Av en kommentator for Tjen Folket Media.
Irland: Stopp utleveringa av Liam Campbell!
Våre kamerater i Anti Imperialist Action Ireland (AIA) skriv at Høgsterett i Dublin har intensjonar om å beordre utleveringa av Liam Campbell til Litauen kor han er etterlyst og sikta for internasjonal våpensmugling.
Disse uforskamma siktingane er tilslørt av britisk etterretnings skjulte hender. Det er slett ikkje uvanleg for britisk etterretning å sikte og fengsle irske republikanarar som slåst for fridom på falskt grunnlag.
Liam Campbell blei arrestert i Co Louth 2. desember, 2016, grunna ein europeisk arrestordre.
Da er hevda at i 2006/07 var Liam involvert i organiseringa av vapensmuggling til Irland for å fortsetta kampen mot britisk aggresjon i det okkuperte Ireland.
Liam Campbell sine advokatar har innvendt seg mot hans overgjeving basert på kor lenge han har vore etterlyst og dei har argumentert for at han kan bli utsatt for “umennesklege eller nedverdigande behandling” i ei litauisk fengselscelle.
Fra ein dom den 26. juni sa fristatdommaren Aileen Donally, ho var sikker på at ein ordre på overgjeving av Campbell kan bli utført. Ho sa at ordren for utvlevering av Liam Campbell vil bli gjort når han møter i høgsterett, datoen har mellombels blitt utsatt grunna presset pålagt av demonstrasjonar for å stoppa utleveringa.
Fleire aksjonar mot utleveringa av Liam Campbell
I ljos av dommen har AIA og Macradh ISR Youth starta ein kampanje for å stoppa utleveringa av Liam Campbell og til støtte for familien sin kamp mot utleveringa. På nettsidene og FB-sidene sine melder AIA om fleire aksjonar.
Laurdag 4. juli blei det holdt ein demonstrasjon i Dublin utanfor den litauiske ambassaden med eit oppmøte på 100 personar. Demonstrasjonen var organisert av AIA Irland og Macradh ISR Youth. Fleire familiemedlemmer til Liam Campbell deltok i demonstrasjonen, det var samt deltakelse frå uavhengige republikanere, anarkistar og ein rekke republikanske organisasjonar som Saoradh, Republican Sinn Féin og Republican Network for Uniy. Under demonstrasjonen blei det haldt fleire talar av AIA, familien til Liam og fleire av dei republikanske organisasjonane som deltok.
Uttalelsen holdt av Liam Campbell sin familie kan lesast på engelsk her:
AIA har meldt om fleire plakat aksjonar til støtte for Liam Campbell, i Dublin og London. Det har også blitt utført fleire banner-drop aksjonar. I Sør Leinster har AIA utført ein grafitti aksjon. Dei melder også at det vil bli utdelt løpesedlar.
Som følgje av dei sigerrike demonstrasjonane har høgsteretten i Dublin mellombels utsatt rettsmøtet den 13. juli, skriv AIA på sine Facebook sider, dei vil komma med meir informasjon seinare.
Stopp utleveringa av Liam!
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.