Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
OM FRAMSTILLINGA AV DET NASJONALE SPØRSMÅLET
Måten kommunistane legg fram det nasjonale spørsmålet på skil seg grunnleggjande frå måten leiarane i Den andre internasjonalen og To-og-ein-halv-internasjonalen(1) og alle dei ulike «sosialistiske», «sosialdemokratiske», mensjevikiske, sosialrevolusjonære(2), og andre parti legg det fram på.
Det er særleg viktig å merka seg fire hovudpunkt. Desse er dei mest særmerkte og framståande draga ved den nye framstillinga av det nasjonale spørsmålet, drag som trekkjer ei line mellom den gamle og den nye måten å forstå det nasjonale spørsmålet på.
Det fyrste punktet er at det nasjonale spørsmålet, som del, smeltar saman med det allmenne spørsmålet om frigjering av koloniane, som ein heilskap. I Den andre internasjonalen sin tidbolk var det vanleg å avgrensa det nasjonale spørsmålet til ein trong krins av spørsmål som eine og åleine knytte seg til dei «siviliserte» nasjonane. Irane, tsjekkarane, polakkane finnane, serberane, armenarane, jødane og ein del andre europeiske nasjonalitetar – det var krinsen av ikkje-Iikestilte nasjonar som Den andre internasjonalen synte interesse for. Dei titals og hundretals millionar menneske i Asia og Afrika som lir under nasjonal undertrykking i den råaste og mest brutale forma, kom i regelen ikkje inn i synsfeltet til «sosialistane». Dei våga ikkje å gje kvite og svarte, «usiviliserte» negrar og «siviliserte» irar «tilbakeliggjande» indarar og «opplyste» polakkar same status. Ein gjekk stillteiande ut frå at sjølv om det kunne verta naudsynt å streva for at dei ikkje-likestilte nasjonane i Europa skulle stri for frigjering, var det heilt upassande for «respektable sosialistar» å tala alvorleg om frigjering for koloniane, av di dei var «naudsynte» for å «berga sivilisasjonen». Desse sosialistane gud hjelpa oss, hadde ikkje ein gong mistanke om at det er uråd å gjera ende på nasjonal undertrykking i Europa uten å frigjera kolonifolka i Asia og Afrika frå imperialistisk undertrykking, at det eine er organisk knytt saman med det andre. Det var kommunistane som fyrst klårgjorde samanhengen mellom det nasjonale spørsmålet og spørsmålet om koloniane, som prova han teoretisk, og gjorde han til grunnlag for den praktiske revolusjonære verksemda si. Dette braut ned muren mellom kvite og svarte, mellom dei «siviliserte» og dei «usiviliserte» trælane under imperialismen. Dette gjorde det mykje lettare å samordna striden til dei tilbakeliggjande koloniane med striden til det framskridne proletariatet mot den sams fienden, imperialismen.
Det andre punktet er at det uklåre slagordet om sjølvråderett for nasjonane er bytt ut med det klåre revolusjonære slagordet om at nasjonane og koloniane har rett til å lausriva seg, til å skipa sjølvstendige statar. Når leiarane i Den andre internasjonalen talte om sjølvråderetten, kom dei som regel ikkje ein gong i nærleiken av retten til lausriving, sjølvråderetten vart på det beste tolka som ein rett til autonomi allment. Springer og Bauer, «ekspertane» på det nasjonale spørsmålet, gjekk tilmed så langt at dei gjorde sjølvråderetten om til retten til kulturelt autonomi for dei undertrykte nasjonane i Europa, dvs. retten til å ha sine eigne kulturinstitusjonar medan all politisk (og økonomisk) makt skulle verta verande hjå herrenasjonen. Med andre ord, sjølvråderetten til dei ikkje-likestilte nasjonane vart gjort om til ein særrett for herrenasjonane til å utøva politisk makt, og spørsmålet om lausriving vart utelate. Kautsky, som var den ideologiske føraren for Den andre internasjonalen, slutta seg i det store og heile til denne tolkinga av sjølvråde, som Springer og Bauer gav, og som i sin kjerne var imperialistisk. Det er ikkje til å undrast på at imperialistane, som forsto kor høveleg denne sida ved slagordet om sjølvråde var for dei, gjorde slagordet til sitt eige. Som vi veit vart den imperialistiske krigen, som hadde som mål å trælbinda folka, kjempa ut under sjølvrådeflagget. Slik vart det uklåre slagordet om sjølvråde gjort om frå å vera ein reiskap for å frigjera nasjonar, for å vinna like rettar for nasjonar til å vera ein reiskap for å kua nasjonar, ein reiskap for å halde nasjonar lagde under imperialismen. Det som har hendt rundt om i heile verda dei siste åra, det logiske i revolusjon i Europa, og endeleg, voksteren til frigjeringsrørslene i koloniane, kravde at dette som no var vorte reaksjonært, skulle verta kasta til sides og bytt ut med eit anna slagord, eit revolusjonært slagord. Dette måtte evna å fjerna den ånda av mistru som dei arbeidande massane i dei ikkje-like-stilte nasjonane har andsynes proletarane i herrenasjonane, og rydda vegen for like rettar for nasjonane og i retning av einskap mellom slitarane i desse nasjonane. Eit slikt slagord er det kommunistane har lagt fram når dei utropar retten nasjonane og koloniane har til å riva seg laus.
Dei gode sidene ved dette slagordet er at det:
1) fjernar alt grunnlag for mistanke om at slitarane i ein nasjon har som mål å plyndra slitarane i andre nasjonar, og skaper såleis eit grunnlag for gjensidig tillit og friviljug sameining,
2) riv maska av imperialistane, som hyklersk preikar om sjølvråde, men som strevar for å halde fram med underkuinga av dei ikkje-likestilte folka og koloniane, for å halda de innanfor rammene av den imperialistiske staten sin, og med dette forsterkar frigjeringsstriden som desse nasjonane og koloniane fører mot imperialismen.
Det trengst knapt prov for at dei russiske arbeidarane ikkje ville ha
vunne godvilje frå kameratane sine frå andre nasjonalitetar i Vesten og Austen om dei ikkje hadde utropt retten nasjonane har til å riva seg laus då dei kom til makta, om dei ikkje hadde synt i praksis at dei var budde på å setja ut i livet denne ukrenkjelege retten nasjonane har, om dei til dømes ikkje hadde gjeve avkall på «rettane» sine til Finland (1917), om dei ikkje hadde drege troppane sine ut av Nord-Persia (1917), om dei ikkje hadde gjeve avkall på alle krav på visse delar av Mongolia, Kina, osb., osb.
På same måte finst det ikkje tvil om at imperialistane sin politikk, løynt under sjølvrådeflagget, i det siste har lide nederlag etter nederlag i Austen. Det er mellom anna av di han der har møtt på ei veksande frigjeringsrørsle, som har utvikla seg med grunnlag i agitasjonen som er ført i ånda til slagordet om retten nasjonane har til å lausrive seg. Dette skjønar ikkje heltane i Den andre internasjonalen og To-og-ein-halv-intemasjonalen som gjev «Rådet for handling og propaganda»(3) i Baku det glatte lag for nokre små feil det har gjort. Men alle som tek seg bryet med å gjera seg kjende med kva dette «rådet» har gjort det året det har vore til, og med frigjeringsrørsla i dei asiatiske og afrikanske koloniane dei siste par åra, vil skjøna det.
Det tredje punktet er klårgjeringa av den organiske samanhengen mellom det nasjonale spørsmålet og spørsmålet om koloniane og spørsmålet om kapitalen sitt herredøme, om å velta kapitalismen, om proletariatets diktatur. I Den andre internasjonalen sin tidbolk såg ein til vanleg det nasjonale spørsmålet, som då vart ekstremt innskrenka, som eit isolert spørsmål, utan samanheng med den komande proletariske revolusjonen. Ein gjekk stillteiande ut frå at det nasjonale spørsmålet kunne løysast «naturleg» før den proletariske revolusjonen gjennom ei rad reformer innanfor rammene av kapitalismen, at den proletariske revolusjonen kunne gjennomførast utan ei radikal løysing av det nasjonale spørsmålet, at det nasjonale spørsmålet tvert om kunne løysast utan å velta kapitalen sitt herredøme, utan at, og før, den proletariske revolusjonen hadde sigra. Dette i hovudsak imperialistiske synet går som ein raud tråd gjennom dei velkjende verka til Springer og Bauer om det nasjonale spørsmålet. Men det siste tiåret har avslørt at denne oppfatninga av det nasjonale spørsmålet er tvers igjennom falsk og roten. Den imperialistiske krigen har synt, og den revolusjonære røynsla frå dei siste åra har stadfesta på ny:
1) at det nasjonale og koloniale spørsmålet ikkje kan skiljast frå spørsmålet om frigjering frå kapitalen sitt herredøme,
2) at imperialismen (den høgste forma for kapitalisme) ikkje kan leva utan at dei ikkje-likestilte nasjonane og koloniane er trælbundne økonomisk og politisk,
3) at dei ikkje-likestilte nasjonane og koloniane ikkje kan verta frigjorde utan at kapitalen sitt herredøme vert velta,
4) at proletariatet ikkje kan vinna ein varande siger utan at dei ikkje-likestilte nasjonane og koloniane vert fridde frå det imperialistiske åket.
Dersom Europa og Amerika kan kallast fronten eller skodeplassen for dei viktigaste slaga mellom sosialismen og imperialismen, må ein sjå på dei ikkje-likestilte nasjonane og koloniane med råvarene sine, brennstoff, mat og umåtelege reservar av arbeidskraft, som baklandet, ein reserve for imperialismen. Dersom ein skal vinna ein krig, må ein ikkje berre vinna ved fronten, men og revolusjonera baklandet til fienden, reservane hans. Difor kan ein berre rekna sigeren for den proletariske verdsrevolusjonen for viss dersom proletariatet evnar å sameina sin eigen revolusjonære strid med frigjeringsrørsla til dei arbeidande massane i dei ikkje-likestilte nasjonane og koloniane, mot imperialistane sitt herredøme og for proletariatets diktatur. Leiarane i Den andre internasjonalen og To-og-ein-halv-internasjonalen oversåg denne «bagatellen». Dei skilde det nasjonale spørsmålet og spørsmålet om koloniane frå spørsmålet om makt i tidbolken med veksande proletarisk revolusjon i Vesten.
Det fjerde punktet er at eit nytt element er føydd til det nasjonale spørsmålet. Dette er elementet med røynleg (og ikkje berre juridisk) likestilling mellom nasjonar (hjelp til, og samarbeid med dei tilbakeliggjande nasjonane så dei kan reisa seg til det kulturelle og økonomiske nivået dei meir framskridne nasjonane har), som eit av dei naudsynte vilkåra for å tryggja brorskapleg samarbeid mellom dei arbeidande massane i dei ulike nasjonane. I Den andre internasjonalen sin tidbolk vart saka vanlegvis avgrensa til å utropa «nasjonal likerett», det gjekk på det beste ikkje lenger enn til å krevja at slik likerett skulle setjast i verk. Men sjøl om nasjonal likerett er ei svært viktig politisk vinning i seg sjølv, står han i fare for berre å verta ein frase dersom ein ikkje har tilstrekkjelege ressursar og høve til å utøva denne svært viktige retten. Det er ikkje tvil om at dei arbeidande massane i dei tilbakeliggjande folka ikkje er i ei slik stilling at dei kan setja dei rettane dei har fått gjennom «nasjonal likerett» ut i livet i same mon som dei arbeidande massane framskridne nasjonar kan gjera det. Å vera tilbakeliggjande (kulturelt og økonomisk), noko som for ein del nasjonar er ein arv frå fortida som ein ikkje kan avskaffa på eitt år eller to, kjennest. Dette kan ein og få syn for i Russland, der ei rad folk ikkje har gjennomlevd, og nokre ikkje ein gong har gått inn i, den kapitalistiske fasen. Dei har ikkje noko, eller knapt noko, eige proletariat, og sjølv om det er full nasjonal likestilling, kan dei arbeidande massane i desse nasjonalitetane ikkje gjera seg skikkeleg nytte av rettane dei har vunne sidan dei er så tilbakeliggjande kulturelt og økonomisk. Dette vil ein kjenna enda meir «dagen etter» proletariatet i vesten har sigra, då mange tilbakeliggjande koloniar og halvkoloniar som står på dei mest ulike utviklingssteg heilt visst vil stå fram på skodeplassen. Nett på grunn av dette må det sigerrike proletariatet i dei framskridne nasjonane hjelpa, gje hjelp, verkeleg og varande hjelp, til dei arbeidande massane i dei tilbakeliggjande nasjonane så dei kan utvikla seg kulturelt og økonomisk, så dei kan få hjelp til å reisa seg til eit høgare utviklingssteg og nå att dei meir framskridne nasjonane. Dersom ikkje slik hjelp vert gjeven straks, vil det verta uråd å få til fredeleg samlivnad og brorskapleg samarbeid mellom slitarane i dei ulike nasjonane og nasjonalitetane innanfor eitt einaste økonomisk verdssystem – det som er så viktig for at sosialismen skal vinna endeleg siger.
Men av dette fylgjer det at vi ikkje kan avgrensa oss til berre «nasjonal likerett». Vi må gå frå «nasjonal likerett» til tiltak som vil føra til verkeleg likestilling mellom nasjonar. Vi må ta til å utarbeida og setja ut i livet praktiske tiltak når det gjeld:
1) å studera dei økonomiske tilhøva, levemåten og kulturen i dei tilbakeliggjande nasjonane og nasjonalitetane,
2) å utvikla kulturen deira,
3) å skolera dei politisk,
4) å innføra høgare økonomiske former hjå dei, smertefritt og litt etter litt,
5) å organisera økonomisk samarbeid mellom slitarane i dei tilbakeliggjande og i dei framskridne nasjonane.
Dette er dei fire hovudpunkta som særmerkjer den nye framstillinga dei russiske kommunistane har gjeve av det nasjonale spørsmålet.
2. mai 1921
Pravda nr. 98,
8. mai 1921 Underteikna: J. Stalin
Notar
1. To-og-ein-halv-internasjonalen – «Det internasjonal forbundet av arbeidar- og sosialistparti» – vart skipa i Wien i februar 1921 på ein skipingskonferanse av sentristparti og grupper, som på grunn av presset frå dei revolusjonærtsinna arbeidarane mellombels hadde gått ut av Den andre internasjonalen. Sjølv om leiarane i To-og-ein-halv-internasjonalen (F. Adler, O. Bauer, L. Martov og andre) kritiserte Den andre Internasjonalen i ord, fylgde dei røynda ein opportunistisk politikk i alle større spørsmål i den proletariske rørsla, og streva for å nytta forbundet til å motarbeida den veksande innverknaden frå kommunistane mellom massane av arbeidarar.
2. Sosialrevolusjonære – medlemar av eit småborgarleg parti som voks fram i 1901-02, då nokre narodnik-grupper og- sirklar slo seg saman. (Den sosialrevolusjonære union, dei sosialrevolusjonære sitt parti og andre).
Dei sosialrevolusjonære skilde ikkje mellom proletariatet og småeigarane, dei glatta over klasseskilnadene mellom bøndene, og nekta for den leiande rolla proletariatet spelar i revolusjonen. Synspunkta deira var ei blanding av narodnikidear og revisjonisme. For å nytta eit uttrykk frå Lenin, så freista dei «å flikka på rivnene i narodnik-ideane med bitar av moderne opportunistisk «kritikk» av marxismen». («Sosialismen og bøndene,» Samla Verk, eng. utg. band 9 s. 310.)
2. «Rådet for handling og propaganda for folka i Austen» vart skipa etter vedtak på den fyrste kongressen til folka i Aust som vart halden i Baku september 1920. Målet til rådet var å støtta og sameina frigjeringsrørsla i Aust. Det eksisterte omlag eitt år.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.