Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga «Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet» utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
Innhold
MARXISMEN OG DET NASJONALE SPØRSMÅLET(1)
Wien, januar 1913.
Perioden med kontrarevolusjon i Russland førte ikkje berre «lyn og tore» med seg, men og desillusjonering i rørsla, og mangel på tru på dei sams kreftene våre. Så lenge folk trudde på «ei lys framtid», slost dei side ved side utan omsyn til nasjonalitet: Felles spørsmål fyrst og fremst! Men når tvilen kraup inn i hjarto til folk, byrja dei å dra, kvar til sitt nasjonale læger: Lat kvar mann lita berre på seg sjølv! «Det nasjonale spørsmålet» fyrst og fremst!
På same tid gjekk det føre seg ei djuptgripande omskaking i det økonomiske livet i landet. Året 1905(2) hadde ikkje vore fåfengt: Det var slege nok eit slag mot overleivningane av liveigenskapen på landsbygda. Den rekkja med gode avlingar som fylgde åra med hungersnaud, og oppsvinget i industrien som kom etter det, fremja frammarsjen til kapitalismen. Klasseoppdelinga på landsbygda, veksten av byane, utviklinga av handel og kommunikasjonsmiddel tok eit langt steg framover. Dette galdt særleg grenseregionane. Og det kunne ikkje anna enn skunda på prosessen med økonomisk grunnfesting av nasjonalitetane i Russland. Dei var nøydde til å koma i rørsle …
«Det konstitusjonelle styret»(3) som vart oppretta på den tida, verka og i same lei, til å vekkja nasjonalitetane. Spreiinga av aviser og av litteratur elles, ein viss fridom for presse og kulturinstitusjonar auka tal på nasjonalteater og så bortetter, hjelpte utan tvil til å styrkja «dei nasjonale kjenslene». Valkampen til dumaen(4) og dei politiske gruppene der, gjorde det på ny mogleg for nasjonane å vera meir aktive, og gav dei eit nytt og vidt mobiliseringsfelt.
Og den stigande bylgja av militant nasjonalisme ovanfrå, og rekkja av undertrykkjande tiltak frå «makthavarane» si side som hemn for «fridomselsken» til grenseregionane, fekk det til å stiga ei bylgje av nasjonalisme nedanfrå som til tider tok form av grovskoren sjåvinisme. Utbreiinga av sionismen (5) mellom jødane, auka sjåvinisme i Polen, panislamisme(6) mellom tatarane, utbreiinga av nasjonalisme mellom armenarane, grusarane og ukrainarane og det almenne omsvinget til anti-semittisme hjå spissborgarane, er vanleg kjende kjensgjerningar.
Den nasjonalistiske bylgja rulla framover med aukande kraft og truga med å sluka massen av arbeidarane. Og di meir rørsla for frigjering gjekk attende, di meir rikeleg blømde nasjonalismen opp.
I denne vanskelege tida hadde sosialdemokratiet ei stor oppgåve: Å stå imot nasjonalismen og verja massane mot den allmenne «farsotten». For sosialdemokratiet, og berre sosialdemokratiet, kunne gjera dette, ved å stri mot nasjonalismen med det velprøvde våpenet internasjonalisme, med å setja fram einskapen 1 klassekampen, som det er uråd å dela opp. Og dess meir kraftfullt den nasjonalistiske bylgja rulla fram, dess høgare måtte ropa frå sosialdemokratiet om brorskap og einskap mellom proletarane frå alle nasjonalitetane i Russland vera. Og i denne samanhengen var det naudsynt at sosialdemokratane i grenseregionane var særskilt støe, for dei kom i beinveges kontakt med nasjonalistrørsla.
Men ikkje alle sosialdemokratar viste seg vaksne for oppgåva – og dette gjeld særleg sosialdemokratane i grenseregionane. Bund, som tidlegare hadde lagt vekt på dei sams oppgåvene, byqa no å setja sine eigne konkrete, reint nasjonalistiske mål fyrst: Dei gjekk så langt som å gjera «hald sabbaten heilag» og «godkjenning av jiddisk»(7) til stridssaker i valkampen sin1. Bund fekk fylgje av Kaukasus. Ein del av dei kaukasiske sosialdemokratane, som til liks med resten av dei kaukasiske sosialdemokratane tidlegare hadde avvist «kulturnasjonalt autonomi», gjer no dette til eit krav som ein ikkje kan drygja med.2 For ikkje å nemna konferansen til likvidatorane(8), som på ein diplomatisk måte godkjende nasjonalistisk vakling.3
Det går fram av dette at synspunkta til det russiske sosialdemokratiet på det nasjonale spørsmålet enno ikkje er klåre for alle sosialdemokratar.
Det er tydeleg at vi har bruk for ein alvorleg og omfattande diskusjon om det nasjonale spørsmålet. Prinsippfaste sosialdemokratar må arbeida jamt og utrøyttande mot tåka av nasjonalisme, utan omsyn til kva læger ho kjem frå.
I. NASJONEN
Kva er ein nasjon?
Ein nasjon er fyrst og fremst eit fellesskap, eit visst fellesskap av menneske.
Dette er korkje rase- eller stammefellesskap. Den moderne italienske nasjonen vart danna av romarar teutonar etruskarar grekarar arabarar osb. Den franske nasjonen vart danna av gallarar romarar, bretonar teutonar osb. Det same må ein seia om britane, tyskarane og andre som vart forma til nasjonar av folk frå ulike rasar og stammar.
Ein nasjon er altså korkje eit rase- eller stammefellesskap, men eit fellesskap av menneske, som har vakse fram gjennom historia.
På den andre sida er det ikkje tvil om at vi ikkje kan kalla del store imperia til Kyros og Aleksander for nasjonar, sjølv om dei voks fram gjennom historia og vart forma av ulike stammar og rasar. Dei var ikkje nasjonar men tilfeldige og laust samanknytte samlingar av grupper som samla seg og fall frå kvarandre når ein eller annen erobrar vann eller tapte.
Ein nasjon er altså ikkje ei tilfeldig eller flyktig samling av ulike element, men eit stabilt fellesskap av menneske.
Men ikkje alle stabile fellesskap er nasjonar. Austerrike og Russland er og stabile fellesskap, men ingen kallar dei nasjonar. Kva skil eit nasjonalt fellesskap frå eit statsfellesskap? Mellom anna den kjensgjerninga at eit nasjonalt fellesskap er umogleg utan eit sams språk, medan ein stat ikkje treng ha eit sams språk. Den tsjekkiske nasjonen i Austerrike og den polske i Russland ville vera uråd om kvar av dei ikkje hadde eit sams språk. Derimot verkar det ikkje inn på integriteten til Russland og Austerrike at det finst fleire ulike språk innanfor grensene deira. Vi sikter sjølvsagt til dei talte folkemåla, og ikkje til dei offisielle regjeringsmåla.
Eit sams språk er altså eit av særdraga til ein nasjon.
Dette tyder sjølvsagt ikkje at ulike nasjonar alltid og over alt taler ulike språk, eller at alle som taler same språket naudsynlegvis utgjer ein nasjon. Eit sams språk for kvar nasjon, men ikkje naudsynlegvis ulike språk for ulike nasjonar! Det finst ingen nasjon som på same tid taler fleire språk, men dette tydar ikkje at to nasjonar ikkje kan tala det same språket! Engelskmenn og amerikanarar taler eitt språk, men dei er ikkje ein nasjon. Det same gjeld nordmennene og danskane, engelskmennene og irane.
Men kvifor er ikkje til dømes engelskmennene og amerikanarane ein nasjon trass i at dei har sams språk?
Fyrst og fremst av di dei ikkje lever saman, men bur på ulike territorium. Ein nasjon vert forma berre som eit resultat av langvarig og regelmessig samkvem som eit resultat av at folk lever saman i slektledd etter slektledd. Men folk kan ikkje leva saman over lang tid utan at dei har eit sams territorium. Engelskmenn og amerikanarar budde opphavleg på det same territoriet, England, og var ein nasjon. Seinare utvandra ein del av engelskmennene frå England til eit nytt territorium, Amerika. Etter ei tid danna den nye amerikanske nasjonen seg på dette nye territoriet. Skilde territorium førte til at det vart danna ulike nasjonar.
Eit sams territorium er altså eit av særdraga ved ein nasjon.
Men dette er ikkje alt. Sams territorium skaper ikkje ein nasjon i seg sjølv. Dette krev i tillegg eit indre økonomisk samband som sveisar dei ulike delane av nasjonen samen til eitt. Det finst ikkje noko slikt samband mellom England og Amerika, så dei er to ulike nasjonar. Men amerikanarane sjølve ville ikkje vera verd å verta kalla ein nasjon om ikkje dei ulike delane av Amerika var bundne saman til ein økonomisk heilskap, som eit resultat av arbeidsdelinga mellom dei, utviklinga av kommunikasjonsmiddel og så bortetter.
Tak til dømes grusarane. Før reformen(9) budde grusarane på eit sams territorium og dei talte eitt språk. Likevel var dei strengt teke ikkje ein nasjon. For splitta som dei var i fleire skilde fyrstedøme, kunne dei ikkje dela eit sams økonomisk liv. I fleire hundreår førte dei krig mot kvarandre og plyndra kvarandre, og kvar eggja persarane og tyrkarane mot den andre. Det flyktige og tilfeldige sambandet av fyrstedøme som ein eller annan framgangsrik konge nokre gongar klarte å få i stand, omfatta aldri meir enn ei overflatisk administrativ sfære og fall fort frå kvarandre på grunn av luna til fyrstane og av di bøndene ikkje brydde seg om det. Det kunne heller ikkje vera annleis i det økonomiske oppstykka Grusia… Grusia stod ikkje fram som nasjon før i siste halvdelen av det nittande hundreåret. Då liveigenskapen vart rydda bort og det økonomiske livet i landet voks, då kommunikasjonsmidla utvikla seg og kapitalismen steig fram og førte til arbeidsdeling mellom dei ulike distrikta i Grusia, vart den økonomiske isolasjonen til fyrstedøma fullstendig sprengd og dei vart bundne saman til ein einaste heilskap.
Ein må seia det same om dei andre nasjonane som har gått gjennom stadiet til føydalismen og har utvikla kapitalismen.
Eit sams økonomisk liv, økonomisk samanheng, er altså eit av særdraga ved ein nasjon.
Men endåtil dette er ikkje alt. Utanom det som er sagt før må vi og sjå på den særlege åndelege framtoninga til det folket som er ein nasjon. Nasjonar skil seg ikkje frå kvarandre berre ved tilhøva som del lever under, men og ved åndeleg framtoning som kjem til uttrykk 1 ein særeigen nasjonal kultur. Når England, Amerika og Irland, som taler eitt språk, likevel er tre skilde nasjonar, er det ikkje i liten grad på grunn av den psykiske eigenarten som del har utvikla frå slektled til slektled som resultat av ulike livstilhøve.
I seg sjølv er sjølvsagt psykisk eigenart eller «nasjonalkarakter» som det og vert kalla, ikkje noko handfast for ein som går etter men så lenge det kjem til uttrykk i ein særskild kultur som er sams for nasjonen er det noko handfast, og vi kan ikkje sjå bort frå det.
Vi treng knapt seia at «nasjonalkarakteren» ikkje er fastlåst ein gong for alle, og at endringar i livstilhøva verkar på han. Men sidan han er til på eit kvart tidspunkt, set han preget sitt på andletet til nasjonen.
Sams psykisk eigenart som kjem til uttrykk i ein sams kultur er altså eit av særdraga ved ein nasjon.
No har vi sett på alle særdraga ved ein nasjon.
Ein nasjon er eit stabilt fellesskap av menneske som har oppstått historisk og som er danna med grunnlag i sams språk, territorium, økonomisk liv og psykisk eigenart som kjem til uttrykk i ein sams kultur.
Av dette fylgjer det av seg sjølv at ein nasjon lik kvar einaste historisk ovring4 er underlagd lova om endring og har si soge med byijing og slutt.
Ein må understreka at ingen av dei draga som er nemnde ovanfor kvar for seg strekk til for å avgrensa ein nasjon. Meir enn det: Det er nok at eit einaste av desse draga manglar, så sluttar nasjonen å vera ein nasjon.
Vi kan tenkja oss menneske med sams «nasjonalkarakter» utan at ein av den grunn kan seia at dei er ein nasjon, om dei samstundes er skilde frå kvarandre økonomisk, bur på ulike territorium, taler ulike språk og så bortetter. Dette gjeld til dømes dei russiske, galigiske, amerikanske, grusiske og kaukasiske høglands-jødane, som etter vår meining ikkje er ein nasjon.
Vi kan tenkja oss menneske som bur på same territorium og med sams økonomisk liv, som likevel ikkje er ein nasjon av di dei ikkje har eit sams språk og ikkje nokon sams «nasjonalkarakter». Dette gjeld til dømes tyskarane og latviarane i det baltiske området.
Endeleg taler nordmennene og danskane det same språket, men dei er ikkje ein nasjon, for dei andre draga manglar.
Det er berre når alle desse draga er til stades saman at vi har ein nasjon.
Det kan sjå ut som «nasjonalkarakter» ikkje er eitt av særmerka, men det einaste verkelege særmerket ved ein nasjon, og at alle dei andre særmerka strengt teke berre er vilkår for utviklinga av ein nasjon i staden for sjølv å vera merke for han. Slik er synet til til dømes R. Springer, og særleg O. Bauer. Dei er sosialdemokratiske teoretikarar i det nasjonale spørsmålet og velkjende i Austerrike.
Lat oss sjå på teorien deira om nasjonen.
Springer seier at «ein nasjon er ei sameining av menneske som tenkjer og taler likt». Det er «eit kulturfellesskap av moderne menneske som ikkje lenger er bundne til ’jorda’»5 (Vår utheving)
Slik vert altså ei «sameining» av menneske som tenkte og talte likt ein nasjon, utan omsyn til om dei er skilde frå kvarandre og utan omsyn til kvar dei bur.
Bauer går endå lenger.
«Kva er ein nasjon?» spør han. «Er det eit sams språk som gjer folk til ein nasjon? Men engelskmennene og irane… taler det same språket utan å vera eit folk. Jødane har ikkje noko sams språk og likevel er dei ein nasjon.»6
Kva er då ein nasjon?
«Ein nasjon er eit relativt karakterfellesskap. »7
Men kva er karakter, i dette høvet nasjonalkarakter?
Nasjonalkarakter er «summen av særmerke som skil menneske av ein nasjonalitet frå menneske av ein annan nasjonalitet – samansettinga av fysiske og åndelege særmerke som skil ein nasjon frå ein annan.»8
Bauer veit sjølvsagt at nasjonalkarakter ikkje fell ned frå himmelen. Difor legg han til:
«Karakteren til menneska vert mest av alt fastsett av lagnaden deira … Ein nasjon er ikkje noko anna enn eit fellesskap med sams lagnad» som i sin tur er fastsett «av dei vilkåra som menneska produserer dei midla som dei skal leva av under, og som dei fordeler arbeidsprodukta sine under.»9
Slik kjem vi fram til den mest «fullstendige» definisjonen av ein nasjon, som Bauer kallar han:
«Ein nasjon er ei samling menneske som er bundne saman til eit karakterfellesskap av ein sams lagnad.»10
Vi har altså ein sams nasjonalkarakter som er grunna på ein sams lagnad, men ikkje naudsynlegvis bundne saman med sams territorium, språk eller økonomisk liv.
Men kva vert det då igjen av nasjonen? Kva slags sams nasjonalitet kan det vera mellom menneske som ikkje er økonomisk samanbundne, som bur på ulike territorium og som frå ættled til ættled taler ulike språk?
Bauer taler om jødane som ein nasjon, trass i at dei «ikkje har noko sams språk».11 Men kva slags «sams lagnad» og nasjonal samanheng finst det til dømes mellom dei grusiske, dagestlanske, russiske og amerikanske jødane som er fullstendig skilde frå kvarandre, som bur på ulike territorium og taler ulike språk?
Desse jødane lever utan tvil eit økonomisk og politisk liv saman med respektive grusarane, dagestanarane russarane og amerikanarane, og dei lever i den same kulturatmosfæren som dei. Dette må setja eit tydeleg preg på nasjonalkarakteren deira. Om det er att noko sams mellom dei, må det vera religionen, det sams opphavet, og visse restar av nasjonalkarakteren. Alt dette er heva over tvil. Men korleis kan ein påstå i fullt alvor at forsteina religiøse ritual og kvervande psykiske overleivningar påverkar «lagnaden» til desse jødane kraftigare enn den levande sosiale, økonomiske og kulturelle omgjevnaden? Og det er berre ved å gå ut frå dette at det er mogleg å tala om jødane som ein nasjon i det heile.
Kva er det så som skil nasjonen til Bauer frå den mystiske og sjølvtilstrekkjelege «nasjonalånda» til splritualistane?12
Bauer set opp eit uoverstigeleg gjerde mellom det «avgjerande kjennemerket» på nasjonar (nasjonalkarakter) og livs«tilhøva» deira ved at han skil del frå kvarandre. Men kva er nasjonalkarakter om det ikkje er eit spegelbilete av livstilhøva, ei avstøyping av inntrykk som er avleidd av omgjevnaden? Korleis kan vi innskrenka saka til nasjonalkarakter åleine, og skilja og isolera han frå jorda som gav opphav til han?
Vidare, kva var det i røynda som skilde den engelske og den amerikanske nasjonen på slutten av det attande og byrjinga av det nittande hundreåret, då Amerika enno var kjend som Ny-England? Sjølvsagt ikkje nasjonalkarakter. For amerikanarane hadde kome frå England og hadde ikkje ført berre det engelske språket med seg, men og den engelske nasjonalkarakteren som dei sjølvsagt ikkje kunne missa så snart. Under påverknaden frå dei nye tilhøva, ville dei likevel naturlegvis utvikla sin eigen særskilde karakter. Trass i den meir eller mindre sams karakteren, var dei likevel på den tida ein nasjon skild frå England! Det er openbert at Ny-England som nasjon då ikkje skilde seg frå England som nasjon ved den særskilde nasjonalkarakteren sin, eller ikkje så mykje ved nasjonalkarakteren som ved omgjevnadene og livsvilkåra, som var skilde frå dei engelske.
Difor er det klårt at det i røynda ikkje finst eitt skiljande særmerke ved ein nasjon. Det finst berre ein sum av særmerke, og når vi samanliknar nasjonar står nokre gongar eitt særmerke (nasjonalkarakter), nokre gongar elt anna (språk) eller eit tredje (territorium, økonomiske vilkår), skarpare fram. Ein nasjon er kombinasjonen av alle desse særmerka til saman.
Synspunktet til Bauer, som seier at nasjonen er nasjonalkarakteren, skil nasjonen frå jordsmonnet hans og gjer han til ei usynleg, sjølvtilstrekkjeleg kraft. Resultatet er ikkje ein levande og aktiv nasjon, men noko mystisk og overnaturleg som ein ikkje kan gripa. For som sagt, kva slags nasjon er til dømes ein jødisk nasjon som er ihopsett av grusiske, dagestanske, russiske, amerikanske og andre jødar som ikkje skjønar kvarandre (sidan dei taler ulike språk), som bur på skilde delar av jorda, som aldri vil sjå kvarandre og som aldri vil handla saman korkje i fredstid eller krigstid.
Nei, det er ikkje for slike «papirnasjonar» at sosialdemokratiet set opp det nasjonale programmet sitt. Det kan berre rekna med verkelege nasjonar som handlar og rørar på seg, og som difor krev at vi reknar med del.
Bauer blandar openbert samen nasjon som ein historisk kategori, og stamme som ein etnografisk13 kategori.
Likevel ser det ut til at Bauer kjenner kor veikt han står. Sjølv om han utan vidare seier at jødane er ein nasjon i byrjinga av boka si,14 rettar han seg sjølv i slutten av boka, og slår fast at «vanlegvis gjer det kapitalistiske samfunnet det umogeleg for dei Gødane) å halda fram som nasjon»15 ved at det får dei til å gå opp i andre nasjonar. Det ser ut til at grunnen til det er at «jødane ikkje har noko avstengt territorium som dei bur på»,16 medan tsjekkarane til dømes har eit slikt territorium. Desse vil, etter det Bauer seier, overleva som nasjon. Kort sagt, grunnen er at dei ikkje har eit territorium.
Ved å argumentera slik, ville Bauer prova at dei jødiske arbeidarane ikkje kan krevja nasjonalt autonomi.17 Men på denne måten viste han utan å vilja det tilbake sin eigen teori, som nektar for at sams territorium er eit av kjenneteikna på ein nasjon.
Men Bauer går lenger. I byrjinga av boka si slår han klårt fast at «jødane ikkje har noko sams språk, og likevel er dei ein nasjon.»18 Men han har knapt nådd side 130 før han snur om og seier like fastrådd at «det er ikkje tvil om at ein nasjon er umogleg utan eit sams språk».19 (Vår utheving).
Bauer ville prova at «språket er den viktigaste reiskapen for menneskeleg samkvem»,20men samtidig prova han ved ein glepp noko han ikkje meinte å prova, nemleg at teorien hans om nasjonar ikkje held vatn av di han nektar for kor viktig det er å ha eit sams språk.
Denne teorien som er sydd saman med idealistiske trådar, avviser på denne måten seg sjølv.
II. DEN NASJONALE RØRSLA
Ein nasjon er ikkje berre ein historisk kategori, men ein historisk kategori som høyrer til ein viss tidbolk. Det er tidbolken til den veksande de kapitalismen. Den prosessen der føydalismen vert fjerna og kapital ismen utvikla, er på same tid ein prosess der menneske vert organiserte i nasjonar. Slik skjedde det til dømes i Vest-Europa. Britane, franskmennene, tyskarane, italienarane og andre vart forma til nasjonar samstundes som kapitalismen rykka sigerrikt fram og sigra over den føydale kløyvinga.
Men i desse døma innebar danninga av nasjonar på same tid at dei vart omdanna til sjølvstendige nasjonalstatar. Den britiske og franske nasjonen og andre nasjonar er på same tid britiske osb., statar. Irland, som ikkje var med på denne prosessen, endrar ikkje heilskapsbiletet.
Tinga tok ei noko anna vending i Aust-Europa. Medan nasjonane i vest utvikla seg til statar, vart det danne fleirnasjonale statar i aust. Det er statar med fleire nasjonalitetar. Slike er Austerrike, Ungarn og Russland. I Austerrike synte tyskarane seg å vera dei mest politisk utvikla, og dei tok på seg å sameina dei austerrikske nasjonalitetane til ein stat. I Ungarn var det madjarane – kjernen i dei ungarske nasjonalitetane -som var mest innretta på statsorganisering, og dei sameinte Ungarn. I Russland var det storrussarane som stod for å sameina nasjonalitetane. I brodden for dei stod eit historisk skipa kraftig og velorganisert aristokratisk militærbyråkrati.
Slik gjekk det føre seg i aust.
Denne særlege metoden for statsdanning kunne berre finna stad der føydalismen enno ikkje hadde gått under der kapitalismen var lite utvikla og der dei nasjonalitetane som var trengde i bakgrunnen enno ikkje hadde vorte i stand til å grunnfesta seg økonomisk til heilskaplege nasjonar.
Men kapitalismen byrja og å utvikla seg i aust-statane. Handel og kommunikasjonsmiddel var i utvikling. Store byar voks opp. Nasjonane vart grunnfesta økonomisk. Kapitalismen braut inn i det rolege livet til dei nasjonalitetane som hadde vorte trengde i bakgrunnen, vekte dei og eggja dei til handling. Utviklinga av pressa og teatret, verksemda til Reichsrat21 (Austerrike) og Dumaen (Russland) hjelpte til å styrkja dei «nasjonale kjenslene». Intelligensiaen som hadde vakse fram, vart gjennomsyra av «den nasjonale ideen» og handla i same lei…
Men dei nasjonane som var trengde bakgrunnen og som no hadde vakna til sjølvstendig liv, kunne ikkje lenger danna sjølvstendige nasjonalstatar. På vegen møtte dei svært sterk motstand frå dei herskande laga i herrenasjonane, som for lenge sidan hadde gripe makta over staten. Dei var for seint ute!
På denne måten forma tsjekkarane, polakkane og andre seg til nasjonar i Austerrike. Kroatane og andre gjorde det same i Ungarn, latviarane, litauarane, ukrainarane, grusarane, armenarane og andre i Russland. Det som hadde vore unntaket i Vest-Europa (Irland), vart regelen i aust.
I vest svarte Irland på den særeigne stillinga si med ei nasjonal rørsle. I aust måtte dei nasjonane som hadde vakna, svara på same måten.
Slik oppstod dei tilhøva som dreiv dei unge nasjonane i Aust-Europa over på stridsvegen.
Striden byrja og flamma opp, eigentleg ikkje mellom nasjonane som heilskap, men mellom herskarklassane i herrenasjonane og i dei nasjonane som var trengde i bakgrunnen. Striden vart til vanleg ført av småborgarskapet i byane i den undertrykte nasjonen, mot storborgarskapet i herrenasjonen (tsjekkarar og tyskarar), eller av borgarskapet på landsbygda i den undertrykte nasjonen mot godseigarane i herrenasjonen (ukrainarar i Polen), eller av heile det «nasjonale» borgarskapet i den undertrykte nasjonen mot herskaradelen i herrenasjonen (Polen, Litauen og Ukraina i Russland).
Borgarskapet spelar den leiande rolla.
Hovudproblemet for det unge borgarskapet er marknadsproblemet. Målet deira er å selja varene sine og å stå sigrande fram i konkurransen med borgarskapet frå ein annan nasjonalitet. Difor ynskjer dei å sikra sin «eigen» «heim»marknad. Marknaden er den fyrste skulen der borgarskapet lærer nasjonalismen sin.
Men saka er til vanleg ikkje avgrensa til marknaden. Det halvføydale og halvborgarlege byråkratiet i herrenasjonen grip inn i striden med sine eigne metodar for «stogging og hindring». Borgarskapet i herrenasjonen, anten det er stort eller lite, kan taka seg av konkurrentane «raskare» og «fastare». «Styrkane» kjem saman, og dei set i verk ei rekkje avgrensingstiltak mot det «framande» borgarskapet, tiltak som endar i undertrykkingshandlingar. Striden spreier seg frå det økonomiske til det politiske feltet. Innskrenka rørslefridom, undertrykking av språket, avgrensa røysterett, stenging av skular, religiøse avgrensingar osb. vert lessa på akslene til «konkurrenten». Sjølvsagt vert slike tiltak ikkje utforma berre til beste for borgarklassane i herrenasjonen, men og for å fremja dei særskilde kasteføremåla til det herskande byråkratiet, for å seia det på den måten.
Men skal vi sjå på resultata, vert dette ganske likegyldig. Dei borgarlege klassane og byråkratiet går i dette høvet hand i hand, anten det er i Austerrike-Ungarn eller i Russland.
Borgarskapet i den undertrykte nasjonen, som vert halde nede frå alle sider, kjem sjølvsagt i rørsle. Dei vender seg til sitt «eige folk» og byrjar ropa om «fedrelandet», medan dei påstår at deira eiga sak er saka til heile nasjonen. Dei samlar seg ein hær av «landsmenn» til beste for… «fedrelandet». Og «folket» stiller seg ikkje alltid likegyldig til oppmodingane. Dei fylkar seg rundt fana deira: Undertrykkinga ovanfrå råkar dei og, og vekkjer misnøye hjå dei.
Slik byijar den nasjonale rørsla.
Styrken til den nasjonale rørsla vert avgjort av i kor stor mon dei breie laga i nasjonen, nemleg proletariatet og bøndene, tek del i ho.
Om proletariatet fylkar seg om fana til den borgarlege nasjonalismen, kjem an på kor mykje klassemotseiingane er utvikla. Det kjem an på klassemedvitet og organisasjonsnivået i proletariatet. Det klassemedvitne proletariatet har si eiga velprøvde fane, og treng ikkje fylka seg om fana til borgarskapet.
Når det gjeld bøndene, kjem det fyrst og fremst an på innhaldet i undertrykkinga om dei tek del i den nasjonale rørsla. Om undertrykkinga verkar på «jorda», slik ho gjorde i Irland, då vil massane av bønder straks fylka seg om fana til den nasjonale rørsla.
Når det på den andre sida ikkje finst nemneverdig anti-russisk nasjonalisme i Grusia, er det fyrst og fremst av di det korkje finst russiske godseigarar eller eit russisk storborgarskap der, som kunne nøra opp under slik nasjonalisme mellom massane. I Grusia finst det anti-armensk nasjonalisme. Men det er av di det enno finst eit armensk storborgarskap der, som held det vesle grusiske borgarskapet som enno ikkje har grunnfesta seg, nede og driv dei til anti-armensk nasjonalisme.
Ut frå desse faktorane får anten den nasjonale rørsla massekarakter og veks stendig (som i Irland og Galltsja), eller ho vert omdanna til ei rekkje smålege samanstøytar og degenererer til krangling og «kampar» om skilt (som i nokre småbyar i Bøhmen).
Innhaldet i den nasjonale rørsla kan sjølvsagt ikkje vera det same overalt: Det vert fastsett heilt ut av dei ymse krava som rørsla set fram. I Irland har rørsla karakter av å vera ei jordbruksrørsle, i Bøhmen har ho «språkleg» karakter. På ein stad er kravet statsborgarleg likskap og religiøs fridom, ein annan stad «eigne» tenestemenn eller eit eige riksting. Mangfaldet av krav avslører ikkje sjeldan dei ulike draga som kjenneteiknar ein nasjon allment (språk, territorium osb.). Det er verdt å nemna at vi aldri ser eit krav som spring ut frå den altfemnande «nasjonalkarakteren» til Bauer. Og dette er naturleg: «Nasjonalkarakter» i seg sjølv er ikkje noko handfast. J. Strasser sa heilt rett at «ein politikar kan ikkje gjera noko med han».22
Slik er til vanleg formene og innhaldet i den nasjonale rørsla.
Av det som er sagt er det klårt at under vilkåra med veksande kapitalisme er den nasjonale striden ein strid mellom dei borgarlege klassane. Somme tider greier borgarskapet å trekkja proletariatet inn i den nasjonale rørsla, og då får den nasjonale kampen «nasjonsomfemnande» karakter, sett utanfrå. Men dette er berre på utsida. Eigentleg er det alltid ein borgarleg kamp som hovudsakleg er til bate og vinning for borgarskapet.
Men dette tyder slett ikkje at proletariatet ikkje skal stri mot politikken med nasjonal undertrykking.
Innskrenka rørslefridom, tap av røysteretten, språkundertrykking, stenging av skular og andre former for forfylging verkar ikkje mindre på arbeidarane enn på borgarskapet, heller meir. Ei slik stode kan berre verka til å seinke den frie utviklinga av dei intellektuelle kreftene til proletariatet i den undertrykte nasjonen. Vi kan ikkje tala alvorleg om full utvikling av dei intellektuelle evnene til den tatariske eller jødiske arbeidaren om han ikkje får lov til å bruka morsmålet sitt på møte og i foredrag, og om skulane hans er stengde.
Men politikken med nasjonalistisk forfylging er farleg for saka til proletariatet på ein annan måte og. Han dreg merksemda til breie lag vekk frå samfunnsspørsmål, spørsmål om klassekampen, og vender ho mot nasjonale spørsmål, spørsmål som er «sams» for proletariatet og borgarskapet. Og dette skaper fruktbar jord for lygnpropaganda om «interessefellesskap» for å dekkja over klasseinteressene til proletariatet og for intellektuell trælbinding av arbeidarane. Dette skaper et alvorleg hinder for sameininga av arbeidarane frå alle nasjonalitetar. Når ein monaleg del av dei polske arbeidarane enno er intellektuelt trælbundne av dei borgarlege nasjonalistane, og når dei enno står fjernt frå den internasjonale arbeidarrørsla, er det hovudsakleg på grunn av at den eldgamle anti-polske politikken til «makthavarane» gjev grobotn for denne trælbindinga og hindrar at arbeidarane frigjer seg frå ho.
Men forfylgingspolitikken er ikkje slutt med dette. Ikkje sjeldan går han frå eit «system» med undertrykking til eit «system» med å hissa nasjonar mot kvarandre, til eit «system» med pogromar og massakrar. Sjølsagt er det siste systemet ikkje mogleg alltid og overalt, men der det er mogleg, der det ikkje finst grunnleggjande borgarrettar får det ofte skræmande omfang og trugar med å drukna einskapssaka til arbeidarane i blod og tårar. Kaukasus og Sør-Russland gjev nok av døme. «Splitt og hersk», det er målet for opphissingspolitikken. Og der ein slik politikk lukkast, er han til enorm skade for proletariatet og ei alvorleg hindring for sameininga av arbeidarane frå alle nasjonalitetane i staten.
Men arbeidarane har interesse av at alle arbeidarar smeltar fullstendig saman til ein einaste internasjonal hær, av at dei raskt og endeleg skal frigjerast frå intellektuell trældom under borgarskapet og av den fullstendige og frie utviklinga av dei intellektuelle evnene til brørne sine, kva nasjon dei enn høyrer til.
Difor kjempar arbeidarane mot, og dei vil halda fram med å kjempa mot politikken med nasjonal undertrykking i alle former, frå dei listigaste til dei mest grovskorne så vel som mot politikken med å hissa nasjonar mot kvarandre i alle sine former.
Difor kunngjer sosialdemokratiet i alle land at nasjonane har rett til å rå seg sjølve.
Sjølvråderetten tyder at berre nasjonen sjølv har rett til å avgjera lagnaden sin. Han tyder at ingen har rett til å gripa inn i livet til nasjonen med vald. Ingen har rett til å øydeleggja skulane hans eller andre institusjonar, til å krenkja vanane og skikkane hans, til å undertrykkja språket hans eller til å minka på rettane hans.
Dette tyder sjølvsagt ikkje at sosialdemokratiet vil støtta kvar einaste skikk eller institusjon hjå ein nasjon. Det kjempar mot tvangsbruk mot alle nasjonar, men det vil berre halda fast på retten til at nasjonen sjølv har rett til å avgjera sin eigen lagnad. Samstundes agiterer det mot skadelege skikkar og institusjonar hjå den nasjonen for å setja dei arbeidande laga i den nasjonen i stand til å frigjera seg frå dei.
Sjølvråderett tyder at ein nasjon kan ordna livet sitt slik han vil. Han har rett til å ordna livet sitt på grunnlag av autonomi. Han har rett til å gå inn i føderale samband med andre nasjonar. Han har rett til fullstendig lausriving. Nasjonar er suverene, og alle nasjonar har like rettar.
Dette tyder sjølvsagt ikkje at sosialdemokratiet vil støtta eit kvart krav frå ein nasjon. Ein nasjon har til og med rett til å venda attende til den gamle ordninga. Men dette tyder ikkje at sosialdemokratiet vil skriva under på ei slik avgjerd teken av ein eller annen institusjon i ein viss nasjon. Pliktene til sosialdemokratiet, som verjar interessene til proletariatet, og rettane til ein nasjon, som er sett saman av fleire klassar , er to ulike ting.
I striden for sjølvråderett for nasjonane er målet til sosialdemokratiet å stogga politikken med nasjonal undertrykking, å gjera han umogleg, og på den måten fjerna grunnlaget for kiv mellom nasjonar, å taka brodden frå dette kivet og minka det til eit minstemål.
Dette er det som mest skil politikken til det klassemedvitne proletariatet frå politikken til borgarskapet, som freistar å blåsa opp og skjerpa den nasjonale kampen og forlengja og kvessa til den nasjonale rørsla.
Og det er grunnen til at det klassemedvitne proletariatet ikkje kan fylka seg under det «nasjonale» banneret til borgarskapet.
Det er grunnen til at den såkalla «utviklingsnasjonale» politikken som Bauer fremjar, ikkje kan verta politikken til proletariatet. Freistnaden til Bauer på å gjera den «utviklingsnasjonale» politikken sin til politikken til den «moderne arbeidarklassen»23, er ein freistnad på å tillempa klassekampen til arbeidarane på kampen til nasjonane.
Lagnaden til ei nasjonal rørsle, som eigentleg er ei borgarleg rørsle, er sjølvsagt knytt i hop med lagnaden til borgarskapet. Ei nasjonal rørsle kan berre verta heilt borte når borgarskapet fell. Fyrst når sosialismen herskar kan det verta fred heilt og fullt. Men til og med innom ramma til kapitalismen er det mogleg å minka den nasjonale kampen til eit minstemål, å undergrava han ved rota og å gjera han så lite skadeleg som mogleg for proletariatet, Dette er stadfest av til dømes Sveits og Amerika. Det som skal til, er at landet vert demokratisert og at nasjonane får høve til å utvikla seg fritt.
III. SPØRSMÅLSSTILLINGA
Ein nasjon har rett til å fastsetja sin eigen lagnad fritt. Han har rett til å innretta seg slik han tykkjer det høver, sjølvsagt utan å trampa ned rettane til andre nasjonar. Dette er umotseiande.
Men nøyaktig korleis skal han innretta seg, kva slags former skal den framtidige skipnaden hans taka, om ein skal ha i minnet interessene til fleirtalet i nasjonen og framfor alt til proletariatet?
Ein nasjon har rett til å innretta seg etter autonome liner. Han har endåtil rett til lausriving. Men det tyder ikkje at han skal gjera det i alle høve, at autonomi eller utskiljing alltid og overalt vil vera til føremon for ein nasjon, dvs. for fleirtalet i han, dvs. for dei arbeidande laga. Lat oss seia at dei transkaukasiske tatarane samlar seg i ein nasjon i rikstinget sitt og vedtek å nyoppretta den gamle ordninga og riva seg laus frå staten, av di dei ligg under for innverknaden frå bejane24 og mullahane25 sine. Etter innhaldet i paragrafen om sjølvråde har dei fullt høve til å gjera det… Men vil det vera i interessene til dei arbeidande laga i tatar-nasjonen? Kan sosialdemokratiet sjå likegyldig på om bejane og mullahane grip leiinga over massane i løysinga av det nasjonale spørsmålet? Skulle ikkje sosialdemokratiet gripa inn i saka og påverka viljen til nasjonen i ei viss retning? Skulle det ikkje leggja fram ein bestemt plan for å løysa spørsmålet, ein plan som skulle vera til mest føremon for tatar-massane?
Men kva slags løysing ville vera mest i samsvar med interessane til dei arbeidande massane? Autonomi, føderasjon eller utskiljing?
Løysinga av alle desse problema avheng av dei konkrete, historiske vilkåra som den nasjonen står i.
Meir enn det. Vilkåra endrar seg som alt anna, og ei avgjerd som er rett på eit tidspunkt, kan visa seg å vera heilt uhøveleg på eit anna.
På midten av det nittande hundreåret var Marx for lausriving av det russiske Polen. Og han hadde rett, for då var det spørsmål om å frigjera ein høgare kultur frå ein lågare kultur som øydela han. Og spørsmålet var på den tida ikkje berre eit teoretisk, akademisk spørsmål, men eit praktisk spørsmål som var påtrengjande verkeleg …
Alt på slutten av det nittande hundreåret uttalte dei polske marxistane seg mot lausriving av Polen. Og dei hadde 6g rett, for i dei femti åra som hadde gått hadde djuptgripande endringar gått føre seg som førte Russland og Polen nærare kvarandre økonomisk og kulturelt. Dessutan hadde spørsmålet om lausriving på desse åra endra seg frå eit praktisk spørsmål til eit akademisk debattspørsmål som ikkje opptok andre enn kanskje nokre intellektuelle i utlandet.
Likevel kan det sjølvsagt henda at det dukkar opp visse indre og ytre vilkår som kan gjera spørsmålet om lausrivinga av Polen aktuelt att.
Ein kan berre løysa det nasjonale spørsmålet i samanheng med utviklinga av dei historiske vilkåra.
Det er berre dei økonomiske, politiske og kulturelle vilkåra for ein nasjon som gjev nøkkelen til korleis ein viss nasjon bør ordna seg og kva for former den framtidige skipnaden hans bør taka. Det er mogleg at spørsmålet må verta løyst særskilt for kvar einskild nasjon. Om det nokon stad krevst at ein skal nytta dialektisk tilnærming til eit spørsmål, må det vera her, i det nasjonale spørsmålet.
Med tanke på dette må vi kunngjera fast at vi er mot ein viss svært utbreidd, men svært overflatisk måte å «løysa» det nasjonale spørsmålet på, som har opphavet sitt hjå Bund. Vi har i tankane den lettvinte metoden med å visa til det austerrikske og sør-slaviske26 sosialdemokratiet, som visstnok alt har løyst det nasjonale spørsmålet og som det russiske sosialdemokratiet ganske enkelt skulle låna løysinga frå. Ein går ut frå at alt som er rett for, lat oss seia Austerrike, er rett for Russland og. Her er det viktigaste og mest avgjerande ute av syne, nemleg dei konkrete historiske vilkåra i Russland som heilskap og i livet til kvar av dei nasjonane som bur i Russland særskilt.
Høyr til dømes kva den velkjende bundisten V. Kossovski seier:
«Når prinsippa for spørsmålet (dvs. det nasjonale spørsmålet – J. Stalin) var oppe til debatt på den fjerde kongressen til Bund vart eit framlegg frå ein av deltakarane på kongressen om å gjera opp spørsmålet i ånda til fråsegna frå Det sør-slaviske sosialdemokratiske partiet møtt med allment samtykke».27
Og resultatet vart at «kongressen samrøystes vedtok»… nasjonalt autonomi.
Og det var alt! Inga analyse av dei verkelege vilkåra Russland, inga undersøking av vilkåra for jødane i Russland. Fyrst lånte dei løysinga til Det sør-slaviske sosialdemokratiske partiet, deretter «samtykte» dei i ho, og til slutt «vedtok» dei ho «samrøystes»! På denne måten set bundistane fram og «løyser» det nasjonale spørsmålet i Russland…
I røynda er vilkåra Austerrike og Russland heilt ulike. Dette forklårar grunnen til at sosialdemokratane i Austerrike gjekk laus på spørsmålet på ein heilt urussisk måte, så å seia, og sjølvsagt løyste det på ein urussisk måte, då dei vedtok det nasjonale programmet sitt i Brunn (1899)(10) i ånda til fråsegna frå Det sør-slaviske sosialsosialdemokratiske partiet (med visse uviktige rettingar, sant nok).
Lat oss fyrst sjå på spørsmålsstillinga. Korleis stiller Springer og Bauer spørsmålet, desse austerrikske teoretikarane i kulturnasjonalt autonomi, tolkarane av det nasjonale programmet frå Brunn og fråsegna frå Det sør-slaviske sosialdemokratiske partiet?
«Om ein fleirnasjonal stat er mogleg,» seier Springer «og særleg om dei austerrikske nasjonalitetane er nøydde til å forma ein politisk einskap, er eit spørsmål som vi ikkje skal svara på her, men som vi skal sjå på som avgjort. For den som ikkje går med på at dette er mogleg og naudsynt, er sjølvsagt utgreiinga vår føremålslaus.
Emnet vårt er det fylgjande: Ettersom desse nasjonane er nøydde til å leva saman, kva rettsformer er det så som gjer dei i stand til å leva samen på den beste måten?»28 (Uthevingane er Springer sine).
Utgangspunktet er altså den statlege integriteten til Austerrike. Bauer seier det same:
«Vi føreset altså at dei austerrikske nasjonane vil verta verande i den same statlege unionen som dei lever i no, og spør korleis nasjonane vil ordna tilhøva seg i mellom og til staten innanfor denne unionen.»29
Altså nok ein gong den austerrikske integriteten fyrst.
Kan det russiske sosialdemokratiet stille spørsmålet på denne måten? Nei, det kan det Ikkje. Og det kan det Ikkje av di det heilt frå byrjinga held på synet om sjølvråderetten til nasjonane, som gjev nasjonane rett til lausriving.
Jamvel bundisten Goldblatt vedgjekk at det russiske sosialdemokratiet ikkje kunne gå vekk frå standpunktet om sjølvråde på den andre kongressen til partiet. Her er det som Goldblatt sa ved det høvet:
«Ein kan ikkje seia noko mot sjølvråderetten. Om ein nasjon strir for sjølvstende må vi ikkje gå mot det. Om Polen ikkje ynskjer å gå inn i ’lovleg ektepakt’ med Russland, er det ikkje vår sak å bry oss.»
Alt dette er sant. Men det fylgjer av det at utgangspunkta for det austerrikske og det russiske sosialdemokratiet langt frå er dei same. Dei er beinveges motsette. Kan det etter dette verta spørsmål om å låna det nasjonale programmet til austerrikarane?
Vidare. Austerrikarane vonar at dei kan oppnå «fridom for nasjonalitetane» med smålege reformar med seine steg. Når dei gjer framlegg om kulturnasjonalt autonomi som praktisk tiltak, så reknar dei ikkje med noka radikal endring. Dei reknar ikkje med ei demokratisk frigjeringsrørsle. Dei kan ikkje ein gong tenkja seg noko slikt. På den andre sida set dei russiske marxistane «fridom for nasjonalitetane» i samanheng med ei sannsynleg radikal endring, i samanheng med ei demokratisk frigjeringsrørsle, ettersom dei ikkje har grunn til å rekna med reformer. Og dette endrar sakene grunnleggjande med omsyn til den sannsynlege lagnaden til nasjonane i Russland.
«Sjølvsagt,» seier Bauer, «er det lite truleg at nasjonalt autonomi vil koma som resultat av ei stor avgjerd eller ei djerv handling. Austerrike vil utvikla seg mot nasjonalt autonomi steg for steg, gjennom ein sakte utviklingsprosess og gjennom hard strid, og som fylgje av det vil lovgjevinga og administrasjonen vera i ein tilstand av kronisk verkeløyse i lang tid. Den nye grunnlova vil ikkje verta skapt av ei stor lovgjevande handling, men gjennom eit mangfald av skilde lovvedtak for enkeltprovinsar og enkeltsamfunn.»30
Springer seier det same.
«Eg er fullstendig klår over,» skriv han, «at institusjonar av denne typen (dvs. organ for nasjonalt autonomi – J. St.) ikkje vert skapte på eit einaste år eller på eit einaste tiår. Omorganiseringa av den prøyssiske administrasjonen åleine kravde monaleg tid … Det tok prøyssarane to tiår å forma endeleg dei grunnleggjande administrative institusjonane sine. Lat ikkje nokon tru at eg har illusjonar om den tida som må til og dei vanskane som vi må rydja avvegen i Austerrike.»31
Alt dette er svært klårt. Men kan dei russiske marxistane unngå å setja det nasjonale spørsmålet i samanheng med «djerve handlingar»? Kan dei rekna med delreformer og «eit mangfald av skilde lovvedtak» som middel for å oppnå «fridom for nasjonalitetane»? Men om dei ikkje kan og Ikkje må gjera det, er det ikkje då klårt at kampmetodane til austerrikarane og russarane og framtidsvonene deira må vera heilt ulike? Når sakene står slik, korleis kan dei då innskrenka seg til det einsidige og utvatna kulturnasjonale autonomiet til austerrikarane? Eitt av to: Anten reknar ikkje dei som er for å låna, med «djerve handlingar» i Russland, eller så reknar dei med slike handlingar men «veit ikkje kva dei skal gjera».
Endeleg står Russland og Austerrike foran påtrengjande oppgåver som er heilt ulike, og som etter det krev ulike framgangsmåtar for å løysa det nasjonale spørsmålet. I Austerrike herskar parlamentarismen, og under dei noverande vilkåra er ikkje ei utvikling i Austerrike mogleg utan parlamentet. Men djupe konfliktar mellom dei nasjonale partia i Austerrike set stadig det parlamentariske livet og lovgjevinga ut av spel. Det forklårar den kroniske politiske krisa som Austerrike har lidd under lenge. Difor er det nasjonale spørsmålet sjølve sentrumet i det politiske livet i Austerrike. Det er det avgjerande spørsmålet. Difor er det ikkje overraskande at dei austerrikske sosialdemokratiske politikarane fyrst av alt på ein eller annan måte skulle freista å finna ei løysing på dei nasjonale konfliktane – sjølvsagt på grunnlag av det parlamentariske systemet som dei har, og med parlamentariske metodar…
Slik er det ikkje i Russland. For det fyrste «finst det gudskjelov ikkje noko parlament»(11) i Russland. Og for det andre, og det er hovudsaka, er det ikkje det nasjonale spørsmålet, men bondespørsmålet, som står i sentrum i det politiske livet i Russland. Difor er lagnaden til det russiske spørsmålet, og dermed og «frigjeringa» av nasjonane, i Russland knytt til løysinga av bondespørsmålet, dvs. til at vi knuser restane av føydalismen, dvs. til demokratiseringa av landsbygda. Det seier oss kvifor det nasjonale spørsmålet i Russland ikkje er eit sjølvstendig og avgjerande spørsmål, men ein del av det allmenne og viktigare spørsmålet om å frigjera landet.
«Groløysa til det austerrikske parlamentet,» skriv Springer «kjem nettopp av at kvar reform skaper motseiingar innan dei nasjonale partia, som kan verka inn på einskapen deira. Difor unngår leiarane av partia alt som smakar av reform. Vi kan berre tenkja oss framsteg i Austerrike om nasjonane får uomstøytelege lovfesta rettar, som sparar dei for å halde nasjonale stridsgrupper i parlamentet heile tida, og som gjer det mogleg for dei å venda seg mot løysinga av økonomiske og sosiale oppgåver.»32
Bauer seier det same.
«Nasjonal fred er fyrst og fremst uunnverleg for staten. Staten kan ikkje tillata at lovgjevinga vert lamma av det særs tåpelege språkspørsmålet eller av kvar krangel mellom opphissa menneske ved språkgrensene, eller kiv om kvar ny skule.»33
Alt dette er klårt. Men det er ikkje mindre klårt at det nasjonale spørsmålet i Russland ligg på eit heilt anna plan. Det er ikkje det nasjonale spørsmålet, men bondespørsmålet, som avgjer lagnaden for framsteget i Russland. Det nasjonale spørsmålet er underordna.
Slik har vi ulike spørsmålsstillingar, ulike framtidsvoner og kampmetodar og ulike påtrengjande oppgåver. Ettersom stoda er slik, er det ikkje då klårt at det berre er pedantar som «løyser» det nasjonale spørsmålet utan omsyn til tid eller stad, som kan tenkja på å taka døme frå Austerrike og på å låna program?
Eg tek opp att: Dei konkrete historiske vilkåra som utgangspunkt, og dialektisk spørsmålsstilling som den einaste rette måten å stilla det på -det er nøkkelen til å løysa det nasjonale spørsmålet.
IV KULTURNASJONALT AUTONOMI
Ovanfor talte vi om den formelle sida ved det austerrikske nasjonale programmet, og om dei metodologiske grunnane som gjer det umogleg for dei russiske marxistane ganske enkelt å overtaka dømet til det austerrikske sosialdemokratiet og gjera deira program til sitt eige.
Lat oss no undersøkja det vesentlege i programmet sjølv.
Kva er så det nasjonale programmet til dei austerrikske sosialdemokratane?
Det er uttrykt i to ord: kulturnasjonalt autonomi.
For det fyrste tyder dette at det ikkje er, lat oss seia Bøhmen eller Polen, der det hovudsakleg bur tsjekkarar og polakkar som får autonomi, men at det er tsjekkarane og polakkane allment som får det, utan omsyn til territorium, utan omsyn til kva for ein del av Austerrike dei bur i.
Det er difor dette autonomiet vert kalla nasjonalt og ikkje territorialt.
For det andre tyder dette at tsjekkarane, polakkane, tyskarane osb., som er spreidde over dei ulike delane av Austerrike, vert organiserte til heile nasjonar enkeltvis, som personar og at dei på denne måten utgjer delar av den austerrikske staten. På denne måten ville ikkje Austerrike vera ein union av autonome regionar, men ein union av autonome nasjonalitetar, som er danna uavhengig av territorium.
For det tredje tyder dette at dei nasjonale institusjonane som skal skapast for dette føremålet for polakkane, tsjekkarane osb. berre skal ha domsrett i «kulturelle» ikkje «politiske» spørsmål. Dei konkrete politiske spørsmåla skal det austerrikske parlamentet (Reichsrat) taka seg av.
Det er difor dette autonomiet og vert kalla kulturelt, kulturnasjonalt autonomi.
Her er programteksten som vart vedteken av det austerrikske sosialdemokratiske partiet på Brünn-landsmøtet i 1899.34
Etter å ha vist til at «den nasjonale usemja i Austerrike hindrar politiske framsteg,» at «den endelege løysinga av det nasjonale spørsmålet … fyrst og fremst er kulturelt naudsynt,» og at «løysinga berre er mogleg i eit verkeleg demokratisk samfunn, som byggjer på allmenn, direkte og lik røysterett,» held programmet fram med å seia:
Der er berre mogleg å «verna om og utvikla den nasjonale eigenarten35 til folka i Austerrike på grunnlag av like rettar og ved å unngå all undertrykking. Etter dette må vi fyrst og fremst avvisa all byråkratisk statssentralisering og dei føydale særrettane for einskilde provinsar.
Under desse vilkåra, og berre under desse vilkåra, vil det vera mogleg å oppretta nasjonal orden i Austerrike i staden for nasjonal usemje, nemleg etter fylgjande grunnsetningar:
1. Austerrike må verta omdanna til ein demokratisk statsføderasjon av nasjonalitetar.
2. Dei historiske kronprovinsane må bort. I staden for dei må vi setja nasjonalt avgrensa, sjølvstyrte samanslutningar, og i kvar av dei skal det vera eit nasjonalt parlament, valt med allmenn, direkte og lik røysterett, som skal taka seg av lovgjeving og administrasjon.
3. Alle dei sjølvstyrte regionane i ein og same nasjon må gå saman og danna ein einaste nasjonal union, som skal ordna dei nasjonale sakene sine på eit fullstendig autonomt grunnlag.
4. Rettane til nasjonale minoritetar må sikrast av ei særskild lov vedteken av det keisarlege parlamentet.»
Programmet sluttar med ei oppmoding om samhald mellom alle nasjonane i Austerrike.36 Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette programmet framleis inneheld visse spor av «territorialisme», men som heilskap gjev det uttrykk for nasjonalt autonomi. Ikkje utan grunn helsar Springer, som var den fyrste agitatoren for kulturnasjonalt autonomi, programmet med eldhug.37
Bauer stør og dette programmet og kallar det ein «teoretisk siger»38 for det nasjonale autonomiet. Han rår berre til at punkt 4 vert bytt ut med ei meir avgrensa formulering for å få det klårare, som skulle seia at det er naudsynt å «organisera den nasjonale minoriteten innanfor kvar av dei sjølvstyrte regionane i ei offentleg samanslutning» for å ordna undervisningssaker og andre kultursaker.39 Slik er det nasjonale programmet til det austerrikske sosialdemokratiet.
Lat oss granska det vitskaplege grunnlaget for det.
Lat oss sjå korleis det austerrikske sosialdemokratiske partiet rettferdiggjer det kultunasjonale autonomiet som det går inn for.
Lat oss venda oss til teoretikarane i det kulturnasjonale autonomiet, Springer og Bauer.
Utgangspunktet for nasjonalt autonomi er ideen om at ein nasjon er eit samband av enkeltindivid utan omsyn til eit avgrensa territorium.
«Nasjonalitet», etter det Springer seier, «heng ikkje grunnleggjande saman med territorium». Nasjonar er «autonome forbund av personar».40
Bauer taler og om ein nasjon som eit «personfellesskap» som ikkje «har udelt suverenitet i nokon særskild religion».41
Men dei personane som er ein nasjon, lever ikkje alltid i ein kompakt masse. Ofte er dei delte i grupper, og i den forma er dei spreidde mellom framande nasjonale organismar. Det er kapitalismen som driv dei til ulike regionar og byar for å søkja seg eit levebrød. Men når dei kjem inn på territoria til framande nasjonar og vert minoritetar der, får desse gruppene svi ved at det nasjonale fleirtalet legg restriksjonar på språk, skular o. l. Av dette oppstår det nasjonale samanstøytar. Ut frå dette er det at territorialt autonomi er «upassande». Den einaste løysinga på ei slik stode er, Ifylgje Springer og Bauer, å organisera minoriteten i den nasjonaliteten som det er tale om og som er spreidd over fleire delar av staten, i eit einaste, allment nasjonalt forbund der alle klassane er med. Etter deira meining er det berre eit slikt samband som kan verja dei kulturelle interessene til dei nasjonale minoritetane og berre det kan gjera slutt på den nasjonale misstemninga.
«Dette gjer det naudsynt,» seier Springer, «å organisera nasjonalitetane, og å gje dei rettar og ansvar.. .»42
Sjølvsagt «er det lett å gjera utkast til ei lov, men vil ho verta verksam?» … «Om ein ynskjer å laga ei lov for nasjonar, må ein fyrst skapa nasjonane.. .»43 «Om nasjonalitetane ikkje er organiserte, er det umogleg å skapa nasjonale rettar og rydja vekk nasjonal misstemning.»44
Bauer uttalte seg i den same ånda då han gjorde framlegg om at «minoritetane skulle samla seg i offentlege samanslutningar etter personprinsippet,» som «eit krav frå arbeidarklassen.»45 Men korleis skal ein nasjon verta organisert? Korleis skal ein fastsetja kva for nasjon eit visst individ høyrer til?
«Nasjonalitet,» seier Springer, «vil verta fastsett ved attestar. Kvar einskild som har heimstadrett i ein viss region må melda frå om kva for ein av nasjonalitetane i regionen han høyrer til i.»46 «Personprinsippet,» seier Bauer. «føreset at innbyggjarane vert delte i nasjonalitetar… Nasjonale lister må verta sette opp på grunnlag av at dei vaksne borgarane sjølv fritt melder frå.»47
Vidare.
«Alle tyskarane i nasjonalt einsarta distrikt,» seier Bauer, «og alle tyskarane som er skrivne inn i dei nasjonale listene frå dei delte distrikta, er den tyske nasjonen og vel eit nasjonalråd.»48
Det same gjeld tsjekkarane, polakkane osb.
«Nasjonalrådet er,» lfylgje Springer, «kulturparlamentet til nasjonen. Det skal ha fullmakt til å setja opp vilkåra og gje løyvingar, og på den måten ha oppsynet med den nasjonale utdanninga, den nasjonale litteraturen, kunsten og vitskapen, opprettinga av akademi, museum, galleri, teater,» osb.49
Slik kjem organiseringa av nasjonen og dei sentrale institusjonane hans til å vera.
Ved å gå inn for å skapa desse institusjonane, som skal vera samansette av alle klassane, strir Det austerrikske sosialdemokratiske partiet, etter Bauer si meining for «å gjera den nasjonale kulturen… til eigedomen til heile folket og på den måten sameina alle medlemane i nasjonen til eit nasjonalt-kulturelt fellesskap» (vår utheving).50
Vi kunne tru at alt dette berre gjeld Austerrike. Men Bauer er ikkje samd i det. Han seier ettertrykkjeleg frå at nasjonalt autonomi og gjeld andre statar som, liksom Austerrike, er samansette av fleire nasjonalitetar.
«I den fleirnasjonale staten», meiner Bauer, «står arbeidarklassen frå alle nasjonane mot den nasjonale maktpolitikken til eigarklassane med kravet om nasjonalt autonomi».51
Medan han altså umerkjande set det nasjonale autonomiet i staden for sjølvrådet til nasjonane, held han fram:
«Nasjonalt autonomi, sjølvrådet til nasjonar, er nøydd til å verta grunnlovsprogrammet til proletariatet av alle nasjonane i ein fleirnasjonal stat».52
Men han går endå lenger. Han trur fullt og fast på at dei «nasjonale forbunda» som omfattar alle klassar, og som er «danna» av han og Springer, vil tene som eit slags mønster for det framtidige sosialistiske samfunnet. For han veit at «det sosialistiske samfunnssystemet.. vil dele menneskeætta i nasjonalt avgrensa samfunn».53 Han veit at under sosialismen vil det skje «ei inndeling av menneskeætta i autonome, nasjonale samfunn»,54 slik at «det sosialistiske samfunnet utan tvil vil stå fram som eit lappeteppe av nasjonale personforbund og territoriale samanslutningar»55 og at dermed «det sosialistiske nasjonalitetsprinsippet er ei samanfatning av nasjonalprinsippet og nasjonalt autonomi på eit høgare nivå».56
Vi skulle meina at dette er nok…
Dette er dei argumenta for kulturnasjonalt autonomi som Bauer og Springer brukar i bøkene sine.
Det fyrste som fell oss i augo er at nasjonalt autonomi vert sett i staden for sjølvrådet til nasjonane. Dette er heilt uskjøneleg og absolutt umogleg å rettferdiggjera. Eitt av to: Anten har ikkje Bauer gripe meininga med sjølvråde, eller så har han skjøna det, men av ein eller annen grunn innskrenka meininga med det med vilje. For det er ingen tvil om a) at kulturnasjonalt autonomi føreset at den fleirnasjonale staten skal vera heil og urørt, medan sjølvråde går ut over ramma til denne heilskapen, og om b) at sjølvråde gjev ein nasjon fulle rettar, medan nasjonalt autonomi berre gjev han «kulturelle» rettar. For det fyrste dette.
For det andre er det fullt mogleg at indre og ytre vilkår til saman får ein eller annan av nasjonalitetane til å vilja lausriva seg frå ein fleirnasjonal stat ein gong i framtida, lat oss seia frå Austerrike. Sa ikkje dei rutenske(12) sosialdemokratane på partimøtet i Brünn at dei var klåre til å sameina dei «to delane» av folket sitt til eit heile?57 Kva vert det i eit slikt høve av det nasjonale autonomiet som er «uomgjengeleg for proletariatet av alle nasjonar»? Kva slags «løysing» av problemet er det som trykkjer nasjonar mekanisk ned i den prokrustessenga(13) som ein udeleleg stat er?
Vidare. Nasjonalt autonomi står i motsetnad til heile utviklingsgangen til nasjonane. Det oppmodar til organisering av nasjonar. Men let dei seg sveisa saman kunstig, dersom livet, om den økonomiske utviklinga, riv heile grupper vekk frå dei og spreier desse gruppene på skilde regionar? Det er ikkje tvil om at nasjonane vert sveisa saman på dei tidlege stadia av kapitalismen. Men det finst heller ikkje tvil om at ein prosess med spreiing av nasjonane set inn på dei høgare stadia av kapitalismen. Det er ein prosess der eit stort tal grupper skil seg ut frå nasjonane. Dei går på jakt etter eit levebrød og slår seg sidan ned i andre regionar av staten for å bu der. Medan dette skjer, misser dei som flytter dei gamle sambanda sine og får nye på den nye bustaden, og frå slektled til slektled får dei nye vanar og ny smak, og moglegvis eit nytt språk. Spørsmålet stiller seg: Er det mogleg å sameina grupper som har utvikla seg så ulikt til ein nasjonal union? Kor er dei tryllebanda som sameiner det som ikkje kan sameinast? Er det truleg at til dømes tyskarane frå dei baltiske provinsane kan «sameina seg til ein nasjon» med tyskarane frå Transkaukasia? Men om det ikkje er tenkjeleg og ikkje mogleg, kor er det då nasjonalt autonomi skil seg frå utopien* til dei gamle nasjonalistane, som freista å dreia historia sitt hjul attende?
Men einskapen til ein nasjon vert ikkje mindre berre som eit resultat av flytting. Han vert mindre av indre grunnar og, på grunn av den stadige tilkvessinga av klassekampen. På dei tidlege stadia av kapitalismen kan vi enno tala om ein «sams kultur» for proletariatet og borgarskapet. Men som storindustrien stig fram og klassekampen vert meir og meir skjerpa, byrjar denne «sams kulturen» å smelta vekk. Vi kan ikkje tala for alvor om den «sams kulturen» til ein nasjon når arbeidskjøparar og arbeidarar frå ein og same nasjon sluttar å skjøna kvarandre. Kva slags «sams lagnad» finst det når borgarskapet tyrstar etter krig og proletariatet lyser «krig mot krigen»? Kan ein skipa ein einaste nasjonal union for alle klassar av slike motsette element? Og kan vi etter dette tala om «sameininga av alle medlemane i nasjonen til eit nasjonalt-kulturelt fellesskap»?** Er det ikkje tydeleg at nasjonalt autonomi står i motsetnad til sjølve vegen som klassekampen går?
Men lat oss ein augneblink seia at det er mogleg å verkeleggjera slagordet «organiser nasjonen». Vi kan skjøna borgarleg-nasjonalistiske parlamentarikarar som trår etter å «organisera» ein nasjon for å sikra seg tilleggsrøyster. Men når byrja sosialdemokratane å tenkja på å «organisera» nasjonar, «skipa» nasjonar, og «skapa» nasjonar?
Kva for sosialdemokratar er dei som organiserer nasjonale forbund for alle klassar i tidbolken med umåteleg skjerping av klassekampen? Til no har det austerrikske, såvel som dei andre sosialdemokratiske partia hatt ei oppgåve framfor seg, nemleg å organisera proletariatet. Den
regionar? Det er ikkje tvil om at nasjonane vert sveisa saman på dei tidlege stadia av kapitalismen. Men det finst heller ikkje tvil om at ein prosess med spreiing av nasjonane set inn på dei høgare stadia av kapitalismen. Det er ein prosess der eit stort tal grupper skil seg ut frå nasjonane. Dei går på jakt etter eit levebrød og slår seg sidan ned i andre regionar av staten for å bu der. Medan dette skjer, misser dei som flytter dei gamle sambanda sine og får nye på den nye bustaden, og frå slektled til slektled får dei nye vanar og ny smak, og moglegvis eit nytt språk. Spørsmålet stiller seg: Er det mogleg å sameina grupper som har utvikla seg så ulikt til ein nasjonal union? Kor er dei tryllebanda som sameiner det som ikkje kan sameinast? Er det truleg at til dømes tyskarane frå dei baltiske provinsane kan «sameina seg til ein nasjon» med tyskarane frå Transkaukasia? Men om det ikkje er tenkjeleg og ikkje mogleg, kor er det då nasjonalt autonomi skil seg frå utopien58 til dei gamle nasjonalistane, som freista å dreia historia sitt hjul attende?
Men einskapen til ein nasjon vert ikkje mindre berre som eit resultat av flytting. Han vert mindre av indre grunnar og, på grunn av den stadige tilkvessinga av klassekampen. På dei tidlege stadia av kapitalismen kan vi enno tala om ein «sams kultur» for proletariatet og borgarskapet. Men som storindustrien stig fram og klassekampen vert meir og meir skjerpa, byrjar denne «sams kulturen» å smelta vekk. Vi kan ikkje tala for alvor om den «sams kulturen» til ein nasjon når arbeidskjøparar og arbeidarar frå ein og same nasjon sluttar å skjøna kvarandre. Kva slags «sams lagnad» finst det når borgarskapet tyrstar etter krig og proletariatet lyser «krig mot krigen»? Kan ein skipa ein einaste nasjonal union for alle klassar av slike motsette element? Og kan vi etter dette tala om «sameininga av alle medlemane i nasjonen til eit nasjonalt-kulturelt fellesskap»?59 Er det ikkje tydeleg at nasjonalt autonomi står i motsetnad til sjølve vegen som klassekampen går?
Men lat oss ein augneblink seia at det er mogleg å verkeleggjera slagordet «organiser nasjonen». Vi kan skjøna borgarleg-nasjonalistiske parlamentarikarar som trår etter å «organisera» ein nasjon for å sikra seg tilleggsrøyster. Men når byrja sosialdemokratane å tenkja på å «organisera» nasjonar, «skipa» nasjonar, og «skapa» nasjonar?
Kva for sosialdemokratar er dei som organiserer nasjonale forbund for alle klassar i tidbolken med umåteleg skjerping av klassekampen? Til no har det austerrikske, såvel som dei andre sosialdemokratiske partia hatt ei oppgåve framfor seg, nemleg å organisera proletariatet. Den oppgåva er tydelegvis vorte «forelda». Springer og Bauer set no opp ei «ny» oppgåve, som er meir oppslukande, nemleg å «skapa», å «organisera» ein nasjon.
Og logikken krev sine ting: Den som tek opp nasjonalt autonomi, må og taka opp denne «nye» oppgåva. Men å taka ho opp tyder å gå frå klassestandpunktet og taka nasjonalismens veg.
Det kulturnasjonale autonomiet til Springer og Bauer er ei forfina form for nasjonalisme.
Og det er på ingen måte tilfeldig at det nasjonale programmet til dei austerrikske sosialdemokratane inneheld otte for «verninga om og utviklinga av dei nasjonale særdraga til folka». Tenk berre: Å «verna om» slike «nasjonale særdrag» som sjølvpiskinga til dei transkaukasiske tartarane på Sjakhsei-Vakhsei-festen, eller å «utvikla» slike «nasjonale særdrag» som blodhemnen til grusarane!
Eit slikt krav høyrer heime i eit heilt og halde borgarleg nasjonalistisk program. Om det kjem til uttrykk i programmet til dei austerrikske sosialdemokratane, er det av di nasjonalt autonomi går god for slike krav, det står ikkje i motseiing til dei.
Men om nasjonalt autonomi er uhøveleg no, vil det verta endå meir uhøveleg i det framtidige sosialistiske samfunnet.
Spådomen til Bauer om «oppdeling av menneskeætta i nasjonalt avgrensa samfunn»60 vert vist attende av utviklingsgangen i det moderne menneskesamfunnet. Nasjonale skrankar vert øydelagde og fell, i staden for å verta sterkare. Så tidleg som i førtiåra uttalte Marx at «nasjonale skilnader og motsetnader mellom folk kverv dagleg og meir og meir» og at «overherredømet til proletariatet får dei til å kverva endå raskare.»(14) Den utviklinga av menneskeætta som har skjedd sidan, saman med den veldige voksteren i den kapitalistiske produksjonen, omgrupperinga av nasjonalitetane og sameininga av folk over stendig større territorium, sannar ettertrykkjeleg utsegna til Marx.
Ynskjet til Bauer om å framstilla det sosialistiske samfunnet som «eit lappeteppe av nasjonale personsamband og territorial-samanslutningar» er ein reddhuga freistnad på å setja ei revidert utgåve av oppfatninga til Bakunin om sosialismen i staden for ideen til Marx. Soga til sosialismen viser at ein kvar slik freistnad inneheld kimen til uunngåeleg nederlag.
Det er ikkje naudsynt å nemna den typen «sosialistisk nasjonalitetsprinsipp» som Bauer hyllar. Han set etter vår meining det borgarlege «nasjonalitetsprinsippet» i staden for det sosialistiske prinsippet om klassekampen. Om nasjonalt autonomi grunnar seg på eit slikt tvilsamt prinsipp, må ein vedgå at det berre kan vera til skade for arbeidarrørsla.
Sant nok er det ikkje så lett å gjennomskoda slik nasjonalisme, for han er pakka pent inn i sosialistiske frasar. Men på grunn av det er han endå meir til skade for proletariatet. Vi kan alltid hamla opp med den opne nasjonalismen, for han er lett å få auga på. Det er mykje vanskelegare å stri mot nasjonalismen når han er maskert og ugjenkjenneleg under maska. Bak skjoldet til sosialismen er han mindre sårbar og meir seigliva. Når han er planta mellom arbeidarane, forgiftar han lufta og spreier skadelege idear om gjensidig mistru og spalting mellom arbeidarane frå ulike nasjonalitetar.
Men det er enno ikkje slutt på den skaden som nasjonalt autonomi gjer. Han ryddar grunn, ikkje berre for spalting mellom nasjonar, men for å bryta opp den einskaplege arbeidarrørsla. Ideen om nasjonalt autonomi skaper dei psykologiske føresetnadene for å kløyva det einskaplege arbeidarpartiet i skilde parti som er bygde etter nasjonale liner. Sundbrytinga av partiet vert fylgd av sundbrytinga av fagforeiningane, og resultatet er fullstendig spalting. På denne måten vert den einskaplege klasserørsla broten opp i skilde nasjonale bekkar.
Austerrike som er heimstaden til «nasjonalt autonomi» gjev dei syrgjelegaste døma på dette. Så tidleg som i 1897 (partilandsmøtet i Wimberg)(15) byrja det ein gong sameinte austerrikske sosialdemokratiske partiet å dela seg opp i skilde parti. Brotet vart endå klårare etter partilandsmøtet i Brunn (1899), som vedtok nasjonalt autonomi. Saka har til slutt stilt seg slik at det no finst seks nasjonale parti i staden for eitt sameint internasjonalt parti. Mellom dei er det tsjekkiske sosialdemokratiske partiet som ikkje ein gong vil ha noko å gjera med det tyske sosialdemokratiske partiet.
Men fagforeiningane er knytte saman med partia. I Austerrike er det dei same sosialdemokratiske arbeidarane som gjer det meste av arbeidet i partia og i fagforeiningane. Difor var det grunn til å frykta at separatisme i partiet ville føra til separatisme i fagforeiningane og at fagforeiningane og ville verta sundbrotne. Det er nett det som hende: Fagforeiningane har og delt seg etter nasjonalitet. No går det ofte så langt at dei tsjekkiske arbeidarane vil bryta streikane til tyske arbeidarar, eller gå saman med det tsjekkiske borgarskapet i kommunevala mot dei tyske arbeidarane.
Av det som er sagt før ser ein at kulturnasjonalt autonomi ikkje er noka løysing på det nasjonale spørsmålet. Ikkje berre det, det tener til å skjerpa og dekkja til spørsmålet ved å skapa ei stode som fremjar samanbrotet i einskapen til arbeidarrørsla, som fostrar spalting mellom arbeidarane etter nasjonalitet, og som styrkjer gnissinga mellom dei.
Slik er fruktane av nasjonalt autonomi.
V. BUND, NASJONALISMEN OG SEPARATISMEN DEIRA
Ovanfor sa vi at Bauer, samstundes som han vedgår at nasjonalt autonomi er naudsynt for tsjekkarane, polakkane og andre, likevel set seg i mot liknande autonomi for jødane. Som svar på spørsmålet: «Skal arbeidarklassen krevja autonomi for det jødiske folket?», seier Bauer at «dei jødiske arbeidarane kan ikkje krevja nasjonalt autonomi».61 Grunnen til det, er i fylgje Bauer at «det kapitalistiske samfunnet gjer det umogleg for dei (jødane, J. St.) å halda fram som nasjon».62 Kort sagt, den jødiske nasjonen nærmar seg slutten, og sidan er det ingen å krevja nasjonalt autonomi for. Jødane vert assimilerte.
Dette synet på lagnaden til jødane som nasjon er ikkje nytt. Marx gav uttrykk for det så tidleg som på førtitalet,63 med særleg omsyn til dei tyske jødane. Kautsky tok det opp at i 190364 med omsyn til dei russiske jødane. No tek Bauer det opp att med omsyn til dei austerrikske jødane, men med den skilnaden at han nektar framtida til den jødiske nasjonen, ikkje notida.
Det umoglege i å halda jødane oppe som nasjon forklårar Bauer med at «jødane ikkje har noko avgrensa territorium som dei bur på».65 Denne forklåringa, som i hovudsak er riktig, uttrykkjer likevel ikkje heile sanninga. Saka er framfor alt den at jødane ikkje har noko breitt og fast lag som er bunde saman med jorda og som naturleg ville binda nasjonen saman, ikkje berre som eit reisverk for han, men og som ein «nasjonal» marknad. Mellom dei fem eller seks millionane russiske jødar finst det berre tre eller fire prosent som på ein eller annan måte er knytta til jordbruket. Dei seks-og-nitti prosentane som står att, er tilsette i handel, industri og i by-institusjonar og i det heile bur dei i byar. Vidare er dei spreidde over heile Russland og er ikkje i fleirtal i eit einaste guvernement.
Jødane er altså spreidde ut som nasjonale minoritetar på område der det bur andre nasjonalitetar, og dei tener som regel «framande» nasjonar som handverkarar og handelsmenn og som medlemar av dei frie yrka, og dei tilpassar seg naturleg dei «framande nasjonane» med omsyn til språk og liknande. Alt dette, saman med den aukande omstokkinga av nasjonalitetane som er særeigen for dei utvikla formene for kapitalisme, fører til assimilering av jødane. Oppheving av «busettingsgrensene» ville berre tena til å skunda på denne assimileringsprosessen.
Spørsmålet om nasjonalt autonomi for dei russiske jødane stiller seg fylgjeleg litt merkeleg: Det er gjort framlegg om autonomi for ein nasjon som vert nekta ei framtid og som ein endå må prova er til!
Dette var likevel det pussige og vaklevorne standpunktet som Bund tok då det vedtok eit «nasjonalt program» etter same liner som nasjonalt autonomi på det sjette landsmøtet sitt (1905).
To tilhøve tvinga Bund til å taka dette skrittet.
Det fyrste tilhøvet er at Bund fanst som organisasjon for jødiske, og berre jødiske, sosialdemokratiske arbeidarar. Til og med før 1897 sette dei sosialdemokratiske gruppene som var verksame mellom dei jødiske arbeidarane seg som mål å skapa «ein særskild jødisk arbeidarorganisasjon».66 Dei grunna ein slik organisasjon i 1897 ved å samla seg og skipa Bund. Det var på ei tid då det russiske sosialdemokratiet som ein samla heilskap faktisk enno ikkje fanst. Bund voks og spreidde seg stendig, og stod meir og meir levande fram mot ein bakgrunn av grå kvardag i det russiske sosialdemokratiet… Så kom det fyrste tiåret i det 19. hundreåret. No kom det i gong ei masserørsle av arbeidarar. Det polske sosialdemokratiet voks og drog dei jødiske arbeidarane med i massekampen. Det russiske sosialdemokratiet voks og trekte til seg «Bund»arbeidara-ne. På grunn av mangelen på grunnlag eit territorium, vart den nasjonale ramma til Bund for snever. Bund vart stilt andsynes problemet anten å gå opp i den allmenne internasjonale bylgja, eller å halda oppe sjølvstendet sitt som ein overterritorial organisasjon. Bund valde det siste.
Slik oppstod «teorien» om at Bund er «den einaste representanten for det jødiske proletariatet».
Men å rettferdiggjera denne merkelege «teorien» på ein «enkel» måte vart umogleg. Det var naudsynt med eit slags «prinsippielt» grunnlag, ei «prinsippiell» rettferdiggjering. Kulturnasjonalt autonomi gav eit slikt grunnlag. Bund greip det og tok det på lån frå dei austerrikske sosialdemokratane. Om austerrikarane ikkje hadde hatt eit slikt program, måtte Bund ha funne det opp for å rettferdiggjera sjølvstendet sitt «prinsippielt».
Så, etter ein motlaus freistnad i 1901 (det fjerde landsmøtet), vedtok Bund endeleg eit «nasjonalt program» i 1905 (det sjette landsmøtet).
Det andre tilhøvet er den særlege stoda til jødane, som skilde nasjonale minoritetar innanfor kompakte fleirtal av andre nasjonalitetar i heilskaplege område. Vi har alt sagt at denne stoda undergrev tilværet til jødane som nasjon og sender dei på vegen til assimilering. Men dette er ei objektiv utvikling. Subjektivt, i hovuda til jødane, set det i gong ein reaksjon og puffar fram kravet om trygging av rettane til ein nasjonal minoritet, om ei trygging mot assimilering. Ettersom dei hevdar livskrafta til den jødiske «nasjonaliteten», kan ikkje Bund unngå å vera for ei «trygging». Og, ettersom dei har teke dette standpunktet, kan dei ikkje gjera anna enn å godtaka nasjonalt autonomi. For, om Bund kunne riva til seg noko autonomi i det heile, kunne det berre vera nasjonalt autonomi, dvs. kulturnasjonalt autonomi. Det kunne ikkje verta spørsmål om territorial-politisk autonomi for jødane, sidan jødane ikkje har noko fast heilskapleg territorium.
Det er verd å merkja seg at Bund frå byrjinga la vekt på at nasjonalt autonomi har den eigenskapen at det tryggjer rettane til nasjonale minoritetar, tryggjer den «frie utviklinga» til nasjonar. Det var heller ikkje tilfeldig at utsendingen frå Bund til den andre kongressen til Det russiske sosialdemokratiske partiet, Goldblatt, forklåra nasjonalt autonomi som «institusjonar som tryggjer dei (dvs. nasjonane – J. St.) fullstendig fridom til kulturell utvikling».67 Tilhengjarar av ideane til Bund gjorde eit liknande framlegg til den sosialdemokratiske gruppa i den fjerde dumaen.
På denne måten tok Bund det merkelege standpunktet nasjonalt autonomi for jødane.
Ovanfor har vi undersøkt nasjonalt autonomi allment. Undersøkinga syner at nasjonalt autonomi fører til nasjonalisme. Seinare skal vi sjå at Bund har kome til same endestopp. Men Bund ser og nasjonalt autonomi frå ei særskild side, nemleg frå synspunktet om tryggingar av rettane til nasjonale minoritetar. Lat oss og undersøkja spørsmålet frå denne særskilde sida. Det er endå viktigare av di problemet med nasjonale minoritetar og ikkje berre med jødiske minoritetar, er eit svært viktig spørsmål for sosialdemokratiet.
Det er altså eit spørsmål om «institusjonar som tryggjer» nasjonar «fullstendig fridom til kulturell utvikling» (vår utheving – J. St.) .
Men kva er desse «institusjonane som tryggjer» osb.?
Dei er fyrst og fremst «nasjonalrådet» til Springer og Bauer, noko i retning av ein riksdag for kultursaker.
Men kan desse institusjonane tryggja ein nasjon «fullstendig fridom til kulturell utvikling»? Kan ein riksdag for kultursaker tryggja ein nasjon mot nasjonalistisk forfylging?
Bund trur at det er mogleg. Men soga viser det motsette.
Ein gong fanst det ein riksdag i det russiske Polen. Det var ein polsk riksdag, og sjølvsagt freista han å tryggja fridom til «kulturell utvikling» for polakkane. Men langt frå å lykkast i det, gjekk han sjølv til grunne i den ulike kampen mot dei politiske tilhøva som allment herska i Russland.
I Finland har det vore ein riksdag i lange tider, og han freistar og å verna den finske nasjonaliteten mot «overgrep». Men alle kan sjå kor langt han lukkast med det.
Sjølvsagt er det skilnad på riksdagar og det er ikkje så lett å prøva krefter med den demokratisk organiserte finske riksdagen, som det var med den aristokratiske polske riksdagen. Men den avgjerande faktoren er likevel ikkje riksdagen, men det allmenne styret i Russland. Om det var eit slikt krasst styre i Russland no som før i tida, som på den tida då den polske riksdagen vart avskaffa, ville det gå mykje hardare for seg for den finske riksdagen. Vidare er politikken med «overgrep» på Finland veksande, og vi kan ikkje seia at han er slegen attende…
Om det stiller seg slik for gamle, historisk utvikla institusjonar – politiske riksdagar – vil unge riksdagar unge institusjonar og særleg slike veike institusjonar som «kultur»riksdagar endå mindre vera i stand til å tryggja den frie utviklinga til nasjonane.
Tydelegvis er det ikkje eit spørsmål om «institusjonar», men om det allmenne styret som herskar i landet. Om det ikkje finst demokrati i landet, kan det ikkje vera snakk om å tryggja «fullstendig fridom til kulturell utvikling» for nasjonalitetane. Vi kan seia sikkert at dess meir demokratisk eit land er, dess færre er «overgrepa» på «fridomen til nasjonalitetane», og dess større er trygginga mot slike «overgrep».
Russland er eit halv-asiatisk land, og difor tek politikken med «overgrep» i Russland ikkje sjeldan den grovaste forma, han tek form av pogromar.68 Vi treng neppe seia at «tryggingane» i Russland er gjort så små som mogleg.
Men Tyskland er europeisk med ein viss mon av politisk fridom. Det er ikkje til å undra seg over at politikken med «overgrep» aldri tek form av pogromar der.
I Frankrike finst det sjølvsagt endå fleire «tryggingar», for Frankrike er meir demokratisk enn Tyskland.
Det er ikkje naudsynt å nemna Sveits, som takk vera det høgt utvikla, men likevel borgarlege demokratiet der, lar nasjonalitetane leva i fridom, anten dei er i mindretal eller i fleirtal.
Difor tek Bund eit gale standpunkt når dei hevdar at «institusjonar» i seg sjølv kan tryggja fullstendig kulturell utvikling for nasjonalitetane.
Ein kan seia at Bund sjølv ser på opprettinga av demokrati i Russland som førebels føresetnad for «opprettinga av institusjonar» og fridomstrygging. Men slik er det ikkje. Av meldinga frå den åttande konferansen til Bund(16) kan ein sjå at Bund trur dei kan oppnå «institusjonar» på grunnlag av det noverande systemet i Russland, ved å «reformera» det jødiske samfunnet.
«Samfunnet,» sa ein av leiarane i Bund på denne konferansen, «kan verta kjernen i det framtidige kulturnasjonale autonomiet. Kulturnasjonalt autonomi er ei slags sjølvtjening frå nasjonane si side, ein måte å tilfredsstilla nasjonal trong på. Den forma som samfunnet har, ber i seg sjølv eit liknande innhald. Dei er lekkjer i den same kjeden, steg i den same utviklinga.»69
På dette grunnlaget avgjorde møtet at det var naudsynt å streva etter å «reformera det jødiske samfunnet og endra det med lovmiddel til ein verdsleg institusjon,» som er demokratisk organisert70 (vår utheving. -J. St.).
Det går tydeleg fram at det som Bund ser som føresetnad og tryggjing ikkje er demokratiseringa av Russland, men ein eller annen framtidig «verdsleg institusjon» av jødar, som ein har kome fram til ved å «reformera det jødiske samfunnet,» så å seia med «lovgjevande» middel, gjennom dumaen.
Men vi har alt sett at «institusjonar» i seg sjølv ikkje kan tena som «trygging» om det allmenne styresettet i staten ikkje er demokratisk.
Men korleis, kan ein spørja, vil stoda vera i eit framtidig demokratisk system? Vil ikkje særskilde «kulturelle institusjonar som tryggjer» osb. og vera naudsynte til og med under demokratiet? Korleis er til dømes stoda på dette feltet i det demokratiske Sveits? Finst det særskilde kulturelle institusjonar i Sveits etter mønster av «Nasjonalrådet» til Springer? Nei, det finst det ikkje. Men blir ikkje dei kulturelle interessene åt til dømes italienarane, som er eit mindretal der, på grunn av dette? Det ser ikkje ut til at ein høyrer at dei gjer det. Og det er ganske naturleg: I Sveits er alle særskilde kulturelle «institusjonar», som visstnok skal «tryggja» osb., gjort uturvande av demokratiet.
Og slik, udugelege i notida og uturvande i framtida, slik er institusjonane til det kulturnasjonale autonomiet og slik er det nasjonale autonomiet.
Men det vert endå meir skadeleg når det vert tvinga på ein «nasjon» som vi kan tvila på er til, og som ikkje har noka framtid. I slike høve er det at talsmennene for nasjonalt autonomi er nøydde til å forsvara og verna om alle dei særlege draga til «nasjonen», dei dårlege såvel som dei gode, berre for å «redda nasjonen» frå assimilering, berre for å «taka vare på» han.
Det var ikkje til å unngå at Bund tok denne farlege vegen. Og dei gjorde det. Vi viser her til fråsegnene frå konferansar som nyleg er haldne i Bund om spørsmåla om «sabbaten», «jiddisk», osb.
Sosialdemokratiet strir for å sikra alle nasjonar retten til å nytta sitt eige språk. Men det er ikkje nok for Bund. Dei krev at «rettane til det jødiske språket» (vår utheving – J. St.) skal verta hevda med «særleg trott»,71 og Bund sjølv uttala i vala til den fjerde dumaen at dei ville gje «føremoner til dei av dei (dvs. valmennene) som tek på seg å forsvara rettane til det jødiske språket».72 Ikkje den allmenne retten for alle nasjonar til å nytta morsmålet, men den særlege retten til det jødiske språket jiddisk! Lat arbeidarane frå dei ulike nasjonalitetane fyrst og fremst slåst for sitt eige språk: Jødane for jødisk, grusarane for grusisk og slik bortetter. Striden for den allmenne retten for alle nasjonar kjem i andre rekkje. Du treng ikkje stå på retten til alle undertrykte nasjonalitetar til å nytta morsmålet. Men om du står for retten til jiddisk, då skal du veta at Bund vil røysta for deg, Bund vil gje deg «føremoner».
Men på kva måte er det då at Bund skil seg frå dei borgarlege nasjonalistane?
Sosialdemokratiet strir for å få oppretta ein tvungen kviledag kvar veke. Men det er Ikkje nok for Bund. Dei krev at «det jødiske proletariatet skal verta tryggja retten til å halda sabbaten heilag utan å vera nøydd til å halda ein annan dag heilag,» ved «lovmiddel».73 Ein må venta at Bund vil ta nok eit «steg framover» og krevja retten til å halda heilag alle dei gamle hebraiske festdagane. Og om dei jødiske arbeidarane har kasta frå seg dei religiøse fordomane og ikkje vil halda desse festdagane heilage, til ulukke for Bund, så vil Bund minna dei om sabbaten, dei vil så å seia dyrka «sabbatsånda» mellom dei, med agitasjonen sin for «retten til sabbaten»…
Difor kan ein godt skjøna dei «ihuga talane» som vart haldne på den åttande konferansen til Bund, og som kravde «jødiske sjukehus». Det var eit krav med grunnlag argumentet om at «ein pasient kjenner seg meir heime mellom sitt eige folk,» at «den jødiske arbeidaren ikkje vil kjenna seg roleg mellom polske arbeidarar, men han vil kjenna seg roleg mellom jødiske kremmarar.»74 Verna om alt jødisk, halda på alle dei nasjonale særdraga til jødane, til og med dei som openbert er skadelege for proletariatet, isolera jødane frå alt ikkje-jødisk, til og med ved å oppretta særskilde sjukehus, det er nivået Bund har sokke ned på!
Kamerat Plekhanov hadde tusen gonger rett då han sa at Bund «tilpassar sosialismen til nasjonalisme». Sjølvsagt kan V. Kossovski og bundistar som han skjella ut Plekhanov som ein «demagog».(16a) Papiret tek imot alt som vert skrive på det. Men dei som kjenner til verksemda til Bund, vil lett skjøna at desse gode menn ganske enkelt er redde for å seia sanninga om seg sjølve og at dei gøymer seg attom store ord om «demagogi»…
Men sidan det held fast på ei slik stilling til det nasjonale spørsmålet, måtte Bund og i organisasjonsspørsmål slå inn på vegen med utskilling av dei jødiske arbeidarane, med å danna nasjonale kuriar(17) innan sosialdemokratiet. Slik er logikken i det nasjonale autonomiet.
Og Bund gjekk verkeleg over frå teorien om «einaste representant» til teorien om «nasjonal avgrensing» av arbeidarane. Bund krev at det russiske sosialdemokratiet skal «innføra avgrensing etter nasjonalitetar i organisasjonsoppbygginga si».75 Frå «avgrensing» tok dei eit «steg framover» til teorien om «segregering».76 Det er ikkje for ingenting at det vart halde talar på den åttande konferansen til Bund, som uttala at «nasjonalt tilvære kviler på segregering».77 Organisatorisk føderalisme inneheld element av oppløysing og separatisme. Bund stemnar fram mot separatismen.
Og det finst verkeleg ingen annan veg dei kan gå. Berre det at dei er til som ein overterritorial organisasjon fører dei til separatisme. Bund har ikkje eit heilskapleg territorium. Dei verkar på «framande» territorium, medan det polske, latviske og russiske sosialdemokratiet som er grannane deira, er internasjonale kollektive organ som er knytta til territorium. Men resultatet er at ei kvar utviding av desse fellessamanslutningane tyder «tap» for Bund og innsnevring av verkefeltet deira. Det finst to vegar å gå: Anten må heile det russiske sosialdemokratiet byggja seg om på grunnlag av nasjonal føderalisme, som vil gjera det mogleg for Bund å «sikra» det jødiske proletariatet for seg sjølv, eller så vil det internasjonale prinsippet med inndeling etter territorium som desse kollektive organa legg til grunn, halda fram. I det siste høvet må Bund byggja seg om på grunnlag av internasjonalisme, slik det er for det polske og det latviske sosialdemokratiet.
Dette forklårar kvifor Bund heilt frå byrjinga av kravde «omorganisering av det russiske sosialdemokratiet på føderalt grunnlag».78 I 1906 gav Bund etter for presset nedanfrå, som kravde einskap. Dei valde ein middelveg og gjekk med i det russiske sosialdemokratiet. Men korleis gjekk dei med? Medan det polske og det latviske sosialdemokratiet gjekk med for sams verksemd utan kiv, gjekk Bund med for å gå i krigen for ein føderasjon. Det er nett kva Medem, som var leiar for bundistane, sa på den tida:
«Vi går ikkje med for å skapa ein idyll, men for å slåst. Det finst ingen idyll, og berre manilovar(18) kan håpa på ein i den næraste framtida. Bund må gå inn i partiet væpna frå isse til fotsole.»79
Det vil vera gale å sjå dette som eit uttrykk for vonde føremål frå Medem si side. Det går ikkje på vonde føremål, men på det særlege standpunktet til Bund, som tvingar dei til å stri mot det russiske sosialdemokratiet, som er bygt på grunnlag av internasjonalisme. Og ved å stri mot det, krenkte Bund naturlegvis einskapsinteressene. Til sist gjekk det så langt at Bund braut formelt med det russiske sosialdemokratiet og braut vedtektene våre. I vala til den fjerde dumaen sameinte del seg med dei polske nasjonalistane mot dei polske sosialdemokratane.
Bund har tydelegvis funne at eit brot er den beste måten å sikra sjølvstendig verksemd på.
Slik førte «prinsippet» om organisatorisk «avgrensing» til separatisme og til eit fullstendig brot.
I ein strid om spørsmålet om føderalisme med det gamle Iskra(19) skreiv Bund ein gong:
«Iskra ynskjer å forsikra oss om at føderale tilhøve mellom Bund og det russiske sosialdemokratiet er nøydde til å veikja banda mellom dei. Vi kan ikkje visa attende dette standpunktet ved å syna til kva som har skjedd i Russland av den enkle grunnen at det russiske sosialdemokratiet ikkje er ei føderal samanslutning. Men vi kan syna til dei svært lærerike røynslene til sosialdemokratiet i Austerrike, som vart føderalt etter vedtak på partilandsmøtet i 1897.»80
Dette vart skrive i 1902.
Men no er vi i året 1913. No har vi både russisk «praksis» og «røynslene til sosialdemokratiet i Austerrike».
Kva er det dei fortel oss?
Lat oss byrja med «dei svært lærerike røynslene til sosialdemokratiet i Austerrike». Fram til 1896 fanst det eit sameint sosialdemokratisk parti i Austerrike. Det året kravde tsjekkarane på det internasjonale møtet i London særskilt utsendingsrett for fyrste gong, og dei fekk det. På partilandsmøtet i Wien (Wimberg) i 1897 vart det sameinte partiet formelt tilinkjesgjort, og i staden for det vart det sett eit føderalt samband av seks nasjonale «sosialdemokratiske grupper». Seinare vart desse «gruppene» skipa om til sjølvstendige parti, som etter kvart braut sambandet seg i mellom. Parlamentsgruppa fylgde partia og løyste seg opp. Det vart skipa nasjonale «klubbar». Så kom turen til fagforeningane, som og kløyvde seg etter nasjonalitet.
Til og med samverketiltaka fekk merkja dette då del tsjekkiske separatistane bad arbeidarane splitta dei.81 Vi vil ikkje drygja ved den saka at separatistagitasjonen svekkjer solidaritetskjensla til arbeidarane og ofte driv dei til streikebryting.
På denne måten talar «dei umåteleg lærerike røynslene til sosialdemokratiet i Austerrike» mot Bund og for det gamle Iskra. Føderalismen i det austerrikske partiet har ført til den mest uhøyrde separatisme, og til at einskapen i arbeidarrørsla er broten sund.
Ovanfor har vi sett at «praktisk røynsle i Russland» og fører til slikt. Som dei tsjekkiske separatistane, har dei bundistiske separatistane brote med det allmenne russiske sosialdemokratiske partiet. Når det gjeld fagforeiningane, bundist-fagforeiningane, var dei frå byrjinga organiserte etter nasjonale liner. Det vil seia at dei var avstengde frå arbeidarar av andre nasjonalitetar.
Fullstendig segregasjon og fullstendig brot, det er det som «dei russiske praktiske røynslene» med føderalismen avslører.
Det er ikkje overraskande at denne stoda verkar til å svekkja solidaritetskjensla til arbeidarane og til å demoralisera dei. Og denne demoraliseringa gjennomsyrer og Bund. Vi viser til dei aukande samanstøytane mellom jødiske og polske arbeidarar i samband med arbeidsløysa. Her er det som vart sagt om dette emnet på den niande konferansen til Bund:
«… Vi ser på dei polske arbeidarane, som skuver oss ut, som pogromistar som streikebrytarar. Vi stør ikkje streikane deira, vi bryt dei. For det andre er svaret vårt på å verta jaga bort, å jaga bort på vår kant: Vi svarar på at jødiske arbeidarar ikkje får koma inn i fabrikkane med å ikkje lata polske arbeidarar koma nær bankane… Om vi ikkje tek denne saka i våre eigne hender vil arbeidarane fylgja andre»* (vår utheving – J. St.)
Slik taler dei om solidaritet på ein bundistkonferanse.
Lenger enn det kan du ikkje koma i «avgrensing» og «segregasjon». Bund har nådd målet sitt: Dei har drive grensesetjinga mellom arbeidarane av ulike nasjonalitetar heilt opp i slagsmål og streikebryteri. Og det kan ikkje gå annleis: «Om vi ikkje tek denne saka i våre eigne hender vil arbeidarane fylgja andre…»
Desorganisering av arbeidarrørsla, demoralisering av dei sosialdemokratiske rekkjene, det er det som føderalismen til Bund fører til.
Slik har ideen om kulturnasjonalt autonomi og den stemninga som han skapar, vist seg å vera endå meir skadeleg i Russland enn i Austerrike.
VI. KAUKASARANE OG KONFERANSEN TIL LIKVIDATORANE
Ovanfor talte vi om vaklinga til ein seksjon av dei kaukasiske sosialdemokratane som ikkje greidde å stå i mot den nasjonalistiske «farsotten». Denne vaklinga avslørte seg, så merkeleg det enn kan synast, då desse sosialdemokratane fylgde i spora til Bund og kunngjorde kulturnasjonalt autonomi.
Regionalt autonomi for Kaukasus som eit heile og Kulturnasjonalt autonomi for nasjonane i Kaukasus – slik er det desse sosialdemokratane, som forresten har samband med dei russiske likvidatorane, ordlegg kravet sitt.
Høyr på den velkjende leiaren deira, den ikkje ukjende N.
«Alle veit at Kaukasus skil seg djupt frå dei sentrale guvernementa, så både med omsyn til rasesamansettinga av folkesetnaden der, som med omsyn til territoriet og utviklinga av jordbruket. Utnyttinga og den materielle utviklinga av ein slik region krev lokale arbeidarar som er kjende med dei lokale særdraga og vane med det lokale klimaet og kulturen. Alle lover som skal fremja utnyttinga av det lokale territoriet må verta utferda lokalt og sette i verk av lokale krefter. For å fylgja opp dette må rådveldet til dei sentrale organa til det kaukasiske sjølvstyret til og med omfatta lovgjeving i lokale spørsmål… Difor skal oppgåvene til det kaukasiske senteret vera å vedtaka lover for å fremja den økonomiske utnyttinga av det lokale territoriet og den materielle velstanden til regionen.»82
Altså – regionalt autonomi for Kaukasus.
Om vi hevar oss over den temmelege forvirra og usamanhengande argumentasjonen til N., må vi innrømma at slutninga hans er riktig. Regionalt autonomi for Kaukasus innanfor ramma til ei allmenn stats-grunnlov som N. ikkje avviser, er verkeleg vesentleg på grunn av særdraga red samansettinga og dei særeigne livsvilkåra der. Dette vedgjekk og det russiske sosialdemokratiske partiet, som uttalte seg for «regionalt sjølvstyre for dei grenseregionane som skil seg frå regionane i det eigentlege Russland med omsyn til livsvilkåra og samansettinga av folkesetnaden» på den andre kongressen.
Då Martov la dette punktet fram til diskusjon på den andre kongressen, grunngav han det med at «det enorme området til Russland og røynslene til den sentraliserte administrasjonen vår, viser at det er naudsynt og gagnleg å gje regionalt sjølvstyre til slike store einingar som Finland, Polen, Litauen og Kaukasus».
Men det fylgjer at regionalt sjølvstyre skal tolkast som regionalt autonomi.
Men N. går vidare. I fylgje han, dekkjer regionalt autonomi for Kaukasus «berre ei side av spørsmålet».
«Så langt vi har vi berre talt om den materielle utviklinga av det lokale livet. Men den økonomiske utviklinga i ein region vert ikkje hjelpt fram berre av økonomisk verksemd, men og av åndeleg kulturell verksemd» … «Ein kulturelt sterk nasjon er og sterk på det økonomiske feltet.»… «Men kulturutviklinga til nasjonar er berre mogleg på nasjonalmålet.»… «Fylgjeleg er alle spørsmål i samband med morsmålet spørsmål om nasjonal kultur. Det er spørsmål om utdanning, rettsmakt, kyrkja, litteratur kunst, vitskap, teater osb. Om den materielle utviklinga til ein region sameinar nasjonar, vil nasjonale kultursaker skilja dei og setja kvar av dei i ein eigen bås. Vi set verksemd av den fyrste typen i samanheng med eit avgrensa territorium» … «Slik er det ikkje med nasjonale kultursaker. Dei set vi ikkje i samanheng med eit avgrensa territorium, men med tilværet til ein viss nasjon. Lagnaden til det grusiske språket interesserer ein grusar same kvar han bur. Det ville vera teikn på djup vankunne å seia at grusisk kultur berre vedkjem dei grusarane som bur i Grusia. Tak til dømes den armenske kyrkja. Armenarar frå ulike bygder og statar er med og administrerar forretningane hennar. Territorium spelar inga rolle her. Eller til dømes: Opprettinga av eit grusisk museum interesserer ikkje berre grusarane frå Tblisi, men og grusarane frå Baku, Kutais, St. Petersburg osb. Difor må styringa og ettersynet med alle nasjonale kultursaker liggja i hendene på dei nasjonane det gjeld. Vi uttaler oss til føremon for Kulturnasjonalt autonomi for dei kaukasiske nasjonalitetane.»83
Kort sagt, sidan kultur ikkje er territorium, og territorium ikkje er kultur, treng vi Kulturnasjonalt autonomi. Det er alt N. kan seia til føremon for han.
Vi skal ikkje stogga opp for å diskutera nasjonalkulturelt autonomi allment att. Vi har alt talt om den frastøytande karakteren det har. Vi skulle berre lika å peika på at medan Kulturnasjonalt autonomi er allment upassande, er det og utan meining og fullstendig toskut i samanheng med kaukasiske vilkår.
Og grunnane til det kjem her:
Kulturnasjonalt autonomi føreset meir eller mindre utvikla nasjonalitetar med ein utvikla kultur og litteratur. Om desse tilhøva manglar, missar autonomiet all fornuft og vert meiningslaust. Men i Kaukasus finst det fleire nasjonalitetar som kvar eig ein primitiv kultur og eit eige språk, men ikkje sin eigen litteratur. Vidare er det nasjonalitetar som er i ein overgangstilstand. Nokre av dei vert assimilerte og nokre held fram med å utvikla seg. Korleis skal dei gjera bruk av kulturnasjonalt autonomi? Kva skal ein gjera med slike nasjonalitetar? Korleis skal dei verta «organiserte» i ulike kulturnasjonale samband som kulturnasjonalt autonomi utan tvil inneber?
Kva skal ein gjera med mingrelane, abkhasarane, adsjarane, svanetane, lesgharane og andre, som talar ulike mål, men som ikkje har sin eigen litteratur? Kva nasjonar skal dei knyta seg til? Kan dei verta «organiserte» i nasjonale samband? Kring kva slags «kultursaker» skal dei verta «organiserte»?
Kva skal vi gjera med ossetane? Dei transkausiske vert assimilerte (men er ikkje på nokon måte heilt assimilerte enno) av grusarane, medan dei ciskaukasiske ossetane delvis vert assimilerte av russarane og delvis held fram med å utvikla seg og skapar sin eigen litteratur. Korleis skal dei verta «organiserte» i ein einaste nasjonal union?
Til kva for ein nasjonal union skal adsjarane knyta seg, som taler det grusiske språket, men som har ein tyrkisk kultur og dyrkar islamittisk religion? Skal dei verta «organiserte» vekk frå grusarane med omsyn til religiøse saker og saman med grusarane med omsyn til andre kultursaker? Og kva med kobuletane, ingusjane, ingiloane?
Kva slags autonomi er det som set eit stort tal nasjonalitetar utanfor?
Nei, det er ikkje ei løysing på det nasjonale spørsmålet, men ein frukt av yrkeslaust tankespinn.
Men lat oss tenkja oss det umoglege og førestilla oss at det kulturnasjonale autonomiet til vår N. er sett i verk. Kva ville det føra til, kva ville verta resultata av det? Tak til dømes dei transkaukasiske tatarane med så få leseføre som det går an. Dei allmektige mullahane har oppsyn med skulane deira og kulturen deira er gjennomtrengd av religiøs ånd … Det er ikkje vanskeleg å skjøna at å «organisera» dei i ein kulturnasjonal union ville tyda å setja dei under kontroll av mullahane. Det ville overgje dei til den milde miskunna til dei reaksjonære mullahane. Det ville skapa ein ny bastion av åndeleg slaveri over dei tatariske massane for den verste fienden deira.
Men når byrja sosialdemokratar å hella vatn på mølla til dei reaksjonære?
Kunne dei kaukasiske likvidatorane verkeleg ikkje finna på noko betre å «kunngjera» enn at dei vil isolera dei transkaukasiske tatarane i ein kulturnasjonal union som kjem til å setja massane under kontroll av ryggeslause reaksjonære?
Nei, det er ikkje noka løysing på det nasjonale spørsmålet.
Vi kan løysa det nasjonale spørsmålet i Kaukasus berre ved å trekkja dei attendeliggjande nasjonane og nasjonalitetane med i den sams straumen til ein høgare kultur. Det er den einaste progressive løysinga og den einaste løysinga som sosialdemokratiet kan gå inn for.
Ein kan gå inn for regionalt autonomi for Kaukasus av di det vil dra dei attendeliggjande nasjonane med i den sams kulturelle utviklinga. Det vil hjelpa dei til å kasta av seg skalet av smånasjonalt trongsyn. Det vil trekkja dei framover og gjera tilgangen til fordelane med høgare kultur lettare. Kulturnasjonalt autonomi verkar på den andre sida heilt motsett av di det stengjer nasjonane inne i deira eigne gamle skal. Det bind dei fast til eit lågare stadium i kulturutviklinga og hindrar dei frå å heva seg opp på høgare kulturtrinn.
På denne måten verkar nasjonalt autonomi mot dei gode sidene av regionalt autonomi og gjer det til inkjes.
Difor er den blanda autonomitypen som gjer bruk av både nasjonalt-kulturelt autonomi og regionalt autonomi, som N. gjer framlegg om, og uhøveleg. Denne unaturlege blandinga gjer ikkje tinga betre, men gjer dei verre, av di han i tillegg til å hindra utviklinga til dei attendeliggjande nasjonane gjer regionalt autonomi til ein stridsplass mellom dei nasjonane som er organiserte i dei nasjonale sambanda.
Kulturnasjonalt autonomi, som er allment upassande, vil altså vera eit meiningslaust, reaksjonært føretak i Kaukasus.
Så mykje for det kulturnasjonale autonomiet til N. og dei kaukasiske åndsfrendane hans.
Framtida vil visa om dei kaukasiske likvidatorane kjem til å taka «eit steg framover» og fylgja i fotspora til Bund i organisasjonsspørsmål og. Til no i soga til sosialdemokratiet har føderalisme i organiseringa alltid gått føre nasjonalt autonomi i programmet. Dei austerrikske sosialdemokratane innførte organisasjonsføderalisme så langt attende som i 1897 og det var fyrst to år etter, (1899) at dei vedtok nasjonalt autonomi. Bundistane talte klårt om nasjonalt autonomi for fyrste gong i 1901, medan dei hadde praktisert organisasjonsføderalisme sidan 1897.
Dei kaukasiske likvidatorane har byrja i enden, med nasjonalt autonomi. Om dei skal halda fram med å fylgja i fotspora til Bund. må dei fyrst øydeleggja heile det organisatoriske byggverket som dei har som var reist på slutten av nittiåra på grunnlag av internasjonalisme.
Men jamvel om det var lett å vedtaka nasjonalt autonomi som arbeidarane enno ikkje skjønar, vil det vera vanskeleg å øydeleggja eit byggverk som det har teke år å reisa, og som er reist og elska av arbeidarane av alle nasjonalitetar i Kaukasus. Dette herostratiske84 føretaket må berre byrja, og arbeidarane vil få opp augo for det nasjonalistiske innhaldet i det kulturnasjonale autonomiet.
Medan kaukasarane handsamar det nasjonale spørsmålet på den vanlege måten med munnleg og skriftleg ordskifte, har den allrussiske konferansen til likvidatorane funne på ein svært uvanleg måte. Det er ein enkel og lett måte. Høyr på dette:
«Etter å ha høyrt meldinga frå den kaukasiske utsendingsgruppa om at… det er naudsynt å krevja nasjonalkulturelt autonomi, uttaler denne konferansen uten å ytra ei meining om det tenlege i dette kravet, at ei slik tolking av posten i programmet som godkjenner sjølvråderetten til kvar nasjonalitet, ikkje står i motseiing til den nøyaktige meininga til programmet».
Fyrst ytrar dei altså «inga meining om det tenlege» i spørsmålet, og sidan «uttaler» dei. Ein original måte …
Og kva er det dette originale møtet «uttaler»?
At «kravet» om nasjonalkulturelt autonomi «ikkje står i motseiing til den nøyaktige meininga» til programmet, som godkjenner sjølvråderetten til nasjonane.
Lat oss gjera greie for denne setninga.
Posten om sjølvråde taler om rettar for nasjonar. Etter denne posten har ikkje nasjonar berre rett til autonomi, men og til lausriving. Det er eit spørsmål om politisk sjølvråde. Kven var det likvidatorane freista å lura når dei prøvde å feiltolka denne retten for nasjonane til politisk sjølvråde, som lenge har vore godkjend av heile det internasjonale sosialdemokratiet?
Eller kanskje vil likvidatorane freista å vri seg ut av situasjonen og forsvara seg sjølv med sofismen85 om at kulturnasjonalt autonomi «ikkje står i motseiing til» rettane til nasjonane? Det vil seia, om alle nasjonane i ein viss stat kjem til semje om å ordna sakene sine på grunnlag av kulturnasjonalt autonomi, har dei, summen av nasjonar full rett til å gjera det, og ingen kan tvinga på dei ei anna form for politisk liv med vald. Dette er både nytt og kløktig. Skulle vi ikkje leggja til at, allment sagt, har nasjonane rett til å avskaffa sin eigen styringsskipnad og setja eit system med tyranni staden og gå attende til den gamle ordninga, av di nasjonen, og nasjonen åleine, har rett til å rå over sin eigen lagnad? Vi tek opp att: På denne måten står korkje kulturnasjonalt autonomi eller nokon annan slags nasjonalistisk reaksjon «i motseiing til» rettane til nasjonane.
Er det dette den vyrde konferansen ynskte å seia?
Nei, ikkje det. Han seier klårt at kulturnasjonalt autonomi «ikkje står i motseiing til», ikkje rettane til nasjonane, men «den nøyaktige meininga» til programmet.
Og det er heilt skjøneleg. Om det var ein nasjon som vende seg til konferansen til likvidatorane, kunne konferansen greitt ha uttalt at nasjonen har rett til kulturnasjonalt autonomi. Men det var ikkje ein nasjon som vende seg til møtet, men ei «utsendingsgruppe» av kaukasiske sosialdemokratar, dårlege sosialdemokratar sant nok, men likevel sosialdemokratar. Og dei spurde ikkje om rettane til nasjonane, men om kulturnasjonalt autonomi stod i motseiing til prinsippa til sosialdemokratiet, om det ikkje «stod i motseiing til» «den nøyaktige meininga» til programmet til sosialdemokratiet.
Rettane til nasjonane og «den nøyaktige meininga» til programmet til sosialdemokratiet er altså ikkje eitt og det same.
Det finst tydelegvis krav som står i motseiing til «den nøyaktige meininga» til programmet, sjølv om dei ikkje står i motseiing til rettane til nasjonane.
Til dømes. Programmet til sosialdemokratane inneheld ein post om religionsfridom. Etter denne posten har ei kvar gruppe av personar retten til å dyrka den religionen som dei vil: katolisismen, religionen til den ortodokse kyrkja osb. Sosialdemokratar vil stri mot alle former for religionsforfylging, om det er av medlemar av den ortodokse kyrkja katolikkar eller protestantar. Tyder dette at katolisismen, protestantismen osb. «ikkje står i motseiing til den nøyaktige meininga» til programmet? Nei det gjer det ikkje. Sosialdemokratar vil alltid protestera mot forfylging av katolisisme eller protestantisme. Dei vil alltid forsvara retten som nasjonar har til å dyrka den religionen dei vil. Men på same tid, på grunnlag av ei riktig forståing av interessene til proletariatet, vil dei agitera mot katolisismen, protestantismen og religionen til den ortodokse kyrkja for at det sosialistiske verdssynet skal vinna frem.
Og det vil dei gjera av di det ikkje er nokon tvil om at protestantismen, katolisismen, religionen til den ortodokse kyrkja osb. «står i motseiing til den nøyaktige meininga» til programmet, dvs. dei rett forståtte interessene til proletariatet.
Det same må vi seia om sjølvråde. Nasjonar har rett til å ordna sakene sine som dei vil. Dei har rett til å taka vare på kvar av dei nasjonale institusjonane sine, same om han er tenleg eller skadeleg. Ingen kan (ingen har rett til!) å blanda seg inn i livet til ein nasjon med makt. Men dette tyder ikkje at sosialdemokratiet ikkje vil stri mot og agitera mot dei skadelege institusjonane til nasjonar og mot dei ulaglege krava til nasjonar. Tvert om, det er ei plikt for sosialdemokratiet å driva slik agitasjon og å prøva å påverka viljen til nasjonane slik at nasjonane kan ordna sakene sine på den måten som er mest i samsvar med interessene til proletariatet. På grunn av dette vil sosialdemokratiet på same tid som det strir for sjølvråderetten til nasjonane, til dømes agitera mot lausriving for tatarane, eller mot kulturnasjonalt autonomi for dei kaukasiske nasjonane. For desse to sakene står i motseiing til «den nøyaktige meininga» til programmet, dvs. interessene til det kaukasiske proletariatet, medan dei ikkje står i motseiing til rettane til desse nasjonane.
Det er klårt at «rettane til nasjonane» og «den nøyaktige meininga» til programmet ligg på to heilt ulike nivå. Medan «den nøyaktige meininga» til programmet uttrykkjer interessene til proletariatet, slik dei er vitskapleg ordlagte i programmet deira, kan rettane til nasjonane uttrykkja interessene til kva klasse som helst, borgarskapet, aristokratiet, presteskapet osb., avhengig av styrken og makta til desse klassane. På den eine sida står pliktane til marxistar, på den andre rettane til nasjonar som er samansette av ulike klassar. Rettane til nasjonane og prinsippa til sosialdemokratiet står kanskje eller kanskje ikkje «i motseiing til» kvarandre, akkurat som, lat oss seia, Keops-pyramiden kanskje eller kanskje ikkje står i motseiing til den vidgjetne konferansen til likvidatorane. Dei kan ganske enkelt ikkje samanliknast.
Men det fylgjer at den vyrde konferansen rota i hop to heilt ulike ting på ein måte som vi ikkje kan tilgje dei. Resultatet dei nådde var ikkje ei løysing av det nasjonale spørsmålet, berre ei meiningsløyse som seier at rettane til nasjonane og prinsippa til sosialdemokratiet «ikkje står i motseiing til» kvarandre. Dette fører til at eit kvart krav frå ein nasjon kan lata seg sameina med interessene til proletariatet. Det fylgjer at ikkje noko krav frå ein nasjon som strir for å rå seg sjølv kjem til å «stå i motseiing til den nøyaktige meininga» til programmet!
Dei bryr seg ikkje om logikk …
Det var denne meiningsløysa som låg bak den fråsegna frå konferansen til likvidatorane som no er så vidgjeten, og som uttaler at kravet om nasjonalkulturelt autonomi «ikkje står i motseiing til den nøyaktige meininga» til programmet.
Men konferansen til likvidatorene gjorde ikkje berre vald på logikken.
Ved å godkjenna kulturnasjonalt autonomi, krenkte han og plikta si andsynes det russiske sosialdemokratiet. Han krenkte ettertrykkjeleg «den nøyaktige meininga» til programmet, for det er velkjent at den andre kongressen som vedtok programmet, ettertrykkjeleg avviste kulturnasjonalt autonomi. Her er det som vart sagt på kongressen i denne samanhengen:
Goldblatt (bundist)… Eg meiner at det er naudsynt å byggja opp særskilde institusjonar for å verna om fridomen til kulturell utvikling for nasjonalitetane, og difor gjer eg framlegg om at dei fylgjande orda vert lagde til § 8: og opprettinga av institusjonar som skal tryggja dei full fridom til kulturell utvikling. (Dette er som vi veit definisjonen til Bund på kulturnasjonalt autonomi. St.)
«Martynov peikte på at allmenne institusjonar må verta skipa slik at dei vernar om særskilde interesser. Det er umogleg å oppretta ein særskild institusjon for å sikra fridomen til kulturell utvikling for nasjonalitetane.
Jegorav: I spørsmålet om nasjonalitet kan vi berre vedta negative framlegg, dvs. vi set oss i mot alle restriksjonar på nasjonalitet. Men som sosialdemokratar bryr vi oss ikkje med om ein særskild nasjonalitet vil utvikla seg som nasjonalitet. Det er ein spontan prosess.
Koltsov: Utsendingane frå Bund vert alltid krenkte når ein viser til nasjonalismen deira. Likevel er tillegget som utsendingen frå Bund gjorde framlegg om, av ein reint nasjonalistisk karakter. Vi vert bedne om å taka reint offensive tiltak for å stø utdøyande nasjonalitetar til og med.»
Til slutt «vart tillegget til Goldblatt vraka av fleirtalet. Berre tre røysta for det».
Det er altså klårt at konferansen til likvidatorane «motsa den nøyaktige meininga» til programmet. Konferansen krenkte programmet.
Likvidatorane freistar no å rettferdiggjera seg ved å visa til Stockholm-kongressen, som dei hevdar godkjente kultunasjonalt autonomi.
V. Kossovsky skriv dette:
«Som vi veit fekk Bund halda på det nasjonale programmet sitt etter det som Stockholm-kongressen vart enig om (i det vi skal venta med å avgjera det nasjonale spørsmålet til ein allmenn partikongress kjem saman): Denne kongressen slo fast at nasjonalkulturelt autonomi på ingen måte står i motseiing til det allmenne partiprogrammet.»86
Men likvidatorane strevar til inga nytte. Stockholm-kongressen meinte aldri å godkjenna programmet til Bund. Han vart berre einig om å la spørsmålet stå ope ei tid. Den tapre Kossovski hadde ikkje mot nok til å fortelja heile sanninga. Men røyndomen talar for seg sjølv. Her er han:
«Galin gjorde framlegg om eit tillegg: ‘Spørsmålet om det nasjonale programmet er sett ope ettersom det ikkje har vorte granska av møtet’. (50 røyster for, 32 mot.)
Røyst: Kva tyder det – ope?
Ordstyrar: Når vi seier at det nasjonale spørsmålet står ope, tyder det at Bund kan halda på avgjerda si i dette spørsmålet fram til neste kongress.»87 (vår utheving – J. St.)
Som de ser «granska ikkje» møtet ein gong spørsmålet om det nasjonale programmet til Bund. Det let det ganske enkelt stå «ope» og overlet til Bund sjølv å avgjera lagnaden til programmet sitt fram til den neste allmenne kongressen kom saman. Med andre ord: Stockholm-kongressen omgjekk spørsmålet og uttalte inga meining om kulturnasjonalt autonomi på den eine eller andre måten.
Konferansen til likvidatorane set seg på den andre sida avgjort føre å seia meininga si om saka. Dei uttalar at dei kan godtaka kulturnasjonalt autonomi og går god for det i namnet til partiprogrammet.
Skilnaden er berre for tydeleg.
Altså, trass i alle knep førte ikkje konferansen til likvidatorane det nasjonale spørsmålet eit einaste steg framover.
Alt han kunne gjera var å vri seg i støvet for Bund og dei kaukasiske nasjonal-likvidatorane.
VII. DET NASJONALE SPØRSMÅLET I RUSSLAND
Det står att for oss å gjera framlegg om ei positiv løysing av det nasjonale spørsmålet.
Vi tek utgangspunkt i at vi berre kan løysa spørsmålet i nær samanheng med den noverande stoda Russland.
Russland er inne i ei omformingstid, då «normalt», «grunnlovmessig» liv ikkje har kome i stand enno, og då den politiske krisa enno ikkje er løyst. Det ligg dagar med storm og «vanskar» føre oss. Og dette set i gong ei rørsle no og i framtida, som har som mål å oppnå fullstendig demokratisering.
Ein må granska det nasjonale spørsmålet i samband med denne rørsla.
Den fullstendige demokratiseringa av landet er altså grunnlaget og føresetnaden for løysinga av det nasjonale spørsmålet.
Når vi leitar etter ei løysing på spørsmålet må vi taka med i rekninga stoda utanlands og, ikkje berre stoda heime. Russland ligg mellom Europa og Asia, mellom Austerrike og Kina. Framvoksteren av demokrati i Asia er uomgjengeleg. Framvoksteren av imperialismen i Europa er ikkje tilfeldig. Kapitalen i Europa byrjar å kjenna seg klemd inne, og han strekk seg mot framande land på leiting etter nye marknader, billeg arbeidskraft og nye område å investera på. Men dette fører til ytre vanskar og krig. Ingen kan påstå at Balkan-krigen er(21) slutten på og ikkje byrjinga på vanskane. Difor er det fullt mogleg at eit samanfall av indre og ytre vilkår kan oppstå som gjer at ein eller annan nasjonalitet i Russland finn det naudsynt å reisa og løysa spørsmålet om sjølvstendet sitt. Og det er sjølvsagt ikkje oppgåva til marxistar å leggja hindringar i vegen i slike tilfelle.
Men det fylgjer at russiske marxistar ikkje kan unnvera sjølvråderetten til nasjonane.
Så sjølvråderetten er ein viktig del i løysinga av det nasjonale spørsmålet.
Vidare. Kva slags stilling skal vi taka til nasjonar som av ein eller annen grunn helst vil halda seg innanfor ramma til heilskapen?
VI har sett at kulturnasjonalt autonomi er upassande. For det fyrste er det kunstig og umogleg å setja i verk, for det gjer framlegg om å trekkja inn i ein einaste nasjon og på kunstig vis folk som dei verkelege hendingane skil frå kvarandre og spreier til alle hjørne av landet. For det andre fyrer det opp under nasjonalisme, av di det fører til synspunkt som er til fordel for «avgrensing» av folk under nasjonale kuriar, «organisering» av nasjonar «vern» og dyrking av «nasjonale særdrag», som alt er ting som sosialdemokratiet ikkje kan godtaka. Det er ikkje tilfeldig at dei moraviske separatistane i Reichsrat sameinte seg med dei moraviske borgarlege representantane for å danna så å seia, ein moravisk «kolo»(22) etter at dei hadde brote med dei tyske sosialdemokratiske tingmennene. Det er heller ikkje tilfeldig at separatistane i Bund har køyrt seg opp i nasjonalisme ved å fagna «sabbaten» og «jiddisk». Enno finst det ingen bundist-tingmenn i dumaen, men i bundistområdet finst det eit reaksjonært, geistleg jødisk samfunn. I kontrollorgana der driv Bund og skipar til ei «samkome» for dei jødiske arbeidarane og borgarane, som eit fyrste tiltak88 Slik er logikken i kulturnasjonalt autonomi.
Nasjonalt autonomi løyser altså ikkje problemet. Kva er utvegen?
Den einaste riktige løysinga er regionalt autonomi.
Autonomi for slike faste einingar som Polen, Litauen, Ukraina, Kaukasus osb.
Fordelen med regionalt autonomi er framfor alt at ein der har å gjera med eit visst folk som bur på eit avgrensa territorium og ikkje med ein innbilt ting utan territorium. Deretter skil det ikkje folk etter nasjonar. Det styrkjer ikkje nasjonale skrankar. Tvert om bryt det ned desse skrankane og sameiner innbyggjarane på ein måte som opnar vegen for eit anna slags skilje, klasseskiljet. Endeleg gjer det det mogleg å nytta naturrikdomen til ein region og å utvikla produktivkreftene hans på den best moglege måten utan å venta på avgjerdene i eit sams senter. Dette er funksjonar som ikkje er ibuande drag ved kulturnasjonalt autonomi.
Så regionalt autonomi er ein avgjerande del i løysinga av det nasjonale spørsmålet.
Sjølvsagt er ikkje ein einaste av regionane ein kompakt, einskapleg nasjon, for alle er dei ispedde nasjonale minoritetar. Slik er jødane i Polen, latviarane i Litauen, russarane i Kaukasus, polakkane i Ukraina og andre. Vi kunne difor frykta at minoritetane ville verta undertrykte av dei nasjonale fleirtala. Men det vil berre vera grunn til frykt om den gamle ordninga held fram med å vera herskande i landet. Gje landet fullstendig demokrati og alle grunnar til frykt vil forsvinna.
Det er gjort framlegg om å binda dei spreidde minoritetane samen i ein nasjonal union. Men det som minoritetane ynskjer er ikkje ein kunstig union, men verkelege rettar der dei bur. Kva kan dei vinna med ein slik union utan at dei får full demokratisering? På den andre sida: Kva trong finst det for ein nasjonal union når dei har full demokratisering?
Kva er det som særleg opprører ein nasjonal minoritet?
Ein minoritet er misnøgd av di han ikkje har rett til å nytta morsmålet sitt, ikkje av di det ikkje finst ein nasjonal union. Lat han få lov til å nytta morsmålet sitt, og misnøya vil kverva av seg sjølv.
Ein minoritet er misnøgd av di han ikkje har sine eigne skular ikkje av di det ikkje finst nokon kunstig union. Gje han sine eigne skular, og alle grunnar til misnøye vil verta borte.
Ein minoritet er misnøgd av di han ikkje har samvitsfridom (religionsfridom), ikkje kan reisa fritt osb., ikkje av di det ikkje finst ein nasjonal union. Gje han desse fridomane og han vil slutta med å vera misnøgd.
Så like rettar for nasjonane i alle ting (språk, skular osb.) er ein avgjerande del av løysinga av det nasjonale spørsmålet. Difor treng vi ei statleg lov grunna på full demokratisering av landet, som forbyr alle nasjonale særrettar utan unntak, og alle manglar eller avgrensingar i rettane til nasjonale minoritetar.
Det, og berre det, er ei verkeleg, og ikkje ei papirtrygging av rettane til ein minoritet.
Ein kan diskutera eller ikkje diskutera om det finst ein logisk samanheng mellom organisasjonsføderalisme og kulturnasjonalt autonomi. Men ein kan ikkje setja spørsmålsteikn ved at den siste skaper ei stemning som fremjar uavgrensa føderalisme, som utviklar seg til fullstendig brot og til separatisme. Når tsjekkarane i Austerrike og bundistane i Russland byrja med autonomi, gjekk vidare til føderasjon og endte i separatisme, kan det ikkje vera tvil om at den nasjonalistiske stemninga som kulturnasjonalt autonomi naturleg fremjar, spela ei viktig rolle i denne utviklinga. Det er ikkje tilfeldig at nasjonalt autonomi og organisasjonsføderalisme går hand i hand. Det er lett å skjøna. Båe krev avgrensing etter nasjonalitet. Båe føreset organisering etter nasjonalitet. Likskapen er klår. Den einaste skilnaden er at i det eine høvet er heile folket delt, medan det i det andre er dei sosialdemokratiske arbeidarane som er delte.
Vi veit kva avgrensing av arbeidarane etter nasjonalitet fører til. Oppløysing av eit sameint arbeidarparti, kløyving av fagforeiningane etter nasjonalitet, tilspissing av nasjonal usemje, nasjonalt streikebryteri, full demoralisering i rekkjene til sosialdemokratiet – det er resultata av organisasjonsføderalisme. Dette vert tydeleg stadfesta av soga til sosialdemokratiet i Austerrike og verksemda til Bund i Russland.
Dette kan vi berre lækja ved å organisera oss på grunnlag av internasjonalismen.
Oppgåva er å sameina-lokalt arbeidarane frå alle nasjonalitetar i Russland i einskilde, heilskaplege kollektive organ og sameina desse kollektive organa i eitt parti.
Vi treng ikkje nemna at ei slik partioppbygging ikkje stengjer ute, men tvert om føreset vidtrekkjande autonomi for regionane innom det einaste heilskaplege partiet.
Røynslene frå Kaukasus provar kor gagnleg denne typen organisering er. Den internasjonale bygnaden til det kaukasiske sosialdemokratiet var ikkje den faktoren som var til minst hjelp då kaukasarane klarte å vinna over den nasjonale usemja mellom dei armenske og dei tatariske arbeidarane, då dei klarte å verna folket mot moglege massakrar og skyting, når nasjonale konfliktar ikkje er moglege lenger i Baku, som er eit titteskap av nasjonale grupper, og når det er gjort mogleg å trekkja arbeidarane der med i den same straumen til ei sterk rørsle.
Organisasjonstypen påverkar ikkje berre praktisk arbeid. Det set eit uslettande merke på heile åndslivet til arbeidaren. Arbeidaren lever livet til organisasjonen sin, som fremjar den åndelege voksteren hans og oppseder han. Og når han slik verkar innom organisasjonen sin og stendig møter kameratar frå andre nasjonalitetar der, og kjempar ein sams strid side om side med dei, under leiing av eit sams kollektivt organ, vert han heilt gjennomtrengd av tanken om at arbeidarane fyrst og fremst er medlemar av ein klassefamilie, medlemar av den sameinte hæren til sosialismen. Og dette kan ikkje anna enn ha ein veldig oppsedingsverdi for store delar av arbeidarklassen.
Difor tener den internasjonale organisasjonstypen som ein skule i brorskapskjensler og han er ein veldig agitasjonsfaktor for internasjonalismen.
Men slik er det ikkje med ein organisasjon på grunnlag av nasjonalitetar. Når arbeidarane er organiserte etter nasjonalitet, isolerer dei seg innanfor dei nasjonale skala sine, og er skilde fra kvarandre av organisatoriske skrankar. Vekta er ikkje lagt på det som er sams for arbeidarane, men på det som skil dei frå kvarandre. I denne organisasjonstypen er arbeidaren fyrst og fremst ein medlem av nasjonen sin: ein jøde, ein polakk og så bortetter. Vi vert ikkje overraska over at nasjonal føderalisme i organiseringa prentar ei nasjonal avsondringsånd inn i arbeidarane.
Difor er den nasjonale organisasjonstypen ein skule i nasjonalt trongsyn og stagnasjon.
Slik møter vi to grunnleggjande ulike organisasjonstypar: Typen som er grunna på internasjonal samkjensle, og typen som er grunna på organisatorisk «avgrensing» av arbeidarane etter nasjonalitet.
Forsøk på å forsona desse to typane har hittil vore fåfengd. Kompromissvedtektene til Det austerrikske sosialdemokratiske partiet som vart sette opp i Wimberg i 1897, vart hengjande i lufta. Det austerrikske partiet fall frå kvarandre og trekte fagforeiningane med seg. «Kompromiss» viste seg ikkje berre å vera utopisk. Det var og skadeleg. Strasser har rett når han seier at «separatismen vann den fyrste sigeren sin på partilandsmøtet i Wimberg.»89 Det stemmer med Russland. «Kompromisset» med føderalismen til Bund som skjedde på Stockholm-kongressen endte i fullstendig fiasko. Bund krenkte Stockholmkompromisset. Heile tida sidan Stockholm-kongressen har Bund vore eit hinder på vegen mot sameining av arbeidarane lokalt i den same organisasjonen, som skal omfatta arbeidarar frå alle nasjonalitetane. Og Bund har stått hardnakka på separatisttaktikken sin trass i at det russiske sosialdemokratiet i 1907 og i 1908 fleire gongar kravde at det endeleg kom i stand einskap nedanfrå mellom arbeidarane frå alle nasjonalitetar.(23) Bund, som byrja med nasjonalt autonomi i organisasjonen, gjekk verkeleg vidare il føderalisme, berre for å ende i fullstendig brot, separatisme. Og ved å bryta med det russiske sosialdemokratiske partiet valda det misklang og desorganisering i rekkjene til partiet. Lat oss til dømes minnast Jagiello-hendinga.(24)
Difor må vi vraka «konpromissvegen» som utopisk og skadeleg.
Eit av to: Anten føderalismen til Bund, og då må det russiske sosialdemokratiske partiet omdanna seg på grunnlag av «avgrensing» av arbeidarane etter nasjonalitet, eller ein internasjonal organisasjonstype, og då må Bund omdanna seg på grunnlag av territorielt autonomi etter mønster av det kaukasiske, latviske og polske sosialdemokratiet, og på den måten opna for direkte sameining av dei jødiske arbeidarane og arbeidarane frå dei andre nasjonalitetane i Russland.
Det finst ingen mellomveg: Prinsipp vinn fram, dei gjer ikkje «kompromiss».
Så prinsippet om internasjonal samkjensle mellom arbeidarane er ein avgjerande del i løysinga av det nasjonale spørsmålet.
Wien, januar 1913.
Fyrst utgjeve Prosvesjtsjenije, nr. 3-5, mars-mai 1913.
Underteikna: K. Stalin
Notar
1. Marxismen og det nasjonale spørsmålet vart skriven i Wien på slutten av 1912 og byrjinga av 1913. Han kom fyrst ut i tidsskriftet Prosvesjtsjenije (Opplysning), nr. 3 til 5, 1913, med titlen «Det nasjonale spørsmålet og sosialdemokratiet» og underteikna K. Stalin. I 1914 gav Priboj-forlaget i St. Petersburg han ut som eige hefte med tittelen Det nasjonale spørsmålet og marxismen. Etter ordre frå innanriksministeren vart heftet Inndrege frå alle offentlege bibliotek og leserom. I 1920 gav Folkekommissiariatet for nasjonalitetar artikkelen ut at i ei Samting artiklar av J.V. Stalin om det nasjonale spørsmålet (Statsforlaget, Tula). I 1934 kom artiklen med i boka J. Stalin, Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet. Ei samling artiklar og talar. Lenin viste til kvifor det nasjonale spørsmålet stod fram som særs viktig på den tida, i artikkelen sin «Det nasjonale programmet til RSDAP,» og skreiv: «Denne stoda og prinsippa i det nasjonale programmet til sosialdemokratiet er alt nylig drøfta i teoretisk marxistisk litteratur (her må vi framheva artikkelen til Stalin).» I februar 913 skreiv Lenin til Maxim Gorki: «Vi har ein vidunderleg grusar her, som har sett seg ned for å skriva ein stor artikkel for Prosvesjtsjenije etter at han har samla alt det austerrikske og anna stoff.» Lenin tok kraftig til motmæle då han fekk vita at det var gjort framlegg om å prenta artiklen med det atterhaldet at han berre var til diskusjon, og skreiv: «Sjølvsagt er vi heilt mot dette. Det er ein svært god artikkel. Spørsmålet er brennande, og vi skal ikkje vika ein tomme på prinsippa for det bundistiske avskummet.» (Arkivet til Marx-Engels-Lenin instituttet.) Straks etter at J. V. Stalin vart arrestert i mars 1913, skreiv Lenin til bladstyrarane Sotsial-Demokrat:» «… Svært mange av oss vert arresterte. Koba er teken … Koba greidde å skriva ein lang artikkel (for tre nummer av Prosvesjtsjenije) om det nasjonale spørsmålet. Godt! Vi må slåst for sanninga og mot separatistar og opportunistar i Bund og mellom likvidatorane.» (Arkivet til Marx-Engels-Lenin instituttet.)
2. Året 1905 – eit år med store bonde- og arbeidarkampar som kulminerte i væpna oppreist i Moskva og andre stader desember. Dette fyrste russiske revolusjonen vart slegen ned med stor råskap. Sjå Soga til SUKP (b), norsk utgåve Forlaget Oktober 1974, s. 85-90.
3. «Det konstitusjonelle styret» – namn på den første riksdumaen, som vart innkalt 1 desember 1905 då 1905-revolusjonen var i attendegang. Før hadde dumaen berre vore rådgjevande. Den nye dumaen skulle vera «lovgjevande», slik at Russland fekk eit «konstitusjonelt» styre. Men vallovene var slik at ein handfull godseigarar og kapitalistar fekk eit veldig overtak over arbeidarane og bøndene i dumaen. Tsaren sitt føremål med å innkalla Riksdumaen var å skilja bøndene frå dei revolusjonære arbeidarane.
4. Dumaen – Råd, Rådsforsamling. Namn på representative forsamlingar Russland frå 1600-talet til 1917. s. 13.
5. Sionisme – Ei reaksjonær nasjonalistisk retning i det jødiske borgarskapet, som hadde tilhengjarar mellom del intellektuelle og dei meir attendeliggjande delane av dei jødiske arbeidarane. Sionistane freista å isolere dei jødiske arbeidarmassane frå den allmenne kampen til proletariatet.
6. Pan-islamisme – Ei form for borgarleg nasjonalisme som oppmoda om samhald på religiøst grunnlag, sjå note nr. 42.
7. Jiddisk – språket til austjødane. Utvikla på grunnlag av ei tysk dialekt med innslag av hebraisk og polsk. Før den andre verdenskrigen var det fleire millionar jiddisktalande jødar i Aust-Europa.
8. Likvidasjonismen – «ein freistnad frå ei gruppe intellektuelle i partiet (dvs. RSDAP -Red.) på å likvidera den eksisterande organisasjonen til RSDAP for ein kvar pris og erstatta han med ei laus samanslutning som verkar legalt, sjølv om prisen er rein og skjær oppgjeving av programmet, taktikken og tradisjonane til partiet.» Fråsegn vedteken på RSDAP sin sjette konferanse i 1912. Sjå Lenin, «Likvidasjonismen og likvidatorgruppa,» Utvalgte verker i 12 bind, bind 5, s. 39-41.
9. Reformen – Bondereformen 1861 som avskaffa liveigenskapen i Russland. Som fylgje av denne reformen kunne godseigarane ta 1/5, ja opp til 2/5 av jorda til bøndene. Bøndene måtte betala svære summar for å løysa ut jord som dei ikkje kunne greia seg utan, om dei skulle driva sjølvstendig jordbruk. Dei måtte ta opp lån som dei betalte på i 49 år til 6 prosent rente. Denne utplyndringa av bøndene førte til at bondejordbruket vart fullstendig ruinert.
Lenin skildra «bondereformen» frå 1861 som den første massevaldshandlinga mot bøndene til føremon for kapitalisme i jordbruket.
10. Partidagen eller kongressen til det austerrikske sosialdemokratiske partiet i Brünn, vart halden 24.-29. september 1899. J. V. Stalin siterer fråsegna om det nasjonale spørsmålet som denne kongressen vedtok, i ein annan artikkel i denne boka (sjå s. 34).
11. «Takk Gud for at vi ikkje har noko parlament her.» V. Kokvtsev, som var tsaristisk finansminister og seinare statsminister, sa dette i Statsdumaen 24. april 1908.
12. Rutenia – område i det tidlegare Austerrike-Ungarn der det budde ukrainarar og kviterussarar. Desse bur no i Sovjetunionen.
13. Prokrustesseng metode eller system som med tvang eller vald freistar å skapa likskap. (Etter den greske segna om røvaren Prokrustes som fanga vegfarande og la dei på ei seng – han skar av dei beina dersom dei var for lange og strekte dei ul dersom del var for stutte.)
14. Sjå kapitel II av Det kommunistiske partis manifest av Marx og Engels, norsk utgåve Forlaget Oktober 1975.
15. Wien-kongressen (eller Wimberg-kongressen, etter namnet på hotellet der han kom saman) til det austerrikske sosialdemokratiske partiet, vart halden 6.-12. juni 1897.
16. Den åttande konferansen til Bund vart halden i Lvov i september 1910.
16 a) I ein artikkel med titlen «Nok ein splittarkonferanse,» prenta i avisa Za Partiju 2. (15.) oktober 1912, fordømte Plekhanov «augustmøtet» til likvidatorane, og kalle standpunktet til bundistane og dei kaukasiske sosialdemokratane for å tilpasse sosialismen til nasjonalisme. Kossovsky, som var leiar for bundistane, kritiserte Plekhanov i eit brev til likvidatortidsskriftet Nasja Sarja.
17. Kurie – valklasse. Veljarane vart delte inn i fire slike kurler, kuriane til godseigarane, byane (storborgarskapet), bøndene og arbeidarane.
18. Manilov ein figur i Daude sjelar av Gogol. M. er ein sentimental og likandes godseigar, som sit og drøymer over pipa og pratar ut i lufta.
19. Iskra (Gneisten) – den fyrste allrussiske illegale marxistiske avisa, skipa av Lenin i 1900. Ho spela ei avgjerande rolle i skipinga av det marxistiske partiet, i overvinninga av «økonomismen», i samlinga av dei splitta sosialdemokratiske gruppene og i førebuingane til den andre kongressen til RSDAP (Det russiske sosialdemokratiske arbeiderpartiet) i 1903. x.
20. Tsjveni Tskhovreba (Livet vårt) var ei dagsavis som dei grusiske mensjevikane i Kutais gav ut frå 1. til 22. juli 1912. s. 52.
21. Det er vist til den fyrste Balkan-krigen, som braut ut i oktober 1912 mellom Bulgaria, Serbia, Hellas og Montenegro på den eine sida, og Tyrkia på den andre.
22. Moravisk «kolo» – ein moravlsk fløy i riksdagen Praha. Morava (Mähren) i det som no er Tsjekkoslovakia hadde både tysktalande og tsjekkisktalande innbuarar om kvarandre. I 1899 kravde talsmenn for den tyske nasjonaliteten ‘nasjonale’ kuriar i riksdagen med gjensidig veto i nasjonale spørsmål. Framlegget vann ikkje fram. s. 61.
23. Sjå fråsegnene frå den fjerde («den tredje allrussiske) konferansen til RSDAP, som vart halden 5. -12. november 907, og frå den femte («den allrussiske 1908»)-konferansen til RSDAP som vart halden 21.-27. desember 1908 (3.-9. januar 1909). (Sjå Fråsegner og vedtak frå kongressar, konferansar og sentralkomiteplenum i SUKP (b), band 1. 6. russiske utgåve, 1940 s. 118 og 131.)
24. E.J. Jagiello var medlem av det polske sosialistpartiet. Han vart vald frå Warsawa til den fjerde statsdumaen som eit resultat av at Bund, det polske sosialistpartiet og dei borgarlege nasjonalistane gjekk saman mot dei polske sosialdemokratane. Den sosialdemokratiske gruppa i dumaen vedtok ei fråsegn om at Jagiello kunne verta medlem av gruppa etter at dei sju mensjevikiske likvidatorane røysta for medan dei seks bolsjevikane mot. Meir i «Badajev «Bolsjevikane tsarens parlament», Forlaget Oktober 1977.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.
- Sjå «Melding frå den niande konferansen i Bund». J. St.
- Sjå «Utsegn frå Augustkonferansen». J. St.
- Same stad.
- ovring – fenomen Red.
- R. Springer, «Det nasjonale problemet», Forlaget Obsjtsjestvennaja Polza, 1909, s. 43. J. St.
- O. Bauer, Det nasjonale spørsmålet og sosialdemokratiet, Forlaget Serp, 1909, s. 1-2. J. St.
- O. Bauer, Det nasjonale spørsmålet og sosialdemokratiet, Forlaget Serp, 1909, s. 6. J. St.
- Same stad, s. 2. J. St.
- Same stad, s. 24-25. J. St.
- Same stad, s. 139. J. St.
- Same stad, s. 2. J. St.
- spiritualistane – tilhengarar av ei anti-materialistisk filosofisk og politisk retning. – Red.
- Etnografisk: Det som har med ulike folkeslag, deira levemåte, kultur og samfunn å gjera. -Red.
- Same stad, s. 2. J. St.
- Same stad, s. 389. J. St
- Same stad, s. 388. J. St.
- Same stad, s. 396. J. St.
- Same stad, s. 2. J. St.
- Same stad, s. 130. J. St.
- Same stad. J. St.
- Riksrådet. -Red.
- Sjå boka hans, Arbeidaren og nasjonen, 1912, s. 33. J. St.
- Sjå boka til Bauer, s. 166. J. St.
- Bej var ein styrar i ein by eller eit distrikt tyrkiske koloniar. -Red.
- Mullah – ein muslim som er lærd i teologi og heilag rett. -Red.
- Det sørslaviske sosialdemokratiet verkar i den sørlege delen av Austerrike. J. St.
- Sjå V. Kossovski, Nasjonalitetsproblem. 1907, s. 16-17. J. St.
- Sjå Springer, Det nasjonale problemet, s. 14. J. St.
- Sjå Bauer. Det nasjonale spørsmålet og sosialdemokratiet, s. 399. J. St.
- Same stad, s. 422. J. St.
- Sjå Springer, Det nasjonale problemet, s. 281-282. J. St.
- Same stad, s. 36. J. St.
- Sjå Bauer, Det nasjonale spørsmålet, s. 401. J. St.
- Utsendingane frå Det sørslaviske sosialdemokratiske partiet røysta og for det. Sjå Ordskifte om det nasjonale spørsmålet på Brunn-landsmøtet, 1906, s. 72. J. St.
- I den russiske omsetjinga til M. Panin (sjå omsetjinga hans av boka til Bauer) står det «nasjonal individualitet» staden for «nasjonal eigenart». Panin har her omsett gale. Ordet «individualitet» finst ikkje i den tyske teksten, som talar om nationalen Eigenart, som langt frå er det same. J. St.
- Drøftingane til samlingspartimøtet i Brunn, 1899. J. St.
- Sjå Springer, Det nasjonale problemet, s. 286. J. St.
- Sjå Bauer, Det nasjonale spørsmålet…, s. 549. J. St.
- Same stad, s. 555. J. St.
- Sjå Springer. Det nasjonale problemet, s. 19. J. St.
- Sjå Bauer, Det nasjonale spørsmålet…, s. 286. J. St.
- Sjå Springer, s. 74. J. St.
- Same stad, s. 88-89. J. St.
- Same stad, s. 89. J. St.
- Sjå Bauer, s. 552. J. St.
- Sjå Springer, s. 226. J. St.
- Sjå Bauer, s. 368. J. St.
- Same stad, s. 375. J. St.
- Sjå Springer, s. 234. J. St.
- Sjå Bauer, s. 553. J. St.
- Same stad, s. 337. J: St.
- Same stad, s. 333. J. St.
- Same stad, s. 555. J. St.
- Same stad, s. 556. J. St.
- Same stad, s. 543. J. St.
- Same stad, s. 542. J. St.
- Sjå Protokollen frå Brünnkongressen, s. 48. J. St.
- Utopi – førestelling om betring av samfunnet som ikkje kan gjennomførast, ideal som aldri kan verta røyndom. -Red.
- Sjå Bauer, s. 553. J. St.
- Sjå byrjinga på dette kapitlet. J. St.
- Sjå Bauer, s. 381, 396. J. St.
- Same stad, s. 389. J. St.
- Sjå K. Marx, Jødespørsmålet, 1844 (Sjå Marx Engels Verk, b. 1, ty. utg., Red.)
- Sjå K. Kautsky, Kisjinev-pogromen og jødespørsmålet, 1903. J. St.
- Sjå Bauer, s. 388. J. St.
- Sjå Former for den nasjonale rørsla, osb., redigert av Kasteljanski, s. 772. J. St.
- Sjå Referat frå Den andre kongressen, s. 176. J. St.
- Pogrom – organisert og blodig valdshandling i jødeforfylgjing, eller forfylgjing av ei anna gruppe folk (ikkje-russarar osb.). Red.
- Melding frå den åttande konferansen Bund, 1911, s. 62. J. St.
- Same stad, s. 83-84. J. St.
- Sjå Melding frå den 8. konferansen i Bund, s. 85. J. St.
- Sjå Melding frå den 9. konferansen i Bund, s. 42. J. St.
- Sjå Melding frå den 8. konferansen Bund, s. 83. J. St.
- Same stad, s. 68. J. St.
- Sjå Utsegn om det sjuande landsmøtet i Bund, s. 7. (Dette landsmøtet vart halde i Lvov i september 1906. – Red.)
- Segregering – skiljing av ulike grupper av folkesetnaden i eit land el. eit område, t.d. etter rase, språk osb. – Red.
- Sjå Melding frå den åttande konferansen Bund, s. 72. J. St.
- Om nasjonalt autonomi og omorganiseringa av det russiske sosialdemokratiet på føderalt grunnlag, 1902, utgjeve av Bund. J. St.
- Sjå Nasje Slovo, nr. 3, Vilno, 1906, s. 24. J. St.
- Sjå Til spørsmålet om nasjonalt autonomi osb., 1902 s. 17, utgjeve av Bund. J. St.
- Sjå dei orda som er sitert frå eit hefte av Vanek Dokument om separatismen, s. 29. J. St.
- Sjå den grusiske avisa Tsjveni Tskhovreba (Livet vårt)(20) nr. 12,1912. J. St.
- Sjå den grusiske avisa Tsjveni Tskhovreba, nr. 12,1912. J. St.
- Herostratisk – etter grekaren Herostrat som vart vidkjend då han stakk Artemis-templet i brann. Altså, ry som kjem frå udåd. -Red.
- Sofisme – gresk, medviten logisk feilslutning. Sofistane var lærarar i kunsten å overtyda, omgrepet vert brukt om ordkløyveri og flisespikking. -Red.
- Sjå Nasjazarja, nr. 9-10,1912, s. 120. J. St.
- Sjå Nasje Slovo, nr. 8, 1906, s. 53. J. St.
- Sjå Melding frå den åttande konferansen Bund, den samanfattande delen av fråsegna om samfunnet. J. St.
- Sjå boka hans Arbeidaren og nasjonen, 1912. J. St. 64