Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
MELDING OM DEI NÆRE OPPGÅVENE FOR PARTIET I DET NASJONALE SPØRSMÅLET
10. mars
Før ein tek for seg dei nære og konkrete oppgåvene for partiet i det nasjonale spørsmålet, lyt ein fastsetja visse føresetnader for i det heile å kunne løysa dette spørsmålet. Desse føresetnadene gjeld framvoksteren av nasjonar, opphavet til nasjonal undertrykking, og dei formene den nasjonale undertrykkinga har teke opp gjennom historia og korleis det nasjonale spørsmålet har vorte løyst i dei ulike utviklingsperiodane.
Det har vore tre slike periodar.
Den fyrste perioden var då det vart gjort ende på føydalismen i vest og kapitalismen sigra. Det var i denne tidbolken at folk slutta seg saman i nasjonar. Eg tenkjer på land som Storbritannia (Irland ikkje medrekna), Frankrike og Italia. I vest – i Storbritannia, Frankrike og Italia, og til dels i Tyskland – fall tidbolken med at føydalismen vart avskaffa og folk vart organiserte i nasjonar heilt saman med den tida då sentraliserte statar oppstod. Som ein fylgje av dette og etter som utviklinga skreid fram, fekk desse nasjonane statsform. Og sidan det ikkje var andre nasjonale grupper av nemnande storleik innanfor desse statane, så var det heller inga nasjonal undertrykking der.
I Aust-Europa derimot, fall ikkje skipinga av nasjonar og avskaffinga av den føydale oppløysinga saman med utviklinga av sentraliserte statar. Eg tenkjer på Ungarn, Austerrike og Russland. I desse landa hadde ikkje kapitalismen utvikla seg enno, han held kanskje nett på å byrja å utvikla seg. Men fordi det trongst eit forsvar mot invasjon frå tyrkarar, mongolar og andre orientalske folk, skunda dette fram utviklinga av sentraliserte statar som kunne hindra dei ville åtaka frå inntrengjarane. Fordi utviklinga av sentraliserte statar i Aust-Europa gjekk snøggare enn organiseringa av folk i nasjonar voks det fram blandingsstatar her, som hadde fleire folk som ikkje hadde slutta seg saman i nasjonar, men som likevel alt var samla i ein sams stat.
Det som altså særmerkjer den fyrste tidbolken er framvoksteren av nasjonar i tida for den gryande kapitalismen. I Vest-Europa voks det fram reine nasjonalstatar der det ikkje var nasjonal undertrykking, medan det i Aust-Europa voks fram fleirnasjonale statar med ein, meir utvikla nasjon som herrenasjonen. Dei andre, mindre utvikla nasjonane, vart politisk og seinare økonomisk undertrykte av denne nasjonen. Desse fleirnasjonale statane i Aust vart heimstaden for den nasjonale undertrykkinga som førte til nasjonale konfliktar, til nasjonale rørsler, til det nasjonale spørsmålet og til ulike måtar å løysa dette spørsmålet på.
Den andre tidbolken i utviklinga av den nasjonale undertrykkinga og av måtane å slåst mot ho på, fall saman med tidbolken for framvoksteren av imperialismen i Vest, då kapitalismen i jakta på marknader, råvarer, brensel og billeg arbeidskraft, i kamp om kapitaleksporten og for å sikra seg viktige jarnvegar og sjøruter. braut ut av rammene for nasjonalstaten og auka området sitt både like ved og langt borte, slik at det gjekk ut over grannane. I denne andre tidbolken slutta dei gamle nasjonalstatane i vest – Storbritannia, Italia og Frankrike – å vera nasjonalstatar. Det vil seia fordi dei hadde teke nye område, vart dei omforma til fleirnasjonale kolonistatar og vart på denne måten ein skodeplass for den same nasjonale og koloniale undertrykkinga som alt fanst i Aust-Europa. Det som særmerkjer denne tidbolken i Aust-Europa er at dei undertrykte nasjonane vakna til og styrkte seg (tsjekkarar, polakkar og ukrainarar). Dette var ei fylgje av den imperialistiske krigen og førte til at dei gamle borgarlege fleirnasjonale statane brotna i hop og at nye nasjonalstatar oppstod, haldne nede av dei såkalte stormaktene.
Den tredje tidbolken er sovjetperioden, den tida då kapitalismen vart avskaffa og det vart slutt på den nasjonale undertrykkinga, tida då spørsmålet om herrenasjonar og undertrykte nasjonar om koloniar og metropolar havnar i dei historiske arkiva, då nasjonar med lik utviklingsrett veks fram på territoriet til RSFSR, men enno med ein viss historisk nedervd ulikskap av di dei ligg attende økonomisk, politisk og kulturelt. Kjernen i denne nasjonale ulikskapen er at vi som eit resultat av den historiske utviklinga har arva ein situasjon frå tidlegare tider der ein nasjon, nemleg Stor-Russland, var politisk og industrielt meir utvikla enn dei andre nasjonane. Difor denne ulikskapen, som det ikkje kan gjerast slutt på innan eit år, men som må verta avskaffa ved at dei nasjonane og nasjonalitetane som ligg attende får økonomisk, politisk og kulturell støtte.
Dette er dei tre tidbolkane i det nasjonale spørsmålet slik dei har synt seg i historia før oss.
Dei to fyrste tidbolkane har eitt sams trekk: I begge tidbolkane vert nasjonar undertrykte og haldne nede. Som fylgje av dette held den nasjonale striden fram, og det nasjonale spørsmålet vert verande uløyst. Men det er og ein skilnad mellom dei: I den fyrste tidbolken held det nasjonale spørsmålet seg innanfor rammene til kvar fleirnasjonale stat og vedkjem berre nokre få, og i hovudsak europeiske, nasjonar. Men i den andre tidbolken vert det nasjonale spørsmålet omforma fra å vera eit spørsmål innanfor staten til å verta eit spørsmål mellom statane – til eit spørsmål om krig mellom imperialistiske statar for å kunne dominera dei ikkje-likestilte nasjonalitetane og for å kunne leggja nye nasjonalitetar og rasar utanfor Europa under påverknaden sin.
I denne tidbolken vert såleis det nasjonale spørsmålet, som tidlegare berre hadde hatt noko å seia i kulturland, ikkje eit så isolert spørsmål som det hadde vore, men glir inn i det allmenne spørsmålet om koloniane.
At det nasjonale spørsmålet utvikla seg til eit allment spørsmål om koloniane var ikkje ei tilfeldig historisk hending. Det vart slik fyrst og fremst fordi imperialistgruppene i dei krigande maktene under den imperialistiske krigen var nøydde til å be om hjelp frå koloniane for å få mannskap til hærane sine, noko dei og fekk. Det er ikkje tvil om at denne prosessen, denne uunngåelege bøna om hjelp frå imperialistane til dei attendeliggjande nasjonalitetane i koloniane, ikkje kunne føra til anna enn at desse rasane og nasjonalitetane reiste kampen for frigjering. Den andre faktoren som utvida det nasjonale spørsmålet til eit allment kolonispørsmål som omfatta heile verda, fyrst som gneistar og seinare som ei flammande frigjeringsrørsle, var imperialistgruppene sin freistnad på å stykkja opp Tyrkia og å gjera slutt på det som eigen stat. Fordi Tyrkia var meir utvikla som stat enn dei andre muhammedanske folka, kunne landet ikkje gje etter for slike framtidsutsikter. Det reiste kampfana og samla rundt seg folka i aust mot imperialismen. Den tredje faktoren er framvoksteren av Sovjet-Russland, som oppnådde ei rekkje sigrar i striden mot imperialismen og på den måten naturleg nok inspirerte dei undertrykte folka i aust, vekte dei og reiste dei til strid, og såleis gjorde det mogeleg å skipa ein samla front av undertrykte nasjonar som strekte seg frå Irland til India.
Slik er alle dei faktorane som på det andre utviklingsstadiet i nasjonal undertrykking ikkje berre hindra det borgarlege samfunnet i å løysa det nasjonale spørsmålet, som ikkje berre hindra at det vart oppretta fred mellom nasjonane, men som tvert om fekk den nasjonale stridsgneisten til å slå ut i ein open flammende strid blant dei undertrykte folka, koloniane og halvkoloniane, mot verdsimperialismen.
Det er heilt klårt at det einaste styret som er i stand til å løysa det nasjonale spørsmålet, det vil seia det styret som er i stand til å skipa tilhøve som sikrar fredeleg samlivnad og brorskapleg samarbeid mellom ulike nasjonar og rasar, er sovjetstyret, eit styre med proletariatets diktatur.
Ein treng vel nesten ikkje prova at under kapitalveldet, med privat eige av produksjonsmidla og der det finst klassar, kan ikkje nasjonane sikrast like rettar, at så lenge kapitalmakta finst, så lenge striden for å tileigna seg produksjonsmidla held fram, kan ikkje nasjonane oppnå like rettar, like lite som det kan bli noko samarbeid mellom dei arbeidande massane i dei ulike nasjonane. Soga lærer oss at den einaste måten å bli kvitt nasjonal ulikskap på, den einaste måten å få i stand eit styre med brorskapleg samarbeid mellom dei arbeidande massane i dei undertrykte og dei ikkje-undertrykte nasjonane, er å gjera slutt på kapitalismen og å oppretta eit sovjetsystem.
Vidare lærer soga oss at sjølv om einskilde folk lukkast i å frigjera seg frå sitt eige nasjonale borgarskap og frå det «framande» borgarskapet, det vil seia, sjølv om dei lukkast i å få i stand eit sovjetsystem i landa sine, så kan dei ikkje så lenge imperialismen finst, klara å halde oppe og å forsvara tilværet sitt som einskild stat utan at dei får økonomisk og militær støtte frå sovjetrepublikkar i grannelaget. Dømet Ungarn(1) skulle vera eit tydeleg prov på at dersom sovjetrepublikkane ikkje går saman i ein statsunion, dersom dei ikkje går saman og dannar ein einskapleg militær og økonomisk styrke, kan dei ikkje stå imot dei samla kreftene til verdsimperialismen korkje på den militære eller på den økonomiske fronten.
Ein føderasjon av sovjetrepublikkar er den naudsynte forma for statsunion, og den levande utforminga av denne forma er RSFSR.
Slik kameratar, er dei føresetnadene eg fyrst ville snakka om, før eg no går over til å syna at partiet vårt må ta visse steg for å løysa det nasjonale spørsmålet i RSFSR.
Sjølv om det i det sovjetstyrte Russland eller i dei republikkane som er knytte til det ikkje lenger finst herrenasjonar eller nasjonar utan rettar. ingen metropolar, eller koloniar, ingen undertrykte eller undertrykkjarar, så eksisterer framleis det nasjonale spørsmålet i Russland. Hovudinnhaldet i det nasjonale spørsmålet i RSFSR er å få bort det tilhøvet at nokre av nasjonane, som ei fylgje av arv frå fortida, ligg attende (økonomisk, politisk og kulturelt), slik at det blir mogleg for dei folka som ligg attende å koma på høgd med Sentral-Russland, politisk, økonomisk og kulturelt.
Under det gamle styret gjorde ikkje tsarregjeringa noko og kunne ikkje gjera noko for å utvikla statsskipnadene i Ukraina, Aserbajdsjan,Turkistan og andre grenseregionar, dei sette seg imot utviklinga av statsskipnaden og utviklinga av kulturen i grenseregionane, og freista med makt å assimilera dei innfødde busetnadene.
Vidare let den gamle staten, godseigarane og kapitalistane, etter seg ein arv av slike underkua nasjonalitetar som kirgisarane, tsjetsjenane og ossetane som hadde fått landet sitt kolonialisert av kosakkar og kulakk-element frå Russland. Desse nasjonalitetane var dømde til umåteleg liding og utsletting.
Og vidare har stillinga til den storrussiske nasjonen, som var herrenasjonen, sett spor etter påverknad til og med på russiske kommunistar, som korkje kan eller vil knyta seg nærare til dei arbeidande massane frå den lokale folkesetnaden, skjøna kva dei treng og hjelpa dei til å fri seg frå den attendeliggjande stoda og frå mangelen på kultur. Eg snakkar om dei få russiske kommunistgruppene som i arbeidet sitt ser bort ifrå særdraga ved livet og kulturen i grenseområda og difor av og til gjer avvik i retning av russisk herrenasjonssjåvinisme.
Og vidare har stoda til dei ikkje-russiske nasjonalitetane som har opplevd nasjonal undertrykking, også påverka komunistane blant lokalfolket slik at dei av og til ikkje greier å skilja mellom klasseinteressene til dei arbeidande massane i nasjonane sine og såkalla «nasjonale» interesser. Eg snakkar om avviket i retning av lokal nasjonalisme som ein somme tider kan treffa på i rekkjene av ikkje-russiske komunistar, og som kjem til uttrykk i Austen som til dømes pan-islamisme og pan-tyrkisme.
Og til slutt, vi må berga kirgisarane, basjkirane og visse fjellrasar frå utrydding, vi må utstyra dei med den jorda dei treng og la det gå ut over kulakk-kolonisatorane.
Dette er problema og oppgåvene som til saman er hovudinnhaldet i det nasjonale spørsmålet i landet vårt.
Når eg no har lagt fram desse nære oppgåvene til partiet i det nasjonale spørsmålet, vil eg gå vidare til å ta for meg den allmenne oppgåva, oppgåva med å tilpassa den kommunistiske politikken vår i grenseregionane til dei særeigne tilhøva i det økonomiske livet, noko som særleg gjeld i Austen.
Poenget er at ei rekkje nasjonalitetar, særleg tyrkiske – som tel om lag 25 000 000 menneske, ikkje har gått igjennom, ikkje klarte å koma igjennom, perioden med industriell kapitalisme. Difor har dei ikkje noko industriproletariat, eller nesten ikkje noko, og difor må dei hoppa over det industrikapitalistiske stadiet og gå rett frå dei primitive formene for økonomi til stadiet med sovjetøkonomi. For å klara dette vanskelege, men slett ikkje umoglege steget, er det naudsynt å rekna med alle særdraga i det økonomiske tilhøvet og til og med i historia, leveviset og kulturen til desse nasjonalitetane. Det ville vera utenkjeleg og farleg å overføra dei rådgjerdene som hadde kraft og som var viktige her i Sentral-Russland, til desse nasjonalitetane sine territorium. Det er klårt at når ein skal nytta den økonomiske politikken til RSFSR, er det heilt naudsynt å ta omsyn til alle dei særeigne draga ved dei økonomiske tilhøva, klassestrukturen og historia som møter oss i desse grenseregionane. Det er ikkje naudsynt her å måla ut kor viktig det er å få slutt på slike mishøve, som til dømes ordren frå folkekommisariatet for mat om at grisar skulle vera ein del av matvarekvoten som skulle takast frå Kirgisia. Den muhammedanske folkesetnaden der har aldri halde grisar. Dette dømet syner kor strinakka somme nektar å ta omsyn til særdrag i leveviset, særdrag som slår alle som reiser i området.
Eg har nett fått i handa ein lapp som ber meg å svara på artiklane til kamerat Tsjitsjerin. Kameratar, eg meinar at artiklane til Tsjitsjerin, som eg har lese nøye, ikkje er anna enn litterære øvingar. Dei innheld fire feil, eller mistydingar.
For det første, kamerat Tsjitsjerin hallar mot å sjå bort frå motseiingane mellom imperialiststatane, han overvurderer den internasjonale einskapen mellom imperialistane, og taper or syne og undervurderer dei indre motseiingane mellom imperialistgruppene og imperialiststatane (Frankrike, Amerika, Storbritannia, Japan osb.) som verkeleg finst, og som ber i seg spirene til krig. Han har overvurdert einskapen i dei øvre imperialistkrinsane og undervurdert motseiingane som finst innanfor den «trusten». Men desse motseiingane finst verkeleg, og arbeidet til folkekommisariatet for utanrikssaker byggjer på dei.
For det andre gjer kamerat Tsjitsjerin ein annan feil. Han undervurderer motseiingane som finst mellom dei dominerande stormaktene og dei nyskipa nasjonalstatane (Tsjekkoslovakia, Polen, Finland osb.) som militært og finansielt ligg under for desse stormaktene. Kamerat Tsjitjerin har fullstendig tapt or syne den kjensgjerninga at sjølv om desse nasjonalstatane ligg under for stormaktene, eller for å vera meir nøyaktig, på grunn av dette, så er det motseiingar mellom stormaktene og desse statane, og dei vart merkbare til dømes i forhandlingane med Polen, Estland osb. Det er nett oppgåva til folkekommisariatet for utanrikssaker å ta omsyn til alle desse motseiingane, og å byggja arbeidet sitt på dei og å styra fram innanfor ramma av desse motseiingane. Merkeleg nok har kamerat Tsjitjerin undervurdert denne faktoren.
Den tredje feilen kamerat Tsjitsjerin gjer, er at han pratar altfor mykje om nasjonalt sjølvråde, som verkeleg har vorte eit tomt slagord som høver imperialistane svært så bra. Merkeleg nok har kamerat Tsjitsjerin gløymt at vi gjekk bort frå det slagordet for to år sidan. Slagordet finst ikkje lenger i programmet vårt. Programmet vårt taler ikkje om nasjonalt sjølvråde, som er eit svært uklårt slagord, men om nasjonane sin rett til å lausriva seg. Det er eit klårare og meir presist slagord. Dette er to ulike ting. Merkeleg nok tek ikkje kamerat Tsjitsjerin omsyn til denne faktoren i artiklane sine, og som ei fylgje av dette, blir alle innvendingane hans mot det uklåre slagordet som å skyta med laust krut, for korkje i tesane mine eller i partiprogrammet står det eit einaste ord om «sjølvråde». Det einaste som er nemnt er nasjonane sin rett til å lausriva seg. Men i dag, når frigjeringsrørslene flammar opp i koloniane, er dette for oss eit revolusjonært slagord. Sidan sovjetstatane er slutta saman i ein friviljug føderasjon, avstår dei nasjonane som utgjer RSFSR friviljug frå å gjera seg bruk av retten til å lausriva seg. Men når det gjeld koloniane som er i klørne på Storbritannia, Frankrike, Amerika og Japan, når det gjeld slike underlagde land som Arabia, Mesopotamia, Tyrkia og Hindustan, det vil seia land som er koloniar eller halvkoloniar, er retten for nasjonane til lausriving eit revolusjonært slagord, og å gå imot det ville vera å spela rett i hendene på imperialistane.
Den fjerde mistydinga i artiklane til kamerat Tsjitsjerin er at dei heilt manglar praktiske tilrådingar. Det er sjølvsagt lett å skriva artiklar, men for å gjera rett mot titelen: «Mot tesane til kamerat Stalin» burde han ha gjort framlegg om noko han meinte alvorleg, han burde i det minste ha kome med nokre praktiske motframlegg. Men eg kunne ikkje finna eit einaste praktisk framlegg i artiklane hans som det var verd å tenkja over.
Eg sluttar her, kameratar. Vi har kome til desse konklusjonane. Det borgarlege samfunnet, som er heilt ute av stand til å løysa det nasjonale spørsmålet, har i freistnadene sine på å «løysa» det, gjort det til eit kolonispørsmål og har klart å reisa ein front mot seg sjølv som når frå Irland til Hindustan. Den einaste staten som er i stand til å løysa det nasjonale spørsmålet, er den staten som byggjer på kollektiv eigedom av produksjonsmidla og produksjonsreidskapane – sovjetstaten. I den sovjetiske føderative staten er det korkje lenger undertrykte eller herrenasjonar det er gjort slutt på nasjonal undertrykking. Men på grunn av den faktiske ulikskapen (kulturelt, økonomisk og politisk) som er ein arv frå den gamle borgarlege ordninga, ulikskapar mellom meir og mindre siviliserte nasjonar, tek det nasjonale spørsmålet ei form som gjer det naudsynt å arbeida ut tiltak som kan hjelpa dei arbeidande massane i dei attendeliggjande nasjonane og nasjonalitetane til å gjera økonomisk, politisk og kulturell framgang, slik at dei kan bli i stand til å nå att det sentrale proletariske Russland, som har fått eit forsprang. Ut frå dette fylgjer dei praktiske framlegga som er den tredje delen av tesane om det nasjonale spørsmålet som eg har lagt fram. (Applaus.)
SVAR TIL ORDSKIFTET1
10. mars
Kameratar! Det mest særmerkte draget ved denne kongressen når det gjeld ordskiftet om det nasjonale spørsmålet, er at vi har gått frå fråsegner om det nasjonale spørsmålet, gjennom administrativ nyoppdeling av Russland, til den praktiske framlegginga av spørsmålet. I byrjinga av Oktoberrevolusjonen avgrensa vi oss til å slå fast at folka har rett til å lausriva seg. I 1918 og i 1920 var vi opptekne av den administrative nyoppdelinga av Russland etter nasjonale liner, for å knytta dei arbeidande massane i dei attendeliggjande folka, nærare til det russiske proletariatet. I dag, på denne kongressen, legg vi fram, på eit rent praktisk grunnlag, kva politikk partiet skal ha når det gjeld dei arbeidande massane og småborgarelementa i dei autonome regionane og i dei sjølvstendige republikkane som er knytte saman med Russland. Difor undrar det meg at Zatonski seier at dei tesane de har fått lagt fram her er abstrakte. Eg har hans eigne tesar framfor meg, som han av ein eller annan grunn ikkje la fram for kongressen, og der har eg ikkje funne eit einaste praktisk framlegg, bokstaveleg talt, ikkje eitt, kanskje bortsett frå framlegget om at ordet «austeuropeisk» skal bytast ut med «RSFSR» og at ordet «russisk» eller «stor-russisk» skal bytast ut med «allrussisk». Eg har ikkje funne nokon andre praktiske framlegg i desse tesane.
Eg går over til det neste spørsmålet.
Eg må seia at eg hadde venta meg meir frå dei utsendingane som har teke ordet. Russland har tjueto grenseregionar. Nokre av dei har gått gjennom ei temmeleg stor industriell utvikling og skil seg lite ut frå Sentral-Russland når det gjeld industri. Andre har ikkje vore gjennom det kapitalistiske stadiet og skil seg radikalt frå Sentral-Russland, andre att ligg svært langt attende. I ei samling tesar er det umogleg å taka for seg all ulikskapen i grenseregionane i konkrete detaljar. Ein kan ikkje krevja at tesar som er viktige for heile partiet berre skal ha ein turkistansk, ein aserbajdsjansk eller ein ukrainsk karakter. Tesar må gripa og ha med dei samlande særdraga for alle grenseregionane som er abstrahert frå detaljane. Det er ikkje nokon annan måte å laga tesar på.
Dei ikkje-storrussiske nasjonane må delast opp i fleire grupper, og dette er gjort i tesane. Dei ikkje-russiske nasjonane tel i alt omlag 65 000 000 menneske. Det samlande særdraget for alle desse ikkje-russiske nasjonane er at dei sakkar etter Sentral-Russland når det gjeld utviklinga av statsskipnaden sin. Det er vår oppgåve å samla alle krefter for å hjelpa desse nasjonane, hjelpa proletarane og andre arbeidsfolk i nasjonane til å utvikla sine eigne sovjet-statsskipnader med sine eigne morsmål. Dette samlande draget er nemnt i tesane, i den delen som tek for seg praktiske tiltak.
For det andre, når vi skal gå vidare og konkretisera særdraga ved grenseregionane, må vi skilja ut frå eit samla tal på nær 65 000 000 menneske av ikkje-russiske nasjonalitetar omlag 25 000 000 tyurkar som ikkje har vore gjennom det kapitalistiske stadiet. Kamerat Mikojan tok feil då han sa at på nokre område står Aserbajdsjan høgare enn dei russiske provinsdistrikta. Det er tydeleg at han blandar saman Baku og Aserbajdsjan. Baku vart ikkje fødd av Aserbajdsjan, han er ei overbygning reist ved hjelp av Nobel, Rotschild, Whishaw og andre. Når det gjeld sjølve Aserbajdsjan er det eit land med særs attendeliggjande patriarkalsk-føydale tilhøve. Difor set eg Aserbajdsjan som heilskap i gruppa med grenseregionar som ikkje har vore gjennom det kapitalistiske stadiet, område der det er naudsynt å bruka særskilde metodar for å få drege dei inn i straumen med sovjetøkonomi. Det er slege fast i tesane.
Så er det ei tredje gruppe som ikkje omfattar meir enn 6 000 000 menneske, desse er i hovudsak gjetarfolk som enno lever på stammevis og ikkje har teke opp jordbruk. Dette er fyrst og fremst kirgisarane, den nordlege delen av Turkistan basjkirar tsjetsjenarar, ossetar og ingusjar. Det fyrste som må gjerast når det gjeld denne gruppa av nasjonalitetar, er å skaffa dei jord. Kirgisarane og basjkirane som er her, fekk ikkje ordet, ordskiftet var slutt. Dei kunne ha fortalt oss meir om lidingane til høglandsbasjkirane, kirgisarane og høglandsfolka som døyr ut av di dei manglar jord. Men det Safarov sa om dette gjeld berre ei gruppe som tel 6 000 000 menneske. Difor er det gale å nytta dei praktiske framlegga til Safarov på alle grenseregionane, for endringane hans har ikkje noko å seia for resten av dei ikkje-russiske nasjonalitetane som tel omlag 60 000 000 menneske. Samstundes, utan at eg kjem med innvendingar til konkretiseringane, tillegga og forbetringane av einskildpunkt som gjeld visse grupper av nasjonalitetar som Safarov har lagt fram, må eg difor seia at desse endringane ikkje må verta gjorde allmenngyldige. Vidare vil eg kommentera ei av endringane til Safarov. I ei av endringane hans har uttrykket «nasjonalkulturelt sjølvråde» snike seg inn:
«Før Oktoberrevolusjonen», står det, «hadde ikkje folka i koloniane og halvkoloniane i dei austlege grenseregionane i Russland, som resultat av imperialistpolitikken, noko som helst slags høve til å få del i dei kulturelle føremonene i den kapitalistiske sivilisasjonen, i form av eige nasjonal-kulturelt sjølvråde, utdanning på morsmålet sitt, osb.»
Eg kan ikkje på nokon måte godtaka denne endringa av di ho smakar av bundisme. Nasjonalkulturelt sjølvråde er eit bundist-uttrykk. Vi har kvitta oss med tåkete slagord om sjølvråde for lenge sidan og det er ingen grunn til å taka dei opp att. Og elles er heile uttrykket ei høgst unaturleg samansetting av ord.
Vidare har eg fått ein lapp der det vert påstått at vi kommunistar utviklar kunstig ein kviterussisk nasjonalitet. Det er ikkje sant, for det finst ein kviterussisk nasjon, som har sitt eige språk, ulikt russisk. Difor kan kulturen til det kviterussiske folket berre utviklast på deira eige språk. Det vart påstått liknande ting for fem år sidan om Ukraina, om den ukrainske nasjonen. Og for ikkje lenge sidan vart det sagt at Den ukrainske republikken og den ukrainske nasjonen var ei tysk oppfinning. Men det er heilt tydeleg at det finst ein ukrainsk nasjon, og det er kommunistane si plikt å utvikla kulturen til denne nasjonen. De kan ikkje gå imot historia. Det er klårt at sjølv om russiske element enno dominerer i dei ukrainske byane, så vil desse byane uunngåeleg bli ukrainiserte med tida. For om lag førti år sidan såg Riga ut som ein tysk by, men fordi byar veks slik at det går ut over landsbygda, og fordi det er landsbygda som vernar om nasjonaliteten, så er Riga dag ein reint lettisk by. For omlag femti år sidan hadde alle ungarske byar eit tysk preg, dag er dei vorte madjariserte. Det same kjem til å skje i Kviterussland, der ikkje-kviterussarar enno dominerer i byane.
Til slutt gjer eg framlegg om at kongressen vel ein kommisjon, som har med representantar frå regionane, slik at ein kan få fleire konkretiseringar av dei praktiske framlegga i tesane som er av interesse for alle grenseregionane våre. (Applaus).
Notar
1. Dømet Ungarn – syner til den ungarske sovjetrepublikken i 1919, leidd av Bela Kun. Den vart knust av rumenske troppar og fylgd av kvit terror. (Sjå note 100 for vidare utgreiing om tilhøva i Ungarn).
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.