Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
Innhold
OKTOBERREVOLUSJONEN OG DET NASJONALE SPØRSMÅLET
6. og 19. november 1918
Det nasjonale spørsmålet må ikkje sjåast på som noko som er seg sjølv nok og fastlåst for alltid. Av di det berre er ein del av det allmenne spørsmålet om omforminga av den ordninga som er, er det nasjonale spørsmålet heilt og fullt avhengig av vilkåra i dei samfunnsmessige omgjevnadene. Det er også avhengig av kva slags makt som finst i landet og kva veg den allmenne samfunnsutviklinga går. Dette kjem heilt dagklårt fram i revolusjonstida i Russland, då det nasjonale spørsmålet og den nasjonale rørsla i grenseregionane i Russland snøgt og tydeleg endrar innhald i pakt med leia for og resultatet av revolusjonen.
I. FEBRUARREVOLUSJONEN OG DET NASJONALE SPØRSMÅLET
I tida for den borgarlege revolusjonen i Russland (februar 1917) hadde den nasjonale rørsla i grenseregionane karakteren av ei borgarleg frigjeringsrørsle. Nasjonalitetane i Russland, som i mange mannsaldrar hadde blitt undertrykte og utbytta av «det gamle styret», kjende styrken sin for fyrste gong og kasta seg inn i kampen mot undertrykkjarane sine. «Bort med nasjonal undertrykking» – slik var slagordet til rørsla. «Heilnasjonale» institusjonar spratt opp over natta over alt i grenseregionane i Russland. Rørsla vart leidd av dei nasjonale borgarleg-demokratiske intellektuelle. «Nasjonale rådsforsamlingar» i Latvia, Estland-regionen, Litauen, Grusia, Armenia, Aserbajdsjan, Nord-Kaukasus, Kirgisia og Midtre Volga-regionen. «Radaen»(1) i Ukraina og Kvite-Russland, «Sfatul Tsarii»(2) i Bessarabia, «Kurultai»(3) på Krim og i Basjkir, «Den autonome regjeringa» i Turkistan – dette var slike «heilnasjonale» institusjonar som det nasjonale borgarskapet fylka troppane sine kring. Det var eit spørsmål om frigjering frå tsarveldet – «den grunnleggjande årsaka» til nasjonal underkuing – og omskiping av nasjonale borgarlege statar. Sjølvråderetten til nasjonane vart tolka som det nasjonale borgarskapet i grenseområda sin rett til å taka makta sine eigne hender og dra føremon av Februarrevolusjonen til å skipa «sine eigne» nasjonalstatar. Den vidare utviklinga av revolusjonen var ikkje med i reknestykkja for dei borgarlege institusjonane som er nemnde ovanfor. Det kunne ho heller ikkje vera. Ein oversåg at tsarveldet vart erstatta av naken og open imperialisme, og at denne imperialismen vart eit sterkare og mykje farlegare trugsmål for nasjonalitetane, og grunnlaget for ei ny nasjonal undertrykking.
At tsarveldet vart avskaffa og borgarskapet kom til makta, førte likevel ikkje til at den nasjonale undertrykkinga vart borte. Den gamle råe forma for nasjonal undertrykking vart avløyst av ei ny, meir utkropen, men likevel mykje farlegare, form for undertrykking. Lvov-Miljukov-Kerenski-regjeringa gjekk slett ikkje bort frå den nasjonale undertrykkingspolitikken, men organiserte ein ny kampanje mot Finland (oppløysinga av riksdagen sommaren 1917) og Ukraina (knebling av kulturelle institusjonar i Ukraina). Dessutan oppmoda denne regjeringa, som var imperialistisk i sjølve innhaldet, folkesetnaden til å halda fram med krigen for å underkua nye land, nye koloniar og nasjonalitetar. Dette var ho tvinga til, ikkje berre ut frå den ibuande naturen i imperialismen, men og på grunn av dei gamle imperialistlanda som enno fanst i Vest. Dei var ikkje til å stogga i strevet med å gjera innverknadsområdet til regjeringa mindre. Dei imperialistiske statane kjempa for å underkua små nasjonalitetar. Dette var eit vilkår for at desse statane kunne eksistera. Slik var det biletet som steig fram i kjølvatnet av den imperialistiske krigen. Dette stygge biletet vart slett ikkje betre ved at tsarveldet vart borte og Miljukov-Kerenski-regjeringa kom til på skodeplassen. Sidan dei «heilnasjonale» institusjonane i grenseområda synte ein tendens til politisk sjølvstende, møtte dei sjølvsagt steil fiendskap frå imperialistregjeringa i Russland. Men på den andre sida grunnfesta dei makta til det nasjonale borgarskapet, og brydde seg ikkje om dei livsviktige interessene til «sine eigne» arbeidarar og bønder. Difor gav dei grobotn for murring og misnøye mellom desse. Det som var kjent som «dei nasjonale regimenta»(4) kasta berre meir brennstoff til varmen. Dei var udugelege mot faren ovanfrå og berre styrkte faren nedanfrå og gjorde han verre. Dei «heilnasjonale» institusjonane sto nakne og forsvarslause att mot slag utanfrå og eksplosjonar innanfrå. Dei borgarlege nasjonale statane som heldt på å veksa fram, tok til å bleikna alt før dei kunne slå ut i full bløming.
Slik vart den gamle borgarleg-demokratiske tolkinga av prinsippet om sjølvråde berre rein oppdikting og miste den revolusjonære rolla si. Det var klårt at under slike tilhøve kunne det ikkje vera spørsmål om å gjera slutt på den nasjonale undertrykkinga og gje dei små nasjonalstatane sjølvstende. Det vart klårt at det var umogleg å frigjera dei arbeidande massane i dei undertrykte nasjonalitetane og gjera slutt på nasjonal undertrykking utan å bryta med imperialismen, utan at dei arbeidande massane kasta «sitt eige» nasjonale borgarskap og tok makta sjølv.
Dette vart klårt stadfest etter Oktoberrevolusjonen.
II. OKTOBERREVOLUSJONEN OG DET NASJONALE SPØRSMÅLET
Februarrevolusjonen skapte indre motsetnader som ikkje let seg sameina. Revolusjonen vart fullført ved hardt strev frå arbeidarane og bøndene (soldatar). Men som resultat av revolusjonen gjekk ikkje makta over til arbeidarane og bøndene, men til borgarskapet. Når dei gjennomførte revolusjonen, så ynskte arbeidarane og bøndene å gjera slutt på krigen og sikra freden. Men borgarskapet, som var i ferd med å ta makta, streva etter å utnytta den revolusjonære gløden hjå massane til å halda fram med krigen, mot freden. Den økonomiske sundkløyvinga i landet og matvarekrisa kravde at kapital og industriføretak vart eksproprierte til føremon for arbeidarane, og at godseigarjorda vart kverrsett1 til føremon for bøndene. Men den borgarlege Miljukov-Kerenski-regjeringa stod vakt om interessene til landadelen og kapitalistane og verna dei fast og støtt mot alle åtak frå arbeidarane og bøndene. Dette var ein borgarleg revolusjon ført til endes av arbeidarane og bøndene, til føremon for utbyttarane.
I mellomtida heldt landet fram med å stønna under åket frå imperialistkrigen, økonomisk oppløysing og krakket i matforsyninga. Fronten fall i småbitar og. smuldra opp. Fabrikkar og verk stogga opp. Hungersnauda spreidde seg i heile landet. Februarrevolusjonen med sine indre motseiingar var tydeleg ikkje nok for å berga landet. Miljukov-Kerenski-regjeringa var tydelegvis ute av stand til å løysa dei grunnleggjande problema i revolusjonen.
Ein ny sosialistisk revolusjon trongst for å leia landet ut or blindgata med imperialistisk krig og økonomisk sundkløyving.
Den revolusjonen kom som eit resultat av Oktoberoppreisten.
Med å kasta maktveldet til landadelen og borgarskapet og setja inn ei regjering av arbeidarar og bønder løyste Oktoberrevolusjonen motseiingane frå Februarrevolusjonen med eitt slag. Allmakta til landadelen og kulakkane vart teken bort og jorda vart gjeven til dei arbeidande massane på landsbygda for at dei skulle nytta ho. Verkstader og fabrikkar vart kverrsette, og dei vart lagde under arbeidarkontroll. Det vart brot med imperialismen og røvarkrigen tok slutt. Dei løynlege avtalane vart offentleggjorde og anneksjonspolitikken vart dregen fram i lyset. Til sist, kunngjeringa av sjølvråde for dei arbeidande massane i dei undertrykte folka, og at det vart godteke at Finland skulle vera sjølvstendig. – Alt dette var dei grunnleggjande åtgjerdene som sovjetmakta sette i verk i den fyrste fasen av sovjetrevolusjonen.
Det var ein ekte sosialistisk revolusjon.
Revolusjonen tok til midt i landet, i sentrum. Men han kunne ikkje verta avgrensa til dette tronge landområdet lenge. Når han no eingong hadde vunne siger i det sentrale området, var han nøydd til å spreia seg til grenseregionane også. Og heilt frå dei aller fyrste revolusjonsdagane spreidde den revolusjonære flodbylgja seg nordanfrå over heile Russland. Ho sopte over den eine grenseregionen etter den andre. Men her møtte ho ei demning i form av «dei nasjonale forsamlingane» og regionale «regjeringar» (Don, Kuban, Sibir) som hadde vorte skipa før Oktoberrevolusjonen. Poenget er at desse «nasjonale regjeringane» ikkje ville vita av nokon sosialistisk revolusjon. Borgarlege av natur som dei var, hadde dei ikkje det minste ynskje om å øydeleggja den gamle borgarlege ordninga. Dei rekna det tvert om som si plikt å halda ved lag og grunnfesta ho med alle middel dei rådde over. Grunnleggjande imperialistiske som dei var hadde dei ikkje det minste ynskje om å bryta over tvert med imperialismen. Heller tvert om. Dei hadde aldri hatt noko i mot å krafsa til seg og kua bitar og smular av territoriet til «framande» nasjonalitetar så fort dei hadde høve til det. Det var såleis ikkje så underleg at «dei nasjonale regjeringane» i grenseregionane lyste krig mot den sosialistiske regjeringa sentrum. Og med ein gong dei hadde lyst krig, vart dei sjølvsagt drivhus for reaksjonen. Dei drog til seg alt som fanst av anti-revolusjonære krefter i Russland. Alle veit at alle dei kontrarevolusjonære som vart kasta ut av Russland, strøymde til desse drivhusa. Og der, rundt desse, skipa dei seg til «nasjonale» kvitegardist-regimet.
Men i tillegg til «nasjonale regjeringar» er det og nasjonale arbeidarar og bønder i grenseregionane. Dei var alt organiserte i revolusjonære sovjet før Oktoberrevolusjonen. Desse var skipa etter same mønster som sovjeta i Sentral-Russland. Dei hadde aldri brote sambandet med brørne sine i nord. Dei og kjempa for å slå borgarskapet, også dei stridde for at sosialismen skulle sigra. Det var såleis ikkje til å undra seg over at usemja med «deira eigne» nasjonale regjeringar vart meir og meir tilkvesst for kvar dag. Oktoberrevolusjonen berre styrkte alliansen mellom arbeidarar og bønder i grenseregionane og arbeidarar og bønder i Russland, og gjorde dei oppglødde i trua på siger for sosialismen. Og den krigen som «dei nasjonale regjeringane» førte mot sovjetmakta, førte til at konflikten mellom dei nasjonale massane og desse «regjeringane» utvikla seg til ope brot mellom dei. Massane gjorde ope opprør mot dei.
Såleis vart det skipa ein sosialistisk allianse av arbeidarane og bøndene over heile Russland, mot den kontrarevolusjonære alliansen av borgarlege nasjonale «regjeringar» i grenseregionane i Russland.
Den striden som grense«regjeringane» førte blir av somme lagt ut som ein kamp for nasjonal frigjering mot den «miskunnslause sentralismen» til sovjetstyret. Men dette er heilt usant. Ikkje eit einaste styre i heile verda har tillate ei slik vidfemnande desentralisering, ikkje noko regjering i verda har gjeve så stor og fullstendig nasjonal fridom til folket som sovjetmakta Russland. Striden til grense«regjeringane» var -og er – ein borgarleg kontrarevolusjonær kamp mot sosialismen. Den nasjonale fana er berre hengt på denne saka for å villeia massane, som ei populær fane som løyner dei kontrarevolusjonære planane til det nasjonale borgarskapet på ein høveleg måte.
Men kampen som dei «nasjonale» og regionale «regjeringane» førte, synte seg å vera ein ulik kamp. Dei vart gjort åtak på frå to sider – utanfrå av sovjetmakta Russland, og innanfrå av «sine eigne» arbeidarar og bønder. – Dei «nasjonale regjeringane» vart tvinga til å trekkja seg attende alt etter dei aller fyrste slaga dei gav seg i kast med. Ein fekk oppreisten til dei finske arbeidarane og torparane(5) og det borgarlege «senatet»(6) flykta. Arbeidarane og bøndene Ukraina reiste seg, og den borgarlege «Radaen» tok til beins. Arbeidarane og bøndene i Don, Kuban og Sibir gjorde opprør, Kaledin, Komilov og «regjeringa» i Sibir ramla saman. Dei fattige bøndene i Turkistan reiste seg, og den «autonome regjeringa» flykta. Landbruksrevolusjonen i Kaukasus og den fullstendige kraftløysa til «nasjonalråda» i Grusia, Armenia og Aserbajdsjan – alle desse døma er allment kjende fakta som klårt viser kor heilt isolerte «grenseregjeringane» var i høve til «sine eigne» arbeidarmassar. Når dei «nasjonale regjeringane» no var heilt slegne, vart dei «tvinga» til å be om hjelp frå imperialistane i Vesten, frå dei gamle undertrykkjarane og utbyttarane av nasjonalitetane i verda, mot «sine eigne» arbeidarar og bønder.
Såleis byrja perioden med utenlandsk intervensjon og hærsetjing i grenseregionane – ein tidbolk som enno ein gong avslørte den kontrarevolusjonære karakteren til dei «nasjonale» og regionale «regjeringane».
Fyrst no vart det heilt klårt for alle at det nasjonale borgarskapet ikkje arbeidde for å frigjere «sitt eige folk» frå nasjonal undertrykking, men for fridom til å pressa profitt ut or dei, for fridom til å halda fast ved særrettane sine og kapitalen sin.
Fyrst no vart det klårt at frigjeringa av dei undertrykte nasjonalitetane ikkje kunne verta noko av utan at ein braut over tvert med imperialismen. Frigjering var uråd utan å kasta borgarskapet som undertrykte nasjonalitetane, og gje makta over til dei arbeidande folkemassane i desse nasjonalitetane.
Slik vart den gamle borgarlege oppfatninga av prinsippet om sjølvråde med slagordet sitt: «All makt til det nasjonale borgarskapet» avslørt og kasta til sides av sjølve utviklinga til revolusjonen. Den sosialistiske oppfatninga av prinsippet om sjølvråde, med slagordet «All makt til dei arbeidande massane i dei undertrykte nasjonalitetane», kom i hevd av seg sjølv , og det vart mogleg å ta det i bruk.
Oktoberrevolusjonen hadde sett ein stoppar for den gamle borgarlege rørsla for nasjonal frigjering, og innleidde slik tidbolken for ei ny sosialistisk rørsle av arbeidarane og bøndene i dei undertrykte nasjonalitetane. Denne rørsla var retta mot all undertrykking – medrekna nasjonal undertrykking – mot makta til borgarskapet både «deira eige» og det utanlandske, og mot imperialismen allment.
III. KVA OKTOBERREVOLUSJONEN HADDE Å SEIA FOR HEILE VERDA
Etter at Oktoberrevolusjonen hadde sigra i Midt-Russland og femnt om ei rekkje av grenseregionane, kunne han ikkje stogga tvert ved grenselinene til Russland. I den atmosfæren som den imperialistiske verdskrigen og den allmenne misnøya i massane skapte, kunne ikkje revolusjonen anna enn spreia seg til grannelanda. Russland braut over tvert med imperialismen og rømde ut or røvarkrigen. Dei løynlege avtalane vart offentleggjorde og anneksjonspolitikken vart høgtideleg avvist. Nasjonal fridom vart kunngjort, og sjølvstende for Finland vart godkjent. Russland vart kunngjort som «ein føderasjon av nasjonale sovjetrepublikkar». Regjeringa i Sovjetunionen kom med hærrop til verda om målmedviten kamp mot imperialismen. Alt dette måtte få svært mykje å seia for den trælbundne Austen og den blødande Vesten.
Og sanneleg er ikkje Oktoberrevolusjonen den fyrste revolusjonen i verdssoga som makta å bryta den eldgamle svevnen til dei arbeidande massane av undertrykte folk i Austen og dra dei med i striden mot verdsimperialismen. Skipinga av arbeidar- og bondesovjet i Persia, Kina og India, som vart bygde med sovjeta i Russland som mønster er klåre og overtydande nok prov på dette.
Oktoberrevolusjonen er den fyrste revolusjonen i verdssoga som gav arbeidarane og soldatane i Vesten ei levende bergingsvon og eit føredøme. Denne revolusjonen kunne styra dei inn på den verkelege frigjeringsvegen, bort frå den tunge børa av krig og imperialisme. Arbeidarar og soldatar reiste seg til opprør i Austerrike-Ungarn og Tyskland, det vart skipa sovjet av arbeidarar og soldatutsendingar. Dei undertrykte folka i Austerrike-Ungarn reiste seg til revolusjonær strid mot nasjonal undertrykking. Alle desse døma er talande prov på det eksemplet Oktoberrevolusjonen gav.
Hovudpunktet her er slett ikkje at striden i Austen og endåtil i Vesten, enno ikkje har lukkast i å luka ut dei borgarleg-nasjonale draga. Poenget er at kampen mot imperialismen har byrja, at han held fram og uunngåeleg er nøydd til å nå fram til sitt logiske mål.
Utanlandsk intervensjon og hærsetjingspolitikken til dei imperialistane som kjem «utanfrå», berre skjerpar den revolusjonæra krisa ved at ein dreg med nye folk inn i striden og utvidar området for dei revolusjonære slaga mot imperialismen.
Oktoberrevolusjonen knyter banda mellom dei attendeliggjande folka i Austen og dei framskridne folka i Vesten. Såleis får han dei til å fylka seg i eit felles stridslæger mot imperialismen.
Såleis utviklar det nasjonale spørsmålet seg frå å vera eit særskilt spørsmål om å slåst mot nasjonal undertrykking, til å bli det allmenne spørsmålet om å frigjera nasjonane, koloniane og halvkoloniane frå imperialismen.
Daudssynda til Den andre internasjonalen og leiaren der, Kautsky, er i røynda at dei alltid har gått over til den borgarlege tolkinga av nasjonalt sjølvråde, at dei aldri har skjøna den revolusjonære meininga med det, at dei var uviljuge eller ikkje i stand til å tufta det nasjonale spørsmålet på eit revolusjonært grunnlag med open kamp mot imperialismen, at dei var ute av stand til eller uviljuge til å knyta det nasjonale spørsmålet saman med spørsmålet om frigjering for koloniane.
Det at dei austerrikske sosialdemokratane, av typen Bauer og Renner, er tungnemme, syner seg nettopp i at dei ikkje har skjøna den uløyselege samanhengen mellom det nasjonale spørsmålet og maktspørsmålet. Del prøvde å skilja det nasjonale spørsmålet frå politikken og avgrensa det til kulturspørsmål og utdanningsspørsmål. Dei gløymde slike «småting» som imperialismen, og koloniane som var trælbundne av imperialismen.
Det står fast at prinsippa om sjølvråde og «forsvar av fedrelandet» har vorte ugyldig av hendingane under vilkåra med stigande sosialistisk revolusjon. I røynda er det ikkje prinsippa om sjølvråde og «forsvar av fedrelandet» som har vorte ugyldig, men den borgarlege tolkinga av desse prinsippa. Ein kan berre sjå på dei hærsette områda for å skjøna dette. Dei blir utarma under den imperialistiske børa og lengtar etter frigjering. Ein kan berre kasta eit blikk på Russland som fører ein revolusjonær krig for å forsvara det sosialistiske fedrelandet frå dei imperialistiske røvarane. Ein kan berre sjå på hendingane i Austerrike-Ungarn no og på dei trælbundne koloniane og halv-koloniane som alt har organisert sine eigne sovjet (India, Persia, Kina). Ein kan berre sjå på alt dette for å skjøna kor mykje prinsippet om sjølvråde i den sosialistiske tolkinga av ordet har å seia for revolusjonen.
Kor mykje Oktoberrevolusjonen har å seia for heile verda vil i hovudsak vera dette:
1. Han har utvida råderommet for det nasjonale spørsmålet og snudd det bort frå å vera eit særskilt spørsmål om å kjempa mot nasjonal undertrykking i Europa og over til å vera eit allment spørsmål om frigjering for undertrykte folk, koloniar og halv-koloniar frå imperialismen.
2. Han har opna vidt rom for frigjeringa deira og peika ut rette vegen for ho. Dermed har han gjort det lettare for dei undertrykte folka i Austen og Vesten å frigjera seg og har drege dei inn i den samla straumen av sigerrike kampar mot imperialismen.
3. Dermed har han sett opp ei bru mellom det sosialistiske Vest og det trælbundne Aust. Han har skapt ein ny front av revolusjonar mot verdsimperialismen. Denne fronten strekkjer seg frå proletarane i Vest gjennom den russiske revolusjonen, og over til dei undertrykte folka i Aust.
Dette forklårer i røynda den useielege eldhugen som det russiske proletariatet no er vitne til frå dei utmødde og kua folkemassane i Aust og Vest.
Dette forklårer i hovudsak det vitlause sinnet som dei imperialistiske røvarane i heile verda syner no når dei har kasta seg over Sovjet-Russland.
Pravda, Nr. 241 og 250,
6. og 19. november 1918. Underskrive: J. Stalin
Notar
1. Rada – Den borgarlege regjeringa i Ukraina som oppstod etter februarrevolusjonen i Russland 1917. Ho hadde sete i Kiev og førte krig i to år mot sovjetregjeringa etter Oktoberrevolusjonen.
2. Sfatul Tsäri – eit distriktparlament organisert Bessarabia 21. november 1917. Etter modell frå Ukraina var dette eit nasjonalt parlament som var sett saman av rumenske agentar. Sfatul Tsäri maskerte seg fyrst bak revolusjonære frasar og proklamerte Bessarabia som russisk demokratisk republikk. Men seinare tok det del i invasjonsstyrkane fra Romania når dei gjekk til åtak på sovjetmakta. Inkulets, leiaren for dei rumenske agentane, vart etter okkupasjonen av Bessarabia minister den rumenske regjeringa.
3. Kurultai – nemning for folkeforsamlingar i Austen. (1917 kom den all-basjkirske folkekongressen saman. Han danna ei basjkirsk regjering og eit sentralt basjkirsk nasjonalsovjet.
4. Dei nasjonale regimenta – Eigne militærstyrkar som vart skipa av dei borgarlege regjeringane i somme av grenserepublikkane, t.d. Ukraina, Kaukasus og Kviterussland, perioden mars-oktober 1917, og som vart brukte mot den raude hæren på imperialistmaktene si side, i intervensjonstida 1918-1920.
5. Torpare – jordlause bønder i Finland som vart tvinga til å leiga jord frå storgodseigarar på harde ågervilkår. s. 77.
6. «Senatet» – tsaren si lokalregjering Finland frå 1809 til 1917. Senatet var ikkje underlagt den finske nasjonalforsamlinga, Landdagen, men stod beint under tsaristregjeringa.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.