Denne teksten er hentet fra heftet «Josef Stalin: Mot volgariseringa av parolen om sjølvkritikk» utgitt av Forlaget Oktober, Oslo 1977.
MOT VULGARISERINGA AV PAROLEN OM SJØLVKRITIKK
Prenta i Pravda, nr. 146 26. juni 1928
Parolen om sjølvkritikk må ein ikkje sjå på som ei førebels og forbigående sak. Sjølvkritikk er ein særeigen metode, ein bolsjevikisk metode, for å øva opp det revolusjonære utviklingssinnelaget hos styrkane til partiet og arbeidarklassen i det heile. Marx sjølv tala om sjølvkritikk som ein metode til å styrkja den proletariske revolusjonen.(1) Når det gjeld sjølvkritikken i partiet vårt, er byrjinga å finne alt den gongen då bolsjevismen først steig fram i landet vårt og var starten på eit særskilt revolusjonært straumdrag i arbeidarrørsla.
Vi veit at så tidleg som våren 1904, då bolsjevismen enno ikkje var eit sjølvstendig parti, men arbeidde saman med mensjevikane innafor eit einskild sosialdemokratisk parti, — vi veit at Lenin alt då mana partiet til å setja i verk «sjølvkritikk og nådelaus avsløring av eigne manglar». Slik skreiv Lenin i kampskriftet Eit steg fram, to steg attende:
«Dei (dvs. motstandarane til marxistane — J. St.) gler seg skadefroe og geiper åt stridane våre; og dei vil sjølvsagt freista å plukka ut lausrivne setningar frå kampskriftet mitt, slike som tar opp feil og lyte i partiet vårt, og nytta dei for eiga vinning. Dei russiske sosialdemokratane er alt så herda i striden at dei ikkje lar seg forvirra av slike nålestikk, men held trass i dei fram arbeidet med sjølvkritikk og nådelaus avsløring av eigne manglar, (Mi uth. — J.St.) manglar som ein utan tvil og uunngåeleg vil vinna over etter kvart som arbeidarrørsla veks. La så desse herrar, motstandarane våre, freista å gje oss eit bilete av den verkelege stoda i deira eigne «parti» som om enn aldri så lite nærmar seg opp til det som protokollane frå vår 2. kongress gjev».(2)
Difor tar dei heilt i miss, dei kameratane som trur at sjølvkritikk er eit fenomen som glir over, ein mote som snart vil bli borte slik alle motar gjer. I røynda er sjølvkritikk eit heilt naudsynt og varig våpen i arsenalet til bolsjevismen, eit som er knytt nært saman med bolsjevismen sin eigenart, med den revolusjonære ånda i han.
Det blir stundom sagt at sjølvkritikk høver bra for eit parti som enno ikkje er kome til makta og ikkje har «noko å mista», men at han er fårleg og skadeleg for eit parti som alt sit med makta og er omringa av fiendslege krefter som kan gjera seg nytte av den veikskapen som er blitt avslørt.
Dette er ikkje sant. Det er beint fram usant! Tvert om, nett av di bolsjevismen er komen til makta, nett av di bolsjevikar kan bli overmotige av framgangen i oppbyggingsarbeidet, nett av di bolsjevikar kan la vera å leggja merke til eigen veiskap og dermed gjera det lettare for fiendane sine — nett av desse grunnane trengst sjølvkritikk særleg mykje no, etter maktovertakinga.
Ettersom meininga med sjølvkritikken er å gjera oss kjende med og å rydda av vegen feilane og veikskapane våre, er det ikkje då klårt at han under det proletariske diktaturet sine føresetnader berre kan letta bolsjevismen i kampen mot fiendane til arbeidarklassen? Lenin tok omsyn til desse særdraga i den situasjonen som var skapt etter at bolsjevikane hadde teke makta, då han i april-mai 1920 skreiv kampskriftet «Ventre»-kommunismen, ein barnesjukdom.
«Det tilhøvet eit politisk parti har til sine eigne mistak er ein av dei viktigaste og sikraste måtar å dømma om korleis det i praksis oppfyller dei pliktene det har mot klassen sin og mot dei arbeidande massane. Opent å vedgå mistak (Mi uth. — J.St.), slå fast grunnane for det, analysera dei tilhøva som førte til det, grundig diskutera midla for å retta på det — dette er kjenneteiknet på eit alvorleg parti; det er på denne måten det skulle oppfylle pliktane sine, det er på denne måten det skulle fostra og læra opp klassen og deretter massane»(3) Lenin hadde fullstendig rett då han på den 11. partikongressen i mars 1922 sa:
«Proletariatet er ikkje redd for å vedgå at ein har lukkast storveges med dette eller hint i revolusjonen, og at dette eller hint ikkje har lukkast. Alle dei revolusjonære partia som til no har gått til grunne gjorde det av di dei vart sjølvnøgde, ikkje makta å sjå kor dei hadde styrken sin og var redde for å tala om sine eigne veikskapar. (Mine uth. — J.St.) Men vi skal ikkje gå til grunne, for vi er ikkje redde for å tala om veikskapane våre, og vi skal læra oss å vinna over dei».(4)
Av dette kan ein berre dra ei slutning: at utan sjølvkritikk kan det ikkje bli noko skikkeleg fostring av partiet, klassen og massane; og utan skikkeleg fostring av partiet, klassen og massane kan det ikkje finnast nokon bolsjevisme.
Kvifor er parolen om sjølvkritikk blitt særleg viktig nett no, nett i denne historiske fasen, i 1928?
Av di det no vert endå meir klårt enn for eit eller to år sidan at klasseforholda vert stadig meir tilkvessa.
Av di undergravings verksemda til sovjetregjeringa sine klassefiendar, som utnyttar veikskapane våre, mistaka våre, mot arbeidarklassen i landet vårt, no er meir skjerande klår enn ho var for eit år eller to sidan.
Av di vi ikkje kan og ikkje må la lærdomane frå Sjakhti-affæren og «kornforsyningsmanøvrane»(5) til dei kapitalistiske elementa på landet, saman med våre eigne planleggingsmistak, passera utan vår ettertanke.
Dersom vi vil styrka revolusjonen og møta fiendane våre vel førebudde, må vi så snøgt som råd er kvitta oss med dei mistaka og dei veikskapane våre som Sjakhti-affæren og vanskane med kornforsyninga avslørte.
Dersom vi ikkje vil bli tekne på senga av alle slag «overraskingar» og «uhell», til stor glede for arbeidarklassen sine fiendar, må vi så snøgt råd er avsløra dei veikskapane og mistaka våre som enno ikkje er blitt avslørte, men utan tvil finst.
Dersom vi er seindrektige med dette, lettar vi arbeidet for fiendane våre og forverrar veikskapane og mistaka våre. Men alt dette blir umogeleg dersom ein ikkje utviklar og stimulerer sjølvkritikken, dersom dei breie massane av arbeidarar og bønder ikkje blir dregne med i arbeidet med å få fram i lyset og utrvddg, veikskapane og feila våre.
Plenumsmøtet i Sentralkomiteen og Sentralkontrollkommisjonen i april hadde såleis heilt rett då det sa i vedtaket om Sjakhti-affæren:
«Hovudvilkåret for at alle dei tilrådde åtgjerdene skal kunne gjennomførast er at parolen om sjølvkritikk frå den 15. kongressen blir sett effektivt ut i livet». (Mine uth. — J.St.)
Men for å utvikla sjølvkritikken må vi først vinna over ei mengd hindringar som står i vegen for partiet. Mellom desse er det lågt utvikla kulturnivået hos massane, skorten på kulturelle krefter hos den proletariske fortroppen, konservatismen vår, den «kommunistiske fåfengda» vår, og slik bortetter. Men ei av dei alvorlegaste hindringane, om det då ikkje er den alvorlegaste alle er byråkratiet i apparatet vårt. Eg siktar til dei byråkratiske elementa som finst i partiet vårt, i regjeringa, i faglege-, samyrke-og alle andre organisasjonar. Eg siktar til dei byråkratiske elementa som meskar seg på våre veikskapar og mistak, som skyr all kritikk frå massane liksom pesten, all kontroll frå massane og som hindrar oss i å utvikla sjølvkritikken og å kvitta oss med veikskapane og mistaka våre Byråkrati i organisasjonane våre må ein ikkje sjå på som berre rutine og formalitetar. Byråkrati er eit teikn på borgarleg innverknad på organisasjonane våre. Lenin hadde rett då han sa:
«…Vi må forstå at kampen mot byråkratiet er absolutt vesentleg og at han er nett like innfløkt som kampen mot dei grunnleggjande småborgarlege kreftene. Byråkratiet i statssystemet vårt er blitt ein så alvorleg sjukdom at det blir nemnt i partiprogrammet vårt, og det er av di det har samband med dei grunnleggjande småborgarlege kreftene og deira store spreiing. »(6) .(Mi uth. —J.St.)
Difor må kampen mot byråkratiet i organisasjonane våre førast desto meir iherdig, dersom vi verkeleg ønskjer å utvikla sjølvkritikk og kvitta oss med sjukdomane i oppbyggingsarbeidet vårt.
Desto meir iherdig må vi eggja dei breie massane av arbeidarar og bønder til oppgåva å føra fram kritikk nedanfrå, for det er den viktigaste boteråda mot byråkrati,
Lenin hadde rett då han sa:
«Dersom vi vil kjempa mot byråkratiet må vi oppnå samarbeid frå menigmann»… for «kva anna måte finst det for å gjera ende på byråkratiet enn ved å oppnå samarbeid frå arbeidarane og bøndene»(7)? (Mine uth. —J.St.)
Men for å «oppnå samarbeid» frå dei breie massane må vi utvikla det proletariske demokratiet i alle arbeidarklassen sine organisasjonar og først og fremst i partiet sjølv. Gjer vi ikkje det, blir sjølvkritikk ingen ting, ein tom ting, berre eit ord.
Det vi treng er ikkje kva slag sjølvkritikk som helst. Vi treng slik sjølvkritikk som vil løfta det kulturelle nivået hos arbeidarklassen, gjera kampmotet større, styrkja trua på siger, auka kreftene og hjelpa arbeidarklassen til å bli den verkelege herren i landet.
Somme seier at så snart det finst sjølvkritikk, treng vi ingen arbeidsdisiplin, — vi kan slutta å arbeida og gje oss til å skravla om’ alt og ingenting. Det ville ikkje vera sjølvkritikk, men ei fornærming mot arbeidarklassen. Sjølvkritikk trengst, ikkje for å bryta ned arbeidsdisiplinen, men for å styrkja han, slik at arbeidsdisiplinen kan bli medviten disiplin som kan vera i stand til å stå mot småborgarleg ansvarsløyse.
Andre seier at så snart det finst sjølvkritikk, treng vi ikkje lenger ei leiing, — vi kan sleppa roret og la sakene «gå sin naturlege gang». Det ville ikkje vera sjølvkritikk, men ei skam. Sjølvkritikk trengst, ikkje for å gjera leiinga veikare, men for å styrkja henne, slik at ho kan omskapast frå å vera leiing på papiret og med liten autoritet, til å bli livskraftig og retteleg myndig leiing.
Men det finst ein annan type «sjølvkritikk», ein som heilar mot å øydeleggja partiånda, vanæra sovjetmakta, veikja oppbyggingsarbeidet vårt, korrumpera kadrane i den økonomiske planleggjinga vår, avvæpna arbeidarklassen og fremja prat om forfall. Det var nett dette slaget «sjølvkritikk» som Trotskis opposisjon nyss mana oss til. Det er ei sjølvsagt sak at partiet ikkje har noko sams med slik «sjølvkritikk». Det er ei sjølvsagt sak at partiet vil kjempa mot slik «sjølvkritikk» med all si kraft.
Ein må dra ei skarp skiljeline mellom denne «sjølvkritikken», som vi ser som framand, nedbrytande og anti-bolsjevikisk, og vår bolsjevikiske sjølvkritikk, som har til mål å fremja partiånda, grunnfesta sovjetmakta, betre oppbyggingsarbeidet vårt, styrkja kadrane i den økonomiske planlegginga vår og væpna arbeidarklassen.
Det er berre nokre månader sidan vi starta kampanjen for å styrkja sjølvkritikken. Enno har vi ikkje dei opplysningane som trengst for å gje eit oversyn over dei første resultata av kampanjen. Men alt no kan ein seia at kampanjen tar til å bera god frukt.
Ein kan ikkje nekta for at flodbølgja av sjølvkritikk tar til å veksa og spreia seg, at ho tar til å femna stendig vidare delar av arbeidarklassen og dreg dei med i arbeidet med den sosialistiske oppbygginga. Dette blir stadfest om ikkje anna så av det faktum at produksjonskonferansane og dei mellombels kontrollkommisjonane har vakna til liv att.
Sant nok, enno ser ein freistnader på å få lagt velbudde og stadfeste framlegg frå produksjonskonferansar og mellombels kontrollkommisjonar på hylla. Slike freistnader må ein slå attende med den største fastleik, for dei tar sikte på å ta motet frå arbeidarane til å koma med sjølvkritikk. Men det er knapt nokon grunn til å tvila på at slike byråkratiske freistnader vil sopas heilt bort av den veksande flodbylgja av sjølvkritikk.
Ein kan heller ikkje nekta for at leiarane i verksemdene våre — som eit resultat av sjølvkritikken — har byrja å betra seg, å bli meir årvåkne, å ta meir alvorleg på spørsmåla om den økonomiske leiinga, medan parti-, sovjetfagforbunds-, og alle andre kadrar blir meir vare og tar meir omsyn til kva massane treng.
Sant nok, ein kan ikkje seia at det indre partidemokratiet, og arbeidardemokratiet i det heile, er oppretta fullt ut i arbeidarklassen sine masseorganisasjonar. Men det er ingen grunn til å tvile på at ein vil gjera nye framgangar på dette feltet etter kvart som kampanjen breier seg ut.
Ein kan heller ikkje nekta for at pressa vår som eit resultat av sjølvkritikken — har vorte livlegare og meir livskraftig, medan slike avdelingar av pressearbeidarar som arbeidar- og landsbykorrespondentane sine organisasjonar alt held på å bli ei politisk kraft som veg tungt.
Sant nok, til tider skeiser pressa vår framleis rundt på overflata; ho har enno ikkje lært seg å gå frå enkeltståande kritiske merknader til djupare kritikk, og frå djup kritikk til å dra allmenne slutningar ut frå oppsummeringa av kritikken og gjera det klårt kva for resultat ein har nådd i oppbyggingsarbeidet som ein følgje av kritikken. Men ein kan knapt tvila på at framgang vil bli gjort på dette feltet etter kvart som kampanjen held fram.
Men saman med desse gode sidene av kampanjen er det naudsynt å merka seg somma dårlege. Eg siktar til dei forvrengningane av parolen om sjølvkritikk som ein har sett døme på i byrjinga av kampanjen og som — i fall dei ikkje straks vert motarbeidde — kan dra med seg ein fåre for at sjølvkritikken vert vulgarisert.
1) Ein skal for det første merka seg at ein del vekeblad syner ein tendens til å føra kampanjen over frå det området der ein driv nøktern kritikk av manglane i den sosialistiske oppbygginga vår til å gjelda prangande ramaskrik om utskeiing i privatlivet. Ein skulle ikkje tru det var mogeleg. Men det er diverre eit faktum.
Ta til dømes bladet Vlast Truda, organ for distriktspartikomiteen og eksekutivkomiteen i distriktsovjetet i Irkutsk (nr. 128). Der vil de finne ei heil side krydra med prangande «parolar» som: «Tøyleslaust seksualliv — ei borgarleg last»; «Eit glas dreg det neste med seg»; «Mykje vil ha meir»; «Dobbelsengbandittar»; «Eit skot som klikka»; og slik bortetter. Ein spør seg kva desse «kritiske» gnella, høvelege for Birzhovka(8) har å gjera med bolsjevikisk sjølvkritikk, som har til føremål å fremja den sosialistiske oppbygginga vår? Det er truleg at han som har forfatta desse sensasjonelle artiklane er kommunist. Det er truleg at han brenn av hat mot «klassefiendane» til sovjetmakta. Men at han har virra seg bort frå den rette vegen, at han vulgariserer parolen om sjølvkritikk og at røysta hans ikkje er røysta til vår klasse, om det kan det ikkje rå noen tvil.
2) Ein skal vidare merke seg at jamvel dei presseorgana som til vanleg ikkje vantar evner til korrekt kritikk, at jamvel desse stundom gjev seg til å kritisera for kritikkens eiga skuld og gjer kritikken til ein sport, til sensasjonsmakeri.
Ta til dømes Komsomolskaja Pravda,(9) Alle kjenner dei tenestene Komsomolskaja Pravda har ytt for å stimulera til sjølvkritikk. Men ta dei siste nummera av denne avisa og sjå på «kritikken» av leiarane i Landsorganisasjonen — ein heil serie av utillatelege karikaturar i emnet. Ein spør: kven har bruk for slik «kritikk», og kva kan verknaden av han vera anna enn å føra parolen om sjølvkritikk i vanry? Når vi ser han ut frå kva som gagnar den sosialistiske oppbygginga vår, kva nytte er det i slik «kritikk», som ikkje er anna enn billeg sensasjonsmakeri som vil gje spissborgaren noko å klukka over? Sjølvsagt krev sjølvkritikken alle slag våpen, også det «lette kavaleriet». Men tyder dette at det lette kavaleriet må vera eit lettsindig kavaleri?
3) Ein skal til sist merka seg at det finst ein klår tendens hos ei mengd av organisasjonane våre til å la sjølvkritikken bli ei heksejakt på bedriftsleiarane våre, i ein freistnad på å miskreditera dei i arbeidarklassen sine augo. Det er eit faktum at visse lokalorganisasjonar i Ukraina og Sentralrussland har starta ei regelrett heksejakt på somme av deira beste bedriftsleiarar, som berre har det eine lytet at dei ikkje er 100 prosent immune mot å gjera feil. Korleis skal vi elles forstå vedtaka i dei lokale organisasjonane om å flytta desse leiarane frå postane deira, vedtak som ikkje har noka bindande kraft i det heile og som tydeleg tar sikte på å føra dei i vanry? Korleis skal vi elles forstå det faktum at desse bedriftsleiarane blir kritiserte, men ikkje får høve til å svara på kritikken? Kva tid byrja vi å godta ein «Shemjaka-domstol»(10) som sjølvkritikk?
Vi kan sjølvsagt ikkje krevja at kritikk skal vera 100 prosent korrekt. Om kritikken kjem nedanfrå må vi ikkje la vera å ta omsyn til han, jamvel om han berre er 5 eller 10 prosent rett. Men tyder det at vi skal krevja at bedriftsleiarane skal vere 100 prosent immune mot feil? Finst det noko menneske i verda som er 100 prosent immun mot feil? Er det så vanskeleg å skjøna at det tar mange år å øva opp bedriftskadrane våre og at vi må ha den største akting og omsut for dei. Er det så vanskeleg å skjøna at vi treng sjølvkritikk ikkje for å driva heksejakt på kadrane i den økonomiske planlegginga vår, men for å gjera dei betre og meir feilfrie?
Kritiser manglane i oppbyggingsarbeidet vårt, men vulgariser ikkje parolen om sjølvkritikk, og gjer han ikkje til eit hjelpemiddel for prangande øvingar over tema som «Dobbeltsengbandittar», «Eit skot som klikka», og slik bortetter.
Kritiser manglane i oppbyggingsarbeidet vårt, men før ikkje parolen om sjølvkritikk i vanry og gjer han ikkje til eit middel til å koka opp billege sensasjonar.
Kritiser manglane i oppbyggingsarbeidet vårt, men forvreng ikkje parolen om sjølvkritikk og gjer han ikkje til eit våpen i heksejakter mot bedriftsleiarane våre eller mot andre leiarar.
Og hovudsaka: bytt ikkje ut massen sin kritikk nedanfrå med «kritisk» fyrverkeri ovanfrå; la dei arbeidande massane vera med på sjølvkritikken og la dei syna fram det skapande initiativet sitt ved at dei rettar på manglane våre og betrar oppbyggingsarbeidet vårt.
Omsett frå Verk engelsk utgåve, b. 11, Moskva, 1954 s. 133—144
NOTER
1. «Proletariske revolusjonar derimot som dei i det nittande hundreåret, kritiserar støtt seg sjølv, bryt stendig av sitt eige forløp, kjem attende til det som å sjå til er sluttført for å gå i gang på ny, hånar grusomt og grundig det halve, det veike og ynkjelege i dei første freistnadene sine, tykkjest berre slå motstandaren sin ned for at han skal suge nye krefter frå jorda og reise seg mot dei att enda kraftigare, vert stendig gripen på ny av skrekk for det uklåre voldsomme veldet ved sine eigne mål, heilt til den situasjonen er skapt då det ikkje er nokon veg attende og forholda sjølve ropar: Hic Rhodus, hic salta! (Her er Rhodos, hopp her!)» (Karl Marx, Louis Bonapartes attande brumaire, verker i utvalg bd. 3, s. 149, PAX 1970.) — Red.
2. Lenin, Samla verk, bd. 7, s 208.
3. Lenin, « Venstre»-kommunismen — ein barnesjukdom (1920), Utvalgte verk i 12 band, Forlaget Oktober bd. 11,s. 136.
4. Lenin, Samla verk, band 33, s. 311.
5. Sjakhti-saka viser til arrestasjonane av ein del medlemmar av Industripartiet som dreiv med sabotasje i Sjakhti-gruvene. Industripartiet hadde omlag 2000 medlemmar frå den gamle tekniske intelligentsiaen og hadde som mål å skapa kaos i Sovjet-økonomien. «Kornforsyningsmanøvrane» viser til ein liknande sabotasjeaksjon mot kornforsyninga. (Den store sammensvergelsen, Sayers og Kahn, Oktober 1975.)
6. Lenin, Verker bd. 26, s. 220.
7. Lenin, Verker bd. 25, s. 495 og 496.
8. Birzhavka: (= Børsnytt), ei borgarleg avis grunnlagt i St. Petersburg i 1880. Ho vart så kjend for skruppellaust å vera til sals at namnet vart eit munnhell. I slutten av oktober 1917 vart ho stansa av Den revolusjonære militærkomiteen til Petrograd-sovjetet. —Red.
9. Komsomolskaja Pravda var organet til Komsomol, SUKP(b) sin ungdomsorganisasjon. —Red.
10. Ein «Shemjaka-domstol»: ein urettvis domstol. (Frå ei gamal russisk fortelling om ein dommar som heitte Shemjaka) — Red.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.