Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
Innhold
MELDING OM DET NASJONALE SPØRSMÅLET
29. april, 1925
Det nasjonale spørsmålet burde vera emne for ei vid utgreiing, men sidan tida er stutt, lyt eg gjera utgreiinga mi kort. Før ein drøftar utkastet til fråsegn, må det setjast opp visse føresetnader.
Kva er nasjonal undertrykking? Nasjonal undertrykking er systemet med utbytting og plyndring av undertrykte folk rådgjerdene med tvungen avgrensing av rettane til undertrykte nasjonalitetar, som imperialistkrinsar grip til. Til saman utgjer desse den politikken som til vanleg er kjend som nasjonal undertrykkingspolitikk.
Fyrste spørsmålet er då: Kva for klassar stør ei viss regjering seg til når dei set denne nasjonale undertrykkingspolitikken sin ut i livet? Før ein kan gje eit svar på dette spørsmålet, må ein fyrst skjøna kvifor ulike former for nasjonal undertrykking finst i ulike statar, kvifor nasjonal undertrykking er meir alvorleg og grufull i ein stat enn i ein annan. I Storbritannia og Austerrike-Ungarn, til dømes, har aldri den nasjonale undertrykkinga teke form av pogromar, men har eksistert i form av avgrensingar av dei nasjonale rettane til dei undertrykte nasjonalitetane. Men i Russland tek ho ikkje så reint sjeldan form av pogromar og nedslakting. I visse statar er det derimot ikkje noko slags åtgjerder mot nasjonale minoritetar i det heile. Det er til dømes ikkje noka nasjonal undertrykking i Sveits, der franskmenn, italienarar og tyskarar alle lever fritt.
Korleis skal vi då forklåra dei ulike haldingane til nasjonalitetane innanfor dei ulike statane?
Ut frå graden av demokrati i desse statane. I tidlegare tider, då den gamle landadelen kontrollerte statsmakta Russland, kunne nasjonal undertrykking ta uhyggelege former av nedslakting og pogromar, og tok faktisk ofte slike former. I Storbritannia, der det er ein viss mon av demokrati og politisk fridom, er den nasjonale undertrykkinga mindre brutal. Sveits er eit demokratisk samfunn, og i det landet har nasjonane meir eller mindre full fridom. Stutt sagt, di meir demokratisk eit land er, di mindre er den nasjonale undertrykkinga, og omvendt. Og sidan vi med demokrati meiner at visse klassar har kontrollen med statsmakta, må det frå denne synsstaden seiast at di nærare den gamle landadelen er til makta, slik han var i det gamle Tsar-Russland, di hardare er undertrykkinga og meir fælsleg er formene ho tek.
Men den nasjonale underkuinga vert likevel ikkje berre halden ved lag av landadelen. I tillegg er det ei anna kraft og – dei imperialistiske gruppene. I sitt eige land innfører dei måtar å trælbinda nasjonalitetar på som dei har lært i koloniane. Såleis blir dei naturlege allierte med landadelen. Desse vert fylgde opp av småborgarskapet, ein del av dei intellektuelle og ei gruppe frå det øvre laget av arbeidarane, som også delar byttet frå røvargodset. Såleis er det ei heil rad av samfunnskrefter som stør nasjonal undertrykking, med landadelen og finansaristokratiet i brodden. For å skapa eit verkeleg demokratisk system, er det fyrst og fremst turvande å rydda grunnen og fjerna desse kreftene frå den politiske scenen. (Les så teksten i fråsegna).
Fyrste spørsmålet er: Korleis skal det politiske livet til dei undertrykte nasjonane skipast til? Som svar på dette spørsmålet, må ein seia at dei undertrykte folka som utgjer delar av Russland, lyt få retten til å bestemma sjølve om dei ynskjer å halda fram som del av den russiske staten eller om dei vil lausriva seg og skipa sjølvstendige statar. Vi er no vitne til ein openberr samanstøyt mellom det finske folket og den provisoriske regjeringa.(1) Talsmennene for det finske folket, representantane frå sosialdemokratiet, krev at den provisoriske regjeringa skal gje folket att dei rettane det hadde før dei vart innlemma i Russland. Den provisoriske regjeringa nektar å gjera dette, fordi ho ikkje vil godtaka suvereniteten til det finske folket. På kven si side må vi stilla oss? På det finske folket si side, så klårt. For det er utenkjeleg for oss å godtaka at noko folk som helst vert halde med makt innom grensene til ein einskapleg stat. Når vi set fram prinsippet om at folka har sjølvråderett, då hevar vi samstundes kampen mot nasjonal undertrykking opp på eit nivå der han blir ein strid mot imperialismen, den sams fienden vår. Dersom vi ikkje maktar dette, kan vi koma i den situasjonen at vi ber vatn på mølla for imperialistane. Dersom vi sosialdemokratar skulle nekta det finske folket retten til å seia frå om viljen sin i lausrivings-spørsmålet og retten til å setja denne viljen ut i livet, då ville vi setja oss sjølve i den stoda at vi held fram med politikken til tsarismen.
Det ville vera utillateleg å rota ihop spørsmålet om den retten nasjonane har til fritt å lausriva seg, med spørsmålet om ein nasjon nødvendigvis må lausriva seg kva tid som helst. Dette siste spørsmålet må bli løyst heilt særskilt av partiet til proletariatet i kvar einskild sak, ut frå tilhøva. Når vi godkjenner retten for undertrykte folk til å lausriva seg, retten deira til sjølve å fastsetja den politiske lagnaden sin, så avgjer vi ikkje med det spørsmålet om visse nasjonar skal skilja seg ut frå den russiske staten i den gjevne augneblinken. Eg kan godtaka den retten ein nasjon har til å lausriva seg, men det vil ikkje seia at eg tvingar han å gjera dette. Eit folk har retten til å lausriva seg, men det kan, eller kan la vera, å setja i verk denne retten, alt etter korleis tilhøva er. Såleis har vi fridom til å agitera for eller imot lausriving i samhøve med interessene til proletariatet, til den proletariske revolusjonen. Såleis lyt lausrivingsspørsmålet bli fastsett fritt og uavhengig i kvar einskild sak, ut frå den stoda som er. Difor må ikkje dette at vi godtek retten til lausriving bli blanda saman med at lausriving er tenleg under alle slags tilhøve. Til dømes ville eg personleg vera imot at Transkaukasia lausriv seg, for eg kjem heile tida i hug den felles utviklinga i Transkaukasia og Russland, visse vilkår for kampen proletariatet fører, og så bortetter. Men likevel, dersom folka i Transkaukasia skulle krevja lausriving, då ville dei sjølvsagt lausriva seg utan å støyta på motstand frå oss. (Les vidare frå teksten i fråsegna).
Vidare: Kva skal ein gjera med dei folka som måtte ynskja å bli verande innanfor den russiske staten? Den mistrua til Russland som kan ha vore mellom folka, vart i hovudsak skapt av den tsaristiske politikken. Men no når tsarismen ikkje lenger er til, og undertrykkingspolitikken hans ikkje lenger finst, då vil denne mistrua heilt sikkert bli borte, og dei vil verta meir og meir dregne mot Russland. Eg trur at no, etter at tsarismen vart kasta, så vil ni tidelar av nasjonane ikkje ynskja å lausriva seg. Partiet gjer difor framlegg om å skipa til regionalt autonomi for regionar som ikkje ynskjer å lausriva seg og som skil seg ut ved særskilde skikkar og ulike språk, slik som til dømes Transkaukasia, Turkistan og Ukraina. Dei geografiske grensene for desse autonome regionane må bli fastsette av folka sjølve med noggrant omsyn til økonomiske vilkår, skikkar osb.
Beint imot regionalt autonomi finst det ein annan plan, ein som er blitt tilrådd av Bund i lenger tid no, som hevdar prinsippet om kulturnasjonalt autonomi. Det er særleg Springer og Bauer som går inn for han. Eg ser det som uråd for sosialdemokratar å godtaka denne planen. Det vesentlege i han er at Russland skal verta omforma til ein union av nasjonar, nasjonane skal så bli til unionar av personar. Dei skal då bli dregne inn i eit felles samfunn, same kva del av staten dei enn måtte bu i. Alle russarar alle armenarar, og så vidare, skal organiserast i skilde nasjonale unionar utan omsyn til territorium. Berre då vil dei gå inn i unionen av nasjonar i heile Russland. Den planen er svært ulagleg og uhøveleg. Faktum er at utviklinga av kapitalismen har spreidd heile folkegrupper, skild dei frå nasjonane deira og slengt dei utover ymse delar av Russland. Ut frå at nasjonar er blitt spreidde som eit resultat av økonomiske tilhøve, vil det å draga saman dei ulike individa frå ein viss nasjon vera å byggja ein nasjon på kunstig vis. Og å draga ihop folk til nasjonar på kunstig vis, vil vera det same som å taka eit nasjonalistisk standpunkt. Den planen som Bund har sett fram, kan ikkje sosialdemokratar gå god for. Han vart avvist på den konferansen partiet vårt hadde i 1912. Reint allment er han ikkje noko populær i sosialdemokratiske krinsar utan i Bund. Den planen er også kjend som kulturelt autonomi, av di han vil skilja ut gruppa av kulturspørsmål frå dei talrike og ulike spørsmåla som interesserer ein nasjon og gje nasjonale unionar ansvaret for dei. Grunnen til å skilja ut desse spørsmåla, er synspunktet om at det som bind ein nasjon saman til ein samordna heilskap, er kulturen. Ein går ut ifrå at innanfor ein nasjon er det på den eine sida interessar som hallar mot å løysa opp nasjonen, økonomiske til dømes, og interessar som hallar mot å sveisa nasjonen saman til ein samordna heilskap på den andre sida, og at dei sistnemnde interessene er kulturelle.
Til sist har ein spørsmålet om nasjonale minoritetar. Rettane deira må bli særskilt verna om. Partiet krev difor heilt og fullt lik status i utdanning, religion og på andre felt for desse, og at alle forbod og avgrensingar for nasjonale minoritetar skal takast bort.
Så har vi § 9 som slår fast at nasjonane skal vera likestilte. Vilkåra for at dette kan gjennomførast kan fyrst koma når heile samfunnet har blitt fullt ut demokratisert.
Enno har vi att å løysa spørsmålet om korleis vi skal organisera proletariatet i dei ulike nasjonane i eitt einaste sams parti. Ein plan er å organisera arbeidarane etter nasjonale liner – så mange nasjonar, så mange parti. Den planen vart avvist av sosialdemokratane. Røynsla har vist at organiseringa av proletariatet i ein viss stat etter nasjonale liner, berre fører til å riva ned ideen om klassesolidaritet. Alle proletarar i alle nasjonar i ein viss stat må vera organiserte i eitt einaste, udeleleg proletarisk fellesskap.
Såleis kan synet vårt på det nasjonale spørsmålet avgrensast til dei fylgjande framlegga:
a) Godkjenning av nasjonane sin rett til lausriving.
b) Regionalt autonomi for nasjonar som blir ståande innanfor staten.
c) Særskild lovgjeving som tryggjer utviklingsfridom for nasjonale minoritetar.
d) Eitt einaste udeleleg proletarisk kollektiv, eitt einaste parti for proletarane frå alle nasjonalitetane i ein viss stat.
3. SVAR TIL ORDSKIFTET OM DET NASJONALE SPØRSMÅLET
29. april
Dei to fråsegnene er i det heile nokså like. Pjatakov har skrive av alle punkta i fråsegna vår så nær som eitt – «godkjenning av retten til lausriving». Det må bli anten det eine eller det andre: Anten nektar vi nasjonane retten til lausriving, i så fall må det seiast like ut, eller vi nektar dei ikkje den retten. Nett no er det ei rørsle i Finland for å sikra seg nasjonal fridom, og det vert og ført kamp mot ho av den provisoriske regjeringa. Då reiser spørsmålet seg: Kven skal vi støtta? Anten er vi for politikken til den provisoriske regjeringa, at ho held på Finland med makt og skjer ned rettane til Finland til eit reint minstemål – i dette tilfellet er vi anneksjonistar for vi ber vatn på mølla til den provisoriske regjeringa, eller så er vi for sjølvstende for Finland. Vi må seia klårt og tydeleg frå om dette, anten den eine eller andre vegen. Vi kan ikkje avgrensa oss til ei utsegn om rettar.
Det er ei rørsle i gang for sjølvstende i Irland. Kva side står vi på, kameratar? Vi er anten for Irland eller for britisk imperialisme. Og eg spør: Er vi på folka si side, dei som strir mot undertrykking, eller er vi på parti med dei klassane som undertrykkjer dei? Vi seier at ettersom sosialdemokratane set kursen mot ein sosialistisk revolusjon, lyt dei stø den revolusjonære rørsla til folka, som er retta mot imperialismen.
Vi må anten innsjå at vi lyt skapa ein baktropp for fortroppen for den sosialistiske revolusjonen i form av folka som reiser seg mot nasjonal undertrykking – i dette tilfellet vil vi byggja ei bru mellom Vest og Aust og visseleg styra mot ein sosialistisk verdsrevolusjon, eller vi gjer ikkje dette – i det tilfellet vil vi finna oss sjølve utestengde, og vil gå bort frå taktikken med å utnytta kvar einaste revolusjonær rørsle mellom dei undertrykte nasjonalitetane for å knusa imperialismen.
Vi lyt stø kvar einaste rørsle som rettar seg mot imperialismen. Kva vil elles finske arbeidarar seia om oss? Pjatakov og Dzerzjinski fortel oss at kvar einaste nasjonal rørsle er ei reaksjonær rørsle. Det er ikkje sant, kameratar. Er ikkje den irske rørsla mot britisk imperialisme ei demokratisk rørsle som gjev imperialismen ei hard lusing? Og bør vi ikkje stø den rørsla?
Fyrste gong prenta
i Petrograd-konferansen og
den all-russiske konferansen til RSDAP (b) i april 1917,
Moskva og Leningrad, 1925.
Notar
1. Den provisoriske regjeringa – den borgarlege regjeringa under leiing av Kerenski som tok makta i juli 1917. Ho førde ein anti-folkeleg politikk og heldt fram med den imperialistiske krigen, let storborgarskapet og godseigarane ha makta og undertrykte revolusjonen. Ho vart styrta med Oktoberrevolusjonen.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.