Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 3. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1979. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Forsvararar av nykolonialismen
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Om den falske kommunismen til Khrusjtsjov og kva historiske lærdommar verda kan dra av han
Innhold
DEN PROLETARISKE REVOLUSJONEN OG REVISJONISMEN TIL KHRUSJTSJOV
Åttande kommentar til det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP
Av redaksjonen i Renmin Ribao (Folkets Dagblad) og Hongqi (Raude Fane)
(31. mars 1964)
Denne artikkelen skal ta føre seg det velkjende spørsmålet om «fredeleg overgang». Spørsmålet er vorte kjent og alle er vortne opptekne av det av di Khrusjtsjov reiste det på det tjueandre landsmøtet i SUKP og utvikla det til eit heilskapleg system i form av eit program på det tjueandre landsmøtet. Der sette han sitt eige revisjonistiske syn opp mot det marxist-leninistiske synet. Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP av 14. juli 1963 spela opp att med den same gamle melodien.
I soga til den internasjonale kommunistrørsla har sviket til revisjonistane mot marxismen og proletariatet alltid kome klårast til syne ved at dei har gått mot valdeleg revolusjon og proletariatets diktatur, og ved at dei har gått inn for fredeleg overgang frå kapitalisme til sosialisme. Slik er det med revisjonismen til Khrusjtsjov og. I dette spørsmålet er Khrusjtsjov ein læresvein av Browder og Tito, og likeins av Bernstein og Kautsky.
Etter den andre verdskrigen har vi vore vitne til at Browder-revisjonismen, Tito-revisjonismen og teorien om strukturreformer har vakse fram. Desse utgåvene av revisjonisme er lokale fenomen i den internasjonale kommunistrørsla. Men Khrusjtsjov-revisjonismen har vakse fram og vorte rådande i leiinga i SUKP. Han er eit allment og særs viktig spørsmål for den internasjonale kommunistrørsla, eit spørsmål som er livsviktig når det gjeld om heile den revolusjonære saka til det internasjonale proletariatet skal ha framgang eller li nederlag.
Dette er grunnen til at vi i denne artikkelen svarer revisjonistane meir rett ut enn vi har gjort før.
EIN LÆRESVEIN AV BERNSTEIN OG KAUTSKY
På det tjuande landsmøtet i SUKP gjorde Khrusjtsjov seg til talsmann for vegen med «fredeleg overgang», dvs. «overgang til sosialismen etter den parlamentariske vegen».(1) Denne er stikk i strid med den vegen Oktoberrevolusjonen følgde.
La oss granska den «parlamentariske vegen» Khrusjtsjov og likemennene hans byr fram.
Khrusjtsjov hevdar at proletariatet kan vinna eit trygt fleirtal parlamentet under det borgarlege diktaturet og under borgarlege vallover. Han seier at i kapitalistiske land «er arbeidarklassen i ei slik stilling at han kan sigra over dei reaksjonære kreftene som går mot interessene til folket. Han kan vinna eit trygt fleirtal i parlamentet gjennom å fylka rundt seg dei arbeidande bøndene, dei intellektuelle og alle dei patriotiske kreftene, og viljefast slå attende alle opportunistiske element som ikkje evnar å leggja av seg politikken med å gjera kompromiss med kapitalistane og godseigarane.»(2)
Khrusjtsjov hevdar at dersom proletariatet kan vinna fleirtal i parlamentet, vil det i seg sjølv vera det same som å gripa statsmakta og knusa det borgarlege statsmaskineriet. Han seier at «så framt det finst ei sterk revolusjonær rørsle i landet, vil det å vinna fleirtal i parlamentet og gjera det til eit organ for folkemakta, for arbeidarklassen, seia å knusa den militær-byråkratiske maskinen til borgarskapet og skipa ein ny proletarisk folkestat i parlamentarisk skapnad.(3)
Khrusjtsjov påstår at dersom proletariatet kan vinna eit trygt fleirtal i parlamentet, vil dette i seg sjølv gjera proletariatet i stand til å setja i verk ei sosialistisk omforming av samfunnet. Han seier at å vinna eit trygt fleirtal parlamentet «i ei rad kapitalistiske og tidlegare koloniland kunne skapa dei vilkåra som må til for at arbeidarklassen der skal kunna tryggja grunnleggjande samfunnsendringar».(4) Vidare,
… stoda i dag byr arbeidarklassen i ei rad kapitalistiske land eit verkeleg høve til å samla det store fleirtalet av folket under si leiing og til å tryggja at dei grunnleggjande produksjonsmidla vert overførte til folket.(5) Programmet til SUKP hevder at «jamvel før kapitalismen er velta, kan arbeidarklassen i mange land tvinga borgarskapet til å setja i verk tiltak som går ut over grensene for vanlege reformer».(6) Programmet slår jamvel fast at det under det borgarlege diktaturet er tenkjeleg at det i visse land oppstår ein situasjon der «borgarskapet finn det best… å gå med på at dei grunnleggjande produksjonsmidla vert kjøpte frå dei».(7)
Det er ikkje noko nytt ved det Khrusjtsjov byr fram. Det er rett og slett ei attgjeving av revisjonismen til Den andre internasjonalen, ei gjenoppliving av læra til Bernstein og Kautsky.
Dei viktigaste kjennemerka ved Bernstein sitt svik mot marxismen var at han gjekk inn for den legale parlamentariske vegen og mot valdeleg revolusjon, mot å knusa det gamle statsmaskineriet og mot proletariatets diktatur.
Bernstein meinte at kapitalismen kunne «veksa seg inn i sosialismen» på fredeleg vis. Han sa at det politiske systemet i det moderne borgarlege samfunnet «ikkje bør øydeleggjast, men berre utviklast vidare»,(8) og «gjennom å røysta, gjennom demonstrasjonar og liknande pressmiddel får vi no til reformer som ville ha kravt blodig revolusjon for hundre år sidan».(9)
Han hevda at den legale parlamentariske vegen var den einaste vegen fram til sosialisme. Han sa at dersom arbeidarklassen har «allmenn og likeverdig røysterett, har ein nådd det samfunnsprinsippet som er det grunnleggjande vilkåret for frigjering».(10)
Han påstod at «den dagen vil koma då han (arbeidarklassen) er vorten så stor i tal og så viktig for heile samfunnet at slottet til dei som. har makta, om ein så skal seia det, ikkje lenger vil kunna stå imot presset frå han og kjem til å bryta saman halvt av seg sjølv».(11)
Lenin sa:
«Bernsteinianarane godtok og godtek marxismen minus den beinveges revolusjonære sida hans. Dei ser ikkje på den parlamentariske striden som eitt av dei våpna som er særskilt høvelege for visse historiske tidbolkar, men som den viktigaste og nesten einaste forma for strid. Denne skulle så gjera ‘makt’, ‘gripa makta’, ‘diktatur’, uturvande.»(12)
Herr Kautsky var ein verdig arvtakar etter Bernstein. På same måten som Bernstein gjekk han aktivt inn for den parlamentariske vegen og mot valdeleg revolusjon og proletariatets diktatur. Han sa at under det borgarlege demokratiske systemet finst det «ikkje lenger noko rom for væpna strid for å løysa klassekonfliktar», (13) og at det «ville vera låtteleg … å preika valdeleg politisk omvelting».(14) Han gjekk til åtak på Lenin og bolsjevikpartiet og samanlikna dei med «ei utolmodig jordmor som brukar vald for å få ei gravid kvinne til å føda i den femte månaden i staden for i den niande».(15)
Kautsky var vonlaust nedsokken i parlamentarisk toskeskap. Han kom med denne velkjende utsegna:
«Målet for den politiske striden vår er no som før å vinna statsmakta gjennom å vinna fleirtal i parlamentet og gjera det om til herre over regjeringa.»(16)
Han sa og:
«Den parlamentariske republikken — med eit monarki på toppen av den engelske modellen, eller utan — er etter mitt syn det grunnlaget proletarisk diktatur og eit sosialistisk samfunn veks ut av. Ein slik republikk er ’framtidsstaten’ vi må streva mot.»(17)
Lenin kritiserte skarpt desse absurde påstandane til Kautsky.
Då Lenin fordømte Kautsky, sa han:
«Berre skurkar eller tomsingar kan tru at proletariatet må vinna fleirtal i val som vert sette i verk under borgarskapet sitt åk, under åket til lønsslaveriet, og at det skulle kunna vinna makta etterpå. Dette er toppen av toskeskap eller hykling. Det vil seia å setja røysting under det gamle systemet og den gamle makta i staden for klassekamp og revolusjon.»(18)
Lenin kommenterte skarpt at den parlamentariske vegen til Kautsky «ikkje er anna enn rein og simpel opportunisme. Det er å nekta for revolusjonen i gjerning, medan ein vedkjenner seg til han i ord.»(19) Han sa:
«Med å ‘tolka’ omgrepet ‘proletariatets revolusjonære diktatur’ på ein slik måte at han fjernar den revolusjonære valdsbruken til den undertrykte klassen mot undertrykkjarane, har Kautsky slege verdsrekorden når det gjeld liberal forvrenging av Marx.»(20)
Vi har sitert Khrusjtsjov, Bernstein og Kautsky og den kritikken Lenin retta mot desse to vyrde herrane såpass utførleg for å visa at revisjonismen til Khrusjtsjov rett og slett er moderne bernsteinianisme og kautskyianisme. På same måten som hjå Bernstein og Kautsky kjem sviket til Khrusjtsjov overfor marxismen klårast til syne gjennom motstand mot revolusjonær vald, gjennom det han gjer for å «viska bort den revolusjonære valden». I dette stykket har Kautsky og Bernstein no heilt klårt mist tittelen sin til Khrusjtsjov, som har sett ny verdsrekord. Khrusjtsjov er ein verdig læresvein av Bernstein og Kautsky, og no har han vorte flinkare enn læremeistrane sine.
VALDELEG REVOLUSJON ER EI ALLMENN LOV FOR DEN PROLETARISKE REVOLUSJONEN
Heile soga til arbeidarrørsla fortel oss at å godta eller ikkje godta valdeleg revolusjon som ei allmenn lov for den proletariske revolusjonen, at det er naudsynt å knusa den gamle statsmaskinen, at det er naudsynt å setja proletariatets diktatur i staden for borgarskapets diktatur, alltid har vore vass-skiljet mellom marxismen og all slags opportunisme og revisjonisme, mellom proletariske revolusjonære og alle renegatar frå proletariatet,
Ifylgje den grunnleggjande læra i marxismen-leninismen er spørsmålet om statsmakta nøkkelspørsmålet i alle revolusjonar. Og nøkkelspørsmålet i den proletariske revolusjonen er spørsmålet om å gripa statsmakta og knusa den borgarlege statsmaskinen med vald, skipa proletariatets diktatur og setja den proletariske staten i staden for den borgarlege.
Marxismen har alltid gjort det klårt at valdeleg revolusjon er uomgjengeleg. Han peikar på at valdeleg revolusjon er fødselshjelparen for det sosialistiske samfunnet, den einaste vegen å gå for å byta ut borgarskapets diktatur med proletariatets diktatur, og ei allmenn lov for den proletariske revolusjonen.
Marxismen lærer oss at staten sjølv er ei form for vald. Hovuddelane i statsmaskinen er hæren og politiet. Soga syner at alle herskande klassar lit på vald for å halda seg ved makta.
Proletariatet ville sjølvsagt helst vinna makta på fredeleg vis. Men soga gjev rikeleg med prov på at dei reaksjonære klassane aldri gjev slepp på makta friviljug, og at dei alltid er dei fyrste til å bruka vald for å halda nede den revolusjonære masserørsla og til å provosera fram borgarkrig. Slik set dei opp væpna strid på saklista.
Lenin har tala om «borgarkrig, og utan borgarkrig har enno ikkje ein einaste stor revolusjon i soga kome nokon veg, og ingen ærleg marxist kan tenkja sej overgangen frå kapitalisme til sosialisme utan han».(21)
Den borgarlege revolusjonen er med mellom dei store revolusjonane i soga som Lenin viser til. Den borgarlege revolusjonen er ein revolusjon der ein utbyttarklasse styrtar ein annan, og likevel kan han ikkje gjennomførast utan borgarkrig. Dette gjeld så endå mykje meir for den proletariske revolusjonen som er ein revolusjon for å fjerna alle utbyttarklassar og utbyttarsystem.
Med tanke på den kjensgjerninga at valdeleg revolusjon er ei allmenn lov for den proletariske revolusjonen, peikte Lenin gong på gong på at «mellom kapitalismen og sosialismen ligg det ein lang tidbolk med ‘fødseisvear’ — vald er alltid fødselshjelparen for det gamle samfunnet»,(22) at den borgarlege staten «kan ikkje bli etterfylgd av den proletariske staten (proletariatets diktatur) som ein allmenn regel, gjennom ein ‘bortvisnings’-prosess, men til vanleg berre ved ein valdeleg revolusjon»,(23) og «heile teorien til Marx og Engels kviler på at det er naudsynt å gjera massane systematisk heilt ut innforstått med dette og nett dette synet på valdeleg revolusjon».(24)
Stalin sa og at ein valdeleg proletarisk revolusjon og proletariatets diktatur er «eit uomgjengeleg og ufråvikeleg vilkår for å kunna gå framover mot sosialismen» i alle land der kapitalen har makta.(25)
Er det råd å gjennomføra ei radikal omskiping av den borgarlege ordninga utan valdeleg revolusjon, utan proletariatets diktatur? Stalin svarte:
«Det er klårt at det ikkje går an. Å tru at ein kan gjennomføra ein slik revolusjon på fredeleg vis, innanfor rammene av det borgarlege demokratiet som er tilpassa borgarskapets herredøme, det tyder anten at ein er gått frå vetet og har mista normale menneskelege omgrep, eller at ein grovt og ope fornektar den proletariske revolusjonen.»(26)
Kamerat Mao Tsetung bygde på den marxist-leninistiske teorien om valdeleg revolusjon og den nye røynsla frå den proletariske revolusjonen og den folkedemokratiske revolusjonen under leiing av proletariatet, då han la fram den velkjende læresetninga om at «politisk makt. veks ut av geværløpet».
Kamerat Mao Tsetung sa:
«… at revolusjonar og revolusjonære krigar ikkje er til å unngå i klassesamfunnet. Utan dette er det uråd å gjennomføra sprang i samfunnsutviklinga og styrta dei reaksjonære herskarklassane slik at folket kan ta den politiske makta.»(27)
Han slo fast:
«Den sentrale oppgåva for revolusjonen er å ta makta med våpen i hand, å avgjera spørsmålet med krig, og det er den høgaste forma for revolusjon. Dette marxist-leninistiske prinsippet for revolusjon gjeld over heile verda, for Kina og for alle andre
land.»(28)
Vidare slo han fast:
«Røynsler i klassekampen i imperialismens tidbolk lærer oss at arbeidarklassen og dei arbeidande massane berre kan slå det væpna borgarskapet og godseigarane med geværmakt. Slik sett; kan vi seia at verda berre kan formast om med våpen.»(29)
For å oppsummera; valdeleg revolusjon er ei allmenn lov for den proletariske revolusjonen. Dette er eit grunnleggjande prinsipp i marxismen-leninismen. Det er i dette umåteleg viktige spørsmålet Khrusjtsjov svik marxismen-leninismen.
STRIDEN VÅR MOT KHRUSJTSJOV-REVISJONISMEN
Då Khrusjtsjov fyrste gong gjorde seg til talsmann for «den parlamentariske vegen» på det tjuande landsmøtet i SUKP, såg Kinas Kommunistiske Parti på det som ein grov feil, som ei krenking av dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen, og som noko heilt ut forkasteleg.
Sidan revisjonismen til Khrusjtsjov framleis var på fødselsstadiet, og leiarane i SUKP enno ikkje hadde provosert fram open polemikk, let vi ei stund vera med å avsløra eller kritisera Khrusjtsjov offentleg for feilen med den «parlamentariske vegen». Men mot dei range påstandane hans slo vi fast det marxist-leninistiske synet i positiv form i dokument og artiklar. Samstundes førte vi den striden vi burde og måtte føra mot dei i samtalar mellom partia og på møte mellom systerparti.
Då vi oppsummerte røynsla frå den kinesiske revolusjonen, slo vi dette klårt fast i den politiske meldinga frå sentralkomiteen til den åttande nasjonale partikongressen i september 1956:
«Sjølv om partiet vårt arbeidde for å få til endringar på fredeleg vis, slappa det aldri av på vaktsemda eller gav frå seg våpna folket hadde …
I motsetnad til dei reaksjonære er folket ikkje krigshuga… Men når folket vart tvinga til å ta til våpen, var dei i sin fulle rett til å gjera det. Å gå mot at folket tok til våpen og be dei om å underkasta seg ein fiende som gjekk til åtak, ville ha vore å fylgja ei opportunistisk line. Her vart spørsmålet om å fylgja ei revolusjonær line eller ei opportunistisk line kjerna i spørsmålet om dei 600 millionar menneska i landet vårt skulle eller ikkje skulle gripa den politiske makta når forholda var mogne for det. Partiet vårt fylgde den revolusjonære lina, og i dag har vi Folkerepublikken Kina.»
I dette spørsmålet står det marxist-leninistiske synet til den åttande nasjonale kongressen til KKP i motstrid til det revisjonistiske synet til det tjuande landsmøtet i SUKP.
I desember 1956 greidde vi på ein positiv måte ut om kva veg Oktoberrevolusjonen står for i artikkelen «Meir om den historiske røynsla frå proletariatets diktatur». Med dette kritiserte vi i røynda den såkalla parlamentariske vegen som Khrusjtsjov sette opp mot vegen til Oktoberrevolusjonen.
I mange private samtalar med leiarane i SUKP kom leiande kameratar frå sentralkomiteen i KKP med alvorleg kritikk mot det range synet til Khrusjtsjov. Vi vona heilhjarta at han skulle retta på feila sine.
Då møtet mellom representantar frå kommunist- og arbeidarpartia kom saman i 1957, førte sendelaget frå KKP ein skarp debatt med sendelaget frå SUKP om spørsmålet om overgangen frå kapitalisme til sosialisme.
I det fyrste utkastet til fråsegn som sentralkomiteen i SUKP la fram under førebuingane til Moskva-møtet, gjekk dei berre inn på sjansen for fredeleg overgang og sa ikkje noko om sjansen for ein ikkje-fredeleg overgang. Dei gjekk berre inn på den parlamentariske vegen og sa ikkje noko om andre måtar å kjempa på, og samstundes sette dei vona om å vinna statsmakta gjennom den parlamentariske vegen til «samordna handling frå kommunistane og sosialistane». Sentralkomiteen i KKP kunne sjølvsagt ikkje godta at dette range synet skulle skrivast inn i eit programdokument for alle kommunist- og arbeidarpartia, for dette synet fjernar seg frå marxismen-leninismen.
Etter at sendelaget frå KKP hadde kome med kritikken sin, laga sentralkomiteen i SUKP eit nytt utkast til fråsegn. Sjølv om dei hadde lagt til nokre frasar om sjansen for ikkje-fredeleg overgang, var spørsmålet om fredeleg overgang i dette utkastet utforma slik at det framleis spegla av dei revisjonistiske synsmåtane som Khrusjtsjov la fram på det tjuande landsmøtet i SUKP.
Sendelaget frå KKP gjorde det heilt klårt at dei var usamde i dette range synet. Den tiande november 1957 la dei systematisk fram sitt eige syn på spørsmålet om overgang frå kapitalisme til sosialisme for sentralkomiteen i SUKP. Attåt la dei fram ei skriven skisse.
Hovudpoenga i den skrivne skissa er oppsummerte nedanfor:
Taktisk sett er det ei føremon å visa til ynsket om fredeleg overgang, men det ville vera gale å leggja for stor vekt på sjansen for fredeleg overgang. Sin må alltid vera budd på å slå attende kontrarevolusjonære åtak og på å velta borgarskapet med våpenmakt i den kritiske augneblinken når arbeidarklassen er i ferd med å gripa statsmakta, dersom borgarskapet nyttar våpenmakt for å halda revolusjonen til folket nede (allment er det ikkje til å unngå at borgarskapet gjer det).
Den parlamentariske forma for strid må nyttast fullt ut, men rollen ho kan spela er avgrensa. Det viktigaste er å halda fram med det harde arbeidet med å samla revolusjonær styrke — ein må ikkje tolka fredeleg overgang til berre å tyda overgang gjennom fleirtal i parlamentet. Hovudspørsmålet er spørsmålet om statsmaskineriet, nemleg å knusa det gamle statsmaskineriet (fyrst og fremst dei væpna styrkane) og skipa eit nytt statsmaskineri (fyrst og fremst væpna styrkar).
Dei sosialdemokratiske partia er ikkje sosialistiske parti — dei er ei utgåve av dei borgarlege politiske partia. Unntaket er nokre på venstrefløya. I spørsmålet om den sosialistiske revolusjonen er stillinga vår grunnleggjande ulik stillinga til dei sosialdemokratiske partia. Dette skiljet må ikkje tilslørast.
Dette synet er fullt ut i samsvar med marxismen-leninismen.
Kameratane i sendelaget frå sentralkomiteen i SUKP hadde ikkje noko å føra i marka mot det, men dei ba oss gong på gong om å gje litt etter slik at dei kunne få tilfredsstilt eit indre behov for at utforminga av dette spørsmålet i utkastet til Fråsegn skulle syna ein viss samanheng med måten det tjuande landsmøtet i SUKP hadde utforma spørsmålet på.
Vi hadde vist attende det range synet til leiarane i SUKP og lagt fram ei skriven skisse av våre eigne synspunkt. På grunn av det og for skuld den sams striden mot fienden, vedtok sendelaget frå KKP å koma i møtes med dei ynskja som kameratane i SUKP hadde teke opp att og opp att. Dei gjekk med på at utkastet frå sentralkomiteen i SUKP skulle brukast som grunnlag, og gjorde berre framlegg om endringar nokre få stader.
Vi vona at kameratane i SUKP skulle sjå feila sine og retta på dei etter denne debatten. Men på tvers av vonene våre gjorde ikkje leiarane i SUKP det.
På møtet mellom systerparti i 1960 gjekk sendelaget frå KKP atter inn i ein skarp debatt med sendelaget frå SUKP om spørsmålet om overgang frå kapitalisme til sosialisme, og avslørte og kritiserte revisjonistsynet til Khrusjtsjov grundig. Under møtet heldt den kinesiske og den sovjetiske sida fast på kvart sitt syn, og det var ikkje råd å nå fram til noka semje. Av omsyn til det allmenne ynsket frå systerpartia om at ein skulle meisla ut eit fellesdokument frå møtet, gav sendelaget frå KKP til sist etter i dette spørsmålet endå ein gong. Dei gjekk med på at dei avsnitta det var tale om vart skrivne ordrett over frå 1957-Fråsegna til 1960-Kunngjeringa. Atter var det av omsyn til behova til leiarane i SUKP. Under møtet spreidde vi samstundes «Omriss av synsmåtar på spørsmålet om fredeleg overgang», lagt fram av Kinas Kommunistiske Parti den 10. november 1957, og vi gjorde det klårt at det var siste gongen vi tok omsyn til leiinga i SUKP når det galdt dette emnet, og at vi ikkje kom til å gjera det igjen. Dersom kameratar no kritiserer oss for at vi tok dette omsynet til leiarane i SUKP, er vi fullstendig klåre til å godta kritikken.
Utforminga av spørsmålet om fredeleg overgang i Fråsegna og Kunngjeringa var basert på skissene til SUKP, og nokre stader hadde dei halde på formuleringane frå den tjuande partikongressen i SUKP. Difor er det ei rad alvorlege veikskapar og feil i den heilskaplege framlegginga, sjølv om det vart flikka på dette i ei viss mon. Samstundes som dei seier at herskarklassane aldri gjev frå seg makta friviljug, vert det i desse to dokumenta og hevda at i ei rekkje land kan ein vinna statsmakta utan borgarkrig. Samstundes som det blir slått fast at ein må føra utanomparlamentarisk massekamp for å knusa motstanden frå dei reaksjonære kreftene, blir det og hevda at ein kan tryggja eit stabilt fleirtal i parlamentet, og at parlamentet slik kan formast om til ein reiskap som tener det arbeidande folket. Samstundes som dei viser til ikkje-fredeleg overgang, understrekar dei ikkje valdeleg revolusjon som ei allmenn lov. Leiinga i SUKP har nytta seg av desse veikskapane i Fråsegna og Kunngjeringa, og dei har bruka dei som eit påskot for å driva som kremmarar for Khrusjtsjovs revisjonisme.
Ein må med alvor slå fast at Kinas Kommunistiske Parti heile tida har hevda synspunkt som vik av frå formuleringa om spørsmålet om overgangen frå kapitalisme til sosialisme i Kunngjeringa frå 1960 og Fråsegna frå 1957. Vi har aldri lagt skjul på kva vi meiner. Vi meiner at det er naudsynt å endra formuleringa av spørsmålet i Kunngjeringa og Fråsegna gjennom at kommunist- og arbeidarpartia samrår seg, slik at dei kjem i samsvar med dei revolusjonære prinsippa i marxismen-leninismen. Vi meiner at dette er i interessene til den revolusjonære saka til det internasjonale proletariatet, og at det er naudsynt for å hindra revisjonistane i å misbruka desse programdokumenta til systerpartia.
For å hjelpa lesarane til å gjera seg kjende med heile synet til Kinas Kommunistiske Parti når det gjeld dette spørsmålet, trykkjer vi omatt den fullstendige teksten til «Omriss av synsmåtar på spørsmålet om fredeleg overgang» slik sendelaget frå KKP la det fram for sentralkomiteen i SUKP den 10. november 1957, som eit vedlegg til denne artikkelen.(30)
I dei siste åtte åra har den kampen dei marxist-leninistiske partia og marxist-leninistar i verda har ført mot Khrusjtsjovs revisjonisme hatt stor framgang. Fleire og fleire har etter kvart skjøna dei sanne draga til Khrusjtsjovs revisjonisme. Likevel tyr leiarane i SUKP til utflukter og ordkløyving, og dei prøver på alle moglege måtar å driva kramhandel med tullet sitt.
Difor er det framleis naudsynt at vi går imot den falske «fredelege overgangen».
SOFISTERI KAN IKKJE ENDRA HISTORIA
Leiarane i SUKP rengjer ope verka til Marx og Lenin, og dei rengjer historia for å dekkja over sviket sitt mot marxismen-leninismen og rettferdiggjera den revisjonistiske lina si.
Dei argumenterer slik: «Vedgjekk» ikkje Marx «at det var mogleg (med fredeleg overgang) i England og i Amerika?»(31) I røynda er dette argumentet tatt frå renegaten Kautsky som nytta same metoden for å rengja synet til Marx og gå imot den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur.
Det er sant at Marx i 1870-åra sa at i land som USA og Storbritannia «kan arbeidarane nå målet sitt med fredelege middel». Men samstundes understreka han at denne moglege løysinga var eit unntak. Han sa at «sjølv om det kan vera slik, må vi og skjøna at i fleirtalet av landa på kontinentet må makt tena som brekkstonga for revolusjonen vår».
Han peikte dessutan på at:
«Det engelske borgarskapet har alltid synt seg budde på å godta fleirtalsvedtak så lenge dei har monopol på røysteretten. Men tru meg, straks det oppdagar at det er i mindretal i spørsmål som det ser på som livsviktige, kjem vi til å få ein ny slaveeigarkrig her.»(32)
Lenin sa fylgjande i kritikken av renegaten Kautsky:
«Argumentet om at Marx i syttiåra vedgjekk at det var mogleg med fredeleg overgang til sosialisme i England og Amerika er eit ordkløyvarargument, eller for å seia det rett ut, eit argument frå ein svindlar som sjonglerer med sitat og tilvisingar. For det fyrste såg Marx alt då dette som eit unntakstilfelle. For det andre fanst det ikkje monopolkapitalisme, dvs. imperialisme, på den tida. For det tredje fanst det på den tida ikkje — slik det gjer no — noka militærmakt i England og Amerika som tente som den viktigaste reiskapen i den borgarlege statsmaskinen.»(33)
Lenin sa at imperialismen ut frå dei grunnleggjande økonomiske draga hans utmerkjer seg med «eit minstemål av godvilje for fred og fridom, og med maksimal og altfemnande utvikling av militarisme». «Å ‘oversjå’ dette når ein drøftar spørsmålet om fredeleg eller valdeleg endring, er å «søkkja ned til å bli ein vanleg eller ein framdyrka lakei for borgarskapet.»(34)
I dag har leiarane i SUKP spela opp med den gamle melodien til Kautsky. Kva er det om det ikkje er å søkkja ned til å bli ein vanleg eller framdyrka lakei for borgarskapet?
Atter argumenterer leiarane i SUKP på denne måten: Var det ikkje slik at Lenin «i prinsippet vedgjekk at ein fredeleg revolusjon var tenkjeleg»?(35) Dette er jamvel endå verre ordkløyving.
I ei tid etter februarrevolusjonen i 1917 såg Lenin for seg ein situasjon som var slik at «I Russland kan denne revolusjonen, som eit unntak, verta fredelig».(36) Han kalla dette «eit unntak» på grunn av dei særskilde omstenda som då rådde: «Det som verkeleg var viktig, var at våpna var i hendene på folket, og at det ikkje var nokon tvang mot folket utanfrå.»(37) I juli 1917 underkua den kontrarevolusjonære borgarlege regjeringa massane med våpenmakt og gjorde gatene i Petrograd søkkvåte av blod frå arbeidarar og soldatar. Etter denne hendinga sa Lenin at «all von om ei fredeleg utvikling av den russiske revolusjonen er borte ein gong for alle».381 oktober 1917 leidde Lenin og bolsjevikpartiet målmedvite arbeidarane og soldatane i eit væpna opprør og greip statsmakta. Lenin peikte i januar 1918 på at «klassestriden … er vorten til borgarkrig».(39) Sovjet-staten måtte føra revolusjonær krig i tre og eit halvt år til, og gjera tunge offer før han knuste både det kontrarevolusjonære opprøret heime og den væpna intervensjonen frå utlandet. Fyrst då var sigeren for revolusjonen grunnfest. I 1919 sa Lenin at «den revolusjonære valden vann strålande sigrar i Oktoberrevolusjonen».(40)
No er leiarane i SUKP uforskamma nok til å seia at Oktoberrevolusjonen var «den mest ublodige av alle revolusjonar»(41) og at han vart «gjennomført så å seia fredeleg».(42) Påstandane deira strir beinveges mot dei historiske kjensgjerningane. Korleis kan dei stå andlet til andlet med dei revolusjonære martyrane som gav blodet sitt og ofra livet for å skapa den fyrste sosialistiske staten i verda?
Når vi peikar på at verdssoga til no ikkje har gjeve eitt einaste døme på fredeleg overgang frå kapitalisme til sosialisme, prøver leiarane i SUKP å snakka seg bort frå det, og seier at «det finst praktisk røynsle for at ein har gjennomført ei sosialistisk revolusjon i fredeleg form». Og så let dei att augo for alle kjensgjerningar og slår fast: «I Ungarn i 1919 vart proletariatets diktatur skipa på fredeleg vis.»(43)
Er dette sant? Nei, det er det ikkje. La oss sjå kva Bela Kun, leiaren for den ungarske revolusjonen, sa om dette.
Kommunistpartiet i Ungarn vart skipa i november 1918. Det nyskipa partiet kasta seg straks ut i den revolusjonære striden, og gjorde fylgjande til slagord for den sosialistiske revolusjonen: «Ta våpna frå borgarskapet, væpna proletariatet og opprett sovjet-makt».(44) Kommunistpartiet i Ungarn arbeidde aktivt på alle felt for å få til eit væpna opprør. Det væpna arbeidarane, streva for å vinna regjeringssoldatane over til seg og for å organisera dei demobiliserte soldatane. Det sette i verk væpna demonstrasjonar, leidde arbeidarane i å kasta sjefane sine og okkupera fabrikkane, leidde landarbeidarane i å ta over storgods, avvæpna dei reaksjonære offiserane i hæren, soldatar og politi, sameinte streikar med væpna opprør, og så bortetter.
I røynda var det rikeleg med væpna strid i ulike former og i ulikt omfang i den ungarske revolusjonen. Bela Kun skreiv:
«Frå den dagen kommunistpartiet vart skipa til det tok makta, kom dei væpna samanstøytane med organa for borgarmakta oftare og oftare. Frå 12. desember 1918, då den væpna garnisonen i Budapest gjekk ut på gata i demonstrasjon mot krigsministeren i den provisoriske regjeringa, … gjekk det knapt ein einaste dag utan at pressa melde om blodige samanstøytar mellom dei revolusjonære arbeidarane og soldatane og væpna einingar frå regjeringsstyrkane, og særleg då politiet. Kommunistane organiserte tallause oppreistar, ikkje berre i Budapest, men i provinsane og.»(45)
Leiarane i SUKP lyg så det renn av dei når dei seier at revolusjonen i Ungarn var eit døme på fredeleg overgang.
Det vert påstått i den sovjetiske pressa at den borgarlege regjeringa i Ungarn «overgav seg friviljug».(46) og dette er sannsynlegvis det einaste grunnlaget leiarane i SUKP byggjer på. Men korleis er kjensgjerningane?
Karolyi, leiaren for den borgarlege regjeringa i Ungarn på denne tida, var heilt uttrykkjeleg på dette punktet. Han sa:
«Eg underteikna ei kunngjering om at eg gjekk av og at makta var overført til proletariatet. I røynda hadde det alt teke over, og hadde tidlegare kunngjort at det hadde teke makta … Eg overførte ikkje makta til proletariatet, ettersom det alt hadde vunne ho tidlegare, takk vera at det hadde planlagt og skapt ein sosialistisk hær.»
Difor peikte Bela Kun på at det var ein falsk «myte» å seia at borgarskapet hadde gjeve den politiske makta til proletariatet friviljug.(47)
Revolusjonen i Ungarn i 1919 vart slegen ned. Då Lenin granska dei viktigaste lærdommane frå dette nederlaget, sa han at det unge kommunistpartiet i Ungarn hadde gjort den fatale feilen at det ikkje var fast nok når det galdt å utøva diktatur over fienden, og vakla i den avgjerande augneblinken. Dessutan gjorde ikkje partiet i Ungarn dei rette tiltaka for å oppfylla kravet frå bøndene om ei løysing på jordproblemet, og såleis skilde det seg frå bøndene. Ein annan viktig grunn til at revolusjonen lei nederlag var samansmeltinga av kommunistpartiet og det opportunistiske sosialdemokratiske partiet.
Det er rein historieforfalskning når leiarane i SUKP påstår at revolusjonen i Ungarn i 1918—1919 er eit døme på «fredeleg overgang».
Vidare påstår dei at arbeidarklassen i Tsjekkoslovakia vann «makta gjennom den fredelege vegen».(48) Dette er endå ei absurd forvrenging av soga.
Den folkedemokratiske makta i Tsjekkoslovakia vart til under den anti-fascistiske krigen, ho vart ikkje teken frå borgarskapet «på fredeleg vis». Under den andre verdskrigen leidde kommunistpartiet folket i geriljakrig og væpna opprør mot fascistane, dei knuste dei tyske fascisttroppane og quisling-styret deira i Tsjekkoslovakia med hjelp av den sovjetiske hæren, og skipa ei koalisjonsregjering frå den nasjonale fronten. Denne regjeringa var i innhald eit folkedemokratisk diktatur under leiing av proletariatet, dvs. ei form for proletariatets diktatur.
I februar 1948 planla dei reaksjonære i Tsjekkoslovakia, med USA-imperialismen i ryggen, eit kontrarevolusjonært statskupp for å velta regjeringa til folket gjennom eit væpna opprør. Men regjeringa, med kommunistpartiet i leiinga, mønstra dei væpna styrkane sine og organiserte væpna massedemonstrasjonar. Slik knuste dei den borgarlege samansverjinga for å få dei kontrarevolusjonære tilbake til makta. Desse kjensgjerningane vitnar klårt om at innhaldet i februar-hendinga ikkje var at arbeidarklassen tok den politiske makta frå borgarskapet «på fredeleg vis». Det var arbeidarklassen som undertrykte eit kontrarevolusjonært borgarleg statskupp med sitt eige statsapparat, og fyrst og fremst med sine eigne væpna styrkar.
Då Gottwald oppsummerte februar-hendinga sa han:
«Jamvel før februar-hendinga sa vi: Eit av dei grunnleggjande omskifta i høve til det som var før krigen er nettopp at statsapparatet alt tener nye klassar og ikkje dei tidlegare herskarklassane. Februar-hendinga synte at statsapparatet spelte ei framståande rolle … i dette stykket.»(49)
Korleis kan nokon sjå på dei tilfella som er nemnde ovanfor som døme på fredeleg overgang?
Lenin sa:
«Kautsky var nøydd til å ty til alle desse knepa, sofisteriet og desse skitne forfalskningane berre for å frita seg sjøl frå valdeleg revolusjon og for å løyna at han fråseier seg han, at han går over på sida til den liberale arbeidarpolitikken, dvs. til borgarskapet.»(50)
Og han la til: «Det er der hunden ligg gravlagd.»
Kvifor har Khrusjtsjov så skamlaust forvrengt verka til Marx og Lenin, dikta opp historie og tydd til falske knep? Atter er det der hunden ligg gravlagd.
LYGNER KAN IKKJE LØYNA RØYNDOMMEN
Kronargumentet til leiarane i SUKP for å rettferdiggjera den anti-revolusjonære lina med «fredeleg overgang» er at dei historiske tilhøva har endra seg.
Når det gjeld vurderinga av endringane i dei historiske tilhøva etter andre verdskrigen og kva slutningar ein kan dra av dei, er synet til marxist-leninistane heilt annleis enn synet til Khrusjtsjov.
Marxist-leninistar meiner at dei historiske tilhøva har endra seg grunnleggjande etter krigen. Endringa kjem fyrst og fremst til uttrykk ved at dei kreftene som arbeider for proletarisk sosialisme har styrkt seg kraftig og at kreftene til imperialismen er svekte mykje. Etter krigen har det vakse fram ein mektig sosialistisk leir og ei heil rad nye og sjølvstendige nasjonaliststatar. Det har vore ei endelaus rekkje med væpna revolusjonære kampar, eit nytt oppsving i masserørslene i dei kapitalistiske landa, og rekkjene til den internasjonale kommunistrørsla har vakse kraftig. Den internasjonale proletariske sosialistiske revolusjonære rørsla og dei revolusjonære nasjonaldemokratiske rørslene i Asia, Afrika og Latin-Amerika har vorte dei to fremste historiske straumdraga i vår tid.
Tidleg i etterkrigstida peikte kamerat Mao Tsetung gong på gong på at maktbalansen i verda tente oss og ikkje fienden, og at denne nye situasjonen «har opna for endå betre høve for at arbeidarklassen og dei undertrykte folka i verda skal vinna frigjering og opna endå meir realistiske vegar mot dette».(51)
Han peikte og på fylgjande:
«Å laga bråk, mislukkast, å laga bråk att, mislukkast att … til dommedag — slik er logikken til imperialistane og alle reaksjonære i heile verda når dei skal hanskast med folket si sak, og dei kjem aldri til å handla mot denne logikken. Det er ei marxistisk lov. Når vi seier at «imperialismen er rovgrisk», meiner vi at han aldri kjem til å endra karakter, at imperialistane aldri kjem til å leggja frå seg slaktarknivane, at dei aldri kjem til å verta Buddhaer, aldri i verda.»(52) Marxist-leninistar byggjer på den kjensgjerninga at dei omskifta som har skjedd etter krigen har skapt mykje betre vilkår for revolusjonen, og dei byggjer på lova om at imperialismen og reaksjonen aldri kjem til å endra karakter. Difor sluttar dei at revolusjonen må fremjast, og difor meiner dei at ein må utnytta denne svært gode situasjonen fullt ut og at ein lys av dei særskilde vilkåra i ulike land aktivt må fremja utviklinga i dei revolusjonære stridane der og bu seg på å sigra i revolusjonen.
På hi sida drar Khrusjtsjov, under påskot av nett dei same endringane i tilhøva etter krigen, den konklusjonen at revolusjonen må motarbeidast og avvisast. Han meiner at endringane i balansen mellom kreftene i verda har ført til at imperialismen og reaksjonen har endra karakter, at lova om klassekampen har endra seg og at den sams vegen som Oktoberrevolusjonen og den marxist-leninistiske teorien om den proletariske revolusjonen strekar opp, har vorte gammaldags.
Khrusjtsjov og likemennene hans spreier eventyr av same slaget som i 1001 natt. Dei hevdar:
«No utviklar det seg gode internasjonale og indre vilkår for at arbeidarklassen i ei rad kapitalistiske land skal kunna gjennomføra den sosialistiske revolusjonen på fredeleg vis.»(53)
Dei seier:
«I tidbolken mellom den fyrste og den andre verdskrigen undertrykte det reaksjonære borgarskapet i mange europeiske land masserørslene til det arbeidande folket på villmannsvis, og gjorde det uråd å få til ein sosialistisk revolusjon på fredeleg vis. Dette gjorde dei ved å utvikla og perfeksjonera den politibyråkratiske maskinen sin heile tida.»(54)
Men slik dei ser det, er stoda annleis no.
Dei seier at «grunnleggjande omskifte som tener sosialismen i forholdet mellom krefter på den internasjonale arenaen» no gjer det råd «å lamma den internasjonale reaksjonen når han vil blanda seg inn i sakene til dei landa som gjennomfører revolusjon»,(55) og at «dette gjer at sjansane for at borgarskapet skal kunna setja i gong borgarkrig vert mindre».(56)
Men lygnene til Khrusjtsjov og likemennene hans kan ikkje løyna røyndommen.
Det er to framståande kjensgjerningar frå tida etter andre verdskrigen at imperialistane og dei reaksjonære alle stader styrkjer valdsapparatet for rå underkuing av massane, og at imperialismen, med USA-imperialismen i brodden, gjennomfører kontrarevolusjonære væpna intervensjonar i alle deler av verda.
I dag er USA meir militarisert enn nokon gong før, og har auka talet på soldatar til meir enn 2 700 000 mann. Det vil seia elleve gongar så mange som i 1934, og ni gongar så mange som i 1939. USA har så mange politi- og overvakingsorganisasjonar at jamvel nokre av dei store kapitalistane i USA har måtta vedgå at dei er på verdstoppen på dette feltet, og langt forbi Hitler-Tyskland.
Den ståande hæren i England er auka frå over 250 000 mann i 1934 til over 420 000 i 1963. Politistyrken er auka frå 67 000 i 1934 til 87 000 i 1963.
Den ståande hæren i Frankrike auka frå 650 000 mann i 1934 til over 740 000 1963, og politi- og tryggingsstyrkane frå 80 000 1934 til 120 000 i 1963.
Andre imperialistland, og jamvel det jamne laget av kapitalistiske land, er ikkje noko unntak. Dei har og styrkt dei væpna styrkane og politiet mykje.
Khrusjtsjov brukar ivrig slagordet om allmenn og full nedrusting for å halda folket i ro. Han har messa om det i mange år alt. Men i røynda finst det ikkje skugge av teikn til allmenn og full nedrusting. I den imperialistiske leiren, og med USA-imperialismen i brodden, ser ein alle stader eit allment og altomfemnande våpenkapplaup og at valdsapparatet blir utvida og styrkt.
Kvifor styrkar borgarskapet dei væpna styrkane og politiet så ustyrleg i fredstid? Kan det vera at målet deira ikkje er å undertrykkja masserørslene til det arbeidande folket, men tvert om å garantera at det arbeidande folket skal kunna vinna statsmakta på fredeleg vis? Har ikkje det herskande borgarskapet gjort nok valdshandlingar i dei nitten åra etter krigen gjennom å bruka soldatar og politifolk til å halda nede streikande arbeidarar og folk som kjempar for dei demokratiske rettane sine?
Dei siste nitten åra har USA-imperialismen skipa militærblokker og gjort militæravtalar med meir enn førti land. Dei har bygt meir enn 2200 militærbasar og militærinstallasjonar i alle deler av den kapitalistiske verda. Dei har meir enn 1 000 000 mann under våpen i utlandet. «Lynåtakskommandoen» deira rår over mobile land- og luftstyrkar som heile tida står klåre til å verta sende kvar som helst for å halda folkets revolusjon nede.
Dei siste nitten åra har USA og andre imperialistland ikkje berre gjeve all mogleg støtte til reaksjonære i ulike land og hjelpt dei med å halda dei revolusjonære rørslene til folket nede — dei har dg beinveges planlagt og sett i verk fleire kontrarevolusjonære væpna åtak og intervensjonar. Det vil seia at dei har eksportert kontrarevolusjon. USA-imperialismen hjelpte til dømes Chiang Kai-shek med å føra borgarkrig i Kina, han sende sine eigne soldatar til Hellas og leidde åtaket på dei frigjorde områda til det greske folket. Han sette i gong aggresjonskrigen i Korea, landsette troppar i Libanon for å truga revolusjonen i Irak, hjelpte og stødde dei reaksjonære i Laos då dei utvida borgarkrigen. Han organiserte og leidde ein såkalla FN-styrke for å underkua den nasjonale frigjeringsrørsla i Kongo, og sette i verk kontrarevolusjonære invasjonar på Cuba. Han kjempar framleis for å underkua frigjeringsstriden til folket i det sørlege Vietnam. Nyst nytta han væpna makt for å undertrykkja den rettvise striden til folket i Panama for å verna overherredømet sitt og han tok del i den væpna intervensjonen på Kypros.
USA-imperialismen arbeider ikkje berre målmedvite for å halda nede og blanda seg inn i alle folkerevolusjonar og nasjonale frigjeringsrørsler. Han prøver og å kvitta seg med borgarlege styre som syner ein viss nasjonalistisk let. I desse nitten åra har regjeringa i USA stått bak ei mengd kontrarevolusjonære statskupp i ei rad land Asia, Afrika og Latin-Amerika, Dei har jamvel nytta vald for å fjerna marionettar dei har fostra fram sjølve, slik som Ngo Dinh Diem, så snart desse ikkje lengre tener føremålet. Eller som ordtaket seier: «Drep eselet straks du tar det bort frå tredemølla.»
Kjensgjerningane har synt at undertrykte folk og nasjonar som vil gjera revolusjon og frigjera seg i dag, ikkje berre må hanskast med valdeleg undertrykking frå dei reaksjonære herskarklassane i vedkomande land. Dei må 6g bu seg fullt og heilt på å møta væpna intervensjon frå imperialismen, og då særleg USA-imperialismen. Dersom dei ikkje bur seg på dette, og dersom dei ikkje viljefast slår attende kontrarevolusjonær vald med revolusjonær vald når det er naudsynt, kan det ikkje verta snakk om revolusjon, og langt mindre siger.
Dersom land som har vunne sjølvstende ikkje styrkjer dei væpna styrkane sine, dersom dei ikkje bur seg på å møta væpna aggresjon og intervensjon frå imperialistane og dersom dei ikkje held seg til politikken med å føra strid mot imperialismen, kjem dei ikkje til å evna å forsvara det nasjonale sjølvstendet sitt og endå mindre tryggja at revolusjonen går frametter.
Vi vil gjerne spørja leiarane i SUKP om fylgjande: Ettersom de snakkar så glatt om dei nye draga ved etterkrigssituasjonen, kvifor har de valt å utelata det viktigaste og mest iaugefallande — at USA og andre imperialistar undertrykkjer revolusjonen alle stader? De vert aldri trøytte av å snakka om fredeleg overgang, men kvifor har de aldri hatt eitt ord å seia om korleis ein skal hanskast med det oppblåste apparatet for valdeleg undertrykking som imperialistane og dei reaksjonære har bygt opp? De dekkjer skamlaust over den blodige røyndommen at imperialistar og reaksjonære driv rå undertrykking av dei nasjonale frigjeringsrørslene og dei folkelege revolusjonære rørslene, og de spreier illusjonar om at dei undertrykte folka og nasjonane kan vinna siger på fredeleg vis. Er det ikkje opplagt at de prøver å svekkja vaktsemda til folket, roa dei rasande massane med tomme lovnader om ei lys framtid, og at de går mot revolusjonen deira? Er det ikkje opplagt at de såleis i røynda handlar som medsamansvorne til imperialismen og dei reaksjonære i alle land?
I dette spørsmålet kan det vera nyttig å la John Foster Dulles, avdød utanriksminister i USA, vera «læraren vår gjennom sitt negative føredøme».
Dulles sa i ein tale den 21. juni 1956 at til no hadde alle sosialistiske land vortne til «gjennom valdsbruk». Han sa at «dei styrande i Sovjet seier no at dei vil gje avkall på valdsbruk» og at «vi ynskjer denne utviklinga velkomen og vil nøra opp under henne».(57)
Som ein trufast talsmann for det kapitalistiske systemet var sjølvsagt Dulles fullt klår over den avgjerande rolla makt spelar i klassekampen. Samstundes med at han helsa velkomen at Khrusjtsjov gav avkall på valdeleg revolusjon, la han stor vekt på at borgarskapet må styrkja den kontrarevolusjonære valden for å kunna halda seg ved makta. I ein annan tale sa han: «Av alle oppgåver regjeringa har, er den mest grunnleggjande å verna borgarane (les «dei reaksjonære herskarklassane») mot vald … Difor må medlemmene i alle siviliserte samfunn yta sitt til å halda oppe ein politistyrke som ein arm for lov og orden».(58)
Her sa Dulles sanninga. Det politiske grunnlaget for styret til imperialismen og all reaksjon er ikkje noko anna enn — «ein politistyrke». Så lenge dette grunnlaget er usvekka er alt anna uviktig, og styret deira kjem ikkje til å verta svekt. Di meir leiarane i SUKP løyner den kjensgjerninga at borgarskapet lit på vald for å halda seg ved makta, og di meir dei spreier eventyret om fredeleg overgang som Dulles tykte så bra om, di meir avslører dei det sanne andletet sitt — at dei er hjartevener med imperialistane når det gjeld å gå mot revolusjonen.
ATTENDEVISING AV «DEN PARLAMENTARISKE VEGEN»
Ideen om den «parlamentariske vegen» som revisjonistane i Den andre internasjonalen spreidde så ihuga, vart grundig attendevist og fråteken all ære av Lenin for lenge sidan. Men i augo til Khrusjtsjov har den parlamentariske vegen brått vorte gyldig etter den andre verdskrigen.
Er dette rett? Sjølvsagt ikkje.
Det som har hendt etter andre verdskrigen har endå ein gong prova at den viktigaste delen av den borgarlege statsmaskinen er væpna makt og ikkje parlamentet. Parlamentet er berre ein pynteting og ein skjerm over det borgarlege styret. Å skipa eller avskipa det parlamentariske systemet, å gje parlamentet større eller mindre makt, å vedta den eine eller hi vallova — kva som vert valt av desse alternativa vert alltid diktert av behova og interessene til det borgarlege styret. Så lenge borgarskapet kontrollerer det militær-byråkratiske apparatet, er det anten uråd for proletariatet å skaffa seg «eit trygt fleirtal i parlamentet» gjennom val, eller så er dette «trygge fleirtalet» ikkje til å lita på. Å gjennomføra sosialismen gjennom «den parlamentariske vegen» er heilt ut uråd og berre lausprat.
Om lag halvdelen av kommunistpartia i dei kapitalistiske landa er framleis forbodne. Ettersom desse partia ikkje har nokon legal status, er det sjølvsagt utenkjeleg at dei kan vinna noko fleirtal i parlamentet.
Til dømes lever kommunistpartiet i Spania under kvit terror og kan ikkje stilla til val. Det er patetisk og tragisk at spanske kommunistleiarar som Ibaruri fylgjer Khrusjtsjov og går inn for «fredeleg overgang» i Spania.
I dei kapitalistiske landa der kommunistpartia er legale og kan ta del i val, er det svært vanskeleg for dei å vinna fleirtalet av røystene under det borgarlege styret på grunn av alle dei urettvise avgrensingane dei borgarlege vallovene set for dei. Og jamvel om dei får fleirtal av røystene, kan borgarskapet hindra dei i å få fleirtalet av plassane i parlamentet gjennom at det endrar vallovene eller på andre måtar.
Til dømes har dei franske monopolkapitalistane reivdert vallovene to gonger etter andre verdskrigen, og begge gongene har dette ført til at det franske kommunistpartiet har mist mange av plassane i parlamentet. Ved parlamentsvalet i 1946 fekk FKP 182 plassar. Men ved valet i 1951 førte den revideringa av vallovene monopolkapitalen hadde gjort til at FKP kom heilt ned i 103 plassar, dvs. dei miste 79. Ved valet i 1956 fekk FKP 150 plassar. Men før parlamentsvalet i 1958 reviderte monopolkapitalistane atter vallova. Resultatet var at talet på FKP-mandat fall svært drastisk, heilt ned til 10, altså miste dei 140 plassar.
Jamvel om eit kommunistparti under visse omstende skulle vinna fleirtalet av plassane i parlamentet eller verta med i regjeringa på grunn av ein valsiger, ville dette ikkje endra den borgarlege karakteren til parlamentet eller regjeringa. Endå mindre ville det seia at det gamle statsmaskineriet vart knust og eit nytt kom til. Det er absolutt uråd å få til ei grunnleggjande samfunnsendring gjennom å lita på borgarlege parlament eller regjeringar. Når det reaksjonære borgarskapet har statsmaskinen under kontroll, kan det omstøyta val, oppløysa parlamentet. kasta kommunistane ut av regjeringa, forby kommunistpartiet og gripa til rå makt for å undertrykkja massane og dei progressive kreftene.
Til dømes støtta Chiles Kommunistiske Parti det borgarlege radikale partiet så det sigra i valet i 1946. Det vart skipa ei koalisjonsregjering der kommunistar var med. På denne tida gjekk leiarane i kommunistpartiet i Chile så langt at dei skildra denne borgar-kontrollerte regjeringa som «ei folkedemokratisk regjering». Men på mindre enn eit år tvinga borgarskapet dei til å gå ut av regjeringa. Dei gjennomførte massearrestasjonar, og i 1948 forbaud dei kommunistpartiet.
Når eit arbeidarparti degenererer og vert ærendssvein for borgarskapet, kan borgarskapet kanskje gje dei lov til å få fleirtal i parlamentet og skipa regjering. Slik er det med dei borgarlege sosialdemokratiske partia i visse land. Men slikt tener berre til å tryggja og grunnfesta borgarskapets diktatur, og det endrar ikkje og kan ikkje endra det minste på at proletariatet er ein undertrykt og utbytta klasse. Slike kjensgjerningar legg berre nye vitnemål til dette at den parlamentariske vegen har spela falitt.
Det som har hendt etter den andre verdskrigen har og vist at dersom kommunistleiarane trur på den parlamentariske vegen og vert offer for den ulækjelege sjukdommen «parlamentarisk dårskap», er det ikkje berre slik at dei ikkje kjem nokon veg, men og slik at dei ikkje kan unngå å søkkja ned i den revisjonistiske hengemyra og øydeleggja for den revolusjonære saka til proletariatet.
Det har alltid vore eit grunnleggjande skilje mellom marxist-leninistane på den eine sida og opportunistar og revisjonistar på den andre i synet på kva som er den rette haldninga til borgarlege parlament.
Marxist-leninistane har alltid meint at det proletariske partiet under visse vilkår skal ta del i den parlamentariske striden og gjera seg nytte av parlamentet som talarstol for å avsløra kor reaksjonært borgarskapet er, oppseda massane og hjelpa til med å samla revolusjonær styrke. Det er gale å nekta å gjera seg nytte av denne legale stridsforma når det er naudsynt. Men det proletariske partiet må aldri setja den parlamentariske striden i staden for den proletariske revolusjonen, eller nøra opp under illusjonen om at det går an å gjennomføra overgangen til sosialisme gjennom parlamentet. Det må alltid konsentrera seg om massekampar.
Lenin sa:
«Partiet til det revolusjonære proletariatet må ta del i den borgarlege parlamentarismen for å opplysa massane. Det kan ein gjera under valkampen og i striden mellom partia i parlamentet. Men å avgrensa klassestriden til berre parlamentarisk strid, eller å sjå på denne som den høgste og avgjerande forma for strid som alle andre former er underlagde — det vil i røynda seia å gå over til borgarskapet si side og gå mot proletariatet.»(59) Han fordømte revisjonistane i Den andre internasjonalen for at dei jaga etter parlamentsskrømtet og gav opp den revolusjonære oppgåva å gripa statsmakta. Dei gjorde det proletariske partiet om til eit valparti, eit parlamentarisk parti, eit vedheng til borgarskapet og ein reiskap for å halda borgardiktaturet ved lag. Når Khrusjtsjov og fylgjesveinane hans går inn for den parlamentariske vegen, kan dei ikkje venta seg annan lagnad enn den revisjonistane i Den andre internasjonalen fekk.
ATTENDEVISING AV «MOTSTANDEN MOT VENSTRE-OPPORTUNISMEN»
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP vev eit nett av lygner når det tar for seg spørsmålet om den proletariske revolusjonen. Det påstår at Kinas Kommunistiske Parti er for å «fremja slagordet om proletarisk revolusjon straks», jamvel når det ikkje er nokon revolusjonær situasjon, at det står for å gje opp «striden for dei demokratiske rettane og livsviktige interesser for det arbeidande folket i kapitalistiske land»,(60) og at det gjer den væpna striden «absolutt»,(61) og så vidare. Dei set stadig vekk slike merkelappar som «venstre-opportunisme», «venstre-eventyrpolitikk» og «trotskisme» på Kinas Kommunistiske Parti.
Sanninga er at leiarane i SUKP steller til dette spetakkelet for å dekkja over si eiga revisjonistiske line som går imot og avviser revolusjonen. Det dei går til åtak på som «venstre-opportunisme», er i røynda den revolusjonære marxist-leninistiske lina.
Vi har alltid hevda at ein ikkje kan gjera revolusjon berre på viljen, og at det er uråd å gjera revolusjon dersom det ikkje objektivt sett er ein revolusjonær situasjon. Men om ein revolusjon skal bryta ut og sigra, spørst ikkje berre på om det finst ein revolusjonær situasjon, men og på kva førebuingar og strev dei subjektive revolusjonære kreftene har gjort.
Det er «venstre»-eventyrpolitikk om partiet til proletariatet ikkje vurderer nøye både dei objektive vilkåra og dei subjektive kreftene når det arbeider for revolusjon, og dersom det forhasta set i gong ein revolusjon før vilkåra er mogne til det. Men det er høgre-opportunisme, eller revisjonisme, dersom partiet til proletariatet ikkje bur seg aktivt på revolusjon før vilkåra er mogne, eller om det ikkje tør leia ein revolusjon og gripa statsmakta når det finst ein revolusjonær situasjon og tilhøva er mogne.
I tida før ein kan gripa statsmakta er den grunnleggjande og viktigaste oppgåva til det proletariske partiet å konsentrera seg om det krevjande arbeidet med å samla revolusjonær styrke. Hovudmålet for den aktive leiinga partiet byr i striden frå dag til dag, må vera å byggja opp revolusjonær styrke og bu seg på å vinna siger i revolusjonen når tilhøva er mogne for det. Partiet til proletariatet bør nytta dei ulike formene for dagskamp til å lyfta det politiske medvitet til proletariatet og massane i folket, til å øva opp sine eigne klassekrefter, til å herda kampevna og bu seg på revolusjonen ideologisk, politisk, organisatorisk og militært. Berre på den måten kan det tryggja seg mot å kasta bort høvet til å sigra når tilhøva er mogne for revolusjon. Om ein ikkje gjer det, kjem det proletariske partiet rett og slett til å sleppa frå seg høvet til å gjera revolusjon, jamvel om det objektivt sett er ein revolusjonær situasjon.
Samstundes som leiarane i SUKP utrøyttande understrekar at ein aldri må gjera revolusjon utan at det finst ein revolusjonær situasjon, unngår dei spørsmålet om korleis partiet til proletariatet skal driva dagleg revolusjonær strid og samla revolusjonær styrke i tida før det finst ein revolusjonær situasjon. I røynda fornektar dei oppgåva med å byggja opp revolusjonær styrke og bu seg til revolusjonen under påskot av at det ikkje finst nokon revolusjonær situasjon.
Lenin gav ein gong ei strålande skildring av korleis renegaten Kautsky såg på spørsmålet om ein revolusjonær situasjon. Han sa om Kautsky at dersom det alt er oppstått ei revolusjonær krise, «då er han og viljug til å bli ein revolusjonær! Men då må vi og merkja oss at då ville kvar ein skurk … utropa seg til revolusjonær!» «Men om ho ikkje er oppstått, vil Kautsky venda ryggen til revolusjonen!» Som Lenin peikte på var Kautsky ein typisk spissborgar, og skilnaden mellom ein revolusjonær marxist og ein spissborgar er at den revolusjonære marxisten har mot til «å førebu proletariatet og alle dei arbeidande og utbytta massane på han (revolusjonen)».(62) Folk kan sjølve dømma om Khrusjtsjov og fylgjesveinane hans liknar spissborgaren Kautsky som Lenin fordømte, eller ikkje.
Vi har alltid meint at dei proletariske partia i dei kapitalistiske landa aktivt må leia arbeidarklassen og det arbeidande folket i strid mot monopolkapitalen for å forsvara dei demokratiske rettane, betra levekåra, mot imperialistisk opprusting og krigsførebuingar, for å forsvara freden i verda og gje kraftig støtte til dei revolusjonære stridane dei undertrykte nasjonane fører.
I dei kapitalistiske landa som er utsette for tyranni, kontroll, intervensjon og aggresjon frå USA-imperialismen, bør dei proletariske partia lyfta den nasjonale fana for motstand mot USA-imperialismen og retta brodden i massestriden fyrst og fremst mot USA-imperialismen ved sidan av at dei rettar han mot monopolkapitalen og andre reaksjonære krefter heime som svik dei nasjonale interessene. Dei bør sameina alle krefter som kan sameinast og skipa ein einskapsfront mot USA-imperialismen og ærendssveinane hans.
Dei siste åra har arbeidarklassen og det arbeidande folket i mange kapitalistiske land ført breie massestridar. Dei rammar ikkje berre monopolkapitalen og andre reaksjonære krefter innanlands, men gjev og kraftfull støtte til dei revolusjonære stridane folka Asia, Afrika og Latin-Amerika fører og til landa i den sosialistiske leiren. Vi har alltid sett svært stor pris på denne hjelpa.
Samstundes med at kommunistane aktivt leier dagskampen, bør dei 6g knyta denne striden til striden for dei langsiktige og allmenne interessene, oppseda massane i ein proletarisk revolusjonær ande, heile tida lyfta det politiske medvitet deira og samla revolusjonær styrke for å kunna sigra i revolusjonen når høvet byr seg. Synet vårt på dette er i fullt samsvar med marxismen-leninismen.
Mot synet til marxist-leninistane spreier leiarane i SUKP ideen om at «i dei høgt utvikla kapitalistiske landa er demokratiske og sosialistiske oppgåver så nær samanvovne at det der, minst av alle stader, er råd å dra noka slag grenseline».(63) Dette er å setja dagskamp i staden for langsiktig strid og reformisme i staden for proletarisk revolusjon.
Lenin sa: «ikkje noka reform kan vera varig, ekte og djuptgripande dersom ho ikkje vert støtta av dei revolusjonære metodane for massestrid». Eit arbeidarparti som «ikkje sameiner striden for reformer med dei revolusjonære metodane til arbeidarrørsla, kan verta omskapt til ei sekt og verta rive laus frå massane, og .7. dette er det mest alvorlege trugsmålet mot at den ekte revolusjonære sosialismen skal ha framgang».(64)
Han sa og: «for den klassemedvitne arbeidaren er … alle demokratiske krav … underordna dei høgre interessene til sosialismen».(65) I Staten og revolusjonen siterer Lenin Engels på fylgjande måte: Å gløyma det store hovudmålet for dei nære dagsinteressene, å stri og streva for å vinna framgang i augneblinken utan å tenkja på fylgjene for det som kjem seinare, å ofra framtida til rørsla for notida, er opportunisme, og jamvel fårleg opportunisme.
Det var nett på dette grunnlaget Lenin kritiserte Kautsky for at han «lovprisa reformismen og underkasta seg det imperialistiske borgarskapet og klandra og fornekta revolusjonen».(66) Han sa at «proletariatet kjempar for å velta det imperialistiske borgarskapet gjennom revolusjon» medan Kautsky «kjempar for ei reformistisk ‘forbetring’ av imperialismen, for å tilpassa seg imperialismen og såleis underkasta seg han».(67)
Lenins kritikk mot Kautsky er ei treffande skildring av dei noverande leiarane i SUKP.
Vi har alltid meint at for å kunna leia arbeidarklassen og massane i folket i revolusjon, må partiet til proletariatet meistra alle former for strid og evna å sameina ulike former. Det må kunna gå raskt over frå ei form til ei anna etter kvart som vilkåra for striden endrar seg. Partiet kjem berre til å kunna verta uovervinneleg under alle slags tilhøve dersom det meistrar alle former for strid, som til dømes fredeleg og væpna strid, open og løynd, legal og illegal, parlamentarisk strid og massestrid, og likeins strid innanlands og internasjonal strid.
Sigeren i den kinesiske revolusjonen var nett eit resultat av at kommunistane i Kina meistra alle former for strid grundig og med dugleik — samsvar med særdraga ved den kinesiske revolusjonen — og etter det dei hadde lært av den historiske røynsla frå den internasjonale proletariske striden. Væpna strid var hovudforma i den kinesiske revolusjonen. men revolusjonen kunne ikkje ha sigra dersom ein ikkje hadde nytta andre stridsformer.
Gjennom den kinesiske revolusjonen slost Kinas Kommunistiske Parti på to frontar Det slost mot høgreavviket — legalisme — og det illegalistiske «venstre»-avviket, og knytte saman legal og illegal strid slik det skulle. I landet som heilskap sameinte det strid i dei revolusjonære baseområda med strid i Kuomintang-områda på rett måte. I Kuomintang-områda sameinte det på rett vis ope og løynt arbeid, gjorde seg full nytte av dei legale opningane som fanst, og heldt seg strengt til dei reglane partiet hadde sett for hemmeleg arbeid. Den kinesiske revolusjonen har skapt mangesidige og ulike stridsformer som høver til dei særskilde vilkåra han har hatt.
Frå lang praktisk røynsle veit Kinas Kommunistiske Parti godt at det er gale å avvisa legal strid, å avgrensa partiarbeidet innom tronge grenser og slik gjera seg framand for massane. Men ein må aldri tola den legalismen revisjonistane byr fram. Revisjonistane avviser væpna strid og all annan illegal strid, dei tar berre del i legal strid og legalt arbeid og avgrensar verksemda til partiet og massestridane til dei rammene dei herskande klassane set. Dei skjemmer til og vrakar jamvel det grunnleggjande programmet til partiet, gjev avkall på revolusjonen og innrettar seg heilt etter reaksjonære rettssystem.
I kritikken av Kautsky peikte Lenin heilt rett på at revisjonistar som Kautsky vart korrumperte og sløva av den borgarlege legaliteten.
«Den proletariske retten til revolusjon vart seld for ein rett med linser som vart gjeven til dei organisasjonane som er godkjende etter den gjeldande politilova».(68) Når leiarane i SUKP og fylgjesveinane deira snakkar om å nytta alle former for strid, står dei i røynda for legalisme, og vrakar den proletariske revolusjonen som mål under påskot av å endra formene for striden. Dette er atter å setja kautskyanisme i staden for leninisme.
Leiarane i SUKP nyttar seg ofte av storverket til Lenin, «’Venstre’-kommunismen — ein barnesjukdom», for å rettferdiggjera den range lina si, og dei har gjort dette verket til «grunnlag» for åtaka mot Kinas Kommunistiske Parti.
Dette er sjølvsagt fåfengt. Som alle andre bøker Lenin har skrive kan denne boka berre tena som eit våpen for marxist-leninistane i striden dei fører mot ulike slag opportunisme, og ho kan aldri tena som reiskap for revisjonistiske apologetar.
Då Lenin kritiserte «venstre»-barnesjukdommen og oppmoda partiet til proletariatet om å vera dugande med å setja den revolusjonære taktikken ut i livet og gjera betre arbeid med å bu seg på revolusjonen, hadde han alt brote med revisjonistane i Den andre internasjonalen og skipa Den tredje internasjonalen.
I «’Venstre’-kommunismen — ein barnesjukdom» slo han faktisk fast at hovudfienden til den internasjonale arbeidarrørsla på denne tida var opportunisme av Kautsky-slaget. Han understreka gong på gong at dersom ein ikkje braut med revisjonismen, kunne det ikkje verta spørsmål om å meistra revolusjonær taktikk.
Alle dei kameratane Lenin kritiserte for «venstre»-barnesjukdom ynskte revolusjon, medan den seinare revisjonisten Khrusjtsjov er mot revolusjon. Difor må han reknast med i same klassen som Kautsky, og har ingen som helst rett til å uttala seg om spørsmålet om å nedkjempa «venstre»-barnesjukdommen,
Det er heilt absurd når leiinga i SUKP set merkelappen «trotskisme» på Kinas Kommunistiske Parti. I røynda er det Khrusjtsjov som har teke over den trotskistiske kappa og som står saman med dagens trotskistar.
Trotskismen kjem til uttrykk på ulike måtar i ulike spørsmål, og ber ofte ei «ultra-venstre»-maske. Men innhaldet i han er motstand mot revolusjonen og fornekting av revolusjonen.
Så langt det gjeld den grunnleggjande kjensgjerninga at dei gjekk mot den proletariske revolusjonen og proletaritets diktatur, er trotskisme og revisjonismen til Den andre internasjonalen faktisk det same. Det er grunnen til at Stalin gong på gong sa at trotskisme er ei utgåve av mensjevismen, at han er kautskyanisme og sosialdemokrati og fortroppen til det kontrarevolusjonære borgarskapet.
Kjernen i Khrusjtsjovs revisjonisme av i dag er at han og går imot og fornektar revolusjonen. Difor er den einaste logiske slutninga at Khrusjtsjov-revisjonismen ikkje berre er skoren over same lesten som kautskyanismen, men at han og fell saman med trotskismen når det gjeld motstand mot revolusjonen. Khrusjtsjov burde helst setja merkelappen «trotskist» på seg sjølv.
TO ULIKE LINER, TO ULIKE RESULTAT.
Soga er det mest overtydande vitnet av alle. Etter den andre verdskrigen har ein vunne rik røynsle både i den internasjonale kommunistrørsla og i dei revolusjonære stridane folka har ført. Det har vore både god og dårleg røynsle. Kommunistane og dei revolusjonære i alle land treng å dra dei rette slutningane frå denne historiske røynsla.
Landa i Aust-Europa, Asia og Latin-Amerika som har lukkast med å gjera sosialistisk revolusjon etter krigen, har greidd det av di dei fylgde den revolusjonære marxist-leninistiske lina og den vegen Oktoberrevolusjonen staka ut. No har ein i tillegg til røynsla frå Oktoberrevolusjonen røynsla frå revolusjonen i Kina, i dei sosialistiske landa i Aust-Europa, i Korea, Vietnam og på Cuba. Dei sigerrike revolusjonane i desse landa har utvikla marxismen-leninismen og røynsla frå Oktoberrevolusjonen og gjort dei rikare.
Frå Kina til Cuba vart alle desse revolusjonane utan unntak vunne gjennom væpna strid og gjennom at ein kjempa mot væpna imperialistisk aggresjon og intervensjon.
Det kinesiske folket sigra i revolusjonen sin etter at dei hadde ført revolusjonære krigar i tjueto år. Av desse var det tre år med folkets frigjeringskrig der dei grundig slo Chiang Kai-shek-reaksjonen som vart fullt og heilt støtta opp av USA-imperialismen.
Folket i Korea førte væpna revolusjonær strid mot den japanske imperialismen frå 1930-åra og i femten år frametter. Dei bygde opp og ut dei væpna revolusjonære styrkane, og sigra til sist med hjelp frå Sovjet-hæren. Etter at dei hadde skipa Den demokratiske folkerepublikken Korea, måtte dei føra krig i tre år til mot væpna aggresjon frå USA-imperialismen før sigeren i revolusjonen deira kunne grunnfestast.
Det vietnamesiske folket greip statsmakta gjennom den væpna oppreisten i august 1945. Stutt etter måtte dei ta til med ein åtte års nasjonal frigjeringskrig mot fransk imperialisme, og for å slå ned militær intervensjon frå USA-imperialismen. Fyrst då sigra dei i det nordlege Vietnam. Folket i Sør-Vietnam kjempar framleis ein heltemodig strid mot den væpna aggresjonen frå USA-imperialismen.
Folket på Cuba starta det væpna opprøret sitt i 1953, og deretter tok det meir enn to år med revolusjonær folkekrig før dei velta styret til USA-imperialismen og nikkedokka deira på Cuba, Batista. Då dei hadde sigra i revolusjonen, knuste det kubanske folket væpna invasjonar frå leigesoldatane til USA-imperialismen og slo ring om fruktene av revolusjonen.
Også alle dei andre sosialistiske landa vart til gjennom væpna strid.
Kva er så dei viktigaste lærdommane frå dei vellukka proletariske revolusjonane etter krigen i landa som strekkjer seg frå Kina til Cuba?
1. Valdeleg revolusjon er ei allmenn lov for den proletariske revolusjonen. For å kunna gjennomføra overgangen til sosialisme må proletariatet føra væpna strid, knusa den gamle statsmaskinen og skipa proletariatets diktatur.
2. Bøndene er dei mest pålitande allierte proletariatet har. Proletariatet må ha nær tillit til bøndene, byggja ein brei einskapsfront som er bygd på alliansen mellom arbeidarar og bønder, og stå fast på at leiinga i revolusjonen skal liggja hjå proletariatet.
3. USA-imperialismen er erkefienden til folkets revolusjon i alle land. Proletariatet må halda den nasjonale motstandsfana mot USA-imperialismen høgt, og ha mot til å kjempa viljefast mot USA-imperialismen og ærendssveinane hans i sitt eige land.
4. Revolusjonen til dei undertrykte nasjonane er ein naudsynt alliert til den proletariske revolusjonen. Arbeidarane i alle land må gå saman, og dei må sameina seg med alle undertrykte nasjonar og alle krefter som går imot imperialismen og ærendssveinane hans for å kunna byggja ein brei internasjonal einskapsfront.
5. For å gjera revolusjon må ein ha eit revolusjonært parti. Den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur kan ikkje sigra dersom ein ikkje har eit revolusjonært proletarisk parti som er bygt i samsvar med den revolusjonære marxist-leninistiske teorien og på den måten marxismen-leninismen krev. Partiet må vera uforsonleg andsynes revisjonisme og opportunisme, og det må ha ei revolusjonær haldning til dei reaksjonære herskarklassane og statsmakta deira.
Å stå fast på revolusjonær væpna strid er avgjerande viktig, ikkje berre for den proletariske revolusjonen, men og for den nasjonaldemokratiske revolusjonen til dei undertrykte nasjonane. Sigeren i den nasjonale frigjeringskrigen i Algerie har sett eit godt føredøme i så måte.
Heile soga til dei proletariske partia tida etter krigen har synt at dei partia som har fylgt den revolusjonære lina og hatt rett strategi og taktikk og aktivt leidd massane i revolusjonær strid, evnar å leia den revolusjonære saka frametter steg for steg fram til sigeren. Dei har og greidd å veksa kraftig i styrke. Omvendt har alle dei partia som har teke ved ei ikkje-revolusjonær opportunistisk line og godteke Khrusjtsjov si line med «fredeleg overgang», skadd den revolusjonære saka mykje og gjort seg sjølve til livlause og reformistiske parti, eller dei har forfalle heilt og tener som reiskapar for borgarskapet mot proletariatet. Det manglar ikkje på døme på dette.
Kameratane i kommunistpartiet i Irak var ein gong fulle av revolusjonær eldhug. Men press utanfrå tvinga dei til å godta den revisjonistiske lina til Khrusjtsjov, og dei gav slepp på vaktsemda mot kontrarevolusjon. I det væpna kontrarevolusjonære statskuppet ofra mange leiande kameratar livet som heltar, tusentals kommunistar og revolusjonære i Irak vart slakta ned med kaldt blod, det sterke Iraks Kommunistiske Parti vart spreidd for alle vindar, og den revolusjonære saka i Irak vart sett alvorleg attende. Dette er ein tragisk lærdom i bøkene til den proletariske revolusjonen, ein lærdom som er skriven i blod.
Leiarane i kommunistpartiet i Algerie dansa etter taktstokken til Khrusjtsjov og leiinga i det franske kommunistpartiet, og dei godtok fullt ut den revisjonistiske lina mot væpna strid. Men folket i Algerie nekta å høyra på slikt tøv. Dei kjempa djervt for nasjonal frigjering mot imperialismen, førte ein meir enn sju år lang nasjonal frigjeringskrig, og tvinga til sist den franske regjeringa til å godkjenna at Algerie vart sjølvstendig. Kommunistpartiet i Algerie fylgde den revisjonistiske lina til leiarane i SUKP. Dei miste difor tilliten i det algirske folket og stillinga det hadde i det politiske livet i Algerie.
Under revolusjonen på Cuba nekta ein del av leiarane i det sosialistiske folkepartiet å fylgja den revolusjonære marxist-leninistiske lina som er den rette lina for væpna revolusjonær strid. Dei fylgde den revisjonistiske lina til Khrusjtsjov, gjekk inn for «fredeleg overgang» og gjekk imot væpna revolusjon. Under desse omstenda oversåg marxist-leninistane i og utanfor partiet på Cuba, med kamerat Fidel Castro som talsmann, heilt rett dei leiarane som gjekk mot valdeleg revolusjon. Dei rekte einannan hendene og gjorde revolusjon saman med det revolusjonære kubanske folket, og til sist vann dei ein viktig historisk siger.
Visse leiarar i kommunistpartiet i Frankrike, med Thorez som talsmann, har lenge fylgt ei revisjonistisk line. Dei har gått ut med «den parlamentariske vegen» i samsvar med Khrusjtsjovs taktstokk. I røynda har dei redusert kommunistpartiet til eit sosialdemokratisk nivå. Dei har slutta å gje aktiv støtte til dei revolusjonære vonene til folket, og rulla saman den nasjonale fana for motstand mot USA-imperialismen. Resultatet av denne revisjonistlina er at kommunistpartiet, som ein gong hadde stor innverknad hjå folket, er vorte stadig meir isolert frå massane og har forfalle meir og meir.
Visse leiarar i kommunistpartiet i India, med Dange som fremste dømet, har lenge fylgt ei revisjonistisk line. Dei har firt den revolusjonære fana og slutta å leia massane i nasjonale og demokratiske revolusjonære stridar. Dange-banden har glidd lengre og lengre nedover den revisjonistiske vegen, og forfalle til nasjonalsjåvinistar, til reiskapar for den reaksjonære politikken til dei store godseigarane og storborgarskapet i India, og til renegatar i høve til proletariatet.
Lista syner at dei to grunnleggjande ulike linene fører til to grunnleggjande ulike resultat. Alle desse lærdommane fortener å bli studerte nøye.
FRÅ BROWDER OG TITO TIL KHRUSJTSJOV
Khrusjtsjov-revisjonismen har djupe historiske og sosiale røter, og er prega av tida. Som Lenin sa: «Opportunisme er ikkje noko uhell, ikkje noka synd, ikkje noko feilgrep, ikkje noko svik frå einskildpersonar, men eit samfunnsprodukt av ein heil historisk tidbolk.»(69)
Den internasjonale kommunistrørsla har gjort store framsteg etter den andre verdskrigen, men samstundes har ho skapt si eiga motsetning innanfor sine eigne rekkjer — ein motstraum av revisjonisme som står i motsetnad til sosialismen, marxismen-leninismen og den proletariske revolusjonen. Denne motstraumen hadde Browder som sin fyrste hovudtalsmann, seinare kom Tito, og no Khrusjtsjov. Khrusjtsjov-revisjonismen er ikkje noko anna enn eit framhald og ei utvikling av browderismen og titoismen.
Browder tok til å avsløra revisjonismen sin rundt 1935. Han tilbad det borgarlege demokratiet, slutta å koma med den kritikken som måtte til av den borgarlege regjeringa, og såg på borgarskapets diktatur som ein bra ting for kommunistane. Slagordet hans var: «Kommunismen er amerikanisme i det tjuande århundret,»(70)
Då den anti-fascistiske einskapsfronten vart bygd opp internasjonalt og i USA under den andre verdskrigen, vart Browder trollbunden av borgarleg «demokrati», «framgang» og «fornuft». Han la seg flat for borgarskapet og degenererte til ein gjennomført kapitulasjonist.
Browder spreidde eit heilt nett av revisjonistiske synsmåtar som skjønmåla borgarskapet og gjekk imot og fornekta revolusjonen.
Han sa at Teheran-Fråsegna frå Sovjetunionen, USA og England bar lovnader om ein tidbolk med «varig tillit og samarbeid» mellom kapitalismen og sosialismen, og at ho kunne garantera «ein trygg fred i fleire generasjonar».(71)
Han spreidde ideen om at dei internasjonale avtalane mellom Sovjetunionen, USA og England målbar «dei mest livsviktige interessene til alle nasjonar og alle folk på jorda utan unntak»(72), og at sjansane for indre kaos «ikkje kan sameinast med sjansane for internasjonal orden». Difor var det naudsynt å gå imot «at klassekonflikten eksploderer» i landet, og «så langt råd avgrensa og setja faste grenser for» den indre klassekampen.(73)
Han spreidde eit syn som gjekk ut på at ein ny krig ville verta «ei verkeleg katastrofal øydelegging av store deler av verda», og at han «kan koma til å kasta … mesteparten av verda attende til barbariet i femti eller hundre år». Han hevda og at ein måtte «leggja vekt på å nå ei semje som gjekk ut over alle klasseskilje»(74) for å fjerna heilt den ulukka krig er.
Han gjekk inn for å lita «heilt og fullt på demokratisk overtaling og overtyding»(75) for å gjennomføra sosialismen, og sa at etter den andre verdskrigen har visse land «dei vilkåra som må til for å gjennomføra ein fredeleg overgang til sosialismen».(76)
Han fornekta den sjølvstendige rollen til dei proletariske partia, og sa: «I lang tid frametter og på alle viktige punkt vil dei praktiske politiske måla dei (kommunistane) går inn for, vera i samsvar med måla til eit langt større tal ikkje-kommunistar.»(77)
Med desse ideane som rettesnor oppløyste han kommunistpartiet i USA.
For ei tid førte Browders revisjonisme den revolusjonære saka til det amerikanske proletariatet ut på kanten av stupet, og han forgifta dei proletariske partia i mange andre land med likvidasjonisme.
Den revisjonistiske lina til Browder møtte motbør frå mange amerikanske kommunistar med kamerat William Z. Foster i brodden, og ho vart avvist og attendevist av mange systerparti. Men den revisjonistiske retninga Browder sto for vart ikkje grundig kritisert og gjort til inkjes av den internasjonale kommunistrørsla som heilskap. Under dei nye tilhøva etter krigen utvikla den revisjonistiske retninga seg på ny i rekkjene til kommunistane i visse land.
I dei kapitalistiske landa kom framvoksteren av den revisjonistiske retninga fyrst til uttrykk i at leiarane i visse kommunistparti gjekk frå den revolusjonære marxist-leninistiske lina og omfamna lina med «fredeleg overgang». Denne lina får eit klårt uttrykk i Togliatti-teorien om strukturreformer. Denne teorien går inn for at proletariatet skal vinna styring over staten gjennom legale kanalar i det borgarlege demokratiet, og at ein skal gjera den nasjonale økonomien sosialistisk gjennom slik nasjonalisering og planlegging som monopolkapitalen er tent med. Ifylgje denne lina er det råd å skapa nye sosialistiske produksjonsforhold og gjennomføra overgangen til sosialisme utan å knusa det borgarlege statsapparatet. I praksis vil dette seia å få kommunismen til å degenerera til sosialdemokrati.
I dei sosialistiske landa dukka den revisjonistiske retninga fyrst opp i Jugoslavia. Kapitulasjon i høve til USA-imperialismen er eit viktig kjennemerke ved Tito-revisjonismen. Tito-klikken har selt seg med hud og hår til USA-imperialismen. Dei har ikkje berre gjeninnført kapitalismen i Jugoslavia, men dei har og vorte ein reiskap for imperialismen ved at dei undergrev den sosialistiske leiren og den internasjonale kommunistrørsla. Dei spelar rollen som spesialtropp for USA-imperialismen i arbeidet for å sabotera verdsrevolusjonen.
Tito-klikken strevar etter å tena USA-imperialismen og motarbeida og avskaffa den proletariske revolusjonen, og dei har ope og rett ut påstått at valdeleg revolusjon har vorte «meir og meir overflødig som middel til å løysa sosiale motseiingar».(78) Dei har og påstått at «prosessen med jamn utvikling mot sosialismen» gjennom det borgarlege parlamentet «er ikkje berre mogeleg, det er alt ei kjensgjerning».(79) I røynda likestiller dei kapitalisme med sosialisme når dei påstår at verda i dag «som heilskap har ‘kasta’ seg djupt inn i sosialismen, at ho er vorten sosialistisk».(80) Dei seier og at «spørsmålet om sosialisme eller kapitalisme alt er løyst i verdsmålestokk».(81)
Browder-revisjonismen, teorien om strukturreformer og Tito-revisjonismen — dette er dei fremste uttrykka for det revisjonistiske straumdraget etter andre verdskrigen.
Mellom det tjuande og det tjueandre landsmøtet i SUKP vart den revisjonistiske lina til Khrusjtsjov om «fredeleg overgang», «fredeleg samlivnad» og «fredeleg kappestrid» eit heilskapleg system. Han har fallbydd desse greiene alle stader som ei «nyskaping» frå hans side. Likevel er det ikkje noko nytt, men berre eit lett omrørt og billeg oppkok av Browder-revisjonismen, teorien om strukturreformer og Tito-revisjonisme. I internasjonale tilhøve praktiserer Khrusjtsjov-revisjonismen kapitulasjon for USA-imperialismen. I dei imperialistiske og kapitalistiske landa praktiserer han kapitulasjon for dei reaksjonære herskarklassane, og i dei sosialistiske landa oppmodar han til utvikling av dei kapitalistiske kreftene.
Dersom ein kan seia at Bernstein, Kautsky og dei andre revisjonistane i Den andre internasjonalen drog i spann og høyrde til same familien i tida rundt den fyrste verdskrigen, kan ein og seia det same om Browder, Tito og Khrusjtsjov når det gjeld tida etter andre verdskrigen.
Browder har gjort dette poenget klårt. Han skreiv fylgjande i 1960: «No har Khrusjtsjov teke opp den ’kjettartrua’ som gjorde at eg vart sparka ut av kommunistpartiet i 1945.» Og han la til at den nye politikken til Khrusjtsjov «er så å seia ord for ord det same som eg gjekk inn for for femten år sidan. Brotsverket mitt har — i det minste for augneblinken — vorte den nye rette trua.»(82)
Khrusjtsjov sjølv har vedgått at han og Tito-klikken «tilhøyrer ein og same ide og vert rettleidde av same teorien».83
Slik saka står er Khrusjtsjov-revisjonismen jamvel endå meir skadeleg enn revisjonismen til Bernstein, Kautsky, Browder og Tito. Kvifor? Fordi USSR er den fyrste sosialistiske staten, det er eit stort land i den sosialistiske leiren og det er fedrelandet til leninismen. SUKP er eit stort parti, det vart skapt av Lenin og har stor vyrdnad i den internasjonale kommunistrørsla på grunn av soga si. Khrusjtsjov utnyttar den stillinga han har som leiar for SUKP og Sovjetunionen til å tvinga gjennom den revisjonistiske lina si.
Han skildrar den revisjonistiske lina si som «leninistisk», og for å forvirra og narra folk nyttar han seg av den vyrdnaden folk har for den store Lenin og det store bolsjevikpartiet.
Han utnyttar den nedarva vyrdnaden for SUKP og stillinga til eit stort parti og eit stort land til å svinga med taktstokken og gjera bruk av alle slag politiske, økonomiske og diplomatiske tiltak for å tvinga andre til å godta den revisjonistiske lina si.
Heilt i tråd med den imperialistiske politikken med å kjøpa arbeidararistokratiet over til seg, kjøper han over visse borgarleggjorde kommunistar i den internasjonale kommunistrørsla, slike som har svike marxismen-leninismen. Han overtalar dei til å lovprisa og tena den anti-revolusjonære lina til leiarane i SUKP.
Det er grunnen til at alle andre revisjonistar, anten det er i notid eller fortid, vert dvergar samanlikna med Khrusjtsjov.
Som 1957-Fråsegna peikar på, er det sosiale opphavet til den moderne revisjonismen at ein gjev etter for ytre press frå imperialismen og godtar borgarleg innverknad i sitt eige land.
Nett som dei gamle revisjonistane svarer dei moderne revisjonistane nett til det biletet Lenin gav av dei: «… objektivt sett er dei ei politisk avdeling av borgarskapet … dei formidlar innverknad frå borgarskapet og er deira agentar i arbeidarrørsla».(84)
For å seia det med Lenin sine ord, er det økonomiske grunnlaget for framvoksteren av den moderne revisjonismen på same viset som for den gamle revisjonismen «ein ørliten del av ’toppen’ i arbeidarrørsla».(85)
Den moderne revisjonismen er eit produkt av politikken til imperialismen og den internasjonale monopolkapitalen med USA i brodden. Dei moderne revisjonistane vert vettskremde av politikken med utpressing med atomvåpen, og korrumperte av politikken med å kjøpa folk over. Dei tener som brikker for USA-imperialismen, og er audmjuke fylgjesveinar for han når det gjeld å motarbeida revolusjonen.
Revisjonisiten Khrusjtsjov er og skremd frå vettet av dei hysteriske krigsropa til USA-imperialismen. Han trur at hans «Noas ark», jorda, er truga av øydelegging kva tid som helst, og han har heilt mist tilliten til framtida til menneskeætta. Han tenkjer ut frå nasjonal egoisme, og er redd for at revolusjonane til dei undertrykte klassane og nasjonane kan skapa bråk for han og få han innblanda. Difor prøver han å motarbeida alle revolusjonar på alle moglege vis, og som i tilfellet med Kongo, tar han ikkje to øre for å gå saman med USA-imperialismen for å halda ein folkeleg revolusjon nede. Han trur at han gjennom dette kan unngå fårar, og samstundes samansverja seg med USA-imperialismen for å dela opp verda i innverknadssfærer og slik slå to fluger i ein smekk. Alt dette syner berre at Khrusjtsjov er den største kapitulasjonisten i soga. Vert den skadelege politikken til Khrusjtsjov sett ut i livet, vil det uomgjengeleg verta til uvurderleg skade for den store Sovjetunionen sjølv.
Kva er grunnen til at Khrusjtsjov-revisjonismen voks fram i Sovjetunionen, ein sosialistisk stat med ei soge som spenner over fleire tiår?
I røynda er det ikkje så rart. I alle sosialistiske land kan spørsmålet om kven som skal vinna over kven — sosialismen eller kapitalismen — berre løysast steg for steg gjennom ein lang historisk tidbolk. Så lenge det finst kapitalistkrefter og klassar i samfunnet, finst det og grobotn for revisjonisme.
Khrusjtsjov hevdar at klassane er avskaffa i Sovjetunionen, at ein har vunne over fåren for at kapitalismen skal verta gjeninnført og at ein driv og byggjer kommunismen. Alle desse påstandane er usanne.
På grunn av at Khrusjtsjov-revisjonismen har makta, av di det ope er kunngjort at Sovjet-staten har skift innhald og ikkje lenger er proletariatets diktatur, og av di det er sett i verk ei heil rad range politiske liner i innanriks- og utanrikspolitikken, har kapitalistkreftene i Sovjetsamfunnet i røynda vorte ei flodbylgje som sveiper over alle område i livet i USSR. Dette gjeld både politikken, økonomien, kulturen og ideologien. Det sosiale opphavet til Khrusjtsjov-revisjonismen ligg nett i desse kapitalistkreftene som heile tida veks seg utover i Sovjetunionen.
Khrusjtsjov-revisjonismen representerer og tener desse kapitalistkreftene. Difor kjem han aldri til å føra kommunismen til folket i Sovjet. Tvert om set han fruktene av sosialismen i alvorleg fåre og opnar slusene for at kapitalismen skal verta gjeninnført. Dette er nett den vegen med «fredeleg utvikling» som USA-imperialismen lengtar etter.
Heile soga til proletariatets diktatur fortel oss at fredeleg overgang frå kapitalisme til sosialisme er uråd. Men frå Jugoslavia har vi alt eit døme på at sosialismen «utviklar seg fredeleg» attende til kapitalisme. No fører revisjonismen til Khrusjtsjov Sovjetunionen same vegen.
Dette er den mest alvorlege lærdommen i soga til proletariatets diktatur. Alle marxist-leninistar, alle revolusjonære og dei generasjonane som kjem etter oss, må aldri gløyma denne viktige lærdommen,
VONENE VÅRE
Det har berre gått åtte år sidan det tjuande landsmøtet i SUKP. I denne særs stutte tidbolken har Khrusjtsjov-revisjonismen skadd Sovjetunionen og den revolusjonære saka til det internasjonale proletariatet svært mykje og svært alvorleg
No er det på tide — no er det på høg tid — å visa attende Khrusjtsjov-revisjonismen og gjera han til inkjes!
Her vil vi gjerne gje dei leiande kameratane i SUKP eit råd: Når så mange opportunistar og revisjonistar har vorte kasta på historia sin skraphaug, kvifor må de då på liv og daude fylgja i deira fotspor?
Vi vil og uttrykkja von om at dei leiande kameratane i andre systerparti som har gjort revisjonistiske feil vil tenkja gjennom fylgjande: Kva har dei vunne gjennom å fylgja den revisjonistiske lina til leiarane i SUKP? Vi forstår at når ein ser bort frå dei som har falle djupt ned i den revisjonistiske hengemyra, så finst det eit stort tal kameratar som er vortne forvirra og narra eller tvinga til å fylgja den range lina. Vi trur at alle dei som er proletariske revolusjonære til sist kjem til å velja den revolusjonære lina og avvisa den anti-revolusjonære lina, at dei til sist kjem til å velja marxismen-leninismen og vraka revisjonismen. Vi har god von om at dette vil skje.
Revisjonismen kan aldri stogga historia, stogga revolusjonen. Revisjonistleiarar som ikkje gjer revolusjon sjølve, kan aldri hindra dei ekte marxistane og det revolusjonære folket i å reisa seg i revolusjon. I «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky» skreiv Lenin at då Kautsky vart renegat, kunne den tyske marxisten Liebknecht berre appellera til arbeidarklassen på fylgjande vis — «skuv bort slike ‘leiarar’, fri dykk frå den fordummande og øydeleggjande propagandaen deira, reis dykk til opprør trass i dei, utan dei, og marsjer over hovuda deira fram mot revolusjon»!(86)
Då den revisjonismen som Den andre internasjonalen stod for rådde i mange parti Europa, la Lenin stor vekt på synet til den franske kommunisten Paul Golay. Golay sa:
«Motstandarane våre talar høgt om at sosialismen har spelt fallitt. Det er litt for tidleg. Men kven vil våga å påstå at dei tar heilt i miss? Det som er i ferd med å døy no, er slett ikkje sosialisme, men ei utgåve av sosialismen, ein sukra sosialisme utan idealisme og utan eldhug. Han ter seg som ein feit embetsmann og solid familiefar, det er ein sosialisme utan mot eller brennande glød, ein som berre trur på statistikken og har nasen nedgraven i venskaplege avtalar med kapitalismen, ein sosialisme som berre er oppteken av reformer og som har selt førstefødderetten sin for ein rett linser ein sosialisme som i augo til borgarskapet er eit lokk på utolmodet til folket og ei automatbremse på det proletariske vågemotet.»(87)
For ei strålande skildring! Lenin kalla det den ærlege røysta til ein fransk kommunist. Folk spør no: Er ikkje moderne revisjonisme nett den «utgåva av sosialismen» som er i ferd med å døy? Dei skal snart få høyra atterljomen frå dei ærlege røystene til tallause kommunistar i dei partia som er dominerte av revisjonismen.
«Det går tusen segl forbi skipsvraket, ti tusen nye skot skyt fram under det inntørka treet.» Falsk sosialisme døyr medan den vitskaplege sosialismen fløymer over av ungdomskraft og går frametter med lengre steg enn nokon gong før. Den revolusjonære sosialismen har ei livskraft som gjer at han vil vinna over alle vanskar og hindringar og gå mot siger steg for steg til han har vunne heile verda.
Vi skal runda av denne artikkelen med sluttorda i Det Kommunistiske Manifestet:
«Kommunistane foraktar å løyna kva dei meiner og dei måla dei har. Dei seier ope at dei berre kan nå måla sine gjennom å velta alle dei rådande samfunnstilhøva med vald. La dei herskande klassane få skjelva for ein kommunistisk revolusjon. Proletarane har ikkje noko anna å missa enn lekkjene sine. Dei har ei heil verd å vinna.
ARBEIDARAR I ALLE LAND, GÅ SAMAN!»
Noter:
1. Khrusjtsjov. Melding til det tjuande partilandsmøtet i SUKP februar 1956.
2. Same stad.
3. Khrusjtsjov, «Fram for nye sigrar for den kommunistiske verdsrørsla» (tale på eit møte for partiorganisasjonane på den høgre partiskulen, Akademiet for samfunnsvitskap og Instituttet for marxismen-leninismen, sentralkomiteen i SUKP, 6. januar 1961), Den marxistiske verdsrevyen, nr. 1 1961, s. 22.
4. Khrusjtsjov, Melding til det tjuande landsmøtet i SUKP, februar 1956.
5. Same stad.
6. «Programmet til Sovjetunionens Kommunistiske Parti», Dokument frå det tjueandre landsmøtet i SUKP, engelsk utgåve, Moskva, 1961, s. 482.
7. Same stad s. 486
8. Eduard Bernstein, Føresetnadene for sosialismen og oppgåvene til Det sosialdemokratiske partiet, tysk utgåve, Berlin 1923, s. 11.
9. Same stad s. 197
10. Eduard Bernstein, Kva er sosialisme?, tysk utgåve, Berlin 1922, s. 28.
11. Eduard Bernstein, Den politiske massestreiken og den politiske situasjonen for det sosialdemokratiske partiet i Tyskland, tysk utgåve, Berlin 1905, s. 37
12. Lenin, «Sigeren til kadettane og oppgåvene til arbeidarpartiet» (1906), Samla verk, engelsk utgåve, band 10, s. 249.
13. Kautsky, Den materialistiske historieforståinga, tysk utgåve, Berlin 1927, s. 431—32.
14. Kautsky, Sosialdemokrati mot kommunisme, engelsk utgåve, Rand School Press, New York, 1946, s. 117.
15. Kautsky, Den proletariske revolusjonen og programmet for han, tysk utgåve Berlin 1922, s. 90.
16. Kautsky, «Ny taktikk», Die Neue Zeit, nr. 46, 1912.
17. Kautsky, Brev til Franz Mehring, 15. juli 1893.
18. Lenin, «Helsing til dei italienske, franske og tyske kommunistane» (1919), Samla verk, engelsk utgåve, band 30, s. 58.
19. Lenin, «Staten og revolusjonen» (1917), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1977 band 8, s. 142.
20. Lenin, «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky» (1918), Utvalgte verker i 12 bind, band 10, Forlaget Oktober 1978 , s. 45.
21. Lenin. «Profetiske ord» (1918), Samla verk, engelsk utgåve, band 27, s. 496.
22. Lenin, «Dei som vert skremde av at det gamle bryt saman, og dei som kjempar for det nye» (1918), Samla verk, engelsk utgåve, band 26, s. 401.
23. Lenin, «Staten og revolusjonen» (1917), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1977 bind 8, s. 33.
24. Same stad, s. 34.
25. Stalin, «Svar i diskusjonen om meldinga om ’Det sosialdemokratiske avviket i partiet vårt’» (1926), Verk, engelsk utgåve, band 8, s. 323.
26. Stalin, «Om spørsmåla i leninismen» (1926), Spørsmål i leninismen, Forlaget Oktober 1976, s. 114.
27. Mao Tsetung, «Om motsigelsen» (1937), Verker i utvalg, bind 1, Forlaget Oktober 1978, s. 344.
28. Mao Tsetung, «Problem i krig og strategi» (1938), Militærskrifter i utvalg, Forlaget Oktober 1978, s. 309.
29. Same stad s. 315.
30. Sjå Tillegg 1, band 1 i denne serien, Forlaget Oktober 1977, s. 90—93.
31. O.V. Kuusinen og andre, Marxist-leninismens grunnlag, russisk utgåve, Moskva 1959, s. 526.
32. Referat frå ein samtale mellom K. Marx og ein journalist frå The World, Marx Engels Verk, tysk utgåve, band 17, s. 643.
33. Lenin, «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky» (1918), Samla verk, eng. utg. b. 28, s. 108
34. Lenin, «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky», (1918), Utvalgte verker i 12 bind, bind 10, Forlaget Oktober 1978, s. 42.
35. A. Beljakov og F. Burlatski, «Lenin sin teori om den sosialistiske revolusjonen og dagen i dag», Kommunist, nr. 13 1960.
36. Lenin, «Tale om haldninga andsynes den provisoriske regjeringa», halden på den fyrste allrussiske kongressen for sovjet av arbeidar- og soldatrepresentantar (1917), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1978, band 7, s. 75.
37. Lenin, «Om slagord» (1917), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1978, band 7, s. 83.
38. Lenin, «Den politiske stoda» (1917), Samla verk, engelsk utgåve, band 25, s. 179.
39. Lenin, «Folk frå den neste verda» (1918), Samla verk engelsk utgåve, band 26, s. 432.
40. Lenin, «Framgangane og vanskane for sovjet-makta» (1919), Samla verk, engelsk utgåve, band 29, s. 59.
41. F. Konstantinov, «Lenin og vår eiga tid», Kommunist, nr. 5 1960.
42. A.I. Mikojan, «Tale på det tjuande landsmøtet». Det tjuande landsmøtet i Sovjetunionens Kommunistiske Parti, russisk utgåve, Moskva 1956, band 1, s. 313.
43. «Marxismen-leninismen — grunnlaget for einskap i den kommunistiske rørsla», redaksjonell artikkel i Kommunist, Moskva, nr. 15 1963.
44. Bela Kun, Lærdommar frå den proletariske revolusjonen i Ungarn, russisk utgåve, Moskva 1960, s. 46.
45. Same stad, s. 57.
46. «Korleis den revolusjonære prosessen i verda utviklar seg», Sovjetskaja Rossija, 1. august 1963.
47. Bela Kun, Nemnde verk s. 49.
48. L.I. Bresjnjev, Tale på den tolvte kongressen til kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia, Pravda, 4. desember 1962.
49. Klement Gottwald, Tale på plenumssesjonen til sentralkomiteen i kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia, 17. november 1948.
50. Lenin, «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky» (1918), Utvalgte verker i 12 bind, band 10, Forlaget Oktober 1978, s. 41.
51. Mao Tsetung, «Revolusjonære krefter i verda, stå saman og kjemp mot den imperialistiske aggresjonen» (1948), Verk i utval, engelsk utgåve, FLP Peking 1961, band 4, s. 284.
52. Mao Tsetung, «Kast frå dykk illusjonane og bu dykk på strid» (1949), Verk i utval, engelsk utgåve, FLP Peking 1961, band 4, s. 428.
53. A. Butenko, «Krig og revolusjon», Kommunist, Moskva, nr. 4 1961.
54. O.V. Kuusinen og andre, Grunnsteinane i marxismen-leninismen, russisk utgåve, Moskva 1959, s.
55. A. Beljakov og F. Burlatski, «Lenin sin teori om den sosialistiske revolusjonen og dagen dag», Kommunist, Moskva, nr. 13 1960.
56. Butenko, Nemnde verk.
57. J.F. Dulles, Helsingstale til det 41. årsmøtet for Kiwanis-internasjonalen, 21. juni 1956.
58. J.F. Dulles, Tale på den årlege lunsjen til Associated Press, 22. april 1957, New York Times, 23. april 1957.
59. Lenin, «Vala til den grunnlovgjevande forsamlinga og proletariatets diktatur» (1919), Samla verk, engelsk utgåve, band 30, s. 272.
60. Ope brev frå sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti til alle partiorganisasjonar og alle kommunistar i Sovjetunionen, 14. juli 1963.
61. «Marxismen leninismen — grunnlaget for einskap i kommunistrørsla», redaksjonell artikkel i Kommunist, Moskva, nr. 15 1963.
62. Lenin, «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky», (1918), Utvalgte verker i 12 bind, band 10, Forlaget Oktober 1978, s. 104.
63. A. Beljakov og F. Burlatski, «Lenin sin teori om den sosialistiske revolusjonen og dagen dag», Kommunist, Moskva, nr. 13 1960.
64. Lenin, «Til sekretæren for ‘Det sosialistiske propagandaforbundet’» (1915), Samla verk, engelsk utgåve, band 21, s. 424.
65. Lenin, «Ein karikatur av marxismen og ‘imperialistisk økonomisme’» (1916), Samla verk, engelsk utgåve, band 23, s. 57.
66. Lenin, «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky (1918), Utvalgte verker i 12 bind, band 10, Forlaget Oktober 1978, s. 95.
67. Same stad s. 95
68. Lenin, «Samanbrotet til Den andre internasjonalen» (1915), Samla verk, engelsk utgåve, band 21, s. 251.
69. Lenin, «Samanbrotet til Den andre internasjonalen» (1915), Samla verk, engelsk utgåve, band 21, s. 247.
70. Sitert i William Foster Soga til kommunistpartiet i USA engelsk utgåve, International Publishers, New York, 1952, s. 337.
71. Earl Browder Teheran, vegen vår i krig og fred, engelsk utgåve, International Publishers, New York, 1944, s. 23 og 27.
72. Same stad s. 31.
73. Earl Browder Teheran og Amerika, engelsk utgåve, Workers Library Publishers, New York, 1944, s. 17 og 28.
74. Earl Browder, Kommunistar og nasjonal einskap, engelsk utgåve, Workers Library Publishers, New York, 1944, s. 9—10.
75. Earl Browder, Vegen til siger, engelsk utgåve, Workers Library Publishers, New York, 1941, s. 22.
76. Earl Browder, Verdskommunismen og utanrikspolitikken til USA, engelsk utgåve, eige forlag, New York City, 1948, s. 19.
77. Earl Browder, Teheran, vegen vår i krig og fred, engelsk utgåve, International Publishers, New York, 1944, s. 117.
78. Ilja Kosanovic, Historisk materialisme, russisk utgåve, Moskva 1958, s. 352.
79. Edvard Kardelj, «Sosialistisk demokrati i jugoslavisk utforming», førelesing for tillitsmenn i Det norske Arbeiderparti i Oslo, 8. oktober 1954.
80. Mialko Todorovic, «Om fråsegna om tilhøvet mellom Kommunistforbundet i Jugoslavia og SUKP», Kommunist, Beograd, nr. 7—8, 1956.
81. Mirko Perovic, Politicka Ekonomija 2. utgåve, Beograd 1958, s. 466.
82. Earl Browder, «Korleis Stalin øydela det amerikanske kommunistpartiet», Harper’s Magazine, mars 1960.
83. Khrusjtsjov, intervju med utanlandskorrespondentar i Brioni i Jugoslavia, 28. august 1963.
84. Lenin, «Samanbrotet til Den andre internasjonalen» (1915), Samte verk, engelsk utgåve, band 21, s. 251.
85. Lenin, «Opportunismen og samanbrotet til Den andre internasjonalen» (1915), Samla Verk, engelsk utgåve, band 21 s. 442.
86. Lenin, «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky» (1918), Utvalgte verker i 12 bind, band 10, Forlaget Oktober 1978, s. 106.
87. Den sosialismen som døyr og den sosialismen som må verta fødd på ny, Lausanne 1915.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.