Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 2. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1977. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Forsvararar av nykolonialismen
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Den proletariske revolusjonen og renegaten Khrustsjov
Om den falske kommunismen til Khrusjtsjov og kva historiske lærdommar verda kan dra av han
Innhold
LEIARANE I SUKP ER DEI VERSTE KLØYVARANE I VÅR TID
Sjuande kommentar til det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP
Av redaksjonane i Renmin Ribao (Folkets Dagblad) og Hongqi (Raude Fane)
(4. februar 1964)
Aldri har einskapen i den kommunistiske verdsrørsla vore så alvorleg truga som han er i dag. Vi er vitne til ei syndflod av moderne revisjonistisk ideologi. Både internasjonalt og i kvart einskild parti går det føre seg harde stridar mellom marxismen-leninismen og revisjonismen. Fåren for kløyving i den kommunistiske verdsrørsla er meir alvorleg enn nokon gong før.
Det er ei påtrengjande viktig oppgåve for kommunistane, proletariatet og revolusjonære folk i verda å forsvara einskapen i den sosialistiske leiren og i den kommunistiske verdsrørsla.
Kinas Kommunistiske Parti har streva fylgjestrengt og utan å gje seg for å forsvara og styrkja einskapen i den sosialistiske leiren og i den kommunistiske verdsrørsla i samsvar med marxismen-leninismen og dei revolusjonære prinsippa i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa. Kinas Kommunistiske Parti har stått og står stødig fast på å halda fast ved prinsippa, halda fast ved einskapen, fjerna usemje og styrkja striden mot den sams fienden vår.
Heilt sidan leiarane i SUKP la ut på den revisjonistiske vegen har dei utrøyttande ropt opp om kor stor omsut dei har for einskapen i den kommunistiske verdsrørsla. I det siste har dei vore særleg aktive med å skrika om «einskap». Dette minner oss om noko Engels sa for nitti år sidan:
«Ein må ikkje la seg lura av ropet om ‘einskap’. Dei som oftast tek dette ordet i munnen er dei som sår mest splitting…» «… dei største sekteristane og dei største brøleapene og bandittane er av og til dei som skrik høgst om einskap».(1)
Samstundes som leiarane i SUKP framstiller seg sjølve som målsmenn for einskap prøver dei å festa merkelappen kløyvarar på Kinas Kommunistiske Parti. I det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP, seier dei:
«Dei kinesiske leiarane undergrev ikkje berre einskapen i den sosialistiske leiren, men og i hele den kommunistiske verdsrørsla, og dei trampar på prinsippa i den proletariske internasjonalismen og gjer grove brot på det som er godtekne reglar for framferd mellom systerparti.»
Dei artiklane som er komne i sovjetpressa seinare har fordømt dei kinesiske kommunistane som «sekteristar» og «kløyvarar».
Men kva er kjensgjerningane? Kven er det som undergrev einskapen i den sosialistiske leiren? Kven er det som undergrev einskapen i den kommunistiske verdsrørsla? Kven er det som trampar på prinsippa i den proletariske internasjonalismen? Og kven er det som gjer grove brot på det som er godtekne reglar for framferd mellom systerparti? Med andre ord, kven er dei verkelege og gjennomførte kløyvarane?
Berre når ein har fått skikkeleg svar på desse spørsmåla kan vi finna ut korleis vi skal kunna forsvara og styrkja einskapen i den sosialistiske leiren og i den kommunistiske verdsrørsla og vinna over fåren for kløyving.
EIT HISTORISK ATTERSYN
For å kunna forstå innhaldet i kløyvingsverksemda i den kommunistiske verdsrørsla i dag skikkeleg og kunna stri mot ho på rette måten, skal vi sjå attende på soga til den internasjonale kommunistrørsla det siste hundreåret eller så.
Striden mellom marxismen-leninismen og opportunismen og mellom dei kreftene som forsvarte einskapen og dei som skapte kløyving går gjennom heile utviklingssoga til kommunistrørsla. Dette gjeld både i dei einskilde landa og internasjonalt. Gjennom den langvarige striden meisla Marx, Engels og Lenin ut det sanne innhaldet i proletarisk einskap på det teoretiske planet, og i gjerning gav dei strålande føredøme i å kjempa ned opportunisme, revisjonisme og kløyvingsverksemd.
I 1847 skipa Marx og Engels den fyrste internasjonale arbeidarorganisasjonen — Kommunistforbundet. I Det kommunistiske manifestet, som dei skreiv som program for forbundet, kom Marx og Engels med det militante kampropet «arbeidarar i alle land, stå saman!» og gav ei systematisk og djuptpløgjande utgreiing om den vitskaplege kommunismen. Såleis la dei det teoretiske grunnlaget for einskap i det internasjonale proletariatet.
Gjennom heile livet arbeidde Marx og Engels utan opphald for ein slik prinsippfast einskap i det internasjonale proletariatet.
I 1864 skipa dei Den fyrste internasjonalen, Den internasjonale arbeidarforeininga, for å sameina arbeidarrørslene i alle land. Heile tidbolken medan Den fyrste internasjonalen fanst, førte dei prinsippfaste stridar mot bakuninistane, proudhonistane, blanquistane, lassalleanarane, osb. Den hardaste striden var den dei førte mot kløyvingsmennene til Bakunin.
Bakuninistane gjekk til åtak på teorien til Marx frå fyrste stund. Dei skulda Marx for å vilja gjera sitt «eige program og si personlege lære til dei rådande i Internasjonalen». I røynda var det dei som prøvde å tvinga læresetningane til si eiga sekt på Internasjonalen og byta ut programmet til Internasjonalen med det opportunistiske programmet til Bakunin. Dei tok til den eine intrigen etter den andre, raska saman eit «fleirtal» på eitt eller anna vis, og dreiv med sekterisk og kløyvande verksemd.
For å forsvara den ekte einskapen i det internasjonale proletariatet, tok Marx og Engels eit kompromisslaust og prinsippfast standpunkt andsynes den opne utfordringa mot Den fyrste internasjonalen frå Bakunin-kløyvingsmennene. På Haag-kongressen i 1872, der Marx personleg var med, vart dei bakuninistane som heldt fram å driva kløyvingsverksemd ekskluderte frå Internasjonalen.
Engels sa at dersom marxistane hadde synt seg prinsipplause og forsonlege andsynes kløyvingsverksemda til bakuninistane i Haag, ville det ha fått alvorlege fylgjer for den internasjonale arbeidarrørsla. Han slo fast fylgjande:
«Då ville Internasjonalen verkeleg ryka i filler — ryka i filler gjennom ‘einskap’!»(2)
Med Marx og Engels i brodden, kjempa Den fyrste internasjonalen mot opportunisme og kløyvingsverksemd og la grunnlaget for den sterke stillinga marxismen har i den internasjonale arbeidarrørsla.
Då det vart kunngjort at Den fyrste internasjonalen skulle oppløysast i 1876, vart det litt etter litt skipa sosialistiske masseparti for arbeidarar i mange land. Marx og Engels fylgde nøye med i skipinga av og utviklinga til desse partia. Dei vona at dei skulle verta skipa og utvikla seg med grunnlag i den vitskaplege kommunismen.
Marx og Engels synte særleg omsut for Det tyske sosialdemokratiske partiet som då hadde ei viktig stilling i arbeidarrørsla i Europa. Ved mange høve kritiserte dei skarpt det tyske partiet av di det gjekk inn på rotne kompromiss med opportunismen i jakta på «einskap».
I 1875 kritiserte dei Det tyske sosialdemokratiske partiet for det prinsipplause sambandet det oppretta med lassalleanarane, og for Gotha-programmet som kom ut av det. Marx peikte på at dette sambandet var «kjøpt for dyrt» og at Gotha-programmet var «eit tvers gjennom forkasteleg program som demoraliserer partiet».(3) Engels peikte på at det var «å bøya kne for lassalleanismen på vegne av heile det sosialistiske proletariatet i Tyskland», og la til: «Eg er overtydd om at eit samband på dette grunnlaget ikkje vil vara eitt år».(4)
Då Marx kritiserte Gotha-programmet, la han fram det velkjende prinsippet at marxistar «kan ikkje kjøpslå med prinsipp».(5)
Seinare kritiserte Marx og Engels atter leiarane i det tyske partiet skarpt av di dei fann seg i den verksemda opportunistane dreiv innanfor partiet. Marx sa at desse opportunistane prøvde å «byta ut det materialistiske grunnlaget til partiet … med moderne mytologi med gudinnene Rettferd, Fridom, Likskap og Brorskap»(6) og at dette vart «å vulgarisera partiet og teorien»(7). I «rundskrivet» Marx og Engels sende til leiarane i det tyske partiet, skreiv dei:
«I nesten førti år har vi understreka at klassestriden er den krafta som beinveges driv soga frametter, og særleg då klassestriden mellom borgarskap og proletariat, av di dei er den store lyftestonga for den moderne samfunnsrevolusjonen. Difor er det uråd for oss å samarbeida med folk som vil utradera denne klassestriden frå rørsla».(8)
Den andre internasjonalen vart skipa under påverknad frå Engels i 1889, og fanst i ei tid då kapitalismen utvikla seg «fredeleg». Medan marxismen vart vidt utbreidd og Det kommunistiske manifestet vart det sams programmet for titals millionar arbeidarar alle stader i denne tidbolken, tilbad sosialistpartia i mange land blindt den borgarlege legaliteten i staden for å gjera seg nytte av han. Slik vart dei legalistar og opna slusene for opportunismen.
Såleis vart den internasjonale arbeidarrørsla på den tida Den andre internasjonalen fanst, delt i to hovudgrupper, dei revolusjonære marxistane og dei liksom-marxistiske opportunistane.
Engels førte uforsonleg strid mot opportunistane. Han viste særleg skarpt attende dei falske teoriane deira om fredeleg utvikling frå kapitalisme til sosialisme. Om dei opportunistane som framstilte seg som marxistar, sa han at Marx «ville ha teke opp att til desse herrane det Heine sa om dei som etterapa han: Eg sådde drakar, men hausta lopper».(9)
Etter at Engels døydde i 1895 kom desse loppene fram i lyset, og gjekk ope og systematisk inn for å revidera marxismen og litt etter litt tok dei over leiinga i Den andre internasjonalen.
Som den mest framståande revolusjonære i den internasjonale arbeidarrørsla etter Engels, tok den store Lenin på seg det tunge ansvaret med å forsvara marxismen og gå mot revisjonismen til Den andre internasjonalen.
Då revisjonistane i Den andre internasjonalen hylte opp om at marxismen var «ufullstendig» og «gammaldags», sa Lenin alvorsamt frå om at «vi byggjer synet vårt fullt og heilt på den marxistiske teorien» av di revolusjonær teori «sameiner alle sosialistar».(10)
Framfor alt kjempa Lenin for å skapa eit marxistisk parti i Russland. For å kunna byggja eit parti av det nye slaget, eit parti som skilde seg grunnleggjande frå opportunistpartia i Den andre internasjonalen, førte han kompromisslaus strid mot dei ulike anti-marxistiske fraksjonane i Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet.
På same måten som i dei andre partia i Den andre internasjonalen fanst det i Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet både ei revolusjonær og ei opportunistisk gruppe. Bolsjevikane, med Lenin i leiinga, utgjorde den revolusjonære gruppa og mensjevikane den opportunistiske.
Med Lenin i leiinga førde bolsjevikane langvarige teoretiske og politiske stridar mot mensjevikane for å verna einskapen i det proletariske partiet og halda rekkjene reine. I 1912 ekskluderte dei til slutt mensjevikane av di dei sto fast på opportunismen sin og kløyvingsverksemda si.
Alle opportunistfraksjonane skjelte ut Lenin i dei verste ordelag. Dei prøvde på alle tenkjelege vis å få stempla han som kløyvar. Trotsky slo seg saman med alle dei anti-leninistiske fraksjonane og reiste den «ikkje-fraksjonistiske» fana, og gjekk til ville åtak på bolsjevikpartiet og Lenin som han kalla «maktranar» og «kløyvingsmann». Lenin svarte at Trotsky, som ville gå for å vera «ikkje-fraksjonist», var «målsmann for ‘dei verste restane av fraksjonisme’»(11) og «dei verste kløyvingsmennene».(12)
Lenin sa det klårt:
«Einskap er ein stor ting og eit stort slagord. Men det arbeidarsaka treng er einskap mellom marxistar, og ikkje mellom marxistar og slike som går mot og forvrengjer marxismen».(13)
Striden Lenin førte mot mensjevikane fekk svært mykje å seia internasjonalt av di mensjevismen var ei russisk form og utgåve av revisjonismen til Den andre internasjonalen og vart støtta av revisjonistleiarane i Den andre internasjonalen.
Samstundes som Lenin stridde mot mensjevikane, førte han og ei rad stridar mot revisjonismen til Den andre internasjonalen.
Før fyrste verdskrigen kritiserte Lenin revisjonistane i Den andre internasjonalen både teoretisk og politisk, og kjempa mot dei andlet til andlet på kongressane i Stuttgart og København.
Då den fyrste verdskrigen braut ut, sveik leiarane i Den andre internasjonalen proletariatet heilt ope. Dei tente interessene til imperialistane, og bad difor proletarane i ulike land om å slakta kvarandre. Dette førte til ei svært alvorleg kløyving i det internasjonale proletariatet. Som Rosa Luxemburg sa det, gjorde revisjonistane det før så stolte slagordet «Arbeidarar i alle land, stå saman» om til eit kommando ord på slagmarka: «Arbeidarar i alle land, slå kvarandre i hel!»(14)
Det sosialdemokratiske partiet i Tyskland, heimlandet til Marx, var på denne tida det sterkaste og det partiet som hadde mest makt i Den andre internasjonalen. Dei var dei fyrste til å ta parti for imperialistane i sitt eige land og vart såleis sjølve erkebrotsmannen når det galdt å kløyva den internasjonale arbeidarrørsla.
Ved dette kritiske vendepunktet steig Lenin fram for å kjempa med fast vilje for å forsvara einskapen i det internasjonale proletariatet.
I artikkelen sin «Oppgåvene til det revolusjonære sosialdemokratiet i krigen i Europa», som vart sendt ut i august 1914, kunngjorde Lenin at Den andre internasjonalen hadde brote saman, og han fordømte skarpt flesteparten av leiarane i han og særleg dei frå Det tyske sosialdemokratiske partiet, for at dei hadde svike sosialismen heilt ope.
I lys av den kjensgjerninga at revisjonistane i Den andre internasjonalen hadde gjort den løynde alliansen sin med borgarskapet om til ein open allianse og at dei hadde gjort kløyvinga i den internasjonale arbeidarrørsla uboteleg, slo Lenin fast:
«Det er uråd å gjennomføra dei oppgåvene sosialismen set i dag, det er uråd å få til verkeleg einskap mellom arbeidarar i alle land, dersom vi ikkje gjer eit endeleg brot med opportunismen og greier ut for massane at han uomgjengeleg kjem til å spela falitt.»(15)
Dette var grunnen til at Lenin gav fast støtte til dei marxistane som braut med opportunistane i mange europeiske land, og djervt oppmoda til at det skulle skipast ein tredje internasjonale som kunne setjast i staden for Den andre internasjonale som hadde spela falitt, med det for augo å byggja opp att den revolusjonære einskapen i det internasjonale proletariatet.
Den tredje internasjonalen vart skipa i mars 1919. Han tok over det som var bra i Den andre internasjonalen og vraka det opportunistiske, sosialsjåvinistiske, borgarlege og småborgarlege søppelet i han. Slik gjorde han det mogeleg at den revolusjonære saka til det internasjonale proletariatet kunne veksa både i breidde og djupn.
Lenin sin teori og praksis førte marxismen til eit nytt utviklingssteg — det leninistiske. Med grunnlag i marxismen-leninismen vart einskapen i det internasjonale proletariatet og i den internasjonale kommunistrørsla endå meir styrkt og utvida.
RØYNSLE OG LÆRDOMMAR
Kva syner utviklingssoga til den internasjonale kommunistrørsla?
For det fyrste syner ho at som alt anna har den internasjonale arbeidarrørsla ein tendens til å dela seg i to. Klassestriden mellom proletariat og borgarskap må spegla seg av i rekkjene til kommunistane. Det er ikkje til å unngå at det veks fram opportunisme av eitt eller anna slag ein eller annan gong i utviklinga til kommunistrørsla, at opportunistar driv med anti-marxist-leninistisk kløyvingsverksemd og at marxist-leninistar må føra strid mot opportunisme og kløyvingsverksemd. Det er nett gjennom denne striden mellom motsetnader at marxismen-leninismen og den internasjonale arbeidarrørsla har utvikla seg. Og det er og gjennom denne striden den internasjonale arbeidarrørsla har styrkt og grunnfesta einskapen på grunnlag av marxismen-leninismen.
Engels sa:
«Rørsla til proletariatet må med naudsyn gå gjennom ulike utviklingssteg. På kvart steg må ein kvitta seg med dei folka som sit fast der og ikkje blir med på den vidare gangen frametter. Berre dette er nok til å forklara kvifor «solidariteten mellom proletarane» i røynda alle stader kjem til uttrykk i ulike partigrupperingar som fører ein strid på liv og daude seg imellom …»(16)
Det var nett dette som hende. Kommunistforbundet, Den fyrste internasjonalen og Den andre internasjonalen var i opphavet einskaplege, men kløyvde seg så i to stridande partar. Kvar einaste gong førte den internasjonale striden med opportunismen og kløyvingsverksemd den internasjonale arbeidarrørsla frametter eit nytt steg og gjorde ho i stand til å smi ein fastare og breiare einskap på eit nytt grunnlag. Sigeren i Oktoberrevolusjonen og skipinga av Den tredje internasjonalen var dei største vinningane i striden mot revisjonismen og kløyvingsverksemda til Den andre internasjonalen.
Einskap, strid, og jamvel kløyving, og så ny einskap på eit nytt grunnlag — slik er dialektikken i utviklinga til den internasjonale arbeidarrørsla.
For det andre syner soga til den internasjonale kommunistrørsla at striden mellom dei som forsvarer einskapen og dei som skaper kløyving, i røynda er ein strid mellom marxismen-leninismen og opportunisme-revisjonisme, mellom dei som held marxismen oppe og dei som svik marxismen.
Det er einast på grunnlag av marxismen-leninismen det er råd å få til ekte proletarisk einskap. Dette gjeld både internasjonalt og i kvart einskild land.
Alle stader der opportunisme og revisjonisme står sterkt, både internasjonalt og i kvart einskild land, er det ikkje til å unngå at det vert kløyving i rekkjene til proletariatet. Når det vert kløyving i kommunistrørsla er grunnen alltid at det finst opportunistar og revisjonistar som går mot og svik marxismen-leninismen.
Kva er kløyvingsverksemd?
Det vil seia å bryta med marxismen-leninismen. Alle som går mot og svik marxismen-leninismen og undergrev grunnlaget for proletarisk einskap er kløyvingsmenn.
Det vil seia å bryta med det revolusjonære partiet til proletariatet. Alle som står fast ved ei revisjonistisk line og gjer det revolusjonære partiet til proletariatet om til eit reformistisk borgarleg parti er kløyvingsmenn.
Det vil seia å bryta med det revolusjonære proletariatet og dei breie massane av arbeidande folk. Alle som fylgjer eit program og ei line som går mot den revolusjonære viljen og dei grunnleggjande interessene til proletariatet og det arbeidande folket er kløyvingsmenn.
Lenin sa:
«Der fleirtalet av dei klassemedvitne arbeidarane har fylka seg rundt klåre og faste vedtak er det einskap i syn og handling»,(17) medan opportunisme «i røynda er kløyvingspolitikk av di han heilt utan skam går på tvers av viljen til fleirtalet av arbeidarane.»(18)
Kløyvingsverksemd tener borgarskapet og stettar trongen til borgarskapet av di ho bryt sund den proletariske einskapen. Borgarskapet har det som fast politikk å skapa kløyving i rekkjene til proletariatet. Den sleiskaste måten dei gjer det på er ved å kjøpa opp eller dyrka fram agentar innanfor rekkjene til proletariatet. Og agentar for borgarskapet er nett det opportunistar og revisjonistar er. Det dei vil er så langt frå å prøva å sameina proletariatet i striden mot borgarskapet, men tvertom å få proletariatet til å samarbeida med det. Det var det revisjonistane i Den andre internasjonalen, som til dømes Bernstein og Kautsky, gjorde. På ei tid då imperialistane var umåteleg redde for at proletariatet i alle land skulle sameina seg og venda den imperialistiske krigen til borgarkrigar, gjekk dei ut for å skapa kløyving i den internasjonale arbeidarrørsla og tala for samarbeid mellom proletariatet og borgarskapet.
Kløyvarane i rekkjene til kommunistane er dei som bryt med marxismen-leninismen, med det revolusjonære proletariske partiet og med det revolusjonære proletariatet og dei breie massane av arbeidande folk for å stetta trongen til borgarskapet, og dei held fram å vera kløyvarar sjølv om dei ei viss tid er i fleirtal eller har dei leiande verva.
I dagane til Den andre internasjonalen var revisjonistane, med Bernstein og Kautsky som målsmenn, i fleirtal. Marxistane, med Lenin som målsmann, var i mindretal. Likevel var det opplagt Bernstein og Kautsky og dei andre opportunistane som var kløyvingsmennene, og ikkje dei revolusjonære, som til dømes Lenin.
I 1904 var det mensjevikane som kløyvde, sjølv om dei hadde leiande verv som dei hadde tilrana seg i dei sentrale organa i Det russiske sosialdemokratiske partiet. Lenin peikte den gongen på at:
«Dei leiande sentra (hovudorganet, sentralkomiteen og rådet) har brote med partiet»,(19) og at «sentra har sett seg sjølve utanfor partiet. Det finst ikkje nokon mellomting — enten står du saman med sentra eller så står du saman med partiet.»(20) Stutt sagt er opportunisme og revisjonisme dei politiske og ideologiske røtene til kløyvingsverksemd. Og kløyvingsverksemd er det organisatoriske uttrykket for opportunisme og revisjonisme. Ein kan og seia at opportunisme og revisjonisme er både kløyvingsverksemd og sekterisme. Revisjonistane er dei største og verste kløyvingsmennene og sekteristane i kommunistrørsla.
For det tredje syner soga til den internasjonale kommunistrørsla at proletarisk einskap vert grunnfesta og utvikla gjennom strid mot opportunisme, revisjonisme og kløyvingsverksemd. Striden for einskap er uskiljeleg knytt til striden for prinsippa.
Den einskapen proletariatet treng er klasseeinskap, revolusjonær einskap, einskap mot den sams fienden og for det store målet — kommunismen. Det teoretiske og politiske grunnlaget for einskap i det internasjonale proletariatet er marxismen-leninismen. Det internasjonale proletariatet kan berre få til organisatorisk samhald og einskap i handling om det har teoretisk og politisk einskap.
Ekte revolusjonær einskap i proletariatet kan ein berre få til gjennom å halda fast på prinsippa og halda fast ved marxismen-leninismen. Den einskapen ein kjøper gjennom å gje slepp på prinsippa og gjennom å velta seg i søla saman med opportunistane sluttar å vera proletarisk einskap. I staden vil det, som Lenin sa det:
«… i praksis seia einskap mellom proletariatet og det nasjonale borgarskapet og kløyving i det internasjonale proletariatet, einskap mellom lakeiar og kløyving mellom dei revolusjonære.»(21)
Han peikte på at «ettersom borgarskapet ikkje vil døy før det vert velta», vil heller ikkje den opportunistiske retninga borgarskapet har kjøpt og betalt og støttar «døy før ho vert ‘slegen i hel’, dvs. velta, og fråteken all innverknad i det sosialistiske proletariatet». Difor er det naudsynt å føra «nådelaus strid mot den opportunistiske retninga».(22)
Andsynes utfordringa frå opportunistane og revisjonistane som ope kløyver den internasjonale kommunistrørsla må marxist-leninistane ikkje gjera kompromiss i prinsippsaker, men kjempa viljefast mot denne kløyvingsverksemda. Denne ordren frå Marx, Engels og Lenin er overmåte verdfull og samstundes den einaste rette måten å tryggja einskapen i den internasjonale kommunistrørsla på.
DEI STØRSTE KLØYVARANE I VÅR TID
Det som har hendt dei siste åra syner at leiarane i SUKP med Khrustsjov i brodden, har vorte dei viktigaste målsmennene for den moderne revisjonismen og samstundes dei størst kløyvingsmennene i den internasjonale kommunistrørsla.
Mellom det tjuande og det tjueandre landsmøtet i SUPK utvikla leiarane i SUKP eit heilskapleg revisjonistisk system. Dei la fram ei revisjonistisk line som går mot den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur. Kjernen i denne lina er «fredeleg samlivnad», «fredeleg kappestrid», «fredeleg overgang», «ein stat for heile folket» og «eit parti for heile folket». Dei har prøvt å tvinga denne revisjonistiske lina på alle systerpartia i byte for den sams lina til den internasjonale kommunistrørsla som vart fastlagt på møta mellom systerparti i 1957 og 1960. Og dei har gått til åtak på alle som står fast på den marxist-leninistiske lina og står mot den revisjonistiske lina deira.
Leiarane i SUKP har sjølve undergrave grunnlaget for einskapen i den internasjonale kommunistrørsla og skapt den alvorlege fåren det i dag er for kløyving ved å svika marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen og skuva fram si eiga revisjonistiske og kløyvande line.
Leiarane i SUKP arbeider så langt frå for å grunnfesta og utvida den sosialistiske leiren. Tvertom har dei freista å kløyva han og løysa han opp. På denne måten har dei laga ei røre av den strålande sosialistiske leiren.
Dei har brote prinsippa som styrer sambandet mellom systerparti slik dei er slegne fast i Fråsegna og Kunngjeringa. Dei har ført ein politikk som står for stormaktssjåvinisme og nasjonal egoisme andsynes sosialistiske systerland og såleis øydelagt einskapen i den sosialistiske leiren.
Dei har vilkårleg krenkt suvereniteten til systerlanda, blanda seg inn i dei indre tilhøva der, drive undergravingsverksemd og på alle vis streva for å vinna kontroll over systerland.
I namnet til «den internasjonale arbeidsdelinga» går leiarane i SUKP mot at systerland skal fylgja politikken med å byggja sosialismen med eige strev og utvikla økonomien sin på eit sjølvstendig grunnlag, og prøver å gjera dei til økonomiske underbruk av seg. Dei har prøvt å tvinga dei systerlanda som er etter måten tilbakeliggjande økonomisk til å gje opp industrialiseringa og verta råvarekjelder og marknader for dei overskotsprodukta dei har sjølve.
Leiarane i SUKP har ingen skruplar når dei skal setja den stormaktssjåvinistiske politikken sin ut i livet. Dei har stendig lagt politisk, økonomisk og jamvel militært press på systerland.
Leiarane i SUKP har ope oppmoda til at leiarane i partiet og regjeringa i Albania skal kastast og har brote alt økonomisk og diplomatisk samband med Albania tvert over. På tyrannisk vis har dei såleis teke frå Albania dei rettane som retteleg tilkjem landet som medlem i Warzawapakta og Comecon.
Leiarane i SUKP har brote pakta om venskap, allianse og gjensidig hjelp mellom Kina og Sovjet. Dei vedtok einsidig å dra attende 1390 Sovjet-ekspertar som arbeidde i Kina, å heva 343 kontraktar og tilleggskontraktar om bruk av ekspertar og avlysa 257 tiltak for vitskapleg og teknisk samarbeid. Attåt har dei ført ein restriktiv og diskriminerande handelspolitikk andsynes Kina. Dei har provosert fram samanstøytar på grensa mellom Kina og Sovjet og drive undergravingsverksemd i stor stil i Sinkiang. Meir enn ein gong har Khrusjtsjov gått så langt som å seia til leiande kameratar i sentralkomiteen i KKP at visse anti-partielement i Kinas Kommunistiske Parti var «gode vener» av han. Han har rost kinesiske anti-partielement for at dei har gått til åtak på generallina til partiet i Kina for sosialistisk oppbygging, det store spranget frametter og folkekommunane og sagt at framferda deira er «ein mann verdig».
Slike tiltak som forverrar tilhøva mellom statar så mykje er uvanlege, jamvel mellom kapitalistiske land. Men gong etter gong har leiarane i SUKP sett i verk slike sjokkerande og ytterleggåande tiltak mot sosialistiske systerland. Likevel held dei fram å skravla om å vera «trufaste mot den proletariske internasjonalismen». Vi vil gjerne spørja — finst det eit einaste korn av internasjonalisme i alt dette de har gjort?
Stormaktssjåvinismen og kløyvingsverksemda til leiarane i SUKP er like påfallande i framferda deira andsynes systerparti.
Etter det tjuande landsmøtet i SUKP har leiarane i dette partiet under påskot av å «nedkjempa persondyrkinga», prøvt å få skifta ut leiinga i andre systerparti slik at denne kom i samsvar med deira eigen vilje. Fram til dag har dei stått hardt på at «å nedkjempa persondyrkinga» er ein føresetnad for at det skal verta einskap att og eit «prinsipp» som er «bindande for alle kommunistparti».(23)
I strid med prinsippa for tilhøvet mellom systerparti som er slegne fast i Fråsegna og Kunngjeringa, ser leiarane i SUKP bort frå at systerpartia er likeverdige og sjølvstendige. Dei står hardt på å få skipa eit slags føydalt patriarkalsk herredømme over den internasjonale kommunistrørsla og gjera tilhøvet mellom systerpartia om til eit tilhøve mellom ein patriarkalsk far og sønene hans. Khrusjtsjov har meir enn ein gong skildra eit systerparti som ein «dum gutunge» og kalla seg sjølv «mor» hans.(24) Med eit slik sjølvgodt bilete av sin eigen person, eig han ikkje skamkjensle i det heile.
Leiarane i SUKP bryr seg i det heile ikkje om prinsippet om å få til full semje gjennom rådføring mellom systerparti, og har gjort det til vane å gjera diktatoriske vedtak og kommandera andre fram og tilbake. Dei har utan omsyn brote fellesavtalar med systerparti, teke eigenrådige avgjerder i viktige saker som vedgår alle systerpartia og tvinga på dei kjensgjerningar som ikkje let seg endra.
Leiarane i SUKP har krenkt prinsippet om at usemje mellom systerparti bør løysast gjennom at partia rådfører seg med kvarandre. Fyrst brukte dei sitt eige partilandsmøte og så landsmøta til andre systerparti som talarstolar for offentlege åtak i stor målestokk mot dei systerpartia som held stødig fast ved marxismen-leninismen.
Leiarane i SUKP ser på systerpartia som brikker på det diplomatiske sjakkbrettet sitt. Khrusjtsjov spelar fort og gale, er glad og lei seg om kvarandre, seier eitt den eine dagen og noko anna den neste, og likevel krev han at systerpartia skal dansa etter hans pipe utan å vita korkje det eine eller andre.
Leiarane i SUKP har skapt bråk og kløyving i mange kommunistparti gjennom å oppmoda dei som er tilhengjarar av den revisjonistiske lina deira til å gå til åtak på leiinga i desse partia, til å rana til seg leiande stillingar, forfylgja marxist-leninistane og jamvel ekskludera dei frå partiet. Denne kløyvingspolitikken til leiarane i SUKP har vore opphavet til organisatorisk kløyving i systerparti i mange kapitalistiske land.
Leiarane i SUKP har gjort tidsskriftet Spørsmål om fred og sosialisme, som frå fyrsten var eit sams tidsskrift for systerpartia, om til ein reiskap til å spreia revisjonisme, sekterisme og kløyvingspolitikk og til å gå til ville åtak på marxist-leninistiske systerparti. Dette er eit brot på den avtalen ein kom fram til på skipingsmøtet for tidsskriftet.
Attåt dette tvingar dei den revisjonistiske lina si på dei internasjonale demokratiske organisasjonane, endrar den rette lina desse organisasjonane har hatt og prøver å skapa kløyving i dei.
Leiarane i SUKP har snudd heilt opp ned på kven som er vener og kven som er fiendar. Dei har retta brodden i striden mot marxist-leninistiske systerparti og land i staden for å retta han mot USA-imperialismen og ærendssveinane hans, slik det skulle vera.
Leiarane i SUKP er fastrådde på å få til samarbeid mellom Sovjet og USA for å verta herrar over verda. Dei ser på USA-imperialismen, den verste fienden til folka i verda, som den mest trugne venen dei har, medan dei ter seg mot systerparti og land som held seg til marxismen-leninismen som fiendar. Dei samansverjer seg med USA-imperialismen, dei reaksjonære i ulike land, renegatklikken til Tito og høgresosialdemokratane i eit samband som rettar seg mot dei sosialistiske systerlanda, systerpartia, marxist-leninistane og dei revolusjonære i alle land.
Når leiarane i SUKP får eit halmstrå frå Eisenhower eller Kennedy eller andre av same slaget, eller dei trur at no går det fint for dei, vert dei frå seg av glede, slår vilt om seg mot systerpartia og land som held fast ved marxismen-leninismen, og freistar å ofra systerparti og land på alteret for den politiske kjøpslåinga dei driv med USA-imperialismen.
Når den range politikken deira kjem til kort og dei kjem ut i vanskar, vert leiarane i SUKP sintare og meir raude i fjeset enn nokon gong før, og slår atter vilt om seg mot systerparti og land som held fast ved marxismen-leninismen, og prøver å gjera andre til syndebukkar for sine eigne feil.
Desse kjensgjerningane syner at leiarane i SUKP har valt å svika den proletariske internasjonalismen fullt og heilt, stikk i strid med interessene til det sovjetiske folket, den sosialistiske leiren og den internasjonale kommunistrørsla og interessene til alle revolusjonære folk.
Desse kjensgjerningane syner klårt at leiarane i SUKP set sin eigen revisjonisme opp mot marxismen-leninismen, at dei set sin eigen stormaktssjåvinisme og nasjonale egoisme opp mot proletarisk internasjonalisme, at dei set sin eigen sekterisme og kløyvingspolitikk opp mot den internasjonale einskapen i proletariatet. Såleis har leiarane i SUKP, på same viset som alle opportunistar og revisjonistar før dei, vorte dei som har skapt kløyving i mange systerparti, i den sosialistiske leiren og i heile den internasjonale kommunistrørsla.
Revisjonismen og kløyvingspolitikken til leiarane i SUKP er ein større fåre enn det andre opportunistar og kløyvingsmenn har vore, enten det er før eller no. Som alle veit kjem denne revisjonismen frå SUKP det partiet Lenin skapte og det partiet som har stått høgst i ære mellom alle kommunistparti, og frå Sovjetunionen — det fyrste sosialistiske landet.
I mange år har marxist-leninistar og revolusjonære folk verda over hatt stor vyrdnad for SUKP og sett på Sovjetunionen som baseområdet for verdsrevolusjonen og eit føredøme for striden. Og leiarane i SUKP har gjort seg nytte av alt dette — av vyrdnaden for det partiet Lenin skapte og vyrdnaden for det fyrste sosialistiske landet — til å dekkja over innhaldet i revisjonismen og kløyvingspolitikken sin og lura dei som enno ikkje kjenner sanninga. Desse framifrå meistrane i dobbelspel skrik «einskap, einskap» medan dei i røynda driv med kløyving. I ei viss mon har dei greidd å forvirra folk for ei tid. Den tradisjonelle tiltrua til SUKP og at dei ikkje kjenner kjensgjerningane har hindra ein heil del folk i å sjå revisjonismen og kløyvingsverksemda til leiarane i SUKP tidlegare.
Av di leiarane i SUKP har statsmakta i eit stort sosialistisk land som har innverknad over heile verda har den revisjonistiske kiøyvingslina deira gjort langt større skade for den internasjonale kommunistrørsla og den proletariske verdsrevolusjonen enn nokon opportunistar og kløyvingsmenn har greidd før dei.
Det kan seiast at leiarane i SUKP er dei største revisjonistane av dei alle og likeins dei største sekteristane og kløyvingsmennene ein kjenner frå soga.
Det er alt klårt at revisjonismen og kløyvingspolitikken til leiarane i SUKP har hjelpt mykje på når det gjeld å spreia ei revisjonistisk flodbylgje internasjonalt. Likeins har dei vore til umåteleg stor hjelp for imperialismen og dei reaksjonære i alle land.
Revisjonismen og kløyvingsverksemda til leiarane i SUKP er både eit resultat av at dei borgarlege elementa har fått veksa vilt innanfor Sovjetunionen og av imperialistisk politikk, og særleg politikken til USA-imperialismen med utpressing med atomvåpen og «fredeleg utvikling». Fylgja er at den revisjonistiske og kløyvande teorien og politikken deira ikkje berre stettar trongen til dei vidgreinte kapitalistkreftene heime, men og tarven til imperialismen. Likeins tener dei til å lamma den revolusjonære viljen og hindra den revolusjonære striden til folka i verda.
Ja, leiarane i SUKP har alt fått varm hylling og takk frå imperialismen og ærendssveinane hans.
USA-imperialistane rosar Khrusjtsjov særleg mykje for kløyvingsverksemda hans den internasjonale kommunistrørsla. Dei seier:
«Det ser ut til å vera klårt at Khrusjtsjov meiner det så alvorleg med ynskjet sitt om avspenning med Vesten at han er viljug til å ta vågnaden på ei kløyving for å få det til».(25) «Nikita Khrusjtsjov har ein gong for alle øydelagt den einskaplege blokka frå Stalin si tid. Det er kanskje den største tenesta Khrusjtsjov har gjort — ikkje for kommunismen, men for den vestlege verda.»26 «Vi bør vera takksame for at han har handtert tilhøvet til kinesarane så dårleg … Vi burde vera takksame for at han har skapt uorden i den internasjonale kommunismen gjenno ei rad sjølvgode og uventa tiltak.»(27)
Dei trur fullt og fast at Khrusjtsjov er «den beste sovjetiske statsministeren Vesten kan rekna med å få med å gjera… Vesten må no lata vera å gjera noko som kan svekkja stillinga hans endå meir».(28) Dei seier: «Administrasjonen er no overtydd om at USA bør gje Khrusjtsjov all mogeleg støtte i konflikten med Det raude Kina.»(29)
Trotskistane, som lenge har vore politisk konkurs, er mellom dei som roser leiarane i SUKP. Trotskistane stør leiarane i SUKP i slike grunnleggjande spørsmål som i synet på Stalin, på USA-imperialismen og på dei jugoslaviske revisjonistane. Dei seier:
«Situasjonen det tjuande landsmøtet i SUKP og endå meir det tjueandre, skapte, er framifrå for å atteroppliva rørsla vår innanfor arbeidarstatane.»(30) «Vi har førebudd oss på dette i meir enn 25 år. No må vi slå til, og slå til med styrke.»(31) «Når det gjeld Khrusjtsjov-retninga kjem vi til å gje henne kritisk støtte i striden ho fører mot dei meir konservative kreftene for av-stalinisering …».(32)
Berre tenk etter. Alle som er fiendar av revolusjonen gjev heilhjarta støtte til leiarane i SUKP. Grunnen er at dei har funne ut at dei talar same språk som leiarane i SUKP når det gjeld synet på marxismen-leninismen og verdsrevolusjonen. Likeins at den revisjonistiske kløyvingslina til leiarane i SUKP stettar den kontrarevolusjonære trongen til USA-imperialismen.
Som Lenin sa det: Borgarskapet skjønar at
«dei tilhengjarane av den opportunistiske retninga som er aktive i arbeidarrørsla er betre til å forsvara borgarskapet enn borgarskapet sjølv».(33)
Dei imperialistiske herrane og meistrane let med glede leiarane i SUKP få lov til å rydda vegen for øydelegging av den saka som er den proletariske verdsrevolusjonen.
Fyrst har leiarane i SUKP skapt ein alvorleg fåre for kløyving i den internasjonale kommunistrørsla, og no freistar dei å leggja skulda over på Kinas Kommunistiske Parti og andre marxist-leninistiske parti med å æreskjella dei og seia at dei er skuldige i «kløyvingsverksemd» og «sekterisme». Attåt har dei fabrikert ein haug med skuldingar mot dei.
Her meiner vi det er naudsynt å ta opp ein del av hovudankemåla deira og visa dei attende eitt etter eitt.
ATTENDEVISING AV KLAGEMÅLET OM AT VI ER ANTI-SOVJETISKE
Leiarane i SUP skuldar alle som står mot og kritiserer revisjonismen og kløyvingsverksemda deira for å vera anti-sovjetiske. Dette er eit skræmeleg klagemål, Å gå mot det fyrste sosialistiske landet i verda og det partiet Lenin skipa — noko så uforskamma!
Men vi vil rå leiarane i SUKP til å la era å skapa seg. Skuldinga om å vera anti-sovjetiske kan dei aldri få på oss.
Vi vil og rå leiarane i SUKP til ikkje å mista hovudet heilt. Skuldinga om å vera anti-sovjetiske kan aldri få marxist-leninistane til å teia.
Saman med alle andre kommunistar og revolusjonære over heile verda har vi kinesiske kommunistar alltid hatt ekte vyrdnad for og kjærleik til det store sovjetfolket, sovjetstaten og det sovjetiske kommunistpartiet. Det var folket i Sovjetunionen som, under leiinga av partiet til Lenin, tende den sigerrike fakkelen frå Oktoberrevolusjonen, som opna den ny tidsalderen i den proletariske verdsrevolusjonen og som marsjerte i brodden på vegen mot kommunismen i åra etter Oktoberrevolusjonen. Det var Sovjetunionens Kommunistiske Parti og sovjetstaten som, under leiing av Lenin og Stalin, fylgde ein marxist-leninistisk innanriks- og utanrikspolitikk, som vann uliknelege framgangar i den sosialistiske oppbygginga, som ytte det største tilskotet for at krigen mot fascismen skulle sigra og som gav internasjonalistisk støtte til dei revolusjonære stridane til proletariatet og det arbeidande folket i alle andre land.
Rett før Stalin døydde, sa han:
«… for å gje uttrykk for at dei høgaktar vågemotet og framgangane til partiet vårt. har målsmenn for systerpartia gjeve det namnet ‘sjokkbrigaden’ til den revolusjonære rørsla og arbeidarrørsla i verda. Med dette gav dei uttrykk for ei von om at framgangane ‘sjokkbrigaden’ hadde nådd skulle hjelpa til med å letta tilhøva for dei folka som lir under det kapitalistiske åket. Eg meiner at partiet vårt har gjort rett for denne vona…»(34)
Han hadde rett då han sa at sovjetpartiet som Lenin bygde hadde gjort rett for vonene til alle kommunistar. Partiet var verd den høgaktinga og støtta det vann frå alle systerpartia, irekna Kinas Kommunistiske Parti.
Men frå det tjuande landsmøtet har leiarane i SUKP, med Khrusjtsjov i brodden, sett i verk ville åtak på Stalin og gjeve seg ut på den revisjonistiske vegen. Er det råd å seia at dei har gjort rett for vonene til alle kommunistar? Nei, det er det ikkje.
I «Framlegg om generallina til den internasjonale kommunistrørsla» peikar sentralkomiteen i KKP på at det er eit sams krav frå folka i landa i den sosialistiske leiren og frå det internasjonale proletariatet og det arbeidande folket i verda at alle kommunistpartia i den sosialistiske leiren må:
1) Halda seg til den marxist-leninistiske lina og føra ein rett marxist-leninistisk innan- og utanrikspolitikk,
2) grunnfesta proletariatets diktatur og alliansen mellom arbeidarane og bøndene under leiing av proletariatet, og føra den sosialistiske revolusjonen vidare til målet på den økonomiske, politiske og ideologiske fronten,
3) fremja tiltak og skaparevne hjå dei breie massane, gjennomføra sosialistisk oppbygging etter ein viss plan, utvikla produksjonen, betra levekåra for folket og styrkja det nasjonale forsvaret,
4) styrkja einskapen i den sosialistiske leiren med grunnlag i marxismen-leninismen og støtta andre sosialistiske land med grunnlag i den proletariske internasjonalismen,
5) gå mot den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken og forsvara verdsfreden,
6) gå mot den anti-kommunistiske, anti-folkelege og kontra-revolusjonære politikken til dei reaksjonære i alle land, og
7) hjelpa den revolusjonære striden dei undertrykte klassane og nasjonane i verda fører.
Attåt dette seier det at kommunistpartia i den sosialistiske leiren «skuldar sitt eige folk og det internasjonale proletariatet og det arbeidande folket i verda å oppfylla desse krava».
Men leiarane i SUKP har i staden gått bort frå desse krava, skuffa systerpartia i vonene dei hadde og fylgt ei revisjonistisk kløyvarline. Dette er ikkje berre i strid med interessene til det internasjonale proletariatet og det arbeidande folket i verda, men og interessene til SUKP, sovjetstaten og sovjetfolket sjølv.
Det er ingen andre enn leiarane i SUKP» med Khrusjtsjov i brodden, som er anti-sovjetiske.
Leiarane i SUKP har fornekta Stalin fullt og heilt og utmåla det fyrste proletariatets diktatur og det fyrste sosialistiske systemet som mørkt og forferdeleg. Kva er dette om det ikke er anti-sovjetisme?
Leiarane i SUKP har kunngjort at proletariatets diktatur er avskaffa, endra den proletariske karakteren til SUKP og opna slusene for dei kapitalistiske kreftene i Sovjetunionen. Kva er dette, om det ikke er anti-sovjetisme?
Leiarane i SUKP freistar å få til samarbeid mellom USA og Sovjet og ter seg utrøyttande som ærendssveinar for USA-imperialismen. Såleis har dei vanæra den store Sovjetunionen. Kva er dette om det ikkje er anti-sovjetisme?
Leiarane i SUKP fører ein stormaktssjåvinistisk politikk og ter seg mot sosialistiske systerland som om desse var underbruk av dei. Såleis har dei skadd vyrdnaden for sovjetstaten. Kva er dette om det ikkje er anti-sovjetisme?
Leiarane i SUKP legg hindringar i vegen for og motarbeider dei revolusjonære stridane andre folk fører og orsakar imperialisme og nykolonialisme. Såleis har dei skitna til den strålande internasjonalistiske tradisjonen til Lenin sitt parti. Kva er dette om det ikkje er anti-sovjetisme?
Stutt sagt har det leiarane i SUKP har gjort ført stor skam over den store Sovjetunionen og SUKP, og skadd dei grunnleggjande interessene til det sovjetiske folket alvorleg. Dette er anti-sovjetisk åtferd tvers igjennom.
Under slike omstende må sjølvsagt Kinas Kommunistiske Parti og andre marxist-leninistiske parti og marxist-leninistar retta alvorleg kritikk mot den revisjonistiske kløyvarlina til leiarane i SUKP med det for augo å forsvara marxismen-leninismen så han vert halden rein, og forsvara einskapen i den internasjonale kommunistrørsla og halda fast ved prinsippet om proletarisk internasjonalisme. Det vi går mot er berre dei revisjonistiske og kløyvande feila til leiarane i SUKP. Og når vi gjer det er det for å forsvara det SUKP Lenin skapte og for å tryggja dei grunnleggjande interessane til Sovjetunionen, det fyrste sosialistiske landet, og til folket i Sovjetunionen. Korleis kan ein seia at dette er anti-sovjetisme?
Om ein forsvarar eller går mot Sovjetunionen spørst på om ein verkeleg forsvarar den marxist-leninistiske lina og prinsippet om proletarisk internasjonalisme eller ikkje, om ein verkeleg forsvarar dei grunnleggjande interessene til sovjetpartiet, sovjetstaten og sovjetfolket eller ikkje. Å kritisera leiarane i SUKP skarpt for revisjonismen og kløyvingspolitikken deira er å forsvara Sovjetunionen. På den andre sida er det å fylgja ei revisjonistisk og kløyvande line, slik leiarane i SUKP gjer, i røynda å motarbeida Sovjetunionen. Å apa etter denne galne lina eller bøya seg for ho er ikkje noko ekte forsvar av Sovjetunionen, men å hjelpa leiarane i SUKP med å skada dei grunnleggjande interessene til det sovjetiske folket.
Her bør vi minnast haldninga Lenin hadde til leiarane i Det tyske sosialdemokratiske partiet i dei fyrste åra i det tjuande århundret. Det tyske sosialdemokratiske partiet var då det største partiet og det som haddde mest innverknad i Den andre internasjonalen. Men så snart Lenin oppdaga opportunisme mellom leiarane i dette partiet, gjorde han det klårt for dei russiske sosialdemokratane at dei ikkje måtte sjå «dei minst rosverdige draga ved det tyske sosialdemokratiet som eit førebilete det var verd å ta etter».(35)
Han slo vidare fast:
«Vi må kritisera feila til dei tyske leiarane ope og uredd dersom vi ynskjer å vera trugne mot anden til Marx og hjelpa dei russiske sosialistane til å halda seg på høgde med oppgåvene som stiller seg i arbeidarrørsla i dag».(36)
I tråd med anden i oppmodinga frå Lenin, vil vi gjerne gje leiarane i SUKP fylgjande råd: Dersom de ikkje rettar opp dei revisjonistiske feila dykkar kjem vi til å halda fram å kritisera dykk «ope og uredd» i samsvar med interessene til SUKP sovjetstaten og sovjetfolket, og i samsvar med interessene til den sosialistiske leiren og den internasjonale kommunistrørsla og for skuld einskapen i dei.
ATTENDEVISING AV KLAGEMÅLET OM AT VI VIL RIVA TIL OSS LEIINGA
Leiarane i SUKP skuldar kritikken vår og motstanden vår mot den revisjonistiske og kløyvande lina deira for å vera hug til å «gripa leiinga».
Fyrst vil vi gjerne spyrja leiarane i SUKP: De seier at vi ynskjer å gripa leiinga. Frå kven? Kven har leiinga no? Finst det noko slikt i den internasjonale kommunistrørsla som ei leiing som spelar herre over alle systerpartia? Og er denne leiinga i dykkar hender?
Det ser ut til at leiarane i SUKP ser på seg sjølve som dei naturlege leiarane som kan gjera som dei var herrar over alle systerpartia. Ifylgje logikken deira, er programmet deira, resolusjonane deira og fråsegnene deira alt saman lytelause lover. Kvar utsegn og kvart ord Khrusjtsjov kjem med er som bodord frå paven, same kor range og meningslause dei er. Alle systerpartia må lytta til dei og lyda dei utan å mukka, og dei har absolutt forbod mot å kritisera eller gå mot dei. Dette er reint tyranni. Det er kort og godt ideologien til føydale einevaldsherrar.
Men då må vi fortelja leiarane i SUKP at den internasjonale kommunistrørsla ikkje er nokon føydal klikk. Stort eller lite, nytt eller gammalt, med makta eller utan, alle systerpartia er sjølvstendige og likeverdige. Aldri har noko møte mellom systerpartia eller noko av dei samrøystes vedtaka dei har gjort gitt nokon grunn til å tru at det finst overordna og underordna parti, at det finst eitt parti som har leiinga og andre parti som vert leidde, eitt parti som er far og andre parti som er søner, eller at leiarane i SUKP er overherrar over andre systerparti.
Soga til den revolusjonære proletariske rørsla i verda syner at det på grunn av den ujamne utviklinga i revolusjonen, på kvart steg i soga no er proletariatet og partiet til proletariatet i dette landet som går i brodden for rørsla, og no eit anna.
Marx og Engels peikte på at fagforeiningsrørsla i England og den politiske striden til den franske arbeidarklassen sto i brodden for den internasjonale proletariske rørsla etter tur. Etter at Pariskommunen lei nederlag sa Engels at «dei tyske arbeidarane er no plassert i fremste rekkje i den proletariske striden». Han sa vidare:
«Ein kan ikkje seia på førehand kor lenge hendingane vil la dei få sitja i denne æresstillinga … hovudpoenget er å tryggja den sanne internasjonale anden, den som ikkje lar patriotisk sjåvinisme få veksa fram og som med glede helsar velkomen kvar ny framgang for den proletariske rørsla, same kva for nasjon denne kjem i».(37)
I byrjinga av det tjuande hundreåret vann den russiske arbeidarklassen, som då sto i brodden for den internasjonale proletariske rørsla, siger i den proletariske revolusjonen for fyrste gong i soga.
Lenin sa i 1919:
«Førarskapen i den revolusjonære proletariske internasjonalen ligg for tida — men nok ikkje lenge, det treng ein knapt seia — hjå russarane, nett som han i ulike tidbolkar i det nittande hundreåret låg hjå engelskmennene, så hjå franskmennene og så hjå tyskarane».(38)
«Fortroppen» Engels viser til, eller «førarskapen» Lenin viser til tyder ikkje på nokon måte at det partiet som står i brodden for den internasjonale arbeidarrørsla kan kommandera andre systerparti slik det vil, eller at andre parti må lyda det. Då det tyske sosialdemokratiske partiet sto i brodden for rørsla, sa Engels at
«det har ikkje nokon rett til å tala i namnet åt det europeiske proletariatet, og særskilt ikkje nokon rett til å seia noko gale».(39) Då det russiske bolsjevikpartiet sto i brodden, sa Lenin:
«… sjølv om vi ser føre oss kvart steg i utviklinga i andre land, må vi ikkje koma med noko påbod frå Moskva».(40) Sjølv fortroppsstillinga som Engels og Lenin viser til, held seg ikkje uendra i lengre tid, men endrar seg i samsvar med endra vilkår. Det er ikkje dei subjektive ynskja til einskildpersonar eller parti som fører til ei slik endring, men dei vilkåra soga skaper. Dersom vilkåra endrar seg kan andre parti verta ståande i brodden for rørsla. Når eit parti som tidlegare sto i brodden går den revisjonistiske vegen, er det nøydd til å missa denne stillinga, same om det har vore det største partiet eller har hatt størst innverknad. Det tyske sosialdemokratiske partiet er eit døme på dette.
På ei viss tid i soga til den internasjonale kommunistrørsla var Den kommunistiske internasjonalen ei sentralisert leiing for kommunistpartia i verda. Han spela ei stor historisk rolle når det galdt å få skipa kommunistparti i mange land og få dei til å veksa. Men då kommunistpartia vaks til og situasjonen i den internasjonale kommunistrørsla vart meir innfløkt, var det ikkje lengre korkje gjennomførleg eller naudsynt å ha sentralisert leiing gjennom Den kommunistiske internasjonalen. I 1943 slo presidiet i eksekutivkomiteen i Den kommunistiske internasjonalen fast fylgjande i ein resolusjon som gjorde framlegg om å oppløysa Komintern:
«… etterkvart som den indre og likeins den internasjonale stoda til kvart land vart meir innfløkt, ville det verta heilt uråd å løysa problema til arbeidarrørsla i kvart land gjennom eitt eller anna slag internasjonalt sentrum».
Hendingane har synt at denne resolusjonen var i samsvar med røyndomen og var rett.
I den internasjonale kommunistrørsla av i dag reiser det seg rett og slett ikkje noko spørsmål om kven som har rett til å leia. Systerpartia må vera sjølvstendige og fullt ut likeverdige, og samstundes må dei stå saman. I spørsmål som vedgår dei alle bør dei verta heilt ut samde seg imellom gjennom å rådføra seg med kvarandre, og dei bør samarbeida handlingane sine i striden for det sams målet. Desse prinsippa for tilhøvet mellom systerparti er slegne klårt fast i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa.
Det er eit ope brot på desse prinsippa, slik dei er nedlagde i Fråsegna og Kunngjeringa, når leiarane i SUKP ser på seg sjølve som leiarar for den internasjonale kommunistrørsla og når dei ter seg mot systerpartia som om desse var deira underordna.
På grunn av ulik historisk bakgrunn står systerpartia rimeleg nok i ulike situasjonar. Dei partia som har vunne siger i revolusjonane sine skil seg frå dei som ikkje har gjort det enno, og dei som vann denne sigeren tidleg skil seg frå dei som har vunne han seinare. Men desse skilnadene vil berre seia at dei partia som har sigra, og særleg dei partia som sigra tidleg, må ta på seg eit større internasjonalistisk ansvar når det gjeld å støtta andre systerparti, og dei har på ingen måte nokon rett til å gjera seg til herrar over andre systerparti.
Sovjetunionens Kommunistiske Parti vart bygt av Lenin og Stalin. Det var det fyrste partiet som vann siger i den proletariske revolusjonen, som sette proletariatets diktatur ut i livet og som sette i gong sosialistisk oppbygging. Det var då berre logisk at SUKP skulle bera vidare den revolusjonære tradisjonen til Lenin og Stalin, ta på seg større ansvar når det gjeld å støtta systerparti og land og stilla seg i brodden for den internasjonale kommunistrørsla.
Med desse historiske tilhøva som utgangspunkt uttrykte Kinas Kommunistiske Parti ei ekte von om at Sovjetunionens Kommunistiske Parti skulle greia å leva opp til denne strålande historiske oppgåva. På Moskva-møtet mellom systerpartia i 1957 understreka sendelaget vårt at Sovjetunionen burde stå i brodden for den sosialistiske leiren. Grunnen var at leiarane i SUKP, trass i at dei hadde gjort ein del feil, til slutt godtok Moskva-Fråsegna som vart samrøystes vedteken av systerpartia. Framlegget vårt om Sovjetunionen burde stå i brodden for den sosialistiske leiren vart skrive inn i Fråsegna.
Vi meiner at det at nokon står i brodden ikkje står i motstrid til prinsippet om at systerpartia er likeverdige. Det vil ikkje seia at SUKP har nokon som helst slag rett til å kontrollera andre parti. Innhaldet i det er at SUKP har eit større ansvar og større pliktar på skuldrane sine.
Men leiarane i SUKP har ikkje vore nøgde med ei slik «leiar»-stilling. Khrusjtsjov klaga over ho ved mange høve. Han sa:
«Kva gjev ’i brodden’ oss materielt? Det gjev oss korkje mjølk eller honning, korkje poteter, grønsaker eller husvære. Kanskje gjev det oss noko moralsk? Ikkje det støv!»(41)
Seinare sa han: «Kva nytte har vi av ’å stå i brodden’? Til helvete med det! »(42)
Leiarane i SUKP seier at dei ikkje har noko ynskje om «å stå i brodden», men i praksis krev dei ein særrett til å vera herrar over alle systerpartia. Dei krev ikkje at dei sjølve skal stå i brodden i den internasjonale kommunistrørsla når det gjeld å fylgja den marxist-leninistiske lina og oppfylla den internasjonalistiske plikta si, men dei krev at alle systerpartia skal dansa etter deira pipe og fylgja dei på vegen med revisjonisme og kløyving.
Med å leggja ut på vegen med revisjonisme og kløyving ga leiarane i SUKP automatisk frå seg stillinga i «brodden» for den internasjonale kommunistrørsla. Dersom ordet «i brodden» skal nyttast på dei no, kan det berre tyda at dei står i brodden for revisjonistane og kløyvingsmennene.
Spørsmålet alle kommunistar og heile den kommunistiske verdsrørsla no står andsynes, er ikkje kven som er herrar over kven, men om ein skal stå fast på marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen eller om ein skal bøya kne for revisjonismen og kløyvingsverksemda til leiarane i SUKP. Når leiarane i SUKP spreiar slarv om at vi ynskjer å ta over leiinga, går dei i røynda inn for at alle systerpartia, irekna vårt, må bøya seg for den revisjonistiske kløyvande leiarskapen dei står for.
ATTENDEVISING AV SKULDINGA OM AT VI HINDRAR FLEIRTALSVILJEN OG BRYT DEN INTERNASJONALE DISIPLINEN
I åtaka leiarane i SUKP har sett i verk mot Kinas Kommunistiske Parti etter 1960, har dei oftast gripe til skuldinga om at vi «hindrar fleirtalsviljen» og «bryt den internasjonale disiplinen». La oss gå gjennom diskusjonen med dei i dette spørsmålet på ny.
På møtet i Bucuresti i juni 1960 gjekk leiarane i SUKP til eit overraskingsåtak på Kinas Kommunistiske Parti gjennom å spreia Informasjonsbrevet der dei gjekk til åtak på Kinas Kommunistiske Parti og prøvde å tvinga det til lydnad med å stilla opp eit fleirtal. Freistnaden deira vann ikkje fram. Men etter møtet hevda dei at mindretalet måtte underleggja seg fleirtalet i tilhøvet mellom systerparti. Dei kravde at KKP skulle respektera «synet og viljen som vart samrøystes uttrykt» på Bucuresti-møtet. Påskotet dei nytta var at sendemenn frå fleire sneis parti hadde gått mot synet til KKP.
Dette range argumentet vart vist attende av sentralkomiteen i KKP i det svarbrevet dei sende til Informasjonsbrevet frå sentralkomiteen i SUKP den 10. september 1960. Svarbrevet peikte på fylgjande:
«… når det er tale om dei grunnleggjande prinsippa i marxismen-leninismen kan ein ikkje i kvart tilfelle gå ut frå kven som er i fleirtal når ein skal dømma om kven som har rett og kven som tar feil. Trass alt, er sanning sanning. Ein kan ikkje få feil til å verta sanning berre gjennom at ein for tida er i fleirtal, heller ikkje kan ein få sanning til å verta feil av di nokon mellombels er i mindretal.»
Likevel tok sentralkomiteen i SUKP i brevet av 5. november 1960 opp att den falske ideen om at mindretalet må underleggja seg fleirtalet i den internasjonale kommunistrørsla. Dei siterte eit avsnitt frå Lenin sin artikkel «Dei ’sju’ i Dumaen», og kom med skuldingar mot KKP. Dei sa at
«den som ikkje vil visa vyrdnad for meininga til fleirtalet av systerpartia, går i røynda ut mot einskapen og solidariteten i den internasjonale kommunistrørsla.»
På Moskva-møtet mellom systerparti i 1960 viste sendelaget frå KKP endå ein gong attende denne falske ideen til leiarane i SUKP. KKP-sendelaget slo fast at det er heilt ut gale å nytta prinsippet om at mindretalet skal underordna seg fleirtalet på tilhøvet mellom systerparti under dei tilhøva som rår i dag, då det ikkje finst eller er ynskjeleg med sentralisert leiing av det slaget Komintern sto for. I eit parti må ein halda seg til prinsippet om at mindretalet må underordna seg fleirtalet og at dei lågare partiorganisasjonane må underordna seg dei høgre. Men dette prinsippet kan ikkje nyttast på tilhøvet mellom systerparti. I det sambandet systerpartia har med kvarandre held kvart systerparti på sjølvstendet sitt, samstundes som det står saman med alle dei andre. Her finst det ikkje noko slag tilhøve som skulle gjera at mindretalet måtte underordna seg fleirtalet og endå mindre noko tilhøve som skulle tilseia at lågare partiorganisasjonar skulle underordna seg eit høgre organ. Den einaste måten ein kan handtera problem som gjeld alle systerparti på, er å ha drøftingar og nå fram til samrøystes semje i samsvar med prinsippet om å rådføra seg.
Sendelaget frå KKP peikte på at sentralkomiteen i SUKP gjennom å hevda prinsippet om at mindretalet skulle underordna seg fleirtalet tydeleg nok hadde vraka prinsippet om å nå fram til full semje gjennom å rådføra seg med kvarandre. Sendelaget vårt spurde om fylgjande:
«Kva er det slag overparti-skipnad sentralkomiteen i SUKP byggjer på når dei hevdar eit slikt organisatorisk prinsipp? Når og kvar vedtok kommunist- og arbeidarpartia ein slik overparti-skipnad?»
Sendelaget frå KKP gjekk så over til å avsløra den svindelen sentralkomiteen i SUKP hadde gjort då dei med overlegg hadde utelate ordet «russisk» frå sitatet dei kom med frå Lenin sin artikkel «Dei ’sju’ i Dumaen». Det Lenin tok opp der var stoda i Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet. Målet med denne svindelen var å utvida prinsippet om at mindretalet må underordna seg fleirtalet, eit prinsipp som gjeld innanfor eit parti, til å gjelda tilhøvet mellom systerparti.
Sendelaget frå KKP slo vidare fast:
«… jamvel innanfor eit parti, der ein må halda seg til prinsippet om at mindretalet underordnar seg fleirtalet i organisasjonslivet, kan ein ikkje seia at det alltid er råd å skilja rett frå gale i spørsmål som gjeld ideologisk forståing gjennom å sjå på kva fleirtalet og kva mindretalet meiner. Det var faktisk nett i denne artikkelen ’Dei ’sju’ i Dumaen’ at Lenin fordømte dei vanvyrdelege handlingane til dei sju likvidatorane i partifraksjonen i Dumaen på det skarpaste. Dei utnytta at dei var i fleirtal med ein til å undertrykkja marxistane som var i mindretal. Lenin peikte på at sjølv om dei sju likvidatorane var i fleirtal kunne dei aldri verta målsmenn for den sameinte viljen, dei samsvarande resolusjonane og den sameinte taktikken til fleirtalet av dei framskridne og medvitne russiske arbeidarane som var organiserte på marxistisk vis. Difor var alle rop dei kom med om einskap rein hyklarskap. «Dei sju ikkje-parti-mennene ynskjer å svelga dei seks marxistane, og krev at dette skal kallast ‘einskap’.»(43) Han sa vidare at «det var nett desse seks marxistane i partifraksjonen i Dumaen som handla i samsvar med viljen til fleirtalet i proletariatet, og at ein berre kunne halda ved lag einskapen dersom desse sju utsendingane ‘sluttar med dampvegvalstaktikken sin’.»(44)
Sendelaget frå KKP sa vidare at det Lenin sa synte:
«… at jamvel innanfor ei partigruppe er det ikkje alltid fleirtalet som har rett, tvertom er det av og til slik at fleirtalet må ‘la vera å føra ein undertrykkingspolitikk’ dersom ein skal kunna ta vare på einskapen, og dette må særleg gjelda når det er tale om tilhøvet mellom systerparti. Kameratane i sentralkomiteen i SUKP siterte i farta eit avsnitt frå Lenin utan å ha forstått innhaldet i det skikkeleg. Dessutan utelet dei med vilje eit viktig ord. Og jamvel då greidde dei ikkje å nå målet dei hadde sett seg!».
Vi har sitert svært mykje frå ein tale sendelaget frå KKP heldt på Moskva-møtet i 1960. Dette har vi gjort for å syna at den absurde skuldinga frå leiarane i SUKP om at vi «hindrar fleirtalsviljen» vart vist heilt og fullt attende av oss for lenge sidan. Det er nett av di Kinas Kommunistiske Parti og andre marxist-leninistiske systerparti har gått hardnakka mot denne falske ideen at prinsippet om at ein bør nå full semje gjennom rådføring mellom systerpartia vart teke inn i 1960-Kunngjeringa.
Men likevel held framleis leiarane i SUKP fram med å ropa opp om at «mindretalet må underordna seg fleirtalet». Det kan berre tyda at dei ynskjer å fornekta den sjølvstendige og likeverdige statusen alle systerpartia har, og at dei ynskjer å kvitta seg med prinsippet om å nå full semje gjennom rådføring. Dei prøver å tvinga ein del systerparti til å underleggja seg sin vilje, og påskotet dei nyttar er dette med «fleirtalet». Så vil dei nytta denne falske overmakta dei har fått på dette viset til å gå til åtak på marxist-leninistiske systerparti. Sjølve det dei gjer er sekterisk og kløyvande og krenkjer Fråsegna og Kunngjeringa.
Dersom ein i dag skal snakka om internasjonal disiplin som skal binda alle kommunistparti, kan dette berre tyda at ein held seg til dei prinsippa for tilhøvet mellom systerparti som er nedlagde i Fråsegna og Kunngjeringa. Vi har lagt fram mange kjensgjerningar for å syna at leiarane i SUKP er dei som har krenkt desse prinsippa.
Dersom leiarane i SUKP står fast på å skilja «fleirtalet» frå «mindretalet», vil vi gjerne seia det rett ut til dei at vi ikkje godkjenner dette fleirtalet deira. Fleirtalet de byggjer på er falskt. Det verkelege fleirtalet står ikkje på dykkar side. Er det sant at dei medlemmene i systerpartia som held fast ved marxismen-leninismen er i mindretal i den internasjonale kommunistrørsla? De og fylgjesveinane dykkar har fjerna dykk heilt frå massane, så korleis kan den store massen av partimedlemmer og folk som er mot den range lina dykkar teljast med i dette fleirtalet dykkar?
Det grunnleggjande spørsmålet er: Kven er det som står saman med dei breie massane i folket? Kven er det som målber dei grunnleggjande interessene deira? Og kven er det som speglar att den revolusjonære viljen deira?
I 1916 sa Lenin fylgjande om stoda i Det tyske sosialdemokratiske partiet:
«Liebknecht og Rühle er berre to mot 108. Men desse to er målsmenn for millionar, den utbytta massen, det overveldande fleirtalet i folket, framtida for menneskeætta, revolusjonen som veks i styrke og mognar for kvar einaste dag som går. Dei 108 representerer derimot berre den servile anden til ei handfull borgarlege ærendssveinar innanfor proletariatet.»(45)
I dag ynskjer meir enn nitti prosent av folket i verda revolusjon, irekna dei som enno ikkje er, men som kjem til å bli politisk medvitne. Det verkelege fleirtalet er dei revolusjonære marxist-leninistane. Det er dei som er målsmenn for dei grunnleggjande interessene til folket, og ikkje denne handfullen revisjonistar som har svike desse interessene.
ATTENDEVISING AV SKULDINGA OM AT VI STØTTAR ANTI-PARTIGRUPPER I SYSTERPARTI
I det opne brevet kjem leiinga i SUKP med ei slarvete skulding om at «leiinga i KKP organiserer og stør ulike anti-parti-utbrytargrupper som motarbeider kommunistpartia i USA, Brasil, Italia, Belgia, Australia og India».
Kva er gjensgjerningane?
Kjensgjerninga er at kiøyvingane i visse kommunistparti dei siste åra for størstedelen har kome av at leiarane i SUKP har tvinga på dei den revisjonistiske kløyvande lina si.
Leiarane i visse kommunistparti har leidd den revolusjonære rørsla i landa sine på ville vegar og har gjort det slik at den revolusjonære saka har lidd alvorlig tap, enten det no er på grunn av at desse leiarane har godteke den revisjonistiske lina leiarane i SUKP har tvinga på dei eller om det er på grunn av at leiarane i SUKP har nørt opp under den revisjonistiske lina som alt fanst der. Gjennom å fylgja leiarane i SUKP og slå på stortromma for dei i striden mellom dei to linene i den internasjonale kommunistrørsla skadar dei einskapen i rørsla. Dette må føra til omfemnande misnøye innanfor partia deira og motstand og opposisjon frå marxist-leninistane i desse partia.
Fylgjesveinane til leiarane i SUKP apar etter den kløyvande politikken deira i partiet dei er med i. Dei krenkjer prinsippet om demokratisk sentralisme og forbyr normale interne partidiskusjonar om usemje når det gjeld partilina og dei viktigste problema den internasjonale kommunistrørsla står andsynes. Utan rettkomen grunn bannlyser dei, går til åtak på og jamvel ekskluderer dei kommunistar som held fast på prinsippa. Fylgja er sjølvsagt at striden mellom dei to linene innanfor partiet får ei særs skjerpa form.
Innhaldet i striden i desse kommunistpartia er om ein skal fylgja den marxist-leninistiske lina eller den revisjonistiske lina, og om ein skal gjera kommunistpartiet til ein verkeleg fortropp for proletariatet og til eit ekte revolusjonært proletarisk parti eller gjera det om til ein tenar for borgarskapet og ein variant av dei sosialdemokratiske partia.
I det opne brevet legg leiarane i SUKP fram eit forvrengt bilete av stridane i kommunistpartia i USA, Brasil, Italia, Belgia, Australia og India. Dei driv med umåteleg vondsinna baktaling av dei marxist-leninistane som har vorte bannlyste og utsette for åtak frå revisjonistgruppene i sine eigne parti.
Er det råd for leiarane i SUKP å løyna eller endra sanninga om stridane innanfor desse kommunistpartia med å kalla kvitt svart og svart kvitt? Nei. Det kan dei visseleg ikkje.
Ta til dømes striden innanfor det belgiske kommunistpartiet.
Det har lenge vore usemje innanfor det belgiske kommunistpartiet. Striden i partiet har vorte meir og meir skjerpt ettersom den opphavelege leiargruppa har sokke djupare og djupare ned i den revisjonistiske hengemyra og gått frå marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen.
Under det kontrarevolusjonære opprøret i Ungarn gjekk den revisjonistiske gruppa i det belgiske kommunistpartiet så langt som å sende ut ei fråsegn som fordømte Sovjetunionen for at dei hadde hjelpt det arbeidande folket i Ungarn med å slå ned opprøret.
Denne revisjonistgruppa gjekk mot den væpna motstanden folket i Kongo gjennomførte mot den blodige undertrykkinga til dei belgiske kolonialistane, og dei støtta USA-imperialismen då han gjorde seg nytte av FN til å blanda seg inn i og undertrykkja rørsla for nasjonalt sjølvstende i Kongo. Heilt skamlaust roste dei seg sjølve for å ha vore dei fyrste som hadde vendt seg til FN «med ynskje om at vedtaka til FN vart sette snøgt og fullstendig ut i livet».(46)
Ho lovprisa programmet til revisjonistklikken til Tito og sa at det «inneheld idear som gjer marxismen-leninismen rikare».(47)
Dei baksnakka 1960-Kunngjeringa og sa at innhaldet i ho var berre rot og at «det for kvar tjuande line er ei setning som motseier generallina i Kunngjeringa».(48)
Under storstreiken dei belgiske arbeidarane gjennomførte i slutten av 1960 og i byrjinga av 1961, undergrov denne revisjonistgruppa kampviljen til arbeidarane gjennom å fordømma motstanden dei gjorde mot politi- og gendarmeriundertrykkinga som «forhasta og uansvarlege handlingar».(49)
Andsynes eit slikt svik mot interessene til den belgiske arbeidarklassen og det internasjonale proletariatet, var det berre naturleg at dei belgiske marxist-leninistane med kamerat Jaques Grippa i brodden førte hard strid mot denne revisjonistgruppa. Dei har avslørt og avvist feila til revisjonistgruppa i partiet og har stått fast mot og motarbeidd den revisjonistiske lina til denne gruppa.
Såleis er det klårt at striden i det belgiske kommunistpartiet er ein strid mellom den marxist-leninistiske og den revisjonistiske lina.
Korleis har revisjonistgruppa i det belgiske kommunistpartiet takla denne interne partistriden? Dei har fylgt ein sekterisk og kløyvande politikk og nytta ulovlege middel for å gå til åtak på og bannlysa dei kommunistane som har halde fast på eit prinsippfast marxist-leninistisk standpunkt. På fjortande kongressen i det belgiske kommunistpartiet nekta dei Jaques Grippa og andre kameratar å få tala, og såg bort frå den vidtfemnande opposisjonen mellom medlemmene og kunngjorde at dei var ekskluderte utan nokon som helst rett til å gjera det.
Under desse tilhøva har dei belgiske marxist-leninistane, med Jaques Grippa i brodden halde fast ved den revolusjonære lina og kjempa med fast hand mot den revisjonistiske og kløyvande lina den opphavelege leiargruppa held seg til, og kjempa for å byggja opp att det belgiske kommunistpartiet. Er ikkje handlingane deira heilt ut rette og klanderfrie?
Med ope å stø den revisjonistiske gruppa i det belgiske partiet og oppmoda ho til å gå til åtak på og bannlysa belgiske marxist-leninistar, har leiarane i SUKP ganske enkelt avslørt seg som dei som skaper kløyving i systerparti.
Når det gjeld det indiske kommunistpartiet, er situasjonen endå alvorlegare.
Med grunnlag i rikelege mengder kjensgjerningar, peikte vi i «Ein spegel for revisjonistar», som vart trykt av redaksjonen i Renmin Ribao 9. mars 1963, på at renegatklikken med Dange som leiar hadde svike marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen, svike den revolusjonære saka til det indiske proletariatet og folket og lagt ut på vegen med nasjonalsjåvinisme og klassekapitulasjon. Denne klikken har rive til seg leiinga i det indiske kommunistpartiet og har, samsvar med viljen til dei indiske storkapitalistane og godseigarane, gjort partiet om til ein ærendssvein for Nehru-regjeringa, ei regjering som representerer desse interessene.
Kva har hendt med det indiske kommunistpartiet sidan den gongen?
No kan alle sjå at Dange-klikken framleis fylgjer svikarvegen. Han går framleis inn for klassesamarbeid og at det skal verta sosialisme i India gjennom at Nehru har regjeringa. Dei støtta aktivt Nehru-regjeringa sitt budsjett for opprusting og krigsførebuing, og tiltaka ho sette i verk for å flå folket. I august 1963 saboterte dei den store streiken ein million menneske i Bombay gjennomførde mot den nådelause skattleggingspolitikken til Nehru-regjeringa. Dei prøvde å stogga eit massemøte i Calcutta som kravde at fengsla kommunistar skulle gjevast fri og der 100 000 menneske tok del. Dei held fram med dei sanselause anti-kinesiske handlingane sine og stør den ekspansjonistiske politikken til Nehru. Dei fylgjer Nehru-regjeringa sin politikk med å selja seg til USA-imperialismen.
Ettersom renegatdraga til Dange og kompani vert avslørte, møter dei større og større opposisjon og motstand frå dei mange grunnplansmedlemmene i det indiske kommunistpartiet. Fleire dg fleire indiske kommunistar ser no klårt at Dange og kompani fører til undergang for det indiske kommunistpartiet og dei indiske nasjonane. Dei strir no for å få den strålande og militante revolusjonære tradisjonen til partiet på fote att. Dei er dei sanne målsmennene og den sanne vona til det indiske proletariatet og det indiske folket.
Leiarane i SUKP ropar opp om at Kinas Kommunistiske Parti støttar «fråfalne» og «renegatar», men det er dei sjølve som stør slike tvers igjennom fråfalne og renegatar som Dange og kompani.
Leiarane i SUKP fordømmer kommunistar i mange land som vågar å kjempa mot revisjonisme og kløyvingsverksemd som «fråfalne», «renegatar» og «anti-parti-element». Men kva er det desse kommunistane har gjort? Ikkje noko anna enn at dei har halde seg til marxismen-leninismen og stått hardt på å ha eit revolusjonært parti og ei revolusjonær line. Trur verkeleg leiarane i SUKP at skuldingane dei kjem med kan kua desse marxist-leninistane, få dei til å gje opp striden dei fører for den rette og mot den range lina, og hindra dei i å føra han til endes? Denne ynskjetenkinga kan aldri verta røyndom.
Alle stader og til alle tider har sanne revolusjonære, sanne proletariske revolusjonære stridsmenn, sanne marxist-leninistar (militante materialistar) vore uredde folk. Dei er ikkje redde for skuldingar frå reaksjonære og revisjonistar. Dei veit at det ikkje er slike tilsynelatande store kjemper som dei reaksjonære og revisjonistane, men slike «småfolk» som dei sjølve som representerer framtida. Alle store menn var ein gong ingenting. Men eig dei sanninga og har støtte frå massane kjem dei som i fyrstninga ser ut til å vera lite viktige heilt visst til å sigra til slutt. Dette galdt Lenin og Den tredje internasjonalen. På den andre sida kjem storkarane og dei store bataljonane heilt visst til å tapa styrke, gå nedanom og rotna bort dersom dei gir slepp på sanninga og såleis misser støtta frå massane. Dette var tilfelle med Bernstein, Kautsky og Den andre internasjonalen. Alt har ein tendens til å endra seg til si eiga motsetning under særskilde vilkår.
Kommunistar er folk som lagar revolusjon. Dersom dei nektar å laga revolusjon sluttar dei å vera marxist-leninistar og vert revisjonistar og slikt noko. Som marxist-leninistar må kommunistar heilt sjølvsagt halda seg til det revolusjonære standpunktet og gå mot revisjonismen. Likeins må eit marxist-leninistisk parti heilt sjølvsagt gje fast støtte til revolusjonære og kommunistar som går mot revisjonismen.
Kinas Kommunistiske Parti har aldri løynt kvar det står. Vi stør alle revolusjonære kameratar som held seg til marxismen-leninismen. I den internasjonale kommunistrørsla har vi samband med revisjonistar, kvifor kan vi då ikke ha samband med marxist-leninistar? Leiarane i SUKP seier at støtta vår til marxist-leninistar i andre land er kløyvarferd. Slik vi ser det er det ganske enkelt ein proietarisk-internasjonalistisk skyldnad som vi har plikt til å gjera rette for.
Marxist-leninistar er ikkje redde nokon vanskar eller tyranni. Dei held fast ved sanninga og vågar å kjempa. I alle land har dei synt den store revolusjonære anden kommunistiske stridsmenn har. Mellom desse heltemodige stridsmennene finn vi dei belgiske kommunistane representert ved Jaques Grippa og andre kameratar, dei brasilske kommunistane representert ved Joao Amazonas, Mauricio Grabois og andre kameratar, dei australske kommunistane representert ved E. F. Hill og andre kameratar, dei ceylonesiske kommunistane representert ved Premalal Kumarasiri, Nagalingam Sanmugathasan og andre kameratar, og dei mange marxist-leninistane både i og utanfor det indiske, italienske, franske, amerikanske og andre kommunistparti. Dei har ytt viktige tilskot til den sams saka til proletariatet i verda gjennom at dei har halde fast på den revolusjonære marxist-leninistiske teorien og gjennom å stå hardnakka fast på den revolusjonære lina som er i samsvar med dei grunnleggjande interessene til proletariatet og andre arbeidsfolk i landa sine. Dei fortener vyrdnad, godvilje og støtte frå alle som kjempar for at kommunismen skal sigra over heile verda.
Stutt sagt, kva enn slag land eller stad det gjeld, der det finst undertrykking finst det og motstand, der det er revisjonistar er det marxist-leninistar som kjempar mot dei, der marxist-leninistar vert ekskluderte frå partiet og det vert gjennomført andre kløyvartiltak, der veks det uomgjengeleg fram framståande marxist-leninistar og sterke revolusjonære parti. Det går føre seg omskifte som er i strid med vonene til dei moderne revisjonistane. Revisjonistane skaper sine eigne motsetningar, og vil til sist verta lagde i grava av dei. Dette er ei ufråvikeleg lov.
DEN OFFENTLEGE DEBATTEN I DAG
Når alt kjem til alt dreier den store debatten som går føre seg i den internasjonale kommunistrørsla for tida seg om ein skal halda seg til marxismen-leninismen eller til revisjonismen, om ein skal halda seg til den proletariske internasjonalismen eller til stormaktssjåvinisme, og om ein ynskjer einskap eller kløyving. Ordskiftet om grunnleggjande prinsipp tok til for lenge sidan, straks etter det tjuande landsmøtet i SUKP. Det gjekk føre seg i private samtalar mellom systerparti ei god stund før det vart offentleg for vel to år sidan.
Som alle veit var det leiarane i SUKP som fyrst provoserte fram og seinare kravde offentleg polemikk i den internasjonale kommunistrørsla.
På det tjueandre landsmøtet deira i oktober 1961 kom dei med offentlege åtak på Arbeidets Parti i Albania, I helsingstalen til dette landsmøtet tok Chou En-lai som var leiar for sendelaget til Kinas Kommunistiske Parti avstand frå denne handlinga til leiarane i SUKP. Han peikte på at dette ikkje kunne sjåast som uttrykk for ei verkeleg marxist-leninistisk haldning. Kva var svaret frå dei sovjetiske partileiarane? Dei sa ope ut at dei hadde «heilt rett»(50) og at dei sto for «det einaste rette og ekte marxist-leninistiske prinsippstandpunktet»(51) når dei sette i gong ein offentleg polemikk.
Så gjorde Arbeidarpartiet i Vietnam framlegg om at «partia skal gjera slutt på å gå til åtak på kvarandre i radio og presse» i januar 1962. Dette framlegget vart støtta av Kinas Kommunistiske Parti, Arbeidets Parti i Albania og andre systerparti. Men leiarane i SUKP nekta plent å binda seg endeleg til å gjera slutt på offentleg polemikk. Dei stogga slett ikkje med å gå til opne åtak på Arbeidets Parti i Albania, tvertom gjekk dei vidare til å setja i verk opne åtak på Kinas Kommunistiske Parti på fem påfylgjande kongressar til systerparti i Europa i slutten av 1962 og byrjinga av 1963. Med dette sette dei i gong ein ny runde med offentleg polemikk i ein endå større målestokk. Då hadde vi ikkje noko val. Vi måtte svara dei som gjekk til åtak på oss offentleg.
Sjølv om vi enno ikkje hadde svart på alle åtaka frå systerparti, slo sentralkomiteen i partiet vårt fast i eit svar til sentralkomiteen i SUKP i mars 1963 at for å skapa ein god atmosfære for dei planlagde samtalane mellom partia i Kina og Sovjet ville vi mellombels halda oss frå å koma med offentlege svar i pressa frå 9. mars, utan at vi med dette sa frå oss rettane våre. Men rett før samtalane skulle haldast gjekk leiarane i SUKP eit steg vidare ved at dei gjekk til opne åtak på Kinas Kommunistiske Parti med namns nemning i kunngjeringar og resolusjonar frå partiet deira.
Den fjortande juli, midt under samtalene mellom utsendingane frå det kinesiske og det sovjetiske partiet i Moskva, offentleggjorde sentralkomiteen i SUKP det opne brevet sitt til partiorganisasjonar og alle kommunistar i Sovjetunionen. I dette forvrengde dei kjensgjerningane, rota saman rett og gale, og kom med uomsveipte og demagogiske åtak og slarv om Kinas Kommunistiske Parti og kamerat Mao Tsetung. Såleis gjekk leiarane i SUKP endå eit steg vidare og provoserte fram open polemikk i endå større målestokk.
Frå 15. juli 1963 kom leiarane i SUKP med slarv og åtak som utropte Kina som fiende nummer ein. Dei nytta alle media dei hadde til rådvelde, som til dømes kunngjeringar frå regjeringa, talar ved leiarane, møte og artiklar, og sette heile propagandamaskineriet i gong, alt frå den sentrale og lokale pressa til radio- og fjernsynsstasjonane. Mellom 15. juli og 31. oktober trykte dei 26 sentrale avisene og tidsskrifta deira aleine 1119 redaksjonelle artiklar, leiarartiklar, kommentarar, signerte artiklar, lesarbrev og teikneseriar der dei gjekk til harde åtak på Kinas Kommunistiske Parti og leiarane i partiet, Mao Tse-tung, Liu Shao-chi, Chou En-lai og andre kameratar med namns nemning. Ufullstendige tal som er bygde på studiar av dei femten organa til republikkane i unionen syner at minst 728 liknande anti-kinesiske artiklar og oppslag vart trykte i lokalpressa i Sovjetunionen i same tidbolken.
Vi har trykt det viktigaste anti-kinesiske stoffet, irekna det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP. Det trykte vi uavkorta to gongar og kringkasta det til heile verda på meir enn eit dusin framande språk slik at dei som var interesserte i denne opne debatten skulle få høve til å gjera seg kjende med synet til leiarane i SUKP. Vi har ikkje trykt absolutt alle dei sovjetiske artiklane som kjem med åtak på Kina, ganske enkelt av di dei er så mange og i de fleste høve tek opp att det som står i dei andre, og av di pressa vår har avgrensa plass. Forlaga våre har samla alle desse artiklane og kjem til å trykke dei i bokform.
Sovjetsida har alt sendt ut nesten to tusen anti-kinesiske artiklar og andre oppslag. I samsvar med prinsippet om likeverd mellom alle systerpartia, har den kinesiske sida rett til å gje ut eit tilsvarande tal svar.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP rører ved mange spørsmål som har med ei rad grunnleggjande stridsspørsmål i marxismen-leninismen å gjera, og likeeins med mange viktige hendingar i den internasjonale kommunistrørsla dei siste sju-åtte åra. Etter grundige studiar tok så redaksjonane i Renmin Ribao og Hongqi til å trykkja ein serie kommentarar den 6. september 1963. Fram til i dag har vi berre trykt sju kommentarar til dette opne brevet, irekna denne.
Vi er enno ikkje ferdige med kommentarane våre. Når det gjeld den store mengda anti-kinesiske artiklar som er trykte i den sentrale og lokale pressa i Sovjetunionen, har vi ikkje ein gong teke til med å svara på dei.
I dei svara Khrusjtsjov gav til pressefolk den 25. oktober 1963 oppmoda han til stogg i den offentlege debatten. Seinare heldt Sovjet-pressa likevel fram med å trykkja artiklar som kom med åtak på Kina.
Nyst kom leiarane i SUKP endå ein gong med eit framlegg om å gjera slutt på den offentlege debatten. Dei sa han hadde «gjort umåteleg skade for den internasjonale kommunistrørsla». Tidlegare sa dei at offentleg polemikk var «til gagn for heile den kommunistiske verdsrørsla»(52) og «det einaste rette og ekte marxist-leninistiske prinsippstandpunktet».(53) Vi vil gjerne spørja leiarane i SUKP om fylgjande: Kva er det slag leik de driv med når de seier ein ting ein dag og noko anna den neste?
Vi vil og gjerne spørja leiarane i SUKP om fylgjande: Er det i samsvar med prinsippet om likeverd mellom systerpartia når de ber oss om å halda munn når vi har trykt mindre enn ti artiklar til svar på dei to tusen artiklane og oppslaga dykkar som kjem med åtak på Kina, og jamvel før vi er ferdige med å svara på det opne brevet dykkar? Er det samsvar med prinsippa for demokratisk diskusjon når de vert utolmodige og intolerante og nektar å høyra etter når vi berre har sagt litt medan de har snakka så mykje så lenge?
Vi vil og gjerne spørja leiarane i SUKP om fylgjande atter ein gong: Var det ikkje eit ope trugsmål og ein open freistnad på å skremma oss då de i kunngjeringa frå sovjetregjeringa 21. september 1963 så freidig sa at dersom kinesarane held fram polemikken «må dei vera fullt klåre over at dei kan venta seg eit svært viljefast motsvar frå SUKP og det sovjetiske folket dersom dei går denne vegen»? Trur de verkeleg at andre folk alltid må ly dykkar ordrar utan å mukka og skjelva når de brøler opp? For å vera heilt ærlege har vi heilt sidan 21. september venta spent på å sjå kva dette «viljefaste motsvaret» skulle vera.
Kameratar og vener! De tek feil, heilt ut feil.
No når den offentlege debatten er i gong, må han halda fram etter reglane. Dersom de meiner de har sagt nok bør de la den andre sida få rimeleg høve til å svara. Dersom de framleis tykkjer de har mykje å seia, så berre kom med alt saman. Men om de gjer det, så la den andre sida få seia alt dei har å seia og. Stutt sagt, det bør vera like rettar for alle. Har ikkje de og sagt at systerpartia er likeverdige? Kvifor står de då så hardt på at de skal kunna setja i gong offentleg polemikk når de har lyst til å koma med åtak på systerparti medan de samstundes vil ta frå dei partia som vert utsette for åtak på denne måten retten dei har til å koma med offentlege svar når de vil at polemikken skal ta slutt?
Leiarane i SUKP provoserte fram, utvida og sto hardt på offentleg polemikk. Då hadde dei ikkje nokon skruplar. Men no har dei teke til å ropa opp om at han må ta slutt. Kva ligg bak alt dette?
Det er tydeleg at utviklinga ikkje har gått etter vonene til dei som sette i gong denne polemikken. Den offentlege debatten som leiarane i SUKP fyrst trudde skulle vera til gagn for dei, utviklar seg i strid med det dei ynskjer. Sanninga er ikkje på SUKP-leiarane si side og difor må dei byggja åtaka sine på andre på lygner, baktaling, forvrenging av kjensgjerningar og samanroting av rett og gale. Når ordskiftet utviklar seg og det vert naudsynt å koma med kjensgjerningar og greia ut sakene kjenner dei at bakken glir bort under føtene deira og då vert dei redde.
Lenin sa ein gong at for revisjonistar «finst det ikkje noko meir utriveleg, uynskt, utolande enn at usemja i dei teoretiske, programmatiske, taktiske og organisatoriske spørsmåla som er oppe vert utgreidd».(54)
Det er nett slik stoda er for leiarane i SUKP no.
Synet til Kinas Kommunistiske Parti på offentleg polemikk er kjent for alle. Heilt frå starten har vi meint at usemje mellom systerparti skulle løysast gjennom private samtalar. Vi korkje ynskte eller provoserte fram den offentlege polemikken.
Men sidan den offentlege debatten alt er i gong og sidan leiarane i SUKP har sagt at å føra denne polemikken er å «handla slik Lenin gjorde»(55), må han førast som ein demokratisk diskusjon gjennom at ein legg fram kjensgjerningar og greier ut sakene heilt til alt er klåriagt.
Endå viktigare er det at sidan leiarane i SUKP ope har svike marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen og rive Fråsegna og Kunngjeringa i filler, kan dei ikkje venta at vi skal halda oss frå å forsvara marxismen-leninismen, den proletariske internasjonalismen og dei revolusjonære prinsippa i Fråsegna og Kunngjeringa. Sidan debatten gjeld store prinsippspørsmål i den internasjonale kommunistrørsla må dei klårleggjast fullt ut. Dette er og eit uttrykk for ei ekte marxist-leninistisk haldning.
Kjernen i saka er at usemja som finst i den internasjonale kommunistrørsla går mellom marxismen-leninismen og revisjonismen og mellom proletarisk internasjonalisme og stormaktssjåvinisme. Ei slik usemje om store prinsippspørsmål kan ikkje løysast på ein grunnleggjande måte gjennom at ein stoggar den offentlege debatten. Tvertom er det berre gjennom offentleg debatt der ein legg fram kjensgjerningane og greier ut sakene at det kan verta råd å klårleggja sakene, skilja rett frå gale og tryggja og styrkja einskapen i den internasjonale kommunistrørsla med grunnlag i marxismen-leninismen og den proletarisk internasjonalismen.
Marxismen-leninismen er ein vitskap og vitskapen er ikkje redd debatt. Det som ikkje toler debatt er ikkje vitskap. Den store debatten som går føre seg den internasjonale kommunistrørsla i dag tvingar kommunistar, revolusjonære og revolusjonære folk i alle land til å bruka hovudet og tenkja over problem som gjeld revolusjonen i deira eige land og verdsrevolusjonen i samsvar med dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen. Gjennom denne store debatten vil folk læra å skilja mellom rett og gale og mellom ekte og uekte marxisme-leninisme. Gjennom denne store debatten kjem alle revolusjonære krefter i verda til å verta mobiliserte, og alle marxist-leninistar kjem til å verta herda ideologisk og politisk og vil læra å byggja saman marxismen-leninismen med konkret praksis i deira eige land på ein meir mogen måte enn før. Såleis kjem marxismen-leninismen utan tvil til å verta endå rikare, endå meir utvikla og lyft til nye høgder.
KORLEIS SKAL EINSKAPEN FORSVARAST OG STYRKJAST
Revisjonismen og stormaktssjåvinismen til leiarane i SUKP er eit trugsmål mot einskapen i den sosialistiske leiren og den internasjonale kommunistrørsla vi ikkje har sett maken til før. Gjennom å stå for revisjonisme og stormaktssjåvinisme går leiarane i SUKP inn for kløyving. Så lenge dette er det dei står for, arbeider dei i røynda for falsk einskap og kløyving i røyndomen same kor høgt dei ropar om «einskap» og kor mykje dei skuldar andre for å vera «kløyvarar» og «sekteristar».
Kinas Kommunistiske Parti, andre marxist-leninistiske parti og alle marxist-leninistar held fast ved marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen. Dette standpunktet er det einaste rette skal ein kunna forsvara og styrkja den ekte einskapen i den sosialistiske leiren og i den internasjonale kommunistrørsla.
Marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen er grunnlaget for denne einskapen. Det er berre på dette grunnlaget ein kan byggja einskapen mellom systerparti og land. Slik einskap er utenkjeleg dersom ein går bort frå dette grunnlaget. Å kjempa for marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen er å arbeida for einskap i den internasjonale kommunistrørsla. Å halda fast ved prinsippa og halda ved lag einskapen er uløyseleg knytt til kvarandre.
Dersom leiarane i SUKP verkeleg ynskjer einskap og ikkje berre lest som, bør dei halda seg lojalt til dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen og til den marxist-leninistiske læra om klasser og klassestrid, om staten og revolusjonen, og særleg om den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur. Det er heilt ut uløyveleg for dei å setja klassesamarbeid eller klassekapitulasjon i staden for klassestrid og sosialreformisme eller sosialpasifisme i staden for den proletariske revolusjonen eller avskaffa proletariatets diktatur, uansett kva påskot dei nyttar.
Dersom leiarane i SUKP verkeleg ynskjer einskap og ikkje berre lest som, bør dei halda seg strengt til dei revolusjonære prinsippa i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa. Dei kan ikkje på nokon måte setja sitt eige partiprogram i staden for det sams programmet systerpartia vart samrøystes samde om.
Dersom leiarane i SUKP verkeleg ynskjer einskap og ikke berre lest som, bør dei trekkja ei skarp grenseline mellom fiendar og kameratar og stå samen med alle sosialistiske land, alle marxist-leninistiske parti, proletariatet i heile verda, alle undertrykte folk og nasjonar og alle fredskjære land og folk for slik å kunna motarbeida USA-imperialismen, erkefienden til folka i verda, og ærendssveinane hans. Dei må aldri te seg mot fiendar som vener eller mot vener som fiendar, alliera seg med USA-imperialistane, dei reaksjonære i ulike land og renegatklikken til Tito mot systerland og parti og alle revolusjonære folk i ei fåfengd streving etter verdsherredøme gjennom samarbeid mellom USA og Sovjet.
Dersom leiarane i SUKP verkeleg ynskjer einskap og ikkje berre lest som, burde dei vera trugne mot den proletariske internasjonalismen og halda seg strengt til prinsippa for tilhøvet mellom systerparti og land slik dei er nedlagde i Fråsegna og Kunngjeringa. Dei kan ikkje på nokon måte få lov til å setja stormaktssjåvinisme og nasjonal egoisme i staden for desse prinsippa. Med andre ord bør dei:
Halda seg til prinsippet om solidaritet og aldri dra med seg eit visst tal systerparti for å gå til åtak på andre systerparti eller driva med sekterisk og kløyvande verksemd, halda seg til prinsippet om gjensidig støtte og gjensidig hjelp og aldri prøva å verta herrar over andre i namnet til denne hjelpa eller under påskot av den «internasjonale arbeidsdelinga», krenkja suvereniteten og interessene til systerland og motarbeida dei når dei vil byggja sosialismen gjennom å lita på eigne krefter,
halda seg til prinsippet om sjølvstende og likeverd og aldri setja seg sjølve over andre systerparti eller tvinga sitt eige partiprogram, si eiga partiline og sine eigne fråsegner på andre, — aldri blanda seg inn i dei indre tilhøva til systerparti og gjennomføra undergravingsverksemd under påskot av å «kjempa mot persondyrkinga», og aldri handsama systerparti som sin eigedom eller systerland som underbruk av seg, fylgja prinsippet om å nå fram til full semje gjennom rådføring og aldri tvinga gjennom den range lina til sitt eige parti i namnet til det såkalla fleirtalet eller nytta kongressane til sitt eige eller andre parti og slike former som resolusjonar, kunngjeringar og talar av leiarane til offentlege og uttalte åtak på andre systerparti, og i alle høve aldri utvida ideologisk usemje til å gjelda sambandet mellom statar.
Stutt sagt, dersom leiarane i SUKP verkeleg ynsker einskap i den sosialistiske leiren og i den internasjonale kommunistrørsla må dei bryta tvert med den revisjonistiske, stormaktssjåvinistiske og kløyvande lina si. Ein kan berre tryggja og styrkja einskapen i den sosialistiske leiren og i den internasjonale kommunistrørsla ved å vera trugen mot marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen og går mot den moderne revisjonismen og den moderne dogmatismen, stormaktssjåvinismen og andre former for borgarleg nasjonalisme, og likeins sekterisme og kløyvarverksemd, og at ein ikkje berre gjer det i ord, men og i handling. Dette er den einaste måten ein kan forsvara og styrkja einskapen på.
Som heilskap er stoda i verda svært god. Den internasjonale kommunistrørsla har vunne strålande sigrar og har såleis fått til ei grunnleggjande endring i den internasjonale balansen mellom klassekreftene. I dag vert den internasjonale kommunistrørsla utsett for harde åtak frå ein motstraum av revisjonisme og kløyvingsverksemd. Dette er ikkje i strid med lovene for den historiske utviklinga. Jamvel om det mellombels skaper vanskar for den internasjonale kommunistrørsla og ein del systerparti, er det bra at revisjonistane har synt korleis dei verkeleg er og at det har vorte ein strid mellom marxismen-leninismen og revisjonismen som fylgje av dette.
Marxismen-leninismen kjem utan tvil til framleis å syna at han har ungdommeleg livskraft og han kjem til å feia over heile verda. Den internasjonale kommunistrørsla kjem til å veksa seg sterkare og meir einskapleg på grunnlag av marxismen-leninismen og saka til det internasjonale proletariatet og verdsrevolusjonen til folket kjem til å vinna endå meir strålande sigrar. Den moderne revisjonismen kjem utan tvil til å spela falitt.
Vi vil gjerne rå leiarane i SUKP til å tenkja over sakene i fred og ro: kva kjem det til å føra til at de klengjer dykk fast til revisjonismen? Endå ein gong vil vi gjerne koma med ei openhjarta oppmoding til leiarane i SUKP: Vi vonar at de vert i stand til å venda attende til marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen, til dei revolusjonære prinsippa i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa og til prinsippa for tilhøvet mellom systerparti og land som er nedlagde i desse dokumenta. Då kan usemja fjernast og einskapen i den internasjonale kommunistrørsla og i den sosialistiske leiren og einskapen mellom Kina og Sovjetunionen styrkjast med grunnlag desse prinsippa.
Trass i den alvorlege usemja mellom oss og leiarane i SUKP har vi full tiltru til den store medlemsmassen i SUKP og det sovjetiske folket, som vaks opp under førarskapen til Lenin og Stalin. Som alltid kjem kommunistane og folket Kina til å slå ring om einskapen mellom Kina og Sovjetunionen utan å vakla, og grunnfesta og utvikla den djuprøtte venskapen mellom dei to folka våre.
Kommunistar i heile verda, samein dykk med grunnlag i marxismen-leninismen!
Noter:
1. «Engels til A. Bebel, 20. juni 1873». Marx Engels Verk, tysk utgåve, band 33, s. 588.
2. «Engels til A. Bebel, 20. juni 1873». Marx Engels Verk, tysk utgåve, band 33, s. 588.
3. «Marx til W. Bracke, 5. mai 1875», Marx Engels Verk, tysk utgåve, band 34, s. 138.
4. «Engels til A. Bebel, 18.—28. mars 1875», sjå Kritikk av Gotha-programmet, Forlaget Oktober 1977 s. 38.
5. «Marx til W. Bracke, 5. mai 1875», Marx Engels Verk, tysk utgåve, band 34, s. 138.
6. «Marx til F. A. Sorge, 19. oktober 1877». Marx Engels Verk, Tysk utgåve, band 34, s. 303.
7. «Marx til F. A. Sorge, 19. oktober 1877». Marx Engels Verk, tysk utgåve, band 34, s. 303.
8. «Marx og Engels til A. Bebel, W. Liebknecht, W. Brache og andre («rundskriv»), 17—18. september 1879.» Marx Engels Verk, tysk utgåve, band 34, s. 407.
9.«Brev frå Engels til Paul Lafargue, 27. oktober 1890», sitert i Marx og Engels om litteratur og kunst, Fr. utg., 1964, s. 258.
10. Lenin, «Programmet vårt», Samla verk, engelsk utgåve, band 4, s. 310.
11. Lenin, «Å øydeleggja einskapen under dekkje av rop om einskap», Utvalgte verker i 12 bind, norsk utgåve, Forlaget Oktober, band 5, s. 70.
12. Lenin, «Oppløysinga av ’augustblokka’», Samla verk, engelsk utgåve, band 20, s. 161.
13. Lenin, «Einskap», Samla verk, engelsk utgåve, band 20, s. 232.
14. «Enten—eller», Utvalde talar og skrifter av Rosa Luxemburg, tysk utgåve, Berlin 1951, band 2,s. 534.
15. Lenin, «Krigen og det russiske sosialdemokratiet», Utvalgte verker i 12 bind, norsk utgåve, Forlaget Oktober, band 6, s. 15.
16. «Engels til A. Bebel, 20. januar 1873», Marx Engels Verk, tysk utgåve, bd. 31, s. 588.
17. Lenin, «Å øydeleggja einskapen under dekkje av rop om einskap», Utvalgte verker i 12 bind, norsk utgåve, Forlaget Oktober, band 5, s. 78.
18. Lenin, «Å øydeleggja einskapen under dekkje av rop om einskap», Utvalgte verker i 12 bind, norsk utgåve, Forlaget Oktober, band 5, s. 78.
19. Lenin, «Brev til bolsjevikgruppa i Zurich», Samla verk, engelsk utgåve, band 8, s. 63.
20. Lenin, «Brev til bolsjevikgruppa i Zurich», Samla verk, engelsk utgåve, band 8, s. 64.
21. Lenin, «Den ærlege røysta til ein fransk sosialist», Samla verk, amerikansk utgåve, band 18, s. 329.
22. Lenin, «Den ærlege røysta til ein fransk sosialist», Samla verk, amerikansk utgåve, band 8, s. 329.
23. «For einskap og solidaritet i den internasjonale kommunistrørsla», leiarartikkel i Pravda, 6. desember 1963.
24. Sjå intervjuet Gardner Cowles, redaktøren i det amerikanske tidsskriftet Look, hadde med Khrusjtsjov, 20. april 1962. Dessuten meldinga Khrustsjov la fram for sesjonen i det øvste sovjet i SSSR, 12. desember 1962.
25. «Opningar for diplomati: Sprekker i blokkene», The Nation, 9. februar 1963.
26. «Moskva og Peking: Kor stor vert kløyvinga?», Newsweek, 26. mars 1962.
27. «Etter forbodet mot prøvesprengingar — har Khrusjtsjov vorte annleis?», US News and World Report, 30. september 1963.
28. «I USA ser ein no den kommunistiske einskapen som ein fortidsleivning», London Times, 17. januar 1962.
29. «Periskopet», Newsweek, 1 juli 1963.
30. «Den internasjonale situasjonen og oppgåvene våre», resolusjon vedteken på samlingskongressen til den såkalla fjerde internasjonalen til trotskistane i juni 1963, Den fjerde internasjonalen, engelsk utgåve, nr. 17. oktober—desember 1963, s.47
31. «Det nye stadiet i den russiske revolusjonen og krisa i stalinismen», resolusjon vedteken på eit møte i nasjonalkomiteen til det trotskistiske sosialistiske arbeidarpartiet i USA, 13—15. april 1956, Det tjuande landsmøtet (i SUKP) og verdstrotskismen, New Park Publications Ltd., London 1957, s. 36.
32. «Fylgjene av det tjueandre landsmøtet i SUKP», resolusjon vedteken av det internasjonale sekretariatet i den såkalla fjerde internasjonalen til trotskistane 5. desember 1961, Den fjerde internasjonalen, engelsk utgåve, nr. 14, vinterutgåve, 1961 —1962, s. 25.
33. Lenin, «Den internasjonale situasjonen og grunnoppgåvene til den kommunistiske internasjonalen», Samla verk, engelsk utgåve, band 31, s. 231.
34. Stalin, «Tale på det nittande landsmøtet til partiet,» 14. oktober 1952, norsk utgåve, Forlaget Oktober 1975, s.141.
35. Lenin, «Den internasjonale sosialistkongressen i Stuttgart», Samla verk, engelsk utgåve, band 13, s. 85.
36. Lenin, «Føreord til skriftet til Voinov (A. V. Lunakarskij) om synet til partiet på fagforeiningane», Samla verk, engelsk utgåve, band 13, s. 165.
37. Engels, «Føreord til Bondekrigane i Tyskland». Marx Engels, Verk, tysk utgåve band 18, s. 517.
38. Lenin, “The Third International and Its Place in History”, Verker i Utvalg, Moskva: Forlag for fremmedspråk, bd. 2, del 2, s. 203.
39. «Engels til A. Bebel, 18—28. mars 1875», Kritikk av Gothaprogrammet, Forlaget Oktober.
40. Lenin, «Melding om partiprogrammet, lagt fram på det åttande landsmøtet i Det russiske kommunistpartiet (bolsjevikane), Samla verk, engelsk utgåve, band 29, s. 175.
41. Khrusjtsjov, Tale på banketten som vart gjeven til ære for sendelaga til systerpartia i dei sosialistiske landa, 4. februar 1960.
42. Khrustsjov, Tale på møtet mellom utsendingane for tolv systerparti i Bucuresti, 24. juni 1960.
43. Lenin, «Dei ’sju’ i Dumaen», Samla verk, engelsk utgåve, band 19, s. 450.
44. Lenin, «Materiale om konflikten i den sosialdemokratiske gruppa i Dumaen», Samla verk, engelsk utgåve, band 19, s. 470.
45. Lenin, «Ope brev til Boris Souvarine», Samla verk, engelsk utgåve, band 23, s. 199.
46. Ernest Burnelle, intervju med ein journalist frå L’Humanite om Kongo-spørsmålet, Le Drapeau Rouge (Raude Fane), (organ for Det belgiske kommunistpartiet), 26. juli 1960.
47. «Det belgiske kommunistpartiet og kongressen til Kommunistforbundet i Jugoslavia», Le Drapeau Rouge, 22. april 1958.
48. Jean Blume, tale på den føderale kongressen i Brussel, 3. desember 1961 sitert av Jaques Grippa i «For marxist-leninistisk einskap i partiet og for marxist-leninistisk einskap i den internasjonale kommunistrørsla», Le Drapeau Rouge, 22. februar 1962.
49. Jean Blume, «For ein full og snøgg siger. To kommunistiske framlegg», Le Drapeau Rouge, 29. desember 1960.
50. Khrusjtsjov, Tale ved slutten av det tjueandre landsmøtet til SUKP, 27. oktober 1961, Dokument frå den 22. kongressen til Sovjetunionens Kommunistiske Parti, eng. utg., utgåve, Moskva s. 334.
51. «Fana for vår tidsalder», leiartikkel i Pravda, 21. februar 1962.
52. «Mot nye sigrar for kommunismen», redaksjonell artikkel i Kommunist, nr. 16 1961.
53. «Fana for vår tidsalder», redaksjonell artikkel i Pravda, 21. februar 1962.
54. Lenin, «Endå ein gong om det internasjonale sosialistbyrået og likvidatorane», Samla verk, engelsk utgåve, band 20, s. 54.
55. «Den historiske kongressen til det leninistiske partiet», leiar i Pravda, 4. november 1961.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.