Denne teksten fra Kinas Kommunistiske Parti er henta fra “Den store polemikken 3. band” utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1979. Alle tre binda er tilgjengelige i sin helhet på Tjen Folket Media og i PDF-arkivet til AKP. Vi har også lagt ved de to vedlegga til dette bandet til denne saken «Brevet frå sentralkomiteen i SUKP til sentralkomiteen i KKP» og «Ope brev frå sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti til alle partiorganisasjonar og alle kommunistar i Sovjetunionen»
Andre tekster fra den store polemikken er også tilgjengelig på Tjen Folket Media:
Eit framlegg til generalline for den internasjonale kommunistrørsla
Opphavet til og utviklinga av meiningsskilnadene mellom leiinga i SUKP og oss
Er Jugoslavia eit sosialistisk land?
Forsvararar av nykolonialismen
To ulike liner i spørsmålet om krig og fred
Fredeleg samlivnad — to beint motsette liner
Leiarane i SUKP er dei verste kløyverane i vår tid
Den proletariske revolusjonen og renegaten Khrustsjov
Om den falske kommunismen til Khrusjtsjov og kva historiske lærdommar verda kan dra av han
Innhold
DIFOR FALL KHRUSJTSJOV
Leiar i Hongqi (Raude Fane)
(21. november 1964)
Khrusjtsjov har falle.
Denne erke-renkesmeden som rana til seg leiinga i sovjetpartiet og sovjetstaten, denne fremste talsmannen for den moderne revisjonismen, er endeleg driven bort frå den historiske skodeplassen.
Dette er svært bra og til føremon for den revolusjonære saka til folket i verda.
Fallet til Khrusjtsjov er ein stor siger for den uthaldande striden marxist-leninistane verda over har ført mot den moderne revisjonismen. Det markerer at den moderne revisjonismen har spelt falitt og er mislukka.
Korleis hadde det seg at Khrusjtsjov fall? Kva var grunnen til at han ikkje kunne virra vidare?
Dette spørsmålet har kalla fram ulike kommentarar frå ulike politiske grupper over heile verda.
Imperialistane, dei reaksjonære og opportunistar og revisjonistar av alle slag, om dei var samde med Khrusjtsjov eller hadde interessekonflikter med han, har gjeve uttrykk for mange slags syn på det bråe fallet til den tilsynelatande så «sterke mannen», Khrusjtsjov.
Mange kommunist- og arbeidarparti har og gjeve ut artiklar eller dokument som gjev uttrykk for deira syn på Khrusjtsjovs fall.
I denne artikkelen vil vi og gjerne ta føre oss spørsmålet om Khrusjtsjovs fall.
For marxist-leninistar er ikkje dette fallet så vanskeleg å skjøna. Ja, ein kan gjerne seia at det var fullt ut venta. Marxist-leninistar hadde for lenge sidan spådd at det måtte gå slik med Khrusjtsjov.
Folk kan rekna opp hundretals, eller for den del tusentals klagemål mot Khrusjtsjov, som kunne forklara at han fall. Men det viktigaste av alle klagemåla er at han fåfengt har prøvt å hindra at historia går frametter, at han ope har trassa lova for historisk utvikling slik ho er oppdaga av marxismen-leninismen og den revolusjonære viljen til folket i Sovjetunionen og i heile verda. Alt som hindrar folket i marsjen frametter må fjernast. Det var visst at folket kom til å avvisa Khrusjtsjov, anten han og likemennene hans likte det eller ikkje. At Khrusjtsjov fall, måtte bli resultatet av den stødige anti-revisjonistiske striden folket i Sovjetunionen og revolusjonære over heile verda har ført.
Vår tidsalder er ein tidsalder der verdskapitalismen og imperialismen går mot dommedag medan sosialismen og kommunismen marsjerer mot siger. Den historiske oppgåva denne tidsalderen har lagt på folket er at dei gjennom eige strev og i samsvar med dei konkrete vilkåra i kvar sine land, steg for steg skal føra den proletariske verdsrevolusjonen fram mot full siger og skipa ei ny verd utan imperialisme, utan kapitalisme og utan at menneske utbyttar menneske. Dette er den nådelause retninga i den historiske utviklinga, og eit sams krav frå dei revolusjonære menneska i verda. Denne historiske retninga er ei objektiv lov som verkar ubunde av menneskeviljen, og ho er uimotståeleg. Men Khrusjtsjov, denne klovnen på dagens politiske scene, valde å gå mot denne retninga med ei fåfengt von om å snu hjulet i soga attende til den gamle kapitalistiske vegen, og slik forlengja livet til dei døyande utbyttarklassane og det døyande utbyttarsystemet deira.
Khrusjtsjov samla saman alle anti-marxistiske synsmåtar frå opportunistar og revisjonistar i soga, og av desse tråkla han saman ei fullt utvikla revisjonistisk line. Innhaldet i ho er «fredeleg samlivnad», «fredeleg kappestrid», «fredeleg overgang», «ein heile folkets stat» og «eit heile folkets parti». Han fylgde ei knefallsline andsynes imperialismen, og nytta teorien om klasseforsoning for å motarbeida dei revolusjonære kampane til folka og gjera dei til inkjes. I den internasjonale kommunistiske rørsla tvinga han fram ei kløyvarline og sette stormaktssjåvinisme i staden for den proletariske internasjonalismen. I Sovjetunionen arbeidde han hardt for å oppløysa proletariatets diktatur og prøvde å byta ut det sosialistiske systemet med borgarleg ideologi, politikk, økonomi og kultur, og gjeninnføra kapitalismen.
Dei siste elleve åra har Khrusjtsjov utnytta vyrdnaden for Sovjetunionens Kommunistiske Parti og for det fyrste sosialistiske landet som vart bygt opp under leiing av Lenin og Stalin. Han har gjort alt det galne han berre kunne, på tvers av den verkelege viljen til sovjetfolket. Desse dårlege tinga kan oppsummerast slik:
1. Under påskot av «å kjempa mot persondyrkinga» og med så tarveleg språkbruk som tenkjast kan, rasa han mot Stalin, leiaren for Sovjetunionens Kommunistiske Parti og sovjet-folket. Ved å gå imot Stalin gjekk han imot marxismen-leninismen. Med eitt einaste slag prøvde han å avskriva alle dei store framgangane sovjet-folket vann gjennom heile den tidbolken Stalin stod ved roret. Slik ville han vanæra proletariatets diktatur, det sosialistiske systemet, det store kommunistpartiet i Sovjetunionen, den store Sovjetunionen og den internasjonale kommunistiske rørsla. Då han gjorde dette, gav Khrusjtsjov imperialistane og dei reaksjonære i alle land det skitnaste av alle våpen til den anti-sovjetiske og anti-kommunistiske verksemda deira.
2. Ope i strid med 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa prøvde han å få til «samarbeid på alle felt» med USA-imperialismen, og med urette hevda han at leiarane i Sovjetunionen og USA skulle «avgjera lagnaden til menneskeætta». Heile tida roste han hovdingane for USA-imperialismen for å «ha eit ærleg ynskje om fred». Ein augneblink fylgde han ein eventyrpolitikk og sende fjernstyrte rakettar til Cuba, den neste augneblinken fylgde han ein knefallspolitikk og drog lydig attende rakettane og bombeflya frå Cuba etter ordre frå sjørøvarane frå USA. Han godtok tilsyn frå den amerikanske marinen, og prøvde jamvel å selja suvereniteten til Cuba bak ryggen på den kubanske regjeringa ved å gå med på at FN, som er kontrollert av USA, skulle ha «tilsyn» med Cuba. Då han gjorde dette, førte Khrusjtsjov ei audmjukande skam over det store sovjet-folket, ei skam som saknar like i dei meir enn førti åra sidan Oktoberrevolusjonen.
3. For å gjera den imperialistiske politikken til USA til lags og hindra det sosialistiske Kina i å byggja opp ein eigen atomstyrke til sjølvforsvar, tok han ikkje to øre for å skada forsvarsevna til Sovjetunionen. I samarbeid med dei to imperialistmaktene USA og England gjorde han den såkalla avtalen om delvis forbod mot prøvesprengingar med atomvåpen. Kjensgjerningane har synt at denne avtalen er rein svindel. Då Khrusjtsjov underteikna avtalen, prøvde han på rakkarvis å selja interessene til sovjet-folket, folket i alle dei sosialistiske landa og alle dei fredskjære folka på jorda.
4. I namnet til den «fredelege overgangen» prøvde han på alle moglege vis å leggja kjelkar i vegen for dei revolusjonære rørslene til folka i dei kapitalistiske landa, og kravde at dei skulle gå den såkalla legale, parlamentariske vegen. Denne range lina lammar den revolusjonære viljen til proletariatet og avvæpnar det revolusjonære folket ideologisk, og fører til alvorlege tilbakeslag for den revolusjonære saka i somme land. Ho har gjort kommunistpartia i ei rad kapitalistiske land om til livlause, sosialdemokratiske parti av ny type, og har fått dei til å degenerera til lydige reiskapar for borgarskapet.
5. Under plakaten «fredeleg samlivnad» gjorde han alt han kunne for å motarbeida og sabotera dei nasjonale frigjeringsrørslene, og gjekk så langt at han arbeidde hand i hand med USA-imperialismen for å halda dei revolusjonære stridane til dei undertrykte nasjonane nede. Han påla sovjetutsendingen i FN å røysta for at det skulle sendast åtaksstyrkar til Kongo, noko som hjelpte USA-imperialistane til å underkua folket i Kongo. Og han nytta sovjetiske transportmiddel til å få frakta desse såkalla FN-soldatane til Kongo. Han gjekk i røynda mot den revolusjonære striden til folket i Algerie, og skildra den nasjonale frigjeringsstriden i Algerie som eit «indre spørsmål» for Frankrike. Han var vågal nok til å «heva seg over» hendingane Bac Bo-bukta som USA-imperialismen sette i verk andsynes Vietnam, og vrei hjernen for å finna måtar å hjelpa USA-provokatørane ut or knipa og reinvaska den kriminelle aggresjonen til sjørøvarane frå USA.
6. Skamlaust i strid med 1960-Kunngjeringa sparte han ikkje på kreftene for å få omstøytt den dommen ho hadde om renegatklikken til Tito. Han skildra Tito, som hadde degenerert til ærendssvein for USA-imperialismen, som «marxist-leninist», og Jugoslavia, som hadde degenerert til eit kapitalistisk land, som eit «sosialistisk land». Gong på gong kunngjorde han at han og Tito-klikken hadde «same ideologien» og vart «rettleidde av den same teorien», og han uttrykte ynskje om å læra litt av denne renegaten som har svike interessene til folket i Jugoslavia og undergrave den internasjonale kommunistiske rørsla.
7. Han såg på Albania, som er eit sosialistisk systerland, som ein svoren fiende. Han pønska ut alle slags rådgjerder for å skada og undergrava det, og ynskte berre at han kunne sluka det i ein munnfull. Han braut skamlaust alt økonomisk og diplomatisk samband med Albania, tok eigenrådig frå landet dei lovfesta rettane det hadde som medlemsstat i Warszawapakt-organisasjonen og Rådet for innbyrdes økonomisk hjelp(1). Han oppmoda og offentleg til at ein skulle styrta parti- og statsleiinga i Albania.
8. Han nørte eit usløkkjande hat mot Kinas Kommunistiske Parti som held ved marxismen-leninismen og ei revolusjonær line. Han hata det av di Kinas Kommunistiske Parti var ei stor hindring for han i strevet for å gå vidare med revisjonismen og knefallspolitikken. Han spreidde tallause rykte og slarv om Kinas Kommunistiske Parti og kamerat Mao Tsetung, og greip til all slags illgjerningar då han fåfengd freista å undergrava det sosialistiske Kina. Svikefullt braut han fleire hundre avtalar og kontraktar, og drog eigenrådig attende meir enn tusen sovjetekspertar som arbeidde i Kina. Han stelte til grensetvistar mellom Kina og Sovjetunionen, og sette jamvel i verk undergravingsverksemd i stor målestokk i Sinkiang. Han støtta dei reaksjonære i India då dei gjekk til væpna åtak på det sosialistiske Kina, og saman med USA kveikte han og hjelpte dei til å setja i gong væpna provokasjonar mot Kina ved å gje dei militærhjelp.
9. I openberr motstrid til prinsippa for tilhøvet mellom systerland, krenkte han sjølvstendet og suvereniteten til desse landa og blanda seg sjølvrådig inn i dei indre tilhøva deira. I namnet til den «innbyrdes økonomiske hjelpa» gjekk han imot at systerianda skulle utvikla økonomien sin sjølvstendig, og han tvinga dei til å verta ei kjelde for råvarer og avtak for ferdigvarer. Slik reduserte han industrien deira til underbruk. Han skrytte av at alt dette var nye teoriar og læresetningar som han sjølv hadde funne på — i røynda var det jungellova til den kapitalistiske verda han hadde teke i bruk på tilhøva mellom dei sosialistiske landa. Førebiletet hans var Fellesmarknaden mellom monopolkapitalistblokkene.
10. Stikk i strid med prinsippa for tilhøvet mellom systerparti pønska han ut alle slags planar for å gjennomføra undergravingsverksemd og nedbrytande verksemd mot dei. Ikkje berre brukte han sesjonane i sentralkomiteen og landsmøta i sitt eige parti, og likeins landsmøta til ein del systerparti, for å setja i verk opne og ustyrlege åtak i stor målestokk mot dei systerpartia som heldt fast på marxismen-leninismen. Han kjøpte og, slik tilfellet var med mange systerparti, skamlaust opp politisk forfalne, renegatar og verhanar for at dei skulle støtta den revisjonistiske lina hans og gå til åtak på og jamvel ekskludera marxist-leninistar frå desse partia på ulovleg vis. Såleis skapte han kløyving utan tanke for fylgjene.
11. Han braut grovt prinsippet om å koma fram til full semje gjennom samråding mellom systerparti. Han spelte rollen som det «patriarkalske faderpartiet», og avgjorde eigenrådig at det skulle kallast saman til eit illegalt internasjonalt møte mellom systerpartia. I ein note, dagsett 30. juli 1964, gav han ordre til at det skulle kallast saman til møte i den såkalla førebuingskomiteen til dei 26 systerpartia den femtande desember i år for slik å skapa ei open kløyving i den internasjonale kommunistiske rørsla.
12. For å oppfylla behovet til imperialistane og dei kapitalistiske kreftene heime, førte han ut i livet ei rad revisjonistiske politiske liner som fører attende til kapitalismen. Under skiltet «ein heile folkets stat» avskaffa han proletariatets diktatur. Under skiltet «eit heile folkets parti» endra han den proletariske karakteren til Sovjetunionens Kommunistiske Parti og delte partiet i eitt parti for «industrien» og eitt for «landbruket», stikk i strid med det marxist-leninistiske prinsippet for partiorganisering. Under skiltet «fullstendig kommunistisk oppbygging» prøvde han på tusen og ein måtar å få vendt den fyrste sosialistiske staten i verda attende på den kapitalistiske vegen, den staten sovjet-folket under leiing av Lenin og Stalin hadde skapt med sitt eige slit og blod. Den blinde styringa han gjennomførte over jordbruket og industrien i Sovjetunionen valda store øydeleggingar i den sovjetiske nasjonaløkonomien og førte med seg store vanskar for livet til sovjetfolket.
Alt Khrusjtsjov har gjort dei siste elleve åra provar at politikken han førte var ein politikk for å få til allianse med imperialismen mot sosialismen, allianse med USA mot Kina, allianse med dei reaksjonære alle stader mot dei nasjonale frigjeringsrørslene og revolusjonane til folka, og allianse med Tito-klikken og renegatar av alle slag mot alle marxist-leninistiske systerparti og alle revolusjonære som kjempar mot imperialismen. Denne politikken har sett dei grunnleggjande interessene til sovjet-folket, folka i landa i den sosialistiske leiren og dei revolusjonære i heile verda i fåre.
Slik er dei såkalla fortenestefulle gjerningane til Khrusjtsjov.
At ein kar som Khrusjtsjov fell, kjem sanneleg ikkje av at han er gammal, eller at han er ved dårleg helse. Grunnen er heller ikkje berre at han har gjort feil når det gjeld arbeidsmetodane og måten å leia på. At Khrusjtsjov har falle er ei fylgje av den revisjonistiske generallina hans og dei mange range linene han fylgde heime og ute.
Khrusjtsjov såg på massane i folket som berre luft. Han trudde at han kunne manipulera med lagnaden til sovjet-folket etter eige godtykke, og at «leiarane» og dei to stormaktene, Sovjetunionen og USA, kunne avgjera lagnaden til folka i alle land. For han var folket ikkje noko anna enn idiotar og han, og berre han, var «helten» som skapte historia. Han prøvde fåfengt å tvinga sovjet-folket og folket i andre land til å leggja seg nasegrus for revisjonist-taktstokken hans. Såleis sette han seg beinveges opp mot sovjet-folket, folket i landa i den sosialistiske leiren og proletariatet og dei revolusjonære i heile verda. Slik kom han ut i eit uføre — hans eigne fylgjesveinar gjekk frå han, og han greidde ikkje å vri seg ut av vanskane innanlands og utanlands. Han la lykkja rundt sin eigen hals, han grov si eiga grav.
Soga har sett mange klovnar som nærte ei fåfengd von om å venda tidevatnet i soga, men dei har alle lide ei syrgjeleg endelikt. Tallause tilfelle har synt at ein illgjerningsmann som set seg opp mot behova til samfunnsutviklinga og viljen til folket, må enda opp som ei låtteleg dugløyse same kva slag «helt» han har vore, same kor stor på det han har vore. Når ein startar opp med det for augo å skada andre, fører det berre til at ein sjølv til slutt vert øydelagt — det er den allmenne lova for slike folk.
«Personlegdommar» som til dømes Bakunin i tida under Den fyrste internasjonalen var stormodige anti-marxistiske «heltar» på si tid, men dei vart snart kasta på historia sin søppelhaug. Anti-marxistiske «heltar» som Bernstein og Kautsky i tida under Den andre internasjonalen var ein gong «ofselege kjempar» forskansa i leiande stillingar, men til sist avskreiv soga dei som gjennomførte renegatar. Trotsky, bandeleiaren til opposisjonsfraksjonen, kledde seg ut som «helt» etter at Lenin døydde, men kjensgjerningane stadfester at Stalin hadde rett då han sa: «… han liknar meir ein skodespelar enn ein helt, og ein må aldri ta feil av ein skodespelar og ein helt».
«Men framsteg er den evige lova for menneskeverda.» Soga har lært oss at den som ynskjer å stogga sogehjulet, vert malen til støv. Som kamerat Mao Tsetung gong på gong har peikt på, er imperialismen og alle reaksjonære papirtigrar, og det er revisjonistane og. Same kor trugande og overveldande dei ser ut, er «heltar» som representerer reaksjonære klassar og reaksjonære krefter i røynda papirtigrar, dei er sterke berre å sjå til. Dei er berre døgnfluger som snart kjem til å verta slukte av dei brusande bylgjene til historia. Khrusjtsjov er ikkje noko unntak. Berre tenk på kor grenselaust stor på det han var den gongen han gjekk til hatske åtak på Stalin og marxismen-leninismen på det tjuande og det tjueandre landsmøtet, og den gongen på Bucuresti-møtet då han sette i gong overraskingsåtaket sitt på Kinas Kommunistiske Parti som held fast ved marxismen-leninismen. Men det tok ikkje lange tida før denne anti-sovjetiske, anti-kommunistiske og anti-kinesiske «helten» møtte same lagnaden som dei revisjonistiske føregjengarane sine. Same kor mykje folk enn snakka fornuft til han og ba han om å venda attende til flokken, brydde han seg ikkje det minste om det, og til sist møtte han sin dommedag.
Khrusjtsjov har falle, og den revisjonistiske lina han fylgde med slik glød er komen i vanry. Marxismen-leninismen kjem til å halda fram med å vinna over den revisjonistiske retninga og bryta seg veg frametter og den revolusjonære rørsla til folket i alle land kjem til å halda fram med å feia unna hindringar og brusa frametter.
Likevel kjem gangen i soga til å halda fram med å vera krokut. Sjølv om Khrusjtsjov har falle, kjem ikkje dei som stør han — USA-imperialistane, dei reaksjonære og dei moderne revisjonistane — til å gje opp dette feilslaget. Desse uhyra held fram å be for Khrusjtsjov og prøver å «vekkja han til live att» med maninga si. Dei skrik og skrålar om «tilskota» frå han og om dei «fortenestefulle gjerningane» hans, i von om at ting kjem til å utvikla seg etter dei linene Khrusjtsjov føreskreiv, slik at det kan bli «ein khrusjtsjovisme utan Khrusjtsjov». Ein kan slå kategorisk fast at dei er på ein blindveg.
Ulike ideologiske retningar og talsmennene for dei strir alltid om å koma seg fram i rampelyset og syna seg fram. Det er heilt og halde dei sjølve som avgjer kva retning dei vil ta. Men det er eitt poeng vi ikkje er det minste i tvil om. Soga kjem til å utvikla seg i samsvar med lovene marxismen-leninismen har oppdaga, ho kjem til å marsjera frametter etter vegen til Oktoberrevolusjonen. Det er ikkje det minste tvil om at det store Sovjetunionens Kommunistiske Parti og det store sovjetfolket med sine revolusjonære tradisjonar fullt ut evnar å yta nye tilskot for å verna dei store bragdene som er gjorde under sosialismen. Dei evnar å verna det særs høge ryet til den fyrste sosialistiske makta som Lenin grunnla, og halda marxismen-leninismen rein. Dei evnar å hegna om sigerrik framgang for den revolusjonære saka til proletariatet.
Måtte den internasjonale kommunistrørsla stå saman med grunnlag i marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen!
Noter
1. COMECON — Red.
Vedlegg I: Brevet frå sentralkomiteen i SUKP til sentralkomiteen i KKP
(30. mars 1963)
Til sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti
Kjære kameratar,
Sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti helsar med glede at sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti har gjeve positivt svar på framlegga våre til tiltak for å styrkja einskapen og samhaldet i rekkjene til den kommunistiske rørsla. Vi er glade for at de er samde i at det skal haldast eit møte mellom talsmenn for SUKP og KKP. Dette møtet får ei viktig rolle når det gjeld å skapa ein god atmosfære i tilhøvet mellom systerpartia, og når det gjeld å få sett ein strek over den usemja som har vakse fram i den kommunistiske verdsrørsla den siste tida. Vi vonar at resultatet av dette møtet blir at det vert råd å setja ut i livet ei rad konstruktive tiltak for å vinna over dei vanskane som finst no.
I brevet sitt inviterer sentralkomiteen i KKP kamerat N. S. Khrusjtsjov til å vitja Peking på vegen til Kambodsja. Sentralkomiteen i SUKP og kamerat N.S. Khrusjtsjov seier takk for denne invitasjonen. Kamerat N. S. Khrusjtsjov ville svært gjerne vitja Folkerepublikken Kina og møta leiinga i Kinas Kommunistiske Parti for å drøfta viktige spørsmål i den internasjonale situasjonen og i den kommunistiske rørsla, med det for augo å nå fram til ei sams forståing av oppgåvene, og styrkja samhaldet mellom partia våre. Men no er det slik at det ikkje er planlagt at kamerat N. S. Khrusjtsjov skal reisa til Kambodsja, slik de seier i brevet dykkar. Som vi alle veit skal kamerat L. I. Bresjnjev, presidenten i presidiet i det øvste sovjet i USSR, i samsvar med vedtaket som vart gjort i dei leiande organa våre den 12. februar 1963, reisa til Kambodsja. Dette har alt regjeringa i Kambodsja fått melding om, og det er kunngjort i pressa. Kamerat N. S. Khrusjtsjov, som alt har vitja Folkerepublikken Kina tre gonger, har ikkje gitt opp vona om å gjera seg nytte av den venlege invitasjonen dykkar om å vitja Kina ein gong seinare og møta dei kinesiske kameratane.
Vi hugsar at då han var i Moskva i 1957, sa kamerat Mao Tsetung at han berre hadde vore i Sovjetunionen to gonger, og at han berre hadde vitja Moskva og Leningrad. Han uttrykte ynskje om å få vitja Sovjetunionen fleire gonger for å gjera seg betre kjend med landet vårt. Han sa då at han gjerne ville reisa frå grensene våre i Det fjerne austen til grensene i vest, og frå grensene i nord til grensene i sør. Vi helsa dette ynskjet frå kamerat Mao Tsetung velkome.
Sentralkomiteen i SUKP sende eit brev til kamerat Mao Tsetung
12. mai 1960 og inviterte han til å koma på ferie i Sovjetunionen og gjera seg kjend med livet til sovjetfolket. Diverre kunne ikkje kamerat Mao Tsetung ta mot invitasjonen vår då. Sentralkomiteen i SUKP ville helsa ei vitjing frå kamerat Mao Tsetung velkomen. Den beste tida for ei slik vitjing ville vera komande vår eller sommar, for dette er dei beste årstidene i landet vårt. Vi er og budde på når som helst elles å gje ei verdig mottaking til kamerat Mao Tsetung som talsmann for eit systerparti og for det kinesiske systerfolket. Kamerat Mao Tsetung skulle sjølvsagt ikkje reisa rundt i landet vårt åleine. Kameratar frå leiinga i partiet vårt skulle reisa saman med han, og dette ville vera eit godt høve til å få utveksla synspunkt på ulike spørsmål. Kamerat Mao Tsetung ville då få høve til å sjå korleis sovjet-folket arbeider, og kva framgangar dei har vunne i bygginga av kommunismen og når det gjeld å setja partiprogrammet vårt ut i livet.
Dersom kamerat Mao Tsetung ikkje kan vitja Moskva no, er vi budde på å godta framlegg frå dykk om eit toppmøte mellom talsmenn for SUKP og KKP i Moskva. Vi meiner at eit møte av dette slaget kunne haldast rundt 15. mai 1963, dersom denne datoen høver for dykk.
Vi er svært nøgde med at dei kinesiske kameratane på same måten som oss ser det komande møtet mellom talsmenn for KKP og SUKP som eit «naudsynt steg i førebuinga av møtet mellom talsmenn for kommunist- og arbeidarparti frå alle land». Eit slikt møte må visseleg, utan at ein krenkjer prinsippet om likskap eller set til sides interessene til andre systerparti, kunna letta førebuinga og gjennomføringa av møtet. Utan eit slikt møte, og utan at det vert slutt på den opne polemikken i pressa og kritikken innanfor partiet av andre systerparti, vert det vanskeleg å førebu møtet og nå hovudmålet med det — å styrkja einskapen i den internasjonale kommunistiske rørsla. Nett dette var grunnen til at sentralkomiteen i SUKP i byrjinga av 1962, samstundes med at han sa seg samd i framlegga frå kameratane i Vietnam, Indonesia, England, Sverige og andre stader når det galdt å kalla saman til eit møte mellom systerparti frå alle land, understreka behovet for tiltak som kunne skapa ein god atmosfære for arbeidet i det kommunistiske verdsforumet.
I brevet frå sentralkomiteen i SUKP, dagsett 22. februar 1962, oppmoda sentralkomiteen sterkt til at «unødvendig strid om spørsmål vi har ulike meiningar om må stoggast, og offentlege utsegner som heller skjerpar enn fjernar usemja mellom oss må stoggast». I brevet til sentralkomiteen i KKP, dagsett 31. mai 1962, skreiv vi:
«Som de vel kjenner til, har partiet vårt alltid gått inn for, og går framleis inn for, å ha kollektive drøftingar om avgjerande spørsmål i den kommunistiske verdsrørsla. Sentralkomiteen i SUKP gjorde opptaket til møta mellom systerparti i 1957 og 1960. I begge desse tilfella hadde møta samanheng med alvorlege endringar i den internasjonale situasjonen og det behovet den kommunistiske rørsla hadde for å utarbeida ein taktikk som var i samsvar med desse endringane. I dag stør vi likeins fullt ut framlegget om å kalla saman eit møte mellom alle systerpartia.»
Vi meinte at det ville vera nyttig for førebuinga til eit slikt møte at systerpartia kunne gjera ein djup og grundig analyse av dei nye fenomena i det internasjonale livet og si eiga verksemd når det gjeld å setja ut i livet dei kollektive vedtaka til rørsla. Sentralkomiteen i SUKP synte, som alle kommunistar lett forstår omsut for at møtet ikkje skulle utdjupa motseiingane, men gjera så mykje som råd for å vinna over dei.
Mange leiarar i systerparti har i utsegner den siste tida gjeve uttrykk for same synet — at det før møtet er naudsynt å gjera ei rad tiltak for å skapa ein normal situasjon i den kommunistiske rørsla og for å halda meiningsstriden innanfor det som er rimelege rammer for ein kameratsleg partidiskusjon. No går det fram av brevet dykkar at de og er samde i dette, og ein kan seia at det er gjort eit visst framsteg i førebuinga av det møtet som står for døra.
Det er opplagt at når dei to partia våre drøftar spørsmål som gjeld alle systerpartia, så kan drøftinga berre vera førebels. Møta i 1957 og 1960 synte at vi berre kan lukkast med å utarbeida ein politikk for den internasjonale kommunistrørsla dersom alle systerpartia kollektivt er med på å utarbeida han, og dersom ein tek skikkeieg omsyn til den store røynsla alle avdelingane i ho sit inne med.
Vi har sett oss nøye inn i synet dykkar i heile den rekkja med spørsmål som skulle kunne drøftast på møtet mellom talsmenn for Sovjetunionens Kommunistiske Parti og Kinas Kommunistiske Parti. Det er viktige spørsmål, og vi er budde på å diskutera dei.
For vår del vil vi gjerne ta opp ein del prinsippspørsmål i dette brevet, spørsmål som etter vår meining står i sentrum for merksemda til systerpartia og striden deira for den sams saka. Vi meiner sjølvsagt ikkje uttømmande framstillingar av synet vårt i desse spørsmåla. Vi ynskjer berre å leggja fram det aller viktigaste, det som er rettesnora for politikken vår på den internasjonale arenaen og i tilhøvet til systerpartia.
Vi vonar at ei slik framstilling av synet vårt kan vera til hjelp for å’ finna ut kva spørsmål som krev drøfting på tolands-møtet, og at ho kan yta sitt til at vi vinn over den usemja som finst no. Vi gjer dette for å understreka endå ein gong at vi er fastrådde på å halda stødig og konsekvent fast ved det ideologiske standpunktet til heile den kommunistiske verdsrørsla, generallina hennar slik ho er uttrykt i Fråsegna og Kunngjeringa.
I den tida som har gått sidan Kunngjeringa vart vedteken, har ikkje røynsla motprova ei einaste av hovudsiutningane i ho. Tvert om har ho fullt ut stadfest at kursen til den kommunistiske verdsrørsla er rett, slik han er utarbeidd av systerpartia saman gjennom generaliseringar av røynsla frå vår tid, og gjennom skapande utvikling av marxismen-leninismen.
Sovjetunionens Kommunistiske Parti går ut frå fylgjande grunnlag. Hovudinnhaldet i vår tidsalder er overgang frå kapitalisme til sosialisme, og opptaket til dette var den store sosialistiske Oktoberrevolusjonen. Denne tidsalderen er ein tidsalder med strid mellom to motsette samfunnssystem, ein tidsalder med sosialistiske revolusjonar og nasjonale frigjerings-revolusjonar, ein tidsalder der imperialismen bryt saman og kolonisystemet vert avskaffa, ein tidsalder der stadig fleire nasjonar går over til sosialismen, der sosialismen og kommunismen sigrar i verdsmålestokk.
Situasjonen som har utvikla seg i verda, og endringane i utviklinga til klassekreftene på den internasjonale arenaen, opna nye høve for rørsla vår. Han kravde at det vart utarbeidd ei generalline for den kommunistiske verdsrørsla, ei generalline som svarte til den grunnleggjande oppgåva ho har på det steget vi står på i dag.
Etter den andre verdskrigen slo ei rad land i Europa inn på den sosialistiske vegen, den sosialistiske revolusjonen sigra Kina og andre land i Asia, og eit sosialistisk verdssystem vart til. Det nye systemet voks seg sterkt i dei folkedemokratiske landa og evna å tryggja snøgg økonomisk, politisk og kulturell utvikling i dei landa som gjekk den sosialistiske vegen. Det sosialistiske fellesskapet var nært sameint politisk og militært. Takk vera framgangane i Sovjetunionen og andre systerland, endra styrketilhøvet i verda seg monaleg til fordel for sosialismen, og til skade for imperialismen. I dette stykket spelte det ein viktig rolle at det vart slutt på det amerikanske monopolet på atomvåpen og hydrogenvåpen, og at Sovjetunionen skaffa seg eit mektig krigspotensial.
Skipinga av det sosialistiske verdssystemet er ein historisk bragd av den internasjonale arbeidarklassen og det arbeidande folket i alle land. Denne bragden er levandegjeringa av draumane til menneskeætta om eit nytt samfunn. Produksjonsvoksteren og dei umåtelege framgangane i vitskap og teknologi i dei sosialistiske landa har hjelpt det sosialistiske fellesskapet til å skaffa seg ei økonomisk og militær makt som ikkje berre er eit pålitande forsvar for fruktene av sosialismen, men som og tener som ein mektig skanse for fred og tryggleik for folka i verda.
Den radikale endringa i styrketilhøvet heng og saman med ei vidare skjerping av den allmenne krisa i kapitalismen og skjerping av alle motseiingane i kapitalismen. Etter den andre verdskrigen endra styrkefordelinga innanfor den imperialistiske leiren seg. Som fylgje av at det økonomiske sentret flytte seg frå Europa til USA, flytte og det politiske og militære sentret for imperialismen seg. Monopolborgarskapet i USA har vorte hovudskansen for den internasjonale reaksjonen, og det har teke på seg rollen som frelsingsmann for kapitalismen. Dei amerikanske imperialistane utøver no funksjonen som internasjonal politimann. Dei amerikanske imperialistane nyttar politikken med militærblokker og freistar med dette å underordna andre kapitaliststatar sitt styre. Dette vekkjer motstand mot USA i Frankrike, Vest-Tyskland, Japan og andre store kapitalistiske statar. Gjenoppbygginga av økonomien til dei kapitalistiske landa som hadde lide under verdskrigen, og utviklingstakta der, som er snøggare enn i USA, styrkjer ynskjet til ei rad europeiske land om å frigjera seg frå det amerikanske diktatet. Alt dette fører til at kappestriden og konfliktane mellom imperialistane vert skjerpa, til at det oppstår nye konfliktar, og til at det kapitalistiske systemet som heilskap vert svekt.
Imperialismen har ikkje endra seg, han er framleis anti-folkeleg og rovgrisk. Men ved at det er skipa eit sosialistisk verdssystem og at dette har vakse i økonomisk og militær styrke, har evna imperialismen har til å verka inn på kursen i den historiske utviklinga vorte monaleg mindre, samstundes med at formene og metodane hans striden mot dei sosialistiske landa og den revolusjonære rørsla og den nasjonale frigjeringsrørsla i verda har endra seg. Imperialistane er skremde av den stormliknande voksteren til dei sosialistiske kreftene og den nasjonale frigjeringsrørsla. Dei samlar styrkane og gjer febrilske freistnader på å halda fram striden for utbyttarmåla sine, og alle stader strevar dei for å undergrava stillinga til dei sosialistiske landa og den nasjonale frigjeringsrørsla og svekkja deira innverknad.
Det er heilt opplagt at hovudinnhaldet og hovudretninga i den historiske utviklinga av menneskesamfunnet i vår tid ikkje lenger vert avgjort av imperialismen, men av det sosialistiske verdssystemet, av alle dei progressive kreftene som strir mot imperialismen for å omorganisera samfunnet etter sosialistiske liner. Motseiinga mellom kapitalisme og sosialisme er hovudmotseiinga i vår tid. Lagnaden til freden, demokratiet og sosialismen heng stor mon saman med resultatet av striden mellom dei to verdssystema. Og styrketilhøvet i verda endrar seg heile tida til fordel for sosialismen.
Striden til folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika for nasjonal og sosial frigjering og framgangane som alt er vunne på dette feltet, den veksande striden til arbeidarklassen, til alle arbeidande folk i dei kapitalistiske landa, mot monopola og mot utbytting og til beste for sosiale framsteg, er umåteleg viktige for den historiske utviklinga til menneskeætta. Sosialistiske revolusjonar, nasjonale frigjeringsrevolusjonar, anti-imperialistiske og anti-koloniale revolusjonar, dei folkedemokratiske revolusjonane, breie bonderørsler, striden massane fører for å styrta fascistiske og andre tyranniske regime, allmenne demokratiske rørsler mot nasjonal undertrykking — i vår tidsaider smeltar alle desse saman til ein einaste revolusjonær verdsstraum som undergrev og øydelegg kapitalismen.
Ettersom den kommunistiske verdsrørsla utarbeider politikken sin i samsvar med dei nye vilkåra, måtte ho ta alvorleg omsyn til ein så viktig faktor som den radikale kvalitative endringa i dei militær-tekniske midla for å føra krig. Desse er resultatet av at det er kome til og hopar seg opp kjernevåpen med ei øydeleggingskraft som har vore ukjend til no. Før det er sett i verk nedrusting, må det sosialistiske fellesskapet alltid vera imperialistane overlegne i militær styrke. Vi skal aldri la imperialistane få lov til å gløyma at dersom dei set i gong ein krig med det for augo å avgjera med våpen om menneskeætta skal utvikla seg etter den kapitalistiske eller den sosialistiske vegen, så kjem det til å verta den siste krigen, den krigen der imperialismen lir endeleg nederlag.
Under vilkåra dag er det ein skyldnad for alle som arbeider for fred og sosialisme å nytta fullt ut dei gode sjansane som no finst for at sosialismen skal sigra, og ikkje la imperialistane få lov til å setja i gong ein verdskrig.
Den rette analysen av styrketilhøvet mellom klassekreftene i verda og den rette marxist-leninistiske politikken som vart utvikla på Moskva-møta, gjorde det råd for systerpartia å vinna store framgangar når det gjeld å utvikla det sosialistiske verdssystemet. Han har og letta voksteren i den revolusjonære klassekampen i dei kapitalistiske landa og rørsla for nasjonal frigjering.
Det sosialistiske systemet har heile tida veksande innverknad på retninga av utviklinga i verda. Heile den revolusjonære prosessen i verda i dag utviklar seg under beinveges innverknad frå det store føredømet frå det nye livet i dei sosialistiske landa. Di meir ein lukkast med å få dei kommunistiske ideane til å trengja inn i hjernane og hjarta til dei breie massane, di større og viktigare framgangar når vi når det gjeld å byggja sosialismen og kommunismen. Difor er det klårt at den som vil at sigeren for sosialismen i heile verda skal koma nærare, fyrst og fremst må syna omsut for å styrkja det store sosialistiske fellesskapet og den økonomiske styrken det har han må prøva å lyfta levestandarden til folka der, utvikla vitskap, teknologi og kultur, grunnfesta einskapen og samhaldet i felleskapet og styrkja den internasjonale autoriteten det har. Kunngjeringa frå Moskva-møtet legg ansvaret overfor den internasjonale arbeidarrørsla for å byggja sosialismen og kommunismen med framgang på dei marxist-leninistiske partia og folka i dei sosialistiske landa.
Ved utrøyttande å styrkja det sosialistiske verdssystemet, gjev systerpartia og folka i landa våre sitt tilskot til den store striden den internasjonale arbeidarklassen, det arbeidande folket i alle land og heile frigjeringsrørsla fører for å løysa dagens grunnleggjande problem til beste for fred, demokrati og sosialisme.
Styrketilhøvet mellom kreftene i verda gav for fyrste gong i soga dei sosialistiske landa og alle fredskjære krefter høve til å sjå på det å hindra ein ny verdskrig og tryggja fred og tryggleik for folka i verda som ei fullt ut gjennomførleg oppgåve.
Åra som har gått sidan denne Kunngjeringa vart vedteken, har til fulle stadfest at denne tesen var rett. At dei aggressive kreftene ikkje har greidd å skuva menneskeætta over stupet til ein øydeleggjande atomkrig, er eit svært viktig resultat av at dei sosialistiske landa er vortne mektigare. Han er og eit resultat av den fredskjære utanrikspolitikken dei fylgjer utan å vakla, og som heile tida får tilslutning og støtte frå hundretals millionar menneske, og som får overtaket på den imperialistiske aggresjons- og krigspolitikken.
Ingen marxist tvilar på at imperialismen, som taper den eine stillinga etter den andre, på alle vis prøver å halda ved lag det herredømet han har over folka og vinna attende dei stillingane han har tapt. I dag gjennomfører dei internasjonale imperialistane den største samansverjinga i soga mot dei sosialistiske landa og frigjeringsrørsla i verda. Sjølvsagt finst det ingen garanti for at imperialistane ikkje vil prøva å setja i gong ein verdskrig. Kommunistar må sjå denne fåren klårt.
Men stillinga aggressoren har i dag skil seg radikalt frå den stillinga han hadde før den andre verdskrigen, og endå meir frå stillinga hans før den fyrste verdskrigen. Før i tida slutta krigar gjerne med at nokre kapitalistiske land slo andre, men dei som hadde tapt levde vidare, vann attende styrken etter ei tid, og synte seg jamvel i stand til å starta ny aggresjon, slik særleg dømet Tyskland syner. Ein atomkrig gjev ikkje voner om noko slikt for nokon aggressor, og imperialistane er nøydde til å ta dette med i rekninga. Redsle for motstøytar og hemntiltak held dei frå å utløysa ein verdskrig. Det sosialistiske samfunnet er vorte så sterkt at imperialismen ikkje lenger kan tvinga på folka sine vilkår og diktera viljen sin over dei som før. Dette er ein historisk framgang som den internasjonale arbeidarklassen og folka i alle land har vunne.
Ettersom imperialismen sin karakter er rovgrisk, kan han ikkje fri seg frå ynskjet om å løysa internasjonale motseiingar med krig. Men på den andre sida kan han ikkje setja i gong ein atomkrig utan å skjøna at han då set seg sjølv i fåre for å verta knust.
Ein slik verdskrig som imperialismen trugar menneskeætta med, er ikkje lagnadsbunde» til å måtta koma. Balansen mellom kreftene utviklar seg heile tida til fordel for sosialismen og mot imperialismen, og fredskreftene veks heile tida i styrke og vert sterkare enn krigskreftene. Difor kjem det til å verta verkeleg mogleg å sjå heilt bort frå sjansen for ein verdskrig i samfunnslivet, jamvel før sosialismen har sigra fullt ut i verda og medan kapitalismen framleis lever i ein del av verda.
Skal ein kunna hindra ein slik krig, er det sjølvsagt naudsynt å halda fram med å styrkja det sosialistiske systemet så langt som berre råd, og fylka alle kreftene til den internasjonale arbeidarklassen og den nasjonale frigjeringsrørsla, fylka alle demokratiske krefter. Dei som set sosialismen og freden høgt, må gjera alt dei kan for å stagga dei kriminelle planane til verdsreaksjonen og hindra han frå å setja i gong ein atomkrig og dra hundretals millionar menneske med seg i grava. Ei nøktern vurdering av dei fylgjene ein atomkrig må få for heile menneskeætta og sosialismen, stiller alle marxist-leninistar andsynes eit behov, for å gjera alt som står i vår makt for å hindra ein ny verdskonflikt.
Sentralkomiteen i SUKP står fast ved tesen i 1960-Kunngjeringa om at «Det einaste rette og fornuftige prinsippet for internasjonale samband i ei verd som er delt i to system, er prinsippet om fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem, slik Lenin la det fram og slik det er vidareutvikla i Moskva-Fråsegna og Fredsmanifestet frå 1957, i vedtaka til det tjuande og tjuefyrste landsmøtet i SUKP og i dokument frå andre kommunist- og arbeidarparti».
Partiet vårt, som den store Lenin oppseda i ein ande med nådelaus kamp mot imperialismen, held i tankane åtvaringa frå Lenin om at døyande kapitalisme framleis er i stand til å føra umåtelege ulukker over menneskeætta. Sovjetunionen gjer alt han kan for å utvikla økonomien sin og betra forsvaret med dette som grunnlag — vi byggjer opp den militære styrken og held dei væpna styrkane budde heile tida. Men vi har ikkje brukt, og kjem ikkje til å bruka, den aukande makta til landet vårt til å truga nokon eller ala fram krigshug, men til å grunnfesta freden, hindra ein ny verdskrig og forsvara vårt eige land og dei andre sosialistiske landa.
Politikken med fredeleg samlivnad er i samsvar med dei grunnleggjande interessene til alle folk — han tener til å styrkja stillinga til sosialismen, auka den internasjonale innverknaden til dei sosialistiske landa og til å auka autoriteten og innverknaden til kommunistane.
Fredeleg samlivnad inneber ikkje forsoning mellom borgarleg og sosialistisk ideologi, Ein slik politikk ville seia at ein gjekk frå marxismen-leninismen og hindra bygginga av sosialismen. Borgarleg ideologi er ein trojansk hest som imperialismen prøver å lura inn i rekkjene til kommunist- og arbeidarrørsla. Fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem har som føresetnad ein endelaus ideologisk, politisk og økonomisk strid mellom dei to samfunnssystema og klassekamp frå det arbeidande folket innanfor landa i det kapitalistiske systemet, irekna væpna strid dersom folka finn at det er naudsynt, og jamn framgang for den nasjonale frigjeringsrørsla mellom folka i kolonilanda og dei usjølvstendige landa.
Kjensgjerningane syner at freistnadene på å hindra verdskrig på ingen måte svekkjer den kommunistiske verdsrørsla eller dei nasjonale frigjeringsrørslene, men at dei tvert om fylkar breie massar rundt kommunistane. Det var nett under tilhøve med fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem at den sosialistiske revolusjonen sigra på Cuba, at det algirske folket vann nasjonalt sjølvstende, at meir enn førti land vann nasjonalt sjølvstende, at systerpartia voks i tal og styrke, og at innverknaden til den kommunistiske verdsrørsla auka.
Gjennom å gjera seg nytte av tilhøve med fredeleg samlivnad, vinn dei sosialistiske landa fleire og fleire sigrar i den økonomiske kappestriden med kapitalismen. Motstandarane våre skjønar at dei vanskeleg kan rekna med å vinna kappestriden med oss. Dei evnar ikkje å halda tritt med den snøgge økonomiske framgangen i dei sosialistiske landa, og dei står makteslause andsynes den tildragingskrafta føredømet frå dei sosialistiske landa har på folka som lever under det kapitalistiske åket.
Etter kvart som økonomien i det sosialistiske samfunnet utviklar seg, kjem det til å syna seg meir og meir tydeleg at sosialismen er kapitalismen overlegen, at han har føremoner framfor han, og at det arbeidande folket under sosialismen har mykje betre høve til å skaffa seg materielle og andelege rikdommar. Den veksande levestandarden i dei sosialistiske landa er ein stor magnet for arbeidarklassen i alle kapitalistiske land. Bragdene det sosialistiske samfunnet har gjort kjem til å verta ein slag katalysator, ein revolusjonær faktor når det gjeld å utvida klassekampen i dei kapitalistiske landa og setja arbeidarklassen i stand til å sigra over kapitalismen.
Folka som legg ut på den sosialistiske vegen, ber med seg ein arv frå tidlegare økonomiske system og kulturar på ulike nivå. Trass i dette vekkjer sosialismen likevel mektige produktivkrefter. Døme på dette er Sovjetunionen og folkedemokratia. Sovjetunionen har alt gått forbi dei leiande kapitalistlanda i Europa når det gjeld økonomisk utvikling, og har teke andreplassen i verda — den tida er ikkje langt unna då Sovjetunionen har fyrsteplassen i verda. På same måte har dei andre sosialistiske landa vunne store framgangar. Det sosialistiske systemet er så progressivt i innhald at det set folka i stand til å gjera det snøgt slutt på at dei er tilbakeliggjande. Det set dei i stand til å nå att dei landa som er komne lengre i utviklinga og kjempa for å byggja kommunismen medan dei marsjerer side ved side med dei.
Alt dette kveikjer folka, overtyder dei om at dei kan leggja ut på den sosialistiske vegen og vinna framgang, uansett kva nivå dei står på i historisk utvikling i dag. Det vert lettare for folka å gå frametter mot eit nytt liv av di dei har høve til å velja ut det beste frå røynsla med å byggja sosialismen i verda og ta omsyn til både storverk og veikskapar i bygginga av sosialismen.
Di snøggare produktivkreftene i dei sosialistiske landa utviklar seg, dei meir vil det økonomiske potensialet deira auka, og di sterkare innverknad kjem det sosialistiske samfunnet til å få på takten og retninga i heile den historiske utviklinga til fordel for fred og full siger for sosialismen.
Di snøggare produktivkreftene i dei sosialistiske landa utviklar seg, di meir vil det økonomiske potensialet deira auka, og di sterkare innverknad kjem det sosialistiske samfunnet til å få på takten og retninga i heile den historiske utviklinga til fordel for fred og full siger for sosialismen.
Partiet vårt går ut frå tesen om at det i vår tidsalder er gode vilkår både internasjonalt og i landa sjølve for at fleire og fleire land skal gå over til sosialismen. Dette gjeld dei utvikla kapitalistiske landa, og likeins dei landa som nett har vunne nasjonalt sjølvstende.
Den revolusjonære prosessen i verda utviklar seg i stadig større målestokk og femnar om alle kontinenta. Den striden arbeidarklassen i dei utvikla kapitalistiske landa fører og striden for nasjonal frigjering heng nært saman, og hjelper einannan. Gangen i samfunnsutviklinga har ført til ein situasjon der den revolusjonære striden, uansett kva land han går føre seg i, er retta mot den sams hovudfienden, imperialismen og monopolborgarskapet.
Dei marxist-leninistiske partia over heile verda har eit sams endeleg mål, å mobilisera alle krefter i striden for at arbeidarane og dei arbeidande bøndene skal vinna makta og byggja sosialismen og kommunismen. Når ein skal leggja opp taktikken for striden, må kvart kommunistparti ta omsyn til røynsla til heile den kommunistiske verdsrørsla, til dei interessene, måla og oppgåvene rørsla har sett seg som heilskap, generallina hennar på den tida det gjeld.
Men samstundes er det å utarbeida former og metodar for kampen for sosialismen i kvart einskilt land eit indre spørsmål for arbeidarklassen i vedkomande land og for den kommunistiske fortroppen hans. Ikkje noko anna systerparti, uansett medlemstal, røynsle og autoritet, kan fastleggja taktikken, formene og metodane for den revolusjonære striden i andre land. Revolusjon er massane si eiga sak. Ein nøyaktig analyse av den situasjonen ein står i og ei rett vurdering av styrketilhøvet, er mellom dei viktigaste vilkåra for ein revolusjon. Entusiasmen til dei revolusjonære massane for at ein sosialistisk revolusjon skal sigra må ikkje haldast attende når dei objektive og subjektive vilkåra er mogne. Det ville vera einstydande med dauden. Men ein må heller ikkje framskunda ein revolusjon kunstig dersom tilhøva ikkje er mogne for revolusjon enno. Eit for tidleg opprør er nøydd til å li nederlag, det lærer røynsla frå den revolusjonære klassekampen oss. Kommunistane fylkar det arbeidande folket under den raude fana for å vinna i striden for eit betre liv på jorda, og ikkje for å omkoma, same kor heltemodig. Heltemod og sjølvofring er naudsynt i revolusjonære slag, men er ikkje til noka nytte i seg sjølv. Dei er berre nyttige for at dei store sosialistiske ideane skal sigra.
SUKP har alltid fagna og kjem til å halda fram med å fagna den revolusjonære arbeidarklassen og det arbeidande folket i kva som helst land som med den kommunistiske fortroppen i brodden på dugande vis gjer seg nytte av ein revolusjonær situasjon til å slå eit knusande slag mot klassefienden og oppretta eit nytt samfunnssystem.
Politikken og taktikken til kommunistpartia i dei kapitalistiske landa har viktige sams drag som har samanheng med det steget den allmenne krisa i kapitalismen står på i dag, og styrketilhøvet som har utvikla seg internasjonalt. Ved sidan av at det skjerpar dei motseiingane i det kapitalistiske samfunnet som fanst frå før, har utviklinga av statsmonopolkapitalismen også skapt nye motseiingar. Han har ført til at det sosiale grunnlaget for imperialismen i kvart land vert trongare, til at makta vert samla i hendene på ei lita gruppe av dei sterkaste monopolistane. Dette fører på den andre sida til at det oppstår ei samla anti-monopolistisk rørsle. Denne femner om arbeidarklassen, bøndene, småborgarskapet, dei arbeidande intellektuelle og visse andre lag i det kapitalistiske samfunnet som ynskjer å frigjera seg frå herredømet til monopola og frå utbytting og gå over til sosialismen.
Særdraget ved den tida vi lever i er at dei demokratiske rørslene får større vekt — striden for verdsfred, for å hindra ein atomkatastrofe i verdsmålestokk, for å halda på det nasjonale sjølvstendet, rørsler til forsvar for demokrati, mot åtak frå fascismen, for innføring av jordbruksreformer, den humanistiske rørsla for å forsvara kulturen, osb.
Partiet vårt står heilt og fullt fast ved dei leninistiske prinsippa og prinsippa i Kunngjeringa når det seier at ein sosialistisk revolusjon ikkje nødvendigvis er knytt til krig. Om verdskrigar fører til sigerrike revolusjonar, er revolusjonar likevel fullt moglege utan krig.
Dersom kommunistar skulle byrja å binda siger for den sosialistiske revolusjonen saman med verdskrig, ville ikkje dette vekkja nokon godvilje for sosialismen, men driva massane bort frå sosialismen. Ettersom dei moderne krigsvåpna har slike uhyggjelege øydeleggjande fylgjer, ville eit slikt opprop berre tena fiendane våre.
Arbeidarklassen og fortroppen hans, dei marxist-leninistiske partia, freistar å gjennomføra sosialistiske revolusjonar på fredeleg vis, utan borgarkrig. Greier ein dette, er det i samsvar med interessene til arbeidarklassen og heile folket og med dei nasjonale interessene til vedkomande land. Samstundes er det ikkje berre arbeidarklassen som vel midla til å utvikla revolusjonen. Dersom utbyttarklassane tyr til vald mot folket, vert arbeidarklassen tvinga til å bruka ikkje-fredelege middel for å gripa makta. Alt avheng av dei særskilde tilhøva og av forholdet mellom klassekreftene i vedkomande land og i verda.
No er det sjølvsagt at same kva middel som vert nytta i overgangen frå kapitalisme til sosialisme, er ein slik overgang berre mogleg gjennom ein sosialistisk revolusjon og proletariatets diktatur i ulike former. Ettersom SUKP verdset høgt den usjølviske striden arbeidarklassen med kommunistane i brodden fører i dei kapitalistiske landa, ser vi det som ei plikt å gje dei all slag hjelp og støtte.
Partiet vårt ser på rørsla for nasjonal frigjering som ein uskiljeleg del av den revolusjonære prosessen i verda, som ei mektig kraft som knuser fronten til imperialismen. Folka i dei tidlegare koloniane reiser seg i dag i sin fulle skapnad som sjølvstendige historieskaparar, og leitar etter måtar å fremja den nasjonale økonomien og kulturen sin på. Voksteren i styrken til det sosialistiske systemet hjelper aktivt frigjeringa av dei undertrykte folka. Han er ei hjelp for at dei skal nå økonomisk sjølvstende, for at rørsla for nasjonalt sjølvstende skal utviklast og utvidast, og for striden folka fører mot alle former for gammal og ny kolonialisme.
Den nasjonale frigjeringsrørsla har gått inn i det avgjerande steget for å få avskaffa koloniregima. Den tida er ikkje langt unna då alle folka som enno i dag lever under koloniåket, kjem til å vinna fridom og sjølvstende. Dei folka som har frigjort seg, står no overfor problemet med å grunnfesta det politiske sjølvstendet, vinna over at dei er økonomisk og kulturelt tilbakeliggjande og gjera til inkjes alt som gjer dei avhengige av imperialismen.
Dei landa som har kasta av seg koloniåket, kan berre gjennomføra den viktige oppgåva med nasjonal gjenreising i hard strid mot imperialismen og leivningane av føydalismen, ved å sameina alle dei patriotiske kreftene i nasjonen i ein einaste nasjonal front — arbeidarklassen, bøndene, det nasjonale borgarskapet og dei demokratiske intellektuelle.
Folka som kjempar for nasjonal frigjering og som alt har vunne politisk sjølvstende, har stogga, eller er ved å stogga, å tena som ein reserve for imperialismen. Med den støtta dei får frå dei sosialistiske statane og alle progressive krefter, fører dei oftare og oftare nederlag over imperialistmaktene og koalisjonane mellom imperialistane.
Dei unge nasjonalstatane utviklar seg på ei tid då det er kappestrid mellom dei to samfunnssystema i verda. Dette forholdet har svært stor innverknad på den politiske og økonomiske utviklinga deira, på kva veg dei vel å fylgja i framtida. Dei statane som nyst har vunne nasjonal frigjering, høyrer korkje til i systemet av sosialistiske statar eller i systemet av kapitalistiske statar. Men fleirtalet av dei har enno ikkje brote ut av krinslaupet til den kapitalistiske verdsøkonomien, sjølv om dei har ein særskilt plass i det. Denne delen av verda vert framleis utbytta av dei kapitalistiske monopola.
No når dei har vunne nasjonalt sjølvstende, er det striden desse unge suverene statane fører mot imperialismen, for endeleg nasjonal gjenføding, for økonomisk sjølvstende, som kjem i framgrunnen. Om utviklingslanda vinn fullt sjølvstende, vil dette vera ei vidare alvorleg svekking av imperialismen. For då ville heile det røvarsystemet vi har i dag med ulik internasjonal arbeidsdeling verta øydelagt, og grunnlaget for at dei kapitalistiske monopola utbyttar «landsbygda» i verda ville verta undergrave. Utviklinga av ein sjølvstendig nasjonal økonomi i utviklingslanda, ein økonomi som lit på effektiv hjelp frå det sosialistiske systemet, kjem til å slå endå eit hardt slag mot imperialismen.
Det er naudsynt å mønstra alle kreftene nasjonen har, og bu dei til å kjempa mot imperialismen for å vinna og grunnfesta sjølvstendet. I ein freistnad på å styrkja den dominerande stillinga si etter at sjølvstendet er vunne, greier det nasjonale borgarskapet på høgresida av og til å skipa reaksjonære politiske styre for ei tid, og tar til å forfylgja kommunistar og andre demokratar. Men slike styre har stutt levetid. Grunnen til dette er ganske enkelt at dei står i vegen for framgang og for å løysa viktige nasjonale problem — fyrst og fremst det å vinna økonomisk sjølvstende og utvikla produktivkreftene. Det er grunnen til at desse styra, trass i den aktive støtta dei får frå imperialistane, kjem til å verta velta som fylgje av den striden massane fører.
SUKP ser på brorskapleg allianse med dei folka som har kasta av seg koloniåket, og med folka i dei halvkoloniale statane, som ein av hjørnesteinane i den internasjonale politikken sin. Partiet vårt ser det som ei internasjonalistisk plikt å hjelpa dei folka som har lagt ut på vegen med å vinna og grunnfesta nasjonalt sjølvstende, alle dei folka som kjempar for å avskaffa kolonisystemet fullt ut. Sovjetunionen har alltid støtta dei heilage krigane folka har ført for fridom, og gjeve all slags moralsk, økonomisk, militær og politisk støtte til den nasjonale frigjeringsrørsla.
Sovjet-folket gav stor støtte til folket i Algerie då dei kjempa mot dei franske kolonialistane. Då folket i Jemen reiste seg til opprør mot slavebindinga i landet sitt, var vi dei fyrste som rekte dei ei hjelpande hand. Vi gav ulike former for hjelp til folket i Indonesia då dei kjempa for frigjering av Vest-Irian(1), mot dei hollandske imperialistane som fekk støtte frå USA-imperialistane. Vi helsar striden folket i Indonesia fører for å frigjera Nord-Kalimantan(2).
Både gamle og nye koloniherrar er travelt opptekne med å fletta eit nett av intriger og samansverjingar mot frigjeringsrørsla til folka i Søraust-Asia. Vår sympati og støtte ligg alltid hjå dei som kjempar for nasjonal fridom og nasjonalt sjølvstende. Vi er djupt overtydde om at folka i Sør-Vietnam og Sør-Korea kjem til å sigra i striden dei fører og at dei kjem til å få sameint fedrelanda sine att trass i strevet til dei amerikanske imperialistane og nikkedokkene deira.
Partiet vårt er mot å eksportera revolusjon, og har alltid gjort alt det har kunna for å hindra eksport av kontra-revolusjon. Vi er fast overtydde om at samsvar og einskap i handling mellom dei tre store revolusjonære kreftene i vår tid — folka som byggjer sosialismen og kommunismen, den internasjonale revolusjonære arbeidarrørsla og den nasjonale frigjeringsrørsla — er grunnlaget for den striden folka fører mot imperialismen og ein garanti for at dei kjem til å sigra.
Heile gangen i utviklinga i verda dei siste åra har til fulle stadfest at politikken til den kommunistiske rørsla er rett. Og han har ført til iaugefallande praktiske resultat. Takk vera at denne politikken er sett ut i livet, har dei kreftene som kjempar mot imperialismen, for fred, nasjonalt sjølvstende og sosialisme, vunne nye framgangar. SUKP ser det som ei plikt å setja denne politikken konsekvent og stødig ut i livet.
Vi er fast overtydde om at det ikkje er noko grunnlag for å endra denne politikken.
Dessutan meiner sentralkomiteen i SUKP at det ville vera til det beste om vi både under førebuinga til møtet og på sjølve møtet mellom talsmenn for kommunist- og arbeidarpartia drøftar dei nye sidene som i dei siste åra er tilført politikken til den kommunistiske verdsrørsla, slik denne er nedlagt i Fråsegna og Kunngjeringa.
I brevet dykkar seier de heilt rett, kjære kameratar, at det som kan tryggja alle framgangane våre, er at einskapen i den kommunistiske rørsla og samhaldet mellom dei sosialistiske landa vert styrkt. Den siste tida har SUKP på landsmøta sine og på internasjonale kommunistmøte gong på gong gjeve uttrykk for sitt syn på prinsippa for tilhøvet mellom marxist-leninistiske parti. Vi understreka for heile verda at det må vera full likskap mellom alle kommunist- og arbeidarpartia i kommunistrørsla, på same vis som alle dei sosialistiske landa i det sosialistiske fellesskapet alltid har vore heilt likeverdige. Det finst ingen «overordna» eller «underordna» parti i den kommunistiske rørsla, og heller ikkje kan det finnast. At eitt parti har herredøme eller at det manifesterer noko som helst form for hegemoni, tener ikkje den internasjonale kommunist- og arbeidarrørsla. Tvert om kan det gjera skade. Alle kommunistparti er sjølvstendige og likeverdige. Alle har ansvar for lagnaden til den kommunistiske rørsla, for sigrar og tilbakeslag, alle må byggja på proletarisk internasjonalisme og innbyrdes hjelp i tilhøvet til andre.
Vi går og ut frå at den proletariske internasjonalismen stiller like krav til alle parti, store og små, og ikkje gjer noko unntak for nokon. Alle systerparti må syna same omsuta for at dei byggjer verksemda si på marxist-leninistiske prinsipp, i samsvar med interessene for å styrkja einskapen mellom dei sosialistiske landa og i heile kommunist- og arbeidarrørsla i verda.
Skipinga av og utviklinga til det sosialistiske verdssystemet gjer at spørsmålet om eit rett tilhøve mellom dei marxist-leninistiske partia vert særskilt viktig. Kommunist- og arbeidarpartia i dei sosialistiske landa er herskande parti. Dei har ansvaret for lagnaden til statar, for lagnaden til folka sine. Under slike omstende kan det å krenkja dei marxist-leninistiske prinsippa for tilhøvet mellom parti ha verknad både på partiinteresser og på interessene til dei breie massane i folket.
Med dei høgste interessene til saka vår som rettesnor, har SUKP gjort til inkjes fylgjene av persondyrkinga til Stalin, og gjort alt for å gjeninnføra fullt ut dei leninistiske prinsippa for likskap i tilhøvet mellom systerpartia og vyrdnad for suvereniteten til sosialistiske land. Dette har spelt ein stor og positiv rolle når det gjeld å styrkja einskapen i heile det sosialistiske fellesskapet. Det er skapt ein god situasjon for å kunna styrkja venskapen mellom oss på grunnlag av likskap, vyrdnad for suvereniteten til kvar stat, innbyrdes hjelp og kameratsleg samarbeid, friviljug oppfylling av den internasjonale plikta kvart einskilt land har. Samstundes vil vi gjerne understreka at sosialistisk likskap ikkje berre vil seia at alle har lik rett til å vera med på å utarbeida den sams politikken kollektivt — det inneber og at kvart av systerpartia i dei sosialistiske landa har likt ansvar for lagnaden til heile samfunnet.
Kunngjeringa frå Moskva-møtet mellom systerpartia understreka at det trengst ein nær allianse mellom dei landa som bryt ut av kapitalismen, dei må sameina strevet sitt for å byggja sosialismen og kommunismen. Nasjonale interesser og interessene til det sosialistiske systemet som heilskap harmonerer fullt ut. Livet har på overtydande vis synt at kvart land best kan løysa dei nasjonale oppgåvene sine berre gjennom eit nært samarbeid med dei andre sosialistiske landa, og med grunnlag i ekte likskap og innbyrdes hjelp.
Einskapen mellom oss, dei godt samstemte handlingane våre, kjem ikkje av seg sjølv. Dei vert dikterte av objektivt naudsyn, dei er eit resultat av medvite arbeid, av den målmedvitne internasjonalistiske politikken til dei marxist-leninistiske partia og den utrøyttande omsuta deira for å samla rekkjene våre.
Vi let ikkje att augo for at det kan koma opp ulike tolkingar av visse spørsmål når det gjeld den indre oppbygginga og den internasjonale kommunistiske rørsla, ulike tolkingar av formene og metodane for samarbeidet mellom oss når det gjeld tilhøvet mellom sosialistiske land. Dette er mogleg av di landa som utgjer det sosialistiske verdssystemet står på ulike steg i bygginga av det nye samfunnet, og av di røynsla deira med å utvikla samband med verda utanfor ikkje er den same på alle vis. Ein bør heller ikkje sjå bort frå at usemja kan koma av at dei einskilde systerpartia ser ulikt på korleis visse spørsmål i marxismen-leninismen skal løysast. Å overdriva den rollen nasjonale særdrag spelar, kan føra til at ein går bort frå marxismen-leninismen. Å sjå bort frå nasjonale drag, kan føra til at ein skil seg frå livet og massane og skadar sosialismen.
Alt dette gjer det naudsynt at vi heile tida strevar for å finna middel og metodar som kan gjera oss i stand til å løysa dei motseiingane som reiser seg, ut frå eit prinsipielt standpunkt og med minst mogleg skade for den sams saka.
Vi kommunistar kan stridast innbyrdes. Men den heilage plikta vår er under alle omstende å oppseda folka i landa våre i ein ande av djup solidaritet med alle folka i det sosialistiske fellesskapet. Kommunistar må ikkje berre poda inn i folka kjærleik til sitt eige land, men og kjærleik til heile det sosialistiske fellesskapet, kjærleik til alle folk. Dei må fostra forståing for brorskapsskyldnaden andsynes det arbeidande folket i verda hjå kvar einaste mann og kvinne som bur i noko sosialistisk land. Dersom ein ikkje gjer dette, har ein ikkje fylgt den fyrste regelen til kommunistane — denne krev at dei marxist-leninistiske partia og folka som byggjer sosialismen står saman, at ein set einskapen mellom oss over alt anna.
Ein må ikkje under nokon omstende nytta meiningsskilnader i taktiske og ideologiske spørsmål til å tenna nasjonalistiske kjensler og fordommar, mistillit og usemje mellom dei sosialistiske folka. Vi kunngjer at vi kan svara fullt og heilt for at Sovjetunionens Kommunistiske Parti aldri har gjort, og aldri kjem til å gjera, noko som kunne så fiendskap mellom folka i landet vårt andsynes systerfolket i Kina eller andre folk. Tvert om har partiet vårt under alle omstende stødig og konsekvent spreidd internasjonalisme og varm venskap med folka i dei sosialistiske landa og med alle folka i verda. Vi meiner det er viktig å understreka dette, og vi vonar at sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti ser det på same måte som oss.
Det er naudsynt å sameina alt strev i den internasjonale kommunist-, arbeidar- og frigjeringsrørsla, og mobilisera folka til strid mot imperialismen. Det militante oppropet «Arbeidarar i alle land, gå saman!», som Marx og Engels forma ut, vil seia at grunnlaget for denne einskapen ligg i anti-imperialistisk klassesamhald og ikkje i noko prinsipp om nasjonalitet, hudfarge eller geografisk plassering. Å sameina massane i striden mot imperialismen berre på grunnlag av at dei høyrer heime på eit visst kontinent — om det er Afrika, Asia, Latin-Amerika eller Europa — kan vera til skade for dei kjempande folka. Dette ville ikkje vera å sameina, men i røynda å kløyva kreftene i den anti-imperialistiske einskapsfronten.
Styrken til den kommunistiske verdsrørsla ligg i at ho er trufast mot marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen. Sovjetunionens Kommunistiske Parti har kjempa mot, og kjem til å halda fram å kjempa mot, alle avvik frå marxismen-leninismen og all opportunisme. Vi står fullt og heilt fast ved prinsippa i 1960-Kunngjeringa som peikar på at det er naudsynt å kjempa på to frontar — mot høgre-og «venstre»-opportunisme. Kunngjeringa seier heilt rett at hovudfåren i den kommunistiske verdsrørsla er revisjonisme, og samstundes peikar ho på at det er naudsynt å føra ein målmedviten strid mot sekterisme og dogmatisme av di dette når som helst kan verta hovudfåren i utviklinga til einskildparti dersom det ikkje vert konsekvent nedkjempa.
Partiet vårt ynskjer å grunnfesta einskapen i den kommunistiske verdsrørsla på grunnlag av prinsippa i marxismen-leninismen, og det kjem til å halda fram med å kjempa viljefast både mot høgre- og venstre-opportunisme. I dag er ikkje dei nokon mindre fåre enn revisjonisme. Men samstundes som vi er uforsonlege når det gjeld grunnleggjande prinsippspørsmål i teorien og taktikken til den kommunistiske rørsla, samstundes med at vi strir mot revisjonisme og sekterisme, kjem vi ikkje til å spara oss for å få greidd ut spørsmål det er ulike syn på, gjennom tolmodig og kameratsleg diskusjon. Då skal vi kunna rydda bort alle unødvendige hindringar som står i vegen for einskapen vår. Når vi gjer dette, går vi ut frå den føresetnaden at når systerpartia og internasjonale konferansar i den kommunistiske rørsla kritiserer denne eller hin feilen som knyter seg til prinsippspørsmål i marxismen-leninismen, bør dei setja seg som oppgåve å peika på fåren ved slike feil og hjelpa til med å få retta dei. Dei bør ikkje kverna opp att og opp att om desse feila til evig tid. Vi strevar for å gjera det lettare å sameina dei revolusjonære kreftene fullt og heilt, og ikkje for å kløyva dei eller skjera bort den eine eller andre delen av rørsla vår. Sjølvsagt kan ikkje kommunistar gje konsesjonar i prinsippspørsmål i den marxist-leninistiske teorien.
Som eit internasjonalistisk parti studerer SUKP nøye den røynsla som er samla opp gjennom den striden dei marxist-leninistiske partia i alle land har ført. Vi verdset høgt den striden arbeidarklassen og kommunistpartia, den revolusjonære fortroppen til arbeidarklassen, fører i Frankrike, Italia, USA, England og dei andre kapitalistlanda. Likeins verdset vi den heltemodige striden kommunistpartia i landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika fører for nasjonal og sosial frigjering frå her redømet til dei imperialistiske monopola, frå kolonialisme og ny-kolonialisme.
Kommunistpartia har utvikla seg til krefter som har mykje å seia i nasjonane, til framskridne avdelingar av stridsmenn som kjempar for lukke for folka sine. Det er ikkje rart at dei reaksjonære slår slag etter slag mot kommunistane for å freista å bryta ned viljen deira. I kampen mot den kommunistiske rørsla kjem dei reaksjonære med den utslitne løgna om «Moskvas arm», og påstår at kommunistpartia ikkje er ei nasjonal kraft, men eit middel for politikken til eit anna land, ein reiskap for eit anna land. Imperialistane gjer dette med vondt for augo — for å motverka den aukande innverknaden kommunistpartia har, for å få massane til å mistru dei, for å rettferdiggjera politiforfylgjing av kommunistane.
Likevel veit alle ærlege menn og kvinner at det er kommunistane som verkeleg står for nasjonale interesser og er talsmenn for dei, at dei er stødige patriotar som sameiner kjærleik til landet sitt og proletarisk internasjonalisme i striden sin for at folket skal vinna lukke. SUKP ser det som ein skyldnad å gje all mogleg støtte til brørne sine i den heltemodige striden dei fører i dei kapitalistiske landa, og styrkja den internasjonale solidariteten med dei.
Dette er i allmenne drag ein del av tankane vi har om viktige prinsippspørsmål i tida, om strategien og taktikken til den internasjonale kommunistiske rørsla som vi meinte det var viktig å ta opp i dette brevet.
Ettersom vi er fast overtydde om at den politikken den internasjonale kommunistiske rørsla har i dag — uttrykt i Fråsegna og Kunngjeringa frå systerpartia — er den einaste rette, meiner vi at på det komande møtet mellom talsmenn for SUKP og KKP ville det vera føremålstenleg å drøfta fylgjande særs viktige spørsmål:
a. Spørsmål som gjeld striden for å gjera det sosialistiske verdssystemet endå sterkare og for å gjera det til den avgjerande faktoren i utviklinga til menneskesamfunnet, som er hovudkjenneteiknet ved vår tid. Saman bør vi diskutera korleis vi snøggare og betre skal kunna tryggja at dei sosialistiske landa sigrar fredeleg økonomisk kappestrid med kapitalismen.
b. Spørsmål som gjeld striden for fred og fredeleg samlivnad. Behovet for å sameina strevet til alle fredskjære krefter i striden for å hindra ein verdskrig med atomvåpen, Å skapa og styrkja ein breiast mogleg einskapsfront av dei som er for fred. Å avsløra det reaksjonære innhaldet i imperialismen, auka vaktsemda og mobiliseringa av dei breie massane for å kjempa mot dei førebuingane imperialistane gjer til ein ny verdskrig, hindra dei aggressive planane deira og isolera dei kreftene som står for reaksjon og krig. Halda fast på det leninistiske prinsippet om fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem i internasjonale samband. Striden for allmenn og full nedrusting og for å fjerna spora etter den andre verdskrigen.
c. Spørsmål som gjeld striden mot imperialismen, med USA-imperialismen i brodden. Å nytta den svekka stillinga til kapitalismen og den aukande ustabiliteten i heile det kapitalistiske verdsøkonomiske systemet, skjerpinga av motseiingane i kapitalismen, og framfor alt, motseiinga mellom arbeid og kapital, og den alvorlege krisa i borgarleg ideologi og politikk til å tena vår sak. Å støtta den revolusjonære striden og klassekampen det arbeidande folket i dei kapitalistiske landa fører mot monopola, for sosial frigjering, for å avskaffa utbytting av menneske ved menneske, for å utvida dei demokratiske rettane og fridomen til folka.
d. Spørsmål som gjeld den nasjonale frigjeringsrørsla. Å støtta og utvikla den nasjonale frigjeringsrørsla til folka så langt som råd. Striden for å få fullt og heilt slutt på kolonialisme og ny-kolonialisme i alle former. Å gje støtte til folk som kjempar mot kolonialisme, og likeins til land som har vunne nasjonal frigjering. Utvikling av økonomisk og kulturelt samarbeid med desse landa.
e. Spørsmål som gjeld å grunnfesta einskapen og samhaldet i det sosialistiske fellesskapet og i rekkjene til den kommunistiske rørsla. Behovet for å konsolidera den internasjonale kommunistiske rørsla på alle vis, den politiske krafta som har mest å seia i vår tid, særskilt under tilhøve då dei imperialistiske reaksjonære har slutta seg saman i striden mot kommunismen. Hindra alle handlingar som kan undergrava denne einskapen, som består i at kvart systerparti held fast ved vurderingane og slutningane ein er komne fram til saman. Halda fram striden mot revisjonisme og dogmatisme av di dette er eit ufråvikeleg vilkår for å kunna forsvara marxismen-leninismen og halda han rein, for å kunna utvikla han på skapande vis, og for at den kommunistiske rørsla skal kunna vinna nye framgangar. Utvikla sambandet mellom systerpartia på grunnlag av prinsippa om proletarisk internasjonalisme og innbyrdes hjelp og støtte. Utarbeida sams tiltak for å skjerpa den ideologiske og politiske striden mot imperialismen og reaksjonen.
I samtalane vil det verta råd å drøfta alle spørsmåla de nemner i brevet dykkar, spørsmål som har sams interesse og spring ut av oppgåvene som reiser seg i striden for å setja ut i livet vedtaka frå Moskva-møta. Diskusjonen av spørsmål som knyter seg til å få grunnfesta einskapen mellom Sovjetunionen og Folkerepublikken Kina, kan koma til å spela ei viktig rolle.
I brevet dykkar reiser de spørsmålet om Albania og Jugoslavia. Vi har alt skrive til dykk om desse spørsmåla, men jamvel om dei er grunnleggjande, kan og bør dei ikkje få skugga over hovudproblema i vår tid. Det er dei som må diskuterast på møtet vårt.
Partiet vårt har fordømt kløyvingsverksemda til dei albanske leiarane, men har samstundes gjort ei rad tiltak for å normalisera sambandet mellom Arbeidets Parti i Albania og SUKP og andre systerparti. Trass i at leiarane i det albanske partiet nett har gått ut med slarveåtak på partiet vårt og sovjet-folket, har vi, leidde av høgre interesser, ikkje gjeve opp vona om at sambandet mellom SUKP og Arbeidets Parti i Albania skal verta betre. I slutten av februar i år gjorde sentralkomiteen i SUKP endå ein gong eit opptak, og gjorde framlegg overfor sentralkomiteen i Arbeidets Parti i Albania om at det skulle haldast eit tolandsmøte mellom talsmenn for dei to partia. Men dette kameratslege steget frå vår side møtte ikkje noka rimeleg forståing hjå leiarane i Albania. Leiarane i Arbeidets Parti i Albania tykte ikkje ein gong det var naudsynt å ta mot brevet med framlegget frå sentralkomiteen i SUKP om tolandsmøtet. Dei albanske leiarane har tydeleg nok kome til vitet seinare, og har sendt oss eit brev der dei etter ein del atterhald og vilkår talar om eit slikt møte. Dersom dei verkeleg syner eit ekte ynskje om det, er vi budde til å halda eit slikt møte.
Når det gjeld Jugoslavia, hevdar vi, ut frå ein analyse og ei vurdering av dei objektive økonomiske og politiske tilhøva i dette landet, at det er eit sosialistisk land, og i sambandet vi har med det strevar vi for å få til nærare samband mellom Den føderative folkerepublikken Jugoslavia og det sosialistiske samveldet. Dette er i samsvar med den politikken systerpartia har for å smelta saman alle anti-imperialistiske krefter i verda. Vi tar og omsyn til dei klåre positive tendensane som i det siste har synt seg i det økonomiske og samfunnspolitiske livet i Jugoslavia, Samstundes veit vi at det finst alvorlege meiningsskilnader mellom SUKP og Kommunistforbundet i Jugoslavia i fleire ideologiske spørsmål, og vi meiner det er naudsynt å tala beint ut til dei jugoslaviske kameratane og kritisera dei synspunkta deira som vi meiner er range.
I brevet frå sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti, dagsett
9. mars 1963, seier dei seg samde med oss når vi seier at den kommunistiske verdsrørsla står framfor ei avgjerande tid. Det spørst på oss, på partia våre, på om politikken vår er rett, om vi skal halda fram med å gå frametter i ei rekkje, eller om vi skal verta blanda inn i ein strid som er til skade for arbeidarklassen, folka våre og alle arbeidande folk, ein strid som berre kan føra til at vi blir framande for kvarandre, til at dei sosialistiske kreftene vert svekka, og til at einskapen i den kommunistiske verdsrørsla vert undergraven.
Ettersom Sovjetunionens Kommunistiske Parti og Kinas Kommunistiske Parti er store og sterke parti, kjem dei naturleg nok til å koma ut av denne situasjonen med små tap. Men dei andre systerpartia, og særskilt dei som arbeider under innfløkte tilhøve, kjem til å møta store og dessutan unødvendige vanskar, og det er sjølvsagt ikkje målet vårt.
Alt er avhengig av korleis vi ter oss i denne alvorlege og innfløkte situasjonen. Skal vi halda fram med polemikk, skal vi falla som offer for kjenslene våre, skal vi venda argument til bitter krangel og ugrunna skuldingar og utfall mot systerpartia? Eller kjenner vi det store ansvaret vi har for lagnaden til den store saka vår, for å leia utviklinga inn i eit anna spor, syna mot nok til å lyfta oss over alt det som skil oss i dag, stogga med ukameratsleg polemikk og konsentrera oss om å finna måtar for å grunnfesta det militante samarbeidet mellom Sovjet og Kina og grunnfesta venskapen mellom alle systerpartia?
Vi veit at ei rørsle utan strid er utenkjeleg. Dette gjeld og kommunistrørsla. Men det finst ikkje noka usemje, noka misnøye med framferda til eit særskilt parti som kan rettferdiggjera stridsformer som er til skade for den internasjonale kommunistiske rørsla. Di djupare og breiare forståinga vår av måla og oppgåvene til den internasjonale arbeidarklassen er, di større krefter må vi leggja i å analysera usemja mellom oss roleg og sakleg, same kor alvorleg ho kan sjå ut i dag, og hindra ho i å skada det positive arbeidet vi gjer, i å desorganisera den revolusjonære verksemda til den internasjonale arbeidarklassen.
La oss kjempa saman for at den internasjonale kommunistiske rørsla skal halda seg konsekvent til den marxist-leninistiske kursen, mot revisjonisme og dogmatisme, for nærare einskap i den internasjonale kommunistiske rørsla, for vyrdnad for den kollektivt utarbeidde politikken, og mot all krenking eller sjølvrådig tolking av denne.
Partiet vårt gjev seg ikkje den polemiske striden i vald. Vi kjenner det sams ansvaret vårt overfor den kommunistiske verdsrørsla, og ynskjer å få slutt på den fårlege prosessen med å gli inn i ein ny diskusjonsserie. Det er opplagt for alle at vi kunne ha mykje vi skulle ha sagt til forsvar for den leninistiske politikken til SUKP, til forsvar for den sams lina til den internasjonale kommunistiske rørsla, som svar på dei grunnlause åtaka i artiklar som er trykte i den kinesiske pressa den siste tida. Og om vi ikkje gjer det no, er det berre av di vi ikkje ynskjer å gleda fiendane til den kommunistiske rørsla. Vi vonar at det skal verta forstått kva skade den skjerpa polemikken har gjort, og einskapen i det sosialistiske systemet og den internasjonale kommunistiske rørsla må setjast over alt anna. Difor gjer vi framlegg for dykk om eit møte, ikkje for å skjerpa striden, men for å nå fram til ei sams forståing av viktige problem som har reist seg i den internasjonale kommunistiske rørsla.
Vi veit at venene våre i alle land i verda ser fram til eit slikt møte, og åt dei har store voner til det. Det spørst på oss, på viljen og fornuften vår, om vi skal nå fram til resultat som gleder venene våre og uroar fiendane våre. Dette vil vera eit sams tilskot frå oss til striden for frigjering av alle undertrykte folk, til at freden og sosialismen skal sigra på jorda, til at den store marxist-leninistiske læra skal sigra.
Med kommunistisk helsing,
Sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti
Noter
1. Irian — det indonesiske namnet på Ny-Guinea — Red.
2. Kalimantan, det indonesiske namnet på Borneo — Red.
Vedlegg II: OPE BREV FRÅ SENTRALKOMITEEN I SOVJETUNIONENS KOMMUNISTISKE PARTI TIL ALLE PARTIORGANISASJONAR OG ALLE KOMMUNISTAR I SOVJETUNIONEN
(14. juli 1963)
Kjære kameratar,
Sentralkomiteen ser det som naudsynt å senda dykk dette opne brevet for å klårgjera haldninga si til dei grunnleggjande spørsmåla i den internasjonale kommunistrørsla i samband med brevet frå sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti dagsett 14. juni 1963.
Sovjet-folket veit vel at partiet vårt og regjeringa, som uttrykkjer viljen til heile sovjet-folket, ikkje sparer seg noko strev for å styrkja den broderlege venskapen med folka i alle dei sosialistiske landa, med folket i Kina. Vi er sameinte gjennom sams kamp for kommunismens siger, vi har same mål, dei same mål og voner.
I mange år var tilhøvet mellom partia våre godt. Men for ei tid sidan kom det fram i dagen alvorlege meiningsskilnader mellom KKP på den eine sida og SUKP og dei andre systerpartia på den andre. For tida er utsegnene og handlingane til leiarane i KKP, som undergrev sambandet mellom partia våre og venskapen mellom folka våre, årsak til aukande uro i sentralkomiteen i SUKP.
For sin del har sentralkomiteen i SUKP gjort alt som er mogleg for å vinna over dei meiningsskilnadene som har dukka opp, og i januar i år gjorde han framlegg om at ein skulle stoppa open polemikk i den kommunistiske rørsla, slik at sakene kan bli drøfta roleg og på forretningsmessig måte og bli løyste på eit prinsipielt marxist-leninistisk grunnlag. Dette framlegget frå SUKP vart støtta varmt av systerpartia. Deretter var det semje om eit møte mellom representantar frå SUKP og KKP. Dette finn no stad i Moskva.
Sentralkomiteen i SUKP vona at dei kinesiske kameratane på same vis som oss sjølve ville syna godvilje og gjera det lettare å få møtet vellukka, til bate for styrkinga av einskapen i den kommunistiske rørsla. Til vår sorg, då ein hadde kome fram til semje om Moskvamøtet med representantar frå SUKP og KKP, etter at delegasjonane var peikte ut og møtedatoen fastsett, fann dei kinesiske kameratane det plutseleg mogleg ikkje berre å kunngjera dei gamle meiningsskilnadene ope, for heile verda, men dei kom dg med nye åtak på SUKP og dei andre kommunistpartia. Dette gjorde dei i staden for å la desse meiningsskilnadene vera eit diskusjonsemne for dette møtet. Dette kom til uttrykk gjennom at brevet frå sentralkomiteen i KKP av 14. juni vart offentleggjort. Dette gjev ei vilkårleg tolking av Kunngjeringa og Fråsegna frå Moskvamøta med representantar frå kommunist- og arbeidarpartia, og rengjer grunnprinsippa i desse historiske dokumenta. Brevet frå sentralkomiteen i KKP inneheld grunnlause, ondsinna åtak på partiet vårt og på andre kommunistparti, og på vedtaka frå den 20., 21. og 22. kongressen til SUKP og på SUKPs program.
Som de kjenner til frå kunngjeringa frå sentralkomiteen i SUKP som var trykt i Pravda 19. juni, har presidiet i sentralkomiteen i SUKP. etter at det har studert 14. juni-brevet frå sentralkomiteen i KKP, kome fram til at det ikkje ville ha vore tilrådeleg å kunngjera det i sovjetpressa på den tida. Om det hadde vorte kunngjort, ville det naturlegvis ha kravd eit offisielt svar frå vår side. Dette ville ha gjort usemja djupare, tend kjenslene, og det ville difor ha gjort tilhøvet mellom partia våre verre. Å kunngjera brevet frå sentralkomiteen i KKP ville ha vore dess meir uhøveleg ettersom det skulle haldast eit møte mellom representantar frå SUKP og KKP med det føremålet, slik vi ser det, gjennom kameratslege undersøkingar av dei eksisterande meiningsskilnadene å yta sitt til å betra gjensidig forståing mellom dei to partia våre når det gjeld dei livsviktige spørsmåla om utviklinga i verda i dag, og for å skapa ein gunstig atmosfære for å førebu og halda eit møte med representantar frå alle kommunist- og arbeidarpartia.
Samstundes såg presidiet i sentralkomiteen i SUKP det som naudsynt å gjera medlemene i sentralkomiteen i SUKP og alle dei som var med på plenumsmøtet, kjende med brevet frå sentralkomiteen i KKP og informera dei om innhaldet i meiningsskilnadene mellom leiarane i KKP og SUKP og dei andre marxist-leninistiske partia.
I eit samrøystes vedtak støtta plenum f sentralkomiteen fullt ut den politiske verksemda til presidiet i sentralkomiteen i SUKP og til fyrstesekretæren i sentralkomiteen i SUKP og formannen i ministerrådet i Sovjetunionen, N. S. Khrusjtsjov, som hadde som mål å sameina kreftene i den kommunistiske verdsrørsla endå betre. Likeins vart alt presidiet i sentralkomiteen hadde gjort i samband med tilhøvet til sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti godkjent fullt ut.
Plenum i sentralkomiteen i SUKP påla presidiet i sentralkomiteen å fylgja lina frå det tjuande, tjuefyrste og tjueandre landsmøtet i partiet vårt fullt og fast på møtet med talsmennene for KKP. Dette er ei line som er godkjent på møta mellom talsmenn for kommunistpartia, og som er innebygd i Fråsegna og i Kunngjeringa, ei line som livet har stadfest fullt ut, som er stadfest fullt ut a gangen i den internasjonale utviklinga. Med stor styrke viste plenum i sentralkomiteen attende åtaka frå sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti på partiet vårt og andre kommunistparti, åtaka på vedtaka frå det tjuande, tjuefyrste og tjueandre landsmøtet og på programmet til SUKP, og sa at dei var grunnlause og slarvete. Det uttrykte viljen til heile partiet då det kunngjorde at det er budd på og fastrådd på å konsekvent fylgja ein kurs for å få sameint systerpartia og vinna over den usemja som finst no. Plenum kunngjorde at partiet vårt ville halda fram med å streva for å styrkja einskapen med grunnlag i prinsippa i marxismen-leninismen og den sosialistiske internasjonalismen, i brorskapleg venskap mellom SUKP og KKP, til beste for striden for den sams saka.
Diverre har det som har hendt i det siste synt at dei kinesiske kameratane tolkar den kjensgjerninga at vi har lagt band på oss på sin eigen måte. Dei skildrar det ærlege strevet vårt for å unngå at tvisten i den kommunistiske rørsla vert skjerpt som ikkje noko mindre enn eit ynskje om å løyna synet til dei kinesiske leiarane for kommunistane og folket i Sovjetunionen. Dei kinesiske kameratane tolka det at vi legg band på oss som veikskap, og stadig meir hardnakka og uthaldande og i strid med normene for venskaplege tilhøve mellom sosialistiske systerland, tok dei til å spreia brevet av 14. juni frå sentralkomiteen i KKP illegalt i Moskva og andre byar i Sovjetunionen. Ein stor del av eksemplara var trykte på russisk. Då dei ikkje var nøgde med dette, byrja dei kinesiske kameratane med stor iver å popularisera og spreia dette brevet og endre dokument som er retta mot partiet vårt, over heile verda. Og dei veik ikkje tilbake for å nytta imperialistiske forlag og byrå for å få spreidd dei.
Stillinga har vorte verre ved at dei kinesiske talsmennene slett ikkje slutta med dette då utanriksdepartementet i Sovjetunionen gjorde den kinesiske ambassadøren i Sovjetunionen merksam på at slikt ikkje kunne tillatast, og at slike handlingar er ei grov krenking av suvereniteten til landet vårt. Dei kunngjorde på ein demonstrativ måte at dei såg seg i sin rett til å halda fram med å spreia brevet i Sovjetunionen.
Den sjuande juli, etter at Moskva-møtet alt hadde teke til, vart det halde eit massemøte i Peking der dei kinesarane som vart utviste frå Sovjetunionen for å ha spreidd materiale som inneheldt åtak på partiet vårt og sovjetregjeringa ulovleg, vart hylla som heltar av offisielle kinesiske talsmenn. På møtet prøvde dei å kveikja uvenlege haldningar og kjensler mot Sovjetunionen hjå det kinesiske systerfolket, og dei prøvde å prova at dei hadde rett til å krenkja suvereniteten til staten vår og normene for internasjonale samband. Den tiande juli sende sentralkomiteen KKP ut endå ei fråsegn der dei rettferdiggjer desse handlingane og i røynda prøver å ta seg rett til å blanda seg inn i dei indre sakene til Sovjetunionen. Det kjem sovjetregjeringa sjølvsagt aldri til å tillata. Slike handlingar tener berre til å gjera tilhøva verre, og kan ikkje gjera anna enn skade.
I leiaren den trettande juli kom Folkets Dagblad i Peking med nye åtak på partiet vårt, og la fram ei forvrengd tolking av at sovjetpressa ikkje trykte brevet frå sentralkomiteen i KKP av 14. juni.
Dei beintfram uvenlege handlingane til leiarane i KKP, det uthaldande strevet deira for å skjerpa tvisten i den internasjonale kommunistiske rørsla, den medvitne forvrenginga av stillinga til partiet vårt og mistolkinga av motiva våre då vi mellombels heldt oss frå å trykkja brevet, tvingar oss til å trykkja brevet frå sentralkomiteen i KKP av 14. juni 1963, og gje vår vurdering av det.
Alle som les brevet frå sentralkomiteen i KKP, kan sjå at bakom dei fine orda om einskap og samhald ligg det uvenlege, slarvete åtak på partiet vårt og Sovjetunionen, eit strev for å underslå den historiske rollen til striden folket vårt har ført for at kommunismen skal sigra i Sovjetunionen og for at freden og sosialismen skal sigra over heile verda. Dokumentet inneheld alle slag skuldingar, beinveges eller løynde, mot SUKP og Sovjetunionen. Dei som har skrive det, tar seg lov til å koma med upassande og for kommunistar fornærmande utsegner om «svik mot interessene til det internasjonale proletariatet og alle folka i verda», om «avvik frå marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen», dei ymtar frampå om «reddhug andsynes imperialistane», «eit steg bakover i den historiske utviklinga», og dei ymtar jamvel om «organisatorisk og moralsk avvæpning av proletariatet og heile det arbeidande folket», som er noko nær det same som å «hjelpa til med å få gjeninnført kapitalismen» i landet vårt. Korleis kan dei seia slikt om partiet til den store Lenin, om fedrelandet til sosialismen, om det folket som var det fyrste i verda som gjennomførte ein sosialistisk revolusjon, som tok vare på dei store vinningane sine i harde slag mot internasjonal imperialisme og heimleg kontrarevolusjon, som legg for dagen mirakel av heltemot og offervilje i strevet for å byggja kommunismen, og som trufast oppfyller den internasjonalistiske plikta si andsynes det arbeidande folket i verda.
I
Sovjetunionen har i mest eit halvt hundreår, og under leiing av kommunistpartiet, kjempa for at ideane i marxismen-leninismen skal sigra, for fridom og lukke for det arbeidande folket i heile verda. Frå dei aller fyrste dagane sovjetstaten fanst, då den store Lenin sto i brodden for han og heilt fram til i dag, har folket vårt gjeve og gjev umåteleg stor og usjølvisk hjelp til alle folk som kjempar for frigjering frå det imperialistiske og koloniale åket for å byggja eit nytt liv.
Verdssoga kan ikkje gje noko døme på eit land som har gjeve så stor hjelp til andre land for å utvikla økonomien, vitskapen og teknologien deira.
Det arbeidande folket i Kina og dei kinesiske kommunistane fekk i fullt mon oppleva den brorskaplege solidariteten frå sovjet-folket, frå partiet vårt, både i den revolusjonære striden dei førte for å frigjera landet sitt, og i åra med bygging av sosialismen. Straks etter at Folkerepublikken Kina var skipa, underteikna sovjetregjeringa ei pakt om venskap, allianse og innbyrdes hjelp med regjeringa i Folkets Kina. Denne er eit mektig våpen mot åtak frå imperialistane, ein faktor som er med på å grunnfesta freden i Det fjerne austen og i heile verda.
Sovjet-folket var gjevmildt og let dei kinesiske brørne sine få del i røynsla frå bygginga av sosialismen. Dette var ei røynsle som var samla opp over mange år, og likeins fekk dei del i det dei hadde nådd fram til i vitskap og teknologi. Landet vårt har gjeve og gjev framleis monaleg hjelp til den økonomiske utviklinga i Folkerepublikken Kina. Med aktiv hjelp frå Sovjetunionen bygde Folkets Kina 198 fabrikkar, fabrikkavdelingar og andre industrieiningar som er utstyrte med moderne maskinar. Med hjelp frå landet vårt har Kina sett i gong nye industrigreiner som til dømes bil-, traktor-, flyindustri og anna. Sovjetunionen leverte meir enn 21 000 sett med vitskaplege og tekniske utgreiingar, irekna planar for meir enn 1400 større prosjekt, til Folkerepublikken Kina. Heile tida har vi hjelpt Kina med å styrkja forsvarsevna si og med å skapa ein moderne forsvarsindustri. Tusentals kinesiske spesialistar og arbeidarar har fått opplæring på dei høgre skulane og i industrien i Sovjetunionen. I dag held og Sovjetunionen fram med å gje teknisk hjelp til Folkerepublikken Kina i bygginga av 88 industriforetak og tiltak. Vi nemner ikkje alt dette for å skryta, men berre av di leiarane i KKP i det siste har prøvt å underkjenna den rollen hjelpa frå Sovjetunionen har spelt. Vi gløymer heller ikkje at Sovjetunionen for sin del har fått varer vi trong frå Folkerepublikken Kina.
For ikkje så lenge sidan tala dei kinesiske leiarane rett og godt om venskapen mellom det kinesiske folket og folket i Sovjetunionen, om einskapen mellom SUKP og KKP og om den store verdien av hjelpa frå Sovjetunionen. Dei oppmoda folket til å læra av røynsla frå Sovjetunionen.
Kamerat Mao Tsetung sa fylgjande i 1957: «I striden det kinesiske folket førte for nasjonal frigjering hadde det godvilje og støtte frå sovjet-folket. Etter at den kinesiske revolusjonen hadde sigra, har Sovjetunionen på same måten gjeve allsidig og umåteleg stor hjelp til bygginga av sosialismen i Kina. Det kinesiske folket kjem aldri til å gløyma dette».
Ein kan berre seia seg lei for at dei kinesiske leiarane har teke til å gløyma dette..
Partiet vårt og heile sovjet-folket gledde seg over og var byrge over framgangane det kinesiske folket vann i bygginga av det nye livet. Då kamerat N. S. Khrusjtsjov tala på ei mottaking i Peking i høve tiårsdagen til Folkerepublikken Kina, sa han: «Det heltemodige og arbeidssame kinesiske folket synte, under leiing av det strålande kommunistpartiet sitt, kva eit folk evnar når det tar makta i sine eigne hender. … Alle sannkjenner no dei framgangane det kinesiske folket og kommunistpartiet i Kina har vunne. Folka i Asia og Afrika ser kva veg det er og kva system det er som kan utvikla evnene og skaparkrafta til folket fullt ut, slik at ein nasjon kan syna kor brei og djup den mektige skaparkrafta hans er.»
Slik var det heilt til dei kinesiske leiarane tok til å vika av frå den allmenne kursen til den kommunistiske verdsrørsla.
I april 1960 avslørte dei kinesiske kameratane ope at dei var usamde med den kommunistiske verdsrørsla ved å gje ut artikkelsamlinga «Lenge leva leninismen!» Denne samlinga inneheldt i hovudsak forvrengde, sundlema og rangt tolka utdrag frå velkjende verk av Lenin. Ho inneheldt påstandar som i innhald var retta mot grunnideane i Fråsegna frå Moskva-møtet i 1957 som vart underteikna av kamerat Mao Tsetung på vegne av KKP, påstandar mot den leninistiske politikken med fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem, mot at det er råd å hindra verdskrig i vår tidsalder, mot å sannkjenna både den fredelege og den ikkje-fredelege vegen i utviklinga til den sosialistiske revolusjonen. Leiarane i KKP prøvde å tvinga sitt syn på alle systerpartia. Under Peking-møtet til Generalrådet for verdssamskipnaden av fagforeiningar i juni 1960, skipa dei kinesiske leiarane, utan at leiinga i systerpartia visste noko om det, til eit møte mellom talsmenn for fleire parti som då var i Peking. Her kom dei med open kritikk mot standpunkta til SUKP og andre marxist-leninistiske parti og mot Fråsegna som vart vedteken på Moskva-møtet i 1957. Dessutan la dei kinesiske kameratane fram meiningsskilnadene mellom seg og SUKP og dei andre systerpartia for open sal i ein ikkje-partiorganisasjon.
At leiinga i KKP har gått til slike steg har skapt uro i systerpartia. I lys av dette vart det gjort ein freistnad på å få drøfta usemja som hadde vakse fram med leiarane for KKP på Bucuresti-møtet mellom kommunistpartia i 1960. Talsmenn for 50 kommunist- og arbeidarparti kom med kameratsleg kritikk av synet og handlingane til dei kinesiske leiarane, og oppmoda dei til å venda attende til vegen med einskap og samarbeid med den internasjonale kommunistiske rørsla i samsvar med prinsippa i Moskva-fråsegna. Diverre oversåg leiinga i KKP denne kameratslege hjelpa. Dei heldt fram med å fylgja den range kursen sin, og gjorde usemja mellom seg og systerpartia djupare.
Sentralkomiteen i SUKP var huga på å hindra at utviklinga gjekk denne vegen, og kom difor med framlegg om samtalar mellom seg og sentralkomiteen i Kinas Kommunistiske Parti. Desse gjekk føre seg i Moskva i september 1960. Men heller ikkje denne gongen var det råd å få greidd opp i usemja av di sendelaget frå KKP var så einvist uviljug til å bry seg med kva eit systerparti meinte. På møtet mellom talsmenn for 81 kommunist- og arbeidarparti i november 1960 gjekk eit absolutt fleirtal av systerpartia mot det range synet og den range haldninga til leiinga i KKP. Sendelaget frå Kina heldt einvist fast ved sitt eige særskilde syn, og underteikna fyrst Kunngjeringa då det vart klårt at det var fåre for at dei skulle verta heilt isolerte.
Det er no heilt klårt at då leiarane i KKP sette namna sine på 1960-Kunngjeringa, så var det berre ein manøver. Stutt etter møtet tok dei til å propagandera for lina si att. Som talerøyr nytta dei leiinga i Arbeidets Parti i Albania. Bak ryggen på partiet vårt sette dei i gong ein kampanje mot sentralkomiteen i SUKP og sovjetregjeringa.
I oktober 1961 gjorde sentralkomiteen i SUKP nye freistnader på å få normalisert sambandet med KKP Kameratane N, S. Khrusjtsjov, R. R. Kozlov og A. I. Mikojan hadde samtalar med kameratane Chou En-Iai, Peng Chen og andre leiande talsmenn for KKP som var til stades på det tjueandre landsmøtet. Kamerat N. S. Khrusjtsjov greidde detaljert ut for det kinesiske sendelaget kva syn sentralkomiteen i SUKP hadde på dei prinsippspørsmål som vart drøfta på det tjueandre landsmøtet. Han understreka at vi hadde eit fast ynskje om å styrkja venskapen og samarbeidet med Kinas Kommunistiske Parti.
I breva som er dagsette 22. februar og 31. mai 1961, gjorde sentralkomiteen i SUKP sentralkomiteen i KKP merksam på at det kunne få farlege fylgjer for den sams saka om einskapen i den kommunistiske rørsla vart svekt. Vi gjorde så framlegg for dei kinesiske kameratane om at det måtte gjerast tiltak for å unngå at imperialistane skulle få høve til å utnytta vanskane som hadde vakse fram i tilhøvet mellom Kina og Sovjet til fordel for seg. Sentralkomiteen i SUKP gjorde og framlegg om meir effektive tiltak når det galdt slikt som å utveksla indre politiske opplysningar, samordna standpunkta til systerpartia i internasjonale demokratiske organisasjonar og i andre saker.
Men desse breva og dei andre praktiske tiltaka som hadde som mål å betra tilhøvet til KKP og Folkerepublikken Kina på alle område, fekk ikkje nokon respons i Peking.
I fjor haust hadde presidiet i sentralkomiteen i SUKP ein lang samtale med kamerat Liu Hsiao, som då var Folkerepublikken Kinas ambassadør i Sovjetunionen, før han reiste frå Moskva. Under denne samtalen gjorde medlemmene i presidiet i sentralkomiteen atter opptak til å styrkja venskapen mellom Kina og Sovjet. Kamerat N. S. Khrusjtsjov ba kamerat Liu Hsiao om å bera bod til kamerat Mao Tsetung om framlegget vårt: «La oss leggja til sides alle tvistar og all usemje, ikkje prøva å slå fast kven som har rett og kven som tar feil, ikkje grava i fortida, men ta til på nytt i tilhøvet mellom oss.» Vi fekk ikkje ein gong svar på denne ærlege oppmodinga.
Leiarane i KKP utdjupa den ideologiske usemja med systerpartia og tok til å føra ho over på regjeringsplanet. Kinesiske regjeringsorgan tok til å skjera over økonomiske samband og handelssamband med Sovjetunionen og andre sosialistiske land. Etter tiltak frå Folkerepublikken Kina vart den samla handelen mellom Kina og Sovjetunionen skoren ned til nesten ein tredel dei siste tre åra, og leveringa av ferdige industriforetak gjekk ned til ein førtidel av det ho hadde vore før. Dette vart gjort etter tiltak frå dei kinesiske leiarane. Vi seier oss leie for at leiinga i Folkerepublikken Kina har slått inn på ein slik veg. Vi meiner no som alltid at det er naudsynt å halda fram med å utvikla tilhøvet mellom Kina og Sovjetunionen og utvida samarbeidet. Dette ville vera til føremon for begge partar, og framfor alt for Kina som har fått stor hjelp frå Sovjetunionen og andre sosialistiske land. Tidlegare utvikla Sovjetunionen omfattande samband med Kina og ynskjer at dei skal utvidast no og, ikkje innskrenkast, Ein skulle venta at leiarane i KKP var dei fyrste til å syna omsut for utviklinga av det økonomiske sambandet med dei sosialistiske landa. Men dei har gjort det motsette og sett bort frå skaden slike handlingar fører med seg for økonomien til Folkerepublikken Kina.
Dei kinesiske leiarane fortalde ikkje folket sitt sanninga om kven som hadde ansvaret for at dette sambandet vart innskrenka. Det vart sett i gong ein stor propagandakampanje med det for augo å sverta utanriks- og innanrikspolitikken til SUKP og kveikja anti-sovjetiske kjensler mellom dei kinesiske kommunistane og jamvel i folket.
Sentralkomiteen i SUKP peikte på desse urette handlingane for dei kinesiske kameratane. Vi sa til dei kinesiske kameratane at folket ikkje måtte kveikjast til å rosa eller forbanna det eine eller hitt partiet alt ettersom det kom opp tvistar og usemje. Alle kommunistar veit at usemje mellom systerparti berre er tidsavgrensa episodar ettersom det no vert utvikla evige band mellom folka i dei sosialistiske landa.
Men kvar einaste gong har dei kinesiske leiarane oversett dei kameratslege åtvaringane frå SUKP og lagt endå større vanskar i vegen for sambandet mellom Kina og Sovjetunionen.
Frå slutten av 1961 har dei kinesiske talsmennene i dei internasjonale demokratiske organisasjonane ope pressa fram det range synet sitt. På Stockholm-møtet i Verdsfredsrådet i desember 1961 gjekk det kinesiske sendelaget mot at det skulle kallast inn til møte i Verdskongressen for fred og nedrusting. 11962 vart arbeidet til Verdsføderasjonen av fagforeiningar, Verdsfredsrørsla, Solidaritetsrørsla for Afrika og Asia. Verdsføderasjonen av demokratisk ungdom, Den internasjonale demokratiske kvinneføderasjonen og mange andre organisasjonar sette i fåre på grunn av kløyvingsverksemda til dei kinesiske representantane. Dei gjekk mot at talsmenn for Solidaritetsrørslene for Afrika og Asia i dei europeiske sosialistlanda skulle få ta del på den tredje solidaritets-konferansen for folka i Afrika og Asia i Moshi. Leiaren for det kinesiske sendeiaget sa til dei sovjetiske talsmennene at «kvite har ikkje noko her å gjera». På journalistkonferansen i Djakarta fylgde dei kinesiske representantane ei line som gjekk ut på å nekta journalistar frå Sovjetunionen full status som utsendingar på grunn av at Sovjetunionen … ikkje er eit asiatisk land.
Når ein ser at berre to av dei 110 landa som var med der — Kina og Albania — røysta mot appellen til kvinner i alle verdsdelar, er det merkeleg og til å undrast over at dei kinesiske kameratane skuldar det overveldande fleirtalet på den siste Verdskvinnekongressen for kløyvingsverksemd og for å fylgja ei rang politisk line. Er det slik å forstå at heile hæren av mange millionar fredskjære kvinner skulle vera ute av takt medan det berre er to som marsjerer i rette takta og held rekkjene?
Slik er, stutt fortalt, soga om usemja mellom leiinga i Kina og SUKP og dei andre systerpartia. Ho syner at leiarane i KKP set si eiga særskilde line opp mot generallina til kommunistrørsla, at dei prøver å tvinga på ho sitt diktat, sitt djupt range syn på nøkkelproblema i vår tid.
II
Kva er innhaldet i usemja mellom KKP på den eine sida og SUKP og den internasjonale kommunistiske rørsla på den andre? Alle som les brevet frå sentralkomiteen i KKP av 14. juni må utan tvil stilla seg det spørsmålet.
Ved fyrste augnekast kan mykje av det som står der få ein til å undrast — kven er det eigenleg dei kinesiske kameratane argumenterer mot? Finst det til dømes kommunistar som går mot den sosialistiske revolusjonen eller som ikkje ser det som si plikt å kjempa mot imperialismen eller støtta den nasjonale frigjeringsrørsla? Kvifor står leiarane i KKP så hardt på slike påstandar?
Fylgjande spørsmål kan og reisa seg: Kvifor er det ikkje råd å seia seg samd med det dei kinesiske kameratane seier om mange hovudproblem i brevet sitt? Sjå til dømes på eit hovudproblem som spørsmålet om krig og fred. Sentralkomiteen i KKP talar i brevet sitt om fred og fredeleg samlivnad.
Kjernen i saka er at dei kinesiske kameratane har starta ein offensiv mot synet til dei marxist-leninistiske partia på hovudproblema i vår tid. For det fyrste tilskriv dei SUKP og andre marxist-leninistiske parti syn dei aldri har gjeve uttrykk for og som er framande for dei. For det andre prøver dei å løyna det range synet og den urette haldninga si ved i ord å godta formuleringar og prinsipp som er tekne frå dokumenta til den kommunistiske rørsla. Dersom dei gjekk ope ut mot den striden folka fører for fred, mot fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem, mot nedrusting, osb. ville dei ha avslørt seg i augo til kommunistane og dei fredskjære folka i heile verda, og dei ville støyta dei frå seg. Di lengre polemikken utviklar seg, di klårare vert det kor veikt leiarane i KKP står, og di ivrigare vert dei til å ty til slik kamuflasje. Dersom ein ikkje har metoden til dei kinesiske kameratane i hovudet, kan det frå utsida sjå ut til at tvisten er vorten til ordkløyving, at han gjeld einskildformuleringar som ligg langt borte frå det som er viktig.
Men i røynda gjeld tvisten spørsmål som rører ved dei grunnleggjande interessene til folka
Det gjeld spørsmålet om krig og fred, spørsmålet om rollen og utviklinga til det sosialistiske verdssystemet, det gjeld spørsmålet som striden mot ideologien og praksisen med «persondyrkinga», det gjeld spørsmål om strategien og taktikken til den internasjonale arbeidar rørsla og striden for nasjonal frigjering.
Dette er spørsmål som livet sjølv stiller, som vert stilte av dei djuptgåande endringane som har gått føre seg i dei sosialistiske landa og i heile verda, endringane i styrkeforholdet mellom sosialismen og imperialismen dei siste åra, dei nye sjansane rørsla vår har. Kommunistrørsla måtte gje, og gav, svar på desse spørsmåla, og ho utarbeidde ei generalline som er tilpassa vilkåra og krava på det steget i verdsutviklinga vi står på no.
Alle kommunistpartia var samde om at det tjuande landsmøtet til SUKP spelte ein særs stor rolle på dette feltet. Dette var innleiinga til ein ny bolk i utviklinga av heile den kommunistiske rørsla. Denne vurderinga er innskriven i 1957-Fråsegna og 1960-Kunngjeringa — dei dokumenta som kommunistpartia utarbeidde kollektivt og som formulerte den allmenne politiske kursen til den kommunistiske rørsla i vår tid.
Men no har leiarane i KKP lagt fram ein annan kurs som motvekt. Det dei står for skil seg meir og meir frå generallina til den kommunistiske rørsla når det gjeld grunnleggjande spørsmål.
Dette gjeld framfor alt spørsmålet om krig og fred.
Når ein vurderer problema som gjeld krig og fred, når ein skal finna vegen til å løysa dei, kan det ikkje finnast noko som er uklårt eller nokon atterhald. For dette er eit spørsmål som gjeld lagnaden til folka, framtida til heile menneskeætta.
Sentralkomiteen i SUKP meiner det er vår plikt å seia rett ut til partiet og folket at når det gjeld spørsmålet om krig og fred, er det prinsipiell og grunnleggjande usemje mellom leiinga i KKP og oss og den kommunistiske verdsrørsla. Kjernen i usemja ligg i at vi har heilt motsette syn på slike viktige problem som om det er råd å hindra ein atomverdskrig, fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem, samanhengen mellom striden for fred og utviklinga til den revolusjonære verdsrørsla.
I vedtaka på det tjuande og det tjueandre landsmøtet påla partiet vårt kommunistane, og då som ei framståande og viktig oppgåve, å stri for fred og for å hindra ein atomkatastrofe i verda. Det same gjorde den kommunistiske verdsrørsla i Fråsegna og Kunngjeringa. Vi har ei realistisk vurdering av styrkeforholdet i verda og drar fylgjande slutning: Jamvel om imperialismen ikkje har endra karakter og ein ikkje har greidd å hindra at det er fåre for krig, så kan fredskreftene i vår tid
— med det mektige verdssamfunnet av sosialistiske statar som den fremste skansen — med sams strev hindra ein ny verdskrig.
Vi har 6g ei sakleg vurdering av den radikale kvalitative endringa som har skjedd når det gjeld midla for å føra krig og fylgjeleg av kva fylgjer dei kan ha. Atom- og rakettvåpna som vart oppfunne midt i dette hundreåret har endra tidlegare oppfatningar av kva krig er. Desse våpna har ei øydeleggingskraft som har vore ukjent til no. Det må vera nok å fortelja at ei sterk atombombe har større eksplosjonsstyrke enn all ammunisjon som er brukt i alle tidlegare krigar, irekna fyrste og andre verdskrigen. Og no er det lagra opp fleire tusen slike bomber.
Har kommunistar rett til å oversjå ein slik fåre? Må vi fortelja folket heile sanninga om fylgjene av ein atomkrig? Vi er ikkje i tvil om at vi må det. Dette vil ikkje ha ein «lammande» verknad på massane, slik dei kinesiske kameratane påstår. Tvert om kjem sanninga om moderne krigføring til å kveikja viljen og styrken til massane i striden for fred og mot imperialismen — kjelda til fåren for krig.
Den historiske oppgåva til kommunistane er å organisera og leia den striden folka fører for å hindra ein verdskrig med atomvåpen.
Det er fullt mogleg og gjennomførleg å hindra ein ny verdskrig. Det tjuande landsmøtet i partiet vårt kom til ei umåteleg viktig slutning — i vår tid er det ikkje lagnadsbunde at krig mellom statar er uunngåeleg. Denne slutninga er ikkje berre bygd på fromme ynskje — ho er resultatet av ein realistisk og strengt vitskapleg analyse av styrketilhøvet mellom klassekreftene i verda, ho er bygd på den umåtelege styrken til verdssosialismen. Heile den kommunistiske verdsrørsla deler vårt syn på dette spørsmålet. Fråsegna understrekar at «det er råd å hindra verdskrig», «det kan verkeleg verta råd å sjå bort frå verdskrig i samfunnslivet, jamvel før sosialismen har vunne full siger på jorda, og medan det framleis er kapitalisme i ein del av verda».
Dei kinesiske kameratane har og underteikna denne Fråsegna.
Men kvar står så leiinga i KKP? Kva meiner dei med dei utsegnene dei kjem med, dvs., at vi ikkje kan få slutt på krig så lenge det finst imperialisme, at fredeleg samlivnad er ein illusjon, at fredeleg samlivnad ikkje er det allmenne prinsippet for utanrikspolitikken til dei sosialistiske landa, at striden for fred hindrar revolusjonær strid?
Desse utsegnene vil seia at dei kinesiske kameratane handlar i strid med generallina til den kommunistiske verdsrørsla i spørsmålet om krig og fred Dei trur ikkje det er råd å hindra ein ny verdskrig, dei undervurderer dei kreftene som arbeider for fred og sosialisme, og overvurderer kreftene til imperialismen. Dei overser i røynda mobiliseringa av massane for å kjempa mot krigsfåren.
Det syner seg at dei kinesiske kameratane ikkje trur at folka i dei sosialistiske landa, den internasjonale arbeidarklassen og alle dei demokratiske og fredskjære kreftene har evne til å knusa planane til krigshissarane og vinna fred for vår eigen og komande generasjonar. Kva ligg bak dei høglydde revolusjonære frasane til dei kinesiske kameratane? Mistru til styrken til arbeidarklassen og den revolusjonære evna hans, mistru til at fredeleg samlivnad er mogleg eller at proletariatet kjem til å sigra i klassekampen. Striden for å hindra krig sameiner alle fredskjære krefter. Dei har ulik klassesamansetting og ulike klasseinteresser. Men dei kan sameinast i striden for fred, for å hindra krig, av di atombomba dreg ingen klasseskilje — ho drep alle som er innafor det området ho har øydeleggingskraft.
Dersom ein skulle fylgja den vegen dei kinesiske kameratane gjer framlegg om, ville det vera det same som å støyta massane bort frå kommunistpartia som har vunne godvilje frå folka ved å stri uthaldande og djervt for fred.
I tankane til dei breie massane høyrer sosialisme og fred uskiljeleg saman!
Det er opplagt at dei kinesiske kameratane undervurderer alle fårane ved ein atomkrig. «Atombomba er ein papirtiger», «ho er ikkje skræmeleg i det heile», hevdar dei. Hovudsaka er, seier dei, å gjera ende på imperialismen så snøgt som råd. Korleis, og kva tap dette kan føra med seg, ser ut til å vera underordna spørsmål. Underordna for kven, kan ein spørja — for dei hundretals millionar menneske som ville vera dømde til dauden om ein atomkrig vart utløyst? For dei landa som ville verta utrydda frå jordoverflata dei aller fyrste timane i ein slik krig?
Ingen, ikkje ein gong ein stor stat, har rett til å leika med lagnaden til milliontals menneske. Dei som ikkje vil streva hardt for å få bort verdskrig frå livet til folka, hindra masseutrydding og øydelegging av verdiane i menneskesivilisasjonen, fortener å verta fordømte.
Brevet frå sentralkomiteen i KKP av 14. juni seier mykje om «uunngåelege offer» i revolusjonens namn, som det heiter. Nokre ansvarlege kinesiske leiarar har og sagt at det er mogleg å ofra hundretals millionar menneske i ein krig. Dessutan står fylgjande påstand i samlinga «Lenge leva leninismen!» som vart godkjend av sentralkomiteen i KKP: «På ruinane av den øydelagde imperialismen kjem dei sigerrike folka utruleg snøgt til å skapa ein sivilisasjon som er tusen gongar høgre enn under det kapitalistiske systemet, og dei kjem til å byggja seg ei verkeleg strålande framtid.»
Det må vera lov å spørja dei kinesiske kameratane: Forstår dei kva slag «ruinar» det ville verta etter ein verdskrig med atom- og rakettvåpen?
Sentralkomiteen i SUKP — og vi er overtydde om at heile partiet og heile sovjet-folket støttar oss fullt ut i dette — kan ikkje dela synet til den kinesiske leiinga om at det kjem til å verta skapt «ein tusen gonger høgre sivilisasjon» på lika til hundretals millionar menneske. Eit slikt syn står i grunnleggjande motstrid til ideane i marxismen-leninismen.
Det må vera lov å spørja dei kinesiske kameratane: Kva middel har dei tenkt å knusa imperialismen med? Vi er fullt og heilt for å knusa imperialismen og kapitalismen. Ikkje berre trur vi at kapitalismen er dømt til å gå under men vi gjer og alt vi kan for å få til dette gjennom klassekampen, og så snart som råd. Kven skal avgjera dette historiske spørsmålet? Fyrst og fremst arbeidarklassen, med fortroppen sin, det marxist-leninistiske partiet i leiinga, og det arbeidande folket i kvart land.
Dei kinesiske kameratane gjer framlegg om noko anna. Dei seier beint fram «På ruinane av den øydelagde imperialismen», med andre ord som fylgje av at det er utløyst ein krig «kjem det til å verta bygt ei strålande framtid». Dersom vi skal godta det, så finst det i røynda ikkje noko behov for prinsippet om fredeleg samlivnad, for striden for å styrkja freden. Vi kan ikkje slå inn på ein slik eventyrveg — det står i motstrid til kjernen i marxismen-leninismen.
Alle veit at under dei rådande tilhøva ville ein verdskrig vera ein atomkrig. Imperialistane kjem aldri til å gå med på å forlata scenen friviljug, å gå i grava av eigen, fri vilje, utan å gripa til dei ekstreme midla dei har til rådvelde.
Det er tydeleg at dei som skildrar atomvåpna som ein «papirtiger» ikkje til fulle kjenner øydeleggingskrafta dei har.
Vi tar dette med i rekninga på ein nøktern måte. Vi lagar sjølv atomvåpen og har produsert tilstrekkjeleg av dei. Vi kjenner øydeleggingskrafta deira fullt ut. Og dersom imperialismen set i gong ein krig mot oss, kjem vi ikkje til å nøla med å nytta dette uhyggjelege våpenet mot aggressoren. Men dersom vi ikkje vert utsette for åtak, skal vi ikkje vera dei fyrste til å bruka det.
Marxist-leninistar strevar for å tryggja varig fred, ikkje ved å be imperialistane audmjukt om det, men ved å fylka dei revolusjonære marxist-leninistiske partia, ved å fylka arbeidarklassen i alle land, ved å fylka folka som kjempar for fridom og nasjonalt sjølvstende, ved å lita på den økonomiske styrken og forsvarsstyrken til dei sosialistiske statane.
Vi skulle gjerne spørja dei kinesiske kameratane som tilbyr seg å byggja ei strålande framtid på ruinane av den gamle verda som er øydelagt av atomkrig: Har dei i dette spørsmålet rådført seg med arbeidarklassen i dei landa der imperialismen har makta? Arbeidarklassen i dei kapitalistiske landa ville heilt visst ha fortalt dei fylgjande: Ber vi dykk om å starta krig og øydeleggja landa våre i prosessen med å knusa imperialistane. Trass alt er monopolistane, imperialistane, berre ei nokså lita gruppe, medan storparten av folkesetnaden i dei kapitalistiske landa er arbeidarklassen, dei arbeidande bøndene, dei arbeidande intellektuelle. Atombomba skil ikkje mellom imperialistar og arbeidsfolk, ho råkar område. Då kjem milliontals arbeidarar til å verta drepne for kvar monopolist som vert utrydda. Arbeidarklassen, det arbeidande folket, kjem til å spørja slike «revolusjonære»: Kva rett har de til å avgjera på våre vegner spørsmål som gjeld sjølve livet vårt og klassekampen — vi dg ynskjer sosialisme, men vi ynskjer å vinna sosialismen gjennom klassekamp, ikkje ved at det vert sett i gong ein verdskrig med atomvåpen.
Måten dei kinesiske kameratane legg fram spørsmålet på kan vekkja rettkomen mistanke om at dei ikkje ser striden for å avskaffa kapitalismen frå ein klassesynsstad lenger, men at dei har heilt andre mål. Dersom både utbyttarar og utbytta vert gravlagde under ruinane av den gamle verda, kven skal så byggja den «strålande framtida»?
I denne samanhengen kan ein heller ikkje la det gå umerka at dei kinesiske kameratane i staden for ei klassebunden, internasjonalistisk haldning som er uttrykt i slagordet «Arbeidarar i alle land, gå saman!», einvist propaganderer eit slagord som ikkje har det minste klasseinnhald: «Vinden frå aust er sterkare enn vinden frå vest».
I spørsmål som gjeld den sosialistiske revolusjonen, held partiet vårt fast ved eit marxist-leninistisk klassesyn. Vi trur at revolusjonen i alle land vert gjennomført av arbeidarklassen, det arbeidande folket, og utan militær innblanding utanfrå.
Det er sjølvsagt opplagt at dersom dei imperialistiske galningane startar ein krig, så kjem folka til å feia bort kapitalismen og gravleggja han. Men kommunistane, talsmennene for folka, dei som verkeleg står for sosialistisk humanisme, må gjera alt dei kan for å hindra ein ny verdskrig der hundretals millionar ville omkoma.
Ikkje noko parti som ber interessene til folket i hjartet, kan la vera å vedgå det ansvaret det har i striden for å unngå ein ny verdskrig og tryggja fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem.
Då kamerat N. S. Khrusjtsjov uttrykte politikken til partiet vårt, sa han: «Det kjem til å vera frigjeringskrigar så lenge det finst imperialisme, så lenge det finst kolonialisme. Dette er revolusjonære krigar. Det er ikkje berre slik at slike krigar kan tillatast. Dei er ikkje til å unngå, for kolonialistane gjev ikkje sjølvstende til nasjonar friviljug. Difor er det berre ved strid, irekna væpna strid, at folka kan vinna fridom og sjølvstende». Sovjetunionen gjev brei støtte til den nasjonale frigjeringsrørsla. Alle veit kva praktisk hjelp landet vårt har gjeve til folka i Vietnam, Egypt, Irak, Algerie, Jemen, Cuba og i andre land.
Sovjetunionens Kommunistiske Parti har utropt det leninistiske prinsippet om fredeleg samlivnad til generallina i utanrikspolitikken sin, og det fylgjer denne lina utan å vakla. Etter 1953, og særleg etter det tjuande landsmøtet i SUKP har fredspolitikken vår og den innverknaden han har på utviklinga av internasjonale samhøve til beste for massane fått svært mykje meir å seia.
Dei kinesiske kameratane påstår at vi forstår omgrepet «fredeleg samlivnad» slik at alle prinsippa for tilhøvet vårt, ikkje berre til imperialistiske land, men og til sosialistiske land og landa som nett har brote ut frå koloniåket, vert verdilause. Dei veit svært så godt at dette ikkje er sant, at vi var dei fyrste som utropte prinsippet om venskap og kameratsleg innbyrdes hjelp som det viktigaste prinsippet i tilhøvet mellom sosialistiske land, og at vi held fast ved dette prinsippet, at vi gjev allsidig og mangfaldig hjelp til frigjorde nasjonar, Og likevel synest dei av ein eller annan grunn at det er til føremon for dei å leggja fram alt dette i eit heilt forvrengt lys.
Den uthaldande striden Sovjetunionen har ført for fred og internasjonal tryggleik, for allmenn og full nedrusting, striden for å fjerna leivningane etter den andre verdskrigen, for å løysa internasjonale spørsmål ved forhandlingar, har gjeve resultat. Vyrdnaden for landet vårt er høgre enn nokon gong før. Den internasjonale stillinga vår er sterkare enn nokon gong. Grunnen til dette er den stadig veksande økonomiske og militære styrken til Sovjetunionen og dei andre sosialistiske landa, og den fredelege utanrikspolitikken dei fører.
Sentralkomiteen i SUKP kunngjer at vi har fylgt, fylgjer og kjem til å fylgja den leninistiske lina med fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem. I dette ligg plikta partiet vårt har både andsynes sovjet-folket og folka i alle andre land. Å tryggja freden vil seia å gjera det beste ein kan for å grunnfesta det sosialistiske systemet, og fylgjeleg, for at innverknaden det har på heile gangen i frigjeringsstriden, på den revolusjonære prosessen i verda, skal auka.
Den djupe meiningsskilnaden når det gjeld synet på krig, fred og fredeleg samlivnad mellom SUKP og andre marxist-leninistiske parti på den eine sida og leiarane i KKP på den andre, kom særskilt klårt fram under Cuba-krisa i 1962. Det var ei skarp internasjonal krise — aldri før hadde menneskeætta vore så nær ein atomkrig som i oktober i fjor.
Dei kinesiske kameratane hevdar at vi gjorde ein «eventyrpolitisk» feil under Cuba-krisa då vi sende rakettar til Cuba og så «kapitulerte» for den amerikanske imperialismen då vi trekte rakettane attende frå Cuba.(1)
Slike påstandar er heilt i motstrid med kjensgjerningane.
Korleis var stoda eigenleg? Sentralkomiteen i SUKP og sovjetregjeringa hadde pålitande opplysningar om at USA-imperialismen var ved å setja i verk væpna aggresjon mot Cuba. Det var heilt klårt for oss at skulle ein kunna slå attende aggresjonen og forsvara den kubanske revolusjonen effektivt, ville dette krevja særs drastiske tiltak. Forbanningar og åtvaringar — jamvel om dei vert kalla «alvorlege åtvaringar» og vert tekne opp att 250 gonger — har ikkje nokon verknad på imperialistar.
Sovjetregjeringa og regjeringa på Cuba hadde som utgangspunkt at det var naudsynt å forsvara den kubanske revolusjonen, og dei vart samde om at det skulle stasjonerast rakettar på Cuba av di dette var den einaste realistiske måten å hindra amerikansk imperialistisk aggresjon på. Då vi leverte rakettar til Cuba, var dette eit uttrykk for at eit åtak på Cuba ville verta møtt med skarpe mottiltak og at det ville verta brukt rakettvåpen mot dei som organiserte aggresjonen. Det kom som eit sjokk på dei amerikanske imperialistane at Sovjetunionen og Cuba tok eit slikt viljefast steg — for fyrste gong i soga fekk dei kjensla av at eit væpna åtak på Cuba ville verta møtt med eit knusande slag mot deira eige territorium.
Sidan dette ikkje berre var ein konflikt mellom USA og Cuba, men ein samanstøyt mellom dei to store atommaktene, ville Cuba-krisa ha utvikla seg til ei verdskrise. Det var ein verkeleg fåre for ein verdskrig med atomvåpen.
I denne situasjonen kunne ein gjera to ting. Anten kunne ein leggja seg på same lina som «villmennene» (nemninga på dei mest aggressive og reaksjonære representantane for den amerikanske imperialismen) og utløysa ein verdskrig med atomvåpen, eller så kunne ein nytta det høvet som baud seg på grunn av leveringa av rakettane og gjera alt ein kunne for å nå fram til semje om ei fredeleg løysing på krisa og hindra aggresjon mot republikken Cuba.
Vi valde, som ein veit, den andre vegen, og vi er overtydde om at vi handla rett. Vi er visse på at folket vårt er fullt ut samde med oss. Sovjet-folket har meir enn ein gong synt at det evnar å forsvara seg, forsvara revolusjonen og sosialismen. Det er ingen som veit betre enn dei kor mykje sorg og liding krig fører med seg, kva tyngsler og offer det krev av folka.
Semja om å fjerna rakettvåpna frå Cuba som svar på at regjeringa i USA batt seg til ikkje å invadera Cuba og halda sine allierte frå å gjera det, den heltemodige striden til det kubanske folket, støtta dei fekk frå dei fredskjære nasjonane, gjorde det råd å stagga planane til dei yttarleggåande, eventyrlystne krinsane mellom dei amerikanske imperialistane. Dei var budde på å gå heile lina til endes. Resultatet var at vi greidde å verna det revolusjonære Cuba og berga freden.
Når vi seier at Kennedy-regjeringa dg synte ein viss fornuft, ei realistisk tilnærming til Cuba-krisa, ser dei kinesiske kameratane det som «ei skjønnmåling av imperialismen». Trur dei verkeleg at alle borgarlege regjeringar manglar fornuft i alt dei gjer?
Takk vera den djerve og framsynte politikken til Sovjetunionen, takk vera at det heltemodige kubanske folket og regjeringa deira sto fast og synte måtehald, fekk dei sosialistiske kreftene og fredskreftene synt at dei evna å stagga dei aggressive imperialistiske kreftene og tvinga fred på talsmennene for krig. Dette var ein stor siger for ein fornuftspolitikk, for fredskreftene og dei sosialistiske kreftene. Det var eit nederlag for dei imperialistiske kreftene, for politikken med krigseventyr.
Resultatet var at det revolusjonære Cuba no lever i fred og byggjer sosialismen under leiing av Det sameinte partiet for den sosialistiske revolusjonen og leiaren for det kubanske folket, kamerat Fidel Castro Ruz.
Då det vart nådd semje med den amerikanske presidenten og det såleis vart gjort eit opptak til å få slutt på Cubakrisa, var dei kinesiske kameratane særskilt oppfinnsame når det galdt å fornærma Sovjetunionen og koma med klagemål mot han, og dei argumenterte med at ein ikkje kunne tru på det imperialistane seier.
Vi lever i ein tidsalder der det er to verder, to system — sosialisme og imperialisme. Det ville vera galskap å tru at alle dei spørsmåla som må oppstå i tilhøvet mellom land frå desse to systema berre kan løysast ved våpenmakt, at ein kan utelata samtalar og avtalar. Om det var slik, ville det aldri bli nokon ende på krigane. Vi går imot eit slikt syn.
Dei kinesiske kameratane argumenterer med at ein ikkje kan tru på imperialistane i noka sak, dei driv alltid med narrespel. Det er ikkje spørsmål om tru, men om sakleg vurdering. Det er gått åtte månader sidan Cuba-krisa var over, og regjeringa i USA held framleis ord — det har ikkje kome nokon invasjon på Cuba. Vi har og oppfylt vår skyldnad, som var å fjerna rakettane frå Cuba.
Men ein må og hugsa at vi har teke på oss ein skyldnad andsynes det kubanske folket og. Dersom USA-imperialistane bryt lovnaden sin og invaderer Cuba, skal vi koma det kubanske folket til hjelp. Alle vituge personar skjønar at dersom det kjem ein amerikansk imperialistisk invasjon, skal vi koma det kubanske folket til hjelp frå russisk territorium, nett som vi ville ha hjelpt dei frå kubansk territorium. Det er sant at rakettane då ville vera i lufta i litt lenger tid, men dei ville treffa like godt.
Kvifor overser då dei kinesiske kameratane så einvist den vurderinga leiarane for den kubanske revolusjonen sjølve kjem med om politikken til sovjetregjeringa? Dei kallar han ein politikk med samhald mellom brør og ekte internasjonalisme. Kva er det dei kinesiske kameratane er så misnøgde med? Kanskje at det var råd å hindra invasjon på Cuba og at det vart utløyst ein verdskrig?
Og korleis tedde leiinga i KKP seg under Cuba-krisa? I denne kritiske augneblinken sette dei kinesiske kameratane sitt eige syn opp mot den realistiske og faste haldninga til sovjetregjeringa. Leidde av sine eigne særskilde synsmåtar retta dei hovudskytset i kritikken sin mot SUKP, og ikkje så mykje mot den aggressive USA-imperialismen.
Ved denne avgjerande krossvegen tok leiarane i KKP, som hadde argumentert med at imperialismen når som helst kunne setja i gong ein verdskrig, på seg rollen som kritikar, og ikkje som kampbror og kamerat. I dei dagane høyrde ingen noko frå dei kinesiske leiarane om kva dei hadde gjort av praktiske ting for å forsvara den kubanske revolusjonen. I staden arbeidde dei kinesiske leiarane heilt klårt for å skjerpa den allereie kritiske situasjonen i området rundt Det karibiske havet, og bar ved til det ulmande bålet konflikten var.
Den haldninga leiinga i KKP verkeleg har til spørsmålet om krig og fred er at dei grovt undervurderer — ja, medvite overser — striden for nedrusting. Det er kome klårt og tydeleg fram. Dei kinesiske kameratane går jamvel mot at kommunistar reiser dette spørsmålet, og hevdar jamvel at dei held seg til marxismen-leninismen. Dei prøver på alle vis å prova at nedrusting er «ugjennomførleg» på den eine sida, og unødvendig på den andre. Dei sjonglerer med sitat, og prøver med dette å prova at allmenn nedrusting berre er mogleg når sosialismen har sigra i heile verda.
Må marxistane sitja og venta på at sosialismen skal sigra heile verda, no når verda vert kvelt i våpenkapplaupet, når imperialistane lagrar opp mengder med atomvåpen og trugar med å kasta menneskeætta ut over stupet til ein verdskrig?
Nei, det ville vera kriminelt å sitja med hendene i fanget når ein ser på kva bydande krav tida stiller.
Alle verkelege marxist-leninistar har kjent denne sanninga i lang tid. Dei kjenner det ansvaret dei har overfor folka, og har i mange år kjempa — og kjem til å halda fram med å kjempa — ein hard og uthaldande strid for allmenn og full nedrusting, for å forby atomvåpen og prøver med atomvåpen.
Når vi kjempar for fred, når vi fremjar parolen om allmenn nedrusting, går vi ut frå dei livsviktige interessene til folka. Vi tar omsyn til stoda slik ho er og let ikkje att augo for vanskane. Imperialistane gjer sjølvsagt alt dei kan for å seinka og hindra at det vert nådd semje om nedrusting — det tener dei på. Dei nyttar våpenkapplaupet for å gjera seg sjølve rikare og for å halda folket i dei kapitalistiske landa i age. Men må vi symja med straumen, må vi fylgja i kjølvatnet til imperialismen og nekta å mobilisera alle krefter for å kjempa for fred og nedrusting?
Nei. Det ville vera det same som å overgje seg til dei aggressive kreftene, til militaristane og imperialistane. Vi trur at arbeidarklassen og det arbeidande folket i alle land kan tvinga dei imperialistiske regjeringane til å gå med på nedrusting, at dei kan hindra krig. For å kunna dette, må dei framfor alt verta medvitne om styrken sin og gå saman.
Den organiserte styrken til arbeidarklassen i verda må setjast opp mot imperialist- og krigskreftene. Dei har no den føremonen at dei kan lita på den materielle styrken og forsvarsevna til dei sosialistiske landa som står i motsetnad til imperialismen. Den tida då imperialismen hadde all makt, er over for alltid. Situasjonen har og endra seg særs mykje samanlikna med dei fyrste tiåra etter Oktoberrevolusjonen, då landet vårt sto åleine og var mykje veikare enn det er i dag. Styrketilhøvet i verda er eit heilt anna no. Det er grunnen til at det å hevda at krig ikkje er til å unngå er det same som å ha mistru til dei sosialistiske kreftene, å gje etter for vonløyse og nederlagsstemningar.
Ein kan ta opp att i det endelause at krig ikkje er til å unngå og leggja fram dette synet som prov på «den revolusjonære anden» sin. I røynda viser dette synet at ein ikkje lit på sin eigen styrke, at ein er redd imperialismen.
Det finst framleis sterke krefter i den imperialistiske leiren som går imot nedrusting. Men det er nett for å tvinga desse kreftene til å vika attende, vi må vekkja vreiden til folka mot dei, vi må tvinga dei til å handla i samsvar med viljen til folka.
Folka vil ha nedrusting, og trur at kommunistane er fortroppen og dei som organiserer striden for å få dette til.
Striden vår for nedrusting er ikkje ein taktisk manøver. Vi har eit ærleg ynskje om nedrusting. Og i dette står vi heilt og halde på marxismen-leninismen. Alt ved slutten av førre hundreåret peikte Friedrich Engels på at nedrusting var mogleg, og han skildra det som «garantien for fred». I vår tid vart slagordet om nedrusting fyrst sett fram som praktisk mål av V. I. Lenin, og dei fyrste framlegga frå Sovjetunionen om full eller delvis nedrusting vart lagde fram så tidleg som i 1922, på Genovakonferansen. Dette var medan Lenin levde, og han formulerte framlegga om nedrusting.
Striden for nedrusting er ein hovudfaktor for å hindra krig. Det er ein verknadsfull strid mot imperialismen. Det absolutte fleirtalet av menneskeætta står på same sida som den sosialistiske leiren i denne striden.
Dei kinesiske kameratane la fram parolen om «å setja hardt mot hardt»,som motvekt til den politikken dei andre sosialistiske landa fører for å betra den internasjonale situasjonen og få slutt på den kalde krigen. Denne parolen er i røynda vatn på mølla til den imperialistiske politikken med å driva ting så langt råd, og han hjelper dei som er for våpenkapplaupet. Ein får inntrykk av at leiarane i KKP ser det som ein føremon for seg at den internasjonale spenninga vert halden ved lag og skjerpt, særleg når det gjeld tilhøvet mellom Sovjetunionen og USA. Dei meiner tydelegvis at Sovjetunionen skulle svara på provokasjonar med provokasjonar, falla i dei fellene dei imperialistiske «villmennene» set opp, ta imot den imperialistiske utfordringa om å kappast i eventyrtiltak og aggressivitet, dvs. å kappast om å utløysa krig, ikkje om å tryggja fred.
Å gå denne vegen ville vera å setja freden og tryggleiken til nasjonane i fåre. Kommunistane set interessene til folka høgt og kjem difor aldri til å fylgja denne vegen.
Striden for fred, for å få sett prinsippet om fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem uti livet, er ei av dei viktigaste formene for folkestrid mot imperialismen, mot dei nye krigane dei førebur, mot aggressive imperialistaksjonar i koloniland, mot imperialistiske militærbasar på framand jord, mot våpenkapplaupet, osb. Denne striden er til gagn for arbeidarklassen og heile det arbeidande folket, og er i så måte klassekamp.
Partiet vårt og alle systerpartia hugsar og vert leidde av slutninga i Fråsegna om at striden mot fåren for ein ny verdskrig må utviklast utan at ein ventar til det vert sleppt atom- og hydrogenbomber. Det er no vi må føra denne striden, og vi må skjerpa han dag for dag. Hovudsaka er å stagga aggressorane i god tid, hindra krig, ikkje la det få lov til å bryta ut krig. Å kjempe for fred i dag inneber at ein må halda vaktsemda høgt, utrøyttande avsløra den imperialistiske politikken, halda nøye auge med kva manøvrar og samansverjingar krigshissarane driv med, vekkja vreiden til folka mot dei som fører ein politikk for krig, betra organiseringa av fredskreftene, heile tida auka massearbeidet for red og styrkja samarbeidet med alle statar som ikkje er interesserte i nye krigar.
Striden for fred og fredeleg samlivnad svekkjer den imperialistiske fronten, isolerer dei mest aggressive krinsane i han frå folket, og hjelper til med å fremja den revolusjonære striden til arbeidarklassen og den nasjonale frigjeringsstriden folka fører.
Striden for fred og fredeleg samlivnad er organisk knytt til den revolusjonære striden mot imperialismen. Fråsegna frå dei 81 kommunistpartia seier fylgjande: «Under tilhøve med fredeleg samlivnad er det gode vilkår for å utvikla klassestriden i dei kapitalistiske landa og den nasjonale frigjeringsrørsla til folka i kolonilanda og dei usjølvstendige landa. I sin tur fremjar framgangane i den revolusjonære klassestriden og striden for nasjonal frigjering fredeleg samlivnad.»
Under tilhøve med fredeleg samlivnad har proletariatet vunne nye viktige sigrar i klassestriden dei siste åra. Det same gjeld striden folka fører for nasjonal frigjering. Den revolusjonære prosessen i verda utviklar seg med framgang.
Difor er det å skilja kampen for fredeleg samlivnad mellom land med ulike samfunnssystem frå den revolusjonære kampen mot imperialisme og kolonialisme, for sjølvstende og sosialisme — og setja dei opp mot einannan, slik dei kinesiske kameratane gjer — det same som å redusera prinsippet om fredeleg samlivnad til ein tom frase, å riva ålt verkeleg innhald ut av det, og i røynda oversjå at det må førast viljefast strid mot imperialismen, for fred og fredeleg samlivnad. Det ville berre imperialistane tena på.
I brevet sitt frå 14. juni skuldar sentralkomiteen i KKP kommunistpartia for å utvida fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem til å gjelda tilhøvet mellom utbyttarar og utbytta, mellom dei undertrykte klassane og undertrykkjarklassane, mellom det arbeidande folket og imperialistane. Dette er løgn frå ende til annan og baktaling av systerparti som leier proletariatet i klasseslaga mot kapitalen, og som alltid støttar den revolusjonære striden og dei rettferdige frigjeringskrigane mot imperialismen.
Argumenta leiarane i KKP legg fram i striden sin mot SUKP og dei andre systerpartia er så veike at dei må ty til all slags skarveferd. Dei byrjar med å tilskriva oss heilt grunnlause utsegner dei sjølv har funne på, og så går dei vidare til å koma med klagemål mot oss, kjempa mot oss og avsløra desse utsegnene. Dette er tilfelle med den absurde påstanden deira om at SUKP og dei andre systerpartia har forkasta revolusjonen og sett fredeleg samlivnad i staden for klassekamp. Jamvel studentar i ei studiegruppe i politikk veit at fredeleg samlivnad gjeld statstilhøve mellom sosialistiske og kapitalistiske statar. Prinsippet om fredeleg samlivnad kan sjølvsagt ikkje på nokon måte utvidast til å gjelda tilhøvet mellom antagonistiske klassar i kapitalistiske statar. Heller ikkje kan ein utvida det til å gjelda striden arbeidarklassen fører mot borgarskapet for klasseinteressene sine, eller til å gjelda striden dei undertrykte folka fører mot kolonialistane. SUKP går sterkt imot fredeleg samlivnad når det gjeld ideologi. Dette er sjølvinnlysande sanningar som alle som reknar seg som marxist-leninistar skulle ha kunna.
III
Det er alvorleg usemje mellom KKP og SUKP og dei andre marxist-leninistiske partia når det gjeld spørsmålet om å kjempa mot fylgjene av persondyrkinga av Stalin.
Leiarane i KKP har teke på seg rollen med å forsvara persondyrkinga og spreia dei range ideane til Stalin. Dei prøver å tvinga inn på andre parti den ordninga, ideologien og moralen, formene og metodane for leiing som blømde i perioden med persondyrking. Vi seier rett ut at vi ikkje misunner dei denne rollen. Han kjem korkje til å gje dei ære eller ros. Ingen kjem til å greia å overtala marxist-leninistar, eller progressive allment, til å forsvara persondyrkinga.
Sovjet-folket og den kommunistiske verdsrørsla veit å verdsetja det motet, djervskapen og den sanne leninistiske prinsippfaste haldninga partiet vårt og sentralkomiteen med N. S. Khrusjtsjov i leiinga synte i arbeidet for å gjera fylgjene av persondyrkinga til inkjes.
Alle veit at partiet vårt gjorde dette for å lyfta bort den tunge børa som la dei store kreftene til folket i lekkjer, og med dette ville det skunda på utviklinga av sovjetsamfunnet. Partiet vårt gjorde dette for å halda reine dei sosialistiske ideala som Lenin gav oss i arv, og for å reinsa dei for dei flekkane dei hadde fått gjennom misbruk av personleg makt og vilkårleg maktbruk. Det gjorde dette for å hindra at dei tragiske hendingane som fylgde med persondyrkinga skulle ta seg opp att, for å hjelpa alle sosialistiske stridsmenn til å dra lærdom av røynsla vår.
På rett måte forstod og støtta heile kommunistrørsla striden mot persondyrkinga, som er framand for marxismen-leninismen, og mot dei skadelege fylgjene av ho. Dei kinesiske leiarane sa seg og samde i dette. Dei tala om at det tjuande landsmøtet i SUKP var umåteleg viktig internasjonalt.
I opningstalen til det åttande landsmøtet i Kinas Kommunistiske Parti i september 1956, sa kamerat Mao Tsetung:
«Kameratane i Sovjetunionen, sovjet-folket, har handla i samsvar med pålegga frå Lenin. Dei har vunne strålande framgangar på stutt tid. Likeins utarbeidde det tjuande landsmøtet som nett er halde, mange rette politiske formuleringar og fordømte veikskapar i arbeidet til partiet. Ein kan trygt seia at arbeidet deira i framtida og kjem til å utvikla seg uvanleg sterkt».
I den politiske meldinga frå sentralkomiteen i KKP som vart lagt fram på landsmøtet av kamerat Liu Shao-chi, kom denne vurderinga endå tydelegare fram:
«Det tjuande landsmøtet i Sovjetunionens Kommunistiske Parti som vart halde i februar i år, er ei svært viktig politisk hending for heile verda. Ikkje berre la det opp ein storslått plan for den sjette femårsbolken og fleire særs viktige politiske direktiv for å fremja sosialismen og fordømma persondyrkinga som hadde fått alvorlege fylgjer i partiet, men det kom 6g med framlegg for å vidareføra fredeleg samlivnad og internasjonalt samarbeid, og gav eit framståande tilskot til å svekkja den internasjonale spenninga.»
På det same åttande landsmøtet i KKP sa kamerat Teng Hsiao-ping fylgjande i meldinga om endringar i partivedtektene:
«Leninismen krev at partivedtak i alle viktige spørsmål skal gjerast av det rette kollektivet, og ikkje av nokon einskildperson. Det tjuande landsmøtet i SUKP gav eit overtydande døme på at det er særs viktig å halda seg til prinsippet om kollektiv leiing utan å vakla, og stri mot persondyrkinga. Dette har hatt ein umåteleg stor innverknad ikkje berre i SUKP, men og i kommunistparti i alle land i verda».
I den velkjende leiaren i Folkets Dagblad, «Endå ein gong om den historiske røynsla frå proletariatets diktatur» (desember 1956), skreiv dei kinesiske kameratane:
«Det tjuande landsmøtet i Sovjetunionens Kommunistiske Parti synte overlag sterk vilje og stort mot ved å fjerna Stalin-dyrkinga, avsløra dei alvorlege feila til Stalin, og gjera fylgjene av feila til Stalin til inkjes. Over heile verda støttar marxist-leninistane og dei som sympatiserer med kommunismen, strevet til Sovjetunionens Kommunistiske Parti for å retta opp feila, og dei ynskjer kameratane i Sovjetunionen all framgang i arbeidet sitt.»
Og nett slik var det det var.
Fordomsfrie folk som samanliknar desse utsegnene frå dei kinesiske leiarane med brevet frå sentralkomiteen i KKP av 14. juni, kan sjå at dei har snudd heilt om på vurderinga si av det tjuande landsmøtet i partiet vårt.
Men er det lov å vakla og vera inkonsekvent i slike prinsippspørsmål? Sjølvsagt ikkje.Anten er det slik at dei kinesiske leiarane ikkje var usamde med sentralkomiteen i SUKP i desse prinsippspørsmål tidlegare, eller så er alle desse utsegnene falske.
Det er velkjent at praksis er det beste kriteriet på sanning.
Og praksis har på overtydande vis synt at gjennomføringa av lina frå det tjuande, tjuefyrste og tjueandre landsmøtet i SUKP har gjeve strålande resultat i livet til landet vårt. I dei ti åra som er gått sidan partiet vårt gjorde ei skarp vending for å setja inn att dei leninistiske prinsippa og normene i partilivet, har sovjetsamfunnet nådd utrulege resultat i økonomisk, vitskapleg og kulturell utvikling, når det gjeld å auka levestandarden, grunnfesta forsvarsevna og setja utanrikspolitikken sin ut i livet med framgang.
Redsla, mistrua og uvissa som forgifta livet til folket i tidbolken med persondyrking er no fortid. Ingen kan nekta for at sovjet-folket byrja å få eit betre liv og hausta føremonene av sosialismen. Spør arbeidarane (og det finst millionar av dei!) som har flytta inn i nytt husvære, spør pensjonisten som har fått ein trygg alderdom, kollektivbonden som no er velståande, spør dei tusen på tusen menneska som vart urettvist undertrykte i perioden med persondyrking og som har fått fridomen sin og det gode namnet sitt att. Då får de vita kva praktisk innhald sigeren for den leninistiske kursen på det tjuande landsmøtet i SUKP har hatt for sovjet-folket.
Spør dei som har fedrer og mødrer som var offer for undertrykking i perioden med persondyrking, kva det hadde å seia for dei at fedrene, mødrene og brørne deira vart godtekne som ærlege folk, at dei sjølve veit at dei ikkje er utstøytte i samfunnet vårt, men verdige og fullverdige søner og døtrer av det sovjetiske fedrelandet.
Industri, jordbruk, kultur, vitskap og kunst — same kvar vi vender oss, ser vi snøgg framgang. Romskipa våre pløgjer dei umåtelege viddene i verdsrommet, og dette er og ei strålande stadfesting på at den kursen partiet vårt leier sovjet-folket på er rett.
Sjølvsagt påstår vi ikkje at vi har gjort alt for sovjetmennesket, alt for å betra livet hans. Sovjet-folket forstår at det å gjennomføra dette prinsippet ikkje berre er avhengig av kva vi ynskjer. Vi må byggja eit kommunistisk samfunn og skapa overflod på materielle gode. Det er grunnen til at folket vårt arbeider med slik eldhug for å skunda på produksjonen av materielle og andelege rikdommar og få sigeren til kommunismen nærare. Alle kan sjå at vi fylgjer rette kursen, at vi ser framtidsvonene for utviklinga vår klårt for oss.
Programmet til SUKP skisserer opp ein konkret plan for bygginga av kommunismen. Når dette vert sett ut i livet, kjem det til å tryggja at sovjet-folket får ein særs høg levestandard, og det kjem til å vera byrjinga på ein stegvis overgang til det inspirerande kommunistiske prinsippet: «Frå kvar etter evne, til kvar etter behov».
Sovjet-folket tykkjer det er rart og fantastisk når dei kinesiske kameratane prøver å vanæra programmet til SUKP, denne majestetiske planen for å byggja det kommunistiske samfunnet.
Leiarane i KKP ymtar om at sovjetsamfunnet vert «borgarleggjort», at det «degenererer», av di partiet vårt har sett seg som mål å skapa eit betre liv for folket. Etter logikken deira er kommunisme at folket har bastsandalar og et tynn suppe frå ein felles bolle, og dersom ein arbeidar har det godt og gjerne vil ha det endå betre i morgon, så er det noko nær gjeninnføring av kapitalismen.
Denne filosofien er det dei vil leggja fram for oss som den siste openberringa i marxismen-leninismen! Dette avslører fullt og heilt opphavsmennene til slike «teoriar» som folk som ikkje har noka tiltru til styrken og evnene til ein arbeidarklasse som har teke makta i sine eigne hender og skapt sin eigen, sosialistiske stat.
Dersom vi ser på soga til vårt eige land og på programmet til SUKP, ser vi snøgt kva utgangspunkt vi hadde då vi under leiing av Lenin tok makta i våre eigne hender, og kva høgder sovjet-folket har nådd. Landet vårt er skapt om til ei sosialistisk stormakt. Den samla industriproduksjonen i Sovjetunionen er den største i Europa og den nest største i verda. Vi kjem snart til å passera USA og gå fram til fyrsteplass. Arbeidarklassen, kollektivbøndene og intelligensiaen i Sovjetunionen har skapt alle sigrane vi har vunne.
Vi er overtydde om at ikkje berre sovjet-folket, men og folka i dei andre sosialistiske landa, evnar å vinna store framgangar på arbeidsfronten — alt ein treng er rett leiing av arbeidarklassen og bøndene, og at dei som er ansvarlege for denne leiinga tenkjer realistisk og tar avgjerder som leier styrken og krafta til folket etter rette vegen.
I ein freistnad på å rettferdiggjera persondyrkinga har dei kinesiske leiarane overlesst brevet sitt med påstandar om klassekamp i Sovjetunionen, og dei påstår at programformuleringane om ein heile folkets stat og eit heile folkets parti er range. Desse påstandane ligg langt frå marxismen.
Vi har ikkje tenkt å analysera alle argumenta deira i alle enkeltdetaljar i dette brevet. Alle som les 14. juni-brevet frå sentralkomiteen i KKP, kjem utan tvil til å merka seg at argumenta deira er heilt hjelpelause og syner at dei ikkje kjenner sovjetlivet i det heile. Vi vert underviste i at det framleis finst klassar som er fiendslege til kvarandere i sovjetsamfunnet, og vi vert fortalde at det fylgjeleg er behov for proletariatets diktatur. Kva for klassar? Frå brevet frå KKP kan ein slutta at det er «borgarlege snikar, snyltarar, svartebørshaiar, tjuvar, dagdrivarar bøller og underslagarar».
Dei kinesiske kameratane har sanneleg ei eineståande oppfatning av klassar og klassekamp. Når vart desse snyltarelementa rekna som ein klasse? Og kva slag klasse? Ein klasse av dagdrivarar, ein klasse av bøller, ein klasse av underslagarar eller ein klasse av snyltarar? Det finst ikkje noko samfunn der brotsmenn utgjer ein eigen klasse. Jamvel skuleungar veit det. Og sjølvsagt utgjer ikkje desse elementa nokon klasse i eit sosialistisk samfunn. Dei er uttrykk for at det finst leivningar av kapitalismen.
Du treng ikkje proletariatets diktatur for å nedkjempa slike element. Staten til heile folket greier godt å ta seg av og tar seg av, denne oppgåva. Vi veit frå eiga røynsle at di betre oppsedingsarbeidet til partiet, fagforeiningane og andre offentlege organisasjonar er, di større rolle får ålmenta, di betre vert arbeidet til sovjetmilitsen og di meir effektiv vert striden mot kriminaliteten.
Det er ikkje råd å nekta for at sovjetsamfunnet no er samansett av to hovudklassar — arbeidarar og bønder, og dessutan intelligensiaen, og heller ikkje for at ingen klasse sovjetsamfunnet har ei stilling som gjer at han kan utbytta andre klassar. Diktatur er eit klasseomgrep. Kven er det dei kinesiske kameratane meiner det skal utøvast proletariatets diktatur over i Sovjetunionen — over kollektivbøndene eller folkets intellektuelle? Ein må ta med i rekninga at arbeidarklassen og bondeklassen i det sosialistiske samfunnet har endra seg monaleg frå tidlegare, at skilnaden og skilja mellom dei vert meir og meir utviska.
Etter at sosialismen har sigra fullt og heilt, utøver ikkje arbeidarklassen den leiande rollen sin gjennom proletariatets diktatur. Arbeidarklassen er framleis den fremste klassen i samfunnet under tilhøve der kommunismen vert bygd i full målestokk. Det er den økonomiske stillinga til arbeidarklassen som gjev han denne framståande rollen — den kjensgjerninga at han er beinveges knytt til den høgste forma for sosialistisk eigedom, og den kjensgjerninga at han er den mest stålsette etter tiår med klassekamp og revolusjonær røynsle.
Dei kinesiske kameratane viser til at Marx sa at innhaldet i overgangsperioden frå kapitalisme til kommunisme berre kan vera proletariatets diktatur. Men Marx tenkte på kommunismen som heilskap, som ein heilskapleg sosial og økonomisk skipnad (der sosialismen er det fyrste steget), som det er uråd å gå over til utan ein sosialistisk revolusjon og proletariatets diktatur. Det finst ei rad utsegner frå V. I. Lenin der han understrekar heilt klårt at ein treng proletariatets diktatur nett for å vinna over motstand frå utbyttarklassane, organisera bygginga av sosialismen, tryggja siger for sosialismen — det fyrste steget i kommunismen. Ut frå dette er det klårt at ein ikkje lenger treng proletariatets diktatur etter at sosialismen har sigra, når det berre finst arbeidande menneske og venskaplege klassar i samfunnet, og desse har endra natur, og det ikkje lenger finst nokon å undertrykkja.
Dersom vi skulle dra kjernen ut av mengda av psevdo-teoretiske drøftingar som gjeld desse spørsmåla i brevet frå sentralkomiteen i KKP, ville det koka ned til fylgjande: Dei kinesiske kameratane er mot politikken til SUKP med å utvikla det sosialistiske demokratiet — denne politikken som er så kraftfullt uttrykt i vedtaka frå det tjuande, tjuefyrste og tjueandre landsmøtet i partiel og i programmet til SUKP. Det er slett ikkje tilfeldig at det langdryge brevet deira ikkje ein gong nemner utviklinga av demokratiet under sosialismen, når ein byggjer kommunismen.
Det er vanskeleg å få full visse for kva som er tanken bak når dei kinesiske kameratane vil halda ved lag persondyrkinga. I røynda er dette fyrste gongen i soga til den internasjonale kommunistrørsla at vi møter open lovprising av persondyrkinga. Ein bør merka seg at jamvel då persondyrkinga var på det høgaste i landet vårt, var Stalin sjølv, i alle fall i ord, nøydd til å gå mot denne småborgarlege teorien. Han sa at opphavet til han kom frå dei sosialrevolusjonære.
Freistnaden på å tala i namnet til Marx og Lenin når ein forsvarer persondyrkings-ideologien, kan berre vekkja undring. Kjenner verkeleg ikkje dei kinesiske kameratane til at Lenin i ein svært tidleg periode i soga til partiet vårt førte ein kraftig strid mot teorien til narodnikane om heltane og mobben, at dei ekte kollektive metodane for leiing i sentralkomiteen i partiet vårt og i sovjetstaten vart sette ut i livet under Lenin, at Lenin var ein uvanleg smålåten mann og at han nådelaust hudfletta dei minste uttrykk for spyttsleiking og kryping.
Sjølvsagt har ikkje partiet vårt eller dei andre marxist-leninistiske partia sett på striden mot persondyrkinga som ei fornekting av autoriteten til partiet og leiarane i regjeringa. Gong på gong, på det tjuande og det tjueandre landsmøtet og ved andre høve, har SUKP understreka at partiet set pris på autoriteten til leiinga, at samstundes med at det avviser persondyrkinga og kjempar mot fylgjene av ho, set partiet høgt dei leiarane som verkeleg uttrykkjer interessene til folket og gjev all sin styrke til striden for kommunismen, og som difor fortener den vyrdnaden som vert vist dei.
IV
Den neste viktige saka vi er usamde om gjeld kva middel og metodar ein skal nytta i den revolusjonære striden til arbeidarklassen i dei kapitalistiske landa og i striden for nasjonal frigjering, og korleis heile menneskeætta skal kunna gå over til sosialismen.
Slik framstiller dei kinesiske kameratane meiningsskilnadene i dette spørsmålet — dei sjølve står for verdsrevolusjon medan SUKP og dei marxist-leninistiske partia har gløymt revolusjonen. Desse er jamvel «redde» revolusjon, og i staden for revolusjonær strid er dei opptekne av ting som er «uverdige» for ekte revolusjonære, som til dømes fred, å utvikla dei sosialistiske landa økonomisk og betra levestandarden til folka i landa sine, striden for dei demokratiske rettane og livsviktige interesser for det arbeidande folket i dei kapitalistiske landa.
Men i røynda går skiljelina mellom synet til KKP og synet til den internasjonale kommunistrørsla på eit heilt anna plan. Leiarane i KKP talar om verdsrevolusjon i tide og utide, dei viftar byrgt om seg med «revolusjonære» frasar ved alle høve, og ofte utan noko høve, medan den andre sida — dei dei kinesiske kameratane kritiserer — går til spørsmålet om revolusjon med alvor, I staden for å koma med høgtflygande frasar, arbeider dei uthaldande for å finna den beste vegen for at sosialismen skal sigra, ein veg som er i samsvar med vilkåra i tidbolken vår og dei kjempar heilhuga for nasjonalt sjølvstende, demokrati og sosialisme.
La oss sjå på det prinsipielle synet til dei kinesiske kameratane når det gjeld problema i den revolusjonære rørsla i dag.
Kjem det til å hjelpa landa og folka til å gå over til sosialismen dersom dei i namnet til «verdsrevolusjonen» sluttar å stri for fred, for politikken med fredeleg samlivnad og fredeleg økonomisk kappestrid, om dei sluttar å stri for dei livsviktige interessene til det arbeidande folket og for demokratiske reformer i dei kapitalistiske landa? Er det sant at kommunistane i dei sosialistiske landa berre tenkjer på seg sjølve når dei går inn for fred og fylgjer ein politikk med fredeleg samlivnad, og at dei gløymer klassebrørne i dei kapitalistiske landa?
Alle som tenkjer over innhaldet i den striden som no vert ført for fred og mot atomkrig, kjem til å skjøna at kommunistane i Sovjetunionen og i systerpartia i andre sosialistiske land gjev umåteleg verdfull hjelp til arbeidarklassen og det arbeidande folket i dei kapitalistiske landa allment med fredspolitikken sin. Det er heller ikkje berre tale om å hindra atomkrig for å berga arbeidarklassen og folket i heile land, ja heile verdsdelar, frå utrydding, jamvel om dette i seg sjølv er god nok grunngjeving for politikken vår.
Det er og eit anna omsyn bak — denne politikken er den beste måten å hjelpa den internasjonale revolusjonære arbeidarrørsla til å nå dei grunnleggjande klassemåla sine. Er det ikkje eit stort tilskot til den striden arbeidarklassen fører at dei sosialistiske landa har stridd seg til fredelege tilhøve og gjer framståande bragder i den økonomiske utviklinga, at dei går frå siger til siger i vitskap og teknikk, at dei heile tida betrar levekåra og arbeidsvilkåra for folket og utviklar og perfeksjonerer det sosialistiske demokratiet?
Andsynes desse framgangane og sigrane kjem alle arbeidarane i alle kapitalistiske land til å seia: «Sosialismen har prova at han er kapitalismen overlegen. Det er eit system det er verd å kjempa for.» Sosialismen vinn i dag hjarte og sjel hjå menneska, ikkje berre gjennom bøker, men fyrst og fremst ved det han gjer, ved det levande føredømet han har gjeve.
1960-Kunngjeringa reknar den kjensgjerninga at det sosialistiske verdssystemet er ved å verta den avgjerande faktoren i utviklinga av menneskesamfunnet som det fremste særdraget ved vår tid. Alle kommunistpartia som var med på møtet, kom til at den internasjonale arbeidarklassen og det han har skapt, det sosialistiske verdssystemet, er den sentrale faktoren i vår tidsalder.
Om alle dei andre problema den revolusjonære rørsla står andsynes skal kunna løysast, heng i svært stor mon saman med om det sosialistiske verdssystemet vert styrkt. Det er grunnen til at kommunist- og arbeidarpartia har teke på seg plikta til utrøyttande å styrkja det store sosialistiske samfunnet av nasjonar. Den internasjonale rollen og innverknaden det har på retninga i verdsutviklinga aukar frå år til år». Etter vårt syn er den fremste internasjonale plikta til partiet vårt å gjennomføra denne overlag viktige oppgåva.
V. I. Lenin har lært oss at «vi utøver størst innverknad på den internasjonale revolusjonen ved den økonomiske politikken vår. … På dette feltet vert striden ført i internasjonal målestokk. Når vi løyser denne oppgåva, har vi vunne i internasjonal målestokk, endeleg og for visst.» (Verk, band 32, side 413.)
Kommunistane i Sovjetunionen har gjort dette bodet frå Lenin heilt og fullt sitt eige. Kommunistane i andre sosialistiske land held seg og til det. Men det ser ut til at visse kameratar har beslutta at Lenin tok feil.
Kva er dette, mistru til at dei sosialistiske landa evnar å vinna den økonomiske kappestriden med kapitalismen? Eller er det synet til folk som vert skuffa når dei ser vanskane i bygginga av sosialismen, som ikkje ser at den fremste innverknaden vi kan ha på den internasjonale revolusjonære rørsla går gjennom dei økonomiske framgangane våre, gjennom det føredømet vi gjev ved at vi byggjer sosialismen med framgang i landa våre? Dei ynskjer at revolusjonen skal koma snøggare, ved at ein fylgjer vegar som etter deira syn er snarvegar. Men ein sigerrik revolusjon kan berre grunnfesta og vidareføra framgangane sine og prova at sosialismen er kapitalismen overlegen ved arbeid, ved arbeidsinnsats frå folket. Det er sant at dette ikkje er lett, og særskilt ikkje når revolusjonen vert gjennomført i eit land som arvar ein underutvikla økonomi. Men dømet frå Sovjetunionen og mange andre sosialistiske land syner på overtydande vis at ein kan gjera umåtelege framsteg og prova for heile verda at sosialismen er kapitalismen overlegen jamvel under slike vilkår. Føresetnaden er at ein har rett leiing.
Vidare — kva er best for den revolusjonære striden til arbeidarklassen i dei kapitalistiske landa — ein atmosfære med fred og fredeleg samlivnad, eller ein atmosfære med jamn internasjonal spenning og kald krig?
Det kan ikkje vera tvil om svaret. Alle veit at det herskande elementet i imperialistmaktene utnyttar den kalde krigen til å kveikja sjåvinisme, krigshysteri og rabiat anti-kommunisme, for å få dei mest gjennomført reaksjonære og profascistiske folka til makta, avskaffa demokratiet, gjera kort prosess med dei politiske partia, fagforeiningane, og andre av masseorganisasjonane til arbeidarklassen.
Den striden kommunistane fører for fred styrkjer banda deira til massane umåteleg mykje, og likeins autoriteten og innverknaden deira. Såleis er han med på å skapa det som er kjent som den politiske hæren til revolusjonen.
Kampen for fred og fredeleg samlivnad mellom statar med ulike samfunnssystem hindrar slett ikkje striden for dei endelege måla til den internasjonale arbeidarklassen, og han seinkar heller ikkje denne striden. Tvert om gjer han det mogleg å føra denne striden i full målestokk.
Det er vanskeleg å tru at dei kinesiske kameratane, røynde folk som sjølve har gjennomført ein revolusjon, ikkje skjønar det som er hovudsaka — at verdsrevolusjonen i dag utviklar seg ved at det sosialistiske verdssystemet vert styrkt, gjennom den revolusjonære klassekampen til arbeidarane i dei kapitalistiske landa, gjennom den nasjonale frigjeringsrørsla, ved at dei nyss frigjorde landa i Afrika og Asia styrkjer det økonomiske og politiske sjølvstendet sitt, gjennom striden for fred, mot aggresjonskrig og gjennom striden massane fører mot monopola. Verdsrevolusjonen utviklar seg etter denne og mange andre vegar. Dei må ikkje setjast opp mot einannan, men sameinast, og rettast mot det eine målet — å styrta det imperialistiske herredømet.
Dei kinesiske kameratane er stormodige og krenkjer kommunistpartia i Frankrike, Italia, USA og andre land og skuldar desse for ikkje noko mindre enn opportunisme og reformisme, for «parlamentarisk kretinisme» og jamvel for å gli over i «borgarleg sosialisme». Kva er grunngjevinga? At desse kommunistpartia ikkje stiller parolen om proletarisk revolusjon no. Dei kinesiske leiarane burde vita like godt som andre at dette ikkje er råd når det ikkje er nokon revolusjonær situasjon.
Alle kunnige marxist-leninistar veit at det er for tidleg å reisa parolen om væpna opprør før det er ein revolusjonær situasjon, at arbeidarklassen er dømt til å li nederlag om ein gjer det. Vi veit kor omsorgsfullt og alvorleg V. I. Lenin vurderte dette spørsmålet og med kva politisk framsyn og kunnskap om den konkrete situasjonen han gjekk til spørsmålet om å velja tidspunktet for eit revolusjonært opprør. Straks før Oktoberrevolusjonen peikte Lenin på at det ville vera for tidleg å gå i gang den 24. oktober, og for seint den 26. oktober — då kunne alt vera tapt. Fylgjeleg måtte ein gripa makta den 25. oktober. Kven kan avgjera kor skarpt klassemotseiingane står om det er ein revolusjonær situasjon, når rette augneblinken er komen? Berre arbeidarklassen i kvart land og fortroppen hans, det marxist-leninistiske partiet, kan avgjera det.
Soga til den internasjonale arbeidarrørsla syner at eit parti som kallar seg eit arbeidarparti, men som berre er oppteke av økonomiske spørsmål, som ikkje oppsedar arbeidarklassen i ein revolusjonær ande, som ikkje førebur det til politisk strid, på å ta makta, er eit dårleg parti. Eit slikt parti er nøydd til å gli over i reformismen. Men det er likeins eit dårleg parti som går til den politiske striden utan tanke for striden for å betra den økonomiske stillinga til arbeidarklassen, bøndene og det arbeidande folket allment. Eit slikt parti er nøydd til å verta isolert frå massane. Berre eit parti som evnar å gjera seg nytte av alle former for klassekamp på rette måten og sameina dei på dugande vis, kan verta eit ekte revolusjonært, marxist-leninistisk parti, eit parti som leier massane, eit parti som evnar å leia arbeidarklassen i åtaket på kapitalismen, leia han til å vinna makta.
Dei kinesiske kameratane meiner at dødssynda til mange av kommunistpartia i dei utvikla kapitalistiske landa er at dei ser det som den næraste oppgåva si å føra strid for dei økonomiske og sosiale interessene til det arbeidande folket, for demokratiske reformer som kan gjennomførast under kapitalismen og som betrar vilkåra til arbeidarklassen, bøndene og dei småborgarlege laga, og slik gjera det lettare å få til ein brei front mot monopola, ein front som kan vera grunnlaget for den vidare striden for at den sosialistiske revolusjonen skal sigra. Med andre ord at dei gjer alt som ligg i Moskva-Kunngjeringa frå 1960.
Når dei kinesiske kameratane går i rette med alt kommunistpartia i dei utvikla kapitalistlanda gjer, legg dei ikkje ein gong for dagen den enklaste form for solidaritet med dei kommunistane som står i fremste rekkje i klassestriden mot kapitalen. Dei syner ikkje noka forståing for dei særskilde vilkåra i desse landa, dei særskilde vegane den revolusjonære rørsla til arbeidarklassen fylgjer. «I namnet til revolusjonen» går dei i røynda mot sjølve vegen som fører til revolusjon, og freistar å tvinga fram ein politikk som ville skilja kommunistpartia frå massane, og føra til at arbeidarklassen misser forbundsfellene sine i striden mot herredømet til monopola og kapitalismen.
Dei kinesiske kameratane har og eit anna syn enn den kommunistiske verdsrørsla i spørsmålet om formene for overgangen til sosialismen i ulike land.
Det er allment kjent at SUKP og dei marxist-leninistiske partia — og dette er slege klårt fast i dokumenta frå Moskva-konferansen og programmet til SUKP — meiner at det er mogleg med både fredeleg og ikkje-fredeleg overgang til sosialismen. Likevel hevdar dei kinesiske kameratane standhaftig at partiet vårt og andre systerparti berre godtar den fredelege vegen.
Sentralkomiteen i SUKP slo atter fast kvar vi står i dette spørsmålet i brevet som er dagsett 30. mars 1963:
«Arbeidarklassen og fortroppen hans, dei marxist-leninistiske partia, freistar å gjennomføra den sosialistiske revolusjonen med fredelege middel, utan borgarkrig. Om ein greier å gjennomføra denne moglege løysinga, vil det vera i samsvar med interessene til arbeidarklassen og heile folket, med den allmenne nasjonaie interessa til landet. Men samstundes er det ikkje berre arbeidarklassen som vel kva veg revolusjonen skal utvikla seg etter. Dersom utbyttarklassane tyr til vald mot folket, kjem arbeidarklassen til å verta tvinga til å ta den ikkje-fredelege vegen for å gripa makta. Alt spørst på dei konkrete vilkåra, på forholdet mellom klassekreftene i landet og internasjonalt.
«Same kva form overgangen frå kapitalisme til sosialisme får, er det sjølvsagt berre råd å gjennomføra han ved ein sosialistisk revolusjon og proletariatets diktatur i dei ulike formene det har. SUKP verdset høgt den sjølvofrande striden arbeidarklassen med kommunistane i brodden fører i alle kapitalistiske land, og vi ser det som vår plikt å gje dei all mogleg støtte og hjelp.»
Vi har gong på gong gjort greie for synet vårt, og det er uturvande å leggja det ut meir detaljert her.
Men kvar står dei kinesiske kameratane i dette spørsmålet? Det går tydeleg fram av alle utsegnene deira og i brevet frå sentralkomiteen i KKP av 14. juni.
Slik dei kinesiske kameratane ser det, er det viktigaste kriteriet på om. ein verkeleg er revolusjonær at ein vedgår seg væpna opprør alltid, alle stader og i alt. Med dette fornektar dei i røynda at det er råd å nytta fredelege former i striden for at den sosialistiske revolusjonen skal sigra, medan marxismen-leninismen lærer oss at kommunistar må meistra alle former for revolusjonær klassekamp, både fredelege og ikkje-fredelege.
Eit anna viktig spørsmål er spørsmålet om tilhøvet mellom striden til den internasjonale arbeidarklassen og den nasjonale frigjeringsrørsla til folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika.
Den internasjonale revolusjonære arbeidarrørsla — som dag omfattar både det sosialistiske verdssystemet og kommunistpartia i dei kapitalistiske landa — og den nasjonale frigjeringsrørsla til folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika — dette er dei store kreftene i vår tid, og eit rett tilhøve mellom dei er eit hovudspørsmål for å kunna sigra over imperialismen.
Korleis løyser dei kinesiske kameratane dette problemet? Løysinga deira er opplagt ut frå den nye «teorien» deira. Ifylgje denne er hovudmotseiinga i vår tid ikkje, vert vi fortalde, motseiinga mellom sosialisme og imperialisme, men motseiinga mellom den nasjonale frigjeringsrørsla og imperialismen. Slik dei kinesiske kameratane ser det, er det ikkje det sosialistiske verdssystemet som er den avgjerande krafta i slaget mot imperialismen, heller ikkje striden til den internasjonale arbeidarklassen, men, får vi atter høyra, den nasjonale frigjeringsrørsla.
Dei kinesiske kameratane ynskjer tydeleg nok å bruka dette som ein lettvint måte å vinna popularitet mellom folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika på. Men ingen må la seg lure av denne «teorien». Det verkelege føremålet med han, same kva dei kinesiske teoretikarane måtte ynskja, er å isolera den nasjonale frigjeringsrørsla frå den internasjonale arbeidarklassen og det han har skapt, det sosialistiske verdssystemet. Det ville vera ein umåteleg stor fåre for den nasjonale frigjeringsrørsla sjølv.
Kunne no verkeleg mange asiatiske folk, same om dei er heltemodige og sjølvofrande, vinna siger dersom ikkje Oktoberrevolusjonen og seinare oppkomsten av det sosialistiske verdssystemet hadde skaka imperialismen i sjølve grunnvollen og undergrave styrken til koloniherrane?
Og er det ikkje slik dag og, no når dei frigjorde nasjonane har gått over til eit nytt steg i striden sin og samlar kreftene om å grunnfesta dei politiske vinningane sine og det økonomiske sjølvstendet sitt — forstår dei ikkje at det ville vera uendeleg mykje vanskelegare, om ikkje heilt uråd, å gjennomføra desse oppgåvene utan hjelp frå dei sosialistiske landa?
Marxist-leninistar understrekar alltid at den nasjonale frigjeringsrørsla er epokegjerande og har ei stor framtid. Men dei meiner at eit av hovudvilkåra for at ho skal ha vidare framgang er ein fast allianse med landa i det sosialistiske verdssystemet, hovudkrafta i slaget mot imperialismen, og med arbeidarrørsla i dei kapitalistiske landa. Dette synet vart slege fast i 1960-Kunngjeringa. Det er bygt på tanken til Lenin om at arbeidarklassen må ha leiinga (hegemoniet) dersom den anti-imperialistiske striden skal sigra. Det er berre når ho har ei slik leiing at rørsla til sjuande og sist kan få eit ekte sosialistisk innhald som når høgdepunktet ved at ho slår inn på vegen til den sosialistiske revolusjonen.
Denne tanken til Lenin vart stadfest av røynsla frå Oktoberrevolusjonen og revolusjonen i andre land, og han har aldri vorte trekt i tvil av nokon. Men det ser ut til at dei kinesiske kameratane vil «retta» på Lenin og prova at ikkje arbeidarklassen, men tvert om småborgarskapet eller det nasjonale borgarskapet, ja, jamvel «visse patriotiske kongar prinsar og aristokratar» skal ha hegemoniet i striden mot imperialismen i verda. Og så gjev leiinga i KKP seg til å læra den kommunistiske verdsrørsla at vi aldri, ikkje under nokon omstende, må gå frå det proletariske klassesynet vårt!
Trygda for sigrar i framtida, både for den internasjonale arbeidarklassen og den nasjonale frigjeringsrørsla, ligg i ein fast allianse og samarbeid mellom dei, i sams strid mot imperialismen. Dette gjev seg ut frå dei sams interessene deira. I denne striden vert arbeidarklassen godteken som den leiande på grunn av at han usjølvisk ofrar seg for interessene til alle folka. Ved dette overtyder han forbundsfellane sine om at det at arbeidarklassen har leiinga er ein pålitande garanti for siger, både for seg og dei.
Det leninistiske partiet vårt ser på den nasjonale frigjeringsrørsla som ein del av den verdsomfemnande revolusjonære prosessen, som ei mektig kraft som kjempar mot imperialismen. Det store slagordet: «Arbeidarar i alle land, gå saman!» som Marx og Engels, grunnleggjarane av den vitskaplege kommunismen, gav oss, vart kampfana for det internasjonale proletariatet. Under dei nye historiske tilhøva som vart skapte då den store Oktoberrevolusjonen sigra, la Vladimir Iljitsj Lenin, som heldt fram arbeidet til Marx og Engels, særskilt vekt på det ubrytande bandet mellom den sosialistiske revolusjonen og den nasjonale frigjeringsrørsla.
«Arbeidarar i alle land, gå saman!» var og er det fremste slagordet i striden for at verdsrevolusjonen skal sigra. Det har fått eit breiare innhald under dei nye tilhøva. Vi veit at Lenin godkjende slagordet «Arbeidarar i alle land og undertrykte folk, gå saman!» I dette slagordet er den leiande rolla til proletariatet understreka, og likeins den veksande rolla til den nasjonale frigjeringsrørsla. Partiet vårt held seg strengt til dette marxist-leninistiske internasjonalistiske prinsippet i alt det gjer.
Ein kan spørja: Kva er forklaringa på at leiinga i KKP har eit rangt syn på dei avgjerande spørsmåla i vår tid? Anten er dei kinesiske kameratane heilt skilde frå røyndommen og går til spørsmålet om krig, fred og revolusjon på ein dogmatisk, bokleg måte og skjønar ikkje dei konkrete vilkåra i vår tid, eller så ligg det andre mål bak skrika deira om «verdsrevolusjon», mål som ikkje har noko som helst med revolusjon å gjera.
Alt dette syner at den politikken leiinga i KKP prøver å tvinga på den kommunistiske verdsrørsla er rang og livsfårleg. Det dei kinesiske kameratane legg fram, løynt som framlegg til «generalline», er ikkje anna enn ei opprekning av dei mest allmenne oppgåvene til arbeidarklassen. Det er dessutan ei opprekning som ikkje tar omsyn til kva tid vi lever i, det innbyrdes tilhøvet mellom klassekreftene slik det verkeleg er, særdraga i det historiske steget vi står på. Dei kinesiske kameratane ser ikkje, eller vil ikkje sjå, korleis oppgåvene til rørsla vår skiftar i samsvar med vilkåra i vår tid. Ved å redusera generallina til dei allmenne oppgåvene som gjeld alle stega i overgangen frå kapitalisme til sosialisme, riv dei det konkrete, det føremålstenlege og verknadsfuile ut av generallina.
å systerpartia utarbeidde den lina dei har i dag, analyserte dei konkret tilhøvet mellom klassekreftene i dei einskilde landa og i verda, særdraga i utviklinga til dei to innbyrdes motstridande systema, og nivået i utviklinga til den nasjonale frigjeringsrørsla.
Ein presis analyse av endringane i verdssituasjonen gjorde systerpartia i heile verda i stand til å utarbeida ein marxist-leninistisk definisjon av tidbolken vi lever i: «Hovudinnhaldet i vår tid er overgang frå kapitalisme til sosialisme. Dette tok til med den store sosialistiske Oktoberrevolusjonen. Det er ei tid med strid mellom to motstridande samfunnssystem, ei tid med sosialistiske revolusjonar og nasjonale frigjeringsrevolusjonar, ei tid der imperialismen bryt saman, der kolonisystemet vert avskaffa, ei tid der fleire folk går over til den sosialistiske vegen, ei tid der sosialismen og kommunismen sigrar i verdsmålestokk.»
Denne definisjonen av tida vi lever i var grunnlaget for at den kommunistiske verdsrørsla kunne gå fram på rette måten då dei utarbeidde strategien og taktikken til rørsla.
Dei marxist-leninistiske partia har definert generallina si, og det grunnleggjande i ho er fylgjande:
— karakteren av og innhaldet i den revolusjonære prosessen i verda i dag vert avgjort av at striden til folka som byggjer sosialismen og kommunismen, striden til den revolusjonære arbeidarrørsla i dei kapitalistiske landa, striden til den nasjonale frigjeringsrørsla til dei under trykte folka, og allmenne demokratiske rørsler smeltar saman til ein einaste straum av strid mot imperialismen. Den avgjerande rollen i alliansen mellom anti-imperialistiske revolusjonære krefter vert spela av den internasjonale arbeidarklassen og det fremste skaparverket hans — det sosialistiske verdssystemet. Det utøver den viktigaste innverknaden sin på utviklinga til den sosialistiske verdsrevolusjonen ved føredømet sitt og ved den økonomiske framgangen det har,
— på grunn av dei rådande objektive historiske tilhøva (umåteleg sterk skjerping av den imperialistiske aggressiviteten, at det finst våpen med ei umåteleg øydeleggingskraft, osb.) er striden for å hindra atomkrig den sentrale oppgåva mellom alle dei oppgåvene dei anti-imperialistiske kreftene står andsynes i vår tid. Den fremste oppgåva til kommunistane er å sameina alle fredskrefter for å forsvara freden og berga menneskeætta frå ein atomkatastrofe,
— den sosialistiske revolusjonen vert gjennomført som eit resultat av den indre utviklinga i klassestriden i kvart land. Formene han tar og vegane han går vert avgjorde av dei konkrete tilhøva i kvart land. Det er ei sams lov for alle land at ein må styrta det kapitalistiske styret med revolusjon og skipa ei eller anna form for proletariatets diktatur. Oppgåva til arbeidarklassen og kommunistpartia er å gjera seg best mogleg nytte av dei sjansane som no finst for å gå den fredelege vegen i den sosialistiske revolusjonen, ein veg som ikkje er knytt til borgarkrig. Samstundes må dei vera førebudde på ein ikkje-fredeleg veg, på å kua motstanden til borgarskapet med våpenmakt. Den allmenne demokratiske striden er ein naudsynt del av striden for sosialismen,
— i den nasjonale frigjeringsrørsla er målet til arbeidarklassen og kommunistpartia å få fullført oppgåvene til den anti-imperialistiske, demokratiske revolusjonen, utvikla og grunnfesta den nasjonale fronten som er bygd på allianse med bøndene og det patriotisk-sinna nasjonale borgarskapet. Dei må bu grunnen for å skipa nasjonaldemokratiske statar og for å gå over til ein ikkje-kapitalistisk utviklingsveg,
— samarbeid og innbyrdes hjelp mellom dei sosialistiske landa, samhald og einskap i den internasjonale kommunist- og arbeidarrørsla, at ein held seg trufast til syn og vurderingar ein har utarbeidd saman, at ein er trufast andsynes dei leninistiske prinsippa for partilivet og tilhøvet mellom partia — dette er naudsynte føresetnader for å kunna løysa dei historiske oppgåvene til kommunistane med framgang.
Dette er dei grunnleggjande utviklingsvegane for den verdsomfemnande revolusjonære prosessen i vår tid, dette er grunnsetningane i generallina til den internasjonale kommunistrørsla på det steget vi står på no. Striden for fred, demokrati, nasjonalt sjølvstende og sosialisme — det er stutt sagt, innhaldet i denne generallina. Vert denne sett konsekvent ut i livet, er det ein garanti for at den kommunistiske verdsrørsla vinn framgang.
Alle desse nøkkelprinsippa til den internasjonale kommunistrørsla i våre dagar kollektivt utarbeidde av syster-kommunist- og arbeidarpartia og formulerte i Fråsegna og Kunngjeringa, er komne til uttrykk i det nye programmet til SUKP. Dette er heilt og halde bygt på ei marxist-leninistisk generalisering av vår eiga røynsle og av internasjonal revolusjonær røynsle.
V
Det range synet leiarane i KKP har på dei politiske og teoretiske hovudspørsmåla i vår tid er uskiljeleg knytt til den praktiske verksemda deira. Denne siktar seg inn på å undergrava einskapen i den sosialistiske verdsleiren og i den kommunistiske verdsrørsla.
I ord vedgår dei kinesiske kameratane at einskapen mellom Sovjetunionen og Folkerepublikken Kina er hjørnesteinen i heile det sosialistiske verdssamfunnet, men i gjerning undergrev dei tilhøvet til partiet vårt og landet vårt på alle felt.
Leiarane i KKP talar ofte om at dei er trufaste mot samfunnet av sosialistiske nasjonar. Men den haldninga dei kinesiske kameratane har til dette samfunnet står i motstrid til dei høglydde kunngjeringane deira.
Tala syner at Folkerepublikken Kina dei tre siste åra har skore ned handelen med dei andre sosialistiske landa med meir enn 50 prosent. Ein del sosialistiske land har særleg lidd under resultata av denne politikken til dei kinesiske kameratane.
Handlingane til dei kinesiske leiarane står i skrikande motstrid både til prinsippa for det innbyrdes tilhøvet mellom sosialistiske land og i mange høve til dei godtekne normene og reglane alle statar skulle halda seg til.
Brot på gjeldande avtalar førte til stor skade for nasjonaløkonomien til visse sosialistiske statar. Og rimeleg nok lir og Kinas eigen økonomi ikkje så liten skade på grunn av at dei økonomiske sambanda er vortne skorne ned på denne måten.
I ein freistnad på å rettferdiggjera handlingane sine for folket, la leiinga i KKP nyleg fram teorien om å «lita på eigne krefter». At kvart land som byggjer sosialismen fyrst og fremst må lita på strevet til folket sitt og på at ein gjer best mogleg nytte av sine eigne ressursar, er allment rette måten å leggja det materielle og tekniske grunnlaget for sosialismen, Å byggja sosialismen er og fyrst og fremst ei sak for folket i kvart land, for arbeidarklassen og kommunistpartiet i dette landet.
Sovjetunionen var det fyrste sosialistiske landet, og det var nøydd til å byggja sosialismen ved berre å lita på sine eigne krefter og gjera seg nytte av dei ressursane som fanst i landet. Og jamvel om det no finst eit system av sosialistiske land, inneber ikkje dette på nokon måte at folket i noko land kan sitja med hendene i fanget og lita eine og åleine på hjelp frå andre sosialistiske land. Kommunistpartiet i kvart sosialistisk land ser det som si plikt å mobilisera alle indre reservar for å utvikla økonomien med framgang. Ord for ord kan ein difor ikkje seia noko mot utsegna frå sentralkomiteen i KKP om at ein i hovudsak må byggja sosialismen med eigne krefter.
Men heile teksten i brevet frå sentralkomiteen i KKP og tallause utsegner i den kinesiske pressa syner at denne utsegna vert tolka på eit vis som ein umogleg kan godta.
Formelen om «å byggja sosialismen fyrst og fremst med eigne krefter» dekkjer over ein ide om å byggja opp nasjonaløkonomiar som er seg sjølv nok, og der det økonomiske sambandet med andre land er avgrensa til berre handel. Dette synet prøver dei kinesiske kameratane å tvinga på andre sosialistiske land.
Leiinga i KKP hadde tydeleg nok behov for å ropa ut lina om «å lita på eigne krefter» for å svekkja dei nære venskapsbanda mellom dei sosialistiske landa. Sjølvsagt har ikkje denne lina noko som helst med prinsippa for den sosialistiske internasjonalismen å gjera. Ein kan ikkje sjå ho som noko anna enn ein freistnad på å undergrava einskapen i det sosialistiske samfunnet.
Parallelt med lina om å skjera ned dei økonomiske banda har KKP sett i verk ei rad tiltak som er meinte på å gjera tilhøvet til Sovjetunionen verre.
Dei kinesiske leiarane undergrev ikkje berre einskapen i den sosialistiske leiren, men og i den kommunistiske verdsrørsla. Dei trampar på prinsippa for den proletariske internasjonalismen og krenkjer grovt dei godtekne normene for tilhøvet mellom systerparti.
Leiinga i KKP organiserer og støttar ulike antiparti-utbrytargrupper som motarbeider kommunistpartia i USA, Brasil, Italia, Belgia, Australia og India. I Belgia stør til dømes leiinga i KKP Grippa-gruppa. Denne vart ekskludert frå partiet på førre landsmøtet. I USA stør dei undergravingsverksetnda til den venstre-opportunistiske grupperinga «Hammar og Stål». Denne har gjort strid mot kommunistpartiet i USA til hovudmålet sitt. I Brasil stør dei kinesiske kameratane fraksjonsgruppene som er utstøytte frå kommunistpartiet (til dømes Amazonas-Grabois-gruppa).
I Australia prøvde sentralkomiteen i KKP å organisera kløyvings-verksemd mot kommunistpartiet og leiinga i det med hjelp av eit tidlegare medlem av leiinga, E. Hill. Hill, som ein gong hadde vitja Folkerepublikken Kina, gjekk offentleg ut mot kommunistpartiet i Australia og prøvde å samla saman ei gruppe personar som hadde same meininga som han. Då kommunistpartiet i Australia ekskluderte Hill frå sentralkomiteen, drog han demonstrativt av garde til Peking.
I Italia nører kinesiske talsmenn opp under verksemda til ei gruppe som er skipa av tidlegare funksjonærar i Padua-føderasjonen i kommunistpartiet. Dei gav ut flygeblad som på provokatorisk vis oppmoda til eit «revolusjonært» opprør.
Kameratar frå KKP strevar særskilt mykje for å gjennomføra undergravingsverksemd i kommunist- og arbeidarpartia i landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika.
Dei kinesiske leiarane hyllar renegatar og desertørar frå rekkjene til kommunistrørsla, og frå skriftene til desse renegatgruppene trykkjer dei opp i avisene og tidsskrifta sine bakvaskingsartiklar som er retta mot lina til SUKP mot kursen til heile den kommunistiske verdsrørsla.
På Ceylon har kinesiske talsmenn nær kontakt med gruppa til E. Samarakkody, som er ein reiskap for den trotskistiske «fjerde internasjonalen».
Trotskistane i den «fjerde internasjonalen» prøver å utnytta stillinga til dei kinesiske kameratane til sine eigne føremål. Dei sende jamvel eit ope brev til sentralkomiteen i KKP der dei seier rett ut: «Den fjerde internasjonalen har frå skipingsdagen ført … strid mot dei ideane de motarbeider i dag, og står no på dykkar side … Det internasjonale sekretariatet i Den fjerde internasjonalen helsar den diskusjonen de har starta i heile kommunistrørsla velkomen. Det oppmodar dykk til å utvikla han.»
Dei kinesiske leiarane rettar skarpe åtak på dei kommunistiske systerpartia og leiarane deira som ikkje vil vika frå generallina til den internasjonale kommunistrørsla. Dei har trykt og spreidd artiklar på mange språk som talar nedsetjande om verksemda til kommunistpartiet i USA, og partia i Frankrike, Italia og India. Det finst ikkje eitt skjellsord opphavsmennene til desse artiklane ikkje slyngar ut mot velkjende leiarar i desse systerpartia. «Svindel» og «høgre-opportunisme», «revisjonisme» og «slikt som ikkje samhøver med normene i den kommunistiske moralen», «sosialdemokratisk degenerering» og «feigskap», og «ansvarsløyse» og «etterplapring», «overlegen og vanvyrdande haldning andsynes dei revolusjonære folka i landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika» — alt er med.
Dei kinesiske leiarane skuldar kommunistpartia i USA og Europa for å «gå i spann med dei mest eventyrpolitiske amerikanske imperialistane». Leiinga i kommunistpartiet i India vert aldri kalla noko anna enn ein «klikk». Leiarane i kommunistpartia i Frankrike, Italia, India og USA får slengt mot seg ei himmelropande grov skulding om at dei «har omsut for lagnaden til imperialismen og alle reaksjonære». I brevet av 14. juni søkk leiinga i KKP så djupt at dei ymtar om at SUKP og «spelar rollen som medspelar for imperialismen». Dette er så absurd at ingen andre enn trotskistane til no har våga å koma med ei så slarvete skulding mot det store partiet til Lenin.
Er det noko rart at den imperialistiske propagandaen gler seg svært over slike handlingar frå dei kinesiske kameratane? Det er ikkje tilfeldig at borgarpressa heile tida skrik opp om ei «krise» i den kommunistiske verdsrørsla, og oppmodar dei imperialistiske regjeringane å utnytta til gagn for seg sjølve den usemja som er oppstått på grunn av standpunktet til sentralkomiteen i KKP
Representantane frå KKP trekte seg frå redaksjonen i Den marxistiske verdsrevyen som er det kollektive teoretiske og opplysningstidsskriftet til kommunist- og arbeidarpartia. Og dei slutta å gje det ut på kinesisk. På denne måten freista dei å ta frå dei kinesiske kommunistane ei objektiv kjelde til kunnskap om verksemda til den kommunistiske verdsrørsla.
Kløyvingsverksemda til dei kinesiske leiarane i den kommunistiske verdsrørsla vekkjer rettkomen harme og motstand i dei marxist-leninistiske systerpartia.
Brevet frå sentralkomiteen i KKP seier at det kan ikkje vera lov for noko parti «å setja seg over systerpartia, det kan ikkje vera lov at det blandar seg inn i dei indre spørsmåla i eit systerparti …» i tilhøvet mellom dei kommunistiske systerpartia. Dette er ei bra utsegn. Men det er nett dei kinesiske kameratane som tyr til slike utillatelege handlingar. Dei vanvyrdar interessene til den kommunistiske verdsrørsla, overser normene og prinsippa som er fastslegne i Fråsegna og Kunngjeringa, og prøver å få andre parti under sin innverknad og kontroll.
Eit levande døme på den særlege lina til leiinga i KKP i den sosialistiske leiren og den kommunistiske verdsrørsla er haldninga dei har til Albania-spørsmålet. Det er kjent at dei albanske leiarane i andre halvdelen av 1960 gjekk ope ut med ei venstre-opportunistisk plattform i høve til hovudspørsmåla i vår tid, og tok til å føra ein politikk som var fiendsleg mot SUKP og dei andre systerpartia. Leiinga i Albania sette i gong ein anti-sovjetisk kampanje i landet sitt, noko som førte til brot i det politiske, økonomiske og kulturelle sambandet med Sovjetunionen.
Det overveldande fleirtalet av kommunist- og arbeidarpartia fordømte den anti-leninistiske verksemda til leiarane i Albania sterkt. Leiarane i KKP stilte seg på motsett side, og gjorde alt dei kunne for å bruka leiarane i Albania som talerøyr for seg. Det er no kjent at dei kinesiske kameratane beint ut skuva dei ut i open strid mot Sovjetunionen og dei andre sosialistiske landa og systerpartia.
Leiarane i KKP har tillagt spørsmålet om Jugoslavia ein særleg plass i åtaka sine på SUKP og andre marxist-leninistiske parti. Dei prøver å få det til å sjå ut som om vanskane i kommunistrørsla har opphav i at tilhøvet mellom Sovjetunionen og andre sosialistiske land og Jugoslavia er vorte betre. Stikk i strid med kjensgjerningane står dei fast på påstanden om at Jugoslavia ikkje er eit sosialistisk land.
Alle veit at SUKP saman med andre systerparti gjorde opptak til å få normalisert sambandet med Jugoslavia i 1955. Meininga var å få ende på den langvarige konflikten som Stalin har størstedelen av skulda for. Den gongen var leiarane i KKP ikkje i tvil om karakteren til det sosialistiske systemet i Jugoslavia. Folkets Dagblad skreiv då at «Jugoslavia har alt vunne viktige framgangar i bygginga av sosialismen».
Ein objektiv analyse av dei sosiale og økonomiske prosessane i Jugoslavia syner at sosialismen har vakse seg sterkare der etter dette. Medan den sosialistiske sektoren i industrien i 1958 var på 100 prosent, i jordbruket 6 prosent og i handelen 97 prosent, er i dag den sosialistiske sektoren i industrien 100 prosent, i jordbruket 15 prosent og i handelen 100 prosent. I tida som har gått etter at normaliseringa av sambandet vart sett i gong, har Jugoslavia kome nærare det Sovjetunionen og andre sosialistiske statar står for i utanrikspolitiske saker.
Kvifor har så dei kinesiske leiarane endra synet sitt på spørsmålet om Jugoslavia så radikalt? Det er vanskeleg å finna nokon annan grunn enn at dei såg det som endå ei god orsaking for å skjella ut politikken til SUKP og andre marxist-leninistiske parti.
Kommunistane i Sovjetunionen veit at det framleis er usemje mellom SUKP og Kommunistforbundet i Jugoslavia om ei rad grunnleggjande ideologiske spørsmål. Vi har sagt dette rett ut til leiarane i Jugoslavia, og vi held fram med å gjera det. Men det ville vera feil å «ekskommunisera» Jugoslavia frå sosialismen på dette grunnlaget, å avskjera Jugoslavia frå dei sosialistiske landa og skuva landet over i den imperialistiske leiren, slik leiarane i KKP gjer. Det er ikkje noko imperialistane heller vil.
Det er no 14 sosialistiske land i verda. Vi er djupt overtydde om at om stutt tid kjem talet til å verta endå større. Dei systerpartia som står ved roret på statsskipet får stendig nye spørsmål å hanskast med, og dessutan arbeider kvart av systerpartia under ulike vilkår. Det er ikkje til å undrast på at systerpartia under slike omstende kan ha ulikt syn på korleis det eine eller hitt spørsmålet skal løysast. Korleis skal marxist-leninistar stilla seg i slike tilfelle? Kunngjera at det eine eller det andre sosialistiske landet der leiarane ikkje er samde med dei, ikkje er sosialistisk lenger? Det ville vera vilkårlege handlingar av fyrste klasse — ein slik metode har ikkje noko med marxisme-leninisme å gjera.
Skulle vi fylgja føredømet til dei kinesiske leiarane, måtte vi, når ein tar omsyn til den alvorlege usemja mellom oss og leiarane i Arbeidets Parti i Albania, for lenge sidan ha kunngjort at Albania ikkje er eit sosialistisk land. Men dette ville vera ei rang, subjektiv haldning til spørsmålet. Trass i meiningsskilnadene mellom dei sovjetiske kommunistane og leiarane i Albania, ser kommunistane i Sovjetunionen på Albania som eit sosialistisk land, og gjer for sin del tiltak for å unngå at Albania vert rive laus frå det sosialistiske samveldet.
Det gjer oss sorgfulle når vi ser korleis leiarane i KKP undergrev den gamle venskapen mellom Sovjetunionen og Kina og svekkjer einskapen mellom dei sosialistiske landa.
SUKP står for og kjem til å stå for einskap og samhald i det sosialistiske samveldet og i heile den kommunistiske verdsrørsla.
VI
La oss ta opp att:
Tida som er gått sidan 1960-Kunngjeringa vart vedteken har til fulle stadfest at det marxist-leninistiske programmet til den kommunistiske verdsrørsla og verdsrørsla til arbeidarklassen er rett. Den framgangen Sovjetunionen har hatt med å byggja kommunismen, framgangane andre sosialistiske land har hatt når dei byggjer sosialismen, har fått stendig større revolusjonær innverknad på tankane til folk over heile verda. Det revolusjonære Cuba har tent eit sosialistisk fyrtårn på den vestlege halvkula. Kolonisystemet har fått knusande slag mot seg, og nærmar seg no slutten. Arbeidarklassen i dei imperialistiske landa har vunne nye sigrar. Den revolusjonære verdsrørsla går stødig frametter.
Dette syner at generallina til den kommunistiske verdsrørsla vart utforma rett i 1960-Kunngjeringa. Oppgåva no er å arbeida og handla i samsvar med denne generallina, å utvikla og nytta ho i samsvar med dei særskilde tilhøva kvart kommunistparti arbeider under. Alle freistnader på å tvinga ei eller anna ny generalline på den kommunistiske verdsrørsla og arbeidarrørsla, slik sentralkomiteen i KKP gjer det i 14. juni-brevet, er difor feil og skadeleg. Å godta ei slik «generalline» ille vera det same som å vika frå 1960-Kunngjeringa og godta programframlegg som skil seg frå denne Kunngjeringa som vart vedteken av 81 parti. Partiet vårt ynskjer ikkje å gå denne vegen.
Så lenge det strålande leninistiske partiet vårt har vore til, har det ført nådelaus strid mot høgre- og venstreopportunisme, trotskisme og revisjonisme, dogmatisme og sekterisme, nasjonalisme og sjåvinisme i alle tenkjelege former, både i vårt eige land og internasjonalt. Partiet vårt vart stålsett og voks seg sterkt i denne striden for å halda marxismen-leninismen rein Det er ikkje redd åtak frå kløyvarar og opportunistar frå våre dagar same kva kant dei kjem frå.
Livet syner at SUKP, etter at det vart ein politisk organisasjon for heile folket, fekk sterkare band til massane, det vart sterkare og fekk betre disiplin enn nokon gong før. Då sosialismen sigra, vart ideologien til arbeidarklassen — marxismen-leninismen — ideologien til heile folket, til den framskridne delen av det. Målet til arbeidarklassen — å byggja kommunismen — har vorte målet til heile folket. Marxist-leninistane kan sjølvsagt ikkje anna enn gleda seg over at innverknaden til den kommunistiske ideologien har vakse på denne måten. Det må kunna seiast at partiet vårt aldri har vore så sterkt sidan Lenin døydde, at det aldri har vore så dugande til å setja ut i livet særs djerve tiltak som er knytte til bygginga av den nye verda.
No når sosialismen har vunne fullt og endeleg i landet vårt, no når vi reiser, stein for stein, den vakre bygninga til kommunismen, er partiet vårt, heile sovjet-folket, meir overtydde enn nokon gong om at dei store marxist-leninistiske ideane kjem til å sigra i hele verda.
Folka i dei sosialistiske landa og det arbeidande folket i heile verda deler denne tiltrua. Dei set høgt det store tilskotet Sovjetunionen har gjeve til den sams striden for fred, demokrati, nasjonal fridom, nasjonalt sjølvstende og sosialisme.
Sovjetunionens Kommunistiske Parti har alltid stått for og står framleis for nær venskap med Kinas Kommunistiske Parti. Det er alvorlege meiningsskilnader mellom oss og leiarane i KKP men vi meiner at tilhøvet meilom dei to partia våre, mellom dei to folka våre, må byggjast på den kjensgjerninga at vi har same målet, å byggja eit nytt, kommunistisk samfunn, og den same fienden — imperialismen. Dei to stormaktene Sovjetunionen og Folkerepublikken Kina kan ved sams strev gjera mykje for at kommunismen skal sigra. Det veit både venene og fiendane våre svært godt.
For tida er det eit møte mellom utsendingar for KKP og SUKP i Moskva. Diverre har talsmennene for KKP halde fram med å gjera stoda verre på dette møtet. Trass i dette er sendelaget frå SUKP svært tolmodige og varsame, slik at samtalane kan føra til framgang. Tida som no kjem, vil syna om dei kinesiske kameratane er viljuge til å byggja tilhøvet mellom oss på grunnlag av det som sameiner oss, og ikkje på det som skil oss, på grunnlag av prinsippa i marxismen-leninismen.
Fiendane våre reknar med at usemja mellom KKP og SUKP vert utdjupa. Dei ser seg alt rundt for å finna ut om dei kan gjera seg nytte av det. Her eine dagen oppmoda den amerikanske avisa Daily News til at ein skulle setja det raude Russland og det raude Kina opp mot einannan slik at dei kan riva kvarandre i filler. Vi kommunistar må aldri tillata oss sjølve å gløyma at imperialistane har slike skumle planar.
Partiet vårt tenkjer på ansvaret det har andsynes den kommunistiske verdsrørsla, andsynes folka i verda, og oppmodar difor dei kinesiske kameratane om å slå inn på vegen med å få slutt på usemja og styrkja den ekte einskapen mellom partia våre på grunnlag av prinsippa i marxismen-leninismen og den proletariske internasjonalismen.
Saman med alle systerpartia har det leninistiske partiet vårt arbeidd og arbeider for einskap i arbeidarklassen og heile det arbeidande folket i striden mot imperialismen, for fred, demokrati, nasjonalt sjølvstende og sosialisme.
Sentralkomiteen i SUKP kunngjer for partiet og heile sovjet-folket at vi kan svara for at vi har gjort alt og kjem til å gjera alt vi kan for å styrkja einskapen med Kinas Kommunistiske Parti, for å tømra saman den kommunistiske verdsrørsla under Lenin si fane, for å tømra saman landa i det sosialistiske verdssystemet, for å gje effektiv hjelp til alle folk som kjempar mot kolonialismen, for å styrkja fredssaka og vinna siger for dei store ideane i kommunismen i heile verda.
Heile det arbeidande folket i Sovjetunionen kjem til å fylka seg endå tettare rundt kommunistpartiet sitt og den leninistiske sentralkomiteen i det. Dei kjem til å setja all sin styrke inn på å setja fullt og heilt ut i livet det majestetiske programmet for bygginga av kommunismen.
Sentralkomiteen i Sovjetunionens Kommunistiske Parti
Noter
1. Slike påstandar kom fram i leiarartikkelen i Folkets Dagblad, 8. mars 1963, «Om kunngjeringa frå Kommunistpartiet i USA». (Note i originalen)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.