Utdrag fra «Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky» utgitt av Forlaget Oktober i 1978.
Kautsky er fullt overtydd om at han er internasjonalist, og han kallar seg sjølv det. Folk som Scheidemann kallar han «regjeringssosialistar». Med forsvaret sitt for mensjevikane (han gjev ikkje ope uttrykk for solidariteten sin med dei, men han gjev truge uttrykk for synspunkta deira) har Kautsky så klårt det berre går an synt kva slags «internasjonalisme» det er han går inn for. Og sidan Kautsky ikkje er åleine, men er talsmann for eit straumdrag som uunngåeleg voks fram i atmosfæren til Den andre internasjonalen (Longuet i Frankrike, Turati i Italia, Nobs og Grimm, Graber og Naine i Sveits, Ramsay MacDonald i Storbritannia osb.), vil det vera lærerikt å stansa opp ved «internasjonalismen» til Kautsky.
Etter at Kautsky har understreka at også mensjevikane var til stades på Zimmerwaldkonferansen (ein diplom, javisst, men … den er flekkete), legg han fram synspunkta til mensjevikane, som han er samde med, på fylgjande vis:
«… Mensjevikane ynskte ein allmenn fred. Dei ynskte at alle dei krigførande skulle vedta formelen: Ingen anneksjonar og ingen skadebøter. Heilt til dette var oppnådd skulle den russiske hæren, ifylgje dette synet, stå klår til slag. Bolsjevikane kravde på si side fred straks for kvar pris. Dei var budde på å slutta separatfred om naudsynt. Dei freista tvinga han fram med å skunda på oppløysinga i hæren, som var ille nok frå før» (s. 27). Etter Kautsky si meining skulle ikkje bolsjevikane ha teke makta, og dei skulle ha sagt seg nøgde med ei grunnlovgjevande forsamling.
Slik går internasjonalismen til Kautsky og mensjevikane ut på fylgjande: Å krevja reformar frå den imperialistiske borgarlege regjeringa, men å halda fram å stø henne, og å halda fram å stø krigen denne regjeringa fører heilt til alle i krigen har godteke formelen: Ingen anneksjonar og ingen skadebøter. Dette synet vart ei rekkje gonger uttrykt av Turati, og av dei som stødde Kautsky (Haase og andre), og av Longuet & co som kunngjorde at dei var for forsvar av fedrelandet.
Teoretisk syner dette fullstendig manglande evner til å skilja seg frå sosialsjåvinistane, og fullstendig forvirring i spørsmålet om forsvar av fedrelandet. Politisk tyder det å setja småborgarleg nasjonalisme i staden for internasjonalisme, å desertera over til den reformistiske leiren og fornekta revolusjonen.
Frå proletariatet sin synsstad tyder å godkjenna «forsvar av fedrelandet», å rettferdiggjera den krigen som vert ført og vedgå at han vert ført med rette. Og sidan krigen vert verande ein imperialistisk krig (både under eit monarki og under ein republikk), utan omsyn til kva land — mitt eige eller eit anna land — fiendetroppane står i til eit gjeve tidspunkt, tyder å godta forsvar av fedrelandet i røynda å stø det imperialistiske rovgriske borgarskapet og å svika sosialismen fullstendig. I Russland heldt krigen fram å vera ein imperialistisk krig jamvel under Kerenski, under den borgarleg-demokratiske republikken, for han vart ført av borgarskapet som herskande klasse (og krig er eit «framhald av politikken»). Og eit særleg slåande uttrykk for den imperialistiske karakteren til krigen, var dei løynlege traktatane om å dela opp verda og plyndra andre land, som tsaren i si tid hadde slutta med kapitalistane i Storbritannia og Frankrike.
Mensjevikane narra folket på særs forakteleg vis med å kalla denne krigen ein forsvarskrig eller ein revolusjonær krig. Og med å gå god for politikken til mensjevikane, går Kautsky god for lureriet mot folket, går han god for den rolla småborgarskapet spela med å hjelpa kapitalen til å juksa arbeidarane og binda dei til vogna til imperialistane. Kautsky fylgjer ein særmerkt småborgarleg, spissborgarleg politikk med å lata som (og å freista få folket til å tru på den meiningslause tanken) at det å setja fram eit slagord forandrar på stoda. Heile historia til det borgarlege demokratiet går imot denne illusjonen, dei borgarlege demokratane har alltid lagt fram alle slags «slagord» for å narra folket. Det som gjeld, er å prøva kor truverdige dei er, å jamføra orda deira med det dei gjer, å ikkje vera nøgd med idealistiske eller skrytande frasar, men å koma ned til klasserøyndomen. Ein imperialistisk krig sluttar ikkje å vera imperialistisk når skrytmakarar eller frasemakarar eller småborgarlege spissborgarar legg fram sentimentale «slagord», men fyrst når den klassen som fører den imperialistiske krigen, og er bunden til han med millionvis av økonomiske trådar (og jamvel reip), verkeleg vert styrta og får avløysing ved statsroret av den verkeleg revolusjonære klassen, proletariatet. Det finst ingen annan måte å koma seg ut av ein imperialistisk krig, og heller ikkje ut av ein imperialistisk røvarfred.
Med å gå god for utanrikspolitikken til mensjevikane, og med å kunngjera at han er internasjonalistisk og zimmerwaldistisk, avslørar Kautsky fyrst kor fullstendig opprotna det opportunistiske zimmerwaldfleirtalet er (det er ikkje å undrast at vi, venstrezimmerwaldistane[1] straks tok fråstand frå eit slikt fleirtal!), og for det andre — og det er hovudsaka — går over frå stillinga til proletariatet til stillinga til småborgarskapet, frå den revolusjonære til den reformistiske stillinga.
Proletariatet kjempar for å styrta det imperialistiske borgarskapet på revolusjonært vis. Småborgarskapet kjempar for å «forbetra» imperialismen på reformistisk vis, for å tilpassa seg til han ti! same tid som dei underkastar seg han. Då Kautsky enno var marxist, t.d. i 1909, då han skreiv «Vegen til makta», gjekk han inn for den tanken at krigen uunngåeleg ville føra til revolusjon, og han tala om at tidbolken til revolusjonane kom nærare. Baselmanifestet frå 1912 talar klårt og avgjort om ein proletarisk revolusjon i samband med nett den imperialistiske krigen mellom dei tyske og dei britiske gruppene som verkeleg braut ut i 1914. Men i 1918, då revolusjonane verkeleg tok til i samband med krigen, tok Kautsky til å skriva om den reformistiske taktikken til mensjevikane som internasjonalisme, i staden for å forklåra at revolusjonane var uunngåelege, i staden for å grunna over og tenkja ut den revolusjonære taktikken og måtane og midla for å bu seg på revolusjon. Er ikkje dette fråfall?
Kautsky rosar mensjevikane for at dei har gått hardt inn for å halda oppe kampkrafta til hæren, og han klandrar bolsjevikane for å ha auka «oppløysinga i hæren», som alt var nok oppløyst som han var. Dette tyder å rosa reformismen og å underkasta seg det imperialistiske borgarskapet, og å klandra og ta fråstand frå revolusjonen. For under Kerenski tydde det å halda oppe kampkrafta til hæren å halda henne oppe under borgarleg kommando (jamvel om den var republikansk). Alle veit, og hendingsgangen har stadfesta det slåande, at denne republikanske hæren heldt oppe Kornilov-ånda av di offiserane var Kornilov-folk. Dei borgarlege offiserane kunne ikkje hjelpa for at dei var Kornilov-foik, dei kunne ikkje hjelpa for at dei drogst i retning av imperialismen og i retning av å undertrykkja proletariatet med valdsmakt. Alt den mensjevikiske taktikken gjekk ut på i praksis, var å la heile grunnlaget for den imperialistiske krigen og heile grunnlaget for det borgarlege diktaturet liggja urørt, å lappa på detaljar og pynta på nokre småting («reformer»).
På den andre sida har ikkje ein einaste stor revolusjon nokon gong funne stad og kan ikkje finne stad utan at hæren går i «oppløysing». For hæren er den mest forbeina reiskapen for å stø det gamle regimet, det fastaste bolverket for borgarleg disiplin, han stør opp under herredømet til kapitalen, og held ved lag og fostrar ei ånd av slavisk underkasting og underkuing under kapitalen mellom det arbeidande folket. Kontrarevolusjonen har aldri tola og kan aldri tola væpna arbeidarar side om side med hæren. I Frankrike, skreiv Engels, kom arbeidarane væpna ut av kvar revolusjon. «Difor var fyrste bodet for borgarskapet, som stod ved statsroret, å avvæpna arbeidarane.»
1Dei væpna arbeidarane var kimen til ein ny hær, den organiserte kjernen til ei ny samfunnsordning. Det fyrste bodet for borgarskapet var å knusa denne kjernen og hindra at han fekk veksa. Det fyrste bodet for kvar sigrande revolusjon, slik Marx og Engels ei rekkje gonger la vekt på, var å knusa den gamle hæren, oppløysa han og setja ein ny hær i staden.2 Ein ny samfunnsklasse på veg til makta kunne aldri, og kan heller ikkje no, vinna makta og grunnfesta henne utan at den gamle hæren vert fullstendig oppløyst («oppløysing»! hylar dei reaksjonære eller rett og slett feige spissborgarane ved dette høvet), utan ved å gå igjennom ein særs vanskeleg og pinefull periode utan nokon hær (den store franske revolusjonen gjekk og gjennom ein slik pinefull periode), og med gradvis, midt oppe i ein hard borgarkrig, å byggja opp ein ny hær, ein ny disiplin, ein ny militær organisasjon av den nye klassen. Før forstod historikaren Kautsky dette. No har renegaten Kautsky gløymt det.
Kva rett har Kautsky til å kalla folk som Scheidemann «regjeringssosialistar», dersom han godkjenner taktikken til mensjevikane i den russiske revolusjonen? Med å stø Kerenski og ta del i regjeringa hans var mensjevikane og regjeringssosialistar. Kautsky kunne ikkje røma unna denne konklusjonen dersom han stilte spørsmålet om kva herskarklasse som fører den imperialistiske krigen. Men Kautsky let vera å stilla spørsmålet om herskarklassen, eit spørsmål som er ufråvikeleg for ein marxist, for berre det å stilla spørsmålet ville avsløra renegaten.
Dei som stør Kautsky i Tyskland, dei som stør Longuet i Frankrike og Turati & co. i Italia, argumenterer på denne måten: Sosialismen føreset fridom og likskap for nasjonane, og at dei har sjølvråde. Når det vert gjort åtak på landet vårt, eller når fiendtlege troppar gjer invasjon på landområdet vårt, er det fylgjeleg retten og skuldnaden til sosialistane å forsvara landet sitt. Men teoretisk er eit slikt argument anten rein spott mot sosialismen eller eit svikefullt påskot, samstundes som det ut frå ein praktisk politisk synsstad fell ihop med argumenta til ein heilt uvitande bondeslamp som ikkje ein gong har noko omgrep om samfunnskarakteren, klassekarakteren til krigen, og om oppgåvene til eit revolusjonært parti under ein reaksjonær krig.
Sosialismen er imot valdsbruk mot nasjonar. Det kan ikkje diskuterast. Men sosialismen er imot valdsbruk mot folk allment sett. Sett bort ifrå kristne anarkistar og tolstoianarar3 har likevel ingen enno drege den konklusjonen av dette at sosialismen går imot revolusjonær valdsbruk. Så å tala om «valdsbruk» allment utan å undersøka kva vilkår som skil reaksjonær valdsbruk frå revolusjonær valdsbruk, er å gå fram som ein spissborgar som gjev avkall på revolusjonen, eller så tyder det å narra seg sjølv og andre med sofisteri.
Det same gjeld for valdsbruk mot nasjonar. Kvar krig er valdsbruk mot nasjonar, men det hindrar ikkje at sosialistar er for ein revolusjonær krig. Kva klassekarakter krigen har, det er det grunnleggjande spørsmålet ein sosialist står framfor (om han ikkje er renegat). Den imperialistiske krigen frå 1914 til 1918 er ein krig mellom to grupper imperialistisk borgarskap om å dela opp verda, om å dela byttet, og om å plyndra og strøypa små og svake nasjonar. Dette var den vurderinga Basel-manifestet i 1912 gav av den krigen som truga, og ho har vorte stadfesta av kjensgjerningane. Den som vik av frå dette synet på krigen, er ingen sosialist.
Om ein tyskar under Wilhelm eller ein franskmann under Clemenceau seier: «Det er min rett og skuldnad som sosialist å forsvara landet mitt dersom ein fiende invaderer det,» då argumenterer han ikkje som ein sosialist, ikkje som ein internasjonalist, ikkje som ein revolusjonær proletar, men som ein småborgarleg nasjonalist. På grunn av at dette argumentet ser bort ifrå den revolusjonære klassekampen til arbeidarane mot kapitalen, ser det bort ifrå vurderinga av krigen som heilskap sett frå synsstaden til verdsborgarskapet og verdsproletariatet. Det vil seia at det ser bort ifrå internasjonalismen, og alt som står att er elendig og trongsynt nasjonalisme. Det vert gjort gale mot mitt land, det er alt eg bryr meg om — det er dette argumentet går ut på, og det er her det småborgarlege, nasjonalistiske trongsynet ligg. Det vert det same som om ein når det gjeld individuell valdsbruk, valdsbruk mot eit individ, skulle hevda at sosialismen går imot valdsbruk, og difor vil eg heller vera svikar enn å gå i fengsel.
Den franskmannen, tyskaren eller italienaren som seier: «Sosialismen går imot valdsbruk mot nasjonar, difor forsvarar eg meg når nokon invaderer landet mitt,» han svik sosialismen og internasjonalismen, for ein slik mann ser berre sitt eige «land», han set «sitt eige» … borgarskap framfor alt anna, og tenkjer ikkje det minste på dei internasjonale banda som gjer krigen til ein imperialistisk krig og eins eige borgarskap til eit ledd i lekkja av imperialistisk plyndring.
Alle spissborgarar og alle dumme og uvitande bondeslampar argumenterer på same måten som dei som stør renegaten Kautsky, dei som stør Longuet og Turati & co: «Fienden har gått inn i landet min, eg bryr meg ikkje om noko som helst anna.»4
Sosialisten, den revolusjonære proletaren, internasjonalisten, argumenterer på ein annan måte. Han seier: «Kva karakter krigen får (kor vidt den er reaksjonær eller revolusjonær) avheng ikkje av kven det er som går til åtak, eller i kven sitt land «fienden» står. Det avheng av kva klasse som fører krigen, og kva politikk denne krigen er eit framhald av. Dersom krigen er ein reaksjonær, imperialistisk krig, det vil seia, dersom den vert ført av to verdsfemnande grupper av det imperialistiske, grådige, rovgriske, reaksjonære borgarskapet, då vert kvart einaste borgarskap (jamvel i eit svært lite land) ein deltakar i plyndringa, og plikta mi som representant for det revolusjonære proletariatet, er å bu meg på den proletariske verdsrevolusjonen som den einaste vegen ut av redslene i ei verdsfemnande nedslakting. Eg må ikkje argumentera med utgangspunkt i «mitt» land (for det er argumentet til ein stakkarsleg, dum småborgarleg nasjonalist som ikkje skjønar at han berre er ei leike i hendene på det imperialistiske borgarskapet), men med utgangspunkt i min del i førebuingane, i propagandaen og i arbeidet med å skunda på den proletariske verdsrevolusjonen.»
Dette er det internasjonalismen tyder, og dette er skuldnaden til internasjonalisten, den revolusjonære arbeidaren, den ekte sosialisten. Dette er ABC‘en som renegaten Kautsky har «gløymt». Og fråfallet hans vert endå meir openbert når han går over frå å godkjenna taktikken til dei småborgarlege nasjonalistane (mensjevikane i Russland, dei som stør Longuet i Frankrike, folk som Turati i Italia og Haase & co. i Tyskland), til å kritisera taktikken til bolsjevikane. Her er kritikken hans:
«Bolsjevikrevolusjonen grunna seg på den trua at han ville verta utgangspunktet for ein allmenn europeisk revolusjon, at det djerve russiske initiativet ville driva proletarane i heile Europa til å reisa seg.
Ut ifrå denne trua hadde det sjølvsagt ikkje noko å seia kva former den russiske separatfreden kunne få, kva påkjenningar og tap av landområde (bokstavleg: skamfaring og skamhogging, Verstümmelungen) det ville føra med seg for det russiske folket, og kva tolkingar det kunne gje for sjølvrådet til nasjonane. På den tida hadde det heller ikkje noko å seia kor vidt Russland var i stand til å forsvara seg eller ikkje. Ifylgje dette synet ville den europeiske revolusjonen vera det beste vernet for den russiske revolusjonen, og han ville føra med seg fullt og ekte sjølvråde for alle folka som bur på tidlegare russisk landområde.
Ein revolusjon i Europa ville oppretta og grunnfesta sosialismen der. Han ville og verta midlet for å fjerna dei hindringane som kunne oppstå i Russland på vegen fram mot å innføra det sosialistiske produksjonssystemet som fylgje av at landet ligg så langt attende økonomisk.
Alt dette var svært logisk og svært rett tenkt — berre så lenge det viktigaste ein gjekk ut ifrå vart oppfylt, nemleg at den russiske revolusjonen heilt for visst ville utløyst ein europeisk revolusjon. Men kva dersom dette ikkje skjedde?
Fram til no har det ikkje vore noko grunnlag for denne trua. Og proletarane i Europa vert no skulda for at dei har gjeve opp og svike den russiske revolusjonen. Dette er ei skulding som vert reist mot ukjende personar, for kven skal haldast ansvarleg for kva det europeiske proletariatet gjer?» (s. 28)
Og så held Kautsky fram med å forklåra i det vide og breie at Marx, Engels og Bebel meir enn ein gong for i miss om at ein revolusjon dei hadde venta seg skulle koma, men at dei aldri grunna taktikken sin på forventningar om at revolusjonen skulle koma «til ein fastsett dato» (s. 29). Bolsjevikane derimot, seier han, «satsa alt på eitt kort, på ein allmenn europeisk revolusjon».
Vi har med vilje gjeve att dette lange avsnittet for å syna lesarane våre kor «dyktig» Kautsky er i å etterlikna marxismen med å lura inn det banale og reaksjonære spissborgarsynet sitt i staden.
For det fyrste er det å tilskriva ein motstandar ein openberr tåpeleg tanke og så tilbakevisa det, eit knep folk som ikkje er alt for glupe nyttar seg av. Dersom bolsjevikane hadde grunna taktikken sin på forventningar om revolusjon i andre land til ein fastsett dato, ville det unekteleg ha vore tåpeleg. Men bolsjevikpartiet har aldri gjort seg skuld i noko så tåpeleg. I brevet mitt til amerikanske arbeidarar (20. august 1918) avviser eg uttrykkjeleg denne dumme tanken med å seia at vi reknar med ein amerikansk revolusjon, men ikkje til ein fastsett dato. Eg tok fleire gonger for meg nett denne tanken grundig i usemja mi med dei venstresosialrevolusjonære og «venstrekommunistane»[2] (januar—mars
1918). Kautsky har gjort seg skuld i ei lita … berre ei svært lita forfalsking, og det er faktisk på den han grunnar kritikken sin av bolsjevismen. Kautsky har blanda saman ein taktikk som grunnar seg på forventningar om ein europeisk revolusjon i meir eller mindre nær framtid, men ikkje til ein fastsett dato, med ein taktikk som grunnar seg på forventningar om ein europeisk revolusjon til ein fastsett dato. Ei lita, berre ei svært lita forfalsking!
Den siste taktikken er tåpeleg. Den fyrste er obligatorisk5 for ein marxist, for kvar einaste revolusjonær proletar og internasjonalist. Han er obligatorisk av di berre den på marxistisk vis tek omsyn til den objektive stoda krigen har ført med seg i alle landa i Europa, og berre den samsvarar med dei internasjonale oppgåvene til proletariatet.
Med å setja det vesle spørsmålet om ein feil som dei bolsjevikiske revolusjonære kunne ha gjort, men ikkje gjorde, i staden for det viktige spørsmålet om grunnlaget for ein revolusjonær taktikk allment, avsver Kautsky hendig all revolusjonær taktikk!
Som den politiske renegaten han er, er han ikkje eingong i stand til å leggja fram spørsmålet om dei objektive føresetnadene for ein revolusjonær taktikk teoretisk.
Og dette fører oss til det andre punktet.
For det andre er det obligatorisk for ein marxist å rekna med ein europeisk revolusjon dersom ein har ein revolusjonær situasjon. Det er ABC i marxismen at taktikken til det sosialistiske proletariatet ikkje kan vera den same både når det er ein revolusjonær situasjon og når det ikkje er ein revolusjonær situasjon.
Dersom Kautsky hadde stilt dette spørsmålet, som er obligatorisk for ein marxist, ville han ha sett at svaret gjekk beint imot han. Lenge før krigen var alle marxistar, alle sosialistar, samde om at ein europeisk krig ville skapa ein revolusjonær situasjon. Før Kautsky vart renegat, godtok han dette klårt og avgjort, i 1902 (i Den sosiale revolusjonen) og i 1909 (i Vegen til makta). Det vart og godteke i namnet til heile Den andre internasjonalen i Baselmanifestet. Det er ikkje å undrast over at sosialsjåvinistane og dei som stør Kautsky («sentristane», dvs. dei som vinglar mellom dei revolusjonære og opportunistane) i alle land skyr fråsegnene i Baselmanifestet om denne saka som pesten!
Så forventningane om ein revolusjonær situasjon i Europa var ikkje noko som bolsjevikane hadde vorte dåra av, men den gjengs oppfatninga til alle marxistar. Når Kautsky freistar røma unna denne udiskutable sanninga med å nytta slike frasar som at bolsjevikene «alltid trudde at valdsbruken og viljen var allmektig», kjem han rett og slett berre med ein velklingande og tom frase for å dekkja over at han dreg seg unna å stilla spørsmålet om ein revolusjonær situasjon, og det på skammeleg vis.
For å gå vidare. Har det verkeleg vorte ein revolusjonær situasjon eller ikkje? Kautsky synte seg ute av stand til å stilla det spørsmålet og. Dei økonomiske kjensgjerningane gjev eit svar: Hungersnauda og øydeleggingane som krigen har ført med seg over alt ber i seg ein revolusjonær situasjon. Dei politiske kjensgjerningane gjev og eit svar: Heilt sidan 1915 har det vore ein synleg splittingsprosess i alle land innan dei gamle og forfalne sosialistpartia, ein prosess der massane av proletariatet forlet dei sosialsjåvinistiske leiarane og går til venstre, til revolusjonære tankar og kjensler, til revolusjonære leiarar.
Berre ein person som er redd revolusjonen og svik han, kunne greia oversjå desse kjensgjerningane den 5. august 1918, då Kautsky skreiv brosjyren sin. Og no, mot slutten av oktober 1918, veks revolusjonen i ei rekkje europeiske land. Han veks framfor augo til alt folket og det jamvel svært raskt. Den «revolusjonære» Kautsky, som framleis ynskjer å verta sett på som marxist, har prova at han er ein kortsynt spissborgar som på same vis som dei spissborgarane Marx gjorde til lått i 1847, ikkje maktar sjå at revolusjonen nærmar seg!
No til det tredje punktet.
For det tredje. Kva særdrag må den revolusjonære taktikken ha når det er ein revolusjonær situasjon i Europa? Etter at Kautsky er vorten renegat, er han redd for å stilla dette spørsmålet, som er obligatorisk for ein marxist. Kautsky argumenterer på same måte som ein typisk småborgar, ein spissborgar, eller som ein uvitande bonde: Har ein «allmenn europeisk revolusjon» teke til eller ikkje? Har den det , då er han og budd på å verta ein revolusjonær! Men då kan de lita på at kvar einaste slyngel (på same måten som dei slynglane som no stundom hengjer seg på dei sigrande bolsjevikane) vil kunngjera at han er revolusjonær!
Dersom revolusjonen ikkje har teke til, vil Kautsky snu ryggen til revolusjonen! Kautsky legg ikkje den minste forståing for dagen for den sanninga at ein revolusjonær marxist skil seg frå spissborgaren og småborgaren ved at han maktar å greia ut for dei uopplyste massane at den revolusjonen som modnast er naudsynt, prova at han er uunngåeleg, forklåra den nytten han vil gje for folket, og førebu proletariatet og heile det arbeidande og utbytta folket på han.
Kautsky tilskriv bolsjevikane ei meiningsløyse, nemleg at dei har satsa alt på eitt kort, på at ein europeisk revolusjon vil bryta ut på ein fastsett dato. Denne meiningsløysa har vendt seg mot Kautsky sjølv, for den logiske konklusjonen på dette argumentet er at taktikken til bolsjevikane ville ha vore korrekt dersom ein europeisk revolusjon hadde brote ut 5. august 1918! Dette er den datoen Kautsky nemner som tidspunktet då han skreiv brosjyren sin. Og då det nokre veker etter denne 5. august van klårt at revolusjonen heldt på å koma i ei rekkje europeiske land, vart heile fråfallet til Kautsky, heile forfalskinga hans av marxismen og den fullstendige mangelen hans på evne til å tenkja fornuftig eller jamvel å stilla spørsmål på ein revolusjonær måte, avslørt i all si prakt!
Når proletarane i Europa vert skulda for forræderi, skriv Kautsky, er det ei skulding som vert reist mot ukjende personar.
De tek feil, hr. Kautsky! Ta ein titt i speilet, så vil De få sjå desse «ukjende personane» skuldinga er reist imot. Kautsky tek på seg ei naiv mine og lest som han ikkje skjønar kven som reiste skuldinga og kva ho tyder. I røynda veit Kautsky likevel framifrå godt at skuldingane vart og vert reiste av det tyske «venstre», av spartakistane[3], av Liebknecht og venene hans. Denne skuldinga uttrykkjer eit klårt skjøn for at det tyske proletariatet sveik den russiske (og verds-) revolusjonen då det kvelte Finland, Ukraina, Latvia og Estland. Denne skuldinga vert i fyrste rekkje og framfor alt ikkje reist mot massane, som alltid vert trakka ned, men mot dei leiarane, som på same måten som folk som Scheidemann og Kautsky let vera å utføra skuldnaden sin til å halda fram med revolusjonær agitasjon, revolusjonær propaganda, revolusjonært arbeid mellom massane for å vinna over tiltaksløysa deira, mot dei som i røynda arbeidde mot dei revolusjonære instinkta og vonene som alltid gløder djupt nede mellom massane av den undertrykte klassen. Folk som Scheidemann sveik proletariatet direkte, brutalt og kynisk og i dei fleste tilfella ut ifrå egoistiske motiv. Dei gjekk over til borgarskapet. Dei som stødde Kautsky og Longuet gjorde det same, om enn nølande og haltande, og dei sende feige augekast til sida mot dei som nett då var sterkare. I alt han har skrive under krigen, har Kautsky freista sletta ut den revolusjonære ånda i staden for å fostra henne og gløda henne opp.
Den kjensgjerninga at Kautsky ikkje eingong skjønar kor overlag teoretisk viktig denne «skuldinga» er om at proletarane i Europa har svike den russiske revolusjonen, og endå meir kor viktig ho er for agitasjonen og propagandaen, vil stå som eit sant historisk monument over kor spissborgarleg sanselaus den «gjennomsnittlege» leiaren for det offisielle tyske sosialdemokratiet er! Kautsky skjønar ikkje at som fylgje av den sensuren som rår i det tyske «riket», er denne «skuldinga» kan hende den einaste forma dei tyske sosialistane som ikkje har svike sosialismen — Liebknecht og venene hans — kan nytta for å få ut appellen sin til dei tyske arbeidarane om å kasta vekk folk som Scheidemann og Kautsky, å skuva til sides slike «leiarar», å fri seg frå den meiningslause og fordummande propagandaen deira, å reisa seg i oppstand trass i dei, utan dei, og å marsjera over hovuda deira mot revolusjonen!
Kautsky skjønar ikkje dette. Og korleis kunne han skjøna taktikken til bolsjevikane? Kan ein venta at ein mann som gjev avkall på revolusjonen allment skal vega og vurdera vilkåra for at revolusjonen skal utvikla seg i eitt av dei «vanskelegaste» tilfella?
Taktikken til bolsjevikane var korrekt. Han var den einaste internasjonalistiske taktikken, av di han ikkje grunna seg på feig redsle for verdsrevolusjonen, ikkje på spissborgarleg «manglande tiltru» til han, ikkje på det snevre nasjonalistiske ynskjet om å verna eins «eige» fedreland (fedrelandet til eins eige borgarskap) samstundes som ein «gjev blanke» i heile resten. Han grunna seg på ei korrekt vurdering av den revolusjonære situasjonen i Europa (ei vurdering som var allment godteken før krigen og før sosialsjåvinistane og sosialpasifistane fall ifrå). Denne taktikken var den einaste internasjonalistiske taktikken, av di han gjorde så mykje som det i det heile gjekk an i eitt land for å utvikla, stø og vekkja revolusjonen i alle land. Denne taktikken er rettferdiggjort gjennom den ovstore framgangen han har hatt, for bolsjevismen er vorten verdsbolsjevisme (og det ikkje på grunn av det dei russiske bolsjevikane har gjort, men på grunn av den overlag djupe sympatien folket overalt har kjent for ein taktikk som er revolusjonær i praksis). Han har lagt fram ein ide, ein teori, eit program og ein taktikk som skil seg konkret og i praksis frå taktikken til sosialsjåvinismen og sosialpasifismen. Bolsjevismen har gjeve ein nådestøyt til den gamle forfalne Internasjonalen til folk som Scheidemann og Kautsky, Renaudel og Longuet, Henderson og MacDonald, som frå no av vil trakka kvarandre på tærne og drøyma om «einskap» og freista vekkja den daude til liv att. Bolsjevismen har skapt det ideologiske og taktiske grunnlaget for ein tredje Internasjonale, for ein verkeleg proletarisk og kommunistisk Internasjonale, som vil ta med i vurderingane både vinningane i den rolege tidbolken og røynslene frå tidbolken til revolusjonane, som har teke til.
Bolsjevikane har gjort tanken om «proletariatets diktatur» tilgjengeleg over heile verda. Dei har omsett desse orda frå latin, fyrst til russisk, og så til alle språk i verda, og dei har synt gjennom dømet til sovjetstyret at arbeidarane og dei fattige bøndene jamvel i eit tilbakeliggjande land, jamvel med den minste røynsle, utdanning og vanar med å organisera, i eitt heilt år har vore i stand til å halda oppe makta til det arbeidande folket, å skapa eit demokrati som er umåteleg mykje høgare og breiare enn alle tidlegare demokrati i verda, og å ta til med det skapande arbeidet til titals millionar arbeidarar og bønder for å byggja sosialismen i praksis. Og det har dei gjort midt oppe i veldige vanskar og kamp mot utbyttarane (som vart stødde av borgarskapet i heile verda).
Bolsjevismen har i røynda hjelpt til å utvikla den proletariske revolusjonen i Europa og Amerika langt sterkare enn noko parti i noko anna land til no har lykkast i å gjera. Arbeidarane i heile verda skjønar klårare og klårare for kvar dag som går at taktikken til folk som Scheidemann og Kautsky ikkje har ført dei ut av den imperialistiske krigen og ut av lønsslaveri for det imperialistiske borgarskapet. Samstundes med at dei skjønar at denne taktikken ikkje kan tena som føredøme for alle land, skjønar massane av arbeidarar i alle land klårare og klårare for kvar dag som går at bolsjevismen har peika ut den rette vegen for å sleppa ut av redslene til krigen og imperialismen, at bolsjevismen kan tena som taktisk føredøme for alle.
Ikkje berre den allmenne europeiske revolusjonen, men den proletariske verdsrevolusjonen modnast framfor augo på alle, og han har fått hjelp og stønad og er vorten skunda på gjennom sigeren til proletariatet i Russland. Alt dette er ikkje nok for at sosialismen skal sigra fullstendig, seier de? Sjølvsagt er det ikkje nok. Eitt land kan ikkje gjera meir åleine. Men dette eine landet har takk vere sovjetstyret gjort så mykje at jamvel om sovjetstyret i Russland skulle verta knust av verdsimperialismen i morgon, som eit resultat av lat oss seia ei semje mellom den tyske og den engelsk-franske imperialismen — jamvel om desse verste utsiktene skulle gå i oppfylling, ville ein likevel finna ut at den bolsjevikiske taktikken har ført med seg svært stor nytte for sosialismen og hjelpt den uovervinnelege verdsrevolusjonen til å veksa.
Notar
1. Venstrezimmerwaldistane — ei gruppe revolusjonære sosialistar på den internasjonale sosialistkonferansen i Kienthal i september 1915. Lenin kalla denne konferansen det fyrste steget i retning av ei internasjonal rørsle mot krigen. Bolsjevikane under leiing av Lenin, tok det einaste rette standpunktet i Zimmerwaldvenslre, standpunktet med konsekvent motstand mot krigen. Med i gruppa var også nokre inkonsekvente internasjonalistar.
2. «Venstrekommunistane» — ei partifiendsleg gruppe som vart danna fyrst i 1918 under fredstingingane med Tyskland. Dei nytta seg av venstrefrasar om revolusjonær krig og ville at Sovjetrepublikken skulle halda fram med krigen mot det imperialistiske Tyskland. Då Sovjetrepublikken ikkje hadde ein hær som var i stand til å kjempa, ville ein slik krig ha øydelagt sovjetmakta, «Venstrekommunistane» var imot arbeidsdisiplin og personleg ansvar i industrien og dei ville ikkje nytta seg av borgarlege spesialistar, s. 102
3. Spartakistane — medlemene av ein tysk venstresosialdemokratisk organisasjon som vart danna ved starten på den fyrste verdskrigen av Liebknecht, Luxemburg, Mehring, Zetkin med fleire. Dei dreiv revolusjonær propaganda blant massane mot den imperialistiske krigen og avslørte røverpolitikken til den tyske imperialismen og sviket til dei opportunistiske sosialdemokratiske leiarane. Men dei klarte ikkje å fri seg frå halv-mensjevikiske mistak i sentrale spørsmål om teori og politikk. På ein kongress ved årsskiftet 1918— 1919 danna spartakistane Tysklands Kommunistiske Parti. s. 105
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.
- Sjå Engels, Innleiing til Marx, «Borgarkrigen i Frankrike» (1891) i Marx/Engels Verk b. 22, tysk utg. 1972, s. 190. — Red.
- Sjå Marx, «Borgarkrigen i Frankrike» (1871) i Marx/Engels Verk b. 17, tysk utg. 1976,s. 338. —Red.
- Tolstoianarar — tilhengjarar av forfattaren Leo Tolstoi (1828—1910), som m.a. stod for ein idealistisk pasifisme. — Red.
- Sosialsjåvinistane (folk som Scheidemann, Renaudel, Henderson, Gompers & co.) nektar plent å snakka om «Internasjonalen» under krigen. Dei ser på fiendane til «sine» respektive borgarskap som «svikarar» mot … sosialismen. Dei slør den hærtakingspolitikken deira respektive borgarskap fører, Sosialpasifistane (dvs. sosialistar i ord og småborgarlege pasifistar i praksis) gjev uttrykk for alle slags «internasjonalistiske» kjensler, protestar mot anneksjonar osb., men i praksis held dei fram i stø sine respektive imperialistiske borgarskap. Skilnaden mellom dei to typane er uinteressant. Det er som skilnaden mellom to kapitalistar, den eine med beiske og den andre med søle ord på tunga.
- Obligatorisk — noko som høyrer naudsynt til, er bindande, må fylgjast. —Red.