Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 2. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1977. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Forsvararar av nykolonialismen
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Den proletariske revolusjonen og renegaten Khrustsjov
Om den falske kommunismen til Khrusjtsjov og kva historiske lærdommar verda kan dra av han
Innhold
FREDELEG SAMLIVNAD — TO BEINT MOTSETTE LINER
Sjette kommentar til det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP
Ved redaksjonen i Renmin Ribao (Folkets Dagblad) og Hongqi (Raude Fane)
(12. desember 1963.)
Sidan den tjuande kongressen i SUKP har Khrusjtsjov og andre kameratar snakka meir om spørsmålet om fredeleg samlivnad enn om noko anna.
Om att og om att påstår leiarane i SUKP at dei har vore trugne mot politikken til Lenin for fredeleg samlivnad, og at dei har utvikla han på skapande vis. Dei tilskriv all ære for sigrane folka i verda har vunne gjennom langvarige revolusjonære stridar til sin eigen politikk for «fredeleg samlivnad».
Dei gjer seg til målsmenn for ideen om at imperialismen, og særskilt USA-imperialismen, stør den fredelege samlivnaden, og dei baktalar vilt Kinas Kommunistiske Parti og alle marxist-leninistiske parti med å seia at dei er mot fredeleg samlivnad. Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP kjem jamvel med slarvesnakk om at Kina er for «å kappast» med imperialistane «om å setja i gong krig».
Orda og gjerningane dei har svike marxismen-leninismen, den proletariske verdsrevolusjonen og den revolusjonære saka til dei undertrykte folka og nasjonane med, skildrar dei sjølve som om dei skulle vera i samsvar med politikken til Lenin om fredeleg samlivnad.
Men kan orda «fredeleg samlivnad» verkeleg tena som trylleord for leiarane i SUKP når dei svik marxismen-leninismen? Nei, visseleg ikkje.
Vi står no andsynes to tvert motsette politiske liner for fredeleg samlivnad.
Den eine er Lenin og Stalin si line for fredeleg samlivnad. Alle marxist-leninistar, irekna dei kinesiske kommunistane, står for denne lina.
Den andre er den anti-leninistiske lina for fredeleg samlivnad, den såkalla generallina for fredeleg samlivnad Khrusjtsjov og andre går inn for.
La oss no granska kva som er Lenin og Stalin sin politikk for fredeleg samlivnad og dei greiene Khrusjtsjov og andre kallar generallina for fredeleg samlivnad,
POLITIKKEN TIL LENIN OG STALIN FOR FREDELEG SAMLIVNAD
Lenin var den som sette fram ideen om at den sosialistiske staten skulle fylgja ein politikk for fredeleg samlivnad andsynes land med andre samfunnssystem. Kommunistpartiet og regjeringa i Sovjetunionen fylgde under leiing av Lenin og Stalin lenge denne rette politikken.
Spørsmålet om fredeleg samlivnad mellom sosialistiske og kapitalistiske land kunne umogeleg ha oppstått før Oktoberrevolusjonen, ettersom det ikkje fanst noko sosialistisk land. Likevel såg Lenin, på grunnlag av den vitskaplege analysen han hadde gjort av imperialismen, alt i 1915—1916 at «sosialismen kan ikkje vinna siger i alle land samstundes. Fyrst vil han sigra i eitt eller fleire land, medan dei andre kjem til å verta verande borgarlege eller før-borgarlege endå ei tid».(1) Med andre ord kjem det i ein viss tidbolk til å finnast sosialistiske land jamsides med kapitalistiske og før-kapitalistiske land. Sjølve innhaldet i det sosialistiske systemet gjer det klårt at sosialistiske land må føra ein utanrikspolitikk som er for fred. Lenin sa: «Det er berre arbeidarklassen som, når han kjem til makta, kan føra ein fredspolitikk som ikkje er i ord … men i gjerning».(2) Det Lenin legg fram her kan ein seia er det teoretiske grunnlaget for politikken for fredeleg samlivnad.
Etter at Oktoberrevolusjonen hadde sigra, gjorde Lenin det ved fleire høve kjent for verda at utanrikspolitikken til sovjetstaten var ein politikk for fred. Men imperialistane var fastrådde på å kjøva den nyfødde sosialistiske republikken i vogga. Dei sette i gong væpna intervensjon mot sovjetstaten, Lenin peikte heilt rett på at andsynes ein slik situasjon «ville vi ikkje kunna leva om vi ikkje forsvarte den sosialistiske republikken med våpenmakt».(3)
I 1920 hadde det store sovjetfolket slått ned den væpna intervensjonen frå imperialistane. Det hadde utvikla seg ei relativt styrkejamvekt mellom sovjetstaten og dei imperialistiske landa. Etter fleire års styrkeprøver hadde sovjetstaten halde stillinga. Han tok til å leggja krigen bak seg og gå over til fredeleg oppbygging. Det var under desse omstende Lenin la fram ideen om ein politikk som bygde på fredeleg samlivnad. Frå denne stunda hadde i røynda ikkje imperialistane noko val, dei måtte «leva saman» med sovjetstaten.
Så lenge Lenin levde var denne likevekta alltid svært ustø, og Den sosialistiske sovjetrepublikken vart Utsett for stram kapitalistisk innringing. Gong på gong peikte Lenin på at det på grunn av den aggressive naturen til imperialismen ikkje fanst noka trygd for at sosialismen og kapitalismen kunne leva i fred i lengre tid.
Slik tilhøva var, var det enno ikkje råd for han å slå fast endeleg innhaldet i politikken for fredeleg samlivnad mellom land med ulike samfunnssystem. Men den store Lenin fastla den rette utanrikspolitikken til den fyrste staten under proletariatets diktatur og la fram dei grunnleggjande ideane i politikken for fredeleg samlivnad.
Kva var dei grunnleggjande ideane til Lenin for denne politikken?
For det fyrste peikte Lenin på at den sosialistiske staten fanst i strid med imperialistane sin vilje. Sjølv om han heldt seg til ein utanrikspolitikk som var for fred, hadde imperialistane ikkje noko ynskje om å leva i fred med han. Dei kom til å gjera alt dei kunne og gripa alle høve til å motarbeida eller jamvel knusa den sosialistiske staten.
Lenin sa:
«Den internasjonale imperialismen … kan ikkje … leva jamsides med sovjetrepublikken, både på grunn av den objektive stillinga til imperialismen og på grunn av dei økonomiske interessene til kapitalistklassen som er innebygde i imperialismen …(4)
Vidare sa han:
«… det er utenkjeleg at sovjetrepublikken skal kunna leva jamsides med imperialistane i lengre tid. Den eine eller den andre må sigra til slutt. Og før det vert ein slik slutt er det uomgjengeleg at det vert ei rad fælslege samanstøytar mellom sovjetrepublikken og dei borgarlege statane.»(5)
Han understreka difor gong på gong at den sosialistiske staten heile tida måtte halda seg på vakt mot imperialismen.
«… den lærdommen alle arbeidarar og bønder må meistra, er at vi må vera på vakt og hugsa at vi er omringa av menneske, klassar og regjeringar som ope syner at dei hatar oss noko umåteleg. Vi må hugsa at vi alltid er ei hårsbreidd frå alle slag invasjonar».(6)
For det andre peikte Lenin på at dei berre var gjennom strid sovjetstaten kunne evna å leva i fred med imperialistlanda. Dette var resultatet av stendige styrkeprøver mellom imperialistlanda og sovjetstaten, som førte ein rett politikk, leit på støtte frå proletariatet og dei undertrykte nasjonane i verda og utnytta motseiingane mellom imperialistane.
Lenin sa i november 1919:
«Slik er det støtt — når fienden er slått tek han til å snakka om fred. Vi har gong på gong sagt det til desse herrane, imperialistane i Europa, at vi er samde i at det skal sluttast fred, men dei heldt fram å drøyma om å slavebinda Russland. No har dei skjønt at draumane deira ikkje kan koma til å verta sanning.»(7)
I 1921 peikte han på fylgjande:
«… imperialistmaktene, som hatar Sovjetrussland så inderleg og ynskjer å kasta seg over det. har vore nøydde til å gje seg på denne tanken av di opprotninga i den kapitalistiske verda stendig skrid fram, av di samhaldet i ho vert dårlegare og av di presset frå kreftene til dei undertrykte kolonifolka, meir enn ein milliard menneske i alt, veks frå år til år, frå månad til månad og jamvel frå veke til veke.»(8)
For det tredje nytta Lenin ulike prinsipp andsynes dei ulike slag land som fanst i den kapitalistiske verda når han sette politikken for fredeleg samlivnad ut i livet.
Han la særleg vekt på å få til venskapleg samband med land imperialismen undertrykte og hersa med. Han peikte på at «alle folk som lir under imperialiståket har sams grunnleggjande interesser», og at «den imperialistiske verdspolitikken fører til at det vert utvikla nærare samband, alliansar og venskap mellom alle undertrykte nasjonar». Han sa at fredspolitikken til sovjetstaten «i større og større mon kjem til å tvinga fram nærare band mellom RFSFR (Føderasjonen av russiske sosialistiske sovjetrepublikkar) og eit aukande tal grannestatar».(9)
Lenin sa og:
«Vi har no sett oss som hovudoppgåve å slå ned utbyttarane og vinna dei som vaklar over til oss — dette er ei oppgåve i verdsmålestokk. Mellom dei som vaklar finst det ei heil rad borgarlege statar, statar som av di dei er borgarlege hatar oss, men som på den andre sida, som undertrykte statar, helst vil ha fred med oss.»(10)
Om grunnlaget for fred med imperialistland som USA, sa han: «Kapitalistane i USA kan halda seg borte frå oss.» «Hinderet for ein slik fred? Frå vår side finst det ikkje noko slikt. Når det gjeld dei amerikanske (og alle dei andre) kapitalistane, er det imperialismen.»(11)
For det fjerde la Lenin fram politikken med fredeleg samlivnad som ein politikk proletariatet må føra andsynes land med andre samfunnssystem når det sit ved makta. Han gjorde det aldri til heile utanrikspolitikken til eit sosialistisk land. Gong på gong gjorde Lenin det klårt at det grunnleggjande prinsippet for denne politikken er proletarisk internasjonalisme.
Han sa: «Sovjetrussland ser det som si største ære å kunna hjelpa arbeidarane i heile verda i den vanskelege striden dei fører for å styrta kapitalismen.»(12)
I Fredsdekretet som vart utferda etter Oktoberrevolusjonen gjorde Lenin framlegg om fred straks, utan anneksjonar eller krigsskadebøter for nokon av landa som var i krig. Han oppmoda samstundes dei klassemedvetne arbeidarane i dei kapitalistiske landa om å hjelpa til med «å få til ei vellukka fredsløysing og at dei arbeidande og utbytta massane på same tid skal vinna frigjering frå all slag slaveri og utbytting»(13) gjennom vidtfemnande, viljefast og overmåte kraftfull handling.
I det utkastet til partiprogram Lenin laga til det sjuande landsmøtet i Russlands Kommunistiske Parti vart det slege uttrykkjeleg fast at «støtte til den revolusjonære rørsla til det sosialistiske proletariatet i dei framskridne landa» og «støtte til den demokratiske og revolusjonære rørsla i alle land allment, og i koloniane og dei usjølvstendige landa særskilt» var viktige sider ved den internasjonale politikken til partet.(14)
For det femte sto Lenin konsekvent på at det var uråd for undertrykte klassar og nasjonar å leva fredeleg saman med undertrykkjarklassar og nasjonar.
I «Teser om grunnoppgavene til den andre kongressen i Den kommunistiske internasjonalen», peikte han på fylgjande:
«… sjølv det mest opplyste og demokratiske borgarskapet nøler ikkje lenger med å ty til alle slag bløffar og brotsverk eller med å slakta ned milliontals arbeidarar og bønder for å kunna berga den private eigedomsretten til produksjonsmidla».(15)
Lenin drog fylgjande slutningar:
«… sjølve tanken på at kapitalistane skal underkasta seg viljen til fleirtalet av dei utbytta på fredeleg vis, på ein fredeleg, reformistisk overgang til sosialismen, er ikkje berre umåteleg lågpanna toskeskap, men beint ut narrespel andsynes arbeidarane, å rosemåla det kapitalistiske lønsslaveriet, å løyna sanninga».(16)
Han peikte gong på gong på hyklarskapen i det imperialistane kalla likeverd mellom nasjonane. Han sa:
«Folkeforbundet og heile etterkrigspolitikken til Ententen legg denne sanninga endå klårare og tydelegare i dagen enn før. Alle stader fører dei til at den revolusjonære striden til proletariatet i dei framskridnet til dei arbeidande massane i koloniane og dei usjølvstendige landa vert skjerpa, og til at den småborgarlege illusjonen om at nasjonar kan leva saman i fred og likeverd under kapitalismen bryt saman snøggare.»(17)
Det som er sagt ovanfor utgjer dei grunnleggjande ideane til Lenin om politikken for fredeleg samlivnad.
Stalin heldt ved politikken Lenin hadde for fredeleg samlivnad. I dei tretti åra han var leiar for Sovjetunionen heldt han seg fylgjestrengt til denne politikken. Fyrst når imperialistar og reaksjonære gjennomførde væpna provokasjonar eller sette i gong aggresjons krigar mot Sovjetunionen måtte dei føra den store patriotiske krigen og slå attende i sjølvforsvar.
Stalin peikte på at «sambandet vårt med dei kapitalistiske landa byggjer på ein føresetnad om at to ulike system kan leva jamsides einannan», og at «det er ei heilt naudsynt oppgåve for oss å halda ved lag fredelege samband med dei kapitalistiske landa.»(18)
Han peikte og på fylgjande:
«Fredeleg samlivnad mellom kapitalismen og kommunismen er fullt ut råd dersom begge partar ynskjer å samarbeida, er budde på å gjennomføra det ein har teke på seg og held seg til prinsippa om likeverd og ikkje-innblanding i dei indre tilhøva til andre
statar.»(19)
Samstundes med at Stalin heldt ved Lenin sin politikk for fredeleg samlivnad, gjekk han skarpt mot å halda attende støtte til andre folk sine revolusjonar berre for å gjera imperialismen til lags. Han peikte med stor styrke på at det fanst to motsette liner i utanrikspolitikken og at ein måtte fylgja «enten den eine eller den andre».
Den eine lina var at «vi held fram å føra ein revolusjonær politikk og fylkar proletarar og undertrykte i alle land rundt arbeidarklassen i Sovjetunionen og då kjem den internasjonale kapitalen til å gjera alt han kan for å hindra at vi vinn framgang».
Den andre Una var at «vi gjev avkall på den revolusjonære politikken vår og går med på å gje etter for den internasjonale kapitalen i fleire grunnleggjande saker — og då kjem den internasjonale kapitalen utan tvil ikkje til å vera mot å ‘hjelpa’ oss med å gjera det sosialistiske landet vårt om til ein ’god’ borgarleg republikk».
Stalin gav eit døme. «Amerika krev at vi går frå prinsippet om å stø frigjeringsrørsla til arbeidarklassen i andre land, og seier at dersom vi gjev etter på dette punktet skal alt gå så greitt. … kanskje skal vi gje etter på dette punktet?»
Svaret hans var nei, « … vi kan ikkje gå med på å gje etter på dette eller liknande punkt utan å vera uærlege mot oss sjølve. …(20)
Det Stalin seier her har framleis svært mykje å seia i praksis. Det finst verkeleg to tvert motsette liner i utanrikspolitikken, to tvert motsette politiske liner for fredeleg samlivnad. Det er ei svært viktig oppgåve for alle marxist-leninistar å skilja mellom dei, halda fast ved politikken til Lenin og Stalin og stå fast mot politikken med svik, med å kapitulera og halda attende støtte til revolusjonen, og likeeins politikken som skaper eit sosialistisk land om til ein «god» borgarleg republikk — liner Stalin fordømte.
KINAS KOMMUNISTISKE PARTI HELD POLITIKKEN TIL LENIN FOR FREDELEG SAMLIVNAD I HEVD
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP påstår a Kinas Kommunistiske Parti «ikkje trur at fredeleg samlivnad er råd», og kjem med slarvete skuldingar om at det går mot politikken til Lenin for fredeleg samlivnad.
Er dette sant? Nei. Sjølvsagt ikkje.
Alle som har vyrdnad for kjensgjerningar skjønar klårt at Kinas Kommunistiske Parti og regjeringa i Folkerepublikken Kina har halde seg stødig og med stor framgang til Lenin sin politikk for fredeleg samlivnad.
Sidan den andre verdskrigen er den internasjonale likevekta mellom klassekreftene grunnleggjande endra. Sosialismen har sigra i ei rad land og den sosialistiske leiren er skapt. Den nasjonale frigjeringsrørsla veks i stor fart og det har vakse fram mange nasjonalstatar som nyst har vunne politisk sjølvstende. Den imperialistiske leiren er mykje svekt og motseiingane mellom dei imperialistiske landa vert stendig skarpare. Denne situasjonen skaper betre vilkår for at dei sosialistiske landa skal kunna setja ut i livet politikken med fredeleg samlivnad andsynes land med andre samfunnssystem.
Under desse nye historiske tilhøva har Kinas Kommunistiske Parti og den kinesiske regjeringa gjennom å nytta Lenin sin politikk for fredeleg samlivnad gjort han rikare.
Rett før Folkerepublikken Kina vart til, sa kamerat Mao Tsetung:
«… vi gjer det kjent for heile verda at det einaste vi går mot er det imperialistiske systemet og samansverjingane hans mot det kinesiske folket. Vi er viljuge til å drøfta spørsmålet om å skipa diplomatiske samband med alle utanlandske regjeringar med grunnlag i prinsippa om likeverd, gjensidige føremoner og gjensidig vyrdnad for territorial integritet og overherredøme. Vilkåret er at dei er viljuge til å bryta sambandet med dei kinesiske reaksjonære, sluttar å samansverja seg med dei eller hjelpa dei, og får ei ekte venskapleg haldning utan baktankar andsynes Folkerepublikken Kina. Det kinesiske folket ynskjer venskapleg samarbeid med folka i alle land og å ta opp att og utvida utanrikshandelen for å utvikla produksjonen og fremja økonomisk velstand.»(21)
I samsvar med dei prinsippa kamerat Mao Tsetung la fram, la vi så fast utanrikspolitikken vår for fred i klåre ordelag, fyrst i det sams programmet som vart vedteke på den rådgjevande politiske konferansen til det kinesiske folket i september 1949 og seinare i grunnlova for Folkerepublikken Kina som vart vedteken av den nasjonale folkekongressen i september 1954.
I 1954 innførde den kinesiske regjeringa dei vidgjetne fem prinsippa for fredeleg samlivnad. Dei er: gjensidig vyrdnad for territorial integritet og suverenitet, gjensidig ikkje-aggresjon, ikkje-innblanding i andre sine indre tilhøve, likeverd og gjensidige føremoner og fredeleg samlivnad. Saman med andre land i Asia og Afrika formulerte vi så dei ti prinsippa på grunnlag av dei fem prinsippa på Bandung-konferansen i 1955.
I 1958 oppsummerte kamerat Mao Tsetung den praktiske røynsla landet vårt hadde vunne i utanrikssaker og gjorde meir utfyllande greie for dei allmenne prinsippa i utanrikspolitikken vår.
«Skal vi kunna oppnå varig fred i verda må vi utvikla venskapen og samarbeidet med systerlanda i den sosialistiske leiren og styrkja solidariteten med alle fredskjære land. Vi må freista å få skipa normale diplomatiske samband med alle land som er viljuge til å leva i fred med oss med grunnlag i gjensidig vyrdnad for territorial integritet og overherredøme og likeverd og gjensidige føremoner. Vi må gje aktiv støtte til dei nasjonale sjølvstende- og frigjeringsrørslene i landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika og likeeins til fredsrørsla og alle rettferdige stridar over heile verda».(22)
I 1957 sa han:
«Å styrkja einskapen med Sovjetunionen, å styrkja einskapen med alle sosialistiske land — det er den grunnleggjande politikken vår. i dette ligg den grunnleggjande interessa vår.
Så er det landa i Afrika og Asia og alle dei fredskjære landa og folka — vi må styrkja og utvikla einskapen med dei.
Når det gjeld dei imperialistiske landa, bør vi og sameina oss med folka I desse landa og streva for å kunna leva i fred med desse landa, handla med dei og hindra at det under nokon omstende skal kunna bryta ut krig. Vi må likevel aldri gjera oss urealistiske tankar om dei.»(23)
I utanrikssakene våre dei siste fjorten åra har vi ført ulik politikk andsynes ulike slag land og endra politikken vår i samsvar med dei ulike tilhøva i land av same slaget.
1. Vi skil mellom sosialistiske og kapitalistiske land. I høve til dei sosialistiske landa, står vi heilt fast på prinsippet i den proletariske internasjonalismen om gjensidig hjelp. Vi ser på det å halda ved lag og styrkja einskapen mellom alle landa i den sosialistiske leiren som det grunnleggjande i utanrikspolitikken vår.
2. Vi skil mellom dei nasjonalistiske landa som nett har vunne politisk sjølvstende og dei imperialistiske landa.
Sjølv om desse landa skil seg grunnleggjande frå dei sosialistiske landa i samfunnssystem og politisk system, står dei i djup motsetning til imperialismen. Dei har sams interesser med dei sosialistiske landa — å motarbeida imperialismen, forsvara det nasjonale sjølvstendet og verna freden i verda. Difor er det fullt mogeleg og gjennomførleg for dei sosialistiske landa å få til samband som byggjer på fredeleg samlivnad og venskapleg samarbeid med desse landa. Å få til slike samband er svært viktig for å styrkja einskapen mellom dei anti-imperialistiske kreftene og for å fremja den sams striden folka fører mot imperialismen.
Vi har halde oss fylgjestrengt til politikken med å grunnfesta og vidareutvikla fredeleg samlivnad og fredeleg samarbeid med landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Samstundes har vi, ettersom det var rett og naudsynt, ført strid mot land som India, som har krenkt eller vraka dei fem prinsippa.
3. Vi skil mellom dei vanlege kapitalistiske og dei imperialistiske landa og likeeins mellom ulike imperialistland.
Den internasjonale balansen mellom klassekreftene utviklar seg meir og meir til beste for sosialismen, og ettersom dei imperialistiske kreftene dag for dag vert veikare og motseiingane mellom dei dag for dag vert skarpare, vert det råd for dei sosialistiske landa å tvinga det eine eller hitt av dei imperialistiske landa til å gjennomføra ei eller anna form for fredeleg samlivnad med seg gjennom å lita på sin eigen veksande styrke, på at dei revolusjonære kreftene til folka veks, på einskapen med nasjonalistlanda og striden alle fredskjære folk fører og likeeins gjennom å utnytta dei indre motseiingane i imperialismen.
Samstundes med at vi held fast på fredeleg samlivnad med land med andre samfunnssystem, gjer vi støtt plikta vår som proletariske internasjonalistar. Vi stør aktivt dei nasjonale frigjeringsrørslene i Asia, Afrika og Latin-Amerika, arbeidarrørslene i Vest-Europa, Nord-Amerika og Oseania, dei revolusjonære stridane folket fører og striden folket fører mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken og for fred i verda.
Med å gjera alt dette har vi berre eitt mål for auga — det er å sameina alle krefter som kan sameinast, og med den sosialistiske leiren og verdsproletariatet som kjerne, skipa ein brei, sameint front mot USA-imperialismen og ærendssveinane deira.
Med grunnlag i dei fem prinsippa for fredeleg samlivnad har den kinesiske regjeringa dei siste ti åra eller vel så det skipa venskaplege samband med mange land som har andre samfunnssystem, og med dette fremja økonomisk og kulturell utveksling med dei. Kina har gjort venskapsavtalar, freds og venskapsavtalar eller venskaps-, gjensidig hjelp-og gjensidig ikkje-aggresjonsavtalar med Jemen, Burma, Nepal, Afghanistan, Guinea, Kambodsja, Indonesia og Ghana. Grensetvistane med Burma, Nepal, Pakistan, Afghanistan, osb., som Kina fekk seg overlevert frå soga, har det lukkast oss å få løyst.
Ikkje nokon kan viska ut dei store framgangane Kinas Kommunistiske Parti og den kinesiske regjeringa har vunne når det gjeld å halda i hevd politikken til Lenin for fredeleg samlivnad.
Drivfjøra til leiarane i SUKP i å fabrikera lygna om at Kina går mot fredeleg samlivnad er noko heilt anna enn det dei seier ho er. For å seia det rett ut er målet deira å gøyma bort svina dei sjølve har på skogen når det gjeld å svika den proletariske internasjonalismen og samansverja seg med imperialismen.
SUKP-LEIARANE SI GENERALLINE FOR «FREDELEG SAMLIVNAD»
Det er ikkje vi, men leiarane i SUKP, som i røynda krenkjer Lenin sin politikk for fredeleg samlivnad.
Leiarane i SUKP har lovsunge si eiga forståing av fredeleg samlivnad i høge tonar. Kva er dei viktigaste synspunkta deira i spørsmålet om fredeleg samlivnad?
1. Leiarane i SUKP hevdar at fredeleg samlivnad er det aller høgste og fremste prinsippet for å kunna løysa samfunnsproblem i vår tid. Dei påstår at det er «det ufråvikelege bodordet i moderne tid» og «det bydande kravet i tidbolken».(24) Dei seier at «fredeleg samlivnad og berre det er den beste og den einaste godtakande måten å løysa dei viktigaste problema samfunnet står andsynes»(25) og at prinsippet om fredeleg samlivnad bør gjerast til «grunnlov for livet i heile det moderne samfunnet». (26)
2. Dei hevdar at imperialismen er vorten viljug til å godta fredeleg samlivnad og at han ikkje lengre er til hinder for fredeleg samlivnad. Dei seier at «slett ikkje få regjeringar og statsleiarar i dei vestlege landa no går inn for fred og fredeleg samlivnad»,(27) og at dei «skjønar betre og betre at fredeleg samlivnad er naudsynt».(28) Særleg vert det ropt ut med høg røyst at ein president i USA «vedgår at fredeleg samlivnad mellom land med ulike samfunnssystem er rimeleg og gjennomførleg».(29)
3. Dei går inn for «samarbeid på alle felt» med imperialistland, og særleg då med USA. Dei seier at Sovjetunionen og USA «vil kunna finna eit grunnlag for sams handling og sams strev til beste for heile menneskeætta»(30) og at dei kan «marsjera hand i hand med det for augo å grunnfesta freden og få til verkeleg internasjonalt samarbeid mellom alle statar».(31)
4. Dei påstår at fredeleg samlivnad er «generallina for utanrikspolitikken til Sovjetunionen og landa i den sosialistiske leiren».(32)
5. Dei påstår og at «prinsippet om fredeleg samlivnad avgjer generallina for utanrikspolitikken til SUKP og andre marxist-leninistiske parti»,(33) at fredeleg samlivnad er «grunnlaget for strategien til kommunistane» i verda i dag og at alle kommunistar «har gjort striden for fredeleg samlivnad til hovudprinsippet i politikken sin».(34)
6. Dei ser på fredeleg samlivnad som føresetnaden for at dei revolusjonære stridane folket fører skal sigra. Dei meiner at sigrane folka i ulike land har vunne har kome under «tilhøve der det har vore fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem».(35) Dei påstår at det «var nett under tilhøve med fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem at den sosiaiistiske revolusjonen sigra på Kuba, at det algirske folket fekk nasjonalt sjølvstende, at meir enn førti land vann nasjonalt sjølvstende, at systerpartia vaks i tal og styrke og at den kommunistiske verdsrørsla fekk auka innverknad»,(36)
7. Dei seier at fredeleg samlivnad er «den beste måten ein kan hjelpa den internasjonale revolusjonære arbeidarrørsla med å nå dei grunnleggjande klassemåla sine».(37) Dei ropar ut at fredeleg samlivnad aukar sjansen for fredeleg overgang til sosialisme i dei kapitalistiske landa. Dei trur vidare at om sosialismen sigrar i den økonomiske konkurransen «kjem dette til å verta eit knusande slag mot heile systemet med kapitalistiske tilhøve».(38) Dei slår fast at «når folket i Sovjetunionen nyt goda kommunismen gjev dei, kjem nye hundretals millionar menneske på jorda til å seia: ’Vi er for kommunismen’,(39) og då kan jamvel kapitalistar koma til å «gå over til kommunistpartiet».
Tenk etter. Kva har desse synsmåtane til sams med politikken til Lenin for fredeleg samlivnad?
Le in politikk for fredeleg samlivnad er ein politikk eit sosialistisk land fører i sambandet det har med land med andre samfunnssystem, medan Khrusjtsjov skildrar fredeleg samlivnad som det aller høgste prinsippet som styrer livet i det moderne samfunnet.
Politikken til Lenin for fredeleg samlivnad er ei side av utanrikspolitikken til proletariatet når det sit ved makta, medan Khrusjtsjov tøyer fredeleg samlivnad til å verta sjølve generallina i utanrikspolitikken til dei sosialistiske landa og jamvel til at det skal vera generallina til alle kommunistparti.
Politikken til Lenin for fredeleg samlivnad var retta mot den imperialistiske krigs- og aggresjonspolitikken, medan den fredelege samlivnaden Khrusjtsjov står for vil seia å gjera imperialismen til lags og stø opp under den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken.
Politikken til Lenin for fredeleg samlivnad byggjer på eit internasjonalt klassekampstandpunkt, medan den fredelege samlivnaden Khrusjtsjov står for strevar for å byta ut internasjonal klassestrid med internasjonalt klassesamarbeid.
Politikken til Lenin for fredeleg samlivnad spring ut av den historiske oppgåva det internasjonale proletariatet har, og krev såleis at dei sosialistiske landa, når dei skal setja denne politikken ut i livet, gjev fast støtte til dei revolusjonære stridane alle dei undertrykte folka og nasjonane fører. Den fredelege samlivnaden Khrusjtsjov står for prøver derimot å byta ut den proletariske verdsrevolusjonen med pasifisme og gjev såleis avkall på den proletariske internasjonalismen.
Khrusjtsjov har gjort om politikken for fredeleg samlivnad til ein politikk for klasseovergjeving. I namnet til den fredelege samlivnaden har han vraka dei revolusjonære prinsippa i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa, rive den revolusjonære kjerna ut or marxismen-leninismen og forvrengt og skamfare han så han ikkje er til å kjenna att.
Dette er eit skamlaust svik mot marxismen-leninismen!
TRE PRINSIPP-STRIDSPUNKT
Usemja i spørsmålet om fredeleg samlivnad mellom leiarane i SUKP på den eine sida og oss og alle marxist-leninistiske parti, ja alle marxist-leninistar, på den andre, står ikkje om sosialistiske land skal føra politikken med fredeleg samlivnad eller ikkje. Det er tale om ei prinsippsak som gjeld rette haldninga til politikken til Lenin for fredeleg samlivnad. Usemja openberrar seg fyrst og fremst i tre spørsmål.
Det fyrste spørsmålet er: Er det naudsynt å føra strid mot imperialismen og den borgarlege reaksjonen for å få til fredeleg samlivnad? Er det råd å fjerna antagonismen og striden mellom sosialisme og imperialisme gjennom fredeleg samlivnad?
Marxist-leninistar held stødig fast ved åt det slett ikkje er dei sosialistiske landa som står i vegen for å gjennomføra fredeleg samlivnad mellom land med ulike samfunnssystem. Hindringa er alltid imperialistane og dei borgarlege reaksjonære.
Dei fem prinsippa for fredeleg samlivnad var sette fram for å nedkjempa den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken. Etter desse prinsippa er det i internasjonale samhøve ikkje lov å krenkja territoriet og suvereniteten til andre land, blanda seg inn i dei indre tilhøva deira, skada interessene deira eller statusen dei har som likeverdige eller føra åtakskrig mot dei. Men det ligg innebygt i sjølve imperialismen at han driv aggresjon mot andre land og nasjonar og ynskjer å slavebinda dei. Så lenge imperialismen finst kjem han ikkje til å endra innhald. Det er sjølve kjernen bak at imperialistane er uviljuge til å godta dei fem prinsippa for fredeleg samlivnad. Dei prøver når dei kan å skada og øydeleggja dei sosialistiske landa, og driv med aggresjon mot andre land og nasjonar og prøver å slavebinda dei.
Soga syner at det berre er objektive tilhøve som ikkje er til gagn for imperialistane som gjer at dei ikkje tør setja i gang krig mot dei sosialistiske landa, eller tvingar dei til å gå med på våpenkvile og godta ei eller anna form for fredeleg samlivnad.
Soga syner og at det alltid har vore harde og innfløkte stridar mellom dei imperialistiske og dei sosialistiske landa, og at desse stundom har enda med beinveges militære samanstøytar eller krigar. Når det ikkje er ein open krig i emning, fører imperialistane kalde krigar, og det har dei gjort utan stans sidan den andre verdskrigen tok slutt. I røynda har dei sosiaiistiske og dei imperialistiske landa vore i ein tilstand med samlivnad under kald krig. Samstundes med at dei imperialistiske landa rustar aktivt opp og bur seg på krig, tek dei i bruk alle slag rådgjerder for å motarbeida dei sosialistiske landa politisk, økonomisk og ideologisk. Dei gjennomfører jamve! militære provokasjonar og kjem med trugsmål om krig. Den kalde krigen imperialistane fører mot dei sosialistiske landa og motstanden frå dei sosialistiske landa mot denne, er uttrykk for den internasjonale klassestriden.
Imperialistane går vidare med planane sine om aggresjon og krig, ikkje berre mot dei sosialistiske landa, men over heile verda. Dei prøver å halda nede dei revolusjonære rørslene til dei undertrykte folka og nasjonane.
Under slike omstende må dei sosialistiske landa saman med folka i alle andre land føra målmedviten strid mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken, og gje imperialismen like for like. Denne klassestriden held uomgjengeleg fram, no i skjerpa form og då i rolegare former.
Men Khrusjtsjov lar seg ikkje uroa av desse nådelause kjensgjerningane. Han ropar ut i det vide og det breie at imperialismen alt har vedgått at fredeleg samlivnad er naudsynt, og han seier at den anti-imperialistiske striden dei sosialistiske landa og folka i verda fører er uråd å sameina med politikken med fredeleg samlivnad.
Slik Khrusjtsjov ser det, må eit sosialistisk land gje seg på sak etter sak og gje etter for imperialistane og dei borgarlege reaksjonære heile tida, jamvel om desse siste utset landet for militære trugsmål og væpna åtak eller kjem med audmykjande krav som krenkjer overherredømet eller sjølvvyrdnaden til landet.
Slik er logikken Khrusjtsjov nyttar til å skildra dei endelause tilbaketoga sine, kjøpslåinga med prinsipp og at han lydig godtok dei audmykjande krava til USA-imperialistane under Kuba-krisa, som «ein siger for den fredelege samlivnaden».
Same logikken er det Khrusjtsjov nyttar når han skildrar det at Kina heldt seg til dei rette prinsippa i grensetvisten mellom Kina og India og at Kina møtte dei militære åtaka frå dei indiske reaksjonære med mot-åtak, noko som var ei sjølvforsvarshandiing av Kina då situasjonen vart utolande, som «krenking av den fredelege samlivnaden».
Stundom talar Khrusjtsjov og om strid mellom dei to ulike samfunnssystema. Men korleis ser han på denne striden?
Han har sagt: «At det er strid mellom dei to systema er uomgjengeleg, men striden må gjerast til einast ein strid mellom idear …(40)
Her er den politiske striden blitt borte!
Han har og sagt:
«Det leninistiske prinsippet om fredeleg samlivnad mellom statar med ulike sosio-økonomiske og politiske system inneber ikkje berre at det ikkje er krig, ein mellombels tilstand med utrygg våpenkvile. Det inneber at det vert halde ved lag vanlege økonomiske og politiske samband mellom desse statane, det gjev voner for å få skipa og utvikla ulike former for fredeleg internasjonalt samarbeid. »(41) Her er striden heilt vekk!
Som ein tryllekunstnar gjer Khrusjtsjov det eine trikset etter det andre, fyrst reduserer han store spørsmål til små, og så små til ingenting. Han fornektar den grunnleggjande antagonismen mellom det sosialistiske og det kapitalistiske systemet, han fornektar den grunnleggjande motseiinga mellom den sosialistiske og den imperialistiske leiren, og han nektar for at det finst internasjonal klassestrid. Slik skaper han fredeleg samlivnad mellom dei to systema og dei to leirane om til «samarbeid på alle felt».
Det andre spørsmålet er: Kan fredeleg samlivnad gjerast til generallina for utanrikspolitikken til sosialistiske land?
Vi meiner at generallina for utanrikspolitikken til sosialistiske land må innehalda grunnprinsippet i utanrikspolitikken deira og bera i seg det grunnleggjande innhaldet i denne politikken.
Kva er dette grunnleggjande prinsippet? Det er proletarisk internasjonalisme.
Lenin sa: «Utanrikspolitikken til proletariatet er allianse med dei revolusjonære i dei framskridne landa og med alle dei undertrykte nasjonane mot kvar og ei av imperialistmaktene.»(42) Dette prinsippet om proletarisk internasjonalisme som Lenin la fram, bør vera rettesnora for utanrikspolitikken til sosialistiske land.
Etter at den sosialistiske leiren vart til, har alle sosialistiske land vore nøydde til å takla tre slag tilhøve i utanrikspolitikken sin. Dei er, tilhøvet til andre sosialistiske land, til land med andre samfunnssystem og til dei undertrykte folka og nasjonane.
Slik vi ser det, må innhaldet i generallina for utanrikspolitikken til sosialistiske land vera fylgjande: å utvikla venskaplege band, gjensidig hjelp og samarbeid mellom landa i den sosialistiske leiren i samsvar med prinsippet om proletarisk internasjonalisme, — å streva for fredeleg samlivnad på grunnlag av dei fem prinsippa med land som har andre samfunnssystem og gå mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken, — og å stø og hjelpa den revolusjonære striden alle dei undertrykte folka og nasjonane fører. Desse tre sidene heng saman innbyrdes og ein kan ikkje sløyfa ei einaste av dei.
Leiarane i SUKP har einsidig redusert generallina for utanrikspolitikken til dei sosialistiske landa til fredeleg samlivnad. Vi vil gjerne spørja: Korleis skal så eit sosialistisk land handtera tilhøvet sitt til andre sosialistiske land? Skal det berre halda ved lag fredeleg samlivnad med dei?
Sjølvsagt må og sosialistiske land halda seg til dei fem prinsippa i tilhøvet sitt til einannan. Det er heilt ut uløyveleg for nokon av dei å undergrava den territoriale integriteten til eit anna systerland, å krenkja sjølvstendet og suvereniteten til landet, blanda seg inn i dei indre tilhøva der, driva undergravingsverksemd i dette landet, eller bryta prinsippet om likeverd og gjensidige føremoner, når det har med eit anna systerland å gjera. Men berre å gjennomføra desse prinsippa er så langt frå nok. 1957-Fråsegna slår fast:
«Dette er særs viktige prinsipp. Dei er likevel ikkje uttømande når det gjeld innhaldet i sambandet mellom dei. Brorskapleg gjensidig hjelp er ein uskiljeleg del av dette sambandet. Denne hjelpa er eit slåande uttrykk for sosialistisk internasjonalisme.»
Når leiarane i SUKP gjer fredeleg samlivnad til generallina for utanrikspolitikken, har dei i røynda gjort til inkjes dei proietarisk-internasjonalistiske tilhøva med gjensidig hjelp og samarbeid mellom sosialistiske land og stilt dei sosialistiske systerlanda på like fot med dei kapitalistiske landa. Innhaldet i dette er å gjera den sosialistiske leiren til inkjes.
Leiarane i SUKP har einsidig redusert generallina i utanrikspolitikken til dei sosialistiske landa til fredeleg samlivnad. Vi vil gjerne spørja: Korleis skal eit sosialistisk land handtera tilhøvet sitt til dei undertrykte folka og nasjonane? Skal tilhøvet mellom proletariatet som sit med makta og klassebrørne deira som enno ikkje har frigjort seg eller mellom proletariatet ved makta og alle underkua folk og nasjonar berre vera fredeleg samlivnad, og ikkje gjensidig hjelp?
Etter Oktoberrevolusjonen understreka Lenin gong på gong at det sosialistiske landet som hadde skipa proletariatets diktatur var ein base for å fremja den proletariske revolusjonen. Stalin sa og:
«Når revolusjonen har sigra i eitt land, må han ikkje sjå seg sjølv som seg sjølv nok, men som ei hjelp, eit middel til å framskunda sigeren for proletariatet i alle land.»(43)
Han la til at «han var ein mektig base for at han (dvs. verdsrevolusjonen) skal utvikla seg vidare».(44)
Difor kan ikkje sosialistiske land under nokon omstende avgrensa utanrikspolitikken sin til berre å gjelda tilhøvet det har til land med andre samfunnssystem. Dei må og ha ein rett politikk for tilhøvet seg i mellom og tilhøvet sitt til dei undertrykte folka og nasjonane. Dei må gjera det å stø den revolusjonære striden til dei undertrykte folka og nasjonane til ei internasjonalistisk plikt for seg og til ein viktig del av utanrikspolitikken sin.
I motsetnad til Lenin og Stalin gjer Khrusjtsjov fredeleg samlivnad til generallina for utanrikspolitikken til sosialistiske land, og med å gjera dette utelet han den proletarisk-internasjonalistiske oppgåva med å hjelpa den revolusjonære striden til dei undertrykte folka og nasjonane frå denne politikken. Dette er så langt frå noka «skapande utvikling» av politikken for fredeleg samlivnad. Det er eit svik mot den proletariske internasjonalismen under påskot av fredeleg samlivnad.
Det tredje spørsmålet er: Kan det at dei sosialistiske landa fører ein politikk for fredeleg samlivnad vera generallina for alle kommunistparti og for den internasjonale kommunistrørsla? Kan det setjast i staden for folkerevolusjonen?
Vi hevdar at fredeleg samlivnad inneber eit tilhøve mellom land med ulike samfunnssystem, mellom sjølvstendige suverene statar. Det er fyrst etter at revolusjonen har sigra at det er mogeleg og naudsynt for proletariatet å føra politikken med fredeleg samlivnad. Når det gjeld undertrykte folk og nasjonar, er oppgåva deira å streva for å frigjera seg sjølve og velta styret til imperialismen og ærendssveinane hans. Dei må ikkje praktisera fredeleg samlivnad med imperialistane og ærendssveinane hans, det er heller ikkje råd for dei å gjera det.
Det er difor gale å gjennomføra fredeleg samlivnad i tilhøvet mellom undertrykte klassar og undertrykkjarklassar og mellom undertrykte nasjonar og undertrykkjarnasjonar eller å tøya politikken til dei sosialistiske landa for fredeleg samlivnad til at han skal vera politikken til kommunistpartia og det revolusjonære folket i den kapitalistiske verda. Det er og gale å underordna den revolusjonære striden til dei undertrykte folka og nasjonane under den fredelege samlivnaden.
Vi har alltid meint at når dei sosialistiske landa set politikken til Lenin for fredeleg samlivnad rett ut i livet, så hjelper det dei til å utvikla styrken sin, til å avsløra den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken og til å sameina alle anti-imperialistiske folk og land. Såleis hjelper det folket i striden det fører mot imperialismen og ærendssveinane hans. Samstundes er den revolusjonære striden folket fører mot imperialismen og ærendssveinane hans ei hjelp for freden i verda og for framgang for menneskeætta gjennom at han slår beinveges mot aggresjons-, krigs og reaksjonskreftene og svekkjer dei. Med dette hjelper han striden dei sosialistiske landa fører for fredeleg samlivnad med land som har andre samfunnssystem. Såleis er det at dei sosialistiske landa gjennomfører Lenin sin politikk for fredeleg samlivnad rett, i samsvar med interessene til dei revolusjonære stridane folket i alle land fører.
Striden dei sosialistiske landa fører for fredeleg samlivnad mellom land med ulike samfunnssystem, og at folket i ulike land gjer revolusjon, er likevel to heilt ulike ting.
I svarbrevet til sentralkomiteen i SUKP frå 14. juni, slår sentralkomiteen i KKP fast:
«… det er ein ting å praktisera fredeleg samlivnad i høve til land med ulike samfunnssystem. Det er heilt utillateleg og umogeleg for land som praktiserer fredeleg samlivnad å pirka borti samfunnssystemet til kvarandre med veslefingeren ein gong. Klassestriden, striden for nasjonal frigjering og overgangen frå kapitalisme til sosialisme i ulike land er ein heilt annan ting. Dei er alle bitre, revolusjonære stridar på liv eller død, som har som mål å endra samfunnssystemet. Fredeleg samlivnad kan ikkje ta plassen til dei revolusjonære stridane folket fører. Overgangen frå kapitalisme til sosialisme i eit land kan berre gjennomførast ved den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur i landet det dreier seg om.»(45)
I eit klassesamfunn er det fullstendig gale å sjå på fredeleg samlivnad som «den beste og einaste godtakande måten å løysa dei særs viktige spørsmåla samfunnet står andsynes» og som «sjølve grunnlova for livet i heile det moderne samfunnet». Dette er sosialpasifisme som fornektar klassestriden. Det er eit hårreisande svik mot marxismen-leninismen.
I 1946 gjorde kamerat Mao Tsetung eit skilje mellom dei to problema og slo uttrykkjeleg fast at eit kompromiss mellom Sovjetunionen og USA, England og Frankrike i visse spørsmål «ikkje krev at folka i landa i den kapitalistiske verda fylgjer etter og gjer kompromiss heime. Folket i desse landa kjem til å halda fram å føra ulike slag stridar i samsvar med dei ulike slag vilkår dei har».(46)
Dette er ein rett marxistisk-leninistisk politikk. Med denne rette politikken til kamerat Mao Tsetung som rettesnor gjennomførte det kinesiske folket fast og målmedvite revolusjonen til endes og vann den store sigeren i revolusjonen sin.
Leiarane i SUKP motarbeider denne marxist-leninistiske politikken. Dei sidestiller ei side av den statspolitikken eit proletariat som sit med makta må føra i tilhøvet sitt til land med andre samfunnssystem, og generallina til alle kommunistparti, og dei prøver å setja den fyrstnemnde i staden for den sistnemnde. Dei krev såleis at alle kommunistparti og revolusjonære folk skal fylgja det dei kallar generallina med fredeleg samlivnad. Sidan dei ikkje ynskjer revolusjon sjølve, forbyr dei andre å gjera revolusjon. Sidan dei ikke går mot imperialismen sjølve, forbyr dei andre å gå mot imperialismen.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP og det Khrusjtsjov har sagt i det siste nektar hardnakka for dette. Dei påstår det er «grov baktaling» å skulda leiarane i SUKP for å utvida fredeleg samlivnad til å gjelda tilhøvet mellom undertrykte klassar og undertrykkjarklassar og mellom undertrykte nasjonar og undertrykkjarnasjonar. Dei har jamvel på hyklarvis slått fast at fredeleg samlivnad «ikkje kan utvidast til å gjelda klassestriden mot kapitalen i dei kapitalistiske landa og heller ikkje til å gjelda den nasjonale frigjeringsrørsla».
Men slikt utanomsnakk er fåfengt.
Vi vil gjerne spørja leiarane i SUKP: Sidan politikken med fredeleg samlivnad berre er ei side ved utanrikspolitikken til sosialistiske land, kvifor har de så heilt til nyst påstått at det er «den strategiske lina for heile tidbolken med overgang frå kapitalisme til sosialisme i verdsmålestokk»?(47) Når de krev at kommunistpartia i alle dei kapitalistiske landa og i dei undertrykte nasjonane skal gjera fredeleg samlivnad til generallina si, er då ikkje målet dykkar å byta ut den revolusjonære lina til kommunistpartia med politikken dykkar med «fredeleg samlivnad» og med overlegg gjennomføra denne politikken i tilhøvet mellom undertrykte klassar og undertrykkjarklassar og mellom undertrykte nasjonar og undertrykkjarnasjonar?
Vi vil og gjerne spørja leiarane i SUKP om fylgjande: Sidan det er slik at folka vinn siger i revolusjonane sine gjennom fyrst og fremst å lita på sin eigen strid, korleis kan ein så gje æra for dette til den fredelege samlivnaden eller skildra sigeren som eit resultat av han? Vil ikkje desse påstandane dykkar seia at ein underordnar den revolusjonære striden til folka under politikken dykkar for fredeleg samlivnad?
Vi vil og gjerne spørja leiarane i SUKP om fylgjande: Økonomisk framgang i sosialistiske land og sigrane dei vinn i den økonomiske kappestriden med dei kapitalistiske landa spelar utan tvil rolla som føredøme og kveik for undertrykte folk og nasjonar. Men korleis kan ein seia at sosialismen skal sigra i verdsmålestokk gjennom fredeleg samlivnad og fredeleg kappestrid i staden for gjennom den revolusjonære striden folka fører?
Leiarane i SUKP kunngjer at dei lit på at fredeleg samlivnad og fredeleg kappestrid skal vera nok til å «retta eit knusande slag mot heile systemet med kapitalistiske tilhøve» og føra til fredeleg overgang til sosialismen over heile verda. Dette er det same som å seia at dei undertrykte folka og nasjonane ikkje treng føra strid gjera revolusjon og velta det reaksjonære styret til imperialismen og kolonialismen og ærendssveinane deira, og at dei berre kan sitja i ro og venta — til produksjonsnivået og levestandarden i Sovjetunionen vert høgre enn i dei lengst utvikla kapitalistiske landa. Då kan dei undertrykte og utbytta slavane gå inn i kommunismen saman med undertrykkjarane og utbyttarane sine. Er ikkje dette ein freistand frå leiarane i SUKP på å setja det dei kallar fredeleg samlivnad i staden for dei revolusjonære stridane til folka og gjera slike stridar om inkje?
Ein analyse av desse tre spørsmåla gjer det klårt at usemja mellom oss og leiarane i SUKP er ei stor prinsippusemje. I hovudsak kan det kokast ned til fylgjande. Vår politikk for fredeleg samlivnad er leninistisk og er bygt på prinsippet om proletarisk internasjonalisme, han er eit tilskot til å motarbeida imperialismen og til å verna freden i verda og er i samsvar med interessene til dei revolusjonære stridane dei undertrykte folka og nasjonane fører over heile verda. Den såkalla generallina for fredeleg samlivnad leiarane i SUKP fylgjer er derimot anti-leninistiske, ho gjev avkall på prinsippet om proletarisk internasjonalisme, skadar arbeidet mot imperialismen og for å verna freden i verda og står i motstrid til interessene til dei revolusjonære stridane dei undertrykte folka og nasjonane fører.
GENERALLINA TIL SUKP-LEIARANE FOR «FREDELEG SAMLIVNAD» STETTAR TRONGEN TIL USA-IMPERIALISMEN
Generallina for fredeleg samlivnad som leiarane i SUKP fylgjer, vert blankt avvist av alle marxist-leninistiske parti og revolusjonære menneske, men vert varmt lovsungen av imperialistane.
Talsmennene for den vestlege monopolkapitalen prøver ikkje å løyna at dei set pris på denne generallina til leiarane i SUKP. I Khrusjtsjov ser dei «den beste venen vesten har i Moskva»(48) og dei seier at «statsminister Nikita Khrusjtsjov i Sovjetunionen ter seg som ein amerikansk politikar».(49) Dei seier: «I den frie verda vert kamerat Khrusjtsjov rekna som den beste statsministeren russarane har. Han trur verkeleg på fredeleg samlivnad.»(50) Dei slår fast at «når det no er von om eit betre tilhøve mellom USA og Sovjet, har dette ført til at krinsar i utanriksdepartementet i USA har ei kjensle av at USA innanfor visse grenser bør gjera oppgåva lettare for Khrusjtsjov».(51)
Imperialistane har alltid vore fiendar av dei sosialistiske landa sin politikk for fredeleg samlivnad, og har ropt opp om at «sjølve uttrykket ‘samlivnad’ er både merkeleg og overdrive», og «la oss senda ideen om ein mellombels og utrygg samlivnad på skraphaugen».(52) Kvifor er dei no så interesserte i Khrusjtsjov si generalline for fredeleg samlivnad? Av di imperialistane skjønar at ho er til nytte for dei.
USA-imperialismen har alltid nytta den tosidige taktikken med krig. og fred for å nå dei strategiske måla sine, som er å gjera revolusjonen til folka til inkjes, utsletta den sosialistiske leiren og verta herrar over verda. Når dei finn ut at den internasjonale situasjonen utviklar seg til ulempe for dei, må dei stadig vekk ty til fredsbløffar medan dei heile tida held fram med våpenrusting og krigsførebuingar.
I 1958 gjorde John Foster Dulles framlegg om at USA skulle via seg til «ein edel strategi» for «fredeleg siger».(53)
Etter at Kennedy hadde teke over som president heldt han fram og utvikla Dulles sin «strategi for fred» og snakka ein heil del om «fredeleg samlivnad». Han sa: «… vi treng eit mykje betre våpen enn H-bomba … og det våpenet er fredeleg samarbeid».(54)
Vil dette seia at USA-imperialistane verkeleg godtar fredeleg samlivnad, eller, som leiarane i SUKP seier det, vedgår dei «at fredeleg samlivnad er fornuftig og gjennomførleg»? Sjølvsagt ikkje.
Litt alvorleg studium gjer det lett å sjå den verkelege meininga og det verkelege føremålet med den «fredelege samlivnaden» USA-imperialistane står fram med.
Kva er den verkelege meininga og det verkelege føremålet?
1. I namnet til den fredelege samlivnaden prøver USA-imperialistane å binda hendene på Sovjetunionen og dei andre sosialistiske landa og forby dei å stø den revolusjonære striden til folket i den kapitalistiske verda.
Dulles sa:
«Sovjetregjeringa kunne gjera slutt på «den kalde krigen» for sin del dersom ho ville frigjera seg frå den førande retninga i den internasjonale kommunismen og fyrst og fremst satsa på velstand for den russiske nasjonen og det russiske folket. «Den kalde krigen» ville og ta slutt dersom den internasjonale kommunismen ga opp måla sine i verdsmålestokk…»(55)
Kennedy slo fast at dersom tilhøvet mellom USA og Sovjetunionen skulle verta betre, måtte Sovjetunionen gje opp planen om «å gjera heile verda kommunistisk» og «berre passa dei nasjonale interessene sine og skaffa folket sitt eit betre liv under fredelege kår».(56)
Dean Rusk seier det endå meir rett ut. «Det kan ikkje verta nokon trygg og varande fred før kommunistleiarane gjev opp målet sitt om verdsrevolusjon.» Han har og sagt at det er «teikn til motvilje» mellom sovjetleiarane «når det gjeld børene og vågnaden dei får på grunn av pliktene dei har andsynes den kommunistiske verdsrørsla». Og han har jamvel bede leiarane i Sovjetunionen om å «gå vidare derifrå gjennom å leggja bort illusjonen om ein kommunistisk verdssiger».(57)
Innhaldet i desse orda er så meir enn klårt. USA- imperialistane hevdar at dei revolusjonære stridane dei undertrykte folka og nasjonane i den kapitalistiske verda fører for å frigjera seg er eit resultat av at dei sosialistiske landa freistar å «gjera heile verda kommunistisk». Dei seier til Sovjet-leiarane: Ynskjer de å leva i fred med USA? Javel! Men då er vilkåret at de ikkje stør dei revolusjonære stridane til dei undertrykte folka og nasjonane i den kapitalistiske verda og at de ser til at dei ikkje reiser seg til revolusjon. Ynskjetenkinga til USA-imperialistane går ut på at dette vil gje dei frie hender til å trø ned dei revolusjonære rørslene i den kapitalistiske verda og verta herrar over og slavebinda innbyggjarane der og det vil seia to tredelar av folketalet i verda.
2. I namnet til den fredelege samlivnaden prøver USA-imperialistane å driva vidare politikken med «fredeleg utvikling» andsynes Sovjetunionen og andre sosialistiske land og atterinnføra kapitalismen der.
Dulles sa: «Å gje avkall på maktbruk… vil ikkje seia at alt skal verta verande som det er, men at omskifte skal gå føre seg på fredeleg vis».(58) «Det er ikkje nok å vera defensiv. Fridom må vera ei positiv kraft som trengjer seg fram».(59) «Vi vonar vi kan gje kveik til ei utvikling innanfor Sovjetverda.»(60)
Eisenhower hevda at USA skulle gjera alt som let seg gjera med fredelege middel «for at dei folka som vert haldne i lekkjer av eit tyrannisk diktatur endeleg skal få rett til å avgjera sin eigen lagnad med sine eigne frie røyster.»(61)
Kennedy sa at «oppgåva er å gjera alt som står i vår makt for å syta for at dei endringane som går føre seg… i Sovjetimperiet, og i alle verdsdelar, fører til større fridom for fleire menneske og til fred i verda».(62) Han gjorde det kjent at han ville «føra ein politikk som tolmodig oppmoda til fridom og varsamt la press på tyranniet» i høve til dei sosialistiske landa i Aust-Europa,slik at folka i desse landa skulle få «velja fritt».(63)
Innhaldet i desse orda er svært så klårt. USA-imperialistane baktalar det sosialistiske systemet som «diktatorisk» og «tyrannisk» og skildrar atterinnføring av kapitalismen som «fritt val». Dei seier fylgjande til Sovjet-leiarane: Ynskjer de å leva i fred med USA? Javel! Men dette vil ikkje seia at vi godtek status quo i dei sosialistiske landa, tvertom, kapitalismen må atterinnførast der. Med andre ord vil USA-imperialistane aldri finna seg i den kjensgjerninga at ein tredel av folketalet i verda har teke den sosialistiske vegen, og dei kjem alltid til å prøva å øydeleggja alle dei sosialistiske landa.
Stutt sagt er innhaldet i det USA-imperialistane kaller fredeleg samlivnad at ikkje noko folk som lever under imperialistisk herrevelde skal kunna streva for frigjering, at alle som alt har frigjort seg atter må leggjast inn under imperialistisk herrevelde og slavebinding, og at heile verda må innlemast i det amerikanske «verdssamfunnet av frie nasjonar».
Det er lett å sjå grunnen til at den generallina for fredeleg samlivnad som leiarane i SUKP står for, fell så godt i smak hjå USA-imperialismen.
Med fredeleg samlivnad som påskot gjer leiarane i SUKP alt dei kan for å koma seg inn hjå USA-imperialismen og kunngjer stendig at målsmennene for USA-imperialismen «syner omsut for freden». Dette tener nett den falske fredspolitikken til USA-imperialismen.
Med fredeleg samlivnad som påskot nyttar leiarane i SUKP politikken med fredeleg samlivnad på tilhøvet mellom undertrykte klassar og undertrykkjarklassar og mellom undertrykte nasjonar og undertrykkjarnasjonar. Dei motarbeider revolusjonen og prøver å gjera han til inkjes. Dette stettar nett kravet til USA-imperialistane om at dei sosialistiske landa ikkje skal stø revolusjonane til folka den kapitalistiske verda.
Med fredeleg samlivnad som påskot prøver leiarane i SUKP å setja internasjonalt klassesamarbeid i staden for internasjonal klassestrid og gå inn for «samarbeid» mellom sosialismen og imperialismen «på alle område». Såleis opnar dei vegen for at imperialismen skal kunna trengja inn i dei sosialistiske landa. Dette stettar nett trongen til politikken til USA-imperialismen om «fredeleg utvikling».
Imperialistane har alltid vore dei beste lærarane vi kunne få gjennom negative føredøme. Vi skal her sitera utdrag frå to talar Dulles heldt etter det tjuande landsmøtet i SUKP.
Han slo fast:
«… eg har sagt … at det fanst vitnemål om at det var krefter i Sovjetunionen som arbeidde for større liberalisme…
. dersom desse kreftene får utvikla seg og vinna styrke i Sovjetunionen, då kan vi tru og ha rimeleg von om at vi innan, la oss seia eit tiår eller kanskje ein generasjon, skal ha nådd det som er det store målet med politikken vår. Det er eit Russland som vert styrt av folk som lyttar til ynskja til det russiske folket, som har lagt av seg dei rovgriske ynskja sine om å verta herrar over heile verda og som held seg til prinsippa til dei siviliserte nasjonane og dei prinsippa som er nedlagde i FN-pakta».(64)
Han slo og fast:
«…vona på lang sikt — ja, eg vil seia det vi er visse på vil skje på lang sikt — er at det kjem til å verta ei utvikling i det som no er politikken til dei som styrer i Sovjet til at dei kjem til å verta meir nasjonalistiske og mindre internasjonalistiske».(65)
Det er berrsynt at skrømtet etter Dulles har forfylgt dei som har svike marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen, og dei er vortne så sjukeleg opptekne av den såkalla generallina for fredeleg samlivnad at dei ikkje ein gong stoggar for å tenkja etter kor godt det dei gjer samhøver med ynskja til USA-imperialismen.
SAMARBEID MELLOM SOVJET OG USA ER SJØLVE KJERNA I SUKP-LEIARANE SI LINE FOR «FREDELEG SAMLIVNAD»
Samstundes med at leiarane i SUKP har kverna om att og om att om fredeleg samlivnad dei siste åra, har dei i røynda ikkje berre krenkt prinsippet om proletarisk internasjonalisme, men jamvel og late vera å halda seg til dei fem prinsippa for fredeleg samlivnad andsynes Kina og ei rad andre sosialistiske land. For å seia det rett ut er innhaldet i det endelause pratet om at dei går inn for fredeleg samlivnad som generallina for utanrikspolitikken sin, eit krav om at alle dei sosialistiske landa og kommunistpartia må underkasta seg den draumen dei så lenge har nørt om samarbeid mellom Sovjet og USA.
Sjølve kjerna i den generallina for fredeleg samlivnad leiarane i SUKP står for er samarbeid mellom Sovjet og USA for å verta herrar over verda.
Berre sjå på dei utrulege utsegnene dei har kome med:
«Dei to største moderne maktene, Sovjetunionen og USA, er komne milevis forbi alle andre land i verda.»(66)
«Kvar av desse to maktene leier ei stor gruppe nasjonar — Sovjetunionen leier det sosialistiske verdssystemet og USA leier den kapitalistiske leiren.»(67)
«Vi (Sovjetunionen og USA) er dei sterkaste landa i verda og dersom vi slår oss saman for å få fred, kan det ikkje verta krig. Om ein eller annan galning då ville ha krig, kunne vi berre vifta med fingrane for å skremma han frå det.»(68)
«… dersom det er semje mellom N. S. Khrusjtsjov, sjefen for regjeringa i Sovjetunionen, og John Kennedy, presidenten i USA, kjem det til å verta ei løysing på dei internasjonale problema som avgjer lagnaden til menneskeætta.»(69)
Vi vil gjerne spørja leiarane i SUKP om fylgjande: 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa seier klårt at USA-imperialismen er ein svoren fiende av folka i verda og hovudkrafta som arbeider for aggresjon og krig, korleis kan de då «slå dykk saman» med hovudfienden til freden i verda for å «verna freden»?
Vi vil gjerne spørja dei: Kan det vera slik at meir enn hundre land og meir enn tre milliardar menneske ikkje har nokon rett til å styra sin eigen lagnad? Må dei bøya seg for manipulasjonane til dei to «gigantane», dei to «største maktene», Sovjetunionen og USA? Er ikkje dette ovmodige tøvet dykkar rett og slett eit uttrykk for stormaktssjåvinisme og maktpolitikk?
Vi vil og gjerne spørja dei: Innbiller de dykk verkeleg at dersom berre Sovjetunionen og USA vert samde, dersom berre dei to «store mennene» vert samde, så er lagnaden til menneskeætta avgjort og alle internasjonale spørsmål løyste? De tek feil, så utruleg feil. Frå uminnelege tider har ting aldri gått føre seg på den måten, og det er endå mindre von om at dei skal gjera det i 1960-åra. Verda i dag er full av innfløkte motseiingar, motseiinga mellom den sosialistiske og den imperialistiske leiren, motseiinga mellom proletariat og borgarskap i dei kapitalistiske landa, motseiinga mellom dei undertrykte nasjonane og imperialismen og motseiingane mellom imperialistlanda og mellom monopolkapitalistgrupperingane i dei imperialistiske landa innbyrdes. Skulle desse motseiingane så forsvinna med ein gong Sovjetunionen og USA vart samde?
Det einaste landet leiarane i SUKP ser opp til er USA. I strevet sitt for å få til samarbeid mellom Sovjet og USA, kvier dei seg ikkje ein augneblink på å svika dei som er dei sanne allierte til folket i Sovjetunionen, irekna klassebrørne sine og alle dei undertrykte folka og nasjonane som framleis lever under det imperialistisk-kapitalistiske systemet.
Leiarane i SUKP strevar hardt for å øydeleggja den sosialistiske leiren. Dei gjer bruk av alle slag lygner og baksnakking mot Kinas Kommunistiske Parti og øver politisk og økonomisk press mot Kina. Når det gjeld det sosialistiske Albania kan ikkje noko mindre enn at det vert knust gjera dei nøgde. Hand i hand med USA-imperialismen la dei press på det revolusjonære Kuba og stilte krav til det som går ut over suvereniteten og sjølvvyrdnaden deira.
Leiarane i SUKP gjer alt dei kan for å sabotera dei revolusjonære stridane folka fører mot imperialismen og ærendssveinane hans. Dei ter seg som predikantar som preikar sosialreformisme og tappar proletariatet og dei politiske partia deira i ulike land for revolusjonær kampvilje. Dei undergrev den nasjonale frigjeringsrørsla og vert meir og meir skamlause når det gjeld å orsaka nykolonialismen til USA for å stetta trongen til imperialismen.
Kva får leiarane i SUKP att frå USA-imperialismen som takk for alt det harde strevet sitt og for den høge prisen dei betaler for å få til samarbeid mellom Sovjet og USA?
Etter 1959 er Khrusjtsjov vorten sjukeleg oppteken av toppmøte mellom Sovjetunionen og USA. Han har hatt mange eventyrdraumar og spreidd mange illusjonar om slike møte. Han lovpriste Eisenhower som «ein stor mann» som «skjønar seg på storpolitikk».(70) Han har lovsunge Kennedy i høge tonelag som ein som «skjønar det store ansvaret regjeringane i to slike mektige statar har».(71) Leiarane i SUKP laga stort oppstyr av den såkalla anden frå Camp David og ropte Wienmøtet ut til «ei historisk hending». Sovjetpressa påsto at straks leiarane i Sovjetunionen og USA sat saman ved same bordet ville det verta eit «nytt vendepunkt» i soga, og at eit handtrykk mellom dei to «store mennene» ville opna for ein «ny tidbolk» i internasjonale tilhøve.
Men korleis ter USA-imperialismen seg andsynes leiarane i SUKP? Litt over ein månad etter Camp David-samtalane sa Eisenhower: «Eg la ikkje merke til nokon Camp David-ande.» Og sju månader seinare sende han eit U-2 spionfly for å trengja inn over Sovjetunionen og øydelagde såleis for fire-makts toppmøtet. Ikkje lenge etter Wienmøtet sette Kennedy fram fylgjande uforskamma vilkår for tjue års fred mellom Sovjetunionen og USA: Sovjetunionen må ikkje stø nokon revolusjonære folkestridar og kapitalismen måtte atterinnførast i dei sosialistiske landa i Aust-Europa. Vel eit år etter Wienmøtet gav Kennedy ordre til den militære sjørøvarblokaden av Kuba og skapte såleis Kuba-krisa.
Ein kan leita både høgt og lågt og mellom levande og daude, men kvar skal ein finna den oppskrytte «anden frå Camp David», «vendepunktet i soga til menneskeætta» og «den nye tidbolken i internasjonale tilhøve»?
Etter at dei hadde underteikna tremaktsavtalen om delvis forbod mot prøvesprenging med atomvåpen, laga leiarane i SUKP mykje oppstuss om den såkalla anden frå Moskva. Dei tala om at det var naudsynt å «smi medan jarnet er varmt», påsto at «det er dei aller beste vilkår» for at Sovjetunionen og USA skal kunna koma fram til nye avtalar og sa at det var ei rang haldning å hevda at «det hastar ikkje» og «tida spring ikkje frå oss».(72)
Korleis er no denne «anden frå Moskva»? La oss sjå på det som har hendt i det siste.
For å skapa ein betre atmosfære for «samarbeid mellom Sovjet og USA» samla leiarane i SUKP saman eit stormøte i Moskva for å feira trettiårsdagen for det diplomatiske sambandet mellom Sovjetunionen og USA. Samstundes sende dei eit kultursendelag til USA til feiringa der. Men kva kom ut av entusiasmen til leiarane i SUKP? Heile staben ved den amerikanske ambassaden i Sovjetunionen nekta å vera med på stormøtet i Moskva, og utanriksdepartementet i USA sende ut ei særmelding der dei ba folket i USA om å boikotta kultursendelaget frå Sovjetunionen og fordømte det som «umåteleg fårlege og mistenkjelege folk».
Medan leiarane i SUKP gjekk inn for «samarbeid mellom Sovjet og USA» sende USA agenten Barghoorn for å arbeida i Sovjetunionen. Den sovjetiske regjeringa gjorde rett og arresterte denne agenten. Men etter at Kennedy kom med trugsmål om at skulle det verta noko av kveitehandelen mellom USA og Sovjetunionen «var det avhengig av at det fanst ein rimeleg atmosfære i begge land», og sa at denne hadde vorte «stygt skadd av di Barghoorn vart arrestert». Då skunda Sovjetregjeringa seg med å sleppa fri USA-agenten utan rettssak. Grunnen dei gav var at «høge tenestemenn i USA var urolege for lagnaden til F. C. Barghoorn» — lagnaden til ein agent som «etterrøkinga stadfeste … hadde drive spionasjeverksemd mot USSR».
Er alt dette uttrykk for «anden frå Moskva?» I så fall er det sanneleg svært trist.
Moskva! Den strålande hovudstaden i det fyrste sosialistiske landet. Det lysande namnet hans har vore kjært for så mange millionar menneske over heile verda etter den store Oktoberrevolusjonen! No vert dette namnet brukt av leiarane i SUKP for å dekkja over det skitne samarbeidet deira med USA-imperialistane. Det er ei skam utan like!
Så altfor ofte har leiarane i SUKP skrytt av USA-imperialistane og tigga dei om velvilje. Så altfor ofte har dei vorte sinte på systerland og systerparti og lagt press på dei. Så altfor mange er dei knepa og bløffane dei har utsett det revolusjonære folket i ulike land for. Og alt dette har dei gjort for å tigga seg «venskap» og «tillit» frå USA-imperialismen. Men «medan blomane heng med hovudet og tyrstar etter kjærleik, klukkar den hjartelause bekken forbi». Alt leiarane i SUKP har fått frå USA-imperialistane er audmyking, atter audmyking, alltid audmyking.
EIT LITE RÅD TIL LEIARANE I SUKP
Hende det nokon gong at det store sovjetfolket under leiing av Lenin og Stalin gav etter for vanskane i dei bitre dagane med motstand mot væpna imperialistisk intervensjon eller då dei sto midt oppe i logane frå den patriotiske krigen? Bøygde dei nokon gong kne for fienden? I dag er stoda i verda svært gagnleg for revolusjonen og sosialismen er sterkare enn nokon gong før, medan imperialismen aldri har hatt så store vanskar som no. Likevel har det fyrste sosialistiske landet, staten Lenin grunnla, så vanvyrdeleg late seg hersa med av USA-imperialismen, og kor endelaust har ikkje leiarane i SUKP vanæra heile den sosialistiske leiren! Korleis kan det då vera råd for oss eller for nokon marxist-leninist eller noko revolusjonært folk å unngå å verta sorgfulle?
Her vil vi gjerne gje eit alvorleg råd til leiarane i SUKP.
USA, det verste imperialistlandet av dei alle, har eit sjukt strategisk mål om å gjera seg til herrar over heile verda. Det held desperat nede dei revolusjonære stridane til dei undertrykte folka og nasjonane og har ope sagt at målet deira er å få Aust-Europa attende til det såkalle verdssamfunnet av frie nasjonar. Korleis kan de innbilla dykk at dei hardaste slaga frå USA-imperialistane kjem til å råka andre og ikkje Sovjetunionen når dei strevar for å setja dei aggressive planane sine om å gjera seg til herrar over heile verda ut i livet?
USA er eit imperialistisk land og Sovjetunionen er eit sosialistisk land. Korleis kan de då venta «samarbeid på alle område» mellom to land med heilt ulike samfunnssystem?
Det er gjensidig narrespel og kappestrid jamvel mellom USA og dei andre imperialistmaktene, og USA vil ikkje gje seg før det har trampa dei under støvelen. Korleis kan de då innbilla dykk at det imperialistiske USA vil leva i harmoni med det sosialistiske Sovjetunionen?
Leiande kamerater i SUKP! Berre tenk nøye gjennom saka. Er det råd å lita på USA-imperialismen når det bryt ut ein storm i verda? Nei! USA-imperialistane kan ein ikkje lita på, på same måten som ein heller ikkje kan lita på nokon imperialistar eller reaksjonære. Den einaste pålitande allierte Sovjetunionen har er systerlanda i den sosialistiske leiren, dei marxist-leninistiske systerpartia og dei undertrykte folka og nasjonane.
Lovene for den historiske utviklinga verkar ubunde av ynskja til einskildmenneske. Det finst ikkje nokon som kan hindra at den sosialistiske leiren og den revolusjonære rørsla til dei undertrykte folka og nasjonane veks, for ikkje å snakka om å greia å øydeleggja dei. Den som svik folket i den sosialistiske leiren og verda og drøymer om å verta herrar over jorda gjennom å samarbeida med USA-imperialismen må det gå ille med. Det er svært gale og umåteleg fårleg for leiarane i SUKP at dei gjer det.
Det er enno ikkje for seint for leiarane i SUKP å ta taumane før dei går utfor stupet. Det er på høg tid at dei vrakar generallina si for fredeleg samlivnad og vender attende til det som er Lenin sin politikk for fredeleg samlivnad, til den marxist-leninistiske vegen, vegen til den proletariske internasjonalismen.
Noter
1. Lenin, «Krigsprogrammet til den proletariske revolusjonen», sjå Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober, bd. 6, s. 173.
2. Lenin, «Utkast til resolusjon om stoda i politikken nett no» (1917), Samla verk, engelsk utgåve band 25, s. 319.
3. Lenin «Melding frå sentralkomiteen i Russlands Kommunistiske Parti (bolsjevikane) på den åttande partikongressen», (1919), Samla verk, engelsk utgåve, band 9, s. 153.
4. Lenin, «Melding om krig og fred, lagt fram for den sjuande kongressen i Russlands Kommunistiske Parti (bolsjevikane) 7 mars 1918», Samla verk, engelsk utgåve, band 27, s. 92. (Også Utvalgte verker Forlaget Oktober, bd. 9.)
5. Lenin, «Melding frå sentralkomiteen i Russlands Kommunistiske Parti (bolsjevikane) til den åttande partikongressen, 18. mars 1919», Samla verk, engelsk utgåve, band 29, s. 153.
6. Lenin, «Om innanriks- og utanrikspolitikken til republikken, melding til den niande allrussiske kongressen for sovjeta» (1921), Samla verk, engelsk utgåve, band 33, s. 148.
7. Lenin, «Tale på den fyrste allrussiske konferansen om partiarbeid på landsbygda» (1919), Samla verk, engelsk utgåve, band 30, s. 145.
8. Lenin, «Tale ved slutten av den tiande landskonferansen til Russlands Kommunistiske Parti (bolsjevikane)» (1921), Samla verk, engelsk utgåve, band 32, s. 436—437.
9. Lenin, «Arbeidet til rådet for folkekommisærar, melding til den åttande allrussiske kongressen for sovjeta» (1920), Samla verk, engelsk utgåve, band 31, s. 491.
10. Lenin, «Melding om arbeidet til det sentrale allrussiske eksekutivutvalet og rådet av folkekommisærar» (1920), Samla verk, engelsk utgåve, band 30, s. 323.
11. Lenin, «Svar på spørsmål frå Karl Wiegard, Berlin-korrespondent for Universal Service,» (1920) Samla verk, eng. utgåve, b. 30, s. 365—366.
12. Lenin, «Til den fjerde verdskongressen til Komintern og Petrograd-sovjetet av arbeidarar og utsendingar for Raudehæren» (1922), Samla verk, engelsk utgåve, band 33, s. 417.
13. Lenin, «Melding om freden» på den andre allrussiske kongressen for arbeidar- og soldatsovjeta (1917), Samla verk, engelsk utgåve, band 26, s. 252.
14. Lenin, «Råutkast til program» til det sjuande landsmøtet i Russlands Kommunistiske Parti (bolsjevikane) (1918), Samla verk, band 27, s. 157 og 58.
15. Lenin, «Teser om grunnoppgåvene til den andre kongressen i Den kommunistiske Internasonalen» Samla verk, engelsk utgåve, band 31, s. 186.
16. Same stad.
17. Lenin, «Førebels utkast til teser om det nasjonale spørsmålet og spørsmålet om koloniane», sjå Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober, bd. 11, s. 207 208.
18. Stalin, «Politisk melding frå sentralkomiteen» til det femtande landsmøtet i SUKP(b), Verk, engelsk utgåve, band 10, s. 296.
19. Stalin, «Svar på spørsmål frå amerikanske redaktørar», Pravda, 2. april 1952.
20. Stalin, «Arbeidet til det sams aprilplenumet til sentralkomiteen og den sentrale kontrollkommisjonen», Verk, engelsk utgåve, band 11, s. 58, 59 og 60.
21. Mao Tsetung, «Helsing til utvalet som skal førebu ein ny rådgjevande politisk konferanse» (1949), Verk i utval, engelsk utgåve, band 4, s. 408.
22. Mao Tsetung, «Opningstale til den åttande nasjonale kongressen i Kinas Kommunistiske Parti».
23. Mao Tsetung, «Om den rette måten å handtera motseiingar i folket på», sjå Verker i utval, band 5, Forlaget Oktober 1977, s. 433.
24. B.N.Ponomarjov, «Den sigerrike fana til kommunistane i verda», Pravda, 18. november 1962.
25. A. Rumjantsev, «Det sams ideologiske våpnet vårt», Den marxistiske verdsrevyen, nr. 1, 1962.
26. Khrusjtsjov, Tale i hovudforsamlinga i FN, 23. september 1960.
27. Khrusjtsjov, Tale på Gadjah Mada-Universitetet i Djakarta i Indonesia, 21. februar 1960.
28. Khrusjtsjov, Melding til sesjonen i det øvste sovjet i USSR, januar 1960.
29. «Om intervjuet med den amerikanske presidenten J. Kennedy», leiarartikke) i Izvestia, 4. desember 1961.
30. Gratulasjonstelegram frå N.S. Khrusjtsjov og L.I. Bresjnev til J.F. Kennedy 30 desember 1961.
31. Khrusjtsjov, Tale i hovudforsamlinga i FN, 23. september 1960.
32. Khrusjtsjov, Tale på mottakinga ambassaden til Folkerepublikken Korea gav i Sovjetunionen 5. juli 1961.
33. B.N. Ponomarjov, «Nokre problem i den revolusjonære rørsla», Den marxistiske verdsrevyen, nr. 12 1962.
34. «Fredeleg samlivnad og revolusjon», Kommunist, Moskva, nr. 2 1962.
35. B.N. Ponomarjov, «Eit nytt steg i den allmenne krisa i kapitalismen», Pravda, 8. februar 1961.
36. Brev frå sentralkomiteen i SUKP til sentralkomiteen i KKP 30. mars 1963. Sjå «Den store polemikken», forlaget Oktober, bd. 3.
37. Ope brev til sentralkomiteen i SUKP til alle partiorganisasjonar og alle kommunistar i Sovjetunionen, 14. juli 1963.
38. B.N. Ponomarjov, «Nokre problem den revolusjonære rørsla», Den marxistiske verdsrevyen, nr. 12 1962.
39. Programmet til SUKP, vedteke på det tjueandre landsmøtet til SUKP.
40. Khrusjtsjov, Melding til sesjonen i det øvste sovjet i SSSR, januar 1960.
41. Khrusjtsjov, «Svar på spørsmåla frå den austerrikske professoren Hans Thirring».
42. Lenin, «Utanrikspolitikken til den russiske revolusjonen» (1917), Samla verk, band 25, s.87.
43. Stalin, «Oktoberrevolusjonen og taktikken til dei russiske kommunistane» (1924),
44. Same stad, s. 419.
45. «Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla», Den store polemikken, Forlaget Oktober 1976, b.l, s.33—34.
46. Mao Tsetung, «Nokre punkt når ein skal vurdera stoda verda dag» (1946), sjå Utvalde verk band 4, eng. utg., s. 87
47. «For einskap og solidaritet i den internasjonale kommunistrørsla», leiarartikkel i Pravda, 6. desember 1963..
48. «Kor snille må vi vera med Nikita?» i det amerikanske tidsskriftet Time, 9. mars 1962.
49. W.A.Harriman, fjernsynsintervju, 18. august 1963.
50. «Kennedy hjelper Khrusjtsjov» i det engelske tidsskriftet Time and Tide, 18—24 april 1963.
51. Pressemelding frå AFP (Agence France Presse) om kommentarar frå amerikanske regjeringsembetsmenn til det opne brevet frå SUKP, Washington, 14. juli 1963.
52. Talen den tidlegare viseutanriksministeren i USA, Douglas Dillon heldt om utanrikspolitikken til USA, 20. april 1960.
53. J.F.Dulles, Tale til handelskammeret staten California, 4. desember 1958.
54. J. F. Kennedy, tale i hovudforsamlinga i FN, 20. september 1963.
55. J. F. Dulles, Tale til utanrikskomiteen i representanthuset, 28. januar 1959.
56. J. F. Kennedy, intervju med A. I. Adsjubei, sjefsredaktør i Izvestia, 25. november 1961.
57. Dean Rusk, Tale til landsmøtet i den amerikanske legionen, 10. september 1963.
58. J. F. Dulles, Tale på æresmiddagen til advokatforeininga i staten New York, 31. januar 1959.
59. J. F. Dulles, Tale til handelskammeret i staten California, 4. desember 1958.
60. J. F. Dulles, Vitneprov til utanrikskomiteen i representanthuset, 28. januar 1959.
61. D. D. Eisenhower, tale til den polsk-amerikanske kongressen i Chicago, 30. september 1960.
62. J. F. Kennedy, Strategien for fred, New York, 1960, s. 199.
63. J. F. Kennedy, tale på den polsk-amerikanske kongressen i Chicago, 1 oktober 1960.
64. J. F. Dulles, pressekonferanse, 15. mai 1956.
65. J. F. Dulles, pressekonferanse, 28. oktober 1958.
66. N. N. Jakovlev, «Etter 30 år…», eit skrift som vart laga til 30-årsdagen for det diplomatiske sambandet mellom Sovjet og USA.
67. Same stad.
68. Khrusjtsjov, intervju med den amerikanske journalisten C. L. Sulzberger, 5. september 1961, Pravda, 10. september 1961.
69. A. A. Gromyko, tale på sesjonen til det øvste sovjet i SSSR, 13. desember 1962.
70. Khrusjtsjov, tale på ein lunsj borgarmeisteren i New York gav til ære for han, 17. september 1959.
71. Khrusjtsjov, radio- og fjernsynstale, 15. juni 1961.
72. «Tida spring frå oss» artikkel av kommentator i Izvestia, 21. august 1963.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.