Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
OKTOBERREVOLUSJONEN OG DEN NASJONALE POLITIKKEN TIL DEI RUSSISKE KOMMUNISTANE
Styrken i Oktoberrevolusjonen ligg mellom andre ting i at han i motsetnad til revolusjonane i vest samla dei mange millionane frå småborgarskapet rundt det russiske proletariatet, og framfor alt det mest talrike og mektige laget i det – bøndene. Som fylgje av det vart det russiske borgarskapet isolert og stod utan nokon hær, medan det russiske proletariatet vart avgjerdsmann for lagnaden til landet. Hadde det ikkje vore for dette, ville ikkje dei russiske arbeidarane ha halde på makta.
Fred, jordbruksrevolusjon og fridom for nasjonalitetane – dette var dei tre hovudfaktorane som tente til å samla bøndene frå meir enn tjue nasjonalitetar i Russlands veldige rike, rundt det raude flagget til det russiske proletariatet.
Ein treng ikkje seia noko om dei fyrste faktorane her. Det er sagt nok om dei i litteraturen om emnet, og dei talar sanneleg for seg sjølve. Når det gjeld den tredje faktoren – den nasjonale politikken til dei russiske kommunistane – har det tydelegvis ikkje vorte forstått fullt ut kor viktig han er. Difor vil det ikkje vera bortkasta å seia nokre få ord om dette emnet.
For det fyrste så tel ikkje storrussarane meir enn 75 000 000 av dei 140 000 000 som bur i RSFSR. (Då er Finland, Estland, Latvia, Litauen og Polen ikkje medrekna). Dei 65 000 000 som er att, høyrer til andre nasjonar enn den storrussiske.
For det andre bur desse nasjonane for det meste i grenseregionane, som er dei mest sårbare frå den militære synsstaden. Og desse grenseregionane er særs rike på råstoff, brensle og matvarer.
Til sist er desse grenseregionane mindre utvikla enn Sentral-Russland når det gjeld industri og militærstell (eller dei er ikkje utvikla i det heile). Som fylgje av det er dei ikkje i ei slik stilling at dei kan halda på sjølvstendet sitt utan den militære og økonomiske hjelpa frå Sentral-Russland, nett som Sentral-Russland ikkje er i ei slik stilling at det kan halda på den militære og økonomiske makta si ved lag utan hjelp med brensle, råstoff og mat frå grenseregionane.
Desse omstenda i lag med visse tiltak i det nasjonale programmet til kommunismen avgjorde karakteren av den nasjonale politikken til dei russiske kommunistane.
Kjernen i denne politikken kan få uttrykk i nokre få ord: avkall på alle «krav» og «rettar» til regionar der ikkje-russiske nasjonar bur, godkjenning (ikkje i ord, men i gjerning) av den retten desse nasjonane har til å vera til som sjølvstendige statar – ein friviljug militær og økonomisk union mellom desse nasjonane og Sentral-Russland, hjelp til den kulturelle og økonomiske utviklinga i dei tilbakeliggjande nasjonane, for utan det vert det som er kjend som «nasjonal likerett» tome ord -alt dette tufta på fullstendig frigjering av bøndene og på, å samla all makt i hendene til dei arbeidande elementa i grensenasjonane. Slik er den nasjonale politikken til dei russiske kommunistane.
Det er sjølvsagt at dei russiske arbeidarane som kom til makta ikkje ville ha vore i stand til å vinna velvilje og tillit frå kameratane sine i andre nasjonar og framfor alt frå dei underkua massane i dei ikkje-likestilte nasjonane, om dei ikkje hadde prova i praksis at dei var viljuge til å gjennomføra ein slik nasjonal politikk, om dei ikkje hadde gjeve avkall på «retten» til Finland, om dei ikkje hadde drege troppane sine attende frå Nord-Persia, om dei ikkje hadde gjeve avkall på krava dei russiske imperialistane gjorde på visse område i Mongolia og Kina, og om dei ikkje hadde hjelpt dei tilbakeliggjande nasjonane i det tidlegare russiske keisarriket til å utvikla kulturen sin og statsskipnaden sin på sine eigne mål.
Den tilliten åleine kunne tena som grunnlag for den uknuselege unionen mellom folka i RSFSR. Mot denne unionen har alle «diplomatiske» manipulasjonar og alle omsutsfullt utførte «blokadar» synt seg å vera makteslause.
Meir enn det. Dei russiske arbeidarane kunne ikkje ha slått Koltsjak, Denikin og Wrangel om dei ikkje hadde hatt velviljen og tiltrua frå dei underkua massane i grenseregionane i det tidlegare Russland. Ein må ikkje gløyma at verkefeltet for desse opprørske generalane var avgrensa til grenseregionane der det i hovudsak bur ikkje-russiske nasjonar og dei kunne ikkje anne enn å hata Koltsjak, Denikin og Wrangel for den imperialistiske politikken og russifiseringspolitikken deira. Ententen, som greip inn og stødde desse generalane, kunne berre forlita seg på dei elementa i grenseregionane som var målsmenn for russifisering. Det tente berre til å kveikja hatet til folket i grenseregionane mot dei opprørske generalane og auka velviljen deira andsynes sovjetmakta.
Dette omstendet låg bak den indre veikskapen i baklandet til Koltsjak, Denikin og Wrangel, og difor også veikskapen i frontane deira, dvs. i lengda var det dette som låg bak nederlaget deira.
Men dei gode resultata av den nasjonale politikken til dei russiske kommunistane er ikkje avgrensa til RSFSR sitt territorium og dei sovjetrepublikkane som er i forbund med han. Dei kjem og fram, rett nok omveges, i den haldninga grannelanda syner til RSFSR. Den radikale betringa i haldninga til Tyrkia, Persia, Afghanistan, India og andre austland andsynes Russland, som før var eit skrømt for desse landa, er ei kjensgjerning som sjølv ikkje så dristig ein politikar som Lord Curzon no torer dra i tvil. Ein treng knapt prova at om ikkje den nasjonale politikken som er skildra ovanfor, hadde vorte gjennomført systematisk i RSFSR i dei fire åra sovjetmakta har vore til, så ville denne radikale endringa i haldninga til grannelanda andsynes Russland vore utenkjeleg.
Slik er i hovudsak resultata av den nasjonale politikken til dei russiske kommunistane. Og desse resultata er særskilt klåre i dag, på fire-årsdagen for sovjetmakta, når den harde krigen er slutt, når omfattande oppbyggingsarbeid har teke til, og når ein utan å vilja det ser attende på den vegen som ferda gjekk etter, for å sjå det heile under eitt.
Pravda, nr. 251,
6. – 7. november 1921 Underskrive: J. Stalin
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.