kina forhandla med Kuomintang mange gongar under dei revolusjonære borgarkrigane. Dei nekta ikkje ein gong å forhandla då frigjeringa av heile landet sto rett for døra.
Kamerat Mao Tsetung sa i mars 1949:
«Om fredsdrøftingane gjeld heile landet eller berre lokalt, må vi likevel vera budde på at dette kan koma på tale. Vi bør ikkje nekta å gå inn i forandlingar av di vi er redde for vanskar og ynskjer å unngå forviklingar. Heller ikkje bør vi gå inn i forhandlingar med rot i hovudet. Vi må stå fast på prinsippa og kunna snu og venda oss så langt det går an og så mykje som er naudsynt for at vi skal kunna setja prinsippa våre ut i livet.»(50)
I striden mot imperialisme og reaksjon har dei kinesiske kommunistane same rette haldninga til forhandlingar internasjonalt.
I oktober 1951 hadde kamerat Mao Tsetung fylgjande å seia om våpenkvileforhandlingane i Korea:
«Vi har lenge sagt at Korea-spørsmålet bør løysast med fredelege middel. Dette gjeld framleis. Så snart den amerikanske regjeringa er viljug til å løysa spørsmålet på eit rettvist og rimeleg grunnlag og sluttar å nytta alle tenkjelege meinråder for å øydeleggja og hindra framgang i forhandlingane slik dei har gjort tidlegare, er det råd å lukkast med våpenkvileforhandlingane i Korea. I motsett fall er det uråd.»(51)
Viljefast strid mot USA-imperialistane tvinga dei til å godta våpenkvileavtalen for Korea under forhandlingane.
Vi tok aktivt del i Geneve-konferansen i 1954 og ytte vårt til at det vart fred att i Indo-Kina.
Vi er for forhandlingar, jamvel med USA, som har okkupert Taiwan som er vårt landområde. Dei diplomatiske samtalane mellom USA og Kina har pågått i meir enn åtte år no.
Vi tok aktivt del i Geneve-konferansen om Laos-spørsmålet i 1961 og hjelpte fram underteikninga av Geneve-avtalane om å respektera sjølvstendet og nøytraliteten til Laos.
Er det slik at dei kinesiske kommunistane berre gjev seg sjølve lov til å forhandla med imperialistland, medan dei går mot at leiarane i SUKP skal ha forhandlingar med leirane for imperialistland?
Nei, sjølvsagt ikkje.
I røynda har vi alltid aktivt støtta alle forhandlingar Sovjetregjeringa har ført med imperialistiske land så lenge desse er til gagn for og ikkje til skade for forsvaret av verdsfreden.
Kamerat Mao Tsetung sa den 14. mai 1960:
«Vi stør at det vert halde toppmøte, same om eit slikt møte gjev resultat eller ikkje, eller om resultata er store eller små. Men når det gjeld å vinna fred i verda avheng det fyrst og fremst av at folket i alle land fører ein viljefast strid for han.»(52)
Vi er for forhandlingar med imperialistland. Men det er heilt ut forkasteleg å gjera seg voner om verdsfred gjennom forhandlingar, å spreia illusjonar om dei og med dette lamma kampviljen til folket slik Khrusjtsjov har gjort.
I røynda er den range haldninga Khrusjtsjov har til forhandlingar i seg sjølv til skade for forhandlingar. Di meir Khrusjtsjov gjev etter for imperialistane og di meir han tigg, di større vert apetitten til imperialistane. Khrusjtsjov, som framstiller seg som den største tilhengaren av forhandlingar i soga, vert alltid vraka som friar og så altfor ofte til lått. Tallause historiske kjensgjerningar har synt at imperialistane og dei reaksjonære aldri bryr seg med å berge maska til dei som kapitulerer.
VEGEN FOR Å VERNA FREDEN OG VEGEN SOM FØRER TIL KRIG.
For å oppsummera — usemja mellom oss og leiarane i SUKP i spørsmålet om krig og fred går mellom to ulike liner, om ein skal eller ikkje skal gå mot imperialismen, om ein skal eller ikkje skal stø revolusjonær strid, om ein skal eller ikkje skal mobilisera folket i verda mot dei imperialistiske krigsplanane og om ein skal eller ikkje skal halda seg til marxismen-leninismen.
Som alle andre ekte revolusjonære parti har Kinas Kommunistiske Parti alltid stått i fremste rekkje i striden mot imperialismen og for fred i verda. Vi meiner at skal ein kunna verna freden i verda er det naudsynt at ein heile tida avslører imperialismen og at ein vekkjer og organiserer folket til strid mot imperialismen med USA-imperialismen i brodden. Ein må og setja lit til at den sosialistiske leiren veks seg sterkare, til den revolusjonære striden proletariatet og det arbeidande folket i alle land fører, til frigjeringsstriden til dei undertrykte nasjonane, til striden alle fredskjære folk og land fører, og til den breie sameinte fronten mot USA-imperialismen og ærendssveinane til USA-imperialismen.
Den lina vi står på er i samsvar med den sams lina for alle kommunistpartia slik ho vart slegen fast i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa,
Med denne lina er det råd å lyfta det politiske medvitet til folket utan stogg og føra striden for fred i verda i rett lei.
Med denne lina er det råd å styrkja dei kreftene som arbeider for fred i verda utan stogg, med den sosialistiske leiren som kjernen, og å gå til åtak på og svekkja dei imperialistiske krigskreftene.
Med denne lina er det råd å utvida dei folkelege revolusjonane heile tida og å leggja lekkjer på imperialismen.
Med denne lina er det råd å gjera seg nytte av alle faktorar som finst, irekna motseiingane mellom USA-imperialistane og dei andre imperialistmaktene og å isolera USA-imperialismen så langt det berre let seg gjera.
Med denne lina er det råd å knusa den utpressinga med atomvåpen USA-imperialismen driv med og slå ned planane USA-imperialismen har for å setja i gong ein ny verdskrig.
Denne lina er ei line for folket i alle land så dei kan vinna siger i revolusjonen så vel som fred i verda. Det er ein trygg og effektiv veg for å forsvara verdsfreden.
Den lina leiarane i SUKP fylgjer står i grunnleggjande motstrid til den lina vi står for, til den sams lina til alle marxist-leninistar og alle revolusjonære.
Leiarane i SUKP rettar ikkje brodden i striden dei fører mot fienden til verdsfreden, men mot den sosialistiske leiren, og med dette svekkjer og undergrev dei sjølve kraftsentret i forsvaret av verdsfreden.
Dei nyttar utpressing med atomvåpen for å skremma folket i dei sosialistiske landa og nekta dei å støtta den revolusjonære striden til dei undertrykte folka og nasjonane. Såleis hjelper dei USA-imperialismen med å isolera den sosialistiske leiren og undertrykkja dei folkelege revolusjonane.
Dei nyttar utpressing med atomvåpen til å skremma dei undertrykte folka og nasjonane og nekta dei å gjera revolusjon, og dei samarbeider med USA-imperialismen for å sløkkja revolusjons-«gneistane». Såleis lar dei USA-imperialismen fritt få halda fram med aggresjons- og krigspolitikken sin i området som ligg mellom USA og den sosialistiske leiren.
Dei skremmer og dei som er allierte med USA og nektar dei å stri mot det herredømet USA har tvinga på det. Såleis hjelper dei USA-imperialismen med å slavebinda desse landa og grunnfesta stillingane sine.
Gjennom denne handlemåten har leirane i SUKP heilt og fullt gjeve opp striden mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken.
Denne handlemåten fornektar den sameinte fronten mot USA-imperialismen og ærendssveinane til USA-imperialismen og for å verna freden i verda.
Han freistar å isolera fredskreftene i verda fullt og heilt og ikkje erkefienden til freden i verda.
Han står for å tilinkjesgjera kampoppgåva med å verna freden i verda.
Dette er ei line som tener den «globale strategien» til USA-imperialismen.
Det er ikkje vegen til fred i verda, men ein veg som fører til større fåre for krig og til sjølve krigen.
Verda er ikkje lengre det ho var rett før den andre verdskrigen. Det finst ein mektig sosialistisk leir. Den nasjonale frigjeringsrørsla i Asia, Afrika og Latin-Amerika bryt seg fram. Det politiske medvitet til folka i verda er mykje høgre. Styrken til det revolusjonære folket er langt større. Folket i Sovjetunionen, i dei sosiaiistiske landa og i heile verda vil aldri la dei imperialistiske krigskreftene og talerøyra deira få lov til å manipulera med lagnaden sin.
Aggresjons- og krigshandlingane til imperialistane og dei reaksjonære lærer folket i verda litt etter litt å auka det politiske medvitet sitt. Samfunnsmessig praksis er det einaste kriteriet på sanning. Vi lit fullt og heilt på at lærdommane imperialistane og dei reaksjonære gjev vil føra til at mange som no står for eit rangt syn i spørsmålet om krig og fred kjem til å skifta meining. I dette stykket nører vi store voner.
Vi trur fullt og fast at kommunistane og folket i verda heilt visst kjem til å knusa den imperialistiske planen om å setja i gong ein ny verdskrig og at dei kjem til å slå ring om verdsfreden så sant dei avslører narrespelet til imperialismen, gjennomskodar lygnene til revisjonismen og tek på seg oppgåva med å forsvara verdsfreden.
Noter:
1.Lenin, «Melding om freden», lagt fram på Den andre allrussiske kongressen til sovjeta til arbeidar- og soldatutsendingar (1917), Samla verk, engelsk utgåve, band 26, s. 252.
2.Stalin, «Om den internasjonale situasjonen», (1924), Verk, engelsk utgåve, band 6, s. 297.
3.Stalin, «Resultata av juliplenumet til sentralkomiteen i SUKP(b)» (1928), Verk, engelsk utgåve, FLPH, Moskva 1954, Band 11, s. 209.
4. Kautsky, Nasjonale problem, russisk utgåve, Petrograd 1918, s. 88.
5. Kautsky, Spørsmålet om forsvar og sosialdemokrati, tyskutgåve, Berlin 1928, s. 37.
6. Kautsky, Spørsmålet om forsvar og sosialdemokrati, tysk utgåve, Berlin 1928, s. 28.
7. Talen til Hugo Haase om spørsmålet om imperialismen på landsmøtet i Det tyske sosialdemokratiske partiet i Chemnitz i 1912, trykt i Handbok frå landsmøtet i Det tyske sosialdemokratiske partiet 1910-1913, Tyskutgåve, München, band II, s. 234.
8. Kautsky, Føreord til krig og demokrati, tysk utgåve, Berlin 1932, s. XII.
9. Fråsegn om Folkeforbundet, vedteken av Bernkonferansen til Den sosialistiske internasjonalen i 1919, Materiale om Den fyrste og Den andre internasjonalen, russisk utgåve, Moskva 1926, s. 378.
10. Kautsky, «Sosialdemokratiet i krig», Die neue Zeit. 2. oktober 1914.
11. Kautsky, Føreord til Krig og demokrati, tysk utgåve, Berlin 1932, s. XII.
12. Kautsky, «Ein katekisme i sosialdemokrati», Die neue Zeit, 13. desember 1893.
13. Bernsteins tale om nedrustningsspørsmålet på landsmøtet til Det tyske sosialdemokratiske partiet i Chemnitz i 1912, trykt i Handbok frå landsmøtet til Det tyske sosialdemokratiske partiet 1910 til 1913, tysk utgåve, München, band 2, s. 9.
14. Kautsky, «Nok ein gong om nedrusting», Die neue Zeit, 6. september 1912.
15. Kautsky, Spørsmål om forsvar og sosialdemokrati, tysk utgåve. Berlin 1928, s. 32.
16. Kautsky, Spørsmål om forsvar og sosialdemokrati, tysk utgåve, Berlin 1928, s. 25.
17. Kautsky, Sosialistar og krig, tysk utgåve, Praha 1937, s. 639.
18. Lenin, «Til dei arbeidarane som stør striden mot krigen og mot dei sosialistane som har gått over til regjeringa si side landa sine» (1917) Samla verk, engelsk utgåve, band 23, s. 232.
19. Stalin, «Resultata av juliplenumet til sentralkomiteen i SUKP(b)» (1928), Verk, engelsk utgåve, band 11, s. 210.
20. Khrusjtsjov, Brev til J. F. Kennedy, 27. oktober 1562.
21. Nyttårshelsing frå Khrusjtsjov og Bresjnev til Kennedy, Izvestia, 3. januar 1963.
22. J. F. Kennedy, Tale på den åttande årlege tilstellinga for veteransoldatar, 11. november 1961.
23.J. F. Kennedy, Tale på ein middag til inntekt for valkampen til Det demokratiske partiet, 30. oktober 1963.
24. R. S. McNamara, Fråsegn til komiteen for dei væpna styrkane i Representanthuset i USA, 30. januar 1963.
25. Mao Tsetung, «Samtale med den amerikanske korrespondenten Anna Louise Strong» (1946), sjå Skrifter i utvalg, Forlaget Oktober, s. 256.
26. Mao Tsetung, «Kjemp for ei grunnleggjande vending til det betre i den finansielle og økonomiske stoda i Kina» (1950), i Utvalgte verker, bind 5, s. 26.
27. Kamerat Mao Tsetung om «Imperialismen og alle reaksjonære er papirtigrar», engelsk utgåve, Peking 1963, s. 35.
28. Ope brev frå sentralkomiteen i SUKP til alle partiorganisasjonar og til alle kommunistar i Sovjetunionen. 14. juli 1963. Sjå «Den store polemikken», Forlaget Oktober bd. 3.
29. Stalin, «Sosialismens økonomiske problem» (1952), sjå Marxismen og språkvitenskapen. Sosialismens økonomiskeproblerner SSSR, Forlaget Oktober 1975, s. 87.
30. Lenin, «Militærprogrammet til den proletariske revolusjonen» (1916) sjå Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober, b. 6, s. 172.
31. Same stad, s. 173
32. «Tale til festen for den sjuande årsdagen til Den internasjonale Arbeiderforeininga»,25. september 1891. Marx Engels Werke, tysk utgåve, band 17, s. 433.
33. Mao Tsetung, «Problem i krig og strategi» (1938), Utvalde militærskrifter, eng. utgåve, Peking 1963, s. 273.
34. Lenin, «Revolusjonære dagar» (1905), Samla verk, eng. utgåve, band 8, s. 107.
35. «Ope brev frå sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti til alle partiorganisasjonar, til alle kommunistar i Sovjetunionen, 14. juli 1963». Sjå «Den store polemikken», Forlaget Oktober, bd. 3.
36. Khrusjtsjov, Radio- og fjernsynstale, 15. juni 1961.
37. Khrusjtsjov, Tale på den sjette kongressen til Det sameinte tyske sosialistpartiet, 16. januar 1963.
38. «Utan sunn fornuft», Pravda, 16. august 1963
39. Khrusjtsjov, Intervju med den amerikanske journalisten C.L.Sulzberger, 5. september 1961. Pravda, 10. september 1961.
40. «Generallina for den internasjonale kommunistrørsla og kløyvingsplattforma til dei kinesiske leiarane», leiarartikkel i Kommunist, Moskva, nr. 14, 1963.
41. Khrusjtsjov, Melding til sesjonen i Det øvste sovjet i SSSR i januar 1960.
42. Khrusjtsjov, Melding til sesjonen i Det øvste sovjet i SSSR i januar 1960.
43. Khrusjtsjov, Tale på representantskapsmøte til systerpartia i Bucuresti, 24. juni 1960.
44. Mao Tsetung, «Stoda og politikken vår etter at motstandskrigen mot Japan har sigra» (1945), Verk i utval, engelsk utgåve, band 4, s. 14.
45. Same stad.
46. Mao Tsetung, «Om Chungking-forhandlingane» (1945), Verk i utval, eng. utgåve, bd.
4, s. 56.
47. Mao Tsetung, «Stoda og politikken vår etter at motstandskrigen mot Japan har sigra» (1945), Verk i utval, eng. utgåve, bd. 4, s. 16.
48. Mao Tsetung, Tale på Den øvste statskonferansen, Renmin Ribao, 9. september 1958.
49. Same stad.
50. Mao Tsetung, «Melding til Den andre plenumssesjonen til den sjuande sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti», (1949), eng. utgåve, bd. 4, s. 372.
51. Mao Tsetung, «Opningstale på den tredje sesjonen til Det fyrste nasjonale utvalet til Den rådgjevande politiske konferansen til det kinesiske folket», Renmin Ribao, 21. oktober 1951.
52. «Samtalen formann Mao Tsetung hadde med gjestane frå Asia og Latin-Amerika», Renmin Ribao, 15. mai 1960.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.