Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 3. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1979. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på PDF-arkivet til AKP.
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Forsvararar av nykolonialismen
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Den proletariske revolusjonen og renegaten Khrustsjov
Innhold
OM DEN FALSKE KOMMUNISMEN TIL KHRUSJTSJOV OG KVA HISTORISKE LÆRDOMMAR VERDA KAN DRA AV HAN
Niande kommentaren til det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP
Av redaksjonen i Renmin Ribao (Folkets Dagblad) og Hongqi (Raude Fane)
(14. juli 1964)
Teoriane om den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur er sjølve kjernen i marxismen-leninismen. Spørsmålet om ein skal stå fast på eller gå mot revolusjonen og proletariatets diktatur har alltid stått i sentrum for striden mellom marxismen-leninismen og alle slag revisjonisme. Dette spørsmålet er no sentrum for striden mellom marxist-leninistane over heile verda og den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken.
På det tjueandre landsmøtet til SUKP utvikla den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken revisjonismen sin til eit heilskapleg system. Dei ikkje berre fullførte dei anti-revolusjonære teoriane sine om «fredeleg samlivnad», «fredeleg kappestrid» og «fredeleg overgang», men dei kunngjorde og at proletariatets diktatur ikkje er naudsynt lenger i Sovjetunionen. Dei fremja og dei absurde teoriane om «ein heile folkets stat» og «eit heile folkets parti».
Programmet den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken la fram på det tjueandre landsmøtet til SUKP er eit program for ein falsk kommunisme. Det er eit revisjonistisk program som går mot den proletariske revolusjonen, og som går inn for å avskaffa proletariatets diktatur og det proletariske partiet.
Den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken avskaffar proletariatets diktatur under dekke av å skapa «ein heile folkets stat», dei endrar den proletariske karakteren til Sovjetunionens Kommunistiske Parti under dekke av å skapa «eit heile folkets parti», og ryddar vegen for at kapitalismen skal verta gjeninnført i løynd av «å byggja kommunismen fullt ut».
I Framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla, dagsett 14. juni 1963, peikte sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti på at det teoretisk sett er heilt meiningslaust og i praksis umåteleg skadeleg å setja «heile folkets stat» i staden for ein stat med proletariatets diktatur, og «heile folkets parti» i staden for fortroppspartiet til proletariatet. Denne utskiftinga er eit stort historisk tilbakesteg som gjer all overgang til kommunismen umogleg, og som berre hjelper til med å gjeninnføra kapitalismen.
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP og pressa i Sovjetunionen tyr til ordkløyving for å rettferdiggjera seg, og påstår at kritikken vår mot «ein heile folkets stat» og «eit heile folkets parti» er klagemål som «ligg langt frå marxismen», «syner botnlaus mangel på kunnskap om livet i Sovjetunionen», og er eit krav om at dei «vender attende til fortida.»
Vel, la oss finna ut kven som i røynda ligg langt unna marxismen-leninismen, korleis livet i Sovjetunionen verkeleg er, og kven som i røynda vil at Sovjetunionen skal venda attende til fortida.
DET SOSIALISTISKE SAMFUNNET OG PROLETARIATETS DIKTATUR
Kva er det rette synet på det sosialistiske samfunnet? Er det framleis klassar og klassekamp gjennom heile det sosialistiske stadiet? Bør ein halda fast på proletariatets diktatur og føra den sosialistiske revolusjonen til endes? Eller bør ein avskaffa proletariatets diktatur for å rydda vegen for at kapitalismen kan bli gjeninnført? Ein må gje rett svar på desse spørsmåla i samsvar med den grunnleggjande teorien i marxismen-leninismen og den historiske røynsla frå proletariatets diktatur.
Å setja eit sosialistisk samfunn i staden for eit kapitalistisk samfunn er eit stort sprang i den historiske utviklinga til menneskesamfunnet. Det sosialistiske samfunnet dekkjer den viktige historiske tidbolken med overgangen frå klassesamfunn til eit klasselaust samfunn. Det er ved å gå gjennom det sosialistiske samfunnet at menneskeætta kjem til å gå inn i det kommunistiske samfunnet.
Det sosialistiske systemet er det kapitalistiske systemet uendeleg overlegent. I det sosialistiske samfunnet kjem proletariatets diktatur i staden for det borgarlege diktaturet, og offentleg eige av produksjonsmidla i staden for privat eige. Proletariatet går over frå å vera ein undertrykt og utbytta klasse til å verta den herskande klassen, og det skjer ei grunnleggjande endring i den samfunnsmessige stillinga til det arbeidande folket. Gjennom staten utøver proletariatets diktatur berre diktatur over nokre få utbyttarar, medan det for massane av arbeidsfolk er breitt demokrati, eit demokrati som det er uråd å få til i det kapitalistiske samfunnet. Nasjonaliseringa av industrien og kollektiviseringa av jordbruket gjev store voner for at dei samfunnsmessige produktivkreftene skal bli utvikla med stor kraft, og dette tryggjar ein voksterrate som er uendeleg mykje større enn i noko eldre samfunn. Men ein er nøydd til å sjå at det sosialistiske samfunnet er eit samfunn som er fødd av det kapitalistiske samfunnet, og at det berre er det fyrste steget i det kommunistiske samfunnet. Det er enno ikkje eit fullmoge kommunistisk samfunn korkje på det økonomiske området eller på andre område. Det er uunngåeleg merkt av fødselsmerka frå det kapitalistiske samfunnet. Då han definerte det sosialistiske samfunnet, sa Marx:
«Det vi har å gjera med her er eit kommunistisk samfunn, ikkje slik det har utvikla seg på sitt eige grunnlag, men tvert om nettopp slik det spring ut av det kapitalistiske samfunnet. Difor er det i alle samanhengar — økonomisk, moralsk og intellektuelt — framleis fullt av føflekkar frå det samfunnet det er fødd av».(1)
Lenin peikte og på at i det sosialistiske samfunnet, som er den fyrste fasen i kommunismen, «kan ikkje kommunismen enno vera økonomisk fullmogen og fri frå tradisjonane eller far etter kapitalismen».(2)
I eit sosialistisk samfunn finst det framleis ulikskapar mellom arbeidarar og bønder, mellom by og land og mellom åndsarbeid og kroppsarbeid. Den borgarlege retten er enno ikkje heilt avskaffa, det er ikkje råd «å fjerna den andre uretten med ein gong, den uretten som ligg i at forbruksvarer vert fordelte ‘etter den arbeidsmengda som er utført’ (og ikkje etter behov)».(3) Difor finst det framleis ulikskapar når det gjeld rikdom. Berre steg for steg og over lang tid er det råd å fjerna desse ulikskapane, desse fenomena og den borgarlege retten. Som Marx sa er det fyrst når desse ulikskapane er borte og den borgarlege retten er heilt borte, at det kjem til å verta råd å gjennomføra kommunismen fullt ut i samsvar med prinsippet «frå einkvar etter evne, til einkvar etter behov».
Marxismen-leninismen og røynsla frå Sovjetunionen, Kina og andre sosialistiske land fortel oss at det sosialistiske samfunnet dekkjer eit svært, svært langt steg soga. Gjennom heile dette steget held klassekampen mellom borgarskapet og proletariatet fram. Spørsmålet om «kven som skal vinna» av den kapitalistiske vegen og den sosialistiske vegen står framleis ved lag, og likeins fåren for at kapitalismen skal bli gjeninnført.
I Framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla, dagsett 14. juni 1963, slår sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti fast:
«I ein svært lang historisk periode etter at proletariatet har teke makta held klassekampen fram som ei objektiv lov, ubunde av menneskeviljen. Han skil seg berre i form frå klassekampen før maktovertakinga.»
Etter Oktoberrevolusjonen peikte Lenin ei rad gonger på at:
a. Dei styrta utbyttarane prøver alltid på tusen og ein måtar å vinna attende det «paradiset» som er teke frå dei.
b. Nye kapitalistiske element vert heile tida og spontant avla i den småborgarlege atmosfæren.
c. Politisk degenererte og nye borgarlege element kan veksa fram i rekkjene til arbeidarklassen og mellom regjeringsfunksjonærar. Dette er ein fylgje av borgarleg innverknad og den gjennomtrengjande, korrumperande atmosfæren frå småborgarskapet.
d. Dei ytre vilkåra for at klassekampen held fram i eit sosialistisk land er at landet er omringa av den internasjonale kapitalismen, at imperialistane trugar med væpna intervensjon og at dei driv med undergravingsverksemd for å få til fredeleg oppløysing.
Livet har stadfest dei slutningane Lenin drog.»
I eit sosialistisk samfunn vert det styrta borgarskapet og andre reaksjonære klassar verande sterke i nokså lang tid, og på visse felt faktisk svært mektige. Dei har tusen og eitt band til det internasjonale borgarskapet. Dei har ikkje slått seg til ro med at dei har lide nederlag, og gir aldri opp å kasta seg ut i styrkeprøver med proletariatet. Dei fører open og løynd strid mot proletariatet på alle område. Medan dei heile tida stiller seg under slike faner som støtte til sosialismen, sovjet-systemet, kommunistpartiet og marxismen-leninismen, arbeider dei for å undergrava sosialismen og gjeninnføra kapitalismen. Politisk vert dei i lang tid verande ei kraft som er fiendsleg til proletariatet og som heile tida prøver å styrta proletariatets diktatur. Dei snik seg inn i regjeringsorgan, offentlege organisasjonar, økonomiske institusjonar og institusjonar for kultur og utdanning for å stå imot leiinga til proletariatet eller for å riva henne til seg. Økonomisk tar dei i bruk alle tenkjelege rådgjerder for å skada den sosialistiske eigedomen til hele folket eller den sosialistiske kollektive eigedomen, og for å utvikla dei kapitalistiske kreftene. I ideologi, kultur og utdanning stiller dei det borgarlege verdssynet opp mot det proletariske verdssynet, og prøver å korrumpera proletariatet og andre av det arbeidande folket med borgarleg ideologi.
Kollektiviseringa av jordbruket gjer einskildbøndene til kollektivbønder og gjev gode vilkår for ei gjennomført omforming av bøndene. Men før kollektiveigedommen vert utvikla til eigedom for heile folket, og før leivningane av privat økonomi vert heilt borte, kjem bøndene uomgjengeleg til å halda på ein del av dei innebygde særdraga som småprodusentar har. Under slike omstende er det ikkje til å unngå at det finst spontane kapitalisttendensar, det finst framleis grobotn for at det skal veksa fram nye rikbønder, og det kan framleis verta motsetningar mellom bøndene.
Den verksemda borgarskapet driv er skildra ovanfor. Ho verkar nedbrytande politisk, økonomisk, ideologisk og i kultur og utdanning. Det finst spontane kapitalisttendensar mellom småprodusentar i by og land, og det finst innverknad frå leivningane av den borgarlege retten og vanane frå det gamle samfunnet. Alt dette avlar heile tida fram politisk degenererte i rekkjene til arbeidarklassen og partiet og i regjeringsorganisasjonar. Desse er nye borgarlege element og folk som gjer underslag og snyltar i statsforetak som heile folket eig, og nye borgarlege intellektuelle i kultur- og utdanningsinstitusjonane og i intellektuelle krinsar. Desse nye borgarlege elementa går til åtak på sosialismen i samarbeid med dei gamle borgarlege elementa og element frå andre utbyttarklassar som er vortne styrta, men ikkje utrydda. Dei politisk degenererte som har forskansa seg i dei leiande organa, er særleg fårlege av di dei støttar og vernar dei borgarlege elementa i organ på lågare nivå.
Så lenge det finst imperialisme, kjem proletariatet i dei sosialistiske landa til å måtta stri både mot borgarskapet heime og mot internasjonal imperialisme. Imperialismen kjem til å gripa kvart høve som byr seg og prøva å setja i verk væpna intervensjon mot dei sosialistiske landa, eller han vil prøva å få til fredeleg oppløysing i dei. Han kjem til å gjera alt han berre kan for å øydeleggja dei sosialistiske landa eller få dei til å degenerera til kapitalistiske land. Den internasjonale klassekampen kjem alltid til å spegla seg av innanfor dei sosialistiske landa. Lenin sa:
«Overgangen frå kapitalisme til kommunisme er ein heil historisk epoke. Heilt til denne epoken er over går utbyttarane uunngåelig med von om atterreising, og denne vona vert til freistnader på atterreising.»(4)
Han sa og:
«Å avskaffa klassane krev langvarig, vanskeleg og uthaldande klassekamp. Klassekampen vert ikkje borte (slik dei vulgære talsmennene for den gamle sosialismen og det gamle sosialdemokratiet innbiller seg) etter at kapitalmakta er styrta, etter at den borgarlege staten er knust, etter at proletariatets diktatur er skipa. Han endrar berre form, og på mange vis vert han kraftigare enn før.»(5)
Det er ikkje råd å stogga klassekampen mellom proletariat og borgarskap i politikken, økonomien, ideologien eller i kultur og utdanning nokon gong under det sosialistiske stadiet. Det er ein langvarig, heile tida ny, innfløkt og samansett kamp. Som bylgjene på havet veks han stundom til store høgder og stundom stilnar han, no er han relativt roleg, no stormande. Det er denne kampen som avgjer lagnaden til eit sosialistisk samfunn. Om eit sosialistisk samfunn skal utvikla seg fram til kommunisme eller om det skal venda attende til kapitalismen, vert avgjort av utfallet på denne langvarige kampen.
Klassekampen i eit sosialistisk samfunn vert uomgjengeleg spegla att i kommunistpartiet. Borgarskapet og den internasjonale imperialismen skjønar begge at skal ein få eit sosialistisk land til å degenerera til eit kapitalistisk land, er det fyrst naudsynt å få kommunistpartiet til å degenerera til eit revisjonistisk parti. Dei gamle og dei nye borgarlege elementa, dei gamle og dei nye rikbøndene og degenererte element av alle slag er det sosiale grunnlaget for revisjonismen. Dei nyttar alle rådgjerder som tenkjast kan for å finna agentar innanfor det kommunistiske partiet. At det finst borgarleg innverknad er den indre kjelda til revisjonisme, den ytre kjelda er knefall for imperialistisk press. Gjennom heile det sosialistiske stadiet vil det alltid vera strid mellom marxismen-leninismen og ulike slag opportunisme — i hovudsak revisjonisme — i kommunistpartia i dei sosialistiske landa. Særdraget ved denne revisjonismen er at gjennom å nekta for at det finst klassar og klassekamp, tek han parti for borgarskapet i åtaka på proletariatet, og gjer proletariatets diktatur om til borgarskapets diktatur.
I lys av røynsla til den internasjonale arbeidarrørsla og i samsvar med den objektive lova om klassekamp, peikte grunnleggjarane av marxismen på at overgangen frå kapitalisme til kommunisme, frå klassesamfunn til eit klasselaust samfunn, må gå gjennom proletariatets diktatur, og at det ikkje finst nokon annan veg.
Marx sa at «klassekampen er nøydd til å føra til proletariatets diktatur».(6) Han sa og:
«Mellom det kapitalistiske og det kommunistiske samfunnet ligg ein periode med revolusjonær omforming av det eine samfunnet til det andre. Til dette svarer det og ein politisk overgangsperiode der staten ikkje kan vera noko anna enn proletariatets revolusjonære diktatur».(7)
Utviklinga av det sosialistiske samfunnet er ein prosess med ubroten revolusjon. Då Marx greidde ut om den revolusjonære sosialismen, sa han:
«Denne sosialismen er ei kunngjering av at revolusjonen er permanent, at proletariatets klassediktatur er eit naudsynt overgangssteg til å kunna fjerna klasseskilje allment, til at alle produksjonsforhold som desse kviler på må avskaffast, til at alle samfunnsforhold som svarer til desse produksjonsforholda må avskaffast, til at alle ideane som spring ut av desse samfunnsforholda må revolusjonerast.»(8)
I striden Lenin førte mot opportunismen til Den andre internasjonalen forklarte han og utvikla Marx sin teori om proletariatets diktatur på skapande vis. Han peikte på fylgjande:
«Proletariatets diktatur er ikkje slutten på klassekampen, men eit framhald av han i nye former. Proletariatets diktatur er ein klassekamp som vert ført av eit proletariat som har sigra og teke den politiske makta i sine hender. Denne kampen vert ført mot eit borgarskap som har lide nederlag, men som ikkje er knust, eit borgarskap som ikkje har forsvunne, som ikkje har slutta å gjera motstand, men som har styrkt motstanden.»(9)
Han sa og:
«Proletariatets diktatur er ein vedvarande kamp — blodig og ublodig, valdeleg og fredeleg, militær og økonomisk, i utdanning og administrasjon — mot kreftene og tradisjonane frå det gamle samfunnet.»(10)
I det vidgjetne arbeidet, Om den rette behandlinga av motseiingar i folket og i andre verk, byggjer kamerat Mao Tsetung på dei grunnleggjande prinsippa i marxismen-leninismen og den historiske røynsla frå proletariatets diktatur. Han gjev ein omfattande og systematisk analyse av klassar og klassekamp i det sosialistiske samfunnet. Han utviklar den marxist-leninistiske teorien om proletariatets diktatur på skapande vis.
Kamerat Mao Tsetung granskar dei objektive lovene for det sosialistiske samfunnet frå ein materialistisk-dialektisk synsstad. Han peiker på at den allmenne lova om einskap og kamp mellom motsetningar som verkar både i naturverda og i menneskesamfunnet, også gjeld i det sosialistiske samfunnet, I eit sosialistisk samfunn finst det framleis klassemotseiingar, og klassekampen døyr ikkje ut etter ei sosialistisk omskiping av eigedomsretten til produksjonsmidla. Striden mellom dei to vegane, den sosialistiske og den kapitalistiske, varer ved gjennom heile det sosialistiske stadiet. For å tryggja at den sosialistiske oppbygginga lukkast, og for å hindra at kapitalismen vert gjeninnført, er det naudsynt å føra den sosialistiske revolusjonen til endes på den politiske, økonomiske, ideologiske og kulturelle fronten. Full siger for sosialismen kan ein berre nå på ein eller to mannsaldrar. Å løysa dette spørsmålet fullt ut tar fem eller ti mannsaldrar, eller jamvel meir.
Kamerat Mao Tsetung understreka at det finst to slag motseiingar i det sosialistiske samfunnet, motseiingar i folket og motseiingar mellom oss og fienden, og at det finst eit utal av det fyrste slaget. Berre gjennom å skilja mellom dei to slaga motseiingar, som er ulike i natur, og gjennom å nytta ulike slag tiltak for å handtera dei på rette måten, er det råd å sameina folket, som er meir enn nitti prosent av folketalet, knusa folket sine fiendar, som berre utgjer nokre få prosent, og grunnfesta proletariatets diktatur.
Proletariatets diktatur er den grunnleggjande trygda for at ein skal kunne grunnfesta og utvikla sosialismen, for at proletariatet skal sigra over borgarskapet og sosialismen sigra i striden mellom dei to vegane.
Berre gjennom å frigjera heile menneskeslekta kan proletariatet frigjera seg endeleg. Den historiske oppgåva til proletariatets diktatur har to sider, den eine gjeld vedkomande land, den andre er internasjonal. Oppgåva innanlands går fyrst og fremst ut på å kvitta seg fullstendig med alle utbyttarklassar, utvikla den sosialistiske økonomien så langt det let seg gjera, heva det kommunistiske medvitet til massane, fjerna skiljet mellom kollektiv eigedom og heile folket sin eigedom, mellom arbeidarar og bønder, mellom by og land og mellom åndsarbeid og kroppsarbeid, og fjerna alle tenkjelege opningar for at klassane skal kunne veksa fram att og kapitalismen verta gjeninnført. Ho må og skapa vilkår for å skipa eit kommunistisk samfunn i samsvar med prinsippet for eit slikt samfunn «frå einkvar etter evne, til einkvar etter behov». Den internasjonale oppgåva går fyrst og fremst ut på å hindra åtak frå den internasjonale imperialismen (irekna væpna intervensjon og oppløysing med fredelege middel), og gje støtte til verdsrevolusjonen heilt til folket i alle land til sist har avskaffa imperialisme, kapitalisme og utbyttarsystem. Før begge desse oppgåvene er oppfylte, og før det finst eit fullstendig kommunistisk samfunn, er proletariatets diktatur absolutt naudsynt.
Om vi dømmer ut frå situasjonen slik han er i dag, er oppgåvene til proletariatets diktatur så langt frå sluttførte i noko sosialistisk land. I alle sosialistiske land, utan unntak, er det klassar og klassekamp, og strid mellom den sosialistiske og den kapitalistiske vegen. Spørsmålet om å føra den sosialistiske revolusjonen til endes og spørsmålet om å hindra at kapitalismen blir gjeninnført står framleis ved lag. Alle sosialistiske land har framleis eit svært langt stykke att før skiljet mellom kollektiv eigedom og heile folket sin eigedom, mellom arbeidarar og bønder, mellom by og land og mellom åndsarbeid og kroppsarbeid er fjerna. Dei har og svært langt att før alle klassar og alle klasseskilje er avskaffa og eit kommunistisk samfunn etter prinsippet «frå einkvar etter evne, til einkvar etter behov» er røyndom. Difor må alle sosialistiske land halda fast ved proletariatets diktatur.
Under slike omstende er det den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken gjer når han avskaffar proletariatets diktatur, ikkje noko anna enn å svika sosialismen og kommunismen.
DET FINST ANTAGONISTISKE KLASSAR OG KLASSEKAMP I SOVJETUNIONEN
Når den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken ropar ut at proletariatets diktatur skal avskaffast i Sovjetunionen, byggjer dei fyrst og fremst på eit argument om at antagonistiske klassar er avskaffa og at det ikkje lenger finst klassekamp.
Men kva er eigentleg stoda i Sovjetunionen? Er det verkeleg slik at det ikkje finst antagonistiske klassar og klassekamp der?
Etter at den store sosialistiske Oktoberrevolusjonen hadde sigra, vart proletariatets diktatur oppretta i Sovjetunionen. Den kapitalistiske private eigedomsretten vart øydelagt, og sosialistisk eige ved heile folket og kollektiv sosialistisk eige vart gjennomført ved at industrien vart nasjonalisert og jordbruket kollektivisert. Og i fleire tiår vann ein store framgangar i den sosiaiistiske oppbygginga. Alt dette var ein umåteleg viktig siger ingen kan viska ut av soga, og det var Sovjetunionens Kommunistiske Parti og sovjetfolket under leiing av Lenin og Stalin som vann han.
Men det gamle borgarskapet og andre utbyttarklassar som hadde vorte styrta i Sovjetunionen, var ikkje utrydda. Dei overlevde etter at industrien var nasjonalisert og jordbruket kollektivisert. Den politiske og ideologiske innverknaden frå borgarskapet heldt seg ved lag. Det fanst framleis spontane kapitalistiske tendensar både i byar og på landsbygda. Det utvikla seg heile tida nye borgarlege element og kulakar. Gjennom heile den mellomliggjande tidbolken har klassekampen mellom proletariat og borgarskap og striden mellom den kapitalistiske og den sosialistiske vegen halde fram på det politiske, økonomiske og ideologiske området.
Sovjetunionen var det fyrste, og på den tida det einaste, landet som bygde sosialismen, og det hadde ikkje noka røynsle frå utlandet å byggja på. Stalin veik av frå den marxist-leninistiske dialektikken når det gjeld å forstå lovene for klassekampen i det sosialistiske samfunnet. Difor kunngjorde han før tida var inne, etter at jordbruket i hovudsak var kollektivisert, at det ikkje fanst «antagonistiske klassar» lenger(11) i Sovjetunionen, og at landet var «fritt for klassekonfliktar»,(12) Han la einsidig vekt på den indre einskapen i det sosialistiske samfunnet og oversåg motseiingane i det, han leit ikkje på arbeidarklassen og massane i striden mot dei kapitalistiske kreftene og kunne berre tenkja seg at kapitalismen kunne verta gjeninnført som resultat av eit væpna åtak frå den internasjonale imperialismen. Dette var gale både i teori og praksis. Likevel var Stalin ein stor marxist-leninist. Så lenge han stod i leiinga for sovjetpartiet og sovjetstaten, heldt han fast ved proletariatets diktatur og den sosialistiske kursen. Han fylgde ei marxist-leninistisk line og tryggja at Sovjetunionen gjekk sigerrikt frametter på den sosialistiske vegen.
Heilt sidan Khrusjtsjov tok leiinga i sovjetpartiet og sovjetstaten, har han tvinga gjennom ei heil rad revisjonistiske politiske liner som har framskunda voksteren til dei kapitalistiske kreftene svært mykje, og som atter har skjerpt klassekampen mellom proletariatet og borgarskapet og mellom den sosialistiske og den kapitalistiske vegen i Sovjetunionen.
Om ein går raskt over meldingar i sovjetpressa dei siste få åra, finn ein tallause døme på at det ikkje berre finst mange element frå dei gamle utbyttarklassane i sovjetsamfunnet, men og at det veks fram nye borgarlege element i stor målestokk der, og at polariseringa mellom klassane utviklar seg snøggare og snøggare.
La oss fyrst sjå på verksemda til ulike borgarelement i dei sovjetføretaka som heile folket eig.
Leiande funksjonærar i somme statseigde fabrikkar og bandane deira misbrukar stillingane sine til å samla seg opp store formuer ved at dei nyttar utstyr og materialar i fabrikkane til å rigga opp «under -grunnsfabrikkar» som driv med privat produksjon. Dei sel produkta illegalt og deler utbyttet. Her er nokre døme.
Ved ei verksemd i Leningrad som produserer militærutstyr, plasserte dei leiande funksjonærane sine folk i «alle nøkkelstillingar» og «gjorde statsføretaket om til eit privat føretak». Dei dreiv med illegal produksjon av ikkje-militære varer, og berre frå sal av fyllepennar underslo dei 1 200 000 gamle rublar på tre år. Mellom desse folka var det ein mann som «var NEP-mann(13) … i 1920-åra» og hadde vore «ein tjuv heile sitt liv».(14)
På eit silkeveveri i Uzbekistan slo direktøren seg saman med sjefsingeniøren, hovudbokhaldaren, sjefen for innkjøps- og salsavdelinga, verksmeistrar og andre, og dei vart alle «nyutklekte entreprenørar». Dei kjøpte meir enn ti tonn kunstsilke og natursilke gjennom ulike illegale kanalar for å laga varer som «ikkje gjekk over rekneskapsbøkene». Dei sette arbeidarar i arbeid utan å gå gjennom dei rette prosedyrene, og tvinga gjennom «tolv timars arbeidsdag».(15)
Direktøren for ein møbelfabrikk i Kharkov organiserte ein «illegal strikkevarefabrikk» og gjennomførte løynlege tiltak innanfor fabrikken. Denne mannen hadde «fleire koner, fleire bilar fleire hus, 176 slips, omlag hundre skjorter og dusintals dressar». Han var og storspelar på hesteveddeløp.(16)
Slike folk opererer ikkje heilt åleine. Dei arbeider hand i hand med funksjonærar i statsdepartementa for forsyning, handel og andre departement . Dei har sine eigne folk i politi- og justisdepartementa som vernar dei og er agentar for dei. Det finst jamvel høgtståande tenestemenn i statsorgana som støttar og dekkjer dei. Her er nokre få døme.
Sjefen for verksemdene som var, knytte til eit apotek for psykonevroiogi og banden hans sette i gong eit «undergrunnsføretak», og gjennom muting «fekk dei tak i 58 strikkemaskinar» og store mengder råvarer. Dei gjekk inn i forretningssamband med «femtito fabrikkar, handverkskooperativ og kollektivbruk» og tente tre millionar rublar på få år. Dei muta funksjonærar i Departementet for å nedkjempa tjueri av sosialistisk eigedom og spekulasjon, kontrollørar, inspektørar, instruktørar og andre. (17)
Direktøren for ein maskinfabrikk i Den Russiske Føderasjonen, visedirektøren for ein annan maskinfabrikk og andre funksjonærar, til saman førtitre personar, stal meir enn ni hundre vevstolar som dei selde til fabrikkar i Sentral-Asia, Kazakstan, Kaukasus og andre stader der dei leiande funksjonærane brukte dei til ulovleg produksjon.(18)
I den sosialistiske sovjetrepublikken Kirgisia hadde ein bande på over førti underslagarar og svindlarar skaffa seg kontroll over to fabrikkar. Dei organiserte undergrunnsproduksjon og plyndra til seg statseigedom for meir enn tretti millionar rublar. I denne banden var formannen i plankommisjonen for republikken, ein vise-handelsminister, sju byråsjefar og avdelingssjefar i ministerrådet i republikken, det nasjonale økonomiske rådet og kontrollkommisjonen til staten, og likeins ein «storkulak som hadde rømt frå eksil»..19
Desse døma syner at dei fabrikkane som har falle i klørne på slike forfalne berre er sosialistiske i namnet — i røynda er dei vortne til kapitalistiske føretak som desse personane gjer seg rike på. Tilhøvet mellom slike personar og arbeidarane er vorte eit tilhøve mellom utbyttjrar og utbytta, mellom undertrykkjarar og undertrykte. Er ikkje slike degenererte som har råderett over og gjer seg nytte av produksjonsmiddel for å utbytta andre si arbeidskraft tvers igjennom borgarlege element? Er ikkje dei medsamansvorne regjeringsorganisasjonane som arbeider hand i hand med dei, som tar del i mange slag utbytting, driv med underslag, tar mot muter og déler utbyttet, likeins tvers igjennom borgarlege element?
Det er opplagt at alle desse folka tilhøyrer ein klasse som er fiendsleg til proletariatet — dei tilhøyrer borgarskapet. Verksemda deira mot sosialismen er så avgjort klassekamp der borgarskapet går til åtak på proletariatet.
La oss så sjå på verksemda til ulike kulak-element på kollektivbruka.
Somme leiande funksjonærar på kollektivbruka og bandane deira stel og spekulerer som dei vil, sløser fritt med offentlege midlar og flår kollektivbøndene. Her er nokre døme.
Formannen på eit kollektivbruk i Uzbekistan «terroriserte ein heil landsby». Alle dei viktige stillingane på dette bruket «var i hendene på slekta til kona hans og andre slektningar og vener». Han sløste bort «meir enn 132 000 rublar av kollektivbruket sine pengar til sine personlege ‘behov’». Han hadde ein bil, to motorsyklar og tre koner, kvar med «sitt eige hus»,(20)
Formannen for eit kollektivbruk i Kursk-regionen såg på bruket som sitt «arvegods». Han rotta seg saman med bokhaldaren, kasseraren, lagersjefen, agronomen, butikkstyraren_og andre. Gjennom å dekkja kvarandre, «flådde dei kollektivbøndene» og stakk meir enn 100 000 rublar i lomma på få år.(21)
Formannen på eit kollektivbruk i Ukraina gjorde meir enn 50 000 rublar på bruket sin kostnad gjennom å forfalska innkjøpssetlar og kontant-uttaksordrar. Han samarbeidde med ein kvinneleg bokhaldar som hadde fått ros for å føra «mønsterbøker». Ho hadde også hatt arbeidet sitt utstilt på Moskvautstillinga for storverk i nasjonaløkonomien.(22)
Formannen for eit kollektivbruk i Alma Ata-regionen spesialiserte seg på handelsspekulasjon. Han kjøpte «saft av pressa frukt frå Ukraina og Uzbekistan og sukker og alkohol fra Djambul». Han laga vin av det, og selde så vinen til svært høge prisar i mange lokalsamfunn. På bruket sette dei opp ein vinfabrikk med ein kapasitet på meir enn ein’ million liter i året. Det spekulative handelsnettet frå han spreidde seg ut over heile den sosialistiske sovjetrepublikken Kazakstan, og handelsspekulasjon vart ei av hovudinntektskjeldene for bruket.(23)
Formannen for eit kollektivbruk i Kvite-Russland såg på seg sjølv som «ein føydalherre på bruket», og avgjorde «personleg» alle saker. Han budde ikkje på bruket, men i byen eller i sin eigen strålande villa, og han hadde det alltid travelt med «ulike handelsmanipulasjonar» og «illegale forretningar». Han kjøpte storfe utanfrå, synte dei fram som produkt frå sitt eige kollektivbruk og forfalska avlingstala, Og likevel «var det ikkje få rosande avismeldingar» som vart trykte om han, og han hadde vorte kalla ein «mønsterleiar».(24)
Desse døma syner at kollektivbruk som står under kontroll av slike funksjonærar, i røynda vert privateigedom for dei. Slike menn gjer sosialistiske kollektive økonomiske føretak om til økonomiske føretak for nye kulakar. Ofte er det folk i overordna organ som vernar dei. Tilhøvet mellom dei og kollektivbøndene har på same måten vorte eit tilhøve mellom undertrykkjarar og undertrykte, mellom utbyttarar og utbytta. Er ikkje slike ny-utbyttarar som rir på ryggen til kollektivbøndene hundre prosent ny-kulakar?
Det er opplagt at dei alle høyrer til ein klasse som er fiendsleg til proletariatet og dei arbeidande bøndene, at dei høyrer til kulakklassen eller borgarskapet på landsbygda. Den anti-sosialistiske verksemda deira er nett klassekamp der borgarskapet går til åtak på proletariatet og dei arbeidande bøndene.
Ved sidan av dei borgarlege elementa i statsføretaka og på kollektivbruka finst det mange andre både i byar og på landsbygda i Sovjetunionen.
Ein del av dei set i gong private føretak for privat produksjon og sal, andre organiserer entreprenørfirma og tar ope på seg byggjearbeid for stats- eller kooperativføretak, og endå andre opnar private hotell. Ein «kvinneleg sovjet-kapitalist» i Leningrad leigde arbeidarar til å laga nylonbluser for sal, og «den daglege inntekta hennar kom opp i 700 nye rublar».(25) Eigaren av ei verksemd i Kursk-regionen laga filtstøvlar som vart selde til spekulasjonsprisar. Han hadde 540 par med filtstøviar , åtte kilo gullmyntar, 3000 meter stoff av høg kvalitet, tjue teppe, 1200 kilo ull og mange andre verdisaker.(26) Ein privat entreprenør i Gomel-regionen «leigde arbeidarar og handverkarar», og på to år sikra han seg høgpriskontraktar for bygging og overhaling av smelteovnar på tolv fabrikkar.(27) I Orenburg-regionen er det «hundretals private hotell og transittknutepunkt», og «pengane rå kollektivbruka og staten fløymer jamt ned i lommene på vertshuseigarane».(28)
Ein del driv med handelsspekulasjon og får svære profittar gjennom å kjøpa billeg og selja dyrt, eller gjennom å få tak i varer langvegs frå.
I Moskva er det store mengder spekulantar som driv med vidaresal av jordbruksprodukt. Dei «fraktar tonnevis med sitrusfrukt, eple og grønsaker til Moskva og sel det vidare til spekulasjonsprisar». «Desse profittrøvarane har skaffa seg alt dei treng, marknadsvertshus, lagerrom og andre tenester».(29) Ein spekulant i Krasnodar-området starta sitt eige agentur, og «hadde tolv seljarar og to stuarar i arbeid». Ho frakta «tusentals grisar, hundretals tønner korn og hundretals tonn frukt» frå landsbygda til Don-bassenget, og flytta «store mengder stolne slagg-blokker, heile vognlass med glas» og andre bygningsmaterialar frå byen til landsbyane. Ho gjorde enorme profittar på slikt vidaresal.(30)
Andre spesialiserer seg som meklarar og mellommenn. Dei har kontaktar over alt, og gjennom dei kan ein få alt for muter. Ein meklar i Leningrad «kontrollerte alle lager trass i at han ikkje er handelsminister», og «trass i at han ikkje har noka stilling ved jarnbanen, sel han vogner». Han kunne skaffa «ting frå lagra sjølv om lagra er strengt. kontrollerte, og utan å ha noko med lagra å gjera». «Alle lager i Leningrad står til teneste for han». For å levera varer fekk han svære «bonusar» — i 960 fekk han 700 000 rublar berre frå eitt trelastkom-binat. I Leningrad finst det «ei heil gruppe» med slike meklarar.(31)
Desse private føretaksmennene og spekulantane driv med naken kapitalistisk utbytting. Er det ikkje klårt at dei tilhøyrer borgarskapet, den klassen som er fienden til proletariatet?
Faktisk kallar sovjet-pressa sjølv desse folka for «sovjet-kapitalistar», «nyutklekte føretaksmenn», «private føretaksmenn», «nyframvaksne kulakar», «spekulantar», «utbyttarar», osb. Motseier ikkje Khrusjtsjov-klikken seg sjølv når dei påstår at det ikkje finst antagonistiske klassar i Sovjetunionen?
Dei kjensgjerningane som er refererte ovanfor, er berre ein del av dei som er offentleggjorde i sovjet-pressa. Det er nok til å skaka folk, men det finst mykje meir som det ikkje er offentleggjort noko om, mange større og meir alvorlege saker som vert haldne løynde og tildekte. Vi har referert desse opplysningane for å svara på spørsmålet om det finst antagonistiske klassar og klassekamp i Sovjetunionen. Desse opplysningane kan alle skaffa seg, og ikkje eingong den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken kan fornekta dei.
Desse opplysningane er nok til å syna at borgarskapet driv omfattande og styrlaus verksemd mot proletariatet i Sovjetunionen, både i byar og på landsbygda, i industri og jordbruk, i produksjonssfæren på same måten som i sirkulasjonssfæren, gjennom heile spektret frå dei økonomiske avdelingane til partiet og regjeringsorganisasjonane, og frå grasrota til dei høgre leiande organa. Denne anti-sosialistiske verksemda er ikkje noko anna enn ein skarp klassekamp borgarskapet fører mot proletariatet.
Det er ikkje rart at nye og gamle borgarlege element i eit sosialistisk land driv med slike åtak på sosialismen. Det er ikkje noko skremmande med dette så lenge partiet og staten har ei marxist-leninistisk leiing. Det alvorlege ved stoda i Sovjetunionen i dag er at den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken har rana til seg leiinga i sovjetpartiet og -staten, og at det har vakse fram eit privilegert lag i sovjet-samfunnet.
Vi skal ta føre oss dette problemet i neste del.
DET PRIVILEGERTE LAGET I SOVJETUNIONEN OG DEN REVISJONISTISKE KHRUSJTSJOV-KLIKKEN
Det privilegerte laget i Sovjetunionen i dag er set saman av degenererte element mellom dei leiande kadrane i parti- og regjeringsorganisasjonar, i føretak og på bruk, og likeins av borgarlege intellektuelle. Dette laget står i motsetnad til arbeidarane, bøndene og det overveldande fleirtalet av intellektuelle og kadrar i Sovjetunionen.
Rett etter Oktoberrevolusjonen peikte Lenin på at borgarleg og småborgarleg ideologi og vaner omringa og påverka proletariatet frå alle kantar, og korrumperte visse delar av det. Dette førte til at det mellom sovjet-tenestemennene og funksjonærane voks fram både byråkratar som hadde fjerna seg frå massane, og nye borgarlege element. Dei borgarlege tekniske ekspertane som vart verande for å arbeida for sovjet-styret, fekk høge løner. Lenin peikte på at sjølv om desse lønene var naudsynte, verka dei likevel nedbrytande på sovjet-styret.
Difor la Lenin stor vekt på at ein måtte føra vedvarande strid mot påverknad frå borgarleg og småborgarleg ideologi, og at ein måtte kveikja dei breie massane til å ta del i arbeidet med å styra landet. Han la og stor vekt på at ein utan stogg måtte avsløra og reinska ut byråkratar og nye borgarlege element frå sovjetorgana, og at ein måtte skapa vilkår som kunne stengja vegen for at det kunne finnast eit borgarskap og for at det reproduserte seg. Lenin understreka skarpt: «dersom det ikkje vert ført systematisk og målmedviten strid for å gjera apparatet betre, kjem vi til å omkoma før grunnlaget for sosialismen er skapt».(32)
Samstundes la han stor vekt på at ein måtte halda seg til prinsippet frå Paris-kommunen i lønspolitikken, dvs. at alle offentlege tenestemenn skulle ha ei løn som svarte til arbeidarlønene, og at berre borgarlege spesialistar skulle ha høge løner. Frå Oktoberrevolusjonen og fram til tida med økonomisk gjenreising i Sovjetunionen heldt ein seg i hovudsak til direktiva frå Lenin — leiande personell parti- og regjeringsorganisasjonane og i føretak og dessutan dei spesialistane som var partimedlemmer, fekk løner som grovt sett svarte til det arbeidarane fekk.
På denne tida gjennomførte kommunistpartiet og regjeringa i Sovjetunionen ei rad tiltak på det politiske og ideologiske området og i distribusjonssystemet for å hindra at leiande kadrar i noko departement skulle kunna misbruka makta si eller degenerera moralsk eller politisk.
Sovjetunionens Kommunistiske Parti, med Stalin i leiinga, heldt fast ved proletariatets diktatur og den sosialistiske vegen, og det førte ein skarp strid mot dei kapitalistiske kreftene. Den striden Stalin førte mot trotskistane, sinovjevittane og tilhengarane til Bukharin var inst inne ei gjenspegling av klassekampen mellom proletariat og borgarskap, og mellom den sosialistiske og kapitalistiske vegen innanfor partiet. Sigeren i desse stridane knuste den fåfengde planen borgarskapet hadde om å gjeninnføra kapitalismen i Sovjetunionen.
Det let seg ikkje nekta at det alt før Stalin døydde vart betalt høge løner til visse grupper, og at visse kadrar alt hadde degenerert og vorte borgarlege element. I meldinga til det nittande partilandsmøtet i oktober 1952 peikte sentralkomiteen i SUKP på at det hadde synt seg degenerering og korrupsjon i visse partiorganisasjonar. Leiarane for desse organisasjonane hadde gjort dei om til småsamfunn der berre deira eigne folk sat, og desse «sette sine gruppeinteresser over interessene til partiet og staten». Ein del direktørar i industriføretak «gløymer at føretaka dei er tiltrudde leiinga over er statsføretak, og prøver å gjera dei om til sine eigne private område». «I staden for å tryggja fellesstyring over kollektivbruka» driv nokre parti- og sovjetfunksjonærar og nokre kadrar i jordbruksdepartementa «og stel kollektivbrukseigedom». Likeeins hadde det og kome fram verk i kulturen, kunsten og vitskapen som gjekk til åtak på det sosialistiske systemet og sverta det, og mellom vitskapsmennene hadde det vakse fram eit monopolistisk «Arakt-sjejevstyre».(33)
Etter at Khrusjtsjov rana til seg leiinga i sovjetpartiet og i staten, har det skjedd ei grunnleggjande endring når det gjeld klassekampen i Sovjetunionen.
Khrusjtsjov har sett ut i livet ei rad revisjonistiske politiske liner som tener interessene til borgarskapet, og som fører til at dei kapitalistiske kreftene i Sovjetunionen veks snøgt.
Under påskot av å «kjempa mot persondyrkinga» har Khrusjtsjov kasta skam over proletariatets diktatur og det sosialistiske systemet. Såleis har han i røynda brulagt vegen for at kapitalismen skal verta gjeninnført i Sovjetunionen. Gjennom å fornekta Stalin fullt og heilt har han i røynda fornekta marxismen-leninismen som Stalin heldt fast ved, og opna slusene for den revisjonistiske syndfloda.
Khrusjtsjov har sett «materielle tildriv» i staden for det sosialistiske prinsippet «frå kvar etter evne, til kvar etter arbeid». Han har auka, ikkje minska, kløfta mellom inntektene til eit lite mindretal og inntektene til arbeidarane, bøndene og vanlege intellektuelle. Han har støtta dei degenererte som sit i leiande stillingar, oppmuntra dei til å verta endå meir samvitslause når det gjeld å misbruka makta si og tileigna seg fruktene av arbeidet til sovjet-folket. Såleis har han sett fart i klasse-polariseringa i Sovjetunionen.
Khrusjtsjov saboterer den sosialistiske planøkonomien, nyttar det kapitalistiske profittprinsippet, utviklar kapitalistisk frikonkurranse og undergrev den sosialistiske eigedomen til heile folket.
Khrusjtsjov går til åtak på systemet med sosialistisk jordbruksplanlegging, og seier det er «byråkratisk» og «unødvendig». Ivrig som han er etter å læra av dei amerikanske storbøndene, oppmuntrar han til kapitalistisk styring, alar fram ein kulak-økonomi og undergrev den sosialistiske kollektive økonomien.
Khrusjtsjov fallbyr borgarleg ideologi, borgarleg fridom, brorskap og humanisme, han podar inn borgarleg idealisme og metafysikk og dei reaksjonære ideane i den borgarlege individualismen, humanismen og pasifismen i sovjet-folket, og skitnar til den sosialistiske moralen. Den rotne borgarlege vestlege kulturen er no mote i Sovjetunionen, og den sosialistiske kulturen vert vraka og utsett for åtak.
Under skiltet «fredeleg samlivnad» har Khrusjtsjov samansverja seg med USA-imperialismen, brote sund den sosiaiistiske leiren og den internasjonale kommunistrørsla, gått imot den revolusjonære striden dei undertrykte nasjonane og folka fører, praktisert stormaktssjåvinisme og nasjonal egoisme og svike den proletariske internasjonalismen. Alt dette vert gjort for å verna dei hevdvunne interessene til ei handfull folk, interesser han set over dei grunnleggjande interessene til folka i Sovjetunionen, den sosialistiske leiren og i heile verda.
Den lina Khrusjtsjov held seg til er tvers gjennom revisjonistisk. Med denne lina som rettesnor har ikkje berre dei gamle borgarlege elementa vakse vilt. Det har og vakse fram nye borgarlege element i store mengder blant dei leiande kadrane i sovjet-partiet og regjeringa, blant leiarane for statsføretaka og kollektivbruka, og blant dei høgre intellektuelle i kultur, kunst, vitskap og teknologi.
I dag har ikkje berre dei nye borgarlege elementa i Sovjetunionen auka i tal som aldri før. Den sosiale statusen deira har 6g endra seg grunnleggjande. Før Khrusjtsjov kom til makta hadde dei ikkje noka herskarstilling i sovjet-samfunnet. Verksemda deira var avgrensa på mange vis, og dei var skyteskive for åtak. Men etter at Khrusjtsjov tok over og rana til seg leiinga i partiet og staten steg for steg, har dei nye borgarlege elementa litt etter litt kara seg fram i førarskapen for partiet og regjeringa, i økonomi- og kulturdepartementa og i andre departement. Dei har vorte til eit privilegert lag i sovjet-samfunnet.
Dette privilegerte laget er den fremste delen av borgarskapet i Sovjetunionen i dag, og det viktigaste sosiale grunnlaget for den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken. Den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken er dei politiske talsmennene for sovjet-borgarskapet, og særskilt for det privilegerte laget i det.
Den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken har gjennomført den eine utreinskinga etter den andre, og bytt ut den eine gruppa av kadrar etter hi over heile landet, frå sentrale til lokale organ, frå leiande parti- og regjeringsorganisasjonar til departementa for økonomi, kultur og utdanning. Dei har sparka dei som dei ikkje lit på og sett inn yndlingane sine i leiande stillingar.
Ta sentralkomiteen i SUKP til dømes. Tala syner at nesten sytti prosent av dei medlemmene i sentralkomiteen i SUKP som vart valde på det nittande landsmøtet i 1952, vart utreinska under det tjuande og tjueandre landsmøtet i 1956 og 1961. Og nesten femti prosent av dei medlemmene i sentralkomiteen som vart valde på det tjuande landsmøtet, var utreinska då det tjueandre landsmøtet vart halde.
Eller ta dei lokale organisasjonane. Ifylgje ufullstendige taloppgåver har den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken, under påskot av å «fornye kadrane», fjerna førtifem prosent av medlemmene i sentralkomiteane i partiet i unionsrepublikkane og i partiutvala i territoria og regionane. Dei har og fjerna førti prosent av medlemmene i partiutvala i kommunane og distrikta. Dette hende rett før det tjueandre landsmøtet. I 1963 skifta dei vidare ut meir enn halvparten av medlemmene i sentralkomiteane i republikkane og i dei regionale partiutvala under påskot av at ein skulle dela opp partiet i partiutval for «industrien» og «jordbruket».
Gjennom denne rekkja med omskifte har det privilegerte laget i Sovjetunionen vunne kontroll.over partiet, regjeringa og andre viktige organisasjonar.
Medlemmene i dette privilegerte laget har vendt funksjonen med å tena massane til å bli ein særrett til å herska over dei. Dei misbrukar makta si over produksjonsmidla og ting folk treng for å leva, til privat føremon for sin eigen vesle klikk.
Medlemmene i dette privilegerte laget tileignar seg fruktene av arbeidet til folket i Sovjetunionen, og stikk i lomma inntekter som er fleire dusin eller jamvel hundre gongar så store som inntekta til ein gjennomsnittsarbeidar eller gjennomsnittsbonde i Sovjetunionen. Og ikkje berre tryggjar dei seg høge inntekter i form av høge løner, høge godtgjersler, høge bonusar og eit stort utval personlege tilskot, men nyttar og den privilegerte stillinga si til å tileigna seg offentleg eigedom gjennom svindel og muting. Dei er heilt skilde frå det arbeidande folket i Sovjetunionen og lever det snyltande og degenererte livet til borgarskapet.
Medlemmene i dette privilegerte laget har degenerert fullstendig ideologisk, dei har sagt fullt og heilt farvel til dei revolusjonære tradisjonane til Bolsjevikpartiet og vraka dei høgvyrde ideala til arbeidarklassen i Sovjetunionen. Dei er mot marxismen-leninismen og sosialismen. Dei svik revolusjonen og forbyr andre å gjera revolusjon. Det einaste dei bryr seg om er å grunnfesta den økonomiske stillinga si og det politiske herredømet sitt. Alt dei gjer dreier seg om dei private interessene til deira eige privilegerte lag.
Etter fyrst å ha rana til seg leiinga i sovjetpartiet og -staten, gjer no Khrusjtsjov-klikken det marxist-leninistiske Sovjetunionens Kommunistiske Parti med si strålande revolusjonære historie om til eit revisjonistisk parti — dei gjer sovjet-staten under proletariatets diktatur om til ein stat under diktaturet til den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken, og steg for steg gjer dei sosialistisk eige ved heile folket og sosialistisk kollektiv eige om til eige for det privilegerte laget.
Folk har sett at etter at Tito-klikken tok til å gå den revisjonistiske vegen, og, sjølv om han viftar med den «sosialistiske» fana, har det steg for steg vakse fram eit byråkratborgarskap som står i motsetnad til folket i Jugoslavia. Klikken har skapt den jugoslaviske staten om frå å vera proletariatets diktatur til å verta eit diktatur ved byråkrat-borgarskapet, og den sosialistiske offentlege økonomien om til statskapitalisme. No ser folk at Khrusjtsjov-klikken vandrar same vegen som Tito-klikken alt har gått. Khrusjtsjov ser på Beograd som sitt Mekka, og seier atter og atter at han ynskjer å læra av røynsla til Tito-klikken. Han ropar ut at han og Tito-klikken «tilhøyrer ein og same ide og vert rettleidde av same teorien».(34) Dette er slett ikkje til å undra seg over.
Som fylgje av revisjonismen til Khrusjtsjov står no det fyrste sosialistiske landet i verda, som det store sovjet-folket bygde med sin eigen sveitte og sitt eige blod, andsynes ein større fåre enn nokon gong for at kapitalismen skal verta gjeninnført.
Khrusjtsjov-klikken spreier ei eventyrforteljing om at «det ikkje lenger finst antagonistiske klassar og klassestrid i Sovjetunionen» for å dekkja over den nådelause klassestriden dei sjølve fører mot folket i Sovjetunionen.
Det privilegerte laget i Sovjetunionen, representert ved den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken, utgjer berre nokre få prosent av folketalet i Sovjetunionen. Mellom sovjetkadrane er dei og i fåtal. Dei står i grunnleggjande motsetning til folket i Sovjetunionen, som utgjer meir enn nitti prosent av heile folketalet, og til det store fleirtalet av sovjet-kadrar og kommunistar. Motseiinga mellom sovjet-folket og dette privilegerte laget er no hovudmotseiinga i Sovjetunionen, og dette er ei uforsonleg og antagonistisk klassemotseiing.
Det strålande Sovjetunionens Kommunistiske Parti, bygt av Lenin, og det store sovjet-folket synte epokegjerande revolusjonært tiltak i den sosialistiske Oktoberrevolusjonen. Dei synte heltemot og evne til å halda ut då dei slo ned kvitegardistane og den væpna intervensjonen frå meir enn eit dusin imperialistland. Dei gjorde uliknelege strålande bragder i striden for industrialisering og for kollektivisering av jordbruket, og dei vann ein umåteleg siger i den patriotiske krigen mot dei tyske fascistane og berga heile menneskeætta. Jamvel under styret til Khrusjtsjov-klikken fører massen av medlemmer i SUKP vidare dei strålande revolusjonære tradisjonane Lenin og Stalin fostra fram, og dei står framleis for sosialisme og ynskjer kommunisme.
Dei breie massane av sovjet-arbeidarar, kollektivbønder og intellektuelle kokar av misnøye med den undertrykkinga og utbyttinga det privilegerte laget gjennomfører. Dei har byrja å sjå stendig meir klårt dei revisjonistiske draga ved Khrusjtsjov-klikken som svik sosialismen og gjeninnfører kapitalismen. I rekkjene mellom sovjet-kadrane er det mange som framleis held fast på det revolusjonære standpunktet til proletariatet, som held seg til den sosialistiske vegen og som går fast mot revisjonismen til Khrusjtsjov. Dei breie massane i sovjet-folket, kommunistar og kadrar nyttar ulike rådgjerder til å stå mot og motarbeida den. revisjonistiske lina til Khrusjtsjov-klikken, slik at den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken ikkje så lett skal kunna gjeninnføra kapitalismen. Det store sovjet-folket kjempar for å forsvara dei strålande tradisjonane til den store Oktoberrevolusjonen, for å verna dei store vinningane sosialismen har gjeve, og for å knusa samansverjinga for å gjeninnføra kapitalismen.
ATTENDEVISING AV EIN SÅKALLA HEILE FOLKETS STAT
På det tjueandre landsmøtet i SUKP heiste Khrusjtsjov ope opprørsfana mot proletariatets diktatur, og kunngjorde at det skulle bytast ut med «ein heile folkets stat». I programmet til SUKP står det at proletariatets diktatur «ikkje lenger er ufråvikeleg naudsynt i Sovjetunionen», og at «staten, som vart til som ein stat med proletariatets diktatur, på det nye samtidige stadiet har vorte ein heile folkets stat».
Alle som kjenner litt til marxismen-leninismen veit at statsomgrepet er eit klasseomgrep. Lenin peikte på at «det som særmerkjer staten er at det finst ein særskilt klasse av folk som har makta samla i sine hender».(35) Staten er eit våpen i klassekampen, ein maskin ein klasse nyttar til å undertrykkja ein annan. Alle statar er diktaturet til ein viss klasse. Så lenge det finst ein stat, kan han ikkje på nokon måte stå over klassane eller tilhøra heile folket.
Proletariatet og det politiske partiet til proletariatet har aldri løynt kva dei meiner — dei seier rett ut at sjølve målet med den proletariske sosialistiske revolusjonen er å styrta det borgarlege styret og skipa proletariatets diktatur. Etter at den sosialistiske revolusjonen har sigra, må proletariatet og partiet til proletariatet utrøyttande streva for å setja ut i livet dei historiske oppgåvene til proletariatets diktatur og gjera klassar og klasseskilje til inkjes, slik at staten visnar bort. Det er berre borgarskapet og partia til borgarskapet som freistar å bløffa massane på alle moglege måtar og prøver å dekkja over klasseinnhaldet i statsmakta ved å skildra det statsmaskineriet dei har under sin kontroll som noko som «tilhøyrer heile folket» og står «over klassane».
Den kjensgjerninga at Khrusjtsjov har kunngjort at proletariatets diktatur er avskaffa i Sovjetunionen og lagt fram tesen om «ein heile folkets stat», syner at han har bytta ut den marxist-leninistiske læra om staten med borgarleg falskneri.
Når marxist-leninistar kritiserte feila til den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken, skunda dei seg med å forsvara seg og streva hardt for å finna på eit såkalla teoretisk grunnlag for «ein heile folkets stat». Dei påstår no at den historiske bolken med proletariatets diktatur som Marx og Lenin nemner, berre viser til overgangen frå kapitalisme til det fyrste steget i kommunismen, og ikkje til det høgare steget. Dei påstår vidare at «proletariatets diktatur kjem til å slutta å vera naudsynt før staten visnar bort»,(36) og at det etter at proletariatets diktatur er slutt, finst endå eit steg, «ein heile folkets stat».
Dette er gjennomført ordkløyving.
I «Kritikk av Gotha-programmet» la Marx fram den velkjende læresetninga om at proletariatets diktatur er staten i overgangsperioden frå kapitalisme til kommunisme. Lenin gav ei klår utgreiing om denne marxistiske læresetninga.
Han sa:
«I ‘Kritikk av Gotha-programmet’ skreiv Marx: ‘Mellom det kapitalistiske og det kommunistiske samfunnet ligg perioden med revolusjonær omforming av det eine til det andre. Til dette svarer det og ein politisk overgangsperiode der staten ikkje kan vera noko anna enn proletariatets revolusjonære diktatur.’
Fram til i dag har denne læresetninga aldri vorte motsagt av sosialistar, jamvel om ho inneber at ein godtar at det må finnast ein stat heilt fram til då den sigerrike sosialismen har vakse seg til fullstendig kommunisme.»(37)
Lenin sa vidare:
«Kjernen i Marx si lære om staten har berre dei gripe som innser at diktaturet til ein einskild klasse er naudsynt, ikkje berre for kvart klassesamfunn allment, ikkje berre for proletariatet som har styrta borgarskapet, men og for heile den historiske perioden som skil kapitalismen frå ‘det klasselause samfunnet’, frå kommunismen.»(38)
Det er klinkande klårt at ifylgje Marx og Lenin er den historiske perioden der ein har staten til proletariatets diktatur, ikkje berre perioden med overgang frå kapitalisme til det fyrste steget i kommunismen, slik den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken påstår, men heile overgangsperioden frå kapitalisme til «fullstendig kommunisme», dvs. til den tida då alle klasseskilje er gjorde til inkjes og det «klasselause samfunnet» er vorte til røyndom, dvs. til det høgste steget i kommunismen.
Det er like klårt at staten i den overgangsperioden Marx og Lenin viser til er proletariatets diktatur og ikkje noko som helst anna. Proletariatets diktatur er den forma staten har i heile perioden med overgang frå kapitalisme til det høgste steget i kommunismen, og det er og den siste statsforma i menneskesoga. At proletariatets diktatur visnar bort, vil seia at staten visnar bort. Lenin sa:
«Marx avleidde frå heile soga til sosialismen og den politiske kampen at staten måtte forsvinna, og at overgangsforma for denne forsvinninga (overgangen frå stat til ikkje-stat) måtte vera ‘proletariatet organisert som herskarklasse’.»(39)
Historisk kan proletariatets diktatar ta mange ulike former frå eitt land til eit anna og frå ein periode til ein annan, men kjernen i det kjem til å vera den same. Lenin sa:
«Overgangen frå kapitalisme til kommunisme vil utan tvil koma til å syna ein veldig rikdom og variasjon av politiske former, men kjernen er nøydd til å vera den same: proletariatets diktatur.»(40)
Slik kan ein sjå at det slett ikkje er synet til Marx og Lenin, men ei oppfinning av revisjonisten Khrusjtsjov, at slutten på proletariatets diktatur kjem før staten visnar bort, og at det etter proletariatets diktatur kjem endå eit steg, «ein heile folkets stat».
Når den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken skulle argumentera for det anti-marxist-leninistiske synet sitt, har dei streva fælt for å finna ei setning av Marx. Dei har forvrengt ho gjennom å riva ho ut av samanhengen. Dei har eigenrådig skildra den framtidige naturen til staten (Staatswesen på tysk) i det kommunistiske samfunnet som Marx omtalar i «Kritikk av Gothaprogrammet» som «’staten i kommunistsamfunnet’ (russisk tekst), som ikkje lenger er proletariatets diktatur».(41) Skadefro kunngjorde dei at kinesarane ikkje ville våga å sitera dette frå Marx. Det ser ut til at den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken trur at dette sitatet er til stor hjelp for dei.
No er det slik at Lenin ser ut til å ha tenkt seg på førehand at revisjonistar ville gjera bruk av denne setninga for å forvrengja marxismen. I Marxismen om staten gav Lenin ei strålande utgreiing om ho. Han sa: «… proletariatets diktatur er ’ein politisk overgangsperiode’ … Men Marx går vidare og talar om ’den framtidige naturen til staten ( государственкость på russisk, Staatswesen på tysk) i det kommunistiske samfunnet’!! Det kjem altså til å vera ein stat jamvel i ’det kommunistiske samfunnet’!! Er det ikkje ei motseiing i dette?» Lenin svarte «Nei». Han skisserte så dei tre stega i utviklingsprosessen frå den borgarlege staten til staten visnar bort:
Det fyrste steget — i det kapitalistiske samfunnet treng borgarskapet staten — den borgarlege staten.
Det andre steget — i overgangsperioden frå kapitalisme til kommunisme treng proletariatet staten — staten til proletariatets diktatur.
Det tredje steget — i det kommunistiske samfunnet er ikkje staten naudsynt, han visnar bort.
Han slutta av slik: «Fullstendig konsekvens og klårleik.»
Slik Lenin sette det opp finn ein berre den borgarlege staten, staten til proletariatets diktatur og bortvisninga av staten. Nettopp gjennom dette oppsettet gjorde Lenin det klårt at når ein når kommunismen, visnar staten bort og vert ikkje-eksisterande.
Ironisk nok siterer Khrusjtsjov-klikken og nett dette avsnittet frå Marxismen om staten av Lenin når dei skal forsvara feilen sin. Og så held dei fram med fylgjande idiotiske utsegn:
«I landet vårt høyrer dei to fyrste stega Lenin viser til alt til soga. I Sovjetunionen har det grodd fram ein heile folkets stat — eit kommunistisk statssystem, staten i den fyrste fasen i kommunismen, og han utviklar seg.»(42)
Om dei to fyrste periodane Lenin viser til alt høyrer fortida til i Sovjetunionen, då skulle staten vera ved å visna bort, og kvar skulle då «ein heile folkets stat» koma frå? Dersom staten ikkje visnar bort enno, då burde han vera proletariatets diktatur, og visseleg ikkje under nokon omstende «ein heile folkets stat».
Når den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken skal argumentera for «ein heile folkets stat», strevar dei livet av seg for å skjella ut proletariatets diktatur som udemokratisk. Dei påstår at demokratiet berre kan utviklast vidare og verta til «ekte demokrati for heile folket» dersom ein byter ut proletariatets diktatur med «ein heile folkets stat». Khrusjtsjov er så storlåten at han seier at å avskaffa proletariatets diktatur er eit føredøme på «ei line for å utvikla demokratiet energisk», og at «proletarisk demokrati er ved å verta sosialistisk demokrati for heile folket».(43)
Slike utsegner syner berre at opphavsmennene anten ikkje veit noko som helst om den marxist-leninistiske læra om staten, eller at dei forvrengjer ho med vond vilje.
Alle som veit det minste om marxismen-leninismen veit at demokratiomgrepet som statsform er eit klasseomgrep på same måten som diktaturomgrepet er det. Det kan berre finnast klassedemokrati, det kan ikkje finnast «demokrati for heile folket».
Lenin sa:
«Demokrati for det store fleirtalet av folket, og undertrykking med makt, dvs., utestenging frå demokratiet, av dei som utbyttar og held folket nede — dette er den endringa som skjer med demokratiet gjennom overgangen frå kapitalisme til kommmunisme.»(44)
Diktatur over utbyttarklassane og demokrati for det arbeidande folket
— det er dei to sidene ved proletariatets diktatur. Det er berre under proletariatets diktatur at demokrati for massane av det arbeidande folket kan utviklast og utvidast i ein målestokk som er ukjent til no. Utan proletariatets diktatur kan det ikkje finnast noko ekte demokrati for det arbeidande folket.
Der det er borgarleg demokrati er det ikkje proletarisk demokrati, og der det er proletarisk demokrati er det ikkje noko borgarleg demokrati. Det eine utelet det andre. Dette er uomgjengeleg, og det finst ikkje noko rom for kompromiss. Di meir gjennomført det borgarlege demokratiet vert gjort til inkjes, di meir kjem det proletariske demokratiet til å bløma. I augo til borgarskapet manglar det demokrati i alle land der dette går føre seg. Men i røynda er dette å fremja proletarisk demokrati og å fjerna borgarleg demokrati. Etter kvart som det proletariske demokratiet utviklar seg, vert det borgarlege demokratiet fjerna.
Denne grunnleggjande marxist-leninistiske tesen vert motsagt av den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken. I røynda seier dei at all den tid fiendane vert underlagde diktatur, finst det ikkje noko demokrati, og at den einaste måten å utvikla demokratiet på er å avskaffa diktaturet over fiendar, slutta å undertrykkja dei og innsetja «demokrati for heile folket».
Synet deira er støypt i same form som renegaten Kautsky sitt omgrep om «det reine demokratiet».
Då Lenin kritiserte Kautsky, sa han:
«… ‘reint demokrati’ er ikkje berre ein fåkunnig frase som avslører at ein korkje har skjønt klassekampen eller karakteren til staten, men det er og ein trefald tom frase, for i det kommunistiske samfunnet kjem demokratiet til å visna bort i omformingsproses-sen og verta ein vane, men aldri verta «reint» demokrati.» (45) Han peikte og på fylgjande:
«Dialektikken (retninga) i utviklinga er slik: frå einevelde til borgarleg demokrati, frå borgarleg til proletarisk demokrati, frå proletarisk demokrati til ikkje-demokrati.»(46)
Det vil seia at det proletariske demokratiet kjem til å visna bort saman med at klassane vert borte, og proletariatets diktatur visnar bort i det høgste steget i kommunismen.
For å seia det rett ut er «demokrati for heile folket» slik Khrusjtsjov ropar det ut ein bløff, nett som «ein heile folkets stat» er det. Det einaste målet Khrusjtsjov har med å leita fram att dei fillete kleda til borgarskapet og dei gamle revisjonistane, lappa på dei og setja på dei sin eigen merkelapp, er å narra sovjet-folket og dei revolusjonære i heile verda og å dekkja over sitt eige svik mot proletariatets diktatur og motstanden sin mot sosialismen.
Kva er kjernen i Khrusjtsjovs «heile folkets stat»?
Khrusjtsjov har avskaffa proletariatets diktatur i Sovjetunionen og oppretta revisjonist-klikken sitt diktatur med seg sjølv i leiinga, dvs. diktaturet til det privilegerte laget i sovjet-borgarskapet. I røynda er ikkje Khrusjtsjovs «heile folkets stat» ein stat under proletariatets diktatur, men ein stat der den vesle revisjonist-klikken hans utøver diktatur over massane av arbeidarar, bønder og revolusjonære intellektuelle. Under Khrusjtsjov-klikken sitt styre finst det ikkje noko demokrati for det arbeidande folket i Sovjetunionen, det finst berre demokrati for den handfullen folk som tilhøyrer den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken, for det privilegerte laget og for dei borgarlege elementa, gamle som nye. Khrusjtsjovs «demokrati for heile folket» er ikkje noko anna enn eit tvers igjennom borgarleg demokrati, dvs. eit despotisk diktatur som Khrusjtsjov-klikken utøver over sovjet-folket.
I Sovjetunionen i dag vert alle som held fast ved det proletariske standpunktet, som står fast på marxismen-leninismen og har mot til å seia frå, gjera motstand eller kjempa, overvaka, skugga, stilt for retten og jamvel arrestert, sett i fengsel eller diagnostisert som «sinnssjuk» og sendt til «sinnssjukehus». Sovjet-pressa har nyst kunngjort at det er naudsynt å «kjempa mot» dei som syner den minste misnøye, og oppmodar til «nådelaus kamp» mot dei «rotne jokarane»(47) som er så vågale at dei kjem med spydige merknader om jordbrukspolitikken til Khrusjtsjov. Særskilt er det grunn til å merkja seg at Khrusjtsjov-klikken meir enn ein gong skal ha gjennomført blodig undertrykking mot streikande arbeidarar og massar som gjer motstand.
Formelen om å avskaffa proletariatets diktatur og samstundes halda på ein heile folkets stat, avslører løyndommen til den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken, dvs. at dei går konsekvent mot proletariatets diktatur men at dei ikkje vil gje frå seg statsmakta før dommedag. Den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken veit kor overlag viktig det er å ha herredøme over statsmakta. Dei treng statsmaskineriet for å undertrykkja det arbeidande folket og marxist-leninistane i Sovjetunionen. Dei treng det for å rydda vegen for å gjeninnføra kapitalismen i Sovjetunionen Det er dei verkelege måla til Khrusjtsjov når han heiser fana for «ein heile folkets stat» og «demokrati for heile folket».
ATTENDEVISING AV EIT SÅKALLA HEILE FOLKETS PARTI
På det tjueandre landsmøtet i SUKP heiste Khrusjtsjov ope ei anna fane — for å endra den proletariske karakteren til Sovjetunionens Kommunistiske Parti. Han kunngjorde at partiet til proletariatet skulle bytast ut med «eit heile folkets parti». Programmet til SUKP slår fast:
«Som eit resultat av at sosialismen har sigra i USSR og at einskapen i det sovjetiske samfunnet er grunnfest, har kommunistpartiet til arbeidarklassen vorte fortroppen til sovjet-folket, eit heile folkets parti.»
Det opne brevet frå sentralkomiteen i SUKP seier at SUKP «har vorte ein politisk organisasjon for heile folket».
Noko så meiningslaust!
Elementær kjennskap til marxismen-leninismen fortel oss at eit politisk parti på same vis som staten er ein reiskap i klassekampen. Alle politiske parti har klassekarakter. Partianden er eit konsentrert uttrykk for klassekarakteren. Det finst ikkje noko slikt som eit politisk parti som ikkje er knytt til ein viss klasse eller som står over klassane. Det har aldri funnest, og det kan heller ikkje finnast noko slikt som «eit heile folkets parti» som ikkje målber interessene til ein særskilt klasse.
Partiet til proletariatet vert bygt i samsvar med den revolusjonære teorien og dei revolusjonære metodane i marxismen-leninismen. Det er det partiet dei framskridne elementa, dei som er grenselaust trufaste andsynes den historiske oppgåva til proletariatet, skaper. Det er den organiserte fortroppen til proletariatet og den høgste forma for organisering proletariatet har. Partiet til proletariatet målber interessene til proletariatet og uttrykkjer den samla viljen til proletariatet.
Dessutan er partiet til proletariatet det einaste partiet som kan evna å målbera interessene til folket, som utgjer meir enn nitti prosent av det samla folketalet. Grunnen til dette er at interessene til proletariatet er nett dei same som interessene til dei arbeidande massane, at det proletariske partiet kan nærma seg problema i lys av den historiske oppgåva proletariatet har og i samsvar med dei noverande og framtidige interessene til proletariatet og dei arbeidande massane, og i samsvar med det som tener det overveldande fleirtalet i folket best, og at det kan gje rette slaget leiing i samsvar med marxismen-leninismen.
Ved sida av medlemmer med arbeidarklasse-bakgrunn har partiet til proletariatet medlemmer med annan klassebakgrunn. Men dei sistnemnde går ikkje inn i partiet som representantar for andre klassar. Frå den dagen dei går inn i partiet må dei gje avkall på det klassestandpunktet dei hadde før, og ta proletariatet sitt standpunkt. Marx og Engels sa:
«Om folk av dette slaget frå andre klassar går med i den proletariske rørsla, må det fyrste vilkåret vera at dei ikkje tar med seg nokon leivningar av borgarlege, småborgarlege, osb. fordommar, men heilhuga gjer det proletariske synet til sitt eige.»(48)
Dei grunnleggjande prinsippa vedrørande karakteren til det proletariske partiet vart for lenge sidan greidde ut for i marxismen-leninismen. Men slik den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken ser det er desse prinsippa «stereotype vendingar», medan deira «heile folkets parti» samsvarer med «den verkelege dialektikken i utviklinga til kommunistpartiet».(49)
Den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken har vridd hjernen for å finna på argument som kan rettferdiggjera «eit heile folkets parti». Under samtalane mellom partia i Sovjetunionen og Kina i juli 1963, og i sovjet-pressa, har dei hevda at dei har gjort om Sovjetunionens Kommunistiske Parti til «eit heile folkets parti» av di:
(1) SUKP uttrykkjer interessene til heile folket.
(2) Heile folket har godteke det marxist-leninistiske verdssynet til arbeidarklassen, og målet til arbeidarklassen — å byggja kommunismen — har vorte målet til heile folket.
(3) I rekkjene til SUKP finst dei beste representantane for arbeidarane, kollektivbøndene og dei intellektuelle. SUKP samlar representantar for meir enn hundre nasjonalitetar og folk i rekkjene sine.
(4) Den demokratiske metoden partiet nyttar er og samsvar med karakteren det har som eit heile folkets parti.
Ved berre eit lite augekast på dei argumenta den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken fører fram er det klårt at ikkje eitt av dei nærmar seg noko alvorleg problem på alvorleg vis.
Då Lenin kjempa mot dei opportunistiske rotehovuda, sa han fylgjande:
«Kan folk som så openberrt ikkje evnar å ta alvorlege problem alvorleg, bli tekne alvorleg sjølve? Det er vanskeleg kameratar, svært vanskeleg! Men det spørsmålet visse folk ikkje kan ta føre seg på alvorleg vis er i seg sjølv så alvorleg at det ikkje vil vera så dumt å granska sjølv opplagt lettbeinte svar på det».(50)
Heller ikkje i dag vil det vera så dumt å granska dei opplagt lettbeinte svara Khrusjtsjov-klikken gjev på slike alvorlege spørsmål som spørsmålet om partiet til proletariatet.
Ifylgje den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken skulle kommunistpartiet verta «eit heile folkets parti» av di det uttrykkjer interessene til heile folket. Fylgjer det ikkje av dette at partiet heilt frå byrjinga skulle ha vore «eit heile folkets parti» i staden for eit parti for proletariatet?
Ifylgje den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken skulle det kommunistiske partiet verta eit «heile folkets parti» av di «heile folket har godteke det marxist-leninistiske verdssynet til arbeidarklassen». Men korleis kan ein seia at alle har godteke det marxist-leninistiske verdssynet i sovjet-samfunnet der det er skarp klassepolarisering og skarp klassekamp? Er det råd å seia at alle dei titusentals gamle og nye borgarlege elementa i landet dykkar er marxist-leninistar? Dersom marxismen-leninismen verkeleg har vorte verdssynet til heile folket, slik de påstår, fylgjer det då ikkje av dette at det ikkje er nokon skilnad på parti og ikkje-parti i samfunnet dykkar og at det såleis slett ikkje trengst noko parti? Kva skilnad gjer det om det finst «eit heile folkets parti» eller ikkje?
Ifylgje den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken skulle kommunistpartiet verta eit «heile folkets parti» av di medlemsstokken er sett saman av arbeidarar, bønder og intellektuelle frå alle nasjonalitetar og folk. Vil dette seia at ingen av medlemmene i SUKP kom frå andre klassar enn arbeidarklassen før ideen om «eit heile folkets parti» vart sett fram på det tjueandre landsmøtet? Vil det seia at alle medlemmene i partiet tidlegare kom berre frå ein nasjonalitet, at andre nasjonalitetar og folk var utestengde? Dersom karakteren til eit parti vert avgjort av den sosiale bakgrunnen til medlemmene, fylgjer det då ikkje av dette at alle dei mange politiske partia i verda med medlemmer frå ulike klassar, nasjonalitetar og folk er «parti for heile folket»?
Ifylgje den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken skulle partiet vera eit «heile folkets parti» av di metodane det nyttar i arbeidet sitt er demokratiske. Men eit kommunistisk parti er heilt frå starten bygt på prinsippet om demokratisk sentralisme og bør alltid nytta masselina og den demokratiske metoden med overtaling og oppseding når det arbeider mellom folk. Fylgjer det ikkje av dette at eit kommunistisk parti er «eit heile folkets parti» alt frå skipingsdagen?
Stutt sagt, ingen av dei argumenta den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken listar opp held mål.
Ved sidan av at han har laga masse oppstyr om «eit heile folkets parti», har Khrusjtsjov og delt partiet i eit «parti for industrien» og eit «parti for jordbruket», under påskot av å «byggja partiorgana på produksjonsprinsippet».(51)
Den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken seier at dei har gjort dette på grunn av at «økonomien er overordna politikken under sosialismen»,(52) og av di dei ynskjer å setja «problema i økonomien og produksjonen som er vortne skuva i framgrunnen gjennom sjølve retninga i den kommunistiske oppbygginga, i sentrum for verksemda til partiorganisasjonane» og gjera dei «til hjørnesteinen i alt arbeidet».(53) Khrusjtsjov sa: «vi seier rett ut at produksjonen er hovudsaka i arbeidet til partiorgana.(54) Og attpå alt har dei tilskrive Lenin dette synet og hevdar at dei handlar i samsvar med hans prinsipp.
Det er no likevel slik at alle som i det heile kjenner soga til SUKP veit at dette så langt frå er Lenins syn, det er eit anti-leninistisk syn, det er Trotskys syn. I dette spørsmålet er Khrusjtsjov atter ein verdig læresvein av Trotsky.
Då Lenin kritiserte Trotsky og Bukharin, sa han:
«Politikk er det konsentrerte uttrykket for økonomien … Politikken må ha forrang over økonomien. Å hevda noko anna vil seia at ein har gløymt ABC-en i marxismen».
Han heldt fram:
«… utan ei skikkeleg politisk tilnærming til emnet kan ikkje den klassen det gjeld halda på herredømet, og fylgjeleg kan han heller ikkje løysa sine eigne produksjonsproblem,»(55)
Kjensgjerningane er klåre som glas — det verkelege føremålet den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken hadde då dei gjorde framlegg om «eit heile folkets parti», var å endra den proletariske karakteren til SUKP fullstendig og gjera det marxist-leninistiske partiet om til eit revisjonistisk parti.
Det store Sovjetunionens Kommunistiske Parti står andsynes ein alvorleg fåre for å degenerera frå å vera eit parti for proletariatet til å verta eit parti for borgarskapet, og frå å vera eit marxist-leninistisk til å verta eit revisjonistisk parti.
Lenin sa:
«Eit parti som ynskjer å leva, kan ikkje tillata seg å vakla det minste i spørsmålet om det skal finnast eller å gjera nokon avtale med dei som kan koma til å gravleggja det».(56)
I dag stiller den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken den breie medlemsmassen i det store Sovjetunionens Kommunistiske Parti andsynes nett dette alvorlege spørsmålet.
DEN FALSKE KOMMUNISMEN TIL KHRUSJTSJOV
På det tjueandre landsmøtet i SUKP kunngjorde Khrusjtsjov at Sovjetunionen alt hadde gått inn i perioden med å byggja kommunismen i stort omfang. Han kunngjorde og at «I all hovudsak kjem vi til å ha bygt eit kommunistisk samfunn innan tjue år».(57) Dette er rein svindel.
Korleis kan det vera tale om å byggja kommunismen når den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken leier Sovjetunionen inn på vegen med å gjeninnføra kapitalismen, og når sovjet-folket står i alvorleg fåre for å missa fruktene av sosialismen?
Når Khrusjtsjov set opp skiltet «å byggja kommunismen», er det verkelege målet hans å løyna det verkelege andletet til revisjonismen hans. Men det er ikkje vanskeleg å avsløra dette knepet. Nett som eit fiskeauge ikkje kan gå for å vera ei perle, kan heller ikkje revisjonisme framstilla seg som kommunisme.
Vitskapleg kommunisme vil seia noko heilt visst og fast. Ifylgje marxismen-leninismen er eit kommunistisk samfunn eit samfunn der klassar og klasseskilje heilt ut er gjorde til inkjes. Heile folket har eit høgt nivå i kommunistisk medvit og moral, og likeins ein grenselaus glød og eit grenselaust tiltak i arbeidet. Det finst stor rikdom av samfunnsmessige produkt, prinsippet «frå einkvar etter evne, til einkvar etter behov» er sett ut i livet, og staten har visna bort.
Marx sa:
«I den høgare fasen i det kommunistiske samfunnet, etter at den slavebindande underordninga av einskildmennesket under arbeidsdelinga og med dette antitesen mellom åndsarbeid og fysisk arbeid har forsvunne, etter at arbeidet ikkje berre er eit middel til å halda oppe livet, men den fremste trongen i livet, etter at produktivkreftene har auka med den allsidige utviklinga til einskildmennesket og alle kjeldene til kooperativ rikdom flyt meir rikt — fyrst då kan ein gjera fullt og heilt opp med det tronge synsfeltet den borgarlege retten skaper, og då kan samfunnet skriva inn på fanene sine: «Frå einkvar etter evne, til einkvar etter behov!» (58)
Ifylgje den marxist-leninistiske teorien er føremålet med å halda ved lag proletariatets diktatur i perioden med sosialisme nett å tryggja at samfunnet utviklar seg i retning kommunisme. Lenin sa at «utvikling frametter, dvs. mot kommunisme, går gjennom proletariatets diktatur, og må gjera det».(59) Ettersom den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken har gått frå proletariatets diktatur i Sovjetunionen, går dei bakover og ikkje frametter, dei går bakover til kapitalismen, og ikkje frametter mot kommunismen.
Å gå frametter mot kommunismen vil seia å gå fram mot at alle klassar og klasseskilje skal avskaffast. Eit kommunistisk samfunn som held på klassar i det heile, for ikkje å tala om utbyttarklassar, er utenkjeleg. Likevel alar Khrusjtsjov fram eit nytt borgarskap, byggjer opp att og utvidar utbyttingssystemet og set fart i klassepolariseringa i Sovjetunionen. Eit privilegert lag som står i motsetnad til sovjetfolket sit no med førarskapen i partiet og regjeringa, og i departementa for økonomi, kultur og i andre departement. Er det råd å finna det minste fnugg av kommunisme i alt dette?
Å gå frametter mot kommunismen vil seia å arbeida mot eit einskapleg system der heile folket eig produksjonsmidla. Eit kommunistisk samfunn der det finst fleire slag eige av produksjonsmidla ved sidan av kvarandre er utenkjeleg. Likevel skaper Khrusjtsjov ein situasjon der føretak som heile folket eig litt etter litt degenererer til kapitalistiske føretak, og der kollektivt eigde bruk litt etter litt degenererer til einingar ein kulakøkonomi. Nok ein gong, finst det eit grann kommunisme i alt dette?
Å gå frametter mot kommunismen vil seia å gå fram mot stor rikdom av samfunnsmessige produkt og fram mot at prinsippet «frå einkvar etter evne, til einkvar etter behov» vert gjennomført. Eit kommunistisk samfunn som er bygt på at ein handfull personar gjer seg rike og at massane vert utarma, er utenkjeleg. Under det sosialistiske systemet utvikla det store sovjetfolket dei samfunnsmessige produktivkreftene i ein fart utan like. Men dei vonda i Khrusjtsjov-revisjonismen ber i seg skaper no eit samanbrot i den sosialistiske sovjet-økonomien. Omringa som han heile tida er av tallause motseiingar, endrar Khrusjtsjov stadig den økonomiske politikken. Han går ofte attende på sine eigne ord, og kastar såleis den sovjetiske nasjonaløkonomien ut i kaos. Khrusjtsjov er verkeleg eit øydeland det ikkje finst botevon for. Han har øydd bort kornreservane som vart bygde opp under Stalin, og har skapt store vanskar for livet til sovjetfolket. Han har forvrengt og krenkt det sosialistiske systemet om fordeling «frå einkvar etter evne, til einkvar etter arbeid», og sett ein handfull folk i stand til å tileigna seg fruktene av arbeidet til dei breie massane i sovjetfolket. Desse punkta er åleine nok til å prova at den vegen Khrusjtsjov har slått inn på fører bort frå kommunismen, Å gå frametter mot kommunismen vil seia å arbeida fram mot å auka det kommunistiske medvitet til massane. Eit kommunistisk samfunn der borgarlege idear flyt vilt omkring, er utenkjeleg. Likevel arbeider Khrusjtsjov ivrig for å gjenoppliva borgarleg ideologi i Sovjetunionen, og han gjer teneste som misjonær for den dekadente amerikanske kulturen. Gjennom å ivra for materielle tildriv gjer han alle forhold mellom menneske til pengeforhold, og oppmuntrar individualisme og egoisme. På grunn av han vert kroppsarbeid igjen rekna for å vera fråstøytande, og nyting på kostnad av andre folk sitt arbeid vert rekna for ærefullt. Det er visseleg slik at den samfunnsmoralen og den atmosfæren Khrusjtsjov fremjar står langt frå kommunismen, så langt som berre råd.
Å gå frametter mot kommunismen vil seia å gå fram mot at staten visnar bort. Eit kommunistisk samfunn med eit statsapparat for å undertrykkje folket, er utenkjeleg. Staten til proletariatets diktatur er i røynda ikkje nokon stat i den opphavelege meininga lenger, ettersom han ikkje lenger er ein maskin dei få utbyttarane nyttar til å undertrykkja det overveldande fleirtalet av folket. I staden er han ein maskin for å utøva diktatur over eit lite fåtal utbyttarar, medan det vert gjennomført demokrati for det overveldande fleirtalet av folket. Khrusjtsjov endrar karakteren til den sovjetiske statsmakta og endrar proletariatets diktatur attende til å vera ein reiskap som ein handfull privilegerte’bor-garlege element nyttar til å utøva diktatur over massen av arbeidarar, bønder og intellektuelle i Sovjetunionen. Han styrkjer heile tida det diktatoriske statsapparatet sitt og skjerpar undertrykkinga av sovjetfolket. Det er i sanning litt av eit narrespel å tala om kommunisme under slike forhold.
Om ein samanliknar dette med prinsippa i den vitskaplege kommunismen, syner det seg straks at den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken på alle felt fører Sovjetunionen bort frå den sosialistiske vegen og inn på den kapitalistiske. Fylgjeleg fører dei han lenger og lenger bort frå, og ikkje nærare, det kommunistiske målet «frå einkvar etter evne, til einkvar etter behov».
Khrusjtsjov har løynde motiv når han spikrar opp det kommunistiske skiltet. Han nyttar det for å narra sovjet-folket og dekkja over freistnaden på å gjeninnføra kapitalismen. Han nyttar det for å narra det internasjonale proletariatet og det revolusjonære folket verda over, og for å svika den proletariske internasjonalismen. Under dette skiltet har Khrusjtsjov-klikken sjølv gått frå den proletariske internasjonalismen, og dei freistar å få til kompaniskap med USA-imperialismen for å dela verda mellom seg. Dessutan vil dei at dei sosialistiske systerlanda skal tena dei private interessene til Khrusjtsjov-klikken og ikkje gå imot imperialismen eller støtta revolusjonane til dei undertrykte folka og nasjonane, og dei vil at dei sosialistiske systerlanda skal gå med på politisk, økonomisk og militær kontroll fra Khrusjtsjov-klikken og i røynda vera underbruk og koloniar for dei. Dessutan vil Khrusjtsjov-klikken at alle dei undertrykte folka og nasjonane skal tena hans private interesser og gje opp den revolusjonære striden så dei ikkje forstyrrar den søte draumen Khrusjtsjov-klikken har om kompaniskap med imperialismen for å dela verda mellom seg. I staden skal dei underleggja seg slavebinding og undertrykking under imperialismen og ærendssveinane hans.
Stutt sagt er slagordet til Khrusjtsjov om i all hovudsak å «byggja eit kommunistisk samfunn i Sovjetunionen innan tjue år» ikke berre falskt — det er og reaksjonært.
Den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken seier at kinesarane «går så langt at dei stiller spørsmålsteikn ved sjølve retten partiet og folket vårt har til å byggja kommunismen»,(60) Dette er ein avskyeleg freistnad på å narra sovjet-folket og forgifta venskapen mellom det kinesiske og det sovjetiske folket. Vi har aldri hatt den minste tvil om at det store sovjet-folket til sist kjem til å gå inn i det kommunistiske samfunnet. Men nett no øydelegg den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken fruktene av sosialismen for sovjet-folket og tar frå dei retten til å gå frametter mot kommunismen. Under slike omstende er spørsmålet sovjet-folket står andsynes ikkje korleis ein skal byggja kommunismen, men heller korleis ein skal stå imot og motarbeida den freistnaden Khrusjtsjov gjer på å gjeninnføra kapitalismen.
Den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken seier og at «KKP-leiarane ymtar frampå om at sovjetsamfunnet vert ’borgarleggjort’, at det ‘degenererer’ av di partiet vårt har sett seg som mål at folket skal få eit betre liv».(61) Dette knepet til Khrusjtsjov-klikken for å avleia misnøyet til sovjet-folket er både ynkeleg og toskete. Vi ynskjer ærleg at sovjetfolket skal få eit betre liv. Men når Khrusjtsjov skryt av «omsut for at massane har det bra» og «eit betre liv for kvart einaste menneske», så er det berre falskspel og demagogi. Livet er alt ille nok for sovjetfolket slik det er under Khrusjtsjov. Khrusjtsjov-klikken arbeider berre for eit «betre liv» for medlemmene i det privilegerte laget og for dei borgarlege elementa, gamle og nye, i Sovjetunionen. Desse folka tileignar seg fruktene av arbeidet til sovjet-folket og lever livet som borgarherrar. Dei er sanneleg vortne tvers igjennom borgarleggjorde.
«Kommunismen» til Khrusjtsjov er i innhald ei utgåve av borgarleg sosialisme. Han ser ikkje på kommunismen som det å avskaffa klassane og klasseskilja fullstendig, men skildrar han som «eit fat der alle kan koma til, og som er breiddfullt av produkta av kroppsarbeid og åndsarbeid».(62) Han ser ikkje på striden arbeidarklassen fører for kommunismen som ein strid for full frigjering av heile menneskeslekta og seg sjølv, men skildrar han som ein strid for «ein porsjon god gulasj». Det finst ikkje eit grann vitskapleg kommunisme i hovudet hans, berre eit bilete av eit samfunn med borgarlege filistrar.
«Kommunismen» til Khrusjtsjov har USA som førebilete. Khrusjtsjov har opphøgja etteraping av styringsmetodane i USA-kapitalismen og den borgarlege levemåten til å verta staten sin politikk. Han seier at han «alltid har høge tankar» om det USA har oppnådd. Han «gler seg svært over det dei har oppnådd, og er av og til litt misunneleg».(63) Han rosar opp i skyene eit brev frå Roswell Garst, ein storbonde i USA, eit brev som prisar det kapitalistiske systemet.(64)
I røynda har han gjort det til sitt eige jordbruksprogram. Han ynskjer å herma etter USA både når det gjeld industri og jordbruk, og særleg ynskjer han å etterapa profittmotivet til dei kapitalistiske føretaka i USA. Han ovundrar den amerikanske levemåten og påstår at det amerikanske folket «ikkje har det så ille»(65) under styret og slaveriet til monopolkapitalen. Khrusjtsjov går endå lengre og vonar å byggja kommunismen med lån frå USA-imperialismen. Då han vitja USA og Ungarn, sa han mange gonger at han var budd på å «ta i mot kredittar frå djevelen sjølv».
Slik kan ein sjå at «kommunismen» til Khrusjtsjov sanneleg er «gulasj-kommunisme», «kommunismen til den amerikanske levemåten», «ein kommunisme som ber om kredittar frå djevelen sjølv». Det er ikkje rart at han ofte seier til talsmenn for den vestlege monopolkapitalen at straks denne «kommunismen» er gjennomført i Sovjetunionen, «kjem de til å gå frametter mot kommunismen utan noka oppmoding frå meg».(66)
Det er ikkje noko nytt med denne «kommunismen». Han er heilt enkelt eit anna namn på kapitalismen. Det er berre ein borgarleg merkelapp, eit skilt eller ei kunngjering. Då Lenin gjorde narr av dei gamle revisjonistpartia når dei spikra opp det marxistiske skiltet, sa han:
«Kvarhelst marxismen er populær mellom arbeidarane, kjem dette politiske straumdraget, dette ‘borgarlege arbeidarpartiet’ til å sverja ved Marx sitt namn. Ein kan ikkje forby dei å gjera det, nett som ein ikkje kan forby eit handelsfirma å nytta den eller den merkelappen, skiltet eller annonsen».(67)
Det er såleis lett å skjøna grunnen til at «kommunismen» til Khrusjtsjov vert sett så høgt av imperialismen og monopolkapitalen. Utanriksminister Dean Rusk har sagt:
«… i den mon gulasj og eit ekstra par bukser og spørsmål av dette slaget vert viktigare i Sovjetunionen, i den mon har det etter mitt syn kome eit element med modererande innverknad inn på dagens scene».(68)
Den britiske statsministeren Douglas Home har sagt:
«Herr Khrusjtsjov sa at den russiske utgåva av kommunisme set utdanning og gulasj fyrst. Det er bra — gulasj-kommunisme er betre enn krigs-kommunisme, og eg er glad for å få stadfest det synet vi har om at feite og makelege kommunistar er betre enn magre og svoltne kommunistar».(69)
Revisjonismen til Khrusjtsjov er heilt og fullt i samsvar med politikken med «fredeleg utvikling» som USA-imperialismen fører andsynes Sovjetunionen og andre sosialistiske land. John Foster Dulles sa:
«… det var teikn til krefter som arbeidde for større liberalisme i Sovjetunionen, og dersom dei heldt fram å arbeida, kunne dei få fram ei grunnleggjande endring i Sovjetunionen».(70)
Dei liberale kreftene Dulles tala om er kapitalistiske krefter. Den grunnleggjande endringa Dulles vona på er at sosialismen skal degenerera til kapitalisme. Khrusjtsjov set ut i livet nett den «grunnleggjande endringa» Dulles drøymde om.
Kor imperialistane vonar at kapitalismen skal verta gjeninnført i Sovjetunionen! Kor dei gler seg!
Vi vil gjerne gje dei imperialistiske herrane det rådet at dei ikkje skal gleda seg for tidleg. Trass i alle tenestene den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken har ytt, kan ikkje noko berga imperialismen frå dommedag. Den herskande revisjonist-klikken lir av same sjukdommen som den imperialistiske herskarklikken — dei står i ein umåteleg antagonisme i høve til massane i folket som utgjer meir enn nitti prosent av folketalet i verda, og difor er dei og veike og makteslause, og dei er papirtigrar. På same måten som leir-buddhaen som prøvde å vassa over elva, er ikkje den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken i stand til å redda seg sjølv. Så korleis kan han gje imperialismen eit langt liv?
HISTORISKE LÆRDOMMAR AV PROLETARIATETS DIKTATUR
Revisjonismen til Khrusjtsjov har gjort stor skade i den internasjonale kommunistiske rørsla, men gjennom sitt negative føredøme har han samstundes oppseda marxist-leninistane og dei revolusjonære verda over.
Dersom det kan seiast at den store Oktoberrevolusjonen gav marxist-leninistar i alle land den viktigaste positive røynsla og opna vegen for at proletariatet skulle gripa den politiske makta, må ein kunna seia om Khrusjtsjov-revisjonismen at han har gjeve dei den viktigaste negative røynsla. Denne røynsla har sett marxist-leninistar i alle land i stand til å dra dei rette lærdommane for å kunna hindra at det proletariske partiet og den sosialistiske staten degenererer.
Historisk sett har alle revolusjonar hatt sine tilbakeslag og sine krikar og krokar. Lenin spurde ein gong:
«… dersom vi grip fatt i kjernen i saka, har det nokon gong i historia hendt at ein ny produksjonsmåte har slege rot med ein gong, utan ein lang serie tilbakeslag, feil og tilbakefall?»(71)
Den internasjonale proletariske revolusjonen har ei soge på mindre enn eitt hundreår om vi reknar frå 1871 då proletariatet i Pariskommunen gjorde den fyrste heltemodige freistnaden på å gripa den politiske makta, eller knapt eit halvt hundreår om vi reknar frå Oktoberrevolusjonen. Den proletariske revolusjonen, den største revolusjonen i menneskesoga, byter ut kapitalisme med sosialisme og privat eige med offentleg eige, og han riv opp alle utbyttarsystem og alle utbyttarklassar med rota. Då er det svært naturleg at ein slik revolusjon som skakar jorda må gå gjennom alvorlege og harde klassekampar, og at han ikkje kan unngå å måtta gå ein lang og innfløkt veg som er full av tilbakeslag.
Soga gjev oss fleire døme på at det proletariske styret lei nederlag på grunn av væpna undertrykking frå borgarskapet, til dømes Pariskommunen og den ungarske sovjet-republikken i 1919. I vår eiga tid har vi det kontra-revolusjonære opprøret i Ungarn i 1956, då styret til proletariatet mest vart velta. Folk ser lett denne forma for gjeninnføring av kapitalismen, og er meir vakne og på vakt mot det.
Men dei ser ikkje så lett, og er ofte ikkje påpasselege eller på vakt mot ei anna form for gjeninnføring av kapitalismen. Denne er difor ein større fåre. Staten til proletariatets diktatur går den revisjonistiske vegen eller vegen med «fredeleg utvikling» som fylgje av at leiinga i partiet og staten degenererer. Ein lærdom av dette slaget fekk ein for nokre år sidan gjennom at den revisjonistiske Tito-klikken fekk det sosialistiske Jugoslavia til å degenerera til eit kapitalistisk land. Men lærdommen frå Jugoslavia aleine har ikkje vore nok til å få folk til å vakna skikkeleg. Nokre vil kanskje seia at det var eit uhell.
Men no har den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken rana til seg leiinga i partiet og staten, og det er ein alvorleg fåre for at kapitalismen skal verta gjeninnført i Sovjetunionen, landet til den store Oktoberrevolusjonen med ei soge frå bygging av sosialismen som spenner over fleire tiår. Og dette er eit alarmsignal for alle sosialistiske land, irekna Kina, og alle kommunist- og arbeidarparti, irekna Kinas Kommunistiske Parti. Det er nøydd til å vekkja svært stor merksemd og tvingar marxist-leninistar og revolusjonære verda over til å gå djupt ned i sakene og verta meir årvåkne.
At Khrusjtsjov-revisjonismen har vakse fram er ille, men det er og bra. All den tid dei sosialistiske landa, og dessutan dei landa som seinare kjem til å leggja ut på den sosialistiske vegen, alvorleg studerer lærdommane av den «fredelege utviklinga» den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken har fremja og gjer dei rette tiltaka, kjem dei til å evna å hindra denne typen «fredeleg utvikling» og knusa dei væpna åtaka frå fienden. Då vert sigeren for verdsrevolusjonen meir viss.
Kinas Kommunistiske Parti har ei soge på førtitre år. Under den langvarige revolusjonære striden det har ført kjempa partiet både mot høgre og «venstre»-opportunistiske feil, og det fekk oppretta den marxist-leninistiske leiinga til sentralkomiteen med Mao Tsetung i spissen. Kamerat Mao Tsetung har sameint den allmenne sanninga i marxismen-leninismen med den konkrete gjennomføringa av revolusjon og oppbygging i Kina, og han har leidd det kinesiske folket frå siger til siger. Sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti og kamerat Mao Tsetung har lært oss å føra nådelaus strid på det teoretiske, politiske og organisatoriske området, og likeins i praktisk arbeid, slik at vi kan nedkjempa revisjonismen og hindra at kapitalismen blir gjeninnført. Det kinesiske folket har gjennomlevt langvarige væpna revolusjonære kampar og har ein ærerik revolusjonær tradisjon. Frigjeringshæren til det kinesiske folket er væpna med Mao Tsetungs tenking og er uløyseleg knytt til massane. Dei mange kadrane i Kinas Kommunistiske Parti er oppseda og herda i korrigeringsrørster og skarp klassekamp. Alle desse faktorane gjer det svært vanskeleg å føra kapitalismen inn att i landet vårt.
Men la oss sjå på kjensgjerningane. Er samfunnet vårt heilt reint i dag? Nei, det er det ikkje. Det finst framleis klassar og klassekamp, dei styrta reaksjonære klassane arbeider framleis med å planleggja korIeis dei skal koma seg attende til makta, og vi ser framleis spekulasjonsverksemd frå gamle og nye borgarlege element, og desperate framstøytar frå underslagarar, svindlarar og degenererte. Det finst og døme på degenerering i nokre få grunnorganisasjonar, og dessutan gjer desse degenererte sitt beste for å finna agentar og folk som kan verna dei i høgare, leiande organ. Vi må ikkje slappa det minste av på vaktsemda mot slike fenomen, men halda oss heilt vakne.
Striden mellom den sosialistiske og den kapitalistiske vegen — mellom dei kapitalistiske kreftene som vil freista å koma seg til makta att, og dei kreftene som motarbeider dei — er ikkje til å unngå i eit sosialistisk samfunn. Men det er visseleg råd å unngå at kapitalismen vert innført att i dei sosialistiske landa og at dei degenerer til kapitalistiske land. Så lenge vi har ei rett leiing og ei rett forståing av problemet, så lenge vi held oss til den revolusjonære marxist-leninistiske lina, gjer dei rette tiltaka og fører ein langvarig og nådelaus strid, kan vi hindra at kapitalismen vert gjeninnført. Striden mellom den sosialistiske og den kapitalistiske vegen kan verta ei drivkraft til framsteg i samfunnet.
Korleis kan ein hindra at kapitalismen vert gjeninnført? Kamerat Mao Tsetung har forma ut eit sett med teoriar og politiske liner i dette spørsmålet. Det gjorde han etter at han hadde oppsummert den praktiske røynsla med proletariatets diktatur i Kina og granska den positive og negative røynsla frå andre land, særleg Sovjetunionen, i samsvar med dei grunnleggjande prinsippa i marxismen-leninismen. Såleis har han utvikla og gjort den marxist-leninistiske teorien om proletariatets diktatur rikare.
Hovudinnhaldet i teoriane og dei politiske linene kamerat Mao Tsetung har lagt fram i denne samanhengen er som fylgjer:
For det fyrste er det naudsynt å nytta den marxist-leninistiske lova om einskap mellom motsetningar når ein studerer det sosialistiske samfunnet. Lova om motseiingar i alle ting, dvs. lova om einskap mellom motsetningar, er den grunnleggjande lova i den materialistiske dialektikken. Ho gjeld alle stader, anten det er i naturverda, i menneskesamfunnet eller i mennesketanken. Motsetningane i ei motseiing er både i einskap og strid med kvarandre, og det er dette som tvingar ting til å koma i rørsle og endra seg. Det sosialistiske samfunnet er ikkje noko unntak. I det sosialistiske samfunnet finst det to slag motseiingar, motseiingane i folket og motseiingane mellom oss og fienden. Desse to slaga motseiingar i samfunnet er heilt ulike i innhald, og metodane for å løysa dei må og vera ulike. Om ein handterer dei rett, vil dette føra til at proletariatets diktatur vert grunnfest og til at det sosialistiske samfunnet styrkjer og utviklar seg. Mange menneske godtar lova om einskap mellom motsetningar, men er ikkje i stand til å nytta ho i praksis når dei studerer og skal ta seg av problem i det sosialistiske samfunnet. Dei nektar å gå med på at det finst motseiingar i det sosialistiske samfunnet — at det ikkje berre finst motseiingar mellom oss og fienden, men og motseiingar i folket — og dei veit ikkje korleis dei skal skilja mellom desse to slaga motseiingar i samfunnet og korleis dei skal handtera dei rett. Difor evnar dei ikkje å ta seg av spørsmålet om proletariatets diktatur på rette viset.
For det andre dekkjer det sosialistiske samfunnet ein svært lang historisk periode. Klassar og klassekamp finst framleis i dette samfunnet, og det går framleis føre seg ein strid mellom den sosialistiske og den kapitalistiske vegen. Den sosialistiske revolusjonen i økonomien (når det gjeld eigedomsretten til produksjonsmidla) er i seg sjølv ikkje nok og kan ikkje grunnfestas. Det må og til ein gjennomgripande sosialistisk revolusjon i politikken og ideologien. Her trengst det svært lang tid for å avgjera «kven som skal vinna» i striden mellom sosialisme og kapitalisme. Fleire tiår er ikkje nok, skal ein lukkast, trengst det frå eitt til fleire hundreår. Når det gjeld kor lang tid som må til, er det betre å bu seg på ein lang, heller enn på ein kort periode. Når det gjeld kor mykje strev som må til, er det betre å sjå på det som ei vanskeleg, heller enn ei lett oppgåve. Det er til større gagn og til mindre skade å tenkja og handla på dette viset. Alle som ikkje forstår dette eller som ikkje ser det som viktig, kjem til å gjera utmåteleg store feil. Gjennom den historiske perioden som sosialismen dekkjer, er det naudsynt å halda ved lag proletariatets diktatur og føra den sosialistiske revolusjonen til endes om ein skal kunna hindra at kapitalismen skal verta gjeninnført, om ein skal føra bygginga av sosialismen frametter og skapa vilkår for å gå over til kommunismen.
For det tredje vert proletariatets diktatur leidd av arbeidarklassen og har alliansen mellom arbeidarar og bønder som grunnlag. Dette vil seia at arbeidarklassen og folket under leiing av arbeidarklassen utøver diktatur over dei reaksjonære klassane og einskildmenneska, og dei elementa som motarbeider sosialistisk omforming og sosialistisk oppbygging. I folket vert det praktisert demokratisk sentralisme. Demokratiet vårt er det breiaste demokrati, og går langt ut over grensene for det som er tenkjeleg for ein borgarleg stat.
For det fjerde er det naudsynt å halda seg til masselina både i den sosialistiske revolusjonen og i bygginga av sosialismen. Ein må vera djerv med å reisa massane og kalla fram masserørsler i stor målestokk. Masselina, «frå massane, til massane», er den grunnleggjande lina i alt det arbeidet partiet gjer. Ein er nøydd til å ha full tillit til fleirtalet i folket, og framfor alt til fleirtalet av massane av arbeidarar og bønder. Vi må vera flinke til å spørja massane til råds i arbeidet vårt, og aldri gjera oss framande for dei. Vi må kjempa både mot stilen med å kommandera og haldninga med at det er nokon som set andre i gunst. At meiningar kjem til uttrykk fullt ut og heilt ope, og at det går føre seg store diskusjonar, er viktige former for revolusjonær strid som er skapte av folket i landet vårt gjennom den lange revolusjonære striden det har ført. Dei er stridsformer som lit på massane når det gjeld å få løyst motseiingar i folket og motseiingar mellom oss og fienden.
For det femte, anten det no gjeld den sosialistiske revolusjonen eller bygginga av sosialismen, er det naudsynt å løysa spørsmålet om kven ein kan lita på, kven ein må vinna over til seg, og kven ein må motarbeida. Proletariatet og fortroppen til proletariatet må gjera ein klasseanalyse av det sosialistiske samfunnet, lita på dei verkeleg pålitande kreftene som stødig fylgjer den sosialistiske vegen, vinna over til seg alle dei allierte ein kan vinna over til seg, og sameina seg med massane i folket som utgjer meir enn nittifem prosent av folketalet, i ein sams strid mot dei som er fiendar av sosialismen. Etter at jordbruket er kollektivisert, er det på landsbygda naudsynt å lita på fattigbøndene og lågare mellombønder for å kunna grunnfesta proletariatets diktatur og alliansen mellom arbeidarane og bøndene. Ein må knusa dei spontane kapitalistiske tendensane og heile tida styrkja og utvida stillingane til sosialismen.
For det sjette er det naudsynt å gjennomføra omfattande sosialistiske oppsedingsrørsler gong på gong både i byane og på landsbygda. I desse samanhengande rørslene for å oppseda folket må vi vera flinke til å organisera dei revolusjonære klassekreftene, auka klassemedvitet deira, handtera motseiingar i folket på rette måten og sameina alle dei som kan sameinast. I desse rørslene er det naudsynt å føra ein skarp, like for like-strid mot dei anti-sosialistiske, kapitalistiske og føydale kreftene — godseigarane, rike bønder, kontrarevolusjonære og dei borgarlege høgrefolka, underslagarane, svindlarane og dei degenererte — for å knusa åtaka deira mot sosialismen og støypa om fleirtalet av dei til nye menneske.
For det sjuande er ei av dei grunnleggjande oppgåvene til proletariatets diktatur å byggja ut den sosialistiske økonomien. Det er naudsynt å få gjennomført modernisering av industri, jordbruk, vitskap og teknologi og det nasjonale forsvaret litt etter litt. Rettesnora må vera den allmenne politikken med å utvikla den nasjonale økonomien med jordbruket som grunnlaget og industrien som den leiande faktoren. På grunnlag av produksjonsvoksteren er det naudsynt å lyfta levestandarden til folket steg for steg og i brei målestokk.
For det åttande er eige ved heile folket og kollektiv eige dei to formene for sosialistisk økonomi. Overgangen frå kollektiv eige til eige ved heile folket, frå to former for eige til ei einskapleg eigeform ved at heile folket eig, er ein nokså langdryg prosess. Kollektiv eige sjølv utviklar seg frå lågare til høgare nivå og frå mindre til større målestokk. Folkekommunen som folket i Kina har skapt, er ei høveleg organisasjonsform for å løysa problema med denne overgangen.
For det niande, «la hundre blomar bløma og hundre tankeretningar stridast» er ein politikk for å stimulera voksteren i kunsten og framgang for vitskapen, og for å fremja ein blømande sosialistisk kultur. Utdanning må tena den proletariske politikken og må sameinast med produktivt arbeid. Kroppsarbeidarar må samstundes vera intellektuelle, og intellektuelle må vera kroppsarbeidarar. Mellom dei som driv med vitskap, kultur, kunst og utdanning er striden for å fremja proletarisk ideologi og knusa borgarleg ideologi ein langdryg og skarp klassekamp. Det er naudsynt å byggja opp ei stor avdeling intellektuelle frå arbeidarklassen, folk som tener sosialismen og som er både «raude og ekspertar», dvs. folk som både er politisk medvitne og flinke i faget sitt. Dette må ein gjera gjennom kulturrevolusjonar og revolusjonær praksis i klassekampen, gjennom striden for produksjonen og vitskaplege eksperiment.
For det tiande er det naudsynt å halda på systemet med at kadrane tar del i kollektivt produktivt arbeid. Kadrane i partiet og staten vår er vanlege arbeidarar, og ikkje høge herrar som rir på ryggen til folket. Gjennom å ta del i kollektivt produktivt arbeid held kadrane ved lag vide, varige og nære band til det arbeidande folket. Dette er eit hovudtiltak som er grunnleggjande viktig for eit sosialistisk system. Det hjelper til med å vinna over byråkrati og hindra revisjonisme og dogmatisme.
For det ellevte bør ein aldri nytta systemet med høge løner til ei lita gruppe. Kløfta mellom inntekta til det arbeidande personellet i partiet,regjeringa og folkekommunane på den eine sida, og inntektene til massane i folket på den andre, bør gjerast mindre litt etter litt og med forstand, og ikkje aukast. Ein må hindra alt arbeidande personell i å misbruka makta si eller i å nyta godt av særskilde privileg.
For det tolvte er det alltid naudsynt at dei væpna styrkane til folket i eit sosialistisk land står under leiing av partiet til proletariatet og under tilsyn av massane, og dei må alltid halda ved lag den strålande tradisjonen til ein folkehær, med einskap mellom hæren og folket og mellom offiserar og menige. Ein må halda på systemet med at offiserar med jamne mellomrom gjer teneste som vanlege soldatar. Det er naudsynt å ha militært demokrati, økonomisk demokrati og politisk demokrati. Dessutan bør ein organisera og trena opp militseiningar over hele landet slik at alle vert soldatar. Geværa må alltid vera i hendene på partiet og folket, og må aldri få lov til å verta reiskapar for karrieristar.
For det trettande må dei offentlege tryggingsorgana til folket alltid stå under leiing av partiet til proletariatet og under tilsyn av massane i folket. I striden for å forsvara fruktene av sosialismen og interessene til folket må ein nytta politikken med å lita på sameint strev frå dei breie massane og tryggingsorgana, slik at ikkje ein einaste illgjerningsmann slepp unna eller eit einaste skikkeleg menneske lir urett. Kontrarevolusjonære må undertrykkjast kvar ein enn finn dei, og feil må rettast når ein enn oppdagar dei.
For det fjortande må ein i utanrikspolitikken halda fast på den proletariske internasjonalismen og gå mot stormaktssjåvinisme og nasjonal egoisme. Den sosialistiske leiren er eit produkt av den striden det internasjonale proletariatet og det arbeidande folket i heile verda har ført. Han tilhøyrer proletariatet og det arbeidande folket i heile verda, og likeins folket i dei sosialistiske landa. Vi må trufast setja ut i livet kampslagorda «Arbeidarar i alle land, gå saman! » og «Arbeidarar og undertrykte nasjonar i verda, gå saman!». Vi må målmedvite nedkjempa den anti-kommunistiske, anti-folkelege og kontrarevolusjonære politikken til imperialismen og reaksjonen, og stø dei revolusjonære stridane til alle undertrykte klassar og nasjonar. Tilhøvet mellom sosialistiske land må byggjast på prinsippa om sjølvstende, full likskap og det proletarisk-internasjonalistiske prinsippet om gjensidig støtte og hjelp. Kvart sosialistisk land må fyrst og fremst lita på seg sjølv når det byggjer sosialismen. Dersom noko sosialistisk land praktiserer nasjonal egoisme i utanrikspolitikken, eller det som verre er, om det arbeider ihuga saman med imperialismen for å dela verda, er slik framferd roten og eit svik mot den proletariske internasjonalismen.
For det femtande må det kommunistiske partiet, ettersom det er fortroppen til proletariatet, finnast så lenge proletariatets diktatur finst. Kommunistpartiet er den høgste forma for organisering av proletariatet. Den leiande rollen til arbeidarklassen vert gjort til røyndom gjennom leiinga til kommunistpartiet. Systemet med partiutval som utøver leiing, må setjast ut i livet på alle område. Under tidbolken med proletariatets diktatur må det proletariske partiet halda ved lag og styrkja dei nære banda det har til proletariatet og dei breie massane i det arbeidande folket. Det må halda ved lag og utvikla den livskraftige revolusjonære stilen, halda fast ved prinsippet med å sameina den allmenne sanninga i marxismen-leninismen med den konkrete røyndommen i sitt eige land, og kjempa uthaldande mot revisjonisme, dogmatisme og opportunisme av alle slag.
I lys av dei historiske lærdommane frå proletariatets diktatur, slo kamerat Mao Tsetung fast:
«Klassekampen, striden for produksjonen og vitskaplege eksperiment er dei tre store revolusjonære rørslene som skal til for å byggja eit mektig sosialistisk land. Desse rørslene er ein trygg garanti for at kommunistane skal halda seg frie for byråkrati og immune mot revisjonisme og dogmatisme, og at dei vert verande uovervinnelege til evig tid. Dei er ein pålitande garanti for at proletariatet skal kunna evna å sameina seg med dei breie massane av arbeidsfolk og gjennomføra eit demokratisk diktatur. Om desse rørslene ikkje fanst og godseigarane, rikbønder, kontrarevolusjonære og dårlege element og uhyre av alle slag fekk lov til å krypa fram, medan kadrane våre samstundes let att augo for alt dette og i mange høve ikkje ein gong greidde å skilja mellom oss og fienden og samarbeidde med fienden og vart korrumperte og demoraliserte, dersom kadrane våre vart dregne inn i fiendeleiren på dette viset eller at fienden skulle greia å snika seg inn i rekkjene våre, og dersom mange av arbeidarane, bøndene og dei intellektuelle stod der forsvarslause mot både den harde og den mjuke taktikken til fienden, ja då ville det ikkje ta lang tid, kanskje berre nokre få år eller eit tiår, eller toppen nokre tiår, før dei kontrarevolusjonære heilt visst hadde kome seg til makta att i nasjonal målestokk. Det marxist-leninistiske partiet ville utan tvil koma til å verta eit revisjonistisk eller fascistisk parti, og heile Kina ville ha skifta farge.»(72)
Kamerat Mao Tsetung har peikt på at skal vi få ein garanti for at partiet vårt og landet vårt ikkje skiftar farge, må vi ikkje berre ha ei rett line og ein rett politikk, men og læra opp og fostra fram millionar av arvtakarar som vil føra den proletariske revolusjonen vidare.
I siste omgang er spørsmålet om å læra opp arvtakarar for den revolusjonære saka til proletariatet eit spørsmål om det skal eller ikkje skal finnast folk som kan føra vidare den marxist-leninistiske revolusjonære saka den eldre generasjonen av proletariske revolusjonære byrja på. Det er eit spørsmål om leiinga i partiet og staten vår skal liggja i hendene på dei proletariske revolusjonære eller ikkje. Det er og eit spørsmål om etterkomarane våre skal eller ikkje skal halda fram å gå etter den rette vegen marxismen-leninismen stakar ut, eller, med andre ord, om vi kan lukkast i å hindra at det veks fram Khrusjtsjov-revisjonisme i Kina. Stutt sagt, det er eit umåteleg viktig spørsmål, eit spørsmål om liv og daude for partiet og landet vårt. Det er eit grunnleggjande viktig spørsmål for den proletariske revolusjonære saka for hundre, tusen, nei, ti tusen år. Dei imperialistiske profetane byggjer på omskifta i Sovjetunionen og vonar på «fredeleg utvikling» i tredje eller fjerde generasjon i det kinesiske partiet. Vi må knusa desse imperialistiske spådommane. Frå den høgaste organisasjonen vår og ned til grasrota må vi overalt og heile tida syna omsut for at det vert lært opp og fostra fram arvtakarar for den revolusjonære saka.
Kva krav må ein stilla til dei som skal vera verdige arvtakarar for den revolusjonære saka til proletariatet?
Dei må vera ekte marxist-leninistar og ikkje revisjonistar av same slaget som Khrusjtsjov som berre har på seg ein marxist-leninistisk frakk.
Dei må vera revolusjonære som tener fleirtalet av folket i Kina og i heile verda heilhuga, og ikkje som Khrusjtsjov som tener interessene til ein handfull medlemmer i eit privilegert borgarleg lag og interessene til den utanlandske imperialismen og reaksjonen.
Dei må vera proletariske statsmenn som evnar å sameina seg med og arbeida saman med det overveldande fleirtalet. Dei må ikkje berre sameina seg med dei som er samde med dei, dei må og vera flinke til å sameina seg med dei som er usamde, og jamvel med dei som tidlegare gjekk mot dei og som det har synt seg tok feil. Men særskilt må dei vera på vakt mot karrieristar og konspiratørar som Khrusjtsjov, og hindra slike dårlege element i å rana til seg leiinga i partiet og regjeringa på noko nivå.
Dei må vera føredøme når det gjeld å setja den demokratiske sentralismen til partiet ut i livet, meistra den metoden for leiing som byggjer på prinsippet «frå massane, til massane», og dei må dyrka fram ein demokratisk stil og vera flinke til å lytta til massane. Dei må ikkje vera despotiske som Khrusjtsjov og krenkja den demokratiske sentralismen til partiet, gå til overraskingsåtak på kameratar eller handla vilkårleg og diktatorisk.
Dei må vera smålåtne og varsame, og vera på vakt mot høgmod og bråhast. Dei må vera gjennomsyra av ein sjølvkritisk ande og ha mot til å retta opp feil og veikskapar i arbeidet sitt. Dei må ikkje løyna feila sine slik Khrusjtsjov gjer og ta all ros sjølv og leggja all skuld på andre.
Arvtakarar til den revolusjonære saka til proletariatet veks fram i massestridar og vert herda i dei store revolusjonære stormane. Det er avgjerande viktig å prøva kadrar og læra dei å kjenna, og å velja og læra opp etterkomarar på den lange vegen med massestrid.
Den prinsipprekkja kamerat Mao Tsetung har lagt fram er ei skapande utvikling av marxismen-leninismen. Ho legg nye våpen til det marxist-leninistiske våpenlageret, og er avgjerande viktig for oss så vi skal kunna hindra at kapitalismen vert gjeninnført. Så lenge vi held oss til desse prinsippa, kan vi grunnfesta proletariatets diktatur. Vi kan få visse for at partiet og staten vår aldri kjem til å skifta farge, og gjennomføra den sosialistiske revolusjonen og byggja sosialismen med framgang. Vi kan hjelpa alle dei revolusjonære rørslene til folka så imperialismen og ærendssveinane hans kan styrtast, og få garanti for ein framtidig overgang frå sosialisme til kommunisme.
* * *
Når det gjeld framvoksteren til den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken i Sovjetunionen, er haldninga vår som marxist-leninistar den same som vi har i forhold til alle slag «forstyrringar» — for det fyrste er vi mot han, for det andre er vi ikkje redde han.
Vi ynskte han ikkje og vi går mot han, men når no den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken alt finst, er det ikkje noko skremmande ved han, og det er ingen grunn til uro.
Jorda kjem til å halda fram med å gå rundt, soga kjem til å halda fram med å gå frametter, folket i verda kjem som alltid til å gjera revolusjon, og imperialistane og ærendssveinane deira går uomgjengeleg dommedag i møte.
Dei historiske tilskota frå det store sovjet-folket kjem til å halda seg lysande til all tid — sviket til den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken kan ikkje få dei til å falma. Dei breie massane av arbeidarar, bønder, revolusjonære intellektuelle og kommunistar i Sovjetunionen kjem til sist til å overvinna dei hindringane som ligg i vegen for dei, og marsjera mot kommunismen.
Sovjet-folket, folket i alle dei sosialistiske landa og dei revolusjonære i heile verda kjem heilt visst til å dra lærdommar av sviket til den revisjonistiske Khrusjtsjov-klikken. Gjennom striden mot Khrusjtsjov-revisjonismen har den internasjonale kommunistiske rørsla vakse, og ho kjem til å halda fram med å veksa seg mektigare enn nokon gong før.
Marxist-leninistar ser alltid på framtida for den proletariske revolusjonen med revolusjonær optimisme. Vi er djupt overtydde om at det strålande lyset frå proletariatets diktatur, frå sosialismen og frå marxismen-leninismen, kjem til å halda fram med å skina over sovjetlandet. Proletariatet kjem heilt visst til å vinna heile verda, og kommunismen kjem heilt visst til å nå fullstendig og endeleg siger på jorda.
Noter
1 Marx, «Kritikk av Gothaprogrammet» (1875), Forlaget Oktober 1977, s. 17 f.
2. Lenin, «Staten og revolusjonen» (1917), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1977, band 8, s. 120.
3. Same stad, s. 114.
4. Lenin, «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky» (1918), Utvalgte verker i 12 bind, band 10, Forlaget Oktober 1978, s. 60.
5. Lenin, «Helsing til arbeidarane i Ungarn» (1919), Samla verk, engelsk utgåve, band 29, s. 389
6. «Marx til J. Weydemeyer, 5. mars 1852», Marx Engels Verk, tysk utgåve, Berlin 1973, band 28, s. 508.
7. Marx, «Kritikk av Gotha-programmet» (1875), Forlaget Oktober 1977, s. 26
8. Marx, «Klassestridane i Frankrike 1848—1850», Marx Engels Verk, tysk utgåve, band 7, s. 89.
9. Lenin, «Føreord til talen ’Om å lura folket med slagord om fridom og likskap’» (1919), Samla verk, engelsk utgåve, band 29, s. 380 f.
10. Lenin, «’Venstre’-kommunismen, ein barnesjukdom» (1920), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1976, band 11, s. 123.
11. Jfr. Stalin, «Om utkastet til grunnlov for USSR» (1936), Spørsmål i leninismen, Forlaget Oktober 1976. s. 516.
12. Stalin, «Melding til det attande landsmøtet i SUKP(b) om arbeidet til sentralkomiteen» (1939), Spørsmål i leninismen, eng. utg., Moskva 1954, s. 777.
13. NEP-mann blei og brukt som skjellsord på folk som gjekk den kapitalistiske vegen — Red.
14. Krasnaja Zvezda, 19. mai 1962
15. Pravda Vostoka, 8. oktober 1963
16. Pravda Ukrainij, 18. mai 1962.
17. Izvestia, 20. oktober 1963 og Søndagsvedlegg til Izvestia, nr. 12, 1964.
18. Komsomolskaja Pravda, 9. august, 1963.
19. Sovjetskaja Kirgisia, 9. januar 1962.
20. Selskaja Shizn, 26. juni 1962.
21. Ekonomisjkeskaja Gazeta, nr. 35, 1963.
22. Selskaja Shizn, 14. august 1963.
23. Pravda, 14. januar 1962
24. Pravda, 6. februar 1961.
25. Izvestia, 9. april 1963.
26. Sovjetskaja Rossija, 9. oktober 1960.
27. Izvestia, 18. oktober 1960.
28. Selskaja Shizn, 17. juli 1963.
29. Ekonomisjkeskaja Gazeta, nr. 27, 1963
30. Literaturnaja Gazeta, 27. juli og 17. august 1963.
31. Sovjetskaja Rossija, 27. januar 1961.
32. Lenin, «Plan for skriftet ’Om naturalskatten’» (1921), Samla verk, engelsk utgåve, band 32, s. 322f.
33. Araktsjejevstyre — tyrannstyre, Alekseij Araktsjejev (1769 — 1834) var den brutale og mektige krigsministeren til tsar Aleksander I — Red.
34. Khrusjtsjov, Intervju med utanlandskorrespondentar i Brioni i Jugoslavia, 28. august 1963.
35. Lenin, «Det økonomiske innhaldet i narodnismen og kritikken av det i boka til herr Struve» (1895), Samla verk, engelsk utgåve, band 1, s. 419.
36. «Program for bygginga av kommunismen», redaksjonell artikkel i Pravda, 18. august 1961.
37. Lenin, «Oppsummering av diskusjonen om sjølvråderetten» (1916), Samla verk, engelsk utgåve, band 22, s. 323.
38. Lenin, «Staten og revolusjonen» (1917), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1977 band 8, s. 49.
39. Lenin, «Staten og revolusjonen» (1917), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober, 1977 band 8, s. 72.
40. Same stad s. 49
41. M.A. Suslov, Melding til plenumsmøtet i sentralkomiteen i SUKP, februar 1964, Ny Tid, engelsk utgåve, nr. 15, 1964, s. 62.
42. «Frå eit parti for arbeidarklassen til eit parti for heile folket i Sovjetunionen», redaksjonell artikkel i Partijnaja Shizn, nr. 8, 1964.
43. Khrusjtsjov, Melding til det tjueandre landsmøtet i SUKP, oktober 1961, og Melding om programmet til SUKP, lagt fram på landsmøtet.
44. Lenin, «Staten og revolusjonen» (1917), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1977, band 8, s. 109.
45. Lenin, «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky» (1918), Utvalgte verker i 12 bind, band 10, Forlaget Oktober 1978, s. 45.
46. Lenin, Marxismen om staten, russisk utgåve, Moskva 1958, s. 42.
47. Izvestia, 10. mars 1964.
48. «Marx og Engels til A. Bebel, W. Liebknecht, W. Bracke og andre (‘Rundskriv’), 17—18. sept. 1879», Marx Engels Verk, tysk utgåve, band 34, s. 407.
49. «Frå eit parti for proletariatet til eit parti for heile folket i Sovjetunionen», redaksjonell artikkel i Partijnaja Shizn, nr. 8, 1964
50. Lenin, «Fyrst og fremst klårleik!» (1914), Samla verk, engelsk utgåve, band 20, s. 544.
51. Khrusjtsjov, Melding på plenumsmøtet i sentralkomiteen i SUKP i november 1962.
52. «Studer, vit, gå til handling», leiar i Ekonomisjkeskaja Gazeta, nr. 50, 1962.
53. «Kommunisten og produksjonen», leiar i Kommunist, Moskva, nr. 2, 1963.
54. Khrusjtsjov, Tale på valmøte i Katinin-valkrinsen i Moskva, 27. februar 1963.
55. Lenin, «Endå ein gong om fagforeiningane, stoda i dag og mistaka til Trotsky og Bukharin» (1921), Samla verk, engelsk utgåve band 32, s. 83 f.
56. Lenin, «Korleis Vera Zasulitsj knuser likvidasjonismen» (1913), Samla verk, engelsk utgåve, band 19, s. 414.
57. Khrusjtsjov, Melding om programmet til SUKP, lagt fram på det tjueandre landsmøtet i SUKP i oktober 1961.
58. Marx, «Kritikk av Gotha-programmet» (1875), Forlaget Oktober 1977, s. 19
59. Lenin, «Staten og revolusjonen» (1917), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1977 band 8, s. 109.
60. M.A. Suslov, Melding på plenumsmøtet til sentralkomiteen i SUKP, februar 1964.
61. Ope brev frå sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti til alle partiorganisasjonar og alle kommunistar i Sovjetunionen, 14. juli 1963.
62. Khrusjtsjov, Tale i austerriksk radio og fjernsyn, 7. juli 1960.
63. Khrusjtsjov, Intervju med leiarane i den amerikanske kongressen og medlemmer av utanrikskomiteen i senatet, 16. september 1959.
64. Khrusjtsjov, Tale på plenumsmøtet i sentralkomiteen i SUKP februar 1964.
65. Khrusjtsjov, Tale på eit møte med forretningsfolk og offentlege leiarar i Pittsburg, USA, 24. september 1959.
66. Khrusjtsjov, Samtale med franske parlamentarikarar, 25. mars 1960.
67. Lenin, «Imperialismen og kløyvinga i sosialismen» (1916), Forlaget Oktober 1977, s. 16.
68. Dean Rusk, Intervju med BBC-fjernsyn, 10. mai 1964.
69. A. Douglas Home, Tale i Norwich, England, 6. april 1964.
70. J.F. Dulles, Pressekonferanse, 15. mai 1956.
71. Lenin, «Ein stor oppakt» (1919), Utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1978, band 10, s. 246.
72. Mao Tsetung, Notat om «Dei sju velskrivne dokumenta om kaderdeltaking i fysisk arbeid i Chekiang-provinsen», 9. mai 1963.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.